5 Omfangsendring av pågåande prosjekt for godkjennning
5.1 Prosjekt 6023 Vidareføring NSM, hovudvedlikehald og suppleringsinnkjøp
Prosjekt 6023 Videreføring Naval Strike Missile (NSM) inneheld to element, kor det eine handlar om hovudvedlikehald av eksisterande behaldning NSM til Nansen-klasse fregattane. Stortinget vedtok dette prosjektet gjennom handsaming av Innst. 7 S (2020–2021) til Prop. 1 S (2020–2021) med ein kostnadsramme satt til 690 mill. kroner, medrekna meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetting for uvisse. Prosjektet si styringsramme er satt til 539 mill. kroner medrekna meirverdiavgift.
Som følge av Stortingets tilslutning til å føre vidare Skjold klasse korvettar fram mot 2030 knytta til handsaminga av ny langtidsplan for forsvarsektoren, jf. handsaming av Innst. 87 S (2020–2021) til Prop. 14 S (2020–2021), handlar det andre elementet i prosjektet om ein suppleringskjøp av NSM til desse fartøya frå Kongsberg Defence and Aerospace. NSM er hovudvåpensystemet til Skjold klasse korvettane, og grunna avgjerda om å føre vidare desse fartøya, er eit slikt suppleringskjøp avgjerande for å oppretthalde den maritime kampkrafta og operativ yting til desse overflatefartøya dei neste 10 åra. Eit suppleringsinnkjøp av NSM, planlagt gjenomført i 2024–25, vil på generelt grunnlag bidra til Sjøforsvaret si operative beredskap, samt nasjonal tryggleik i det maritime domenet sett opp mot forventa trugselbilete i 2030. Med utgangspunkt i ei vidareføring av alle seks Skjold-klassen korvettar vil eit suppleringsinnkjøp av NSM innebera at kostnadsramma på prosjektet blir auka med 1450 mill. kroner. Utgiftene til prosjektet vil bli belasta kapittel 1760, post 01 og 45. Den oppdaterte totale kostnadsramma (P85), som omfattar både hovudvedlikehaldet og suppleringsinnkjøpet, blir sett til 2140 mill. kroner, medrekna meirverdiavgift, gjennomføringskostnader og ei avsettjing for uvisse. Den nye styringsramma (P50) for prosjektet er sett til 1784 mill. kroner medrekna meirverdiavgift.