5 Særskilde transporttiltak
Kap. 1330 Særskilde transporttiltak
Post 71 Tilskot til kommersielle buss- og båtruter som følgje av smitteverntiltak
I 2022 er det løyvd 25 mill. kr. I 2022 er det utbetalt til saman 18.9 mill. kr til kommersielle buss- og båtruter i perioden med smitteverntiltak. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1330, post 71 Tilskot til kommersielle buss- og båtruter som følgje av smitteverntiltak, med 5 mill. kr.
Ordninga gjaldt berre for periodar der myndigheitspålagte smitteverntiltak avgrensa reiseaktiviteten i befolkninga. Basert på endeleg rekneskap for 2022 frå selskapa som har motteke tilskot, kan det bli aktuelt med utbetalingar òg i 2023. Samferdselsdepartementet foreslår derfor at posten får tilføydd stikkordet «kan overførast».
Kap. 1332 Transport i byområde mv.
Post 66 Tilskot til byområde
I 2022 er det løyvd 3 024,1 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1332, post 66 Tilskot til byområde, med 510 mill. kr.
I Prop. 1 S (2022–2023) for Samferdselsdepartementet blei Stortinget orientert om at fylkeskommunane ved utgangen av 2021 ikkje hadde nytta om lag 1,25 mrd. kr av belønningsmidlar og tilskot til betre kollektivtilbod som var utbetalte. Midlane er betalt ut til dei fire største byområda dei siste åra. Årsaka til dei akkumulerte midlane er samansett, men kan m.a. knytast til koronapandemien og til forseinka framdrift på prosjekt og tiltak for kollektivtrafikken.
Prognosane gjennom året har vist at akkumulerte ubrukte midlar i fylkeskommunane vil bli redusert i 2022 samanlikna med 2021, men at det framleis vil vere på eit høgt nivå ved utgangen av året. Statens vegvesen har derfor heldt tilbake 500 mill. kr av løyvinga for 2022. Siste prognose viser at fylkeskommunane ligg an til å ha ubrukte midlar på om lag 900 mill. kr ved utgangen av året viss heile den gjeldande løyvinga for 2022 blir utbetalt. Samferdselsdepartementet legg derfor til grunn at midlane som er heldt tilbake av Statens vegvesen, ikkje bør utbetalast til fylkeskommunane i år, og at dette blir kompensert til dei aktuelle byområda seinare i avtaleperioden.
Samferdselsdepartementet vil, saman med Statens vegvesen og dei lokale partane i byvekstavtalane, vurdere ytterlegare tiltak for å redusere akkumulerte midlar hos fylkeskommunane i 2023.
Avsettinga til mindre investeringar i gange-, sykkel- og kollektivtiltak på fylkesveg og kommunal veg blir foreslått redusert med 10 mill. kr. Det er om lag 70 mill. kr som enno ikkje er utbetalt til slike mindre investeringstiltak. Dette kjem av at nokre prosjekt er forseinka. Resterande midlar til dei aktuelle prosjekta blir utbetalt seinare i avtaleperioden basert på nye vurderingar av framdrift.