1 Bakgrunn og samandrag
1.1 Bakgrunn
1.1.1 Regjeringa sitt overordna mål for mediepolitikken
Den politiske plattforma til regjeringa, Sundvolden-erklæringa av 16. oktober 2013, løftar fram dei viktigaste utfordringane i mediemarknaden og legg samtidig hovudlinjene for mediepolitikken til regjeringa:
«Digitalisering fører til en ny hverdag i mediebransjen. Premissene for publikums deltakelse, produktenes utforming og redaksjonenes arbeidsform endres hurtig. Regjeringen vil legge til rette for god nyhetsproduksjon og en bredt anlagt offentlig samtale i fremtidens digitale mediesamfunn. Mediepolitikken må derfor stimulere til nyskapning og innovasjon, samtidig som den frie pressens tradisjoner og grunnverdier ivaretas.»
Sundvolden-erklæringa uttrykkjer samtidig at regjeringa vil:
«– Modernisere det mediepolitiske virkemiddelapparatet gjennom økt likebehandling av mediene, uavhengig av teknologisk plattform. Over tid skal pressestøtten omlegges og nivået reduseres.
– Legge frem en stortingsmelding om NRK-lisens og alternative betalingsordninger.– Øke andelen eksterne produksjoner i NRK.
– Begrense NRKs mulighet til å bruke sin robuste økonomi til å svekke frie institusjoners aktivitetsgrunnlag.»
1.1.2 Infrastrukturkravet i Grunnlova
I Grunnlova § 100 sjette leddet heiter det:
«Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.»
Dette blir gjerne omtalt som infrastrukturkravet, og det inneber mellom anna at staten ikkje berre skal avstå frå å gjere inngrep i ytringsfridommen, men at han òg skal leggje til rette for ytringsvilkåra til borgarane. Det vil seie at det må leggjast til rette for kanalar og institusjonar som kan bidra til ein open og opplyst offentleg samtale – eit offentleg rom. Å sørgje for eit mangfald av uavhengige og frie medium er ein grunnleggjande føresetnad.
1.1.3 Oppfølging av oppmodingsvedtaka til Stortinget
I Stortinget si innstilling til allmennkringkastingsmeldinga (Innst. 178 S (2015–2016)) fremja komiteen ei rekkje oppmodingsvedtak, mellom anna oppmodingsvedtak romartal V «Stortinget ber regjeringen fremme forslag om fremtidig finansiering av NRK etter at ekspertutvalget har levert sin anbefaling, og innen utgangen av 2016». I denne meldinga vil departementet følgje opp vedtaka, med unntak av romartal X om å «foreslå avgrensing av Kringkastingsrådets mandat, samt endring av oppnevnelse av medlemmer i Kringkastingsrådet», og romartal XII om å «utrede alternative modeller for å ivareta publikums klageadgang og kontakt med NRK». Desse vedtaka vil bli følgde opp i samband med revisjonen av kringkastingslova som blei varsla i allmennkringkastingsmeldinga (Meld. St. 38 (2014–2015) Open og opplyst – allmennkringkasting og mediemangfald).
1.1.4 Innspel frå Sametinget
Samane har status som urfolk og er verna gjennom nasjonale lover og internasjonale konvensjonar.1 Som urfolk har samane rett til å bli konsultert i saker som kan få direkte betyding for dei, jf. prosedyrar for konsultasjonar mellom statlige myndigheiter og Sametinget. Kulturdepartementet bad derfor om Sametingets synspunkt på innhaldet i meldinga. Sametinget støtter innhaldet i meldinga, men vil understreke at det ut frå eit prinsipp om likeverd er viktig at NRK gir eit fullverdig samisk allmennkringkastingstilbod på lik linje med det norske.
1.2 Samandrag
I kapittel 2 vurderer departementet finansieringsmodellar for NRK, og departementet legg fram si vurdering av korleis NRK skal finansieras i framtida, i tråd med Stortingets oppmodingsvedtak. Kapittelet summerer opp rapporten til den offentleg nedsette ekspertgruppa som Tore Olaf Rimmereid leia. Rapporten Finansiering @NRK – Alternative fremtidige modeller for offentlig finansiering av NRK følgjer som utrykt vedlegg til meldinga. Kringkastingsavgifta er i dag knytt til det å ha ein fjernsynsmottakar i bruk, og prosentdelen husstandar som har fjernsynsmottakar, går ned. Det er dei unge som vel bort fjernsynsapparatet, og dersom dei tek dette med seg utover i livet, vil grunnlaget for finansieringa av NRK bli svekt. I kapittelet konkluderer departementet derfor med at det er behov for ein ny finansieringsmodell for å sikre NRK eit stabilt finansieringsgrunnlag i framtida. Dei raske og uføreseielege endringane i mediebruk og teknologi gjer at departementet reknar det som lite formålstenleg å knyte ein ny finansieringsmodell til bestemte teknologiske plattformer. Departementet vil derfor arbeide vidare med ulike modeller for ei øyremerkt medieavgift, som ikkje er knytt til bruk av bestemte apparat. Når utgreiinga av modellane er fullført vil departementet vurdere dei opp mot ordinær finansiering over statsbudsjettet, før eit konkret lovforslag blir lagt fram for Stortinget. I den vidare utgreiinga og den avsluttande vurderinga, vil departementet leggje vekt på at ein framtidig finansieringsmodell må gi låge administrative kostnader, lite byråkrati, stabil finansiering og sjølvstende for NRK. Samtidig bør ikkje ein ny finansieringsmodell gi urimelege fordelingsmessige utslag.
I dag tillèt regelverket at ein kan sleppe lisens dersom fjernsynsmottakaren blir plombert. Departementet meiner at å fjerne tilgangen til plombering kan bidra til at ein overgang til ny finansieringsmodell blir mindre krevjande, og at inntektsgrunnlaget blir halde oppe i noko større grad i overgangsperioden. Departementet vil derfor sende på høyring eit forslag om at plombering av fjernsynsmottakar ikkje skal gi fritak for kringkastingsavgift.
Kapittel 3 inneheld ei vurdering av endringane i detaljgraden i NRK-plakaten og dei konkrete innhaldspliktene i plakaten. Departementet vurderer vidare behovet for ytterlegare endringar i NRKs innhaldsplikter. I lys av Stortinget sitt oppmodingsvedtak og merknader legg departementet fram ny NRK-plakat. Departementet vidarefører konklusjonen frå allmennkringkastingsmeldinga om at NRK-plakaten skal ha færre punkt og meir overordna innhaldsplikter enn plakaten har i dag. Vidare tek ein inn eit forbod mot reklame på internett og ei føresegn om at NRK skal vere til stades på og utvikle nye tenester på alle viktige medieplattformer, også internett, for å nå breiast mogleg ut med det samla programtilbodet. Departementet vidarefører forslaget frå allmennkringkastingsmeldinga om å presisere at NRK skal ha eit sjølvstendig ansvar for å bidra til det norske mediemangfaldet. Det blir vidare innført eit krav om at NRK skal vere representert i alle fylke. Av omsyn til sjølvstendet og ønsket om å ha ei mest mogleg rasjonell drift meiner departementet at NRK framleis bør ha handlefridom til sjølv å bestemme korleis distriktskontora skal organiserast. Departementet presiserer derfor at kravet ikkje kan lesast som at NRK til dømes skal ha eit eige distriktskontor i kvart enkelt fylke. Plakaten skal vidare presisere at NRK skal ha eit særleg beredskapsansvar. Til slutt i kapittelet legg departementet fram ny NRK-plakat.
Kapittel 4 inneheld ei vurdering av korleis ein modell for å fastsetje eit fireårig styringssignal for dei økonomiske rammene til NRK bør innrettast og gjennomførast, i tråd med oppmodingsvedtak frå Stortinget. Kringkastingsavgifta blir i dag fastsett gjennom Stortinget si årlege behandling av statsbudsjettet. I kapittelet konkluderer departementet med at det skal innførast eit fireårig styringssignal for storleiken på dei økonomiske rammene til NRK kvart fjerde år frå og med statsbudsjettet frå 2019. I samband med fastsetjinga av styringssignalet vil departementet vurdere om det er behov for endringar i allmennkringkastingsoppdraget, og korleis NRK sitt tilbod påverkar kommersielle medium og det totale medietilbodet til publikum.
I kapittel 5 vurderer departementet om det statlege eigarskapet i NRK bør bli overført til ei stifting. Departementet viser til at omsynet til det redaksjonelle sjølvstendet til NRK, omsynet til eigarstyring og kontroll, og omsynet til rollekonflikt er relevante her. Departementet meiner at overføringa ikkje vil ha noko å seie for det redaksjonelle sjølvstendet til NRK sidan det er vareteke gjennom lov om redaksjonell fridom i media og kringkastingslova. Departementet kan elles ikkje sjå at tilknytingsforma i dag bidreg til å svekkje tilliten til og truverdet til NRK. Departementet viser òg til at det tidlegare er gjort grep for å unngå ei rolleblanding, mellom anna ved at Medietilsynet i 2011 blei meir uavhengig av Kulturdepartementet. Ei løysing med ei eigarstifting vil innebere at ansvaret for å følgje opp NRK blir delt mellom Kulturdepartementet og stiftinga. Det vil kunne medføre ein risiko for uklar ansvarsdeling og meir byråkrati. På bakgrunn av desse vurderingane meiner departementet at ei eventuell overføring av eigarskapet i NRK til ei stifting ikkje vil bidra til å skape større avstand mellom regjeringa og journalistikken. Sidan det ikkje er nokon openberre fordelar knytte til ei slik overføring av eigarskapet, legg departementet til grunn at NRK bør vidareførast som eit statleg aksjeselskap som staten ved Kulturdepartementet eig heilt og fullt.
I kapittel 6 vurderer departementet korleis store idrettshendingar av nasjonal interesse i framtida kan vere tilgjengelege for det norske folket på ein allmennkringkastar eller ein annan open kanal, i tråd med oppmodingsvedtak frå Stortinget. Departementet meiner at det gjeldande regelverket om hendingar som er viktige for samfunnet, varetek formålet med oppmodingsvedtaket til Stortinget. Dagens forskriftsføresegn om utnytting av rettane til fjernsynsoverføring av hendingar som er viktige for samfunnet, gjer at det per i dag ikkje er behov for å endre kringkastingsforskrifta på dette punktet.
I kapittel 7 vurderer departementet vidarebruk av NRK-arkivet, i tråd med Stortinget sitt oppmodingsvedtak. Stortinget har slutta seg til konklusjonen i allmennkringkastingsmeldinga om vidarebruk av arkivmaterialet til NRK. Departementet legg derfor til grunn at Stortinget ikkje ønskjer å endre desse prinsippa. Departementet vil fastsetje prinsipp for vidarebruk av klipp og utdrag frå arkivmaterialet til NRK i NRK-vedtektene i tråd med konklusjonane i allmennkringkastingsmeldinga. Desse slår fast at arkivmaterialet til NRK skal gjerast tilgjengeleg for vidarebruk så langt det er praktisk og juridisk mogleg og presseetisk forsvarleg. Dersom NRK tek betalt for å levere ut arkivmateriale, skal det skje til sjølvkost. Departementet presiserer elles at det er viktig at NRK òg gjer informasjon om arkivmaterialet, såkalla metadata, tilgjengeleg. Det er ein føresetnad for at dei som ønskjer å bruke NRK-materiale, kan finne fram til det.
Kapittel 8 gjer greie for dei økonomiske og administrative konsekvensane av tiltaka i meldinga.