5 Interne endringar på kap. 1720 Forsvaret
Tabellen på neste side viser interne endringar på avdelingar under kap. 1720 Forsvaret foreslått av forsvarssjefen (FSJ) i omgrupperinga. I samband med ny kapittelstruktur på forsvarsbudsjettet frå 2021, der alle forsvarsgreinene og andre sjølvstendige avdelingar i Forsvaret, med unntak av kap. 1735 Etterretningstenesta og kap. 1791 Redningshelikoptertenesta, blei samla under nytt kap. 1720 Forsvaret, vert Stortinget informert om dei største endringane internt på kapitelet.
(i 1 000 kr.) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Driftseining | FSJs plan 2022 | FSJs plan Prop. 78 S (2021-2022) | FSJs plan Prop. 115 S (2021-2022) | FSJs plan Prop. 142 S (2021-2022) | FSJs plan Lønnskomp 2 for 2022 | Foreslått endring omgrp. | Samla tildeling |
Cyberforsvaret | 1 901 225 | 62 000 | 5 767 | 18 904 | 75 997 | 2 063 893 | |
Forsvarsstaben og Forsvaret fellestjenester | 1 149 256 | 30 035 | 14 544 | 75 909 | 1 269 744 | ||
Forsvarets høgskule | 841 400 | - 13 175 | 8 286 | 31 191 | 867 702 | ||
Forsvarets logistikkorganisasjon | 2 256 558 | 600 000 | 663 100 | 297 500 | 42 032 | 314 550 | 4 173 740 |
Forsvarets operative hovudkvarter | 910 664 | - 118 862 | 2 000 | 7 690 | - 120 644 | 680 848 | |
Forsvarets personell- og vernepliktssenter | 1 173 347 | 800 | 45 089 | 5 733 | 1 224 969 | ||
Forsvarets spesialstyrka | 1 019 739 | - 1 719 | 12 351 | 41 602 | 1 071 973 | ||
Forsvarets sanitet | 389 658 | 2 700 | 5 539 | 2 593 | 400 490 | ||
Heimevernet | 1 540 376 | 300 000 | 17 600 | 15 531 | 65 094 | 1 938 601 | |
Hæren | 6 599 233 | 250 000 | 136 418 | 5 500 | 72 025 | 77 727 | 7 140 903 |
Internasjonale operasjoner | 925 815 | 98 000 | 41 540 | - 26 939 | 1 038 416 | ||
Kystvakten | 1 203 188 | 75 000 | 154 800 | 7 822 | 104 353 | 1 545 163 | |
Luftforsvaret | 7 517 567 | 94 513 | 58 727 | 197 086 | 7 867 893 | ||
Sjøforsvaret | 4 709 865 | 325 000 | 8 213 | 39 901 | 183 730 | 5 266 709 | |
Sum kap. 1720 | 32 137 891 | 1 710 000 | 1 021 730 | 305 000 | 348 441 | 1 027 982 | 36 551 044 |
5.1 Interne endringar
5.1.1 Hæren
17,335 mill. kroner – Differanse mellom grunnlønn ved teneste i Noreg og i operasjonar. Mellomlegg for auka lønnsutgifter vert tilbakeført til Hæren. Midlane vert tilført frå avsette midlar til internasjonale operasjonar.
11,930 mill. kroner – Korrigert tildeling etter øvinga Cold Response 2022. Midlar avsette til øving vert fordelt ut til driftseiningane frå avsette midlar ved Forsvarets operative hovudkvarter.
-9,89 mill. kroner – I revidert nasjonalbudsjett (RNB) for 2022 vert det fatta vedtak om budsjettvinstar frå endra jobbreisevanar. Reduksjonen utgjer Hærens del, etter fordeling av budsjettiltaket mellom driftseiningane.
-8 mill. kroner – Omfordeling av tildelte midlar for styrking av den nasjonale kompetansen og beredskap innan fagfelta kjemiske stoff, biologisk agens, radioaktive stoff, nukleært materiale og eksplosivar. Midlane vert overførte til Forsvarets logisitikkorganisasjon og Luftforsvaret.
-6,869 mill. kroner – Ny nøkkel for berekning av utgifter knytte til gjenbruk og returpliktig materiell. Midlane vert omfordelte frå Hæren til dei andre driftseiningane.
5.1.2 Sjøforsvaret
9,000 mill. kroner – Korrigert tildeling Cold Response 2022. Midlar avsette til øving vert fordelt ut til driftseiningane frå avsette midlar ved Forsvarets operative hovudkvarter
-5,329 mill. kroner – I RNB 2022 vert det fatta vedtak om budsjettvinstar frå endra jobbreisevanar. Reduksjonen utgjer Sjøforsvarets del, etter fordeling av budsjettiltaket mellom driftseiningane.
5.1.3 Luftforsvaret
24,919 mill. kroner – Ny nøkkel for berekning av utgifter knytte til gjenbruk og returpliktig materiell. Midlane vert omfordelt til Luftforsvaret frå dei andre driftseiningane.
9,000 mill. kroner – Korrigert tildeling Cold Response 2022. Midlar avsette til øving vert fordelt ut til driftseiningane frå avsette midlar ved Forsvarets operative hovudkvarter
-7,536 mill. kroner – I RNB 2022 vert det fatta vedtak om budsjettvinstar frå endra jobbreisevanar. Reduksjonen utgjer Luftforsvarets del, etter fordeling av budsjettiltaket mellom driftseiningane.
5.1.4 Heimevernet
32 mill. kroner – gjeld oppgjer etter Cold Response 2022 knytte til Force Protection 22. Avsette midlar vert fordelte ut til driftseiningane frå avsette midlar ved Forsvarets operative hovudkvarter.
-21,533 mill. kroner – Ny nøkkel for berekning av utgifter knytte til gjenbruk og returpliktig materiell. Midlane vert omfordelte frå Heimevernet til dei andre driftseiningane.
5.1.5 Resterande driftseiningar på kapittel 1720
18 mill. kroner – Overføring til Forsvarets logistikkorganisasjon frå Forsvarsstaben, for tiltak innan modernisering og effektivisering. Tiltaket gjelder tilpassing av framtidig lagerstruktur i Forsvarets logistikkorganisasjon som skal bidra til å konsolidere behaldningar og kompetanse til færre og meir kraftfulle einingar.
17,038 mill. kroner – Overføring til Forsvarets logistikkorganisasjon frå andre driftseiningar for feilposterte lønnsutgifter under Cold Response 2022.
14,8 mill. kroner – Ny nøkkel for berekning av utgifter knytte til gjenbruk og returpliktig materiell. Midlane vert fordelte til Cyberforsvaret frå dei andre driftseiningane.
14,993 mill. kroner –Transportkostnader som vert overført frå driftseiningane til Forsvarets logistikkorganisasjon grunna nye vilkår på leveringar.
7,000 mill. kroner – Korrigert tildeling Cold Response 2022. Midlar avsette til øving ved Forsvarets operative hovudkvarter vert overført til Forsvarets spesialstyrkar.
5,000 mill. kroner – Overføring til Forsvarets personell- og vernepliktssenter frå Forsvarsstaben for tiltak innan modernisering og effektivisering. Tiltaket Robotic Process Automation skal automatisere transaksjonstunge prosesser innan HR-området.
-18,650 mill. kroner – Fordeling av Concept Development and Experimentation-midlar frå Forsvarets operative hovudkvarter til driftseiningane.
-13,935 mill. kroner – Ny nøkkel for berekning av utgifter knytte til gjenbruk og returpliktig materiell. Midlane vert fordelte om frå Forsvarets spesialstyrkar til dei andre driftseiningane.
-12,000 mill. kroner – Midlar avsette for deltaking på øvinga Polaris Gram vert overførte frå Forsvarets operative hovudkvarter til deltakande driftseiningar.
-10,000 mill. kroner – Bortfall av inntekter etter Cold Response 2022. Endringa skuldast at nokre nasjonar trekte seg før endeleg påmeldingsfrist var gått ut, og allereie bestilte varer og tenester for desse nasjonane må dekkast av Forsvaret.
-5,883 mill. kroner – Styrking av velferdstiltak ved lokale avdelingar. Avsette midlar vert fordelte frå Forsvarets personell- og vernepliktsenter til andre driftseiningar etter søknad.
Som følge av den ekstraordinære tryggingspolitiske situasjonen og faseskiftet nemnt i kapittel 1 ovanfor kan det være naudsynt for forsvarssjefen å gjere ytterlegare endringar på kap. 1720, post 01.
5.2 Interne endringar på kap. 1720, post 01 for midlar tildelt på bakgrunn av Prop. 78 S (2021–2022)
Den russiske invasjonen av Ukraina i februar 2022 medførte heilt grunnleggjande og varige endringar i den tryggingspolitiske situasjonen i Europa. Det skapte behov for raskt å prioritere og styrke Noregs forsvarsevne og militære beredskap. Våren 2022 la regjeringa fram Prop. 78 S (2021–2022) med hensikt å ytterlegare styrke Forsvaret på kort sikt, gjennom auka overføringar til Forsvaret, Forsvarsbygg, Forsvarsmateriell og Etterretningstenesta. Forsvarsdepartementet foreslår følgande interne endringar på kap. 1720, post 01:
Planarbeid – Joint Force Command Norfolk
Som ein konsekvens av krigen i Ukraina har Supreme Allied Commander Europe (SACEUR) framskunda revisjonar av forsvarsplanane i NATO. Noreg er bedt om å medverka ved Joint Force Command Norfolk med ressursar i perioden september til desember 2022. Personell frå Forsvarets operative hovudkvarter, Etterretningstenesta, Sjøforsvaret, Hæren og Forsvarets logistikkorganisasjon deltek. 4,8 mill. kroner av avsette midlar frå Prop. 78 S (2021–2022) under Internasjonale operasjonar omdisponerast til Forsvarets operative hovudkvarter.
Meirutgifter som følge av krigen i Ukraina
Forsvarets spesialstyrkar har meirutgifter på 18 mill. kroner i 2022 som ein konsekvens av krigen i Ukraina. Forsvarets spesialstyrkar har sett i verk tiltak innan alliert samvirke, alliert trening og øving. Midlane er foreslått omdisponerte frå avsette midlar knytte til Prop. 78 S (2021–2022) under Internasjonale operasjonar til Forsvarets spesialstyrkar.