1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i:
lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse
lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv.
lov 22. juni 1962 nr. 22 om pensjonsordning for sykepleiere
lov 14. desember 1973 nr. 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v.
lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd
lov 19. februar 2010 nr. 5 om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor
lov 25. juni 2010 nr. 28 om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse
Dei følgjande lovendringane er nødvendige som følgje av forslag som er lagt fram i Prop. 1 S (2022–2023) Statsbudsjettet 2023:
endringar i oppteningsperioden for dagpengar – folketrygdlova §§ 4-4, 4-11 og 4-15
endringar i barnetillegget til dagpengar under arbeidsløyse – folketrygdlova § 4-12
innføring av ferietillegg til dagpengar under arbeidsløyse – folketrygdlova § 4-14
forenkling av reglane om gjenopptak av dagpengar – folketrygdlova § 4-16
innføring av ferietillegg til sjukepengar på grunnlag av dagpengar – folketrygdlova § 8-49
Innføringa av heimel for ny stønadsordning for briller til barn i folketrygdlova ny § 10-7 a er ei nødvendig følgje av budsjettavtala for 2022.
For å sikre kjønnsnøytralitet, blir det foreslått å endre lovteksten i tre ulike tenestepensjonslover. Vidare blir det fremja forslag om presiseringar som bidrar til å gjere innhaldet tydelegare og meir i samsvar med gjeldande praksis. Dette gjeld mellom anna endringane som blir foreslått i folketrygdlova §§ 4-4 og 4-11.
I folketrygdlova §§ 3-25 og 8-17 og i lønnsgarantilova § 1 er det feil i lovteksten som blir foreslått retta.
Reglane om regulering av alderspensjon frå folketrygda blei endra gjennom behandling i Stortinget av Prop. 41 L (2021–2022) og Innst. 194 L (2021–2022), sjå endringslov 1. april 2022 nr. 17. Enkelte reglar i folketrygdlova, lov om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor og lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse burde ha vore omfatta av endringslova 1. april 2022 nr. 17. Departementet foreslår å endre desse reglane no. Endringane er av opprettande karakter.
Forslaget om heimel for ny stønadsordning for briller til barn i folketrygdlova ny § 10-7 a har vore på høyring. Etter utgreiingsinstruksen punkt 3-3 femte ledd, kan ein unnlate å høyre forslag som gjeld statsbudsjettet, då dei kan vere unntatt frå offentlegheit etter offentleglova § 22. Dei forslaga som følgjer av framlegget til statsbudsjett, har ikkje vore på høyring.
Det er ikkje behov for høyring av forslag som ikkje inneber nokon realitetsendringar. Dei forslaga dette gjeld, har ikkje vore på høyring fordi høyring då må reknast som «åpenbart unødvendig» jf. utgreiingsinstruksen punkt 3-3 andre ledd tredje kulepunkt.