5 Oppheving av særreglar om gjenopptak av dagpengar når avbrotet skuldast deltaking i arbeidsmarknadstiltak, avtent verneplikt eller sjukdom som skuldast graviditet – folketrygdlova § 4-16
5.1 Innleiing
Regjeringa foreslår å oppheve folketrygdlova § 4-16 andre ledd, om at dei som har deltatt i arbeidsmarknadstiltak, avtent verneplikta eller som har vore sjuke på grunn av graviditet, slik at dei har hatt brot i dagpengeperioden på meir enn 52 veker, likevel kan ta opp att dagpengeperioden sin.
5.2 Gjeldande rett
Arbeidssøkjarar som har hatt opphald i dagpengeperioden på inntil 52 veker, kan etter gjeldande reglar ta opp att det tidlegare dagpengevedtaket sitt og halde fram forbruket av dagpengeperioden der det var då utbetalinga blei stansa, og med den same dagsatsen. Dagpengemottakarane kan også ta opp att dagpengane sjølv om det er gått meir enn 52 veker sidan den siste utbetalinga, når grunnen til brotet var deltaking i arbeidsmarknadstiltak, avtent verneplikt eller sjukdom som følgje av graviditet. Dette går fram av folketrygdlova § 4-16 andre ledd.
5.3 Vurderingar og forslag
Svangerskapsrelaterte sjukepengar, foreldrepengar og svangerskapspengar er frå 2011 likestilt med arbeidsinntekt etter folketrygdlova § 4-4. Etter at oppteningsperioden for rett til dagpengar og berekninga av dagpengane, jf. folketrygdlova §§ 4-4 og 4-11, blei flytta heilt fram til søknadstidspunktet i 2019, vil truleg dei fleste som har slike langvarige brot i dagpengeperioden, fylle vilkåra for ein ny dagpengeperiode. I folketrygdlova § 4-19 er det gitt særreglar om rett til dagpengar etter avtent verneplikt, som også sikrar rett til dagpengar ved periodar med brot i stønadsperioden. Arbeidsmarknadstiltak for dagpengemottakarar varar vanlegvis ikkje så lenge at den generelle regelen om gjenopptak innanfor 52 veker ikkje kan nyttast. Dermed er det i langt mindre grad enn tidlegare, behov for den særlege gjenopptaksregelen for brot i dagpengeperioden på meir enn 52 veker. Som følgje av det og for å gjere regelverket enklare, foreslår regjeringa å oppheve særreglane i § 4-16 andre leddet, knytt til deltaking i arbeidsmarknadstiltak, tidlegare verneplikt eller sjukdom på grunn av graviditet.
Det blir vist til forslaget til endring av folketrygdlova § 4-16 i lovforslaget.
Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde frå 1. januar 2023.
5.4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Endringa har venteleg ikkje økonomiske konsekvensar, men inneber ei administrativ forenkling.