Meld. St. 18 (2020–2021)

Oppleve, skape, dele — Kunst og kultur for, med og av barn og unge

Til innhaldsliste

Del 2
Deltakinga og eigenproduksjonen til barn og unge

6 Innleiing

Figur 6.1 

Figur 6.1

Barn og unge må aktivt kunne delta i kunst- og kulturlivet på eigne premissar. Kulturtilbodet skal leggje til rette for gode møteplassar som byggjer fellesskap og er ein inkluderande arena. Kulturtilbodet skal gi ytringskompetanse, leggje til rette for utvikling og læring og gi barn og unge meistringsopplevingar. Kulturtilbodet skal gi barn og unge sosial og kulturell anerkjenning og byggje sosial og kulturell kompetanse.

Alle barn, uavhengig av bakgrunn, skal bli sette og anerkjende for dei erfaringane, den kunnskapen og kulturen kvar enkelt har med seg og bringar inn i fellesskapet. Kunst- og kultur for barn og unge må vere dynamisk og inkluderande, aktørane i feltet må leggje til rette for nye uttrykk og aktivitetar som oppstår, og stemmene til barn og unge må bli høyrde i utforminga av kulturtilbodet. Alle som ønskjer det, må kunne få anledning til å delta.

Det er mange aktørar som bidreg til å gi barn og unge desse moglegheitene. Vi kan finne dei både i det frivillige og profesjonelle kulturlivet, gjennom offentlege støtta institusjonar og tilbod som fritidsklubbar og kulturskole og gjennom støtte frå næringslivet og andre private aktørar. Saman skaper desse eit breitt og mangfaldig kulturtilbod for barn og unge. Barnehagane og grunnopplæringa er fellesarenaer der alle barn og unge får lære om, utøve og opplevde kunst og kultur.

BUSK-rapporten viser at barn og unge uttrykkjer glede over å kunne arbeide med kunst og kulturuttrykk. For mange er dei aller beste kunst- og kulturopplevingane dei gongene dei sjølve har opptredd, stilt ut eller på andre måtar fått vise ferdigheitene sine for eit publikum.

Kunst- og kulturinteressert ungdom ønskjer å bli tekne seriøst og få moglegheita til å utvikle ferdigheitene sine, og det på gode arenaer. Barn og unge trekkjer òg fram moglegheitene for meir samarbeid med profesjonelle kunstnarar som sentralt.

I denne delen skal vi går nærmare inn på deltakinga og eigenproduksjonen til barn og unge. På kva måte kan det offentlege leggje til rette for at alle barn og unge får delta, utøve og bidra i eit kunst- og kulturtilbod på fritida? Korleis sikre eit mangfald av tilbod som er tilgjengeleg der barn og unge bur, som let dei medverke, og som er relevant for barn og unge med ulike erfaringar og kompetanse?

Det neste kapittelet ser nærmare på organiserte aktivitetar og tilrettelagde arenaer som bidreg til å skape møteplassar med vekt på kunst og kultur. Det påfølgjande kapittelet beskriv moglegheiter for ein styrkt kulturskole for framtida. Deretter følgjer ein gjennomgang av verkemiddel og tiltak for å sikre barn og unge opplæring og fordjuping i kunst- og kulturuttrykk.

7 Lokale kulturtilbod til barn og unge

Figur 7.1 

Figur 7.1

Kunst- og kulturaktivitetar er unike fordi dei har så inkluderande potensial. Å delta i kunst og kultur er med å byggje sosiale fellesskap og identitet for barn og unge. Å vere på felles arenaer med jamaldringar og få moglegheita til å utvikle seg sjølv og dei kreative evnene sine kan bidra positivt til følelsen av å høyre til, bli anerkjend, inkludert og av å meistre. Dette gjeld uansett kvar ein kjem frå, kva familie ein har og kor godt ein snakkar språket. Derfor må alle barn og unge få tilgang til å utfalde seg gjennom kunst og kultur i oppveksten.

For at kunst og kultur skal vere tilgjengelege og relevante for alle barn og unge, må det vere eit mangfald av tilbod og kulturuttrykk, der den kulturelle bakgrunnen kvar enkelt har med seg, blir anerkjend. Sosiale, kulturelle og økonomiske forskjellar kan vere barrierar for barn og unge i kunst- og kulturlivet. Andre hindringar kan vere fysiske, som geografisk plassering og manglande universell utforming eller mangel på informasjon. Det kan òg handle om relasjonar, identifikasjon og kor trygt eller relevant tilbodet kjennast.

I BUSK-rapporten trekkjer barn og unge fram fleire av dei nasjonale kulturpolitiske satsingane for barn og unge, som kulturskolen, biblioteka, og Ung Kultur Møtes. Desse tilboda er forankra i kommunen og er sentrale møteplassar der barn og unge kan henge saman med venner og utforske kunst og kultur. Denne delen omtaler det frivillige kulturlivet og nasjonale ordningar og organisasjonar som bidreg til å sikre eit mangfaldig tilbod der barn og unge er aktive deltakarar og bidragsytarar. Deretter blir behovet for gode lokale møteplassar omtalt særskilt, før det avslutningsvis blir presentert nokre verkemiddel og tiltak for å sikre barn og unge like moglegheiter til å delta. Kulturskolen blir omtalt grundig i kapittel 8 Ein styrkt kulturskole for framtida.

7.1 Organiserte kunst- og kulturaktivitetar

7.1.1 Det frivillige kulturliv

Boks 7.1 Innspel frå barn og unge

Barn og unge ønskjer at kulturpolitikken legg til rette for

  • å ta i vare og styrkje breidda i lokale kulturtilbod

  • å ta i vare og styrkje Ung Kultur Møtes og andre nasjonale og regionale møteplassar for kulturinteressert ungdom

  • å styrkje medverknaden til barn og unge i utforminga av kulturtilbod

  • å leggje til rette for sjølvorganiserte aktivitetar i takt med endringar i barne- og ungdomskulturen

Kulturutgreiinga 2014 trekkjer fram det frivillige kulturliv som avgjerande for at det finst eit lokalt kulturtilbod. Dette gjeld særleg i små kommunar, som ofte ikkje har kapasitet til å ha eit breitt kulturtilbod i form av eigne kulturverksemder. På desse stadene har det frivillige kulturlivet og dei frivillige organisasjonane gjerne ei nøkkelrolle som produsentar og organisatorar i kulturlivet. Det frivillige kulturlivet blir òg peikt på som eit omdreiingspunkt for samhald og fellesskap rundt om i landet.1

Sidan barn og unge som regel startar i kultur- og fritidsaktivitetar der dei bur, har tilbodet som finst i lokalmiljøet deira svært mykje å seie. For nokon vil breidda og mangfaldet av tilbod vere stort, og det kan vere desse barna og ungdommane får moglegheita til å prøve ut mange ulike typar aktivitetar og tilbod. Ofte kan tilboda vere avhengige av at enkeltpersonar og eldsjeler tek initiativ og organiserer aktivitetane, gjerne med forankring i ei lokal foreining eller eit lag tilknytt ein frivillig organisasjon.

Det frivillige kulturlivet har ein sentral plass i barne- og ungdomskulturen. For mange barn og unge er kor, korps, musikk- og dansegrupper og amatørteater aktivitetar der dei kan utøve kunst og kultur i samspel med andre som er interessert i det same. Her opplever barn og unge glede og meistring i kvardagen og får erfaringar dei også kan ta med seg vidare i livet som ein meiningsfull fritidsaktivitet. Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane bidreg til å sikre at barn og unge får delta, og er ein arena for medverknad og demokratisk praksis. Det å spele eit instrument, syngje i kor, danse og delta i andre kreative prosessar i samspel med andre kan òg vere bra for helsa. Amatørteatergrupper, folkedansgrupper, revygrupper, filmklubbar, kunstklubbar, litteraturklubbar o.a. bidreg også til den breie kunstopplæringa til barn og unge, jf. kapittel 9. På desse arenaene får barn og unge opplæring både av gode amatørar, som foreldre, eldre ungdommar eller andre, men i stor grad frå profesjonelle utøvarar òg. For mange kunstnarar og utøvarar er det frivillige kulturlivet ein viktig arbeidsplass. Det frivillige kulturlivet er dermed ein arena der barn og unge kan møte rollemodellar som inspirerer og motiverer til vidare fordjuping i kunst og kultur.

7.1.2 Frifond – statleg tilskott til lokale aktivitetar

Kulturdepartementet gir kvart år tilskott til Frifond frå spelemidlar til kulturformål. Det er paraplyorganisasjonane Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) og Norsk musikkråd som fordeler midlane vidare til lokal aktivitet gjennom Frifondordningane. I 2019 blei 203 mill. kroner sette av til Frifond. Den største andelen av midlane blir fordelte gjennom ordningane Frifond organisasjon. Om lag 53 mill. kroner blei i 2019 fordelt gjennom dei såkalla frittståande ordningane til eigenorganisert aktivitet. Desse er Frifond barn og unge, Frifond teater og Frifond musikk. Dette inkluderer også midlar til eigenorganisert fysisk aktivitet.

Formålet med tilskottet frå Frifond er å stimulere til at barn og unge driv med aktivitetar og deltek lokalt og å betre rammevilkåra for arbeidet medlemmer i frivillige organisasjonar og grupper gjer i kommunane. Dette tilskottet skal nå ut til eit breitt spekter av organisasjonar, frittståande grupper og foreiningar med ulike formål og aktivitetsgrunnlag.

Gjennom LNUs del av Frifond organisasjon blir det gitt tilskott til lokallag i landsdekkjande, frivillige og demokratiske organisasjonar. Midlane blir delte ut til sentralleddet i organisasjonane, som fordeler det vidare til lokallaga sine. Målgruppa for Norsk musikkråds Frifond organisasjon er lokallaga i nasjonale frivillige organisasjonar som har musikk for og med barn og ungdom under 26 år som hovudaktivitet.

Gjennom Frifondordningane som går til eigenorganisert aktivitet, kan grupper med minst tre personar søkje om midlar til små og store prosjekt innanfor svært ulike sjangrar og aktivitetar. Eksempel på aktivitetar er LAN-treff, teateroppsetjingar, å byggje skaterampe eller lage ein musikkfestival.

Frifond har sidan år 2000 bidrege til å styrkje lokal, frivillig barne- og ungdomsaktivitet i Noreg betydeleg. Frifondordningane har understøtta ulike aktivitetar og organisasjonstypar – frå uavhengige barne- og ungdomsgrupper som har eit engasjement og ein god idé, til tradisjonsrike, landsdekkjande organisasjonar med lokallag i kvar by og grend.

Gjennom paraplyorganisasjonane gir Frifond moglegheiter for læring på tvers av organisasjonstype. Mange av dei etablerte organisasjonane har begynt som lokale, frittståande initiativ og deretter vakse til å bli ein organisasjon i meir tradisjonell forstand. Mange etablerte organisasjonar rekrutterer dessutan medlemmer som tidlegare har drive eigenorganiserte initiativ, blant anna på kulturfeltet.

Forenkling for frivillig sektor er eit mål for regjeringa. Eit tiltak i frivilligheitsmeldinga, Meld. St. 10 (2018–2019) Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig – Den statlege frivilligheitspolitikken er å forenkle Frifondordningane og korleis desse ordningane blir forvalta og samordne dei i større grad. I frivilligheitsmeldinga står det at dei frittståande ordningane retta mot musikk, dans og andre kunst- og kulturuttrykk skal sjåast i samanheng med andre ordningar på kulturfeltet i den kommande barne- og ungdomskulturmeldinga.

Dette blir òg sett i samanheng med at LNU har meldt at Ungdom og Fritid vil fasast ut av Frifond-ordninga frå 2022, sjå omtalen av fritidsklubbane under.

Kulturdepartementet har derfor innleidd dialog med LNU og Norsk musikkråd om å forenkle og utvikle ordningane slik at dei bidreg til mest mogleg aktivitet blant barn og unge. Endringane skal vere i tråd med måla frå frivilligheitsmeldinga om ein sterk, sjølvstendig og mangfaldig frivilligheit med vekt på brei deltaking og forenkling.

7.1.3 Fritidsklubbane

Fritidsklubbane har eksistert som eit tilbod til ungdom i Noreg sidan 1950-åra. Fritidsklubbane blei etablerte som ein del av eit sosialpolitisk tiltak, der ein av grunnane var rus- og kriminalitetsførebygging. I dag er fritidsklubbane like mykje eit kulturpolitisk verkemiddel som eit lågterskel kulturfritidstilbod for ungdom.

Dessutan har fritidsklubbane vore og er framleis viktige for utviklinga av dei populærkulturelle uttrykka, og dei fungerer som ein opplæringsarena både i det å stå på, men også bak ein scene. Fritidsklubbane er i tillegg arenaer for utvikling av film, dataspel, e-sport med meir.

Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som har det statlege ansvaret for fritidsklubbane i Noreg. Tal frå Bufdir i 2018 viser at det var 672 kommunale fritidsklubbar i landet. Fritidsklubbane er den nest største fritidsaktiviteten for ungdom etter den organiserte idretten. Om lag 100 000 barn og unge deltek i dag på ulike typar fritidsklubbar. Barn og unge som tek i bruk tilbodet, utgjer 31 prosent av ungdomsskoleelevane og 15 prosent av elevane i vidaregåande opplæring. Trass i at det ikkje er lovpålagt, driv likevel nesten 80 prosent av kommunar ein eller fleire opne møteplassar for ungdom.2

Undersøkingar peiker på ein tendens til at unge med relativt få sosioøkonomiske ressursar bruker klubbane meir.3 Samtidig viser det seg at ungdom som går på fritidsklubb, i stor grad også driv med andre organiserte fritidsaktivitetar. Det er eit mål for fritidsklubbane å nå så breitt som mogleg, slik at dei unngår at eitt type miljø blir dominerande. Kunnskapen om kven som bruker fritidsklubbar, gir grunn til å tru at svært mange ungdommar får tilgang til å delta i kulturaktivitetar på desse møteplassane.

Ungdom og Fritid – landsforeningen for fritidsklubber og ungdomshus er interesse- og medlemsorganisasjonen for 636 fritidsklubbar, ungdomshus og andre opne møteplassar for ungdom i Noreg. I arbeidet sitt legg Ungdom og Fritid vekt på at fritidsklubbane skal vere ein uformell arena der ungdom kan vere med på å utvikle innhaldet i tilbodet som blir gitt. Møteplassane skal vere for alle ved at det er gratis å delta, og at dei finst i lokalmiljøet.

Regjeringa lanserte Regjeringens samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier (2020–2023) hausten 2020 Barne- og familiedepartementet 2020a. Til arbeidet med strategien blei det nedsett eit ungdomspanel med 10 ungdommar i alderen 16 til 19 år. Panelet trekte fram fritidsklubbar og opne møteplassar som populære fritidsarenaer for barn og ungdom, og dette var ei av hjartesakene til panelet. Panelet meinte det òg i større grad burde leggjast til rette for uorganiserte fritidsaktivitetar.

Ungdomspanelet trekte vidare fram at fritidsklubbane betydde mykje for læring og utvikling, som ein stad å vere saman med venner og ein stad å treffe trygge vaksne. Eitt av tiltaka i samarbeidsstrategien er å lage ei utgreiing der det blir undersøkt kva rolle og funksjon fritidsklubbane og ungdomshusa skal ha. Spørsmål denne utgreiinga skal sjå på, er formål, samfunnsnytte, kompetanse, kvalitet, utbreiing og finansieringsmodell. Det er Barne- og familiedepartementet og Bufdir som vil ha ansvaret for utgreiinga.

Fritidsklubbane og ungdomshusa jobbar med medverknad som grunnprinsipp. Det betyr at det er barn og ungdom som sjølve vel kva kulturuttrykk dei ønskjer å drive med, og fritidsklubben har ei brei tilnærming til kva ungdommane ønskjer. Denne medverknaden har bidrege til at fritidsklubbane ofte har vore dei første til å fange opp nye populærkulturelle tendensar, og at ungdommane har blitt møtt på draumane og behova sine. Gjennom ei slik tilnærming er erfaringa at mange unge talent har fritidsklubben som sin første arena for gode meistringsopplevingar.

Fritidsklubben som kulturarena legg til rette for at barn og ungdom skal kunne utvikle talenta sine ved å sørgje for at det finst ein kulturell infrastruktur for barn og ungdom. Med kulturell infrastruktur meiner vi for eksempel bandrom, scenar, studio og verkstader. Desse er med på å drive fram eit mangfald av uttrykk, men gjer det òg mogleg for ungdommen å fordjupe seg og utvikle seg innanfor ulike kulturuttrykk.

Ifølgje tal frå Ungdom og Fritid har 75 prosent av fritidsklubbane eit tilbod innanfor song og musikk og 53 prosent eit tilbod innanfor dans. 38 prosent av dei tilsette på fritidsklubbane er utdanna innan musikk eller kunst.4 Med støtte frå både Frifond og Kulturrom har fleire av fritidsklubbane blitt ein plass der ungdom kan komme for å øve og utvikle musikktalentet sitt. Ein viktig del av dette arbeidet er at ungdom får oppleve artistar og kunstnarar dei ser opp til, på sin eigen arena. Det å få dele scene med heltane sine er ein heilt eigen motivasjon for unge utøvarar.

Boks 7.2 Agenda X

Det er Antirasistisk senter i Oslo som driv Agenda X – Skriveverksted. Agenda X er ressurssenteret deira for ungdom mellom 13 og 26 år. Agenda X har som formål å bidra til eit sosialt rettferdig samfunn der mangfald er norma, og der ungdom, uavhengig av bakgrunnen sin, er aktive deltakarar i eigne liv, i samfunnslivet og i kulturlivet.

Eit verktøy er å bruke kunst og kultur som ein positiv og myndiggjerande forskjell i livet til dei unge. Senteret tilbyr verkstader med profesjonelle utøvarar innan ulike kunst- og kulturartar.

7.1.4 Ung Kultur Møtes

Ung Kultur Møtes (UKM) er eit landsdekkjande tilbod til ungdom mellom 13 og 20 år og er forankra i kommunane. UKM er ein møteplass og ein opplæringsarena der unge kan vise fram ferdigheitene sine innan for eksempel musikk, teater, dans, film eller visuelle uttrykk. Ungdommane kan òg delta bak scenen, i mediaarbeid eller som arrangør.

UKM Norge har gjennom nærmare 35 år vore eit landsomfattande kulturtiltak som fungerer som ein eigen arena for ungdommane – eit lågterskeltilbod ope for alle tenkjelege kulturuttrykk. Det er gratis for alle å delta i UKM. I 2019 deltok 20 430 ungdommar, og det blei arrangert 303 mønstringar på lokalt nivå, 19 fylkesfestivalar og éin nasjonal festival.

UKM legg vekt på ung medverknad og styring. Det er dei unge festivalutviklarane som planlegg og gjennomfører den nasjonale UKM-festivalen, og det er bygd opp eit system med lokale, regionale og nasjonale ressursgrupper, lokale ambassadørar, unge arrangørar og UKM Media.

7.1.5 Digitale kulturaktivitetar

BUSK-rapporten trekkjer fram digitale plattformer som kjelder til opplevingar, skapande verksemd og sosiale møte for barn og ungdom. Kva arenaer og plattformer dei oppsøkjer, er i stor grad bestemt av kva interesser dei har, kvar vennene deira er og kva som er tilgjengeleg. Det er ikkje det digitale i seg sjølv, men moglegheitene for å skape og ta del i sosiale fellesskap som først og fremst driv bruken.

Samtidig bekymrar deltakarane i BUSK-rapporten seg for at generasjonen deira bruker for mykje tid framfor skjermen. Dei ønskjer ikkje at sosiale medium og digital formidling av kunst og kultur skal erstatte fysiske arenaer for kunst- og kulturopplevingar. Det å møte kvarandre ansikt til ansikt eller oppleve musikk på konsert gir for mange dei beste opplevingane.

Behovet for digitale møteplassar der barn og unge kan komme saman, samhandle og samskape, har komme særleg til uttrykk under koronapandemien. Pandemien har ført til at fritidsklubbane, kulturskolane, kora, korpsa, biblioteka og andre ikkje kunne møtast som før og har måtta sjå etter andre måtar å drive aktiviteten sin på.

På lik linje med skolane har instruktørar og lærarar flytta undervisninga over på digitale plattformer. Sjølv om verken å undervise i kultur eller å formidle kultur er optimalt over digitale plattformer, har denne digitaliseringa gitt nokon moglegheiter òg. Eksempel på det er å bli undervist av instruktørar som bur i andre byar.

Kulturskolane i landet har gjort mykje nyskapande og godt arbeid med digitalisering i løpet av koronapandemien. Hausten 2020 sette Norsk kulturskoleråd i gang eit forskingsprosjekt om læringsutbytet kulturskolane hadde ved å bruke digitale medium under pandemien. Det er Telemarksforsking som gjennomfører undersøkinga og lagar rapporten, som skal vere ferdig i mars 2021. Forskingsprosjektet skal leggje vekt på å samle informasjon som kan danne eit grunnlag for anbefalingar og vidare digitalt utviklingsarbeid for kulturskolane. I tillegg skal prosjektet drøfte både konsekvensar for måten dei organiserer seg på og lærer bort på, i tillegg til å sjå på konsekvensane frå eit brukarperspektiv.

Kulturtanken har sett i gang eit prosjekt for å innhente erfaringar om digitale formidlingstilbod i Den kulturelle skolesekken (DKS). Målet er å få meir kunnskap om korleis lærarar og elevar opplever eit utval produksjonar i DKS, undersøkje erfaringar med å lage digitale DKS-produksjonar og fortelje om erfaringar med digital formidling slik at det kjem praksisfeltet til gode. Dette oppdraget gjennomførast også av Telemarksforsking.

Ung Kultur Møtes Norge, Ungdom og Fritid, Trondheim kommune og fleire ungdommar og tilsette frå forskjellige kommunar i heile landet har gått saman om å lage Ung Kultur Norge, ein nasjonal digital møteplass for ungdom. Bakgrunnen for prosjektet er dei digitale suksessane «Ung Kultur Trondheim» og «Ungdommens kulturhus i Sarpsborg», som oppstod etter at landet blei koronastengt i mars 2020.

Ung Kultur Norge bruker Discord, som er ei brukarvennleg og tilgjengeleg plattform mange ungdommar kjenner godt. Dei legg stor vekt på ungdomsmedverknad for å sikre at unge opplever tilbodet som ein relevant og attraktiv møteplass. Det er dessutan eit mål at møteplassen skal vere ein trygg sosial arena, som skaper relasjonar og motverkar isolasjon og utanforskap.

Kulturtanken har i samarbeid med Ung Kultur Møtes Norge, Norsk kulturskoleråd og Ungdom og Fritid foreslått at det blir sett i gang ein innovasjonsprosess i 2021. Målet skal vere å få ulike aktørar og miljø som utviklar ny teknologi til formidling, samspel, undervisning og samskaping med barn og unge, til å samarbeide om å utvikle løysingar. Dei opplever at mange er engasjerte i feltet, men at aktørane i for liten grad snakkar saman eller har tilgang på den nødvendige kompetansen og ressursane dei treng for å utvikle løysingar i dialog med målgruppa.

Boks 7.3 Den digitale fritidsklubben

Da landet blei koronastengt i mars 2020, opna Ungdommens kulturhus i Sarpsborg den digitale utgåva si av fritidsklubben. Det digitale ungdomshuset tilbydde mange av dei same aktivitetane og hadde dei same tilsette på jobb.

I «opphaldsrommet» blei det spelt musikk, og ungdommen kunne prate om laust og fast. Dei sette opp eit digitalt biljardbord som ungdommen kunne bruke, og som òg kunne brukast til ulike konkurransar. Inne i «e-sportssenteret» kunne ungdommane finne nokon å spele med eller snakke om spelrelaterte ting. I «kiosken» var det ingen varer, men ein sone der ungdommen kunne trekkje seg tilbake til eit rolegare rom utan musikk og forstyrringar. I «kontoret» kunne ungdommen snakke med ein eller fleire vaksne. Her var det berre mogleg å komme inn ved å få ein invitasjon, og ingen andre kunne sjå kven som var inne på kontoret. Det var i tillegg eigne møterom for dei ulike prosjektgruppene på ungdomshuset.

I ein periode der det for fleire ungdomshus var vanskeleg å oppretthalde kontakt med ungdommane, opplevde Ungdommens Kulturhus at fleire kom til, og dei har òg halde liv i det digitale tilbodet i periodar der det har vore mogleg å treffast igjen. Fleire av aktivitetane dei har i dag, kombinerer fysisk og digital deltaking.

7.1.6 Vurdering

Vi treng å få vite meir om kven det er av barna og dei unge som deltek i organiserte kunst- og kulturaktivitetar, kva slags type aktivitetar dei deltek i og kva det frivillige betyr i oppveksten til barn og unge. Samanlikna med deltakinga til barn og unge i idretten finst det óg lite kunnskap om trivsel og motivasjon, kompetanse blant leiarar/instruktørar, talentutvikling og andre forhold som kan ha noko å seie for deltakinga til barn og unge i det frivillige kulturlivet. Det er viktig å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag om mangfald i kulturfeltet, inkludert samiske forhold. Her kan også det frivillige kulturlivet sjølv vere med på å gi meir kunnskap om medlemmene og aktivitetane i ulike typar organisasjonar.

Frifond og eigenorganisert aktivitet

Korleis støtte skal fordelast gjennom Frifond-ordningane blei bestemt etter forslag frå paraplyorganisasjonane i 2000, og ordningane er ikkje endra på over 20 år. Arbeidet med barne- og ungdomskulturmeldinga har gitt ei anledning til å sjå på om vi kan endre på ordningane slik at dei møter behova til barn og unge i dag.

Både forsking og informasjon om ordningane frå LNU og Norsk musikkråd viser at barne- og ungdomsorganisasjonane veks og endrar seg. I tillegg fortel forskinga at barn og unge har fått andre interesser og driv på med andre aktivitetar enn da Frifondordninga blei laga.

LNU og Norsk musikkråd har gitt innspel om at det er behov for å styrkje Frifond organisasjon fordi det blir fleire medlemmer i barne- og ungdomsfrivilligheita. Dei ber om at Frifond organisasjon blir styrkt fordi denne er ei av dei viktigaste kjeldene til grunnstøttemidlar for barne- og ungdomsorganisasjonane.

Dei frittståande ordningane for eigenorganisert aktivitet er mange, og det kan vere vanskeleg for barn og unge i målgruppene å orientere seg i landskapet med ordningar som er tilgjengelege for dei. Å få til å forenkle er spesielt viktig i ordningar der det er meininga at barn og unge sjølve skal kunne søkje og få pengar til aktivitetar. I dag er det dessutan restmidlar i enkelte av ordningane frå år til år. Det er stort potensial for forenkling slik at landskapet av ordningar blir meir oversiktleg, og slik at midlane blir brukt på aktivitet.

Regjeringa vil sjå på måtar å gjere endringar som bidreg til å styrkje ordningane Frifond organisasjon, og samtidig tek i vare den eigenorganiserte aktiviteten. Forslag om slike endringar vil bli gjort i dialog med LNU og Norsk musikkråd.

Ungdom og Fritid arbeider for at fritidsklubbane skal vere ein uformell arena der ungdom kan vere med på å utvikle innhaldet i tilbodet som blir gitt. Eitt av verkemidla for å oppnå dette er Frifond. Frifondmidlane Ungdom og Fritid deler ut, betyr mykje for aktiviteten i fritidsklubbane. LNU har meldt at Ungdom og Fritid ikkje lenger kvalifiserer til Frifondmidlar og derfor kjem til å bli fasa ut av ordninga. Regjeringa vil derfor sikre eit tilskott til Ungdom og Fritid gjennom omdisponering av Frifondmidlane, for å oppretthalde støtte til aktivitet som ungdom sjølv tek initiativ til i fritidsklubbane.

Digitale satsingar

Barn og unge i Noreg er svært digitale frå ein tidleg alder. BUSK-rapporten viser at kulturbruken til barn og unge beveger seg mellom det digitale og det fysiske. Samtidig veit vi ikkje nok om korleis det tradisjonelle kulturtilbodet klarer å fange opp denne måten å bruke kulturen på, og vi veit lite om den digitale deltakinga i for eksempel kulturskolen, fritidsklubben eller i biblioteka.

Digitale aktivitetar og undervisning kan vere både noko positivt og negativt: Digitale tilbod kan bidra til å gjere kunst- og kulturaktivitetar meir tilgjengeleg, for eksempel for barn og unge som har vanskar med å oppsøkje tilbodet. På den andre sida kan det vere ein risiko for at det å berre ha digitale tilbod gjer at fleire sluttar, for eksempel fordi det kan vere vanskelegare å fange opp signal frå dei som står i fare for å slutte og fordi det kan vere lågare terskel for å melde forfall.

Regjeringa meiner at digitale tilbod og digitale møteplassar kan vere gode supplement til det vanlege tilbodet. Samtidig skal ikkje dei digitale tilboda erstatte andre aktivitetar og dei fysiske møta. Vi treng meir kunnskap om korleis dette fungerer og kva betydning det har for barn og unges deltaking. Undersøkingane frå Telemarksforsking om kva for erfaringar og læringsutbyte kulturskolane fekk frå å bruke digitale medium under koronapandemien, og prosjektet om digitale tilbod i Den kulturelle skolesekken, kan gi nyttig kunnskap om digitalisering. Dette kan kommunane dra nytte av i arbeidet med kulturskoleutviklinga og DKS. Kulturtanken vil i samarbeid med UKM Norge, Norsk kulturskoleråd og Ungdom og Fritid også kunne bidra til å samle erfaringar og informasjon om løysingar for formidling, samspel, undervisning og samskaping med barn og unge.

Regjeringa har i budsjettet for 2021 sett av 4 mill. kroner til digitale satsingar på barne- og ungdomskulturfeltet. Det er behov for oppdaterte verkemiddel som kommuniserer på premissane til barn og unge, i form av ny teknologi til formidling, samspel, undervisning og til å forløyse potensialet unge har innan kunst og kultur.

Utfordringa er at barn og unge er kritiske og erfarne digitale brukarar. Derfor er det mykje som må klaffe for at løysingar og teknologiar skal treffe og få fotfeste i målgruppa. Her er det spesielt viktig at ungdommar sjølve er med på å definere behova sine og moglegheitene.

Regjeringa set derfor av inntil 2,5 mill. kroner av midlane til digitale satsingar for å setje i gang ein innovasjonsprosess i 2021. Det er Kulturtanken som skal forvalte pengane, og dei kan både brukast til å dekkje kostnader for arrangement og aktivitetar og fordelast som såkornmidlar til utviklingsarbeid i relevante miljø.

Regjeringa vil

  • styrkje kunnskapen om deltakinga i og bruken av det frivillige kulturlivet blant barn og unge

  • styrkje Frifond organisasjon og vurdere ein ny modell for å innrette Frifondordningane slik at denne bidreg til forenkling og brei deltaking

  • styrkje arbeidet fritidsklubbane gjer med eigenorganisert aktivitet gjennom omdisponering av Frifondmidlane

  • setje i gang ein innovasjonsprosess for å identifisere behov og utvikle digitale satsingar på barne- og ungdomskulturfeltet

7.2 Møteplassar for kunst- og kulturaktivitet

Boks 7.4 Innspel frå barn og unge

Barn og unge ønskjer at kulturpolitikken legg til rette for

  • å ta vare på gamle og etablere nye fritidsklubbar og uformelle møteplassar

  • å gjere fleire fysiske møteplassar tilgjengelege for gaming- og LAN-arrangement

  • å etablere fleire arenaer for opplæring i, og erfarings- og kompetanseutveksling innanfor, digitale medium og kunstuttrykk

Å leggje til rette for gode møteplassar og arenaer for barn og unge, der dei kan møte, bli kjende med og utvikle ferdigheiter innan ulike kunst- og kulturuttrykk, er ein viktig del av barne- og ungdomskulturpolitikken. Kulturmeldinga understrekar at kulturlivet skal fremje møte mellom menneske ved å utvikle og forsterke kulturarenaene som inkluderingsarenaer. Det skal leggjast til rette for opplevingar som skaper felles referansar og byggjer solide fellesskap. Dette gjeld for barne- og ungdomskulturen òg.

Barn og unge har i BUSK-rapporten uttrykt eit stort behov for gode fysiske møteplassar der dei bur. Dei ønskjer i tillegg å bli lytta til i utforminga av kulturtilbodet som blir presentert der. Det lokale kulturlivet må leggje til rette for å skape og vidareutvikle gode møteplassar for barn og unge. Dette tilbodet må vere tilgjengeleg for alle over heile landet.

7.2.1 Eigna lokale til kulturfrivilligheita

Frivilligheitsmeldinga trekte fram tilgangen til eigna lokale til kulturfrivilligheita som ei av hovudutfordringane, sjå Meld. St. 10 (2018–2019). Eitt av oppfølgingstiltaka frå frivilligheitsmeldinga var å setje i gang ei kartlegging av bygg som organisasjonane eig. Dette tiltaket blei sett i samanheng med Kulturalliansens kartleggingsverktøy for lokala som kulturfrivilligheita nyttar.5

Den frivillige kulturaktiviteten går ofte føre seg i klasserom, gymsalar, aulaer eller bomberom i skolar, i samfunnshus og i kulturhus. Å ha tilgang til eigna lokale er heilt nødvendig for at det skal vere eit levande kulturliv over heile landet.

Kulturrom er tilskottsordninga for teknisk utstyr og lokale. Kulturrom skal bidra til at det finst øvingslokale og gode tekniske vilkår for å framføre musikk, dans og teater over heile landet. Kulturrom fekk i 2019 40 mill. kroner i tilskott frå spelemidlane til kulturformål. Midlane bidrog til 53 nye øvingsrom, ein ny musikkbinge og til at 136 nye øvingsrom fekk betra utstyr eller lokale.

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) blei i 2020 tildelt midlar frå Barne- og familiedepartementet til å utvikle ein portal for tilgang til lokale for barne- og ungdomsfrivilligheita. Føringane er at portalen skal sikre at kommunale utlånslokale blir tilgjengelege, og at portalen skal opne for andre aktørar i tillegg.

Mange kommunar har god oversikt over kulturlokala sine, men det manglar ei heilskapleg og samla oversikt. Kulturalliansen har, i samarbeid med Norsk musikkråd og Kulturrom, teke initiativ til å gjennomføre eit kartleggingsprosjekt som kan gi grunnlag for ei slik oversikt.

Hovudmålet for prosjektet er å gi kunnskap om lokale som blir brukte til kulturformål – kven som eig lokala, bruker dei, og i kva grad dei er eigna til denne bruken. Dessutan får vi begynt på arbeidet med å få meir kunnskap om tilgjenge og behov for utbetringar. Slik informasjon vil vere nyttig for frivillige aktørar, politikarar og andre aktørar. Målet er å gi gode arenaer for aktivitet gjennom det frivillige kulturliv, også for barn og unge.

7.2.2 Biblioteka som ein viktig møteplass

Biblioteka er ein sentral arena for å oppdage ny litteratur, utforske kunst- og kulturuttrykk og utforske medieuttrykk som spel og film. BUSK-rapporten trekkjer fram dei lokale biblioteka som ein stad barn og unge kan møte venner. Barn og unge har i tillegg etterspurt om ikkje biblioteka kan ha låneordningar for filmutstyr og musikkinstrument.

Bibliotek er det i alle kommunar, og i mange små lokalsamfunn vil biblioteka vere ei av få offentlege kulturelle tenester. Biblioteka fungerer som kulturarenaer, læringsarenaer og møteplassar. Biblioteka er, og skal vere, opne, inkluderande og tilgjengelege stader for rekreasjon, debatt, opplysning og kunnskap for heile befolkninga.

SSBs «Undersøkelse om bibliotekbruk 2015» viser korleis barn og unge bruker folkebiblioteket. Personar som hadde barn under 16 år, svarte på vegne av barnet. Sju av ti sa at barnet deira hadde vore på biblioteket i løpet av dei siste tolv månadene. Det var ein klar tendens at barn som har foreldre som bruker biblioteket, også bruker biblioteket. 82 prosent av dei som svarte, forklarte at barnet hadde vore på biblioteket for å låne noko, 74 prosent hadde vore der med klassen eller barnehagen, 44 prosent hadde vore på framsyning og nesten 50 prosent hadde vore der med venner.

I Nasjonal bibliotekstrategi 2015–2018 var eitt av måla å styrkje folkebiblioteka som uavhengig møteplass og digital arena.6 Nasjonalbiblioteket fekk som følgje av dette ansvaret for å fordele prosjekt- og utviklingsmidlar til blant anna tiltak for å utvikle folkebiblioteka som debatt- og læringsarena, møteplass og formidlingsinstitusjon.

Rapport Evaluering av Nasjonal bibliotekstrategi (2019) viser at bruken av folkebiblioteket endra seg i strategiperioden. Framleis bruker folk biblioteket mest til å låne fysiske bøker, men det er òg ein vesentleg andel som har andre opplevingar med biblioteket. Ein av tre i befolkninga har vore på arrangement i regi av biblioteket. Av dei som bruker biblioteket, har andelen av dei som har brukt biblioteka til å møte venner auka frå 20 til 25 prosent.7

Boks 7.5 Bibliotek som møteplass

For at biblioteka skal vere eit relevant tilbod til barn og unge, er det ein føresetnad at barn og unge medverkar i utviklinga av barne- og ungdomsbiblioteket:

Biblo Tøyen i Oslo opna i 2016 og er tilrettelagd med bøker og opplevingar berre for barn og unge mellom 10 og 15 år. Vaksne har ingen åtgang. Målet er å bidra til å styrkje leseferdigheitene blant unge ved å tilby kunnskapsbyggjande aktivitetar i tillegg til litteratur.

Biblo Tøyen er blitt ein møteplass, ein stad å slappe av, henge, surfe, mekke, lese, lære og låne bøker. Biblo tilbyr litteratur for større barn og ungdom, arbeidsstasjonar med pc og iPad-ar, verkstadstasjonar, ein scene, spel og sitjekrokar. Biblio har dermed ein viktig funksjon, særleg i bydelar som Tøyen, der det er utfordringar knytte til tettleik, at folk bur trongt, språk, kulturforskjellar og integrering.

Unge Stormen er Stormen bibliotek i Bodø si eiga ungdomssatsing for, av og med ungdom. Unge Stormen er eit nettverk som består av ungdom mellom 13 og 21 år som er interesserte i musikk, teater, media, dans, gaming, litteratur, arrangering, møtestader, visuell kunst, politikk og meir. Dei arrangerer alt frå konsertar til foredrag og grafittikurs. Unge Stormen arrangerer også Digital Kveld for barn og unge mellom 9 og 14 år. Tilbodet har som mål å skape ein digital og sosial møteplass for dei yngre ungdommane. Unge Stormen har eit eige styre og ein vaksenprosjektkoordinator.

Mange folkebibliotek legg til rette for dataspeling i lokala sine, og fleire bibliotek arrangerer gaming- og spelkveldar. Spillerom – Dataspillstrategi 2019–2023 trekkjer fram rolla biblioteka har som møteplass og arena for tilgang til og spreiing av dataspel.8 Nasjonalbiblioteket har gitt støtte til forskjellige utviklingsprosjekt knytte til dette.

Samtidig er det ei utfordring at mange bibliotek ønskjer å tilby spel, men manglar verktøya for korleis dei kan formidle spela og korleis desse kan brukast aktivt i biblioteka. Nasjonalbiblioteket har derfor, i samarbeid med Norsk filminstitutt, arrangert seminar for bibliotektilsette om å formidle dataspel i biblioteka. Nasjonalbiblioteket vil òg tilby nettkurs i bruk av dataspel, slik at biblioteka kan lære meir om dette. Norsk filminstitutt vil tilby tilskot til kompetansehevande tiltak for dei som formidlar dataspel i bibliotek.

7.2.3 Møteplassar for spelinteresserte ungdommar

Dataspel er eit digitalt kulturuttrykk mange deltakarar i BUSK-rapporten er opptekne av og bruker mykje av tida si på. Sjølv om dataspel ofte blir spelte online, er den sosiale dimensjonen viktig òg. Mange beskriv gode opplevingar frå fysiske samlingar og LAN-samankomstar.

Regjeringa sin dataspelstrategi Spillerom blei lansert hausten 2019. Eitt av oppfølgingspunkta er: «Regjeringen vil oppfordre kommuner og andre til å vurdere å legge til rette for møteplasser for spillinteressert ungdom. Det skal lages en veileder for dette.»

Ungdom og Fritid har fått tilskott frå Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar til eit forprosjekt om møteplassar innan datakultur. Forprosjektet er eit samarbeid med UKM – Ung Kultur Møtes, Tverga – ressurssenteret for egenorganisert idrett og fysisk aktivitet og KANDU (arrangørane av The Gathering). I januar 2020 gjennomførte dei fire organisasjonane eit medverknadsseminar der ei rekkje unge gamerar, ungdomsarbeidarar og aktørar frå heile landet diskuterte kva behov ungdom som speler dataspel, har når det gjeld møteplassar. Resultata frå dette seminaret er samla i rapporten Møteplass Datakultur, som blei lansert hausten 2020.

Hovudfunna frå rapporten er at ungdommar har mange av dei same behova og utfordringane knytte til møteplassar for datakultur og gaming som dei har for andre møteplassar. Det som skil seg spesielt ut, er behova og interessa for kulturen i gaming og dataspel. Det handlar ikkje berre om å spele, men òg om å produsere og utvikle.9

Å skape møteplassar der ungdom kan møtast og spele saman med andre, og som er samlokaliserte med andre tilbod for ungdom, blir trekte fram som viktig. Dei som skal leggje til rette for møteplassane, må ta med ungdommane når dei utviklar møteplassane. Dette gjeld særskilt for jentene, som sjeldnare er med på fysiske gamingarrangement. Det blir derfor viktig å la jentene medverke i å planleggje og gjennomføre arrangementa slik at dei kan rekruttere fleire jenter.

Ungdommen er elles tydelege på at gaming i stor grad er ein sosial aktivitet, anten spelinga skjer saman med andre digitalt eller fysisk. Gaminga er med på å gi god sosial kompetanse og meistring, både digitalt og fysisk.

7.2.4 Vurdering

BUSK-rapporten peiker på at barn og unge har behov for gode møteplassar i nærmiljøet der dei kan delta i, oppleve og framføre kunst og kultur. Det er behov for å sjå det kommunale barne- og ungdomskulturtilbodet i samanheng. Regjeringa har derfor sett av midlar til eit pilotprosjekt for å integrere barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging, sjå kapittel 5. Regjeringa har tillit til at kommunane følgjer opp innspelet frå barn og unge og sikrar gode lokale møteplassar som tilbyr barn og unge eit relevant kunst- og kulturtilbod, og der alle som ønskjer det, får anledning til å delta.

For barn og unge er det svært viktig med det sosiale aspektet ved å delta i kulturaktivitetar. Barn og unge ønskjer møteplassar i nærmiljøet sitt der dei kan vere saman med venner, vere med og påverke innhaldet i tilbodet og der det er trygge og forståingsfulle vaksne til stades.

Frivillige organisasjonar, fritidsklubbar, kulturskole, bibliotek, kino, ulike trussamfunn og kulturhus er slike arenaer der barn og unge kan treffe kvarandre og byggje et fellesskap i sitt eige nærmiljø. Her kan òg barn og unge møte profesjonelle utøvarar som underviser, rettleier og motiverer. Dette er sentrale arenaer der barn og unge kan bli kjende med kunst og kultur, som kan bidra til å skape motivasjon og vilje til å fordjupe seg vidare, eller som kan gi dei den nødvendige kulturelle ballasten til å oppsøkje desse uttrykka som publikum.

Kommunane tek i vare ei viktig oppgåve i arbeidet med barne- og ungdomskultur for å leggje til rette for at desse arenaene framleis skal tilby kunst- og kulturaktivitetar for, med og av barn og unge. Samspel og samarbeid mellom aktørar lokalt, regionalt og nasjonalt er nødvendig for at alle barn og unge skal ha eit breitt og mangfaldig tilbod av høg kvalitet.

Lokala som det frivillige kulturlivet har til rådvelde, er ofte samfunnshus eller skolebygg. Desse er ikkje godt nok tilpassa dei auka kvalitetskrava som gjer seg gjeldande for kulturaktiviteten. Og ofte manglar dei universell utforming. Kulturhusa i dei ulike kommunane er dessutan i mange tilfelle for dyre til at det frivillige kulturlivet kan bruke dei.

Regjeringa anerkjenner det behovet det frivillige kulturlivet har for eigna og tilgjengelege lokale, og vil gjennom å gi støtte til initiativ frå kultursektoren til kartlegging av kulturlokale, bidra til meir kunnskap om lokale til kulturformål over heile landet. Kunnskapen skal bidra til at det frivillige kulturlivet saman med kommunane kan skape gode, lokale arenaer for det lokale kulturlivet, inkludert barn og unge.

Barn og unge har i BUSK-rapporten meldt eit behov for fleire fysiske møteplassar for gaming- og LAN-arrangement. Som ei oppfølging av Spillerom og Møteplass Datakultur er Kulturdepartementet i dialog med organisasjonane Tverga, Ung Kultur Møtes, Ungdom og Fritid, Hyperion og KANDU om å lage ei rettleiing for kommunar og andre som ønskjer å bidra til å utvikle attraktive, tilgjengelege og inkluderande møteplassar der barn og ungdom som er interesserte i datakultur, føler seg sette og velkomne.

Rettleiinga skal innehalde konkrete råd og tips til kommunar og andre aktørar som eig eller driv lokale som kan vere aktuelle, eller som på andre måtar ønskjer å leggje til rette for møteplassar. Rettleiinga skal kunne brukast til både å skape varige arenaer og enkeltarrangement.

Aktuelle tema rettleiinga beskriv, kan for eksempel vere kva det er viktig å tenkje på og planleggje for, fysiske føresetnader ved lokale og utstyr, tekniske og praktiske løysingar, kven det er nyttig å samarbeide med og korleis det kan leggjast opp til dialog og samarbeid med spelinteressert ungdom. Rettleiinga blir ferdig i 2021.

Regjeringa vil

  • støtte initiativ frå kultursektoren til kartlegging av kulturlokale for å bidra til meir kunnskap om lokale til kulturformål

  • oppmode kommunar og andre til å bruke rettleiinga for å utvikle møteplassar for datakultur

  • leggje til rette for gode møteplassar i nærmiljøet der både frivillige organisasjonar, private aktørar og kommunale verksemder kan tilby kunst- og kulturaktivitetar for, med og av barn og unge

  • leggje til rette for samarbeid med og medverknad frå barn og unge som representerer det frivillige kulturliv, og at samarbeid mellom kulturskolen, Ung Kultur Møtes, fritidsklubbane og biblioteka blir koordinert

  • leggje til rette for lokale visningsarenaer der barn og unge kan vise fram ferdigheitene sine for eit publikum

7.3 Like moglegheiter til å delta

Boks 7.6 Innspel frå barn og unge

Barn og unge ønskjer at kulturpolitikken legg til rette for

  • å etablere fleire arenaer for å utveksle kultur

  • å innføre universell utforming på alle kunst- og kulturarenaer

  • å lage meir, betre og lettare tilgjengeleg informasjon om eksisterande kunst- og kulturtilbod

  • å styrkje moglegheitene for å utøve kunst og kultur for barn og ungdom med nedsett funksjonsevne

  • å styrkje alle bibliotek med relevant barne- og ungdomslitteratur og gratis utlånsordningar for utstyr for ulike typar utøving av kunst og kreativ verksemd

  • å ha fleire rabattordningar for billegare inngang for barn og unge på ulike kulturtilbod

  • å etablere offentlege støtteordningar for ungdom i distrikta slik at det blir enklare for dei å ta del i større kulturarrangement

  • å utvide kollektivtilbodet og senke prisane på det slik at det blir enklare å reise til og frå ulike kulturaktivitetar

I BUSK-rapporten kjem det fram at barn og unge er bekymra for at kulturfeltet kan produsere former for utanforskap, og at det ikkje er tilgjengeleg for alle. Ein av ungdommane uttrykkjer det slik: «Husk å også få mer kulturtilbud på bygda i tillegg til byer. Bønder vil òg bli kunstnere.»

Dei sosiale og økonomiske ressursane barn og unge har med seg heimanfrå, innvandrarbakgrunn, kjønn og funksjonsevne betyr noko for kulturbruken deira og om dei deltek i kulturlivet, sjå punkt 3.2.4 om forskjellar blant grupper av barn og unge.

Arbeidet med auka mangfald er ei hovudprioritering på tvers av alle politikkområda Kulturdepartementet har. Det er heilt vesentleg at kulturpolitikken legg til rette for at kunst- og kulturlivet speglar mangfaldet som pregar samfunnet i dag.

Målet er å ta eit krafttak for mangfald. Krafttaket inneber at heile kultursektoren må vere med på eit langsiktig og systematisk arbeid for å nå eit større mangfald av brukarar og deltakarar, av utøvarar og av uttrykk og tilbod.

Norsk kulturråd blei i 2020 tildelt rolla som nasjonal koordinator i arbeidet med mangfald i kunst- og kulturlivet, noko som blei vidareført i budsjettet for 2021. Kulturrådet har i samband med det sett i gang eit omfattande arbeid med å få med aktørar i sektoren for å operasjonalisere og konkretisere oppdraget sitt som mangfaldskoordinator.

Kulturrådets mangfaldsarbeid tek utgangspunkt i at kunst- og kulturlivet skal vere inkluderande, relevant og representativt. Målsetjinga er å gjere kulturlivet meir tilgjengeleg og bidra til at fleire deltek som publikum, kunstnarar eller arrangørar. Kulturrådets arbeid vil bestå i målretta tiltak mot grupper som er underrepresenterte og/eller møter særlege utfordringar i kunst- og kulturlivet: synlege minoritetar og grupper som representerer fleirkulturelt og etnisk mangfald, samar og nasjonale minoritetar, personar med nedsett funksjonsevne og døve. Koordinatorrolla og mangfaldsarbeidet skal integrerast i heile Kulturrådets organisasjon og i den daglege praksisen. Målet er ein nasjonal og langsiktig innsats som mobiliserer til målretta handling når det gjeld mangfald og likestilling i kunst- og kulturlivet.

7.3.1 Barn og unges tilgang til kunst- og kulturtilbod

Kulturaktivitetar, arenaer og innhald skal vere tilgjengelege for alle, og alle skal kunne delta utan å bli hindra av fysiske forhold, omgivnader, av korleis tenestene er organiserte eller tekniske løysingar.

Mange barn og unge er opptekne av kva informasjon dei har tilgang på, og dei gir opp mangelfull og dårleg informasjon som eit hinder for å ta ordentleg del i kulturtilbodet i nærmiljøet. Barn og unge ønskjer betre informasjon, både på digitale kanalar, men også via skolen. Barn og unge har inntrykk av at det finst mange tilbod dei rett og slett ikkje veit om.

Det er no fleire kommunar som jobbar med prosjekt der målet er å gi barn, unge og foreldra deira betre informasjon om det lokale kultur- og fritidstilbodet. For å nå ut til fleire har Utdanningsdirektoratet arbeidd med å utvikle betre informasjon om kulturskolen på fleire språk.

Samarbeid mellom frivillige organisasjonar, skolen og andre aktørar med ansvar for tilbod til barn og familien deira kan bidra til å sikre at informasjon når fram til utsette grupper av barn og unge. Skolen og barnehagen tek òg i vare ei viktig oppgåve som arena for aktivitet på fritida og bidreg til å samle breie lag av befolkninga på felles kulturaktivitetar under for eksempel 17. mai, karneval, julegrantenning og anna. På denne typen aktivitetar og arrangement kan både barn og vaksne få meir kjennskap til nokon av dei kulturtilboda som finst lokalt.

Boks 7.7 Fritid123.no

Modum kommune har i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar og private aktørar etablert ei samarbeidsplattform som skal sikre at det er mogleg for alle barn og unge å delta i ein fritidsaktivitet. Løysinga er blant anna ei ny digital oversikt over alle lokale fritidsaktivitetar der det er enkelt å finne fritidsaktivitetar ut frå alder, bustad og interesse: www.fritid123.no. Kommunen har i tillegg laga eit system for å spreie informasjon og rekruttere til fritidsaktivitetane, gjennom blant anna å lage informasjonsmateriell.

Barn og unge ønskjer betre rabattordningar for billegare inngang på ulike kulturtilbod. Særleg eldre ungdom beskriv økonomi som eit hinder for å delta på kunst- og kulturaktivitetar og legg vekt på behovet for å finne løysingar slik at alle kan delta uavhengig av sin eigen økonomi eller økonomien til foreldra. Mange etterlyser i tillegg eit billegare og betre kollektivtilbod slik at det blir enklare å delta på kunst- og kulturaktivitetar.

I BUSK-rapporten uttrykkjer barn og unge eit behov for gode, lokale og lett tilgjengelege ressursar som alle kan dra nytte av. Mange etterspør låneordningar for filmutstyr og musikkinstrument i tilknyting til biblioteka. I ei rekkje kommunar finst det allereie utlåns- eller utstyrssentralar, og dei fleste tilbyr utstyr til vintersport og friluftsaktivitetar. Hensikta er å redusere dei økonomiske barrierane for å delta i fritidsaktivitetar. Utstyrssentralane er organiserte på ulike måtar og blir drifta av både kommunar, lag og foreiningar. Nokon kommunar har valt å knyte seg til BUA, som er ein nasjonal ideell organisasjon som jobbar for at barn og unge skal få moglegheita til å prøve fleire og meir varierte aktivitetar. I 2020 fordelte Bufdir rundt 23 mill. kroner frå «Nasjonal tilskuddsordning for å inkludere barn og unge» til tiltak som inneber etablering eller drift av utstyrssentralane.

I tillegg fordeler Kulturdepartementet midlar til Instrumentfondet som blir fordelte av Norges Musikkorps Forbund og De Unges Orkesterforbund. Desse midlane bidreg til at skolekorps og orkester over heile landet kan få støtte til innkjøp av instrument. Gjennom Kulturrom sine støtteordningar kan øvingsfellesskap søkje tilskott til større instrument som blir brukte av eit større fellesskap og høyrer til fast i eit kulturrom.

Deltakarane i BUSK-rapporten løftar fram kor viktig det er med universell utforming slik at barn og unge med funksjonsnedsetjingar kan delta, både i kulturaktivitetar og i kunst- og kulturopplevingar. Ei tydeleg oppmoding frå høyrselshemja barn er at alt av innhald på tv og kino må bli teksta, og at det blir utvikla eit eige tilbod med tolk på kino for dei yngste høyrselshemja barna.

Plan- og bygningslova krev at prinsippet om universell utforming skal takast i vare i planlegginga og skal inn i krava til kvart enkelt byggjetiltak. I likestillings- og diskrimineringslova er universell utforming definert som «utforming eller tilrettelegging av hovedløsningen i de fysiske forholdene […] slik at virksomhetens alminnelige funksjoner kan benyttes av flest mulig, uavhengig av funksjonsnedsettelse».

Plan- og bygningslova pålegg også alle som fremjar planforslag, å leggje til rette for medverknad. Det står i lova at kommunen har eit særleg ansvar for å sikre at grupper som krev spesiell tilrettelegging, skal få medverke aktivt. Kommunen skal òg passe på at grupper og interesser som ikkje er i stand til å delta direkte, har gode moglegheiter til å medverke på ein annan måte.

Regjeringa arbeider med ein handlingsplan om universell utforming som skal vere klar i 2021. I planen skal regjeringa presentere tiltak for eldre bygg og anlegg, som ofte blei bygde før det kom krav om universell utforming og dermed har dårleg tilkomst. Handlingsplanen vil dessutan sjå på tiltak for å sikre at tv- og filmproduksjonar for barn og unge blir teksta.

Bufdir forvaltar tilskottsordninga «Universell utforming – kunnskapsutvikling, kompetanseheving og informasjon» for Kulturdepartementet. Prosjekt som omhandlar kartleggingstiltak av universell utforming av grunnskolar, blei prioriterte i utlysinga av denne tilskottsordninga.

Utdanningsdirektoratet kan i dialog med Bufdir og KS rettleie barnehage- og skoleeigarar om plikta til universell utforming av barnehage- og skolebygg. Utdanningsdirektoratet, Bufdir og Helsedirektoratet samarbeider også om andre tiltak for universell utforming av barnehage- og skolebygg, inkludert ei nettside om fysiske læringsmiljø på udir.no der barnehage- og skoleeigarar enkelt kan skaffe seg informasjon.

For mange med utviklingshemming er moglegheita til å delta i fritidsaktivitetar og på fritidsarenaen avgrensa. Dette kjem av blant anna manglande tilrettelegging, for eksempel for å ha for få timar med støttekontakt, og av fordommar eller manglande kunnskap i idrettslag og organisasjonar om kva utviklingshemja kan gjere og vere med på. Fritids- og kulturaktivitetar for funksjonshemja er ofte initierte av tenesteytarar i helse- og omsorgssektoren og ikkje av ordinære lag, foreiningar eller kulturarbeidarar i det lokale kulturliv.10

Bufdir har fleire tilskottsordningar for prosjekt der målgruppa er personar med funksjonsnedsetjing, og fleire av desse ordningane når barn og unge òg. Tilskottsordninga til universell utforming har som formål å utvikle og styrkje gjennomføringa av universell utforming som samfunnskvalitet og betre livskvalitet og likestilling for personar med funksjonsnedsetjingar.

Eitt av prosjekta som har fått støtte er Norske Konsertarrangører sitt «Tilgjengelighet Kultur-Norge». Prosjektet har utvikla «Tilgjengelighetshåndboka for kulturarrangører» og «Tilgjengelighetsmerket», som er ei sertifisering for kunst- og kulturaktørar som har godt tilgjenge for menneske med nedsett funksjonsevne på arrangementa sine. Desse prosjekta treffer barn og unge med funksjonsnedsetjing òg.

Boks 7.8 Tilgjengelighetsmerket

Norske Konsertarrangører har utvikla Tilgjengelighetsmerket, som er ei sertifisering for kunst- og kulturaktørar som har sørgt for godt tilgjenge for menneske med nedsett funksjonsevne på arrangementa sine.

Tilgjengelighetsmerket skal

  • betre tilgjenget på kunst- og kulturarenaer for menneske med nedsett funksjonsevne

  • gjere relevant informasjon tilgjengeleg for menneske med nedsett funksjonsevne

  • synleggjere dei kunst- og kulturaktørane som har godt tilgjenge for menneske med nedsett funksjonsevne

Tilgjengelighetsmerket passar for alle kunst- og kulturaktørar som held opne arrangement – anten ein er stor eller liten, institusjon eller organisasjon, festival eller heilårsarrangør. Alle som ønskjer å få Tilgjengelighetsmerket, må gjennomføre opplæring i verksemda si i form av kurs frå Norske Konsertarrangører. Kurset varer i tre timar. Etter kurset skal verksemda lage ein handlingsplan over dei tiltaka dei må gjennomføre for å utbetre tilgjenget. Informasjon om tilgjenget, som samsvarer med dei gjennomførte tiltaka, skal verksemda så leggje ut på heimesida si.

7.3.2 Fritidserklæring- og fritidskortordningar

For at vi skal sikre at alle barn og unge, uavhengig av bakgrunn, skal få anledning til å delta i kultur- og fritidsaktivitetar, er det nødvendig å ha ordningar som senkar terskelen for å delta.

I 2016 gjekk kommunane, frivilligheita og staten saman om «en felles innsats for at alle barn, uavhengig av foreldrenes sosiale og økonomiske situasjon, skal få mulighet til å delta jevnlig i minst én organisert fritidsaktivitet» (Fritidserklæringa). Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er sekretariat for arbeidet med Fritidserklæringa. Bufdir skal i tillegg bidra til at det blir etablert eit nettverk for kompetanse og erfaringsspreiing, konferansar, seminar og møteplassar for lokale pilotprosjekt. Fritidserklæringa samlar stor oppslutning sentralt og lokalt, i idretten og kulturlivet, blant organisasjonar, i lag og foreiningar og i kommunane.

Regjeringa har sett i gang eit prøveprosjekt med fritidskortordningar for barn frå 6 til fylte 18 år som kan brukast til dekkje deltakaravgifta til faste, organiserte fritidsaktivitetar. Målet med ordninga er at det skal vere mogleg for fleire barn og unge å delta i fritidsaktivitetar saman med jamaldringar.

I 2019 blei det sett i gang eit pilotforsøk med fritidskortordningar i kommunane Arendal og Vadsø, og hausten 2020 blei det sett i gang eit prøveprosjekt i ytterlegare ti kommunar.

Formålet med prøveprosjektet er å finne ut korleis ei eventuell nasjonal fritidskortordning må vere for at ho på ein treffsikker og effektiv måte skal redusere barrierar og bidra til meir deltaking. Regjeringa oppmodar kommunane til å leggje på ein lokal andel, og det er opp til kommunane å velje korleis dei fordeler dei lokale midlane på barna.

For at fritidskortet skal vere inkluderande og tilgjengeleg, må ordninga vere ubyråkratisk, universelt utforma og enkel å ta i bruk. Bufdir arbeider for å utvikle ei felles teknisk løysing for fritidskortet som kommunane kan bruke.

7.3.3 Ordningar for inkludering og integrering

I 2020 blei det etablert ei ny tilskottsordning for inkludering i kulturliv. Målet med denne er å bidra til at det skal bli mogleg for barn og unge som ikkje deltek i fritidsaktivitetar, å delta jamleg i organiserte kulturaktivitetar saman med jamaldringane sine. Ordninga skal bidra til at frivilligheita kan samarbeide på tvers for å leggje til rette for å inkludere barn og unge i trygge, sosiale og utviklande miljø som let dei føle meistring, samhald og at dei høyrer til. Forvaltninga av tilskottsordninga er delegert til Kulturtanken.

Det har vore stor interesse for ordninga, og i første søknadsrunde kom det inn 135 søknader på til saman 34 mill. kroner. Dette viser at frivillig kulturliv er klare for å inkludere enda fleire barn og unge i arbeidet sitt.

Til saman 9 mill. kroner blei fordelte til 55 ulike prosjekt. I tillegg til løyvinga på 5 mill. kroner over statsbudsjettet blei ordninga tilført 4 mill. kroner frå spelemidlane til kulturformål. Prosjekta som fekk støtte, omfattar tiltak retta mot barn og unge frå låginntektsfamiliar, med minoritetsbakgrunn, nasjonale minoritetar og barn og unge med funksjonsnedsetjingar. Det er i tillegg lagt vekt på regional fordeling og fordeling på ulike kunst- og kulturuttrykk. Ordninga er vidareført i 2021.

Aktivitetsstøtta Herreløs arv skal gå til frivillig verksemd for barn og unge. Barn og unge med funksjonsnedsetjingar skal i tråd med forskrifta for ordninga prioriterast. Frivillige organisasjonar på nasjonalt og regionalt nivå som har frivillig verksemd for barn og unge, kan søkje om støtte. Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) tildeler midlar frå ordninga etter retningslinjer som er godkjende av departementet. Aktivitetsstøtta Herreløs arv er i 2020 evaluert av Rambøll på oppdrag frå Kulturdepartementet. Resultatet av evalueringa blir publisert våren 2021.

Integrering gjennom kunnskap – Regjeringens integreringsstrategi 2019–2022, inneber ein forsterka innsats mot segregering og utanforskap.11 Regjeringa ønskjer å fremje deltaking og fellesskap. Det er særleg viktig at barn og unge med innvandrarbakgrunn kan delta på aktivitetar og på sosiale arenaer til liks med andre barn. Kvardagsintegrering skjer der folk møtest i små og store fellesskap, på formelle og uformelle arenaer som i barnehage og skole, i bu- og nærmiljø, i kulturlivet og gjennom engasjement i frivillige organisasjonar og andre delar av sivilsamfunnet. Frivillige organisasjonar, idretten og kulturlivet legg til rette for fellesskap og mangfaldige møteplassar og utgjer derfor viktige arenaer for å få til betre kvardagsintegrering. Frivillige organisasjonar samlar både barn, unge og vaksne til frivillig aktivitet om noko vi har felles. Gjennom historieformidling og kulturopplevingar fungerer institusjonane som brubyggjarar, der innvandrarar kan delta både som publikum og utøvarar. I tillegg arbeider mange organisasjonar spesifikt med interkulturelt arbeid.

7.3.4 Vurdering

Regjeringa har som mål at alle barn og unge skal kunne delta på kultur- og fritidsaktivitetar. Dei sosiale og økonomiske ressursane barn og unge har med seg heimanfrå, innvandrarbakgrunn, kjønn eller funksjonsevne skal ikkje vere hindringar eller barrierar for at barn og unge skal kunne delta i slike aktivitetar. Dette er ei utfordring som stat, fylkeskommunar og kommunar må løyse i fellesskap og gjennom samarbeid med frivillige organisasjonar og private aktørar.

Kulturdepartementet er i gang med ei satsing for å styrkje mangfaldet på alle politikkområda til departementet. Rammene for arbeidet er presentert i budsjettproposisjonen for 2021, sjå Prop. 1 S (2020–2021).

I dette arbeidet vil departementet konsentrere seg spesielt om barn og unge. Barn og unge skal oppleve at kunsten og kulturen som blir skapt og formidla, er relevant og representativ i form av at stemmene deira blir høyrde, og at kunsten og kulturen tek opp spørsmål som har med kvardagen deira å gjere. Barn og unge treng synlege rollemodellar, og informasjonen om mangfaldet av tilbod som finst må formidlast på ein måte som gjer at alle får dei same moglegheitene til å delta. For å lykkast med alt dette må vi ta med barn og unge på råd, og dei må få moglegheita til å bidra aktivt gjennom å delta og medverke.

Barne- og ungdomskulturpolitikken på nasjonalt nivå må leggje til rette for at kunst- og kulturlivet, inkludert det frivillige kulturlivet, speglar mangfaldet i samfunnet. For å få til dette stiller Kulturdepartementet krav til tilskottsmottakarane sine om at dei skal jobbe for eit meir relevant og representativt kunst- og kulturtilbod.

Regjeringa vil at barn og unge skal ha moglegheiter til å ta sjølvstendige val om eigenproduksjon og å delta i kunst- og kulturlivet. Dette føreset at det finst eit mangfaldig og tilgjengeleg tilbod til barn og unge, som er godt kjent og utan barrierar for deltaking, for eksempel bustad, økonomi eller andre fysiske, sosiale eller kulturelle forhold.

Regjeringa legg til grunn at kommunane bidreg til å sikre at alle grupper av barn og unge kan delta. Regjeringa vil styrkje rammevilkåra til dei frivillige organisasjonane generelt og til frivillige organisasjonar som gjer ein særskild innsats for integrering i det norske samfunnet spesielt. Kjønn bør heller ikkje vere ein barriere for å delta i eller velje aktivitetar. Målet er ikkje at alle skal gjere det same, men at snevre førestillingar og oppfatningar om kva som «passar for jenter» og kva som «passar for gutar», ikkje skal leggje føringar på interessene og vala til barn og unge.

Kommunane har ei avgjerande rolle. Dei kan sikre at barn og unge får tilgang til informasjon om tilboda som finst for barn og unge der dei bur, og at informasjonen kjem fram og blir forstått av barna og familiane deira. Dei kan på ulike måtar også leggje til rette for at barn og unge kan delta i det kulturelle og kunstnariske livet, uavhengig av den sosiale og økonomiske situasjonen til foreldra.

Regjeringa arbeider saman med kommunesektoren og frivilligheita for å nå måla i Fritidserklæringa. For å gi alle barn og unge moglegheit til å delta i kunst- og kulturaktivitetar må kommunane arbeide tett med lokale foreiningar og lag, og bidra til å sikre at tilbodet er godt koordinert og samordna. Ved å lage lokale fritidserklæringar kan kommune og frivilligheita formalisere eit samarbeid som gjer at barn og unge deltek meir.

Ei slik lokal fritidserklæring kan gjere dei som jobbar i kommunen, og alle andre, meir merksame på og engasjerte i arbeidet med å inkludere barn og unge i fritidsaktivitetar.

For å oppnå målet for Fritidserklæringa er det dessutan nødvendig at tenestene i kommunen samarbeider godt på tvers. Ei lokal fritidserklæring kan inngå som ein del av planarbeidet til kommunen og vere med i andre kommunale prosessar og dokument.

Regjeringa vil

  • styrkje arbeidet med auka mangfald i barne- og ungdomskulturen

  • føre vidare Kulturrådets arbeid som nasjonal mangfaldskoordinator for å bidra til eit meir tilgjengeleg, representativt og relevant kulturliv, også for barn og unge

  • føre vidare tilskottsordninga Inkludering i kulturliv slik at barn og unge som ikkje deltek i fritidsaktivitetar, får moglegheita til å delta jamleg i organiserte kulturaktivitetar saman med jamaldringane sine

  • leggje fram ein handlingsplan om universell utforming der tiltak for å gi barn og unge med funksjonsnedsetjing tilgang til lokale der dei kan delta i og oppleve kunst og kultur skal vurderast

  • arbeide saman med kommunesektoren og frivilligheita for å nå måla i Fritidserklæringa

  • sørgje for at kunnskap om kjønn og likestilling i fritida til barn og unge blir samla, systematisert og gjord tilgjengeleg

  • utrede moglegheita for rabattordningar for barn og unge hos institusjonane som får tilskott via Kulturdepartementets budsjett

  • leggje til rette for tett samarbeid mellom kommunar og lokale foreiningar og lag, og bidra til å sikre at tilbodet til barn og unge er godt koordinert og samordna for å nå ut med informasjon til barn og unge

7.4 Modellar for samspel, samarbeid og medverknad

Ei rekkje kommunar har etablert modellar for medverknad og samskaping med frivillige organisasjonar, private aktørar og kommunale verksemder. Her blir det lagt vekt på samarbeid gjennom å dele kunnskap og ressursar mellom ei rekkje ulike aktørar, og innbyggjarane blir inviterte til å vere med i planlegginga og gjennomføringa. Tanken er å ta i bruk alle ressursane for dermed å skape betre lokalsamfunn.

Kommunane og det frivillige kulturlivet betyr svært mykje for det tilbodet som barn og unge får lokalt. Fritidserklæringa understrekar kor mykje det har å seie at dei ulike tenestene i kommunen og dei frivillige organisasjonane samarbeider for å få fleire barn og unge med på aktivitetar.

I Samarbeidsstrategien for barn og unge i låginntektsfamiliar blir det peika på moglegheitene som ligg i å samarbeide med næringslivet.12 For at alle skal kunne delta, må både det offentlege, frivilligheita og næringslivet bidra. På kulturområdet har kommunane lange tradisjonar for å samarbeide med andre aktørar, sjølv om samarbeidet ikkje nødvendigvis har vore utvikla som ein modell.

Fleire stader samarbeider kulturskolen, Ung Kultur Møtes (UKM) og fritidsklubbane tett lokalt. Ungdom og Fritids klubbundersøking frå 2017 viser for eksempel at 70 prosent av klubbane arrangerer UKM kvart år.

For å sjå dei lokale kulturtilboda i samanheng og skape eit best mogleg lokalt kulturtilbod til barn og ungdom har Norsk kulturskoleråd, UKM Norge og Ungdom og Fritid starta pilotprosjektet KoordinertKommunalt Kulturarbeid.

Gjennom fem pilotkommunar skal prosjektet sjå nærmare på tiltak som kan gi all ungdom tilgang på relevante kulturtilbod der ungdommar sjølve deltek i å skape tilboda sine og kunstuttrykka sine. Prosjektet skal bidra til eit levande og inkluderande demokrati der alle er frie til å ytre seg, og der mangfald, skaparkraft og kreativitet inspirerer, samlar og lærer dei om seg sjølve og omverda. I tillegg til kulturskole, fritidsklubb og UKM vil det vere naturleg å inkludere biblioteka i dette samarbeidet.

Boks 7.9 Lokale eksempel på samarbeid

Kristiansund, Møre og Romsdal: Samarbeid mellom kommunen, kunst- og kulturinstitusjonar, frivillige og næringslivet er forankra i kommunedelplan for kunst og kultur. Blant anna er det fleire musikarar som kombinerer orkesterstillingar i Operaen og Kristiansund symfoniorkester med undervisningsarbeid i kulturskolen og i vidaregåande skole. Også på korsida er det etablert eit samarbeid gjennom satsinga Operakor Ung for barn og unge i alderen 10–19 år. Deltakarane her blir tekne opp på vanleg måte i kulturskolen, men deltek òg i produksjonar ved Operaen og får etter kvart meir av undervisninga gjennom konkrete prøveperiodar og framsyningar. Private bidragsytarar har lenge vore viktige for kulturlivet, både som eigarar av verksemder og sponsorar.

Kongsberg, Viken: Det kommunale kulturarbeidet for barn og unge er samla ved at ansvaret for blant anna kulturskole, fritidsklubbar, eit lokalt kunnskapssenter, førebyggjande ungdomsarbeid, psykisk helse med meir er lagt til same administrative eininga. I 2016 blei dei òg kåra til årets kulturskolekommune blant anna for den innovative og inkluderande måten kulturskolen var inkludert i tenesteproduksjonen i kommunen på. Kulturskolen fungerer på mange måtar som eit nav for det kulturelle arbeidet og blir omtalt som eit musisk ressurssenter. Personalet frå kulturskolen blir òg brukt i ungdomsklubbane, og utekontakt, BUP og andre kan melde inn barn til kulturskole, musikkterapi med meir.

Ungdom- og fritidsklubbundersøkinga frå 2017 viser at 39 prosent av fritidsklubbane samarbeider med kulturskolen. Dette samarbeidet går primært ut på at aktivitetane deler lokale. Den tradisjonelle opplæringa går føre seg i regi av kulturskolen, mens den uformelle opplæringa, for eksempel bandøving eller framføring, skjer i øvingslokala til fritidsklubben.

Boks 7.10 Samarbeid mellom kulturskole og fritidsklubb

Arendal kommune investerte i ei samlokalisering av Kulturskolen og fritidsklubben Ungkultur i det nye bygget Kulturkammeret. At dei har delte lokale og kontor, tilbyr raskare kommunikasjon, betre koordinerte tverrfaglege samarbeid, meir kunst i ungdomstilbodet og friske tankar rundt tradisjonell undervisning i kulturskolen. Kulturkammeret fungerer som ein open møteplass mellom kulturskoleelevar, ungdom i byen og resten av kulturlivet.

Ungkultur held no til i eit bygg med fasilitetar skreddarsydde til kunstnariske formål, som verkstader for visuell kunst, dansesalar, konsertsalar, øvingsrom for band og multimediarom. Dette betyr at terskelen er låg for at ungdom kan utforske ulike kunstformer utan noko press om å prestere eller lære noko, både som deltakar og publikummar. Ein av lærarane ved kulturskolen introduserer diverse instrument for deltakarane på ungdomsklubben i eit drop-in-samspeltilbod. Kulturskoleelevar har ein sosial stad å vere mellom skoleslutt og timen på kulturskolen som tradisjonelt ikkje har vore ein openberr sosial arena for dei som går på individuell undervisning. Elevar på ventelister kan få prøvd ut tilbodet til kulturskolen gjennom Ungkulturs lågterskeltilbod.

I 2017 starta ei tiårig satsing (2017–2027) på kommunalt folkehelsearbeid: Program for folkehelsearbeid i kommunane. Satsinga skal bidra til ei langsiktig styrking av arbeidet kommunane gjer med å fremje folkehelsa og livskvaliteten i befolkninga. Alle fylka i landet har frå 2019 fått tilskott med ei samla ramme på 77 mill. kroner. Helsedirektoratet samarbeider med Frivillighet Norge, Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar og Ungdom og Fritid om kompetansestøtte. Formålet er å fremje gode miljø for barn og unge i frivillige organisasjonar og i fritidssektoren og utvikling av kommunal frivilligheitspolitikk.

8 Ein styrkt kulturskole for framtida

Figur 8.1 

Figur 8.1

Kulturskolen er ein arena der barn og unge får moglegheita til å bli kjende med og å lære seg å meistre ulike kunst- og kulturuttrykk. Kulturskolen gir barn og unge anledning til å utvikle seg og dei kreative evnene sine. Kulturskolen bidreg til å gi anerkjenning, inkludering og meistring. Og nettopp derfor trekkjer barn og unge i BUSK-rapporten fram kulturskolen som eit tilbod som bør vere tilgjengeleg for alle som ønskjer å delta.

Boks 8.1 Innspel frå barn og unge

Barn og unge ønskjer at kulturpolitikken legg til rette for

  • å fjerne ventetida på kulturskolane og senke prisen for å delta

Alle kommunar skal ha eit kulturskoletilbod. Denne plikta er forankra i opplæringslova. Kommunen eig og har ansvaret for kulturskolen og har eit stort handlingsrom til å utforme kulturskolen ut frå lokale behov, ønske og ressursar.

Kulturskolane speler ei viktig rolle i lokalsamfunnet og fungerer ofte som eit kulturelt ressurssenter i lokalmiljøet. Godt samarbeid mellom nøkkelpersonar i kulturskolen og i forskjellige funksjonar på ulike nivå lokalt har svært mykje å seie for at kulturskolen skal fungere godt. Rektorar og kulturskolelærarar blir omtala som eldsjeler og primus motorar som har dyrka fram tilbod og særeigenheiter ved kulturskolen sin. Samtidig er det avgjerande at kommunen arbeider strategisk og samarbeider med relevante aktørar om kulturskolen for den lokale kulturskoleutviklinga i eit langsiktig perspektiv.

Regjeringa ønskjer framleis ein sterk kulturskole for framtida. Kulturskolen bidreg til at barn og unge trivst, får danning, og at dei får utvikle seg. Kulturskolen skal tilby barn og unge eit variert tilbod av høg kvalitet, og alle barn og unge som ønskjer det, bør få eit kulturskoletilbod. Kulturskolen speler ei viktig rolle som talentutviklar gjennom fordjupingsprogrammet sitt. I tillegg kan kulturskolen spele ei tydelegare rolle med tanke på inkludering og integrering i lokalsamfunnet.

Barnehage, skole, skolefritidsordninga (SFO) og frivilligheita er sentrale samarbeidspartnarar for kulturskolen. Det er eit mål å utnytte kompetansen i kulturskolen slik at han kjem barnehagen, skolen og SFO til gode.

Kapittelet skisserer korleis kommunane kan få til dette, og kva moglegheiter som ligg i handlingsrommet kommunane og kulturskolane har.

I denne meldinga presenterer regjeringa konkrete tiltak for å betre kulturskolen. For å lykkast med å nå visjonen om ein «Kulturskole for alle» må lokale og statlege myndigheiter foreine innsatsen og jobbe mot same mål. I dei neste kapitla om kulturskolen legg derfor regjeringa fram ein politikk for korleis kommunar, Norsk kulturskoleråd, universitets- og høgskolesektoren og andre aktørar i fellesskap kan styrkje kulturskolen.

8.1 Kulturskolen i Noreg

8.1.1 Historia til kulturskolen

Både i Noreg og internasjonalt heng historia om musikkskolane saman med historia om musikkkonservatoria. I norsk samanheng delte dei i 1960-åra musikkopplæringa i musikkskolar, som var for barn og unge, og musikkonservatorium, som var for vaksne. I løpet av 1970-åra fekk musikkskolane eit solid fotfeste. I 1990-åra begynte dei å orientere seg mot andre fagfelt enn musikken, og musikkskolane endra namnet sitt til musikk- og kulturskolen.

I 1984 innførte staten eit øyremerkt tilskott. Dette skulle stimulere kommunane til å auke talet på elevar i musikk- og kulturskolane. For å få øyremerkte midlar måtte kommunane sjølve bidra med ein tilsvarande sum. Formålet med dette tilskottet var at musikk- og kulturskolane skulle gi eit undervisningstilbod i musikk og andre kulturaktivitetar til barn og unge utan omsyn til kvar dei budde, eller til kva økonomi foreldra hadde.

I 1988 fekk Dugstadutvalet i oppdrag frå Utdanningsdepartementet å vurdere spørsmål som gjaldt musikkskolen. Utvalet leverte innstillinga Musikkskolene: en dynamo i det lokale skole- og kulturmiljøet i 1989, der dei blant anna foreslo å lovfeste kulturskolen.

I St.meld. 40 (1992–93) «...vi smaa, en Alen lange» foreslo regjeringa at kulturskolen burde vere ein del av den kommunale planlegginga. I meldinga blei det sett eit mål om at minst 30 prosent av alle grunnskoleelevar også skulle vere kulturskoleelevar, og at andre kulturuttrykk enn musikk kunne vere ein del av tilbodet. Stortinget støtta desse målsetjingane i innstillinga si.13

Kommunale musikk- og kulturskolar blei lovfesta i juni 1997, og i St.meld. nr. 39 (2002–2003) «Ei blot til Lyst» Om kunst og kultur i og i tilknytning til grunnskolen blei kulturskolen trekt fram som eit potensielt ressurssenter. Samtidig blei det poengtert at mangelen på lærarkrefter var stor. Man erkjende at på landsbasis så var vi langt frå målet om at 30 prosent skulle delta, for det var berre 13,1 prosent av barn og unge som deltok skoleåret 2001–02.

Frå 2004 blei dei øyremerkte midlane til kulturskolane innlemma i rammeoverføringane til kommunane. Samtidig blei kriteria knytte til dei øyremerkte midlane oppheva. Dermed blei det den enkelte kommunen sitt ansvar å bestemme kriteria for kulturskoleverksemda. Endringa var meint å bidra til at kommunane skulle få større handlingsrom og fleksibilitet til å organisere det lokale musikk- og kulturskoletilbodet sitt.

I 2010 leverte Kulturskoleutvalet rapporten Kulturskoleløftet. Kulturskole for alle. I utgreiinga si viste dei til at det er mange og varierte moglegheiter for samarbeid mellom grunnopplæring, SFO, kulturskole og frivillige kulturtiltak for og blant barn og unge. Utvalet peikte på at dei mest berekraftige modellane for samarbeid var bygde ut gjennom ressursar og initiativ nedanfrå og innanfrå, ikkje gjennom direktiv ovanfrå og utanfrå.

8.1.2 Kulturskole-Noreg i dag

Kulturskolefeltet er mangfaldig, og det er stor variasjon i tilbod, organisering, pris, ventelister og korleis kommunane prioriterer kulturskolane.

Kulturskolen har ein brei kunstfagleg portefølje og rettar seg først og fremst mot barn og unge i alderen 0–19 år. Dei vanlegaste aktivitetane i kulturskolen er musikk, dans, teater og visuelle kunstfag. Det finst òg kommunar som tilbyr skapande skriving, sirkus, kulturminnevern, kulturproduksjon, og husflidteknikkar og saum og design. Mange organiserer kulturskoletilbodet som breiddetilbod, kjernetilbod og fordjupingstilbod. Desse tilboda skal ta i vare læring, oppleving, skaping og formidling på alle nivåa.

Rammeplanen for kulturskolen er utarbeidd på grunnlag av eit ønske frå medlemskommunane i Norsk kulturskoleråd. Planen blei vedteken av Norsk kulturskoleråds landsting i 2016. Det er frivillig for kommunane å bruke rammeplanen, men han er teken i bruk av svært mange kommunar. Rammeplanen slår fast at kulturskolen skal bidra til å utvikle den kunstfaglege kompetansen og uttrykksevna til elevane så vel som kreativiteten, den kritiske sansen og den kulturelle og sosiale kompetansen dei har.

Data frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI14) viser at skoleåret 2020–21 utgjorde musikkundervisning heile 77 prosent av alle timane som blei tilbydde på dei ulike kunstområda. Likevel var 68 prosent av ventelisteplassane knytte til musikktilboda. Det er likevel viktig å merke seg at ein stor del av aktiviteten i kulturskolen ikkje visest i GSI, særleg gjeld det kulturskolens ulike breiddetilbod og aktiviteter.

Mange kurs varer lenge, og elevane bind seg for eit halvt eller eitt år om gongen. Det finst òg kulturskolar som tilbyr kortare kurs. På den måten behøver ikkje eleven å binde seg til aktivitet eller instrument, men får moglegheita til å plukke og veksle. Historisk sett har det vore vanleg å tilby éin-til-éin-undervisning i kulturskolen. Med tida har det vakse fram ønske om breiddetilbod, gruppeaktivitet, samspel og sosiale arrangement i tillegg. Dette får òg konsekvensar for det framtidige kompetansebehovet i kulturskolen, sjå kapittel 8.4.

Balansen mellom tilbod og etterspørsel handlar om ei rekkje ulike spørsmål. Blant desse er om kommunen og kulturskolen skal prioritere å få ned ventelistene på eksisterande tilbod eller opprette nye, populære tilbod, og om kulturskolen skal konsentrere seg om bestemte målgrupper og dermed leggje meir vekt på bestemte typar tilbod framfor andre.

I dei aller fleste kommunane er kulturskolen organisert som ei eiga eining eller teneste. Kulturskolen ligg som oftast i kultur- eller oppvekstetaten, men kan òg sortere under andre etatar eller avdelingar. Dei fleste kommunane driftar sin eigen kulturskole, men det er ikkje uvanleg med interkommunale samarbeid. Opplæringslova opnar for at kulturskoletenester kan samordnast mellom fleire kommunar, altså at fleire kommunar deler på arbeidet og kulturskolen.

Mange kulturskolar held til i eitt bestemt lokale, der all undervisninga, møteverksemda og administrasjonen går føre seg. Andre kulturskolar har aktivitetane sine spreidde ut over fleire einingar og lokale i kommunen, for eksempel i skolebygg. Mange kommunar opererer òg med ein mellomting av desse to løysingane.

Det er i all hovudsak kommunale midlar, skolepengar og midlar utanfrå som finansierer kulturskolen. Kommunale midlar utgjer den klart største delen av finansieringa med om lag 75 prosent. Brukarbetalinga utgjer cirka 22 prosent av finansieringa til kulturskolen. I 2004 blei det øyremerkte tilskottet til kulturskole på 96,5 mill. kroner innlemma i rammeoverføringa til kommunane.15 Dette svarte til cirka 165 mill. i 2019.16 I 2019 var dei netto driftsutgiftene kommunane hadde til kommunale kulturskolar, cirka 1,5 mrd. kroner.17 Omtrent halvparten av kulturskolane søkjer aktivt om midlar utanfrå, for eksempel offentlege midlar som det går an å søkje om.

Kor mykje pengar kommunane bruker på kulturskolen, varierer ganske mykje. Dette handlar både om korleis kommunen prioriterer, inntektsgrunnlaget til kommunen og størrelsen på kommunen. Det er større variasjon i pengebruken i små og mellomstore kommunar enn mellom store kommunar. Samtidig bruker små kommunar jamt meir pengar per innbyggjar på kulturskole enn det mellomstore og store kommunar gjer.

Det er i tillegg stor variasjon mellom kommunane i andelen barn som er kulturskoleelevar, og kor mange som står på ventelister. Skoleåret 2019–20 var det cirka 100 100 elevar i kulturskolen, mens det stod cirka 23 400 på venteliste. Om lag 5 200 barn i barnehagealderen var skoleåret 2019–20 elevar ved kulturskolen. I halvparten av kommunane fekk alle dei som søkte kulturskoleplass.

Skolepengesatsane varierer òg frå kommune til kommune, og ein skoleplass kan koste alt frå nokre hundre kroner til fleire tusen.

Av 392 kommunar med kulturskolar hadde 16 av dei inntektsgradert skolepengesats. 140 kommunar hadde friplassar, og 315 hadde søskenmoderasjon.18 Ein god del kulturskolar tilbyr altså reduserte prisar viss det er fleire barn i familien som bruker tilbodet. Kor stor rabatten er, varierer. Nokon stader aukar rabatten jo fleire søsken som deltek. Nokon har maksprisar for husstanden. Det varierer òg kva kriterium som blir brukte for å tildele friplass.

Det finst òg private kulturskoleaktørar, og dei er eit viktig supplement til dei kommunale kulturskolane. Det finst inga oversikt over talet på private kulturskolar i Noreg, men det finst eksempel på korleis det kommunale og private kulturskoletilbodet kan utfylle kvarandre. Sjå også kapittel 9.2.

8.1.3 Norsk kulturskoleråd

Norsk kulturskoleråd blei stifta i 1973 og er ein landsdekkjande interesse- og utviklingsorganisasjon for kommunar som eig og driv kulturskolar. Hovudfinansieringa er tilskott via statsbudsjettet og medlemskontingent. Om lag 98 prosent av alle kommunane i landet er medlemmer.

Kulturskolerådet er organisert som ei foreining med landsting, hovudstyre og fylkesstyre. Rådet blir drifta av ein felles administrasjon og rådgivarane i fylka. Primæroppgåva til Norsk kulturskoleråd er å bidra til å utvikle kulturskolane og støtte kommunane i arbeidet deira på feltet.

Organisasjonen har betydeleg fagkompetanse og arbeider for å gjere samfunnsrolla kulturskolen har tydeleg, og for å styrkje rammevilkåra for kulturskolen. Kulturskolerådet har både ansvaret for og deltek i ei rekkje prosjekt i samband med kulturskoleutviklinga. Rettleiing har vore eit viktig grep for å hjelpe kulturskoleeigarane og kulturskolen, slik at dei etablerer eit kontinuerleg arbeid for å utvikle kvaliteten i tråd med rammeplanen for kulturskolen.

Kulturskolen er ein arena for å inkludere alle og forhindre utanforskap, og Norsk kulturskoleråd arbeider i tråd med sin eigen strategi for å styrkje dette perspektivet.

Fordjupingstilbod er òg eitt av arbeidsområda til Kulturskolerådet. I samarbeid med andre aktørar er Kulturskolerådet uvurderleg for talentutviklinga og for rekrutteringa inn i det profesjonelle kunst- og kulturlivet.

Sentralt i arbeidet til Norsk kulturskoleråd er den nyleg vedtekne «Strategi 2032 – Med kulturskolen inn i fremtiden».19 Her er dei vesentlege strategiområda mangfald – berekraft – digitalitet og samskaping.

8.2 Ansvar og utfordringar

Kulturskolane er eigde og drivne av kommunane, og dei har stort handlingsrom til å utforme og tilpasse tilbodet ut frå etterspørselen og tilgjengelege ressursar.

Kulturskolerapporten frå 2019 Kultur + skole = sant. Kunnskapsgrunnlag om kulturskolen i Norge peiker på ei rekkje faktorar som påverkar korleis kommunane og kulturskolefeltet balanserer ulike omsyn for å utnytte det handlingsrommet og det ansvaret dei har.20 Ei utfordring er å få opp rekrutteringa til kulturskolen. Ei anna utfordring er å finne gode løysingar på ulike forventningar til kulturskolen.

8.2.1 Rekruttering, deltaking og medverknad

Det har lenge vore eit mål at kulturskolen bør vere tilgjengeleg for alle som ønskjer å delta. Ein av konklusjonane i kulturskolerapporten frå 2019 er likevel at kulturskolen ikkje rekrutterer jamt når det gjeld kjønn og sosioøkonomisk bakgrunn.

Kulturskolerapporten frå 2019 viser at om lag 13 prosent av barn i grunnskolealder går på kulturskolen. Den typiske kulturskoleeleven blir beskrive som eit barn eller ein ungdom frå ein ressurssterk familie med høgt utdanna og kulturinteresserte foreldre. I rapporten blir det òg peikt på at få kjenner til kulturskolen, og at foreldre og barn i stor grad sjølve må oppsøkje informasjon om kulturskolen. Dette påverkar kor mange som deltek, og kven som deltek i kulturskolen.

Telemarksforsking har undersøkt kulturdeltakinga til unge i Drammen.21 Resultata viser ein betydeleg variasjon i mønstera for kulturell deltaking og konsum blant anna mellom gutar og jenter og mellom skoleelevar med forskjellig etnisk bakgrunn. Både NOU 2019: 19 Jenterom, gutterom og mulighetsrom. Likestillingsutfordringer blant barn og unge og kulturskolerapporten frå 2019 viser til at nesten dobbelt så mange jenter som gutar deltek i kulturskolen. Av om lag 99 000 kulturskoleelevar skoleåret 2018–19 var 35 prosent gutar og 65 prosent jenter.

Ei undersøking som Telemarksforsking har gjort for Norsk kulturskoleråd, viser at dei kommunale kulturskolane har eit kulturtilbod som mange innvandrarforeldre opplever som framand.22 Samtidig fortel om lag halvparten av kulturskolerektorane at dei i rekrutteringsarbeidet rettar seg mot spesifikke grupper barn og ungdom, blant anna flyktningar og andre innvandrarar. Dei grunngir denne typen rekrutteringsarbeid med at kulturskolen skal spegle av heile befolkninga.23 Fleire er likevel usikre på om dette arbeidet har gitt ønskte resultat.

Tilgjengeleg informasjon frå nasjonalt hald har tidlegare nesten utan unntak vore på norsk. Fråværet av informasjon på fleire språk er noko som i seg sjølv kan vere ein barriere for at elevar med innvandrarbakgrunn kan delta. Utdanningsdirektoratet har derfor utvikla og publisert informasjon om kulturskolen på ulike språk på nettsidene sine, i samarbeid med Norsk kulturskoleråd.

Familieøkonomien og skolepengesatsane påverkar også om det er mogleg å delta i kulturskolen. Nokon kommunar har derfor valt å innføre moderasjonsordningar, gratistilbod og friplassordningar for å bidra til at fleire deltek. Det er likevel store variasjonar mellom kommunane i bruken av slike ordningar, og mange kulturskolar har lange ventelister, og det kostar mykje å delta.

I både BUSK-rapporten og kulturskolerapporten frå 2019 blir det peikt på at utfordringar knytte til reiseveg og skyss verkar inn på kor mogleg det er for fleire barn og unge å delta i kulturskolen.

Det er lokale variasjonar i kven som er målgruppa til kulturskolen. I rammeplanen for kulturskolen heiter det: «Kulturskoletilbudet retter seg i hovedsak mot barn og unge i alderen 0–19 år.» Nokon har nedre aldersgrense på seks år eller første klasse for å søkje plass, mens andre har tilbod for barn i barnehagealderen. Fleire kommunar har ei øvre aldersgrense på for eksempel 20 år. Samtidig finst det kommunar som inkluderer vaksne i kulturskoletilbodet, og mange kulturskolar har gode tilbod retta mot eldre i kommunen.

I KS’ og Kulturskolerådets rapport På vei motfremtidens kulturskole peiker dei på at mange kulturskolar ikkje har sett medverknaden til barn og unge i system. BUSK-rapporten viser at barn og unge i alle aldersgrupper etterspør større grad av medverknad og moglegheiter til å påverke kulturtilbodet. Ifølgje rapporten På vei mot fremtidens kulturskole kan medverknaden verke tilfeldig. Dette gjeld både i tilknyting til undervisninga og aktiviteten, korleis tilboda er innretta og i utviklingsarbeidet i kulturskolen.

Boks 8.2 Tana kulturskole og Hamarøy kulturskole

Dette er eksempel på tiltak som bidreg til å føre vidare samisk immateriell kulturarv og tradisjonell kunnskap. Det samiske kunsthandverket duodji/duodje/duedtie har lange tradisjonar og er ein viktig del av den samiske kulturen.

Hábmera suohkan / Hamarøy kommunes kulturskole har tilbod innan faget garraduodje (hardt materiale som tre, horn og bein). I faget skal elevane blant anna hente materialar frå naturen for å lære om prosessen frå treet står i skogen, til ferdig duodje-produkt. Dei lærer å bruke skjerande verktøy, som er grunnsteinen i garraduodje, og korleis dei skal behandle og beskytte dei ferdige produkta frå å bli tærte bort.

Kulturskolen i Hamarøy har også spelt ei viktig rolle for at barn, unge og vaksne skal bli betre kjende i den nye kommunen i samband med kommunesamanslåing, blant anna gjennom framsyninga Vi e’her / Mij lip dáppe. Der viste alle grunn- og kulturskoleelevane i den nye kommunen gjennom dans, musikk, foto, forteljing og biletkunst kven menneska som bur i den nye kommunen, er.

Deanu gielda / Tana kommunes kulturskole gir kunstutdanning, i hovudsak til grunnskoleelevar i Tana kommune. I dag gir dei tilbod i band, instrument, piano, joik, dans, teater og duodji. Undervisningsspråka er norsk og samisk.

Eit av tilboda deira er også Sámi Mánáidteáhter / Samisk barneteater, som er eit unikt tilbod for samiske barn og unge i nærområda. Tilbodet har betydning for og gir opplæring i både samisk språk, scenekunst og ulike sider ved ein teaterproduksjon. Meistringsfølelsen, kreativiteten og identiteten til barn og unge blir støtta, og det er ein arena for bruk av samisk språk. Teateret har framsyningar blant anna lokalt, regionalt og på finsk side.

8.2.2 Fleire bein å stå på

Fleire utgreiingar og rapportar har beskrive kulturskolen, for eksempel Kulturskoleutvalets utgreiing frå 201024 og NOU 2013: 4 Kulturutredningen. Kulturskolen blir omtalt som ein del av den kulturelle grunnmuren vår, men dessutan som eit felt i spagat. Og det blir sagt at det er noko ved korleis kulturskolen er innretta, som set han i ei rekkje dilemma. Utviklinga av kulturskolane er blitt beskriven som organisk og dynamisk, men det blir òg sagt at det er eit felt utan eit klart og definert samfunnsoppdrag.

Både skoleaktivitet, kulturaktivitet og fritidsaktivitet

Kulturskolen er ein skoleaktivitet med eit mangfald av kunst- og kulturfag, som trekkjer vekslar på både pedagogiske, didaktiske og kunst- og kulturfaglege tenkjemåtar og praksisar. Kulturskolen er ein kulturaktivitet der det er mogleg for barn og unge å fordjupe seg og utvikle talentet sitt. I tillegg er kulturskolen ein fritidsaktivitet – ein stad der barn og unge kan møte kunst og kunstnarar på ein relativt uforpliktande måte og inngå i sosiale fellesskap med andre med like interesser.

Breiddetilbod, kjernetilbod og fordjupingstilbod

Mange kulturskolar har organisert undervisningstilbodet sitt i tråd med rammeplan for kulturskolen, med tre opplæringsprogram med ulik profil og målsetjing: breiddeprogrammet, kjerneprogrammet og fordjupingsprogrammet.

Hovudintensjonen med breiddeprogrammet er utoverretta verksemd basert på samarbeid som famnar breitt. Primært skjer dette samarbeidet med barnehage, grunnskole, SFO, vidaregåande skole, frivillig kulturliv og andre instansar som har barn og unge som målgruppe. Det kan òg vere i samarbeid med miljø for fysisk og psykisk helse, flyktningetat, kyrkje, bibliotek, eldreomsorg, kulturinstitusjonar, Ung Kultur Møtes (UKM), fritidsklubbar, lag, foreiningar, skolekorps, festivalar, næringsliv, miljøetatar og andre.

Eksempel på breiddetilbod i kulturskolen er gratis musikktilbod til flyktningar, kulturskoleaktivitetar som gratis aktivitet i SFO-tida, dansegruppe i regi av kulturskolen i skoletida, musikaloppsetjing i kommunen i samarbeid med frivillige aktørar, med meir.

Kjerneprogrammet er hovudverksemda til kulturskolen. Undervisninga bidreg til å utvikle kreative evner, handverkskompetanse og kunstnarisk kompetanse og samarbeidsevna. Programmet er for elevar som ønskjer å arbeide med kunstfaget over tid, og er basert på progresjon, systematisk trening og utviklinga eleven har gjennom ulike fasar. Opplæringa vil vanlegvis strekkje seg over fleire år. Å lære seg å spele eit instrument, å danse og spele teater er typiske aktivitetar i kjerneprogrammet.

Fordjupingsprogrammet er for elevar med særskilde føresetnader og interesser for den kunstnariske aktiviteten. Undervisningstilbodet i fordjupingsprogrammet skal vere vesentleg forsterka med omsyn til innhald og omfang samanlikna med kjerneprogrammet. Tilbod i fordjupingsprogrammet skal kunne førebu for vidaregåande opplæring og høgare utdanning i kunstfag. For å styrkje kvaliteten i undervisningstilbodet innan fordjupingsprogrammet samarbeider mange kulturskolar med lokale kunst- og kulturmiljø, lag, programfag i vidaregåande skole eller høgare utdanning på regionalt og nasjonalt nivå.

Det har lenge vore ein ambisjon at kulturskolen skal gi kunstfagleg opplæring til alle barn og unge som ønskjer det. Han skal nå breitt ut slik at barn og unge, uavhengig av sosial, økonomisk og kulturell bakgrunn, skal få reell moglegheit til å bli kulturskoleelevar. Kulturskolerapporten frå 2019 framhevar at det ikkje nødvendigvis blir sett på som motstridande mål i feltet at kulturskolen er ein institusjon som tilbyr både utdanningsløp for framtidige kunstnarar og er ein stad der barn og unge meir eller mindre uforpliktande kan få moglegheita til å utfalde seg kunstnarisk.

Ved fleire kulturskolar må likevel ressursane prioriterast, og dei må gjere vanskelege avvegingar når dei skal forme strategiane for arbeidet framover. Det kan for eksempel vere i favør av talenta eller til breiddesatsinga, men det kan òg vere til fordel for kjernetilbodet.

8.2.3 Vurdering

Kulturskolen har fleire bein å stå på. Kulturskolerapporten frå 2019 peiker på at forventningane til kulturskolen er mange. I sum kan dette opplevast som krevjande. Nasjonale myndigheiter har valt å gi kommunane og kulturskolane stort handlingsrom nettopp for å kunne organisere tilbodet ut frå etterspørsel og lokale ressursar og balansere ulike omsyn ut frå lokale behov og prioriteringar.

Alle dei tre funksjonane kulturskolen har som skole-, kultur- og fritidsaktivitet er viktige, og regjeringa meiner at slik bør det vere i framtida òg. Regjeringa meiner at sjølv om det kan vere krevjande for kulturskolen å ha alle dei tre ovannemnde funksjonane, så er det ønskjeleg. For å få til dette på ein god måte må kommunane ha fridommen til å finne dei beste løysingane for kulturskolen lokalt.

Trass i eit felles mål, både politisk og i praksisfeltet, om ein kulturskole for alle som ønskjer det, når ikkje kulturskolen ut til alle i dag.

Det er ulike årsaker til at barn og unge ikkje deltek i kulturskolen. At føresette har låg inntekt er eitt av hindera for at barn og unge kan delta. I tillegg til økonomiske barrierar finst det kulturelle barrierar for å delta. Mange kjenner dessutan ikkje til kva kulturskolen har av tilbod, og i kulturskolerapporten frå 2019 beskriv forfattarane kulturskolen som «en godt bevart hemmelighet».

Reiseveg og moglegheiter for skyss har mykje å seie for barn og unge i både tettbygde og tynt folkesette strøk. For barn og unge som har utfordringar med reisevegen og med moglegheitene for skyss til og frå kulturskolen, kan kommunen blant anna sjå på moglegheitene for at tilbodet på kulturskolen blir organisert i samanheng med skoledagen og/eller SFO-tida. Digital undervisning kan òg vere eit supplement til ordinær undervisning som bidreg til å gjere kulturskoletilbodet meir tilgjengeleg.

For å senke terskelen til å delta slik at fleire barn skal få sjansen til å bli kjende med kulturskolen, er breiddetilbodet i kulturskolane viktig. Eit breiddetilbod kan for eksempel utviklast i samarbeid med barnehagen, skolen, SFO, kommunale fritidstilbod for barn og unge eller det frivillige kulturlivet.

Opplæringslova § 13-6 krev at kommunane har eit tilbod om kulturskole som er organisert i tilknytning til både skoleverket og kulturlivet elles. I tråd med § 13-6 skal kommunane sjå kulturskolen i samanheng med andre kulturtilbod for barn og unge og sjå til at tilbodet kan nå breitt ut og omfatte flest mogleg. I dag er det mange kulturskolar som har ulike former for moderasjonsordningar. Dette er lokale ordningar som gjer det lettare for fleire barn å kunne delta i kulturskolen.

Som det kjem fram av Granavollplattforma, vil regjeringa innføre eit «fritidskort» for alle barn frå 6 til fylte 18 år. Regjeringa har sett i gang eit arbeid med å greie ut og prøve ut fritidskortordningar, og i 2021 er det sett av 180 mill. kroner til prøveprosjektet med nasjonal fritidskortordning. Ei fritidskortordning skal bidra til å dekkje utgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar for barn i alderen 6 til 18 år. Målet er at fleire barn skal ha moglegheita til å delta i fritidsaktivitetar.

I prøveprosjektet er det opp til kommunane å vurdere kva fritidsaktivitetar som er faste og organiserte, og som slik tilfredsstiller kriteria for kva fritidskortet kan brukast til. Dersom kommunane vurderer at fritidskortet kan brukast til å dekkje utgifter til tilbodet frå kulturskolen, vil dette kunne bidra til å senke terskelen for å delta i kulturskolen. Regjeringa vil be om at kommunane vurderer om kulturskolen kan omfattast av fritidskortet.

Kulturskolen kan reknast som ein organisert fritidsaktivitet og dermed omfattast av Fritidserklæringa. Regjeringa meiner det derfor er naturleg at Norsk kulturskoleråd blir ein av partnarane i erklæringa og tek sikte på at rådet inngår i Fritidserklæringa ved re-signering. Styrken ved erklæringa er at ho samlar stat, kommune og frivilligheita om ein felles innsats. Kommunane skal sjå ulike tiltak på barne- og ungdomskulturfeltet i samanheng med samfunnsdelen i kommuneplanen for å få god koordinering og samhandling mellom verksemdene, sjå omtale av forslag om lokalt planarbeid i kapittel 5.2.

Det er i tillegg viktig at kulturskolane jobbar aktivt med å spreie informasjon om tilboda sine og rekrutterer breitt i samfunnet. Regjeringa vil at Utdanningsdirektoratet skal halde fram med arbeidet med å utvikle informasjon om kulturskolen på fleire språk. Informasjonen vil kunne brukast aktivt av Kulturskolerådet og kommunane i kommunikasjonsarbeidet deira om kulturskolen og for å nå ut til føresette. Regjeringa vil oppmode kulturskolane til å jobbe med å rekruttere breiare for å nå ut til alle barn og unge.

Ein av grunnane til at nokon grupper barn og unge i liten grad deltek i kulturskolen, er at dei og/eller foreldra deira kan oppfatte tilbodet frå kulturskolen som framand eller lite relevant. Regjeringa vil oppmode kulturskolane til å jobbe for å tilby eit breitt spekter av kulturuttrykk og tilbod i porteføljen sin for å få ei jamnare kjønnsrekruttering og fleire elevar med ulik sosioøkonomisk bakgrunn.

Kjønn bør ikkje vere ein barriere for å delta i kulturskole eller i valet av kulturskoleaktivitetar. Regjeringa minner om at kommunane, som offentlege myndigheiter, har ei plikt til å jobbe aktivt for å fremje likestilling og hindre diskriminering på grunn av blant anna kjønn, etnisitet, alder og funksjonsnedsetjing, sjå omtalen av aktivitets- og rapporteringsplikta beskrive i kapittel 4.

Kulturskolen er prega av historia si som musikkskole med primært éin-til-éin-undervisning, og dette tilbodet er etterspurt. Samtidig er det auka etterspørsel etter tilbod som speglar av dei kulturelle og kunstnariske straumdraga i samtida. I kva grad det er mogleg å få eit kulturskoletilbod som famnar desse omsyna på ein god måte, avheng av korleis den enkelte kommunen prioriterer, og korleis dei klarer å utnytte moglegheiter for samarbeid, koordinering og utvikling. Regjeringa meiner at det er viktig at kommunen og kulturskolen har dette handlingsrommet.

Ein del kommunar har ikkje tilbod innan både breidde, kjerne og fordjuping. Dette kan komme av forhold som mangel på lærarkompetanse, eller av at kommunen ikkje prioriterer ressursar til desse tre formåla. Regjeringa meiner at det bør vere eit politisk mål for kulturskolen at kommunane har eit breiddetilbod og eit kjernetilbod.

Som kulturskolerapporten frå 2019 viser, er det i dag svært mange kommunar som har ulike former for breiddetilbod. Når det gjeld fordjuping, vil ikkje alle kommunar rundt om i landet ha kompetansen og kapasiteten til å ha slike tilbod. For å sikre at det er mogleg for barn og unge å utvikle talentet sitt og fordjupe seg, er det derfor behov for eit system der kulturskolane kan samarbeide seg imellom om fordjupingstilbod. Regjeringa vil oppmode til at nokon kulturskolar i kvart fylke/region tek eit særskilt ansvar for fordjupningstilbod der det er behov for det.

Sjølv om medverknaden til barn og unge i utforminga av kulturtilbodet generelt har fått større merksemd dei seinare åra, har elevmedverknaden i kulturskoletilbodet ikkje nådd det fulle potensialet sitt. Skal kulturskolen halde fram med å vere ein relevant aktør på barne- og ungdomskulturfeltet, er det nødvendig å lytte til barn og unge.

Foreldre er òg ein ressurs for arbeidet til kulturskolen og kan bidra til å ta i vare interessene og behova til elevane. Gjennom medverknadsarbeid lokalt kan kulturskolen òg gjere seg relevant i lokalsamfunnet i enda større grad.

Både etter Grunnloven § 104 og barnekonvensjonen artikkel 12, som gjeld som norsk lov gjennom menneskerettslova, har barn rett til å bli høyrde og det skal leggjast vekt på meiningane deira. Kommunane må sørgje for at denne retten er reell òg i kulturskolen. Korleis det best kan løysast og organiserast lokalt, vil vere opp til den enkelte kulturskolen.

8.2.4 Ein kulturskole for framtida

Kulturskolen bidreg til at barn og unge trivst, til danninga og utviklinga deira. Den politiske visjonen regjeringa har for kulturskolen, er «Kulturskole for alle», inspirert av Norsk kulturskoleråds visjon. Det inneber ikkje at alle barn og unge skal gå i kulturskolen, men at alle som ønskjer det, skal få anledning. Denne visjonen er allereie godt etablert i kulturskole-Noreg gjennom arbeidet med rammeplanen for kulturskolen. Eit gjennomgåande svar frå kulturskoletilsette i kulturskolerapporten frå 2019 var at kulturskolen skal vere ein stad «for alle», der alle skal ha like moglegheiter til fellesskap og utfalde seg og meistre kunstnarisk.

Det norske samfunnet er fleirkulturelt, med eit mangfald av kulturelle uttrykk. I dag flyttar vi meir på oss, og samfunnet har blitt meir internasjonalt. Dette betyr at samfunnet er langt meir komplekst enn tidlegare. Ein kulturskole for alle inneber at alle kan føle seg velkomne, og at dei møter tilbod som speglar det kulturelle mangfaldet i samfunnet. Ein visjon om kulturskole for alle inneber at kommunane ser ulike tiltak på barne- og ungdomskulturfeltet i samanheng slik at alle kan få ei reell moglegheit til å delta. Ein kulturskole for alle inneber at han må vere open for personar i alle aldrar. Samtidig ønskjer regjeringa å poengtere at barn og unge i alderen 0–19 år er primærmålgruppa, og at kulturskolen skal prioritere barn i skolealder, til og med vidaregåande opplæring.

Regjeringa støttar formålet til kulturskolen, slik det er beskrive i rammeplanen for kulturskolen «Mangfold og fordypning», og støttar at kommunane held fram med å byggje kulturskolearbeidet sitt på dette formålet. Med utgangspunkt i rammeplanen for kulturskolen, summerer regjeringa opp formålet for kulturskolen slik:

Formålet til kulturskolen er å gi eit undervisningstilbod av høg fagleg og pedagogisk kvalitet til alle barn og unge, uavhengig av kvar dei bur og økonomi.
I kulturskolen skal elevane få lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk. Kulturskolen skal òg bidra til å kvalifisere elevar med særleg interesse og motivasjon for opptak i høgare kunstfagleg utdanning. Tilbodet skal bidra til danninga barn og unge får, til å fremje respekt for den kulturelle tilhøyrselen andre har, til bevisstgjering av eigen identitet og til å utvikle evna til kritisk refleksjon.
Kulturskolen er open for personar i alle aldrar, men barn og unge frå 0 til 19 år er primærmålgruppa,og barn i skolealder, til og med vidaregåande opplæring, skal prioriterast. Kulturskolen skal vere både ein skoleaktivitet, ein kulturaktivitet og ein fritidsaktivitet.
Kulturskolen skal gi elevane moglegheit til å medverke. Elevane skal erfare at dei blir lytta til, at dei har reell innverknad, og at dei kan påverke det som vedkjem dei.
Kulturskolen bør vere ein samarbeidande aktør med barnehagen, grunnopplæringa, SFO, anna kulturliv og frivillige aktørar i den enkelte kommunen. Kulturskolen kan vere eit lokalt ressurssenter.
Det er eit mål at alle kulturskolar skal ha eit breiddetilbod og eit kjernetilbod. Nokon kulturskolar i kvart fylke/region kan ta eit særskilt ansvar for fordjupingstilbod og talentutvikling.
Ein kulturskole for alle inneber at alle, uavhengig av bakgrunn, føler seg velkomne. Kulturskolen bør spegle av mangfaldet i samfunnet gjennom eit breitt samansett tilbod av undervisning, formidling og skapande verksemd.

Regjeringa vil

  • at visjonen for kulturskolen skal vere «Kulturskole for alle»

  • at kulturskolen skal vere open for personar i alle aldrar. Primærmålgruppa er barn og unge i alderen 0–19 år, og barn og ungdom i skolealder skal prioriterast.

  • at kulturskolen skal vere både ein skoleaktivitet, ein kulturaktivitet og ein fritidsaktivitet

  • at det bør vere eit politisk mål for kulturskolen at kommunane har eit breiddetilbod og eit kjernetilbod

  • oppmode til at nokon kulturskolar i kvart fylke/region tek eit særskilt ansvar for fordjupningstilbodet der det er behov for det

  • at Kulturskolerådet blir ein partnar i Fritidserklæringa

  • be om at kommunane vurderer om kulturskolen kan omfattast av fritidskortet

  • at Utdanningsdirektoratet vidareutviklar informasjon om kulturskolen, også på fleire språk, og gjer informasjonen tilgjengeleg

  • oppmode kulturskolane til å jobbe med å rekruttere breiare for å nå ut til alle barn og unge

  • oppmode kulturskolane til å jobbe for å tilby eit breitt spekter av kulturuttrykk og tilbod i porteføljen sin

8.3 Føringar for kulturskolen

Stortinget har bede regjeringa om ei stortingsmelding om ein «styrket kulturskole for fremtiden».25 Stortinget trekte fram behovet for å vurdere fleire nasjonale føringar, for eksempel i form av forskrift. Samtidig understreka Stortinget at kommunane må kunne bestemme innhaldet i og omfanget av tilbodet, slik at det blir rom for å tilpasse det lokalt. Det er behov for å gjere tydeleg kva visjonar regjeringa har for kulturskolen, og korleis den framtidige organiseringa av sektoren kan støtte opp under visjonen regjeringa har for kulturskolen. Sentralt i dette kapittelet er forholdet mellom nasjonal og lokal styring.

Når meldinga drøftar styring av kulturskolen, må kva rolle staten (irekna Utdanningsdirektoratet og statsforvaltaren) har, ansvaret kommunane har og arbeidet til Kulturskolerådet vurderast under eitt. Den statlege styringa av kommunesektoren må balanserast mellom nasjonale omsyn og omsynet til det kommunale sjølvstyret. Kommunane skal ha rom for å prioritere og å tilpasse tenestene sine i tråd med lokale forhold og behov.

Hovudprinsippet for statleg styring av kommunar skal vere økonomisk og juridisk rammestyring.26 Det betyr at staten skal unngå detaljert regulering av organisatoriske forhold i kommunane og generelt unngå detaljert regulering av korleis kommunane skal løyse oppgåvene sine.

8.3.1 Regelverket for kulturskolen

Kulturskolen er i dag heimla i opplæringslova § 13-6. Etter opplæringslova er kulturskoletilboda verken grunnskoleopplæring eller vidaregåande opplæring, men eit tilbod om musikk- og kulturskole som alle kommunar skal ha, i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles.

Lova har ikkje krav til innhaldet i eller omfanget av kulturskoletilbodet til kommunen. Alle kommunar skal ha eit kulturskoletilbod til innbyggjarane sine, men regelen gir ikkje enkeltpersonar rett til eit tilbod i kulturskolen. Lovregelen er så overordna at han gir kommunane betydeleg handlingsrom til å utforme tilbodet ut frå lokale behov, ønske og ressursar.

I tillegg til regelen i opplæringslova er det ulike regelverk som på kvar sin måte har noko å seie for drifta av kulturskolen. For eksempel gjeld arbeidsmiljølova, diverse regelverk knytte til bygga der kulturskolen held til, som for eksempel HMS-reglar, brannvernreglar og plan- og bygningslova. Kontraktane som kulturskolen og den enkelte brukaren (eleven) inngår, vil dessutan vere styrande for tilbodet som skal givast på kulturskolen. Det er òg eit lovkrav om at dei som arbeider i kulturskolen, skal levere politiattest.

Ein konsekvens av at lova ikkje regulerer omfanget og innhaldet i kulturskoletilbodet, er at det er store forskjellar frå kommune til kommune og frå distrikt til distrikt. I tillegg baserer kulturskolane seg på lokal tradisjon og kultur. Også dette kan gi store variasjonar. Det har vore og er viktig å sikre denne lokale handlefridommen og tilpassinga.

Opplæringslovutvalet leverte NOU 2019: 23 Ny opplæringslov 13. desember 2019. Lovutvalet foreslår blant anna å flytte reguleringa av kulturskolen frå opplæringslova til kulturlova. Kulturlova er ein del av regelverket til Kulturdepartementet. I høyringsrunden kom det inn mange og tunge motsegner til dette forslaget. Eit sentralt poeng i tilbakemeldinga er at kulturskolesektoren sjølv ser på kulturskolen som eit skoleslag og føler tilhøyrsel til opplæringslova. Eit anna argument er behovet for å sjå kulturskoleverksemda i samanheng med anna verksemd som Kunnskapsdepartementet har ansvaret for, som høgare utdanning, barnehage, skole og SFO. Dette gjeld både på nasjonalt og på lokalt nivå.

Eit trygt og godt læringsmiljø

Eit trygt og godt miljø i kulturskolen legg grunnlaget for at elevane kan oppleve trivsel, meistring og læring i tilbodet til kulturskolen. Trivsel, meistring og læring i kulturskolen kan vere nøkkelen til og leggje grunnlaget for å utøve kultur og å ha glede av kulturuttrykk resten av livet.

I dag er ikkje tryggleiken til elevane eller læringsmiljøet direkte regulerte i opplæringslova, ut over at dei som arbeider i kulturskolen, skal levere politiattest. Indirekte vil likevel aktiviteten i kulturskolen dekkjast av andre regelverk som vernar om læringsmiljøet til elevane. For eksempel vil kulturskoleaktivitetar som skjer som ein del av SFO, vere dekte av reglane i opplæringslova kapittel 9A.27 Alle kulturskoleaktivitetar som skjer i lokala til ein barnehage eller skole, vil dessutan vere dekte av reglane i forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v.28 Arbeidsmiljølova har i tillegg reglar som sjølv om dei først og fremst er til vern av dei tilsette i kulturskolen, også vil fungere som eit vern av elevane.29

8.3.2 Vurdering

Regjeringa meiner at kulturskolen framleis skal vere lovforankra i opplæringslova. Det er likevel grunn til å understreke at det framleis skal vere eit godt samarbeid med kulturlivet og frivillige organisasjonar.

Barn og unge bør ha eit trygt og godt læringsmiljø mens dei er på kulturskolen og deltek i aktivitetar i regi av kulturskolen. Det er dessutan viktig at elevane i kulturskolen opplever eit inkluderande fellesskap med aksept for mangfald. I forlenginga av det overordna målet om meir samarbeid mellom kulturskole og skole og SFO er det ein ambisjon at barn og unge skal oppleve god samanheng mellom kulturskole, skole og SFO. Regjeringa meiner vi kan oppnå dette blant anna gjennom at nulltoleranse mot krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering blir like mykje lagt til grunn i kulturskolen som i skole og SFO, og at kulturskolen òg arbeider for å fremje eit trygt og godt læringsmiljø og førebyggje krenkingar.

Regjeringa ønskjer å sikre elevane eit trygt og godt læringsmiljø i kulturskolen. Med utgangspunkt i dette vil regjeringa vurdere å foreslå endringar i krava til læringsmiljøet i kulturskolen.

8.3.3 Nasjonale aktørar på kulturskolefeltet

Utdanningsdirektoratet er Kunnskapsdepartementets utøvande organ for barnehage, skole og fagopplæring og skal setje opplæringspolitikken ut i praksis. Utdanningsdirektoratet fekk i tildelingsbrevet for 2020 i oppdrag å følgje opp regjeringa si strategi Skaperglede, engasjement og utforskertrang. Praktisk og estetisk innhold i barnehage, skole og lærerutdanning. Eitt av dei konkrete tiltaka direktoratet skal følgje opp, er å finne løysingar for å få jamleg informasjon og oversikt over kompetansen i kulturskolen og bruken av delte stillingar.

Utdanningsdirektoratet forvaltar ei tilskottsordning i statsbudsjettet – kapittel 225 post 75 Grunntilskot til kunst- og kulturarbeid i grunnopplæringa. Kulturskolerådet er ein av tre organisasjonar som får tilskott over denne posten. Tilskottet skal blant anna

  • bidra til kvalitet for elevane og kompetanseheving for dei tilsette i kulturskolen og i grunnopplæringa

  • støtte opp om nasjonale satsingar og samarbeid mellom utdanningssektoren og kultursektoren

  • bidra til utviklinga av gode modeller for innhald, organisering og samarbeid lokalt

Måla for ordninga er fastsette av Kunnskapsdepartementet, og direktoratet skal kontrollere om verksemda til mottakarane har vore i samsvar med målsetjinga for tilskottsordninga. Tilskottet er den største inntektskjelda til Kulturskolerådet, som fekk i overkant av 26 mill. kroner i 2020. Dette gjer organisasjonen i stand til å utføre eit omfattande utviklingsarbeid gjennom blant anna opprettelse, drift og vidareutvikling av forskjellige nettverk og målretta satsingar regionalt og nasjonalt.

Kunnskapsdepartementet har ikkje myndigheit til å påleggje Kulturskolerådet oppgåver. Indirekte kan departementet styre aktivitetane til Kulturskolerådet gjennom Utdanningsdirektoratets tildelingsbrev og eventuelle føringar for tilskottsmidlane som Kulturskolerådet får over statsbudsjettet, i tillegg til meir generelle føringar som allereie ligg i Grunntilskottet til kunst- og kulturarbeid i opplæringa.

I tildelingsbrevet for 2020 blei det gitt konkrete oppdrag til Utdanningsdirektoratet på kulturskolefeltet, og det er blitt oppretta eit samarbeid mellom Kulturskolerådet og direktoratet. Saker på agendaen har blant anna vore oppdraga direktoratet har hatt om å informere om kulturskolen og å utbetre og vidareutvikle statistikk basert på GSI. Andre saker har vore erfaringsutveksling og rettleiing knytte til Kulturskolerådets rettleiarkorps og satsinga «Vurdering for læring for kulturskolen» (KulVFL).

8.3.4 Styring på nasjonalt nivå

I kulturskolerapporten frå 2019 og i innspel til meldinga kjem det fram at kulturskole-Noreg ønskjer tydelegare statleg styring av innhaldet og oppgåvene i kulturskolen. Mange kommunar uttrykkjer behov for tydelegare signal for å gjere lokale prioriteringar.

Nokon av forslaga handlar om lovregulering og nasjonale krav til innhald og kvalitet. I tillegg ønskjer kommunane eit mandat til å samarbeide med nasjonale myndigheiter og eit tydeleg oppdrag for å bidra til å utvikle kulturskolen. Kulturskolerådet har òg understreka at det er krevjande at staten ikkje har tydelege forventningar til kulturskolen.

Eit spørsmål som har vore drøfta i arbeidet med meldinga, er om dagens rammeplan for kulturskolen burde vere ei forskrift slik at kulturskoletilbodet rundt om i landet blir meir likt.

Dei fleste kommunane bruker rammeplanen for kulturskolen aktivt.30 Rammeplanen omtaler samfunnsoppdraget til kulturskolen, prinsipp og retningslinjer for kulturskoleverksemd, fagplanar og mal for kvalitetssikringssystem. Rammeplanen framhevar at kulturskolen skal kjenneteiknast av høg kvalitet og rikt mangfald og skal ta i vare både breidde og talent. Han legg òg opp til at alle kulturskolane skal ha breiddeprogram, kjerneprogram og fordjupingsprogram. Rammeplanen fremjar dessutan konseptet om kulturskolen som lokalt ressurssenter i både smal og vid forstand.

I tildelingsbrevet for 2018 til Utdanningsdirektoratet blei Kulturskolerådet tildelt 3 mill. kroner til å implementere rammeplanen, blant anna gjennom rettleiing.31 Men staten gav likevel ikkje føringar om at kommunane skal innføre rammeplanen. Tildelinga blei grunngitt med at kulturskolane har eit viktig tilbod til barn og unge over heile landet, og at kvalitetsarbeid som byggjer på rammeplanen, vil styrkje dette.

8.3.5 Vurdering

Kulturskole-Noreg er organisert ulikt og organiserer tilbodet sitt ut frå lokale behov og ressursar. Dette meiner regjeringa er styrken til kulturskolen. Ei nasjonal styring av innhaldet, omfanget og kvaliteten i tilbodet vil kunne bidra til eit meir likt tilbod i kommunane, men det er òg ein risiko for at lokalt samarbeid og lokal forankring ville tapt terreng. Dette meiner regjeringa ikkje vil gagne tilbodet som barn og unge får i dag.

I denne stortingsmeldinga presenterer vi fleire eksempler på korleis kommunane organiserer kulturskoletilbodet. Kommunane har eit stort handlingsrom. Regjeringa oppmodar kommunane til å bruke dette handlingsrommet og meiner at det ikkje er ønskjeleg å ha meir statleg styring av kulturskolane.

Kulturskolerådet er tett på kulturskolane og driv solid, fagleg kvalitetsutvikling. Samtidig etterlyser Kulturskolerådet tydelegare nasjonal styring, og at Utdanningsdirektoratet bidreg meir til kulturskoleutviklinga.

Dersom det faglege utviklingsarbeidet skulle bli lagt til Utdanningsdirektoratet vil det i praksis bety at Kulturskolerådet står mindre fritt til å prioritere oppgåver og utviklingsområde sjølv i dialog med kommunane.

Regjeringa meiner Kulturskolerådet utfører utviklingsarbeidet på ein god måte og ønskjer at dei skal føre det vidare det gode arbeidet. Utdanningsdirektoratet skal med andre ord ikkje overta oppgåver knytte til kulturskoleutviklinga. Det er likevel behov for eit godt samarbeid mellom Kulturskolerådet og Utdanningsdirektoratet og å vurdere korleis verkemiddel som Utdanningsdirektoratet forvaltar, kan komme kulturskolefeltet til gode. Eit samarbeid mellom Kulturskolerådet og Utdanningsdirektoratet vil vere positivt både for ein styrkt kulturskole for framtida og for arbeidet med kunst og kultur i barnehagen og grunnopplæringa.

Vidare ønskjer regjeringa at direktoratet bidreg med råd, rettleiing og utvikling av ressursar som støttar drifta av og utviklinga av kulturskolane, og at Utdanningsdirektoratet synleggjer samanhengar mellom innhaldet i skole, barnehage og SFO og kulturskoletilbodet. Regjeringa vil gje direktoratet i oppdrag å bidra med informasjon, rettleiing og støtte retta mot kulturskolen der det er relevant. Det kan òg vere relevant å synleggjere erfaringar kommunar har med å sjå kulturskoleverksemda og tilboda frå Den kulturelle skolesekken i samanheng.

Vidare ønskjer regjeringa at direktoratet gjer ein gjennomgang av statistikken om kulturskolen i GSI og vurderer korleis statistikken kan vidareutviklast og utbetrast. Kulturskolerådet blir invitert til å komme med innspel i denne prosessen.

Regjeringa ønskjer ikkje å gjere rammeplanen for kulturskolen til ei forskrift og dermed gjere rammeplanen til eit påbod, da mange kulturskolar vil kunne ha vanskar med å etterleve måla som ligg i planen. Regjeringa ønskjer derfor at rammeplanen for kulturskolen skal halde fram med å vere rettleiande. Regjeringa vil be Kulturskolerådet om å vurdere endringar i rammeplanen for kulturskolen i tråd med endringane som blir skisserte i denne stortingsmeldinga.

8.3.6 Koordinering på fylkesnivå

Kulturskolerapporten frå 2019 og innspel til meldingsarbeidet peiker på at det er nødvendig å samordne behovet kulturskolane har for kompetanseutvikling og for å samarbeide med universiteta og høgskolane. Det er òg behov for å samordne fordjupingstilboda og talentutviklinga på regionalt nivå.

I ulike innspel til meldingsarbeidet og i kulturskolerapporten frå 2019 har det komme fram at det tidvis er lite kontakt mellom kulturskolesektoren og universitets- og høgskolesektoren. Kvar enkelt kulturskole er ei lita eining. Derfor vil dei ikkje nødvendigvis ha eit kompetansebehov som utgjer eit stort nok volum til å bestille tilbod frå ein høgskole eller eit universitet. Men ser vi kulturskolar i eit fylke samla, eller i ein region, kan situasjonen vere annleis.

Det er dessutan behov for eit system for samarbeid om fordjupingstilboda i kulturskolen. Det er i dag stor forskjell på kapasitet, omfang og kompetanse i dei lokale kulturskolane. Der den lokale kulturskolen har kompetansen og klarer å tilby eleven eit fordjupingstilbod, er det ønskjeleg. Men ikkje alle kulturskolar klarer å gi fordjupingstilbod i alle aktuelle fag.

Koronapandemien har ført til at mange kulturskolar har teke i bruk digitale verktøy i undervisninga. I 2021 har ein stor andel kulturskolar digitale plattformer på plass og har erfaring med digital undervisning. Potensialet i å utnytte dei nye erfaringane på det digitale området er stort.

8.3.7 Vurdering

Kulturskolane er det kommunane som har ansvaret for. Samtidig har arbeidet med meldinga tydeleggjort eit behov for koordinering på fylkes- og/eller regionsnivå. Dette gjeld samarbeid mellom kulturskolane og universitets- og høgskolesektoren om kompetansebehov i kulturskolen, men òg for å styrkje fordjupingstilbodet i kulturskolen. Regjeringa ønskjer å bidra til eit tettare samarbeid mellom universitets- og høgskolesektoren og kulturskolen, og regjeringa ønskjer å styrkje rolla kulturskolen har som regional talentaktør. I lys av at fylkeskommunane eig vidaregåande opplæring, der elevar får utvikla talenta sine, får teke ei formell utdanning innan praktiske og estetiske fag og blir kvalifiserte for høgare (kunst)utdanning, vil det vere naturleg å samarbeide med fylkeskommunane om innsatsen for å styrkje talentutviklinga.

I dag får Kulturskolerådet tildelt midlar frå staten for å drive kvalitetsutvikling i kommunane. Kulturskolerådet har per i dag ni fylkesavdelingar og éi regionavdeling på regionalt nivå og har ein rådgivar utplassert i kvart av fylka/regionane. Regjeringa meiner derfor det er naturleg å vurdere korleis behovet til kulturskolane og rolla til Kulturskolerådet kan sjåast i samanheng.

Flest mogleg elevar som ønskjer det og er kvalifiserte for det, skal kunne få eit fordjupingstilbod uavhengig av kva kommune dei bur i. For å få til det ønskjer regjeringa at elevar som ikkje har eit lokalt tilbod om fordjuping, skal kunne få eit tilbod ved ein annan kulturskole i fylket sitt. Regjeringa ønskjer derfor at Kulturskolerådet tek ansvaret for å ha ei oversikt over kompetansebehovet i regionane, og at rådet legg til rette for at kommunane kan avgjere om enkelte kulturskolar kan ta eit særskilt ansvar for å tilby fordjupingstilbod i fylket.

Erfaringar frå fjernundervisning under koronapandemien har gitt nye erfaringar med å gjennomføre delar av undervisninga digitalt. Digital undervisning kan vere eit viktig bidrag for å sikre barn og unge eit fordjupingstilbod innanfor ulike sjangrar, uavhengig av kvar dei bur. Digital undervisning kan gi fleire elevar eit meir utfyllande fordjupingstilbod. Samtidig kan ikkje digital undervisning erstatte andre undervisningsformer og personlege møte, det må vere eit supplement i fordjupingstilbodet.

8.3.8 Ansvar på det lokale nivået

Kulturskolerapporten frå 2019 viser at ikkje alle kulturskoleeigarar (kommunar) tek eit tydeleg eigarskap til kulturskolen, og at kulturskolens tilbod ikkje er forankra i planane til kommunen. I innspel til meldingsarbeidet og i kulturskolerapporten blir det peikt på dilemmaet som kulturskolen står i når det gjeld forholdet mellom sjølvstyre og styring. Kulturskolane ønskjer retningslinjer frå nasjonalt nivå for å få støtte til lokal forankring i kommunen, samtidig som dei ønskjer å halde på prinsippet om autonomi og handlingsrom.

8.3.9 Vurdering

Kulturskolane er svært ulike, og regjeringa meiner det framleis skal vere ei lokal sak å velje og organisere kva tilbod kulturskolen skal ha. Regjeringa meiner likevel at det er behov for å sikre at kulturskolen er betre forankra i kommunen sin.

Alle kommunar er pålagde å ha eit kulturskoletilbod. Regjeringa forventar at kommunane tek eit ansvar for kulturskoletilbodet dei er pålagde å ha etter opplæringslova, og at dei organiserer dette tilbodet i samanheng med skole og SFO, og i samanheng med kulturlivet i kommunen og frivillige organisasjonar. Det er òg naturleg å samarbeide med barnehagane og andre kulturtilbod til barn under skolealder.

Regjeringa vurderer å utvide kulturlova med planføresegner etter same modell som folkehelselova. Slike føresegner vil kunne forplikte fylkeskommunane og kommunane til å lage ei oversikt over statusen og behova på kulturfeltet, inkludert kulturskolen. I tillegg vurderer regjeringa ei føresegn om at kommuneplanen skal innehalde mål og strategiar på kulturfeltet som er eigna til å svare på dei utfordringane kommunen har dokumentert i oversikta. Dette vil krevje at kommunen ser planarbeidet i samanheng med resten av planarbeidet i kommunen og internkontrollføresegner for kommunen. Kulturskolen skal vere eit tverrgåande tema i det kommunale planarbeidet etter plan- og bygningsloven § 11-2 og inngå i ulike relevante kommunale planar, blant anna på oppvekstfeltet og integreringsfeltet.

For å løfte fram kor viktig det er at kulturskolane har kommunale planar, vil regjeringa gi betre informasjon til fylkeskommunar og kommunar om forpliktingar og forventningar til kommunal planlegging på kulturfeltet. I tillegg vil regjeringa formidle eksempel på gode lokale planprosessar og samarbeidsmodellar, sjå omtalen av lokalt planarbeid i kapittel 5.2.

Regjeringa vil

  • at kulturskolen skal halde fram med å vere lovforankra i opplæringslova

  • vurdere å foreslå endringar i krava til læringsmiljøet i kulturskolen

  • formalisere at Utdanningsdirektoratet har eit oppdrag om å bidra til kulturskoleutviklinga

  • at Utdanningsdirektoratet skal halde fram med å ha ansvaret for statistikk om kulturskolen

  • at Utdanningsdirektoratet vil bidra med informasjon, rettleiing og støtte retta mot kulturskolen der det er relevant

  • be Kulturskolerådet om å vurdere endringar i rammeplanen for kulturskolen i tråd med endringane som blir skisserte i stortingsmeldinga. Rammeplanen skal halde fram med å vere rettleiande.

8.4 Kompetanse i kulturskolen

Kvaliteten på undervisninga i kulturskolane avheng av den kunstfaglege og pedagogiske kompetansen til kulturskolelærarane. Kulturskolen er kjenneteikna av dyktige lærarar, og mange har høg formell kunstfagleg kompetanse. Det er likevel behov for å utnytte denne kompetansen betre i kommunane og å sjå på korleis kulturskolelærarar kan tileigne seg brei pedagogisk kompetanse som vil vere nyttig i kulturskolen.

8.4.1 Kompetansen til dei tilsette i kulturskolen

Kulturskolen er arbeidsplass for mange. Tal frå GSI viser at i skoleåret 2020–21 var det totalt cirka 2 650 årsverk og 5 039 tilsette i kulturskolen. 880 av desse hadde 100 prosent stilling.

Utdanningsdirektoratet fekk i 2019 i oppdrag å finne løysingar for jamleg å innhente informasjon om utdanningsnivået til dei kulturskoletilsette, og dette inngår derfor no i GSI. Tala viser at dei aller fleste kulturskolelærarane har høg utdanning og kulturfagleg kompetanse, og det store fleirtalet av dei tilsette har musikkfagleg bakgrunn. Ei undersøking som Norsk kulturskoleråd har gjort, bekreftar at mange av dei tilsette på kulturskolane har pedagogisk kompetanse.32 I tillegg til høg kunstfagleg kompetanse i faga dei undervisar i, er det mange av dei tilsette i kulturskolen som har annan fagleg bakgrunn.33

Rektorundersøkinga i kulturskolerapporten frå 2019 viser at leiarane i kulturskolen ofte har både formell kunstfagleg kompetanse og formell pedagogisk kompetanse. Nærmare halvparten har i tillegg formell leiarkompetanse. Dei aller fleste kulturskolane har ein eigen rektor, sjølv om stillingsprosenten varierer frå kommune til kommune.

8.4.2 Det framtidige kompetansebehovet i kulturskolen

Tradisjonelt har kulturskolelærarane først og fremst hatt kunst- og kulturfagleg spisskompetanse og undervist elevane éin til éin. Behovet for kulturskolelærarar med slik kompetanse kjem kulturskolen til å fortsetje å ha. Samtidig viser kulturskolerapporten frå 2019 at det er fleire kulturuttrykk i porteføljen til kulturskolane enn tidlegare, og undervisninga er i større grad gruppebasert. Derfor er det behov for kulturskolelærarar som kan undervise i fleire kunstuttrykk, og som har kompetanse i å undervise grupper.

Tilbodet i kulturskolen er til dels basert på etterspørsel, og nokon tilbod er meir populære enn andre. Nokon stader er det lange ventelister på dei mest populære tilboda. Samtidig kan det vere ledige plassar på andre tilbod. I tillegg kan etterspørselen endre seg frå år til år. Dette er ei utfordring når kulturskolane skal planleggje kva kompetanse dei har behov for.

Det er òg eit spørsmål i kva grad kulturskolen kan og skal tilpasse seg etterspørselen. Det er blant anna fleire kulturskolar som har ei rolle knytt til å føre vidare lokale kunst- og kulturtradisjonar, for eksempel innan folkemusikk. Dersom berre etterspørselen skal styre tilbodet, er det ein risiko for at slike viktige tilbod kan bli utkonkurrerte.

Ifølgje kulturskolerapporten frå 2019 er dei tilsette i kulturskolen hovudsakleg positive til ulike former for breiddesatsingar, og meiner at kulturskolelærarar stort sett har gode føresetnader for å utvide arbeidsområdet. Å finne den riktige balansen mellom spesialisering og breidde i lærarstaben blir sett på som viktig for å gi eit godt breidde-, kjerne- og fordjupingstilbod i kulturskolen.

Sjølv om kulturskolelærarane ofte har høg kompetanse i eit kunstfag, har dei ikkje nødvendigvis tilstrekkeleg kompetanse for å undervise i elevgrupper. Breiare rekruttering til av elevar til kulturskolen og kulturskolane sine breiddetilbod, bidreg til at elevsamansetjinga endrar seg. Den pedagogiske verksemda i kulturskolen må ta høgd for dette. I tillegg fungerer ein del kulturskolar som lokale ressurssenter, og dette stiller nye krav til kompetansen i kulturskolen. Fleire kulturskolar har for eksempel tilsett musikkterapeut for å kunne gi eit terapitilbod gjennom kulturskolen.

8.4.3 Betre utnytting av kompetansen

Det er kommunen som har ansvaret for å sikre at personale i kulturskolen, barnehagen, skolen og SFO har den kompetansen som trengst. Regjeringa si strategi Skaperglede, engasjement og utforskertrang. Praktisk og estetisk innhold i barnehage, skole og lærerutdanning beskriv utfordringar med at mange lærarar i kulturskolen har mindre stillingsandelar, og at det ligg eit uutnytta potensial i å tilby delte og kombinerte stillingar mellom kulturskolen og barnehagen, skolen og SFO. I desember 2019 arrangerte KS, Kulturskolerådet og Kunnskapsdepartementet eit fagseminar om framtidas kulturskole. Diskusjonane der understreka behovet for at kommunen utnyttar og samordnar kompetansen sin betre.

Mange kulturskolelærarar har høg kunstfagleg kompetanse. Samtidig har grunnskolen den utfordringa at rundt halvparten av lærarane som underviser i dei praktiske og estetiske faga, manglar formell kompetanse i faga.34 Ifølgje kulturskolerapporten frå 2019 synest omtrent halvparten av dei spurde kulturskolelærarane at det er for mange deltidsstillingar i kulturskolen. Gjennom å sjå meir heilskapleg på tilsetjingar i kommunen kan kommunen bidra til at det blir enklare å tilby aktuelle kulturskolelærarar større stillingar. For mange kulturskolelærarar er det meir attraktivt med ei større stilling. Kulturskolelærarar kan på si side bidra med høg formell kunst- og kulturfagleg kompetanse i skolen. Her er det moglegheiter for kommunen til å betre utnytte kompetansen kulturskolelærarane har, noko Kulturskoleutvalet òg tok opp i rapporten sin.35

Det er ingen formelle krav til kompetanse i kulturskolen. I rammeplanen for kulturskolen ligg det likevel ei anbefaling om kompetanse ved tilsetjing i kulturskolen. Forskrifta til opplæringslova krev at den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i skolen, må ha fullført lærarutdanning retta mot det aktuelle trinnet.36 Kulturskolelærarar som ikkje har lærarutdanning, er ikkje kvalifiserte for å bli tilsette i skolen, og kan dermed ikkje bli tilsatt i kombinerte undervisningsstillingar. Lærarar med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) eller treårig faglærarutdanning i praktiske og estetiske fag har relevant kompetanse for kombinerte stillingar mellom kulturskolen og skolen. Det same gjeld lærarar med relevante fag i grunnskolelærarutdanning eller som tek den nye femårige lærarutdanninga i praktiske og estetiske fag. PPU kvalifiserer ikkje for å undervise på 1.–4. trinn.

I mange norske barnehagar er det ei utfordring at det er lite kunstnarisk og kulturell aktivitet som musikk og bevegelse og dramatisk leik.37 Fleire kulturskolar har gode lokale løysingar og opplegg for barnehagane. Om kulturskolelærarane derimot skulle ønskje å vere tilsette i ein barnehage, er dei ikkje kvalifiserte for dei pedagogiske stillingane i barnehagen, berre for assistentstillingane. Dette kan gjere det mindre attraktivt for kulturskolelærarane å jobbe i barnehagen sidan lønna er lågare, mens dei ofte har lang utdanning.

Det har i forskjellige samanhengar og frå ulike hald blitt argumentert for at det bør stillast krav om lærarutdanning, for eksempel PPU, for å bli tilsett i kulturskolen. Blant grunngivingane er behovet for å sikre pedagogisk og fagleg kvalitet i kulturskoletilbodet. Eit anna argument har vore at pedagogisk kompetanse kan gjere det lettare for kulturskolelærarar å bli tilsette i kombinerte stillingar mellom kulturskole og skole.38

8.4.4 Vurdering

I framtidas kulturskole vil det framleis vere behov for lærarar med spisskompetanse for å undervise i kjernetilbod og fordjupingstilbod. I tillegg vil det vere behov for kompetanse som møter behovet for breiddetilbod i kulturskolen. Det inneber både at det er behov for kulturskolelærarar som kan undervise i fleire fag i kulturskolen, og det er behov for fleire kulturskolelærarar som har kompetanse til å undervise i større grupper, og som kan ta seg av ei meir samansett elevgruppe. Lærarutdanning gir kompetanse i å lede ei samansett elevgruppe og vil dessutan gi eit godt utgangspunkt for å samarbeide med barnehage, skole og SFO og for å ha delte og kombinerte stillingar i skolen.

Regjeringa oppmodar om at kommunen, som eigar av skolane og kulturskolane, arbeider for å sjå tilsetjingar i grunnskolen, SFO og kulturskolen i samanheng. Kommunane bør, der det er mogleg, utnytte eksisterande kompetanse frå kulturskolen i barnehagen, grunnskolen og SFO. Det er òg naturleg å samarbeide med fylkeskommunen og bruke kompetanse frå kulturskolen inn i vidaregåande opplæring.

Kombinerte stillingar kan vere viktig i ein del kommunar for å sikre lærarkompetanse i praktiske og estetiske fag i skolen. For at kommunen skal lykkast med ei slik ordning, må det vere eit godt samarbeid mellom kulturskolen og grunnskolen, blant anna om korleis dei utformar slike stillingar. Lærarar i kombinerte stillingar må vere tilsette og vere ein del av skolekvardagen i både grunnskolen og kulturskolen. Læraren må vere ein del av lærarkollegiet og det faglege og tverrfaglege samarbeidet om undervisninga i grunnskolen. Å kunne lukkast med dette føreset at kulturskolen ikkje berre bidreg med enkelttimar i grunnskolen, men at kommunen jobbar langsiktig og heilskapleg for å styrkje kompetansen hos lærarane.

Kommunen har som skoleeigar ansvaret for den nødvendige kompetanseutviklinga og dermed eit ansvar for at personalet i kulturskolen òg blir inkluderte i dei tilboda som blir gitte lokalt. Det inneber at kulturskolelærarane òg bør vurderast når kommunen planlegg kompetanseutviklinga gjennom den desentraliserte kompetanseordninga og den regionale kompetanseordninga. Det er dessutan viktig at tilsette både i grunnskolen og kulturskolen har kjennskap til styringsdokumenta til kvarandre, for eksempel gjeldande læreplanar og rammeplanen til kulturskolen.

I barnehagen er det mange ulike tilsettegrupper med ulike kompetanse og bakgrunn. Barnehagelærarane, som er den viktigaste yrkesgruppa for det pedagogiske arbeidet i barnehagen, utgjer 42 prosent av dei tilsette. I tillegg er det fleire andre yrkesgrupper, ikkje berre kulturskolelærarar, som kan bidra med verdifull kompetanse i barnehagen. Samtidig er det viktig med solid barnefagleg kompetanse. Spørsmålet om kulturskolelærarar bør derfor inngå i ein større diskusjon, der vi blant anna vurderer korleis fagpersonar med ulik relevant kompetanse kan brukast som ein ressurs inn i arbeidet til barnehagen.

Kunnskapsdepartementet har bede Utdanningsdirektoratet om å greie ut kva ansvar og kva oppgåver andre yrkesgrupper enn lærarar kan ta i vare i barnehagen, skolen og SFO. Utgreiinga vil vere eit grunnlag for å vurdere eventuelle tiltak.

Vi veit at mange kulturskoletilsette har høg formell kunstutdanning. Det er òg eit ønske at kulturskoletilsette skal ha formelle lærarkvalifikasjonar. Samtidig er det mange tilsette i kulturskolen som ikkje har formell kunstutdanning, men som kan ha viktig realkompetanse. Dette kan for eksempel vere lokale tradisjonsberarar som bringar lokal kultur inn i kulturskolen, eller det kan vere snakk om kunst- og kulturuttrykk som ennå ikkje inngår i høgare utdanning.

Regjeringa går derfor ikkje inn for å innføre kompetansekrav for kulturskolelærarar. Samtidig ønskjer regjeringa å leggje til rette for at kulturskoletilsette som er kvalifiserte for å ta PPU, kan få ta det dersom dei er kvalifiserte for å bli tatt opp. Regjeringa vil derfor stimulere til dette ved å inkludere kulturskolelærarar i stipendordninga for PPU. Dette opnar for at fleire kulturskolelærarar kan ha kombinerte eller delte stillingar i skolen.

Å kunne nytte kulturskolelærarane i skolen kan løfte dei praktiske og estetiske faga der skolar i dag manglar lærarar med formell kompetanse. Det er ein politisk ambisjon at flest mogleg kulturskoletilsette får moglegheita til å ta PPU. Regjeringa legg derfor til grunn at skoleeigar ved nytilsetjingar i kulturskolen vurderer å spørje etter PPU eller anna lærarutdanning.

Boks 8.3 Eksisterande tiltak for kompetanseutvikling i kulturskolen

Kulturskolepedagog i grunnskolen – Læring og lederskap i storgruppe

NTNU har oppretta eit kurstilbod for tilsette i kulturskole og i kombinerte stillingar. Emnet har ei hovudvekt på musikk, men med element av drama/dans. Tilbodet er utvikla fordi NTNU og Norsk kulturskoleråd har sett eit gryande behov for kompetanse innanfor gruppedidaktikk i kulturskolen. Kurset er samlingsbasert og gir 7,5 studiepoeng.

Musikk – gruppeundervisning for kulturskole- og grunnskolelærere

Universitetet i Agder (UiA) har etter bestilling frå Knuden – Kristiansand kulturskole utvikla eit nytt etter- og vidareutdanningskurs for lærarar som underviser musikk i kulturskolen og/eller grunnskolen. Kurset er eit samlingsbasert deltidsstudium som varer i 6 månader og gir 15 studiepoeng.

Kompetanse for kvalitet (KfK)

KfK er vidareutdanningsstrategien til regjeringa med ei eiga vikar- og stipendordning som gjer det gunstig for lærarar å ta vidareutdanning. Målgruppa inkluderer også lærarar på kulturskolar som er lærarutdanna. Regjeringa har øyremerkt søknader til inntil 30 mill. til vidareutdanning i praktiske og estetiske fag.

Ledelse av prosesser (LAP)

Norsk kulturskoleråd og Høgskolen i Innlandet har signert ein rammeavtale om kompetanseutvikling for leiarar ved kommunale kulturskolar over heile landet. Første kull av leiarutdanninga blei ferdig i Rogaland. Studietilbodet er på mastergradnivå.

Våren 2021 blir dette studiet tilbydd i Trøndelag, Vestland og Troms og Finnmark. Desse stadene tilbyr foreløpig to modular på 30 studiepoeng kvar. Norsk kulturskoleråd ønskjer etter kvart å utvikle dette studietilbodet slik at det kan skape ei bru til ein erfaringsbasert master.1

Vurdering for læring

Norsk kulturskoleråd og Høgskolen i Innlandet har utvikla eit nettkurs i vurdering for læring for lærarane og leiarane i kulturskolen, basert på Utdanningsdirektoratets no avslutta satsing med det same namnet.2 MOOC-kurset KulturskoleVFL starta hausten 2020. Hensikta er å bidra til auka bevisstgjering og meir systematisk praksis rundt vurdering for læring i kulturskolen.

KulturskoleVFL tek sikte på å vidareutvikle vurderingskompetansen til deltakarane samtidig som det skal styrkje dei profesjonelle læringsfellesskapa og kulturskolen som lærande organisasjon.

Norsk kulturskoleråds rettleiarkorps

Med utgangspunkt i rammeplan for kulturskolen gjennomfører Norsk kulturskoleråd rettleiing i kulturskoleutvikling i medlemskommunane. Formålet med rettleiinga er å hjelpe kulturskoleeigaren og kulturskolen med å etablere eit kontinuerleg utviklingsarbeid knytt til kulturskolen i kommunen som ein del av det samla tenestetilbodet til kommunen. I september 2020 starta tredje pulje av kommunar med oppfølging frå rettleiarkorpset. Over 140 kommunar har så langt fått eller er i gang med å få rettleiing i kulturskoleutvikling.

Rettleiingsarbeidet for kulturskolane har i stor grad bygd på erfaringar frå rettleiarkorpsordninga til Utdanningsdirektoratet, både når det gjeld form og innhald. Kulturskolerådets rettleiarkorps består av rådgivarar i Kulturskolerådet. Det er knytt eit ressursteam til rettleiingsordninga med kompetanse frå UH-sektoren, kommunal forvaltning og rettleiings- og utviklingsarbeid i Utdanningsdirektoratet.

1 Norsk kulturskoleråd 2020d

2 Norsk kulturskoleråd 2020b

8.4.5 Praktisk-pedagogisk utdanning

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er ei lærarutdanning ein kan ta etter å ha fullført gradsutdanning og utgjer eitt års fulltidsstudium. I rammeplan for kulturskolen er praktisk-pedagogisk utdanning anbefalt, men ikkje eit formelt krav for å bli tilsett i undervisningsstilling i kulturskolen. Lærarar med PPU kan kvalifisere for å bli tilsette både i kulturskolen og på trinn 5–13 i skolen ettersom kva fag dei har kompetanse i.

Regjeringa har endra opptakskrava til PPU, og frå hausten 2019 er det krav om mastergrad for opptak. Det er likevel eit varig unntak frå masterkravet for søkjarar med bachelorgrad med 180 studiepoeng i utøvande og skapande kunstfag. Av omsyn til behovet for lærarar i praktiske og estetiske fag gjeld det òg eit mellombels unntak frå masterkravet for søkjarar med bachelorutdanning innanfor heile breidda av praktiske og estetiske undervisningsfag i skolen. For denne gruppa er unntaket avgrensa, det vil seie at det blir oppheva frå og med opptaket til PPU med oppstart hausten 2025.

Kulturskolerådet har kartlagt kompetansesituasjonen i kulturskolen i dag.39 Rådet peiker på fleire atterhald med tala, men har eit grovt anslag om at om lag 400 kulturskolelærarar er kvalifiserte for PPU og ønskjer å ta denne utdanninga. Tala tyder på at det er eit potensial for å få fleire kulturskolelærarar med undervisningskompetanse i skolen.

I kartlegginga blei kulturskolerektorar spurde om kva som hindrar kulturskolen i å leggje til rette for PPU for kulturskolelærarar som ønskjer det. Rektorane svarte blant anna at PPU-studia er organiserte på ein måte som ikkje passar situasjonen deira. I tillegg er det vanskeleg å få vikarar og å få intern logistikk til å gå opp. Dei opplever likevel at kommunen som kulturskoleeigar, ønskjer å prioritere PPU for kulturskolelærarane.

Kulturskolerådet kartla òg eksisterande og aktuelle PPU-tilbod for kulturskolefag våren 2020.40 Denne oversikta finst på Kulturskolerådets nettsider. Resultata viser at det finst ei rekkje tilbod med kunstfagleg innretning som er relevante for kulturskolelærarar, og at desse utdanningane ofte kan takast som deltidsstudium i tillegg til jobb. Denne typen fleksibilitet vil vere gunstig for kulturskolelærarar som allereie er tilsette i kulturskolen.

8.4.6 Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 (LUPE)

I 2020 har departementet fastsett forskrift om rammeplan for ei fleirfagleg lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 (LUPE). Formålet med utdanninga er blant anna å fremje kvalitet i opplæringa i skolen og kulturskolen og at det kan inngå praksis i kulturskolen. LUPE omfattar to til tre fag og gir på den måten større breidde enn den einfaglege utdanninga. Slik kan den nye utdanninga i større grad møte behovet kulturskolane har for breiddekompetanse, avhengig av fagvala til studentane.

Lærarutdanninga vi har i dag i praktiske og estetiske fag, er treårig og einfagleg og vil etter kvart bli erstatta av LUPE, som er ei femårig integrert masterutdanning. Dei første studentane blir tekne opp til LUPE i 2021. Den treårige faglærarutdanninga blir avvikla frå og med opptaket hausten 2023. I LUPE kan det inngå masterfordjuping i eitt av følgjande fag:

(a) dans, (b) design, kunst og handverk, (c) drama og teater, (d) kroppsøving og idrettsfag, (e) mat og helse eller (f) musikk.

Studentane vel i tillegg eitt eller to andre undervisningsfag med læreplan i grunnopplæringa. Kandidatar frå LUPE vil dermed ha undervisningskompetanse i inntil tre praktiske og estetiske fag avhengig av fagvalet.

8.4.7 Vurdering

Undersøkingane utførte av Norsk kulturskoleråd viser at det er ei utfordring at kommunane og kulturskoletilsette ikkje kjenner til eksisterande PPU-tilbod som kan vere relevante for kulturskoletilsette. Kulturskolerådet har samla informasjon om aktuelle PPU-tilbod for kulturskoletilsette. Regjeringa vil bidra til at informasjon om PPU og kulturskole blir spreidd. Utdanningsdirektoratet og Kulturskolerådet vil bli involverte i dette arbeidet.

Det er meldt inn behov for ein PPU retta mot 1.–4. trinn, slik at kulturskolelærarar med PPU kan ha delte stillingar og også jobbe på dei lågaste trinna i grunnskolen. Eit framskrive lærarbehov i grunnskolen er òg gjerne sett i samanheng med desse trinna. Dessutan er mangel på lærarar med formell kompetanse i praktiske og estetiske fag ei utfordring i grunnskolen. Regjeringa vil derfor vurdere tiltak for å gjere det enklare for personar med formell kompetanse i praktiske og estetiske fag, for eksempel lærarar i kulturskolen, å kvalifisere seg for å undervise på 1.–4. trinn.

Kulturskolerådet har etablert ein dialog med relevante universitets- og høgskoleinstitusjonar om PPU. Det handlar blant anna om tettare samarbeid om kompetanseutvikling, behov og moglegheiter for at kulturskolelærarar kan ta PPU, PPU-praksis i kulturskolen og rettleiarkompetanse. Vidare kartlegging og behovsretting kan avdekkje om det eksisterande tilbodet dekkjer behovet i kulturskolen, og om det er tilstrekkeleg mange PPU med fagdidaktikk i estetiske fag.

Regjeringa meiner at det er eit uutnytta potensial for å få betre kvalifiserte lærarar både i kulturskolen og i skolen. Regjeringa ønskjer å leggje betre til rette for at fleire kulturskolelærarar kan ta PPU. I dag eksisterer det to stipend for å stimulere til at fleire tek PPU

  • utdanningsstipendet er for tilsette i grunnskolen som manglar godkjend lærarutdanning

  • rekrutteringsstipendet er for personar som ikkje er tilsette i skolen, men som skoleeigarar ønskjer å rekruttere inn

Regjeringa foreslår å utvide målgruppa for rekrutteringsstipendet, slik at kulturskolelærarar òg kan søkje om dette stipendet. Økonomisk støtte vil gi fleire kulturskolelærarar ei reell moglegheit til å ta PPU. Regjeringa anmodar om at òg skoleeigar legg til rette for at fleire kulturskolelærarar får formell lærarkompetanse

PPU er ikkje eit aktuelt studium for alle kulturskolelærarar. I framtidas kulturskole vil det vere eit aukande behov for kompetanse i å undervise større grupper og elevar med ulik bakgrunn. Kurs om gruppeundervisning for kulturskolelærarar, som kursa utvikla ved NTNU og Agder (sjå boks 8.3), er derfor viktige bidrag i å auke kompetansen til kulturskolelærarar.

8.4.8 Kulturskolen som praksisarena og offentleg sektor-ph.d.

Kulturskolane som praksisarenaer for PPU og andre lærarutdanningar, utgjer eit potensial som er underutnytta. Ifølgje Kulturskolerådet manglar mange kulturskolar rettleiarkompetanse. Både dagens treårige og dei nye femårige lærarutdanningane i praktiske og estetiske fag skal kvalifisere for undervisning i dei praktiske og estetiske faga i grunnopplæringa og i kulturskolen. I rammeplanane står det at delar av praksis kan leggjast til kulturskolen. Kulturskolerådet har i samarbeid med universitets- og høgskolesektoren starta eit arbeid med å løfte fram gode rettleiingspraksisar i kulturskolar og utvikle ei norm for godt samarbeid om rettleiing og nødvendig rettleiingskompetanse i kulturskolen. Rammeplanen for PPU opnar òg for at studentar med fagbakgrunn i utøvande kunstfag kan ta inntil 50 prosent av praksisen sin i kulturskolane.

Med bakgrunn i erfaringar frå universitetsskolar og universitetsbarnehagar, har regjeringa satsa tungt på forsterka partnarskapssamarbeid mellom universitets- og høgskolesektoren og skolane. Partnarskapssamarbeid i lærarutdanningane skal sikre at alle lærarstudentar får tilgang til nokon utvalde praksisarenaer der forholda er spesielt lagde til rette for FoU-basert praksisopplæring.

Kvart år sidan 2017 har lærarutdanningsinstitusjonane fått nærmare 45 mill. til partnarskapssamarbeid i grunnskolelærarutdanningane. I strategien Skaperglede, engasjement og utforskertrang. Praktisk og estetisk innhold i barnehage, skole og lærerutdanning ligg det ei oppfordring om at kulturskolane blir inkluderte i dette partnarskapssamarbeidet. Frå 2020 er tildelingane til partnarskapssamarbeid utvida til om lag 66 mill. og omfattar òg andre lærarutdanningar, som barnehagelærarutdanning, PPU og faglærarutdanningar i praktiske og estetiske fag. I tildelingsbrevet til institusjonane heiter det at «partnerskapene skal inkludere forskning og utprøvende praksis i skole eller barnehage, og kan også omfatte kulturskole».

Ordninga med offentleg sektor-ph.d. skal bidra til langsiktig og relevant kompetansebygging og forskingsinnsats i offentlege verksemder, auka forskarrekruttering i offentleg sektor og betre samspel mellom akademia og offentleg sektor. Lærarar i kulturskolen som kvalifiserer for opptak til eit doktorgradsprogram, kan få finansiering innanfor den gjeldande ordninga. For å stimulere til fleire lærarar med doktorgrad øyremerkte regjeringa i 2019 ti stipendiatstillingar til tilsette i undervisningsstilling i grunnskolen og vidaregåande skole og kulturskole. Frå 2020 blei den øyremerkte ordninga utvida til å omfatte lærarar som er tilsette i kommunal kulturskole. Offentleg sektor-ph.d. i kulturskolane og i grunnopplæringa vil styrkje kompetansen og gi betre grunnlag for utvikling og samhandling med universitet og høgskolar.

Norsk kulturskoleråd har fleire prosjekt som kan bidra til forskingsbasert utvikling for kulturskolane og tettare kontakt med universitets- og høgskolesektoren, irekna denne doktorgradsordninga.

8.4.9 Vurdering

Partnarskapssamarbeida mellom universitets- og høgskolesektoren og skolar og barnehagar har fleire formål. Høgare forskingskompetanse i lærarprofesjonen og fersk praksiserfaring til lærarutdanningsinstitusjonane er ein del av dette. Dei same måla gjeld for kulturskolen. Derfor kan det å inkludere kulturskolane i partnarskapssamarbeidet vere eit skritt på vegen mot det kompetanseløftet som kulturskolane treng. Samtidig kan samarbeidet tilføre lærarutdanningane ein ny praksisarena og ny kunnskap om praksis.

Modellen for partnarskapssamarbeid skal byggje på erfaringane frå universitetsskolar og -barnehagar. Kulturskolerådet ønskjer at det blir etablert universitetskulturskolar. Arbeidet med å etablere universitetskulturskolar må basere seg på dei erfaringane som er gjorde ved universitetsskolar og -barnehagar (for meir om dette, sjå omtale i kapittel 8.5.4). Kulturskolar som blir inkluderte i partnarskapssamarbeid, får del i slik erfaring.

Strategien Lærerutdanningene 2025. Nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene41 legg vekt på at partnarskapa skal leggje til rette for langsiktige ordningar med delte stillingar, hospiteringsordningar og samarbeid om offentleg sektor-ph.d. Offentleg sektor-ph.d. for kulturskolelærarar er derfor essensielt i partnarskapssamarbeidet.

I åra som kjem, vil det vere fleire PPU-studentar med mastergrad og masterstudentar i LUPE (lærarutdanning i praktiske og estetiske fag), som skal ha praksis i kulturskolen. Dette utløyser krav om at praksisrettleiarane har høgare kompetanse. LUPE-studentar som knyter masterarbeidet sitt til kulturskolen, vil også ha behov for rettleiing. Partnarskapssamarbeid, offentleg sektor-ph.d. og vidareutdanning i Kompetanse for kvalitet kan bidra til å løfte kompetansen hos kulturskolelærarar.

Ved å byggje opp forskingsmiljø i tilknyting til kulturskolane vil kulturskolen kunne verke som ein enda meir attraktiv arbeidsplass for lærarar med høge kvalifikasjonar, både som utøvarar, lærarar og forskarar. Forsking i kulturskolen vil òg styrkje forskinga på det faglege innhaldet i kulturskolane og bidra til kunnskap om kva kulturskolen betyr for samfunnet. Regjeringa oppmodar om at skoleeigarane òg bruker ordninga med offentleg sektor-ph.d for dei tilsette i kulturskolen. Ordninga vil kunne bidra til å styrkje den kunnskapsbaserte yrkesutøvinga hos lærarar i kulturskolen.

Regjeringa vil

  • vurdere dei moglege rollene og ansvaret til andre yrkesgrupper, kulturskolelærarane medrekna, i barnehage, skole og SFO

  • bidra til at det blir spreidd informasjon om PPU og kulturskolen

  • ha dialog med Norsk kulturskoleråd om eit ansvar for å ha ei oversikt over kompetansebehovet i regionane og for å ha dialog med universitets- og høgskolesektoren

  • vurdere tiltak for å gjere det enklare for personar med formell kompetanse i praktiske og estetiske fag, for eksempel lærarar i kulturskolen, å kvalifisere seg for å undervise på 1.–4. trinn

  • utvide målgruppa for rekrutteringsstipendet slik at kulturskolelærarar òg kan søkje om dette stipendet

  • føre vidare forventningar om at kulturskolen blir inkludert i partnarskapssamarbeid og kompetansehevinga av praksislærarar

8.5 Kulturskolen i lokalsamfunnet

Kulturskolerapporten frå 2019 peiker på at korleis kommunen har plassert kulturskolen organisatorisk i kommunen, for eksempel om han er plassert under skole/oppvekst eller under kultur, vil spele inn på kva samarbeid kulturskolen inngår med andre aktørar i kommunen.

I tillegg til slike strukturelle forhold bidreg engasjerte leiarar i kulturskolen og relasjonar på individnivå til gode samarbeid. Kulturskolerapporten frå 2019 trekkjer mellom anna fram at utøvande kunstnarar med for eksempel deltidsstilling i kulturskolen og ressurssterke og kreative eldsjeler, bidreg til fleksibilitet i den kunstnariske verksemda i kommunen. Mindre og meir oversiktlege kommunar har dessutan smådriftsfordelar med nærleik og nettverk mellom dei ulike ledda i administrasjonen.42

Det er store variasjonar i omfang og innhald i kulturskoletilbodet, tilsetjingsformer og kor mykje pengar kommunen bruker på kulturskolen. Dette er òg faktorar som speler inn på kva rolle kulturskolen har i lokalsamfunnet, og kor mykje samarbeid det er på tvers.

8.5.1 Samarbeidet mellom kulturskolen, kulturlivet og frivilligheita

Kulturskolerapporten frå 2019 viser at kulturskolane i stor grad samarbeider med andre lokale aktørar. Samarbeidet kan handle om ei rekkje oppgåver, slik som undervisning for barn, unge og vaksne, om lærarkrefter og om samarbeid om arrangement, lokale og utstyr.

Samarbeid med anna kulturliv og med frivillige organisasjonar bidreg til at kulturskolen når breiare ut. For eksempel er private kulturtilbod og institusjonar sentrale samarbeidspartnarar for kulturskolen. Kulturskolerapporten frå 2019 viser i tillegg at kyrkja og kyrkjeleg fellesråd er ein relevant samarbeidspartnar for kulturskolen.

Boks 8.4 Sunnfjord kulturskule og samarbeid med frivilligheita

Sunnfjord kulturskule samarbeider tett med frivilligheita i regionen. Kulturskolen leverer instruktør- og dirigenttenester til alle skole- og vaksenkorpsa i kommunen. Korpsa betalar sjølve for dette. I tillegg er kommunen og kulturskolen med og driv internasjonalt kor for vaksne og seniorkor, med eit stort tal medlemmar i alderen 60–100 år. Musikkterapeuten i kulturskolen er dirigent i begge kora, og lønna blir dekt av folkehelsemidlar og ein låg kontingent.

Kulturskolen samarbeider òg med det lokale kunstlaget om felles utstillingsprosjekt og har fleire felles prosjekt med bandmiljøet i regionen. Kulturskolelærarane legg til rette for konsertar, kurs og verkstader med eksterne kurshaldarar. Dette skjer i samarbeid med Ung Kultur Møtes (UKM), BRAK (eit kompetansesenter for alle som driv med musikk i Vestland) og Eggstockfestivalen (ein årleg festival AKKS1 Bergen arrangerer for unge og uetablerte band i Vestland).

1 AKKS er ein idealistisk musikkorganisasjon som arbeider for kjønnsbalanse og likestilling i norsk musikkliv.

8.5.2 Samarbeidet mellom kulturskole og utdanningssektoren

I samarbeid med barnehagen, skolen og SFO bidreg kulturskolen til at barn og unge får utfalde seg kulturelt i lokalsamfunnet. Strategien Skaperglede, engasjement og utforskertrang. Praktisk og estetisk innhold i barnehage, skole og lærerutdanning legg vekt på at barnehage, skole og SFO skal bruke ressursane i og samarbeide med kulturskolen.

Kommunen eig og driv både barnehagar, skolen, SFO og kulturskolen og har derfor gode føresetnader for å leggje til rette for gjensidig forståing og samarbeid. Kulturskolen kan bidra til å styrkje det praktiske og estetiske innhaldet i barnehagen og skolen.

Samarbeid mellom kulturskolen og barnehagen

Eit samarbeid mellom kulturskolen og barnehagen kan vere med å løfte arbeidet med kunst og kultur i barnehagen.

Barnehagen er ein naturleg samarbeidspartnar for kulturskolen, og mange kulturskolar har i dag eit samarbeid med dei lokale barnehagane. Tilbodet kulturskolane har til barn i barnehagen, har ofte form som eit breiddetilbod og omfattar ofte alle barna i ei barnegruppe. Både kulturskolen og barnehagen kan ha stort utbyte av eit pedagogisk samarbeid. Kulturskolelærarane kan kunstfaga og har høg kunstfagleg kompetanse, mens barnehagelærarane kjenner barnehagen sitt innhald og oppgåver, barnegruppa og kan småbarnspedagogikk. Sjå meir om kunst og kultur i barnehagen i kapittel 9.

Boks 8.5 Kulturskole og barnehage

Kulturskolen i Sunnfjord og kulturbarnprosjektet

Gjennom prosjektet Kulturbarn 0–8 (sjå omtalen i kapittel 9) har kulturskolen testa ut tre ulike kunstfag i fire barnehagar. Barna er med og samskaper, slik blir dei kulturaktive gjennom song, bevegelse, tekstskaping og kunstuttrykk. Barna har òg besøkt kulturskolen for å jobbe med visuelle kunstfag.

Det blir utvikla metodar for dette arbeidet, slik at det enkelt kan vidareførast i andre barnehagar. Lokale kunstnarar og kunstformidlarar kan byggje relasjonar i barnehagane og hjelpe barnehagepedagogane med råd og innspel. Felles nærmiljø gjer det dessutan enklare å halde relasjonar ved like, for eksempel gjennom barnehagebesøk, kulturskole, bibliotekarrangement osv.

Sentralt i arbeidet til kulturskolen står den lokale folkemusikken, folkesongen og forteljingar på nynorsk. Slik blir barna tidleg kjende med lokal kulturarv og byggjer identitet og tilhøyrsel i lokalsamfunnet.

Fredrikstad kulturskole som ressurs i barnehagane

I Fredrikstad kommune samarbeider etat for kultur og etat for barnehage om å gi eit tilbod innan kunst- og kulturfag til barn i barnehagealder. Kulturskolen i Fredrikstad driftar ordninga, der lærarar frå kulturskolen og pedagogiske medarbeidarar i barnehagane har samlingar kvar veke med barnegruppene i den enkelte barnehagen. Kvar barnehage får ti besøk kvar. Målgruppa for tilbodet er to- til treåringar, og det blir lagt vekt på å stimulere barna til å utvikle lysta si til å leike, utforske, lære og meistre. Samarbeidet er godt forankra i dei overordna plandokumenta til kommunen og i rammeplanane til kulturskolen og barnehagen. Tilbakemeldingane viser at kulturskolepedagogane har fått større kunnskap om korleis dei skal jobbe med barn i to- til treårsalderen, og at dei tilsette i barnehagen har fått meir kompetanse i å bruke musikk og bevegelse i kvardagen.

Samarbeid mellom kulturskolen og grunnopplæringa

Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa inviterer til samarbeid mellom skolen og aktørar som har kunst og kultur for barn og unge som målsetjing.

Det finst fleire gode eksempel på korleis skolen og kulturskolen har fått til eit godt samarbeid der dei ser ressursane og måla sine i samanheng. Mange kulturskolar og skolar har i dag både eit pedagogisk samarbeid og eit samarbeid om lokale. Samtidig finst det òg barrierar for samarbeid. Desse barrierane kan vere praktiske og konkrete, og dei kan vere strukturelle og systemiske.

Kulturskolerapporten frå 2019 peiker på at samarbeid, særleg med skolen, ofte blir beskrive som spenningsfylt, men òg som eit samarbeid med uutnytta potensial. Det kan vere utfordrande for enkeltlærarar eller -leiarar å initiere og få til eit samarbeid dersom dette ikkje er ein del av ei heilskapleg tilnærming.

Vidaregåande opplæring tilbyr ulike programfag som gir formell opplæring i ulike praktiske og estetiske fag. Fleire stader i landet finst det gode samarbeid mellom kulturskolane og musikk-, dans- og dramalinjene i same fylket. Samarbeidet dreier seg ofte om eit pedagogisk samarbeid og at kulturskolelærarar underviser ved den vidaregåande skolen.

Boks 8.6 Samarbeid mellom kulturskolen og grunnopplæringa

I Møre og Romsdal har fylkeskommunen og Molde kommune inngått ein langsiktig samarbeidsavtale om tilsette til musikklinja ved Molde vidaregåande skole og kulturskolen. Alle er tilsette i Molde kommune, men dekkjer undervisningsbehovet både i den vidaregåande skolen, kulturskolen og det frivillige kulturlivet. Slik sikrar dei fulle stillingar og kan rekruttere spisskompetanse som kjem alle til gode. Fleire tilsette jobbar i tillegg opp mot regionale profesjonelle og semiprofesjonelle orkester osv. Molde kulturskole deler i tillegg nokon stillingar med grunnskolen, samarbeider med barnehagesektoren om kompetanse i samband med implementeringa av den nye rammeplanen til barnehagane og har ansvaret for lokale verkstader i regi av Den kulturelle skolesekken for grunnskolane.

Trondheim kommunale kulturskole (TKK) er no inne i det andre året med Kulturdag i grunnskolane i Trondheim. Kulturdagen er ein dag kvar veke gjennom heile skoleåret der grunnskolelærarane arbeider saman med kulturskolelærarar for at elevane skal nå læringsmåla sine i dei praktisk-estetiske faga. Grunnskolane er sjølve aktive i organiseringa av Kulturdagen og får velje kvar kompetansen skal styrkjast med ekstra lærarar frå kulturskolen. Målet er å styrkje den totale kompetansen skolen har i dei praktisk-estetiske faga slik at elevane får eit variert og solid kunstfagleg undervisningstilbod gjennom samarbeidet. Tanken er at Kulturdagen blir tilbydd gjennom heile undervisningsløpet, og at innhaldet er tilpassa dei ulike alderstrinna. Undervisninga blir organisert som ei storgruppe og tre til fire mindre grupper som rullerer gjennom året. Storgruppa får syngje i kor, og dei andre får undervisning i for eksempel visuelle kunstfag, «rett i band», stryk, blås, dans, sirkus, teater osv.

I skoleåret 2020–21 er ti grunnskolar og to barnehagar involverte i satsinga. Det er eit mål å innføre Kulturdag ved fleire skolar skoleåret 2021–22. Erfaringane så langt viser at meir merksemd retta mot kunst og kultur i skolen fører til at fleire elever interesserer seg for det på fritida òg. TKK har auka elevtalet sitt frå dei skolane som er med i Kulturdagen.

Forskingsgruppa Kunstutdanning i Samarbeid (KiS) tilknytt NTNU, Institutt for lærerutdanning, forskar på Kulturdagen. Kulturskolen og NTNU har i tillegg oppretta samarbeid om ein Offentleg sektor-ph.d. med Kulturdagen som tema, der ein av lærarane frå kulturskolen gjennomfører doktorgradsprosjektet sitt.

Samarbeid mellom kulturskolen og SFO

Mange SFO-ar har eit samarbeid med lokale kulturskolar. Den vanlegaste forma for samarbeid er at kulturskolen har undervisning, for eksempel individuell musikkundervisning (foreldrebetalt) i lokala til skolen i SFO-tida. Fleire SFO-ar samarbeider i tillegg med kulturskolen på andre måtar. Dette er ein måte å betre kvaliteten på SFO-tilbodet. Kulturskolen kan for eksempel bidra med kompetansen sin i gruppebaserte aktivitetar som kor, band eller dramagruppe. Foreldra betaler ikkje da noko ekstra for desse breiddetilboda.

Ifølgje den nasjonale evalueringa av SFO «Lek, læring og ikke-pedagogikk for alle» oppgir likevel om lag halvparten av dei tilsette og leiarane at det i svært liten grad eller i liten grad er lagt til rette for å samarbeide med musikkskole, idrettsskole/idrettslag eller andre kulturinstitusjonar.43 Evalueringa peiker på at samarbeid er avhengig av at anten skolen/SFO og kulturskolen ligg i nærleiken av kvarandre, eller at kulturskolen kjem til skolen/SFO for å undervise eller drive med aktivitetar.

Boks 8.7 Kulturskole og SFO

Bergen kulturskole og samarbeid med SFO

Kulturkarusell er eit breiddetilbod for dei yngste elevane og er eit samarbeid mellom kulturskole og SFO. Det er skolane/SFO som søkjer om å delta i programmet. Det er inngått formelt og økonomisk samarbeid mellom byrådsavdeling finans, kultur og næring og byrådsavdeling for barnehage, skole og idrett. Frå 2020 er 14 kunstnarar tilsette i faste stillingar. Å delta i Kulturkarusell skal verke inspirerande i SFO til kvardags, også når kunstnarane ikkje lenger er på besøk. Samarbeidet byggjer på Bergen kommunes rammeplan for SFO.

Kinn kulturskule og samarbeid med SFO

Kinn kulturskule i Florø og Måløy har gratis musikktilbod i SFO. Det er eit lågterskel breiddetilbod som gir barna ein introduksjon til kulturskolen. Tilbodet er både for dei som går og ikkje går i SFO. Det er god pågang, og mange av barna har innvandrarbakgrunn. SFO-personalet er involvert i organiseringa, mens kulturskolelærarane har ansvaret for undervisninga. Barna er delte inn i små grupper og jobbar gjerne fram mot ein huskonsert ved slutten av semesteret. Nokon gonger er dei òg med som kor på temakonserten og vårkonserten til kulturskolen saman med fast orkester.

8.5.3 Vurdering

Eit samarbeid mellom kulturskolen, barnehagen, skolen og SFO finst i dag mange stader. Sidan kommunen er eigar av både kommunale barnehagar, skolar, SFO og kulturskolen, gir det anledning til å sjå ressursane på tvers av dei ulike institusjonane. At kulturskolen har ulike former for breiddetilbod der dei samarbeider med barnehagar, skolar og SFO, gjer at kulturskolen kan treffe alle barn, slik det er meint i visjonen for kulturskolen.

For å få til eit godt samarbeid er det viktig med langsiktig planlegging. Gjennom å planleggje godt kan ein skape legitimitet for eit samarbeid som er til det beste for barn og unge.

Dette kan vere avgrensa prosjekt, heilskapleg tenking rundt tilsetjingar eller møte der både skole og kulturskole deltek. Moglegheitene er mange, og kommunane som skoleeigar har eit ansvar for sjå skolen og kulturskolen i samanheng. Gjennom å kartleggje ressursar og behov, forankre planar i leiinga og i kommunen kan dei saman finne fram til utfordringar og moglegheiter for samarbeid.

Det er dessutan eit stort potensial i samarbeid mellom kulturskolar og vidaregåande opplæring, ikkje minst med tanke på den høge kompetansen innan praktiske og estetiske fag mange lærarar i kulturskolen har.

Regjeringa vil leggje til rette for at kulturskolane, SFO-ane og frivilligheita kan samarbeide. Gjennom tiltak i Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO vil regjeringa bidra til eit løft for SFO. Regjeringa har bestemt å innføre ein nasjonal rammeplan for SFO som er basert på gjeldande rett, og som gir rom for lokale variasjonar.

Formålet for SFO er å leggje til rette for leik og kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Ulike kulturelle aktivitetar i SFO som er i regi av eller i samarbeid med kulturskolen, er dermed innanfor formålet til SFO. Kulturskoleaktivitetar som går føre seg i SFO-tida, vil kunne styrkje det kulturelle tilbodet i SFO.

Rammeplanen skal få følgje av støtte- og rettleiingsmateriell som kan gi kommunar inspirasjon til eigne satsingar som går ut over krava i rammeplanen. Samarbeid mellom SFO og kulturskole kan omtalast i støtte- og rettleiingsmateriellet. Utkastet til nasjonal rammeplan for SFO blei sendt på høyring i desember 2020, med svarfrist 16. mars 2021. Skolefritidsordningane skal ta i bruk rammeplanen frå hausten 2021, og støtte- og rettleiingsmateriellet vil vere tilgjengeleg frå det same tidspunktet.

Regjeringa har i tillegg innført ei ordning med redusert foreldrebetaling i SFO for familiar med låg inntekt. Ordninga gjeld 1.–2. trinn frå hausten 2020 og vil gjelde 3.–4. trinn frå hausten 2021. I tillegg vil regjeringa etablere ei ordning med gratis SFO i utvalde kommunar. På denne måten vil regjeringa bidra til at fleire barn kan få tilgang til tilbodet frå kulturskolen, også barn frå låginntektsfamiliar.

8.5.4 Samarbeid mellom kulturskolen og universitets- og høgskolesektoren

Innspel frå eit fagseminar om framtidas kulturskole i desember 2019, peiker på at det er til dels lite kontakt mellom kulturskolesektoren og universitets- og høgskolesektoren.44 I fleire tilbakemeldingar blir det sagt at det er behov for dialog og tettare samarbeid om forsking, utdanning og utvikling. Det blei òg etterlyst tydelegare forventningar frå nasjonalt hald til dialog og samarbeid om kunst- og kulturutdanningane og kompetanse i kulturskolen.

Norsk kulturskoleråd har uttrykt at dei ønskjer å bidra til meir og styrkt samarbeid mellom kulturskolane og universitets- og høgskolesektoren som forsyner kulturskolefeltet med framtidige lærarar. Dette skal utvikle kompetanse i begge sektorane og leggje til rette for nytenkning og forskingsbasert utvikling.45

Som eit ledd i arbeidet sitt for å styrkje samarbeidet mellom universitets- og høgskolesektoren og kulturskolen, har Norsk kulturskoleråd teke initiativ til at det blir oppretta såkalla universitetskulturskolar i fleire regionar. Ideen med universitetskulturskolar byggjer på modellar for universitetsskole, der skolar og forskings- og utdanningsmiljø arbeider tett saman for å utvikle og styrkje relevant kunnskap og kompetanse både i skolen og i forskningsmiljøa. Med universitetskulturskolane kan kulturskolane òg vere arenaer for forsking som kan brukast i kulturskoleutvikling. Ei slik tilnærming vil òg gi universitets- og høgskoleinstitusjonane tettare kontakt med det praksisfeltet dei både utdannar til og forskar på.

Norsk kulturskoleråd har i samarbeid med Kulturskolecentrum i Sverige og forskarar frå Noreg, Sverige, Finland og Danmark laga ei oversikt med tematisk inndeling over forskinga på kulturskole i dei nordiske landa.46

Boks 8.8 Trondheim kommunale kulturskole og NTNU

Trondheim kommunale kulturskole har eitt samarbeid med NTNU, både med Institutt for lærerutdanning og med Institutt for musikk.

Institutt for lærerutdanning samarbeider tett med Trondheim kommunale kulturskole om utviklingsarbeid og forsking, særleg knytt til Kulturdag-prosjektet der grunnskole og kulturskole blir sette i samanheng (sjå også boks 8.6).

Ved Institutt for musikk ved NTNU har dei om lag 20 instrumentalmetodikklærarar frå kulturskolen. Kulturskolen og instituttet har konsertsamarbeid og eit forskingsnettverk der også Institutt for lærerutdanning er med.

Internasjonalt samarbeid

Ordninga med kulturskolar har ein lang tradisjon både nasjonalt og internasjonalt. Derfor er det moglegheiter for internasjonalt samarbeid innan kulturskolefeltet. Gjennom internasjonalt samarbeid vil kulturskolane kunne vidareutvikle både undervisnings- og læringsmetodar og lære om andre språk, kultur og samfunnsforhold. Både Erasmus+ (EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett) og Nordplus (Nordisk ministerråd sitt program for livslang læring) finansierer prosjekt og lærar-, elev- og tilsetteutvekslingar som er relevante for kulturskolane. På nordisk nivå finst det òg moglegheiter for utveksling på kulturfeltet gjennom kultur- og språkprogrammet Volt. Barn og unge og språk er i tillegg prioriterte område i Nordisk ministerråds nye handlingsplan, Visjon 2030.

8.5.5 Vurdering

Norsk kulturskoleråd har dei siste åra utvikla tettare samarbeid med universitets- og høgskolesektoren. Dette legg til rette for meir kulturskolerelevant forsking og betra samanheng mellom forskingsfeltet, institusjonane som tilbyr utdanninga og praksisfeltet til kulturskolen. Universitets- og høgskolerådet er ein aktuell samtalepartnar for Norsk kulturskoleråd. Ved at desse råda har ein dialog saman, kan det stimulere til arenaer for å samarbeide og byggje relasjonar. Dette kan gi ein gjensidig og verdifull erfaringsutveksling som kan vere med på å innleie relevante samarbeid.

Regjeringa er positiv til arbeidet Norsk kulturskoleråd gjer med å opprette universitetskulturskolar. Universitetskulturskolane kan bidra til at det blir utvikla meir kompetanse og kunnskap for kulturskolefeltet, og bidra til at det blir forska meir på kulturskolefeltet.

Kulturskolefeltet er på mange måtar eit underforska felt. Likevel har nok kulturskolen i Norden truleg aldri blitt forska så mykje på, og skriven så mykje om, som han blir i dag. At det i dag blir forska meir enn nokon gong på kulturskolen i Norden, er berre positivt. Regjeringa ser òg at det er behov for meir kunnskap om korleis kulturskolen utviklar seg, og korleis kulturskolen bidreg til at barn og unge får tilgang til og opplæring i kunst og kultur.

At kulturskolelærarar i større grad blir tekne opp i ordninga for offentleg sektor-ph.d., gir moglegheiter for auka forsking relatert til kulturskoleverksemda. Forsking på og i kulturskolen kan dessutan støttast frå Noregs forskingsråd. Prosjekt knytte til kulturskolen kan søkje støtte i programmet Forskning og innovasjon i utdanningssektoren – FINNUT, som er breitt definert og knytt til ulike fag og disiplinar. Kulturskoleprosjekt kan òg inngå i Velferd, arbeidsliv og migrasjon – VAM, som blant anna omhandlar integrering, oppvekst, ungdomstid og familie. Kulturskolen som ein aktivitet som bidreg til inkludering og gode oppvekstvilkår, kan sortere under dette.

8.5.6 Kulturskolen som kulturelt ressurssenter for lokalmiljøet sitt

Det er hovudsakleg to måtar å forstå kulturskolen som ressurssenter på. Den første og mest utbreidde forståinga og praksisen er at kulturskolen skal vere eit ressurssenter for lokalt kulturliv. Den andre varianten er mindre utbreidd og omfattar kulturskolen som ein samfunnsutviklingsaktør i ein breiare forstand, for eksempel gjennom samarbeid med NAV, PPT (pedagogisk psykologisk teneste), skolehelsetenesta og barnevern, helse- og eldreomsorga.

Ifølgje kulturskolerapporten frå 2019 ønskjer mange kulturskolar å bidra i lokalsamfunnslivet på område der kulturskolen tradisjonelt ikkje har hatt ei sentral rolle. Førebyggjande arbeid mot utanforskap, tilbod for utsette ungdomsgrupper, integreringsarbeid, framføringar på demensavdelinga ved den lokale sjukeheimen er eksempel på aktivitetar kulturskolar står for. I kulturskolerapporten frå 2019 peiker forskarane likevel på at å vere ressurssenter i den breiare forstand er ressurskrevjande for kulturskolane. Det kan i nokon tilfelle ta merksemda vekk frå opplæringsfunksjonen kulturskolen har.

I rammeplanen for kulturskolen blir det innleiingsvis presisert at «som lokalt ressurssenter skal kulturskolen også medvirke til å styrke kulturell kompetanse og utfoldelse i lokalsamfunnet gjennom forpliktende samarbeid med barnehage-, skole-, kultur- og helsesektoren. Dette samarbeidet retter seg mot alle innbyggere i kommunen».

Boks 8.9 Gjesdal kulturskole som ressurssenter

Gjesdal er ein mellomstor kommune i Rogaland med om lag 12 000 innbyggjarar. To av måla til kulturskolen er å vere ressurssenter for kunst og kultur for heile lokalsamfunnet i Gjesdal kommune og å skape attraktive kunstfaglege opplæringstilbod av høg kvalitet for heile livsløpet. Kjernegruppa er likevel elevar i skolealder 6–19 år. Kulturskolen jobbar på tvers av mange sektorar:

  • Ved å ha kulturskolen som kommunekontakt for Den Kulturelle Skolesekken skaper det eit godt samarbeid med alle skolane.

  • Gjennom å jobbe med relasjonane og samspelet mellom kulturskolen og grunnskolen har Gjesdal kulturskole gått inn i eit prosjekt knytt til valfaga på ungdomstrinnet og delt lærarressurs.

  • Kulturskolen samarbeider med helsestasjonen om tilbod som kan bidra til tidleg innsats. Familiar med nedsett betalingsevne får tilbod om friplass.

  • Dei har òg oppretta barnedansklassar for førskolebarna, noko som har vore veldig populært. Kulturskolen jobbar for å etablere eit betalingsfritt tilbod til alle femåringane i barnehagane. Vaksne kan søkje på alle dei individuelle undervisningstilboda, i tillegg jobbar kulturskolen for å opprette eit tilbod for pensjonistar.

Gjesdal kulturskole er samlokalisert med kulturavdeling, bibliotek, flyktningtenesta og vaksenopplæringa, noko som gir eit godt grunnlag for samarbeid.

I omtalen av kulturskolens breiddeprogram heiter det at «[k]ulturskolen må utforske og etablere nye publikumsmøter på nye arenaer for å få kunstopplevelsene ut til flere». Dette er ein naturleg forlenging av kulturskolen som ressurssenter i lokalmiljøet. Kulturskolen er dessutan ein viktig bidragsytar til for eksempel den kulturelle infrastrukturen lokalt gjennom blant anna utstyr, arenaer, kompetanse, ulike ressursar knytte til enkelte fag og kunnskap om lov og avtaleverk.

Ideen om kulturskolen som lokalt ressurssenter er ikkje ny og har for eksempel dukka opp i politiske intensjonar om å samordne kunst- og kulturopplæringa i kommunane sidan tidleg 2000-tal, sjå for eksempel St.meld. nr. 39 (2002–2003) «Ei Blot til lyst» – Om kunst og kultur i og i tilknytning til grunnskolen. Norsk kulturskoleråd og mange kommunar ønskjer at kulturskolane skal vere kulturelle ressurssenter for lokalmiljøa sine.

Også KS har nedfelt ein ambisjon om at kulturskolen skal vere eit nav for heilskapleg oppvekst. Dette kjem fram i rapporten Kultur for framtida – anbefalinger fra kulturprosjektet Oppspill. For at kulturskolen skal vere eit lokalt ressurssenter, må kommunen definere innhaldet og bestemme korleis arbeidet skal vere innretta, i samskapande prosessar ut frå lokale behov og føresetnader. KS påpeiker òg at å koordinere dette arbeidet og å avklare rollene med andre relevante aktørar er viktig i dette arbeidet.

Boks 8.10 Prosjektet Framtidens kulturskole – kulturskole 3.0

KS og Norsk kulturskoleråd har i ein toårsperiode hatt ei felles satsing på kulturskoleområdet. Prosjektet «Fremtidens kulturskole» skal synleggjere og bidra til å vidareutvikle rolla kulturskolen har i lokalsamfunnet. Vidare har prosjektet kartlagt kva kommunane meiner er viktige verdiområde1 for utviklinga av kulturskolen framover.2 «Fremtidens kulturskole, kulturskole 3.0» rammar inn kulturskolen som ein del av eit heilskapleg tenestetilbod i kommunen.

Rapporten På vei mot fremtidens kulturskole peiker ut eit knippe konkrete arbeidsområde for vegen vidare

  • pilotarbeid med Kulturskole 3.0 som overbygning for arbeidet

  • kulturskole hele livet

  • kompetanse for fremtiden

  • kunnskapsutvikling, erfaringsdeling og forskning på feltet

Desse arbeidsområda er eit resultat av at prosjektet har samarbeidd breitt med forskjellige interessentar tilknytte kulturskolen.

1 Desse er at kulturskolen skal vere attraktiv og relevant, inkluderande og mangfaldig, utviklande og skapande i tillegg til meiningsfylt og meistringsorientert.

2 KS & Norsk kulturskoleråd 2021

8.5.7 Vurdering

Nesten alle kulturskolane i landet har teke i bruk rammeplanen for kulturskolen. Dermed byggjer mange kulturskolar verksemda si på visjonen om at kulturskolen skal vere eit lokalt ressurssenter. Dette er eit godt utgangpunkt for å samarbeide og å utnytte ressursane betre. Ideen om kulturskolen som ressurssenter heng òg godt saman med målet til regjeringa om at alle kulturskolar skal ha eit breiddetilbod.

Korleis kommunane i dag organiserer det lokale kulturlivet, kulturskolen og utdanningssektoren, varierer. Slik bør det vere i framtida òg. Regjeringa meiner at det må vere opp til kvar enkelt kulturskole og kommune å avgjere om dei ønskjer å vere eit lokalt ressurssenter, og korleis dei formar rolla. Samtidig forventar regjeringa at kulturskolen ser på moglegheiter for å samarbeide lokalt, , jf. opplæringslova § 13-6, med så vel skole og SFO, som med kulturlivet i kommunen og frivillige organisasjonar. Det er òg naturleg å samarbeide med barnehagane og andre kulturtilbod til barn under skolealder. Samtidig legg regjeringa til grunn at kulturskolen, kulturlivet og utdanningssektoren er i dialog og utnyttar ressursane sine på best mogleg måte. Dette vil naturleg nok avhenge av lokale forhold, behov og ressursar. Men det er openbert for regjeringa at kulturskolen på ulike vis kan spele ei viktig rolle som lokalt ressurssenter i eigen kommune. For å bidra til å spreie gode eksempel på kulturskolesamarbeid vil regjeringa gi Utdanningsdirektoratet i oppdrag å samle og spreie slike eksempel. Dette skal dei gjere i samarbeid med Kulturskolerådet.

KS og Kulturskolerådet har i prosjektet om «Fremtidens kulturskole 3.0», sjå boks 8.10, gjort eit grundig arbeid med å kartleggje kva verdiområde kommunane sjølve meiner er viktige i utviklinga av dei framtidige kulturskolane i Noreg. Dei har i tillegg anbefalt kva skritt kommunane bør ta vidare i arbeidet med framtidas kulturskole. For regjeringa er handlingsrommet kommunane har til å utvikle kulturskolen lokalt, heilt sentralt. Samtidig er det nødvendig med ei felles retning på vegen mot framtidas kulturskole. At kommunane, trass i dei store variasjonane i kulturskole-Noreg, er samstemte om potensialet og nokon kjenneteikn på visjonar av kulturskolen i framtida, er eit godt fundament for lokal kulturskoleutvikling framover.

Regjeringa vil

  • leggje til rette for at kulturskolen kan ha ei rolle som lokalt ressurssenter i eigen kommune gjennom at gode eksempel på samarbeidsformer blir spreidde vidare

8.6 Kulturskolen som inkluderings- og integreringsarena

Arbeidet mange kulturskolar gjer med inkludering og integrering, viser korleis kunst og kultur kan bidra til å skape tilhøyrsel, fellesskap, deltaking og motverke utanforskap. I dette kapittelet ser vi nærmare på dette temaet og korleis kulturskolen kan vere ein inkluderingsarena for alle barn og unge, uavhengig av bakgrunn og funksjonsevne. Omgrepa inkludering og integrering kan bli brukt litt ulikt i sektorane. Vi har i all hovudsak vald å bruke omgrepet inkludering i dette kapittelet.

8.6.1 Inkludering i regi av Kulturskolerådet

Kulturskolens rammeplan har ein klar visjon om å vere ein kulturskole for alle. Rammeplanen peiker på potensialet kulturskolane har for å bidra til eit meir inkluderande samfunn ved å gi opplevingar og moglegheiter for alle i samfunnet.

Sjølv om det lenge har vore eit uttrykt ønske at kulturskolen skal vere ein kulturskole for alle, viser ulike forskingsrapportar at kulturskolen ikkje har nådd dette målet. Kulturskolerådet sette derfor i 2016 i gang eit arbeid med rolla kulturskolen har knytt til inkludering, flyktningar og utanforskap. Dette arbeidet resulterte i ein eigen strategi for å leggje til rette for å skape arenaer der flyktningar, innvandrarar og andre grupper som er underrepresenterte i kulturskolen kunne bli inkluderte i lokalsamfunnet gjennom kulturaktivitetar i kulturskolen. Sentrale tiltak i strategien har vore

  • å kartleggje aktivitet og kompetanse i kulturskolane

  • å leggje til rette for kompetansenettverk og utveksling av erfaringar

  • det nordiske prosjektet Kulturskolen som inkluderande kraft i lokalsamfunnet (KIL)

  • insentivmidlar for kommunane til arbeid med inkludering

  • den årlege inkluderingskonferansen = Vi

  • arbeid med temaet musikkbasert miljøbehandling og musikkterapi

  • å etablere samarbeidsrelasjonar med ulike organisasjonar og universitet og høgskolar

8.6.2 Kulturskolen som inkluderande kraft i lokalsamfunnet (KIL)

Frå 2017 til 2019 leidde Kulturrådet prosjektet Inkluderende kulturliv i Norden. I samarbeid med kulturskoleorganisasjonane i Noreg, Danmark og Sverige blei det i perioden 2018–2019 sett eit spesielt søkjelys på moglegheita kulturskolen har som ei inkluderande kraft i lokalsamfunnet. Dette skjedde gjennom det nordiske nettverket Kulturskolen som inkluderende kraft i lokalsamfunnet (KIL). Satsinga held fram etter avslutta prosjektperiode, under leiinga av Norsk kulturskoleråd.

Felles mål for dei nordiske kulturskolane er å bidra til at kulturskolane inkluderer fleire av dei som i dag ikkje deltek i tilboda og aktivitetane til kulturskolen. Intensjonen er at kulturskolane i Norden gjennom KIL skal utvikle seg slik at personar med kort butid i landet og personar med ulik kulturell og sosial bakgrunn kan bli inkluderte gjennom kunst- og kulturtilbodet i kommunane.

KIL består av ti kommunar i Noreg, Sverige og Danmark som har arbeidd for å identifisere barrierar for inkludering og finne moglegheiter for forbetra praksis. Alle kommunane har gjennomført eigne prosjekt og delt desse. Prosjektet viser korleis endring kan skje der kulturskolar arbeider med utvikling saman med avgjerdstakarane i eigne kommunar, i erfaringsutveksling med andre kulturskolar og i tett tilknyting til forskingsfeltet.

I tilknyting til KIL blei det oppretta eit forskarnettverk. Dette nettverket gir våren 2021 ut ein antologi om erfaringar frå praksisfeltet.

Eit anna viktig utbyte av KIL er kulturskolemanifestet. Dokumentet startar med ei kunngjering direkte retta mot alle barn og unge i Norden, og så samanfattar det prinsipp som må liggje til grunn dersom kulturskolen skal bli ei verkeleg inkluderande kraft. Kulturskolemanifestet har dessutan anbefalingar til dei som bestemmer kva kulturskolen skal vere på kommunalt, nasjonalt og nordisk nivå.47

Boks 8.11 KULTURSKOLEMANIFEST

Til deg som er barn eller ung i Norden

Du har rett til kunst og kultur!

Derfor skal kulturskolen vere ein del av livet ditt – han skal sjå deg og interessene dine. Samtidig skal han utfordre deg, han skal få deg til å sjå og høyre nye ting, og han skal henge saman med samfunnet rundt deg. Kulturskolen skal spørje deg om råd og vere til stades der du er, og vise deg kunnskapen og engasjementet han rommar.

Men viktigast: Kulturskolen skal vere for alle barn og unge, heile året, slik at du kan vere saman med nokon du kjenner, og nokon du ikkje kjenner, og få erfaringar som vil bety noko for deg!

8.6.3 Inkluderingsundersøkinga 2019

I 2019 gjennomførte Kulturskolerådet spørjeundersøkinga Inkludering 2019. Undersøkinga gir eit innblikk i kva som skjer i kulturskolane med tanke på inkludering, og kva behov som finst. Av 201 kulturskoler som besvarte undersøkninga svarte 166 kulturskolar at dei har eller planlegg aktivitetar eller tiltak med mål om å skape eit betre inkluderande miljø. Eksempel på slike aktivitetar er

  • at alle nye busette kan velje eit gratis fag og delta i lågterskeltilbodet

  • gratis kulturskoletilbod fredagar og open møteplass i kulturskolen på laurdagar

  • samarbeid med NAVs introduksjonsprogram

  • musikkundervisning kvar veke i mottaksklasse

  • dansetilbod, teatertilbod, tilbod innan musikk og band for barn og ungdommar med funksjonsnedsetjing

Kulturskolen framhevar barnehagane, skolane, SFO og biblioteka når dei peiker på kva institusjonar og aktørar dei ser det største potensialet i å samarbeide med for å løyse inkluderingsoppgåver. Andre aktørar som blir nemnde hyppig, er flyktningtenesta, mottaksklassar, asylmottak, helsestasjonar, høgskolar og universitet. Undersøkinga viser òg at fleire kulturskoler ønskjer eller allereie er i gang med å etablere tilbod for barn og unge med funksjonsnedsetjing.

Undersøkinga viser at svært mange kulturskolar ikkje er kjende med om det finst ein plan for arbeidet med inkludering i kommunen. Samtidig oppgav heile 145 av dei 201 kulturskolane som svarte, at dei ønskjer å vere aktive i nettverk som arbeider med inkludering.

Boks 8.12 Kulturskolen som inkluderande arena

Kulturskolen i Tromsø: Impro i skolen og Stryk i skolen

Kulturskolen i Tromsø gjennomfører eit improteaterprosjekt og eit fiolinprosjekt for 3. klasse ved ein innføringsskole i Tromsø. Tilbodet inngår i tilbodet skolen har elles i musikk, men også i andre fag der det er relevant. Tilbakemeldingar frå skolen etter eit års prosjekt er at dei ser at den kunstfaglege undervisninga påverkar undervisninga elles, særleg i form av betre samarbeidsevner, tryggleik og glede over samhald i klassen.

Ås – den lokale kulturskolen i verda

Ås internasjonale kultursenter er ein del av verksemda til kulturskolen i Ås. Senteret blei oppretta for å fremje og synleggjere Ås som eit internasjonalt samfunn. Ei rekkje årlege store arrangement er sette i gang og drivne av senteret i samarbeid med skolar, barnehagar, asylmottak, vaksenopplæring, NAV, kulturhuset, biblioteket, frivillige organisasjonar og andre. Mangfald, inkludering, integrering og tiltak mot radikalisering har vore viktige arbeidsområde som omfattar alle aldersgrupper.

Xenofobia (som betyr «frykt for det som er framand») er eit kommunalt, interkommunalt og internasjonalt tiltak i regi av Ås kulturskole. Formålet med Xenofobia-prosjekta er å bidra til meir bevisstheit omkring framandfrykt, utanforskap, hatytringar, kulturelt mangfald og integrering. Xenofobia har eit omfattande samarbeid med grunnskolen for å fremje tryggleik og motverke utanforskap hos elevane. Xenofobia har utspringet sitt frå flyktningkrisa i Hellas og blir drive i tett samarbeid med blant anna skolar, kommune, universitetet og den norske ambassaden i Athen. Den internasjonale dimensjonen er viktig for å gjere deltakarane bevisste på felles individuelle og samfunnsmessige utfordringar i verda.

Larvik – kulturskolen som inkluderande kraft i lokalsamfunnet

Larvik kulturskole har utforma tilbodet sitt med utgangspunkt i at kulturskolen er ein viktig del av oppvekst-, opplærings- og livsløpet i kommunen.

Kulturlab er eit av tilboda i Larvik kulturskole og er eit samarbeid mellom Larvik kulturskole og Fabrikken ungdomshus. Dette er eit tilbod til ungdom i alderen 12–16 år. Intensjonen med Kulturlab er å utvikle ein sosial og fagleg møteplass for ungdom i ein digital kontekst – skape varige relasjonar i trygge omgivnader. Her kan ungdommane drive med musikkproduksjon, animasjon, film, gaming, koding og e-sport. Ein av premissane for utforminga og utviklinga av Kulturlab er at ungdomskulturen er dynamisk og stadig endrar seg. Derfor varierer også fagtilbodet der. Tiltaket er særskilt retta mot ungdomsgrupper som kan vere utsette for einsemd og utanforskap, og unge som ikkje har delteke på tilbodet til kulturskolen før.

Larvik kulturskole har ei brei tilnærming i arbeidet sitt og har blant anna tilbod til barnehagane, i tillegg til sjukeheimane og dagsentera i kommunen, med besøk kvar veke av musikkterapeut eller pedagog. Viktige mål for desse kulturskoletilboda er å bidra til livskvalitet, deltaking og inkludering. Larvik har forankra dei nemnde tiltaka i ein kulturplan, som er politisk og administrativt vedteken.

8.6.4 Barn og unge med behov for særskilt tilrettelegging

Kulturaktivitetar skal vere tilgjengelege for alle, og ingen skal vere forhindra frå å delta på grunn av fysiske forhold, sjå omtalen i kapittel 4. Dette er òg tema i kapittel 7.3. Regelverket knytt til universell utforming blir kort beskrive i dette kapittelet, og det gjer også nokre tilskottsordningar og tiltak for å leggje til rette for at alle, uavhengig av eventuelle funksjonsnedsetjingar, skal kunne delta i kultur- og fritidsaktivitetar.

Det finst inga oversikt over omfanget av elevar i kulturskolen med behov for særskild tilrettelegging. I rammeplanen for kulturskolen heiter det at «kulturskolen skal kunne ta imot og leggje til rette undervisning for unge med særlege behov». Tilrettelegginga kan gjelde rettleiing i valet av program og kunstfag og sosiale og pedagogiske løysingar. Det kan òg gjelde kompetanse i form av spesialpedagogar, kunst-/musikkterapeutar og anna fagpersonale som kan bidra til å leggje til rette undervisninga i samarbeid med kunstfaglærarane. Arbeid med kunstuttrykk har vist seg å vere til god hjelp for traumatiserte barn. Samarbeidet kan utviklast inn mot grunnopplæring, SFO, helsesøster, barnevern, flyktningteneste, sjukehus, psykolog og sosialetat. Foreldre og føresette er ein viktig samarbeidspart. Kulturskoleleiaren og kulturskoleeigaren har eit viktig ansvar.48

Boks 8.13 Tilrettelagde kulturskoletilbud

Gjøvik kunst- og kulturskole gir kunst- og kulturtilbod tilrettelagde for elevar og deltakarar med funksjonsnedsetjingar og innan psykisk helse. Tilbodet er omfattande og inneheld musikk, dans, drama, bevegelse og visuell kunst. Kulturskolen tilbyr kunstgrupper, kunstkaféen i Drengestua, Scene Korpus, Sangkoret Korpus, Rockeværstingene, Allsangkoret, Kulturutveksling og Los Ænsjless.

SKUG-senteret ved Kulturskolen i Tromsø kommune er eit ressurssenter for spesielt tilpassa musikkundervisning. Ved å ta i bruk ein kombinasjon av datateknologi, tilgjenge-teknologi (for eksempel brytarar, sensorar og augestyring) og musikkteknologi er det ingen grenser for kven som kan få undervisning ved SKUG-senteret. Sidan prosjektstart i 2003 og opninga av SKUG-senteret i 2007 har senteret utvikla ein unik spesialkompetanse på dette feltet.

Elevane har enkelttimar, speler i band eller grupper og deltek på samspela og konsertane til kulturskolen. Målet er at alle som ønskjer å lære å spele, skal få moglegheita uavhengig av funksjonsnedsetjingar. «Alle» inkluderer elevar som må ta i bruk tilpassa musikkteknologi for å kunne spele sjølvstendig, til dømes elevar som bruker augestyring eller berre kan røre på hovudet eller ein finger. Elevane på SKUG-senteret er frå barnehagealder til 60 år.

SKUG-senteret har i dag cirka 25 elevar som får undervisning kvar veke, og det gjennomførast òg prosjekt og kurs i barnehagar og skolar i Tromsø kommune og rundt om i Noreg og i utlandet. Med støtte frå Nordisk Kulturfond har SKUG-senteret i samarbeid med partnerar i Helsinki og Edinburgh oppretta «Universal Orchestra», som er eit orkester der musikarar med ulike funksjonsnedsetjingar speler og skaper musikk saman. Senteret samarbeider med Universitetet i Tromsø, Oslo Met, Universitet i Bergen og internasjonale fagmiljø. Det er også ein del av eit forskarnettverk ved Universitetet i Huddersfield der ein deler og utviklar ny kunnskap innan fagfeltet tilpassa musikkteknologi. SKUG-senteret har i perioden 2020–2021 fått støtte frå Utdanningsdirektoratet for å utvikle auge- og bryterstyrte læringsressursar for musikkfaget i barnehage og skole.

8.6.5 Vurdering

Regjeringa har som mål at alle barn og unge skal kunne delta på kultur- og fritidsaktivitetar, irekna kulturskolen. Dei sosiale og økonomiske ressursane barn og unge har med seg heimanfrå, innvandrarbakgrunn, kjønn eller funksjonsevne skal ikkje vere hindringar eller barrierar for at barn og unge skal kunne delta i kulturskolen. Likestillings- og diskrimineringslovas forbod mot diskriminering på grunn av blant anna kjønn, alder, funksjonsnedsetjing og etnisitet gjeld på alle område i samfunnet og omfattar også kulturskolens verksemd og tilbod.

Mange kulturskolar jobbar godt med inkludering i lokalsamfunnet sitt, slik undersøkinga Inkludering 2019 viser. Samtidig viser undersøkinga at mange kulturskolar ikkje er kjende med om det finst ein lokal plan for inkludering i sin kommune. Undersøkinga viser òg at mange kulturskolar ønskjer å bidra til dette arbeidet i kommunen sin. Her er det eit stort forbetringspotensial gjennom å styrkje det kommunale samarbeidet. Regjeringa legg til grunn at kommunane involverer kulturskolen i kommunal planlegging som fremjer inkludering og integrering, sjå omtalen i kapittel 5 om kommunalt og regionalt planarbeid. Det er viktig at kulturskolane blir sette i samanheng med den kommunale verksemda elles.

At kulturskolane potensielt kan bidra på integrerings- og inkluderingsfeltet, er det ingen tvil om. Det at heile 145 kulturskolar ønskjer å vere aktive i nettverk som arbeider med inkludering, lover godt for oppfølginga av KIL-prosjektet. Dette viser òg at det er stor vilje til å utvikle kulturskolen, slik at kulturskolen utnyttar potensialet sitt til å vere ei inkluderande kraft i lokalsamfunnet.

Det nordiske KIL-samarbeidet har vist at det kan vere større potensial for å styrkje det nordiske samarbeidet om kulturskolane, både som aktør for barn og unge, kunst og kultur og som inkluderingsaktør. Kultur- og språkprogrammet Volt og støtteordninga Nordplus Junior gir moglegheiter til samarbeid som kan utnyttast for eit sterkare samarbeid. Barn og unge og språk er i tillegg prioriteringar i det nordiske samarbeidet.

Regjeringa vil sjå nærmare på moglegheiter for korleis kulturskolesamarbeidet kan styrkjast på nordisk nivå. Regjeringa oppmodar i tillegg kommunane til å utnytte moglegheitene som finst for sterkare internasjonalt samarbeid, blant anna gjennom nordisk samarbeid.

Nokon kulturskolar har eit bevisst forhold til inkludering i kulturskolen sin, mens andre kulturskolar har eit forbetringspotensial. Regjeringa minner om at kommunane, som offentleg myndigheit, har ei plikt til å jobbe aktivt for å fremme likestilling og hindre diskriminering på grunn av blant anna kjønn, etnisitet, alder og funksjonsnedsetjing, sjå omtalen i kapittel 4. Kommunane bør leggje til rette for at undervisninga i kulturskolen er tilpassa mangfaldet av barn og unge som kan ha ønske om å delta. Kulturskolen skal vere tilgjengeleg for alle. Likestillings- og diskrimineringslova og sektorregelverket stiller krav om universell utforming av fysiske forhold, som omfattar blant anna bygg og IKT-løysingar. Rettsleg regulering om universell utforming bidreg til betra inkludering og auka deltaking i kulturskoleaktivitetar, utan å bli hindra av fysiske forhold, omgivnader, korleis tenestene er organiserte eller tekniske løysingar.

Kulturskolane bør arbeide for, så langt det er mogleg, å tilpasse det generelle tilbodet for enkeltelevar eller grupper som har behov for ulike typar tilrettelegging. Kommunane bør òg vurdere om det er behov for særskilde tilbod til grupper eller enkeltelevar i kulturskolane. I arbeidet med aktuelle tilpassingar av tilbodet vil det vere viktig å sikre god involvering og medverknad.

Regjeringa vil

  • vurdere moglegheitene for korleis kulturskolesamarbeidet kan fremjast i det nordiske samarbeidet

  • oppmode til at kommunane utnyttar potensialet kulturskolane har som inkluderande kraft i lokalsamfunnet

9 Opplæring og fordjuping i kunst og kultur

Figur 9.1 

Figur 9.1

Opplæring og meistring er ein viktig del av barne- og ungdomskulturen. Å leggje til rette for at så mange som mogleg skal få sjansen til å utfalde seg kunstnarisk, kan vere med på å utvide rekrutteringsgrunnlaget til vidare kunstfaglege utdanningar og til det utøvande kunstfeltet. Dei fleste barn og unge skal ikkje bli profesjonelle utøvarar, men utan ei brei rekruttering risikerer kunst- og kulturlivet å gå glipp av potensielle talent.

Barn og unge får opplæring i kunst og kultur på eit mangfald av arenaer. Barnehage, skole, kor, korps, kommunale og private kulturskolar, kyrkjer og andre trussamfunn og det profesjonelle kunst- og kulturlivet er nokon eksempel på slike arenaer.

I BUSK-rapporten uttrykkjer barn og unge eit ønske om å bli introduserte for fleire kunst- og kulturuttrykk i skoletida, og mange av dei eldste ungdommane har spelt inn at faga på skolen og DKS-tilboda dei har fått, har vore avgjerande for kunnskapen dei har om kunst og kultur.

Skolen blir trekt fram som ein sosialt utjamnande arena. Å ha gode lærarar innanfor dei praktiske og estetiske faga blir anerkjend som sentralt for å gi alle barn og unge anledning til å lære om ulike kunst- og kulturuttrykk.

Dette kapittelet viser korleis kunst og kultur og dei praktisk og estetiske faga er ein del av barnehagen og skolen. Kapittelet beskriv arenaer der barn og unge får opplæring og fordjuping i kunst og kultur, og korleis arbeidet med fordjupning kan bli styrkt framover.

Boks 9.1 Innspel frå barn og unge

Barn og unge ønskjer at kulturpolitikken legg til rette for

  • å styrkje og etablere ordningar for talentutvikling og yrkesretta undervisning innan kunst- og kulturfag for barn og unge

9.1 Kunst og kultur i barnehagen og skolen

9.1.1 Kunst, kultur og kreativitet i barnehagen

I Granavollplattforma heiter det at regjeringa vil vurdere korleis kulturtilbodet for barnehagebarn kan forbetrast nasjonalt. I BUSK-rapporten seier barn og unge at dei ønskjer at kunst- og kulturtilbodet i barnehagar skal styrkjast. I tillegg viser fleire undersøkingar og nyare forsking at barnehagane arbeider for lite med dei estetiske fagområda i rammeplanen.

At barna får erfaring med kunst og kultur, er viktig for å realisere intensjonane i rammeplan for barnehagen – både når det gjeld omsorg og leik, læring og danning. Kunst, kultur og kreativitet er eit av dei sju fagområda i rammeplan for barnehagen. Verdigrunnlaget til barnehagen, leiken til barna og retten til å medverke skal danne eit viktig grunnlag for arbeidet med fagområda, og alle fagområda skal sjåast i samanheng og vere ein gjennomgåande del av innhaldet i barnehagen. Arbeidet med fagområdet Kunst, kultur og kreativitet skal bidra til å leggje grunnlaget for å høyre til, delta og drive med skapande arbeid, og at barna får estetiske erfaringar med kunst og kultur i ulike former og organisert på måtar som gir barna anledning til utforsking, fordjuping og progresjon.

Barnehagen skal leggje til rette for kulturmøte som bidreg til samhøyrsel og kreativitet, og til at alle barn får oppleve glede og meistring i sosiale og kulturelle fellesskap. Kunstnariske og kulturelle opplevingar kan gi glede og inspirasjon til leiken og eigeninitierte aktivitetar og styrkje den språklege, kognitive og sosiale utviklinga til barnehagebarna. Det er likevel dokumentert at mange norske barnehagar gjennomgåande tilbyr lite av kunstnariske og kulturelle aktivitetar som musikk og bevegelse og dramatisk leik.49

Evalueringa av implementeringa av rammeplanen viser òg at det varierer kor mykje barnehagane prioriterer å jobbe med dei ulike fagområda.50 Undersøkinga viser at berre 11 prosent av styrarane svarte at dei prioriterte arbeidet med Kunst, kultur og kreativitet. Barnehagane kan velje å gi eit kulturtilbod til barna òg, men det er svært stor variasjon på om dei gjer dette. 47 prosent av barnehagane går aldri eller maksimalt ein gong i året på museum, og 22 prosent av barnehagane går aldri på framsyning.51

I 2019 gjennomførte Kulturtanken ei undersøking om kommunanes tilbod til barnehagebarn. Rapporten viser at fleire kommunar har eit organisert og profesjonelt kunst- og kulturtilbod til barnehagebarn i dag. Dei fleste av desse er eit musikktilbod med turnerande musikarar som besøkjer barnehagane. Enkelte har eit breiare og meir omfattande tilbod, mens andre har ingenting. Mesteparten av det eksisterande tilbodet er retta mot dei eldste barna i barnehagen (dei mellom tre og seks år). I tillegg finst det andre aktørar som produserer og formidlar innhald direkte til barnehagane utanfor Den kulturelle skolesekken.

Kulturbarn 0–8 er eit utviklingsprosjekt med vekt på dei yngste barna (frå null til åtte år) som blir drive gjennom eit samarbeid mellom Kulturtanken, Norsk kulturskoleråd og Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen og Nord universitet. Målet er å utvikle samarbeidsmodellar som gjer at den kunstfaglege kompetansen retta mot målgruppa blir tilgjengeleg på tvers av institusjonar innanfor kvar kommune. Samarbeidet omfattar barnehagepersonale, kulturskolen, lærarar på 1.–4. trinn, DKS-planleggjarar og kunstnarar, og har kunstopplevinga til barnet i sentrum. I tråd med rammeplan for barnehagen søkjer prosjektet å gi meir forståing og auke engasjementet for kva kunst og kultur har å seie på område som folkehelse, livsmeistring og det heilskaplege oppvekstmiljøet for barn. Prosjektet skal bidra til kunnskap om samordning av kunstopplæringa, kulturskole, DKS, opplæringa og andre lokale ressursar.

Boks 9.2 Eksempel på tiltak i barnehagen

Sametingets prosjekt SáMOS skal i løpet av fem år skape ei endring i den samiske barnehagestrukturen ved hjelp av samisk filosofi og tradisjonell kunnskap. Samiske barnehagar skal kunne arbeide etter samiske pedagogiske metodar som byggjer på samisk språk, kultur og tradisjonell kunnskap som er tilpassa det moderne samiske samfunnet. Pilotbarnehagar frå ulike samiske område er med i arbeidet, og Samisk høgskole har blant anna ansvar for kompetansebygging.

Syngende barnehage er eit program som blei oppretta som eit prøveprosjekt hausten 2016 og omfattar i dag om lag 160 barnehagar i 16 ulike fylke. Målet er å auke musikkompetansen og gi meir songglede i barnehagekvardagen. Syngende barnehage legg vekt på opplevinga barna har, og at dei får delta aktivt. Å oppleve musikk som ei form for kommunikasjon og uttrykk for tilknyting i relasjonen med andre, er heilt sentralt når barna er så små. Dette legg grunnlaget for barn sitt eige uttrykk og opnar opp for kunst- og kulturopplevingar formidla av besøkjande kunstnarar og andre.

Bodøpiloten er eit samarbeid mellom Bodø kommune, Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen, Nordland fylkeskommune og Nord universitet. Samarbeidet skal løfte satsinga på kunst og kultur gjennom heile opplæringsløpet, frå barnehage til høgare utdanning, og utvikle kulturskolen til å bli eit lokalt ressurssenter. Målet er å lage ein nasjonal modell for heilskapleg arbeid med kunst og kultur i opplæringa. Som ein del av arbeidet skal det prøvast ut ulike former for samarbeid mellom barnehagar og kunstnarar og andre ressurspersonar på det kunstfaglege området.

Sølvtråden – Den kulturelle skole- og barnehagesekken i Kongsberg har eksistert sidan 2003, administrert av ein koordinator tilsett i kulturskolen. Ordninga er forankra i plan- og strategidokument for barnehage. Det er kulturkontaktar i kvar barnehage, årlege innspelsmøte før tilbodet neste år blir planlagt, kunstnarisk og pedagogisk kvalitetssikring via kulturskolepedagogar og kunstnarar. Ein legg vekt på å få tilboda for både skole og barnehage til å følgje ramme- og læreplanverket i størst mogleg grad.

9.1.2 Dei praktiske og estetiske faga i skolen

«Praktiske og estetiske fag» er ei samlenemning for skolefaga musikk, kunst og handverk, kroppsøving og mat og helse. I det samiske læreplanverket er kunst og handverk erstatta av faget duodji (tradisjonelt samisk handverk).

Dei praktiske og estetiske faga er ulike i både måten dei er innretta på og timetal, men har nokon fellestrekk. Faga skal gi elevane særleg moglegheit til å drive utøvande, kreativ og praktisk verksemd, delta i fysisk aktivitet og skape og uttrykkje seg i arbeid med ulike materiale, verktøy og instrument. Faga skal bidra til å utveksle undring, nysgjerrigheit og kritisk tenking. Arbeidet med ulike materiale og instrument i skolen kan danne det første grunnlaget for eit breitt spekter av yrke og kompetansar.

Det er særleg i dei praktiske og estetiske faga at elevane får lære om, utøve og produsere kunst og kultur. Men kunnskap om kunst og kultur og praktisk og utforskande læring, er også ein naturleg del av opplæringa i andre fag.

I løpet av grunnskolen har elevane 368 timar i musikk, 701 timar i kroppsøving, 197 timar i mat og helse og 623 timer i kunst og handverk. Til samanlikning har elevane 615 timar i naturfag, 1 770 timar i norsk og 588 timar i engelsk.

Estetikk er læra om det vakre og det som gler sansane. I skolen kan estetisk verksemd ha mange former, og den estetiske verksemda inngår særleg i faga musikk og kunst og handverk, men praktiske og estetiske læringsprosessar kan vere ein naturleg del av alle fag. I tillegg er norsk eit sentralt kultur- og danningsfag.

Boks 9.3 Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen (KKS) skal bidra til auka kvalitet i kunst- og kulturfaga i barnehagen og grunnopplæringa, til engasjement og auka interesse for opplæring i faga og til at barnehagar og skolar får auka kompetanse til å tolke og setje rammeplanane og læreplanverket ut i livet. Senteret er ein del av Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag ved Nord universitet i Bodø.

Kreativt og skapande arbeid og estetiske læringsprosessar bidreg til å gi barn og unge estetiske opplevingar og ferdigheiter. Praktiske og estetiske fag kan opne for eit mangfald av kunst- og kulturmøte som kan gi innsyn og innsikt i eigen og andre sine kulturar og tradisjonar.

Boks 9.4 Skapia

Skapia står bak prosjekta Veslefrikk og U-trykk, som vender seg til barn og unge i høvesvis barne- og ungdomsskolealder. Veslefrikk blei etablert i 2015 som ei nasjonal satsing på musikk og komponering for skoleelevar i grunnskolen. Frå 2019 er satsinga utvida til ungdomstrinnet med U-trykk.

Skolane får tilgang til gratis nettbaserte ressursar og forslag til undervisningsopplegg som kan hjelpe elevane i gang med å komponere eigen musikk, og elevane konkurrerer så om å vinne Veslefrikkprisen og Årets U-trykk. Vinnarane får spele musikken sin saman med Kringkastingsorkesteret, og konserten blir strøymd.

Til saman har over 10 000 barn og ungdom sendt inn eigne komposisjonar dei første fem åra. Det har blitt halde ei lang rekkje lokale konsertar for medelevar, foreldre og lokale medium.

9.1.3 Vidaregåande opplæring og folkehøgskolar

Vidaregåande opplæring har fleire utdanningsprogram innanfor både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram som gir elevar anledning til å utvikle interessene sine og talenta sine for kunst og kultur. Elevar kan velje mellom ulike programfag som gjer at dei kan fordjupe seg innanfor ulike praktiske og estetiske retningar. Elevane kan blant anna velje utdanningsprogram i kunst, design og arkitektur, musikk, dans og drama og medium og kommunikasjon innanfor studieførebuande utdanningsprogram og fleire av dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Eksempel på dei siste programma er handverk, design og produktutvikling, frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign og informasjonsteknologi og medieproduksjon. Vidaregåande opplæring førebur elevane til å gå vidare til høgare utdanning eller til å kunne gå ut i arbeid med eit fagbrev eller til fagskolar. For nokon kan det også vere ein inngangsport til å halde fram med utdanning innanfor kunstfaglege studium og bli utøvande kunstnarar.

På fleire fagskolar kan ungdom ta vidare utdanning innan kunstfaglege retningar. Blant anna finst tilbod innan design, film og tv-produksjon, fotografi og kunstfag. Vidare finst ei rekkje folkehøgskolar der mange unge vidareutviklar interessene eller talenta sine eller blir kjende med nye kunstretningar. Desse har òg ei svært sentral rolle når det gjeld talentutvikling og å førebu elevane på opptak til fagskolar og høgare kunstutdanningar.

9.2 Talentarbeid lokalt og nasjonalt

Kulturskolen er i mange kommunar den arenaen som gir barn og unge anledning til å fordjupe seg i eit uttrykk, anten det er musikk, visuell kunst, teater eller kreativ skriving. Kulturskolerapporten frå 2019 viser at innhaldet i fordjupingstilboda varierer frå kulturskole til kulturskole.

Ved nokon kulturskolar er fordjupingstilboda tydeleg prega av talentsatsingar med tanke på profesjonelle kunstnariske karrierebanar. Nokon kulturskolar har inngått samarbeid med profesjonelle kunstinstitusjonar som orkester eller teater, eller musikkutdanningsinstitusjonar, for eksempel Norges Musikkhøgskole eller Barratt Due musikkinstitutt, om særskilt talentfulle og ambisiøse elevar.

I tillegg til slike nasjonale talentprogram og tilbod er det mange regionale talentsatsingar der kulturskolen er inkludert. Godt samarbeid med kulturskolar og med private kulturskoleaktørar kan for eksempel bidra til at fleire barn og unge får tilgang til eit kulturskoletilbod, og til breidde i faga som blir tilbydde.

Norsk kulturskoleråd har ulike samarbeidsprosjekt knytte til talentutvikling. Kulturskolerådet samarbeider for eksempel med Nordea om prosjektet «Talent møter mentor», og dei har ein samarbeidsavtale med Norges musikkhøgskole (NMH) der forutdanning og talentutvikling er eit av dei sentrale områda. Målet med samarbeidet er «å styrkje og utvikle samarbeidet mellom kunstfag og pedagogikkmiljø og de ulike relevante utdanningene knyttet til NMH, til det beste for utviklingen av kulturskolen i Norge».

Boks 9.5 Talentutvikling i Trøndelag

Talentarbeidet i Trondheim (TKK) har gitt gode resultat og hatt eit godt omdømme gjennom mange år. Lørdagsskolen, Trondheim kommunale kulturskoles talenttilbod innan klassisk musikk, har vore berebjelken i dette arbeidet sidan 1986.

I dag har TKK utvikla talentprogram innan alle fagområda og oppretta fordjupingstilbod. Sist ute var etableringa av Lørdagsskolen for visuell kunst i 2019, som da han blei oppretta, var den første av sitt slag i Noreg. Nytt frå 2019 er at Talent Trondheim er oppretta. Talent Trondheim får støtte frå Talent Norge og er eit samarbeid mellom NTNU, Trondheim Symfoniorkester TrondheimSolistene, TKK og Trondheim kammermusikkfestival. Talent Trondheims mål er å foreine krefter og koordinere talentarbeidet i regionen.

Miljøet samarbeider òg med Senter for talentutvikling Barratt Due. Samarbeidet har generert verkstader og mentormøte for instrumental- og songelevar. Talentprogramma samarbeider òg med musikk-, dans- og dramalinjene ved dei vidaregåande skolane i regionen, med kunstakademiet og med andre aktuelle kompetansesenter, blant anna Trøndelag teater og senter for dansekunst i Trøndelag, DansiT med fleire.

Private kulturskoleaktørar er eit viktig supplement til dei kommunale kulturskolane. Dei private kulturskoleaktørane kan vere organiserte på same måten som den kommunale kulturskolen, ved å gi tilbod innan fleire fag, eller dei kan gi tilbod innan eitt kunstfag.

Private tilbydarar opererer på andre premissar, og dette kan medføre høgare elevprisar. Samtidig kan dei utgjere eit alternativ for nokon av dei barna og dei ungdommane som elles ville stått på venteliste ved den kommunale kulturskolen.

For å kunne gi eit best mogleg fordjupingstilbod til barn og unge må dei private kulturskoletilbydarane bli sette i samanheng med andre talentsatsingar lokalt og regionalt.

Det er fleire andre aktørar som jobbar målretta med å gi eit tilbod om fordjuping og talentutvikling innanfor alle sjangrar. Både barne- og ungdomsensemble og sommarkurs for barn og unge er arenaer der dei får tilbod om fordjuping og møter profesjonelle rollemodellar som kan inspirere til ein mogleg karriereveg for unge menneske.

Frå 2021 blir enkelte av desse tiltaka finansierte over Kulturdepartementets budsjett.52 Fleire av desse musikkensembla er på eit høgt kunstnarisk nivå og er dermed attraktive samarbeidspartnarar for komponistar, dirigentar og profesjonelle musikarar. Barn og unge får dermed tett kontakt med profesjonelle aktørar, som er med på å byggje bruer til ein vidare karriere.

Boks 9.6 Eit mangfaldig talentarbeid

TekstLab er ein organisasjon i Oslo, som har som intensjon å vere ein arena som skal bidra til auka mangfald i norsk kunst. Samtidig skal dei vere eit kunstprosjekt som utforskar interkulturelle sceneuttrykk som ikkje blir dominerte av etablert kunstforståing og definisjonsmakt.

Organisasjonen produserer framsyningar med profesjonelle scenekunstnarar, ofte med høg grad av samskaping med barn og ungdom. Dei driv eit talentutviklingsprogram med prosjektstøtte frå Talent Norge (Inkubator). Her blir ungdom – uavhengig av sosial, økonomisk, språkleg og kulturell bakgrunn – tilbydde moglegheita til å prøve ut ideane sine saman med profesjonelle kunstnarar gjennom dans, låtar, tekst og bilete. Fleire av prosjekta er tverrkunstnariske.

TekstLab gjennomfører også eit Outreach-program gjennom skolar, aktivitetsskole, fritidsklubbar og bibliotek, dei gjennomfører ein årleg festival (Scratch) og ei lang rekkje årlege formidlingsarrangement.

DUS – Den Unge Scena er eit prosjekt som jobbar for å heve nivået på ungdomsteater i Noreg. DUS bestiller og utviklar sceniske tekstar og konsept for ungdom som ungdom i alderen 13–19 år framfører. Profesjonelle teater og teatergrupper blir henta inn som samarbeidspartnarar, og dei fungerer som koordinatorar og vertar for ungdomsgruppene i regionen. I tillegg rettleier dei og gir råd i innstuderingsfasen. Profesjonelle forfattarar, ungdom, ungdomsgrupper, teaterkunstnarar og teaterinstitusjonar knyter band gjennom dette samarbeidet, og nye forbindelsar oppstår.

Ung Samisk Scene er eit prosjekt for unge som vil ta i bruk samisk språk og formspråk for å skape kunstnariske uttrykk, og gi deltakarane moglegheita til å bli kjende med mangfaldet i Sápmi, med ulike språk, kunst- og kulturuttrykk. Prosjektet bidreg også til talentutvikling gjennom å fange opp dei som ønskjer å vidareutvikle seg innanfor ein kunstnarisk praksis.

Prosjektet engasjerer samiske kunstnarar eller kunstnarar som har kunnskap og erfaring frå å jobbe med samiske kunst- og kulturuttrykk. Målet er å auke kvaliteten og samhandlinga mellom aktørane som arbeider med kulturaktivitetar, språkopplæring, scenekunst, dans, film, litteratur, biletkunst, duodji, joik og musikk.

Arenaen er ledd i å tilfredsstille eit kritisk behov for å rekruttere fleire til det samiske scenekunstfeltet og kan bidra til ei vesentleg styrking av den kulturelle infrastrukturen på det samiske området.

9.3 Talent Norge

Kulturdepartementet, Sparebankstiftelsen DNB og Stiftelsen Cultiva stifta Talent Norge i januar 2015. Talent Norge arbeider for å utvikle dei fremste kunstnariske talenta i Noreg i eit samarbeid mellom staten og private aktørar og skal gjennom arbeidet sitt bidra til eit kulturliv på høgt internasjonalt nivå og fleire kunstnarar i verdsklasse.

Talent Norge bidreg til å skape gode forbindelsar mellom dei aller flinkaste unge utøvarane og kultur- og utdanningsinstitusjonane i landet for å opne vegen inn i det profesjonelle kunstlivet. Felles for alle prosjekta som Talent Norge støttar, er at dei må ha med minst ein privat partnar som vil bidra finansielt til prosjektet. Sidan starten i 2015 har Talent Norge vedteke tildelingar på 112,1 mill. kroner og utløyst 160,7 mill. frå private bidragsytarar.

Tidleg i arbeidet sitt såg Talent Norge at det var eit behov for eit systematisk talentutviklingsløp for dei yngre utøvarane òg. Prosjektet Talent Norge Junior har sidan 2017 jobba med å byggje bruer frå aldersgruppa 13 år og oppover. Bakgrunnen for dette ligg i eit behov for å motivere og styrkje dei lokale miljøa gjennom å gi dei tilgang til pedagogar og mentorar. Ambisjonen med Talent Norge juniorsatsinga er å bidra til ei bevisstgjering rundt talentutvikling på tvers av alder, sjanger og uttrykk.

Talent Norge ønskjer òg gjennom satsinga å undersøkje korleis dei unge utøvarane kan få med seg gode verktøy på veg mot ein mogleg karriere. Målet er å gjere vegen mot profesjonelt virke tydelegare for både talenta og dei som ønskjer å hjelpe dei.

9.4 Talentarbeidet i kunstinstitusjonane

Fleire av dei regionale og nasjonale kunstinstitusjonane arbeider med talentutvikling eller har utvikla eigne talentsatsingar, anten aleine eller i samarbeid med for eksempel Talent Norge. Målsetjingane med talentsatsingane varierer. For eksempel har Nasjonalballetten Ung som mål å «samle noen av de beste unge danserne i Norge og i verden under Operaens tak, hvor de får hjelp til å utvikle sitt kunstneriske talent og bygge grunnlaget for en profesjonell karriere»53.

Det Norske Teatret er ein av tre eigarar av Den Mangfaldige Scenen. Kvart år tilbyr Det Norske Teatret gjennom Den Mangfaldige Scenen teaterskole til rundt 150 unge frå alle kulturelle og sosiale miljø i Oslo. Scenen er oppteken av at dei unge medverkar i alle delane av dei kreative prosessane, og tek utgangspunkt i den store og varierte kulturelle rikdommen som unge har med seg.

Operaen i Kristiansund har sidan 1979 drive Operaens Ballettsenter. Senteret har 350 eigne elevar, men har òg ansvaret for ballett- og danseundervisninga til 14 kommunale kulturskolar i regionen.

Institusjonane samarbeider dessutan i ulik grad med andre aktørar i regionen sin. I Kristiansund har det vore eit tett samarbeid mellom Operaen i Kristiansund og dei kommunale kulturskolane i regionen, sjå boks 7.9.

UngKunst er eit pilotprosjekt for utvikling av talenttilbod i kulturskolane, vidaregåande skole og høgskole innanfor visuelle kunstfag. Foreløpig deltek ni kommunar i Viken i prosjektet, som er eit samarbeid med fylkeskommunen og blant anna Munchmuseet, Henie Onstad Kunstsenter, Galleri F 15, OsloMet med fleire. Også Nasjonalmuseet vil delta i prosjektet når nybygget på Vestbanen blir teke i bruk.

Boks 9.7 Senter for talentutvikling Barratt Due

Barratt Due musikkinstitutt blei stifta i 1927 og driv opplæring og utdanning av klassiske musikkutøvarar. Instituttet gir tilbod til barn, unge og vaksne studentar under eitt og same tak, under mottoet Fra musikkbarnehage til konsertpodium. Instituttet tilbyr program som spenner frå musikkbarnehage til utøvande bachelor- og masterutdanningar innanfor klassisk musikk. Formålet deira er å utdanne konkurransedyktige musikarar i ein internasjonal marknad.

Senter for talentutvikling Barratt Due blei etablert i 2013 for å bidra med å byggje og styrkje miljøa rundt barn og unge med spesielle føresetnader og motivasjon for å arbeide med musikk (talent) og inngår i Talent Norge juniorsatsinga.

Senteret er ein pådrivar for å gi talent innan klassisk musikk vekstvilkår på internasjonalt nivå der talenta bur. Senteret støttar regionale talentmiljø i Stavanger, Kristiansand, Bergen, Trondheim og Tromsø. Dei samarbeider med både kulturskolen, vidaregåande skolar og institusjonane i regionane for å skape eit best mogleg talentutviklingsløp.

9.5 Talentarbeidet i film- og dataspelfeltet

Dei regionale filmsentera har som formål å utvikle regional filmkultur ved å byggje opp talent og utvikle og profesjonalisere filmbransjen gjennom tilskott til utvikling, produksjon og formidling av levande bilete. Dei skal òg arbeide for å auke filmkompetansen blant barn og unge i regionen.

Arbeidet filmsentera gjer for barn og unge, er i stor grad knytt til ei regional talentutvikling. Filmsentera gir for eksempel tilskott til ei rekkje breiddetiltak retta mot ungdom på ungdomsskole og vidaregåande skole. I 2018 brukte filmsentera til saman 5,6 mill. kroner av midlane sine på over 100 ulike tiltak retta mot barn og unge. Til saman nådde tiltaka over 10 000 deltakarar, hovudsakleg i aldersgruppa 13 til 19 år.

Filmsentera samarbeider med andre lokale filmsatsingar for barn og unge i regionen sin, som filmverkstader, kulturskolen, festivalar og tiltak i Den kulturelle skolesekken. Filmveksthuset Tvibit i Tromsø, Mediefabrikken i Akershus og E6 Østfold er nokon av dei ressurssentera for barn og ungdom som har eit etablert samarbeid med det regionale filmsenteret sitt.

Norsk filminstitutt arbeider med ein talentstrategi, som blant anna vil opne meir for tilskott til talent utan profesjonelle resultat å vise til. Regjeringa har i statsbudsjettet for 2021 auka tilskottet til Norsk filminstitutt med 15 mill. kroner for stimulere til breiare rekruttering til norsk film.

Norsk filminstitutt skal gjennom tilskott bidra til rekruttering frå heile befolkninga og sikre ein breiare inngang for å kunne skape film og spel. Ein viktig del av dette er å skape ein overbygning mellom det regionale og nasjonale, sikre medverknad gjennom eksisterande arenaer og at Norsk filminstitutt tek ei aktiv rolle mot regionale aktørar for saman å styrkje vegen frå regionalt til nasjonalt talent. Som ein del av talentstrategien, skal Norsk filminstitutt gjennom innsikt spisse film- og spelsatsinga på barn og unge, blant anna for å skape eit større mangfald å rekruttere talent frå.

9.6 Vurdering

Å sikre at kunsten og kulturen har ein plass i barnehage- og skolekvardagen, er avgjerande for at alle barn og unge skal kunne lære om desse uttrykka og få eit grunnlag for vidare fordjupning viss dei ønskjer det. Skolen når alle barn og unge uavhengig av sosial, kulturell eller geografisk bakgrunn. Praktiske og estetiske fag speler ei sentral rolle for elevanes læring og utvikling innan kunst og kultur. Praktiske og estetiske læringsprosessar kan brukast i alle fag i skolen.

Rammeplanen for barnehagen fastslår at barnehagen skal bidra til at barna får oppleve kunstnariske og kulturelle uttrykk. Barnehagen er ein naturleg samarbeidspart for kulturskolen, og mange kulturskolar har i dag eit samarbeid med dei lokale barnehagane.

Det er per i dag ingen statlege støtteordningar for kunst og kultur i barnehagen slik som i skolane gjennom Den kulturelle skolesekken. Lokalt og regionalt er det likevel moglegheiter for å leggje til rette for samarbeid som gjer at DKS-ordninga kan omfatte barnehagebarna òg. Det gjeld særleg dei eldste barnehagebarna, som kan inkluderast i nokon av dei same tilboda som blir gitte til dei minste barna i grunnskolen. Å tydeleggjere moglegheitene for samarbeid mellom DKS og barnehagane kan gjere det meir føreseieleg for kunstnarar og kulturaktørar som ønskjer å utvikle produksjonar som rettar seg mot målgruppa null til seks år. DKS-tilbod til barnehagen kan òg gi barnehagetilsette nye impulsar og inspirasjon til å jobbe meir aktivt med kunst og kultur i barnehagen.

Kulturtankens arbeid med å leggje til rette for samarbeid og samhandling mellom ulike aktørar som arbeider med kunst og kultur for barnehagebarn, blir foreslått vidareført. Dette vil kunne inkludere samarbeid med KS, Norsk kulturskoleråd, Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen ved Nord universitet og andre aktørar.

Utdanningsprogram for musikk, dans og drama i vidaregåande opplæring er ein del av det ordinære opplæringstilbodet og blir tilbydd i alle fylkeskommunane. Utdanningsprogrammet gir unge sjansen til å utvikle talentet sitt innan sjangeren sin. Regjeringa vil leggje fram ei melding til Stortinget om vidaregåande opplæring våren 2021.

Regjeringa har som mål å styrkje rolla kulturskolen har som regional talentaktør. Kulturskolen er med fordjupingstilbodet sitt ein sentral aktør for å bidra til utvikling av talent og dei som skal vere kunstnarane våre i framtida. Regjeringa ønskjer at Kulturskolerådet legg til rette for at kommunane kan avgjere om enkelte kulturskolar kan ta eit særskilt ansvar for å tilby fordjupingstilbod i fylket, sjå meir om dette i kapittel 8.4.

Barn og unge må få anledning til å fordjupe seg uavhengig av bustad, økonomi eller andre forhold. Innspel til meldinga vitnar om ei utfordring med fråfall og motivasjon i overgangen mellom breidda i barneåra og ei spissing i ungdomsåra. Å skape tettare kontakt mellom breidde og spiss og byggje bru mellom desse nivåa er ei prioritering i talentutviklingsarbeidet. Møtet mellom unge talent og profesjonelle utøvarar frå tidleg alder vil kunne gi barn og unge anledning, inspirasjon og motivasjon til å utvikle seg vidare.

Regjeringa har som mål å bidra til eit auka mangfald av utøvarar i kunst- og kulturlivet og å løfte fram nye stemmer. Å gi barn og unge anledning til å bli kjende med og utøve eit variert spekter av kunst- og kulturuttrykk gjennom opplæring og fordjuping i kunst og kultur er eit ledd i dette arbeidet. Dagens barn og unge er dei framtidige kulturutøvarane våre. For å sikre breidde i rekrutteringa til det kunstnariske virket er det heilt nødvendig med gode arenaer for kulturdeltaking.

Verkemidla på feltet er allereie godt innretta, men det er behov for ei større koordinering for å gi tilbodet ut til eit større mangfald av barn og unge. Dei ulike forvaltningsnivåa og dei private må i større grad samkøyre seg og koordinere seg for å skape eit best mogleg opplæringstilbod. Betre informasjon om tilboda er ein viktig del av dette arbeidet.

Talent Norge har gjennom arbeidet sitt vore med på å styrkje talentsatsingane innanfor alle sjangrar over heile landet, og fleire av talenta er i dag å sjå på dei større institusjonane som profesjonelle utøvarar.

Regjeringa meiner det er behov for å satse meir heilskapleg på talentutvikling frå tidleg alder for å få eit større mangfald i kunst- og kulturlivet og å rekruttere nye stemmer inn. Regjeringa har i budsjettet for 2021 løyvd 4 mill. kroner til Talent Norges juniorsatsing for å byggje bru mellom dei unge talenta og dei profesjonelle utøvarane. Målet med løyvinga er å skape eit meir heilskapleg talentutviklingsarbeid slik at alle barn og unge over heile landet skal kunne fordjupe seg i eit kunst- og kulturuttrykk.

Dei regionale og nasjonale kunstinstitusjonane og arbeidet dei gjer for å utvikle talent, betyr svært mykje for å skape møteplassar mellom unge talent og profesjonelle utøvarar. Regjeringa vil sikre at finansieringa av kunstinstitusjonane held fram, for å støtte opp om dette arbeidet.

Arbeidet Norsk filminstitutt og dei regionale filmsentera gjer med talentutvikling, bidreg til å rekruttere nye stemmer inn i filmbransjen og til å byggje eit større mangfald å rekruttere frå. Regjeringa bidreg med ei auka satsing på å utvikle talent i filmfeltet gjennom 15 mill. kroner til Norsk filminstitutt for å stimulere til breiare rekruttering til norsk film.

Fleire av innspela til meldinga uttrykkjer eit behov for støtteordningar til samarbeidet mellom profesjonelle kunstnarar og barn og unge. Det kan skje gjennom enkeltståande prosjekt, men òg gjennom organiserte aktivitetar der barn og unge møter profesjonelle kunstnarar. Opplæringsaktivitetar for barn og unge fell ofte utanfor dei ordinære støtteordningane. Det er eit mål å sikre gode ordningar slik at barn og unge over heile landet får sjansen til å delta i opplæringsaktivitetar med profesjonelle kunstnarar.

Frå 2021 blir fleire talentprosjekt finansierte over Kulturdepartementets budsjett. Regjeringa har som mål å leggje til rette for større likebehandling av tilskottsmottakarane ved å kunne sjå liknande tiltak i samanheng på tvers av fagfelta. Regjeringa vil utrede moglegheiten for ei tilskottsordning for barne- og ungdomstiltak og -ensemble på høgt kunstnarisk nivå. Denne skal sikre at fleire sentrale aktørar kan søkje om offentleg tilskott. Midlane i ordninga skal fordelast til aktørar som jobbar aktivt med fordjuping og talentutvikling gjennom å leggje til rette for møte mellom unge og profesjonelle rollemodellar. Ordninga skal bidra til å støtte eit mangfald av tiltak slik at barn og unge skal ha anledning til å fordjupe seg i uttrykket sitt. Ordninga skal omfatte alle kunst- og kulturuttrykk.

Regjeringa vil

  • satse på talentprosjekt (som Talent Norges juniorsatsing, Norsk filminstitutt sitt talentarbeid og talentarbeidet til kunstinstitusjonane) for å rekruttere nye stemmer til norsk kunst- og kulturliv

  • utrede moglegheiten for ei tilskottsordning for barne- og ungdomstiltak og -ensemble på eit høgt kunstnarisk nivå

  • leggje til rette for samarbeid og samhandling mellom ulike aktørar som arbeider med kunst og kultur for barnehagebarn

Fotnotar

1.

NOU 2013: 4

2.

Barne- og familiedepartementet 2020a

3.

Seland & Andersen 2020

4.

Ungdom og fritid 2017

5.

Kulturalliansen er ein paraplyorganisasjon for det frivillige kulturlivet med 33 nasjonale frivillige kulturorganisasjonar som medlemmer.

6.

Kulturdepartementet 2015

7.

Rasmussen 2019

8.

Kulturdepartementet 2019

9.

Ungdom og Fritid, UKM , Tverga & KANDU 2020

10.

Söderström & Tøssebro 2011

11.

Kunnskapsdepartementet 2018

12.

Barne- og familiedepartementet 2020a

13.

Innst. S. nr. 234 (1992–93)

14.

GSI er eit system for å registrere opplysningar om grunnskolen i Noreg. Opplysningar om kulturskolen blir også registrerte i GSI.

15.

Kommunal- og regionaldepartementet 2003

16.

Prisjustert frå 2004-kroner til 2019-kroner.

17.

Tall frå KOSTRA, Statistisk sentralbyrå

18.

Innrapportering til GSI før kommunesamanslåinga i 2020. Nokon kommunar samarbeider dessutan om kulturskoletilbodet.

19.

Norsk kulturskoleråd 2020a. Vedtatt av Norsk kulturskoleråds landsting i oktober 2020.

20.

Berge et al. 2019

21.

Hylland & Haugsevje 2016

22.

Kleppe 2013: 32

23.

Berge et al. 2013: 126

24.

Kulturskoleløftet 2010

25.

Representantforslag 112 S (2016–2017)

26.

Meld. St. 12 (2011–2012)

27.

Opplæringslova 1998: §9A-1

28.

Forskrift om miljørettet helsevern i skoler m.v. 1995

29.

Arbeidsmiljøloven 2005

30.

Mange kulturskolar rettar seg i tillegg etter ulike lokale planar og føringar.

31.

Jf. Innst. 12 S (2017–2018)

32.

Rønningen 2019

33.

Rønningen 2019, Berge et al. 2019

34.

Statistisk sentralbyrå 2019

35.

Kulturskoleutvalget 2010

36.

Det er ikkje eigne kompetansekrav for å undervise i praktiske og estetiske fag på barnetrinnet. Jf. forskrift til opplæringslova 2006: §§ 14-1–14-11 (kompetanseforskriften)

37.

Bjørnestad & Os 2018

38.

For tilsetjing som lærar i grunnopplæringa, er det kravd lærarutdanning, jf. forskrift til opplæringslova 2006: §§ 14-1 1 14-11 (kompetanseforskriften).

39.

Rønningen 2019, Rønningen & Bakke 2021

40.

Rønningen & Bakke 2021

41.

Kunnskapsdepartementet 2017a

42.

Kobro, Vareide & Hatling referert i Berge et al. 2019: 149

43.

Wendelborg, Caspersen, Mordal, Ljusberg, Valenta & Bunar 2018

44.

Rønningen 2020

45.

Norsk kulturskoleråd 2020c

46.

Rønningen, Jeppson, Tillborg, Johnsen & Holst 2019

47.

Norsk kulturskoleråd 2020e

48.

Norsk kulturskoleråd 2016: 26–27

49.

Bjørnestad & Os 2018

50.

Homme, Danielsen & Ludvigsen 2020

51.

Gulpinar & Hernes 2018

52.

Norsk Ungdomssymfoniorkester, Norges Ungdomskor, Trondheim International Music Competition, Ungdomssymfonikerne, Valdres sommersymfoni.

53.

Den norske opera & ballett u.å.

Til forsida