4 Nye eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt for godkjenning
4.1 Ørland – utbetring av hovudrullebanen
Stortinget vedtok gjennom handsaminga av Innst. 388 S (2011–2012) til Prop. 73 S (2011–2012) at Ørland flystasjon skulle utviklast som framtidig kampflybase. Gjennom handsaminga av Innst. 7 S (2015–2016) til Prop. 1 S (2015–2016) vedtok Stortinget eit prosjekt for forlenging av hovudrullebanen på flystasjonen. Prosjektet inkluderte også fornying av toppdekket på den eksisterande rullebanen. Det er no synleggjort behov for å gjennomføre tiltak knytt til utbetring av tryggingsområdet og banedekket, og utviding av baneskuldrane.
Etter gjennomført baneforlenging i 2017 vart rullebanen sertifisert av Luftfartstilsynet for fly kode 4C (tilsvarande Boeing 737 e.l.) iht. European Union Aviation Safety Agency (EASA) sitt reglement. Sertifiseringa blei gitt mellombels med vilkår om å rette opp avvik på tryggingsområdet langs den opphavelege delen av rullebanen innan 1. januar 2023. Dagens banebredde er 56 meter. Forsvaret har regelmessig behov, eksempelvis ved allierte øvingar i Noreg, for å kunne lande større sivile og militære fly opp til kode 4D og 4E. For at den totale banebredda skal vere tilstrekkeleg for landing av fly av denne storleiken, utan at det må søkast om spesiell løyve frå Luftfartstilsynet, er det naudsynt å utvide bredda på baneskuldrene på kvar side av rullebanen. Vidare er det avdekka at underliggande asfaltlag på den opphavelege delen av rullebanen har skader etter fleire års bruk av kjemikaliar for avising av banedekket. Kvaliteten på dei underliggande asfaltlaga gjev ein auka risiko for sprekkdanning og fare for at asfaltflak kan losne. Det må difor gjennomførast tiltak for å unngå fare for skade på personell og materiell.
Prosjektet omfattar utskifting av massar for å lukke avvika på bæreevna i tryggingsområdet langs den opphavelege delen av hovudrullebanen. Det er også naudsynt å fornye banedekket på denne delen av rullebanen. Skada asfaltlag blir fresa bort, og det blir lagt ny asfalt lag for lag opp til nytt slitelag. I heile rullebanelengda blir det gjennomført tiltak for å utvide baneskuldrane slik at den totale banebredda blir 60 meter. Dette vil tilfredsstille EASA sine krav til banebredde for landing av større fly.
Hovudrullebana må stengast medan utbetringsarbeida går føre seg. Sjølve arbeidet vil ta om lag eitt år. Prosjekt for utbetring av taksebanene Yankee og A4-A7 på Ørland blei godkjent ved Stortingets handsaming av Innst. 339 S (2019–2020) til Prop. 78 S (2019–2020) og blir ferdigstilt innan utgangen av 2022. Taksebane Yankee vil bli nytta som rullebane i perioden når hovudrullebanen er stengt. Denne løysinga vil føre til restriksjonar når det gjeld kva slags fly som kan operere frå Ørland flystasjon. Dette tilhøvet vil bli nærare avklart. Prosjektet for utbetring av hovudrullebanen skal vere ferdigstilt seinast i 2025. Utgiftene til prosjektet vil bli belasta kapittel 1710, post 47.
Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 487 mill. 2021-kroner medrekna meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetting for uvisse. Prosjektet si styringsramme blir sett til 433 mill. 2021-kroner medrekna meirverdiavgift og gjennomføringskostnader.
Forsvarsdepartementet planlegg å søke om å få finansiert deler av prosjektet gjennom NATO sitt investeringsprogram for sikkerheit.
4.2 Porsangmoen – bustadar og forlegningar
Stortinget vedtok gjennom handsaminga av Innst. 50 S (2017–2018) til Prop. 2 S (2017–2018) å etablere ein fullt oppsatt kavaleribataljon på Porsangmoen, og å samle Hæren og Heimevernet sine avdelingar i Finnmark under ei felles leiing. Ifølge Prop. 2 S (2017–2018) vil det på Porsangmoen være naudsynt med ny bygningsmasse, men dei permanente løysningane kan ein ikkje forvente ferdig før i 2025.
For å følge opp vedtaket skal det difor investerast mykje på Porsangmoen. Som ei førebuing er det utarbeid ei studie av moglege alternative løysingar før bygg, anlegg og infrastruktur ved garnisonen. Basert på studien er det laga ei oversikt over planlagt inndeling av dei tiltaka som er naudsynt å gjennomføre. Nokre av prosjekta vil bli så store at dei må til Stortinget for avgjersle om gjennomføring, men andre prosjekt vil bli starta av departementet innanfor eigen fullmakt.
For å kunne huse det auka talet på tilsette og vernepliktige på Porsangmoen, er det viktig å kome i gang med å bygge bustader og forlegningar. Prosjektet som det no bes om godkjenning for omfattar kjøp av 19 bustadar og bygging av 72 nye befalskvarter. Ein planlegg å kjøpe bustadar med carport eller garasje i Lakselv sentrum frå utbyggarar. Kvartera blir etablert i det eksisterande bustadområde utanfor leiren. Dei nye kvartera blir utforma som to identiske bygg i to etasjar med loft. Vidare omfattar prosjektet bygging av ei ny mannskapsforlegning for 192 vernepliktige i seksmannsrom med bad i tilknyting til kvart rom. Utforminga av både befalskvarter og mannskapsforlegning er basert på gjenbruk av løysningar som tidlegare er bygd andre stadar i Forsvaret. Prosjektet er planlagd ferdig i 2023. Utgiftene til prosjektet vil bli belasta kapittel 1710, post 47.
Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 360 mill. 2021-kroner medrekna meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetting for uvisse. Prosjektet si styringsramme blir sett til 315 mill. kroner medrekna meirverdiavgift og gjennomføringskostnader.