Covid-19 – ein katalysator for digitalisering
Virusutbrotet og tiltaka for å avgrense smitte påverkar store delar av norsk næringsliv og samfunnsliv. Mange bedrifter har vore nøydde til å stanse eller legge om drifta som følge av smitteverntiltaka. Andre har opplevd lågare etterspørsel eller avgrensingar på produksjon som følge av mangel på arbeidskraft eller forsinka leveransar. Andre deler av næringslivet har opplevd stigande etterspørsel, skift av omsetningskanalar og nye marknadsmoglegheiter. Kanskje ser vi òg utviklinga av nye distribusjonskanalar.
Foto: Chris Montgomery på Unsplash. Fri bruk
Koronakrisa har akselerert utviklinga på fleire område innan digitalisering. Det er sannsynleg at desse vil sette preg på arbeids- og samfunnsliv i lang tid framover.
Fjernarbeid
Omfattande bruk av video- og samhandlingsplattformer er kanskje den mest openberre effekten den enkelte har merka etter periodar med både heimeskule og heimekontor. Ei undersøking gjennomført av Norstat på vegne av IT-selskapet Computas viser at så mange som 8 av 10 verksemder har gjennomført digitaliseringstiltak som følge av Covid-19.
Over halvparten har rulla ut samhandlingsløysingar for eigne tilsette, og nesten like mange har utvikla nye løysingar og tenester. Om lag ein tredjedel har gjennomført opplæring av tilsette i bruk av ny teknologi og digitale verktøy. Dette er samarbeidsformer og kompetanse som ikkje vil forsvinne sjølv om viruset blir borte.
Heimekontor og endra reisemønster
I periodar har det blitt oppfordra til at alle som kan, skal ha heimekontor. For nokre fungerer dette fint, mens andre saknar både det fysiske og sosiale arbeidsmiljøet på kontoret. Mange opplever at det blir einsamt med lange dagar utan å møte kollegaer. Andre gler seg over meir fritid fordi dei slepp timesvis med pendling kvar veke. Det er vanskeleg å seie kva konsekvensane for arbeidssituasjonen til folk vil bli på lang sikt. Det er truleg at arbeidsplassar der det er mogleg òg etter koronakrisa vil ha meir fleksibilitet når det gjeld kor og når ein arbeider.
Koronapandemien har påverka reisevanane til folk. SSB har målt ein nedgang på 65 prosent i jobbreiser innanlands og 94 prosent i jobbreiser utanlands i 2. kvartal 2020 samanlikna med 2019. Den største nedgangen er i talet på flyreiser, men det er òg færre som reiser med tog, buss og ferje. Årsaka til nedgangen er truleg bruk av heimekontor, videomøte og videokonferansar.
Viss det blir meir vanleg å jobbe frå heimen òg etter koronakrisa kan det tenkast å påverke behovet for transport og kontorlokale på lang sikt. Større fleksibilitet i når ein treng å vere på jobb, kan gjere at det blir mindre press på vegar og kollektivtransport i dei store byane i rushtrafikken. Viss det ikkje lenger blir så viktig å bu nær jobben, fordi ein uansett samhandlar digitalt det meste av tida, kan vi òg på sikt få endringar i busettingsstrukturen rundt dei store byane.
Endra handlemønster – meir netthandel
Dei restriksjonane som følgde av koronapandemien fekk store konsekvensar for grensehandel og produksjon og sal av mat og drikke i Noreg. Frå 2019 til 2020 auka salet av daglegvarer og alkohol med 18 prosent, ifølge SSB. Grunnen var truleg at folk heller åt heime enn på spisestader ute, og at folk i praksis ikkje kunne reise til utlandet for å handle.
Pandemien førte òg til ein sterk auke i handel på nett: Verdien av netthandelen gjekk opp 48 prosent i desember 2020 samanlikna med desember 2019.
Redusert kontantbruk
Helsedirektoratet ga i midten av mars 2020 råd om at betaling først og fremst bør skje kontaktlaust og at kontantar berre skal brukast unntaksvis. I Noreg var kontantbruken allereie blant dei lågaste i verda - 7 prosent betalingane hausten 2019 var kontant. Våren 2020 har dette talet gått ned til 3 prosent av betalingane.
Måten å betale elektronisk på ved dei fysiske brukarstadane i Noreg er i ferd med å endre seg. Veksten i kontaktlause kortbetalingar har vore svært sterk etter at daglevarekjedene opna for kontaktlaus betaling, og særleg etter at helsestyresmaktene oppfordra til bruk av kontaktlause kortbetalingar av omsyn til smittevernet. Nærare 65 prosent av alle BankAxept-betalingar med fysiske kort blir nå gjennomførte kontaktlaust.
Endringar i helsesektoren
Då samfunnet «stengde ned» 12. mars 2020 blei det raskt tydeleg at digitalisering i helse- og omsorgstenesta kunne bidra til å behandle og følge opp sjuke under pandemien og til å avgrense smittespreiing. Digitale løysingar får stadig større betydning for helse- og omsorgstenestene.
I 2020 har fleire e-helsetenester fått auka bruk på grunn av koronasituasjonen. Digitale helsetenester hadde stor betydning for å redusere smittespreiing, fordi dei gjorde at møtet mellom helsepersonell og pasientar kunne skje utan fysisk kontakt. Fastlegen kunne gjennomføre konsultasjonar digitalt og heimetenesta kunne bruke velferdsteknologi til å redusere talet på fysiske besøk, samtidig som brukarane blei tatt vare på og kunne føle seg trygge. Fleire grupper av helsepersonell, som psykologar og fysioterapeutar fekk ikkje lov til å møte pasientar fysisk i starten av pandemien. Bruk av video bidrog til at mange likevel kunne fortsette verksemda si.
Fellesløysingar som helsenorge.no tilbyr kvalitetssikra helseinformasjon og moglegheit for å nytte administrasjonstenester som timebestilling, reseptfornying, e-konsultasjon og meldingar til legen. Fleire millionar innbyggarar har brukt desse tenestene i perioden då dei strenge smitteverntiltaka blei sette i verk. Helsenorge.no viste seg å vere heilt avgjerande for å få på plass nye digitale løysingar for helse- og omsorgssektoren. Plattforma bidrar til å bygge ned barrierane, og stimulere til meir bruk av digitale løysingar i pasientbehandlinga.
OSLO: Eyr – lege over video
Eyr er eit relativt nystarta selskap som tilbyr legekonsultasjonar over video gjennom ein mobilapp. Selskapet har 40 tilsette i Noreg og Danmark, og 20 av desse er legar.
Løysinga blei utvikla som eit svar på lange ventetider og manglande samhandling hos fastlegane. Rundt 1 million nordmenn har allereie tilgang til tenesta gjennom ulike forsikringar, men verdien av tenesta er blitt tydelegare under koronapandemien. Det har gjort at mange har oppdaga tenesta, og sommaren 2020 gjennomførte selskapet ein emisjon på 50 millionar kroner. Det statlege investeringsselskapet Investinor har gått inn med åtte millionar kroner i selskapet.
Eyr har ambisjonar om å nå ut på den internasjonale marknaden.
www.eyr.md
Foto: Eyr. Brukt etter avtale
Digitale konsultasjonar
I 2018 gjorde Forbrukarrådet ei undersøking som viste at innbyggarar ønskte å bruke moderne teknologi, både for å kommunisere med fastlegen og gjennomføre konsultasjonane digitalt. Bruk av digitale meldingar eller video i konsultasjonar har vore mogleg i fleire år. Likevel viste undersøkinga at berre 8 prosent av fastlegane kunne tilby legetime på video. Koronapandemien har ført til auka etterspørsel av digitale konsultasjonar. Fleire fastlegar har skaffa og tatt i bruk særleg video for første gong, både for å nå personar med luftvegssymptom som ikkje skulle oppsøke legekontor, men òg for andre sårbare pasientar som ikkje ønskte å oppsøke stader med mange menneske.
Helsestyresmaktene har tatt fleire grep for å støtte bruken av teknologi. Det blei opna for at digitale konsultasjonar skulle honorerast meir likt fysiske konsultasjonar. Hjelpepersonell hos fastlegane kunne utføre prosedyrar under rettleiing av legen i digitale konsultasjonar og fastlege og helsepersonell i den kommunale helse- og omsorgstenesta kunne kommunisere digitalt. Det blei òg opna for at telefon kunne brukast som e-konsultasjon under pandemien, og frå sommaren 2020 blei telefonkonsultasjonar likestilt med fysiske konsultasjonar i finansieringssystemet. Det er òg innført refusjon for andre typar digital oppfølging i spesialisthelsetenesta.
Direktoratet for e-helse utarbeidde ein rettleiar for å hjelpe helsepersonell i gang med sikre videokonsultasjonar, og laga ei informasjonsside med praktiske råd til helsepersonell om god bruk av video.
Tiltaka har fungert: E-konsultasjonar auka frå om lag 3 prosent før pandemien, til i meir enn 40 prosent dei første vekene etter 12. mars 2020, då dei strenge smitteverntiltaka blei sette i verk. Utover 2020 har pasientane i større grad kome tilbake til legen for fysiske konsultasjonar og talet på e-konsultasjonar hos fastlegane har stabilisert seg mellom 25 og 30 prosent.
Private legetenester basert på digitale konsultasjonar opplevde òg kraftig auke i pasientar som følge av koronapandemien. Gjennom samarbeid med forsikringsselskap kunne dei hjelpe mange nordmenn i utlandet. Dei private legetenestene har bidratt med å avlaste eit pressa helsevesen.
Digitale løysingar, som konsultasjonar via video eller tekst, eller oppfølging basert på målingar frå medisinsk utstyr heime hos pasienten, har fleire fordelar: Pasientane sparer tid som elles ville gått med til reise og venting, og både samfunnet og pasienten blir sparte for reisekostnader. Dette kan òg bidra til betre bruk av tida til helsepersonellet, og til at pasientar og innbyggarar opplever meir tryggleik og meistring i møte med helsetenestene.
ELVERUM: Sykehuset Innlandet – 5G i ambulanse
Når ein blir sjuk og treng behandling, har ein behov for hjelp raskt og effektivt. I eit pilotprosjekt ved Sykehuset Innlandet HF har ambulansepersonell blitt utstyrt med nettbrett, telefon eller talestyrt kamera som skal sørge for rettleiing og rask beslutningsstøtte frå luftambulansen, legevakt eller sjukehuslege i kritiske og uavklarte situasjonar.
Dei fleste ambulansar er i dag utstyrte med mobilt breiband, slik at personalet lett kan få rettleiing eller kome i kontakt med riktig mottakar. Med eit nettbrett, ein telefon eller eit talestyrt kamera som går via Telenor sitt 5G-nett, sender dei video- og talestraum direkte til vakthavande lege som kan gi korrekt rettleiing om korleis ambulansepersonalet best skal vareta pasienten.
Foto: Sykehuset Innlandet HF. Brukt etter avtale
Digitale verktøy for smittesporing
Smittesporing og testing er viktige element i den norske strategien mot Covid-19. Alle med symptom bør teste seg, og alle som får påvist koronasmitte skal isolere seg. Det er viktig å smittespore rundt bekrefta tilfelle av covid-19 for å redusere og raskt stoppe vidare spreiing av smitte i samfunnet. Det er først og fremst kommunane som har ansvaret for smittesporing i Noreg.
Smittesporing i kommunane
Då pandemien trefte oss mangla vi løysingar for smittesporing i kommunane. Det blei imidlertid raskt etablert løysingar i marknaden som kommunane kunne ta i bruk. Nesten alle kommunar har nå tatt i bruk digitale verktøy for smittesporing, noko som gjer jakta på smitte sikrare, enklare og meir effektiv. Det blir lettare å samarbeide om sporing, og å følge opp dei som er smitta eller i karantene. I tillegg gir det FHI ei betre nasjonal oversikt.
Smitten spreier seg raskt, og det er viktig at vi klarer å bryte smittekjeder så raskt som mogleg. 21. desember 2020 lanserte FHI ein ny versjon av Smittestopp – den mobile applikasjonen for smittesporing. Alle over 16 år kan laste ned og ta i bruk applikasjonen, som skal bidra til at dei som har vore nær nokon med bekrefta Covid-19 smitte raskt får varsel med råd om å teste seg. I april 2021 hadde fleire enn ein million brukarar lasta ned applikasjonen. Det er frivillig å laste ned applikasjonen, men dess fleire som tar applikasjonen i bruk, dess fleire smittekjeder kan bli brotne.Bruk av teknologi for oppfølging av Covid-19 i kommunar
Interessen for bruk av velferdsteknologi og digital heimeoppfølging av pasientar har auka betrakteleg som følge av koronapandemien. Fleire kommunar har tilbudd digital oppfølging heime til pasientar med Covid-19 med god effekt. For eksempel har bruk av pulsoksymeter – eit apparat som blir festa til fingeren på personar som har Covid-19 – og ein app installert på smarttelefonen eller nettbrettet til pasientane, gjort at helsepersonell kan følge med på oksygenmetninga i blodet og andre vitale mål utan å vere nær den sjuke. Oksygenmetninga er ein særleg viktig indikator for koronasjuke.
Utprøving av ulike teknologiar for heimeoppfølging i kommunane har gitt gode resultat. Monitorering av pasientar heime har for eksempel medverka til at ein har kunna oppretthalde eit godt tenestetilbod under pandemien, samtidig som ein har skjerma både pasientar og personell frå smitte gjennom direkte personkontakt.
Dette gjer for eksempel at ein ikkje treng å bruke like mykje smittevernutstyr, noko som var spesielt viktig tidleg i pandemien då det var utfordringar med tilgang på slikt utstyr. Digital oppfølging kan skje både på koronapasientar som er innlagde på sjukehus, og frå heimen.
Seks kommunar og kommunesamarbeid har deltatt i prosjektet «Digital heimeoppfølging av kronisk sjuke», som var ramma rundt bruken av pulsoksymeter for å monitorere koronapasientar. Før pandemien testa kommunane ulike teknologiar til digital oppfølging heime for pasientar med kroniske sjukdommar som kols, hjartesjukdom og diabetes. Prosjektet er ein del av Nasjonalt velferdsteknologiprogram, eit samarbeid mellom KS, Direktoratet for e-helse og Helsedirektoratet.
Målet med programmet er at fleire kommunar tar i bruk velferdsteknologi. Erfaringar viser at rett bruk av velferdsteknologi kan bidra til meir effektiv bruk av ressursar i helse- og omsorgstenestene i kommunane, og auka tryggleik og sjølvstende for innbyggarar og pasientar.
OSLO: Teknologi for dei som ikkje kan risikere smitte: No Isolation
No Isolation er et norsk teknologiselskap som har som mål å redusere ufrivillig einsemd og sosial isolasjon. No Isolation har blant anna utvikla roboten AV1 som hjelper barn som av ulike grunnar ikkje kan vere fysisk på skulen. Ved hjelp av AV1 kan dei likevel gå på skule og halde kontakt med venene sine – utan å vere der.
Eit anna viktig produkt er KOMP – ein skjerm med berre éin knapp, som er laga spesielt for dei som ikkje meistrar smarttelefonar og nettbrett. Med KOMP kan heile familien enkelt kople seg til via ein app, og sende bilde og meldingar og gjennomføre tovegs videosamtaler med for eksempel bestemor eller bestefar.
No Isolation har opplevd ein stor auke i salet av sine produkt under koronakrisa. Eldreproduktet KOMP har 20-dobla salet i mars og april 2020 i forhold til 2019. Skuleroboten AV1 har òg god etterspørsel etter at skulene opna igjen i april 2020.
www.noisolation.no
Foto: Estera Kluczenko/No Isolation. Brukt etter avtale