Forslag
til lov om endringer i yrkestransportloven (sentraltilknytningsplikt og justering av løyveplikten for drosje)
I
I lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy gjøres følgende endringer:
§ 4 skal lyde:
§ 4. Løyve for persontransport med motorvogn registrert for meir enn 9 personar
(1) Den som mot vederlag vil drive nasjonal eller internasjonal persontransport med motorvogn registrert for meir enn ni personar, må ha løyve. Det same gjeldden som utfører persontransport mot vederlag på liknande måte som drosje når tilbod om transport vert retta til ålmenta på offentleg plass eller via digitale plattformer.
(2) Løyve skal tildelast den som
a. driv ei faktisk og varig verksemd i Noreg
b. har god vandel
c. har tilfredsstillande økonomisk evne, og
d. har tilstrekkeleg fagleg kompetanse.
Overskriften i § 9 skal lyde:
§ 9. Løyve for persontransport med motorvogn registrert for inntil 9 personar utanfor rute
§ 9 første og andre ledd skal lyde:
(1) Den som mot vederlag, og med mål om forteneste, vil drive persontransport utanfor rute med motorvogn registrert for inntil 9 personar, må ha drosjeløyve. § 4 andre ledd bokstav a til d gjeld tilsvarande. Løyveplikt gjeld óg for den som utfører persontransport mot vederlag på liknande måte som drosje når tilbod om transport vert retta til ålmenta på offentleg plass eller via digitale plattformer. Løyveplikt etter tredje punktum gjeld sjølv om den som utfører transporten ikkje har mål om forteneste.
(2) Den som har løyve etter denne føresegna skal vere knytt til ein drosjesentral. Løyvehavar skal rapportere dei opplysningane til sentralen som sentralen treng for å ivareta sine plikter etter §§ 9 c og 9 d i denne lova. Løyvehavaren skal sikre at betaling for all løyvepliktig drosjetransport vert registrert i taksameter hos ein drosjesentral som løyvehavar er knytt til. Løyvestyresmakta kan gje dispensasjon frå krava i dette leddet på vilkår som vert nærare fastsett av departementet i forskrift.
Nåværende andre til femte ledd blir nye § 9 tredje til sjette ledd.
Ny § 9 b skal lyde:
§ 9 b. Løyve for å drive drosjesentral
(1) Den som vil drive drosjesentral må ha løyve. Løyve skal tildelast søkjarar som oppfyller krava i § 4 andre ledd bokstav a til c.
(2) Drosjesentralen skal ha ein dagleg leiar.
Ny § 9 c skal lyde:
§ 9 c. Drosjesentralen sine plikter til å samle inn, lagre og sende inn informasjon
(1) Drosjesentralen skal ha opplysningar om:
a. løyvehavarar som er knytt til sentralen,
b. sjåførar som er tilsette hos tilslutta løyvehavarar,
c. drosjer som er tilknytta sentralen og registreringsnummeret på drosjene,
d. taksameter som er installert i drosjen, inkludert serienummer,
e. talet på drosjer som til ei kvar tid er tilgjengelege for sentralen og kva for geografiske område drosjene dekker,
f. dei drosjene dei tilknytte løyvehavarane disponerer som er tilpassa personar med nedsett funksjonsevne.
(2) Drosjesentralen skal løpande og digitalt samle inn og lagre opplysningar om posisjonsdata for drosjeturar som drosjeløyvehavaren har loggført etter § 9 fjerde ledd. Sentralen skal lagre opplysningane i 60 dagar.
(3) Drosjesentralen skal løpande og digitalt samle inn og lagre dei opplysningane som vert krevd med heimel i lov 19. november 2004 nr. 73 om bokføring for dei løyvehavarane som er knytt til sentralen. Sentralen skal lagre opplysningane i fem år etter slutten av rekneskapsåret.
(4) Drosjesentralen skal løpande og digitalt samle inn og lagre pris for drosjetransport i område der det er fastsett pristak med heimel i lov 11. juni 1993 nr. 66 om pristiltak for dei løyvehavarane som er knytt til sentralen.
(5) Drosjesentralen sine administrative system skal årleg gjennomgå ein systemrevisjon for å sikre datatryggleik og datakvalitet. Systemrevisjonen skal dokumenterast gjennom ei uavhengig revisorfråsegn eller gjennom godkjent sertifiseringsordning.
(6) Drosjesentralen skal, når styresmaktene ber om det, sende inn dei opplysningane som følgjer av første til femte ledd.
(7) Opplysningar som er nemnde i første til femte ledd skal lagrast i EØS-området og vere tilgjengelege for styresmaktene på det formatet dei krev.
Ny § 9 d skal lyde:
§ 9 d. Drosjesentralane sine øvrige plikter
(1) Kvar drosjesentral skal ha ei klageordning. Kundar og andre med klageinteresse kan klage på pris og kvalitet på både sentralen og drosjeløyvehavar sine tenester. Drosjesentralen skal sørge for at kunden får opplysingar om klageretten, og om at klaga kan sendast til Forbrukertilsynet dersom kunden ikkje får medhald i klagen.
(2) Drosjesentralen skal sørge for at ein tilstrekkeleg del av dei drosjane som er knytt til sentralen er utforma eller utstyrt for transport for personar med nedsett funksjonsevne i samsvar med gjeldande føresegner om tekniske krav til universell utforming av motorvogn i løyvepliktig transport.
(3) Om det er fleire sentralar i same område kan dei samarbeide om å oppfylle pliktene i andre ledd.
(4) Ein drosjesentral som vil drive verksemd i fleire fylke, skal sende melding om dette til dei aktuelle fylkeskommunane.
Ny § 9 e skal lyde:
§ 9 e. Unnatak frå sentralane sine plikter
Løyvestyresmakta kan gje sentralane unnatak frå pliktene etter §§ 9 c og 9 d.
Ny § 9 f skal lyde:
§ 9 f. Pålegg om retting
Løyvestyresmakta kan treffe vedtak med pålegg om retting der sentralen ikkje oppfyller krav og etterlever plikter som følgjer av §§ 9 b, 9 c og 9 d. Det skal setjast ein frist for retting. Dersom pålegget ikkje vert følgt, kan løyvet trekkast tilbake.
Ny § 9 g skal lyde:
§ 9 g. Forskrifter om drosjesentralar
Departementet kan gje nærare forskrifter om krava til drosjesentralar og pliktene til sentralane etter denne lova.
§ 12 andre ledd skal lyde:
(2) Løyve etter § 9 og 9 b vert gjevne av fylkeskommunen.
§ 19 oppheves.
§ 20 skal lyde:
§ 20. Transport med ambulanse
Det trengst ikkje løyve for transport av sjuke eller skadde personar med godkjend ambulanse.
§ 21 første ledd skal lyde:
(1) Departementet kan i forskrift eller einskildvedtak fastsetje unnatak frå kravet om løyve eller einskilde vilkår for løyve, for særskilte slag transportar eller motorvogner dersom det ikkje er i strid med internasjonal avtale der Noreg er part.
§ 27 andre ledd skal lyde:
(2) Løyve etter § 9 b gjeld utan avgrensing i tid.
Nåværende andre og tredje ledd blir nye tredje og fjerde ledd.
§ 35 skal lyde:
Departementet gjev nærare forskrifter om kvar enkelt løyveordning og utfyllande forskrifter til gjennomføring av lova. Departementet kan i forskrift stille krav til verksemd som er unnateke frå krav om løyve etter denne lova.
§ 37 a første ledd skal lyde:
Førar av drosje, turvogn og rutevogn må under løyvepliktig persontransport etter §§ 4, 6 og 9, ha kjøresetel i tillegg til førarkort.
II
1. Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer. Bestemmelsene kan tre i kraft til ulik tid.
2. Departementet kan gi nærmere overgangsregler.