6 Jernbaneformål
Kap. 1352 Jernbanedirektoratet
Post 21 Spesielle driftsutgifter – utgreiingar
I 2022 er det løyvd 125,6 mill. kr på kap. 1352, post 21 Spesielle driftsutgifter – utgreiingar. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 20,0 mill. kr.
Fleire planar og utgreiingar har blitt sett i gang seinare enn planlagt, noko som reduserer behovet for midlar i 2022.
Post 71 Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald
I 2022 er det løyvd 7 593,3 mill. kr på kap. 1352, post 71 Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 273,5 mill. kr.
Togselskapa betaler Bane NOR SF for tenester dei bruker under sportilgangsavtalane. Desse inntektene skal trekkjast frå løyvinga til drift og vedlikehald. For togselskapa inneber dette behov for auka vederlag frå staten over kap. 1352, post 70 Kjøp av persontransport med tog. For 2022 har togselskapa betalt 273,5 mill. kr meir i køyrevegsavgifter enn det var lagt til grunn i Prop. 1 S (2021–2022) for Samferdselsdepartementet. Det auka vederlaget til togselskapa i 2022 kan dekkjast innanfor gjeldande løyving på kap. 1352, post 70.
Kap. 1356 Bane NOR SF
Post 95 (Ny) Kapitalinnskot
Departementet foreslår å løyve 7,2 mill. kr på kap. 1356, post 95 Kapitalinnskot.
Bane NOR SF har det overordna ansvaret for å levere bergings- og beredskapstenester på jernbanenettet. Vygruppen AS har eigd bergings- og beredskapsmateriell. Dette materiellet blei overført frå Vygruppen AS til Bane NOR SF 1. oktober 2022, slik at Bane NOR no eig alt bergings- og beredskapsmateriellet. Overføringa av materiellet blei gjennomført ved tingsuttak til bokført verdi frå Vygruppen AS gjennom kapitalnedsetting, og tingsinnskot til Bane NOR SF gjennom ein auke av innskotskapitalen. Bokført verdi på materiellet er 7,2 mill. kr, jf. omtale under kap. 4353, post 96 Tilbakebetaling aksjekapital.
Kap. 4353 Vygruppen AS
Post 96 (Ny) Tilbakebetaling aksjekapital
Samferdselsdepartementet foreslår å løyve 7,2 mill. kr på kap. 4353, post 96 Tilbakebetaling aksjekapital, i samband med overføring av bergings- og beredskapsmateriell frå Vygruppen AS til Bane NOR SF, jf. omtale under kap. 1356 Bane NOR SF, post 95 Kapitalinnskot.