6 Endring av produktavgifta i fiskerinæringa
Fiskarane betalar ei trygdeavgift på 7,8 pst., som er lågare enn trygdeavgifta på næringsinntekt elles. Produktavgifta i fiskerinæringa skal dekkje mellomlegget mellom 7,8 pst. og 11,0 pst. i trygdeavgifta på næringsinntekt i tillegg til å dekkje kollektiv medlemspremie til yrkesskadetrygd, kollektiv forsikring for tilleggssjukepengar for manntalsførte fiskarar og utgifter til stønad til arbeidslause i næringa. I statsbudsjettet for 2024 vart det vedteke å setje produktavgifta til 1,9 pst. for 2024.
Produktavgifta er berekna på bakgrunn av innhenta prognosar for komande års fyrstehandsverdi av fisket og prognosar for utgiftene som produktavgifta er meint å dekkje. Uvisse i prognosane gjer det vanskeleg å fastsetje riktig sats for komande år.
Nærings- og fiskeridepartementet har innhenta reviderte prognosar på førstehandsverdien av fisket i 2024, i tillegg til prognosar for utbetalingar av dagpengar og sjukepengar til fiskarane. På bakgrunn av dette tilrår Nærings- og fiskeridepartementet at satsen for andre halvår 2024 vert sett til 2,0 pst. Det kjem hovudsakleg av at utbetalte dagpengar og sjukepengar til fiskarane er forventa å gå opp i 2024.
Departementet foreslår å auke produktavgifta til 2,0 pst. frå 1. juli 2024 i tråd med tilrådinga frå Nærings- og fiskeridepartementet.
Departementet syner til framlegg om endring i Stortinget sitt vedtak om produktavgift til folketrygda for fiskeri-, kval- og selfangstnæringane for 2024.