2 Endring i reglane om tilbakeføring av frådragsført meirverdiavgift ved kjøp av personkøyretøy – oppmodingsvedtak nr. 35 punkt 13 (2021–2022)
2.1 Innleiing og samandrag
Regjeringa foreslår å endre reglane i merverdiavgiftsloven om tilbakeføring av frådragsført meirverdiavgift ved kjøp av personkøyretøy. Framlegget går i hovudsak ut på å erstatte dagens sjablongverdiar med den faktiske verdien til køyretøyet når det vert selt vidare eller på anna måte tatt ut av avgiftspliktig verksemd. Føremålet med framlegget er meir nøytrale reglar ved at frådragsført meirverdiavgift etter tilbakeføring betre reflekterer verdifallet køyretøyet faktisk har medan det vert nytta i den avgiftspliktige verksemda.
Stortinget gjorde følgjande oppmodingsvedtak ved behandlinga av Prop. 1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll 2022, sjå Innst. 2 S. (2021–2022) (vedtak 35 punkt 13):
«Stortinget ber regjeringen i revidert nasjonalbudsjett 2022 foreslå tiltak for å øke elbilandelen i leasingmarkedet og innenfor varebilmarkedet, herunder konkrete forslag som vil ha umiddelbar effekt i 2022, for å hindre at disse markedene blir en barriere for å nå målet om at alle nye personbiler og lette varebiler i 2025 skal være nullutslippsbiler. Utredningen skal se på fjerning av skattefordeler til biler med utslipp i leasingmarkedet, støtteordninger til el-varebiler, og CO2-komponenten i engangsavgiften for nyttekjøretøyer med forbrenningsmotor, den skal videre se på om det kan gjøres grep i støtteordningene til el-bil som kan gi næringsdrivende styrkede og mer like fordeler som privatpersoner».
Regjeringa varsla i Revidert nasjonalbudsjett 2022, Statsbudsjettet 2023 og Statsbudsjettet 2024 høyring av meir nøytrale meirverdiavgiftsreglar for leasing mv. og sendte ut eit framlegg om dette på høyring hausten 2023. I Innst. 239 (2023–2024) Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2022–2023 går det fram at oppmodingsvedtaket ikkje kan kvitterast ut før forslaget er lagt fram for Stortinget. Regjeringa ser det slik at oppmodningsvedtaket er følgt opp med dette framlegget.
Innføring av meir nøytrale meirverdiavgiftsreglar er venta å auke inntektene til staten med om lag 250 mill. kroner i heilårsverknad, med påløpt verknad på 125 mill. kroner og bokført verknad på 85 mill. kroner i 2024. Framlegget skal ikkje gje auka inntekter for staten. Auka inntekter som følgjer av framlegget, vert tilbakeført gjennom reduksjonar i bilavgiftene. Regjeringa foreslår å bruke meirprovenyet til å redusere den nye vektkomponenten i eingongsavgifta som gjeld alle personbilar og fjerne eingongsavgifta for rullestoldrosjar. Endringane i eingongsavgifta er nærare omtalte i kapittel 3. Samla vil drosjenæringa få ei skattelette, og det vil verte billigare å lease, leige og eige rimelege elbilar.
Departementet syner til framlegg til endring i merverdiavgiftsloven § 9-6 samt framlegg til overgangsføresegn til merverdiavgiftsloven § 9-6 .
2.2 Gjeldande rett
Meirverdiavgift er ei generell avgift på forbruk. Meirverdiavgiftsregistrerte verksemder skal rekne ut meirverdiavgift ved omsetning av varer og tenester, med mindre noko anna er særleg bestemt. Motstykket er at dei kan trekkje frå meirverdiavgift på anskaffingar til bruk i den avgiftspliktige verksemda. På den måten vert meirverdien skattlagt i kvart omsetningsledd, og meirverdiavgifta vert fyrst endeleg belasta når kjøparen ikkje har rett til frådrag, typisk ved sal til ein forbrukar.
For personkøyretøy er det gjort unntak frå den generelle retten til frådrag for inngåande meirverdiavgift, jf. merverdiavgiftsloven § 8-4 fyrste ledd fyrste punktum. Dette heng saman med at personkøyretøy er særleg egna for privat bruk, og at det difor er stor fare for at private utgifter vert overførte til meirverdiavgiftspliktig verksemd. Med personkøyretøy meiner ein mellom anna motorvogn registrert som personbil, varebil klasse 1, moped, motorsykkel og campingbil, jf. merverdiavgiftsforskriften § 1-3-1.
Frådragsretten gjeld likevel for personkøyretøy som vert brukt som salsvare, utleigekøyretøy og i persontransportverksemd, jf. merverdiavgiftsloven § 8-4 andre punktum. Dette heng saman med at personkøyretøy er den primære innsatsfaktoren i slike verksemder, som har plikt til å krevja meirverdiavgift på sine tenester på vanleg måte. Ei avskjering ville difor ramma desse verksemdene særleg hardt. Utleigekøyretøy omfattar både korttidsutleige (bilutleige) og leasing. Persontransportverksemd omfattar drosjekøyring.
Meirverdiavgift vert ikkje betalt ved omsetning av brukte motorvogner. I staden må det svarast omregistreringsavgift når tidlegare registrerte motorvogner vert registrerte på nye eigarar. Dette gjeld òg vidaresal av motorvogner frå verksemder som har frådragsført meirverdiavgift. Køyretøy skil seg i så måte frå andre driftsmiddel, der òg vidaresal utløyser meirverdiavgift. Systemet er delvis ei praktisk tilpassing og delvis ein konsekvens av at ein stor del av omsetninga av brukte bilar skjer mellom privatpersonar og ikkje ville utløyst meirverdiavgift.
Når meirverdiavgift vert frådragsført, utan at omsetning av køyretøyet utløyser avgift, kan ein reinse personkøyretøy for meirverdiavgift og selje det vidare avgiftsfritt i bruktbilmarknaden. For å motverke dette er det innført reglar om bindingstid og tilbakeføring av frådragsført meirverdiavgift dersom personkøyretøy vert vidareselt eller omdisponert til bruk som ikkje ville gjeve frådragsrett, jf. merverdiavgiftsloven § 9-6. Verksemdene må tilbakeføre frådragsført meirverdiavgift dersom personkøyretøyet vert selt før det har gått 48 månader sidan køyretøyet vart registrert. Tilbakeføringsbeløpet vert redusert med 1/30 for kvar heile månad det fyrste året og 1/60 for kvar heile månad dei tre siste åra. Sal for eksport vil ikkje utløyse krav om tilbakeføring av meirverdiavgift.
I merverdiavgiftsloven er det gitt justeringsreglar for andre kapitalvarer, sjå lova §§ 9-1 til 9-5. Maskinar, inventar og driftsmiddel har ein justeringsperiode på fem år, medan fast eigedom har ein periode på ti år.
I merverdiavgiftsloven § 6-8 fyrste ledd er det gjeve fritak for meirverdiavgift ved omsetning av elbilar for vederlag opp til og med 500 000 kroner. For verksemder med frådragsrett for personkøyretøy vil det i så fall ikkje vere nokon inngåande meirverdiavgift å gjere frådrag for, og tilbakeføringsreglane er i slike tilfelle utan betydning. For elbilar med verdi over 500 000 kroner vil tilbakeføringsreglane berre gjelde for den delen av vederlaget som overstig 500 000 kroner.
2.3 Høyringa
Finansdepartementet sende 2. november 2023 framlegg om meir nøytrale reglar for tilbakeføring av frådragsført meirverdiavgift på høyring med høyringsfrist 1. februar 2024.
I framlegget vart det foreslått å erstatte dagens sjablongreglar for tilbakeføring av meirverdiavgift med eit system der tilbakeføringsbeløpet vert rekna ut frå verdien av køyretøyet på tidspunktet køyretøyet vert omdisponert (typisk ved vidaresal). Plikta til tilbakeføring vart foreslått forlenga frå dagens fire til åtte år. Framlegget gjeld berre verksemder som i dag har rett til frådrag for anskaffingar av personkøyretøy. Det vil seie verksemder som driv utleigeverksemd og persontransport. Føremålet med framlegget er å få på plass eit system som betre reflekterer køyretøyet sitt faktiske verdifall.
Departementet har motteke svar frå 30 instansar. 27 høyringsinstansar har kome med realitetsmerknader:
Advokatforeningen
Avis
Bilimportørenes Landsforening
Bislett bilutleie
Bærum bilutleie AS
CTC Bilpartner as
Domstoladministrasjonen
Easy Rent AS
Finans Norge
Finansieringsselsakpenes Forening
Fjord Mobility AS
Justis- og beredskapsdepartementet
LeasPlan Norge AS
NHO Reiseliv
NHO Transport
Norges bilbransjeforbund
Norges Taxiforbund
Norsk elbilforening
Regelrådet
Regnskap Norge
Rogaland Bilutleie AS
Sands Advokatfirma DA
Senja Caravan AS
Shared Mobility NUF
Sixt Norge
Skattedirektoratet
Statistisk sentralbyrå
Visit Bergen
Visit Bodø
privatperson
Skatteetaten, Elbilforeningen og Regnskap Noreg er positive til framlegget, medan typiske bilutleigefirma og finansieringsselskap er negative til framlegget.
Det har kome 11 innspel frå aktørar som er ein del av, eller representerer nokon i bilutleigebransjen, mellom anna NHO Reiseliv, Avis og Sixt. Bilutleigebransjen meiner at konsekvensane for bransjen ikkje er tilstrekkeleg utgreidd. Ifølgje bransjen vil framlegget føre til tap av arbeidsplassar og ha negative konsekvensar for mellom anna reiselivet. Dei syner til at bransjen ikkje frådragsfører meir meirverdiavgift enn dei betalar inn, og at bransjen difor ikkje vert subsidiert gjennom meirverdiavgiftssystemet. Vidare peikar dei på at leigebilar har større verdifall enn leasingbilar, og difor bør likestillast med drosjar dersom regjeringa foreslår meir lempelege reglar for drosjane. Bransjen stiller òg spørsmål ved at Stortingets oppmodingsvedtak ikkje nemner bilutleige og undrar seg om det har vore føremålet å halde bransjen utanfor.
Noregs bilbransjeforbund, Finansieringsselskapenes foreining, Bilimportørenes landsforeining med fleire har peikt på at situasjonen som gav opphav til oppmodingsvedtaket i 2022, har endra seg. Dei syner til at kostnadene ved å eige personbilar med forbrenningsmotor har auka kraftig som følgje av auka eingongsavgift og auka rente, og at det har ført til at det ikkje lenger er nokon skattefordel i favør av leasing. Dei meiner det er uklart kva departementet legg i nøytralitet, og saknar utrekningar som underbyggjer at gjeldande reglar ikkje er nøytrale. Etter Finansieringsselskapenes foreining sine eigne utrekningar er skatteinntektene større ved leasing enn ved kjøp. Dei meiner dette er eit prov på at dagens reglar om tilbakeføring heller er for strenge enn for milde. Leasingbransjen hevdar at framlegget vil kunne gjere leasing uaktuelt som finansieringsform for kundar som er utan rett til frådrag eller kompensasjon for inngåande meirverdiavgift.
Norges Taxiforbund peikar på at drosjar har vesentleg lenger køyrelengde enn andre personbilar og difor fell vesentleg raskare i verdi. Dei verkar soleis å dele premissen om at framlegget vil få mindre økonomiske følgjer for drosjenæringa. Taxiforbundet hevdar at framlegget vil slå uheldig ut for drosjar som er spesielt utforma for rullestolbrukarar. Taxiforbundet går samstundes eit skritt vidare og ber om full frådragsrett for drosjar utan krav om tilbakeføring av meirverdiavgift ved omdisponering, slik tilfellet er for varebilar og andre nyttekøyretøy. Dei foreslår alternativt at tilbakeføringsperioden vert redusert til to år for drosjar.
Fleire høyringsinstansar har peikt på at framlegget vil komplisere handteringa av avgifta for dei avgiftspliktige. Det vert mellom anna peikt på at med dei nye reglane vil ein fyrst kunne rekne ut tilbakeføringsbeløpet når køyretøyet vert omdisponert, medan dette er klart allereie ved kjøpet med dagens sjablongreglar. Denne uvissa eller risikoen vil ifølgje desse høyringsinstansane gje høgare leigeprisar. Dei meiner samstundes at systemet òg opnar for omgåingar i form av kunstig sette prisar på kjøp og vidaresal. Vidare peiker dei på at framlegget krev endringar i rekneskapssystema til dei næringsdrivande, som vil kunne vere vanskelege å gjennomføre dersom framlegget skal tre i kraft frå 1. juli 2024.
Regelrådet har uttalt at konsekvensane av framlegget ikkje er tilstrekkeleg utgreidd, og ber om at framlegget vert stilt i vent i påvente av ei slik utgreiing. Dei hevdar at høyringsnotatet har to mål – auka elbilandel og meir nøytrale meirverdiavgiftsreglar – og at det er uklart kva mål som er den primære bakgrunnen for framlegget. Vidare saknar dei ei vurdering av alternative tiltak for å auke elbilandelen og ei grundigare vurdering av konsekvensane for næringslivet.
Skatteetaten støttar i utgangspunktet framlegget. Etaten peikar på at tiltaket vil komplisere regelverket og påføre styresmaktene og næringslivet auka administrative kostnader. Ut frå eit forenklingsperspektiv, og under tilvising til at dagens underskattlegging primært synest å vere eit problem for leasing, meiner etaten at departementet bør vurdere ein forenkla variant. Ein forenkla variant kan vere å vidareføre sjablongreglen for leasing, bilutleie og drosjar, men å utvide bindingstida for leasingbilar frå dagens fire til fem år.
2.4 Vurderingar og framlegg
2.4.1 Generelt om framlegget
Lengda på bindingstida har vorte endra fleire gonger. I 1998 vart bindingstida sett til 36 månader. Endringa reduserte ei kraftig subsidie som utleige og leasing hadde i meirverdiavgifta. Ved fastsetjing av lengda vart det lagt vekt på at frådragsført meirverdiavgift ved kjøp skal svare til påløpt meirverdiavgift på vederlaget for leige/leasing av køyretøyet, sjå St.prp. nr. 1 (1997–98) og Budsjettinnst. S nr. 1(1997–98). Bindingstida vart igjen auka i 2015 for å redusere den skattemessige fordelen for leasingbilar. Då vart den auka frå 36 til 48 månader, sjå punkt 6.3 i Prop. 1 LS (2014–2015).
Fram til 2023 var omsetning og leasing av elbilar friteke for meirverdiavgift. Frå 1. januar 2023 vart det innført meirverdiavgift for elbilar for den delen av prisen som overstig 500 000 kroner. For elbilar med verdi opp til 500 000 kroner vil ikkje ei innstramming i tilbakeføringsreglane føre til auka kostnader for verksemder med frådragsrett for personkøyretøy, og for elbilar med ein verdi over 500 000 kroner vil kostnadsauken vere relativt liten.
Framlegget vil auke samla avgift for bilar med forbrenningsmotor og dyre elbilar i leasing, korttidsutleige og drosjenæringa. Framlegget vil dermed auke konkurranseevna til elbilane i desse næringane.
I 2023 var over 80 pst. av alle nye personbilar elektriske, og denne delen har auka til 90 pst. i dei fire fyrste månadene i 2024. Ifølgje registreringsstatistikk frå Opplysningsrådet for vegtrafikk var 96 pst. av alle nye drosjar og 78 pst. av alle nye utleigebilar elektriske i dei fire fyrste månadene av 2024. Regjeringa har eit mål om at alle nye personbilar skal vere elbilar i 2025. Noreg er på god veg til å nå dette målet, og framlegget her vil bidra ytterlegare til dette.
Fritaket for omsetning og leasing av elbilar for den delen av prisen som ligg under 500 000 kroner, inneber statsstøtte og krev godkjenning frå EFTAs overvakingsorgan (ESA). ESA har godkjent gjeldande fritak ut 2024. Regjeringa er i dialog med ESA, med sikte på eit fritak òg etter 2024.
Føremålet med framlegget er å få på plass meir nøytrale reglar for tilbakeføring av frådragsført meirverdiavgift ved kjøp av personkøyretøy. Tiltaket vil primært gjelde køyretøy med forbrenningsmotor.
Med nøytrale reglar meiner departementet reglar som avgiftsleggjer leasing, kortidsutleige og persontransport etter same prinsipp som gjeld for andre meirverdiavgiftspliktige verksemder. Meirverdiavgiftspliktige verksemder skal rekne ut meirverdiavgift ved omsetning av varer og tenester, men dei kan frådragsføre meirverdiavgift på innkjøp til bruk i den registrerte verksemda. Restverdien representerer den verdien av bilen som ikkje vert brukt i den avgiftspliktige verksemda, og ein skal dermed heller ikkje få frådrag for denne verdien. Sjølv om bransjen hevdar at auka rente og eingongsavgift har gjort reglane nøytrale, vert framleis ikkje restverdien til køyretøya skattlagt under gjeldande reglar.
For å sikre ei meir presis skattlegging av restverdien held regjeringa fast ved forslaget i høyringsnotatet og foreslår å endre reglane om tilbakeføring av frådragsført meirverdiavgift. Det vert gjort ved at ein reknar tilbakeføringsbeløpet ut frå verdifallet til køyretøya. Tilbakeføringsbeløpet vil då verte rekna ut individuelt, basert på forholdet mellom kjøpsverdi og verdi ved omdisponering (salspris).
Departementet held fast ved at framlegget skal gjelde for både korttidsutleige, leasing og persontransport. Drosje- og bilutleigebransjen argumenterer for at dei skal ha gunstigare reglar enn leasing mellom anna fordi bilane i desse bransjen fell raskare i verdi enn leasingbilar. Departementet meiner at ein styrke ved framlegget er at det gjev meir presis skattlegging i alle bransjane og at det dermed ikkje er naudsynt med ulike reglar. Når ein reknar ut tilbakeføringsbeløpet ut frå verdifallet på bilen, vil tilbakeføringa verte avskriven raskare for bilar med stort verdifall (som drosjar og utleigebilarar) samanlikna med bilar med lågare verdifall (som leasingbilar).
Å gå så langt som å avvikle eller redusere bindingstida for drosjenæringa, ville ikkje berre komplisere regelverket, men òg vere i strid med føremålet til framlegget. I praksis vil dette verte ei form for subsidiering av bruktbilomsetning gjennom aktørar som driv med persontransport. Ifølgje Noregs taxiforbund vil høyringsframlegget få størst konsekvensar for rullestoldrosjane. Regjeringa innser dette og foreslår difor å fjerne eingongsavgifta for rullestoldrosjar. Slik får dei ei stor netto avgiftslette.
Føremålet med framlegget er å gjere meirverdiavgiftsreglane meir nøytrale. Dagens system er vridande ved at det mellom anna har gjort det gunstig å lease bilar med forbrenningsmotor. Dette gav opphav til Stortingets oppmoding om å fjerne «skattefordeler til biler med utslepp i leasingmarkedet». Framlegget vil føre til at fleire vil skaffe elbilar i staden for å lease bilar med forbrenningsmotor. Dette er ikkje eit mål i seg sjølv, men ein konsekvens av å innføre meir nøytrale reglar, jf. fråsegn frå Regelrådet.
Fleire høyringsinstansar har etterspurt utrekningar som viser at reglane som vert foreslått er nøytrale. Det er ikkje naudsynt me slike utrekningar for å vurdere nøytralitet på systemnivå. Ein kan i alle fall ikkje gje ein fasit på om meirverdiavgiftsreglane er nøytrale ved å vurdere forholdet mellom inngåande og utgåande avgift. Mellom anna som følgje av variasjonar i avgiftslegginga av innsatsfaktorane og lønsemda til verksemdene vil dette variere mykje frå bransje til bransje og frå verksemd til verksemd. Til dømes vil ei verksemd med høge lønskostnader (utan avgift), og låg varekost ha vesentleg høgare utgåande avgift enn inngåande. Verksemder med god lønnsemd vil òg ha vesentleg høgare utgåande avgift enn inngåande avgift. At mange aktørar har kunna frådragsføre meir meirverdiavgift enn køyretøyet har generert av meirverdiavgiftsinntekter, er likevel ein indikasjon på at dagens reglar ikkje er nøytrale.
Departementet er klar over at framlegget vil vere noko meir krevjande å handtere for dei avgiftspliktige enn dagens sjablongreglar, men meiner at dette er handterleg. Det alternative framlegget frå Skatteetaten om å vidareføre dagens sjablongreglar vil vere administrativt enklare. På den andre sidan vil det òg innebere at svakheitene ved dagens system vert vidareført. Skatteetaten foreslår ulike reglar for tilbakføring for leasing på eine sida og for persontransport og korttidsutleige på andre sida. Ei slik avgrensing vil innebere eit tospora system, med forskjellige regelsett for ulike bransjar. Reint teknisk ville det vere mogleg å avgrense dei nye reglane mot persontransport, men det vil komplisere regelverket og kunne gi utilsikta konsekvensar på same måten som framlegget til Taxiforbundet. Eit slik system vil til dømes innebere ulike reglar for tilbakeføring av avgift for drosjar som vert leasea og drosjar som vert kjøpte.
Departementet har varsla fleire gonger at dei vil sende eit framlegg på høyring og framlegget vart sendt på høyring i haust. Framlegget kan dermed ikkje kome som ei overrasking på næringslivet. Vidare er det fyrst ved omdisponering at dei nye reglane vert aktuelle – gjerne 1–3 år fram i tid. I praksis vil dei avgiftspliktige difor ha god tid til å endre systema sine for å handtere sjølve omdisponeringa.
På denne bakgrunnen foreslår departementet å endre tilbakeføringsreglane av meirverdiavgift for personkøyretøy slik at tilbakeføringsbeløpet blir rekna ut etter faktisk restverdi.
2.4.2 Nærare om framlegget
Fastsetjing av tilbakeføringa
Den delen av frådragsført meirverdiavgift som skal tilbakeførast, vil svara til forholdet mellom verdien av køyretøyet ved omdisponering og verdien då den inngåande meirverdiavgifta vart frådragsført (nybilprisen). Dersom verdien ved omdisponering utgjer til dømes halvparten av nybilprisen, skal halvparten av frådragsført meirverdiavgift tilbakeførast. Verdien ved tidspunktet for omdisponeringa bør fastsetjast på tilsvarande vis som meirverdiavgiftsgrunnlaga. Det vil seie at verdien ved omsetning vert sett til vederlaget, gjeve armlengdevilkår, og i andre tilfelle til vanleg omsetnadsverdi.
Med framlegget vil leasing av bilar med forbrenningsmotor og dyre elbilar få ei større avgiftsbelastning enn med gjeldande reglar. Leasingselskapet skal etter gjeldande reglar tilbakeføre 20 pst. av frådragsført meirverdiavgift dersom bilen vert omdisponert etter 36 månader. På bakgrunn av bruksfrådragstabellen, som vert nytta ved berekning av eingongsavgift for bruktimporterte køyretøy, kan ein anslå at verdifallet på ein 36 månader gammal bil er 33 pst. Dersom tilbakeføringsbeløpet i staden skal bereknast basert på verdifallet, vil tilbakeføringsbeløpet verte om lag 67 pst. av frådragsført meirverdiavgift, altså vel tre gonger så stort som gjeldande tilbakeføringssum. Verdifallet kan vere større enn det bruksfrådraget tilseier, og då vil òg tilbakeføringsbeløpet verte mindre.
Drosjar fell raskare i verdi enn leasingbilar. Det har samanheng med at drosjane har vesentleg lengre årleg køyrelengde enn leasingbilane. Gjennomsnittleg køyrelengde for drosjebilane er om lag fire gonger lengre enn gjennomsnittet for personbilar, og det er difor grunn til å tru at verdifallet for drosjebilane òg er vesentleg større. Ein drosjebil som vert seld etter tre år, kan ha hatt eit verditap på 60 pst. Dersom denne bilen då vert teken ut av verksemda, må drosjeeigaren tilbakeføre 40 pst. av frådragsført meirverdiavgift, mot 20 pst. etter gjeldande reglar. Dersom frådragsført meirverdiavgift utgjorde 100 000 kroner ved kjøp av drosjen, må drosjeeigaren tilbakeføre 20 000 kroner meir meirverdiavgift når bilen vert teken ut av verksemda, samanlikna med dagens situasjon.
Menon skriv i rapporten Bilutleie og sesongsvingninger at leigebilar i gjennomsnitt vert haldne i verksemda i om lag 1 ½ år. Etter gjeldande reglar må bilutleigeselskapa tilbakeføre halvparten av den frådragsførde meirverdiavgifta dersom dei vidaresel bilen etter 1 ½ år. Menon skriv i rapporten at forventa verditap etter 1,5–2 år er rundt 18–30 pst. Endringa inneber dermed at bilutleigeselskapa i dette tilfellet må betale tilbake 70–82 pst. av frådragsført meirverdiavgift. Dersom verdifallet etter 18 månader til dømes er 25 pst., vil framlegget altså innebere at delen meirverdiavgift som må betalast tilbake etter 18 månader, vert auka frå 50 pst. til 75 pst. Det utgjer ei nominell avgiftsauke på 15 000–25 000 kroner ved omdisponering av vanlege utleigebilar med forbrenningsmotor.
Departementet vurderer verknadene for reiselivet å verte små. Ut frå dømet ovanfor kan framlegget innebere i storleiken 1 000 kroner i auka kostnader per månad for ein fossil utleigebil. Ein utleigebil blir leigd ut fleire gonger i løpet av ei månad og kostnaden vert fordelt på fleire kundar. Vert bilen leigd ut fire gonger per månad, vil kostnaden per leigeforhold auke med 250 kroner. Det er ein liten del av den samla kostnaden av å feriere i Noreg, og framlegget vil ikkje gje store endringar i etterspurnaden etter feriar i Noreg. Dessutan vil framlegget ikkje auke kostnadene for utleige av rimelege elbilar.
Opphøyret av tilbakeføringsplikta
Bakgrunnen for framlegget er at ein omfattande del av personkøyretøya har ein vesentleg høgare restverdi når dei vert tekne ut av den frådragsberettiga verksemda, enn verdien som vert avgiftslagde etter gjeldande tilbakeføringsreglar. Omsyna til nøytralitet og lik skattlegging av forbruket tilseier forholdsmessig tilbakebetaling av frådragsført meirverdiavgift i alle tilfelle der personkøyretøyet har ein restverdi ved omdisponeringa. Dette vil gjelde uavhengig av kor lenge køyretøyet har vore nytta i verksemda. Departementet meiner likevel at dette målet om riktig skattlegging òg i denne samanhengen må vurderast mot målet om at meirverdiavgifta skal vere enkel og praktikabel. Desse sistnemnde omsyna tilseier at tilbakebetalingsplikta fell bort etter ei viss tid.
Kor lang tid tilbakebetalingsplikta skal gjelde, må vurderast ut frå ulike omsyn. Å utvide tilbakeføringsplikta til meir enn fem år fordrar i utgangspunktet særvilkår om forlengd oppbevaringsplikt, jf. femårsplikta for oppbevaring av bokførte opplysningar i bokføringslova § 13.
Gjennomsnittleg levealder for personkøyretøy i Noreg er over 15 år. Dersom plikta til å tilbakebetale frådragsført meirverdiavgift berre skal gjelde i 5 år, vil tilbakeføringsbeløpet kunne gå frå å vere stort til null når køyretøyet vert meir enn 5 år. Ein slik terskelverknad kan gje insentiv til tilpassingar og omgåingar, og stride mot måla om nøytral meirverdiavgift og effektiv skattlegging av forbruk. Departementet meiner difor at plikta til å tilbakeføre meirverdiavgift må gjelde i meir enn 5 år. Departementet legg til grunn at dei aller fleste personkøyretøy som vert skaffa til bruk i avgiftspliktig verksemd vil bli vidareseld innan fem år, og at det difor berre unnataksvis vil bli tilbakeført inngåande meirverdiavgift som er frådragsført for meir enn 5 år sidan. Tilbakeføringsplikt for perioden utover 5 år vert i fyrste rekkje foreslått for å hindre tilpassingar.
Tilbakeføringsplikta vert foreslått å falle bort etter 8 år rekna frå registreringa av køyretøyet. Sjølv om køyretøy framleis kan ha stor bruksverdi etter 8 år, legg departementet til grunn at det vil bety lite for provenyet. Bortfall av tilbakeføringsplikt etter 8 år vil like fullt å gi eit visst bidrag til å redusere dei administrative kostnadene.
Alternativ berekning av tilbakeføringa
Det er ynskjeleg å unngå pålegg om forlengd oppbevaringsplikt for rekneskapsmateriale, jf. bokføringsloven § 13. Departementet foreslår difor at verksemda for personkøyretøy som vart registrert på verksemda i eit rekneskapsår som var omme for meir enn fem år sidan, kan rekne ut frådragsbeløpet. Dette er nærare forklart nedanfor. Verksemder som ønskjer å basere tilbakeføringa på meirverdiavgifta som faktisk er frådragsført, kan gjere det, så lenge verksemda har oppbevart det relevante rekneskapsmaterialet.
Departementet ser at eit slikt høve til å velgje isolert sett kompliserer regelverket. Motivet for framlegget er likevel forenkling, ved å skjerme verksemdene frå obligatoriske reglar om utvida oppbevaringstid for rekneskapen.
I den alternative modellen må verksemdene gjere utrekningane på grunnlag av tilgjengelege opplysningar. Opplysningar om listeprisen til køyretøyet og eventuell eingongsavgift, vil gje grunnlag for å rekne ut meirverdiavgifta ved kjøpet. Under den alternative løysinga vert det lagt til grunn at verksemda har gjort fullt frådrag for meirverdiavgifta. Det vil seie at frådragsført meirverdiavgift kan bereknast til 20 pst. av listepris med frådrag av eingongsavgift. Eingongsavgifta reknast ut etter satsane som gjaldt ved kjøp av køyretøyet.
Vilkår for tilbakeføringsplikt
Hendingar som utløyser plikt til tilbakeføring av inngåande meirverdiavgift, vil vere at køyretøyet vert teke i bruk til føremål som ikkje gjev rett til frådrag for inngåande meirverdiavgift, eller vert vidareseld i Noreg. Eksport vil ikkje utløyse plikt til å tilbakeføre frådragsført meirverdiavgift. Dette gjeld òg i dag, men vert i framlegget presisert i lova.
Departementet syner til framlegg til endringar i merverdiavgiftsloven § 9-6.
2.5 Økonomiske og administrative følgjer
Framlegget er venta å auke inntektene til staten med om lag 250 mill. kroner i heilårsverknad, med påløpt verknad på 125 mill. kroner og bokførd verknad på 85 mill. kroner i 2024. Det er lagt til grunn at ein del av bilane som ville vorte leasa med dagens regelverk, heller vil verte kjøpt etter endringa. Dei som eig bilane sjølv, betaler full meirverdiavgift på kjøpstidspunktet, i motsetning til dei som leaser bil. Dei betaler meirverdiavgift på leiga over fleire år. Når fleire kjøper bilar framfor å lease, vil meirverdiavgiftsinntektene auke på kort sikt. Endringa vil òg styrke konkurranseevna til elbilar, med låg eingongsavgift og med låg eller inga meirverdiavgift. Isolert sett vil dette kunne trekkje ned provenyet. Etter kvart som dei nye reglane gjer seg gjeldande, vil inntektene auke. Den langsiktige inntektsauken er venta å utgjere om lag 500 mill. kroner årleg. Provenyanslaget er usikkert, og vil avhenge av åtferdsendringar. Meirprovenyet frå omlegginga vert tilbakeført gjennom reduksjonar i eingongsavgifta, sjå kapittel 3.
Tilbakeføringsplikt basert på faktisk verdi kan medføre noko risiko ved verdivurderinga dersom køyretøyet vert omdisponert på ein annan måte enn ved sal mellom uavhengige partar. Ettersom ein stor del av køyretøya er venta å verte selt til kjøpar som ikkje har interessefellesskap med seljar, legg departementet til grunn at samla risiko ved verdivurderinga av køyretøya er avgrensa.
Departementet legg til grunn at framlegget ikkje vil påverka dei administrative kostnadene for Skatteetaten i nemneverdig grad. For dei avgiftspliktige vil den nye ordninga være meir komplisert å handtere enn dagens sjablongreglar. Dette betyr ikkje så mykje for verksemder som driv med persontransport og som ikkje bytter bil så ofte. For verksemder som driv med bilutleige og leasing, og som har stort omløp av køyretøy, vil belastninga bli større. Departementet legg til grunn at de administrative kostnadene som følgje av framlegget likevel er relativt små, og at bransjen er godt rusta til å handtere dette.
2.6 Iverksetjing og overgangsreglar
Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde 1. juli 2024, men likevel slik at gjeldande reglar kan nyttast for personkøyretøy som vert levert før endringa tek til å gjelde. Dette gjeld òg i høve der køyretøyet vert registrert etter 1. juli 2024. Dette er i tråd med forslaget som har vore på høyring.
Departementet foreslår vidare at gjeldande reglar for tilbakeføring òg kan nyttast for køyretøy som vert levert etter 1. juli 2024, dersom det er inngått bindande kjøpekontrakt eller bindande leigeavtale før 14. mai 2024. Departementet meiner at ei slik løysing vil gjere reglane tilstrekkeleg føreseielege for bransjen og hindre konsekvensar som dei næringsdrivande og dei som leiger bil, kan oppfatte som urimelege.
Departementet syner til framlegg til overgangsføresegn til merverdiavgiftsloven § 9-6.