Omstilling – vegen vidare

Koronapandemien har gitt oss utfordringar, men har òg vist at norske arbeidstakarar og verksemder er robuste og omstillingsvillige. Samtidig er det vanskeleg å legge planar og komme med langsiktige tiltak når ein står midt i ei krise ein ikkje veit når vil ta slutt.

Skog med ein veg igjennom.

Foto: invisiblepower på Unsplash. Fri bruk

Det siste året har regjeringa sett i gang ei rekke tiltak for både å møte krisa – men òg for å ruste Noreg for vegen vidare. Nokre av dei koronatiltaka som blei sett inn var meint å bøte på ein vanskeleg økonomisk situasjon der og då. Men mange av tiltaka som er presenterte i dette dokumentet – for eksempel knytt til kompetanseutvikling eller utvikling av digitale offentlege tenester – skal bidra til å møte krisa mens den står på, men vil òg gjere at Noreg står sterkare når krisa er over.

Regjeringa sitt arbeid med digitalisering og innovasjon

Midt i ei krise er det viktig å handle raskt. Men det er òg viktig å føre vidare det arbeidet som allereie er i gang. Sommaren 2019 kom regjeringa med digitaliseringsstrategien for offentleg sektor, og i 2020 har regjeringa arbeidd med ei rekke strategiar og meldingar som skal bidra til å drive arbeidet med innovasjon og digitalisering vidare i åra som kjem.

Nasjonal strategi for kunstig intelligens

Regjeringa la fram Nasjonal strategi for kunstig intelligens i januar 2020. Strategien slår fast at Noreg skal utnytte den innovasjonskrafta som ligg i bruk av kunstig intelligens, og søke å ta ein leiande posisjon i bruk av kunstig intelligens, spesielt innanfor område der vi allereie har gode føresetnader og sterke miljø. Regjeringa vil at Noreg skal gå føre i utvikling og bruk av kunstig intelligens med respekt for den enkelte sine rettar og fridomar. Kunstig intelligens i Noreg skal bygge på etiske prinsipp, respekt for personvernet og god digital tryggleik.

Melding til Stortinget om innovasjon i offentleg sektor - Meld. St. 30 (20192020)

Regjeringa har som mål at vi skal ha ein effektiv offentleg sektor som leverer gode tenester til innbyggarane, som har høg grad av tillit i befolkninga, og som finn nye løysingar på dei utfordringane samfunnet står overfor i samarbeid med innbyggarar, næringsliv, forskingsmiljø og sivilsamfunnet. For å nå dette målet må offentleg sektor tenke nytt.

I meldinga presenterer regjeringa tre hovudprinsipp for innovasjon i offentleg sektor:

  • Politikarar og styresmakter må gi handlingsrom og insentiver til å innovere.
  • Leiarar må utvikle kultur og kompetanse for innovasjon, der ein har mot til å tenke nytt og lære av feil og suksessar.
  • Offentlege verksemder må søke nye formar for samarbeid.

Melding til Stortinget om datadriven økonomi og innovasjon – Meld. St. 22 (2020–2021)

Framveksten av dataøkonomien er venta å bli ein viktig drivar for økonomisk vekst. Regjeringa vil at den datadrivne økonomien skal gi auka verdiskaping, fleire lønnsame arbeidsplassar og ein meir effektiv offentleg sektor. Betre utnytting av data vil òg bidra til grøn omstilling og styrking av konkurranseevna til næringslivet i ein sterkt voksande dataøkonomi. Regjeringa har som ambisjon å få til meir deling av data på tvers i næringslivet og mellom offentleg og privat sektor.

Melding til Stortinget om den digitale grunnmuren – Meld. St. 28 (2020–2021)

Den digitale utviklinga i samfunnet forutsett at innbyggarar, næringsliv og styresmakter har stabil og god tilgang til elektroniske kommunikasjonsnett. Stadig fleire samfunns-kritiske tenester er avhengige av velfungerande nettverk for elektronisk kommunikasjon. Regjeringa har derfor lagt fram ei melding til Stortinget om mobil-, breiband- og internettenester, med fokus på sikker og robust elektronisk kommunikasjon.

Revidering av strategien «Norge som datasenternasjon»

Den store auka i data fører til økt etablering av datasenter, og datasenterindustrien er den kraftkrevjande industrien som veks raskast i verda akkurat no.

Ein analyse gjort for Kommunal- og moderniseringsdepartementet i 2020 viser at datasenterindustrien i Noreg består av 18 datasenter. Veksten i bransjen har vore særleg stor dei siste to åra. Det blir anslått at næringa i 2020 bidrar til om lag 2000 jobbar, og med 3,1 milliardar kroner til den norske økonomien. Det er venta at denne veksten vil fortsette.

Regjeringa vil at Noreg skal vere ein attraktiv nasjon for datasenter og anna databasert næringsliv. I 2018 blei det derfor lagt frem ein eigen datasenterstrategi, med viktige tiltak som redusert elavgift for datasenter, fjerning av «maskinskatten» og tydelegare prosess for å regulere tomter til datasenter. Regjeringa har nå sett i gang ein prosess for å revidere denne strategien.

Etablering av marknadsplass for skytenester

Regjeringa vil i løpet av 2021 etablere ein marknadsplass for skytenester hos DFØ, for å gjere det enklare for offentlege verksemder å skaffe sikre, lovlege og kostnadseffektive skytenester. Marknadsplassen skal særlig gi rettleiing risikovurderingar og krav knytta til tryggleik i skytenester. I tillegg til å gi ein oversikt over skytenester i marknaden, vil det på utvalde område vere ferdig framforhandla avtalar som statlege og kommunale verksemder kan bruke om dei vil.

Green Mountain sine bygningar i Rjukan.
RJUKAN: Green Mountain

Green Mountain er et selskap som driv fleire datasenter i Noreg. Det første ligg inne i eit fjell i eit tidlegare NATO-anlegg på Rennesøy. Seinare har dei opna datasenter på Rjukan og i Enebakk. Alle sentra har høgt tryggingsnivå og bruker fornybar energi. Green Mountain har opplevd stor vekst dei siste åra og har fleire store internasjonale kundar.

Rjukan ligg unikt plassert midt i Sør-Noreg, med god forbindelse til resten av landet og til kontinentet. Det er ikkje mindre enn seks vasskraftverk i dalen, og dermed god tilgang på fornybar energi.

I 2019 etablerte Volkswagen Group eit senter for tungrekning (HPC) i anlegget til Green Mountain på Rjukan. I anlegget køyrer dei komplekse og energikrevjande berekningar – som simulering av krasjtestar og virtuelle vindtunellar.
www.greenmountain.no

Foto: Volkswagen group. Brukt etter avtale

Ekspertutvalet «Norge mot 2025»

Koronapandemien kan ha gitt varige endringar som påverkar grunnlaget for verdiskaping, produksjon, sysselsetting og velferd i Noreg. Forbruksmønster, produksjonsmønster og næringsstrukturar kan bli endra. Forholda i arbeidslivet kan òg bli annleis, både når det gjeld korleis vi jobbar og kva for næringar som kjem svekka eller styrka ut av krisa. Internasjonalt kan handelsmønster og forhald for handelssamarbeid endre seg.

Regjeringa sette våren 2020 ned eit utval som skulle analysere korleis koronapandemien ville påverke grunnlaget for verdiskaping, produksjon, sysselsetting og velferd i Noreg fram mot 2025. Utvalet leverte rapporten sin i mars 2021. Her foreslår utvalet tiltak for å underbygge langsiktige mål om styrka konkurransekraft, reduserte klimautslepp og grøn vekst, velfungerande arbeidsmarknad og høg sysselsetting og økonomisk berekraft. Utvalet anbefaler å legge til rette for rask avvikling av tiltak som bremsar omstillingsevna i norsk økonomi. Så langt det er mogleg må dei økonomiske tiltaka støtte opp under omstilling som uansett bør finne stad. Når krisa er over bør den økonomiske politikken gå tilbake til normalt så raskt som mogleg. Det er særleg viktig at unge og andre arbeidstakarar med svak kopling til arbeidsmarknaden raskt kjem tilbake i jobb.

Auka tilskot til digital omstilling i næringslivet

Innovasjon Noreg er staten og fylkeskommunane sitt viktigaste verktøy for å realisere verdiskapande næringsutvikling i heile landet. Innovasjon Norege skal blant anna bidra til fleire gode gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø.

Dei siste åra har det vore vekst i talet på digitale prosjekt i porteføljen til Innovasjon Noreg. Gjennom 2020 har det vore særleg stor vekst på dette området – talet på IKT-prosjekt er tredobla samanlikna med same periode i 2019. Digitaliseringsprosjekta kjem i alle sektorar.

Koronaeffekt

Den markante veksten i IKT-prosjekt har samanheng med koronakrisa. Krisa har bidratt til å auke digitaliseringstakta. Fleire bedrifter opplever at auka digitalisering av internasjonal kundekontakt bidrar til å redusere avstandsulemper, særleg til europeiske marknadar. Digitalisering blir i aukande grad sett som ein føresetnad for konkurransekraft: I ei undersøking blant Innovasjon Noreg sine kundar gjennomført under koronakrisa, svarer over 70 prosent at digitalisering er viktig for deira framtidige suksess.

Mykje av digitaliseringa i 2020 har vore prega av effektiviseringstiltak som digitalisering av kommunikasjon og kontakt i marknader og verdikjeder. Det har vore ein oppbremsing i større omstillingsprosjekt, som større endringar i bedriftene si produksjon og forretningsmodell. Slike meir langsiktige investeringar i digitalisering for varig omstilling vil vere viktige i åra som kjem. Innovasjon Noreg vil prioritere tenester som understøtter framtidige omstillingsbehov, samtidig som ein tek høgde for dagens situasjon, for eksempel gjennom å tilby ny kompetanse, ny risikokapital og tilgang til nye kundar.

Regjeringa har dobla tilskotet til innovasjonsstøtte til næringslivet gjennom Innovasjon Noreg, frå 7 milliardar kroner i 2019 til 14 milliardar kroner i 2020.

Programmet for eit digitalt Europa (DIGITAL)

EU har foreslått å etablere eit omfattande digitaliseringsprogram, Programmet for eit digitalt Europa (DIGITAL), for åra 2021–2027. Det er første gong EU foreslår eit eige program dedikert til digitalisering i samfunn og næringsliv.

DIGITAL er sentralt arbeidet EU-kommisjon gjer med digital transformasjon, og er retta mot område der enkeltland aleine ikkje vil ha nok ressursar til å lukkast. Programmet skal etablere EU som ein pådrivar i den digitale transformasjonen, og fremme framtidsretta digital teknologi som det er venta vil få stor betydning for vekst og sysselsetting i Europa dei neste åra. Det er eit mål for programmet å hjelpe små og mellomstore bedrifter å tilpasse seg endringar som følger av teknologiutviklinga innan for eksempel digitalisering og kunstig intelligens.

Programmet er foreslått å ha ei økonomisk ramme på 7,17 milliardar euro fordelt på fem hovudområde: Tungrekning (High Performance Computing, HPC), Kunstig intelligens, Digital tryggleik, Digital transformasjon og Avansert digital kompetanse.

Regjeringa går inn for full norsk deltaking i DIGITAL 2021–27. Endeleg avgjerd blir tatt av Stortinget i 2021.

Særleg satsing på SMB-ar og oppstartsselskap

Små og mellomstore bedrifter utgjer ein stor del av norsk næringsliv. Bedrifter med færre enn 50 tilsette sysselsett meir enn ein million arbeidstakarar i Noreg. Desse bedriftene er viktige for å bygge og oppretthalde livskraftige lokalsamfunn over heile landet. Samtidig må mindre bedrifter, og bedrifter som er i ein tidleg fase gjerne overvegande har vekt på produksjon og dagleg drift. Då kan det vere vanskeleg å sette av ressursar til utvikling og omstilling.

Menneske som sit og jobbar saman på berbare datamaskinar på eit møte i regi av DigitalNorway.
OSLO: DigitalNorway

DigitalNorway er ei non-profit verksemd som blei starta i 2017 av 15 engasjerte næringslivsaktørar, med støtte frå offentleg sektor, for å få fart på digitaliseringa av norsk næringsliv, og særleg i SMB-ar.

Det er viktig for norsk næringsliv at SMB-ar òg kan ta del i den datadrivne økonomien. DigitalNorway vil derfor drive fram større samarbeidsprosjekt innan deling av data i ulike næringar. Saman med Digitaliseringsdirektoratet vil DigitalNorway vere sentral i arbeidet med regjeringa si satsing på ein Datafabrikk.

Som eit av fem norske digitale innovasjonsnav (Digital Innovation Hub, DIH) under EU-programmet Horisont 2020, er DigitalNorway engasjert i fleire EU-prosjekt, og driv informasjonsverksemd kring, forsking, teknologi og innovasjon særleg retta mot SMB-ar.

DigitalNorway tilbyr òg gratis nettbaserte vegvisarar og kurs innan ulike område av digitalisering, som innovasjon, bruk av data eller digital marknadsføring. Kursa spenner frå korte digitale kurs, til meir omfattande vidareutdanningstilbod tilpassa næringslivet sine behov, utvikla i samarbeid med dei store utdanningsinstitusjonane.
www.digitalnorway.com

Foto: DigitalNorway. Brukt etter avtale

Digitale innovasjonsnav – European Digital Innovation Hubs (EDIH)

Dei digitale innovasjonsnav er sentrale i Programmet for eit digitalt Europa (DIGITAL). Gjennom programmet skal ein etablere eit nettverk av innovasjonssenter som skal sikre at den kunnskapen som blir bygd gjennom offentleg finansiering både nasjonalt og på EU-nivå kjem næringslivet til gode. EDIH-ane skal hjelpe å omsette kunnskapen i forretningsutvikling – til forbetring av produksjonsprosessar og til produkt- og tenesteinnovasjon.

Det skal etablerast EDIH-ar i heile EØS-området. Dei som bruker EDIH-ane vil derfor få tilgang til andre europeiske kompetansemiljø, som for eksempel kan ha testfasilitetar som vi ikkje har i Noreg. Det er venta at Noreg kan etablere 2-4 EDIH-ar under DIGITAL.

Program for oppstartsselskap

Det kan vere særleg vanskeleg for unge, innovative selskap å komme i posisjon til å vinne kontraktar med det offentlege. Regjeringa vil legge til rette for at offentleg sektor betre klarer å nyttiggjere seg dei moglegheitene som ligg i oppstartsselskap, og vil derfor etablere eit program for innovasjonskjøp frå slike selskap. Kjernen i programmet vil vere at offentlege verksemder formulerer utfordringar og behov som oppstartsmiljø og andre innovative aktørar kan finne løysingar på.

Etablering av datafabrikk hos DigitalNorway

For å få verdi ut av data er det nødvendig å behandle og analysere dei. Dette krev data av rett teknisk kvalitet, at retten til behandling og bruk av dei er på plass, og at eventuelle problemstillingar knytt til personvern er avklart. Å få på plass alt dette krev spesialkompetanse som dei færraste norske verksemder har internt.

Datafabrikken skal kunne gjere denne type avklaringar, i tillegg til å formidle data frå ulike kjelder. Datafabrikken skal legge til rette for at særleg SMB-ar og oppstartsselskap kan få tak i relevante data og støtte til å behandle dei. Data formidla gjennom fabrikken vil komme frå både privat næringsliv og offentlege verksemder. Datafabrikken blir utvikla og drifta av DigitalNorway i samarbeid med Digitaliseringsdirektoratet.