7 Vidarebruk av arkivet til NRK
7.1 Innleiing og bakgrunn
I samband med Stortinget si behandling av allmennkringkastingsmeldinga Meld. St. 38 (2014–2015) Open og opplyst blei det gjort eit oppmodingsvedtak (vedtak nr. 501) der Stortinget ber «regjeringen bidra til at NRKs arkiv i større grad gjøres tilgjengelig for viderebruk, forutsatt at opphavsretten blir ivaretatt».
I familie- og kulturkomiteen si innstilling til allmennkringkastingsmeldinga (Innst. 178 S (2015–2016)) viser komiteen til:
«(...) at meldingen konkluderer med at NRKs arkivmateriale skal gjøres tilgjengelig for viderebruk, så langt det er praktisk og juridisk presseetisk forsvarlig. Komiteen støtter denne konklusjonen. Ordningen med at fellesskapet finansierer NRK, taler for at allmennheten i størst mulig grad skal ha tilgang til det NRK produserer. På denne måten ivaretar NRK sine forpliktelser for et mediemangfold. Komiteen mener NRK i utgangspunktet bare bør kunne ta betalt for de kostnadene selskapet har med å hente ut og klargjøre klipp for viderebruk. Samtidig er det en forutsetning at opphavsrettigheter blir ivaretatt».
I dette kapittelet vurderer departementet vidarebruk av arkivet til NRK.
7.2 Departementet si vurdering
Departementet viser til at Stortinget har slutta seg til konklusjonane i allmennkringkastingsmeldinga når det gjeld vidarebruk av arkivmaterialet til NRK. Departementet legg derfor til grunn at Stortinget ikkje ønskjer å endre desse prinsippa.
NRK-arkivet er finansiert med offentlege middel. Departementet meiner derfor at det bør presiserast at det skal vere høve til å vidarebruke klipp frå arkivet i ein publisistisk samanheng så langt det er praktisk, juridisk og presseetisk mogleg. Vidarebruk av dei rikhaldige NRK-arkiva kan bidra til verdiskaping på fleire plan, til dømes gjennom bruk i dokumentarfilm, nyheits- og aktualitetsmedium og tv-seriar. Departementet presiserer elles kor viktig det er at NRK òg gjer informasjon om arkivmaterialet, såkalla metadata, tilgjengeleg. Det er ein føresetnad for at dei som ønskjer å bruke NRK-materiale, kan finne fram til det.
Samtidig har Stortinget i oppmodingsvedtaket presisert at vidarebruk av NRK-arkivet krev at opphavsretten blir vareteken. Departementet viser til at det i allmennkringkastingsmeldinga blei føresett at NRK har opphavsrettar som tillèt vidarebruk av det aktuelle arkivmaterialet. Departementet legg derfor til grunn at vidarebruk av klipp frå NRK-arkiva såleis må skje i samsvar med dei rettane og vilkåra som er knytte til det aktuelle klippet, inkludert opphavsretten.
Komiteen gir i ein merknad til meldinga uttrykk for at NRK i utgangspunktet berre bør kunne ta betalt for å dekkje dei kostnadene selskapet har med å hente ut og klargjere klipp for vidarebruk. Departementet viser her til at det i allmennkringkastingsmeldinga blei understreka at dersom NRK tek betalt for å levere ut arkivmateriale, skal det skje til sjølvkost, det vil seie at NRK i utgangspunktet berre bør kunne ta betalt for å dekkje dei kostnadene selskapet har med å hente ut og klargjere klipp for vidarebruk.
Departementet vil fastsetje prinsipp for vidarebruk av klipp og utdrag frå arkivmaterialet til NRK i NRK-vedtektene i tråd med konklusjonane i allmennkringkastingsmeldinga.
Boks 7.1 Departementet sine konklusjonar om vidarebruk av arkivmaterialet til NRK
Konklusjonane frå allmennkringkastingsmeldinga blir vidareførte:
Arkivmaterialet til NRK skal gjerast tilgjengeleg for vidarebruk så langt det er praktisk og juridisk mogleg og presseetisk forsvarleg.
Dersom NRK tek betalt for å levere ut arkivmateriale, skal det skje til sjølvkost.