6 Andre saker
6.1 Rammebetingelser for Regionfelt Austlandet
Innleiing om føremålet med saka
Etableringa av Regionfelt Austlandet i Åmot kommune i Innlandet ble vedteken av Stortinget i 1999, jf. Stortingets handsaming av Innst. S. nr. 129 (1998–99). I St.meld. nr. 11 (1998–99) vart det greia ut om Forsvaret sitt behov og grunngjeving for prosjektet. Regionfeltet har vore i bruk sidan 2005. Feltet er eit av fire nasjonale hovudfelt der rammevilkår må imøtekomme Forsvaret sitt behov best mogleg. I Stortingets føring til vedtaket blei det føresetta ein årleg periode utan militær aktivitet på til saman tre månader i tida mellom St. Hans til 1. november (såkalla verksemdfrie periodar). Denne føringa utfordrar i dag Forsvaret sitt behov i så stor grad at utnyttinga av Regionfelt Austlandet ikkje er tilfredsstillande.
Føremålet med denne saka er å tilrå at Stortinget godkjenner og slutter seg til at verksemda på Regionfelt Austlandet kan bli betre tilpassa Forsvaret sitt behov. Ei endring av desse rammevilkåra krev ei endring i Stortinget si føring.
Forsvarsdepartementet tilrår som alternativ til Stortingets føring, at verksemdvilkåra for Regionfelt Austlandet, inkludert avgjerd om vilkår om verksemdfrie periodar, framover vert sakshandsama og vedteken i reguleringsplan for Regionfelt Austlandet, heimla i plan- og bygningslova. Forslag om nye verksemdavgrensingar vil da inngå som moglge vilkår i utkast til reguleringsplan, og vedteken etter politisk handsaming i Åmot kommune. Dei andre ramma for sjølve arealbruken i Regionfelt Austlandet er allereie fastsatt i vedteken reguleringsplan for feltet. Denne reguleringsplanen blei vedteken av Åmot kommunestyre i 2005. Det går no ein prosess for å revidere denne reguleringsplanen. Det opplysast om at det har vore dialog mellom Forsvaret, Forsvarsbygg og Åmot kommune om behovet for nye vilkår om verksemdfrie periodar.
Stortingets føring blei hovudsakleg fastsett for at sommarmånadane og hausten i større grad skulle vere skjerma av omsyn til mellom anna jakt, bærplukking, fiske og privat utnytting av eigedommane til bruk i næring. Trass i ei eventuell reduksjon i verksemdfrie periodar vil Regionfelt Austlandet fortsatt vere open for sivil bruk under dei viktigaste fleirbruksperiodane, og fleirbruksmoglegheita blir fortsatt gode. Forsvarsdepartementet vurderer samstundes at fleire av desse føreseiingane som låg til grunn for Stortingets vedtak om verksemdavgrensingar i 1999 er bortfalt eller blir ivaretatt på andre måtar.
Utfordringar med føringa og dagens situasjon
Forsvaret har vore gjennom ein betydeleg omstilling dei siste ti til tolv åra. Kapasitetar i skyte- og øvingsfelta må i stadig større grad dekke eit kontinuerleg behov for trening over heile året. Langtidsplanen for forsvarssektoren, Prop. 14 S (2020–2021), legg opp til at Forsvaret også skal auke aktivitetsnivået framover. Stortingets føring frå 1999 legg i dag beslag på for mykje av utdanningsåret. Forsvaret har gjeve uttrykk for at vilkåra om verksemdfrie periodar for Regionfelt Austlandet ikkje er i samhøve med Forsvaret sitt behov i dag.
Dei strenge verksemdvilkåra er unike for Regionfelt Austlandet, og tilsvarande er ikkje nedfelt i rammeverket for andre skyte- og øvingsfelt. Konsekvensane for Forsvaret er fleire. Dei gir for det første liten fleksibilitet, som gjer at det ikkje er rom for endringar i utdanningsplanane gjennom året. Det er heller ikkje samsvar mellom dei mest gunstige tidspunktane for utdanningsløpet for enkelte av forsvarseiningane, og når avgrensingane for verksemda inntreffar. For det andre gjer avgrensingane at ein må utsette trening og utdanning. Tre månadar med verksemdfrie periodar om sommaren og hausten fører difor til dårleg utnytting av kapasitetane i Regionfelt Austlandet og investeringane som er gjort i feltet. For det tredje må einingar søke opp andre skyte- og øvingsfelt for å få gjennomført naudsynt trening og utdanning. Eit alternativ innanfor regionen kan vere å ta i bruk kapasitetar med skytefelt på Rødsmoen i Åmot kommune og Terningmoen i Elverum kommune. Flyttinga av aktivitetar til disse felta fører likevel til auka støybelasting på desse nærområda, og verker difor mot det underliggande føremålet med innføringa av verksemdfrie periodar. Behova elles må dekkast ved at avdelingane søker opp skytefeltar utanfor regionen. Dette fører til auka kostnadar, auka miljøbelastning som følge av transportbehov, samtidig som treningstida for einingane blir reduserte. For det fjerde krev drift og forvaltning av Regionfelt Austlandet at Forsvarsbygg og Hæren si operasjonsstøtte har tilgang til areala i samband med mellom anna rydding av blindgjengarar, vedlikehald og oppgradering av banar og anlegg. Dette fører til at ein ikkje kan føresetta militær operativ verksemd til kvar tid gjennom året.
Omsynet til Forsvaret og til samfunnet
Ved å bruke plan- og bygningslova til å bestemme verksemdvilkår vil ein legge godt til rette for å balansere ulike omsyn. Både når det gjeld oppdaterte vilkår som imøtekjem Forsvaret sine behov i dag og framover, og som samtidig varetek omsynet til samfunnet rundt. Ein vedteken reguleringsplan er ein lokal avgjersle der kommunestyret avveg fordelar og ulemper. Ved å bestemme verksemdvilkåra i reguleringsplan sikrar ein offentleg medverknad og lokal forankring, og ein styrkar det lokale sjølvstyret. Løysinga sørger for ei langsiktig, heilskapleg og føreseieleg forvaltning av Regionfelt Austlandet. Det er regjeringa si vurdering at ei slik løysing vil vere eit tilfredstillande alternativ til føreseiingane frå Stortingets handsaming av Regionfelt Austlandet i 1999.
Når det ikkje er verksemdfrie periodar stengast feltet, og sivil bruk kan berre skje med grunnlag i ei særskilt avklaring med Forsvaret. Dette heng saman med omsynet til tryggleiken. I verksemdfrie periodar vil feltet vere opent for allmenn bruk. Det er samstundes betydeleg tilgang til alternative fleirbruks- og friluftsområdar utanfor sjølve øvingsområdane, både innanfor Åmot kommune og i tilgrensande kommunar.
St.meld. nr. 11 (1998–99) la til grunn at Regionfelt Austlandet delvis skulle ervervas av Staten og delvis vera i privat eie. Dette hadde samanheng med at forvaltninga av dei private eigedommane blei vurdert å kunne fortsette med grunnlag i avtalefesta bruksrett for Forsvaret. Verksemdavgrensingane for Regionfelt Austlandet hadde difor ei bakgrunn i omsynet til privat utnytting av eigedommane til bruk i næring. Stortingets handssaming av Innst. S. nr. 342 (2000–2001) om omlegging av Forsvaret i perioden 2002–2005, jf. St.prp. nr. 45 (2000–2001), førte til styrking av Forsvaret på Rena og behov for ein auka utnytting av kapasitetane i skyte- og øvingsfelta, særleg i Regionfelt Austlandet. Under detaljplanlegginga av Regionfelt Austlandet blei det bestemt at feltet skulle ervervast i si heilskap. Dette er gjennomført. Næringsgrunnlaget til grunn- og rettshavarar er opprettheldt gjennom makeskifte eller ved kontant utkjøp av eigedommane. Forsvarsbygg varetek i dag rolla som grunneigar for heile Regionfelt Austlandet. Behovet for å ivareta omsynet til private grunneigerar gjennom verksemdavgrensingar er difor bortfalt.
Løyve til verksemd etter reglane i forureiningslova vert fastsatt av Statens forureiningstilsyn i 2004. Vilkår i denne løyva speglar Stortingets føring om verksemdfrie periodar. Det opplysast om at Forsvarsbygg vil utarbeide ein revidert og heilskapleg utslippssøknad for Forsvaret si totale verksemd på Rena. Denne vil beskrive Forsvaret sitt behov og forholdet til verksemdavgrensingar. Styresmakt for å fastsette utsleppsløyve for Regionfelt Austlandet er Miljødirektoratet.
Tilråding
Forsvarsdepartementet viser til at Forsvaret har eit reelt behov for å endre på Stortingets føresetnad om tre verksemdfrie månader frå St. Hans til 1. november i Regionfelt Austlandet. Denne avgrensinga gir i dag for store negative konsekvensar for Forsvaret. Forsvarsdepartementet si tilråding om at avgjerdsel om verksemdfrie periodar framover blir vedteken i reguleringsplan heimla i plan- og bygningslova vil sørge for å sikre offentleg medverknad, lokal avgjerd og grundige prosessar når det gjeld å belyse og vurdere dei positive og negative verknadene. Omsynet til ålmenta skal fortsatt bli ivareteke sjølv med eventuelt færre veker med verksemdfrie periodar. Forsvarsdepartementet vurderer at fleire av føreseiingane som låg til grunn for Stortingets vedtak om verksemdavgrensingar i 1999 er bortfalt eller blir ivareteke på andre måtar. Fleirbruk i veker med ferier, jakt, fiske og bærplukking fell saman med dei mest aktuelle, nye verksemdfrie periodane. Kva gjeld landbruks-, skog- og utmarksinteressar, er planområdet erverva av Forsvaret med alle rettar, og det er difor ikkje private interesser knytt til skog- og utmarksressursar.
6.2 Gåve frå Venneeininga ved Noregs Heimefrontmuseum
Noregs Heimefrontmuseum på Akershus festning har sidan 2008 arbeidd med planar om eit tilbygg ved museet, for å få større og betre lokale til bruk i formidling og undervisning. Tilbygget er tenkt bygd sør for museet, fysisk kobla til det noverande bygget.
Venneeininga ved Noregs Heimefrontmuseum har engasjert seg i saka, og har formidla kontakt med eit legat som ønskjer å finansiere bygginga av eit slikt bygg. Venneeininga har sagt seg villig til å betale for eit forprosjekt for å planlegge prosjektet i detalj og estimere kostnaden.
Rettleiar i statlig budsjettarbeid seier at eit fagdepartement kan motta mindre gåver på vegner av staten når gåva ikkje gir bevilgningsmessige konsekvensar og det elles er «ubetenkeleg». I enkelte høve er Stortingets samtykke naudsynt. Dette gjelder når gåva direkte eller indirekte vil bety at staten får utgifter som han elles ikkje ville ha hatt. Dersom det er ei stor gåve, bør ho uansett bli forelagt Stortinget.
I denne omgangen søker Forsvarsdepartementet om Stortingets godkjenning av gåva til departementet i form av forprosjektet. Forsvarsbygg, som skal leie arbeidet med forprosjektet, estimerer at forprosjektet vil koste om lag 3,7 mill. kroner medrekna meirverdiavgift. Venneeininga ved Noregs Heimefrontmuseum skal betale for forprosjektet. Forprosjektet skal etter planen bli ferdig i 2022. Forprosjektet skal ikkje påføre forsvarssektoren ekstra kostnader, og det skal heller ikkje gjere departementet forplikta til å starte byggeprosjektet. Samstundes er gåva av ein storleik som krev godkjenning frå Stortinget. Departementet vil komme attende til Stortinget for ei godkjenning av ei gåve i form av sjølve tilbygget, dersom dette blir aktuelt.
6.3 Oppmodingsvedtak 502, 7. mai 2019, om «NH90 – oppfølging og vurdering av alternative helikoptre»
Vedtak nr. 502, 7. mai 2019:
«Stortinget ber regjeringen om å holde Stortinget løpende oppdatert om den videre oppfølging av saken, herunder komme tilbake til Stortinget på egnet måte med vurderinger av om alternative helikoptre kan være mer formålstjenlig for deler av Luftforsvarets behov grunnet forventede driftskostnader og flytid.»
Vedtaket blei fatta ved behandling av Dokument 3:3 (2018–2019) Riksrevisjonens undersøkelse av anskaffelsen og innfasingen av maritime helikoptre til Forsvaret (NH90), jf. Innst. 237 S (2018–2019).
I utanriks- og forsvarskomiteen si uttale om Meld. St. 12 (2019–2020) imøteser komiteen at regjeringa kjem tilbake til Stortinget om vidare oppfølging av vedtaket i løpet av 2020. I Innst. 373 S (2019–2020) ventar kontroll- og konstitusjonskomiteen med å kvittere ut vedtaket. Regjeringa gjorde greie for den løpande utviklinga om NH90 i Prop. 1 S (2020–2021) i omtala av prosjekt 7660 i del I, 4. Investeringar, om status for anskaffinga og innfasinga av NH90 i Forsvaret.
Innfasing og oppbygging av den operative kapasiteten til NH90 går saktare enn forventa. Det er framleis utfordringar med at leveransar av både helikoptera og reservedelar kjem seinare enn det som blei lagt til grunn i planen for oppbygginga av NH90 kapasiteten. Koronapandemien som ramma Nord-Italia særleg hardt i starten av pandemien har forsterka denne utfordringa. Det betyr mellom anna at Forsvaret har lågare tilgjengeleg flytid enn planlagt og dermed lågare innfasingstakt for den operative kapasiteten. Forsvaret har på oppdrag frå Forsvarsdepartementet og med bistand frå Forsvarets forskingsinstitutt gjennomført ei fornya vurdering av om det er alternative helikopter som er egna til å dekke deler av behovet som NH90 etter planen skal dekke. I den fornya vurderinga frå Forsvaret er konklusjonen at det er andre helikopter som også kan dekke Forsvarets behov for maritime helikopter og at deler av dette behovet bør vurderast dekka med innleie av helikopterkapasitet.
Ettersom Forsvaret nå vurderer at det er mogleg at andre helikopter kan være formålstenleg for å dekke deler av Forsvarets behov for maritim helikopterkapasitet gjennom ei løysing med innleie av helikopterkapasitet, vil regjeringa undersøke ei slik løysning nærare. Dette vil være eit supplement til NH90 og gjeld delar av behovet som ikkje krev ei like spesialisert og høgteknologisk plattform som NH90. Stortinget vil bli halde orientert om dette arbeidet på egna vis.
6.4 Oppmodingsvedtak 356, 16. desember 2020, om bruken av tilleggstildelinga i 2020 til små og mellomstore teknologibedrifter i samband med korona-pandemien
Vedtak nr. 356, 16. desember 2020:
«Stortinget ber regjeringen, på egnet måte og så raskt som mulig, orientere Stortinget om til hvilke formål (anskaffelser) tilleggsbevilgning på 50 mill. kroner for å fremskynde planlagte kjøp av produkter og tjenester fra små og mellomstore teknologibedrifter, ble disponert, hvilke bedrifter som har blitt tildelt oppdrag og hvordan ordningen har bidratt til å sikre overlevelse for små og mellomstore teknologibedrifter som leverer egne produkter/tjenester direkte til forsvarssektoren.»
Som ledd i arbeidet med å kjempe mot dei negative konsekvensane av pandemien har Forsvarsdepartementet jobba målretta med tiltak retta mot norsk forsvarsindustri. Dette har vore viktig for å legge til rette for beredskapsbehovet i Forsvaret og sektoren, og andre behov som bidrar til å ta vare på normal forsyning av materiell og tjenester til Forsvaret. Det har i den samanhengen vore tett dialog med Forsvars- og sikkerhetsindustriens forening (FSi) for å setje i verk så treffsikre og framtidsretta tiltak som mogleg.
Regjeringa har lagt fram ei rekke krise- og tiltakspakker for å handsame situasjonen, blant anna ei kompensasjonsordning som gir ein økonomisk kompensasjon til verksemder som har tapt store delar av inntekta på grunn av virusutbrotet. Fleire av desse treff også forsvarsindustrien. Vidare er det gjort tiltak for å oppdatere Skjold-klassen korvettar, CV90 kamp- og støttevogner, samt gjennomføre FOU-tiltak.
Forsvarsdepartementet har også fatta andre tiltak for å betre situasjonen for bedriftane. Blant anna er Forsvarsmateriell og Forsvarsbygg gitt dispensasjon frå regelverket om anskaffing, slik at behovet frå einskilde leverandørar om betaling før avtalt betalingsfrist vert innvilga. Det er vidare vurdert kontinuerleg tiltak for å gjennomføre anskaffingsprosessane som normalt, gjennom kontakt mellom etatane i Forsvarets og leverandørar. Departementet innførte dessutan ei mellombels ordning som ga ein ekstra stimulans til utenlandske bedrifter med plikt til gjenkjøp, til å inngå utviklingssamarbeid med norske små og mellomstore bedrifter. Forsvarsdepartementet har gjennom god og regelmessig dialog med sentrale allierte lagt til rette for å gjennomføre naudsynte tiltak for å halde ved lag forpliktingane til norske leverandørar overfor forsvarsindustrien i andre land.
Når det gjeld tilleggstildelinga på 50 mill. kroner synte fleirtalet i Stortinget i behandlinga av Innst. 360 S (2019–2020) til Prop. 127 S (2019– 2020) til at det «er viktig å bidra til å sikre overlevelse for de mindre teknologibedriftene» og foreslo å «fremskynde planlagte kjøp av produkter og tjenester fra slike bedrifter og foreslår derfor en tilleggsbevilgning på 50 mill. kroner på kap 1720 post 1».
Forsvaret har på oppdrag frå Forsvarsdepartementet medverka til forsvarleg forvaltning av tildelinga. Det har blitt lagt stor vekt på at midla får ei brei og riktig fordeling, og Forsvaret har tatt utgangspunkt i potensielle leverandørar fra små og mellomstore teknologibedrifter. Basert på dette har Forsvarsstaben hatt dialog med dei aktuelle forsvarsgreinene, samt med Forsvarets forskningsinstitutt, Forsvarsmateriell og Forsvarsbygg for å kunne ta omsyn til behova i sektoren, i størst mogleg grad. Midla er fordelt med utgangspunkt i behova til Forsvaret og sektoren, og for å legge til rette for ei hurtig og forsvarleg gjennomføring.
Midla er fordelt på så mange firma som mogleg, basert på tilboda som er komne inn. Omlag 20 firma er blitt omfatta av ordninga. Dette er firma som mellom anna leverer teknisk materiell og system til forsvarsgreinene og teknisk personleg bekledning og utrustning (PBU). Innkjøp skal følge regelverket for anskaffingar, noko som inneber at fleire forslag om større innkjøp i utgangspunktet må på anbod. Midla er blitt fordelt til små og mellomstore teknologibedrifter som har produkt og leveransar som svarer til behova i Forsvaret. Bedrifter som har produkter utanfor desse behova, eller der produkta har vore i ein konkurransesituasjon med fleire norske tilbydarar, er ikkje blitt prioritert. Forsvarsdepartementet eller Forsvaret har ikkje hatt anledning til å vurdere korleis tildelinga faktisk har bidratt til små og mellomstore teknologibedrifer si overleving, men legg til grunn deira behov slik det er framkome av henvendinga og søknadane til Forsvaret. Det har generelt vore god kontakt og dialog mellom forsvarssektoren og industrien for å møte utfordringane som følge av koronapandemien. Dette har bidratt til å gjere konsekvensane for industrien mindre akutte på kort sikt, og til at forsvarsindustrien så langt har komet gjennom pandemien med relativt avgrensa negative konsekvensar.
6.5 Informasjon om ny parnerskapsavtale for F-35-programmet
F-35-programmet er eit amerikanskleia program for produksjon, vedlikehald og vidare utvikling av våpensystemet F-35. Noreg blei med i partnarskapet i 2007, då partnarskapsavtala (Joint Strike Fighter Memorandum of understanding (JSF PSFD MOU)) blei underskriven. Partnerskapsavtala dannar det politiske grunnlaget for partnarskapet.
Då Tyrkia i 2017 vedtok å kjøpe eit russiskproduserte luftvernssystem, valde USA å suspendere Tyrkia frå F-35 programmet.
Suspensjonen av Tyrkia medførte at dei åtte gjenverande partnarnasjonane blei einige om å inngå ei ny partnarskapsavtale. Høsten 2020 deltok Forsvarsdepartementet i forhandlingane. Desse forhandlingane er no ferdige og partnerlanda tek sikte på at ny avtale trer i kraft i løpet av hausten 2021.
6.6 Informasjonssak om sluttoppgjer for terminert prosjekt på Haakonsvern
Haakonsvern – etablering av helikopterdetasjement
Prosjektet for etablering av helikopterdetasjementet på Haakonsvern blei satt i gang etter Stortingets handsaming av Innst. 489 S (2012–2013) til Prop. 136 S (2012–2013). Tiltaka i prosjektet er hangarar, kontor og plassar for parkering av NH90 på Haakonsvern. Arbeidet er ferdig og bygget blei levert til bruker i august 2016. Kostnadsramma på 291 mill. kroner er difor ikkje justert for prisstigning etter 2016, i tråd med praksis for prisjustering av EBA-prosjekter. Regjeringa har fortløpande informert Stortinget om status i prosjektet gjennom dei årlege budsjettproposisjonane.
I Prop. 1 S (2020–2021) blei Stortinget informert om at det var ein prosess gåande fordi partane ikkje var samde om sluttoppgjeret. Forsvarsbygg meiner at arbeidet til eit konsulentfirma har ført til ekstra kostnader i gjennomføringa av byggearbeida. Staten har gjennomført rettssak mot dette firmaet. Kravet frå staten var på om lag 21 mill. kroner. I budsjettproposisjonen blei Stortinget også informert om at prosjektet si endelege sluttkostnad ville vere avhengig av utfallet i ankesaka som skulle avgjerast i Bergen tingrett i januar 2020. Delar av domen som blei avsagt i Bergen tingrett blei anka av begge partar. Før handsaminga av anken blei det avtalt eit forlik mellom partane, og staten blei tilkjent om lag 4 mill. kroner.
Etter resultatet av domen og forliket som blei inngått er det klart at sluttkostnaden for prosjektet er 298 mill. kroner. Prosjektet er no avslutta og terminert.
6.7 Informsasjonssak om «NATOs vurdering av Noreg»
NATOs forsvarsplanleggingsprosess NATO Defence Planning Process (NDPP) er forankra i NATO-traktaten artikkel 3, og er ein av dei større og meir omfattande prosessane i alliansen og gjennomførast i fem steg. Hensikta med NDPP er å harmonisere dei nasjonale langtidsplanprosessane med NATOs behov, slik at alliansen samla har tilgjengelege kapabilitetar på kort, mellomlang og lang sikt, for å møte dei truslane alliansen står overfor.
NATO gjennomfører, som ledd i NDPP, regelmessige vurderingar av den enkelte allierte sine forsvarsplanar og forsvarsinnsats. Hovudsakleg er det ei beskriving av utviklinga innanfor ulike deler av forsvarssektoren. I tillegg inneheld vurderingane tilrådingar til den enkelte nasjonen om prioriteringar i det kontinuerlege arbeidet med å vidareutvikle forsvarsevna. I samband med evalueringane gjennomfører NATO to møter med nasjonane, eitt i dei respektive hovudstadane og eitt i Brüssel. Møta og ein omfattande dialog blei gjennomført for Noreg i opphavleg syklus, men på grunn av koronapandemien blei prosessen forsinka. Regjeringa har dei siste åra valt å offentleggjere delar av sluttrapporten, i budsjettproposisjonen det året rapporten blir utgitt. Det var ikkje mogleg i 2020, da NATOs sluttrapport først var klar i oktober, etter publiseringa av Prop. 1 S (2020–2021).
NATOs vurdering av Noreg tar utgangspunkt i Prop. 151 S (2015–2016) Kampkraft og bærekraft og Prop. 2 S (2017–2018) Videreutvikling av Hæren og Heimevernet. Ei rekke av dei påpekingane og tilrådingane som gis er inkludert i Prop. 14 S (2020–2021) Evne til forsvar – vilje til beredskap.
NATOs vurdering av Noreg følger nedanfor, og er ei direkte omsetting frå engelsk.
Langtidsplanen for forsvarssektoren (LTP) for 2017 og framover blei vedtatt av Stortinget i november 2016, og opprettheldt i stor grad Noregs tidlegare tryggings- og forsvarspolitiske mål med ei forplikting til å styrke Forsvaret og identifisere budsjettaukingar. Hovudtema er å styrke norsk nasjonalt forsvar, styrke NATO si evne til avskrekking og kollektivt forsvar, bidra til internasjonal krisehandtering og vidareutvikle Noregs totalforsvarskonsept. Noregs første prioritet er forsvaret av norsk territorium med særskild fokus på den nordlege delen av landet, deretter vern av breiare nasjonale og allierte interesser i dei tilstøytane farvatna i nord og i Nord-Atlanteren. NATO og transatlantisk sikkerheit er framleis hjørnesteinen i Noregs tryggings- og forsvarspolitikk, slik det blei vist under øvinga Trident Juncture 2018 der Noreg var vert. LTP identifiserer auka investeringar i etterretning, overvaking, overlevingsevne og kampkraft for å styrke Noregs og NATO si evne til å førebygge og å avskrekke ein aggressor. Regjeringa forpliktar seg til å auke dei samla årlege forsvarsutgiftene, modernisering og reform. Ein ny LTP er under utvikling, og vil bli presentert for Stortinget for godkjenning innan utgangen av 2020.
Noreg har til hensikt å auke dei strategiske kjernekapabilitetane sine frå 2020 til 2036 for å spegle prioritetane i LTP. Dette inkluderer kjøpet av 52 F-35 kampfly, anskaffinga av fire nye ubåtar, forutan erstatninga av P-3 maritime patruljefly (MPA) med fem P8A, forsterking av Noregs bakkebaserte luftvern, anskaffinga av moderne stridsvogner, moderne artilleri og langtrekkjande presisjonsvåpen. Eit nytt luftvernsystem med langtrekkande missil og sensorar er også planlagd innført.
Ved utgangen av 2019 var storleiken på dei væpna styrkane (ikkje inkludert Heimevernet (HV)) 20 670 tilsette på heiltid (ei auking på 445 personell sidan 2017), inkludert om lag 9 000 vernepliktige, støtta av om lag 5 820 sivile. Innanfor den totale bemanninga blir strukturen i Forsvaret justert for å auke det tilgjengelige talet på personell for operative driftseiningar, for å forbetre beredskapen, bærekrafta og tilgjengelegheita. Ved å skilje grunnleggande opplæring frå kampklare einingar, auke talet på vernepliktige og deira tenestetid og utvikle ein operativ reservestyrke innan utgangen av 2021, er det forventa kampklare einingar med ein høgare beredskap og operativ kapasitet. Universell verneplikt (menn og kvinner) blei fullt implementert i 2016, og om lag 9 000 personell blir øva til militærteneste årleg, avhengig av behova til dei væpna styrkane. Tenestetida for vernepliktige med stillingar som krev avansert kompetansenivå i Hæren blei auka frå 12 månader til 16 månader, noko som sikrar auka operativ evne. Denne endringa vil bli implementert innan utgangen av 2021.
Noregs BNP-vekst i reelle verdiar gjekk ned frå 2,32 % i 2017, til 1,29 % i 2018, og anslagsvis 1,15 % i 2019. I 2020 forventast BNP å gå ned med 5,99 %. Andelen av BNP avsett til forsvar auka frå 1,60 % i 2009 til anslagsvis 1,86 % i 2019, og forventast å vere 2,03 % i 2020, som er over NATOs retningsline på 2%. I 2018 var utgiftene til hovudmateriell og tilhøyrande forsking og utvikling 25,60 % av forsvarsutgiftene og er anslått til 29,27 % i 2019, og forventast å minske til 28,78 % i 2020, som fortsatt overstig NATOs retningsline på 20 %.
Noregs forplikting til operasjonar, oppdrag og andre engasjement er generelt i samsvar med storleiken på dei væpna styrkane. Noreg har tilbydd maritime- og luft-styrkar til NATO sitt beredskapsinitiativ (NATO Readiness Initiative (NRI)).
Dei allierte forsvarsministrane blei einige om at Noreg skulle prioritere å utvikle ein fullt kapabel tung infanteribrigade med tilhøyrande støtte1, og å minimere gapet i evna til å kunne levere presisjonsstyrte våpen under innføringa av F-35. Basert på noverande planar vil Noreg ikkje kunne oppfylle den første prioriteringa innan 2024 eller til og med innan 2026, inkludert å auke Hærens mest avanserte kamp-, kampstøtte- og logistikk-kapabilitetar. Vidare er det framleis uklart om, og i så fall når, Noreg vil vere i stand til å levere den etterspurde fullt kapable brigaden. Noreg må forplikte betydeleg meir innsats, midlar og langt større ressursar for å fullt ut levere denne prioriterte kapabiliteten. Ved å minimere gapet i evna til å kunne levere presisjonsstyrte våpen under innføringa av F-35, har det vore framgang sidan siste vurdering (Capability Review), og Noreg har planar på plass for å møte den andre kapabilitetsprioriteten, noko som er svært velkomen.
Dei to hovudelementa i landstyrkane er Hæren og Heimevernet (HV). Kjernen i Hæren er framleis Brigade Nord, basert på to tunge og ein lett infanteribataljon og organisk støtte. Den resterande strukturen består av Hærens Våpenskole, Forsvarets Militærpolitiavdeling, Operasjonsstøtteavdelinga, Hans Majestet Kongens Garde, landoperasjonssenteret, ein grensevaktbataljon og ein etterretningsbataljon. Hovudoppdraget til den 40 000 store styrken i HV er territorialt forsvar, inkludert beskyttelse av mottak, klargjering og vidare framføring (RSOM) av allierte forsterkingar. Eit sekundært oppdrag er å støtte andre statlige myndigheiter i handteringa av krise, ulykker, kriminalitet eller naturkatastrofar. Rundt 3 000 HV personell blir halde i høg beredskap i 12 dediserte einingar for hurtigreaksjon. Dei resterende 37 000 er organisert i kompani-ekvivalente einingar, under kommando av 12 HV-distriktshovudkvarter (HQs) over heile Noreg. Strukturen er hovudsakleg basert på reservar, og berre kommandonivået er fylt med heiltidstilsette.
Noreg planlegg å innfri alle sine landrelaterte kapabilitetar etterspurde gjennom NATOs kapabilitetsmål, kvantitativt på kort sikt, om enn med nokre alvorlege avgrensingar i støttekapabilitetar (etterretning, overvaking, målrettleiing og rekognosering (ISTAR), kjemiske-, biologisk-, radiologisk- og nukleært materiale (CBRN), kollektiv beskyttelse (COLPRO), sivilmilitært samarbeid (CIMIC), psykologiske operasjonar (PSYOPS) og militære ingeniørar (MILENG), som avgrensar Hærens generelle kampkraft. Vidare må HV sin interoperabilitet betrast. Medan Noreg sine planar for modernisering av kampplattformer gir Hæren auka evne til manøver, eld og vernefunksjonar, er det tydeleg at utan å auke talet og eldkrafta til stormpanservognene (IFV)2 i Brigade Nord, vil Noreg ikkje oppfylle kravet til ein tung infanteribrigade. I tillegg er Brigade Nord planlagd å ha berre tre kampbataljonar, i staden for fire, der den eine forventast å bli omvæpna til ei reserveeining basert på mobilisering innan 2022. Desse kapabilitetsmanglane vil sterkt avgrense kampkrafta til brigaden, sperre for ei drastisk endring i planar og prioriteringar, og gjer det umogeleg for Noreg å levere det etterspurde, ein fullt kapabel tung infanteribrigade med tilhøyrande støtte frå 2024 eller til og med 2026, den første kapabilitetsprioriteten som blei avtalt for Noreg av allierte forsvarsministrar. Dette er den viktigaste bekymringa for NATO, spesielt sidan Noreg er ein potensiell frontlinjestat.
Sjøforsvaret består av ein stab, eit maritimt taktisk sjøoperasjonssenter og fem kommandoar: Marinen, Kystvakta, Sjøforsvarets basar, Saniteten for Sjøforsvaret og rekruttskulen. Kommando- og kontroll blir uendra, og kapasiteten til overflatefartøya og Kystvakta er optimalisert for dei norske farvatna. Marinen fortset å modernisere og forbetre sine kapabilitetar. Spesielt kjøpet av maritime helikopter (NH90), P-8A og konvensjonelle ubåtar (SSKs), og aukinga i trening på avansert anti-ubåt krigføring (ASW) vil vesentleg betre marinens ASW evner, noko som er velkomen. Logistikk-kapabilitetar vil også bli betydeleg betra med innføringa av det nye logistikkstøtteskipet innan utgangen av 2020.
Marinen er i stand til å levere mange av dei kortsiktige maritime kvantitative strukturelementa som er etterspurde i NATOs kapabilitetsmål, men med nokre omfattande manglar, inkludert ein fregatt, ein ubåt og eitt maritimt patruljefly. Kvalitative manglar på kort sikt innan evne til overleving og maritim styrkebeskyttelse, maritime Battle Decisive Munitions (BDM) ammunisjonslagre og det forventast også mangel på mode 5 identifikasjon venn eller fiende (IFF)3 i NATO-deployerbare einingar. Medan tilgjengelegheita av flåten har betra seg sidan siste vurdering, med betre nivå av bemanning, vedlikehald og opplæring (inkludert avansert krigføringstrening), vurderast det at marinen ikkje har nok overflatefartøy og ubåtar til å møte dei nasjonale oppgåvene og beredskapen som er forspurt av NATO. Desse manglane vil berre bli forverra på mellomlang sikt etter kvart som tilgjengelegheita på ubåt reduserast og korvettane trekkast tilbake frå teneste utan erstatning. Dette er ei stor bekymring for NATO.
Luftforsvaret gjennomfører omfattande strukturelle endringar. I perioden fram til 2025 er det planlagt å erstatte F-16 med F-35, og kampflyskvadronane samlast på hovudflybasen på Ørland. Quick Reaction Alert (QRA) og MPA-skvadronen vil operere frå ein framskoten base på Evenes i nord. Av dei 52 planlagde F-35-flyene er 25 leverte, og ytterlegare seks fly skal etter planen leverast til Noreg årleg fram til 2024. Sju av desse er for tida stasjonert i USA for opplæringsformål. F-35 er forventa å vere fullt operative i 2025.
Noreg vil oppfylle dei fleste av dei luftrelaterte kortsiktige NATO-kapabilitetsmåla sine. Likevel, samtidig som innføringa av F-35 og P-8A MPA vil forbetre Noregs etterretnings-, overvakings- og rekognoseringskapasitet (ISR) betydeleg, er det berre eit lite tal ISR-kompatible fly som for tida er tilgjengeleg i Luftforsvaret. Med unntak av ei svært avgrensa deltaking i den multinasjonale multirolle tank- og transportflyflåten, har Noreg ingen evne til å tanke luft-til-luft og er heilt avhengig av andre allierte. Noreg har ennå heller ingen planar om Suppression of Enemy Air Defence (SEAD), ballistisk missilforsvar og signaletterretningskapabilitetar som er etterspurde i NATOs kapabilitetsmål. Til slutt er det notert at Noreg har fjerna atterhaldet som tidlegare avgrensa tilgjengelegheita av kampfly. Noregs framgang i å minimere gapet i evna til å kunne levere presisjonsstyrte våpen under overgangen til F-35, den andre kapabilitetsprioriteten som blei avtalt for Noreg av dei allierte forsvarsministrane, er ei veldig velkomen utvikling.
Spesialstyrkane (SOF) består av ein Norsk Spesialoperasjonskommando (NORSOCOM), som leiar dei to taktiske einingane, Forsvarets Spesialkommando (regimentsnivå, landkapabel) og på bataljonsnivå Marinejegerkommandoen, kvar med passande støtteelement (CS- og CSS). Luftforsvaret har 18 SOF-kompatible modifiserte Bell-412 SP-helikopter og eitt SOF-kompatibelt C-130J transportfly. Sjølv om Noreg har som mål å oppfylle dei fleste av sine SOF-relaterte NATO-kapabilitetsmål kvantitativt og kvalitativt, er det manglar på nokre kapabilitetsområde. Spesielt er det at den nasjonale SOF-kommando- og kontrollkapabiliteten (C2) som er etterspurt som erstatning for den NATO-forspurde 0,5 Special Operations Component Command (SOCC) for mindre fellesoperasjoner (SJO) ikkje kan deployerast og har alvorlege avgrensingar i dei deployerbare kommunikasjons- og informasjonssystema (CIS). Bruk i kamp er derfor ekstremt avgrensa. Vidare vil dei etterspurte SOF-luftkapabilitetene (helikopter) først bli heilt tilgjengelege frå 2022, fire år seinare enn etterspurt. Noreg planlegg å adressere nokre av desse manglane gjennom neste LTP. Det er ingen plan om å skaffe deployerbar CIS for SOCC.
Noreg opprettheld ei rekke kapabilitetar for tilrettelegginga, som er utforma i første linje for stønad til eigne kampstyrkar, noko som i nokre tilfelle kan skape ein konflikt mellom organiske støttebehov på taktisk nivå, og støtte til allierte behov på teaternivå. Dessverre vil ei rekke betydelege felles- og støttekapabilitetsmål, etterspurt på kort og mellomlang sikt, ikkje bli fullt ut oppfylte som føresett og må bli spegla fullt ut i neste LTP. Desse krava inkluderer ei kommando- og kontrollevne (C2-evne) for ein mindre fellesoperasjon (SJO-), eit tilknytt hovudkvarter for felles logistikkstøttegruppe (HQ), og ein signalbataljon, alle forspurde frå 2024, samt eit ammunisjonslager/forsyningskompani, einskilde MILENG-krav og manglar i implementering av nokre RSOM- og CBRN kapabilitetsmål.
Noreg fortset å yte til NATOs kapabilitetar til støtte for å stabilisere og rekonstruere (S&R) og kapasitetsbygging med både militære og ikkje-militære midlar, og implementerer dei fleste av dei relaterte NATO kapabilitetsmåla. Dei sivile kapabilitetane kan ikkje deployere som ein del av ein militær kontingent. Dette har ikkje vist seg å vere ein barriere til dags dato.
Noreg har ei robust tilnærming til å forbetre motstandsevne og implementere dei sju grunnleggande forventningane. Dette blir gjort med ei heilskapleg tilnærming til samfunnstryggleik, ei systematisk involvering av den private sektoren og med identifisering av ressursar for å oppretthalde dette arbeidet. Nasjonale sivile og militære planer har blitt koordinerte, men identifiseringa av ressursar for å handtere katastrofale massetap og ukontrollerte bevegelsar av menneske vil ytterlegare auke motstandsevna.
I sum er Noregs planlagde forsvarsutgifter på 2,03 % av BNP i 2020, og anslagsvis 28,78 % på hovudmateriell med tilhøyrande forsking og utvikling i 2020, velkomne. Det er likevel ikkje nok til å oppfylle Noregs forpliktingar. Noreg må fortsetje å auke forsvarsutgiftene for å fullt ut implementere alle sine NATO kapabilitetsmål.
Det er gjort framsteg i å implementere mange av NATOs kapabilitetsmål. Det er mellombels alvorleg bekymring med kvantitative og kvalitative manglar, spesielt på mellomlang sikt. Det er tydeleg at mange av NATOs kapabilitetsmål på kort og endå fleire på mellomlang sikt ikkje blir teke opp i utgiftsplanane knyta til Noregs LTP i 2017. For å oppfylle sine forpliktingar tilrår ein at Noreg gjer ein særlig innsats for å sikre at alle deira NATOs kapabilitetsmål er fullt ut inkludert i den komande LTP for 2020.
Dei allierte forsvarsministrane blei einige om at Noreg skulle prioritere å utvikle ein fullt kapabel tung infanteribrigade med tilhøyrande støtte, og å minimere gapet i JPS-evna under innføringa av F-35. Det er tydeleg at Noreg og NATO sine forsvarsplanleggingsprioriteringar i praksis ikkje er spesielt godt avstemte, spesielt i landområdet. Noreg må bruke betydeleg meir innsats og ressursar på å akselerere leveransen av sine NATO kapabilitetsmål, og spesielt den første prioriterte kapabiliteten, i sin heilheit og i tide. Dette er spesielt viktig då Noreg er ein potensiell frontlinjestat. Inntil Noreg gjer dette, kan andre allierte potensielt måtte ta ein del av Noregs rettmessige del av byrda til alliansen.