Del 2
Budsjettframlegg
2 Nærare omtale av løyvingsforslaga
Programområde 15 Landbruk og mat
Programkategori 15.00 Administrasjon m.m.
Utgifter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 | Pst. endr. 17/18 |
1100 | Landbruks- og matdepartementet | 196 121 | 167 200 | 168 846 | 1,0 |
Sum kategori 15.00 | 196 121 | 167 200 | 168 846 | 1,0 |
Inntekter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 | Pst. endr. 17/18 |
4100 | Landbruks- og matdepartementet | 1 080 | 1 027 | 1 046 | 1,9 |
Sum kategori 15.00 | 1 080 | 1 027 | 1 046 | 1,9 |
Mål og strategiar
Departementet sitt ansvarsområde dekkjer heile verdikjeda frå primærprodusent til forbrukar, medrekna juridiske og økonomiske verkemiddel for mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima- og miljøtiltak i sektoren og nye landbruksbaserte næringar. Landbruks- og matdepartementet har som tverrgåande mål at forvaltninga skal vere effektiv, tilby enkle og brukarvennlege løysingar og vere kjenneteikna av å ha god kvalitet, jf. òg omtale av justert målstruktur for landbrukspolitikken i del 1 og til målet om ei effektiv landbruks- og matforvaltning i del 3.
Prioriteringar
Regjeringa innførte i 2015 ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform. Kravet om mindre byråkrati og ein meir kostnadseffektiv bruk av statlege midlar vil gjelde det meste av statleg forvaltning, også landbruks- og matforvaltninga. Resultatet av ei meir effektiv statleg drift skapar handlingsrom for prioriteringar i statsbudsjettet, som igjen gagnar samfunnet. Arbeidet med forenkling av byråkratiske prosessar og oppgåver, som har som mål å gi effektive ringverknader og reduserte samla kostnader for samfunnet, vil difor ha høg prioritet òg i 2018. I tillegg vil viktige prioriteringar for departementet på det administrative området vere å vidareføre arbeidet med å utvikle god styring av underliggjande verksemder og vidareføre arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Sjå òg omtale av prioriteringane på dei ulike fagområda under dei respektive budsjettkapitla i proposisjonen og i del 4 under overskrifta Fornye, forenkle og forbetre.
Oppmodingsvedtak
Vedtak nr. 290, 16. desember 2016 (2016–2017)
«Forpliktelsene til selskapet Staur gård AS håndteres ved å skyte inn egenkapital finansiert over kap. 1100 post 45. Dersom salg av gården blir aktuelt, fremmes en egen sak om dette for Stortinget.»
Vedtaket blei fatta i samband med handsaminga av Prop. 19 S (2016–2017) Endringar i statsbudsjettet under Landbruks- og matdepartementet m.m. Ernst & Young AS utarbeidde på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet ein vurdering av finansiering og eigenkapitalbehov. På bakgrunn av råda i rapporten blei det i ekstraordinær generalforsamling 29.3.2017 skote inn 8 mill. kroner, av dette 7,985 mill. kroner som overkurs. Midlane blir, i tråd med vedtaket, ført over kap. 1100, post 45. Departementet har med dette følgt opp vedtaket.
Det finst per i dag ingen planar om avhending av eigedommen.
Jf. òg omtale under programkategori 15.40 Forretningsdrift.
Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
01 | Driftsutgifter | 148 045 | 162 676 | 163 279 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 2 015 | 1 542 | 2 555 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan, kan overførast, kan nyttast under post 50 | 27 274 | 2 693 | 2 720 |
50 | Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter | 18 787 | 289 | 292 |
Sum kap. 1100 | 196 121 | 167 200 | 168 846 |
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å utvikle og setje i verk den overordna politikken innan områda mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima- og miljøtiltak i sektoren og nye landbruksbaserte næringar. Posten skal dekkje løn og driftsutgifter i departementet. Dei tilsette utgjer den viktigaste ressursen for departementet, og det blir lagt stor vekt på at dei har god samfunnsforståing, samarbeidsevne, effektivitet i oppgåveløysinga og høg fagleg kompetanse.
Rapportering 2016
Det blei nytta om lag 148 mill. kroner til drift av Landbruks- og matdepartementet i 2016. Om lag 72 pst. av løyvinga blei nytta til løn, mens resten blei nytta til husleige, inventar, drift og utvikling av IKT, reiseutgifter, kurs og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Departementet hadde 139 årsverk per 1.1.2017.
Departementet hadde éin lærling i kontorfag for perioden 2015–17.
Budsjettframlegg 2018
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 163,3 mill. kroner til drift av departementet. I samband med etableringa av den nye sivile klareringsmyndigheita, er det overført 128 000 kroner til kap. 453, post 01 under Justis- og beredskapsdepartementet, jf. deira Prop. 1 S (2017–2018).
Departementet har teke inn éin lærling i kontorfag for perioden 2017–2019.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Formål med løyvinga
Midlane på posten blir nytta til godtgjering til utgreiingsutval og andre særskilde prosjektrelaterte kostnader i Landbruks- og matdepartementet.
Rapportering 2016
Det blei nytta om lag 2,0 mill. kroner i 2016, mellom anna til Lovutvalet for statsallmenningane, eksterne kostnader knytte til Meld. St. 8 (2016–2017) Pelsdyrnæringen, prosjekt om mat for eldre, og ei utgreiing om framtidig organisering og finansiering av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) sin aktivitet på Svanhovd i Sør-Varanger kommune.
Budsjettframlegg 2018
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2,555 mill. kroner for 2018. Midlane på posten skal nyttast til særskilde prosjekt og utgreiingar, mellom anna knytt til Lovutvalet for statsallmenningar og verdivurdering av Statskog SF og prosjekt knytt til Gylne måltidsaugeblink, jf. kat 15.10.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan
Formål med løyvinga
Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinære utgifter i departementet, ved eigedommane til departementet og til delvis dekking av tilsvarande utgifter ved dei ordinære forvaltningsorgana under departementet. Løyvinga kan òg nyttast til utgifter i samband med sal og taksering av eigedommar. I samband med opprettinga av NIBIO vedtok departementet ein regional struktur for instituttet som skil seg noko frå strukturen dei enkelte institutta har hatt tidlegare. Det kan difor bli aktuelt å avhende heile eller delar av eigedommar som departementet står som eigar av. Utgifter til arbeid med dette kan òg førast over posten.
Rapportering 2016
I 2016 blei det nytta om lag 27,3 mill. kroner til større utstyrskjøp og vedlikehald. Av desse blei 20 mill. kroner nytta til viktige investeringar for utvikling på IKT-området i NIBIO. Investeringane omfattar både sjølve IKT-plattforma i verksemda, og investeringar knytte til administrative støttesystem. På dette området står utvikling av løn og rekneskapssystem og arkivssystem for dei største utgiftene. Det er òg nytta midlar over posten til mellom anna vedlikehald av departementets eigedommar i Sikkilsdalen i Nord-Fron kommune og Staur i Stange kommune, og til omstilling ved Norsk senter for økologisk landbruk i Tingvoll.
Budsjettframlegg 2018
Departementet vil gjennomføre nødvendig opprusting og reparasjonar ved ulike eigedommar som det har ansvar for. Departementet gjer framlegg om ei løyving over posten på 2,720 mill. kroner. Posten blir sett i samanheng med, og kan nyttast under, post 50.
Det kan òg i 2017 bli aktuelt med sal av eigedom under departementet, jf. forslag til vedtak V. Departementet gjer difor framlegg om at unytta meirinntekter frå sal av eigedom kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på posten. Eventuelle inntekter frå sal av eigedommar kan òg nyttast til å dekkje større utgifter som følgje av omorganiseringar i ytre etatar og institutt.
Post 50 Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter
Formål med løyvinga
Løyvinga kan nyttast til delfinansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald i dei nettobudsjetterte institutta under departementet.
Rapportering 2016
I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2016 blei det løyvd 18,5 mill. kroner til forsøksveksthus ved NIBIOs forskingsstasjon på Særheim i Klepp. Instituttet tek sikte på at veksthuset blir ferdigstilt tidlig i 2018. Resten av løyvinga blei nytta til energimerking av bygningar som NIBIO leiger av departementet.
Budsjettframlegg 2018
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 292 000 kroner over posten i 2018.
Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
01 | Refusjonar m.m. | 193 | 117 | 120 |
30 | Husleige | 887 | 910 | 926 |
Sum kap. 4100 | 1 080 | 1 027 | 1 046 |
Programkategori 15.10 Matpolitikk
Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 | Pst. endr. 17/18 |
1112 | Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet | 94 327 | 95 661 | 97 252 | 1,7 |
1115 | Mattilsynet | 1 240 537 | 1 365 524 | 1 366 627 | 0,1 |
Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 | Pst. endr. 17/18 |
4115 | Mattilsynet | 159 221 | 199 007 | 201 973 | 1,5 |
Sum kategori 15.10 | 159 221 | 199 007 | 201 973 | 1,5 |
Mål og strategiar
Budsjettframlegget omfattar Mattilsynet og grunnløyvinga til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap ved Veterinærinstituttet. Sjå òg Prop. 1 S (2017–2018) frå Nærings- og fiskeridepartementet for nærare omtale av Veterinærinstituttet. Budsjettframlegget er viktig for arbeidet med å nå matpolitiske mål og skal særleg bidra til å nå måla i matlova, dyrevelferdslova og dyrehelsepersonellova. Ein del av desse måla har ikkje direkte samanheng med matproduksjon. Framlegget omfattar i tillegg Mattilsynets arbeid for å nå måla i kosmetikklova, husdyravlslova og planteforedlarlova.
Det faglege ansvaret på matområdet er delt mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Regjeringa sin matpolitikk dekkjer heile matproduksjonskjeda frå jord og fjord til bord. Målstrukturen på dette politikkområdet skil seg difor noko frå måla for landbruks- og matpolitikken slik dei er omtalte i andre kapittel i denne budsjettproposisjonen.
Hovudmåla på det matpolitiske området er:
å sikre trygg mat og trygt drikkevatn
å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk
Andre viktige omsyn er:
tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
sunt kosthald og gode matopplevingar
nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping
langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvennleg produksjon
Regjeringa legg vekt på at maten skal vere trygg og tilfredsstille ønske og behov hos forbrukarane. Ein mangfaldig matmarknad og lovfesta matinformasjon som er rett, relevant og lett tilgjengeleg, er viktige føresetnader for at forbrukarane skal kunne gjere informerte val, setje saman eit sunt kosthald og utøve makt i matmarknaden.
Regjeringa legg vekt på at rammevilkåra for næringsaktørane, mellom anna regelverk og tilsyn, blir fastsette og utøvde på ein slik måte at ein ikkje skaper konkurransevridingar, samstundes som verksemdene må kunne nytte den fleksibiliteten som ligg i regelverket.
Omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrensene krev eit sterkt internasjonalt samarbeid. Handelen må skje i samsvar med internasjonale avtalar og basert på internasjonale standardar. Dette er viktig for å sikre at varene vi importerer, er trygge og møter krava til forbrukarane og for å fremje god plante- og dyrehelse. For at norsk eksport ikkje skal bli hindra av urettvise krav frå importlanda, må Noreg vere leiande på overvaking, risikovurderingar og forsking, særleg når det gjeld sjømat og fiskehelse. Aktiv norsk deltaking i internasjonale forum er nødvendig, både for å påverke innhaldet i standardar og regelverk og for å utveksle og utvikle kunnskap og erfaring.
Noreg tek aktivt del i internasjonalt samarbeid på matområdet, mellom anna i Codex Alimentarius Commission, FNs organisasjon for matvarestandardar under FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) og Verdas helseorganisasjon (WHO), Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) og den internasjonale plantevernkonvensjonen (IPPC). Organisasjonane utviklar standardar som blir lagt til grunn i avtaleverket om mattryggleik, helse og miljø under Verdas handelsorganisasjon (WTO) (SPS-avtalen og TBT-avtalen). Desse avtalane legg òg premissar for regelverket i EU/EØS.
Hovuddelen av regelverket på matområdet er harmonisert innanfor EØS. EØS-avtalen er basert på at regelverket i EU og Noreg så raskt som mogleg skal vere det same. Effektive og gode EØS-rutinar er difor svært viktige. Regjeringa legg vekt på ein open og aktiv europapolitikk med tidleg involvering av interessentane, tydelege posisjonar og målretta innsats i dei fasane av den til ei kvar tid pågåande regelverksutviklinga der EØS-avtalen gir Noreg best tilgang. For større eller viktige rammerettsakter som blir handsama i Europaparlamentet eller Rådet, blir det lagt vekt på påverknad opp mot desse organa.
Mattilsynet er den sentrale norske myndigheitsaktøren i gjennomføringa av matpolitikken. Oppgåvene omfattar regelverksutvikling, tilsyn, rettleiing, kartlegging og overvaking i heile matproduksjonskjeda, frå innsatsvarer og primærproduksjon til omsetnad til forbrukarane.
God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er avgjerande for å nå måla i matpolitikken. Som ledd i regelverksutviklinga på matområdet utfører Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) uavhengige faglege risikovurderingar for Mattilsynet. Arbeidet krev god samhandling med Mattilsynet og andre kunnskapsinstitusjonar og god kontakt med European Food Safety Authority (EFSA). Sjå òg Prop. 1 S (2017–2018) for Helse- og omsorgsdepartementet kap. 745.
Kunnskapsstøtte frå institusjonar som Norsk institutt for bioøkonomi, Havforskingsinstituttet, Folkehelseinstituttet, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking og Veterinærinstituttet er viktig for at forvaltninga er godt fagleg og vitskapleg fundert.
Prioriteringar
Målet om å sikre trygg mat og trygt drikkevatn
Situasjonen i Noreg god samanlikna med andre land når det gjeld førekomst av matboren sjukdom. Dette kjem mellom anna av at førekomsten av smittestoff i mat og hos husdyr er relativt låg. Dette er nærare omtalt i kap. 1115 og i del 3. Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, er det nødvendig med kontinuerleg arbeid for å halde den ved like.
Innsatsvarene og matvarene skal vere trygge, anten dei er framstilte i Noreg eller er importerte. Regelverket og tilsynet skal leggjast opp slik at ein gjennom innsats i alle ledd i matproduksjonskjeda bidreg til at sluttprodukta er trygge. I arbeidet for å sikre trygg mat er det viktig å redusere risikoen for sjukdom eller helseskade som kan oppstå på grunn av smittestoff eller framandstoff i innsatsvarer, mat eller drikkevatn.
Det er behov for kontinuerleg arbeid frå verksemdene for å halde oppe og sikre god hygiene i heile matproduksjonskjeda. Verksemder som produserer og omset innsatsvarer og mat, varierer mykje i storleik og karakter.
Effektive hygienetiltak og gode arbeidsrutinar i verksemder som framstiller lett forderveleg mat eller som handterer mat som ikkje er innpakka, er særleg viktig. Det er framleis grunn til å ha stor merksemd på dei hygieniske forholda i omsetnadsledda og i serveringsnæringa. Tilsyn med serveringsverksemder er frå 2016 utført som såkalla smilefjestilsyn. Dette er ein einskapleg måte å føre tilsyn på i heile landet samstundes som det gir kundane opplysning om dei hygieniske forholda ved staden.
Kvaliteten på drikkevatnet i Noreg er generelt god, men mange vassforsyningssystem er sårbare på grunn av gamalt leidningsnett som er utsett for lekkasjar. Ny drikkevassforskrift med tydelegare krav om vedlikehald av leidningsnettet tok til å gjelde 1.1.2017. Forskrifta stiller dessutan skjerpa krav til førebyggjande sikring, beredskap og kompetanse og konkrete tiltak for å betre tryggleiken ved små vassverk. I mange tilfelle er det behov for auka innsats frå vassverka for å sikre trygg vassforsyning i framtida, ikkje minst ved å auke utskiftingstakten for gamle vassrøyr. I 2017 blei det oppretta ei døgnopen rådgivingsteneste for dei vassverka som treng råd ved akutte hendingar. Ordninga er kalla Nasjonal vassvakt og har sekretariat ved Folkehelseinstituttet. Både ny drikkevassforskrift og Nasjonal vassvakt er oppfølging av Nasjonale mål for vatn og helse som regjeringa fastsette i 2014.
Fleire tilfelle dei siste åra viser den nære samanhengen mellom sjukdom hos dyr og menneske. Tal frå WHO viser at om lag 75 pst. av nye eller kjente infeksjonar som har vore i vekst hos menneske dei siste 30 åra, kjem av smittestoff frå dyr. Å halde oppe den gode norske dyrehelsa, som er eit resultat av systematisk arbeid gjennom mange år, er viktig både for mattryggleiken og for god helsetilstand i landet.
Overvaking av inntaket av framandstoff og næringsstoff er viktig i folkehelsearbeidet og som grunnlag for faglege risikovurderingar. For å kunne overvake inntaket må ein ha kunnskap om kor mykje folk bruker av ulike matvarer og om innhaldet av framandstoff og næringsstoff i matvarene. Mattilsynet samarbeider med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet for å oppdatere eksisterande inntaksdata. I dette samarbeidet blir Matvaredatabasen med opplysningar om innhald av næringsstoff og framandstoff i matvarer utvida og betra kontinuerleg. Det er òg viktig med kunnskap om innhaldet av framandstoff i innsatsvarer og råvarer, og om det er miljøforureining i vatn eller jordsmonn som kan påverke innhaldet i fisk, dyr og planter.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Ernæringsarbeidet er omtalt i Prop. 1 S (2017–2018) for Helse- og omsorgsdepartementet og ligg i hovudsak under Helsedirektoratet. Mattilsynet har òg ei viktig rolle, særleg når det gjeld merking av næringsinnhald, ernærings- og helsepåstandar og frivillig sunnheitsmerking. Den nordiske ordninga med frivillig sunnheitsmerking av mat, Nøkkelholet, gir forbrukarane eit større tilbod av, og betre informasjon om, matvarer som kan bidra til sunnare kosthald.
Merking av mat er viktig for at forbrukarane skal få rett informasjon om matvarene, mellom anna om kva dei inneheld, korleis dei skal handterast, kvar dei kjem frå og kor mykje næring dei gir.
Merking av mat er i hovudsak regulert i matinformasjonsforskrifta. Departementa vil arbeide vidare opp mot EU med sikte på at reglane i matinformasjonsforordninga om merking av ingrediensar og næringsinnhald òg skal gjelde for alkoholhaldige drikkevarer. Mattilsynet følgjer òg utviklinga i EU tett på området for opphavsmerking på tilarbeidde kjøttprodukt og meieriprodukt.
Hausten 2016 underteikna delar av matbransjen ein intensjonsavtale med helsestyresmaktene der det er sett konkrete mål om reduksjon av salt, metta feitt og sukker i matvarer og mål om å auke inntaket av frukt, bær, grove kornvarer og fisk. Over 70 aktørar er til no tilknytte denne intensjonsavtalen og oppfølginga av den.
Interessa veks for lokal mat og matprodukt med særpreg. Regjeringa legg vekt på å leggje til rette for slik produksjon, jf. Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål.
Matdepartementa legg vekt på å bidra i utviklinga av regelverk i EU, slik at ein får minst mogleg innblanding av genmodifiserte organismar (GMO) i tradisjonelt GMO-frie innsatsvarer. Mellom anna blir det arbeidd for ei nullgrense når det gjeld innblanding i såfrø.
Målet om å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk
Det er viktig med god overvaking og høg beredskap mot mange plante- og dyresjukdommar, planteskadegjerarar og sjukdommar som smittar mellom dyr og menneske (zoonosar). Noreg har generelt god plantehelse, men aukande import av planter og plantemateriale kan auke risikoen for introduksjon av nye sjukdommar og skadegjerarar.
Chronic Wasting Disease (CWD) er ein prionsjukdom hos hjortedyr som i 2016 blei påvist hos villrein og elg i Noreg. Sjukdommen har på norsk fått namnet skrantesjuke. Hjortedyra døyr av sjukdommen. CWD har vore kjent i Nord-Amerika i nærare 50 år. Overføring av sjukdommen til menneske er aldri påvist. På grunnlag av eintydige faglege råd frå VKM, Veterinærinstituttet og Mattilsynet, har Landbruks- og matdepartementet slutta seg til at villreinstammen i Nordfjella sone 1, skal takast ut. Det blir lagt opp til at mest mogleg av uttaket skal skje ved ordinær jakt. Etter dette vil det bli gjennomført uttak i statleg regi. Planen er at uttaket skal vere avslutta 1.5.2018. Etter uttaket vil ein byggje opp igjen ein villreinstamme så fort det er mogleg ut frå smitteomsyn. Det vil samstundes bli gjennomført prøvetaking for å få best mogleg oversikt over om smitten finst i andre villreinflokkar eller anna hjortevilt. Om det skulle vere slik, vil det bli gjort ei ny vurdering av tiltaka. Arbeidet skjer i samarbeid mellom anna med jegerar, aktuelle kommunar, miljøstyresmaktene og Veterinærinstituttet.
Feil bruk av antibiotika til folk og dyr har ført til ein vesentleg auke av motstandsdyktige bakteriar som no utgjer eit alvorleg globalt helsetrugsmål. Regjeringa har stor merksemd på området og har mellom anna utarbeidd ein tverrsektoriell nasjonal strategi mot antibiotikaresistens for perioden 2015–2020. Strategien har særleg merksemd på redusert bruk av antibiotika, rett bruk av antibiotika og utvikling av kunnskap. Aktiv deltaking i internasjonale forum er viktig for å bidra til betre tilgang til antibiotika og ansvarleg bruk og for utvikling av nye antibiotika, vaksinar og betre diagnostiske hjelpemiddel.
I internasjonal samanheng er antibiotikabruken til husdyr i Noreg låg. Dette kjem mellom anna av god dyrehelse, at vi har dyktige og ansvarlege bønder og veterinærar, og at det er eit godt samarbeid mellom næringa og styresmaktene. Grunna utvikling av gode vaksinar, er antibiotikabruken til fisk minimal.
Landbruks- og matdepartementet fastsette i mars 2016 ein handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor sitt sektoransvar. Handlingsplanen skal mellom anna bidra til å nå relevante mål i den tverrsektorielle nasjonale strategien mot antibiotikaresistens 2015–2020.
Evna til å løyse utfordringane med sjukdommar i havbruket er viktig for å kunne ta ut det langsiktige vekstpotensialet. Kontroll med sjukdom er òg viktig for å minke smittepresset i miljøet og for å redusere bruk og utslepp av medikament. Lakselus er framleis ei utfordring og det er ei aukande utfordring at lakselusa blir resistent mot dei tilgjengelege legemidla. Regjeringa har fastsett ein handlingsplan mot resistens mot lakselusmiddel for å følgje opp dette. Meld. St. 16 (2014–2015) om vekst i havbruksnæringa, blir følgt opp mellom anna med innføring av ein indikator for påverknad av lakselus på villfisk og inndeling av kysten i spesifikke produksjonsområde.
Produksjonssvinnet i sjøfasen er framleis høgt. Det kjem dels av dårleg smoltkvalitet, dels av forhold ved den enkelte lokaliteten og dels av sjukdom. Bruk av ikkje-medikamentelle metodar for avlusing har medverka til det høge svinnet. Det må arbeidast for å betre desse tilhøva. Arbeidet med å fremje god dyrevelferd er viktig. Det er nødvendig med merksemd både mot hald av produksjonsdyr og kjæledyr. Utvikling av kunnskap om verknaden av avlstiltak og ulike driftsformer på dyrevelferda, er òg viktig.
For produksjonsdyrehald med mange dyr eller der risikoen for dårleg dyrevelferd er venta å vere høg, blir det gjennomført tilsyn som i størst mogleg grad ikkje er varsla. Besetningar der venta risiko for brot på regelverket er størst, blir prioritert. Auka tilsyn retta mot landdyr i primærproduksjon bidreg òg til å førebyggje dyretragediar ved at Mattilsynet tidlegare kan sjå faresignal for manglande stell. Godt samarbeid mellom Mattilsynet og næringa, mellom anna landbruket si HMS-teneste og slakteria, bidreg òg til at dyrehald i risikosona kan bli oppdaga tidleg.
For å få utvikla eit best mogleg system og klare rutinar for handsaming av alvorlege saker som gjeld mishandling og vanrøkt av dyr, blir det lagt vekt på god samhandling mellom Mattilsynet og politiet. Prøveprosjektet med ei eiga dyrekrimgruppe i politiet blir hausten 2017 utvida, slik at det vil omfatte både Sør-Trøndelag, Rogaland og Østfold.
Andre omsyn
Tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
Kontakt med aktuelle styresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.
Norsk sjømat skal vere trygg og av god kvalitet slik at den blir føretrekt på den globale marknaden. Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på at produkta som blir eksportert, er trygge. For Noreg som stor eksportør av sjømat, er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda samt å skape føreseielege rammevilkår for eksport. Tilsynsarbeidet til Mattilsynet og kommunikasjon med styresmaktene i importlanda er avgjerande for tilliten. Mattilsynet arbeider med å auke effektiviteten ved utferding av eksportattester.
Den gode norske dyrehelsa blir nytta i eksportsamanheng, mellom anna når det gjeld ein aukande eksport av avlsprodukt frå husdyr. Også for ein del andre landbruksprodukt er det viktig med marknadstilgang i utlandet.
Sunt kosthald og gode matopplevingar
Det er viktig at fagleg og vitskapleg basert informasjon om samanhengen mellom kosthald og helse når fram til forbrukarane på tenleg måte.
Folkehelsepolitikken legg mellom anna vekt på tiltak for å gjere det enklare å velje sunt, å leggje til rette for gode måltid i barnehagar, skolar og mellom eldre og å styrkje kunnskapen om mat, matlaging, kosthald og ernæring. Regjeringa la våren 2017 fram Nasjonal handlingsplan for betre kosthald (2017–2021). Planen har tiltak på ansvarsområda til sju departement. For å få til endringar i kosthaldet er det nødvendig med innsats på tvers av sektorane og samarbeid mellom offentleg, privat og frivillig sektor.
Merksemd på matglede og god matkvalitet er òg viktig for at forbrukarane skal kjenne til kvar maten kjem frå, korleis han blir produsert og samanhengen mellom mat og helse.
Regjeringa arbeider for å betre mattilbodet til eldre og pleietrengande. Det er eit mål at måltidstilboda for eldre skal vere tilpassa slik at dei gir matglede og matlyst, anten dei får mat på institusjon eller levert heim. Gjennom Gylne måltidsaugeblink vil regjeringa bidra til mat- og måltidsomsorg for eldre og pleietrengjande.
Nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping
Innovasjon og næringsutvikling knytt til produksjon av mat med lokal identitet er viktig for å kunne ha sterke og innovative små og store verksemder. Regjeringa vil bidra til å auke tilgangen til lokale matprodukt for forbrukarane. Sjå nærare omtale under kat. 15.30.
Mattilsynet vil halde fram arbeidet med å informere betre om regelverket og gjere det meir tilgjengeleg. Å kommunisere og dele kunnskap med verksemder, bransjeorganisasjonar og kompetansenettverk er viktig for utviklinga på lokalmatområdet.
Regjeringa har hausten 2017 bedt Mattilsynet utarbeide og sende på høyring eit forslag om å innføre ei avgrensa opning for sal av upasteurisert mjølk direkte frå gard eller seter.
Langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvennleg produksjon
Arbeidet for å sikre langsiktig matforsyning av landbruksprodukt og berekraftig og miljøvennleg produksjon av landbruksprodukt er hovudsakleg omtalt i kat. 15.30.
Matsvinn er identifisert som ei av utfordringane på nasjonalt nivå for å oppfylle FNs berekraftmål om å halvere delen av matsvinn per innbyggjar på verdsbasis innan 2030. Reduksjonen skal skje i produksjons- og forsyningskjeda, i detaljhandelen og mellom forbrukarane. Ein bransjeavtale om redusert matsvinn blei underteikna 23.6.2017 av fem departement og representantar for alle ledd i matverdikjeda. Formålet med bransjeavtalen er å samarbeide om å fremje betre utnytting av ressursar og råstoff gjennom førebygging og reduksjon av matsvinn i heile matkjeda. Avtalen skal dermed bidra til å redusere dei miljømessige konsekvensane knytt til matproduksjon og forbruk i Noreg.
Det vil bli arbeidd med å redusere risiko ved bruk av plantevernmiddel. Ny handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel blei fastsett i april 2016.
Regjeringa vil prioritere ei styrking av økologisk berekraftig ressursforvaltning innan reindrift, jf. Meld. St. 32 (2016–2017) Reindrift – lang tradisjon – unike muligheter. Regjeringa vil òg gjennomføre ei gradvis innføring av obligatorisk individmerking av rein.
For omtale av sjømat, sjå Prop. 1 S (2017–2018) for Nærings- og fiskeridepartementet.
Oppmodingsvedtak
Vedtak nr. 510 (2015–2016), 1. mars 2016
«Stortinget ber regjeringen på egnet måte fremme en sak om nasjonal strategi for å sikre fortsatt mangfold av villbier og andre pollinerende insekter.»
Komiteen skriv følgjande:
«Komiteen har merket seg at det er opprettet en tverrdepartemental arbeidsgruppe for å utvikle en nasjonal strategi, og at departementet tar sikte på å ferdigstille arbeidet i 2017. Komiteen avventer dette før vedtaket kan kvitteres ut.»
Stortinget har i samband med Representantforslag om nasjonal strategi for bier og pollinering, jf. Dokument 8:6 S (2015–2016) og Innst. S 172 (2015–2016, bedt regjeringa fremje ei sak om nasjonal strategi for å sikre at det framleis er eit mangfald av villbier og andre pollinerande insekt. Departementa arbeider med å utvikle ein nasjonal strategi. Det er utarbeidd eit faggrunnlag for strategien og etablert ein dialogarena med privat sektor. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte når arbeidet er sluttført.
Vedtak nr. 422 (2016–2017), 1. desember 2016
«Stortinget ber regjeringen utrede behovet for en matkastelov som omfatter næringsmiddelindustrien og dagligvarebransjen.»
og
Vedtak nr. 424 (2016–2017), 1. desember 2016
«Stortinget ber regjeringen sørge for at det i utredningen av en matkastelov spesielt vurderes tiltak som hindrer at det i verdikjeden fra produsent til butikk kastes fullverdige matvarer med ukurant størrelse eller fasong.»
Departementet har gjennomført ei utgreiing i tråd med Stortingets oppmodingsvedtak, jf. Representantforslag om tiltak for å redusere matsvinn, Dok 8:9 S (2016–2017) og Innst. 108 S (2016–2017). Utgreiinga konkluderer med at det ikkje synest å vere nødvendig med ei matkastelov på noverande tidspunkt. Arbeidet med å førebyggje og redusere matsvinn har hatt positive effektar, og matsvinnet har blitt redusert med 12 prosent i perioden frå 2010 til 2015. I juni 2017 blei det underskrive ein avtale mellom matbransjen og styresmaktene om å halvere matsvinnet innan 2030. Arbeidet med matsvinn fortset i oppfølginga av denne avtalen. Utgreiinga viser at det er usikkert om ein lov vil tilføre ein meirverdi samanlikna med arbeidet som allereie er i gang. Ettersom det er sett i verk ei rekkje tiltak, meiner departementet det er viktig at ein vinn erfaring med desse tiltaka, og vil difor ikkje gjere framlegg om eit nytt lovverk på området.
Vedtak 427 (2016–2017), 10. januar 2017
«Stortinget ber regjeringen legge til grunn alternativet med bærekraftig utvikling for pelsdyrnæringen.»
Stortinget har i samband med handsaming av Meld. St. 8 (2016–2017) Pelsdyrnæringen bedt regjeringa om å leggje til grunn alternativet med bærekraftig utvikling for pelsdyrnæringa.
Departementet har lagt Stortinget sitt vedtak til grunn og gjennomført høyring av endringar i forskrift om hold av pelsdyr i tråd med næringskomiteen sine føringar i Innst. S nr. 151 (2016–2017).
Vedtak 428 (2016–2017), 10. januar 2017
«Stortinget ber regjeringen utforme et regelverk som har et generelt forbud mot gruppehold av mink, men åpner for gruppehold av mink på gårder som deltar i et dyrevelferdsprogram og som oppfyller strenge krav til dyrevelferd målt etter objektive og etterprøvbare dyrevelferdsindikatorer.»
Stortinget har i samband med handsaming av Meld. St. 8 (2016–2017) Pelsdyrnæringen, bedt regjeringa om å utforme eit regelverk som har eit generelt forbod mot gruppehald av mink, men opnar for gruppehald av mink på gardar som deltek i eit dyrevelferdsprogram og som oppfyller strenge krav til dyrevelferd målt etter objektive og etterprøvbare dyrevelferdsindikatorar.
Departementet har gjennomført høyring av endringar i forskrift om hald av pelsdyr i tråd med næringskomiteen sine føringar i Innst. S nr 151 (2016–2017). Næringa har utarbeidd forslag til dyrevelferdsprogram som er til vurdering i departementet.
Vedtak 525 (2016–2017), 28. mars 2017
«Stortinget ber regjeringen innskjerpe forvaltningspraksis knyttet til import av gatehunder til Norge.»
Stortinget har i samband med handsaming av Representantforslag om forbod mot import av gatehunder til Norge, jf. Dok. 8:11 S (2016–2017) og Innst. 198 S (2016–2017) bedt regjeringa om å innskjerpe forvaltningspraksis knytt til import av gatehundar til Noreg.
Departementet bad i brev til Mattilsynet 5.4.2017 om å gjennomføre ei innskjerping av forvaltningspraksis ved import av hundar i tråd med komitéinnstillinga. Mattilsynet leverte ei skisse til oppfølging av vedtaket til departementet. Skissa ville i for stor grad føre til utfordringar knytt til import av avls- og brukshundar frå seriøse aktørar. Departementet arbeider no saman med Mattilsynet for å finne ei løysing som i mindre grad rammar seriøs import, men samstundes tek i vare intensjonen om å stramme inn på forvaltningspraksis ved import av gatehundar.
Vedtak 526 (2016–2017), 28. mars 2017
«Stortinget ber regjeringen vurdere behovet for å innføre en obligatorisk ID-merking av hunder i Norge.»
Stortinget har i samband med handsaming av Representantforslag om forbod mot import av gatehunder til Norge, jf. Dok. 8:11 S (2016–2017) og Innst. 198 S (2016–2017) bedt regjeringa om å vurdere behovet for å innføre obligatorisk ID-merking av hundar i Noreg.
Det er positivt at bransjen har oppretta og driftar eit frivillig register med informasjon over hundar med ID-merking i Noreg. Stadig fleire hundeeigarar nyttar dette tilbodet. Dette kjem av at hundeeigarane har fleire insitament til å ha ein ID-merkt hund. Mellom anna er ID-merking nødvendig for registrering av hundekvalpar, deltaking på utstillingar og for å kunne forsikre hunden. Det er dessutan obligatorisk med ID-merking i samband med grensepassering. Talet på hundar som er ID-merkte er vurdert å vere drygt 400 000, noko som truleg utgjer om lag 80 pst. av levande hundar i Noreg. Delen ID-merkte hundar aukar.
Nytteverdien av eit eventuelt regelfesta krav om ID-merking av alle hundar blir vurdert å vere liten når det gjeld omsynet til folke- og dyrehelse. Eit slikt krav vil òg vere krevjande å handheve og føre til at det blir mindre tilsynsressursar på andre område som for tida er viktigare for folke- og dyrehelsa. Regjeringa vil difor ikkje gjere framlegg om å innføre obligatorisk ID-merking av hundar i Noreg.
Vedtak 966 (2016–2017), 16. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen om å jobbe på EU-nivå for en merkeordning som kan muliggjøre sammenligning av produkter fra ulike produksjonsland. Spesielt bes regjeringen jobbe for en merkeordning som viser nivået på antibiotikabruk under produksjon.»
I samband med handsaming av Representantforslag om merkeordningar på matvarer om dyrevelferd, grovfôrandel og antibiotikabruk, jf. Dok. 8: 135 S (2016–2017) og Innst. 372 S (2016–2017), har Stortinget bedt regjeringa jobbe på EU-nivå for ei merkeordning som kan gjere det mogleg å samanlikne produkt frå ulike produksjonsland.
Departementet har merka seg vedtaket som blei fatta 16.6.2017. Det er i dag eit omfattande regelverk for merking av mat. Dette regelverket gjer det mogleg å samanlikne produkt frå ulike produksjonsland mellom anna når det gjeld ingrediensar og næringsinnhald. Enkelte element knytt til dyrevelferd og bruk av fòr, inngår i krava for å kunne bruke økologimerket. Når det gjeld obligatorisk merking av til dømes dyrevelferd og grovfôrandel i all produksjon, er det i dag ikkje system for å registrere og dokumentere dei opplysningane som er nødvendige for ei slik samanlikning. Departementet vurderer det difor ikkje som realistisk med ei slik obligatorisk merkeordning.
Antibiotikaresistens har vore eit viktig område for internasjonalt samarbeid innan mat og helse. Noreg har arbeidd både i FN, FAO og nordisk samanheng for at antibiotikaresistens skal få endå høgare prioritet. Landbruks- og matministeren deltok òg i G20-landa si handsaming av saka.
EU har nyleg ferdigstilt ein Action Plan med ei rekkje tiltak mot antibiotikaresistens. Her blir det mellom anna varsla at ein vil regulere datainnsamling og rapportering av sal og bruk av antibiotika på EU-nivå. Norske styresmakter vil medverke i dette arbeidet for å få eit tenleg regelverk både for nasjonal overvaking og nasjonale tiltak, men òg for å få eit standardisert grunnlag for å samanlikna antibiotikabruken i ulike land.
Det er likevel ikkje grunnlag for å arbeide konkret for ei merkeordning som vil gjere det mogleg å samanlikne mengda antibiotika som er brukt til det enkelte dyret og knytte dette til den ferdige matvaren. Dette er fordi det i dag ikkje er reglar eller system som vil gjere det mogleg å spore antibiotikabruken frå dyret eller buskapen gjennom produksjonskjeda fram til det enkelte matproduktet.
Kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
50 | Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet | 94 327 | 95 661 | 97 252 |
Sum kap. 1112 | 94 327 | 95 661 | 97 252 |
Post 50 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet
Formål med løyvinga
Veterinærinstituttet er eit biomedisinsk beredskaps- og forskingsinstitutt innan dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd og fôr- og mattryggleik. For styresmaktene er Veterinærinstituttet den viktigaste kunnskapsleverandøren ved førebygging, oppklaring og handtering av zoonosar og alvorlege smittsame sjukdommar hos fisk og landdyr. Kunnskapsutvikling og formidling innan fagområda er òg viktig som grunnlag for utvikling av lovverk og som støtte til utvikling av ulike samfunnssektorar. Veterinærinstituttet bidreg òg i førebygging og handtering av kriser som kjem av smittestoff og andre helseskadelege stoff i fôr og mat.
Veterinærinstituttet er eit forvaltningsorgan med særskild budsjettfullmakt til bruttoføring av inntekter og utgifter utanfor statsbudsjettet. Veterinærinstituttet får løyvingar til oppgåvene sine innan dyrehelse, fôrtryggleik, dyrevelferd og mattryggleik over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet. Løyvingane til oppgåvene innan fiskehelse og enkelte område innan sjømattryggleik ligg på budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet, jf. kap. 928, post 50 i deira Prop. 1 S (2017–2018). Forsking er ein sentral del av verksemda til Veterinærinstituttet og er omtalt under kap. 1137. Instituttet har ei fri og uavhengig stilling i alle faglege spørsmål.
Veterinærinstituttet yter òg tenester og formidlar kunnskap til næring, fagpersonell og dyreeigarar, og arbeider for at ny kunnskap blir teken i bruk. Instituttet samarbeider vidare med styresmaktene og næringslivet om å utvikle berekraftig bioøkonomi i Noreg.
Landbruks- og matdepartementet har i samarbeid med Nærings- og fiskeridepartementet og Veterinærinstituttet utarbeidd ny målstruktur. Det nye mål- og resultatstyringssystemet tydeleggjer Veterinærinstituttet sine oppgåver og samfunnsoppdrag. Det skal liggje til grunn for Landbruks- og matdepartementet si styring av instituttet og styring av tilskott frå Nærings- og fiskeridepartementet framover.
Veterinærinstituttet skal arbeide etter følgjande mål:
Hovudmål: God helse hos dyr, fisk og menneske
Delmål: Kunnskapsbasert forvaltning
Delmål: God beredskap
Delmål: Konkurransekraftige bionæringar
Hovudmålet tek utgangspunkt i omgrepet ei helse. Når det gjeld helse hos dyr, planter, miljø og menneske, så heng dette saman. Veterinærinstituttet si hovudoppgåve innan ei helse er å generere kunnskap og halde ved like den gode beredskapen mot sjukdom som trugar helse og velferd hos landdyr og fisk, og mot sjukdom som kan overførast til menneske. Første delmål inneber at Veterinærinstituttet skal utarbeide relevant kunnskapsgrunnlag av høg kvalitet for forvaltninga. Delmål to framhevar at instituttet skal ha god beredskap og vere ein langsiktig kunnskaps- og kompetanseleverandør for relevante aktørar, slik at nødvendig kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for desse for å stoppe moglege helsetrugsmål. Delmål tre om konkurransekraftige bionæringar vektlegg at instituttet skal arbeide for å auke kunnskapen og kompetansen i biobasert næringsliv.
Mattilsynet er den viktigaste brukaren av kompetansen til instituttet. Veterinærinstituttet vil difor leggje stor vekt på å møte dei behova Mattilsynet har for kunnskap, råd og laboratoriestøtte på kjerneområda til instituttet.
Vitskapskomiteen for mattryggleik har òg behov for kompetanse og data som grunnlag for sine risikovurderingar. Veterinærinstituttet vil vere ein sentral kunnskapsbase for komiteen.
Rapportering 2016
Beredskapsarbeidet har i 2016 vore særleg prega av to saksområde; påvisinga av Chronic Wasting Disease (CWD, skrantesjuke) og den auka merksemda på antibiotikaresistente bakteriar.
I mars 2016 påviste Veterinærinstituttet skrantesjuke på reinsdyr i Nordfjella villreinområde. Dette var første gongen sjukdommen blei påvist i Europa og den første påvisinga nokon gong hos reinsdyr. Nokre veker seinare blei CWD påvist hos to elgar i Sør-Trøndelag. Vidare undersøkingar har vist at det mest sannsynleg dreier seg om to ulike typar CWD. I overvakingsprogrammet som blei sett i gang hausten 2016, blei over 10 000 prøver frå hjortedyr undersøkte av Veterinærinstituttet. Då blei CWD påvist på ytterlegare to reinsdyr frå Nordfjella.
Arbeidet med antibiotikaresistente bakteriar har kravd mange ressursar òg i 2016. Meticillinresistente Staphylococcus aureus (MRSA) blei påvist hos svin og storfe. Veterinærinstituttet sto sentralt i ein studie som omhandla MRSA-smitte frå menneske til svin. Studien viste mellom anna at smitten blei overført til norske svinebesetningar av gardsarbeidarar frå utlandet. Deretter blei smitten spreidd til andre svinebesetningar ved sal av gris.
Talet på analyserte prøver ved Veterinærinstituttet auka i 2016. I alt blei meir enn 222 000 prøver analyserte. Hovuddelen av auken er knytt til fleire prøver som er undersøkte på oppdrag frå Mattilsynet i nasjonale overvakings- og kartleggingsprogram.
Veterinærinstituttet har i 2016 hatt merksemd på risikoen for introduksjon av smittsame sjukdommar gjennom import av dyr. Hos importerte familiedyr blei det påvist fleire infeksjonssjukdommar som ikkje er vanlege i Noreg.
Instituttet har lagt vekt på å bli meir synleg gjennom aktiv samfunnskontakt og god kommunikasjon. Med høg fagkunnskap, overvaking og forsking er det eit mål å bidra til god samfunns- og næringsutvikling og å auke forståelsen for kor viktig det er å vareta den gode helsesituasjonen i Noreg, vidareutvikle dette fortrinnet og verne seg mot nye helsetrugsmål. Veterinærinstituttet sitt arbeid omfattar formidling av fagkunnskap på nett og papir, via møteplassar og gjennom media. Fagkunnskapen bidreg til å støtte produsentar, forvaltning og styresmakter med gode råd og vurderingar innan dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd og fôr- og mattryggleik.
Byggjestart for nye lokale for Veterinærinstituttet på Ås blei markert i mai 2016.
På det administrative området har ein i 2016 prioritert å vidareutvikle og styrkje verksemdstyringa og økonomiarbeidet ved Veterinærinstituttet i tråd med gjeldande regelverk.
Budsjettframlegg 2018
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 97,252 mill. kroner.
Veterinærinstituttet skal som biomedisinsk forskingsinstitutt vere Noregs leiande kunnskapsleverandør innan beredskap, biosikkerheit og handtering av helsetrugsmål. Dette gjeld områda fiskehelse, dyrehelse, dyrevelferd og fôr- og mattryggleik – det som gjerne blir kalla éi helse.
Veterinærinstituttet skal vareta og beskytte den gode helsesituasjonen og mattryggleiken i Noreg. Zoonosane blir stadig viktigare i beredskapsinnsatsen. Kunnskapsutvikling, overvaking og rådgiving innan antibiotikaresistens vil framleis vere høgt prioritert. På lik line vil beredskapen mot nye trugande sjukdommar, som CWD, bli styrkt.
Ei viktig samfunnsoppgåve for Veterinærinstituttet framover vil vere å støtte styresmakter og næringsliv i å vidareutvikle ein nasjonal bioøkonomisatsing, med berekraftig produksjon og uttak av biomasse på land og i havet, jf. regjeringa sin nasjonale strategi for bioøkonomi Kjente ressurser – uante muligheter frå 2016.
Utviklinga av porteføljen av oppgåver for instituttet er prega av auka globalisering og endringar i klima. Dette inneber både endra og auka risiko knytt til helsetrugsmål for menneske og dyr. Veterinærinstituttet må kontinuerleg vidareutvikle kompetanse og metodar for å liggje i front av denne utviklinga.
På same viset skal Veterinærinstituttet vidareutvikle næringsretta samarbeid og støtte næringane med relevant forskingsbasert kompetanse som kan bidra til auka innovasjon, konkurransekraft og verdiskaping. Til grunn for slikt arbeid med beredskap, overvaking og næringsoppdrag ligg ein kontinuerleg kompetanseoppbygging gjennom forsking.
Veterinærinstituttet sine oppgåver innan beredskap, diagnostikk og forsking vil bli modernisert gjennom ny teknologi og nye metodar. Spesielt vil bruk av informasjonsteknologi og ulike bioteknologiske løysingar bli nytta til å etablere nye metodar innan forsking og diagnostikk. Skal Veterinærinstituttet vere leiande nasjonalt og internasjonalt, er det ein føresetnad at ny teknologi kontinuerleg kan takast i bruk.
Veterinærinstituttet vil saman med Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) ta del i eit forskingssamarbeid med det kinesiske vitskapsakademiet (CAAS).
Instituttet vil leggje vekt på å betre effektiviteten for å kunne kanalisere ressursar der styremaktene og næringane har nye behov for bistand.
Mange av dei større avgjerdene i byggjeprosjektet på Ås er allereie gjennomført. I den kommande fasen av prosjektet er hovudoppgåvene ferdigstilling av bygg og planlegging av vitskapleg utstyr. Samstundes må Veterinærinstituttet fram til flyttinga ha merksemd på kva for oppgåver, kompetanse og teknologiske løysingar som byggjer opp under det framtidige instituttet.
Kap. 1115 Mattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
01 | Driftsutgifter | 1 223 783 | 1 347 945 | 1 348 935 |
22 | Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser | 10 719 | 13 379 | 13 492 |
71 | Tilskott til erstatningar, overslagsløyving | 6 035 | 4 200 | 4 200 |
Sum kap. 1115 | 1 240 537 | 1 365 524 | 1 366 627 |
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket om mattryggleik, plantehelse, dyrehelse, dyrevelferd og helse, kvalitet og forbrukaromsyn blir etterlevd i heile matproduksjonskjeda. Mattilsynet har òg oppgåver knytt til regelverksutvikling og internasjonalt arbeid. Området er sterkt påverka av internasjonale rammevilkår.
Mattilsynet fører òg tilsyn med at regelverk blir etterlevd på område som ikkje har direkte samanheng med matproduksjon. Dette gjeld mellom anna regelverk om planter og dyr som ikkje inngår i matproduksjon, om kosmetikk og kroppspleieprodukt, om dyrehelsepersonell og om omsetnad av reseptfrie legemiddel utanom apotek.
Den enkelte verksemda har ansvaret for å kjenne til og etterleve regelverket. Aktiv rettleiing frå Mattilsynet om regelverket er viktig. Mattilsynet skal nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde når dette er nødvendig for å sikre etterleving av regelverket.
Mattilsynet skal arbeide etter følgjande mål:
sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
fremje god helse hos planter, landdyr og fisk
fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
vareta miljøvennleg produksjon
Innanfor rammene av dei måla som er sette i lovgivinga, skal Mattilsynet samstundes arbeide på ein slik måte at omsynet til aktørane langs heile matproduksjonskjeda blir tekne i vare. Dette omfattar òg marknadstilgang i utlandet.
Hovudverkemidla i arbeidet er å:
utvikle og påverke regelverk
rettleie om regelverk
handheve regelverk
overvake status og utvikling på området
ha god beredskap for handtering av hendingar og kriser
Norsk institutt for bioøkonomi, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking og Veterinærinstituttet yter kunnskapsstøtte til Mattilsynet og har fagleg beredskap med grunnlag i løyvingar frå dei ansvarlege departementa.
Mattilsynet innhentar uavhengige risikovurderingar frå Vitskapskomiteen for mattryggleik når dette er nødvendig i regelverksarbeidet og utøvande forvaltning.
Rapportering 2016
Rapportering etter effektmål
Målet om helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
Generelt er maten og drikkevatnet trygt i Noreg. Overvaking og undersøkingar viser at vi framleis har ein av dei lågaste førekomstane av smitte frå matvarer i Europa.
Tilsynet viser òg at dei hygieniske forholda hos matprodusentane og serveringsstadene i hovudsak er god.
Drikkevatn
Drikkevasskvaliteten er generelt sett god. Svært få av oss blir sjuke av vatnet som kjem ut av krana. Ni av ti nordmenn er tilknytt vassverk som leverer trygt drikkevatn. Likevel er det mange stader gamalt og dårleg leidningsnett for drikkevatnet. Det kan føre til at vatnet blir forureina.
Kommunane har ansvar for å etablere omsynssoner ved råvasskjelder som skal nyttast til drikkevatn i samband med kommuneplanprosessar. Sidan trygt vatn er ein så viktig ressurs i samfunnet og i kvardagen til folk, har Mattilsynet delteke i regionale planforum som handsamar planar som kan ha noko å seie for vassforsyninga.
Ny drikkevassforskrift med tydelegare krav blei fastsett av Helse- og omsorgsdepartementet 22.12.2016.
Smitte og hygiene
Førekomsten av smitte frå matvarer er låg i Noreg samanlikna med andre land. Det viktigaste bidraget til låg smitteførekomst er at verksemdene og Mattilsynet held fram det førebyggjande arbeidet. Få blir sjuke av maten, og ein stor del av dei som blir registrerte har blitt smitta i utlandet. Den matborne bakterien vi oftast blir sjuke av er Campylobacter. For å førebyggje matboren smitte har vi ein frivillig, men forpliktande nasjonal handlingsplan mot Campylobacter i slaktekylling. Det har vore ein auke i talet på infeksjonar med kolibakterien EHEC.
Dei hygieniske tilhøva hos matprodusentane og i serveringsstader er i hovudsak god. Det blir sjeldan påvist så alvorlege forhold at Mattilsynet må leggje ned forbod mot omsetnad eller stengje verksemder på grunn av fare for mattryggleiken. Erfaring frå tilsyn av aktørar i kjøtt-, mjølk-, bakeri- og konditorbransjen viser at kunnskapsnivået varierer. Ikkje alle tilfredsstiller krava til reinhald og vedlikehald av lokala. Mattilsynet legg i tilsynet vekt på at det er verksemdene sjølve som må forbetre rutinane for å identifisere og handtere farar som kan truge mattryggleiken.
Norsk sjømat er trygg. Likevel er det framleis problem knytt til hygiene i delar av kvitfisksektoren.
Kjemiske stoff
Kvart år får Mattilsynet utført mange analyser av ulike kjemiske stoff i mat. Resultata viser at det er få tilfelle av for høge nivå av uønskte stoff, spesielt i norskproduserte varer.
For plantevernmiddelrestar blei det avdekt overskridingar av grenseverdiane i 4,8 pst. av prøvene frå importerte matvarer. Dette er ei dobling samanlikna med 2015. Mattilsynet følgjer utviklinga og vil vurdere resultata opp mot resultat i EU-landa. Det var òg ein auke i talet på overskridingar i norskproduserte varer samanlikna med 2015. Her blei det påvist overskriding av grenseverdiane i 0,5 pst. av dei undersøkte prøvene.
Overvakinga viser få overskridingar av forureina stoff og legemiddelrestar i animalske næringsmiddel. Mattilsynet fann høge nivå av kadmium i lever i nokre prøver frå vilt.
Mattilsynet undersøkte i samarbeid med Antidoping Noreg 148 kosttilskottsprodukt. Analysane avdekte innhald av ulovlege legemiddel eller anabole steroid i 19 av produkta som var kjøpt via nettverksemder.
Basert på resultata frå tidlegare undersøkingar intensiverte Mattilsynet tilsynet med verksemder som importerer og produserer matkontaktmateriale. Resultata viser mangelfull dokumentasjon på at matkontaktmateriale er trygge.
Smilefjestilsyn
Landsdekkjande smilefjestilsyn var den største satsinga til Mattilsynet i 2016. Målet med ordninga er å gi forbrukarane lett tilgjengeleg og oppdatert informasjon om resultata av tilsynet på serveringsstadene.
Mattilsynet kontrollerte alle serveringsstader minst ein gong i løpet av 2016 og publiserte resultata med smilefjessymbol. Til saman blei det gjennomført 11 000 smilefjestilsyn. Mattilsynet erfarte at serveringsstadene raskt retta opp feil og manglar. Dei fleste avvika var knytt til dei nye krava om allergenmerking i menyane, manglar ved reinhald av lokale, internkontroll og handvask.
Målet om å fremje god helse hos planter, fisk og landdyr
Plante- og dyrehelsa i Noreg er stadig av dei beste i verda. Talet på dyre- og plantesjukdommar er stabilt lågt, men import og handel over landegrensene trugar den gode statusen. Antibiotikabruken i norsk husdyrproduksjon er svært låg i internasjonal samanheng. I akvakulturnæringa blir det brukt minimalt med antibiotika grunna gode vaksinar, men næringa slit med enkelte tapsbringande virussjukdommar og med lakselus.
Plantehelse
Plantehelsa i Noreg er god. Av 154 alvorlege skadegjerarar er det 14 som er kjent å førekomme i Noreg. Av desse 14 var 12 under nedkjemping ved utgangen av 2016.
Mattilsynet har nytta relativt mykje ressursar i å hindre at skadegjeraren pærebrann smittar til viktige fruktområde. Det er òg funne sjukdom på grunn av skadegjeraren Phytophtora ramorum i fleire grøntanlegg. Mattilsynet samarbeider med nederlandske styresmakter for å hindre smitte ved import av planter. Mattilsynet har òg hatt auka merksemd med import av jordbærplanter og eple- og pæretrær, utan funn av alvorlege skadegjerarar så langt.
Nye reglar for import av planter tok til å gjelde i mars 2016. Samstundes fekk verksemdene større ansvar for kontroll med planteproduksjonen. Mattilsynet samarbeider godt med næringa i denne store omlegginga.
Landdyrhelse
Dyrehelsa i Noreg er god.
Mattilsynet overvaker og kartlegg ei rekkje smittsame sjukdommar hos dyr. Nokre av dei kan òg smitte til menneske. Det er påvist fleire nye parasittar hos innførte hundar. Dette gir grunn til uro. Også i alpakka- og lamabesetningar er det påvist resistente parasittar som er kjende frå landa desse dyra er importerte frå.
Mattilsynet registrerte 646 mistankar om smittsame sjukdommar i 2016. 450 av dei gjaldt smittsam sjukdom hos dyr. I 232 tilfelle blei mistanken stadfesta. Desse tilfella er handterte og følgd opp.
Mattilsynet held fram kartlegginga av husdyrassosierte MRSA- (methicillinresistente Staphylococcus aureus) bakteriar i norske svinehald. Berre eitt nytt tilfelle blei påvist i 2016. Dette gir grunn til å tru at smitteførebyggjande tiltak har verka.
Det blei påvist Chronic Wasting Disease (CWD), omtalt som skrantesjuke, hos villrein i april 2016. Denne sjukdommen hos hjortedyr er smittsam og dødeleg. Sjukdommen er ikkje påvist i Europa tidlegare og aldri før hos reinsdyr. Mattilsynet starta raskt med kartlegging. Det er etablert vernetiltak mot spreiing innanlands og mot utlandet. Vitskapskomiteen for mattryggleik har arbeidd med å skaffe kunnskap, og det har vore eit godt samarbeid med miljøstyresmaktene, jaktinteresser og grunneigarorganisasjonar.
I samband med kartlegginga i 2016 blei det teke ut over 10 000 hjerneprøver av hjortedyr. Tre positive tilfelle på rein blei funne, alle hos villrein i same del av Nordfjella villreinområde. I tillegg blei det påvist forandringar tilsvarande CWD hos to eldre elgar i Selbu.
Fiskehelse
Gode vaksinar gjer at bakteriesjukdommar ikkje er eit stort problem for akvakulturnæringa, men delar av oppdrettsnæringa slit framleis med virussjukdommar og lakselus. Beredskapen i næringa ved utbrudd er òg mangelfull. Målet om god fiskehelse blei ikkje nådd.
Lakselussituasjonen var krevjande òg i 2016. Lakselusnivået i oppdrett var på landsbasis våren og sommaren 2016 noko høgare enn i 2015, men utover hausten var nivået lågare enn året før. Fleire oppdrettarar greidde ikkje å halde nivået under grensa gjennom heile året.
Mattilsynet ser at verkemiddelet om midlertidig redusert produksjon i anlegg med langvarige og alvorlige lakselusproblem har ført til betre etterleving av regelverket. Mange verksemder set i verk tiltak eller slaktar ut tidlegere på eige initiativ, men framleis er det oppdrettarar som set i verk tiltak for seint.
Resistensproblem gjer at lakselusmiddel har fått redusert effekt. I 2016 tok verksemdene i større grad i bruk mekaniske metodar mot lakselus. Det resulterte i at forbruket av legemiddel mot lakselus gjekk mykje ned samanlikna med 2015, men forbruket er framleis høgt.
Det var 12 utbrott av infeksiøs lakseanemi (ILA) i 2016, tre færre enn året før. Mattilsynet prioriterte innsats mot og førebygging av sjukdommen høgt. Pankreas-sjukdom (PD) er framleis ein av dei mest alvorlege sjukdommane. Talet på utbrott var om lag på same nivå som tidlegere. Målsetjinga om å redusere talet på utbrott av listeførte sjukdommar som ILA og PD er ikkje nådd.
Lakseparasitten Gyrodactylus salaris blei ikkje påvist i nye vassdrag i 2016. Krepsepest blei i 2016 påvist i Mossevassdraget.
Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
Landdyrvelferd
Mattilsynet rapporterer at velferda for dyr i Noreg samla sett er god.
Talet på tilfella av alvorleg vanrøkt av produksjonsdyr og hest var i 2016 på same nivå som året før. Mattilsynet samarbeider med husdyrnæringa, helsestyresmaktene, organisasjonar og andre aktørar sentralt og lokalt for å hindre og avdekkje alvorleg vanrøkt.
I samarbeid med dyrevernnemndene gjennomførte Mattilsynet 9 440 tilsyn med velferda hos landdyr i dyrehald. Det er om lag på same nivået som året før. Mattilsynet si vurdering er at dei mellom anna, gjennom fleire meldingar frå publikum og fleire tilsyn, oppdagar fleire tilfelle av at dyr har det mindre bra. Mattilsynet har òg stor merksemd på god verkemiddelbruk. Bruken av sterkare verkemiddel som aktivitetsnekt og melde tilfelle til politiet aukar. I 2016 fatta Mattilsynet vedtak om avvikling av 59 dyrehald, og 32 dyreeigarar blei melde til politiet.
Varsle Mattilsynet er ei teneste på mattilsynet.no der alle kan melde frå om mistanke om mellom anna dårleg dyrevelferd. Tenesta blir nytta stadig meir, og mange varsel gjeld kjæledyr. Mattilsynet tok i 2016 imot 9 400 varslingar, ein auke på 10 pst. frå året før.
Skadar på trøputene hos slaktekylling er ein god indikator på velferda. Resultatet avgjer kva for tettleik det kan vere i kyllinghuset ved neste innsett. Omtrent 95 pst. av flokkane får beste kategori. Det ser ikkje ut til at overgangen til fôr utan narasin har hatt negativ verknad på skadefrekvensen.
Pelsdyr blir følgde tettare opp enn andre dyreartar. Mattilsynet gjennomførde tilsyn hos om lag 60 pst. av dyrehalda med mink og om lag 30 pst. av dyrehalda med rev. Meir enn halvparten av tilsyna var ikkje varsla. Det var ein klar nedgang i talet på regelbrot frå året før og få alvorlege funn. Den tette oppfølginga over fleire år ser ut til å ha verka.
Talet på dyr som døyr under transport til slakteri er låg, og det var ikkje større alvorlege hendingar på dette området i 2016.
Tap av sau og lam på utmarksbeite går framleis ned. Største årsak til reduksjon er nedgang i tap til rovvilt som òg er viktigaste enkeltårsak, men det er òg nedgang i tap av andre årsaker enn rovvilt.
Det var òg nedgang i tap av rein totalt og grunna rovvilt i driftsåret 2015/2016 samanlikna med året før. Områdevis store tap på utmarksbeite er ei utfordring både for dyrevelferda og drifta. Mattilsynet følgjer dyrevelferda på utmarksbeite i samarbeid med dei andre forvaltningsetatane.
Fiskevelferd
Meir miljøvennleg kontroll av lakselus med redusert bruk av legemiddel har ført til at stadig fleire oppdrettarar nyttar reinsefisk og ulike typar mekaniske behandlingar. Dette har skapt utfordringar for fiskevelferda. Mattilsynet fekk i 2016 inn nær 400 meldingar om hendingar med dårleg velferd, skadar og fisk som har døydd under og etter avlusing. Næringa slit med høg tapsprosent på fisken. Det er òg kjent at ein stor del av rensefisken døyr eller går tapt på annan måte i løpet av ein produksjonssyklus. Målet om god fiskevelferd er ikkje nådd.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
I 2016 blei næringsdeklarasjon obligatorisk på dei fleste ferdigpakka matvarer. Mattilsynet prioriterte rettleiing til bransjen og utarbeidde forbrukarretta informasjonsmateriell om merking, næringsdeklarasjon og kravet om opplysningar om allergen i ikkje ferdigpakka mat. Tilsyn med denne typen informasjon om allergen har vore del av smilefjestilsynet. Det blei fatta vedtak overfor 15 pst. av verksemdene. For andre krav til merking av ferdigpakka mat blei det fatta vedtak på om lag same nivået som i åra før.
Mattilsynet undersøkjer mat- og fôrvarer som inneheld mais, soya, raps, ris eller papaya for innhald av genmodifiserte organismar (GMO). Overvakinga viser få funn av ulovleg innhald av GMO, men mange ureiningar under grenseverdien som følgje av utilsikta innblanding. I 2016 var det få tilfelle av ulovleg genmodifisert mat og fôr, og det blei ikkje påvist GMO i importert såfrø.
Mattilsynet samarbeidet med andre etatar som Tolletaten, Økokrim, Skatteetaten, Arbeidstilsynet, Politiet, kemneren og NAV for å avdekkje matkriminalitet i tillegg til å vere i dialog med partnarar i EU/EØS om beste praksis i kampen mot matkriminalitet.
Mattilsynet har teke i bruk eit nytt meldesystem i EU for samarbeid om etterforsking av matsvindelsaker og deltok i 2016 i ein internasjonal aksjon for å avdekkje matkriminalitet. Til saman har dette ført til at fleire saker enn tidlegare er melde til politiet og meir helsefarlege produkt er blitt destruerte.
Målet om å vareta miljøvennleg produksjon
Vill laksefisk blir negativt påverka av lakselus frå oppdrett, samstundes som legemiddel mot laksefisk kan påverke ville krepsedyr rundt anlegga. Bruken av legemiddel mot lakselus gjekk mykje ned samanlikna med 2015, men framleis er bruken for høg.
Det har vore ein liten auke i mengde omsett plantevernmiddel frå 2015. Dette gir små endringar for helserisikoen, men ein liten auke for miljørisikoen.
Det er eit lågt forbruk av antibiotika til landdyr. Forbruket i husdyrbruket ligg på under 10 pst. av samla forbruk i landet. Per i dag viser bakteriefunn og overvaking at overføringa av resistens frå produksjonsdyr til innbyggjarane er svært liten.
Det var ein auke i det samla talet på økologiske verksemder. Erfaringar frå tilsynet viser at det framleis er manglar ved internkontroll til verksemdene, særleg når det gjeld dokumentasjon av rutinar.
I all animalsk matproduksjon blir det restar og avfall som ikkje går til mat, men som er ein ressurs. Bruk av slike restar kan føre til at framandstoff eller smittestoff kjem inn i matkjeda. Mange verksemder handterer framleis ikkje slike restar på rett måte. Regelverket er komplisert og Mattilsynet arbeider med å forenkle og tilpasse rettleiinga slik at det skal bli enklare å følgje det.
Andre område
Kosmetikk
Nordmenn ligg i Europa-toppen når det gjeld kjøp av kosmetikk. Biverknader frå kosmetikk og villeiande informasjon er dei største utfordringane saman med kunnskapsmangel om stoff i kosmetikk som kan gi alvorlege langtidsverknader som kreft og fosterskader.
Resultata frå tilsynet viser at dei fleste avvika er knytte til mangelfull dokumentasjon, merking og registrering av kosmetiske produkt. Frittståande kosmetikkutsal hadde flest avvik.
Resultat av meir generell karakter
Internasjonalt arbeid og regelverksutvikling
Mattilsynet har følgt regelverksarbeidet i EU tett. Arbeid opp mot EUs nye kontrollforordning og nytt regelverk om dyrehelse er døme på særleg omfattande regelverksarbeid. 73 pst. av EØS-regelverket innanfor Mattilsynets ansvarsområde, blei gjennomført i Noreg innan fristen.
Noreg har vore Europaregionens valde representant i Codex Alimentarius Commission sin Eksekutivkomité sidan 2015. I 2016 blei standarden for fersk frukt og grønsaker sluttført.
Mattilsynet har gjennom deltaking i Plantevernorganisasjonen for Europa og Middelhavsområdet (EPPO) og Den internasjonale plantevernkonvensjonen (IPPC) medverka i utviklinga av fleire internasjonale standardar på plantehelseområdet.
Mattilsynet har medverka i utviklinga av internasjonale standardar og vareteke norske interesser i OIE. I samarbeid med Legemiddelverket har Mattilsynet medverka aktivt i OIEs arbeid med bruken av legemiddel til dyr.
Marknadstilgang
Norsk eksport er stor og består av mange ulike produkt, særleg på sjømatområdet. Det aller meste av eksporten går utan komplikasjonar.
EØS-avtalen gjer at norsk sjømat går uhindra og utan behov for attestar til EU som er den største marknaden for norsk sjømat. For eksport utanfor EØS-området blei det utferda vel 53 000 attestar, fordelt med 48 000 attestar for sjømat og 5 000 attestar for landbaserte produkt. Talet på eksportattestar har vore stabilt dei siste åra.
Ei viktig oppgåve for Mattilsynet er å halde ved lag tilgangen til utanlandske marknader. Mattilsynet har arbeidd mykje med spesifikke land, til dømes Kviterussland.
Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking
Mattilsynet gjennomførte 72 889 tilsyn i 2016. Dette omfattar inspeksjonar, revisjonar, prøvetaking, dokumentkontroll ved eksport og import og handtering av uventa hendingar. Auken frå året før er på rundt 7 pst. Innføring av smilefjestilsyn på serveringsstader er hovudårsaka til auken.
Smilefjestilsyn på serveringsstader har auka effektiviteten ved at arbeidet blir avslutta på staden.
Mattilsynet fann brott på regelverket i 48 pst. av verksemdene dei har ført tilsyn med. Dette er ein liten nedgang. Mattilsynet finn oftast brott på drikkevassområdet (67 pst.) og sjeldnast ved tilsyn etter dyrevelferdslova (40 pst.).
For å vurdere om Mattilsynets arbeid blir gjort einskapleg over heile landet blir det registrert variasjon mellom regionane når det gjeld funn av avvik og bruk av verkemiddel. Variasjonen mellom regionane er minst på tilsynsområda dyrevelferd og fiskehelse og størst på drikkevassområdet.
Mattilsynet tok imot 310 klagesaker, ein auke frå 250 i 2015. Prosentdelen av vedtak som blei omgjort av hovudkontoret auka frå 13 pst. i 2015 til 19 pst. i 2016.
Som eit ledd i arbeidet for ein meir effektiv reaksjon mot kriminalitet mot dyr, er det etablert to regionale pilotprosjekt, eitt i Sør-Trøndelag i 2015 og eitt i Rogaland i 2016. Prosjekta skal betre kompetansen og styrkje samhandlinga mellom Mattilsynet og politiet.
Kommunikasjon
Mattilsynet har arbeidd mykje for å informere og rettleie verksemder og næring om nye reglar. I tillegg har Mattilsynet tilrettelagt informasjon for forbrukarar og dyreeigarar. Det mest brukte verktøyet på mattilsynet.no var Kjæledyrkalkulatoren som fortel kva regler som gjeld i samband med reiser med kjæledyr over landegrensene. Denne hadde 287 300 besøk. Det blei òg laga ei Facebook-side for å rettleie folk om reising med kjæledyr.
Organisatoriske forhold
Mattilsynet arbeider kontinuerleg med å utvikle og effektivisere verksemda. Det blei gjennomført ei undervegs-evaluering av organisasjonsendringa i 2015.
Mattilsynet har teke i bruk ei ny mobilløysing for smilefjestilsyn på serveringsstader som gjer tilsynsarbeidet enklare og meir effektivt. Inspektørane kan gjere ferdig arbeidet på staden og verksemdene får resultatet med ein gong. Resultata frå tilsyna blir publiserte automatisk på matportalen.no.
Mattilsynet har teke i bruk digital sending av brev til privatpersonar og verksemder.
Budsjettframlegg 2018
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 1 348,935 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje driftsutgiftene til Mattilsynet. I tillegg til endringar som følgje av løns- og prisvekst og regjeringa si avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, er det lagt inn eit særskild effektiviseringstiltak på 5,7 mill. kroner, i tråd med forventningane om effektivisering.
Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid
Regelverket på matområdet er i stor grad harmonisert over landegrensene. Codex Alimentarius Commission, OIE og IPPC legg viktige premissar for regelverksutviklinga internasjonalt. Som følgje av EØS-avtalen blir grunnlaget for det norske regelverket hovudsakleg utvikla i EU. Nærare 90 pst. av alle nye forskrifter og forskriftsendringar på Mattilsynet sitt ansvarsområde er knytt til oppfølging av EØS-avtalen. Mattilsynet vil følgje aktivt med i dei sentrale delane av arbeidet i desse organisasjonane.
Matdepartementa legg vekt på samordna og godt førebudd deltaking i alle internasjonale forum. I det internasjonale regelverksarbeidet er det viktig med tidleg og god dialog med relevante interessentar. Mattilsynet vil ta aktivt del i arbeidet i EU med å utvikle nytt regelverk i samsvar med norske synspunkt på utvalde område. Mattilsynet vil prioritere område med særlege norske interesser i regelverksarbeidet.
Mattilsynet skal òg bidra til at oppfølging av dei internasjonale pliktene skjer til rett tid og at gjennomføring i norsk rett blir gjort på mest mogleg formålstenleg og brukarvennleg vis.
Regjeringa legg vekt på forenkling for næringane og brukarane. Mattilsynet vil ha særleg merksemd på å forenkle og rydde i regelverket. Mattilsynet vil òg leggje vekt på å fremje desse omsyna når dei deltek i internasjonal regelverksutvikling, mellom anna i arbeidsgruppene i EU og i dei aktuelle internasjonale organisasjonane på matområdet. Mattilsynet vil òg leggje vekt på å informere betre om regelverket og gjere det lettare tilgjengeleg mellom anna for produsentar og serveringsstader av lokalmat.
For å leggje til rette for marknadstilgang for norske varer i land utanfor EØS-området, vil Mattilsynet vidareføre samarbeidet med matstyresmakter i aktuelle land.
Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking
Rettleiing og utøvande tilsyn i dei enkelte verksemdene er kjerneverksemda til Mattilsynet.
Mattilsynet vil halde fram arbeidet med å utarbeide rettleiarar og annan informasjon for å gjere det lettare for verksemdene å etterleve regelverket som gjeld for dei. God rettleiing er òg viktig som ein integrert del av tilsynsarbeidet.
Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold og kva risiko som ligg føre skal sikre eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn. Mattilsynet vil ved bruk av fagleg skjønn vere løysingsorientert i møtet med verksemdene samstundes som omsynet til lik handsaming blir vareteke. Det er verksemdene sitt eige ansvar å kjenne til og finne løysingar som gjer at dei etterlever regelverket. Mattilsynet fører tilsyn med at slik etterleving skjer. Når det er nødvendig for å sikre at måla blir nådde, vil Mattilsynet nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde.
Som eit ledd i arbeidet for å bli meir effektive og synlege, legg Mattilsynet vekt på bruk av målretta inspeksjonar med færre kontrollpunkt, såkalla punkttilsyn. Slike tilsyn kan vere ein del av den faste tilsynsrutinen eller danne grunnlag for utvikling av store og små tilsynskampanjar. Smilefjestilsyn i serveringsverksemder er eit døme på dette.
Regelverket om kontroll krev at det skal vere eit effektivt, einskapleg og heilskapleg tilsyn. Ifølgje regelverket skal tilsynet skje på det leddet i matproduksjonskjeda der verknaden er størst. På mange område betyr dette at tilsyn bør skje tidleg i matproduksjonskjeda.
Omfanget av tilsyn med verksemdene blir tilpassa risikoen for og konsekvensar av regelbrott både generelt og i den enkelte verksemda. Dette krev god kunnskap om tilstanden på dei ulike områda. Nasjonale kontrollplanar skal liggje til grunn for prioritering og rapportering.
Mattilsynet forvaltar òg regelverk som ikkje er direkte knytt til risiko for helse hos folk, planter og dyr. Også på desse områda er det viktig med målretta og effektivt tilsyn.
Mattilsynet vil innrette arbeidet med kartlegging og overvaking slik at det blir målretta og kostnadseffektivt. Overvakings- og kontrollprogram knytt til plikter etter internasjonale avtalar eller norske tilleggsgarantiar, vil ha prioritet.
Mattilsynet vil arbeide vidare for å motverke matsvindel nasjonalt og internasjonalt. Arbeidet er prioritert i EU.
Målet om å sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
Mattilsynet vil arbeide for at maten og drikkevatnet skal vere trygt med omsyn til folkehelse.
Arbeidet med å halde ved like gode hygieniske forhold i alle verksemder i matproduksjonskjeda krev kontinuerleg merksemd frå verksemdene og aktivt og målretta arbeid frå Mattilsynet.
Regelverket om hygiene og kontroll legg vekt på verksemdene sitt eige ansvar for å etterleve krava og for å ha system og rutinar som sikrar mattryggleiken i heile matproduksjonskjeda frå og med innsatsvarer og primærproduksjon til og med omsetnad til forbrukarane. Dette gjeld òg ved import.
Ny drikkevassforskrift med tydelegare krav om vedlikehald av leidningsnettet og skjerpa krav til førebyggjande sikring, beredskap og kompetanse og konkrete tiltak for å betre tryggleiken ved små vassverk tok til å gjelde 1.1.2017. Mattilsynet har utarbeidd ein rettleiar til forskrifta og oppdatert rettleiaren om beredskap. Informasjon om dei nye krava og tilsyn med at vassforsyningsverksemdene følgjer opp, vil ha prioritet framover for å sikre trygg vassforsyning til innbyggjarane. Dette er i samsvar med gjennomføringsplanen for Nasjonale mål for vatn og helse fastsett av regjeringa i 2014 og FNs berekraftmål 6.
Mattilsynet vil halde fram arbeidet med utvikling av nytt regelverk og tilsynsmetodar som kan bidra til å skape tryggare forhold ved import og omsetnad av kosttilskott og liknande næringsmiddel.
Målet om å fremje god helse hos planter, landdyr og fisk
God plante-, landdyr- og fiskehelse er viktige føresetnader for produksjon av trygg mat og for verdiskaping i næringane. Tiltak og rutinar i næringane er viktige for å førebyggje introduksjon og spreiing av sjukdom og skadegjerarar.
Mattilsynet vil arbeide for at helsetilstanden hos planter, landdyr og fisk framleis skal vere god. Førebyggjande tiltak og god beredskap er viktig mot dei mest frykta planteskadegjerarane og smittsame sjukdommane hos landdyr og fisk. Dette er òg viktig for å hindre utbrott av dyresjukdom, som òg kan gi sjukdom hos menneske (zoonosar).
Det er viktig å overvake og gjere tiltak som held antibiotikaresistensen i norsk husdyrhald på eit lågt nivå. Overvaking, sanering og smitteførebyggjande tiltak mot LA-MRSA (dyre-assosierte methicillinresistente Staphylococcus aureus-bakteriar) i svinebesetningar vil bli vidareført. Likeeins vil Mattilsynet sjå på tiltak mot resistente bakteriar i fjørfehaldet.
Chronic Wasting Disease (CWD) er ein prionsjukdom hos hjortedyr som i 2016 blei påvist hos villrein og elg i Noreg. Hjortedyra døyr av sjukdommen. CWD har vore kjent i Nord-Amerika i nærare 50 år. Overføring av sjukdommen til menneske er aldri påvist. På grunnlag av eintydige faglege råd tek ein sikte på å ta ut villreinstamma i Nordfjella sone 1. Det blir lagt opp til at mest mogleg av uttaket skal skje ved ordinær jakt og at ein etter dette vil gjennomføre uttak i statleg regi. Planen er at uttaket skal vere avslutta 1. mai 2018. Etter uttaket blir det lagt opp til å byggje opp igjen ei villreinstamme så fort det er mogleg ut frå smitteomsyn. Det vil samstundes bli gjennomført prøvetaking for å få best mogleg oversikt over om smitten finst i andre villreinflokkar eller anna hjortevilt. I så fall vil ein måtte vurdere tiltaka på nytt. Arbeidet skjer i samarbeid med miljøstyresmaktene og Veterinærinstituttet. Målet med arbeidet er å sikra sunne villreinstammar og unngå at sjukdommen spreier seg til andre hjortedyr. Mattilsynet vil framleis prioritere arbeidet med fiskehelse og fiskevelferd, mellom anna gjennom arbeidet for å redusere førekomsten av lakselus og tap i oppdrettsnæringa. Mattilsynet vil følgje opp den vidare tilsynsinnsatsen knytt til dei strengare miljøkrava ved auka produksjon i havbruksnæringa. Mattilsynet vil òg bidra til oppfølging av Meld. St. 16 (2014–2015) Forutsigbar og miljømessig bærekraftig vekst i norsk lakse- og ørretoppdrett.
Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
Mattilsynet vil leggje vekt på tilsyn med dyrevelferd. Mattilsynet vil utnytte verkemidla i dyrevelferdslova for å fremje god dyrevelferd.
Mattilsynet vil samarbeide med politiet om å gjennomføre prøveprosjekta med dyrepoliti i Sør-Trøndelag, Rogaland og Østfold. Målet er best mogleg handsaming av saker som gjeld alvorleg omsorgssvikt og overgrep mot dyr, slik at alvorleg kriminalitet mot dyr skal føre til straffesak og domfelling.
Mattilsynet vil følgje opp dei endringane som blir gjort i regelverket og det planlagte dyrevelferdsprogrammet i pelsdyrnæringa som oppfølging av stortingsmeldinga om pelsdyrnæringa.
Mattilsynet vil vidareføre god samhandling med miljøstyresmaktene ved tap frå rovvilt, jf. rovviltforliket i Stortinget 2011 og Meld. St. 21 (2015–2016) Ulv i norsk natur.
Oppdrettsfisk skal haldast, transporterast og slaktast under etisk akseptable forhold. Mattilsynet vil ha merksemd på å oppdretthalde god fiskevelferd når oppdrettarar tek i bruk nye produksjonsformer.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Mattilsynet vil arbeide for at mat, drikkevatn og innsatsvarer har rett kvalitet og rett innhald, og at regelverket om merking og ærleg omsetnad blir følgt. Regelverket om merking av mat skal sikre at forbrukarane har tilgang til rett informasjon mellom anna om eigenskapane til maten.
Mattilsynet har òg viktige oppgåver i ernæringsarbeidet, særleg når det gjeld tilsyn med merking, ernærings- og helsepåstandar, frivillig sunnheitsmerking (Nøkkelholet) og arbeid med Matvaretabellen. Regjeringa la fram Nasjonal handlingsplan for betre kosthald (2017–2021) våren 2017. Planen har tiltak på sju departement sine ansvarsområde. Helsedirektoratet koordinerer arbeidet med oppfølging av planen der mellom anna Mattilsynet har oppgåver.
Mattilsynet vil føre vidare overvakinga av genmodifisert materiale i både fôr og næringsmiddel. Sporforureining av genmodifisert materiale synest størst i fôrvarer.
Målet om å vareta miljøvennleg produksjon
Mattilsynet vil bidra til at matlova sitt formål om å vareta miljøvennleg produksjon blir oppfylt. Kvaliteten på innsatsvarer som såvarer, gjødsel, plantevernmiddel og fôrvarer er avgjerande for miljøvennleg produksjon, og verkar òg inn på kvaliteten på maten.
Ny handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel blei fastsett i april 2016. Arbeidet for å redusere bruken av og risikoen ved bruk av plantevernmiddel, vil bli ført vidare med utgangspunkt i planen.
Marknadstilgang
Mattilsynet har ei viktig rolle i arbeidet med å leggje til rette for marknadstilgang for norske produkt, og kontakt med aktuelle styresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.
Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på at norsk sjømat er trygg og har rett kvalitet. For Noreg som stor eksportør av sjømat er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda.
Mattilsynet vil arbeide med å forenkle og effektivisere utskriving av eksportattestar for fisk til land utanfor EØS-området.
Andre område
Dyrehelsepersonell
Mattilsynet forvaltar lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos dyrehelsepersonell. Mattilsynet vil leggje vekt på at dyrehelsepersonell driv forsvarleg verksemd, særleg i samband med utlevering og bruk av antibiotika. Registeret over bruken av legemiddel til dyr er eit viktig verkemiddel for å overvake bruken av antibiotika til dyr og veterinærane sin praksis for føreskriving.
Kosmetikk
Mattilsynet vil føre tilsyn og følgje opp arbeidet med å utvikle regelverket som skal sikre at kosmetikk og kroppspleieprodukt er helsemesseg sikre for menneske og dyr. Mattilsynet vil samarbeide med Folkehelseinstituttet om å overvake helseskadelege biverknader ved bruk av kosmetikk og kroppspleieprodukt.
Post 22 Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser
Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 13,492 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje utgiftene for Mattilsynet til reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser.
Post 71 Tilskott til erstatningar
Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 4,2 mill. kroner. På posten vil det bli ført utbetalingar til personar som har ytt naudhjelp til dyr etter dyrevelferdslova § 4 der det ikkje er nokon eigar av dyret som kan dekkje kostnaden. På posten vil det òg bli ført kostnader for tiltak sett i verk av Mattilsynet i medhald av matlova, dyrehelsepersonellova og dyrevelferdslova i dei tilfella der kostnaden ikkje kan drivast inn frå eigar.
Kap. 4115 Mattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
01 | Gebyr m.m. | 149 917 | 193 293 | 196 174 |
02 | Driftsinntekter og refusjonar m.m. | 9 304 | 5 714 | 5 799 |
Sum kap. 4115 | 159 221 | 199 007 | 201 973 |
Post 01 Gebyr m.m.
På posten blir det ført inntekter frå gebyr for særskilde ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar og gebyr for visse tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar.
Det er ved budsjettering lagt til grunn ordinær prisjustering av gebyrsatsane.
Post 02 Driftsinntekter og refusjonar m.m.
På posten blir det mellom anna ført diverse driftsinntekter frå oppgåver som Mattilsynet gjer for anna forvaltning, til dømes for tilsyn med omsetnad av reseptfrie legemiddel utanfor apotek og oppgåver knytte til miljøretta helsevern for kommunane. Her vil det òg bli ført inntekter frå gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet av omsyn til næringsutøvarane yter utanom ordinær arbeidstid.
Programkategori 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling
Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 | Pst. endr. 17/18 |
1136 | Kunnskapsutvikling m.m. | 227 448 | 227 979 | 235 921 | 3,5 |
1137 | Forsking og innovasjon | 446 049 | 609 873 | 605 420 | -0,7 |
Sum kategori 15.20 | 673 497 | 837 852 | 841 341 | 0,4 |
Inntekter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 | Pst. endr. 17/18 |
4136 | Kunnskapsutvikling m.m. | 19 775 | 20 286 | 20 643 | 1,8 |
Sum kategori 15.20 | 19 775 | 20 286 | 20 643 | 1,8 |
Mål og strategiar
Både nasjonale og internasjonale utviklingstrekk, mellom anna folkeauke, klimaendringar og behovet for omstilling, er viktige bakteppe for landbruks- og matforskinga, og for dei prioriteringane ein bør gjere innan forskinga i sektoren. Forsking, innovasjon og kompetanse skal på nasjonalt nivå bidra til at dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla – matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar – blir nådde.
For å nå måla, legg departementet vekt på målretta og effektiv bruk av midlar til forsking og innovasjon. Vidare er det viktig at kunnskap og kompetanse blir gjort lett tilgjengeleg for næring og forvaltning. I tillegg er ein effektiv og sterk instituttsektor viktig for å sikre god, forskingsbasert forvaltning. Dette krev eit godt samspel mellom instituttsektoren, andre relevante kunnskapsmiljø, ulike næringsaktørar og forvaltninga.
Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon
Midlar til forsking og innovasjon skal målrettast slik at ny kunnskap bidreg til at ein når dei landbruks- og matpolitiske måla, slik det går fram av relevante meldingar og strategiar.
Av Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling – en fremtidsrettet jordbruksproduksjon og Stortingets handsaming av denne, går det fram at Regjeringa har som mål å auke og effektivisere norsk matproduksjon, samstundes som klimagassutsleppa frå landbruket skal reduserast. Meldinga stadfestar at eit framleis høgt ambisjonsnivå for forskings- og innovasjonsaktivitet vil vere viktig for å auke matproduksjonen, for dyrevelferda og for å styrkje konkurransekrafta i jordbruk og næringsmiddelindustri på ein miljøvennleg og berekraftig måte. Dette krev kunnskap og teknologi som bidreg til auka produktivitet og best mogleg utnytting av tilgjengelege ressursar, inkludert kunnskap om korleis matproduksjonen blir påverka av, og best kan tilpassast til, eit endra klima. Ny kunnskap, mellom anna innan avls- og foredlingsarbeid, er òg avgjerande for å halde den gode plante- og dyrehelsa og gode dyrevelferda i Noreg ved lag. Regjeringa legg òg vekt på å halde oppe innsatsen mot antibiotikaresistens, eit behov som mellom anna er stadfesta i Regjeringa sin nasjonale strategi mot antibiotikaresistens (2015–2020) og Handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor Landbruks- og matdepartementets sektoransvar.
Kunnskap er òg berebjelken i bioøkonomien, der dei mange biologiske ressursane frå landbruk, skogbruk, havbruk og fiskeri blir produsert og utnytta meir berekraftig og effektivt. I tråd med regjeringa sin bioøkonomistrategi, Kjente ressurser – uante muligheter, skal forskingsinnsatsen innan bioøkonomi bidra til auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ei marknadsorientert og berekraftig utnytting av bioressursane på tvers av sektorar og næringar. Ein stor del av potensialet for verdiskaping i bioøkonomien ligg i det å ta i bruk ny kunnskap og teknologi. Mogleggjerande teknologiar som bioteknologi, nanoteknologi og IKT vil opne for smartare bruk av dei fornybare biologiske ressursane og bidra til det grøne skiftet gjennom utvikling av produkt som er mindre ressurskrevjande og meir klima- og miljøvennlege.
I Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – konkurransedyktig skog- og trenæring, og i Stortingets handsaming av denne, blir det òg peika på behovet for forsking og teknologiutvikling. Her går det fram at høg forsking og innovasjonsaktivitet vil vere viktig for å styrkje konkurranseevna i skog- og trenæringa, og for å utnytte skogen si rolle i klimasamanheng. Departmentets løyvingar til forsking og innovasjon skal bidra til å ta ut skogens potensial i bioøkonomien gjennom utvikling av nye og innovative teknologiar og produkt frå norske skogressursar.
Landbruket rår over eit stort ressursgrunnlag. Dette gir potensial for økonomisk vekst innanfor ei rekkje næringar og innanfor heile verdikjeda, frå primærleddet til forbrukarane. Gjennom Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024, er det stadfesta at regjeringa vil prioritere forsking som kan bidra til eit innovativt og omstillingsdyktig næringsliv, gjennom auka nyskaping, nyetablering og kommersialisering. Også landbruks- og matforskinga skal målrettast slik at den bidreg til auka verdiskaping, innovasjonar og nye arbeidsplassar. Det er eit mål å vidareutvikle ein kunnskapsbasert landbruks- og matsektor gjennom å stimulere næringane i sektoren til å forske meir og til å nytte seg av forskinga til andre, både nasjonalt og internasjonalt. Verdien av kunnskap, forsking og innovasjon som drivkraft for verdiskaping og utvikling av vekstkraftige regionar i heile landet er òg understreka i Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål.
Dei utfordringane og kunnskapsbehova som sektoren står overfor er i stor grad dei same som i andre land, både i Europa og elles. Norsk deltaking i internasjonal forsking på landbruks- og matområdet er difor nødvendig for å løyse sams utfordringar, heve kvaliteten på forskinga, fornye norsk forsking og for å kunne forstå og nytte forskingsresultat frå andre land. Ei slik målsetjing krev ei omfattande mobilisering og eit godt samspel mellom nasjonale og europeiske forskingsmidlar, mellom anna EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. Regjeringa sin Panorama-strategi for høgare utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020) legg òg eit viktig grunnlag for meir målretta og langsiktig forskingssamarbeid på landbruks- og matområdet.
Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning
Sektoren har lange tradisjonar for samarbeid mellom styresmakter, næringsaktørar og kunnskapsmiljø når det gjeld kunnskapsutvikling og forskings- og utviklingsarbeid. Dette gjer at sektoren har eit godt utgangspunkt for at forskinga er relevant og at ny kunnskap kjem til nytte. Samstundes er det viktig med eit omfattande samspel mellom landbruket og andre sektorar i arbeidet med å fremje forsking og innovasjon. Dette vil leggje grunnlaget for synergiar mellom landbruks- og matnæringane og andre næringar gjennom utveksling av kunnskap, teknologi og idear. Ikkje minst vil vidareutvikling av bioøkonomien, der eit av Noreg sine fortrinn ligg i eit tett samarbeid mellom blå og grøn sektor, krevje samarbeid på tvers av fagområde og ulike næringar.
Ei målretta politikkutforming med gode avgjerder for landbruks- og matsektoren krev kontinuerleg tilgang på oppdatert kunnskap. Forskingsbasert kunnskap bør i størst mogleg grad liggje til grunn for politikkutvikling og forvaltning. Samfunnsvitskapleg forsking skal bidra med kunnskap om landbrukets rolle, fremje lokal og regional utvikling, og gi kunnskap om korleis ulike drivkrefter påverkar utviklinga i landbruket. Det same gjeld forholdet mellom landbruket og samfunnet elles. Samfunnsvitskapleg forsking vil òg gi meir kunnskap om samspelet mellom politikk, forvaltning og næring.
For at kunnskapen skal nå ut til næringsaktørar, rådgivarar og andre som kan ha nytte av den, må ein sikre rask og effektiv formidling av resultata frå landbruks- og matforskinga. Noregs forskingsråd set krav til at formidlingsaktivitet er ein integrert del av forskingsprosjekta.
Primærleddet i landbruket og industrien som foredlar mat og fiber er høgteknologisk og kunnskapskrevjande. Dette sett høge krav til kompetanse hos næringsutøvarar, rådgivarar og utdanningsinstitusjonar. God rekruttering både til yrkesutdanning og til høgare landbruks- og matfagleg utdanning vil vere viktig for å utdanne kompetent arbeidskraft til eit framtidsretta landbruk.
Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre
Det er eit mål å ha ein effektiv instituttsektor i landbruket som driv forsking av høg kvalitet og relevans, og som har godt omdømme og høg internasjonal konkurransekraft. Nasjonale og internasjonale konkurransearenaer, strategiske løyvingar og systematisk oppbygging av kompetanse skal leggje til rette for auka kvalitet i forskingsinstitutta i landbruket.
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) skal kartleggje og ha kunnskap om biologiske ressursar og arbeide for kommersialisering knytt til berekraftig bruk av ressursane slik at Noreg kan få ei breiare næringsverksemd i framtida. Saman med Veterinærinstituttet (VI), dekkjer NIBIO viktig bioøkonomisk og biomedisinsk kompetanse.
Departementet vil vidareføre arbeidet med å leggje til rette for faglege og administrative synergiar mellom landbruks- og matforskingsinstitutta. Det blir lagt vekt på tverrfaglegheit og godt samarbeid mellom dei ulike landbruks- og matfaglege forskingsmiljøa.
Etablering av kunnskapsklynger er eit viktig verkemiddel for kompetanse og kunnskapsutvikling. Den sams lokaliseringa av NIBIO sitt hovudsete, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og frå 2020 VI på Campus Ås, vil skape grunnlag for eit kunnskapsbasert kraftsentrum innanfor undervisning, forsking og innovasjon. Det gjeld både innanfor dei eksisterande bionæringane og i utvikling av ny næringsverksemd innanfor bioøkonomien.
Den sams lokaliseringa av NIBIO, NMBU og VI på Ås legg òg eit godt grunnlag for vidare samarbeid mellom desse miljøa og Nofima AS. Selskapet har kompetanse som er sentral for å vidareutvikle og auke konkurranseevna i norsk næringsmiddelindustri. I tillegg er den tverrfaglege tilnærminga til Nofima sentral for å ta ut det potensialet som ligg i samarbeid mellom blå og grøn sektor på matområdet.
Landbruks- og matdepartementet vil vidareføre arbeidet med å utvikle fagleg og økonomisk robuste forskingsinstitutt og bidra til eit godt samarbeid mellom miljøa innanfor landbruks- og matforskinga og andre relevante samarbeidspartnarar. God rekruttering og moderne infrastruktur for forskinga vil òg vere viktig for å oppnå auka kvalitet.
Oppmodingsvedtak
Vedtak nr. 448 (2016–2017), 31. januar 2017
Stortinget ber regjeringen om å utarbeide en strategi for en helhetlig og styrket satsning på forskning, utvikling og innovasjon i skog- og trenæringen.
Grunnlaget for vedtaket er Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring, jf. Innst. 162 S (2016–2017).
Regjeringa har både i Meld. St. 6 (2016–2017) og i den nasjonale bioøkonomistrategien Kjente ressuser – uante muligheter peika på at høg forskings- og innovasjonsaktivitet er ein viktig føresetnad for å styrkje konkurranseevna i skog- og trenæringa og for å utnytte skogens rolle i klimasamanheng. Utvikling av nye produkt og produksjonsmetodar står sentralt for at skognæringa kan ta ut sitt potensial for industriell vekst innanfor bioøkonomien. Landbruks- og matdepartementet legg difor til grunn at ein strategi for heilskapleg og styrkt satsing på forsking, utvikling og innovasjon i skog- og trenæringa skal byggje vidare på nemnde dokument og andre relevante meldingar og strategiar. Arbeidet med strategien må òg sjåast i samanheng med utarbeidinga av ein strategi for auka etterspørsel etter grøne trebaserte produkt, jf. vedtak nr. 445 (2016–2017). Landbruks- og matdepartementet vil utarbeide strategien i samarbeid med relevante departement. Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg vil vere sentrale faglege rådgivarar i arbeidet. Næringa, forvaltninga og aktuelle forskingsmiljø vil bli involvert på eigna måte. Regjeringa vil komme tilbake med ei nærare omtale av saka.
Kap. 1136 Kunnskapsutvikling m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
50 | Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap, Norsk institutt for bioøkonomi | 227 448 | 227 979 | 235 921 |
Sum kap. 1136 | 227 448 | 227 979 | 235 921 |
Post 50 Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap, Norsk institutt for bioøkonomi
Formål med løyvinga
Midlane over posten skal nyttast til kunnskapsutvikling, fagleg beredskap, utvikling av kompetanse, analyse og dokumentasjon og formidling av kunnskap på følgjande område:
Mat og planteproduksjon
Beredskap, plantehelse og mattryggleik
Skog og utmark
Areal- og genressursar
Kart og geodata
Foretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi
Rapportering 2016
2016 var Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) sitt første heile driftsår etter fusjonen av Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking. NIBIO har i året som gjekk hatt særskild merksemd på rutinar og system for å sikre kontroll og god styring av økonomien i instituttet.
NIBIO har gitt høg prioritet til arbeidet med å utvikle ny kunnskap og teknologi som ledd i ein effektiv og konkurransedyktig mat- og planteproduksjon i heile landet. Mellom anna har instituttet i 2016 jobba med å få fram kunnskap om god agronomi og optimal dyrkingspraksis for forskjellige sortar dyrka under ulike geografiske forhold. For å støtte opp under eit landbruk i nord har det vore arbeidd med å styrkje landbruket sine føresetnadar for lønsam produksjon under nordlege rammevilkår.
Instituttet skal sikre nasjonal beredskap innan matryggleik og plantehelse og arbeide for å halde ved like eit friskt plantemateriale. NIBIO har gitt brei beredskapsstøtte til Mattilsynet og plantehelsefagleg bistand til både Mattilsynet og næringsliv. NIBIO har òg bidrege inn i Mattilsynet sitt arbeid med overvaking av restar av plantevernmiddel i næringsmiddel. Instituttet sin beredskap og kompetanse innan plantevernmiddelrestar i næringsmiddel har stor verdi for vidare overvaking.
NIBIO har formidla kunnskap om eit berekraftig skogbruk til skognæringa. Det har òg blitt vurdert om aktuelle framande artar av sopp og insekt kan vere ein risiko for skadar på skog i samband med import. Anna sentralt arbeid på skogområdet har vore arbeid med data frå MiS-registreringar (miljøregistrering i skog) og Landsskogtakseringa, for å vidareutvikle kunnskap om korleis ein best tek omsyn til miljøverdiane. Skogportalen har blitt utvikla vidare i 2016 med nye funksjonar og kartlag. NIBIO har òg bidrege inn i internasjonalt skogsamarbeid og delteke i ei rekkje internasjonale forum.
NIBIO har gitt vesentlege faglege bidrag i arbeidet med landbruk og klimaendringar. Instituttet har arbeidd langsiktig for å byggje opp klimakompetanse på skogområdet. For å sikre eit miljøvennleg landbruk har det blitt jobba med å tilpasse gjødsling best mogleg til dei ulike vekstane. Effektive dyrkingssystem med minst mogleg negativ påverknad på klima og miljø har vore prioritert. Det har òg vore samarbeidd med dei andre nordiske landa om sams tiltak og politikkutforming på miljøområdet. I oppfølginga av EUs rammedirektiv for vatn har NIBIO gitt råd til landbruksforvaltninga sentralt og lokalt og delteke i direktoratsgruppa for gjennomføring av direktivet i Noreg.
AR5 er eit grunnleggande verktøy i verkemiddelforvaltning, planarbeid, sakshandsaming, utgreiing og næringsutvikling knytt til bruk og endra bruk av landets arealressursar. NIBIO har i 2016 jobba vidare med ajourhald og kvalitetssikring av arealressurskartet AR5. Vidare har det vore jobba med både jord- og beitekartlegging. Jordkartlegginga er viktig for å synleggjere arealverdien av jordressursane i planprosessar, kva dyrking arealet eignar seg for og kor utsett arealet er for erosjon. Landbruket skal ta vare på kulturlandskap, kulturminne og miljøverdiar, og NIBIO har overvaka både tilstand og endring. Dette gir nasjonal oversikt over utviklinga i kulturlandskapet, og status for dei tilhøyrande kultur- og miljøverdiane.
NIBIO har i 2016 gjennomført forvaltningsoppgåver knytte til genressursar i tråd med rullerande handlingsplanar og strategi for Norsk genressurssenter ved instituttet. Vidare er oppfølging av internasjonale prosessar vareteke innanfor sektorane husdyr, planter og skogtregenetiske ressursar og arbeidet i kommisjonen for genetiske ressursar for mat og jordbruk. Det er lagt vekt på eit godt samarbeid med NordGen (Nordisk genressursenter) om fleire genressursprosjekt, mellom anna knytt til genbanken for verpehøns på Hvam og ville slektningar til kulturplanter i Noreg.
NIBIO har oppdatert kunnskapen om den økonomiske utviklinga i landbruket, og bidrege med omfattande materiale til jordbruksoppgjeret. Nærare omtale av aktiviteten i NIBIO i 2016 er gitt i årsrapporten til instituttet.
Budsjettframlegg 2018
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 235,921 mill. kroner til kunnskapsutvikling, formidling og beredskap i NIBIO.
Ei viktig samfunnsoppgåve for NIBIO framover vil vere å støtte styremakter og næringsliv i å vidareutvikle ein nasjonal bioøkonomisatsing, med berekraftig produksjon og uttak av biomasse, jf. regjeringa sin nasjonale strategi for bioøkonomi Kjente ressurser – uante muligheter frå 2016. Vidare vil NIBIO saman med Veterinærinstituttet ta del i eit forskingssamarbeid med det kinesiske vitenskapsakademiet (CAAS).
Ut over dette skal løyvinga skal prioriterast på følgjande område:
Mat- og planteproduksjon
NIBIO skal utvikle kompetanse som kan bidra til auka produktivitet, betre kvalitet og lønsam planteproduksjon under ulike dyrkings- og klimaforhold i Noreg. Næringa skal òg ha tilgang til forskingsbasert kunnskap om økologisk produksjon. Innsatsen retta mot samanhengen mellom planteproduksjon og husdyrproduksjon for å styrkje kunnskapsgrunnlaget for husdyrproduksjonen skal vidareførast.
NIBIO skal ha kompetanse og dokumentasjon på dei langsiktige konsekvensane av ulike dyrkingssystem og metodar for å sikre god ressursutnytting og framtidig produksjonspotensial i jordbruket. Det er særleg behov for dokumentasjon av korleis variasjon i klima og dyrkingsmetodar verkar på erosjon, forureining, biologisk mangfald og genetiske ressursar, og kva tiltak som kan bli sett i verk. Det er behov for kunnskap som gir grunnlag for å redusere bruken av kjemiske plantevernmiddel og om alternativ til kjemiske plantevernmiddel.
NIBIO skal bidra til at forvaltninga har tilgang til kunnskap som gir grunnlag for utforming av effektive verkemiddel for å nå klimapolitiske målsetjingar. Instituttet skal ha kompetanse på omfang og konsekvensar av utslepp av klimagassar frå landbruket og potensialet for opptak av CO2 og lagring av karbon i jord og skog. Dette gir grunnlag for framtidige teknologiske og strukturelle val innanfor landbruket, samstundes som landbruket kan produsere energi av eige råstoff og anna avfallsmateriale.
NIBIO skal bidra til å skaffe fram informasjon om korleis klimaendringane verkar på landbruket. Instituttet skal gi råd om klimatilpassing, og kva for bidrag landbruket kan gi i arbeidet med å løyse klimautfordringane. Endringar i lager av karbon, tilgangen på fornybar energi og byggjeråstoff må vurderast i samanheng. Instituttet skal få fram betre data om karbonlager og karbonendringar i jordsmonn og skog. Vidare skal det utviklast metodar og opplegg for forbetring av bidraga til klimagassrekneskapen slik at rekneskapen byggjer på best moglege data. Instituttet skal vidareutvikle klimasenterfunksjonen sin og rolla det har innanfor internasjonal klimagassrapportering.
Beredskap, plantehelse og mattryggleik
NIBIO skal vidareutvikle kompetanse på ulike planteskadegjerarar og ha beredskap for å kunne handtere sjukdommar og skadeorganismar som trugar god norsk plantehelse. Det er særleg viktig å møte utfordringane ved risiko for innføring og spreiing av nye skadegjerarar ved endringar i klima, auka handel og transport over landegrenser.
Instituttet er ein viktig leverandør av kunnskapsstøtte til styresmaktene og ulike forvaltningsorgan for å sikre nasjonal kapasitet og beredskap på matområdet. Beredskapsperspektivet er særleg retta mot evna til å halde ein høg nasjonal mat- og fôrproduksjon ved lag, og å hindre at nye skadegjerarar etablerer seg i Noreg.
NIBIO skal òg ha beredskap og kompetanse på verkemåtar for og verknader av ulike plantevernmiddel og andre innhaldsstoff i planter med potensielt uheldig verknad. Instituttet skal ha tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet til å utføre analysar som nasjonalt referanselaboratorium for pesticidrestar og planteskadegjerarar.
Skog og utmark
NIBIO skal vere leiande på kunnskap om berekraftig skogbruk og utvikle ny kunnskap om utnytting av ressursane i utmarka. Dette er viktig både for ressursforvaltning og av omsyn til klima, verdiskaping og politikkutforming.
Instituttet skal som del av dette vedlikehalde og vidareutvikle ei kart- og innsynsløysing med sikte på å samle og tilby relevante data om skog- og arealressursar til brukarar og samarbeidspartar. NIBIO skal halde oppe Landsskogtakseringa og drifte FoU-prosjektet Miljøregistreringer i skog og samarbeide med Landbruksdirektoratet om kartlegging av behov og prioritering av tiltak.
Det er nødvendig å ha høg beredskap for å oppdage skadar på skog i ein tidleg fase, både for å førebyggje at nye skadegjerande soppar og at insekt etablerer seg i Noreg og for å finne tiltak mot spreiing av dei som allereie er etablert. Dette blir stadig viktigare på grunn av klimaendringane. Instituttet skal difor gi informasjon og drive rettleiing og rådgiving om skadegjerande soppar og insekt på skog, mellom anna gjennom forsking, nordisk samarbeid og formidling av informasjon. Dette må òg sjåast i samanheng med rådgivinga til skogplanteskolane som har ei viktig rolle når det gjeld klimatiltaka retta mot auka skogplanting. Det er viktig at instituttet bidreg til ei effektiv og heilskapleg organisering og drift av relevant skogskadeovervaking og beredskap. Internasjonalt samarbeid er viktig, som til dømes arbeidet under konvensjonen om langtransporterte grenseoverskridande luftforureiningar og arbeidet i FAO om invaderande artar i Europa og Sentral-Asia. Stortinget har oppmoda regjeringa om å arbeide for tilstrekkelege beredskapsplanar i skogbruket. NIBIO har fått kunnskapsutviklingsoppgåver knytt til dette, innanfor område som stormskadar i skog med tilhøyrande utbrottsrisiko av granbarkbilla og om branndynamikk i skog.
Informasjon og tilgjengeleg kunnskap om skog og skogbruk, klima, biologisk mangfald og ulike miljøverdiar er omfattande og kjem frå mange ulike kjelder. I den nettbaserte kartløysinga Skogportalen, som blei lansert i 2015, er miljøinformasjon for skogforvaltninga samla. Tilbodet skal vidareførast i 2018.
NIBIO skal etter nærare dialog med departementet halde fram med å publisere rapporten Bærekraftig skogbruk i Norge. NIBIO skal oppdatere rapporten regelmessig på eigna måte.
Instituttet skal føre vidare langsiktige feltforsøk på viktige norske treslag. Desse feltforsøka er viktige for historisk dokumentasjon av skogutviklinga, som grunnlag for vidare utvikling av eit berekraftig skogbruk og for kunnskap om skogens rolle i klimapolitikken.
NIBIO skal delta i internasjonalt samarbeid om skog, og har ansvar for norsk rapportering til FOREST EUROPE og FAO. Instituttet skal delta i det europeiske arbeidet som blir gjort med å vidareutvikle verktøy for berekraftig skogforvaltning.
Areal- og genressursar
Ressursundersøking og -overvaking er langsiktige program som skaffar informasjon om tilstand og utvikling av ressursar som landbruket nyttar og forvaltar. Sentrale oppgåver er vedlikehald av det nasjonale arealressurskartet (AR5), Landsskogtakseringa og Arealrekneskapen for utmark. Vidare omfattar programma mellom anna systematisk overvaking av kulturlandskapet og kulturminne, kartlegging av jordsmonn, eit internasjonalt forankra overvakingsopplegg for skogskadar (OPS) og vegetasjonskartlegging for å betre utnyttinga av beiteressursane. Det siste er viktig for å auke matproduksjonen ut frå ressursar i utmarka og for å dokumentere faktisk bruk av beiteareal, tap av beitedyr generelt og konsekvensar av rovvilt og andre forhold som påverkar næringsmessig beitebruk. Som eit tiltak i regjeringa sin nasjonale jordvernstrategi skal NIBIO vidareføre arbeidet med å utvikle kunnskapen om arealressursane. Ikkje minst er det viktig at kunnskapen blir gjort tilgjengeleg og formidla, mellom anna i samarbeid med Landbruksdirektoratet. NIBIO skal òg halde fram arbeidet med å leggje til rette for statistikk om utmarkseigedommar, og forbetre og vidareutvikle statistikken ut frå dei erfaringane som er gjort sidan 2009.
Arbeidet med forvaltninga av dei genetiske ressursane i landbruket er samla i Norsk genressurssenter og forankra i den strategiske planen til senteret. Genressurssenteret skal oppdatere og følgje opp nasjonale handlingsplanar for vern og bruk av genetiske ressursar innanfor kulturplanter, skogstre og husdyr. Nettverksbygging, overvaking og informasjon er sentrale oppgåver for senteret. Samarbeidet med foredlings- og avlsorganisasjonane om berekraftig avl og foredling og med miljøforvaltninga om in situ varetaking er viktig. Genressurssenteret skal gi faglege råd og innspel til Landbruksdirektorat og Landbruks- og matdepartementet i sakar som omhandlar forvaltninga av genressursar.
Genressurssenteret skal arbeide i nær kontakt med Nordisk Genressurssenter (NordGen), jf. kap. 1139, post 71. Senteret er nasjonalt kontaktpunkt for oppfølging av internasjonale prosessar og avtalar innanfor fagområda og for møte i ulike samarbeidsforum på nordisk, europeisk og globalt nivå.
Kart og geodata
NIBIO skal utvikle kart- og geodatatenestene sine i samsvar med kva næringa og styresmaktene treng av informasjon og tenester på området. Instituttet skal sørgje for sikker forvaltning av data frå ressursundersøkingane og arbeide med analyse og utvikling av ny statistikk og nye temakart. Dessutan skal instituttet leggje til rette for digitale kart- og tenesteløysingar på internett, og skal mellom anna støtte Mattilsynets arbeid med å utvikle kartløysingar for registrering av skadegjerarar.
Instituttet skal vareta og koordinere landbruket sitt bidrag til Geovekst. Midlar til dette skal forvaltast saman med midlar til arealressurskart og flybilete, med sikte på at landbruket skal få rett til å nytte alle kartdata som blir etablerte innanfor Geovekst. Instituttet må ha god kontakt med brukarane som nyttar produkta frå kart- og datasamarbeidet. Geovekstsamarbeidet, vedlikehald av arealressurskarta, løysinga for Noreg i bilete og regelmessig nasjonal omløpsfotografering skal samla sett bidra til god dekning av detaljerte kart og flybilete over jord- og skogareala. Instituttet skal gi kommunane kunnskapsstøtte til oppdatering og vedlikehald av karta.
Statens kartverk har fått i oppgåve å leie arbeidet med å etablere ein digital høgde- og terrengmodell for Noreg. NIBIO skal bidra til dette arbeidet.
Instituttet skal støtte arbeidet til Statistisk sentralbyrå (SSB) med nasjonal arealstatistikk og European Environmental Agency (EEA) sitt arbeid med europeisk arealovervaking. NIBO skal òg utvikle løysingar som viser arealendringar i kartet og som statistikk. Instituttet skal òg yte bistand til internasjonale prosessar for auka samordning av og samhandling om geodata innan tema instituttet har ansvar for.
Data samla inn frå satellittar har eit potensial for å bli nytta i overvaking av skog- og arealressursar. Satellittbaserte tenester for navigasjon og posisjonering blir òg nytta til mange formål innanfor landbruksnæringane. Noreg tek del i Copernicus, som er EUs program for jordobservasjon. NIBIO skal saman med Statens kartverk bidra i utviklinga av landtenesta i Copernicus. Noreg er òg med på utviklinga av Galileo, eit europeisk system for satellittnavigasjon. Instituttet skal i denne samanhengen yte kompetansestøtte innanfor landbruksrelaterte tema.
NIBIO skal samarbeide med Landbruksdirektoratet om å forvalte, vedlikehalde og gjere kartdata frå reindrifta tilgjengeleg. I tillegg skal instituttet bidra til at reindrifta sitt ansvar for kartleveransar inn i den nasjonale infrastrukturen blir følgt opp.
Føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi
NIBIO skal levere eit godt grunnlag for økonomiske og politiske avgjerder med stor verdi for produksjon og omsetnad av landbruksprodukt, næringsmiddelindustri og matvaremarknader, bygdenæringar og landbruket si rolle i samfunnet. Instituttet skal òg utarbeide materiale som grunnlag for arbeidet til Budsjettnemnda for jordbruket, og ha rolla som sekretariat for nemnda etter avtale med Landbruks- og matdepartementet. Instituttet har i tillegg ein del særskilde utgreiingsprosjekt der departementet er oppdragsgivar.
NIBIO skal ha eit samfunnsperspektiv i arbeidet sitt med landbruks- og matsektoren. Utviklinga i internasjonale råvaremarknader, endringar i handelspolitiske rammevilkår og konsekvensane av dette for norsk landbrukspolitikk og matproduksjon, er òg viktige tema NIBIO skal ha merksemd på. Departementet legg vidare vekt på auka bruk av data frå driftsgranskingane til forsking og utgreiing, og på at det framleis er ei vesentleg brukarfinansiering av mellom anna kursverksemd innan driftsøkonomisk rettleiing og styring.
I 2018 og framover vil det bli lagt vekt på å oppgradere og fornye IKT-systema i NIBIO knytt til Budsjettnemnda for jordbruket. IKT-systema er avgjerande for verksemda og må forbetrast med tanke på tryggleik, nedetid og informasjonstap. For 2018 er det lagt opp til ein auke i løyvinga på 4,2 mill. kroner til dette arbeidet.
Kap. 4136 Kunnskapsutvikling m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
30 | Husleige, Norsk institutt for bioøkonomi | 19 775 | 20 286 | 20 643 |
Sum kap. 4136 | 19 775 | 20 286 | 20 643 |
Ei rekkje av eigedommane NIBIO disponerer er eigde av Landbruks- og matdepartementet der bruken er regulert i ein leigeavtale som har blitt forlenga årleg etter at ho gjekk ut. I samband med opprettinga av NIBIO blei det vedteke å gå gjennom den regionale strukturen for instituttet. Dette arbeidet er framleis ikkje avslutta, og departementet legg difor opp til å vidareføre avtalen òg for 2018. I tråd med kontrakten er det difor budsjettert med ei inntekt på 20,643 mill. kroner.
Kap. 1137 Forsking og innovasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
50 | Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd | 254 065 | 260 555 | 242 827 |
51 | Basisløyvingar m.m., Noregs forskingsråd | 183 193 | 184 727 | 187 822 |
52 | Innovasjonsaktivitet m.m. | 5 246 | ||
53 | Omstillingsmidlar instituttsektoren mv. | 3 545 | 3 534 | 3 564 |
54 | Næringsretta matforsking mv. | 150 000 | 160 000 | |
70 | Innovasjonsaktivitet mv., kan overførast | 11 057 | 8 375 | |
71 | Bioøkonomiordninga, kan overførast | 2 832 | ||
Sum kap. 1137 | 446 049 | 609 873 | 605 420 |
Post 50 Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd
Formål med løyvinga
Løyvinga skal bidra til at hovudmåla på landbruks- og matområdet, inkludert dei forskingspolitiske delmåla, blir nådde. Løyvinga omfattar forskingsaktivitet i regi av Noregs forskingsråd.
Rapportering 2016
Rapporteringa under gir ei oversikt over aktivitet og bruk av forskingsmidlar i Noregs forskingsråd i 2016. Ein meir utfyllande rapportering på resultat og effektar av departementet sine forskingsløyvingar er å finne i del 3.
Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon
Løyvingar til forsking over Landbruks- og matdepartementets budsjett har i hovudsak blitt disponert gjennom Forskingsrådet sitt program Berekraftig verdiskaping i mat- og biobaserte næringar – BIONÆR. Programmet finansierer både grunnleggjande og næringsretta forsking innan satsingsområdet bioøkonomi med hovudvekt på jordbruk, skogbruk og andre naturbaserte verdikjeder. BIONÆR skal utløyse forsking og innovasjon som fremjar Noreg som eit meir biobasert samfunn. Ved å finansiere langsiktige kunnskaps- og kompetansebyggjande forskingsprosjekt bidreg programmet til å byggje kompetanse av stor samfunnsverdi på tverrfaglege område. Departementet har òg bidrege med forskingsløyvingar til mellom anna programma ENERGIX og MILJØFORSK, som følgjer opp ulike prioriterte område.
Forskingsrådet har i 2016 følgt opp føringar i tildelingsbrevet innan områda berekraftig bioøkonomi, med særleg innsats mot matsikkerheit, mattryggleik, dyrehelse og dyrevelferd inkludert antibiotikaresistens, berekraftig sunn matproduksjon og redusert matsvinn. I tillegg har områda berekraftig skogbruk og auka bruk av tre, forsking og utvikling (FoU) for vidareutvikling av biovarme, biogass og biodrivstoff vore tillagt vesentleg vekt. Utlysinga innan temaet bioøkonomi, under dette mellom anna planteprotein i framtidas mat og næringsmessig utnytting av restråstoff frå biologisk materiale, har resultert i løyving til sju forskarprosjekt på til saman 130 mill. kroner. I 2016 blei det òg løyvd midlar til 14 innovasjonsprosjekt med eit breitt spekter av tema, men med hovudvekt på matproduksjon og ulike typar matprosessering. Foredling av kveite og svin var òg mellom dei temaa som fekk løyving. Innan området bioenergi blei det løyvd midlar til ni prosjekt med start i 2017, av desse seks prosjekt innan tema biodrivstoff/biogass. Mellom anna vil nye prosjekt innan biogass knytt til Norske Skog sine anlegg i Halden og Skogn bidra til meir biogass, betre utnytting av ressursane og utfasing av fossil energi i transport. BIONÆR lyste òg ut nettverksmidlar som resulterte i 4 nye nettverk som skal bidra til utvikling av nasjonalt og internasjonalt samarbeid, informasjonsarbeid og spreiing av forsøksresultat. Det har òg vore fleire fellesutlysingar, mellom anna av nettverksmiddel innan mat og helse, og forprosjekt for innovasjon i bionæringane i samarbeid med Innovasjon Noreg.
I 2016 var det 167 aktive forskingsprosjekt i BIONÆR-programmet innan tema som planteproduksjon, husdyrbruk og næringsmiddelindustri, med ei samla løyving på 289 mill. kroner over Landbruks- og matdepartementets budsjett. Mange av prosjekta har element av klimaforsking i seg.
Løyvingane over Landbruks- og matdepartementets budsjett blei i 2016 òg nytta til ei sams utlysing for innovasjonsprosjekt i næringslivet, i samarbeid med Forskingsmidlane for jordbruk og matindustri (Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Fondet for forskingsmidlar over jordbruksavtalen). Utlysinga var tematisk open innan ansvarsområda til BIONÆR og Forskingsmidlane.
Løyvingar over Landbruks- og matdepartementets budsjett blei òg i 2016 nytta til forsking for å styrkje skogen sitt bidrag til verdiskaping i heile landet og for å nå energi-, klima- og miljømål. Viktige innsatsområde er auka bruk av trevirke, energiproduksjon basert på tre og aktiv utnytting av skogen i nærings- og klimasamanheng. BIONÆR har i hovudsak hatt forskingsprosjekt på desse områda, men MILJØFORSK har òg hatt viktige bidragsprosjekt. Forskingsprosjekt innan temaet berekraftig skogproduksjon og auka bruk av tre utgjorde i BIONÆR 51 mill. kroner av løyvinga frå Landbruks- og matdepartementet i 2016.
Dei siste åra har skog- og treforskinga i volum blitt vridd meir over mot ny og innovativ bruk av trevirke og fiber. Dette speglar næringa sine dagsaktuelle utfordringar og ønske om FoU retta mot nye produkt og prosessar for å kunne halde oppe og sikre ei langsiktig avverking av tømmer og for å halde mest mogleg av verdiskapinga i Noreg. Innan innovative biobaserte produkt er det komme nye prosjekt på plass med utgangspunkt i tre som råstoff, men òg med utgangspunkt i anna biobasert råstoff.
Av dei prosjekta som fekk midlar i MILJØFORSK si hovudutlysing i 2016, vil eitt prosjekt skaffe ny kunnskap om verknader av ei omstridt gruppe plantevernmiddel (neonicitinoider) og klimamessige forhold for humler, som er viktige pollinatorar på avlingar.
Ein vesentleg del av løyvinga over Landbruks- og matdepartementets budsjett er retta mot forskingsinnsats for å redusere utslepp til luft og vatn og å auke opptaket av CO2 i skog og jord. Den samla forskingsinnsatsen på desse områda har i 2016 vore på 38,7 mill. kroner. Den største delen går til området bioenergi og blir forvalta av ENERGIX som er Forskingsrådet sitt store program innan miljøvennleg energi. ENERGIX dekkjer alle områda til Landbruks- og matdepartementet innanfor bioenergi; biovarme, avfall til biogass og biodrivstoff. Produksjon av fornybar energi er eit næringstungt område, og innovasjonsprosjekt dominerer porteføljen.
Ein stor del av løyvinga til Forskingsrådet over Landbruks- og matdepartementets budsjett går til forsking for å auke innovasjonsgraden og konkurranseevna innan næringane i landbrukssektoren. Prosjekt på innovative, nye produkt utgjorde i 2016 om lag 4 pst. av den samla porteføljen i BIONÆR, men her er det òg ein vesentleg prosjektportefølje i ENERGIX og i BIA-programmet. Tematisk innretta program som BIONÆR og Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI-ordninga) har vore viktige verkemiddel for å mobilisere næringslivet til å investere meir i FoU. Den brukarstyrte forskinga løyser òg ut vesentlege private midlar til forsking. For 2016 viser tal frå Forskingsrådet høg aktivitet og evne til å implementere forskingsresultata i praksis gjennom nye produkt, prosessar, tenester, bedriftsetableringar og liknande som er eit resultat av innovasjonsprosjekta. Forskingsinnsats frå næringslivet på departementet sine område er nærare omtalt i del 3.
Løyvinga er vidare nytta til målretta arbeid med å få forsking høgare opp på dagsorden i regionane gjennom VRI-satsingar (FORREGION frå 2017). Mat, landbruk, skog eller bioøkonomi har vore innsatsområde i seks regionar. Det blei i 2016 løyvd 33 mill. kroner til 10 prosjekt innan områda mat/landbruk/skog/tre. Næringsretta prosjekt innan landbruk og næringsmiddelindustri treff òg godt i SkatteFUNN. I 2016 blei det registrert 57 aktive prosjekt innan skog- og tresektoren, og 498 prosjekt innan jordbruk og mat.
Løyvingar over Landbruks- og matdepartementets budsjett gjorde det mogleg for norske FoU-miljø å delta i konkurranse om internasjonale forskingsmidlar innan mange European Research Area Net (ERA-NET), som er eit samarbeid mellom ulike forskingsprogram i Europa. Norske miljø deltek her på så vidt ulike område som økologisk landbruk, dyrehelse og -velferd, matproduksjon og forbruk og foredling og bruk av tre som råvare. Ved utgangen av 2016 hadde BIONÆR 19 ulike ERA-Net-prosjekt relevante for landbruks- og matpolitiske prioriteringar. På landbruks- og matområdet er Fellesprogrammet (JPI) Agriculture, Food Security and Climate Change (FACCE) vidareført, og det blei i 2016 teke i bruk nye verkemiddel knytt til FoU-samordning innan klimagassar og jord, og eit kunnskapsnettverk for berekraftig intensivering. FoU-midlar innan tema om klimagassar frå landbruk og berekraftig planteproduksjon, har blitt utlyst i 2016.
Norsk matforsking er òg representert i internasjonalt samarbeid gjennom nordisk samarbeid og bilaterale forskingsprosjekt. Forskingsrådet og Landbruks- og matdepartementet deltek i arbeidet i The European Agricultural Research (EURAGRI) og i Standing Committee for Agricultural Research (SCAR).
Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning
Forskingsrådet sine handlings- og næringsretta program er retta mot kunnskapsbehov i sektoren og i forvaltninga. Forskingsprogramma BIONÆR, MILJØFORSK og ENERGIX er viktige verkemiddel for kunnskapsutvikling i forvaltninga og for å nå målet om høg kvalitet og relevans i forskinga. I tillegg til porteføljen av samfunnsfaglege prosjekt på rammevilkår og næringspolitikk, har det dei siste åra blitt lagt vekt på at samfunnsfaglege problemstillingar må integrerast i prosjekt der dette er relevant.
Forskingsrådet gjer ein aktiv innsats for å auke kvalitet og relevans i forskinga. Innsatsen skjer mellom anna gjennom forsking på nasjonalt prioriterte område, forskingsbasert innovasjon, forsking i næringslivet, forsking i tråd med kunnskapsbehov i sektoren og forvaltninga, i tillegg til internasjonalt forskingssamarbeid. Dei siste åra har det vore ein auke i kvaliteten på søknadane til BIONÆR. Delen forskarprosjektsøknader med høg kvalitet har auka frå 50 pst. i 2013 til 80 pst. i 2016. Den same tendensen kan sjåast òg for innovasjonsprosjektsøknader.
Det er eit nært samarbeid mellom Forskingsrådet og Forskingsmidlane for jordbruk og matindustri, jf. kap. 1137, post 54 og kap. 1150, post 50. Formålet med samarbeidet er å bidra til ei heilskapleg forvaltning av dei samla forskingsmidlane innan landbrukssektoren. Gjennom Forskingsmidlane for jordbruk og matindustri blir det i hovudsak finansiert open forsking til nytte for aktørane i bransjen.
God og tilpassa forskingsformidling er viktig for at resultata frå forskinga kan takast i bruk både av primærprodusentane og resten av ledda i verdikjeda. Formidling er i stor grad integrert i forskingsaktivitetane og programverksemda. Gjennom VRI-programmet blir det samarbeidd med regionale partnarskap, FoU-miljø og andre relevante utviklingsaktørar for å stimulere til læring, innovasjon og verdiskaping i verksemder med liten FoU-erfaring. Norsk Landbruksrådgiving er eit bindeledd mellom forskinga og landbruket og har ei viktig rolle i å formidle kunnskap til næringsutøvarane. Forskingskommunikasjonen omfattar tiltak for å fremje dialog mellom forsking og samfunn og for å bidra til at forsking blir brukt i politikk, forvaltning og næringsutvikling. Gjennom forskingsprogramma blir det arbeidd målretta med nyheiter om forskingsresultat gjennom heile året. Programma gir òg viktige bidrag til formidling av ny kunnskap mellom anna gjennom konferansar, utlysing av konferansestøtte, og stipendiatsamlingar.
Budsjettframlegg 2018
Løyvinga følgjer opp måla for landbruks- og matforskinga, og måla for Noregs forskingsråd som er nærare omtalt i Prop. 1 S (2017–2018) frå Kunnskapsdepartementet.
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 242,827 mill. kroner over kap. 1137, post 50 i 2018. Løyvinga følgjer dei fire landbruks- og matpolitiske hovudmåla – matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar – og dei tre delmåla for forsking, som er omtalt i kat. 15.20.
Auka kunnskap kring alt frå grunnleggjande agronomi til bruk av bioteknologi i sortsutvikling og avlsarbeid vil danne grunnlag for ein meir ressurseffektiv, berekraftig og lønsam matproduksjon. Forsking, innovasjon og teknologiutvikling skal vidareutvikle biobasert næringsliv i Noreg og leggje grunnlaget for ny og innovativ bruk av biomasse. Mogleggjerande teknologiar (bioteknologi, nanoteknologi, IKT og avanserte produksjonsprosessar) er òg ein av dei langsiktige prioriteringane i Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forsking og høgre utdanning. Meldinga omtaler verdien av ny teknologi i utviklinga av nye produkt og av nye løysingar på ei lang rekkje område, under dette matproduksjon og vidareutvikling av bioøkonomien. Regjeringa sin bioøkonomistrategi Kjente ressurser – uante muligheter legg òg vekt på behovet for ny kunnskap og teknologi for å utnytte våre fornybare ressursar meir effektivt, berekraftig og lønsamt.
Etter fleire års satsing innanfor området fornybar energi, vil departementet vri innsatsen meir i retning av mogleggjerande teknologiar. Departementet vil difor følgje opp regjeringa sin bioøkonomistrategi ved å styrkje forskingsinnsatsen på mogleggjerande teknologiar med 10 mill. kroner. Satsinga skal bidra til auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ei marknadsorientert og berekraftig utnytting av bioressursane på tvers av etablerte næringar, sektorar og fagområde. Samla er det venta at satsinga på mogleggjerande teknologiar skal bidra til nye verdiar samstundes som klimautsleppa frå ikkje-kvotepliktig sektor blir reduserte.
For regjeringa er det viktig å prioritere forsking som bidreg til nok og trygg mat, og under dette god plante- og dyrehelse og dyrevelferd. Noreg har god mattryggleik, som følgje av mellom anna god dyrehelse og Europas lågaste forbruk av antibiotika i husdyrproduksjonen. Landbruks- og matdepartementet vil òg i 2018 leggje vekt på forsking innan dyrehelse og mattryggleik, medrekna antibiotikaresistens.
Departementet vil vidareføre forsking på områda betre agronomi, auka lønsemd og auka matproduksjon. Samstundes skal det takast nødvendige omsyn til natur og miljø. Klimaendringane med høgare temperaturar og meir ekstremvêr vil skape utfordringar, som til dømes auka førekomst av planteskadegjerarar og problem med innhausting. Samstundes skaper endringane òg nye moglegheiter for det norske landbruket. Forskinga skal bidra til å tilpasse produksjonen etter dagens vêrforhold og synleggjere moglegheiter for auka lønsemd i norsk landbruk innanfor eit endra klima. Samarbeid på tvers av ulike fagområde vil vere særskild viktig for å sikre sistnemnde.
Det er viktig at landbruks- og matforskinga bidreg til auka innovasjon og konkurransekraft innanfor dei mange næringane i landbruket. I dette arbeidet står den brukarstyrte forskinga og satsinga på bioøkonomi sentralt. Det er ei målsetjing å auke kommersialiseringa av forskingsresultata. For å oppnå kommersialisering er det viktig at Innovasjon Noreg, forskingsinstitutta, Selskapet for industrivekst (Siva) og Forskingsrådet samarbeider om å auke innovasjonsgraden i sektoren. Departementet vil vidareføre arbeidet med tilrettelegging for auka samarbeid mellom dei landbruksfaglege institutta og andre kunnskapsmiljø på Campus Ås. Samarbeid er viktig for å styrkje kommersialisering av kunnskap frå forsking. Støtta til programmet Forskingsbasert innovasjon i regionane (FORREGION) i Noregs forskingsråd blir vidareført i 2018.
Departementet vil arbeide for auka internasjonalisering av landbruks- og matforskinga. Noregs forskingsråd skal sikre at dei nasjonale forskingsprogramma vidareutviklar det strategiske, tematiske og finansielle samspelet med EU-forskinga, inkludert Horisont 2020. Aktiviteten innanfor fellesprogrammet JPI FACCE (Agriculture, Food Security and Climate Change) skal vidareførast. I tråd med regjeringa si satsing på Horisont 2020 skal dei landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta følgje opp eigne strategiar for EU-satsing. Det er etablert eit forskingssamarbeid med Kina på landbruks- og matområdet, mellom anna med utgangspunkt i ein underteikna avtale mellom Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdepartementet i Folkerepublikken Kina, og ein nyleg underteikna samarbeidsavtale mellom NIBIO og det kinesiske vitskapsakademiet (CAAS). Departementet følgjer med dette opp regjeringa sin Panorama-strategi, som skal gi auka internasjonalisering for auka kvalitet og relevans i norsk utdanning og forsking. Det er venta at samarbeidet skal gi ny kunnskap og teknologiske løysningar som vil vere viktig for Noreg i den grøne omstillinga. Departementet vil styrkje forskingssamarbeidet med Kina på landbruks- og matområdet ved å setje av midlar til dette.
Nordisk komité for jordbruks- og matforsking skal støtte opp under forskings- og innovasjonssystema i dei nordiske landa og vere ei sams plattform for nordiske initiativ internasjonalt. Det nordiske skogforskingssamarbeidet i SNS – Samnordisk Skogforskning – arbeider på same vis. Departementet vil òg i 2018 vidareføre det nordiske samarbeidet.
Offentlege og private aktørar står i stor grad overfor dei same kunnskapsutfordringane innanfor område som nok og trygg mat, betre ressursutnytting og auka verdiskaping og sysselsetjing i landbruks- og matnæringane. Det er difor nødvendig med god dialog mellom næring og forvaltning om forskingsprioriteringane. Siktemålet er at sams kunnskapsbehov skal sjåast i samanheng, og at ressursane til forsking skal utnyttast effektivt. Eit aktivt samarbeid med Fondet for forskningsavgift på landbruksprodukt og Fondet for forskningsmidlar over jordbruksavtalen, jf. kap. 1137, post 54 og kap. 1150, post 50, er nødvendig for å oppnå dette. Løyvingar til forsking over departementet sitt budsjett må òg sjåast i samband med dei ulike innovasjonsverkemidla i sektoren. Det er behov for både brukarstyrt forsking og forsking for forvaltning på landbruks- og matområdet.
Forsking er viktig for å støtte opp under forvaltninga sitt behov for kunnskap. Dette gjeld innanfor alle ansvarsområda til departementet. Vidare vil samfunnsvitskapleg forsking bidra med kunnskap om landbruket si rolle, fremje lokal og regional utvikling og gi kunnskap om korleis ulike drivkrefter påverkar utviklinga i landbruket.
Forskingsprosjekta må følgjast opp med målretta formidling slik at ny kunnskap på ein rask og effektiv måte når ut til aktørane som kan ha nytte av den. Formidlinga skal vere tilpassa både spesifikke brukargrupper og allmenta, og kunnskapen må bli framstilt slik at han kan bli forstått og raskt teke i bruk.
Departementet vil vurdere å bidra til forsking som ser på samanhengar mellom helse hos dyr og menneske (ei helse), gjennom innsamling av biologisk materiale frå dyr for etablering av ein biobank i samarbeid med Helseundersøkingane i Nord-Trøndelag.
Rammeoverføring av verksemdskostnader for Noregs forskingsråd
Frå 2018 gjer regjeringa framlegg om å samle alle løyvingar til drift av verksemda til Forskingsrådet på ein rammestyrt post på Kunnskapsdepartementets budsjett, kap. 285 Noregs forskingsråd, post 55 Verksemdskostnader. Regjeringa vil med dette sikre meir overordna og effektiv styring av dei samla kostnadene ved Forskingsrådets verksemd.
Landbruks og matdepartementet gjer på bakgrunn av dette framlegg om å flytte 16,228 mill. kroner frå kap. 1137 post 50 til kap. 285 post 55 på Kunnskapsdepartementets budsjettområde. For nærare omtale av den nye posten for verksemdskostnader i Forskingsrådet, sjå Prop. 1 S (2017–2018) frå Kunnskapsdepartementet, programkategori 07.70.
Post 51 Basisløyvingar m.m., Noregs forskingsråd
Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet er ansvarlege for basisløyvingane til primærnæringsarenaen. Arenaen omfattar frå 1.7.2015 NIBIO, Nofima, Veterinærinstituttet, SINTEF Fiskeri og havbruk og Norsk senter for bygdeforskning (Bygdeforskning). Frå 1.1.2017 inngjekk SINTEF Fiskeri og havbruk i SINTEF Ocean.
Forskingsrådet har ansvar for forvaltninga av basisløyvingane til forskingsinstitutta under Landbruks- og matdepartementets ansvarsområde: NIBIO, Norsk senter for bygdeforskning og Veterinærinstituttet. I tillegg får Nofima AS strategiske midlar frå Landbruks- og matdepartementet.
Dei underliggjande forvaltningsorgana NIBIO og VI blir omtalt nærare i kap. 1136 post 50 og kap. 1112 post 50. Bygdeforskning er ein frittståande nasjonal forskingsstifting som forskar innan bygdesosiologi og fleirfaglege bygdestudiar. Nofima er eit av Europas største næringsretta institutt med forskingskompetanse innanfor heile verdikjeda for utvikling av mat- og næringsmiddelproduksjon innan grøn og blå sektor. Sjå kap. 928 post 72 i Prop. 1 S (2017–2018) frå Nærings- og fiskeridepartementet for nærare omtale.
Formål med løyvinga
Formålet med basisløyvingar er å sikre ein sterk instituttsektor som kan tilby brukarretta forsking av høg internasjonal kvalitet til næringslivet og forvaltninga. Løyvingane på posten skal nyttast til langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging innan landbruks- og matområda, stimulere til høg vitskapleg kvalitet, internasjonalisering og samarbeid, og skal nyttast i tråd med retningslinene for statleg basisløyving av forskingsinstitutt.
Rapportering 2016
Primærnæringsarenaen omfatta i 2016 Nofima, Veterinærinstituttet, SINTEF Fiskeri og havbruk, NIBIO og Norsk senter for bygdeforskning. For omtale av Landbruks- og matdepartementets delmål 3 Ein effektiv instituttsektor i samspill med andre, sjå del 3.
Samla blei det tildelt 279 mill. kroner i basisløyving til primærnæringsinstitutta i 2016, ved sida av den strategiske matsatsinga til Nofima. Av desse blei 170 mill. kroner gitt over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet og 109 mill. kroner over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. Strategiske midlar til NIBIO frå Klima- og miljødepartementet kjem i tillegg.
Tabell 2.1 Økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskingsinstitutta for 2016
Driftsinntekter | Drifts- resultat | Basis- løyving | Basis disponert til strategiske instituttsatsingar | Basisløyving per forskarårsverk | Basisløyving i pst. av drifts-inntektene | |
---|---|---|---|---|---|---|
Mill. kr. | Mill. kr. | Mill. kr. | Mill. kr. | Mill. kr. | Pst. | |
NIBIO1 | 719,8 | 1,6 | 137,8 | 33,0 | 0,442 | 19 |
Veterinærinstituttet | 370,9 | 2,1 | 22,6 | 10,2 | 0,159 | 6 |
Bygdeforskning | 43,4 | 1,7 | 8,3 | 2,5 | 0,379 | 19 |
Sum | 1 134,1 | 5,4 | 168,7 | 45,7 |
1 Samanslåing av Bioforsk, NILF og Norsk institutt for skog og landskap 1.7.2015
Kjelde: Tal frå Forskingsrådet. Årsrapport 2016 Primærnæringsinstitutta
Basisløyvinga utgjer frå 6 til 19 pst. av inntektene til institutta. Institutta disponerer samla sett største delen av basisløyvinga til strategiske instituttsatsingar og nettverksbygging. Nokre midlar blir òg nytta til forprosjekt/idéutvikling, publisering og eigendel i forskingsprosjekt.
Tabell 2.2 Oversikt over personale og publisering ved landbruks- og matforskingsinstitutta for 2016
Samla årsverk | Forskarårsverk som del av samla årsverk | Tilsette med dr. grad. per forskarårsverk | Publikasjons- poeng per forskarårsverk1 | |
---|---|---|---|---|
Pst. | Forh. tal | Forh. tal | ||
NIBIO | 626 | 50 | 0,79 | 0,78 |
Veterinærinstituttet | 299 | 47 | 0,94 | 0,75 |
Bygdeforskning | 27 | 82 | 0,68 | 0,71 |
Sum | 952 |
1 Ny modell for å rekne ut publikasjonspoeng gjeld frå 2015. Poenga er difor ikkje samanliknbare med tidlegare år.
Dei tre landbruks- og matforskingsinstitutta har til saman 7 fleire årsverk i 2016 enn i 2015, mens det frå 2014 til 2015 var ein reduksjon på 23 årsverk. Talet på forskarårsverk har vore stabilt med 475 i 2015 og 476 i 2016. Talet på tilsette med doktorgrad har òg vore stabilt med 396 i 2016 mot 400 i 2015.
NIBIO
NIBIO blei etablert 1.7.2015 gjennom ei samanslåing av Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking og Norsk institutt for skog og landskap. NIBIO har overteke dei faglege oppgåvene som dei tre tidlegare institutta handterte.
Arbeidet med å gjennomføre fusjonen mellom dei tre instittuta har kravd vesentleg merksemd og innsats òg i 2016. NIBIO hadde eit driftsoverskott på 1,6 mill. kroner i 2016.
Instituttet har nytta 137,8 mill. kroner i basisløyving frå Noregs forskingsråd, noko som utgjer 19 pst. av driftsinntektene. NIBIO disponerte 33,8 mill. kroner til eigendefinerte strategiske instituttsatsingar.
Talet på årsverk i 2016 var 626, mot 639 i 2015. Forskarar utgjorde 312 årsverk. Instituttet produserte 317 artiklar i vitskaplege tidsskrift og antologiar fjor og oppnådde 0,78 publikasjonspoeng per forskarårsverk.
Veterinærinstituttet
I 2016 hadde Veterinærinstituttet eit driftsoverskott på 2,1 mill. kroner. I 2015 var overskottet på 9,0 mill. kroner.
Instituttet nytta ei basisfinansiering på 22,6 mill. kroner frå Forskingsrådet. Veterinærinstituttet disponerte 10,2 mill. kroner til eigendefinerte strategiske instituttsatsingar. Basisløyvinga utgjorde 6 pst. av driftsinntektene til instituttet, det lågaste talet på arenaen.
Instituttet hadde 299 årsverk i 2016, mot 282 året før. Forskarar utgjorde 142 årsverk. Veterinærinstituttet produserte 100 vitskaplege artiklar i 2016, og oppnådde 0,75 publikasjonspoeng per forskarårsverk.
Norsk senter for bygdeforskning
Bygdeforskning hadde eit driftsoverskott på 1,7 mill. kroner i 2016. I 2015 var driftsoverskottet på 0,2 mill. kroner. Instituttet har nytta 8,3 mill. kroner i basisløyving frå Forskingsrådet, noko som utgjer 19 pst. av driftsinntektene. Bygdeforskning disponerte 2,5 mill. kroner til eigendefinerte strategiske instituttsatsingar.
I 2016 var det 27 årsverk i Bygdeforskning, mot 24 året før. Forskarar utgjorde 22 av årsverka, mot 19 i 2015. Den vitskaplege produksjonen resulterte i 30 artiklar i tidsskrift og antologiar. Bygdeforskning oppnådde 0,71 publikasjonspoeng per forskarårsverk.
Budsjettframlegg 2018
Departementet flytter 0,943 mill. kroner frå kap. 1137 post 51 til kap. 285 post 55 på Kunnskapsdepartementets budsjettområde, jf. omtale under post 50.
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei samla løyving på 187,822 mill. kroner til basisløyvingar til forskingsinstitutt.
Basisløyvinga blir fordelt på primærnæringsarenaen i tråd med formålet slik det går fram av retningslinene og Kunnskapsdepartementets Prop. 1 S (2014–2015). Det betyr at alle dei tre institutta er med i konkurransen om den resultatbaserte omfordelinga av løyvinga. Den statlege basisfinansieringa av forskingsinstitutta er samansett av ei grunnløyving og strategiske løyvingar. Av grunnløyvingsramma går 2,5 pst. til resultatbasert omfordeling mellom primærnæringsinstitutta. Ordninga med strategisk instituttsatsingar blir vidareført med eit tak på 30 pst. Noregs forskingsråd har i 2017 starta ein evaluering av institutta på primærnæringsarenaen, og evalueringa er venta ferdigstilt våren 2018.
Post 52 Innovasjonsaktivitet m.m.
Posten er avvikla frå 2017, og løyvinga er flytta til kapittel 1137, post 70 Innovasjonsaktivitet mm.
Rapportering 2016
Løyvinga har gått til satsing på nyetablerte verksemder som har fått oppstartsstønad frå fire inkubatorar i regi av Selskapet for industrivekst SF (Siva). Ein inkubator er ein organisasjon som skal gi stønad til verksemder som prøver å etablere ny kommersiell aktivitet, gjerne med utgangspunkt i innovasjon. Inkubatorane rettar seg mot landbruksbasert inkubasjon og er sterke miljø med stort potensial. Til saman har det vore 48 verksemder i dei fire inkubatorane i 2016.
Validé AS i Stavanger har motteke 1 mill. kroner og har hatt 17 verksemder. Nedslagsfeltet for inkubatoren er det meste av Rogaland. Validé AS har nært samarbeid med NCE Culinology og Måltidets hus. Inkubatoren leverer gode resultat, med mange spanande verksemder innan landbruks- og matområdet.
Hedmark Kunnskapspark på Hamar har motteke 1 mill. kroner og har hatt åtte verksemder. Miljøet har lang røynsle med inkubasjon innan mellom anna jordbruk og skogbruk. Med inkubatoren, innovasjonssenteret Biosmia og Arenaprosjektet Heidner er det samla sett etablert eit godt system for innovasjon og nyskaping i fylket.
Proneo AS er lokalisert i Verdal og Stjørdal, og har eit veksande nedslagsfelt i heile Trøndelag. Selskapet har motteke 1 mill. kroner og har hatt 11 verksemder i 2016. Innsatsen er mellom anna retta mot lokal matproduksjon, gjerne med mindre verksemder med regionale og nasjonale marknadsambisjonar. Inkubatoren leverer gode resultat og har eit potensial for å arbeide med verksemder med større marknadsmoglegheiter.
Inkubator Ås har motteke 2 mill. kroner og hatt 12 verksemder. Inkubatoren blei etablert i oktober 2014 og arbeider tett med Kjeller Innovasjon. Det blir arbeidd med kommersialisering av idear innan bioøkonomi i samarbeid med FoU-miljøa på Ås og med relevant næringsliv for å bidra til auka knoppskyting.
Post 53 Omstillingsmidlar instituttsektoren mv.
Formål med løyvinga
Løyvinga skal bidra til omstilling i instituttsektoren i landbruket i retning av meir faglege og økonomisk solide institutt. I første rekkje skal løyvinga bidra til å realisere regjeringa sitt formål med oppretting av Norsk institutt for bioøkonomi og til å dekkje delar av kostnadene til Veterinærinstituttet i samband med flyttinga til Ås.
Rapportering 2016
I 2016 blei løyvinga mellom anna nytta til å førebu Veterinærinstituttet si flytting til Ås. Vidare blei det gitt stønad til overføring av verksemd frå NIBIO til stiftinga NORSØK, til planlegging av samlokalisering av NIBIO på Ås, vidare utvikling av regionalt nærvær i Midt-Noreg og arbeid knytt til instituttet si eining på Løken. Det blei òg nytta noko midlar til vidare utgreiing av organisering og finansiering av NIBIO si eining i Pasvik.
Budsjettframlegg 2018
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 3,564 mill. kroner. Løyvinga skal gå til å vidareutvikle NIBIO som eit sterkt og effektivt forskingsinstitutt. Viktige oppgåver er å greie ut om samlokalisering av instituttet sine tilsette på Ås og til vidareutvikling av regional struktur. Løyvinga kan òg nyttast til å førebu flytting av Veterinærinstituttet til Ås.
Post 54 Næringsretta matforsking mv.
Formål med løyvinga
Ordninga har bakgrunn i Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, som blei oppretta i medhald av lov av 26.6.1970 om forskingsavgift på visse landbruksprodukt. I tråd med lova er formålet å sikre økonomisk grunnlag for forsking på landbruksprodukt som blir nytta til å framstille nærings- og nytingsmiddel og fôrkorn til husdyr. Løyvinga skal mellom anna gå til matforskingsinstituttet Nofima AS, som er eit næringsretta institutt med forskingskompetanse innanfor heile verdikjeda for utvikling av mat- og næringsmiddelproduksjon innan grøn og blå sektor. I tillegg skal løyvinga gå til næringsrelevante forskingsprosjekt etter open utlysing og konkurranse.
Midlane blir kravde inn gjennom ei avgift på importerte og norskproduserte landbruksprodukt. Løyvinga skal forvaltast av eit styre oppnemnd av departementet.
Løyvinga blir motsvara av inntekter frå forskingsavgifta på landbruksprodukt, jf. kap. 5576, post 70 Forskingsavgift på landbruksprodukt.
Budsjettframlegg 2018
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei samla løyving på 160 mill. kroner på posten. Det vil vere uvisse knytt til inntektene frå forskingsavgifta på landbruksprodukt og til forbruk det enkelte året. Departementet legg difor opp til ei meirinntektsfullmakt mellom kap. 1137, post 54 og kap. 5576, post 70, jf. framlegg til vedtak II.
Post 70 Innovasjonsaktivitet mm.
Formål med løyvinga
Løyvinga skal bidra til vekst og konkurransekraft hos nyetablerte verksemder gjennom inkubatortenester til vekstbedrifter i ein tidleg fase. Inkubatorane tilbyr fagleg rådgiving, forretningsutvikling og tilgang til nødvendig kompetanse, nettverk og lokale. Tilboda må tilpassast dei behova verksemdene har for individuell oppfølging og skje i eit miljø med høg kompetanse på innovasjon og næringsutvikling. Siva gjennomfører satsinga på vegne av departementet. Løyvinga skal fremje kommersialisering av kunnskap frå forsking i landbruks- og matsektoren og bidra til auka knoppskyting frå eksisterande næringsliv.
Løyvinga over posten er òg retta mot marknadsdriven bioinnovasjon i regi av BioSmia til Hedmark Kunnskapspark. Denne satsinga skal leggje til rette for å etablere nye arbeidsplassar og vekst innan bioøkonomien.
Løyvingane til Siva og Hedmark Kunnskapspark skal mellom anna bidra til at fleire norske bedrifter kan ta marknadsposisjonar innan avansert foredling av fornybare biologiske ressursar.
Av løyvinga blir det òg gitt midlar til Mære landbruksskole si satsing på fornybar energi.
Frå 2018 blir det gjort ei teknisk flytting av løyvinga til Bioøkonomiordninga frå kap. 1137, post 70 til kap. 1137, ny post 71.
Rapportering 2016
For rapportering på innovasjonsaktivitet m.m., sjå kap. 1137, post 52.
For rapportering på tiltak for industriell bruk av biomasse, sjå kap. 1149, post 74.
Budsjettframlegg 2018
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 8,375 mill. kroner for å fremje auka innovasjonsaktivitet og støtte opp under eit sterkare og meir framtidsretta landbruk. Løyvinga blir fordelt på følgjande måte:
Inkubatorar i regi av Selskapet for industrivekst SF (Siva), 5,375 mill. kroner.
Tilskott til samarbeidet i den blå-grøne bioteknologiske næringsklynga på Hamar gjennom innovasjonssenteret Biosmia – Senter for marknadsdriven bioinnovasjon, 2 mill. kroner.
Tilskott til klima- og energisatsinga ved Mære Landbruksskole, 1 mill. kroner.
Post 71 Bioøkonomiordninga
Formål med løyvinga
Løyvinga skal fremje auka innovasjonsaktivitet og støtte oppunder eit sterkare og meir framtidsretta landbruk. Midlane skal leggje grunnlag for auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ei marknadsorientert og berekraftig utnytting av bioressursane. Sjå òg omtale av ordninga under kap. 2421, post 50 Prop. 1 S (2017–2018) frå Nærings- og fiskeridepartementet.
Regjeringa ser eit stort potensial i å stimulere til vidareutvikling av produksjonsprosessar og ny næringsverksemd med utgangspunkt i fornybar biomasse frå primærnæringane. Løyvinga skal leggje grunnlag for auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ei marknadsorientert og berekraftig utnytting av bioressursane på tvers av sektorar og næringar.
Budsjettframlegg 2018
Frå 2018 blir det gjort ei teknisk flytting av løyvinga til Bioøkonomiordninga frå kap. 1137, post 70 til kap. 1137, post 71.
Departementet gjer framlegg om ei løyving til Bioøkonomiordninga i Innovasjon Noreg, med ei samla ramme på 2,832 mill. kroner for 2018. Det er òg vesentlege midlar overførte på posten som det er gitt tilsegn til, og det vil ikkje alltid vere slik at løyvingar kjem til utbetaling same året som dei blir løyvde. Departementet legg difor òg opp til ei tilsegnsfullmakt på posten på 5,8 mill. kroner, jf. framlegg til vedtak IV.
Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak
Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 | Pst. endr. 17/18 |
1138 | Støtte til organisasjonar m.m. | 37 779 | 36 760 | 8 336 | -77,3 |
1139 | Genressursar, miljø- og ressursregistreringar | 20 356 | 25 519 | 24 596 | -3,6 |
1142 | Landbruksdirektoratet | 483 768 | 459 082 | 440 549 | -4,0 |
1144 | Regionale og lokale tiltak i landbruket | 6 639 | |||
1148 | Naturskade – erstatningar | 135 822 | 169 000 | 156 000 | -7,7 |
1149 | Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket | 131 292 | 158 817 | 144 729 | -8,9 |
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 14 591 451 | 14 579 932 | 15 107 993 | 3,6 |
1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen | 118 016 | 114 500 | 118 600 | 3,6 |
1161 | Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn | 24 371 | 24 299 | 24 505 | 0,8 |
Sum kategori 15.30 | 15 549 494 | 15 567 909 | 16 025 308 | 2,9 |
Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 | Pst. endr. 17/18 |
4142 | Landbruksdirektoratet | 47 082 | 41 374 | 42 279 | 2,2 |
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 67 | |||
4162 | Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap | 25 000 | 25 000 | 25 000 | 0,0 |
5576 | Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet | 141 833 | 285 000 | 160 000 | -43,9 |
Sum kategori 15.30 | 213 982 | 351 374 | 227 279 | -35,3 |
Mål og strategiar
Budsjettframlegget under kategori 15.30 omfattar næringsavtalar, verdiskaping og utviklingstiltak i skogbruket, miljøtiltak, Landbruksdirektoratet, erstatning for naturskade, forvaltning av statsgrunn i skog og utmark, og støtte til organisasjonar. Sjå òg Prop. 141 S (2016–2017) Endringer i statsbudsjettet 2017 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2017 m.m.) og Prop. 138 S (2016–2017) Endringer i statsbudsjettet 2017 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2017/2018 m.m.) og Stortingets handsaming av desse, for nærare informasjon om næringsavtalane. Framlegget under kategorien rettar seg særleg mot hovudmåla om Landbruk over heile landet, Auka verdiskaping og Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.
Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon. Tilrettelegging for landbruk over heile landet krev framleis differensiering av verkemidla. Regjeringa vil sikre ein effektiv bruk av statlege overføringar, redusere kostnadsnivået og gi bonden nye og betre inntektsmoglegheiter. Det skal satsast på alternativ næringsutvikling for å gi grunnlag for ein framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet.
Regjeringa har i 2016/2017 lagt fram meldingar til Stortinget om jordbrukspolitikken, skog- og trenæringa og reindrifta og ein proposisjon om jord- og konsesjonslovgivinga. Regjeringa har òg lagt fram Meld. St. 41 Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, som inkluderer ei omtale av endringar i opptak og utslepp av klimagassar i landbruket (jordbruk-, skog- og arealsektoren), og korleis sektorane kan bli ein del av EUs klimarammeverk for 2030. Meldingane og proposisjonen, og Stortinget si handsaming av desse, ligg til grunn for mål og verkemiddel under kategorien.
Regjeringa la fram bioøkonomistrategien Kjente ressurser – uante muligheter i november 2016, der berekraftig, effektiv og lønsam produksjon og utnytting av fornybare ressursar er det sentrale. Den nasjonale satsinga på bioøkonomi skal fremje verdiskaping, sysselsetjing, reduserte klimagassutslepp og meir effektiv og berekraftig utnytting av dei fornybare biologiske ressursane. Satsinga er mellom anna konsentrert om samarbeid på tvers av sektorar og marknader for fornybare produkt.
Regjeringa la i januar 2017 fram strategien Opplevingar for ein kvar smak. Strategien synleggjer korleis landbruket og reindrifta kan vere innhaldsleverandørar for reiselivet og inngå i heilskaplege reiselivsprodukt. Hovudmålet for strategien er å auke verdiskapinga for mat- og reiselivsaktørar i landbruket og reindrifta. Strategien gir mål og retning for dei offentlege aktørane sine prioriteringar av verkemiddel, men gir òg klare forventningar til næringa.
Landbruksdirektoratet står sentralt i gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken. Landbruksdirektoratet set landbruks- og matpolitikken ut i livet og er eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Brukarretta og effektiv forvaltning av tilskottsordningar og juridiske verkemiddel står sentralt, i tillegg til kontroll og dokumentasjon.
God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er særs viktig i arbeidet med å nå dei landbrukspolitiske måla. Forvaltning av dyrka mark, skog og utmark krev god oversikt over areal- og genressursane, føresetnader for lønsam drift og god kunnskap om berekraftig forvaltning med gode miljøomsyn. NIBIO er såleis ein viktig leverandør av kunnskap til forvaltning og næringsutøvarar, jf. kap. 1136 og 1137.
Prioriteringar
Internasjonale prosessar
Regjeringa vil innanfor gitte landbrukspolitiske rammer arbeide for ein friare handel med landbruksvarer. Noreg forhandlar om marknadstilgang for landbruksvarer innanfor Verdas handelsorganisasjon (WTO), EØS-avtalen og EFTA-samarbeidet.
I WTO-forhandlingane har medlemslanda det siste året drøfta ulike tema som vil kunne stå på dagsordenen på ministerkonferansen i Buenos Aires i desember 2017. Regjeringa ser det som viktig å få på plass ein ny multilateral avtale, og vil bidra aktivt gjennom ulike initiativ. Når det gjeld forpliktingane i den eksisterande WTO-avtalen og oppfølginga av ministererklæringa frå Nairobi i 2015, tilpassar regjeringa verkemiddelbruken i landbruket slik at Noreg held seg innanfor avgrensingane.
EØS-avtalen opnar for avtalar mellom Noreg og EU om handel med landbruksvarer. I april 2017 blei Noreg og EU-kommisjonen samde om ein ny Artikkel 19-avtale. Avtalen er til formell godkjenning i EU, og vil innebere auka kvoter inn til Noreg for mellom anna ost, kjøtt og blømande planter. Vidare gir avtalen auka eksportkvoter inn til EU for kjøttvarer, mjølkeprodukt og blomar. EFTA forhandlar i 2017 med ei rekkje land om å inngå handelsavtalar, mellom andre India, Malaysia, Indonesia, Vietnam og Mercosur (Argentina, Brasil, Paraguay og Uruguay). EFTA-forhandlingane omfattar handel med både uforedla og foredla landbruksvarer. I 2017 starta forhandlingane om ein handelsavtale mellom Noreg og Kina opp igjen.
På klimaområdet forhandlar Noreg for tida med EU om å inngå ein avtale om sams oppfylling av klimamåla for 2030. EU skal mellom anna fastsetje reglar for korleis skog og annan arealbruk skal bli inkludert i klimarammeverket og fleksibiliteten rundt ikkje-kvotepliktig sektor. Regelverket for skog- og arealbrukssektoren blir for tida drøfta i Europaparlamentet og Rådet, og ei rekkje skogland har teke til orde for alternative modellar til Kommisjonen sitt forslag. Noreg vil samarbeide med andre europeiske skogland for å fremje ein alternativ modell for EU.
I forhandlingane med EU om sams oppfylling av klimamåla, vil departementet særleg følgje arbeidet med fordeling av innsatsen mellom EU-landa for å oppfylle utsleppsmålet for 2030 for ikkje-kvotepliktig sektor, som mellom anna omfattar jordbruk, og utforminga av regelverket for korleis ein skal rekne inn skog og annan arealbruk som nemnd ovanfor. Under FNs klimakonferanse i Warszawa i november 2013, blei det teke eit viktig initiativ for å integrere jordbruk og matsikkerheit. Departementet vil halde fram med å engasjere seg i dette arbeidet, der ein i første omgang ser på tilpassing til eit endra klima og på effektiv produksjon av mat. Det er viktig å sikre eit godt samarbeid mellom FNs klimaorganisasjon (UNFCCC), FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO), Verdsbanken og aktuelle samarbeidsland på dette området.
Mandatet til FAO er global matsikkerheit, reduksjon av fattigdom og berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar, inkludert land, vatn, luft og genetiske ressursar. Noreg legg i 2017 særleg vekt på FAOs oppfølging av klimastrategien som blei vedteke i 2017, det viktige arbeidet mot antibiotikaresistens innan One Health-rammeverket, oppfølging av berekraftsmåla og ei effektiv og resultatbasert styring av organisasjonen. I tillegg er standardsetjing for mattryggleik under Codex Alimentarius, plantetraktaten, fagkomiteane innan landbruk, skog og fiske i FAO og kommisjonen for genetiske ressursar prioriterte område.
Antibiotikaresistens er eit viktig område for internasjonalt samarbeid innan mat og helse, og var i 2016 tema for eit toppmøte under generalforsamlinga i FN. I hovudinnlegget under generalkonferansen i FAO i 2017 poengterte Noreg at antibiotikaresistens må bli endå høgare prioritert på den internasjonale agendaen. Antibiotikaresistens er eit av vår tids største globale helsetrugsmål og kan berre handterast gjennom eit breitt internasjonalt samarbeid. Noreg var i 2017 òg vertskap for eit nordisk toppmøte om antimikrobiell resistens. Dei nordiske ministrane med ansvar for mat og landbruk blei samde om tiltak som må stå sentralt i kampen mot antibiotikaresistens og som dei nordiske landa skal jobba saman om å fremje heime og på den internasjonale arenaen. Landbruks- og matministeren deltok òg i G20-landa si handsaming av saka.
Berekraftsagendaen set ambisiøse mål for arbeidet med økonomisk, sosial og miljømessig utvikling dei neste 15 åra. Noreg rapporterte i 2016 på oppfølginga av dei universelle berekraftsmåla, som blei vedtekne av generalforsamlinga i FN i september 2015, og vil gjere det same i 2017.
Departementet vil aktivt støtte opp om FAOs arbeid med berekraftig skogforvaltning. FAO har ei særleg viktig rolle i samarbeidet med land om kartlegging av og utviklinga i forvaltning av skogressursane. Departementet vil òg ta aktivt del i arbeidet under FAOs kommisjon for genetiske ressursar og den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk. Dette inneber òg vidareutvikling av det globale frølageret på Svalbard. Departementet arbeider spesielt for forbetringar av det multilaterale systemet for tilgang og fordelsdeling knytt til genressursar i plantetraktaten. Dette vil bidra til meir effektiv planteforedling og høgare matproduksjon både i Noreg og i andre land.
Det er behov for eit sterkt og forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. I Europa samarbeider landa om berekraftig forvaltning av skog gjennom FOREST EUROPE, og Noreg deltek aktivt i dette arbeidet. FNs skogforum (UNFF) har ei rolle i å leggje premissar for berekraftig skogforvaltning globalt, og vedtok i 2016 ein strategisk plan som skal rettleie alt arbeid som blir gjort i FN på skogområdet. Noreg er medlem av European Forest Institute (EFI), eit europeisk forskingsinstitutt som er oppretta ved ein internasjonal avtale. Noreg bidreg økonomisk til den delen av EFI som arbeider med å kople forsking og politikkutvikling. Denne delen av verksemda til EFI er viktig som kunnskapsgrunnlag i utviklinga av nasjonal skogpolitikk og europeisk skogpolitisk samarbeid.
Nordisk ministerråd for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) arbeider for ein berekraftig og konkurransekraftig bruk av naturressursar, mellom anna dei genetiske ressursane. Det er eit mål at ein gjennom sams nordisk innsats skaper meirverdi og nordisk nytte for dei enkelte nordiske landa og innbyggjarane deira. Det fireårige samarbeidsprogrammet utgjer saman med dei årlege formannskapsprogramma og overordna initiativ, handlingsrommet for samarbeidet. Også i tida framover vil departementet vektleggje det nordiske samarbeidet innanfor bioøkonomi og grøn omstilling. På ministermøtet 2017 i Ålesund var antibiotikaresistens, jordbruk og klima og berekraftig skogbruk sentrale tema på fagseminar og i dei politiske drøftingane. Det blei understreka at det er viktig at dei nordiske landa vidarefører og styrkjer samarbeidet om antibiotikaresistens i internasjonale forum.
Hovudtrekk i jordbruksoppgjeret
Det lokale ressursgrunnlaget og bonden sin kompetanse bør i større grad vere avgjerande for produksjonen, ikkje offentlege avgrensingar og komplekse tilskottsordningar. Utøvarar i jordbruket, som sjølvstendig næringsdrivande, skal ha høve til å ha den same inntektsutviklinga som andre i samfunnet. Gode inntektsmoglegheiter er ein føresetnad for auka matproduksjon og for at næringa skal rekruttere kompetent arbeidskraft, og at unge menneske skal satse på ei framtid innanfor jordbruket.
Jordbruket la fram kravet sitt 26.4.2017, og statens tilbod blei lagt fram 5. mai. 9. mai melde jordbruket at dei ville gå i forhandlingar. Frå statens side blei det forhandla med sikte på å inngå ein jordbruksavtale. 16. mai blei det i forhandlingsmøte konkludert med at forhandlingane gjekk til brott, og staten fremja ein proposisjon basert på statens tilbod, jf. Prop. 141 S (2016–2017). Ved handsaminga av denne proposisjonen vedtok Stortinget å be regjeringa gjennomføre nye forhandlingar om jordbruksavtale for 2017–2018. Stortinget sette vidare ramma for fordelingsforhandlingane til 625 mill. kroner. I tillegg til den formelle ramma, kunne 130 mill. kroner fordelast i 2018 frå eigenkapitalen i LUF. Fordelingsforhandlingane mellom Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og staten blei avslutta 26. juni med ein jordbruksavtale for 2017–2018.
Ramma i jordbruksoppgjeret i 2017, saman med ei eingongsutbetaling på 130 mill. kroner frå Landbrukets utviklingsfond (LUF), legg til rette for ein inntektsvekst på 4 ½ pst. frå 2017, før oppgjer, til 2018. Dette utgjer om lag 16 400 kroner per årsverk. Delar av ramma fekk inntektseffekt frå 1.7.2017, og om prisauken bli realisert fullt ut, vil inntektene kunne auke med vel 1 pst. i 2017 og ytterlegare om lag 3 ½ pst. i 2018. I tillegg kan ytterlegare vel 2 pst. auke i inntekta komme gjennom betre marknadsbalanse.
Jordbruksoppgjeret i 2017 forsterkar den geografiske produksjonsfordelinga gjennom å auke tilskotta til korn i kornområda og redusere stimulansen til grasbasert husdyrhald i kornområda, samstundes som distriktstilskotta og strukturtilskotta til små og mellomstore bruk i grasbasert husdyrhald er styrkte. Oppgjeret prioriterer òg auka utnytting av utmarksressursar høgt ved å auke tilskottet til utmarksbeite. Samstundes vidarefører oppgjeret i 2017 arbeidet med forenkling og fjerning av produksjonsskrankar som regjeringa starta i oppgjeret i 2014, gjennom mellom anna å redusere talet på produksjonsregionar for mjølk frå 18 til 14.
Investeringsverkemidla over jordbruksavtalen blei auka betydeleg, mellom anna for å leggje til rette for rekruttering til landbruket og til fornying av driftsapparatet.
Arbeid med miljø og klima var viktig i årets jordbruksoppgjer, og ordningar som skal bidra til reduserte klimagassutslepp frå jordbruket, slik som dreneringsordninga, regionale miljøtilskott, tilskott for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg og til forsking og kunnskapsutvikling blei styrkt.
Oppgjeret gir en auke i målprisar på 150 mill. kroner frå 1.7.2017. Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til gjennomføring av jordbruksavtalen over kap. 1150 i 2018 med om lag 377 mill. kroner, av dette 55 mill. kroner i kompensasjonsavgift for auka CO2-avgift. I tillegg kjem om lag 79 mill. kroner overført frå 2016 og 19 mill. kroner i endra verdi av jordbruksfrådraget.
Regjeringa vil halde fram med å styrkje landbruket gjennom forenkling av lover, reglar og stønadsordningar. Forenkling av verkemiddelapparatet gjer kvardagen til bonden enklare, og bidreg òg til effektivitet og ei betre forvaltning.
Matsikkerheit, beredskap og landbruk over heile landet
Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon av omsyn til mellom anna norske forbrukarar og beredskap. Verkemidla skal innrettast slik at dei bidreg til auka produksjon. Tilrettelegging for landbruk over heile landet krev framleis differensiering av verkemidla. Regjeringa vil sikre ein effektiv bruk av statlege overføringar, redusere kostnadsnivået og gi bonden nye og betre inntektsmoglegheiter. Det skal satsast på alternativ næringsutvikling for å gi grunnlag for ein framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet.
Leggje til rette for bruk av jord- og beiteressursane
Eitt av hovudgrepa i årets jordbruksoppgjer var å stimulere til auka bruk av utmarksressursane. Beiting i utmark utnyttar fôrressursane til matproduksjon samstundes som den òg bidreg til vedlikehald av eit ope og artsrikt kulturlandskap. Om lag 85 pst. av sau og lam går på utmarksbeite, og delen sau på utmarksbeite aukar med storleiken på buskapen. Delen storfe på utmarksbeite har auka dei siste tre åra, og er no 29 pst. For storfe går delen på beite ned med storleiken på buskapen. I jordbruksoppgjeret 2017 blei auka bruk av utmarksressursar prioritert høgt gjennom å auke tilskottet til utmarksbeite.
Eigedomslovgivinga
Dei om lag 150 000 landbrukseigedommane med bustadhus i Noreg utgjer eit viktig grunnlag for sysselsetjing og busetjing og for utvikling og produksjon av varer og tenester med utgangspunkt i landbruket.
For å styrkje den private eigedomsretten og forenkle eigedomslovgivinga har regjeringa fremja forslag til fleire endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova, jf. Prop. 92 L (2016–2017) Endringer i konsesjonsloven, jordloven og odelsloven mv. (konsesjonsplikt, odlingsjord, priskontroll, deling og driveplikt mv.) Stortinget vedtok i samband med handsaminga av lovforslaga mellom anna å heve arealgrensa for konsesjonsplikt ved overtaking av eigedom det er bygd på, for buplikt og for odlingsjord, frå 25 dekar fulldyrka jord og overflatedyrka jord til 35 dekar. Vidare vedtok Stortinget at det ikkje lenger skal vere priskontroll ved overtaking av reine skogeigedommar, og at skogarealet åleine ikkje lenger skal kunne utløyse priskontroll ved overtaking av eigedommar med både jord og skog. Stortinget vedtok òg fleire endringar i delingsføresegna i jordlova. Stortinget vedtok mellom anna at det ikkje lenger skal vere eit krav om at jordbruksarealet skal leigast bort som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom, dersom driveplikta blir oppfylt ved bortleige. Stortinget bad òg regjeringa greie ut konsekvensen av ei vidare liberalisering av konsesjonsplikta utover dei endringane som er vedtekne for reine skogeigedommar, jf. Stortingets oppmodingsvedtak nr. 878 som er referert nedanfor.
Moglegheiter for busetjing og sysselsetjing
Ressursgrunnlaget i Noreg er spreidd og vilkåra for jord- og skogbruksdrift varierer. Regjeringa arbeider for eit sterkt og konkurransedyktig landbruk i alle delar av landet. Landbruket bidreg med ei rekkje fellesgode og gir grunnlag for sysselsetjing, verdiskaping, næringsutvikling og vekstkraftige distrikt. Landbrukets betyding varierer mellom ulike delar av landet, og er størst i Hedmark, Oppland, Sogn og Fjordane og Nord-Trøndelag. Det er difor viktig å ha verkemiddel som stimulerer til utnytting av ressursane til landbruksproduksjon over heile landet, og som bidreg til busetjing, sysselsetjing og verdiskaping i distrikta.
Eit mangfaldig landbruk med variert bruksstruktur og geografisk produksjonsdeling
Føresetnadene for jordbruksproduksjon varierer mellom dei ulike delane av Noreg. Naturgitte vilkår og klimatiske forhold påverkar både produksjonsmoglegheitene og nivået på avlingane. Topografien er avgjerande for kor store og samanhengande jordbruksareala kan vere. Små og mellomstore bruk er viktige for å utnytte produksjonspotensialet i alle delar av landet. Auka produktivitet og styrkt konkurransekraft vil vere avgjerande for at målet om auka produksjon og høgare heimemarknadsdelar kan realiserast. Det er difor nødvendig med eit stønadssystem som kompenserer for ein del av dei ulempene mindre bruk har. Dei små og mellomstore bruka blei prioriterte i årets jordbruksoppgjer gjennom ei styrking av strukturtilskotta til små og mellomstore bruk i grasbasert husdyrhald.
I oppgjeret forsterka òg regjeringa den geografiske produksjonsfordelinga i landbruket gjennom å auke tilskotta til korn i dei områda som har best føresetnader for å produsere korn, og samstundes redusere stimulansen til grasbasert husdyrhald i desse områda. Distriktstilskottet til husdyr (mjølk og kjøtt) og arealtilskott grovfôr blei auka i område som har gode føresetnader for grasproduksjon. Bruk at utmarksressursane blei stimulert gjennom ein auke i tilskottet til utmarksbeite.
Leggje til rette for rekruttering i heile landet
Stabil rekruttering av kompetente næringsutøvarar er viktig for å nå måla i landbrukspolitikken. Jordbruksavtalen er det viktigaste bidraget frå regjeringa si side til å halde ved like gode rammevilkår og grunnlag for auka lønsemd i landbruket, og er slik det viktigaste verktøyet for å leggje til rette for rekruttering i heile landet. Investeringsverkemidla er eit særleg målretta verkemiddel, både fordi yngre investerer i større grad enn eldre, og delvis fordi mange eldre som investerer gjer det for å leggje til rette for neste generasjon. Unge under 35 år er òg prioriterte i delar av regelverket. I jordbruksoppgjeret 2017 blei investeringsverkemidla styrkte med til saman 93 mill. kroner samanlikna med jordbruksoppgjeret 2016.
Landbruksnæringa har, i likskap med andre næringar, behov for kunnskap og kompetanse for å utvikle norsk matproduksjon og andre landbruksbaserte næringar. Det er difor viktig å òg leggje til rette for eit godt og fleksibelt opplærings- og utdanningssystem i landbruket. I jordbruksoppgjeret 2017 blei det lagt til rette for etablering av ein nasjonal modell for vaksenagronomutdanning. Det er vidare avgjerande for landbruket å ha eit godt omdømme i det norske samfunnet, og at det blir halde ved lag over tid. Landbruket som heilskap og den enkelte næringsutøvar er den viktigaste og beste ambassadøren til å rekruttere til næringa.
Ei økologisk berekraftig reindrift
Reindrifta er ei urfolksnæring som er unik både i nasjonal og internasjonal samanheng. Reindrifta bidreg til eit levande landbruk gjennom beitebruk i fjellområde og utmark, og har eit stort potensial for auka verdiskaping.
Økologisk berekraft er ein grunnleggjande føresetnad for å vareta reindriftskulturen framover, og for utvikling av næringa og potensialet for økt lønsemd. Regjeringa vil difor framover prioritere og ha stor merksemd på økologisk berekraft.
Reindrifta i delar av Finnmark har vore gjennom ein krevjande prosess med reduksjon i talet på rein, der dette har vore for høgt. Dei tala som no ligg føre viser at ein i all hovudsak har lukkast i dette arbeidet. Gjennomgangen av siidaandelsinnehavarar si Melding om reindrift våren 2017, viser at reintalet ligg under det fastsette i Aust-Finnmark reinbeiteområde. For Vest-Finnmark reinbeiteområde ligg reintalet om lag 1 000 rein over det fastsette. Sjølv om innrapporterte tal viser at ein no har eit reintal tilnærma i samsvar med fastsett tal i bruksreglane, er det likevel nødvendig å følgje nøye med på utviklinga.
For å nå dei reindriftspolitiske måla er det nødvendig at reindriftslova og reindriftsavtalen utfyller kvarandre. Gjennom arbeidet med fastsetjing av eit økologisk berekraftig reintal har det blitt mogleg å knyte saman verkemidla over reindriftsavtalen og reindriftslova. Dei fire siste reindriftsavtalane har støtta opp om dei som har følgt opp vedtaka om reduksjon, mens dei som ikkje har følgt reduksjonskrava ikkje har vore i posisjon til å få tilskott. Dei produksjonsretta tilskotta har blitt prioriterte framfor tilskott som ikkje direkte stimulerer til auka slakting og omsetnad.
Våren 2017 la regjeringa fram Meld. St. 32 (2016–2017) Reindrift – Lang tradisjon – unike muligheter. Meldinga blei lagt fram som oppfølging av regjeringa si politiske plattform. I meldinga blir det vist til at økologisk berekraftig drift og auka produksjon dannar grunnlaget for dei unike moglegheitene i reindrifta. I meldinga blir det òg presentert strategiar og tiltak for at næringa betre skal kunne utnytte sitt potensial i ei rasjonell og marknadsorientert retning. Reindrifta sine inntekter skal i størst mogleg grad skapast ved å selje etterspurte produkt og tenester til marknaden. Dette vil gi grunnlag for den unike næringa og kulturberaren som reindrifta er.
I tråd med konsultasjonsavtalen er det gjennomført konsultasjonar med Sametinget og Norske Reindriftsamers Landsforbund om framlegg til tiltak i meldinga. Konsultasjonane har bidrege til ein grundig gjennomgang av reindriftspolitikken.
Reindrifta er ei viktig og tradisjonsrik matproduserande næring i Noreg. Trygg mat, god dyrevelferd og marknadsorientert produksjon står sentralt i landbruks- og matpolitikken. Dette er utgangspunktet for regjeringas mål om å fremje ei rasjonell og marknadsorientert utvikling av næringa. Innanfor desse rammene er det eit mål om å auke produksjonen og lønsemda til næringa.
I dag er det meste av beitekapasiteten utnytta maksimalt. Næringa må difor auke produksjon og lønsemd gjennom andre driftstilpassingar enn gjennom auka dyretal. Skal reindrifta framleis ha eit økonomisk grunnlag for heiltidsutøvarar, er det viktig å auke lønsemda innanfor siidaandelen. For å sikre familiane inntekter med dagens reintal, er det viktig å sjå på alternative verksemder i tilknyting til reindrifta, til dømes innanfor reiseliv, lærings- og omsorgsbaserte tenester, teknologibaserte gjetartenester (dronepilot), vidareforedling og lokalmat med meir.
Stortinget handsama meldinga den 16.6.2017, og slutta seg i all hovudsak til dei forslaga som blei fremja.
Auka verdiskaping
Utnytte marknadsbaserte produksjonsmoglegheiter
Regjeringa vil prioritere dei marknadsbaserte produksjonsmoglegheitene. Til dømes har regjeringa gjennom jordbruksoppgjeret styrkt verkemidla for å stimulere område med underdekning av norske produkt. Regjeringa har prioritert å stimulere til ein auke i produksjonen av storfekjøtt, korn og grønsaker der det er eit stort potensial for større norsk produksjon. Produksjonen av sau og lam har auka etter justering av tilskott. Dette viser at bonden vil utnytte dei marknadsbaserte produksjonsmoglegheitene når ein legg til rette for det.
Konkurransekraft, kostnadseffektivitet og maktfordeling i verdikjeda for mat
Heile verdikjeda i norsk jordbruk må i større grad tilpasse seg sterkare konkurranse i framtida. Det betyr at jordbruket skal vere ei effektiv næring som leverer det forbrukarane etterspør, og som tek inn over seg ein stadig meir krevjande internasjonal marknad. Dette krev eit framtidsretta jordbruk som er mindre politisk styrt og meir forbrukar- og marknadsretta. Dette er òg ein føresetnad for auka norsk matproduksjon, og for at det framleis kan vere eit mangfaldig jordbruk over heile landet.
Norsk jordbruk har mange konkurransefortrinn og har eit godt utgangspunkt for produksjon av konkurransedyktige kvalitetsprodukt. Regjeringa har som mål å auke og effektivisere norsk matproduksjon, og har lagt til rette for at næringa kan utvikle seg og få styrkt konkurransekraft. Enklare verkemiddelstruktur, færre offentlege inngrep i næringsdrifta, auka konkurranse og meir marknadsretting av produksjonen har stått sentralt i denne omstillinga.
Ei effektiv og lønsam utnytting av garden sine samla ressursar
For å tydeleggjere regjeringa sine ambisjonar for vekst og gründerskap innanfor dei landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk blei Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål fremja for Stortinget våren 2015. Meldinga peikar på generelle tiltak knytt til stimulering til gründerskap, vekst og innovative næringsmiljø, stimulering til vidare vekst og utvikling innanfor områda lokalmat og -drikke, landbruks- og utmarksbasert reiseliv, Inn på tunet, bioenergi og juletreproduksjon. Meldinga synleggjer òg verdien av verkemiddelapparatet for å skape ei positiv utvikling. Ein samla næringskomite uttrykte at stortingsmeldinga gir ei god skildring av utvikling og potensial for næringsutvikling i landbruket. Komiteen meinte vidare at utvikling av fleire alternative næringar i tillegg til primærproduksjon òg bidreg til å styrkje forståinga og legitimiteten for landbruket og landbrukspolitikken. Ein vesentleg del av løyvingane under Landbrukets utviklingsfond (LUF) er difor prioritert til ordningar som skal stimulere til næringsutvikling i landbruket, der investerings- og bedriftsutviklingsmidlane i landbruket (IBU-midlane) og Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping er dei største ordningane. I jordbruksoppgjeret dei siste åra har særleg avsetjinga til investerings- og bedriftsutviklingsordninga og Utviklingsprogrammet blitt prioritert.
Dei regionale bygdeutviklingsprogramma synleggjer prioriteringar og tilpassingar av verkemiddelbruken innanfor næringsutviklinga. Samspelet mellom forvaltning, forsking og næringa sjølv er avgjerande for å oppnå gode resultat på dette området.
Som ei oppfølging av meldinga, la regjeringa i 2017 òg fram ein strategi for reiseliv basert på ressursane i landbruket og reindrifta.
Vidareutvikle Noreg som matnasjon
Reiselivsstrategien Opplevingar for ein kvar smak, som blei lagt fram i januar 2017, skal bidra til at ressursane frå landbruket og reindrifta i større grad kan nyttast i reiselivssamanheng. Noreg som ein internasjonalt anerkjent matnasjon med tydeleg lokal og regional identitet, er definert som eitt av to delmål i strategien. Innsats og tiltak for å utvikle Noreg som matnasjon må likevel femne vidare enn berre innsatsen knytt til reiselivsstrategien. Meld. St. 31 (2014–2015) har mellom anna definert ei ambisiøs målsetjing om å nå ein samla omsetnad av lokalmat gjennom alle salskanalar på 10 mrd. kroner innan 2025. Dette er ein sams ambisjon for alle aktørane. Utviklinga innanfor daglegvarehandelen har så langt vore svært god og kan tene som inspirasjon for innsats i andre salskanalar.
Potensialet for auka verdiskaping med utgangspunkt i lokalmat er framleis stort, og det er eit tydeleg lokalt og regionalt engasjement for å utnytte dette potensialet endå betre. Fleire regionar har utforma eigne matmanifest og er godt i gang med oppfølging av desse. Regjeringa vil ta grep for å samle desse initiativa for å synleggjere mangfaldet og konkretisere kva matnasjonen Noreg er og kan bli. I dette arbeidet vil regjeringa trekkje på innspel frå ei samla matnæring, inkludert mellom anna råvareprodusentar, industri, lokalmataktørar, kokkar og reiselivet.
Leggje til rette for bonden sine inntektsmoglegheiter og evne til å investere i garden
I likskap med andre sektorar er det nødvendig med fornying av driftsapparatet med jamne mellomrom. Utviklinga med større jordbruksbedrifter, høgare produktivitet og bruk av ny teknologi stiller krav til auka investeringar. Nye krav til dyrevelferd, irekna krav om lausdriftsfjøs, gir eit særskild investeringsbehov innan mjølk- og storfeproduksjon. Regjeringa har prioritert verkemiddel til både investering og bedriftsutvikling i dei siste års jordbruksoppgjer. Verkemidla bidreg til å redusere risikoen og betre kapitaltilgangen ved investeringane.
Stortinget har gjennom oppmodingsvedtak i samband med statsbudsjettet 2017, bedt regjeringa om å komme tilbake med ein plan for langsiktige investeringar i landbruket. Oppmodingsvedtaket blei følgt opp i samband med jordbruksoppgjeret 2017, jf. Prop. 141 S (2016–2017). Planen viste m.a. at det offentlege bidreg med vesentleg stimulans for å leggje til rette for investeringar i landbruket, og at låge tapstal i landbruket både i offentlege og private låneinstitusjonar tilseier at landbrukskunden bør vere ein attraktiv lånekunde for private bankar i dei fleste områda i landet. I planen er det gjort framlegg om nokre justeringar i verkemiddelbruken. Departementet vil følgje opp planen i dei kommande års jordbruksoppgjer.
Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder
Eit aktivt og lønsamt skogbruk og konkurransedyktig skogindustri er viktig for busetjing, sysselsetjing og næringsutvikling i store delar av landet. Skogsektoren er ein del av ein open, global marknad. Ein konkurransedyktig skogindustri i Noreg er avgjerande for velfungerande verdikjeder og for størst mogleg verdiskaping knytt til norsk tømmer.
Sidan 2006 har det blitt lagt ned fleire foredlingsbedrifter i Noreg, særleg innanfor papir- og masseindustri. Dette har ført til ein sterk auke i tømmereksporten. Eksporten har førebels løyst dei største utfordringane med avsetjing av massevirke og flis og samstundes vore viktig for at norske sagbruk har fått nok sagtømmer. Færre foredlingsbedrifter og meir eksport aukar transportarbeidet og -kostnadene, særleg knytt til råstoff og biprodukt. Dette er ei utfordring for lønsemda til desse bedriftene.
Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring blei lagt fram hausten 2016. Her går det mellom anna fram at auka vidareforedling av norsk tømmer i lønsame foredlingsbedrifter i Noreg vil vere viktig for auka verdiskaping og for sektorens positive nærings-, miljø- og klimabidrag. Med bakgrunn i dette, vil departementet leggje til rette for å auke oppbygginga av skogressursane og å styrkje lønsemda i skogbruket.
Dei viktigaste verkemidla i skogpolitikken er skogfond, tilskott til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar og tilskott til skogplanteforedling og produksjon av bioenergi. Verkemiddelbruken knytt til forbetring av infrastrukturen i skogbruket har høg prioritet. Ein god infrastruktur i form av vegar, jernbane og kaier er viktig for å auke verdiskapinga og styrkje konkurransekrafta til fastlandsindustrien. Departementet vil difor leggje til rette for bygging og ombygging av skogsvegar og bygging av tømmerkaier.
For å sikre eit godt grunnlag for berekraftig skogbruk framover, vil departementet føre vidare satsinga på skogbruksplanlegging med miljøregistreringar og kunnskapsprosjektet Miljøregistreringer i skog (MiS-prosjektet) ved NIBIO.
Under handsaminga av Meld. St. 6 (2016–2017) sa Stortinget seg samd i at kunnskapsgrunnlaget om den gamle skogen må styrkjast. Den eldste skogen er viktig for naturmangfaldet og har òg opplevingskvalitetar som det er viktig å ta vare på. Statistikk frå Landsskogtakseringa viser aukande omfang av gammal skog og daude tre. Landsskogtakseringa og skogbruksplandatabasene er viktige kjelder til informasjon om gammal skog.
Departementet vil vurdere korleis ein kan bruke denne kunnskapen for å kunne synleggjere kor den eldste skogen finst. Bruk av tydelege definisjonar og kriterium blir viktige oppgåver, jf. òg arbeidet med Natur i Norge (NiN). I tillegg til søk i det omfattande statistikk- og datamaterialet frå Landsskogtakseringa og skogbruksplanlegginga, kan det òg vere behov for ytterlegare kartlegging.
Stortinget gav òg støtte til planen om å vurdere tiltak for auka varetaking av nøkkelbiotopar. Nøkkelbiotopane blir forvalta av skogeigarane som frivillige miljøomsynsområde og blir etablerte etter miljøregistrering i samband med skogbruksplanlegginga. Frå 2000 og til i dag er det sett til side eit samla areal på om lag 800 000 dekar. Nøkkelbiotopane blir ikkje hogde, og i fleire tilfelle blir dei i dag òg vurdert å inngå i verneområde etter opplegget for frivillig skogvern. Vidareføringa av miljøregistreringane i skogbruksplanlegginga vil auke omfanget av nøkkelbiotopar framover.
Departementet vil, saman med mellom anna skognæringa, sjå på status for nøkkelbiotopane og vurdere behovet for meir langsiktig varetaking av desse slik det mellom anna kjem fram i Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet.
Landbruks- og matdepartementet tek sikte på å gjennomgå desse oppgåvene og rapportere om arbeidet i budsjettframlegget for 2019. Arbeidet skal skje i kontakt med skognæringa og miljøstyresmaktene.
Vidare står skogplanteforedling fram som eit viktig område. Foredlingsarbeidet gir grunnlag for auka verdiskaping, klimatilpassing og auka opptak av CO2 i skog. Skogen har ei viktig rolle i klimapolitikken, og regjeringa vil styrkje dei klimapolitiske målsetjingane i forvaltninga av norsk skog.
I Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid blir det gjort greie for forslaget til Europakommisjonen til reglar for å inkludere skog- og arealsektoren i klimarammeverket for 2030. I meldinga er det òg ein omtale av nasjonale klimatiltak i skog. Skog i klimapolitikken er nærare omtalt nedanfor.
Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar
Redusere forureining frå landbruket
Reduksjon av vassforureining frå mellom anna avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Samla gjennomføring av ulike jordarbeidingstiltak, grasdekte areal m.m. i kornområda, har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala, men ikkje tilsvarande det som har vore den venta verknaden av tiltaka. Undersøkingar frå NIBIO viser at meir nedbør og ustabile vintrar har gitt auka avrenning som skjuler verknaden av tiltaka. Effektane nedstrøms er òg påverka av andre prosesser, som spreidd avløp frå bustader. Etter vassforskrifta skal alle vassførekomstar ha god økologisk status innan 2021. Forvaltningsplanar for alle vassområda blei godkjende av Klima- og miljødepartementet i 2016 med ny gjennomføringsperiode frå 2018–2021.
Reduserte utslepp av klimagassar, auka opptak av CO2 og lagring av karbon, og gode klimatilpassingar
All matproduksjon startar med fotosyntesen. I utgangspunktet er difor alt jordbruk basert på opptak av CO2. Jordbruksaktivitetar, særleg husdyrhald, er òg opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Jordbruket sitt utslepp av klimagassar var i 2015 på 4,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar og utgjorde om lag 8,3 pst. av dei samla norske utsleppa. Det er ikkje mogleg å produsere mat utan utslepp av klimagassar. Utsleppet frå jordbruket har blitt redusert med 5,3 pst. frå 1990 til 2015, men auka med 1,0 pst. frå 2014–2015. Samstundes har det vore ein auke i dei nasjonale utsleppa samla sett i perioden 1990–2015. Redusert bruk av gjødsel og færre storfe er hovudårsakene til nedgangen i utsleppa frå jordbruket.
Til jordbruksoppgjeret 2016 blei det utarbeidd ein rapport frå ei arbeidsgruppe som har sett på landbruket sine utfordringar i møte med klimaendringane. Arbeidsgruppa meinte det er to hovudstrategiar for å redusere klimagassutsleppa frå jordbrukssektoren; reduserte utslepp innanfor same produksjonsvolum, og endra konsum og samansetjing av matforbruket.
Jordbrukspolitikken skal leggjast om i ei meir miljø- og klimavennleg retning. I jordbruksoppgjeret 2017 blei det vedteke å styrkje fleire tiltak som skal bidra til å redusere utsleppa per produsert eining og tilpasse produksjonen til eit klima i endring. Lågare utslepp per produsert eining vil bidra til å redusere klimaavtrykket frå den norske matproduksjonen. I handsaminga av jordbruksoppgjeret understrekar Stortinget sitt fleirtal mellom anna verdien av dette, og òg at tiltaka skal vere baserte på kunnskap og at effektane må kunne målast med relativt sikre metodar. Det er stor uvisse knytt til klimagassrekneskapen for jordbruket. Mange av tiltaka som reduserer utsleppa per produsert eining blir ikkje fanga opp av den offisielle utsleppsrekneskapen, og det er behov for å forbetre det tekniske berekningsgrunnlaget for utslepp frå jordbruket. Eit teknisk berekningsutval for jordbruket skal sjå nærare på denne utfordringa fram mot 2019. Det manglar òg kunnskap på ei rekkje område. Mellom anna bidreg jordbruket truleg til binding av karbon i jordsmonnet, men kunnskapen om dette er førebels avgrensa. Eit endra klima kan føre til endra produksjonsforhold. Det er viktig at jordbruket er i stand til å møte slike utfordringar. Det er nødvendig med forsking og kunnskapsutvikling om utslepp, binding av CO2 og om moglegheiter for tilpassing til eit klima i endring. Jordbruksoppgjeret 2017 innebar ei vesentleg styrking av ordningar for 2018 som skal bidra til reduserte klimagassutslepp frå jordbruket, slik som dreneringsordninga, regionale miljøtilskott, tilskott for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg og til forsking og kunnskapsutvikling. Ei partsamansett arbeidsgruppe skal, til jordbruksoppgjeret 2018, gjennomgå eksisterande ordningar for støtte til klimatiltak på gardsnivå, med sikte på å styrkje og målrette innsatsen for reduserte utslipp, Både Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon og Meld. St. 41 (2016–2017) omtalte utfordringane som jordbruket står framfor knytte til klimaendringar. Som ei oppfølging av oppmodingsvedtak 21 for statsbudsjettet 2017, skal moglegheit for gradvis innføring av CO2-avgift for landbruket vurderast. Utvalet som skal gjere denne vurderinga er under etablering. Arbeidet skal sluttførast innan utgangen av 2017.
Skogen har ei viktig rolle i klimapolitikken. Regjeringa vil føre vidare tiltak som bidreg til auka opptak av CO2 og lagring av karbon, og leggje til rette for auka bruk av fornybart skogråstoff som kan erstatte fossile utslepp i andre sektorar. Regjeringa vil føre vidare satsingane på tettare planting ved forynging av skog, gjødsling av skog og skogplanteforedling. Regjeringa vil halde fram med å forbetre rutinane for kontroll og handheving av plikta til å forynge skogen etter hogst. Regjeringa vil òg utgreie konsekvensar og klimaverknad av å innføre eit forbod mot hogst av ungskog.
Ved sams oppfylling av klimamåla for 2030 med EU, vil EUs reglar for å bokføre opptak og utslepp frå skog og andre areal òg gjelde for Noreg. Framlegget til nye reknereglar for skog og annan arealbruk som Europakommisjonen la fram i 2016, inneber avgrensingar i kva som kan inngå av faktiske opptak og utslepp i vurderinga av om sektoren vil oppfylle målet om at sektoren skal ha netto null opptak/utslepp. Førebelse utrekningar viser at Noreg truleg må bokføre eit netto utslepp frå sektoren på 15 mill. tonn CO2 i sum over perioden 2021–2030, før kategorien forvalta skog er rekna inn, jf. Meld. St. 41 (2016–2017). Dette trass i at sektoren står for eit netto opptak på rundt 25 mill. tonn CO2, som svarer til om lag halvparten av dei samla norske utsleppa. Mange andre skogland i EU er i same situasjon, og Noreg vil samarbeide med skoglanda i EU for å fremje ein alternativ modell for EU.
Den nye klimameldinga og klimaforliket legg opp til ei aktiv forvaltning av skogressursane for å sikre eit høgt opptak av CO2 i skog, slik at karbonlageret i skogen stadig aukar. Tilveksten i skogen er no på sitt høgaste, men tilveksten og dermed brutto opptak, vil gå ned framover. Hovudårsakene til dette er at mykje av skogen har nådd hogstmogen alder og at det har vore ein periode på 1990- og 2000-talet med låge investeringar i skogen. Regjeringa vil i 2018 vidareføre klimatiltaka tettare planting etter hogst, gjødsling av skog og skogplanteforedling. Vidareføring av arbeidet med skogplanteforedling skal bidra til at plantematerialet aukar veksten og opptaket av karbon, og at trea i størst mogleg grad er tilpassa eit klima i endring. Regjeringa vil vidare arbeide med å vidareutvikle desse verkemidla og vurdere andre verkemiddel og tiltak som kan bidra til reduserte utslepp og auka opptak i skog- og arealsektoren. Pilotprosjektet om planting av skog på nye areal over budsjettet til Klima- og miljødepartementet blir avslutta i 2018, og skal deretter bli evaluert. Regjeringa vil halde fram med å forbetre rutinane for kontroll og handheving av plikta til å forynge skogen etter hogst. Regjeringa vil òg gjere greie for nærare konsekvensar av å innføre eit forbod mot hogst av ungskog.
Auka bruk av fornybar bioenergi og auka bruk av tre framfor innsatsfaktorar baserte på fossile ressursar, kan gi viktige bidrag til energiforsyninga og minke utsleppa av klimagassar. Regjeringa vil i 2018 vidareføre satsinga på bioenergi gjennom Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket. Programmet blir finansert over jordbruksavtalen. Auka bruk av tre i bygg, og andre tiltak som aukar lageret av karbon i ulike produkt laga av tre, bidreg òg positivt i klimasamanheng. I Meld. St. 41 (2016–2017) går det fram at regjeringa vil bidra til auka bruk av tre i bygg. Det viktigaste verkemidlet i 2018 vil vere bioøkonomiordninga under Nærings- og fiskeridepartementet som Innovasjon Noreg forvaltar.
Av regjeringa sin bioøkonomistrategi går det mellom anna fram at fornybare biologiske ressursar vil måtte erstatte fossile ressursar i eit lågutsleppsamfunn. Verdiskaping basert på berekraftig hausting av biomasse frå jord-, skog- og havbruk – bioøkonomien – kan difor få ein større plass i næringslivet i framtida. Noreg har god tilgang på bioråstoff. Basert på fornybar energi og relevant kompetanse frå prosessindustri og petroleumsrelatert verksemd, kan norsk biomasse frå jordbruk, skog og hav bli omdanna til eit breitt spekter av høgverdige produkt som vil bli etterspurde frå ein verdsfolkesetnad i sterk vekst. I tillegg må ein vente å sjå nye gjennombrott i bruksmåtar for bioteknologi på mange område.
Klimaendringar aukar risikoen for at nye plante- og dyresjukdommar og zoonosar etablerer seg i Noreg. Det venta smittepresset må bli møtt med god beredskap og førebyggjande tiltak. Departementet vil òg prioritere midlar til planteforedling og utvikling av sortar med sikte på betre klimatilpassing. Det er eit særs langsiktig arbeid å prøve ut eller utvikle nye sortar til bruk i landbruket i Noreg.
Noreg skal vere mellom dei leiande landa i arbeidet med produksjon av kunnskap for eit klimatilpassa landbruk, jf. mellom anna Meld. St. 33 (2012–2013) Klimatilpasning i Norge. Departementet legg opp til ein koordinert og målretta innsats innanfor forsking og utvikling (FoU). Departementet vil utvikle det internasjonale forskingssamarbeidet vidare.
Berekraftig bruk og eit sterkt vern av landbruket sine areal og ressursgrunnlag
Berre 3 pst. av arealet i Noreg er jordbruksareal. Det er viktig å ta vare på gode jordbruksareal og matjord. Samstundes må jordvernet balanserast mot storsamfunnet sine behov. Regjeringa la i 2015 fram ein nasjonal jordvernstrategi for å redusere omdisponeringa av dyrka jord, og omdisponeringa har gått ned dei siste åra.
Aktiv drift i landbruket er den viktigaste føresetnaden for å ta vare på kulturlandskapet. Kulturlandskap forma av landbruket er viktige for identitet og tilknyting. Kulturlandskapet gir ei ramme for satsingar på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme, og er leveområde for mange artar av planter og dyr.
Det genetiske mangfaldet mellom planter, husdyr og skogstre, utgjer ein viktig ressurs for landbruket ikkje minst i møte med nye utfordringar, som til dømes endring av klimaet. Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp og sikre rullering av dei fleirårige handlingsplanane for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar mellom planter, husdyr og skogstre.
Departementet driftar Svalbard globale frøhvelv som har som mål å lagre sikkerheitskopiar av frø frå verdas viktigaste matvekstar. Frølageret har òg ei viktig rolle i arbeidet med å skape auka forståing for genetiske ressursar og det internasjonale samarbeidet om dette. Departementet vil leggje vekt på å sikre eit effektivt nordisk samarbeid om bevaring av genetiske ressursar i Nordisk genressurssenter (NordGen) og den nordiske partnarskapen for frøforedling, som har som mål å styrkje planteforedlinga og nytte dei nordiske genressursane betre.
Vareta kulturlandskapet og naturmangfaldet
Jordbrukslandskapet sitt mangfald og kombinasjon av natur- og kulturverdiar er ein karakteristisk og viktig del av landskapet i Noreg. Variasjonen i kulturlandskapet må haldast ved like, og ei målretta forvaltning kan bidra til å nå målet om å stoppe tapet av biologisk mangfald og ta vare på kulturminne. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen skal bidra til å halde det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet ved lag. I tillegg er det viktig at kommunane forvaltar landskapsverdiane i den kommunale planlegginga og lagar planar som kan liggje til grunn for god forvaltning.
Samarbeidet mellom Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet med ordninga om dei 22 utvalde kulturlandskapa i jordbruket fortset. Den 1.1.2017 tok ei ny forskrift om tilskott til utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan til å gjelde. Dei to ordningane blei då slått saman til ei.
I 2016 bad Stortinget om at ordninga med Utvalde kulturlandskap i jordbruket skulle utvidast fram mot 2020. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet har, etter ei tilråding frå Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren, peika ut ti nye utvalde kulturlandskap i jordbruket.
Direktorata har i tillegg fått i oppdrag å gjere framlegg om ytterlegare ti område som kan inngå i ordninga i perioden 2018–2020. Det blei gitt ein auke på 12,5 mill. kroner til ordninga over Klima- og miljødepartementets budsjett for 2017. Det blei òg gitt ein auke på 2 mill. kroner over Jordbruksavtalen 2017 til ordninga i 2018.
Oppmodingsvedtak
Vedtak nr. 140 (2015–2016), 8. desember 2015
«Stortinget fastsetter det årlige målet for omdisponering av dyrka mark til 4 000 dekar. Stortinget ber regjeringen sørge for at målet nås gradvis innen 2020.»
Vedtaket blei gjort ved Stortinget si handsaming av innstillinga frå næringskomiteen om nasjonal jordvernstrategi, jf. Innst. 56 S (2015–2016) og Prop. 127 S (2014–2015).
Omdisponeringa av dyrka jord gjekk ned i 2016, viser dei endelege tala frå kommunane (KOSTRA). 6 026 dekar dyrka jord blei registrert omdisponert i 2016, noko som er ein nedgang på 315 dekar (5 pst.) samanlikna med tal for 2015. Omdisponeringa ligg framleis på eit relativt lågt nivå, og er no på noko av det lågaste registrerte nivået dei siste 30 åra. Regjeringa legg til grunn at målet for omdisponering blir nådd innan 2020.
Vedtak nr. 141 (2015–2016), 8. desember 2015
«Stortinget ber regjeringen
legge fram i revidert nasjonalbudsjett for 2016 positive virkemidler for kommunene som vil gjøre det enklere å unngå utbygging av dyrka mark
etablere i løpet av 2016 et skolerings- og tiltaksprogram for lokalpolitikere i norske kommuner, knyttet til ivaretakelse av dyrka og dyrkbar mark
utrede om fylkeskommunen bør få større rolle i planarbeidet relatert til jordvern
vurdere utvida meldeplikt for kommunene til Fylkesmannen ved omdisponering av dyrka mark, og komme tilbake til Stortinget med egnet forslag i løpet av 2016
vurdere forsterking av vernebestemmelsene i jordloven
utrede endringer i lovgivningen som vil begrense og sikre åpenhet om opsjonsavtaler om kjøp av dyrka og dyrkbar jord for utbygging
fremme forslag i regelverket slik at jordloven gjelder for omdisponert dyrka mark inntil den dyrka marka faktisk er bygd ned
komme med forslag i løpet av 2016 for å øke nydyrkingen.»
Vedtaket blei gjort ved Stortinget si handsaming innstillinga frå næringskomiteen om nasjonal jordvernstrategi, jf. Innst. 56 S (2015–2016) og Prop. 127 S (2014–2015).
Punkta a)–e) og h) er omtalt i Prop. 1 S (2016–2017) frå Landbruks- og matdepartementet, der departementet hadde ein samla omtale av oppmodingsvedtak nr. 141. Det blir der særleg vist til omtale av oppdraget til fylkesmennene om å gjennomføre skolerings- og opplæringstiltak for lokalpolitikarar i løpet av 2016. Fylkesmennene har gitt tilbod til kommunane om opplæringstiltak og har rapportert om dette i si rapportering for 2016 til departementet.
Til Punkt e) har Landbruksdirektoratet på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet greidd ut korleis verneføresegna i jordlova kan forsterkast. Forslaga til slike endringar vil etter departementet sitt syn føre til at fleire saker enn i dag vil måtte handsamast av kommunen. Dette vil føre til meir arbeid for både grunneigarar og kommunar utan at det er pårekneleg at forslaga vil få vesentleg å seie for jordvernet. Omsynet til jordvern blir i dag i hovudsak vareteke gjennom planprosessane med heimel i plan- og bygningslova. Reglane i jordlova om omdisponering, deling og driveplikt verkar òg inn på kva som blir tillate av nedbygging. Lovgivinga gir følgjeleg i dag verkemiddel for å vareta jordvernet, og bruken av verkemidla i praksis er viktig. Skjerping av reglane om omdisponering og deling vil gjere reglane mindre tenlege som verktøy for å ta vare på lokale behov. Sidan forslaga til endringar truleg har liten innverknad for jordvernet og samstundes har andre ulemper, har departementet etter ei samla vurdering komme til at ein ikkje vil gå vidare med forslaga.
Til Punkt f) har Landbruksdirektoratet på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet greidd ut spørsmåla knytte til opsjonsavtalar om kjøp av dyrka og dyrkbar jord. Direktoratet peikar på at regelverket kan endrast slik at det blir fastsett eit forbod mot opsjonsavtalar og eit pålegg om informasjon til leietakar. Ein opsjon er inga omdisponering av dyrka eller dyrkbar jord, og blir i dag ikkje omfatta av reglane i jordlova. Opsjon gir utbyggjar ein eksklusiv rett til å byggje ut området i framtida dersom utbygging blir tillate gjennomført. Vedtak om utbygging ligg likevel til kommunen som planmyndighet. For utbyggjer gir opsjonen ein form for tryggleik for dei utviklingskostnadane som blir lagt ned i prosjekteringa før ein reguleringsplan. Det er difor ofte ein fornuftig og nødvendig avtale som ledd i utviklinga av eit byggjeprosjekt, anten utbygginga skjer på dyrka jord eller andre område. Utbyggjar betaler ofte grunneigaren for å få ein slik eksklusiv rett, anten i form av ein eingongssum eller som ein årleg sum. Opsjonsavtalen gir dermed ei inntekt til eigaren. Konsekvensen av eit forbod mot opsjonsavtalar vil vere at det blir vanskelegare å leggje til rette for utbygging, og eigaren vil miste inntekter. Det er ikkje påvist i utgreiinga at eit forbod vil føre til redusert nedbygging av jord. Forslaga vil òg føre til meir arbeid for kommunane og vil gi kompliserte reglar som vil vere vanskelege å handheve. Departementet har, etter ei samla vurdering, komme til at ein ikkje vil gå vidare med forslaga.
Punkt g) er omtalt i kapittel 8.2.6 i Prop. 92 L (2016–2017) Endringer i konsesjonsloven, jordloven og odelsloven mv. (konsesjonsplikt, odlingsjord, priskontroll, deling og driveplikt mv.). Det går der fram at jordlova § 2 fastset at lova gjeld for heile landet, men at § 9 om omdisponering og § 12 om deling ikkje gjeld for område der det er vedteke visse slag arealplanar etter plan- og bygningslova. Jordlova § 2 gjer ikkje tilsvarande unntak for regelen om driveplikt i § 8. Dette inneber at driveplikta gjeld sjølv om jordbruksareal er lagt ut til andre formål i arealplan, så lenge arealet òg vidare kan brukast til jordbruksformål, og ikkje er teke i bruk i tråd med den aktuelle arealplanen. Departementet kan ikkje sjå at det rettsleg sett er nødvendig med ei lovendring for å kunne fastslå at driveplikta etter § 8 gjeld inntil regulerte område er tekne i bruk til nye formål.
Departementet meiner at god handtering av spørsmål om omdisponering i planprosessane og ved handsaming av enkeltsaker etter jordlova tek omsyn til jordvernet på ein betre måte enn det forslaga til endring under punkt e) og f) legg til rette for.
Vedtak nr. 57 (2016–2017), 5. desember 2016
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en plan for langsiktige investeringer i landbruket i revidert nasjonalbudsjett 2017.»
Vedtaket er følgt opp i Prop. 141 S (2016–2017) Endringer i statsbudsjettet 2017 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2017 m.m.) vedlegg 4.
Vedtak nr. 108 (2016–2017), pkt. 17, 5. desember 2016
«Fremme forslag om forbud mot nydyrking av myr.»
Grunnlaget for vedtaket er innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2017 og forslag til statsbudsjett for 2017, jf. Innst. 2 S (2016–2017).
Landbruks- og matdepartementet sende i juli 2017 til høyring forslag til endring i jordlova, § 11 andre ledd, og endringar i forskrift om nydyrking. Dei foreslåtte endringane i jordlova inneber at heimelsgrunnlaget for å kunne gi forskrift om nydyrking blir utvida til òg å omfatte omsynet til klima. Endringane i forskrifta om nydyrking går i hovudsak ut på å innføre eit forbod mot nydyrking av myr, med utgangspunkt i omsynet til klima. Etter avslutta høyring vil departementet etter planen leggje fram ein proposisjon til Stortinget om endring av jordlova, og fastsetje endringane i forskrifta om nydyrking så snart Stortinget har handsama saka.
Vedtak nr. 108 (2016–2017), pkt. 63, 5. desember 2016
«Videreføre tilskuddsordningen til ulike organisasjoner under kap. 1138, post 70 og ikke å gjøre denne om til en prosjektstøtteordning fra 2018.»
Grunnlaget for vedtaket er innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2017 og forslag til statsbudsjett for 2017, jf. Innst. 2 S (2016–2017).
Ordninga blei med bakgrunn i oppmodingsvedtaket vidareført i 2017. Forslaget om å gjere ordninga til ei prosjektstøtteordning blei, i tråd med Stortingets oppmoding, heller ikkje sett i verk.
Departementet gjer i budsjettet for 2018, etter ei ny vurdering, framlegg om å avvikle ordninga. Bakgrunnen for dette er at ordninga har gitt lite rom for støtte til nye organisasjonar og at ordninga ikkje bidreg til å fremje større mangfald av organisasjonar og meir frivilligheit.
Vedtak nr. 443 (2016–2017), 31. januar 2017
«Stortinget ber regjeringen sørge for at relevant offentlig geografisk miljø- og ressursinformasjon gjøres tilgjengelig og oppdateres, og rapportere tilbake om dette arbeidet i statsbudsjettet for 2018. Stortinget ber videre regjeringen legge til rette for at Skogportalen i NIBIO gir oppdatert og relevant miljøinformasjon til skogbruket.»
Grunnlaget for vedtaket er Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring, jf. Innst. 162 S (2016–2017). Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for oppfølging av siste setningen i vedtak nr. 443. For oppfølging av første setning, sjå Klima- og miljødepartementets budsjettproposisjon.
Skogportalen er utvikla i samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet, Landbruksdirektoratet og PEFC-Norge. Artsdatabanken og Miljødirektoratet er òg med på å leggje til rette og levere data. Departementet har bedt NIBIO om å halde fram arbeidet med å utvikle og formidle kunnskap om skogressursar og miljø, mellom anna gjennom Skogportalen/Kilden. Departementet legg til grunn at portalen blir utvikla som verktøy, og at nytten for næringa og forvaltninga aukar. NIBIO har på oppdrag frå departementet gradert opp Skogportalen til ein ny versjon, med nye funksjonar og kartlag. Departementet vil følgje opp arbeidet med Skogportalen i styringsdialogen med NIBIO, og sjå til at løysinga gir oppdatert og relevant miljøinformasjon til skogbruket.
Vedtak nr. 445 (2016–2017), 31. januar 2017
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en strategi som stimulerer etterspørselen etter grønne trebaserte produkter, og komme tilbake med denne i løpet av 2017.»
Grunnlaget for vedtaket er Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring, jf. Innst. 162 S (2016–2017).
Landbruks- og matdepartementet legg til grunn at strategien for auka etterspørsel etter grøne trebaserte produkt skal byggje på meldingar til Stortinget og relevante strategiar, mellom anna Meld. St. 6 (2016–2017), Meld. St. 27 (2016–2017) Industrien – grønnere, smartere og mer nyskapende, og bioøkonomistrategien. Departementet vil hausten 2017 leggje opp til samråd med Nærings- og fiskeridepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Finansdepartementet om innhaldet i strategien. Representantar for skog- og trenæringa vil bli trekte inn i arbeidet med strategien, og det er òg aktuelt å invitere Landbruksdirektoratet, Norsk institutt for bioøkonomi og andre relevante kunnskapsmiljø til å gi faglege innspel til arbeidet. Stortinget vil bli orientert om strategiarbeidet på eigna måte.
Departementet legg opp til å samordne arbeidet med oppfølging av vedtak nr. 448 (2016–2017) om utarbeiding av ein FoU-strategi for skog- og trenæringa, jf. omtale i kat. 15.20. Departementet meiner det er nødvendig med ei grundig utgreiing av saka og ser det ikkje som mogleg å komme tilbake til Stortinget hausten 2017, slik Stortinget har oppmoda om. Siktemålet er å sluttføre arbeidet slik at Stortinget kan få tilbakemelding seinast i framlegget til statsbudsjett for 2019.
Vedtak nr. 449 (2016–2017), 31. januar 2017
«Stortinget ber regjeringen arbeide for tilstrekkelige beredskapsplaner i skogbruket, i samarbeid med relevante organisasjoner og skogeiere.»
Grunnlaget for vedtaket er Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring, jf. Innst. 162 S (2016–2017).
Landbruks- og matdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet har, med utgangspunkt i kontakt med organisasjonar i skogbruket, drøfta ulike sider ved beredskapsarbeidet i skog. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, som frå før har etablert eit rådgivande skogbrannutval, er gitt i oppdrag å vurdere etablering av eit liknande forum for stormskadar, jf. Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn – Samfunnssikkerhet. Både Landbruks- og matdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet arbeider vidare med aktuelle beredskapsspørsmål knytt til skog i 2018.
Vedtak nr. 837 (2016–2017), 8. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen utrede å gi fjelloven samme anvendelse i Nordland og Troms som sør for Nordland grense. Utredningen skal legge til grunn at Statskog fortsatt skal beholde ansvaret for skogressursene. Utredningen skal videre legge til grunn at gjeldende finnmarkslov videreføres innenfor dagens fylkesgrense for Finnmark, men ikke utvides til nye geografiske områder.»
Vedtaket blei gjort i samband med Stortingets handsaming av Prop. 84 S (2016–2017) Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå, jf. Innst. 385 S (2016–2017).
Regjeringa vil, i tråd med Stortingets vedtak, starte utgreiinga av spørsmålet om å utvide verkeområdet til fjellova til Nordland og Troms, og komme tilbake til Stortinget på egna måte. Inntil vidare vil statens grunn i Nordland og Troms bli forvalta som i dag.
Vedtak nr. 878 (2016–2017), 13. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen utrede konsekvensen av en videre liberalisering av konsesjonsplikten utover de lovmessige endringer som nå vedtas for rene skogeiendommer.»
Vedtaket blei gjort i samband med Stortingets handsaming av Prop. 92 L (2016–2017) Endringer i konsesjonsloven, jordloven og odelsloven mv. (konsesjonsplikt, odlingsjord, priskontroll, deling og driveplikt mv.), jf. Innst. 427 L (2016–2017). Departementet vil følgje opp vedtaket og komme tilbake til Stortinget med saka.
Vedtak nr. 962 (2016–2017), 16. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen om å gjennomføre nye forhandlinger om jordbruksavtale for 2017–2018.
Endringer i målpriser i Prop. 141 S (2016–2017) fastsettes i tråd med forslaget i proposisjonen som delfinansiering av rammen.
Prisnedskrivingstilskuddet til norsk korn (post 73.19) endres ikke som foreslått i Prop. 141 S (2016–2017), men videreføres med uendrede satser.
Tilskudd til norsk matkorn (post 73.20) endres ikke som foreslått i Prop. 141 S (2016–2017), men økes med 4 øre per kg fra gjeldende satser.»
Det blei inngått jordbruksavtale etter fordelingsforhandlingar mellom staten og jordbruket ved Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag 26.6.2017, innanfor ramma av Stortinget sitt vedtak av 16.6.2017. Jordbruksavtalen for 2017–2018 er lagt ved i vedlegg.
Vedtak nr. 968 (2016–2017), 16. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen i forslaget til statsbudsjett for 2018 fremme kompenserende tiltak for det tap produsenter får ved bortfall av markedsandeler i forbindelse med avtale etter EØS-avtalens artikkel 19 og utfasing av eksportsubsidier.»
Stortinget har vore oppteke av mildnande eller kompenserande tiltak som følgje av inngåing av internasjonale avtalar. I samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2014–2015) Globalisering og handel og utfasinga av eksportsubsidiar uttalte Utanriks- og forsvarskomiteen i Innst. 101 S (2015–2016):
«Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, vil understreke at utfasingen av eksportsubsidier må gjennomføres på en måte som sikrer muligheter for en gradvis tilpasning til en ny konkurransesituasjon, også gjennom at avbøtende tiltak vurderes.»
Næringskomiteen har i Innst. 336 S (2016–2017) uttalt følgjande om samtykke til inngåing av avtalen med Den europeiske union (EU) om utvida handel med landbruksvarer etter artikkel 19 i EØS-avtalen:
«Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Høyre og Fremskrittspartiet, mener at det ut fra resultatet i den nye avtalen må fremmes forslag om kompenserende tiltak, særlig for melkeprodusenter, for å sikre avsetning av norsk melk i og utenfor Norge. Regjeringen må etter flertallets oppfatning iverksette gode og virksomme kompenserende tiltak og bes komme tilbake til Stortinget med dette i forslaget til neste års statsbudsjett.»
Departementet har orientert Stortinget om utviklinga i mildnande tiltak ved ulike høve, seinast i Prop. 141 S (2016–2017) Endringer i statsbudsjettet 2017 under Landbruks- og matdepartementet(Jordbruksoppgjøret 2017 m.m.).
I Prop. 133 S (2015–2016) Endringer i statsbudsjettet 2016 under Landbruks- og matdepartementet(Jordbruksoppgjøret 2016 m.m.) blei Stortinget informert om korleis utfasinga av eksportsubsidiane for mjølk skal skje. Det er i all hovudsak for produktgruppa modna ostar at eksporten er subsidiert. Departementet bad i ei høyring om innspel på om ein burde gjennomføre ei jamn nedtrapping eller ein kraftig reduksjon i starten av perioden. Etter høyringa landa departementet på ein nedtrappingsmodell der ein kutta 25 pst. i satsen for utbetaling til merkevareeksport frå 1.7.2016 og 25 pst. frå 1.7.2017 for deretter å halde på resten av satsen fram til 1.7.2020.
I Prop. 133 S (2015–2016) blei Stortinget òg informert om det viktigaste mildnande tiltaket for å kunne sikre at ein størst mogleg del av innanlandsforbruket kan dekkjast av norskprodusert mjølk. Departementet avvikla avgiftene i prisutjamningordninga for mjølk i prisgruppe 1 for yoghurt (syrna, smakstilsette flytande mjølkeprodukt) og prisgruppe 4 for ferske ostar allereie frå 1.7.2016, for raskast mogleg å kunne gjennomføre Stortingets ønske om å styrkje konkurransekrafta for norsk mjølk. Verdien av å avvikle desse avgiftene var berekna til 91 mill. kroner ved overgangen i 2016.
Departementet har, gjennom å redusere avgiftene for yoghurt og ferske ostar, lagt til rette for at norsk mjølk kan vinne tilbake marknadsdelar. Utviklinga i etterspørselen avgjer i kva grad dette vil skje. Det er mange forhold som påverkar marknaden, og departementet vil følgje heimemarknadsdelen for forbruket av mjølk tett og ha ein god dialog med dei norske meieria om utviklinga. Tal viser at det allereie no er ein lågare import av yoghurt.
I Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon skriv departementet:
«I forbindelse med utfasingen av eksportstøtten for ost, vil det bli behov for å tilpasse produksjonen til eventuell endret etterspørsel etter melk. Norsk melkeproduksjon kan tilpasses gjennom bruk av virkemidlene i kvoteordningen for melk. Regjeringen vil komme tilbake til hvordan dette kan gjennomføres i forbindelse med de kommende jord bruksoppgjørene».
I kvotedrøftingane hausten 2016 blei dette følgt opp ved å setje forholdstalet for kumjølk til 0,98 for 2017. I årets jordbruksoppgjer blei det vedteke å inndra kumjølkkvote som blei selt til staten. Departementet følgjer utviklinga i sektoren, og ved behov, vil departementet komme tilbake til ytterlegare kompenserande tiltak i samband med jordbruksoppgjeret 2018.
Regjeringa legg opp til ein landbrukspolitikk som omfattar ei rekkje tiltak som skal auke matproduksjonen og styrkje konkurransekrafta i heile den norske matsektoren. Dette er det viktigaste grunnlaget for å møte aukande konkurranse.
Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
70 | Støtte til organisasjonar, kan overførast | 29 509 | 30 509 | |
71 | Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar, kan overførast | 3 270 | 1 251 | 1 268 |
72 | Stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) | 5 000 | 5 000 | 7 068 |
Sum kap. 1138 | 37 779 | 36 760 | 8 336 |
Post 70 Støtte til organisasjonar
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga har vore å bidra til å halde oppe aktiviteten i organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde. Departementet har gitt støtte til organisasjonar på nasjonalt nivå innanfor landbruks- og matområdet som:
formidlar kunnskap, interesse og positive haldningar til landbruks- og matsektoren
fremjar forståing for grøne verdiar hos ungdom spesielt og allmenta generelt
bidreg til å synleggjere yrkesmoglegheiter knytte til gardsbruk og bygdenæringar
fremjar miljøarbeid, verdiskaping og næringsutvikling knytt til grøn tenesteproduksjon
fremjar likestilling i arbeidet sitt
Storleiken på tilskotta har mellom anna vore fastsett ut frå ei vurdering av aktivitetsnivået til organisasjonane, den finansielle situasjonen deira og eventuelle andre tilskott organisasjonane har fått.
Innsende årsmeldingar og revisorgodkjende rekneskap har vore grunnlag for oppfølging og kontroll. Eventuelle andre vilkår som har blitt lagt til grunn i tilskottsbrev til den enkelte organisasjonen, har òg blitt følgde opp.
Løyvinga til organisasjoner over kap. 1138, post 70 har over fleire år i stor grad vore ei vidareføring av støtte til dei same organisasjonane. Dette har gitt mindre rom for nye organisasjonar for å få støtte, og på den måten har ikkje ordninga bidratt til å fremje større mangfold av organisasjonar og meir frivilligheit. Drifta av frivillige organisasjonar bør skje sjølvstendig, og ikkje vere avhengig av årlege statlege overføringar. Landbruks- og matdepartementet legg difor opp til å avvikle ordninga.
Rapportering 2016
I 2016 blei det fordelt i overkant av 34,5 mill. kroner i støtte til 33 organisasjonar, jf. tabell 2.3.
Tabell 2.3 Oversikt over støtte til organisasjonar, 2016
Organisasjon | Støtte 2016 |
---|---|
Biologisk-dynamisk Forening | 151 500 |
Bondens marked | 505 000 |
Det norske Skogselskap | 1 151 400 |
Dyrebeskyttelsen | 404 000 |
Dyrevernalliansen | 504 000 |
Dyrevern Ung | 101 000 |
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk | 1 515 000 |
Geitmyra matkultursenter for barn | 404 000 |
Hageselskapet | 1 111 000 |
Hanen | 2 070 500 |
Hest og Helse | 202 000 |
Kvinner i skogbruket | 173 720 |
Matsentralen Oslo | 300 000 |
Matvett AS | 415 000 |
Natur og Ungdom | 101 000 |
Nettverk for GMO-fri mat og fôr | 1 500 000 |
NOAH – for dyrs rettigheter | 500 000 |
Norges Birøkterlag | 223 210 |
Norges Bygdekvinnelag | 404 000 |
Norges Bygdeungdomslag | 101 000 |
Norges Vel | 2 020 000 |
Norske lakseelver | 505 000 |
Norsk Gardsost | 252 500 |
Norsk Kulturarv | 353 500 |
Norsk seterkultur | 151 500 |
OIKOS – Økologisk Norge | 2 929 000 |
Slipp oss til – ungdom inn i landbruket | 252 500 |
Spire | 101 000 |
TreSenteret | 303 000 |
Ungt entreprenørskap | 350 000 |
Vitenparken | 3 282 500 |
4H Norge | 7 171 000 |
Sum | 29 508 830 |
Budsjettframlegg 2018
Kap.1138, post 70 utgår frå budsjettåret 2018, jf. omtale under formålet med ordninga.
Post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar
Formål med løyvinga
Posten omfattar midlar som skal dekkje Noreg sin del av finansieringa av internasjonale skogpolitiske prosessar. Noreg arbeider for eit sterkt og forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. FNs skogforum (UNFF) er ein viktig arena for dette globalt, mens FOREST EUROPE er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk på regionalt nivå i Europa. FOREST EUROPE samlar dei europeiske landa og ei rekkje internasjonale og frivillige organisasjonar om strategiar for å møte utfordringar og moglegheiter som skogsektoren i Europa står framfor. Det europeiske instituttet for skogforsking (EFI) er ein internasjonal organisasjon, der Noreg er medlemsstat og deltek i møte i styrande organ. EFI driv forsking og utgreiing av europeiske skogspørsmål, og er ein sentral aktør i å skaffe fram kunnskapsgrunnlag for utvikling av skogpolitikk både nasjonalt og internasjonalt.
Løyvinga skal òg nyttast til medverknad frå Noreg i andre forum for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål, som til dømes FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO). Løyvinga må sjåast i samanheng med løyvinga til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) frå kapittel 1136 post 50, som skal dekkje instituttet sine bidrag til internasjonalt skogpolitisk samarbeid.
Rapportering 2016
Noreg har òg i 2016 bidrege med 1 mill. kroner til eit fond som finansierer verksemda i Foresight and Policy Support Programme under EFI. Dette programmet skal bidra til å kople forsking og politikkutvikling, og er eit godt bidrag til kunnskapsgrunnlag i utviklinga av nasjonal skogpolitikk og europeisk skogpolitisk samarbeid. I 2016 har fondet finansiert rapportar om skog og klima og om bioøkonomi, og arrangert seminar om dei same tema der rapportane har vore diskuterte. Det har vore stor merksemd om desse arrangementa.
NIBIO er ein viktig aktør i Noregs oppfølging av internasjonalt skogsamarbeid, mellom anna i FOREST EUROPE, FAO og UNECE. Ein viktig del av dette er å sikre rapportering til internasjonale organisasjonar og prosessar som dokumenterer berekraftig skogforvaltning globalt og regionalt. Arbeidet blir i hovudsak gjort av FAO og United Nations Economic Commission for Europe (UNECE), mens arbeidet med å vidareutvikle indikatorar for rapporteringa blir gjort i FOREST EUROPE. NIBIO fekk i 2016 ei løyving på 1,35 mill. kroner over denne posten. Frå 2017 er denne løyvinga flytta til kap. 1136 post 50. Denne løyvinga dekte òg det norsk bidraget til prosjektet Future Forest som NIBIO deltok i. I 2017 arrangerte NIBIO og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) den årlege konferansen for medlemsorganisasjonane til European Forest Institute. Løyvinga til NIBIO i 2016 omfatta òg eit bidrag til dette arrangementet på 200 000 kroner. FOREST EUROPE vedtok i 2016 eit nytt arbeidsprogram for perioden 2016 til 2020. Det er Slovakia som er formannskap for FOREST EUROPE i denne perioden. Noreg tok på seg ansvaret for nokre tema i arbeidsprogrammet, mellom anna å arrangere ein workshop om bioøkonomi i løpet av 2018. Til dette arbeidet blei det gitt ei tilleggsløyving til NIBIO som skal nyttast til dette arrangementet, og til deltaking i andre arbeidsgrupper under FOREST EUROPE.
Departementet har i 2016 òg gitt tilskott til deltaking i ein konkurranse for studentar i skogfag i Russland for ungdom frå Noreg. Dette er eit viktig bidrag til rekruttering og til utveksling av kunnskap og erfaringar mellom land.
Budsjettframlegg 2018
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1,268 mill. kroner til internasjonalt skogpolitisk arbeid. Løyvinga skal nyttast til vidare oppfølging av internasjonale skogpolitiske prosessar og bidrag til EFIs arbeid i Foresight and Policy Support Programme.
Post 72 Stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK)
Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) er ei privat, sjølvstendig stifting som arbeider med forsking, rådgiving og formidling av kunnskap innan fagområda økologisk landbruk og matproduksjon, miljø, berekraft og fornybar energi. NORSØK forvaltar òg Tingvoll gard, som blir driven som eit økologisk gardsbruk.
Formål med løyvinga
Midlane skal gå til utvikling og formidling av kunnskap om produksjon og forbruk av økologisk mat. Aktuelle tiltak blir avklart i dialog mellom stiftinga og departementet.
Rapportering 2016
Det blei løyvd 5 mill. kroner til arbeid med utvikling og formidling av kunnskap om produksjon og forbruk av økologisk mat. Stiftinga har drive både munnleg og skriftleg formidling til gardbrukarar, landbruksrådgivarar, studentar, offentleg forvaltning og forbrukarar gjennom ulike nettstader, fagtidsskrift, foredrag og ulike arrangement på Tingvoll gard. Innan økologisk forbruk har hovudvekta vore lagt på økologisk mat i sjukehus og barnehagar. NORSØK har gitt bistand til ulike organisasjonar og styresmakter, mellom anna gjennom svar på spørsmål, vidareformidling av relevant litteratur og tilvising til aktuelle fagpersonar. Dialog og samarbeid med andre organisasjonar innan økologisk landbruk har vore vektlagt. Innanfor løyvinga har NORSØK òg arbeidd med å samle og utvikle kunnskap innan temaa jord og jordkvalitet, dyrevelferd, plantevern og belgvekstar.
Budsjettframlegg 2018
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,068 mill. kroner. I dette inngår ein auke i løyvinga på 2,0 mill. kroner.
Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
71 | Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak, kan overførast | 20 356 | 25 519 | 24 596 |
Sum kap. 1139 | 20 356 | 25 519 | 24 596 |
Post 71 Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak
Formål med løyvinga
Over post 71 blir det gitt støtte til tiltak innanfor delmålet Berekraftig bruk og eit sterkt vern om landbrukets areal og ressursgrunnlag, som ligg under hovudmålet om berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Løyvingar over posten omfattar tiltak for å styrkje arbeid nasjonalt og internasjonalt med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursar i jord- og skogbruket. Midlar til prosjektet Miljøregistreringer i skog ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) inngår òg under denne posten.
Rapportering 2016
Koordineringa av det nasjonale arbeidet med genressursforvaltning er lagt til Norsk genressurssenter, som er ei eining ved NIBIO. Det er gjort greie for verksemda i senteret under kap. 1136, post 50.
Ansvaret for å forvalte tilskott til tiltak og aktivitetar for bevaring og berekraftig utvikling og bruk av genressursar mellom husdyr, planter og skogstre blei i 2016 overført frå NIBIO til Landbruksdirektoratet. Over post 71 blei det i 2016 innvilga tilskott på 6,3 mill. kroner fordelt til i alt 41 prosjekt. Det er ein viktig føresetnad for tilskott at tiltaka skal vere i samsvar med mål og prioriteringar i Norsk genressurssenter sin strategiplan og dei rullerande handlingsplanane for genetiske ressursar innanfor skogtre, planter og husdyr. Handlingsplanane blei oppdaterte av Norsk genressursenter i november 2016.
Fleire av tiltaka gjeld aktivitetar som vil sikre genressursane på lang sikt. I tillegg blei det gitt tilskott til fleire prosjekt som har som mål å utvikle ny og lokal næringsverksemd basert på nasjonale genressursar.
Innanfor husdyrsektoren var det eit prioritert tiltak å vidareføre drifta av den norske genbanken for verpehøns, og teste ut metodar for kryopreservering av hanesæd og DNA-studiar av linene av verpehøns i genbanken. Det blei òg gitt tilskott til å verne om rasen kystgeit.
Viktige tiltak innanfor plantesektoren har vore tilskott til prosjekt for å auke det genetiske mangfaldet i matkorn. Kartlegging og testing under ulike klima- og dyrkingsforhold vil kunne gi grunnlag for innovasjon basert på tilpassa sortsmateriale. Tilskott er òg tildelt tiltak for å sikre klonarkiv. Det er vidare starta opp eit arbeid for å etablere eit nasjonalt register for plantegenetiske ressursar.
På skogtreområdet har midlane bidrege til prosjekt for å fremje bruk av norske treslag framfor utanlandske treslag i hagar og grøntanlegg. Prosjektet gir òg bidrag til arbeidet med å vareta skogtregenetiske ressursar. Fleire andre skogprosjekt, som mellom anna støtter opp om arbeidet for auka bruk av lauvtrevirke, er òg prioriterte.
Noreg samarbeider med dei andre nordiske landa om å sikre genressursar som stammar frå og er tilpassa jordbruket i Norden. Det nordiske genressursarbeidet er samla i NordGen, som har sete med administrasjon og plantegenetisk verksemd i Alnarp i Sverige, mens faglege oppgåver knytte til husdyr og skogtre er samlokaliserte med Norsk genressurssenter på Ås. Tilskottet på 1,85 mill. kroner til NordGen i 2016 har bidrege til synergi og samarbeid mellom Norsk genressurssenter og NordGen innanfor faglege oppgåver i Noreg. NordGen er òg sekretariat for den nordiske offentleg-private partnarskapen for planteforedling, som er oppretta for å få i stand eit slagkraftig samarbeid og utnytte ressursane hos planteforedlingsinstitusjonane i Norden. Partnarskapsmodellen har vekt internasjonal merksemd som eit nordisk døme på regionalt samarbeid mellom offentlege og private interessentar.
Det blei utbetalt 0,79 mill. kroner til den internasjonale plantetraktaten sitt fond for nyttefordeling (Benefit Sharing Fund) over posten. Dette svarar til 0,1 pst. av verdien av omsett såvare i Noreg i 2015. I september 2016 arrangerte Noreg og Indonesia ein global konferanse på Bali i Indonesia, om bøndene sine rettar slik dei er anerkjent i den internasjonale plantetraktaten. Det blei utbetalt 0,4 mill. kroner over denne posten til dette arrangementet.
Svalbard globale frøhvelv er etablert for å ta vare på størst mogleg del av det plantemangfaldet som har vore nytta i landbruket. Særskilde vekstar av stor verdi for den globale matforsyninga er sikra i kvelvet. Dette spesialbygde fryselageret, som er lagt inn i permafrosten i fjellet, husar sikkerheitskopiar av frø frå heile verda. 17 institusjonar la til saman inn 49 979 nye frøprøver i 2016. Ved utgangen av 2016 har 72 institusjonar verda over lagra 918 913 sikkerhetskopiar i kvelvet på Svalbard. Frølageret har ei viktig rolle i det internasjonale samarbeidet om genetiske ressursar. Midlane i 2016 gjekk til drift av frølageret, som mellom anna inkluderer husleige, kapitalkostnader, driftsutgifter til NordGen for arbeid med deponering av frø og informasjonsarbeid. I juni 2016 gav departementet Statsbygg i oppdrag å gjere tiltak og gjennomføre prosjektering som er nødvendige for å tryggje Svalbard globale frøhvelv mot verknaden av framtidige klimaendringar på Svalbard. Inntrenging av vatn i inngangstunnelen etter det kraftige regnvêret hausten 2016 viste at det det er nødvendig å gjennomføre oppdraget så snart som mogleg.
Landbruks- og matdepartementet gav òg i 2016 støtte til vidare arbeid med prosjektet Miljøregistreringer i Skog (MiS), som er eit standardisert og godt dokumentert opplegg for registrering av areal som er spesielt viktige for biologisk mangfald i skog. Det blei løyvd 4,550 mill. kroner til dette arbeidet for 2016. Registreringane gir grunnlag for miljøomsyn i skogbruket og blir i hovudsak utførte saman med andre ressursregistreringar som høyrer med i skogbruksplanane for skogeigedommane. Registreringane ligg òg til grunn for miljøsertifiseringa i skogbruket og blir i tillegg nytta for å finne område aktuelle for frivillig vern. Stortinget vedtok ved handsaminga av Dokument 8:89 S (2013–2014) at det er typesystemet Natur i Norge (NiN) hos Artsdatabanken som skal brukast ved offentleg kartlegging av natur. NiN er eit verktøy for å beskrive variasjon i naturen, og sikrar mellom anna eit sams omgrepsapparat til nytte ved vurderingar av bruk og vern av natur. Landbruksdirektoratet starta i 2016 med å innpasse omgrepsapparatet til NiN i opplegget for MiS. Dei har samarbeidd om dette med Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo, NIBIO og PEFC Norge. MiS-registreringar er òg innarbeidde i Landsskogtakseringa, noko som gir nasjonale tal for utviklinga av skog- og miljøressursar. I MiS-delprosjektet om kulturminne har NIBIO i 2016 vidareført samarbeidet med Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) om bruk av fjernmålingsdata (LIDAR) for å samanlikne med data frå Riksantikvarens database over freda kulturminne (Askeladden). Ein slik kombinasjon av radar- og laserteknologi kan gjere rasjonell kvalitetssikring av kulturminneregistreringar mogleg i arbeidet med mellom anna skogbruksplanlegging.
Departementet gav òg økonomisk støtte på 4,450 mill. kroner til stiftinga Det norske Skogfrøverk til forvaltningsoppgåver over post 71. Oppgåvene omfattar kontroll etter forskrift om skogfrø og skogplanter, produksjons- og utviklingsoppgåver og informasjons- og opplæringstiltak knytte til anlegg for frøproduksjon. Departementet gav òg midlar til Skogfrøverket frå kap. 1149, post 73 for å styrkje arbeidet med langsiktig skogplanteforedling. Midlane til Skogfrøverket er frå 2016 samla på denne posten, med tilhøyrande rapportering.
Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter fekk til saman 4,647 mill. kroner i 2016. Sentera har ansvar for allsidig verksemd for å fremje dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest. Talet på fødde føl mellom dei nasjonale rasane er urovekkjande lågt, og tendensen har vart i ein del år. Dølahest og fjordhest har vist ein liten auke, mens nordlands-/lyngshest har vist ein nedgang igjen. I 2016 leverte eit utval med medlemmar frå avlslaga, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og Norsk genressurssenter ein rapport med forslag om å setje ned eit fagutval for avl og bevaring av nasjonale hesteraser som skulle gjere framlegg om prioritering av bruk av midlar til bevaring. Norsk hestesenter er sekretariat for fagutvalet, men dei to andre hestesentera er òg engasjerte i arbeidet med å ta vare på rasane, og aktiviteten deira er ein del av det samla bevaringsarbeidet.
Over posten blei det òg løyvd 0,4 mill. kroner til stiftinga Det norske arboret til arbeidet med samlingar av tre og buskar eigna for norske forhold og til formidlingsverksemd.
Stiftinga Norsk Hjortesenter fekk tildelt 1,124 mill. kroner for å vedlikehalde og vidareutvikle seg som kompetansesenter for hjort, både viltlevande og i oppdrett. Hjortesenteret bidreg til kunnskapsutvikling og auka kompetanse om hjort som ressurs, hos private, rettshavarar og i forvaltninga.
Budsjettframlegg 2018
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 24,596 mill. kroner på post 71. Departementet legg opp til ei fordeling av løyvinga om lag slik Tabell 2.4 viser.
Tabell 2.4 Budsjett for kap. 1139, post 71 i 2017 og budsjettframlegg for 2018 (i 1 000 kroner)
Tiltak | Budsjett 2017 | Framlegg 2018 |
---|---|---|
Genressurstiltak | 7 040 | 7 040 |
Svalbard globale frøhvelv | 5 863 | 6 140 |
Nordisk genressurssenter (NordGen) | 1 850 | 1 850 |
Prosjektet Miljøregistreringer i skog (MiS-prosjektet) | 4 550 | 4 550 |
Nord-Norsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter | 4 647 | 3 447 |
Stiftinga Det norske arboret og Norsk Hjortesenter | 1 569 | 1 569 |
Sum genressursforvaltning og miljøtiltak | 25 519 | 24 596 |
Dei genetiske ressursane er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon og tilpassing til nye behov og utfordringar for landbruket.
I eit internasjonalt perspektiv vil trugsmåla mot genetisk variasjon hindre utvikling av eit berekraftig landbruk. Avskoging, marginalisering av populasjonar, sjukdomsutbrott og klimaendringar trugar dei skogtregenetiske ressursane. Endra klima er ei utfordring, og vil krevje tilpassa plante- og dyremateriale.
Midlane på posten bidreg til oppfylling av Noregs plikter i den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk og i dei vedtekne sektorvise handlingsplanane for husdyr, planter og skogtre under FAOs kommisjon for genetiske ressursar.
Vidare vil arbeidet som blir finansiert over denne posten bidra til å oppfylle Noregs bidrag til FNs mål for berekraftig utvikling. Det vil òg i 2018 bli løyvd midlar frå posten til ei rekkje tiltak og prosjekt som er viktige for å følgje opp strategiplanen for genressursforvaltning og handlingsplanane for vern og berekraftig bruk av genetiske ressursar i kulturplanter, husdyr og skogtre.
Landbruksdirektoratet forvaltar tilskott til genressurstiltak. Det vil bli utarbeidd ei forskrift for ordninga som skal gjelde frå 2018.
Sikker drift og utviding av genbankar og kartlegging av nasjonale genressursar mellom planter, husdyr og skogtre er sentrale oppgåver for bruken av desse midlane. Dei skal òg bidra til berekraftige avlsprogram for små populasjonar av nasjonale husdyrrasar og rett skjøtsel av klonarkiv og av det genetiske og biologiske mangfaldet i kulturlandskapet. Det skal òg leggjast vekt på mellom anna klargjering av rett til, tilgang til og handsaming av genetiske ressursar i tråd med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og utgreiing av følgjene av nye utfordringar, som til dømes klimaendringar.
Departementet vil aktivt følgje opp samarbeidet under Nordisk ministerråd og i NordGen, mellom anna det nordiske samarbeidet om frøforedling, som er eit viktig langsiktig tiltak for å utvikle klimatilpassa plantemateriale. Innanfor NordGen er den faglege verksemda knytt til husdyr og skogtre lokalisert i Noreg. Departementet gjer framlegg om støtte til denne verksemda i NordGen med 1,85 mill. kroner. Det er eit mål å utnytte synergieffektar som ligg i samlokalisering med Norsk genressurssenter. Det er òg sett av midlar på posten til plantetraktaten sitt fond for nyttefordeling til oppfølging av lovnaden Noreg gav ved opninga av Svalbard globale frøhvelv, om å gi ei årleg støtte som svarar til 0,1 pst. av verdien av årleg omsett såvare. Midlane går til bønder i utviklingsland og den berekraftige bruken deira av plantemangfald for å sikre lokal matsikkerheit.
Over posten vil det bli gitt tilskott til drift av Svalbard globale frøhvelv, til ei rekkje akutte tiltak og til prosjektering av utbetring av anlegget, og til informasjonsverksemd. Oppslutninga om frølageret på Svalbard mellom verdas genbankar er god, og det er innleidd langsiktig samarbeid med mange av desse. Den store interessa for det globale frølageret i internasjonale media og hos allmenta held fram. Det vil vere viktig i 2018 å gjennomføre ei varig utbetring av anlegget for å hindre at vatn i framtida fortset å trengje inn gjennom tunnelen som leier inn til kvelvet. Vidare vil ei markering av 10 års drift av kvelvet vere retta mot å gi auka forståing og medvit om plantemangfald og matvaresikring.
Kunnskapsoppbygging i MiS-prosjektet om biologisk mangfald og miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga held fram i 2018, og departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,55 mill. kroner til dette. Slikt arbeid er avgjerande for ei kunnskapsbasert registrering, overvaking og forvaltning av naturmangfaldet. Det er viktig at skogbruket og utmarksnæringa har best mogleg kunnskap om miljøverdiane i skogen og kan ta omsyn til desse. Prosjektet tek sikte på å følgje opp resultat og erfaringar i vidare arbeid med å utvikle gode og konkrete råd om miljøomsyn i skogbruket, og registreringane vil framleis bli nytta i arbeidet med å finne område aktuelle for frivillig vern.
Oppdaterte ressurs- og miljødata frå skogbruksplanlegginga blir forvalta av NIBIO på oppdrag frå Landbruksdirektoratet. I karttenesta Kilden hos NIBIO er relevant miljøinformasjon samla og tilpassa behova til næring og offentleg forvaltning i ein Skogportal. Skogportalen er utvikla i samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet, Landbruksdirektoratet og PEFC-Norge. Artsdatabanken og Miljødirektoratet har vore med på å leggje til rette og levere data.
I 2017 har Landbruksdirektoratet i samarbeid med fleire aktørar sytt for at skogbruksplanlegging med miljøregistreringar tek i bruk typesystemet til Natur i Norge (NiN) for å skildre natur slik Stortinget bad om i 2015, jf. Innst. 144 S (2014–2015). I 2018 blir det arbeidd vidare med eit praktisk opplegg, kurs og rettleiingsmateriale for å innpasse eit slikt nasjonalt, standardisert rammeverk som ligg i NiN i skogbrukets miljøregistreringsopplegg (MiS). NiN blir halde ved like og vidareutvikla av Artsdatabanken.
Stortinget bad, ved handsaminga av Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring, regjeringa om mellom anna å sørgje for at relevant offentleg miljø- og ressursinformasjon blir gjort tilgjengeleg. Departementet vil følgje opp dette saman med NIBIO og skognæringa for å sikre oppdatert og relevant miljøinformasjon til skogbruket gjennom innsynsløysinga Skogportalen ved NIBIO.
Stortinget vedtok òg at regjeringa saman med skognæringa skal greie ut høvelege tiltak for auka varetaking av nøkkelbiotopar og kartleggje kor den eldste skogen er. Departementet følgjer opp dette saman med skognæringa, Landbruksdirektoratet og NIBIO og i kontakt med Klima- og miljødepartementet. NIBIO vil òg bidra til å sjå på korleis ein kan revidere registreringsopplegget, der det tidlegare er gjort miljøregistreringar, og som kan vere grunnlag for det vidare arbeidet med nøkkelbiotopar.
Departementet gjer òg framlegg om ei løyving på 3,447 mill. kroner til Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter til oppgåver dei utfører mellom anna i samarbeid med raselaga for å fremje og bevare dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest.
Departementet vil føre vidare støtta til stiftingane Det norske arboret og Norsk Hjortesenter. Norsk Hjortesenter, som kompetansesenter, skal arbeide vidare for at både viltlevande hjort og hjort i oppdrett kan gi grunnlag for auka næringsutvikling og verdiskaping generelt, og i landbruket spesielt.
Kap. 1142 Landbruksdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
01 | Driftsutgifter | 236 751 | 224 905 | 222 365 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 5 620 | 1 299 | 1 312 |
50 | Arealressurskart | 7 616 | 7 594 | 7 658 |
60 | Tilskott til veterinærdekning | 138 845 | 142 664 | 146 373 |
70 | Tilskott til fjellstover | 701 | 808 | 819 |
71 | Omstillingstiltak i Indre Finnmark, kan overførast | 10 211 | 4 400 | 4 460 |
72 | Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite, overslagsløyving | 358 | 302 | 452 |
73 | Tilskott til erstatningar mv. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon, overslagsløyving | 83 259 | 55 610 | 55 610 |
74 | Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagt beitenekt | 360 | 1 000 | 1 000 |
75 | Tilskott til klimarådgiving på gardar, kan overførast | 20 000 | ||
80 | Radioaktivitetstiltak, kan overførast | 47 | 500 | 500 |
Sum kap. 1142 | 483 768 | 459 082 | 440 549 |
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Hovudformålet med løyvinga er drift av Landbruksdirektoratet.
Landbruksdirektoratet er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Landbruksdirektoratet er òg sekretariat for Omsetnadsrådet, Styret for fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, Styret for forskingsmidlar over jordbruksavtalen, Styret for Utviklingsfondet for skogbruket, Reindriftsstyret, Styret for Reindriftas utviklingsfond og Marknadsutvalet for reinsdyrkjøtt.
Hovudoppgåva til Landbruksdirektoratet er samordna, heilskapleg og effektiv forvaltning av økonomiske og juridiske verkemiddel retta mot primærlandbruket, landbruksbasert næringsmiddelindustri og handel. Verkemidla på området, som Landbruksdirektoratet skal forvalte i samsvar med lov/forskrift/regelverk for ordningane, skal bidra til god måloppnåing innanfor hovudmåla for landbruks- og matpolitikken. Landbruksdirektoratet skal gjennom kontroll og oppfølging ved avvik bidra til å sikre at verkemidla blir forvalta trygt og effektivt i samsvar med regelverket.
Landbruksdirektoratet skal i tillegg til å administrere dei ulike ordningane, òg vere eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Landbruksdirektoratet skal ha oversikt over utviklingstrekk i ressursgrunnlaget og heile verdikjeda, bidra til erfaringsutveksling med næringa og samarbeid med anna forvaltning, ha god kunnskap om resultatoppnåing mot gjeldande politiske mål og gi innspel til Landbruks- og matdepartementet om utvikling av verkemiddel, under dette forenkling. Landbruksdirektoratet skal drive formidling av fag- og forvaltningskompetanse og av landbruks- og matpolitikk til regional og lokal forvaltning. Landbruksdirektoratet skal samarbeide med fylkesmennene for å bidra til god lov- og tilskottsforvaltning på regionalt og lokalt nivå, mellom anna kontroll.
Landbruksdirektoratet har følgjande forvaltningsområde:
Areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk
Reindrift
Inntekts- og velferdspolitiske tiltak
Marknadstiltak, handel og industri
Administrasjon
Rapportering 2016
Landbruksdirektoratet er lokalisert i Oslo og Alta. Direktoratet la i 2016 vekt på å vidareutvikle verksemda og tenestene direktoratet tilbyr, og å setje organisasjonen betre i stand til å løyse oppgåvene sine. Oppdraget med å styrkje Avdeling reindrift har stått sentralt. Det er mellom anna gjort eit omfattande arbeid med å sikre stabil IKT-drift i Alta og få på plass nytt videokonferanseutstyr.
I 2016 leverte Landbruksdirektoratet eit omfattande utgreiingsmateriale til jordbruksoppgjeret. Direktoratet har òg vore ein sentral bidragsytar i sekretariata til dei mange utvala og arbeidsgruppene som greier ut landbrukspolitikken for framtida. Døme på utgreiingar i 2016 er arbeidet med å styrkje jordvernet og å finne tiltak for berekraftig reindrift.
Landbruksdirektoratet skal bidra med å sikre ei økologisk berekraftig reindrift, og utviklinga har på fleire område vore positiv i 2016. Reintalet i Finnmark er tilnærma på nivået fastsett i bruksreglane, og marknads- og produksjonsforholda har vore jamt gode.
I 2016 var Landbruksdirektoratet prega av omfattande arbeid med IKT-utvikling. Eit nytt søknads- og sakshandsamingssystem er utvikla knytt til den nye naturskadeerstatningslova. Systemet blei sluttført i 2016 og var klart til bruk frå 1.1.17 då lova tok til å gjelde, jf. omtale under kap. 1148, post 22. Mykje arbeid er òg lagt ned i å utvikle eit nytt system for produksjonstilskott. Arbeidet med ny løysing starta i 2015, og utviklinga heldt fram gjennom 2016. Systemet blir sett i drift i 2017. Parallelt blir det gjennomført ei omlegging av forvaltningsmodellen for produksjonstilskotta, noko som blir mogleg ved innføring av nytt IKT-system.
I 2016 har Landbruksdirektoratet kartlagt korleis brukarane opplever tenesta og verksemda. Undersøkingane viser at dei fleste målgruppene er nøgde. Den viktigaste kanalen for kommunikasjon mellom direktoratet og brukarane er nettportalen www.landbruksdirektoratet.no.
I 2016 har Landbruksdirektoratet implementert og fordelt tilskott til fire nye ordningar; gjødsling av skog som klimatiltak, tettare planting av skog som klimatiltak, utsiktsrydding og genressurstiltak. Auka løyvingar til infrastrukturtiltak i skogbruket er følgt opp, og det blei bygd og utbetra fleire kilometer med vegar i skogen i 2016 enn i 2015.
Landbruksdirektoratet etablerte i 2014 ei løysing for å gjere offentlege data tilgjengelege hos Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI). Gjennom 2015 og 2016 har publiseringa halde fram, slik at direktoratet no har publisert til saman 20 datasett.
Landbruksdirektoratet følgjer opp at fylkesmennene utfører det regionale kontrollansvaret på landbruksområdet på ein god måte. Fylkesmannen utfører forvaltningskontrollar av kommunane og føretakskontrollar. Også innan reindriftsforvaltninga har fylkesmennene ei sentral rolle, mellom anna med kontroll av Melding om reindrift frå alle reindriftsutøvarane.
Landbruksdirektoratet har i 2016 inngått ein ny samarbeidsavtale med Statistisk sentralbyrå (SSB). Landbruksdirektoratet leverer kvart år data til SSB for produksjon av offisiell landbruksstatistikk.
Landbruksdirektoratet har òg i 2016 hatt eit nært samarbeid med Tolldirektoratet og tollregionane. Det er konkret samarbeid ved kontrollar, og løpande dialog m.a. om regelverksendringar.
Landbruksdirektoratet samarbeider med miljøforvaltninga i areal- og miljøsaker. I 2016 har Landbruksdirektoratet, saman med Miljødirektoratet, levert sams utgreiingar på fleire område.
Samarbeidsavtalen mellom Landbruksdirektoratet og Mattilsynet skal sikre informasjons- og kompetanseutvikling, og leggje grunnlaget for betre tenester til brukarane. I 2016 har det mellom anna vore omfattande samarbeid om antibiotikaresistente bakteriar (MRSA).
Nærare omtale av aktiviteten i Landbruksdirektoratet i 2016 finst i årsrapporten for 2016 på www.landbruksdirektoratet.no.
Budsjettframlegg 2018
Løyvinga skal dekkje driftsutgiftene til Landbruksdirektoratet. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 222,365 mill. kroner i 2018. I tillegg til endringar som følgje av løns- og prisvekst og regjeringa si avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, er det lagt inn eit særskild effektiviseringstiltak på 4,3 mill. kroner, i tråd med forventningane om effektiviseringar som låg til grunn då direktoratet blei oppretta i 2014.
Nedanfor følgjer nærare omtale av viktige oppgåver innanfor dei enkelte forvaltningsområda i 2018.
Areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk
Landbruksdirektoratet vil i 2018 vidareføre arbeidet med å bidra til eit berekraftig skogbruk og til ein effektiv infrastruktur i skogen. Iverksetjing av klimatiltak i skog vil bli følgt opp i samarbeid med Miljødirektoratet.
Når det gjeld klima- og miljøomsyn i jordbruket, vil Landbruksdirektoratet vidareutvikle tiltaka med sikte på forenkling og målretting til det beste for klima, miljø og næring. Regional og lokal oppfølging av vassforskrifta og arbeid med kulturlandskap vil òg vere viktige oppgåver for Landbruksdirektoratet i 2018. Landbruksdirektoratet skal ha oversikt over praktiseringa av naturmangfaldlova på landbruksområdet. Det er nødvendig med merksemd på jordvern både lokalt, regionalt og sentralt for å ta vare på god matjord, jf. regjeringa sin jordvernstrategi og Stortingets handsaming av denne, som direktoratet vil arbeide med å følgje opp mellom anna i samarbeid med Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Landbruksdirektoratet vil vidareføre samarbeidet med Miljødirektoratet på klima- og miljøområdet. Landbruksdirektoratet skal vareta den landbruksfaglege sida av den todelte målsetjinga i rovviltpolitikken og leggje til rette informasjon om utviklinga i beitenæringane (husdyr, rein).
Arbeidet med å utarbeide ein strategi for økologisk landbruk er sett i gang. Landbruksdirektoratet vil bidra til dette arbeidet og følgje opp utviklinga av produksjon og omsetnad av økologiske landbruksvarer.
Frå 1.1.2017 tok den nye naturskadeerstatningslova til å gjelde. Landbruksdirektoratet vil i 2018 vidareføre arbeidet med god og effektiv forvaltning av den nye ordninga og brukarretta informasjon til søkjarar og innbyggjarar om den nye lova og det nye søknadssystemet.
Reindrift
Eit tilpassa beitetrykk til beitegrunnlaget er den mest alvorlege og krevjande utfordringa reindrifta står overfor. Den er særleg alvorleg fordi ei forsvarleg ressursutnytting er avgjerande for den samiske reindrifta si framtid i store delar av Finnmark. Sikring av eit stabilt reintal og oppfølging av dei siidaandelane og distrikta som har eit for høgt reintal, har difor framleis høgaste prioritet. Det er tre siidaandelar som enno ikkje har følgt opp dei gitte reduksjonskrava. Reindriftsstyret følgjer opp desse i samsvar med sanksjonsreglane i reindriftslova. Enkelte siidaar har på ny auka reintalet sitt. I desse siidaene har fylkesmannen moglegheit til å låse reintalet gjennom å fastsetje eit øvre reintal per sidaandel. Landbruksdirektoratet skal saman med fylkesmannsembeta følgje opp desse siidaandelane. I tillegg skal direktoratet saman med fylkesmannen til ei kvar tid vurdere reintalssituasjonen i den enkelte siidaen, og setje i verk nødvendige tiltak. Det vil òg bli gjennomført offentleg kontrollerte teljingar. Ved større avvik mellom teljing og rapporteringane til reineigarane, vil det bli sett inn tiltak.
Det er nødvendig med auka kunnskap om dei ulike årsakene til tap i reindrifta og om samspelet mellom desse. Det er viktig å vidareføre arbeidet med å stimulere til auka slakting og til eit berekraftig reintal i Finnmark. For å ha kontroll med utviklinga i reindrifta, skal Landbruksdirektoratet hente inn og gjere tilgjengeleg nødvendige grunnlagsdata, mellom anna om beiteforholda og slaktevekter.
Direktoratet skal halde fram med å etablere samarbeid med andre offentlege organ, og gjere desse kjente med behovet i reindrifta for samanhengande areal, og konsekvensane av ulike tiltak innanfor reinbeiteland for reindrifta. Vidare skal Landbruksdirektoratet arbeide for ei betre sikring av areala til reindrifta, arbeide for å dokumentere arealbruken og gjere denne kjent for kommunar og fylke.
Vidareutvikling av reindrifta sitt sjølvstyre er sentralt for å nå dei reindriftspolitiske måla. Direktoratet skal i nær dialog med departementet og næringa arbeide aktivt med ulike tiltak for å styrkje reindrifta si evne til sjølvstyre og internkontroll.
Landbruks- og matdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med opp til 0,5 mill. kroner ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. framlegg til vedtak III.
Inntekts- og velferdspolitiske tiltak
Innspel til forenkling og forbetringar av verkemidla i jordbruksavtalen er viktig òg i 2018.
I 2018 tek Landbruksdirektoratet sikte på å starte arbeidet med utvikling av nytt søknads- og sakshandsamingssystem for nettbasert forvaltning av kvoteordninga for mjølk med mål om å få eit sikrare, meir effektivt og brukarvenleg system.
I 2018 vil Landbruksdirektoratet leggje vekt på å kvalitetssikre implementeringa av den nye nettbaserte forvaltninga av produksjonstilskotta og tilskott til avløysing ved ferie og fritid.
Landbruksdirektoratet vil òg i 2018 leggje stor vekt på arbeidet med ein målretta og effektiv kontroll med tilskottsforvaltninga i landbruket og reindrifta.
Marknadstiltak, handel og industri
Landbruksdirektoratet vil i 2018 arbeide for å sikre ei god forvaltning av dei ulike marknadsordningane for jordbruksråvarer. Direktoratet vil som sekretariat for Omsetnadsrådet følgje opp Meld. St. 11 (2016–2017) når det gjeld gjennomgangen av regelverket for Omsetnadsrådet.
Landbruksdirektoratet vil vidareføre arbeidet med faglege analysar og grunnlagsmateriale til bruk i internasjonale forhandlingar (WTO, EU, EFTA). Marknadsovervaking med rapportering og analyse av nasjonale og internasjonale marknader for jordbruksråvarer er viktig.
Landbruksdirektoratet vil halde fram med å følgje nøye med på konkurransesituasjonen til den mest konkurranseutsette industrien som foredlar jordbruksråvarer (RÅK-industrien).
Landbruksdirektoratet vil forvalte importvernet for landbruksvarer i tråd med unilaterale, bilaterale og multilaterale forpliktingar, der avsetnad for norske landbruksvarer er eit viktig mål.
Administrasjon
Landbruksdirektoratet skal vidareutvikle styringssystema i verksemda og halde fram arbeidet med å effektivisere verksemda og tenestene.
Landbruksdirektoratet vil i 2018 halde fram med å vidareutvikle datasystema slik at desse blir meir brukarvennlege og bidreg til effektivisering og god informasjonstryggleik. Landbruksdirektoratet har som mål å levere alle tenestene sine digitalt der det er formålstenleg, og avvikle manuelle tenester som ikkje krev nærleik til brukaren. I 2018 vil arbeidet med å utvikle nytt forvaltningssystem for ordningar under LUF m.m. vidareførast.
Arbeidet med tryggleik og beredskap vil vere eit viktig område òg i 2018.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje utgiftene til oppfølging av Noreg sitt ansvar ved gjennomføring av ny reingjerdekonvensjon med Finland, og for konvensjonsgjerda mot Sverige, Finland og Russland.
Posten skal òg dekkje utgiftene til oppfølging av reinbeiteavtalar i Rørosregionen, til vedlikehald av konfliktførebyggjande gjerde i Hammerfest og til vedlikehald av gjerdene i Hemsedal og Lærdal.
I tillegg skal posten dekkje eventuelle erstatningskrav frå finske styresmakter i samsvar med den gjeldande reingjerdekonvensjonen mellom Noreg og Finland og etablering av eit samla informasjonssystem for areal- og ressursovervaking for reindrifta.
Rapportering 2016
Det er gjennomført vedlikehald av konvensjonsgjerda mot Sverige, Finland og Russland, oppfølging av reinbeiteavtalar i Rørosregionen og reindrifta sine arealbrukskart i Troms er oppdaterte og digitaliserte. Posten har òg blitt nytta til å dekkje erstatningskrav frå finske styresmakter i samsvar med reingjerdekonvensjonen mellom Noreg og Finland.
Budsjettframlegg 2018
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1,312 mill. kroner.
Ny reingjerdekonvensjon mellom Noreg og Finland blei sett i verk frå 1.1.2017. Ny konvensjon inneber mellom anna at det vil vere eit norsk ansvar å føre opp gjerde på strekninga Karigasniemi-Levajok. Kostnaden for dette er berekna til 17,6 mill. kroner over fire år. For 2018 er posten planlagt brukt til å dekkje den første delen av desse kostnadene i tillegg til dei ordinære oppgåvene.
Post 50 Arealressurskart
Formål med løyvinga
Over posten blir det gitt støtte til vedlikehald av arealressurskart (AR5) som gir næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet.
Rapportering 2016
Løyvinga er brukt til arbeidet med oppdatering og vedlikehald av arealressurskarta (AR5) hos NIBIO. Karta blir viste mellom anna i løysinga Gardskart på nett, og er viktige òg i samband med kontroll av tilskottsordningar.
Budsjettframlegg 2018
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,658 mill. kroner i 2018.
Post 60 Tilskott til veterinærdekning
Formål med løyvinga
Formålet med tilskottet er å bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Tilskottet blir gitt til kommunane, som etter dyrehelsepersonellova skal sørgje for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell (veterinærar).
Rapportering 2016
Hovuddelen av midlane har blitt nytta til vaktgodtgjering for veterinærar som deltek i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Midlane har blitt fordelte mellom kommunane ut i frå vaktinndeling. Ein mindre del av løyvinga har vore nytta til stimuleringstiltak for å sikre generell tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. Eit mindre beløp har tilsvarande vore nytta på Svalbard.
Budsjettframlegg 2018
Departementet gjer framlegg om 146,373 mill. kroner i tilskott til veterinærdekning i kommunane.
Hovuddelen av den føreslåtte løyvinga på posten, om lag 126,2 mill. kroner, er tilskott til klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Landbruksdirektoratet fastset vaktinndeling og fordeler midlane til kommunane.
Framlegget til løyving omfattar òg om lag 14,5 mill. kroner som kommunane kan nytte til stimuleringstiltak for å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. Landbruksdirektoratet avgjer kva for fylke som har næringssvake område og fordeler midlane mellom fylka. Kommunane søkjer Fylkesmannen om tilskott. Midlane vil bli prioriterte til kommunar som har problem med å få stabil tilgang til veterinærtenester, og som legg planar for gode, lokale løysingar. Departementet legg til grunn at om lag ein firedel av kommunane i landet vil fylle kriteria for å kunne søkje midlar frå denne delen av løyvinga. Eit mindre beløp kan tilsvarande nyttast på Svalbard.
I framlegget er det òg sett av om lag 5,453 mill. kroner til administrative kostnader for kommunane. Landbruksdirektoratet fordeler midlane til kommunane.
Post 70 Tilskott til fjellstover
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng for mellom anna reingjetarar. Departementet har i dag tre statseigde fjellstover – Joatka fjellstove, Mollisjok fjellstove og Ravnastua fjellstove. Fjellstovene blir drivne på kontrakt med Landbruksdirektoratet. Fjellstovene har plikt til å halde ope heile året.
Rapportering 2016
Det er gitt tilskott til alle fjellstovene.
Budsjettframlegg 2018
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 819 000 kroner.
Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å finansiere ulike tilpassingar og tiltak for å leggje til rette for ei berekraftig reindrift i Indre Finnmark.
Auka kunnskap om produksjon og tap vil vere viktig, både for å dempe konfliktar og for ei berekraftig forvaltning av reindriftsnæringa. Utgifter til auka kunnskap om produksjon og tap i reindrifta, blir dekte over denne posten.
Utover dette har formålet med løyvinga vore å dekkje ei rekkje tiltak for å følgje opp reindriftslova av 2007, overvakingsprogrammet for Finnmarksvidda og enkelte utviklings- og utgreiingskostnader.
Rapportering 2016
Det er i 2016 gjennomført reinteljing og oppfølging av reintal og bruksreglar i Finnmark, vidareutvikling av fagsystem, digitalisering av arealbrukskart i Finnmark og ei fagsamling for fylkesmennene.
Budsjettframlegg 2018
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,460 mill. kroner til omstillingstiltak i Indre Finnmark.
Utfordringa med å følgje opp godkjente bruksreglar er størst i dei distrikta i Finnmark der talet på rein ikkje er i samsvar med beiteressursane, og der talet på utøvarar er for høgt til at målet om økonomisk berekraft blir nådd. Det krev ekstra innsats å følgje opp desse distrikta. Utover bruk av reglane etter reindriftslova, inneber oppfølginga mellom anna at ein skal leggje til rette for fellestiltak for betre infrastruktur og at ein framleis stimulerer aktivt til auka slakting og omsetnad av reinkjøtt. Kva for tiltak som blir sette i verk og finansierte over posten, vil vere avhengig av mellom anna situasjonen i det enkelte distriktet og den til ei kvar tid gjeldande marknadssituasjon. Oppfølging av godkjente bruksreglar er ei prioritert oppgåve både for direktoratet og Fylkesmannen i 2018.
Utgifter til teljing av rein, nettverks- og kompetansetiltak, og enkelte utviklings- og utgreiingskostnader blir òg dekte over posten. I tillegg vil ein i 2018 gjennomføre ei ny kartlegging av beita gjennom Overvakingsprogrammet for Indre Finnmark. Siste kartlegging blei gjennomført i 2013.
Post 72 Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen, jf. føresetnadene i overskjønnet heimla av Frostating lagmannsrett 2.9.1999 og beiteleige i samsvar med inngåtte reinbeiteavtalar.
Rapportering 2016
Det blei i 2016 utbetalt fastsette årlege erstatningar til 45 personar.
Over posten er det dekt utgifter til beiteleige til Trollheimen/Igelfjellet Reinbeiteforening for driftsåra 2013/2014, 2014/2015 og 2015/2016.
Budsjettframlegg 2018
Departementet gjer framlegg om ei overslagsløyving på 452 000 kroner.
Post 73 Tilskott til erstatningar mv. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon, overslagsløyving
Formål med løyvinga
Formålet med tilskottet er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagte tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002–2003) Om lov om matproduksjon og mattryggleik mv. (matlova). Tilskottet skal òg dekkje tap i samband med tiltak som blir sette i verk som følgje av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA) i svinehaldet, tiltak for å redusere innhaldet av radioaktivitet i storfe og småfe og visse andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31.
Rapportering 2016
Saltslikkestein m/berlinerblått
Landbruksdirektoratet sørgjer for tilstrekkeleg lagerhald av produkt med berlinerblått, som førebyggjande tiltak ved radioaktivitet i beiteområde.
Skadegjerarar i planteproduksjon
Skadegjerarar i veksthusproduksjonen er årsaka til ein stor del av utbetalingane i planteproduksjonen i 2016. Eit føretak i Rogaland fekk smitte i tomatproduksjonen og fekk ei erstatning på 8,62 mill. kroner.
Pålagt slakting
MRSA hos svin er årsaka til ein stor del av utbetalingane i husdyrproduksjonen i 2016, om lag 53 mill. kroner. Dei største utbetalingane var i Rogaland og Nord-Trøndelag. Utbetalingane gjeld 5 forskjellige former for sjukdom og smitte utbetalt i 11 fylke.
MRSA-kompensasjon
MRSA-kompensasjon kjem i tillegg til ordinær erstatning ved pålagt nedslakting. I alt ni føretak i Troms, Nord-Trøndelag, Rogaland og Hedmark fekk kompensasjon i 2016.
Radioaktivitet
Det var eit moderat opptak av radioaktivitet hos dyr på utmarksbeite i 2016, sjølv om det var rikeleg med sopp. Utbetalinga i 2016 er i hovudsak knytt til kontrollmåling av radioaktivitet og nedfôring etter beite på utmark.
Budsjettframlegg 2018
Bygd på erfaringane frå dei seinaste åra, med store erstatningssaker særleg knytt til MRSA og sjukdomspåvisingar i veksthus, gjer departementet framlegg om ei overslagsløyving på 55,610 mill. kroner.
Forureininga etter atomulukka i Tsjernobyl skapar framleis problem for beitebruket i enkelte stader i Midt-Noreg. For å motverke dette blir stoffet Giesesalt som reduserer opptaket av radioaktivt cesium i dyr på beite, nytta. Mangel på Giesesalt i fôr kan føre til at slaktet ikkje kan nyttast som mat. Stoffet blir kjøpt inn av norske styresmakter ved Landbruksdirektoratet.
På denne bakgrunnen blir det gjort framlegg om at Landbruks- og matdepartementet får fullmakt til å inngå avtale om kjøp av Giesesalt for ein periode på opp til 6 år, jf. forslag til vedtak VI. Utgiftene til innkjøp av Giesesalt er anslått til om lag 4 mill. kroner anna kvart år.
Post 74 Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagt beitenekt
Formål med løyvinga
Løyvinga på posten blir nytta til å gi dyreeigarar økonomisk kompensasjon når Mattilsynet som følgje av fare for rovviltangrep, har gjort vedtak om beiterestriksjonar for storfe og småfe med heimel i dyrevelferdslova.
Rapportering 2016
Ti føretak i Hedmark blei pålagte restriksjonar i bruk av beite og har motteke kompensasjon. Eitt føretak i Nord-Trøndelag blei pålagt restriksjonar i 2015, men fekk utbetalt kompensasjonen i 2016.
Budsjettframlegg 2018
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 mill. kroner.
Post 75 Tilskott til klimarådgiving på gardar
Formål med løyvinga
Posten blei oppretta i 2017 som ein del av budsjettforliket. Tilskottsordninga omfattar både etablering av metodar for datafangst og eit system for klimarådgiving på gardar i regi av Noregs Bondelag.
Budsjettframlegg 2018
Departementet gjer ikkje framlegg om løyving på posten i 2018. Prosjektet blei starta opp i 2017, og det er venta at midlane avsett for 2017 òg vil dekkje kostnader knytte til prosjektet for 2018. Ubrukte midlar på posten i 2017 kan overførast til 2018.
Post 80 Radioaktivitetstiltak
Formål med løyvinga
Staten sitt ansvar for å dekkje kostnader som følgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulykka har som prinsipielt utgangspunkt det vedtaket som regjeringa fatta om økonomisk skadesløyse 31.7.1986. Regelverket for radioaktivitetstiltak i reindrifta blir fastsett etter dei same prosedyrane som forskriftene etter reindriftsavtalen.
Rapportering 2016
Behova for tiltak avheng av radioaktiviteten. I 2016 har aktiviteten vore under terskelverdiane for iverksetjing av tiltak, slik at det berre er utbetalt administrasjonskostnader.
Budsjettframlegg 2018
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 500 000 kroner.
Kap. 4142 Landbruksdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
01 | Driftsinntekter, refusjonar m.m. | 47 082 | 41 374 | 42 279 |
Sum kap. 4142 | 47 082 | 41 374 | 42 279 |
Post 01 Driftsinntekter, refusjonar m.m.
Posten gjeld driftsinntekter som Landbruksdirektoratet har knytt til mellom anna sekretariatet for Omsetnadsrådet, Styret for fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Utviklingsfondet for skogbruket, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk. Inntekter frå gebyr blir òg førte på posten.
Kap. 1144 Regionale og lokale tiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
77 | Regionale og lokale tiltak i landbruket, kan overførast | 6 639 | ||
Sum kap. 1144 | 6 639 |
Post 77 Regionale og lokale tiltak i landbruket
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga var å:
styrkje Fylkesmannen si rolle som kompetansesenter for kommunane
bidra til desentralisering av ansvar og myndigheit til kommunane på landbruksområdet
Posten blei avvikla frå 2017. Delar av formålet er vidareført over kap. 1100, post 21.
Rapportering 2016
I 2016 blei det nytta 6,6 mill. kroner over kap. 1144 post 77. Midlane er nytta for å styrkje dialogen mellom fylkesmannen og den politiske og administrative leiinga i kommunane med omsyn til kommunane si rolle og ansvar innan landbrukspolitikken. I samband med dette er det òg sett i verk kompetansehevande tiltak for landbruksforvaltninga i kommunane.
Kommunane rapporterer på forvaltning av landbruksareal etter jordlova, plan- og bygningslova, konsesjonslova og odelslova gjennom rapporteringssystemet KOSTRA. Det er i 2016 løyvd midlar til oppfølging og vidareutvikling av dette rapporteringssystemet.
Det er òg løyvd midlar for å styrkje tilbodet om kompetanse for lokal og regional forvaltning innan samfunnsplanlegging via Sekretariat for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (Samplan/SEVS).
Fylkesmannen i Finnmark blei tildelt særskilde midlar for å koordinere prosjektsamarbeidet mellom Noreg og Russland på landbruks- og matområdet. Fylkesmannen i Sør-Trøndelag har fått stønad til eit pilotprosjekt for å styrkje plan-, miljø- og landbrukskompetansen i kommunane i fylket.
Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) er ein stiftelse med hovudmål å fremje utvikling av økologisk landbruk. NORSØK har teke initiativ til etablering av Tingvoll Økopark. Stortinget løyvde i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2013 6 mill. kroner i tilskott for å dekkje delar av etableringskostnadane. I 2016 blei resten av beløpet på 2,3 mill. kroner utbetalt.
Kap. 1148 Naturskade – erstatningar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
22 | Naturskade, administrasjon, kan overførast | 6 667 | ||
71 | Naturskade, erstatningar, overslagsløyving | 129 155 | 169 000 | 156 000 |
Sum kap. 1148 | 135 822 | 169 000 | 156 000 |
Post 22 Naturskade, administrasjon
Formål med løyvinga
Stortinget vedtok våren 2014 ny lov om erstatning for naturskadar (naturskadeerstatningslova). Lova erstatta gjeldande naturskadelov med unntak av reglane om sikring mot naturskadar, og tok til å gjelde 1.1.2017. Landbruksdirektoratet har det administrative ansvaret for statens naturskadeordning, òg etter den nye lova. Handsaminga av skadesakene skjer etter ein rein forvaltningsmodell. Løyvinga under posten har blitt nytta til utvikling av nytt elektronisk søknads- og sakshandsamingssystem for ordninga. Departementet gjer ikkje framlegg om vidare løyving under posten.
Rapportering 2016
Løyvinga i 2016 er nytta til å utvikle nytt søknads- og sakshandsamingsverktøy mv. som nødvendige tiltak for å implementere den nye lova. Utvikling av nye verktøy, arbeidsmåtar og tiltak blei sett i gang i 2015, og vidareført i 2016.
Post 71 Naturskade, erstatningar
Formål med løyvinga
Statens naturskadeordning gir erstatning for dei naturskadane det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning, og løyvinga skal nyttast til å dekkje desse utgiftene. Etter naturskadeerstatningslova blir søknadene om erstatning for naturskadar handsama etter ein rein forvaltningsmodell der Landbruksdirektoratet avgjer sakene (førsteinstans), mens klagene blir avgjorde av Klagenemnda for naturskadesaker (klageinstans). Direktoratet skal sørgje for at krav om erstatning for naturskadar blir handsama raskt og forsvarleg. Direktoratet skal dessutan raskt kunne setje inn ein målretta og utvida innsats når naturkatastrofar inntreff.
Rapportering 2016
Det blei i 2016 handsama 1 151 saker etter naturskadelova. Dette er mindre enn i eit gjennomsnittleg år. Ein stor del av skadane er etter naturskadehendingar som følgje av ekstremvêra Petra og Synne i 2015, som kom til handsaming først i 2016. Det blei i 2016 i alt gitt tilsegn om erstatning for om lag 109,6 mill. kroner. Tilsegn om naturskadeerstatning blir gitt med ein utbetringsfrist på tre år. Dette inneber at utbetalingar i 2016 gjeld erstatningssaker for 2016 og tidlegare år.
Ansvar (gitte, ikkje innfridde tilsegn om erstatning) var 31.12.2016 på om lag 98,0 mill. kroner. Ansvaret er høgare enn tilsegnsfullmakta på 83,1 mill. kroner. Dette kjem av at ansvaret er oppjustert som følgje av at Landbruksdirektoratet i samband med innføring av det nye IKT-systemet manuelt har gått gjennom alle saker som ikkje er avslutta.
Omfanget av naturulykkehendingar varierer mellom år. Det er knytt vesentleg uvisse til budsjetteringa for ordninga. Ordninga utløyser rett til erstatning ved naturulykker etter reglane i lova. Omfanget av naturulykkehendingar det enkelte året er umogleg å føresjå. Ved budsjetteringa blir normalt eit gjennomsnittleg år for naturskadar lagt til grunn.
Budsjettframlegg 2018
Klimaframskrivingar viser at vi i Noreg må rekne med meir ekstremvêr. Med ei slik utvikling kan det bli fleire og meir omfattande naturskadar i åra framover. Dei som blir råka av naturskade har på visse vilkår rett til erstatning over statens naturskadeordning etter naturskadeerstatningslova.
Erstatninga blir utbetalt etter at skaden er utbetra. Fristen for utbetring er tre år, og dette verkar inn på den årlege utbetalinga. Landbruksdirektoratet skal gi ei rask og forsvarleg handsaming av krav om erstatning som er heimla i naturskadeerstatningslova. Landbruks- og matdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av mellom anna styringsdialog, rapportar og informasjon om økonomi.
Løyvinga skal dekkje innfriing av både nye tilsegner og uteståande tilsegner frå tidlegare år. Vidare skal løyvinga dekkje kostnader ved taksering av skadar, informasjonstiltak og andre tiltak som bidreg til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulykker eller aukar verknaden av dei ressursane som blir nytta på naturskadeområdet. Løyvinga skal òg dekkje nødvendige utgifter til ekstrahjelp, og vedlikehald og utvikling av IKT-systemet for ordninga.
Ut frå dette gjer departementet framlegg om ei løyving på 156,0 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 59,4 mill. kroner for 2018, jf. Tabell 2.5 og framlegg til vedtak IV.
Tabell 2.5 Tilsegnsfullmakt naturskadeerstatningar i 2018.
(i mill. kr) | ||
---|---|---|
Ansvar 1.1.2017 | 98,0 | |
+ | Venta tilsegn i 2017 | 120,0 |
= | Sum | 218,0 |
- | Venta erstatningsutbetalingar i 2017 | 158,7 |
= | Venta ansvar 31.12.2017 | 59,3 |
+ | Takseringskostnader, IKT-vedlikehald o.a. | 6,0 |
+ | Venta nye tilsegn i 2018 | 150,0 |
= | Sum | 215,4 |
Framlegg til løyving i 2018 | 156,0 | |
Tilsegnsfullmakt i 2018 | 59,4 |
Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
51 | Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket | 3 670 | 3 500 | 3 530 |
71 | Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket, kan overførast | 57 427 | 107 070 | 92 300 |
72 | Tilskott til trebaserte innovasjonsprogram, kan overførast | 24 885 | ||
73 | Tilskott til skog-, klima- og energitiltak, kan overførast | 39 905 | 48 247 | 48 899 |
74 | Tiltak for industriell bruk av biomasse, kan overførast | 5 405 | ||
Sum kap. 1149 | 131 292 | 158 817 | 144 729 |
Post 51 Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket
Formål med løyvinga
Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kgl. res. datert 25.2.1977, med endringar sist av 4.12.2014. Fondet har i oppgåve å støtte opp om forsking, utvikling, informasjon og opplæring innanfor skogbruket. I styret for fondet er offentleg forvaltning og private organisasjonar innanfor skogsektoren representerte. Landbruksdirektoratet er sekretær for fondet.
Rapportering 2016
I 2016 blei det løyvd 3,670 mill. kroner til fondet. I alt fekk ti prosjekt og eitt reisestipend tilskott.
Budsjettframlegg 2018
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,530 mill. kroner for 2018. Midlane frå fondet vil i første rekkje bli retta mot brukarretta FoU-verksemd med klare problemstillingar og mål. Fondet skal bidra til prosjekt som utviklar og styrkjer skogbruket som ei rasjonell, økonomisk og berekraftig næring.
Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket
Formål med løyvinga
Skogen gir viktige bidrag til sysselsetjing og verdiskaping i heile landet. Skogen og eit aktivt skogbruk gir òg viktige klimavinstar. For å auke desse bidraga, vil regjeringa leggje til rette for at ein større del av det produktive skogarealet som kan drivast lønsamt, blir teke aktivt i bruk, mellom anna ved auka hogst, hausting av biobrensle og oppbygging av ny skog. Ein formålstenleg infrastruktur, med betre samanhengande standard frå skog til industri og vidare til marknadene, er eit satsingsområde for regjeringa. Som det går fram av Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring, er ein god infrastruktur avgjerande for konkurransekrafta til skogsektoren og for sektoren sitt positive bidrag til verdiskaping for distrikta og landet. Løyvinga skal bidra til modernisering og vidareutvikling av infrastruktur for transport og til andre verdiskapingstiltak i skogbruket.
Rapportering 2016
Det blei løyvd i alt 66 mill. kroner til infrastrukturtiltak i skogbruket over posten i 2016. Av dette, blei 46 mill. kroner løyvd til tømmerkaiar langs kysten. Desse midla blei løyvd til kaiprosjekta Mandal Hamn KF i Vest-Agder og i Ørsta i Møre og Romsdal. Det blei òg gitt tilleggsløyving til kaiprosjekta Herre i Telemark og Søndenåneset i Rogaland.
Det blei løyvd 20 mill. kroner til vidareutvikling av skogsvegnettet. Desse midlane må sjåast i samanheng med løyvingane til same formålet over kapittel 1150, post 50. Det blei bygd over 120 km med nye skogsbilvegar og ombygd meir enn 420 km med eldre skogsbilvegar i 2016.
Budsjettframlegg 2018
Departementet vil vidareføre satsinga på infrastrukturtiltak i skogbruket i 2018. Tilskott frå posten vil bli gitt til verdiskapingstiltak med vekt på tiltak som bidreg til å redusere transportkostnadene. Som for 2017, vil departementet bruke ein kombinasjon av løyving og tilsegnsfullmakt som verkemiddel for ei effektiv planlegging og gjennomføring av større infrastrukturtiltak, der investeringane skjer over fleire år.
Behova for investeringar i infrastruktur er store over heile landet, men utfordringane er ulike i kyst- og innlandsfylka. Mykje av den skogen som i dag er, eller som snart er hogstmoden, står langt frå veg eller i bratt og vanskeleg tilgjengeleg terreng. Dette gjeld særleg i mange av kystfylka. Ein stor del av skogsvegnettet i innlandsfylka er gamalt og treng opprusting for å tene dei transportbehova og dei krava som moderne transportutstyr stiller. Kommunale hovudplanar for skogsvegar er eit godt verktøy for å vidareutvikle skogsvegnettet.
Tilskott til investeringar i nybygging og ombygging av skogsvegnettet er målretta og prioriterte tiltak for auka hogst og meir kostnadseffektiv tømmertransport. Gjennom tiltak som minskar faren for erosjon og lausmasseskred ved kraftig nedbør, vil desse investeringane òg bidra til betre klimatilpassing av vegnettet i skogbruket.
Tilgang til kai og sjøtransport opnar for kostnadseffektive leveransar av trevirke og produktflyt til foredlingsindustrien i Noreg og til marknader nasjonalt og internasjonalt. Tømmerkaiar har blitt stadig viktigare som følgje av endringar i avsetjinga av virke og marknadene for tømmer og treprodukt dei siste åra, òg i etablerte skogområde på Sør- og Austlandet.
Midlar over denne posten skal bidra til bygging og ombygging av kaiar og kaiterminalar for rasjonell transport og logistikk av tømmer. Gode planprosessar og overføring av kunnskap og erfaringar frå prosjekt til prosjekt er viktig i dette arbeidet.
Det er Landbruksdirektoratet som forvaltar midlane til kaiprosjekt for departementet, og som, etter ein søknadsprosess, gir tilsegn.
Infrastrukturtiltaka bidreg til positive sysselsetjings- og verdiskapingseffektar og til å styrkje konkurransekrafta i skognæringa. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 92 mill. kroner for 2018. Sidan tilskotta ikkje alltid kjem til utbetaling same året som dei blir gitt i tilsegn, gjer departementet òg framlegg om ei tilsegnsfullmakt for 2018 på 95 mill. kroner, jf. framlegg til vedtak IV.
Tabell 2.6 Tilsegnsfullmakt infrastrukturtiltak i skogbruket i 2018.
(i mill. kroner) | ||
---|---|---|
Ansvar per 1.1.2017 | 80,7 | |
+ | Venta tilsegn i 2017 | 104,7 |
= | Sum | 185,4 |
- | Venta utbetalinger 2017 | 78,9 |
= | Venta ansvar per 31.12.2017 | 106,5 |
+ | Venta nye tilsegn 2018 | 80,8 |
Sum | 187,3 | |
Framlegg til løyving i 2018 | 92,3 | |
Tilsegnsfullmakt i 2018 | 95 |
Post 72 Tilskott til Trebasert innovasjonsprogram
Formål med løyvinga
Auka bruk av tre er eit viktig tiltak både i nærings- og klimasamanheng. Tre utgjer ein liten del av materialbruken innanfor bygg- og anleggsbransjen. Særleg liten er bruken av tre i byar og tettstadar der mesteparten av byggjeaktiviteten skjer. Utvikling av konkurransedyktige industrielle løysingar på dette området kan gi auka verdiskaping og energi- og klimavinstar.
Frå 2017 er formålet til Trebasert innovasjonsprogram vidareført i ei større bioøkonomiordning under Nærings- og fiskeridepartementet, jf. deira Prop. 1 S. (2017–2018). Departementet gjer difor ikkje framlegg om ei eiga løyving til auka bruk av tre i 2018.
Rapportering 2016
Det blei løyvd i alt 24,3 mill. kroner til tiltak for auka bruk av tre over posten i 2016. Ekstra innsats blei retta mot vekst i bedrifter og forprosjekt knytt til etablering av innovasjonsmiljø. Det blei løyvd 14,1 mill. kroner til 33 bedriftsretta prosjekt. Dette utgjer om lag 73 pst. av samla ramme. I alt 2,7 mill. kroner blei løyvd til ti bransjeprosjekt og 7,5 mill. kroner til mobilisering og administrasjon. Årsrapporten til Innovasjon Noreg for 2016 gir ein detaljert oversikt over prosjekta i Trebasert innovasjonsprogram.
Dei fleste prosjekta har retta seg mot produkt-/konseptutvikling i den enkelte bedrifta og utvikling i retning av høgare grad av industrialisering. Det har òg blitt mobilisert til meir samarbeid, og det er sett i gang forarbeid til bedriftsnettverk. Det har vore meir merksemd mot internasjonalisering og eksportretta prosjekt i 2016 enn tidligare.
Trebasert innovasjonsprogram har i følgje ei etterundersøking frå Statistisk sentralbyrå (SSB) for 2015 ført til auka verdiskaping, ein vekst i talet på tilsette og auka omsetnad i verksemdene.
Post 73 Tilskott til skog-, klima- og energitiltak
Formål med løyvinga
Skogen spelar ei viktig rolle for klimaet. Regjeringa vil leggje til rette for tiltak som kan vareta eller styrkje karbonlageret i skogen, og samstundes leggje til rette for auka bruk av fornybart skogråstoff som kan erstatte fossile utslepp i andre sektorar.
Posten omfattar bidrag til Stiftinga Det norske Skogfrøverk som har til oppgåve å sikre forsyninga av skogfrø i Noreg. Departementet har bidrege til dette gjennom ein avtale med Skogfrøverket om forvaltningsoppgåver frå 1995. Oppgåvene omfattar kontroll etter forskrift om skogfrø og skogplanter, produksjons- og utviklingsoppgåver og informasjons- og opplæringstiltak knytte til anlegg for frøproduksjon.
Rapportering 2016
Det blei løyvd 39,9 mill. kroner til tilskott til skog-, klima- og energitiltak i 2016. Av dette blei det avsett 27 mill. kroner til klimatiltaka tettare planting etter hogst og til gjødsling av skog. I 2016 blei det gitt tilskott til tettare planting på 97 000 dekar, som svarar til om lag halvparten av det samla tilplanta arealet. Det blei gjødsla om lag 82 000 dekar. Aktiviteten under begge desse to ordningane blei høgare enn venta, med bakgrunn i at dette var første året dei var i drift.
Det blei òg løyvd 8,764 mill. kroner til Det norske Skogfrøverk til forvaltningsoppgåver. Oppgåvene omfattar kontroll etter forskrift om skogfrø og skogplanter, produksjons- og utviklingsoppgåver og informasjons- og opplæringstiltak knytte til anlegg for frøproduksjon. Det blei òg gitt ei ekstra løyving på 6 mill. kroner til Det norske Skogfrøverk for å styrkje skogplanteforedlinga som eit klimatiltak i skogbruket.
Budsjettframlegg 2018
Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 48,899 mill. kroner i 2018 til klimatiltak i skog som oppfølging av klimaforliket og Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid. I meldinga går det fram at regjeringa vil føre vidare og vurdere ei styrking av satsingane på tettare planting ved forynging av skog, gjødsling av skog og skogplanteforedling.
Landbruksdirektoratet forvaltar ordningane med tilskott til tettare planting og gjødsling. Departementet vil vidareføre løyvinga til desse klimatiltaka med 33 mill. kroner for 2018, på det same nivået som i 2017.
Skogplanteforedling er ein viktig del av forvaltningsoppgåvene som no krev fornying av frøplantasjar med det beste materialet frå plantasjar etablert frå 1960- og 70-talet. Fornying av skogfrøplantasjar dei neste 10 åra er avgjerande både for ei satsing på skogplanteforedling som klimatiltak, og for å halde oppe produksjonen av foredla frø som i dag. Det er òg ønskjeleg at større delar av landet får tilgang til foredla frø gjennom etablering av nye frøplantasjar. Departementet gjer framlegg om å vidareføre løyvinga til langsiktig skogplanteforedling og utvikling av Skogfrøverket på om lag det same nivået i 2018 som i 2017.
Klimatiltaka i skog vil bidra til å styrkje ressursgrunnlaget – og dermed grunnlaget for verdiskaping i skog- og trenæringa i eit langsiktig perspektiv.
Post 74 Tilskott til industriell bruk av biomasse
Formål med løyvinga
Løyvinga har hatt til formål å stimulere til vidare utvikling av produksjonsprosessar og ny næringsverksemd med utgangspunkt i fornybar biomasse frå primærnæringane. Posten er avvikla, og løyvinga er flytta til kapittel 1137, med verknad frå og med 2017.
Rapportering 2016
Bioraffineringsprogrammet blei starta i 2013 som ein viktig del av Innovasjon Noregs bioøkonomisatsing, med eit hovudmål å bidra til at fleire norske verksemder tek marknadsposisjonar innanfor avansert foredling av fornybare bioråvarer. I 2016 blei det løyvd 2,74 mill. kroner til programmet over Landbruks- og matdepartementets budsjett. Midlane har mellom anna gått til mobilisering og bevisstgjering av næringslivet om nye moglegheiter knytt til biobasert foredling, ny teknologi og nye marknader. I 2016 blei det løyvd 2,47 mill. kroner til tre kundeprosjekt. To av kundeprosjekta er knytt til marknadsverifisering og pilotering av ny teknologi for utnytting av restråstoff frå kylling. Dette har i løpet av året gitt grunnlag for ei stor investeringsavgjerd om nytt foredlingsanlegg ved Norilias anlegg på Hærland og eit strategisk samarbeid mellom Norilia og Felleskjøpet. Kunnskapen i dette prosjektet er henta frå marin sektor og prosjektet er eit svært godt døme på tverrsektorielt samspel. Det tredje kundeprosjektet finansiert av midlar frå Landbruks- og matdepartementet dreier seg om verifisering av ein ny konserveringsmetode for mat, som kan bidra til å auke ernæringsmessig verdi og haldbarheit (Orkla). Samla tilskott frå Bioraffineringsprogrammet til bedriftsleia forsking og utvikling var 35,3 mill. kroner over budsjetta til Landbruks- og matdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Frå 2017 blei bioraffineringsprogrammet innlemma i Bioøkonomiordninga i Innovasjon Noreg.
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 17 538 | 21 500 | 17 500 |
50 | Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF) | 1 224 703 | 1 148 053 | 1 123 553 |
70 | Marknadsregulering, kan overførast | 306 262 | 315 100 | 317 809 |
71 | Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving | 29 668 | 43 000 | 43 000 |
73 | Pristilskott, overslagsløyving | 3 129 517 | 3 298 535 | 3 483 204 |
74 | Direkte tilskott, kan overførast | 8 129 499 | 7 965 410 | 8 361 247 |
77 | Utviklingstiltak, kan overførast | 241 743 | 246 380 | 256 880 |
78 | Velferdsordningar, kan overførast | 1 512 521 | 1 541 954 | 1 504 800 |
Sum kap. 1150 | 14 591 451 | 14 579 932 | 15 107 993 |
Formål med løyvinga
Kap. 1150 og kap. 4150 om jordbruksavtalen er basert på at jordbruket har forhandlingsrett med staten om prisar, tilskott og andre reglar for produksjon og omsetnad innanfor jordbruket. Ordningane under jordbruksavtalen er nokre av dei viktigaste verkemidla for å følgje opp måla og retningslinene i landbrukspolitikken.
For mange av postane er det underpostar der løyvinga er styrt av satsar per eining og omsøkt volum. Volumet på dei enkelte underpostane vil variere frå år til år. Difor ser departementet det som formålstenleg at eit auka behov for midlar på ein underpost kan dekkjast inn med unytta midlar på ein annan underpost under løyvinga på same posten.
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. skal bidra til at måla for landbruks- og matpolitikken blir nådde. For meir om måla i jordbrukspolitikken for kommande budsjettperiode, sjå omtalen i innleiinga i denne proposisjonen.
Fleire faktorar bidreg til at jordbruket i Noreg har eit høgt kostnadsnivå, som til dømes klima, topografi, at produksjonen etter internasjonale mål skjer i ein småskalastruktur og norsk pris- og kostnadsnivå generelt. Difor er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å bidra til lønsam produksjon over heile landet, og for å stimulere til god agronomi og berekraftig produksjon. Mange av tilskottsordningane verkar mot fleire av måla samstundes. Det gjeld mellom anna tilskott som skal gi det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil òg kunne påverke andre mål. Dette gjer at resultatmåling som følgje av eit konkret tiltak eller tilskott ikkje gir fullgod informasjon.
Tilpassing til økonomiregelverket i staten
Av både budsjettekniske omsyn og av omsyn til verkemåten til dei ulike økonomiske verkemidla, kan ein ikkje vurdere hovudmåla post for post på budsjettkapitlet. Difor er det heller ikkje mogleg å ha ei isolert eiga resultatrapportering på kvar enkelt ordning. Verkemidla under jordbruksavtalen skal samla sett gi rammevilkår som gir ei god måloppnåing både for næringa og samfunnet.
Det er behov for tilpassingar når det gjeld normal prosedyre for tilskottforvaltning. I omtalen under dette kapitlet gjer departementet årleg greie for hovudtrekka i tilpassingane for ulike ordningar og om bruken av ulike aktørar i forvaltninga av ordningane.
Marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott
Tilskott til produsert volum, til marknadsregulering og til frakt blir dekt over fleire ordningar under kap. 1150, postane 70 og 73, i nokon grad òg under post 77. Satsane er baserte på fastsette kriterium, som produktgruppe, levert volum, distrikt m.m. Grunnlaget for tilskotta som blir utbetalte til produsentane via eit omsetnadsledd, vil normalt vere det same som grunnlaget for oppgjeret mellom omsetnadsledd og produsent. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og verkemiddel som verkar samstundes mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med den årlege proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå heile forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar.
Tilskott som blir utbetalte via eit omsetnadsledd skil seg òg frå normalprosedyren ved at tilskottsmottakarane normalt ikkje søkjer om tilskottet. Storleiken på tilskotta er ei direkte følgje av levert vare til omsetnadsleddet. Omsetnadsledda gjer ikkje eigne vurderingar ved forvaltninga av tilskotta. Dei blir difor ikkje rekna som tilskottsforvaltarar, men som medhjelparar. Vidare blir det ikkje sendt eigne tilskottsbrev til produsentane. Tilskottsbeløpet går normalt fram av avrekninga for kvar leveranse. Det blir heller ikkje kravd rapport, og det blir ikkje utført kontroll hos tilskottsmottakarane (produsentane) fordi tilskottet blir gitt mot levert vare. Nødvendig kontroll blir sikra ved kontroll hos omsetnadsledda som leverer grunnlaget for utbetalingane, og som formidlar tilskottet til den enkelte produsenten. Samla sett bidreg dette til ei kostnadseffektiv forvaltning av ordningane.
Direkte tilskott og tilskott til velferdsordningar m.m.
Desse ordningane ligg under jordbruksavtalen kap. 1150, postane 74 og 78. Også underpost 77 har ein slike ordningar. Dei direkte tilskotta er baserte på objektive kriterium som talet på dyr, areal, produksjonstype, mengd og distrikt. Satsane står i forhold til løyvd beløp og prioriteringar mellom ulike produksjonstypar, produksjonsomfang og lokalisering av driftseiningane. Velferdsordningane består i hovudsak av refusjon av utgifter til avløysing for sjukdom og ferie/fritid. Ein står her overfor same problemstillinga når det gjeld målformulering og kriterium for måloppnåing som for tilskott til marknadsregulering, pris og frakt, sjå ovanfor. For ordningane med direkte tilskott og velferdsordningar, vil resultatrapporteringa òg i hovudsak skje samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Det er heller ikkje for denne gruppa av ordningar aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane. Det gjeld òg ordninga med tilskott til veterinære reiser der tilskott blir utbetalt etter søknad om refusjon av utgifter som allereie er oppsamla. Her kan det ikkje stillast vilkår til kva midlane skal nyttast til, eller krevjast rapportering om bruken av midlane.
Kollektive overføringar
På enkelte område er det administrativt meir effektivt å overføre tilskott samla frå departementet og/eller Landbruksdirektoratet og direkte til ein sams mottakar framfor først å utbetale tilskott til kvar produsent som igjen betaler inn til same sluttmottakar. Godtgjersla i sjukepengeordninga for bønder er finansiert gjennom ei kollektiv overføring frå jordbruksavtalen til folketrygdfondet. Ei anna kollektiv overføring er innbetaling av omsetnadsavgift for frukt og grønt på post 70. Oppfølginga av desse ordningane vil vere å føre over løyvde beløp til rett mottakar. I tillegg må ein regelmessig vurdere om ordningane verkar som føresett, og om overføringane gir eit rett uttrykk for reelle utgifter.
Tilskott til skogkultur og miljøtiltak
Tilskott til skogkultur og miljøtiltak, som blir løyvd med heimel i forskrift om nærings- og miljøtiltak i skogbruket, blir utbetalte som ein refusjon av dokumenterte utgifter basert på ein søknad sendt kommunen etter at tiltaket er gjennomført. Det blir ikkje søkt om tilsegn på førehand, og kommunens tilskottsbrev inneheld ikkje spesifikke vilkår om kva tilskottet skal nyttast til eller om rapporteringskrav.
Kommunane utarbeider retningsliner for prioritering av tilskotta. Årlege kunngjeringar har informasjon om kva for tiltak som er rettkomne for tilskott og om den maksimale delen av tiltaket som tilskottet dekkjer. Kontroll av tilskottet skjer ved søknadshandsaminga. Ved avgrensa løyvingssramme kan tilskottsdelen bli redusert. Den delen av tiltakskostnaden som ikkje blir dekt av tilskott kan dekkjast av skogfondsmidla til skogeigaren. Det dreier seg årleg om mange tusen tiltak, og tilskottsbeløpa er ofte relativt små. Rapporteringskravet blir dekt ved at spesifiseringa av tiltaket er registrert i Landbruksdirektoratets fagsystem for skogtiltak.
Forvaltning
Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Landbruksdirektoratet. Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane over kap. 1142, til fylkesmennene over Kommunal- og moderniseringsdepartementets kap. 525 og til kommunane gjennom rammetilskottet frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det er ei særskild løyving på kap. 1150, post 21 som skal dekkje kostnader i samband med utgreiingar i arbeidsgrupper, evalueringar og utvikling av nye IKT-/fagsystem i Landbruksdirektoratet. Det er ut frå erfaring uvisse knytt til kva for eit år desse kostnadane kjem til betaling. For å kunne ha den fleksibiliteten som trengst, kan det framleis vere aktuelt å trekkje nokre utviklings- og utgreiingskostnader på enkelte av tilskottsordningane.
På nokre område skjer forvaltninga av tilskott gjennom organ som ikkje er ein del av statsforvaltninga. Dette gjeld særleg Innovasjon Noreg. Kommunane er førstelinemyndigheit for dei fleste økonomiske verkemidla på landbruks- og matområdet, og omsetnadsledda har som nemnt ovanfor, ei medhjelparrolle i utbetalinga av tilskott til produsentane. I samband med ikkje-statleg tilskottsforvaltning har departementet klargjort ansvar og oppgåver for desse aktørane. På nokre område er det fastsett at eit styre, utval eller råd, skal tildele tilskottsmidlar, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat og har ansvar for alle dei andre forvaltningsoppgåvene. I desse samanhengane er det departementet si vurdering at tilskottsforvaltninga framleis skjer innanfor statsforvaltninga.
Departementet og forvaltninga arbeider kontinuerleg med å få eit så godt kontrollsystem som mogleg. Det er sett i gang prosessar for å styrkje fylkesmennene sin kontrollfunksjon på landbruksområdet, og det blir mellom anna stilt krav til fylkesmannsembeta om at det kvart år skal utarbeidast ein risikobasert kontrollplan og gjennomførast forvaltningskontroll av kommunar og føretakskontroll. Når det gjeld kompetanse i landbruksforvaltninga, har fylkesmannen og Landbruksdirektoratet ei kontinuerleg oppfølging gjennom rettleiing og rådgiving, kommunebesøk, særskilde kommunesamlingar og kompetansetiltak retta mot dei landbruksansvarlege i kommunane.
Samla sett har det målretta arbeidet med kontroll og oppfølginga av kontroll dei siste åra gitt gode resultat. Det er likevel framleis utfordringar knytte til kontroll og vidareutvikling av kontrollsystema i landbruket. Dette går særleg på å sikre at kommunane har tilstrekkeleg kompetanse og ressursar, og at fylkesmannen og kommunane får ei meir systematisk oppfølging av avvik. Departementet legg til grunn at det er eit kontinuerleg behov for forbetring av kontrollsystema.
Riksrevisjonen har i fleire samanhengar peika på veikskapar ved systemet for kontroll med utbetalingar av tilskott over jordbruksavtalen og kommunane si rolle i tilskottsforvaltninga. Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp dette området vidare framover.
Rapportering 2016
Dei fire hovudmåla det blei arbeidd etter i 2016 for norsk landbruks- og matpolitikk var matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Desse er frå 2017 noko justerte, jf. omtale i Del I. Ved sida av å produsere varer og tenester for ein marknad, er norsk landbruks- og matsektor leverandør av ei rekkje fellesgode, dvs. gode som ikkje kan omsetjast i ein marknad. Landbruket bidreg til at dei fire hovudmåla blir nådde gjennom produksjon av varer og tenester for ein marknad i kombinasjon med produksjon av fellesgode.
Mål vil i stor grad verke inn på kvarandre gjennom å vere samanfallande og forsterke kvarandre. Samstundes kan mål vere motstridande på kort eller lang sikt. For å oppnå hovudmåla for politikken er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønsam produksjon over heile landet, og for å påverke måten produksjonen skjer på. Mange av tilskottsordningane er horisontale ordningar, dvs. at dei verkar inn på fleire av måla samstundes. Det gjeld mellom anna tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil òg kunne påverke andre mål. Dette gjer at tradisjonell resultatmåling, som følgje av eit konkret tiltak eller tilskott, ikkje gir fullgod informasjon.
I tilknyting til måla for landbrukspolitikken, som er omtalt mellom anna i innleiinga, finst det verkemiddel for å nå fleire av desse, både over jordbruksavtalen og på andre kapittel i budsjettet. Dette omfattar mellom anna økonomiske tiltak retta mot næringsutvikling, busetjing og sysselsetjing og verkemidla for mattryggleik m.m. Produksjon av trygg mat er ein grunnleggjande føresetnad òg for næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter, og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Det finst òg fleire juridiske verkemiddel som kan verke mot same mål som dei økonomiske. Saman med at dette er tiltak og rammer for sjølvstendige næringsutøvarar, gjer dette at måloppnåinga ikkje kan bli målt på enkelte tiltak, men må gjerast på indikatorar som viser utviklingstrekka i næringa samla sett. For denne resultatrapporteringa, sjå del 3.
Jordbruksoppgjeret 2017
Det mest sentrale grunnlaget for jordbruksoppgjeret 2017 var Stortingets handsaming av Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling– En fremtidsrettet jordbruksproduksjon gjennom Innst. 251 S (2016–2017) og Stortingets føringar gjennom dei jordbruksoppgjera som har blitt handsama sidan 2014.
I tilbodet frå staten blei det lagt til grunn at føringane frå Stortinget for politikken skal gjennomførast over tid slik at næringa opplever stabile rammer for si verksemd. I spørsmål som ikkje var dekte av Stortingets handsaming la staten regjeringas politiske plattform til grunn.
Jordbruksavtalen omfattar målprisane for perioden 1.7.2017 til 30.6.2018 og tilskott som blir utbetalte i 2018. Det kan òg gjerast justeringar av løyvingane i 2017 innanfor ei uendra økonomisk ramme. Til forhandlingane var det òg sett av 55 mill. kroner i 2017 som kompensasjon til jord- og skogbruk i samband med at CO2-avgifta på mineralolje og diesel blei auka i budsjettet for 2017.
Forhandlingane blei gjennomførte på grunnlag av Hovudavtalen, som mellom anna seier at jordbruksavtalen skal regulere tiltak som er eigna til å fremje fastlagde mål for jordbruket, og som ikkje er uttømmande regulert ved lov, stortingsvedtak eller forskrift. Etter brott i jordbruksforhandlingane 16.5.2017, fremja Landbruks- og matdepartementet ein proposisjon for Stortinget basert på staten sitt tilbod gjennom Prop. 141 S (2016–2017).
Stortinget gjorde i samband med handsaminga av jordbruksoppgjeret i Innst. 445 S (2016–2017) følgjande vedtak:
«Stortinget ber regjeringen om å gjennomføre nye forhandlinger om jordbruksavtale for 2017–2018.
Endringer i målpriser i Prop. 141 S (2016–2017) fastsettes i tråd med forslaget i proposisjonen som delfinansiering av rammen.
Prisnedskrivingstilskuddet til norsk korn (post 73.19) endres ikke som foreslått i Prop. 141 S (2016–2017), men videreføres med uendrede satser.
Tilskudd til norsk matkorn (post 73.20) endres ikke som foreslått i Prop. 141 S (2016–2017), men økes med 4 øre per kg fra gjeldende satser.»
Etter fordelingsforhandlingar blei det inngått avtale mellom staten og jordbruket ved Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag den 26.6.2017.
Ved fordelingsforhandlingane la partane til grunn at auken i ramma frå Prop. 141 S (2016–2017) blei finansiert med budsjettmidlar. Det ga ei finansiering av ramma som vist i tabell 2.7.
Tabell 2.7 Ramme for fordelingsforhandling for 2018
Mill. kr. | |
---|---|
Netto endring i målprisar frå 1.7.17 | 150 |
Endra løyving på kap. 1150 i 2018 | 377 |
– av dette komp. for økt CO2-avgift | 55 |
Overførte midlar frå 2016 | 79 |
Endra verde av jordbruksfrådraget | 19 |
Ramme | 625 |
I tillegg fordelt frå LUF | 130 |
I tillegg til den formelle ramma på 625 mill. kroner fordelte partane 130 mill. kroner i 2018 frå eigenkapitalen i LUF (Landbrukets utviklingsfond). Det blei gjort gjennom å auke innvilgningsramma til LUF med 24,5 mill. kroner og redusere løyvinga til LUF med 105,5 mill. kroner, samanlikna med Prop.141 S (2016–2017). Desse midlane blei disponerte til andre tiltak på kap. 1150, jf. fordelingsskjema i vedlegg.
Forhandlingane blei gjennomførte i tråd med signala frå Stortinget, jf. Innst. 445 S (2016–2017).
Ei detaljert framstilling av alle endringar på kapittel 1150 etter den inngåtte avtalen for 2018 er vist i vedlegg.
Fordelinga av ramma, inkludert 130 mill. kroner frå eigenkapitalen i LUF i 2018, gir jordbruket grunnlag for ein inntektsvekst frå 2017, før oppgjer, til 2018 på om lag 4 ½ pst.
I tillegg kan ytterlegare vel 2 prosentpoeng bli oppnådd gjennom betre marknadsbalanse, jf. handsaming av Jordbruksmeldinga der Stortinget i Innst. 251 S (2016–2017) definerer inntektsmålet og seier at «god markedstilpasning og produktivitetsutvikling vil være en forutsetning for inntektsdannelsen».
Sekretariatet til Budsjettnemnda for jordbruket har rekna det kvantumsfaste isolerte utslaget av endringane i pris og tilskott på referansebruka frå 2017 før verknad av dette oppgjeret til fullt utslag i 2018.
Tabell 2.8 Berekna heilårsverknad på referansebruka av endring i pris og tilskott, inkl. anslag for kostnadsendringar til 2018 og utan volumendringar frå 2017 til 2018. Kroner per årsverk1 2
Sone for arealtilskott | Avtale 2018 3 | Endring 2017–2018 | ||
---|---|---|---|---|
1 | Mjølk, 28 årskyr | 5 | 406 100 | 16 000 |
2 | Korn, 387 dekar korn | 1 | 286 600 | 15 900 |
3 | Sau, 160 vinterfôra sauer | 5 | 192 900 | 7 300 |
4 | Mjølkegeit, 127 årsgeiter | 6 | 456 200 | 18 700 |
5 | 46 avlssvin + 364 dekar korn | 1 | 387 700 | -14 300 |
6 | 7100 høner + 252 dekar korn | 1 | 473 400 | 11 600 |
7 | 122 dekar poteter + 451 dekar korn | 1 | 371 500 | 14 900 |
8 | Storfeslakt/ammeku, 30 ammekyr | 5 | 332 700 | 25 800 |
9 | 51 dekar frukt og bær | 5 | 389 400 | 21 300 |
10 | Fjørfekjøtt og planteprodukter | 1 | ||
11 | Økologisk mjølk, 24 årskyr | 5 | 394 900 | 16 300 |
12 | Mjølk, 15 årskyr | 5 | 342 700 | 18 600 |
13 | Mjølk, 45 årskyr | 5 | 450 800 | 15 900 |
14 | Mjølk, 63 årskyr | 5 | 484 200 | 15 600 |
15 | 31 årskyr. Østlandets flatbygder | 1 | 422 500 | -8 300 |
16 | 26 årskyr. Østlandets andre bygder | 5 | 422 600 | 14 700 |
17 | 37 årskyr. Agder/Rogaland, Jæren | 2 | 418 000 | -1 900 |
18 | 25 årskyr. Agder/Rogaland a. bygder | 5 | 384 100 | 14 700 |
19 | 28 årskyr. Vestlandet | 5 | 373 400 | 16 700 |
20 | 31 årskyr. Trøndelag | 4 | 391 700 | 2 000 |
21 | 25 årskyr. Nord-Noreg | 6 | 411 200 | 15 500 |
22 | Korn, 235 dekar. Austlandet | 3 | 101 100 | 7 900 |
23 | Korn, 870 dekar. Austlandet | 1 | 521 800 | 21 600 |
24 | 310 dekar korn + 22 avlssvin. Trøndelag | 4 | 344 500 | -7 200 |
25 | Sau, 134 vinterfôra sauer. Vestlandet | 5 | 172 200 | 9 100 |
26 | Sau, 171 vinterfôra sauer. Nord-Noreg | 6 | 253 200 | 7 300 |
27 | Sau, 278 vinterfôra sauer. Landet | 5 | 204 700 | 6 600 |
1 Fullt utslag av pris- og tilskott i 2018, inkludert verdi av jordbruksfrådraget. For produksjonar med overproduksjon vil inntektsauken kunne bli større med betre marknadsbalanse.
2 Det er rekna med at prisen på råvarer til kraftfôr vil auke med 4 øre per kg.
3 Det er gjort oppretting av tala i denne kolona samanlikna med protokollen frå forhandlingane
Budsjettframlegg 2018
I jordbruksoppgjeret blei den samla løyvinga på kap. 1150 auka med 377,1 mill. kroner. Postane 71 og 73 er overslagsløyvingar der satsar og volum styrer løyvingsbehovet. Over ordningane på post 73 er det lagt til grunn ei volumendring som aukar løyvinga på kap. 1150 med ytterlegare 151,0 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2017. Hovudårsakene er stor kornavling i 2016 og aukande kjøttproduksjon. Samla løyving blir etter det 15 108,2 mill. kroner, mot 14 580,1 mill. kroner i saldert budsjett 2017.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å kunne ha finansiering av kostnader knytte til utvikling av IKT-/fagsystem i forvaltninga av tilskott til jordbruket, evalueringar av ordningane og arbeidsgrupper sette ned av avtalepartane eller vedteke av Stortinget. I nokre tilfelle der kostnadene er direkte relaterte til konkrete tilskottsordningar, kan dei òg bli finansierte over ordninga.
Rapportering 2016
Det blei utbetalt 17,5 mill. kroner til driftskostnader, utgreiingar og evalueringar i 2016. 16,4 mill. kroner av dette blei nytta til utviklinga av nytt elektronisk fagsystem (eStil) for tilskottsforvaltning av produksjonstilskott og avløysartilskott. 1,1 mill. kroner blei nytta til utgreiingar og arbeidsgrupper.
Budsjettframlegg 2018
Landbruksdirektoratet arbeider for tida med ei omfattande fornying av IKT-plattforma for tilskottsforvaltninga. I 2017 og 2018 blir første del av det nye fagsystemet for produksjonstilskott og avløysartilskott avslutta, mens arbeidet med søknader på kart inntil vidare er utsett. Det er no to store pågåande prosjekt for nye IKT-løysingar til forvaltninga. Utvikling av eit nytt fagsystem som skal erstatte det gamle Saturn er planlagt gjennomført i perioden 2017–2019 og vil koste 24 mill. kroner. I 2018 er det sett av 7 mill. kroner. Det trengst òg ei ny IKT-løysing for forvaltning av importvern og råvareprisordninga (RÅK-ordninga). Dette arbeidet vil bli starta opp i 2018, og det er sett av 8 mill. kroner til dette.
Til arbeidsgrupper og utgreiingar for avtalepartane og Stortinget er det sett av 2,5 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 17,5 mill. kroner.
Post 50 Tilskott til Landbrukets utviklingsfond (LUF)
Formål med løyvinga
Midlane over posten blir løyvde til Landbrukets utviklingsfond (LUF). I tråd med vedtektene til LUF kan fondsmidlane nyttast til tiltak som tek sikte på å styrkje og byggje ut næringsgrunnlaget på dei enkelte landbruksføretaka. Ordningane under LUF omfattar verkemiddel knytte til næringsutviklings- og miljøtiltak, irekna m.a. tilskottsordningar, utviklingsprogram og prosjekt. Auka verdiskaping er eitt av hovudmåla for landbruks- og matpolitikken, og fleire av verkemidla under LUF skal bidra til lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden. For ordningane som blir forvalta av Innovasjon Noreg er målsetjingane om fleire gode gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø sentrale.
Gjennom utforming av dei regionale bygdeutviklingsprogramma, irekna regionale næringsprogram, regionale miljøprogram og regionale skog- og klimaprogram, blir det laga regionalt tilpassa strategiar for verkemiddelbruken.
Rapportering 2016
Departementet viser til Prop. 141 S (2016–2017) for ei detaljert omtale av dei enkelte ordningane som er finansierte over LUF. Ordningane det er gitt støtte til kan grovt sett delast inn i sju område:
Bedriftsretta midlar og støtte til Matmerk
Tilrettelegging for næringsutvikling
Rekruttering og kompetanse
Forsking
Skogbruk og bioenergi
Konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift
Verkemiddel retta mot miljø- og klimatiltak og økologisk landbruk
Budsjettframlegg 2018
Med bakgrunn i Prop. 141 S (2016–2017), Stortingets handsaming av denne, jf. Innst. 445 S (2016–2017) og Protokoll frå fordelingsforhandlingar 2017 av 26.6.2017, gjer departementet framlegg om ei løyving for budsjettåret 2018 på 1123,6 mill. kroner. Fondet blir vidare tilført 149,548 mill. kroner i 2017. 55 mill. kroner av tilførselen til LUF er midlar som blei sette av som kompensasjon for auka CO2-avgift i skog- og jordbruket i statsbudsjettet for 2017. Tabell 2.9 viser ei endring i likviditet for 2018 på minus 251,7 mill. kroner. Erfaringstal viser at den faktiske utviklinga kan avvike noko frå prognosane, m.a. som følgje av fråfall i ansvar. Kapitalsituasjonen og likviditetsutviklinga for LUF må haldast under oppsyn.
Tabell 2.9 Framføring av kapitalsituasjonen for LUF 2016–2018 med prognoser over framtidige utbetalingar (mill. kroner)
Rekneskap 2016 | Prognose 2017 | Prognose 2018 | |
---|---|---|---|
Løyving | 1203,0 | 1148,1 | 1123,6 |
Kompensasjon for auka CO2-avgift, jordbruk og skogbruk | 55,0 | ||
Eingongsoverføring, udisponerte midlar | 21,7 | 94,5 | |
Renteinntekter | 9,7 | 9,0 | 10,2 |
Netto tilførsel av kapital i samband med inv. lån | 74,5 | 67,5 | 60,3 |
Andre inntekter | 29,5 | 12,0 | 12,0 |
Sum tilførsel | 1338,4 | 1386,1 | 1206,1 |
Utbetalingar, jf. statusrapport LUF 17/2017 | 1355,7 | 1354,9 | 1352,3 |
Endring i tilskottsramme1 | 88,00 | 105,5 | |
Sum utbetalingar | 1355,7 | 1442,9 | 1457,8 |
Endring i likviditet og fordringar | -17,3 | -56,7 | -251,7 |
Likviditet, Inneståande i Noregs Bank, inkl. a konto IN | 1571,2 | 1582,0 | 1390,6 |
Uteståande investeringslån | 250,5 | 183,0 | 122,6 |
Likviditet og fordringar LUF per 31.12 | 1821,7 | 1765,0 | 1513,2 |
1 Auken i tilskottsramme som er lagt til grunn i 2017 og 2018 vil truleg ikkje komme til utbetaling i sin heilskap i 2017 og 2018.
Tabell 2.10 viser tilskottsramme for LUF i 2018, ekstra tilskottsrammer for 2017 og endringar i tilskottsramme frå 2017 til 2018. Tilskottsramma for fondet for 2018 blir sett til i alt 1 499 mill. kroner, inkl. avsetjing til rentestøtteutbetalingar. I tillegg er det avsett 88 mill. kroner i ekstra tilskottsramme for 2017 til investeringar, miljø- og klimatiltak.
Ein vesentleg del av tilskottsramma for LUF 2018 er avsett til ordningar som skal stimulere til investeringar og bedriftsutvikling, næringsutvikling og gründerskap i landbruket. Skogbruk, og ordningar knytte til klima- og miljøtiltak, utgjer ein annan sentral del av tilskottsramma til fondet. For å imøtekomme det store investeringsbehovet og samstundes bidra til målretta tiltak som fremjar rekruttering, blir investeringsverkemidla prioriterte. Næringsutøvarar under 35 år er særskild prioriterte i delar av regleverket. For 2018 er det gjort framlegg om at tilskottsramma frå fondet aukar med 105,5 mill. kroner, rekna frå budsjett 2017.
Tabell 2.10 Tilskottsramme for LUF 2018 (mill. kroner)
2017 | Ekstra midlar 2017 | Komp. CO2 2017 | 2018 | Endring 2017–2018 | |
---|---|---|---|---|---|
Bedriftsretta midlar til investering og utvikling | 574,50 | 33,00 | 634,50 | 60,00 | |
Utgreiings- og tilretteleggingsmidlar1 | 48,00 | 50,00 | 2,00 | ||
Rekruttering og kompetanse i landbruket | |||||
Nasjonale kompetansetiltak (KIL- midlar) | 6,00 | 6,00 | 0,00 | ||
Regionale tilskott til rekruttering og kompetanseheving | 20,00 | 14,00 | -6,00 | ||
Nasjonal modell for vaksenagronom | 0,00 | 11,00 | 11,00 | ||
Forsking og utvikling2 | 53,00 | 22,00 | 55,00 | 2,00 | |
Matmerk | 52,00 | 55,00 | 3,00 | ||
Utviklingsprogrammet | 90,00 | 102,50 | 12,50 | ||
Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi (tidlegare Bioenergiprogrammet)3 | 67,00 | 3,00 | 67,00 | 0,00 | |
Skogbruk | 214,00 | 8,00 | 222,00 | 8,00 | |
Midlar til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift | 1,50 | 1,50 | 0,00 | ||
Dyrevelferdsprogram mink | 0,00 | 2,00 | 2,00 | ||
Utsiktsrydding | 8,00 | 8,00 | 0,00 | ||
Spesielle miljøtiltak i jordbruket4 (SMIL) | 95,00 | 20,00 | 95,00 | 0,00 | |
Drenering | 58,00 | 58,00 | 0,00 | ||
Investeringsstøtte organisert beitebruk5 | 10,00 | 13,00 | 3,00 | ||
Klima- og miljøprogram | 18,00 | 2,00 | 20,00 | 2,00 | |
Biogass | 1,00 | 2,00 | 1,00 | ||
Støtte verdsarvområda og utvalde kultulandskap6 | 9,50 | 13,50 | 4,00 | ||
Utviklingstiltak innan økologisk landbruk7 | 30,00 | 31,00 | 1,00 | ||
SUM tilskottsramme | 1 355,50 | 33,00 | 55,00 | 1 461,00 | 105,50 |
Rentestøtte – utbetalingar8 | 30,00 | 38,00 | 8,00 | ||
SUM tilskottsramme inkl. utbetalingar rentestøtte | 1 385,50 | 33,00 | 55,00 | 1 499,00 | 113,50 |
1 Auken blir øyremerka arktisk landbruk.
2 15,5 mill. kroner av kompensasjonsmidlane for 2017 blir øyremerka til eit avlsprosjekt i regi av Geno. Resterande midlar på 6,5 mill. kroner blir sett av til utgreiingar knytte til reduserte klimagassutslepp i jordbruket. Midlane blir fordelte av Styret for forskingsmidlar over jordbruksavtalen.
3 Norsk Gartnerforbund blir tildelt 1 mill. kroner av løyvinga til energirådgiving i veksthusnæringa for å stimulere til framleis satsing på klimavennleg produksjon.
4 I tillegg blir det overført 20 mill. kroner frå disponibel innvilgningsramme på dreneringsordninga under SMIL, som skal øyremerkast utbetring av gamle hydrotekniske anlegg i dei planerte leirjordsområda.
5 Auken skal øyremerkast til ekstraordinære tiltak for beitenæringa som blir påverka av kampen mot skrantesjuke (CWD) i Nordfjella. Ettersom det har vore kostnader til tiltak i 2017, blei det gitt løyve til å disponere dei øyremerka midlane for 2018 allereie i 2017.
6 Auken på 4 mill. kroner blir fordelt likt mellom områdesatsingane.
7 Auken skal øyremerkast tiltak for å fremje produksjon og omsetnad av økologisk frukt, bær og grønnsaker.
8 Ordninga med rentestøtte blei avvikla i jordbruksoppgjeret 2015. Det blir løyvd midlar over LUF til utbetaling av rentestøtte for dei som har fått innvilga rentestøtte før 1.1.2016. Prognosen for utbetaling i 2018 er sett til 38 mill. kroner.
Investering og bedriftsutvikling i landbruket
Midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-midlar) har eit todelt formål: å bidra til utvikling av ny næringsverksemd på landbrukseigedommane, med mål om auka sysselsetjing, og å bidra til utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, med særskild mål om auka effektivisering av produksjonen. Gjennom investeringar og moderniseringar i driftsapparatet og bruk av ny teknologi, kan ein oppnå auka effektivisering og produktivitet i landbruket. Ordninga er òg eit målretta verkemiddel for å fremje rekruttering til næringa, delvis fordi yngre investerer i større grad enn eldre, og delvis fordi mange eldre som investerer gjer det for å leggje til rette for neste generasjon. Næringsutøvarar under 35 år er prioriterte i delar av regelverket. I 2016 gjekk 29 pst. av tilskottsmidlane til personlege støttemottakarar under 35 år. Dette er ein auke på 3 prosentpoeng frå 2015, og ein markant auke sidan 2010/2011, då den låg på 19 pst. Eit eige generasjonsskiftetilskott skal til dømes avhjelpe mindre investeringsbehov i samband med oppstart. Maksimal prosentsats for generasjonsskifteordninga blei i jordbruksoppgjeret 2016 heva frå 40 pst. til 50 pst. av godkjent kostnadsoverslag.
Det er stor etterspørsel etter investeringsverkemiddel i landbruket, og verkemidla utgjer eit viktig risikoavlastande bidrag for å stimulere til auka investeringar. Det blir avsett 33 mill. kroner ekstra til investering og bedriftsutvikling for 2017. I tillegg blir det gjort framlegg om at løyvinga aukar med 60 mill. kroner til i alt 634,5 mill. kroner for 2018. Ordninga blir dermed styrkt med i alt med 93 mill. kroner meir enn i fjorårets jordbruksavtale.
Departementet viser til Stortingets merknader om investeringar i samband med handsaminga av Meld. St. 11 (2016–2017), jf. kapittel 2 i Prop. 141 S (2016–2017). I merknaden uttrykte ein samla næringskomite at det bør leggjast tydelegare føringar for investeringsverkemidla i dei årlege jordbruksoppgjera. Komiteen meinte vidare at det er eit spesielt behov for å fornye fjøs med 15–30 kyr. Komiteen viste elles til at det innanfor ramma av nasjonale føringar bør vere eit handlingsrom for den regionale partnarskapen til å gjere prioriteringar av investeringsverkemidla mellom produksjonar i den enkelte region.
I innstillinga står det vidare at:
«Komiteen vil understreke at næringsutøverne i jordbruket er selvstendig næringsdrivende og selv må gjøre vurderinger knyttet til investeringer innen egen produksjon. Det må gjøres ut fra lønnsomhetsvurderinger basert på egenkapital, vurdering av potensial for fremtidige inntekter og offentlige investeringsvirkemidler. Dette gjelder uavhengig av brukets størrelse og beliggenhet. Gode og stabile rammevilkår vil være viktig for å sikre økte investeringer i jordbruket.»
«Flertallet vil understreke at det er behov for investeringer på alle typer bruk. Dette gjelder også der det ikke er ressursgrunnlag for å utvide produksjonen.»
Det blir gitt følgjande nasjonale føringar for forvaltninga av IBU-midlar i 2018:
Små og mellomstore bruk skal prioriterast ved tildeling av støtte.
Innanfor invisteringsverkemidla som går til mjølkebruk, er det spesielt behov for å prioritere fornying av 15-30 kyrsfjøs.
Maksimal prosentsats blir sett til 35 pst. av kostnadsoverslaget for investeringa.
Øvre grense for tilskott er 2 mill. kroner per prosjekt, med unntak for prosjekt i Troms og Finnmark.
Støtte til investeringsprosjekt som gir auka matproduksjon skal prioriterast til produksjonar med marknadspotensial.
Lønsemdsvurdering av prosjekta skal liggje til grunn for tildeling av midlar.
Ulike eigarformer skal likestillast ved prioritering mellom søknader.
Det skal takast omsyn til nye krav til dyrevelferd, irekna kravet om lausdriftsfjøs, og behov for fornying av driftsapparatet ved søknadshandsaming.
Innan saueproduksjon skal det prioriterast støtte til økologiske saueprodusentar som må foreta større investeringar pga. endra krav til liggjeareal som følgje av implementeringa av EUs økologiregelverk frå mars 2017.
Søknader om investering innan pelsdyrnæringa skal handsamast på lik line med andre produksjonar. Investeringsstøtte til minkhald skal derimot berre bli gitt til produsentar som skal foreta større investeringar som følgje av omlegging til drift utan gruppehald av mink, eller til nye aktørar som vil starte opp utan gruppehald.
Prosjekt med energi- og klimaeffektive løysingar skal prioriterast, t.d. ved bruk av tre som byggjemateriale.
Ved søknader som omfattar utbygging av gjødsellager skal tiltak som bidreg til reduserte utslepp prioriterast, t.d. gjødsellager med overdekke eller 10–12 månaders lagringskapasitet.
Frå 2018 skal den regionale partnarskapen sine strategiske føringar avgrensast til prioritering mellom ulike produksjonar i den enkelte region. Faglaga inngår i dei regionale partnarskapa.
Innovasjon Noreg kan gi ekstra investeringstilskott på opp til 500 000 kroner til geitemjølkprodusentar som omstiller til annan produksjon og som sel heile kvota gjennom oppkjøpsordninga for geitemjølkkvoter. Dette tilskottet kjem i tillegg til eventuell ordinær IBU-støtte. Lønsemdsvurderingar må liggje til grunn for tildeling av støtte til ny produksjon. Moglegheita for å søkje om ekstra investeringstilskott gjeld t.o.m. 2020. Søknadane må fremjast i samband med dei ordinære søknadsperiodane i fylka.
Det kan bli gitt opp til 100 mill. kroner i risikolån.
Fylkesvise midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak
Dei fylkesvise midlane til utgreiings- og tilretteleggingstiltak skal bidra til utvikling og fornying av det tradisjonelle landbruket og å understøtte utvikling av andre landbruksbaserte næringar gjennom utviklings- og kompetansehevande tiltak, og mobiliseringstiltak. Midlane skal støtte opp om innleiande fasar og arbeid knytt til landbruksbasert næringsutvikling regionalt, og kan bli gitt til organisasjonar, institusjonar, kommunar og ulike former for samarbeidsorgan, hovudsakleg innanfor landbruket.
Det er gjort framlegg om at avsetjinga til utgreiings- og tilretteleggingstiltak blir auka med 2 mill. kroner til 50 mill. kroner i 2018. Auken skal øyremerkast arktisk landbruk i dei tre nordlegaste fylka og sjåast i samanheng med utviklinga i det arktiske landbruket gjennom dei siste åra, der dei geografiske fordelane ved landbruk i nord har blitt løfta fram. I Stortinget si handsaming av jordbruksmeldinga viste komiteen til dei unike moglegheitene ved det arktiske landbruket, og at regionale fortrinn knytte til arktisk landbruk bør utnyttast og vidareutviklast. Innsatsen bør difor byggje på dei erfaringane som er gjort med satsinga på arktisk landbruk finansiert over jordbruksavtalen i perioden 2012–14. Det blir elles lagt til grunn at den strategiske innretninga på bruken av utgreiings- og tilretteleggingsmidlane er godt samordna med innretninga på dei bedriftsretta verkemidla regionalt.
Rekruttering og kompetanseheving i landbruket
Agronomisk kompetanse og kunnskapsbasert driftsleiing er viktig for eit berekraftig landbruk, og for å nå målet om auka matproduksjon. Eit godt opplærings- og utdanningssystem bidreg til å tilby utøvarane i landbruket rett kompetanse. I tillegg til det formelle utdanningssystemet, er ulike typar rådgivingstenester, nettverk, kurs og mentorordningar m.m. viktige kjelder til kompetanseheving for næringsutøvarane i landbruket. Kompetansebehovet i næringa er variert og avheng m.a. av type produksjon.
I jordbruksoppgjeret 2014 blei det avsett 4 mill. kroner til ei fleirårig satsing på rekruttering og gründerskap i landbruket. I Meld. St. 31 (2014– 2015) Garden som ressurs – marknaden som mål, blei det gjort framlegg om at satsinga skulle nyttast til å prøve ut ei mentorordning i landbruket.
I tråd med føringane frå fjorårets jordbruksoppgjer blir det no prøvd ut ei lågterskel mentorordning i landbruket i regi av Norsk landbruksrådgiving. Målet med forsøket er å utvikle ein metodikk for ei mentorordning som er tilpassa næringa sine behov, og som kan ha overføringsverdi til heile landet. Prøveordninga vil gå ut 2018 og blir prøvd ut i regionane Trøndelag, Aust-Agder, Hedmark/Oppland, og Sogn og Fjordane. Forsøket skal evaluerast. Norsk landbruksrådgiving viser til at ordninga har fått god oppslutnad i dei aktuelle regionane, og det er etablert 8–10 mentorpar i kvar region. Det skal leggjast fram ein statusrapport for forsøket til jordbruksoppgjeret 2018.
Fylkesvise midlar til rekruttering og kompetanseheving
Fylkeskommunane forvaltar verkemiddel til styrking av innsatsen innanfor rekruttering og kompetanseheving i landbruket.
Det er gjort framlegg om å setje av 14 mill. kroner til rekruttering og kompetanseheving for 2018. Prioriterte område for ordninga er støtte til etter- og vidareutdanning landbruket og tiltak som rettar seg inn mot rekruttering, likestilling og omdømmebygging.
Nasjonal modell for vaksenagronom
Alderen ved overtaking av landbrukseigedom er jamt over høg i heile landet, og mange av dei som etablerer seg i næringa i dag har ei anna utdanning enn landbruksfagleg utdanning. I tillegg til dei ordinære utdanningsløpa er det difor nødvendig med fleksible løysingar for kompetanseheving. Vaksenagronom blir i dag tilbydd på mange naturbruksskolar i fylka. Dette er eit tilbod til vaksne som har behov for agronomkompetanse. Tilbodet varierer frå fylke til fylke i både form og innhald. I fjorårets jordbruksoppgjer blei det semje mellom partane å greie ut ein nasjonal modell for vaksenagronom. Utgreiinga blei gjennomført av Trøndelag Forskning og Utvikling i samarbeid med Østlandsforskning. Avtalepartane var representerte i referansegruppa for utgreiinga. Utgreiinga tilrår å etablere ein nasjonal modell i regi av dei fylkeskommunale naturbruksskulane og at det faglege innhaldet omfattar programfag landbruk vg2 og vg3. Vidare tilrår utgreiinga at opplæringa er organisert som samlingar i kombinasjon med nettundervisning, og har ei aldersgrense for opptak på 25 år. Utvikling av digitale verktøy for nettbasert undervisning blir tilrådd utvikla og drifta i fellesskap for heile landet.
Det er gjort framlegg om at det blir løyvd 11 mill. kroner til etablering av ein nasjonal modell for vaksenagronomen i regi av dei fylkeskommunale naturbruksskulane. Nemninga vaksenagronomen blir føreslått reservert tilbod som er i tråd med tilrådingane i utgreiinga når det gjeld forvaltning, organisering og innhald. Departementet vil komme tilbake med nærare føringar knytte til dette til fylkeskommunane. I tillegg til dette blir det sett av 2 mill. kroner under KIL-ordninga til utvikling av digitale løysingar i samband med etablering av modellen.
Fylkeskommunane sitt ansvar for ordninga må sjåast i samband med rolla deira som skoleeigarar og regionale utviklingsaktørar. Her er dei vidaregåeande skolane med utdanningsprogram naturbruk viktige for å rekruttere rett kompetanse til landbrukssektoren, og som ressurs for etter- og vidareutdanningstilboda i landbruket.
Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket
Stiftinga Matmerk forvaltar Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket (KIL). Programmet skal gi kompetanseutvikling for yrkesutøvarar innan primærlandbruket eller innanfor andre næringar i tilknyting til landbruket, gjennom utvikling av nasjonale og regionale kompetansetilbod. Det er føreslått at ramma på 6 mill. kroner til KIL blir vidareført for 2018. Løyvinga til kurs for avløysarar og landbruksvikarar blir vidareført. Innanfor ramma av KIL- midlane blir det sett av 2 mill. kroner til utvikling av sams digitale løysingar for den nettbaserte undervisninga i samband med etablering av den nasjonale modellen for vaksenagronomen.
Forsking og utvikling
Midlar til forsking og utvikling over jordbruksavtalen har som mål å støtte utvikling av ny kunnskap og teknologi til landbruks- og matsektoren. Forsking av høg kvalitet og med relevans for sektoren sitt næringsliv skal gi auka matproduksjon, trygg mat og berekraft og konkurranseevne i sektoren. Styret for forskingsmidlar over jordbruksavtalen skal ved utlysing og tildeling ta omsyn til behovet for kunnskap for reduserte utslepp av klimagassar frå jordbruket og auka lagring av karbon i jord og skog. Vidare skal avtalestyrets prioriteringar støtte opp under sektorens moglegheiter som blir omtalt i regjeringas strategi for bioøkonomi. Styret prioriterer nærmare innanfor desse områda.
Løyvinga for 2017 aukar med 22 mill. kroner for å styrkje kunnskapsgrunnlaget knytt til å redusere klimagassutslepp frå jordbruket. Auken til forsking og utvikling i 2017 kjem som følgje av kompensasjonsmidlar for auka CO2-avgift i skog- og jordbruket. Av midlane blir 15,5 mill. kroner øyremerka til eit avlsprosjekt i regi av Geno. Resterande midlar på 6,5 mill. kroner blir avsett til utgreiingar i regi av Styret for forskingsmidlar over jordbruksavtalen. Midlane blir lyste ut i 2017.
For 2018 er det gjort framlegg om å auke løyvinga til forsking frå 53 mill. kroner til 55 mill. kroner. Av dette skal minst 3 mill. kroner nyttast til utgreiingar.
Matmerk
Stiftinga Matmerk har som mål å styrkje konkurranseevna til norsk matproduksjon og å skape preferanse for norskprodusert mat. Det skjer gjennom arbeid med kvalitetssikring, kompetanse og synleggjering av norske konkurransefortrinn og opphav overfor matprodusentar, handel og forbrukarar. Stiftinga har i oppgåve å administrere og vidareutvikle Kvalitetssystem i landbruket (KSL), godkjennings- og merkeordninga for Inn på tunet, merkeordningane Nyt Noreg, Beskytta nemningar og Spesialitet, Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket (KIL), generisk marknadsføring av økologisk mat og drifte databasen lokalmat.no. Stiftinga skal òg bidra til profilering og marknadstilgang for norske matspesialitetar og til å drifte den nasjonale nettstaden for Inn på tunet.
Utgreiinga KSL inn i framtida peikar på store utviklingsbehov for KSL. Det er behov for oppgradering av dataløysingar, auka revisjonsfrekvens, opplæringsløysingar og endå betre kopling mellom KSL og Nyt Noreg. Det er gjort framlegg om at løyvinga til Matmerk blir auka med 3 mill. kroner i 2018 til 55 mill. kroner for å bidra til modernisering og vidareutvikling av KSL. Andre oppgåver, irekna drift av lokalmat.no, utvikling av merkeordningane, måling av omsetnad av lokalmat, informasjon om økologiske produkt og oppgåver knytte til Inn på tunet må løysast innanfor ramma.
Matmerk sin nye finansieringsplan (2018–2021) for Nyt Noreg tek utgangspunkt i ein modell der Omsetnadsrådet, daglegvarehandelen og merkevarebrukarane bidreg. Modellen legg til grunn ei årleg ramme på 15 mill. kroner frå 2018–2021, der 3 mill. kroner er føreslått finansiert over jordbruksavtalen. Den nye finansieringsplanen blir lagt til grunn. Midlane over jordbruksavtalen til Nyt Noreg skal frå 2018 gå til drift av merkeordninga og ikkje til generisk marknadsføring. Drifta av merket skal koplast tett opp mot drifta av KSL, jf. finansieringsplanen.
Matmerk har ansvaret for generisk marknadsføring og informasjon om økologisk matproduksjon. Matmerk sitt arbeid på dette området er evaluert. Det blir vist til omtale av evalueringa i kapittel 3.4.2.4 i Prop. 141 S (2016–2017). Løyvinga til informasjon om økologisk matproduksjon blir vidareført i 2018.
Utviklingsprogrammet
Utviklingsprogrammet – landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping, skal skape vekst og verdiskaping innan lokalmat, reiseliv, reindriftsnæringa, Inn på tunet, innlandsfiske og andre landbruksbaserte næringar basert på landbruksressursar. Programmet blir forvalta av Innovasjon Noreg, og er eit sentralt verkemiddel for å nå målsetjingane i landbrukspolitikken, irekna spesielt Meld. St. 31 (2014–2015) om vekst og gründerskap innan landbruksbaserte næringar. Regjeringa sin strategi for reiseliv basert på landbruket og reindrifta sine ressursar Opplevingar for ein kvar smak og ambisjonen om 10 mrd. kroner i omsetnad av lokalmat og –drikke samla frå alle marknadskanalar innan 2025, gir òg føringar for Utviklingsprogrammet.
Programmet tilbyr tilpassa kompetansetiltak til bedriftene, finansiering til bedrifter som ønskjer å vekse, og støtte til etablering av forpliktande produsentnettverk. Programmet gir òg støtte til omdømmetiltak for å byggje stoltheit og auke kompetansen i næringa og til auka kunnskap om lokalmat og landbruksbasert reiseliv hos forbrukarane, i marknaden og i samfunnet generelt. Det er gjennomført evalueringar av fleire av ordningane til programmet. Bedriftsnettverksordninga skal evaluerast i løpet av 2017.
Fleire regionar er i gang med strategiar og handlingsplanar innan mat og reiseliv, som vil gjere det mogleg å bidra til vidare utvikling av sterke mat- og reiselivsregionar, i tråd med måla i reiselivsstrategien.
Innovasjon Noreg har starta eit arbeid med å vurdere framtidig innretning på Utviklingsprogrammet for å følgje opp Meld. St. 31 (2014–2015), evalueringar, reiselivsstrategien og andre behov for endringar som følgje av utviklinga innanfor dei nye næringane. Innovasjon Noreg vil vurdere den samla innretninga av programmet, både når det gjeld bedriftsnettverk, vekststøtte, kompetanseutviklingstilbodet og omdømmearbeidet. Forslag til endringar i programmet si innretning vil bli presentert for- og vurdert av programmet si styringsgruppe i løpet av 2017, der avtalepartane er representerte. Det er eit mål å få fastsett eit nytt programnotat frå 2018.
Det er gjort framlegg om at den samla løyvinga til Utviklingsprogrammet blir auka med 12,5 mill. kroner til 102,5 mill. kroner i 2018. Auken skal i første rekkje bidra til oppfølging av reiselivsstrategien, irekna til utvikling som kan auke den forretningsmessige kompetansen i landbruksbaserte reiselivsbedrifter. For å styrkje verdiskapinga med utgangspunkt i produkt frå geita, skal det gjerast ei særskild satsing på dette innanfor programmet.
Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket (Bioenergiprogrammet)
Auka produksjon av biobrensel og leveransar av biovarme frå landbruket gir auka verdiskaping og bidreg til å nå regjeringa sine mål i klima- og energipolitikken.
Frå 2017 har Innovasjon Noreg opna for å gi investeringsstøtte til anlegg som kombinerer biovarmeproduksjon med strømproduksjon frå solceller. Det er òg interesse for å etablere kombinerte el-/varmeanlegg basert på biobrensel, sokalla CHP-anlegg, og det er difor òg opna for å gi støtte til slike. Dette føreset at det blir stilt same krav til lønsemd som for reine bioenergianlegg. Ein slik kombinasjon gir moglegheiter for at eit gardsbruk kan bli sjølvberga med energi. Eit anna utviklingsområde er produksjon av biokol som sideprodukt til bioenergi. Det er særleg interessant å hauste erfaringar frå slike prosjekt, fordi dette vil kunne styrkje moglegheitene for å nytte programmet i ei klimasatsing i jordbruket.
Utviklinga av gardsbaserte biogassanlegg har òg vore eit prioritert område innanfor programmet og den nasjonale klimapolitikken. Denne satsinga blir koordinert med regjeringa sin biogasstrategi, finansiert over Klima- og miljødepartementets budsjett, der det blir lagt vekt på etablering av pilotanlegg som handsamar husdyrgjødsel i kombinasjon med anna biologisk avfall. Erfaringane så langt er at dette gir synergieffektar og auka effektivitet i utviklingsarbeidet.
For betre å reflektere at programmet no har eit utvida verkeområde, er det gjort framlegg om at programmet frå 2018 endrar namn til Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket. Bioenergi vil framleis vere hovudprioriteringa i satsinga.
Løyvinga til verdiskapingsprogrammet blir auka med 3 mill. kroner for 2017, som følgje av kompensasjonsmidlar for auka CO2-avgift for skog- og jordbruket, jf. kapittel 7.3 i Prop. 141 S (2016–2017). Midlane skal nyttast til klimaprosjekt, irekna eit pilotprosjekt for auka bruk av biodrivstoff i traktorar og maskiner. Det er føreslått at løyvinga for 2018 blir sett til 67 mill. kroner. Norsk Gartnerforbund blir tildelt 1 mill. kroner av løyvinga for å stimulere til framleis satsing på klimavennleg produksjon.
Skogbruk
Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring blei handsama i Stortinget i januar 2017, jf. Innst. 162 S (2016–2017). Både meldinga og innstillinga framhevar skogressursane som viktige for sysselsetjing og verdiskaping i Noreg, og som kjelde til fornybar energi og tremateriale som erstattar for meir klimabelastande materialar. Skogen utgjer òg eit stort karbonlager. Nettoopptaket av karbon i skogen i Noreg er på om lag 26 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Dette svarar til om lag halvparten av utsleppa frå andre sektorar. Skogen sitt positive nærings-, klima- og miljøbidrag kan haldast oppe gjennom ein aktiv, berekraftig skogpolitikk. Det er viktig å vidareføre tiltak som kan vareta eller auke skogen sine karbonlager, og tiltak som gjer at trevirke kan erstatte meir utsleppsintensive materialar og at fornybar bioenergi frå skogen kan erstatte fossil energi.
For å bidra til auka verdiskaping i heile verdikjeda for skog, vil regjeringa leggje til rette for auka avverking dersom marknadane etterspør dette. Regjeringa vil styrkje miljøomsyna i skogbruket ved å ta i bruk dei nye verkemidla i naturmangfaldlova og skogbruket; mellom anna miljøregistreringar, kunnskapsutvikling og Norsk PEFC Skogstandard, slik at uttaket av biomasse frå skog kan aukast samstundes som det biologiske mangfaldet blir teke vare på. Med bakgrunn i at hogsten har auka dei siste årene, aukar behovet for ungskogpleie.
Eit godt fungerande skogsvegnett er avgjerande for eit lønsamt skogbruk. Investeringsnivået til både bygging og ombygging av skogsvegar har auka dei siste åra, med både offentlege og private midlar. Det er framleis behov for nybygging av skogsvegar og standardheving av gamle vegar for å leggje til rette for rasjonell og kostnadseffektiv transport. Veginvesteringane bidreg òg til å gjere skogsvegnettet meir robust mot klimaendringar og klimarelaterte skadar. Behovet for nybygging er størst i kystfylka, særleg for skogsbilvegar. Mange kystfylke har store skogressursar som ikkje vil vere lønsame å bruke utan vegbygging. Store delar av skogsvegnettet i dei tradisjonelle skogstroka på Sør- og Austlandet og i Trøndelagsfylka er gamalt. Sjølv om det framleis er behov for noko nybygging av vegar òg her, er dei største investeringsbehova knytte til standardheving av gamle vegar. Berre rundt 15 pst. av skogsbilvegnettet i dei tradisjonelle skogstroka er bygd eller bygde om for dei største tømmervogntoga på opp til 24 meter og 60 tonns totalvekt. Dei fleste og største skogindustribedriftene er i dag lokalisert til dei tradisjonelle skogstroka. Vidareutvikling av skogsvegnettet her vil bidra til å sikre råstofftilgangen og styrkje konkurranseevna til desse bedriftene.
Berekraftig skogbruk krev god og dokumentert kunnskap som grunnlag for mellom anna å sikre balanse mellom næringsverksemda og varetaking av viktige miljøverdiar. Ei viktig kjelde til kunnskap er Landsskogtakseringa. Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar er òg eit sentralt verkemiddel i miljøarbeidet i skogbruket. Skogbruksplanane gjer skogeigarane i stand til å gjere prioriteringar mellom bruk og vern og forvalte skog- og miljøressursane sine med basis i kunnskap. Med høg aktivitet i skogbruket er det grunn til å vente auka omfang av skogbruksplanlegging i åra som kjem for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for den auka avverkinga.
For 2018 er det behov for å auke avsetjinga til skogbruksplanlegging for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for auka berekraftig avverkning. I enkelte regionar blir det vurdert å investere i ny trebrukande industri. Eitt vilkår som i nokre tilfelle hindrar slike investeringar er risikoen for ikkje å få jamn verkestilførsel til ny verksemd. Departementet vil – saman med Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Landbruksdirektoratet og næringsorganisasjonane i skogbruket – vurdere om informasjonen frå skogbruksplanlegginga kan nyttast for å leggje betre til rette for jamn virkestilførsel til industri og vidareforedling.
Kompetansehevande tiltak er sentralt for gjennomføringa av skogpolitikken. Skogbrukets Kursinstitutt (Skogkurs) er ein sentral aktør på området, og rettar seg mot både offentleg og privat rettleiingsapparat, skogeigarar, skogsarbeidarar og entreprenørar over heile landet. Jamleg kompetanseheving er ein føresetnad for skogeigarane sine moglegheiter til sjølve å kunne leggje til rette for auka verdiskaping med basis i ressursane til eigedommen.
Avsetjinga til skogbruk blir føreslått auka med 8 mill. kroner til 222 mill. kroner for 2018. Auken kjem som følgje av kompensasjon for auka CO2-avgift i skog- og jordbruket. Det er den enkelte kommune som prioriterer tilskott til miljøtiltak i skogbruket innanfor kommunen si ramme til nærings- og miljøtiltak i skogbruket for å vidareutvikle miljøverdiar knytte til skjøtsel, landskap, friluftsliv og kulturminne i skog. Det er gjort framlegg om å setje av 3 mill. kroner til miljøtiltak i skog frå 2018.
Fordelinga mellom dei ulike verkemidla vil bli gjort etter drøftingar mellom avtalepartane på eit møte der òg næringsorganisasjonane i skogbruket blir inviterte til å delta.
Midlar til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift
Løyvinga til konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift blir vidareført med 1,5 mill. kroner i 2018. Løyvinga er på nivå med tilsvarande løyving over reindriftsavtalen. Midlane frå dei to næringsavtalane blir forvalta samla av Fylkesmannen i Sør-Trøndelag. Arbeidet med å gjere ordninga kjent i aktuelle område må vidareførast.
Dyrevelferdsprogram mink
Det er føreslått å setje av 2 mill. kroner til eit dyrevelferdsprogram for mink. Programmet skal utarbeidast av Norges Pelsdyralslag og godkjennast av Landbruks- og matdepartementet.
Miljø- og klimasatsinga over jordbruksavtalen
Miljø- og klimasatsinga over jordbruksavtalen skal bidra til å halde kulturlandskapet ved lag og til å redusere miljøbelastinga frå jordbruket, som utslepp til luft og vatn. Fleire av miljøordningane bidreg òg til betre agronomi og vil ha positiv verknad på jordbruksproduksjonen.
Miljø- og klimavennleg matproduksjon
Jordbruket sitt kulturlandskap er eit resultat av busetjing og ressursutnytting over mange generasjonar. I innmark og utmark er det ein mosaikk av åker og eng, kantsonar, slåttemark og beitemark, vatn, bygningar, tun, gjerde, vegar og andre formar for natur- og kulturminneelement. Ulike naturlege forhold har gitt stor variasjon i produksjonsmåtar og ressursutnytting i ulike deler av landet, med tilhøyrande særpregande kulturlandskap. Endringar i driftsmåtane har gitt eit jordbrukslandskap prega av element både frå historisk bruk og moderne metodar å drive garden på.
Over jordbruksavtalen er det fleire økonomiske verkemiddel som skal stimulere til redusert avrenning til vassdrag og kyst, til dømes blir det gitt tilskott for at areal med korn og vassdragsnære areal ikkje blir jordarbeida om hausten. Gjennom arbeidet med vassforvaltningsplanane i tråd med EUs rammedirektiv for vatn og vassforskrifta har internasjonale mål for vassmiljø i seinare tid blitt konkretiserte ned til dei særskilde vassområda og vassførekomstar. Nye vassforvaltningsplanar blei godkjende av Klima- og miljødepartementet i juli 2016. Gjennom dette arbeidet har det komme fram behov for forsterka innsats mot avrenning frå jordbruket, særleg i dei utsette vassområda prega av mykje jordbruk. Målet er no betre tilstand i vassområda innan 2021.
Stortinget var i si handsaming av Meld. St. 11 (2016–2017), tydeleg på at jordbruket sitt sektoransvar for miljøtiltak skal videreførast gjennom miljøprogramsatsinga.
Klimagassutsleppa frå jordbruket utgjorde 8,3 pst. av dei samla utsleppa i 2015. Om lag 70 pst. av klimagassutsleppa som blir kreditterte jordbrukssektoren i klimagassrekneskapen kjem av metan frå naturlege prosessar i fordøyinga hos husdyr som storfe og sau og lystgass frå husdyrgjødsel. Dei biologiske prosessane i landbruket kan ikkje erstattast på same måte som prosessar som er basert på ikkje-fornybare råstoff og produksjonssystem basert på fossile kjelder. Klimautfordringane i jordbruket blei grundig handsama både i rapporten Landbruk og klimaendringer som blei levert til jordbruksoppgjeret 2016, og i Meld. St. 11 (2016–2017), med Stortinget si handsaming i Innst. 251 S (2016–2017).
Stortinget har vedteke at Noreg skal ta på seg ei forplikting om minst 40 pst. utsleppsreduksjonar av klimagassar i 2030 samanlikna med 1990, jf. Meld. St. 13 (2014–2015) Ny utslippsforpliktelse for 2030 – en felles løsning med EU. Noreg sitt mål er meldt inn som norsk bidrag til Parisavtalen. Noreg tek sikte på å inngå ein avtale om ei sams oppfylling av klimaforpliktingane saman med EU.
Jordbruket skal bidra med sin del for å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket, jf. òg Stortinget si handsaming av Meld. St. 11 (2016–2017), der ein samla næringskomité meiner at arbeidet med å redusere klimagassutsleppa frå norsk matproduksjon må prioriterast, på same tid som målet om auka produksjon av mat med formål om auka sjølvforsyning blir teke hand om. I Stortinget si handsaming av Meld. St. 11 (2016–2017) hadde Næringskomiteen ei rekkje fleirtalsmerknader om jordbruk og klima, mellom anna at:
Jordbruket si viktigaste oppgåve er å auke produksjonen for å møte etterspørselen frå forbrukarane, spesielt der det er underdekning av norsk vare.
Jordbruket si viktigaste oppgåve i klimasamanheng er å redusere utsleppa per produsert eining.
Utslepp frå biologiske prosessar i jordbruket ikkje kan likestillast med utslepp av klimagassar som spring ut av bruk av fossile kjelder.
Det ikkje er god miljøpolitikk å gjennomføre tiltak som bidreg til karbonlekkasje, det vil seie at produksjonen blir flytta ut av Noreg.
Tiltak med sikte på å redusere klimagassutslepp frå jordbruket skal vere basert på kunnskap, og effektane må kunne målast med relativt sikre metodar.
Satsing på klimatiltak, som drenering, biogass og avl, skal samstundes bidra til å oppfylle andre mål for jordbrukspolitikken.
Nydyrking og drenering er viktige tiltak for å auke matproduksjonen og redusere klimagassutsleppa.
Stortinget sine merknader låg til grunn for satsinga på klima i jordbruksoppgjeret 2017.
Landbrukspolitikken i samspel med målretta arbeid i næringa har over tid òg bidrege til effektivisering i husdyrhaldet. Innsatsen knytt til avl og dyrehelse har òg bidrege til god produktivitet, og at talet på storfe minkar. Det er stor uvisse knytt til klimagassrekneskapen for jordbruket. I følgje Miljødirektoratet er uvissa for berekna utslepp av metan og lystgass i Noreg på høvesvis 14 og 59 pst. I tillegg er ikkje berekningsmetodane gode nok til at tiltak i jordbruket som bidreg til faktiske reduserte utslepp, blir fanga opp i utsleppsrekneskapen. I jordbruksoppgjeret 2016 blei det vedteke å etablere eit teknisk berekningsutval. Utvalet sitt arbeid skal danne grunnlag for å forbetre noverande rapporteringsrutinar knytt til utsleppsrekneskapen.
Utvikling av kunnskapsgrunnlaget må prioriterast høgt framover, dette for å framskaffe betre kunnskap om verknader, kostnader og konsekvensar av eksisterande og moglege nye tiltak. Det må òg gjennomførast tiltak i jordbruket som vil bli bokført i andre sektorar enn jordbruk i den norske utsleppsrekneskapen, høvesvis å redusere forbruk av energi innan transport og bygg. Det er òg viktig med auka kunnskap om korleis det norske jordbruket kan tilpasse seg eit klima i endring.
Prosjektet Klimasmart landbruk har som formål å redusere klimaavtrykket til norsk landbruk gjennom sikring av informasjon og gode verkty for klimasmart drift på norske gardsbruk. Prosjektet blir gjennomført av Norges Bondelag, Norsk landbruksrådgiving, TINE, Nortura og Felleskjøpet Agri. Det blei avsett 20 mill. kroner over statsbudsjettet til prosjektet for 2017. Midlane er vedtekne gjort overførbare til 2018 i samband med handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett for 2017. I 2017 har hovudaktiviteten i prosjektet vore sentrerert kring innhenting av kunnskap og utvikling av nye datasystem. Det er venta at eit landsdekkjande tilbod om klimarådgiving blir starta opp i 2018.
Ei arbeidsgruppe samansett av avtalepartane skal fram til jordbruksforhandlingane 2018 gjennomgå eksisterande ordningar for støtte til klimatiltak på gardsnivå, med sikte på å styrkje og målrette innsatsen for reduserte utslepp.
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
Formålet med SMIL-ordninga er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og å redusere forureininga frå jordbruket. Tiltaka som bidreg til å redusere forureining under SMIL-ordninga, kan òg bidra til betre agronomisk driftspraksis og tilpassing til klimaendringar. I jordbruksoppgjeret 2017 blei det avsett 95 mill. kroner for 2018. I tillegg blir det overført 20 mill. kroner i ubrukte midlar frå dreneringsordninga til SMIL-ordninga i 2018, øyremerka utbetring av gamle hydrotekniske anlegg i planerte leirjordsområde.
Som ei oppfølging av Tverrsektoriell nasjonal strategi og tiltak mot fremmede skadelige arter, blir det synleggjort at det kan bli gitt tilskott til innsats mot og å hindre spreiing av framande skadelige arter, mellom anna hønsehirse og kjempespringfrø.
Tilskott til drenering av jordbruksjord
Godt drenert jordbruksjord er avgjerande for å kunne auke matproduksjonen i åra som kjem. Oppslutninga om ordninga er blitt lågare enn venta, og mykje tyder på at det er mindre areal som blir drenert no enn før tilskottsordninga blei innført i 2013. For å stimulere til auka aktivitet blir satsane ved gjennomføring av tiltaket no dobla. Avsetjinga blir vidareført. Det står att tilstrekkeleg med ubrukte midlar til å dekkje satsen.
Investeringsstøtte til tiltak i beiteområde (organisert beitebruk)
Ordninga stimulerer til effektivt samarbeid mellom dyreeigarar og realisering av nødvendig infrastruktur for effektiv utnytting av utmarksbeite til husdyrproduksjon. Beitebasert næringsdrift har utfordringar med ajourføring av samarbeidsformer til endringar i buskapsstruktur og andre samfunnsinteresser. Avsetjinga aukar med 3 mill. kroner til 13 mill. kroner i 2018. Auken er øyremerka ekstraordinære behov i beitenæringa som følgje av tiltaka mot skrantesjuke (CWD) i Nordfjella. Ettersom det har vore kostnader til tiltak i 2017, blei det gitt løyve til å disponere dei øyremerka midlane for 2018 allereie i 2017.
Klima- og miljøprogrammet
Avsetjinga til Klima- og miljøprogrammet er auka til 20 mill. kroner for 2018. Prosjekt som bidreg til å styrkje kunnskapsgrunnlaget knytt til jordbruket sine klimautfordringar skal prioriterast. 1 mill. kroner er øyremerka til ei ny utvalsbasert undersøking for å kartleggje bruk og lagring av husdyrgjødsel.
Utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdsarvsatsinga Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan
Det blei i jordbruksoppgjeret 2015 vedteke å slå saman dei to ordningane, og ny forskrift blei gjort gjeldande frå 2017. Avsetjinga til ordningane blir auka med høvesvis 2 mill. kroner til Utvalde kulturlandskap i jordbruket for å følgje opp iverksetting av dei nye områda, og 2 mill. kroner til verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan. Samla avsetjing blir 13,5 mill. kroner i 2018. Midlane til verdsarvområda og Utvalde kulturlandskap i jordbruket må sjåast i samanheng med midlar på budsjettet til Klima- og miljødepartementet.
Biogass
Forskrift om tilskott for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg blei sett i verk i desember 2014. Handsaming av husdyrgjødsel i biogassanlegg reduserer metanutsleppa. Interessa for ordninga aukar, og det er difor sett av 2 mill. kroner i 2018.
Tilskott til utsiktsrydding i kulturlandskap knytt til landbruket
Attgroing av kulturlandskapet og vegkantar er ei aukande utfordring mange stader i Noreg. Attgroing er ei ulempe for landbruket, og vil svekkje grunnlaget for mellom anna reiselivet som er ei næring i vekst. I jordbruksoppgjeret 2015 blei det vedteke å etablere ei ny tilskottsordning med formål å bidra til utsyn og å fremje verdiar knytte til kulturlandskapet i Hordaland, Sogn- og Fjordane og Møre- og Romsdal. Ordninga skulle òg gi klimagevinst ved at rydningsvirket kan nyttast til bioenergiformål der dette er mogleg. Grunna forseinka iverksetting av ordninga, blei det difor semje om at det er tilstrekkeleg med ei avsetjing på 8 mill. kroner til ordninga i 2018.
Utviklingstiltak for økologisk jordbruk
Avsetjinga til utviklingstiltak blir auka med 1 mill. kroner til 31 mill. kroner i 2018. Auken skal øyremerkast tiltak for å fremje produksjon og omsetnad av økologisk frukt, bær og grønsaker. Grunna arbeidet med ny strategi for økologisk jordbruk blir satsinga på føregangsfylke vidareført i si noverande form òg for 2018.
Post 70 Marknadsregulering, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
70.11 | Avsetjingstiltak | 24 400 | 24 400 | 24 400 |
70.12 | Tilskott til råvareprisutjamningsordninga m.m. | 242 773 | 252 700 | 255 409 |
70.13 | Tilskott til potetsprit og potetstivelse | 39 089 | 38 000 | 38 000 |
Sum post 70 | 306 262 | 315 100 | 317 809 |
Underpost 70.11 Avsetjingstiltak
Formålet med marknadstiltaka er å bidra til å nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetjing for produsert vare og bidra til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. I grøntsektoren blir kostnadene ved marknadsregulering og faglege tiltak dekte av løyvinga til marknadstiltak, mens dei blir dekte gjennom omsetnadsavgift for andre produksjonar.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 24,4 mill. kroner i 2018.
Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisutjamningsordninga
Formålet med RÅK-ordninga er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg, og for norske varer som blir eksporterte. Det er viktig at løyvingane over denne ordninga er avpassa engrosprisane på norskproduserte jordbruksvarer.
Prisane på verdsmarknaden kan variere mykje i løpet av kort tid. Det påverkar løyvingsbehovet til RÅK-ordninga. Endringane i målprisar i jordbruksoppgjeret påverkar òg løyvingsbehovet. Den samla verknaden av endringar i målprisar som følgje av jordbruksoppgjeret og prognosar for prisutviklinga på verdsmarknaden aukar løyvingsbehovet med 2,7 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 255,4 mill. kroner i 2018.
Underpost 70.13 Tilskott til potetsprit og potetstivelse
Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetjing av norsk potetsprit og potetstivelse gjennom marknadsordninga for potet.
I Prop. 141 S (2016–2017) blei det gjort framlegg om å avvikle tilskottet til nedskriving av prisen på poteter til spritproduksjon, men etter handsaminga av proposisjonen i Stortinget og fordelingsforhandlingane er ordninga ført vidare med uendra nivå.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 38,0 mill. kroner til ordninga i 2018.
Post 71 Tilskott til erstatningar m.m.
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å redusere økonomiske tap som oppstår ved produksjon forårsaka av klimatiske forhold det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Posten omfattar ordningane med erstatning ved avlingssvikt i planteproduksjon og erstatning ved svikt i honningproduksjon.
Erstatningsordningane som dekkjer kostnader i samband med statlege pålegg blir løyvde utanfor jordbruksavtalen, jf. kap. 1142, post 73.
Rapportering 2016
Dei samla utbetalingane over ordninga i 2016 var på 29,7 mill. kroner mot om lag 45 mill. kroner i eit normalår. Underforbruket kjem av at det i 2015 og 2016 var gode avlingsår i store delar av landet, og relativt få hadde klimarelatert avlingsvikt.
Budsjettframlegg 2018
Skadar som oppstår i avlingsåret 2017 vil påverke løyvinga i 2018 fordi mange av utbetalingane først kjem året etter skaden. På noverande tidspunkt har ikkje departementet grunnlag for å vurdere om skadeomfanget i 2017 vil skilje seg frå eit normalt år.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 43 mill. kroner i 2018.
Post 73 Pristilskott, overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
73.11 | Tilskott til norsk ull | 137 334 | 132 720 | 140 000 |
73.13 | Pristilskott mjølk | 605 732 | 610 500 | 619 800 |
73.15 | Pristilskott kjøtt | 1 116 330 | 1 410 100 | 1 474 400 |
73.16 | Distriktstilskott egg | 7 178 | 3 234 | 3 508 |
73.17 | Distriktstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet | 83 659 | 87 100 | 103 800 |
73.18 | Frakttilskott | 371 452 | 345 681 | 362 096 |
73.19 | Tilskott til prisnedskriving av norsk korn | 751 829 | 651 200 | 696 000 |
73.20 | Tilskott matkorn | 56 003 | 58 000 | 83 600 |
Sum post 73 | 3 129 517 | 3 298 535 | 3 483 204 |
Underpost 73.11 Tilskott til norsk ull
Formålet med tilskottet er å bidra til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal òg bidra til betring av kvaliteten på norsk ull og sikre avsetjing i marknaden for norsk ull av god kvalitet.
I jordbruksoppgjeret blei ordninga vidareført med uendra satsar, men auke i prognosert volum gir grunnlag for ei auka løyving på 7,3 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 140,0 mill. kroner for 2018.
Underpost 73.13 Pristilskott mjølk
Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott til geitmjølk og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt.
Formålet med pristilskott til mjølk er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som bidreg til å halde busetjing og sysselsetjing i heile landet ved lag gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen.
Distriktstilskottet blir gitt med 9 ulike satsar for mjølk produsert i område med høge produksjonskostnader i Sør-Noreg, og for all mjølk i Nord-Noreg. Satsane for distriktstilskottet varierer frå null og opp til 180 øre per liter.
I jordbruksoppgjeret blei distriktstilskottet for mjølk auka med 3 øre/liter i sone D og i sone G-J. Volumprognosen viser at noko lågare mjølkeproduksjon reduserer løyvingsbehovet i 2018 med 8,6 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 619,8 mill. kroner til pristilskott for mjølk i 2018. Denne er fordelt med 71,6 mill. kroner til grunntilskott geitmjølk og 548,2 mill. kroner i distriktstilskott til all mjølk.
Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt
Ordninga omfattar grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt, kvalitetstilskott for storfekjøtt og kvalitetstilskott for heile slakt av lam og kje.
Formålet med tilskotta er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i produksjonen som bidreg til å halde busetjing og sysselsetjing i heile landet ved lag gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen. Grunntilskottet skal òg bidra til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren, mens kvalitetstilskotta skal stimulere til auka produksjon av kjøtt med høg kvalitet.
Distriktstilskott går i hovudsak til kjøtt frå grovfôrbaserte produksjonar differensiert på fem soner. Det blir òg gitt distriktstilskott til produksjon av svinekjøtt i Nord-Noreg, Agder og Vestlandet med unntak av Rogaland.
Grunntilskottet for kjøtt blir berre gitt til slakt av sau/lam og geit/kje.
I 2016 blei tilskott til slakt av lam og kje lagt om frå å bli forvalta saman med produksjonstilskotta til å bli utbetalt via slakteria saman med slakteoppgjera. I dette året blei halvparten av tilskottet framleis utbetalt med bakgrunn i søknad om produksjonstilskott basert på talet på slakt levert året før. Frå 2017 blir heile tilskottet utbetalt på grunnlag av talet på slakt levert same året. I samband med dette har denne løyvinga blitt flytta frå post 74 til post 73 fordelt på åra 2016 og 2017.
I jordbruksoppgjeret blei satsane for grunntilskott og tilskott til lammeslakt ikkje endra. Dei norske WTO-forpliktingane inneber at det maksimalt kan bli gitt tilskott til 1 075 700 lamme- og kjeslakt per år. For å overhalde denne forpliktinga var partane samde om at kvalitet O ikkje lenger skal få tilskott. Det er rekna å gi ein reduksjon på om lag 66 000 dyr og 33 mill. kroner i tilskott.
For kvalitetstilskottet til storfekjøtt blei prioriteringa av dei beste kvalitetane styrkt ved at satsen for kvalitet O blei redusert med 0,50 kroner/kg, mens satsen for dei betre kvalitetane blei auka med 0,50 kroner/kg. Partane tok òg ut slakt i feittgruppe 4 og høgare frå ordninga. Samstundes blei satsane i distriktstilskott for kjøtt av storfe, sau, og geit auka med 0,40 kroner/kg i sone 2-5.
Volumprognosen viser framleis stor auke i norsk kjøttproduksjon og verknaden på desse tilskotta frå 2017 til 2018 er rekna tilsvarande 72,6 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 474,4 mill. kroner i 2018. Av dette utgjer grunntilskottet til sau/lam og geit/kje 97 mill. kroner, kvalitetstilskottet til storfekjøtt 239,8 mill. kroner, distriktstilskottet 634,6 mill. kroner og tilskott til lammeslakt og kjeslakt 503,0 mill. kroner.
Underpost 73.16 Distriktstilskott egg
Formålet med ordninga er å bidra til eggproduksjon i heile landet gjennom å jamne ut geografiske skilnader i lønsemda i produksjonen. Tilskottet omfattar Nord-Noreg og Vestlandet unnateke Rogaland. Det blei ikkje gjort satsendringar i jordbruksoppgjeret, mens det er prognosert ein volumauke tilsvarande 0,3 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,5 mill. kroner i 2018.
Underpost 73.17 Distriktstilskott frukt, bær, grønsaker og potet
Formålet med ordningane er å betre inntekta for produsentane innan grøntsektoren og bidra til ein geografisk spreidd produksjon.
Ordninga omfattar distriktsdifferensierte tilskott til konsumproduksjon av eple, pære, plomme, kirsebær, morellar og bær. I tillegg gis det ein fast sats for pressfrukt og til potetproduksjon i Nord-Noreg. Det blir òg gitt distriktsdifferensierte tilskott til veksthusproduksjonane tomat og slangeagurk og til salatproduksjon.
Distriktsdifferensieringa følgjer dei same sonene som tilskott til areal- og kulturlandskap.
I jordbruksoppgjeret blei satsane for distriktstilskott for frukt og bær auka med 15–125 øre per kg tilsvarande 14,5 mill. kroner. Den største auken blei gitt til sone 5 som mellom anna omfattar fylka på Vestlandet. Volumprognosen aukar løyvingsbehovet med 2,2 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 103,8 mill. kroner i 2018, som gir ein auke på 19 pst. samanlikna med året før.
Underpost 73.18 Frakttilskott
Ordninga omfattar tilskott til frakt av kjøtt, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr. Frakttilskotta skal bidra til å jamne ut prisane til produsent og forbrukar. Frakttilskotta er baserte på at råvarekjøparane og produsentane må dekkje ein eigendel av kostnadene.
I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort endringar i tilskotta til frakt. Volumprognosen viser ein auke både av korn og kjøtt og gir ein auke i løyvinga på om lag 16,4 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 362,1 mill. kroner i 2018, fordelt med 134,0 mill. kroner til kjøtt, 8,1 mill. kroner til egg og 220,0 mill. kroner til korn og kraftfôr.
Underpost 73.19 Tilskott til prisnedskriving av norsk korn
Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetjing av norskprodusert korn, erter og oljefrø gjennom marknadsordninga, og å skrive ned prisen på råvarer til matmjøl og kraftfôr. For å fremje avsetjinga av økologisk korn og erter, blir det gitt høgare satsar til økologisk produksjon.
I jordbruksoppgjeret blei målprisane auka med følgjande tillegg: matkveite 9 øre/kg, bygg 6 øre/kg, havre 5 øre/kg, oljefrø 6 øre/kg, mens målprisen på matrug ikkje blei endra. Satsane i prisnedskrivingstilskottet til norsk korn blei ikkje endra. Referanseprisen på protein blei auka tilsvarande. Den regulerer tollsatsen ved import til kraftfôr og prisutjamningsbeløpet på norsk protein, som til dømes soya som er importert tollfritt til matproduksjon.
Det er lagt til grunn at verdsmarknadsprisane på protein vil halde seg så høge at auka referansepris på protein ikkje vil påverke råvarekostnaden til kraftfôr. Det er etter dette rekna ein auke i råvareprisane til kraftfôr på 4 øre/kg. Prognosen for omsetnad av norsk korn i 2018 aukar løyvinga med 44,8 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 696,0 mill. kroner for 2018.
Underpost 73.20 Tilskott matkorn
Formålet med ordninga er å gi grunnlag for ein rekningssvarande pris på norsk matkorn og samstundes halde prisen på matmjøl på eit nivå som kan sikre konkurransekrafta til norskprodusert matmjøl og bakevarer samanlikna med import. Tilskottet blir gitt til norske matmjølprodusentar på grunnlag av forbruk av norskprodusert matkorn. Tollsatsen på import av matkorn blir administrert ned til det same nivået som prisen på norsk matkorn minus prisnedskriving.
I jordbruksoppgjeret blei satsen auka med 4 øre/kg, tilsvarande 9,6 mill. kroner. Det er rekna ut at endringane i målpris og prisnedskriving av matkornet vil gi ein råvareprisauke for matmjølbransjen på om lag 4 øre/kg. Volumprognosen aukar løyvingsbehovet med 16,0 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 83,6 mill. kroner i 2018.
Post 74 Direkte tilskott, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
74.11 | Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon | 1 316 996 | 1 373 400 | 1 569 200 |
74.14 | Tilskott til husdyr | 2 365 385 | 2 182 010 | 2 279 010 |
74.16 | Beitetilskott | 802 637 | 854 500 | 916 500 |
74.17 | Areal- og kulturlandskapstilskott | 3 121 827 | 3 025 900 | 3 047 400 |
74.19 | Regionale miljøprogram | 423 205 | 422 400 | 435 537 |
74.20 | Tilskott til økologisk landbruk | 99 449 | 107 200 | 113 600 |
Sum post 74 | 8 129 499 | 7 965 410 | 8 361 247 |
Underpost 74.11 Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon
Formålet med driftstilskottet i mjølkeproduksjonen er å styrkje økonomien i mjølkeproduksjonen. Tilskottet skal òg jamne ut skilnader i lønsemd mellom føretak av ulik storleik og mellom bruk i Sør-Noreg og Nord-Noreg, og mellom Jæren og resten av Sør-Noreg. Formålet med driftstilskottet i spesialisert kjøttfeproduksjon er å stimulere til produksjon av storfekjøtt med høg kvalitet.
Driftstilskottet til mjølkeproduksjon er like stort per føretak for alle som har 5 kyr eller meir. Det er difor eit særs sterkt strukturverkemiddel. I jordbruksoppgjeret blei satsane i ordninga differensierte etter kva for ei sone i arealtilskotta driftssenteret til bruka ligg i. For bruk i sone 1, 3 og 4 blei tilskottet auka med 12 000 kroner per føretak. I sone 2 blei det auka med 10 000 kroner, mens sone 5, 6 og 7 fekk ein auke på 24 000 kroner per føretak. For driftstilskottet til spesialisert ammekuproduksjon blei satsen auka med 10 000 kroner per føretak i sone 1–4, og med 24 000 kroner i sone 5–7. For føretak med færre enn 40 ammekyr, gir det ein auke på 250 kroner per ku i sone 1–4, og med 600 kroner per ku i sone 5–7. Satsaukingane gir ein auke i løyvinga på 178,0 mill. kroner.
Ein reduksjon i talet på føretak med mjølkeproduksjon gir ei innsparing på posten med 10,4 mill. kroner sjølv om talet på føretak med ammekyr aukar.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 569,2 mill. kroner for 2018.
Underpost 74.14 Tilskott til husdyr
Tilskottet skal bidra til å styrkje og jamne ut inntektene til føretak med ulike husdyrproduksjonar og etter storleiken på husdyrhaldet. Ordninga skal òg støtte birøkt og husdyrhald med dyr av storferasar som er definerte som verneverdige.
Tilskottet blir gitt per dyr/slakt/bikube. Satsane per dyreslag blir avtrappa med aukande dyretal per føretak. I jordbruksoppgjeret blei satsane for tilskott til vinterfôra sau over eitt år auka med 50 kroner for dei første 100 dyra. Frå søknadsomgangen i år med utbetaling i 2018 vil òg påsettlam inngå i grunnlaget for tilskott. Det blir difor gjort ei teknisk omrekning av satsane som svarar til at talet på dyr aukar med 26 pst.
I jordbruksoppgjeret blei òg tilskottet til birøkt auka med 50 kroner per bikube, og til produksjon på hjort med 78 kroner per dyr.
Tilskott per dyr som tiltak for genbevaring av husdyrrasane er lagt inn i dette tilskottet frå 2016. I jordbruksoppgjeret blei satsen for storfe auka med 100 kroner, mens det blei gitt ein auke på 30 kroner per dyr for dei andre dyreslaga. Det gir ein samla auke på om lag 1 mill. kroner.
Den samla verknaden som følgje av endra satsar i jordbruksoppgjeret og tilpassing av løyvingsbehovet til dyretalet, er eit auka løyvingsbehov på 97 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2 279,0 mill. kroner i 2018.
Underpost 74.16 Beitetilskott
Formålet med ordningane er å stimulere til pleie av kulturlandskap og å oppnå ei god utnytting av utmarksbeiteressursane.
Ordninga består av eit tilskott for dyr som beitar i utmark, og eit tilskott for dyr som beitar i kulturlandskapet (innmark og/eller utmark). Det er krav til minimum beitetid for å få rett til tilskotta, og dei som får tilskott for dyr som beitar i utmark kan òg få det generelle beitetilskottet for dei same dyra.
I jordbruksoppgjeret blei satsane for tilskott til utmarksbeite auka med 200 kroner for kyr, storfe og hest, mens det blei auka med 35 kroner per dyr for sau, lam og kje. Saman med ein auke i talet på dyr på utmarksbeite gir det ei auka løyving til utmarksbeite på 144 mill. kroner.
For det generelle tilskottet til alt beite blei satsane reduserte med 78 kroner per dyr for storfe m.m. og med 17 kroner per dyr for småfe. Det gir satsreduksjonar tilsvarande 92 mill. kroner, mens prognosen gir eit auka forbruk med 10 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 916,5 mill. kroner i 2018, som fordeler seg med 579,1 mill. kroner til dyr på utmarksbeite og 337,4 mill. kroner i generelt beitetilskott.
Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott
Formålet med tilskottet er å bidra til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift, og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Tilskottet er ein del av det nasjonale miljøprogrammet, og må kunne dokumentere oppfølging av miljøkrav knytt til produksjonen for å oppnå maksimalt tilskott.
Ordninga er samansett av eit kulturlandskapstilskott med den same satsen per dekar til alt jordbruksareal som fyller vilkåra for arealtilskott. Som eit tiltak for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet, blir det i tillegg gitt eit arealtilskott der satsane per dekar er differensiert ut frå type produksjon og kvar i landet produksjonen skjer. Dette skal bidra til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar, og mellom distrikta.
I jordbruksoppgjeret blei satsen i det kulturlandskapstilskottet til alt dyrka areal redusert med 15 kroner per dekar til 155 kroner. Det gir ei innsparing på 137 mill. kroner.
For å stimulere til ei betre produksjonsfordeling mellom kornområda og grasproduksjon, blei partane i jordbruksoppgjeret samde om å fjerne arealtilskottet for grasproduksjon i sone 1 og å redusere det med 20 kroner per dekar i sone 3. I sone 5–7 blei satsane auka med 30 kroner per dekar. Samla gav dette ei auka løyving på 96 mill. kroner.
Arealtilskottet for kornproduksjon blei auka med 25 kroner per dekar i sone 1 og med 20 kroner i dei andre sonene. Dette gir ein auke i arealtilskottet til kornproduksjon på 65,5 mill. kroner.
Tilpassing av løyvinga til den gjeldande arealfordelinga krev 26,5 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3 047,4 mill. kroner i 2018. Dette fordeler seg med om lag 1 318,0 mill. kroner i kulturlandskapstilskott og 1 729,4 mill. kroner i arealtilskott.
Underpost 74.19 Regionale miljøprogram
Formålet med ordninga er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, og å hindre erosjon og avrenning av næringssalt til vatn gjennom regionalt og lokalt tilpassa regelverk for økonomisk støtte.
Ordninga opnar for at fylka kan støtte dei tiltaka som er mest målretta i sitt område, og vil bidra til å hindre attgroing og stimulerer til beiting og auka opplevingskvalitetar i kulturlandskapet. Rapportering tyder på stor aktivitet omkring arbeidet i fylka og at det gir auka målretting og differensiering av miljøarbeidet.
Regionale miljøprogram bidreg til gjennomføring av mange regionalt tilpassa miljøtiltak. Dette gir betre måloppnåing enn gjennom nasjonale ordningar, fordi miljøutfordringane varierer frå fylke til fylke.
Partane var samde om å auke tildelinga med 13,1 mill. kroner i 2018.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 435,5 mill. kroner i 2018.
Underpost 74.20 Tilskott til økologisk landbruk
Formålet med posten er å stimulere til at ein større del av jordbruksproduksjonen skjer i form av økologisk produksjon. Ordninga omfattar ekstra arealtilskott og husdyrtilskott til økologisk produksjon.
I jordbruksoppgjeret blei satsane for ekstratilskottet til økologisk produksjon av grønsaker, frukt og bær auka med 75 kroner per dekar, og til korn med 25 kroner per dekar. Det blei ikkje gjort endringar i husdyrtilskotta. Endringa i satsane aukar løyvinga med 2,2 mill. kroner, mens auka økologisk produksjon gir ei auka løyving på 4,2 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 113,6 mill. kroner i 2018. Dette fordeler seg med 68,0 mill. kroner i husdyrtilskott og 45,6 mill. kroner i arealtilskott.
Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
77.11 | Tilskott til dyreavl m.m. | 80 571 | 83 300 | 82 300 |
77.12 | Tilskott til frøavl m.m. | 13 771 | 13 720 | 15 720 |
77.13 | Tilskott til rådgiving | 82 500 | 84 500 | 88 500 |
77.15 | Tilskott til kvalitetstiltak | 51 901 | 51 860 | 56 360 |
77.17 | Tilskott til fruktlager | 13 000 | 13 000 | 14 000 |
Sum post 77 | 241 743 | 246 380 | 256 880 |
Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.
Tilskott til dyreavl m.m. skal bidra til avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa miljøet. Ordninga skal òg sikre genetisk variasjon i populasjonane og byggje på berekraftige prinsipp basert på ein tilstrekkeleg stor effektiv avlspopulasjon og inkludering av funksjonelle eigenskapar i avlsmålet.
Løyvinga skal bidra til at kostnadene ved inseminering av ku og svin kan haldast på om lag same nivå i heile landet og til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester.
I jordbruksoppgjeret blei satsane til veterinærreiser auka tilsvarande 2,0 mill. kroner samstundes som volumjusteringa reduserer løyvingsbehovet med 3,0 mill. kroner. For 2018 er det prognosert 24,6 mill. kroner i tilskott til semintenester, 43,5 mill. kroner til veterinærreiser og 14,2 mill. kroner til avlsorganisasjonar.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 82,3 mill. kroner for 2018.
Underpost 77.12 Tilskott til frøavl m.m.
Formålet med ordninga er å fremje frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det kan nyttast tre ulike typar tilskott under ordninga; pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott. For å sikre tilgang til klimatilpassa såvare blir det òg gitt tilskott til overlagring av såkorn mellom kornsesongar.
Tilskottet til frøavl blir gitt til sertifisert frøavl av godkjende sortar.
I jordbruksoppgjeret blei avsetjinga auka frå 10,0 til 12,0 mill. kroner knytt til auka volum. Avsetjinga til lagring av såkorn blei vidareført med 3,7 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 15,72 mill. kroner for 2018.
Underpost 77.13 Tilskott til rådgiving
Formålet med ordninga er å bidra til kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å leggje eit økonomisk grunnlag for drift i dei regionale rådgivingseiningane hos Norsk Landbruksrådgiving (NLR). Rammevilkåra og utfordringane for landbruket krev både næringspolitiske tilpassingar, produksjonstilpassingar og faglege tilpassingar. Løyvinga over jordbruksavtalen er med på å sikre eit likeverdig rådgivingstilbod over heile landet.
Rådgivingseiningane utgjer eit fagleg bindeledd mellom landbruksforskinga og landbruket. NLR si verksemd er viktig for å utvikle god agronomi og auka kompetanse i næringa. Dei har kjernekompetanse på god agronomi og gir råd innan planteproduksjon, maskin- og byggteknikk, næringsutvikling, føretaksøkonomi, økologisk landbruk, miljøtiltak, klimatiltak og HMS.
Prosjektet Klimarådgiving på gardsnivå er eit nytt, viktig arbeid NLR er involvert i med sikte på å få etablert eit godt rådgivingstilbod for klimatiltak og klimatilpassing i jordbruket. I jordbruksoppgjeret blei det sett av 4 mill. kroner til auka rådgiving der auken særleg skal nyttast til å styrkje innsatsen innanfor økologisk grønproduksjon og klimarelatert rådgiving.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 88,5 mill. kroner for 2018.
Underpost 77.15 Tilskott til kvalitetstiltak
Ordninga skal bidra til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.
Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe den norske potet- og grøntnæringa plantemateriale som er kontrollert for bestemte skadegjerarar, og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert settepotetavl er å stimulere til auka bruk av settepoteter av høg kvalitet.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 56,36 mill. kroner i 2018 som er fordelt på følgjande tilskottsordningar:
Utvikling av plantemateriale, nordisk. | 2,4 mill. kroner |
Utvikling av plantemateriale, oppformering | 11,0 mill. kroner |
Utvikling av plantemateriale, Graminor | 24,96 mill. kroner |
Kvalitetstiltak settepotetavl | 9,0 mill. kroner |
Handlingsplan plantevernmidler | 9,0 mill. kroner |
Underpost 77.17 Tilskott til fruktlager
Formålet med tilskottet til fruktlager er å fremje eit forpliktande samarbeid om sams lagring, sortering, pakking og omsetnad av frukt som bidreg til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt. I jordbruksoppgjeret blei det sett av 1,0 mill. kroner meir til ordninga.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 14 mill. kroner til ordninga i 2018.
Post 78 Velferdsordningar, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
78.11 | Tilskott til avløysing for ferie/fritid | 1 143 954 | 1 167 019 | 1 147 000 |
78.12 | Tilskott til avløysing for sjukdom m.m. | 142 761 | 158 400 | 153 300 |
78.14 | Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket | 88 000 | 73 000 | 69 300 |
78.15 | Tilskott til landbruksvikarordninga | 60 407 | 63 000 | 63 000 |
78.16 | Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar | 77 399 | 80 535 | 72 200 |
Sum post 78 | 1 512 521 | 1 541 954 | 1 504 800 |
Underpost 78.11 Tilskott til avløysing for ferie/fritid
Formålet med ordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie og få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å bidra til finansiering av leige av arbeidskraft.
Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar per dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag, men avgrensa til eit maksimalt tilskott per føretak på 74 200 kroner. Det er eit krav i ordninga at det skal kunne dokumentarast faktiske kostnader til avløysing.
I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort endringar i denne ordninga. Reduksjon i talet på føretak med husdyr gir ei innsparing på 20 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 147,0 mill. kroner for 2018.
Underpost 78.11 Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.
Formålet med ordninga er å bidra til å finansiere avløysing på føretak med husdyrproduksjon, honningproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon og til føretak med planteproduksjon i onneperiodar. Finansieringa skal skje når brukaren på grunn av sjukdom eller andre særlege grunnar ikkje kan ta del i arbeidet på bruket.
Tilskottet til husdyrbrukarar blir fastsett ut frå utrekna maksimalt tilskott i ordninga med tilskott til avløysarutgifter for ferie og fritid. For veksthusprodusentar blir tilskottet fastsett ut frå veksthusarealet. Ut frå dette grunnlaget blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskottet. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal dagsats for det enkelte bruk.
I jordbruksoppgjeret blei dagsatsen auka med 25 kroner per dag frå 1 530 kroner til 1 555 kroner, tilsvarande 2,3 mill. kroner. Samstundes gir redusert bruk av ordninga ei innsparing på vel 7 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 153,3 mill. kroner for 2018.
Underpost 78.11 Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket
Ordninga er ei kollektiv innbetaling over jordbruksavtalen til NAV for å dekkje differansen i sjukepengar for næringsdrivande og jordbrukarar som får 100 pst. av sjukepengegrunnlaget ved sjukdom utover 16 dagar. Tilskottet blir utbetalt av NAV til jord- og skogbrukarar som oppfyller dei generelle vilkåra for utbetaling av sjukepengar. Løyvinga blir fastsett ut frå NAV si utbetaling over ordninga dei seinare åra. Midlane blir overførte sentralt til Folketrygda. Reduserte utbetalingar gir ei innsparing på 3,7 mill. kroner på ordninga.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 69,3 mill. kroner til ordninga for 2018.
Underpost 78.11 Tilskott til landbruksvikarordninga
Formålet med landbruksvikarordninga er å sikre at primærprodusentane over heile landet har tilgang på arbeidshjelp når dei treng det ved akutt sjukdom eller i andre krisesituasjonar. Det er eit mål at ordninga vil nå eit omfang på 240 årsverk. Maksimal støtte per årsverk er 270 200 kroner.
I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort endringar, og departementet gjer framlegg om ei løyving på 63 mill. kroner for 2018.
Underpost 78.11 Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar
Formålet med ordninga er å bidra til lettare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Det er prognosert ein vidare reduksjon i talet på dei som får tilskott over ordninga, tilsvarande ei innsparing på 8,3 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 72,2 mill. kroner for 2018.
Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
85 | Marknadsordninga for korn | 67 | ||
Sum kap. 4150 | 67 |
Formål med løyvinga
Posten omfattar inntektene frå prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer.
Ordninga har som formål å sikre tilnærma like konkurransevilkår mellom korn og andre råvarer i kraftfôr til husdyr. I jordbruksavtalen blir det rekna ut referanseprisar for protein og feitt som gir om lag den same råvareprisen for energien i desse varene som for norsk korn. Råvarer som soyabønner blir ikkje pålagt toll når dei blir importerte til Noreg som mat. Den delen av dette som blir brukt til produksjon av kraftfôr til husdyr blir då pålagt ei prisutjamning.
Rapportering 2016
Verdsmarknadsprisane på soya og proteinråvarer har i lengre tid vore så høge samanlikna med prisen på norskprodusert korn at det berre blei rekna ei avgrensa prisutjamning i april 2016.
Budsjettframlegg 2018
I jordbruksoppgjeret gav prisendringane på norsk korn grunnlag for ein auka referansepris på soya på 8,5 øre per kg.
Prognosen for verdsmarknadsprisane på protein inneber at det likevel ikkje vil bli rekna prisutjamningsbeløp på protein til kraftfôr i 2018.
Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
51 | Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet | 27 400 | 31 600 | 32 800 |
72 | Tilskott til organisasjonsarbeid | 6 100 | 6 100 | 6 500 |
75 | Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast | 82 638 | 74 200 | 76 700 |
79 | Velferdsordningar, kan overførast | 1 878 | 2 600 | 2 600 |
Sum kap. 1151 | 118 016 | 114 500 | 118 600 |
Formål med løyvinga
Kapittelet omfattar løyvingar til gjennomføring av reindriftsavtalen.
Reindriftsavtalen er, ved sida av reindriftslova, det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinene i reindriftspolitikken. I forhandlingane om reindriftsavtalen blir dei sentrale økonomiske verkemidla drøfta, mellom anna ut frå dei behova og utfordringane næringa til ei kvar tid står overfor.
Ved Stortinget si handsaming av Meld. St 32 (2016–2017) Reindrift – Lang tradisjon – unike muligheter slutta Stortinget seg til regjeringa sitt framlegg om å vidareføre dei årlege avtaleforhandlingane. Dette gjer det mogleg å få drøfta og justert dei økonomiske verkemidla, i tråd med behovet for ei naturbasert næring som reindrift. Vidare slutta Stortinget seg til regjeringa si prioritering av dei næringsretta tiltaka som stimulerer til ei økologisk berekraftig, produksjonsretta, lønsam og marknadsorientert utvikling av reindrifta. I den samanhengen viser departementet til framlegget om å knytte dei direkte tilskottsordningane tettare til klassifiseringssystemet for reinsdyrkjøtt.
For nærare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken, og resultata frå dei ulike tiltaka som sorterer under reindriftsavtalen, sjå omtale under kat. 15.30, Prop 138 S (2016–2017) Endringer i statsbudsjettet 2017 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2017/2018 m.m.) og Innst. 454 S (2016–2017). Nærare omtale av målsetjingane for dei enkelte ordningane på kapittelet går fram av budsjettframlegget for 2018.
Tilpassing til økonomiregelverket i staten
Tilsvarande som for tilskottsforvaltninga under kap. 1150, er det òg behov for tilpassingar til dei normale prosedyrane for ordningar under kap. 1151. Kostnadssenkande og direkte tilskott under post 75 og velferdsordningar under post 79 er baserte på fastsette kriterium. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekkje verkemiddel som verkar samstundes mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla basert på rapportering frå Økonomisk utval for reindrifta før dei årlege forhandlingane om reindriftsavtalen. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar. For ordningane under postane 75 og 79 er det ikkje aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane.
Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Landbruksdirektoratet. Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane over kap. 1142. For å kunne ha nødvendig fleksibilitet vil det likevel vere aktuelt å trekkje nokre utviklings- og utgreiingskostnader på nokre av tilskottsordningane. Det same gjeld store evalueringar. På enkelte område skjer forvaltninga av tilskott gjennom Innovasjon Noreg (IN). I samband med dette har departementet klargjort ansvar og oppgåver for IN. Vidare er det på ein del område eit styre som forvaltar ulike ordningar. Dette styret er partssamansett. Styret skal tildele tilskottsmidlar, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat for styret.
Rapportering 2016
Reindriftslova av 2007 skal gi grunnlag for ei god indre organisering og forvaltning av reindrifta. I tillegg skal reindriftsnæringa etter lova, gjennom internt sjølvstyre, sjølv spele ei aktiv rolle og ha ansvaret for at reindrifta er berekraftig. Eit sentralt verktøy i denne samanhengen er bruksreglane. Dei siste åra har styresmaktene sitt arbeid vore prega av bistand og tett oppfølging av næringa sitt arbeid med å utarbeide bruksreglar og oppfølging av vedtak om øvre reintal. Sjå kap. 1142 for nærmare omtale.
Utfordringane ireindrifta er mange og samansette. Den viktigaste føresetnaden for å nå måla om økologisk, økonomisk og kulturell berekraft, er at reintalet er i samsvar med beitegrunnlaget, at reindrifta sine areal for auka produksjon og lønsemd blir varetekne, og at tapet av rein blir redusert. Tal frå totalkalkyla sitt rekneskap viser at det har vore ei positiv utvikling av resultatmåla i 2015. Vederlag for arbeid og eigenkapital auka samla frå 54,1 mill. kroner til 102,3 mill. kroner. Vederlaget for arbeid og eigenkapital auka frå 56 400 kroner til 107 600 kroner per årsverk. Dette kjem i hovudsak av at dei produksjonsbaserte inntektene har auka. Tala viser store regionale skilnader mellom reinbeiteområda, men òg store variasjonar innanfor det enkelte området. Førebelse tal for 2016 viser framleis ei positiv endring av resultatmåla. Dette kjem i hovudsak av auka slakting. Den økonomiske situasjonen i reindrifta er likevel framleis svak.
Budsjettframlegg 2018
28.2.2017 kom staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) fram til ein avtale for 2017/2018. Reindriftsavtalen for 2017/2018 har ei ordinær ramme på 118,6 mill. kroner. Dette er ein auke på 4,1 mill. kroner samanlikna med reindriftsavtalen for 2016/2017.
Hovudmålet med Reindriftsavtalen 2017/2018 er å leggje til rette for å utvikle reindriftsnæringa som ei rasjonell marknadsorientert næring som er berekraftig i eit langsiktig perspektiv. I tråd med regjeringsplattforma blir tiltak som stør opp om økologisk berekraft prioriterte. Gjennom arbeidet med fastsetjing av eit økologisk berekraftig reintal er det no blitt mogleg å knyte saman verkemidla over reindriftsavtalen og reindriftslova. Dei tre siste reindriftsavtalane har støtta opp om dei som har følgt opp vedtaka om reduksjon, mens dei som ikkje har følgt reduksjonskrava har ikkje fått tilskott. Dei produksjonsretta tilskotta har blitt prioriterte framfor tilskott som ikkje direkte stimulerer til auka slakting og omsetnad. Ved inngåinga av dei tre siste reindriftsavtalane er det gjennomført ei rekkje forenklingstiltak. I tillegg har tiltak som stør opp om dei utøvarane som har reindrift som hovudverksemd blitt prioritert. Reindriftsavtalen 2017/2018 har òg stor merksemd omkring desse områda.
Reindriftsavtalen 2017/2018 er den fjerde avtalen der regjeringa har komme fram til semje med NRL. Semje i avtaleforhandlingane er viktig for å stø opp om avtaleinstituttet og den hovudavtalen som er inngått mellom Landbruks- og matdepartementet og NRL. Ved Stortingets handsaming av dei siste fire reindriftsavtalane har ein samla næringskomité støtta opp om regjeringa sin reindriftspolitikk. Gjennom innstillingane sine har komiteen vist at det er brei politisk semje i den dreiinga ein har hatt i verkemidla dei siste åra, med vektlegging av næringsretting og tilrettelegging for dei som har reindrift som hovudverksemd.
Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2018 i samsvar med Stortingets handsaming av reindriftsavtalen for 2017/2018, jf. Innst. 454 S (2016–2017). I omtalen av dei enkelte postane er det gjort kort greie for formål og innhald i dei ulike ordningane. Nærare omtale finst i Prop. 138 S (2016–2017) Endringer i statsbudsjettet 2017 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2017/2018 m.m.) og Innst. 454 S (2016–2017).
Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet
Reindriftas Utviklingsfond (RUF) skal gjennom bruk av økonomiske verkemiddel bidra til å utvikle reindriftsnæringa i samsvar med dei reindriftspolitiske måla. Frå fondet blei det gjort følgjande avsetjingar:
1,45 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak
8,20 mill. kroner til Utviklingsprogrammet
2,00 mill. kroner til Fagbrevordninga
5,00 mill. kroner til ulike marknadsføringstiltak
4,50 mill. kroner til pramming av rein
1,00 mill. kroner til lærings- og omsorgsbaserte tenester
0,85 mill. kroner til drift av nytt klassifiseringssystem
1,00 mill. kroner til fjerning av gammalt gjerdemateriell m.m.
0,30 mill. kroner til individmerking av rein
0,30 mill. kroner til videreutvikling av reindrifta sine arealbrukskart
0,20 mill. kroner til støtte til reindriftsfaglege møte med fylkesmannen
Avsetjingane over midlane til RUF utgjer i alt 32,8 mill. kroner. Dette er ein auke på 1,2 mill. kroner samanlikna med Reindriftsavtalen 2016/2017.
Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid
Dei store utfordringane reindriftsnæringa står overfor krev ei aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskottet til NRL er sett til 6,5 mill. kroner, av dette 200 000 kroner til HMS-tiltak i reindrifta.
Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast
Kostnadssenkande og direkte tilskott skal bidra til å fremje berekraft, kvalitet og produktivitet i reindrifta, heve inntekta og verke utjamnande mellom einingar i næringa. Regjeringa gjer framlegg om ei samla løyving under posten på 76,7 mill. kroner for 2018. Dei kostnadssenkande og direkte tilskotta er samansett av fleire ulike tilskottsordningar, jf. omtalen nedanfor.
Frakttilskott
Formålet med frakttilskottet er å bidra til å jamne ut prisane på reinkjøt til reineigarane i ulike distrikt og bidra til konkurranse og auka slakting og omsetnad av reinkjøtt. Tilskottet skal òg bidra til meir slakt av rein før innflytting til haust- og vinterbeiter. Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 2,5 mill. kroner.
Produksjonspremie
Formålet med produksjonspremien er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Produksjonspremien til siidaandelane blir rekna med 34 pst. av avgiftspliktig sal av kjøtt og biprodukt frå rein. Vidare blir det utbetalt produksjonspremie for andre avgiftspliktige inntekter frå vidareforedla produkt frå reinen. Det blir ikkje utbetalt produksjonspremie for avgiftspliktig inntekt som overstig 0,6 mill. kroner per siidaandel og 1 mill. kroner per tamreinlag. Produksjonspremien blir utbetalt til eigaren av siidaandelen. For tamreinlaga vil årsrekneskapen danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Det er sett av 33,5 mill. kroner til produksjonspremie.
Etableringstilskott
Ordninga med tilskott ved overdraging av siidaandel blir vidareført med ein sats på 80 000 kroner det første året, for så å bli sett til 65 000 kroner dei to påfølgjande åra. Det er sett av 1,9 mill. kroner til etableringstilskott.
Særskild driftstilskott til ungdom
Det blir gitt eit særskild driftstilskott på 25 000 kroner til leiarar av siidaandelar som er under 30 år per 1.1.2018. Der er sett av 1,4 mill. kroner til ordninga med særskild driftstilskott til ungdom.
Kalveslaktetilskott
Satsen for tilskottet er 475 kroner per kalv. Det er sett av 24,0 mill. kroner til ordninga med kalveslaktetilskott.
Ektefelletillegg
Ordninga med tillegg til siidaandelar der begge ektefellane eller sambuarane utøver aktiv reindrift er fastsett med ein sats på 30 000 kroner. Det er sett av 1,5 mill. kroner til ordninga med ektefelletillegg.
Distriktstilskott
Formålet med distriktstilskottet er å bidra til at reinbeitedistrikta skal kunne ta auka ansvar for utvikling av næringa i ei berekraftig retning. Dette inneber å få talet på rein i balanse med beitegrunnlaget, sikring av areala til reindrifta, auka lønsemd og tilrettelegging for kriseberedskap.
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 11,6 mill. kroner.
Post 79 Velferdsordningar
Det er sett av 1,0 mill. kroner til ordninga med tidlegpensjon. Satsen for einbrukarpensjon er 100 000 kroner per år, og tobrukarpensjon er sett til 160 000 kroner. Posten omfattar ordninga med medlemsavgift til folketrygda og sjukepengeordninga. Det gjeldande regelverket og dei gjeldande satsane blir ført vidare.
Det er sett av 1,0 mill. kroner til ordninga med særskild tilskott for leigd hjelp ved svangerskap/fødsel. Tilskottet skal bidra til å styrkje kvinners stilling i reindrifta. Det gjeldande regelverket og dei gjeldande satsane blir ført vidare.
Det er sett av 0,6 mill. kroner til sjukepengeordninga. Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for ein auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir òg dekt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir overførte sentralt til folketrygda.
Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 2,6 mill. kroner.
Kap. 1161 Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
70 | Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver | 14 215 | 14 173 | 14 293 |
75 | Tilskott til oppsyn i statsalmenningar | 10 156 | 10 126 | 10 212 |
Sum kap. 1161 | 24 371 | 24 299 | 24 505 |
Post 70 Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver
Formål med løyvinga
Posten omfattar tilskott til Statskog SFs arbeid med delegerte myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver slik dei går fram avtalen mellom Statskog SF og Landbruks- og matdepartementet.
Statskog SF skal sørgje for at dei rettane bruksrettshavarar og andre har på eigedommane, blir sikra i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningsliner. Føretaket skal arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for dei distrikta der eigedommane ligg og for staten som eigar. Innanfor skogbruket følgjer oppgåvene av lov om skogsdrift i statsallmenningar, og oppgåvene er særleg knytte til utvising av virke i statsallmenningar til dekking av bruksrettar. I tillegg inngår arbeid med salsvirke til inntekt for allmenningsfonda.
Vidare utfører Statskog SF offentlegrettslege oppgåver der føretaket handlar som offentleg styresmakt, handsamar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova og lov om skogsdrift mv. i statsallmenningane. Statskog SFs utgifter til tilskottsforvaltninga for post 75 Oppsyn i statsallmenningar blir òg dekte over denne posten.
I tillegg til dei lovpålagde oppgåvene har Statskog SF ei rekkje oppgåver som har grunnlag i pålegg og retningsliner frå departementet. Statskog SF skal vere til stades på eigedommane og ha oppsyn og kontakt med brukarar av areala. Statskog SF har eit eige feltapparat for naturoppsyn og forvaltning av statleg grunn i Nordland og Troms. Tenesta skal gjennom informasjon og rettleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging bidra til å sikre naturverdiar og å bevare biologisk mangfald. Fjelltenesta sel tenester til fleire oppdragsgivarar, mellom anna miljøvernstyresmaktene. Statskog SF har inngått ein samarbeidsavtale med Statens naturoppsyn (SNO) om at Fjelltenesta skal utføre offentlegrettsleg naturoppsyn for SNO.
Statskog SF skal leggje til rette for at folk flest skal kunne drive eit aktivt friluftsliv på føretaket sine areal. Som ledd i dette arbeidet held føretaket opne husvære i fjellet, merkjer stiar og løyper og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebrygger. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern. Statskog SF har eit nært samarbeid med miljøvern-, landbruks- og helsestyresmakter og dei frivillige organisasjonane i dette arbeidet.
Rapportering 2016
På post 70 er det i 2016 rekneskapsført 14,215 mill. kroner, som er i samsvar med løyvinga. Rekneskapen viser at det er nytta 1,9 mill. kroner på skogbruksverksemd i statsallmenningane i 2016. Dette er litt lågare enn året før. Om lag 22 000 m3 tømmer og ved er utvist til bruksrettshavarane eller seld til inntekt for allmenningsfonda. Samla utgjer avverka kvantum i 2016 om lag 40 pst. av balansekvantumet. Det blei brukt i underkant av 0,3 mill. kroner til offentlegrettslege oppgåver der føretaket har handla som offentleg styresmakt.
Vidare viser rekneskapen at det i 2016 blei brukt 5,3 mill. kroner til oppsyn. Dette er om lag på same nivået som året før. Oppsynet rettar seg mot førebyggjande verksemd, ordinært oppsyn, vedlikehald og skjøtsel av areala. I 2016 har oppsynet vore til stades i fleire kommunar enn i 2015.
Til arbeidet med friluftsliv blei det i 2016 brukt om lag 5,8 mill. kroner, ein oppgang på om lag 0,5 mill. kroner samanlikna med 2015. I 2016 har Statskog SF mellom anna utarbeidd ein ny Handlingsplan for friluftslivet 2016–2020.
Grunneigarfondet
Statskog SF har ansvaret for forvaltninga av grunneigarinntektene frå statsallmenningane. Inntektene går inn på eit eige fond, Grunneigarfondet. Hovuddelen av inntektene er frå festekontraktar i statsallmenningane, i tillegg kjem inntekter frå fallrettar, eigedomsutvikling og andre grunndisponeringstiltak. Bruken av Grunneigarfondet er regulert i § 12 i fjellova. Inntektene skal nyttast til dekning av utgifter til administrasjon av statsallmenningane og til stønad til ein fellesorganisasjon for fjellstyra (Noregs Fjellstyresamband). Fondet skal òg nyttast til tiltak i statsallmenningane, med sikte på verdiskaping og lønsame arbeidsplassar. Slike tiltak skal gjennomførast i samråd med Noregs Fjellstyresamband.
Behaldninga i Grunneigarfondet var per 31.12.2016 på 10,1 mill. kroner. Dette er ein auke på 1,0 mill. kroner samanlikna med 2015. Inntektene var på 23,0 mill. kroner, og kostnadene på 23,9 mill. kroner. Resultatet for 2016 var på 0,7 mill. kroner. Økonomien i Grunneigarfondet er viktig for omfanget av og kvaliteten på Statskog SF sin administrasjon og forvaltning og føretaket si moglegheit for å bruke midlar til tiltak. Tilskottet til Noregs Fjellstyresamband var 2,7 mill. kroner for 2016.
Allmenningsfond
Allmenningsfonda var per 31.12.2016 på 125,3 mill. kroner, og av dette utgjer erstatning for vern av skog 108,3 mill. kroner. Det resterande fondet skal saman med avsett skogfond på 0,7 mill. kroner nyttast til investeringar i skogbruket i den enkelte allmenningen.
Budsjettframlegg 2018
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 14,293 mill. kroner.
Statskog SFs oppgåver knytte til skogbruk i statsallmenningar omfattar planlegging og gjennomføring av arbeidet med utvising av virke til dei med bruksrett, skogbruksplanar, miljøregistreringar i skog, landskapsplanar med vidare.
Det vil vere behov for å føre tilsyn med Statskog SFs areal for å vareta staten sine rettar som grunneigar. Fjelltenesta tek dette i vare på statsgrunn i Nordland og Troms gjennom oppsyn, nærvær og brukarkontakt.
Statskog SF skal i 2018 halde fram med å leggje til rette for allmenta sin bruk av og tilgang til areala. Innsatsen skal i hovudsak rettast mot kvalitetssikring og vedlikehald av eksisterande anlegg og tilbod som fremjar tryggleik for og vern av kulturminne, og informasjon om tilboda. Det er behov for vedlikehald av opne husvære for allmenta. Mange av desse blei tidlegare nytta i næringsverksemd, og er viktige kulturelement som bør haldast i stand så langt som mogleg. Statskog SF skal halde fram med å samarbeide med andre aktørar for å bidra til merksemd retta mot friluftsliv og dei store moglegheitene allmenta har til å drive friluftsliv i statsallmenningane og på anna statsgrunn.
Statskog SF må òg i 2018 arbeide vidare med forvaltningsplanar for Statens kulturhistoriske eigedommar (SKE).
Post 75 Tilskott til oppsyn i statsallmenningar
Formål med løyvinga
Posten dekkjer tilskott til dei oppsynsordningane fjellstyra har i statsallmenningane i samsvar med § 36 i fjellova. Fjellstyra kan tilsetje oppsynsmenn til å føre tilsyn med statsallmenningen. Oppsynsmenn blir lønte av fjellkassa. Når tilsetjinga av oppsynsmenn skjer i samsvar med oppsynsordninga som departementet har godkjent og innanfor årlege budsjett, har fjellstyra krav på å få refundert halvparten av lønsutgiftene frå denne posten. Ordninga skal leggje til rette for å vareta samfunnsinteresser, oppsyn og tilrettelegging der staten som grunneigar har eit særskild ansvar. Fjellstyret gir ein instruks for oppsynstenesta, som blir godkjend av Statskog SF. Forvaltninga av tilskottsordninga er delegert til Statskog SF.
Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg utgjer om lag 27 mill. dekar, tilsvarande 11 pst. av alt utmarksareal i Noreg. Dette er viktige område for rekreasjon og lokal næringsutvikling. Fjelloppsynet har til oppgåve å bidra til berekraftig bruk av statsallmenningane. Dei skal mellom anna førebyggje miljøkriminalitet, bidra til at offentlegrettslege vedtak blir overhaldne og utføre oppgåver Statskog SF som grunneigar. Som eit ledd i dette arbeidet driv fjelloppsynet informasjon, tilrettelegging, skjøtsel, naturovervaking og kontroll. Oppsynsmenn kan bli gitt politifullmakt etter politilova § 20.
Rapportering 2016
I 2016 blei det løyvd vel 10,1 mill. kroner i tilskott til fjellstyra for oppsynsordningar i statsallmenningane. Statskog SF har fordelt midlane på grunnlag av fjellstyra sine budsjett, rekneskap og rapportering og etter ein nøkkel som mellom anna tilgodeser små fjellstyre. 65 av 94 fjellstyre mottek tilskott. Noko under halvparten av tilskottet er brukt på feltarbeid knytt til oppsyn og skjøtsel, mens dei resterande midlane er brukte til sakshandsaming og anna innearbeid som gir rett til tilskott. For 2016 er det rapportert om 6 600 kontrollar. Sidan rapporteringa ikkje har vore lik frå år til år, er det er knytt noko uvisse til tala. Det er rapportert om 88 ulovlege forhold. Dette er ein nedgang frå 2015 og svært lågt samanlikna med situasjonen tidleg på 2000-talet.
Budsjettframlegg 2018
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 10,212 mill. kroner. Fjelloppsynet utgjer i dag om lag 60 årsverk, og av dette er det 44 årsverk som utløyser rett på tilskott. Løyvinga på posten gir grunnlag for eit synleg oppsyn i statsallmenningane og rom for vidare tilrettelegging for friluftslivet. Oppsyn i statsallmenning skjer både gjennom fjelloppsynet og det offentlegrettslege oppsynet Statens naturoppsyn driv. Fjelloppsynets lokale forankring og kunnskap er eit viktig bidrag i det samla oppsynet. Det er nødvendig med eit godt samarbeid mellom fjelloppsynet og Statens naturoppsyn.
Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
90 | Avdrag på lån | 25 000 | 25 000 | 25 000 |
Sum kap. 4162 | 25 000 | 25 000 | 25 000 |
Post 90 Avdrag på lån
Budsjettframlegg 2018
Under posten blir det ført inntekter frå avdrag på det statlege lånet Statskog SF fekk i samband med oppkjøpet av Borregaard Skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, jf. Prop. 11 S (2010–2011) Kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF. Etter avtalen mellom Statskog SF og Landbruks- og matdepartementet er minimumsavdraget på 10 mill. kroner. Med utgangspunkt i føretakets nedbetalingsplan er venta avdrag i 2018 sett til 25 mill. kroner. Lånet vil då vere innfridd.
Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
70 | Forskingsavgift på landbruksprodukt | 150 000 | 160 000 | |
71 | Totalisatoravgift | 141 833 | 135 000 | |
Sum kap. 5576 | 141 833 | 285 000 | 160 000 |
Post 70 Forskingsavgift på landbruksprodukt
Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt blei oppretta i medhald av lov av 26.6.1970 om forskingsavgift på visse landbruksprodukt. I tråd med lova er formålet å sikre økonomisk grunnlag for forsking på landbruksprodukt som blir nytta til å framstille nærings- og nytingsmiddel og på fôrkorn til husdyr. Frå og med 2017 er midlane tekne inn i Statsbudsjettet. Inntektsposten har ein motsvarande utgiftspost under kap. 1137, post 54. Det er uvisse knytt til dei endelege inntektene frå forskingsavgifta på landbruksprodukt, og departementet gjer difor framlegg om ein meirinntektsfullmakt mellom kap. 5576, post 70 og kap. 1137, post 54, jf. framlegg til vedtak II.
Post 71 Totalisatoravgift
Under posten blir det ført inntekter frå avgift på totalisatorspel. I 2016 var den samla omsetnaden på totalisatorspel 3 880 mill. kroner. Dette var 4,1 pst. høgare enn året før. Av omsetnaden blei det betalt 3,7 pst. totalisatoravgift, i alt 143,6 mill. kroner
Totalisatoravgifta har ingen sektorpolitiske formål. Det blir difor gjort framlegg om å gjere denne avgifta om til ei særavgift. Avgifta blir for 2018 budsjettert på kap. 5562, post 70 under Finansdepartementet, sjå nærare omtale i Prop. 1 LS (2017–2018) frå Finansdepartementet.
Programkategori 15.40 Forretningsdrift
Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 | Pst. endr. 17/18 |
5652 | Statskog SF – renter og utbytte | 14 053 | 18 060 | 26 630 | 47,5 |
Sum kategori 15.40 | 14 053 | 18 060 | 26 630 | 47,5 |
Landbruks- og matdepartementet forvaltar statens eigarinteresser i selskapa Statskog SF, Graminor AS, Kimen Såvarelaboratoriet AS og Staur gård AS. I tillegg forvaltar verksemder under departementet delar av statens eigarinteresser i Instrumenttjenesten AS og ITAS Eierdrift AS. Departementets forretningsmessige forhold til Statskog SF er nærare omtalt under kap. 5652.
Graminor AS
Graminor AS driv planteforedling, sortsrepresentasjon og oppformering for å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale. Selskapet tek imot lisens- og foredlaravgift ved omsetnad av sjukdomsfritt plantemateriale i marknaden, forskingsmidlar frå jordbruksavtalen og tilskott, jf. omtale under kap. 1150, post 77.
Staten eig 34 pst. av aksjane i selskapet. Av dette forvaltar departementet 28,2 pst., mens Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) forvaltar høvesvis 5 pst. og 0,8 pst. Dette skal sikre eigar- og samfunnsinteressene i planteforedling og oppformering av plantemateriale i Noreg.
Graminor AS hadde i 2016 ein omsetnad på 68,4 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 4,2 mill. kroner. Det blei ikkje utbetalt utbytte for 2016.
Graminor AS har utarbeidd ein strategi for verksemda, og den er lagt til grunn for budsjettet for 2018. I strategien blir verksemda skissert som ei forretningsmessig verksemd basert på planteforedling, representasjon og prebasisproduksjon og planteforedling på vegne av staten. I strategien til verksemda er det lagt til grunn ein langsiktig utbyttepolitikk basert på stabilitet, og på at ein stor del av det årlege overskottet skal haldast tilbake til finansiering av planteforedlingsaktivitet. Det blir difor ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2018.
Staten kategoriserer dei direkte eigde selskapa basert på formålet med eigarskapen. Statens eigarpost i Graminor er plassert i kategori 4, der staten har sektorpolitiske målsetjingar med eigarskapet. Målet med statens eigarskap i selskapet er å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale.
Kimen såvarelaboratoriet AS
Kimen Såvarelaboratoriet AS (Kimen) er Noregs kompetansesenter på frøkvalitet og frøanalysar. Kimen er og nasjonalt referanselaboratorium for desse analysane. Selskapet har bygd opp kunnskapen gjennom vel 130 år. Staten eig no 51 pst. av aksjane, og dei to andre eigarane Felleskjøpet Agri SA og Strand Unikorn AS, eig 34 og 15 pst. kvar. Statens eigarinteresser er ikkje av forretningsmessige grunnar, og Kimen er plassert i ein kategori der staten har sektorpolitiske målsetjingar med eigarskapen (kategori 4). Målet med eigarskapen i Kimen er å sikre at norske såvareverksemder får utført nødvendige analysar, jf. forskrifter for såvare, floghavre, plantehelse og for planteproduksjonsområdet.
Kimen hadde i 2016 ein omsetnad på om lag 13 mill. kroner og ein eigenkapitaldel på om lag 80 pst. Kimen blei i 2016 revidert av International Seed Testing Association (ISTA) og akkreditert for nye tre år. Styret for Kimen har vedteke ein handlingsplan til strategisk plan for perioden 2015–2020.
Noko av utfordringa for Kimen framover er svingingar i etterspørselen etter analysetenester. Ein solid eigenkapital og vedlikehald av kompetanse vil difor framleis vere nødvendig for kommande år.
Staur gård AS
Staur gård AS har ansvar for å drive eigedommen Staur i Stange. Eigedommen er eigd av staten, og forholdet mellom staten som eigar og selskapet som leigetakar av eigedommen er regulert i eigen leigeavtale frå 2013. Staur gård AS har eit sektorpolitisk ansvar for å leggje til rette for forskings- og forsøksverksemd i jordbruket og å drive eigedommen på ein best mogleg måte. Av dei viktigaste funksjonane på garden er teststasjonen for storfe, seminstasjonen for sau og korn- og planteforsøk i regi av Graminor AS. Eigedommen Staur gård AS driv, er spesiell og eigenarta, og hagen, parkanlegget og fleire bygningar er freda av Riksantikvaren. Selskapet har til oppgåve å drive eigedommen på ein rasjonell måte innanfor ramma av desse omsyna. Selskapet er heileigd av staten.
Selskapet hadde i 2016 ein omsetnad på 8,4 mill. kroner, og eit underskott på i overkant av 2 mill. kroner. Styret utløyste på bakgrunn av dette handlingsplikta etter aksjeloven § 3-5, og departementet la fram saka for Stortinget, som vedtok at departementet skulle skyte inn nødvendig eigenkapital for å unngå avvikling av selskapet. Oppfølginga av dette er nærare omtalt under kat. 15.00, jf. oppmodingsvedtak nr. 290. Det nye styret for selskapet arbeider for å utvikle eit lønsamt driftskonsept for eigedommen. Det blir ikkje budsjettert med utbytte i 2018.
Staten kategoriserer dei direkte eigde selskapa basert på formålet med eigarskapen. Staten sin eigarpost i Staur gård AS er plassert i kategori 4, der staten har sektorpolitiske målsetjingar med eigarskapen.
Instrumenttjenesten AS
Instrumenttjenesten AS blei etablert i 1991 for å levere datatenester til seks forskingsinstitusjonar som òg var eigarar. Statens formål med eigarskapet er å leggje til rette for effektiv forsking og utvikling i sektoren. Staten eig heile selskapet. Verksemder under Landbruks- og matdepartementet forvaltar 60 pst. av aksjane, mens verksemder under Kunnskapsdepartementet forvaltar dei resterande 40 pst. Instrumenttjenesten AS hadde i 2016 ein omsetnad på 14,7 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 0,3 mill. kroner. Det blir ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2018.
ITAS Eierdrift AS
ITAS Eierdrift AS blei etablert i 2009. Aktiviteten i 2016 har vore å drifte sentrale IKT-system og Landbruksmeteorologisk Tjeneste for NIBIO. Staten eig heile selskapet. Verksemder under Landbruks- og matdepartementet forvaltar 76 pst. av aksjane, mens verksemder under Kunnskapsdepartementet forvaltar dei resterande 24 pst. ITAS Eierdrift AS hadde i 2016 ein omsetnad på 9,1 mill. kroner og eit negativt årsresultat etter skatt på 0,1 mill. kroner. Det blir ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2018.
Kap. 5652 Statskog SF – renter og utbytte
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
80 | Renter | 3 253 | 2 060 | 630 |
85 | Utbytte | 10 800 | 16 000 | 26 000 |
Sum kap. 5652 | 14 053 | 18 060 | 26 630 |
Mål og strategiar
Statskog SF forvaltar om lag ein femdel av landarealet i Noreg. Statskog SF er den største skogeigaren i landet med om lag 7 pst. av det samla skogarealet. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i Troms og Nordland. I Sør-Noreg er ein stor del av arealet (om lag 27 000 km2) statsallmenning, der lokalbefolkninga har ulike bruksrettar slik som tømmer, ved og beite.
Statskog SF er, med sin kompetanse og si erfaring innanfor skog- og utmarksområdet, ein sentral aktør i ei berekraftig forvaltning av dei norske skog- og utmarksressursane. Føretaket er òg viktig for å løyse oppgåver knytte til skog- og utmarksspørsmål. Statskog SF skal ut frå vedtektene forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsetjinga kan Statskog SF òg drive andre eigedommar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert.
Skogbruk er det viktigaste forretningsområdet til Statskog SF. Etter kjøpet av skogeigedommane frå Orkla ASA, jf. Prop. 11 S (2010–2011) Kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF, auka den samla hogsten til Statskog SF frå om lag 150 000 m3 til 400 000 m3 per år. I 2016 var den samla hogsten på 338 000 m3. Statskog har som mål å utnytte skogproduksjonen som grunnlag for verdiskaping og høge skogverdiar, og føretaket har ambisjon om å vere den dyktigaste industrielle skogeigaren i landet. Skogbruket i Statskog SF rettar seg mellom anna etter Norsk PEFC Skogstandard for eit berekraftig skogbruk.
Departementets styring, oppfølging og kontroll av Statskog SF
Departementets styring og kontroll av Statskog SF følgjer reglane i lov om statsføretak og vedtektene til føretaket. Alle avgjerder frå eigaren som er bindande for styret i føretaket, skjer som vedtak i føretaksmøte. Det ordinære føretaksmøtet i Statskog SF er i juni, og utover dette blir det kalla inn til ekstraordinært føretaksmøte ved behov.
Spørsmål om korleis føretaket handsamar myndigheita som er delegert gjennom fjellova og allmenningslova, ligg utanfor sjølve eigarstyringa og blir handtert gjennom eigne kontaktmøte og tildelingsbrev, jf. kap. 1161.
Departementet har kontakt med og får informasjon frå føretaket i aktuelle saker. For å styrkje eigarstyringa blei det i 2011 innført regelmessige kontaktmøte mellom departementet og Statskog SF knytt til mellom anna Statskog SFs framlegging av kvartalsresultat. Økonomien i verksemda og viktige hendingar blir gjennomgått på kontaktmøta og på ordinært føretaksmøte.
Landbruks- og matdepartementets forventingar til Statskog SF går fram av Prop. 1 S (2015–2016).
Vidareføring og utviding av arronderingssalet frå Statskog SF
Arronderingssalet, som er ein del av oppfølginga av Statskog SFs skogkjøp i 2010, jf. Prop. 11 S (2010–2011), kom i gang i 2011. Salet omfattar spreidde skogeigedommar på om lag 600 000 dekar som Statskog SF eigde før 2010, og skal etter planen vere gjennomført innan 2017. Fram til hausten 2017 er det seld 197 eigedommar som til saman utgjer 406 000 dekar der kjøparen har fått konsesjon. Eigedommane er fordelte på 81 kommunar i 17 fylke. 69 pst. av eigedommane er selde til lokale kjøparar, mens 19 pst. er selde til kommunar og til Miljødirektoratet. Dei resterande 12 pst. er i hovudsak seld til jord- og skogeigarar i nabokommunar.
Arronderingssalet vil betre eigedomsstrukturen i føretaket og samstundes bidra til å styrkje det private skogbruket.
I ekstraordinært føretaksmøte i januar 2016 blei det difor opna for at Statskog SF kan utvide det pågåande arronderingssalet med opp til 150 000 dekar der dette gir arronderingsgevinst for føretaket. Føretaket har innarbeidd ei slik utviding i planane sine, der det er lagt opp til at salet vil halde fram til 2020.
Rapportering 2016
Resultatet etter skatt var på 133,6 mill. kroner i 2016. Resultatet er 107 mill. kroner høgare enn i 2015, noko som i hovudsak kjem av eingongsinntekter frå skogvern og reversering av nedskrivingar av energiprosjekt som blei gjort i 2015.
Post 80 Renter
I samband med at Statskog SF kjøpte selskapa Borregaard skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, fekk føretaket eit statleg lån på 475 mill. kroner, jf. Prop. 11 S (2010–2011). I 2016 blei det betalt 3,3 mill. kroner i renter på lånet. Saldo på lånet var på 100 mill. kroner per 31.12.2016.
Post 85 Utbytte
Utbetalt utbytte til staten frå Statskog SF i 2016 var 10,8 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2018
Utbyttepolitikken for Statskog SF blei endra i 2014, jf. Prop. 1 S (2014–2015), med verknad frå resultatåret 2014. Utbyttesatsen er 40 pst. for perioden 2014–2016, for deretter å auke til 75 pst. Utbyttet frå føretaket for 2017 blir sett til 75 pst. av årsresultatet etter skatt. Det blir budsjettert med eit ordinært utbytte for 2017 på 26,0 mill. kroner. Endeleg framlegg til ordinært utbytte vil bli fastsett når årsresultatet for 2017 ligg føre og vil bli lagt fram i den ordinære budsjettprosessen. Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte første halvår 2018. Rentene på lånet vil vere på om lag 630 000 kroner i 2018. Avdrag på lånet er omtalt under kap. 4162.