3 Oppmodningsvedtak
Stortingssesjon 2020–2021
Utgreiing om bruk av ikkje-militært tilsette
Vedtak nr. 133, 1. desember 2020:
«Stortinget ber regjeringen innen 2022 legge fram en utredning om bruk av ikke-militært ansatte og forhold knyttet til krigens folkerett og ikke-militært personell som legitime militære mål.»
Regjeringa viser til Stortinget sitt oppmodingsvedtak nr. 133: Innst. 87 S (2020–2021) der Stortinget ber regjeringa innan 2022 leggje fram ei utgreiing om bruk av ikkje-militært tilsette og tilhøve knytt til krigens folkerett og ikkje-militært personell som legitime militære mål. Regjeringa har over tid arbeidd med ei rekkje spørsmål knytt til nemnde problematikk, mellom anna som ledd i oppfølginga av Stortingets oppmodingsvedtak. Arbeidet er førebels ikkje ferdigstilt, og heng saman med andre saker om totalforsvaret og sivil støtte til Forsvaret. Regjeringa vil av denne grunn kome tilbake til Stortinget på eigna måte seinare.