Prop. 1 S (2015–2016)

FOR BUDSJETTÅRET 2016 — Utgiftskapitler: 1300–1380 Inntektskapitler: 4300–4380, 5577, 5611, 5618, 5619, 5622, 5623 og 5624

Til innholdsfortegnelse

Del 1
Innleiing og oversikt

1 Mål og hovudprioriteringar

1.1 Regjeringa sine mål med samferdselspolitikken

Samferdselspolitikken til regjeringa er forankra i Sundvolden-erklæringa og samarbeidsavtalen med Kristeleg Folkeparti og Venstre. Regjeringa byggjer sin politikk på at verdiar må skapast før dei kan delast. Innfasing av oljepengar vil bli styrt mot dei områda som Stortinget var mest oppteken av ved innføringa av handlingsregelen i 2001, m.a. investeringar i kunnskap, infrastruktur og vekstfremmande skattelette.

Regjeringa legg fram eit budsjettt for arbeid, aktivitet og omstilling. Ei sterk samferdselssatsing bidreg til arbeid og aktivitet på kort sikt, og til den langsiktige omstillinga ved å auke vekstevna i økonomien.

Forbetring og fornying av transportinfrastrukturen har ein sentral plass i regjeringa sitt arbeid for auka verdiskaping, m.a. for å minske transportkostnadene, styrkje konkurranseevna for næringslivet og leggje til rette for ein velfungerande arbeidsmarknad over heile landet. Det må byggjast ut eit moderne transportnett i Noreg med riks- og fylkesvegar, jernbane og anna kollektivtransport, og infrastruktur for luft- og sjøtransport som tek omsyn til framkome, miljø, transporttryggleik og tilgjenge.

Regjeringa vil byggje landet er eitt av åtte satsingsområde i den politiske plattforma til regjeringa. Effektive kommunikasjonar er viktig for Noregs konkurranseevne. Satsingsområdet er først og fremst avhengig av gode samferdselssamband. Fleire av dei andre utpeika satsingsområda vil vere avhengige av eller ha stor nytte av satsinga på samferdselsinfrastruktur, både transportinfrastruktur og breiband/IKT-løysingar. Dette kan betre konkurransekrafta for norske arbeidsplassar og gi ein enklare kvardag for folk flest. Regjeringa har derfor store ambisjonar for samferdselssektoren.

I regjeringsplattforma varsla regjeringa at det skulle etablerast eit infrastrukturfond på 100 mrd. kr som blir bygd opp over inntil fem år. I 2016 vil fondet ha ein innskotskapital på 100 mrd. kr. Fondet er dermed bygd opp raskare enn regjeringsplattforma la opp til.

Betre forvaltning av vår felles infrastruktur er prioritert gjennom auka løyvingar til drift og vedlikehald. Nivået på midlar til vedlikehald blir auka ytterlegare frå 2015 til 2016. Det er sett av betydelege midlar til fornying som gjer at vedlikehaldsetterslepet også i 2016 blir redusert monaleg. Løyvingane til vedlikehald og fornying blir òg auka som ein del av regjeringas tiltakspakke for auka sysselsetting.

Regjeringa aukar satsinga på utbygging av veg og kollektivtransport meir enn det som er ei jamn opptrapping av dei økonomiske rammene i Nasjonal transportplan 2014–2023. Ein betydeleg vekst i samla investeringar på veg, jernbane og i sjøtransport i dei første åra av Nasjonal transportplan 2014–2023 gjer at regjeringa legg opp til å overoppfylle rammene i Nasjonal transportplan 2014–2023 i første del av planperioden.

I tillegg til auka løyvingar gjennomfører regjeringa ei omfattande reform av transportsektoren. Nye organisatoriske løysingar må takast i bruk i sektoren for å få fart på utbygginga, få meir effekt ut av ressursane, og for å betre den samfunnsøkonomiske lønnsemda i sektoren. I reformarbeidet er det lagt opp til heilskaplege løysingar for transportsektoren. Regjeringa la i Meld. St. 27 (2014–2015) På rett spor. Reform av jernbanesektoren fram forslag til ei heilskapleg reform av jernbanesektoren, jf. også Innst. 386 S (2014–2015). Dette er ei omfattande og krevjande reform.

For å sikre at gevinstane ved dei ulike reformene kan komme til nytte så raskt som mogleg, vil regjeringa utarbeide og foreslå konkrete løysingar etter som dei blir klare. Etableringa av eit utbyggingsselskap for utvalde vegprosjekt er eit første steg. Utbyggingsselskapet er m.a. gjort greie for i Meld. St. 25 (2014–2015) På rett vei. Reformer i vegsektoren. Gjennom meir heilskapleg, samanhengande og rasjonell utbygging og meir langsiktig og føreseieleg finansiering, legg regjeringa opp til at utbyggingsselskapet raskare byggjer ut hovudvegnettet. 2016 er det første året for ordinær drift av selskapet.

Innkrevjinga av bompengar kan og bør bli meir kostnadseffektiv. I Meld. St. 25 (2014–2015) På rett vei. Reformer i vegsektoren, er det ein omtale av regjeringa sitt arbeid med dei ulike elementa i bompengereforma. Talet på bompengeselskap vil bli redusert frå om lag 60 til fem regionale selskap. Regjeringa foreslår ei rentekompensasjonsordning for bompengelån. Formålet med ordninga er å redusere bompengebelastninga for trafikantane og leggje til rette for ein meir effektiv organisering av sektoren.

Folketalet i byområda aukar og er venta å vokse kraftig i åra som kjem. Dette får konsekvensar for samferdselspolitikken. Regjeringa vil gjennomføre ei kraftig satsing på bygging av infrastruktur i og rundt dei største byane. Vidare vil regjeringa leggje betre til rette for at fleire kan reise kollektivt, sykle eller gå. Det blir gjennomført forhandlingar med fleire byar om bymiljøavtalar, og belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda blir vidareført på eit høgt nivå.

Den nye postlova som trer i kraft frå 1. januar 2016, legg til rette for at brukarar over heile landet skal få tilgang til gode og framtidsretta posttenester og eit likeverdig tilbod av leveringspliktige tenester til overkommeleg pris, gjennom effektiv bruk av ressursane i samfunnet. Einerett på formidling av brevpost under 50 gram som Posten Norge AS har, fell bort frå 1. januar 2016.

Løysingar i ekomsektoren vil påverke korleis helsevesen, utdanning og arbeidsdag blir organisert i framtida. Noreg har allereie god dekning for låghastigheitsbreiband, og er langt framme i bruk av elektronisk kommunikasjon. Høghastigheitsbreiband, både mobilt og fast, vil kunne utgjere ein stor forskjell når det gjeld korleis elektronisk kommunikasjon kan takast i bruk og utnyttast. Regjeringa vil i 2016 leggje fram ein nasjonal plan for elektronisk kommunikasjon.

Samfunnet blir stadig meir avhengig av elektronisk kommunikasjon og IKT-system for å fungere godt til dagleg og ved større hendingar. Dei kommersielle ekomtilbydarane investerer mykje i meir robuste nett og tryggleik. I tillegg har regjeringa sett krav til forsvarleg tryggleik i ekomtenestene og løyvd midlar til forsterka ekom i utsette kommunar.

For regjeringa er det viktig at samferdselssektoren ikkje blir redusert til berre å handle om nivået på løyvingane. Samferdselssektoren har potensial for betre organisering og effektivisering. Meir heilskapleg utbygging, evne til å sjå dei ulike transportområda i samanheng og ei stabil og meir føreseieleg finansiering av infrastruktur er viktige problemstillingar som regjeringa er i gang med.

1.2 Hovudprioriteringane i budsjettet for 2016

Utgifter fordelt på kapittel

(i 1 000 kr)

Prg. kat.

Betegnelse

Regnskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

21.10Administrasjon m.m450 519551 417578 5004,9
21.20Luftfartsformål960 2751 001 9731 052 9005,1
21.30Vegformål25 004 44326 582 42331 501 40018,5
21.40Særskilte transporttiltak21 832 79142 127 88832 368 700-23,2
21.50Jernbaneformål18 862 10421 470 50321 264 400-1,0

21.60

Kystforvaltning

2 737 618

2 754 917

2 677 200

-2,8

Sum programområde 21

69 847 750

94 489 121

89 443 100

-5,3

22.10

Post og telekommunikasjoner

646 546

776 772

712 100

-8,3

Sum programområde 22

646 546

776 772

712 100

-8,3

Sum utgifter

70 494 296

95 265 893

90 155 200

-5,4

Sum utgifter ekskl. innskudd infrastrukturfondet

50 494 296

55 265 893

60 155 200

8,8

Hovudprioriteringane i budsjettforslaget for Samferdselsdepartementet er:

  • Oppfølging av Nasjonal transportplan 2014–2023 totalt etter tre år av perioden 2014–2017

  • Oppstartsløyvingar til utbyggingsselskapet for veg

  • Ny ordning med rentekompensasjon for bompengelån

  • Kapitalinnskot i infrastrukturfondet på 30 mrd. kr.

Regjeringa foreslår å løyve 60,2 mrd. kr til Samferdselsdepartementet, ekskl. lånetransaksjoner, ein auke på 4,9 mrd. kr eller 8,8 pst. frå saldert budsjett 2015. 1,1 mrd. kr gjeld eingongstiltak innan vedlikehald og fornying av transportinfrastrukturen som er ein del av tiltakspakka for auka sysselsetting. Riksveginvesteringar er prioritert i budsjettforslaget, både til Statens vegvesen og Nye Veier AS (utbyggingsselskapet for veg).

Nasjonal transportplan 2014–2023 blir følgt opp. Med budsjettforslaget aukar løyvingane til dette formålet med 3,8 mrd. kr målt i 2016-kr samanlikna med 2015, noko som tilsvarar 76,7 pst. etter tre år av planperioden. Med vidareføring av desse budsjettrammene utanom eingongsutgiftene i tiltakspakka i 2017 vil dette innebere at dei økonomiske rammene blir overoppfylt.

Dette er ein høgare grad av oppfølging enn status på same tidspunkt i Nasjonal transportplan 2010–2019, sjølv om dei årlege økonomiske planrammene for Statens vegvesen, Jernbaneverket og Kystverket for perioden 2014–2017 ligg om lag 13 mrd. kr over planramma for 2010–2013.

Dei økonomiske rammene for Jernbaneverket, fylkesvegar og belønningsordninga ligg an til å bli overoppfylt. Budsjettforslaget for Statens vegvesen ligg 1,3 mrd. kr over årleg gjennomsnittleg planramme for perioden 2014–2017. Dei økonomiske rammene for drift og vedlikehald under Statens vegvesen og Jernbaneverket ligg høvesvis 1,3 mrd. kr og 1,1 mrd. kr over 75 pst. av planramma for fireårsperioden. I tillegg vil løyvingane til Nye Veier AS bidra til oppfølginga av transportplanen.

Behovet for vedlikehald og fornying er omfattande i alle transportsektorane. Med tiltakspakka for auka sysselsetting er det derfor naturleg med ekstraordinær innsats på dette området. På Statens vegvesens ansvarsområde vil sysselsettingsmidlane på 540 mill. kr m.a. gå til auka dekkelegging, anna vedlikehald og fornying m.a. av tunnelar. På Jernbaneverkets budsjett er det sett av 480 mill. kr frå tiltakspakka til vedlikehald og fornying. Av dette vil 150 mill. kr gå til fornyingstiltak på Bergens-/Vossabanen og 110 mill. kr til Sørlands-/Jærbanen. Til Kystverket er det foreslått 88 mill. kr m.a. til vedlikehald av fyrstasjonar og utbetringar av stormskader på fiskerihamner på Vestlandet og i Nord-Noreg. Med budsjettforslaget vil vedlikehaldsetterslepet under Statens vegvesen og Jernbaneverket gå ned med høvesvis 2,1 mrd. kr og 550 mill. kr. Regjeringa har snudd den mangeårige utviklinga med auka vedlikehaldsetterslep.

Regjeringa arbeider for fullt med transportreforma. Det er foreslått å løyve 24,3 mill. kr til dette arbeidet i departementet i 2016. Etableringa av Nye Veier AS frå 1. januar 2016 er det første organisatoriske steget i reforma. Det er foreslått 1,3 mrd. kr i løyvingar til selskapet. Regjeringa foreslår 400 mill. kr til ei ny rentekompensasjonsordning for bompengelån. Arbeidet med å etablere tre nye OPS-prosjekt i vegsektoren held fram. For å leggje til rette for effektiv bompengeinnkreving, gode finansieringsvilkår for bompengeselskapa og å redusere administrasjonskostnadene går regjeringa inn for å minske talet på bompengeselskap frå om lag 60 til fem. I jernbanesektoren arbeider regjeringa m.a. vidare med å få etablert eit jernbaneføretak og eit jernbanedirektorat, og konkurranseutsetje nye persontogpakker. Departementet vil komme tilbake til Stortinget med forslag. I Kystverket er m.a. losverksemda skilt ut administrativt, og tilbringartenesta blir konkurranseutsett. Losberedskapsavgifta er foreslått redusert med 86 mill. kr for å styrkje nærskipsfarten.

Regjeringa foreslår å løyve 30 mrd. kr til infrastrukturfondet, slik at dette blir på i alt 100 mrd. kr. Avkastninga frå fondet sikrar ein stabil og føreseieleg tilførsel av midlar til transportsektoren.

Riksveginvesteringar er eit satsingsområde i samferdselsbudsjettet for 2016. Budsjettforslaget til riksveginvesteringar er på 18,1 mrd. kr, ein auke på 4 mrd. kr eller 28,8 pst. frå saldert budsjett 2015.

Aktivitetsnivået på jernbaneinvesteringar har vore svært høgt hittil i planperioden. Utgifter til rasjonell framdrift på dei pågåande prosjekta blir lågare i 2016. Det er foreslått å løyve 9,7 mrd. kr til investeringar i ny jernbaneinfrastruktur, som er ein reduksjon på 1,6 mrd. kr frå saldert budsjett 2015.

Budsjettforslaget legg opp til forbetringar på heile vegnettet. Det blir foreslått å vidareføre ordninga med rentekompensasjon for transporttiltak i fylka med ei ny låneramme til investeringar på 3 mrd. kr. Til skredsikring av fylkesvegar er det budsjettert med 596 mill. kr. For å kunne implementere tunneltryggleiksforskrifta blei det i 2015 lagt inn kompensasjon til dei fylka det gjeld. Kompensasjonen er vidareført i 2016. Det er budsjettert med 1,5 mrd. kr til fylkesvegar for dei midlane som inngår i Nasjonal transportplan, ein realauke på 200 mill. kr frå saldert budsjett 2015. Midlane blir løyvde over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett.

Administrasjon, forsking og utvikling

Samla budsjettforslag til administrasjon m.m. er på 578,5 mill. kr. Løyvinga på kap. 1300 utgjer til saman 417,5 mill. kr og går til drift av departementet, kontingentar mv. til internasjonale organisasjonar, tilskot til trafikktryggleiksformål, samferdselsberedskap og Redningsselskapet, løyving til eit oljevern- og miljøsenter i Lofoten/Vesterålen og midlar til utgreiingar, lønn og andre driftsutgifter i samband med arbeidet med transportreforma.

Vidare omfattar programkategorien løyvingar til forsking og utgreiingar, der det samla er foreslått å løyve 161 mill. kr. Løyvinga vil i hovudsak gå til transportforsking og forsking på elektronisk kommunikasjon i regi av Norges forskningsråd.

Luftfartsformål

Samla budsjettforslag til luftfartsformål er nærmare 1,1 mrd. kr.

Det er budsjettert med 766,4 mill. kr til kjøp av flytransport. Frå 1. januar 2016 blir det innført ei ny tilskotsordning til ikkje-statlege flyplassar. Lufthamnene Ørland, Stord og Notodden er omfatta av ordninga. Til den nye ordninga er det foreslått å løyve 28,5 mill. kr.

Til Luftfartstilsynet er det foreslått å løyve 194,5 mill. kr og til Statens havarikommisjon for transport 63,5 mill. kr.

Det er budsjettert med eit utbytte frå Avinor AS på 500 mill. kr.

Vegformål

Til vegformål er det i alt foreslått å løyve 31,5 mrd. kr. Forslaget er ein auke på 4,9 mrd. kr eller 18,5 pst. frå saldert budsjett 2015.

Det er foreslått nærmare 11,1 mrd. kr til drift og vedlikehald av riksvegar og trafikant- og køyretøytilsyn, som er ein auke på 578,5 mill. kr eller 5,5 pst. frå saldert budsjett 2015.

Til investeringar på riksvegane på Statens vegvesens budsjett er det foreslått å løyve til saman 16,5 mrd. kr. På post 30 Riksveginvesteringar er det foreslått å løyve 14,9 mrd. kr. Dette er ein auke på 3 mrd. kr eller 25,4 pst. frå saldert budsjett 2015. I tillegg kjem investeringsmidlar til skredsikring, og til prosjekta E16 over Filefjell, E6 vest for Alta og vegutbygging i Bjørvika, som er førte på eigne postar, og løyving til utbyggingsselskapet for veg.

Det er i 2016 lagt opp til anleggsstart med statlege midlar av desse prosjekta:

  • E16 Øye – Eidsbru i Oppland

  • Rv 36 Skyggestien – Skjelbredstrand i Telemark

  • E6 Tana bru i Finnmark

  • E18 Varoddbrua i Vest-Agder

  • E39 Bjørset – Skei i Sogn og Fjordane

  • E6 Vindåsliene – Korporalsbrua i Sør-Trøndelag

  • Rv 70 Meisingset – Tingvoll i Møre og Romsdal

Det er òg lagt til grunn statlege midlar og bompengar til førebuande arbeid og anleggsstart i 2016 på desse prosjekta, med atterhald om Stortingets behandling og godkjenning av opplegget for bompengefinansiering:

  • Rv 23 Dagslett – Linnes i Buskerud, jf. Prop. 146 S (2014–2015)

  • E16 Bagn – Bjørgo i Oppland, jf. Prop. 140 S (2014–2015)

  • E6 Helgeland sør i Nordland, jf. Prop. 148 S (2014–2015).

Vidare er det lagt til grunn bompengar til anleggsstart på prosjektet rv 36 Slåttekås – Årnes i Telemark, jf. Stortingets behandling av Prop. 108 S (2014–2015) og Innst. 312 S (2014–2015).

Det er sett av statlege midlar til førebuande arbeid i 2016 på dei to OPS-prosjekta:

  • Rv 3/25 Ommangsvollen-Grundset/Basthjørnet i Hedmark

  • Rv 555 Sotrasambandet i Hordaland.

Desse prosjekta med kostnad over 100 mill. kr er venta opna for trafikk i 2016:

  • E18 Knapstad – Retvet i Østfold og Akershus

  • E39 Drægebø – Grytås og Birkeland – Sande nord i Sogn og Fjordane

  • Rv 9 Sandnes – Harstadberget i Aust-Agder

  • E134 Førrestjørn i Rogaland

  • E6 Kryss Flyplassvegen i Akershus

  • E6 Frya – Sjoa i Oppland

  • E6 Halselv – Møllnes i Finnmark

Til fornyingstiltak blir det foreslått 1,8 mrd. kr.

Det er eit stort behov for å oppgradere tunnelar. Den samla innsatsen til tunnelar er nærmare 2,5 mrd. kr, som er ein auke på om lag 1,1 mrd. kr eller om lag 80 pst. frå saldert budsjett 2015. Med forslaget til løyving til fornying vil etterslepet i vedlikehaldet på riksvegnettet bli redusert med 2,1 mrd. kr i 2016.

Skredsikring er viktig for gjere vegane meir pålitelege og trygge. Det er foreslått å løyve 662,7 mill. kr til skredssikring på riksvegar og 596 mill. kr på fylkesvegar.

Det er foreslått 600 mill. kr i statlege midlar til tiltak for gåande og syklande, som er ein auke på 55 pst. frå 2015. Vidare er det foreslått 300 mill. kr til bymiljøavtalar. Til trafikktryggleikstiltak er det foreslått 808 mill. kr.

Til riksvegferjedrifta er det foreslått å løyve 983,6 mill. kr.

Det blir foreslått å løyve 1 mrd. kr i tilskot til utbyggingsselskapet for veg, Nye Veier AS.

Statens vegvesen førebur tre utbyggingsprosjekt i 2015 som selskapet tek over ansvaret for. Dei tre prosjekta er:

  • E18 Rugtvedt – Dørdal i Telemark

  • E18 Tvedestrand – Arendal i Aust-Agder

  • E6 Kolomoen – Brumunddal i Hedmark

Det er foreslått å løyve 300 mill. kr i driftskreditt til Nye Veier AS.

Særskilde transporttiltak

Det er foreslått eit samla budsjett på nærmare 2,4 mrd. kr til særskilde transporttiltak.

Regjeringa foreslår vidare 30 mrd. kr i kapitalinnskot til infrastrukturfondet. Saman med innskot frå tidlegare år vil fondet vere 100 mrd. kr i 2016.

Til belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda er det foreslått å løyve 1,1 mrd. kr.

Det er foreslått å løyve 32,2 mill. kr til særskilt tilskot til kollektivtransport, som omfattar ordninga forvaltning av system for nasjonal reiseplanleggar og elektronisk billettering.

Det er foreslått 100 mill. kr i statleg tilskot til vidare planlegging av Fornebubanen.

For å vidareføre avtalen mellom Samferdselsdepartementet og Hurtigruten ASA for sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes er det foreslått å løyve 731,5 mill. kr. Avtalen sikrar daglege seglingar heile året mellom Bergen og Kirkenes og til 32 hamner på strekninga.

Det er foreslått å løyve 400 mill. kr til den nye ordninga med rentekompenasjon for bompengelån.

Jernbaneformål

Det er foreslått å løyve nærmare 21,3 mrd. kr til jernbaneformål. Samla budsjettforslag for Jernbaneverket er om lag 18 mrd. kr.

For 2016 foreslår regjeringa å løyve 8,3 mrd. kr til drift og vedlikehald, inkl. Gardermobanen, som er ein auke på 1,4 mrd. kr frå saldert budsjett 2015. Auken går i hovudsak til nødvendig vedlikehald av jernbaneinfrastrukturen. Løyvinga inneber at etterslepet på vedlikehaldet av jernbanenettet blir redusert med om lag 550 mill. kr i 2016.

Det er foreslått å løyve 9,7 mrd. kr til investeringar i ny jernbaneinfrastruktur, inkl. Follobanen, som er ein reduksjon på 1,6 mrd. kr frå saldert budsjett 2015. Reduksjonen har samanheng med eit redusert behov for løyvingar til rasjonell gjennomføring av dei store pågåande jernbaneprosjekta. For å få rasjonell gjennomføring av Follobanen er det foreslått å løyve 4,1 mrd. kr, som er ein auke på 31,2 pst. frå saldert budsjett 2015.

I 2016 blir utbygginga av desse store prosjekta vidareført:

  • dobbeltspor Langset – Kleverud (Fellesprosjektet Dovrebanen – E6)

  • dobbeltspor på Vestfoldbanen (strekningane Barkåker – Tønsberg, Holm – Holmestrand – Nykirke og Farriseidet – Porsgrunn)

  • moderniseringa av Trønder- og Meråkerbanen (Hell-Værnes) og Vossebanen (Ulriken tunnel)

  • nytt dobbeltspor Oslo – Ski (Follobanen)

Det blir sett av 1,1 mrd. kr til vidare planlegging av nye investeringar i jernbaneinfrastrukturen, m.a. InterCity-strekningar, inkludert Ringeriksbanen, Alnabru godsterminal, elektrifisering av Trønderbanen, og programområda tiltak for å auke kapasiteten i jernbanenettet og tiltak på stasjoner og knutepunkt.

Det er foreslått å løyve 3,2 mrd. kr til statleg kjøp av persontransporttenester med tog i 2016.

Til Statens jernbanetilsyn er det foreslått å løyve 78,6 mill. kr. I løyvinga inngår tilsynet med tau- og kabelbanar og tivoli og moroparkar. Det er rekna med inntekter frå gebyr for dette tilsynet med 13,7 mill. kr.

Det er budsjettert med eit utbytte på 425 mill. kr frå NSB AS, og 8,3 mill. kr frå Baneservice AS.

Kystforvaltning

Til kystforvaltning er det foreslått å løyve om lag 2,7 mrd. kr.

Det er foreslått om lag 1,7 mrd. kr til Kystverkets driftsutgifter. Her inngår, i tillegg til drift av Kystverket, m.a. navigasjonsinfrastruktur, sjøtrafikksentralar, transportplanlegging, losordninga, beredskap mot akutt forureining og tilskot til kystkultur.

Til spesielle driftsutgifter er det foreslått å løyve 62 mill. kr i 2016. Av dette er 50 mill. kr foreslått til vidare arbeid med miljøtiltak for U-864.

Det er foreslått 553,2 mill. kr til nyanlegg og større vedlikehald, som i hovudsak omfattar fiskerihamner og farleier, men også navigasjonsinfrastruktur. Midlane er fordelt med 341,4 mill. kr til farleier og 134,6 mill. kr til fiskerihamner. I tillegg blir det sett av 62,4 mill. kr til navigasjonsinfrastruktur, og 15 mill. kr til planlegging av ny hamneinfrastruktur i Longyearbyen.

Til større kjøp og vedlikehald er det foreslått å løyve 197,3 mill. kr.

Ordninga med tilskot til fiskerihamneanlegg er foreslått avvikla. Det er foreslått 20,5 mill. kr for å dekkje inngåtte tilsegner. Det er vidare foreslått 10,3 mill. kr i tilskot til hamnesamarbeid, der formålet er å stimulere hamnene til betre utnytting av infrastrukturen.

Til Samfunnet Jan Mayen og Loran-C er det foreslått å løyve 61,8 mill. kr. Det er sett av 12 mill. kr til å utbetre infrastruktur på Jan Mayen.

Som ei tiltak for å styrkje sjøtransporten foreslår regjeringa å redusere losavgiftene med 86 mill. kr i 2016.

Post og telekommunikasjonar

Til post og telekommunikasjonar samla er det budsjettert med utgifter på 712,1 mill. kr. Det er foreslått å løyve 403 mill. kr til kjøp av post- og banktenester. Til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet er det foreslått å løyve 309,1 mill. kr.

For å gjere ekomnetta meir robuste og styrke beredskapsevna er det foreslått å løyve 78 mill. kr til teletryggleik og -beredskap. Ekomtilbydarane byggjer ut infrastrukturen på kommersielt grunnlag. Ordninga med tilskot til breibandsutbygging er foreslått vidareført for å auke kapasiteten og betre dekninga i område der marknaden ikkje fungerer tilfredsstillande. Det blir foreslått å løyve 51,5 mill. kr i tilskot til breibandsutbygging.

Det er budsjettert med eit utbytte frå Posten Norge AS på 220 mill. kr.

2 Diverse omtaler

2.1 Tiltakspakke

I statsbudsjettet for 2016 vil regjeringa prioritere tiltak som fremmer arbeid, aktivitet og omstilling. Det er ei særleg utfordring at mange no mister jobben i dei næringar og fylke som sterkast blir råka av den låge oljeprisen. Som ein del av budsjettet legg regjeringa fram ei særskild tiltakspakke for auka sysselsetting på i alt 4 mrd. kr. Desse tiltaka vil vere mellombelse og er innretta slik at dei lett skal kunne reverserast. Ut over denne særskilde pakka fremmer òg budsjettet for 2016 aktivitet og omstilling. Tiltaka skal fremme auka sysselsetting på kort sikt, samtidig som dei legg til rette for ei langsiktig omstilling av norsk økonomi. For Samferdselsdepartementet utgjer den særskilde tiltakspakka i alt 1 108 mill. kr og omfattar desse tiltaka innafor kystforvaltning, jernbane og veg:

  • Vedlikehalde fyrstasjonar og fjerne eigarlause blåskjelanlegg – 50 mill. kr

  • Utbetre stormskader på fiskerihamner i Vestlandet og Nord-Noreg – 38 mill. kr

  • Fornyingstiltak på Vossabanen – 150 mill. kr

  • Fornyingstiltak på Jærbanen – 110 mill. kr

  • Vedlikehald/fornying av jernbanen – 220 mill. kr

  • Vedlikehald av riksvegnettet, reasfaltering og anna vedlikehald – 340 mill. kr

  • Fornyingstiltak på veg – 200 mill. kr.

2.2 Auke av den låge meirverdiavgiftssatsen

Frå 1. mars 2004 blei det innført meirverdiavgift på m.a. persontransport med ein låg sats. Satsen har frå 2006 vore 8 pst. Regjeringa foreslår å auke den låge meirverdiavgiftssatsen til 10 pst. frå 1. januar 2016, jf. omtale og forslag til vedtak i Finansdepartementets Prop. 1 LS (2015–2016) Skatter, avgifter og toll 2016.

Forslaget vil innebere at avgiftspliktige med låg sats skal berekne 10 pst. meirverdiavgift ved omsetning, samtidig som det blir gitt frådrag for meirverdiavgift på kjøp til bruk i verksemda (som regel 25 pst.). Ordninga med låg sats er gunstig for dei fleste som er omfatta. Å auke meirverdiavgiftssatsen for m.a. persontransport er ein del av tilrådingane frå Skatteutvalet.

I forslaget frå regjeringa er det lagt til grunn at auken kan kompenserast i samsvar med inngåtte offentlege avtalar om kjøp av persontransporttenester t.d. med tog, flyruter og ferjetenester. På Samferdselsdepartementets budsjett er det sett av 67 mill. kr til kompensasjon for auka meirverdiavgiftssats.

2.3 Avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma

Regjeringa vil byggje sin politikk på ein effektiv bruk av ressursane til fellesskapen. Som i næringslivet er det òg i offentleg forvaltning eit potensial for å bli meir effektiv. Regjeringa har derfor innført ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, og legg til grunn at alle statlege verksemder gjennomfører tiltak for å bli meir effektive. Reforma vil gi insentiv til meir effektiv statleg drift og skaper handlingsrom for prioriteringar i statsbudsjettet. Når reforma er eit årleg krav, gir det verksemdene eit godt høve til å planleggje og gjennomføre tiltak for å effektivisere drifta. Delar av gevinsten frå mindre byråkrati og meir effektiv bruk av pengane blir overført til fellesskapet i dei årlege budsjetta. Den årlege overføringa er sett til 0,5 pst. av alle driftsutgifter som blir løyvd over statsbudsjettet.

For Samferdselsdepartementet og underliggande etatar utgjer avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma ein gevinst på 100,4 mill. kr på utgiftssida.

2.4 Fullmakt til å pådra forpliktingar for investeringar ut over budsjettåret

For investeringsprosjekt for veg, jernbane og kyst gir Stortinget i romartalsvedtak i Prop. 1 S (2014–2015) Samferdselsdepartementet fullmakt til å gjennomføre dei investeringsprosjekta som er omtalte i merknadene til kap. 1320, 1350 og 1360 innanfor dei kostnadsrammer som der er oppgitt. Viss kostnadsramma for eit prosjekt aukar ut over prisstigninga vil dette berre gå fram av omtalen av prosjektet i del II i Prop. 1 S.

Dette opplegget viser ikkje tydeleg nok kva for prosjekt som Stortinget gir fullmakt til å gjennomføre og kostnadsramma for det einskilde prosjektet. Frå budsjettåret 2016 legg departementet opp til å endre vedtaka som gjeld fullmakt til å pådra staten forpliktingar for investeringar over 500 mill. kr ut over budsjettåret. Det går no fram av forslag til romartalsvedtak kva for prosjekt over 500 mill. kr som departementet ber om fullmakt til å starte opp og kostnadsramma for prosjektet. Vidare går det fram i forslag til romartalsvedtak kva for prosjekt der kostnadsramma er endra ut over prisstigninga.

I 2016 er det lagt opp til å starte opp fire nye vegprosjekt med ei kostnadsramme på over 500 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak. For jernbane og kyst blir det i 2016 ikkje foreslått å starte nye investeringsprosjekt med ei kostnadsramme over 500 mill. kr.

2.5 Samordningseining for statlege innkjøp

Kommunal- og moderniseringsdepartementet foreslår i sin Prop. 1 S (2015–2016) å opprette ei eining som skal inngå og forvalte sentrale rammeavtalar på vegne av statlege forvaltningsorgan. Dette skal gi meir effektive innkjøp i staten. Ordninga vil bli finansiert innanfor eksisterande rammer gjennom å overføre rammer frå departementa. Samferdselsdepartementets del utgjer 1 954 000 kr.

2.6 Nøytral meirverdiavgift i ordinære statlege forvaltningsorgan

Frå 2015 er det innført nøytral meirverdiavgift for ordinære forvaltningsorgan. Denne ordninga inneber at som hovudregel skal ikkje betalt meirverdiavgift førast som ei utgift på budsjettkapitla til verksemdene, men i staden skal utgifta førast sentralt på kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter.

Samferdselsdepartementet, Kystverket, Luftfartstilsynet, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, Statens havarikommisjon for transport og Statens jernbanetilsyn er omfatta av ordninga. For desse verksemdene er postane 01–45 budsjetterte utan meirverdiavgift i 2016.

3 Oversikt over budsjettforslaget mv.

3.1 Utgifter og inntekter fordelt på kapittel

Tabellane under viser løyvingane som blir foreslått til samferdselsområdet fordelt på utgifts- og inntektskapittel.

Utgifter fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

Administrasjon m.m.

1300

Samferdselsdepartementet

256 494

394 206

417 500

5,9

1301

Forskning og utvikling mv.

194 025

157 211

161 000

2,4

Sum kategori 21.10

450 519

551 417

578 500

4,9

Luftfartsformål

1310

Flytransport

647 418

708 928

766 400

8,1

1311

Tilskudd til regionale flyplasser

34 061

36 155

28 500

-21,2

1313

Luftfartstilsynet

213 889

193 714

194 500

0,4

1314

Statens havarikommisjon for transport

64 907

63 176

63 500

0,5

Sum kategori 21.20

960 275

1 001 973

1 052 900

5,1

Vegformål

1320

Statens vegvesen

25 004 443

26 582 423

30 201 400

13,6

1321

Utbyggingselskap for veg

1 300 000

Sum kategori 21.30

25 004 443

26 582 423

31 501 400

18,5

Særskilte transporttiltak

1330

Særskilte transporttiltak

1 832 791

2 127 888

2 368 700

11,3

1331

Infrastrukturfond

20 000 000

40 000 000

30 000 000

-25,0

Sum kategori 21.40

21 832 791

42 127 888

32 368 700

-23,2

Jernbaneformål

1350

Jernbaneverket

15 726 091

18 172 618

17 977 300

-1,1

1351

Persontransport med tog

3 055 323

3 218 870

3 208 500

-0,3

1354

Statens jernbanetilsyn

80 690

79 015

78 600

-0,5

Sum kategori 21.50

18 862 104

21 470 503

21 264 400

-1,0

Kystforvaltning

1360

Kystverket

2 690 443

2 709 720

2 615 400

-3,5

1361

Samfunnet Jan Mayen og Loran-C

47 175

45 197

61 800

36,7

Sum kategori 21.60

2 737 618

2 754 917

2 677 200

-2,8

Sum programområde 21

69 847 750

94 489 121

89 443 100

-5,3

Post og telekommunikasjoner

1370

Posttjenester

270 000

418 000

403 000

-3,6

1380

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet

376 546

358 772

309 100

-13,8

Sum kategori 22.10

646 546

776 772

712 100

-8,3

Sum programområde 22

646 546

776 772

712 100

-8,3

Sum utgifter

70 494 296

95 265 893

90 155 200

-5,4

Sum utgifter ekskl. innskudd infrastrukturfondet

50 494 296

55 265 893

60 155 200

8,8

Inntekter fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

Administrasjon m.m.

4300

Samferdselsdepartementet

6 465

2 479

2 600

4,9

Sum kategori 21.10

6 465

2 479

2 600

4,9

Luftfartsformål

4312

Oslo Lufthavn AS

444 370

444 400

444 400

0,0

4313

Luftfartstilsynet

151 605

126 637

129 700

2,4

4314

Statens havarikommisjon for transport

657

5619

Renter av lån til Oslo Lufthavn AS

116 215

98 000

74 000

-24,5

5622

Aksjer i Avinor AS

445 400

500 000

500 000

0,0

Sum kategori 21.20

1 158 247

1 169 037

1 148 100

-1,8

Vegformål

4320

Statens vegvesen

877 777

627 772

644 100

2,6

4322

Svinesundsforbindelsen AS

25 000

25 000

25 000

0,0

5624

Renter av Svinesundsforbindelsen AS

46 552

29 000

28 000

-3,4

Sum kategori 21.30

949 329

681 772

697 100

2,2

Særskilte transporttiltak

4331

Infrastrukturfond

871 000

1 579 000

81,3

Sum kategori 21.40

871 000

1 579 000

81,3

Jernbaneformål

4350

Jernbaneverket

841 753

650 505

700 500

7,7

4354

Statens jernbanetilsyn

15 638

13 349

13 700

2,6

5611

Aksjer i NSB AS

515 000

300 000

425 000

41,7

5623

Aksjer i Baneservice AS

8 300

Sum kategori 21.50

1 372 391

963 854

1 147 500

19,1

Kystforvaltning

4360

Kystverket

19 354

11 102

11 400

2,7

4361

Samfunnet Jan Mayen og Loran C

7 115

5 385

5 500

2,1

5577

Sektoravgifter under Samferdselsdepartementet

840 530

829 068

749 000

-9,7

Sum kategori 21.60

866 999

845 555

765 900

-9,4

Sum programområde 21

4 353 431

4 533 697

5 340 200

17,8

Post og telekommunikasjoner

4370

Posttjenester

2 055

4380

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet

174 348

171 578

178 200

3,9

5618

Aksjer i Posten Norge AS

256 000

300 000

220 000

-26,7

Sum kategori 22.10

432 403

471 578

398 200

-15,6

Sum programområde 22

432 403

471 578

398 200

-15,6

Sum inntekter

4 785 834

5 005 275

5 738 400

14,6

3.2 Bruk av stikkordet «kan overførast»

Oversikten under viser dei postane utanom postgruppe 30–49 som har stikkordet «kan overførast».

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2015

Forslag 2016

1301

50

Samferdselsforsking

0

140 300

1310

70

Kjøp av innanlandske flyruter

33 582

766 400

1311

71

Tilskot til ikkje-statlege flyplassar

2 881

28 500

1320

23

Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.

0

11 063 000

1320

29

Vederlag til OPS-prosjekt

0

458 100

1320

62

Skredsikring fylkesvegar

65 835

596 000

1320

63

Tilskot til gang- og sykkelvegar

10 000

87 500

1320

72

Kjøp av riksvegferjetenester

0

983 600

1330

60

Særskilt tilskott til kollektivtransport

34 865

32 200

1330

61

Belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda

0

1 105 000

1350

23

Drift og vedlikehald

0

8 143 100

1350

25

Drift og vedlikehald av Gardermobanen

12 773

140 300

1351

70

Kjøp av persontransport med tog

60 100

3 208 500

1360

21

Spesielle driftsutgifter

94 907

62 000

1360

60

Tilskot til fiskerihamneanlegg

45 502

20 500

1380

70

Tilskot til teletryggleik og -beredskap

0

78 000

1380

71

Tilskot til breibandsutbygging

7

51 500

3.3 Endringar i statsbudsjettet etter saldert budsjett 2015

Oversiktene under viser endringane i statsbudsjettet etter saldert budsjett 2015 for utgifter og inntekter.

Endring i utgifter fordelt på kapittel

(i 1000 kr)

Kap.

Post

Prop. S

Innst. S

Saldert budsjett 2015

Endring

Revidert budsjett

1300

01

119

360

173 667

-535

173 132

1320

23

119

360

10 484 517

17 000

10 501 517

1320

30

119

360

11 862 671

178 000

12 040 671

1320

31

119

360

929 000

40 000

969 000

1320

63

119

360

85 000

10 000

95 000

1330

60

119

360

46 248

20 000

66 248

1351

70

119

360

3 218 870

-3 500

3 215 370

1360

01

119

360

1 685 200

-10 000

1 675 200

1360

30

119

360

582 511

-25 500

557 011

1361

01

119

360

45 197

3 000

48 197

1380

01

119

360

162 508

5 600

168 108

1380

45

119

360

10 420

4 500

14 920

Endring i inntekter fordelt på kapittel

(i 1000 kr)

Kap.

Post

Prop. S

Innst. S

Saldert budsjett 2015

Endring

Revidert budsjett

4380

01

119

360

161 578

11 200

172 778

5577

74

119

360

829 068

2 200

831 268

5611

85

119

360

300 000

453 000

753 000

4 Oppmodingsvedtak

Tabell 4.1 gir ei oversikt over dei oppmodingsvedtaka som Stortinget har vedteke for sesjonen 2014–2015 som gjeld Samferdselsdepartementet, medan tabell 4.2 gir ei oversikt over dei oppmodingsvedtaka frå sesjonen 2013–2014 som Stortinget ikkje har kvittert ut. Det er gjort nærmare greie for oppfølginga av vedtaka i del III.

Oppmodingsvedtak i stortingssesjonen 2014–2015

Nr.

Dato

Vedtak

24

18.11.2014

Stortinget ber regjeringen ta initiativ til at det åpnes for lokale forhandlinger med Bodø kommune om hvordan deler av det økte økonomiske handlingsrom for Bodøpakken skal benyttes, herunder utbygging av ny adkomst til Bodø havn.

50

01.12.2014

Stortinget ber regjeringen sørge for at alle kommende fergeanbud har krav til nullutslippsteknologi (og lavutslippsteknologi) når teknologien tilsier det.

53

01.12.2014

Stortinget ber regjeringen utrede en betalingsordning for utenlandske vogntog for å sikre at disse betaler sin andel av bruken av norsk infrastruktur.

95

04.12.2014

Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av hvordan det kan legges til rette for økt deltakelse for private aktører når det gjelder drift av Avinors mindre lufthavner.

96

04.12.2014

Stortinget ber regjeringen fremme en handlingsplan for økt trafikksikkerhet på vei, og komme til Stortinget med den på egnet måte.

97

04.12.2014

Stortinget ber regjeringen legge inn 20-minutters avganger på E39 Anda – Lote, senest ved oppstarten av neste anbudsperiode 1. januar 2017.

349

16.12.2014

Stortinget ber regjeringen sikre fylkeskommunene mulighet til å sette vilkår om null- og lavutslippssaker for nye drosjer gjennom § 11 i yrkestransportlova.

351

16.12.2014

Stortinget ber regjeringen fremme forslag om en ordning som gjør det mulig med personlige registreringsskilt på norske kjøretøy. Overskuddet fra salg av personlige bilskilt øremerkes trafikksikkerhetstiltak.

353

16.12.2014

Stortinget ber regjeringa gi kommunane moglegheit til å reservera parkeringsplassar til bildelingsordningar, og at det vert utarbeidd nye skilt for ei slik ordning i samband med revideringa av parkeringsregelverket.

388

03.02.2015

Stortinget ber regjeringen sørge for at kollektivtrafikken i 2015 som hovedregel benytter null- eller lavutslippsteknologi eller klimanøytralt drivstoff.

389

03.02.2015

Stortinget ber regjeringen i samarbeid med havneeierne lage en helhetlig plan for økt bruk av landstrøm i norske havner, herunder finansiering og virkemidler for å oppnå dette.

445

05.03.2015

Stortinget ber regjeringen frem mot at prosjektet er ferdig og i den første tiden etter at veien er åpnet, vurdere muligheten for å kunne redusere noen av restriksjonene som Prop. 49 S (2014–2015) legger opp til på sideveiene, herunder muligheten for å redusere antallet bomstasjoner. Regjeringen bes samtidig om å vurdere effekter og konsekvenser av eventuell trafikklekkasje på sideveiene.

458

17.03.2015

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på en egnet måte med forslag til virkemidler som i storbyene kan begrense bilbruk på riksveiene i perioder der luftforurensningen er høy. En eventuell hjemling av en slik rett må innrettes på en måte som sikrer mobilitet og fremkommelighet for samfunnsviktig transport.

459

17.03.2015

Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å gi kommunene hjemmel i vegtrafikkloven til å opprette lavutslippssoner.

481

26.03.2015

Stortinget ber regjeringen på egnet måte kartlegge omfanget av kabotasje i det norske transportmarkedet.

485

07.04.2015

Stortinget ber regjeringen styrke Kystverkets formelle rolle som transportetat slik at sjøtransportens konkurransekraft forbedres i samsvar med nasjonale transportprioriteringer om overføring av gods fra land til sjø.

486

07.04.2015

Stortinget ber regjeringen, på bakgrunn av den nasjonale havnestrategien, legge frem tiltak som har til hensikt å gjøre havnene og havneterminalene mer effektive, flytte tungtransport fra veg til sjø, og samtidig gi nærskipsfarten en mer sentral rolle i Nasjonal transportplan (NTP).

487

07.04.2015

Stortinget ber regjeringen på egnet måte legge frem en helhetlig gjennomgang av gebyr- og avgiftspolitikken i sjøtransporten med sikte på å bedre og forenkle rammebetingelsene for nærskipstransporten.

488

07.04.2015

Stortinget ber regjeringen utrede en midlertidig tilskuddsordning for godsoverføring til bedrifter som velger å benytte sjøtransport fremfor landtransport og komme tilbake til Stortinget med dette på egnet måte.

540

12.05.2015

Stortinget ber regjeringen fremme forslag om økt kapasitet og frekvens for lokaltogtrafikken.

542

12.05.2015

Stortinget ber regjeringen på egnet måte melde tilbake om utviklingen i kollektivandelen til, fra, og på norske flyplasser.

582

02.06.2015

1. Stortinget ber regjeringa sjå til at det igangsette arbeidet i Vegdirektoratet om å kartleggje økonomiske og administrative konsekvensar ved ei eventuell nasjonal regulering vedkomande alkolås, blir koordinert godt med norsk deltaking i det pågåande grunnlagsarbeidet for eit eventuelt EU-direktiv knytt til alko-lås. Det vert forventa at svaret på det igangsette arbeidet i Vegdirektoratet føreligg innan hausten 2015.

2. Stortinget ber regjeringa, når svaret på arbeidet føreligg, fremje forslag om innføring av alkolås og korleis dette best kan innfasast i køyretøy på veg som driv persontransport mot vederlag.

3. Stortinget ber regjeringa også vurdere behovet for overgangsordningar eller statlege insentivordningar for å sikre rask og smidig innfasing av alkolås i dei køyretøya som vil bli omfatta av ei regelendring knytt til alkolås.

688

15.06.2015

Stortinget ber regjeringen sørge for at mål for klimautslipp i 2020 og 2030 er førende for regjeringens fremlegg til Nasjonal transportplan.

740

18.06.2015

Stortinget ber regjeringen og Vegdirektoratet innvilge streknings-ATK på særlig ulykkesutsatte strekninger, i tråd med faglige anbefalinger og etablerte retningslinjer.

741

18.06.2015

Stortinget ber regjeringen gi tilslutning til Statens vegvesens søknad om streknings-ATK i Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen.

744

18.06.2015

Stortinget ber regjeringen utrede og fremme forslag om å gi økt fleksibilitet i hvordan sykkelveger, -felt og –traseer kan utformes.

745

18.06.2015

Stortinget ber regjeringen, i samarbeid med fylkeskommunene, utrede og fremme forslag som sørger for at utbygging av infrastruktur for sykkel blir høyere prioritert.

746

18.06.2015

Stortinget ber regjeringen utrede tiltak for økt el-sykkelbruk.

Tabell 4.2 Oppmodingsvedtak i stortingssesjonen 2013–2014

Nr.

Dato

Vedtak

101

05.12.2013

Stortinget ber regjeringen legge frem en strategi og finansieringsplan for ladestasjoner og infrastruktur for elbil, der det blant annet kartlegges ansvarsdeling mellom offentlig og privat sektor.

400

24.04.2014

Stortinget ber regjeringen legge frem en nasjonal plan for elektronisk kommunikasjon.

513

17.06.2014

Stortinget ber regjeringa fremje ein strategi for bruk av offentleg-privat samarbeid i utbygging av infrastrukturtiltak, og orientere Stortinget om denne på eigna måte.

Til forsiden