Digital næringsutvikling
Norsk næringsliv er i endring – og det skuldast ikkje primært koronakrisa, sjølv om mange er blitt påverka av denne. Auka globalisering gjennom dei siste tiåra påverkar rammevilkåra for norsk næringsliv. Samtidig gjer klimautfordringane at samfunnet, både Noreg og resten av verda, må omstille seg for å bli meir berekraftig.
Foto: © Yara International. Brukt etter avtale
Parallelt med dette ser vi ei teknologisk utvikling – særleg knytt til digitalisering – som krev ny kompetanse og evne til omstilling i eit stort tempo. Det kan dreie seg om automatisering og digitalisering, men òg om nye verdikjeder og forretningsmodellar.
Status
I ei undersøking KPMG har gjort for Kommunal- og moderniseringsdepartementet om digitalisering i næringslivet, seier 93 prosent av dei som har svart at dei har gjennomført digitaliseringsprosjekt dei siste to åra. 65 prosent seier at prosjekta har vore vellukka. 95 prosent meiner at verksemda vil ha nytte av auka digitalisering.
I digitaliseringsprosjekta som er gjennomførte er dei mest brukte teknologiane automatisering, digitale samhandlingsverktøy og bruk av skytenester og -plattformer. Verksemdene har i ulik grad tatt i bruk dei nyaste teknologiane som kunstig intelligens og IoT. Meir enn ein tredjedel seier at desse teknologiane ikkje er relevante for dei, mens færre enn 10% i stor grad har tatt desse teknologiane i bruk. Samtidig er dette relativt nye teknologiar, så det at rundt 40 prosent oppgir å ha tatt desse teknologiane i bruk i det heile tatt viser at det både er interesse og potensial for meir bruk i åra som kjem.
Den viktigaste motivasjonen for å digitalisere er effektivisering, men meir enn halvparten seier òg at dei digitaliserer for å gi kundane ei betre oppleving. Heile ein av tre seier at dei digitaliserer for å auke berekrafta i verdikjeda.
Norsk næringsliv er samansett. Nokre næringar er komne langt med digitalisering, mens andre tradisjonelt ikkje har vore så digitaliserte. Nore næringar er hardt ramma av korona, men ikkje alle. I dette dokumentet har vi vald ut eit par sektorar som er særleg viktige for Noreg – havbruk og maritim sektor. Vi ser òg på ein sektor som tradisjonelt ikkje har hatt så høg grad av digitalisering, men der det har vore ei spennande utvikling dei siste åra – landbruk. Og vi ser på reiseliv, som har blitt særleg hardt ramma av Covid-19.
Havbruk
Sjømatnæringa er den nest største næringa i landet. I 2020 eksporterte Noreg sjømat for 105,7 milliardar kroner, og næringa og leverandørindustrien sysselsette 44 000 årsverk, de fleste utanfor dei store byane. Sjømatnæringa er ei av dei næringane som i liten grad har blitt ramma av koronasituasjonen.
Havbruk har tradisjonelt vore prega av manuelt arbeid og lite bruk av data til prosessforbetring. Men stadig vekst i produksjonsvolum, strengare krav frå styresmaktene, forbrukarar og auka global konkurranse har ført til ei rivande utvikling innanfor automatisering og bruk av ny teknologi. Næringa går frå ein situasjon med nokre få manuelle målingar om dagen, til kontinuerlege straumar av data frå sensorar heile døgnet, året rundt. Dette gir mange nye moglegheiter, men det krev òg ny og moderne teknologi, ny kompetanse hos fagfolk, og nye måtar å samarbeide rundt data på. Dei sentrale teknologiane vil vere sensorar med automatisk innsamling av data, IoT, som kan sende data frå anlegga og miljøet til dataskya, og kunstig intelligens som kan gi ny innsikt.
Havbruksnæringa er i ein særstilling når det kjem til verdien av deling og samarbeid rundt data. Både store og små selskap finst i same fjordsystem med same driftsmetode, og har felles utfordringar som krev felles innsats og tiltak for at ein skal få til å løyse dei.
Teknologi som kan bidra til berekraftig oppdrett er ein forutsetning for langsiktig vekst i næringa. Næringsklynger er eit verkemiddel som kan vere egna for å fremme teknologisk næringsutvikling. Norwegian Innovation Clusters er eit samarbeid mellom Innovasjon Noreg, Forskingsrådet og Siva. Norwegian Centre of Expertice (NCE) Seafood Innovation Cluster er anerkjent som ein av verdas mest komplette næringsklynger og kunnskapsknutepunkt i sjømatnæringa. Klynga består av 70 partnarar, som totalt representerer 150 små og mellomstore bedrifter. Klynga har tyngdepunktet sitt i Hordaland, men er representert langs heile kysten av Noreg og i internasjonale sjømatregionar. Klynga har ansvaret for AquaCloud, eit initiativ som vil transformere bransjen ved hjelp av stordata.
BERGEN: Datadeling i oppdrettsnæringa
Data som blir samla på kvart enkelt oppdrettsanlegg kan ha ei rekke bruksområde med verdi for anlegget sjølv, naboanlegg/selskap, forvaltninga, samt både forskings- og kommersielle utviklingsmiljø. AquaCloud vil utvikle retningsliner og protokollar for data og datautveksling basert på opne standardar innanfor tre hovudområde: Sensordata, miljødata og data om fiskehelse.
Slik kan ein for eksempel få til tidleg varsling ved luseoppblomstring, algeoppblomstring eller kritiske vêrforhold. Sanntidsdata i stort omfang kan gi betre forvaltning, fordi ein kan gjere løpande vurdering av bereevne og belastning i eit fjordsystem. I dag hindrar tilgang til nok gode data programvareutviklarar og bedrifter i å drive fram ny innovasjon og nye dataprodukt. Enklare tilgang til data gjennom programmeringsgrensesnitt (API-ar) gjennom AquaCloud vil auke tilfanget av nye løysingar og senke terskelen for innovasjon. AquaCloud er eit initiativ frå klynga NCE Seafood Innovation.
www.aquacloud.ai
Eide Fjordbruk i Hardanger har sidan 2015 samarbeida med programvareselskapet Searis om å skape digital oppdrettsteknologi som skal gi fagfolka betre oversikt over dei forholda som påverkar fisk og fjord, lære raskare og ta betre val på tidlegare tidspunkt. Dei arbeider blant anna med utvikling av ei innovativ løysing – Clarify – der kunstig intelligens, maskinlæring og stordata blir brukt til å motarbeide lakselus.
www.efb.no – www.clarify.us
Foto: Eide Fjordbruk. Brukt etter avtale
Maritim næring
Den norske maritime næringa består av rederi, verft, utstyrsleverandørar og spesialiserte tenesteleverandørar. Næringa skapte i 2018 verdiar for om lag 89 milliardar kroner og sysselsette om lag 84 000 personar fordelt over heile landet. Maritim næring har blitt sterkt ramma av Covid-19. Krisa har gitt dramatiske konsekvensar for aktivitet, arbeidsplassar og finansiell evne i ei tid der næringa frå før av var økonomisk sårbar som følge av fallet i oljeprisen i 2014.
Digitalisering og automatisering pregar i aukande grad maritim næring gjennom meir automatiserte prosessar om bord på fartøy og meir integrerte system. Dette gir moglegheit for optimalisering av drift og betre kommunikasjon og tryggleik. Auka digitalisering vil kunne påverke handelsmønster, produksjonsmetodar, overvaking og drift i sektoren. Digitaliseringa fører til at det blir produsert meir data frå maritim næring enn tidlegare; data som blant anna kan brukast til maskinlæring. Dette vil kunne gi meir effektiv, sikker og miljøvennleg skipsfart, og auka verdiskaping.
Forskingsrådet sitt program for maritim verksemd og offshore-operasjonar, Maroff, skal støtte forsking og utvikling som bidrar til auka verdiskaping i den maritime næringa. Autonome og fjernstyrte fartøy og digitalisering av maritim næring er blant dei prioriterte områda i programmet.
I forbindelse med regjeringa sine økonomiske tiltak i møte med virusutbruddet blei det i 2020 løyvd pengar til bygging av to nye forskingsfartøy for Havforskingsinstituttet og Noregs geologiske undersøking, og til oppgradering og vedlikehald av eksisterande forskingsfartøy.
Digitale tvillingar
Skip har gjennom dei siste tiåra blitt stadig meir komplekse, med mykje programvare og integrasjon mellom tekniske løysingar levert av ei rekke ulike leverandørar. Det er krevjande å sikre optimalt samspel mellom dei ulike komponentane utan å kunne simulere korleis dei fungerer saman, for eksempel for å vurdere kva konsekvensar det vil ha om ein av komponentane blir oppgradert eller endra.
Bruk av skipsmodellar for optimalisering av skipsdesign og testing av stabilitet har ein lang tradisjon i maritim sektor. Konseptet digitale tvillingar kan minne om slike modeller, og er digitale representasjonar av fysiske objekt – som fartøy – vanlegvis med ekstra data som seier noko om kontekst, produksjon og annan informasjon. Slike digitale tvillingar kan brukast blant anna til optimalisering av design, bygging og drift av fartøy, og til å simulere samspel mellom komponentar.
TRONDHEIM: Open Simulation Platform
Open Simulation Platform (OSP) er eit initiativ frå industrien, basert på open kjeldekode. OSP skal tilby industrien verktøy og prosessar for å kunne konstruere og vedlikehalde digitale tvillingar for systemintegrasjon, testing og kontroll. Tanken er at ein skal kunne simulere maritimt utstyr, system og skip.
OSP skal gjere det mogleg å gjenbruke simuleringsmodellar på tvers av organisasjonar utan å eksponere forretningsløyndomar - modellane og programvara er beskytta i ein "svart boks". Prosjektet skal òg utvikle standardar for å kople saman modellar og kontrollsystem til store felles simuleringar.
Arbeidet med OSP blei starta i 2017 av DNV, Kongsberg Maritime, SINTEF og NTNU, og er sidan blitt utvida med ei rekke internasjonale partnarar. Delar av den tekniske utviklinga av OSP skjer i prosjekt som er støtta av Norges forskingsråd.
www.opensimulationplatform.com
Foto: © Open Simulation Platform. Brukt etter avtale
Landbruk
Norsk landbruk er viktig for å halde oppe matvaresikkerheit, verdiskaping, busetting og kulturlandskap. Landbrukseigedommar finst over heile landet, og til saman utgjer arealet av landbrukseigedommane over tre fjerdedelar av fastlandsarealet.
Noreg er eit land med høge kostnadar og med klima og topografi som påverkar økonomien i matproduksjonen. Desse kostnadsulempene fører til at norsk matproduksjon må bli meir effektiv for å vere konkurransedyktig, samtidig som vi tar vare på særpreget i norsk matproduksjon. Norske bønder har vore raske til å ta i bruk ny teknologi for å optimalisere eigen produksjon. Teknologiutviklinga med blant anna nye maskinar og automatisering har vore produktivitetsfremmande og arbeidssparande, og det har endra korleis ein driv landbruk. Dei siste 10 åra har norsk jordbruk hatt ein vekst i brutto arbeidsproduktivitet på 1,7 prosent per år. Gjennomsnittleg vekst for Fastlands-Noreg var 0,9 prosent per år i same periode.
Forsking og utvikling har, saman med nasjonal produksjon av nye landbruksmaskinar, vore viktig for at norsk jordbruk har vore innovativt og i stor skala har tatt i bruk ny teknologi. Norsk landbruk er sterkt mekanisert i verdsmålestokk.
Presisjonsjordbruk med hjelp av blant anna robotisert ugrasfjerning, sprøyting og gjødsling fører til reduserte kostnadar, gir mindre belastning på miljøet og større avlingar. Presisjonsjordbruk er eit strategisk satsingsområde både for forskingsmiljøa og for leverandørar av utstyr til jordbruket. For eksempel har mange bønder tatt i bruk sensorteknologi for å optimalisere produksjonsprosessen. Dette bidrar til å redusere kostnadane til gjødsel og plantevern, i tillegg til at det kan gi større avlingar og betre kvalitet.
Landbruksteknologi – agritek
Agritek er bruk av teknologi i landbruk for å auke avkastning, effektivitet og lønsamheit. I mange tilfelle vil slike løysingar òg vere meir berekraftige. Ei undersøking utført av NIBIO viser eit klart potensial for å auke konkurransekrafta innan grøntsektoren gjennom automatisering av manuelle oppgåver ved hjelp av robotikk, som mobile robotar for plantebehandling, utstyr for behovstilpassa tynning av fruktblomster, samt høsterobot for jordbær, bringebær og brokkoli. I planteproduksjonen har òg bruk av små, ubemanna dronar blitt eit nyttig hjelpemiddel ved at dei kan bere med seg sensorar som kartlegg og samlar inn data over areal og avlingsstatus. Dette gjere det mogleg for gardbrukaren å justere innsatsfaktorane sine gjennom vekstsesongen.
Offentleg/privat sektorutvikling i landbruket
Det blir nå gjennomført eit prosjekt for å auke landbruksnæringa si konkurransekraft og for å modernisere forvaltninga i sektoren. Landbruksnæringa samarbeider med departement, direktorat og forskings- og utdanningsinstitusjonar om blant anna samtykkebasert tilgang data innan næringa – både private og offentlege, betre støttesystem for avgjerder for bønder, digital søknad om landbrukslån og retningsliner for eigarskap til data i norsk landbruk.
Landbrukets dataflyt
Historisk har norsk landbruk i liten grad delt data på tvers av sektorar – for eksempel på tvers av husdyr- og planteproduksjon, eller med eksterne miljø. Dette endra seg med etableringa av eit felles påloggingssystem som forenkla utveksling av elektroniske data i landbruket. Etter etableringa av selskapa som nå utgjer Landbrukets Dataflyt er det dei siste ti åra utvikla samarbeid om deling av data mellom dei ulike delane av landbruket.
Selskapet har utvikla løysingar for bønder, varemottakarar, leverandørar, regnskapskontor, bankar, offentlege etatar og forskingsinstitusjonar. Fagsystema er registrert, integrert og deler data via ulike grensesnitt, for eksempel ved bruk av API-ar. Landbrukets Dataflyt driftar og utviklar òg ei felles autentiseringsløysing for landbruket. Løysinga fungerer òg for maskin-til-maskin-autentisering, slik at den kan autentisere f.eks. mjølkerobotar. Dette er starten på oppbygginga av eit IoT-register i landbruket der dataflyt og eigarskap av data knytt til IoT kan bli kopla mot personar og føretak.
LANGHUS: Smart plantevern – Kilter AX-1
Adigo er eit norsk selskap som jobbar på tvers av fagområda industridesign, maskin-konstruksjon, teknisk kybernetikk, informatikk og termodynamikk.
I prosjektet Asterix har dei utvikla ein autonom sprøyterobot, AX-1. Roboten bruker djuplæring og nevrale nett for å kjenne att plantene og sprøyte ugrasmiddel berre på ugraset og ikkje på nytteplanten eller på bakken. Dette reduserer bruken av plantevern-middel med opptil 95 prosent.
Fordi roboten berre veg 200 kg, kan han starte arbeidet på fuktig jord tidleg om våren utan å komprimere jorda, slik ein tung traktor vil gjere.
Asterix-prosjektet har fått støtte frå EUs Horisont2020-program, Forskingsrådet og Innovasjon Noreg.
www.asterixproject.tech
Foto: Anders Brevik. Brukt etter avtale
Reiseliv
Reiseliv var før korona-pandemien ei av verdas raskast voksande næringar. Næringa er viktig for arbeidsplassar og lokal utvikling, ikkje minst i mange distriktskommunar. Noreg har ein storslått natur, eit rikt mangfald av kulturminne og eit kulturliv som fangar internasjonal merksemd på stadig fleire område.
Reiselivet er blant dei næringane som har vore – og er – hardast ramma av koronapandemien. Sjølv om nordmenn i stor grad har feriert innanlands i år, så kompenserer det ikkje for manglande utanlandske turistar og dei store avgrensingane på messer og konferansar. Samtidig er det stor usikkerheit om utviklinga på lengre sikt. Delar av kundegrunnlaget er venta å vende tilbake når smitteverntiltaka blir oppheva, men pandemien kan gje langvarige og delvis permanente endringar i etterspørsel, som verksemdene må tilpasse seg. Erfaringane frå 2020 har ført til at næringa må omstille seg, blant anna til å drive meir effektivt. Dei store aktørane har i nokon grad moglegheit til å investere i denne type utviklingsarbeid sjølv, mens det kan vere krevjande for SMB-ane.
Dei moglegheitene som ligg i digitaliseringa av samfunnet har endra store deler av den tradisjonelle reiselivsnæringa. Internett, smarttelefon, stordata, elektroniske betalingsløysingar og sosiale medium har endra dei reisande sine forventningar til korleis ei reise skal opplevast, korleis vi oppdagar nye reisemål, korleis vi bestiller reiser, korleis vi finn fram på nye reisemål, korleis vi bur mens vi er på reise, korleis vi vel ut opplevingar og korleis vi deler minna frå reisene vi fortsett er på. Næringa sjølv har tatt i bruk moglegheitene som ligg i digitalisering, og auka produktiviteten sin blant anna gjennom effektivisering av arbeidsprosessar og nye måtar å nå ut til kundane på. Samtidig er bransjen òg prega av globale nettaktørar som TripAdvisor, Airbnb, Google og Expedia.
Forskarpool er ei ordning knytt til SkatteFUNN der bedrifter kan søke om inntil 50 timer med bistand frå ein forskar for å utvikle ein idé eller få innspel til ein problemstilling. Frå 2019 har ordninga vore særleg retta mot verksemder som treng hjelp til forsking innan IKT og reiseliv.
BODØ: Digital reiseguide – Bædi & Børdi
Bædi & Børdi utviklar digitale reiseguidar for heile familien og hjelper opplevingsbaserte aktørar som formidlar kunnskap med å tiltrekke seg barnefamiliar gjennom å tilby ei skreddarsydd løysing som fortel historiene på barna sine premiss.
Bædi er ei geit som er svært glad i fiskebollar laga av fiskeavfall. Om han et mange nok får han så mykje luft i magen at han blir ein ballong som kan fly. Fuglen Børdi kan ikkje fly. Utstyrt med biogassen til Bædi og retningssansen til Børdi legg dei ut på ballongferd for å redde barn som kjedar seg på ferie.
Reiseguiden dekkjer særleg mange attraksjonar nord i Noreg. Sametinget og Nordland Fylkeskommune har gitt støtte slik at Bædi & Børdi-appen nå òg er tilgjengeleg på nord-samisk.
www.baahdybirdy.com
Foto: © Monica Jakobsen Lunderøy. Brukt etter avtale