8 Sammenslåing av Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune
8.1 Prosess, behandling og vedtak i fylkeskommunene
Fylkestingene i Hordaland og Sogn og Fjordane drøftet navn på det nye fylket i felles fylkestingsmøte 27. oktober 2017. Samme dag fattet begge fylkestingene likelydende vedtak om navn:
Den nye fylkeskommunen sitt namn skal vere Vestlandet fylkeskommune.
På bakgrunn av reaksjoner i nabofylkene, innkalte kommunal- og moderniseringsministeren Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Rogaland fylkeskommuner til møte 19. januar 2018 for å drøfte navnet på den nye fylkeskommunen.
I etterkant av dette møtet har fylkesutvalgene i Hordaland og Sogn og Fjordane avgitt nye uttalelser om navnet på ny fylkeskommune.
Fylkesutvalget i Hordaland avga følgende uttalelse den 1. februar 2018:
Fylkesutvalet tilrår at namnet til det nye samanslåtte fylket Hordaland/Sogn og Fjordane vert «Vestland».
Fylkesutvalget i Sogn og Fjordane avga følgende uttalelse den 12. februar 2018:
Fylkesutvalet tilrår at namnet til det nye samanslåtte fylket Hordaland og Sogn og Fjordane vert «Vestland».
8.2 Språkrådets uttalelse
Departementet viser til Språkrådets uttalelse av 19. oktober 2017:
Me viser til førespurnaden frå fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Hordaland 25. september 2017, og me seier oss leie for at svaret kjem noko seinare enn det de ønskte. De har bede oss vurdera namnet Vestlandet som nytt fylkesnamn ved samanslåing av dei to fylkeskommunane. I denne saka har me fått råd frå konsulentane for stadnamntenesta for Vestlandet. Språkrådet meiner namnet Vestlandet i seg sjølv er godt, men at det vil vera uheldig å bruka det om berre to av fire vestlandsfylke. Andre moglege, men ikkje ideelle, kandidatar for dagens to fylke kunne vera det gamle amtsnamnet Bergenhus, bispedømenamnet Bjørgvin eller noko som byggjer på det gamle lagtingsnamnet Gulating. Dobbeltnamnet Hordaland og Fjordane kan òg vurderast. Me seier meir om dei ulike namna nedanfor.
Vestlandet
Namnet Vestlandet blir bruka om landsdelen som består av Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. (Nordgrensa er rett nok ikkje heilt fast i alle samanhengar.) Tidlegare var òg dei to agderfylka rekna til Vestlandet, men dette gjekk ut av bruk på 1900-talet da Sørlandet voks fram som eige namn på denne sørlege delen av landet.
Om alle dei fire vestlandsfylka hadde blitt eitt storfylke, ville Vestlandet ha vore eit opplagt val. Hadde tre av fire fylke vore med, kunne det nok òg forsvarast. Men å avgrensa Vestlandet til det som i dag er to fylke, bryt med tradisjonell språkbruk. Reiser ein til Vestlandet, kan målet like gjerne vera Sauda og Ørsta som Førde og Voss. Det vil oppstå ei uheldig dobbelttyding om Vestlandet både skal vera namn på eit nytt storfylke og på landsdelen som i dag går over fire fylke. Om me legg innbyggjartala i dei fire fylka til grunn, bur over halvparten av vestlendingane utfanfor dei to fylka som no slår seg saman.
Andre namn
Kva skulle ein elles kunna velja som namn på den nye eininga? Amtsnamnet Bergenhus må nemnast. Da fylkesnamna Hordaland og Sogn og Fjordane blei tekne i bruk i 1919, avløyste dei høvesvis Søndre-Bergenhus og Nordre-Bergenhus. Bergenhus blei oppretta som amt i 1671, og seinare blei det altså delt i 1763, med ei vidare utskiljing av Bergen som eige amt i 1831. Namnet er danna på same måte som Akershus, etter festningsverket som i dansketida var hovudsete i det aktuelle forvaltningsområdet. Det knyter seg sjølvsagt til byen Bergen, og nett det kan vera det som talar mest imot dette namnet.
Bispedømenamnet Bjørgvin, som dekkjer nettopp dei to fylka Hordaland og Sogn og Fjordane, knyter seg òg til Bergen. Det er ei restituert form av det gammalnorske namnet på byen. Eit gammalt bynamn som fylkesnamn kan vera mogleg, men er ikkje den ideelle erstatninga for gamle områdenamn som Hordaland og Sogn og Fjordane.
Eit tredje historisk namn på Vestlandet er Gulatinget, som no er bruka for Gulating lagmannsrett. Det femnde i gammalnorsk tid først om Hordafylke, Sygnafylke og Firdafylke, altså det området som svarar til den nye regionen. Seinare blei Gulatinget eit monaleg større område, som strekte seg over dagens fire vestlandsfylke, dei to agderfylka og delar av Austlandet. I namnet Gulatinget er leddet Gula- ei gammal genitivsform, jamfør Horda- i Hordaland. Ei samskriving som Gulafylke kunne vera ei mogleg form, men ville i så fall gi dobbelt bruk av fylke i ei samansetjing som Gulafylkefylkeskommune.
Me nemner òg moglegheita med dobbeltnamn, slik me i dag har i fylkesnamna Møre og Romsdal og nett Sogn og Fjordane. Det vil kunna vera aktuelt med slike dobbeltnamn òg ved somme av fylkessamanslåingane i den reforma som er i gang. Det er likevel openbert at eit trippelnamn som Hordaland og Sogn og Fjordane ikkje kan vera aktuelt. Me nemner difor at før dei nye fylkesnamna blei tekne i bruk i 1919, var det i 1915 framlegg frå Hjalmar Falk og Marius Hægstad i Utredning omlandets inndelingsnavne om enkeltnamnet Fjordane for det som blei Sogn og Fjordane. I dette var det ei forståing av at namnet kunne femna om dei tre områda Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. («For dette amt vilde efter vor mening et navn som Fjordane (fylke) høve meget godt, da det netop er de flere lange fjorde – som Sognefjorden, Søndfjord og Nordfjord –, der gir dette amt sit særpræg.» (S. 12 hos Falk og Hægstad.)) Me er ikkje trygge på at det lèt seg gjera å finna ei slik sams forståing i dag, men det kunne i så fall gi dobbeltnamnet Hordaland og Fjordane.
Konklusjon
Vestlandet er eit godt namn, men passar dessverre ikkje på eit nytt storfylke der berre om lag halvparten av vestlendingane kjem til å bu. Namn som Bergenhus, Bjørgvin, Gula(fylke) og Hordalandog Fjordane bør nemnast som alternativ, men det kan vera innvendingar mot dei alle. Vårt beste råd ville vera at det blir sett ned eigne namnekomitear for dei nye storfylka der namnet ikkje er opplagt, og at det er med medlemmer med både namnefagleg og politisk kompetanse.
8.3 Departementets vurdering
Fylkeskommunene Hordaland og Sogn og Fjordane har behandlet spørsmålet om navn på den nye sammenslåtte fylkeskommunen to ganger. Begge fylkestingene vedtok 27. oktober 2017 at navnet skulle være Vestlandet. Dette navnevalget vakte sterke reaksjoner, og særlig har de to nabofylkene, Møre- og Romsdal og Rogaland, vært negative. De mener at det er uheldig at landsdelsnavnet Vestlandet bare skal brukes om to av dagens fylker.
Språkrådet mener navnet Vestlandet i seg selv er godt, men at det ikke passer fordi «berre om lag halvparten av vestlendingane kjem til å bu» i det nye storfylket. Språkrådet mener at dette bryter med tradisjonell språkbruk og kan skape forvirring dersom samme navn skal brukes både på det nye fylket og for hele landsdelen. Språkrådet foreslår flere alternative navn: Bergenhus, Bjørgvin og Gulatinget og drøfter også muligheten for dobbeltnavnet Hordaland og Fjordane.
Departementet har mottatt mange navneforslag, både fra privatpersoner og organisasjoner. Denne saken har også vært gjenstand for stor mediedekning, både lokalt og nasjonalt. Departementet ønsket derfor å ha et møte med alle de fire berørte fylkeskommunene, Møre- og Romsdal, Rogaland, Sogn- og Fjordane og Hordaland, for å diskutere navn på det nye sammenslåtte fylket. Fylkesutvalgene i Hordaland og Sogn og Fjordane har i etterkant av møtet fattet nye vedtak om at navnet isteden skal være Vestland.
Når de to fylkeskommunene har valgt navnet Vestland i stedet for landsdelsbetegnelsen Vestlandet i bestemt form, mener departementet at dette er et bedre alternativ. Faren for navneforveksling mellom den nye fylkeskommunen og landsdelen er mindre. Kommunal og moderniseringsdepartementet foreslår derfor at navnet på den nye fylkeskommunen blir Vestland.