Del 1
Innleiande del
1 Oversikt over budsjettframlegget på programområde 15 Landbruk og mat
1.1 Status og hovudprioriteringar
Den viktigaste oppgåva til landbruks- og matsektoren er å sikre innbyggjarane trygge matvarer av god kvalitet og å bidra til ei optimal utnytting av dei jordbaserte naturressursane. Sektoren sysselsette i 2016 om lag 95 000 personar og er av stor verdi for arbeidsplassar og næringsliv over heile landet. Samstundes er det ei næring i utvikling, og dei løysingane som svarte på tidlegare tiders krav og utfordringar er ikkje alltid dei beste i dag. Det er nødvendig med kontinuerleg omstilling for å sikre konkurransekraft i sektoren. Regjeringa har difor sidan ho tiltredde i 2013 gjort fleire tiltak for å styrkje og målrette politikken på området. Regjeringa vil òg framover prioritere slike tiltak.
Viktige delar av dei jordbrukspolitiske verkemidla blir utforma i dei årlege jordbruksforhandlingane. Regjeringa har lagt stor vekt på forenkling og målretting av verkemidla slik at dei samla bidreg til auka matproduksjon og verdiskaping.
Den norske maten er av den tryggaste maten i verda. Dette er ein verdi som regjeringa har lagt stor vekt på å vidareføre, mellom anna stilt overfor dei trugsmåla dyresjukdommar, zoonosar og antibiotikaresistente bakteriar utgjer. Det er mellom anna gjort ein vesentleg innsats for å kartleggje og stogge spreiing av hjortedyrsjukdommen Chronic Wasting Disease (CWD), òg kalla skrantesjuke. Innanfor skogbruket har regjeringa lagt opp til eit temposkifte i moderniseringa av infrastrukturen gjennom ein stor auke i tilskotta til nybygging og ombygging av skogsvegar og tømmerkaiar. Regjeringa har òg hatt merksemd på å modernisere landbruks- og matforvaltninga, både gjennom strukturgrep for å gjere verksemdene meir målretta, og gjennom kontinuerleg merksemd på effektivisering.
Regjeringa la fram ei melding til Stortinget om jordbruket; Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon, 9.12.2016. Stortinget handsama meldinga 25.4.2017, jf. Innst. 251 S (2016–2017). Regjeringa har som mål å auke og effektivisere norsk matproduksjon, og leggje til rette for at næringa kan utvikle seg. Jordbruksmeldinga legg opp til ein enklare verkemiddelstruktur, færre offentlege inngrep, auka konkurranse og ein meir marknadsretta og forbrukarstyrt produksjon.
I årets jordbruksoppgjer prioriterte partane å forsterke den geografiske produksjonsfordelinga gjennom å auke tilskotta til korn i kornområda, og å redusere stimulansen til grasbasert husdyrhald i kornområda. Tilskotta til små og mellomstore bruk i grasbasert husdyrhald i distrikta, og til utmarksbeite, blei òg styrkte. Samstundes vidarefører oppgjeret i 2017 arbeidet med forenkling og fjerning av produksjonsskrankar som regjeringa starta på i oppgjeret i 2014, gjennom mellom anna å redusere talet på produksjonsregionar for mjølk frå 18 til 14.
Arbeid med miljø og klima var viktig i årets jordbruksoppgjer, og ordningar som skal bidra til reduserte klimagassutslepp frå jordbruket, slik som dreneringsordninga, regionale miljøtilskott, tilskott for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg og tilskott til forsking og kunnskapsutvikling, blei styrkte. Investeringsverkemidla blei òg prioritert, med ein auke på 60 mill. kroner for 2018.
Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring blei lagt fram 14.10.2016. Stortinget handsama meldinga 31.1.2017, jf. Innst. 162 S (2016–2017). Stortinget slutta seg til hovudtrekka i meldinga, men vedtok samstundes fleire oppmodingar til regjeringa på område som miljøinformasjon, auka bruk av tre, forsking og innovasjon, skogberedskap og skatt. Regjeringa har sidan ho tiltredde satsa stort på infrastrukturtiltak og andre skogtiltak som kan bidra til å gjere skog- og trenæringa meir konkurransedyktig. Dette er følgt opp i meldinga. Regjeringa har mellom anna auka tilskotta til skogsvegar og tømmerkaiar, auka investeringane i offentlege vegar og jernbane, endra reglane for vekt og lengde for kjøretøy som driv tømmertransport og opna for at midlar avsette til investeringar i skogindustri i Investinor kan brukast i mogne, ikkje børsnoterte skogindustribedrifter. Forbetra infrastruktur i skogbruket vil òg ha høg prioritet i 2018.
Regjeringa la fram ei melding til Stortinget om reindriftspolitikken våren 2017, Meld. St. 32 (2016–2017) Reindrift – Lang tradisjon – unike muligheter. Det er 25 år sidan det sist blei lagt fram ei eiga melding på reindriftsområdet. I meldinga blir det vist til at økologisk berekraftig drift og auka produksjon dannar grunnlaget for utvikling av næringa. Det blir òg presentert strategiar og tiltak for at næringa betre skal kunne utnytte potensialet sitt i ei rasjonell og marknadsorientert retning. Inntektene i reindrifta skal i størst mogleg grad skapast ved å selje etterspurte produkt og tenester til marknaden. Dette vil bidra til å sikre grunnlaget for den unike næringa og kulturberaren som reindrifta er.
Regjeringa la fram Meld. St. 8 (2016–2017) Pelsdyrnæringen hausten 2016. Stortinget vedtok at det framleis skal kunne drivast pelsdyroppdrett i Noreg. Vedtaket føreset fleire innstrammingar i regelverket for hald av pelsdyr, mellom anna krav om deltaking i eit dyrevelferdsprogram for dei som vil halde mink i grupper, og nye strenge dokumentasjonskrav for avl, tilsyn og stell av dyr.
Regjeringa sin bioøkonomistrategi Kjente ressurser – uante muligheter blei lagt fram hausten 2016. Strategien skal bidra til auka verdiskaping og nye arbeidsplassar, reduserte klimagassutslepp og ei meir effektiv og lønsam utnytting av dei mange biologiske ressursane frå landbruk, skogbruk, havbruk og fiskeri. Strategien legg vekt på auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ei marknadsorientert og berekraftig utnytting av bioressursane på tvers av etablerte næringar, sektorar og fagområde. Regjeringa si satsing på mogleggjerande teknologiar vil gi viktige bidrag i vidareutviklinga av bioøkonomien i Noreg.
Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon. Den norske matproduksjonen har særskilde utfordringar med ein kort vekstsesong, spreidde landbruksareal, eit kaldt klima og eit høgt kostnadsnivå. Landbruks- og matpolitikken må difor leggje til rette for eit meir effektivt landbruk, styrkt konkurransekraft for norske jordbruksprodukt og innovasjon og nyskaping i heile sektoren. Dette er følgt opp i Meld. St. 11 (2016–2017) og Stortingets handsaming av denne.
Den jordbruksbaserte næringsmiddelindustrien foredlar i hovudsak norskproduserte jordbruksråvarer. Industrien er i aukande grad eksponert for internasjonal konkurranse, særleg den delen av industrien som produserer foredla jordbruksvarer. Heimemarknadsdelen for norsk næringsmiddelindustri utanom fiskeribransjen er om lag 80 pst. målt i verdi, mot 88,2 pst. i 2003.
Framtidig utvikling i industrien er avhengig av både nasjonale rammevilkår (råvareprisar, kronekurs og rentenivå) som industrien opererer under, internasjonal konkurranse og evna industrien har til effektivisering og omstilling. For råvarer og foredla varer av desse, som er omfatta av råvareprisordninga (RÅK-ordninga), blir det utbetalt tilskott når tollsatsen aleine ikkje kompenserer for råvareprisforskjellen mellom Noreg og EU. Ordninga blir vidareført i jordbruksoppgjeret som eit viktig verkemiddel for den jordbruksbaserte næringsmiddelindustrien. For å stimulere fleire unge til å velje landbruk og matindustri som yrke, er det behov for å styrkje kompetansen i heile verdikjeda og bidra til at jordbruket og industrien blir attraktive arbeidsplassar for dei unge.
Regjeringa vil byggje ned hindringane for dei som vil auke matproduksjonen. Jordbruksavtalen og andre landbrukspolitiske verkemiddel må òg leggje til rette for dei som vil bli større. Konsesjons- og kvotegrenser og andre reglar må ikkje leggje urimelege hindringar for bøndene som sjølvstendig næringsdrivande. Forenklingar er viktig både for den sjølvstendige næringsdrivande og for forvaltninga. I jordbruksoppgjera i 2014 og 2015 blei det semje om i alt 40 større og mindre forenklingstiltak. I januar 2016 la eit utval, sett ned med grunnlag i Innst. 285 S (2013–2014), ein rapport om ytterlegare forenklingar innanfor avtaleverket. Meld. St. 11 (2016–2017) la opp til ein enklare verkemiddelstruktur, færre offentlege inngrep i næringsdrifta, auka konkurranse og ein meir marknadsdsretta og forbrukarstyrt produksjon. Regjeringa vil halde fram med forenklinga av verkemidla for å leggje til rette for ein enklare kvardag for bonden og god forvaltning av tilskotta.
Regjeringa vil bruke matpolitikken til å sikre trygg mat og god dyrehelse. Forvaltninga arbeider kontinuerleg for å vere førebudd på hendingar som kan utgjere eit trugsmål mot trygg mat og mot matsikkerheita. God dyrehelse og god dyrevelferd er viktig for produksjon av trygg mat og for omdømmet til norsk matproduksjon. Regjeringa har vedteke ein nasjonal strategi mot antibiotikaresistens for 2015–2020. Dei overordna måla i strategien er mindre bruk av antibiotika, auka kunnskap om kva som driv utvikling og spreiing av resistens, og at Noreg skal vere ein pådrivar internasjonalt for utvikling av nye antibiotika og vaksinar. Sjølv om vi bruker mindre antibiotika til dyr i Noreg enn dei fleste andre land, er det mellom anna eit mål å redusere bruken av antibiotika til produksjonsdyr med minst ti prosent og bruken av antibiotika til kjæledyr med minst 30 pst. samanlikna med bruken i 2013.
I mars 2016 blei det lagt fram ein eigen handlingsplan om tiltak mot antibiotikaresistens i landbruks- og matsektoren. Eit viktig tiltak er å halde fram arbeidet for å unngå at svinehaldet blir eit reservoar for resistente bakteriar. Departementet har sendt på høyring forskriftskrav med tiltak for å redusere risikoen for at røktarar og andre som har kontakt med svin, smittar dyra. I tillegg er det arbeidd for å få betre oversikt over veterinærane sin bruk av antibiotika til produksjons- og kjæledyr. Departementet vil òg arbeide for at enkelte kritiske antibiotika berre skal kunne nyttast til menneske. I tillegg til ressursinnsatsen i Mattilsynet og Veterinærinstituttet er det innanfor departementet sitt ansvarsområde sett i gang ei rekkje forskingsprosjekt knytte til antibiotikaresistens. Sidan 2014 er det utbetalt om lag 152 mill. kroner i erstatning og kompensasjon for tiltak mot den antibiotikaresistente bakterien MRSA i svineproduksjonen.
Det vil vere nødvendig å vidareføre arbeidet med kartlegging og tiltak mot spreiing av CWD i 2018. Både kartlegging og tiltak skjer i nært samarbeid mellom dyrehelse- og miljøstyresmakter. Ut frå eintydige råd frå Mattilsynet, Veterinærintstituttet og Vitskapskomiteen for mattryggleik i 2017, har departementet gitt tilslutning til at heile villreinflokken i Nordfjella Sone 1, skal takast ut. Ein saneringsplan for villreinflokken i Nordfjella er utarbeidd av Mattilsynet og Miljødirektoratet i samarbeid med relevante fagmiljø og lokale ressursar i 2017. I planen er det lagt opp til at nedslaktinga skal vere gjennomført innan 1.5.2018. Det er fastsett forskrifter med tiltak som skal redusere risikoen for spreiing av skrantesjuke til nye område. For å unngå samanblanding mellom villrein i Nordfjella og tamrein i Filefjell, er det i tillegg bygd sperregjerde.
Regjeringa vil styrkje bondens rett til fritt å disponere over sin eigen eigedom. For å styrkje den private eigedomsretten og forenkle eigedomslovgivinga i landbruket har regjeringa fremja fleire forslag til endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova, jf. Prop. 92 L (2016–2017) Endringer i konsesjonsloven, jordloven og odelsloven mv. (konsesjonsplikt, odlingsjord, priskontroll, deling og driveplikt mv.). Ved handsaming av proposisjonen vedtok Stortinget mellom anna å heve arealgrensa for konsesjonsplikt ved overtaking av eigedom det er bygd på, for buplikt og for odlingsjord, frå 25 dekar fulldyrka jord og overflatedyrka jord til 35 dekar. Vidare vedtok Stortinget at det ikkje lenger skal vere priskontroll ved overtaking av reine skogeigedommar. Utover lovendringane vedtok Stortinget å be regjeringa greie ut konsekvensen av ei vidare liberalisering av konsesjonsplikta.
Regjeringa vil leggje til rette for betre utnytting av skogressursane. Skogbruket gir sysselsetjing og verdiskaping. Skog og tre lagrar karbon, samstundes som trevirke kan vere eit klima- og miljøvennleg alternativ til energi og produkt som i dag blir produserte av fossilt råstoff. Vidareutvikling av skogsvegnettet har vore eit høgt prioritert tiltak for denne regjeringa i arbeidet med å auke dei positive nærings- og klimabidraga frå skogen. Både bygging av nye vegar og ombygging av gamle vegar, er nødvendig for lønsam skogsdrift og for at større delar av det produktive skogarealet kan takast i bruk. Desse investeringane bidreg òg til å gjere skogsvegane meir robuste mot endringar i klima og minke risikoen for naturskadar. Regjeringa har nær dobla dei ordinære løyvingane til skogsvegar samanlikna med Regjeringa Stoltenberg og legg òg opp til eit høgt ambisjonsnivå på dette området i 2018. Tømmerkaiterminalar langs kysten er med på å sikre næringa effektiv og lønsam transport av tømmer til kjøparar både i Noreg og i utlandet. Dette er viktig sidan skog- og trenæringa i Noreg er del av ein global marknad for tømmer og treprodukt. Regjeringa legg opp til å halde fram prioriteringa av tømmerkaiar i 2018.
Regjeringa vil satse på alternativ næringsutvikling for å gi grunnlag for ein meir framtidsretta landbruksproduksjon. Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål blei handsama av Stortinget våren 2016. Meldinga synleggjer korleis potensialet for auka verdiskaping innan dei landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk kan utløysast. Politikken skal leggje til rette for vekst og utvikling uavhengig av storleiken på gardsbruket og bidra til at landbruksgründerar skal kunne utnytte det samla ressursgrunnlaget i inn- og utmark på landbrukseigedommen utan unødige hinder. Meldinga varslar at regjeringa vil sjå på ei rekkje forenklingar generelt og forenklingar i regelverk spesielt for å stimulere til vekst og utvikling. Meldinga er mellom anna følgt opp med ein eigen strategi for reiseliv basert på landbruket og reindrifta sine ressursar, Opplevingar for ein kvar smak, der hovudmålet er auka verdiskaping for mat- og reiselivsaktørar i landbruket og reindrifta gjennom å gjere Matnasjonen Noreg internasjonalt anerkjent og å satse på opplevingar og aktivitetar knytte til landbruk og reindrift.
Utviklinga på lokalmatområdet er særskild positiv. Omsetnaden av lokalmat i daglegvarehandelen auka med 4,8 pst. frå 2015 til 2016. Det er gjennomført fleire forenklande tiltak på dette området. Regjeringa har opna opp for direktesal frå lokale drikkeprodusentar som produserer enkelte varer med over 4,7 volumprosent alkohol. Regjeringa har òg gjort det enklare for forbrukarane å få nøktern informasjon om alkoholhaldig drikke. Eit forslag frå regjeringa om å innføre ei avgrensa opning for sal av upasteurisert mjølk direkte frå gard eller seter vil bli sendt på høyring hausten 2017. Etablering av Lokalmatdatabasen, revidering av rettleiar til plan- og bygningslova og justering av fleire forskrifter som påverkar moglegheitene for auka næringsaktivitet er andre sentrale forenklingtiltak som er gjennomført som oppfølging av meldinga.
Klimatiltak i landbruket skal ha høg prioritet. Regjeringa er i dialog med EU om ei sams oppfylling av klimamåla for 2030, jf. Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030. Ein avtale inneber at det blir sett eit eige mål for skog- og arealsektoren, og jordbrukssektoren blir omfatta av måla for ikkje-kvotepliktig sektor. Noreg vil såleis få dei same reglane for bokføring av opptak og utslepp som EU. Regjeringa vil følgje opp klimaforlika i Stortinget og Stortingets handsaming av mellom anna Meld. St. 11 (2016–2017). Arbeidet med å skaffe fram auka kunnskap om korleis jordbruket kan redusere klimagassutsleppa sine, betre kunnskapen om potensialet for lagring av karbon i jord, og korleis landbruket må tilpasse seg eit klima i endring vil ha høg prioritet. Det er bestemt at det skal setjast ned eit utval som skal sjå nærare på korleis jordbruket sitt samla utsleppsrekneskap kan utviklast vidare og synleggjerast betre. Regjeringa vil òg halde fram med klimatiltaka i skog, slik som tettare planting etter hogst, gjødsling av skog og styrking av skogplanteforedlinga. Alle desse tiltaka vil bidra til auka volumproduksjon og dermed auka CO2-opptak, samstundes som dei gir grunnlag for auka verdiskaping i skognæringa. Regjeringa vil òg vidareutvikle klimatiltaka i skog og vurdere andre verkemiddel som kan bidra til reduserte utslepp og auka opptak i skog- og arealsektoren.
Regjeringa vil leggje til rette for eit kunnskapsbasert og innovativt landbruk. Forsking, innovasjon og kompetanse er nødvendig for å nå målet om auka berekraftig produksjon av nok og trygg mat og som grunnlag for næringsutvikling og auka verdiskaping i dei mange verdikjedene i sektoren. Forsking og innovasjon er mellom anna sentralt for å ta ut skogen sitt potensial i bioøkonomien, gjennom utvikling av ny og innovativ teknologi og produkt frå norske skogressursar. Ny kunnskap og tett kopling mellom forsking og næringsliv skal bidra til eit meir lønsamt og klimavennleg landbruk. Ein stor del av potensialet for verdiskaping i bioøkonomien ligg i å ta i bruk mogleggjerande teknologiar, som bioteknologi, nanoteknologi og IKT. Regjeringa vil følgje opp bioøkonomistrategien gjennom å styrkje forskingsinnsatsen på desse områda med 10 mill. kroner over Landbruks- og matdepartementets budsjett. Satsinga skal bidra til det grøne skiftet, ved at vi bruker dei biologiske ressursane smartare og utviklar produkt som er mindre ressurskrevjande og meir klima- og miljøvennlege.
Norsk landbruks- og matsektor treng effektive kompetanse- og forskingsmiljø for å vareta store samfunnsbehov og for å utvikle konkurransedyktige produkt og tenester. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) blei oppretta i 2015 og er Noregs største tverrfaglege forskingsinstitutt innanfor landbruk og miljø. NIBIO har tilsette med høg fagkompetanse og tyngde. Instituttet skal bidra til matsikkerheit, berekraftig ressursforvaltning, innovasjon og verdiskaping i verdikjeda for mat, skog og andre biobaserte næringar. Viktige oppgåver er å levere forsking, forvaltningsstøtte, og kunnskap til bruk i nasjonal beredskap, forvaltning, næringsliv og samfunnet elles. Instituttet har eit omfattande regionalt nærvær og deltek aktivt i internasjonalt forskingssamarbeid. For 2018 er det sett av 4,2 mill. kroner til oppgradering og fornying av IKT-systema i NIBIO knytte til Budsjettnemnda for jordbruket.
Landbruk er ei kompetansekrevjande næring. Forventingar om auka produksjon, betre lønsemd og evne til gründerskap krev rett kompetanse. Eit godt tilbod av landbruksfagleg utdanning og etter- og vidareutdanning av god kvalitet er difor svært viktig. Det trengst fleire kandidatar med kompetanse som landbrukssektoren etterspør frå alle utdanningsnivå, både frå yrkesfagleg opplæring, fagskolar og høgskole/universitet.
Rekruttering av kompetente næringsutøvarar til landbruket er viktig. For å styrkje kompetansehevande tiltak i landbruket som sikrar fagleg kvalitet og fleksibel tilrettelegging, er det vedteke å etablere ein nasjonal modell for eit tilbod om agronomopplæring for vaksne, vaksenagronomen. Modellen er utarbeidd i samarbeid med næringa og utdanningsstyresmaktene, og vil gjelde frå skoleåret 2018/2019.
Regjeringa har vidareført arbeidet for auka produktivitet og effektivitet i landbruks- og matforvaltninga. Landbruks- og matdepartementet har i stortingsperioden gjennomført fleire omorganiseringar i underliggjande verksemder. Effektane av desse endringane er no i ferd med å bli realiserte, samstundes som det kontinuerleg blir utført effektiviseringsarbeid internt i verksemdene. Talet på årsverk i landbruks- og matforvaltninga er vesentleg redusert dei seinare åra, og arbeidet med å identifisere ytterlegare potensial for å effektivisere forvaltninga vil halde fram. Sjå elles omtale under Del 4 Særskilde tema.
Regjeringa arbeider med ein plan for lokalisering av statlege arbeidsplassar, jf. vedlegg til Meld. St. 18 (2016–2017) Berekraftige byar og sterke distrikt. Landbruksdirektoratet er ei av verksemdene som blir vurdert.
1.2 Politisk rekneskap
Sidan Regjeringa Solberg tiltredde 16.10.2013 er det blitt gjennomført ei rekkje endringar i landbrukspolitikken i tråd med regjeringsplattforma. Hovudtanken bak endringane er å sørgje for større fridom for den enkelte bonde til å bestemme over eiga verksemd, auke matproduksjonen i Noreg og sørgje for auka konkurransekraft. Dei viktigaste endringane som er gjort dei siste fire åra og resultata dei har ført til, er samanfatta under.
Auka fridom til å bestemme over eigen eigedom
Priskontrollen er oppheva for reine skogeigedommar
Arealgrensa for konsesjonsplikt, lovbestemt buplikt og odlingsjord er auka frå 25 dekar fulldyrka, og overflatedyrka jord til 35 dekar
Konsesjonsgrensa for kylling og kalkun er dobla, til 280 000 kylling og 60 000 kalkun
Kvotetaket for mjølk er heva til 900 000 liter, og det særskilde samdriftsregelverket er fjerna
Det er opna opp for gardssal av sider og enkelte andre alkoholholdige drikkar over 4,7 volumprosent alkoholstyrke
Forbodet mot import av jordbærplanter er avvikla
Forbodet mot import av eple- og pæretre er avvikla
Forslag om liberalisering av sal av upasteurisert mjølk er sendt på høyring
Skattesatsen for gevinst på sal av landbrukseigedom er halvert
Auka matproduksjon
Taket for husdyrtilskott er dobla, til 560 000 kroner
Alle arealtilskott er flata ut, slik at bonden no får det same i støtte per dekar uansett kor mange dekar han/ho har
Tilskott til alle mjølke- og ammekyr er innført, slik at bonden no òg får støtte for mjølke- og ammekyr frå nummer 51 og oppover
Vridd tilskott frå å eige sau til tilskott på lammeslakt
Tilskot til alle vaksne sauer er innført, slik at bonden no òg får støtte for sau nummer 300 og oppover
Kvalitetstilskottet til storfekjøtt er auka
Løyvinga til investeringstilskott er auka (dei siste 2 åra, meir enn jordbruket kravde)
Støtta til dyr på utmarksbeite er auka
Vridd tilskott frå gras til korn i kornområda på Austlandet
Støtta til Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindrifsbasert vekst og utvikling er, i tråd med regjeringsplattforma, auka for å stimulere til anna næringsutvikling basert på ressursane på garden
Forenkling og avbyråkratisering
To forvaltningsorgan er slått saman til eitt, Landbruksdirektoratet
Tre forskingsinstitutt er slått saman til eitt, Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)
Mattilsynet er omorganisert og effektivisert
Det er opna opp for å ha enkelte krypdyrartar som kjæledyr
Tilskottet til frakt av fôr til pelsdyr er avvikla
Det er gjennomført over 40 forenklingstiltak i jordbruksoppgjera
Ei rekkje lite brukte tilskott er fjerna, mellom anna hesjetilskott og erstatningsordningar som var lite brukte
Auka konkurransekraft og bærekraft for skognæringa
Den ordinære løyvinga til bygging av skogsvegar er auka med 66 mill. kroner, frå 69 mill. kroner i 2013 til 135 mill. kroner i 2017
Løyvinga til bygging av tømmerkaier er auka med 45 mill. kroner, frå 30 mill. kroner i 2013 til 75 mill. kroner i 2017
Det er opna opp for bruk av modulvogntog på norske vegar som er eigna for dette
Mandatet til Investinor er endra, slik at midla òg kan bli investerte i mogne, ikkje-børsnoterte skogindustribedrifter
Det er innført løyving til klimatiltak i skog, slik som tettare planting av skog, gjødsling av skog og til skogfrøforedling
Auka marknadsretting og berekraft i reindrifta
Følgt opp dei siidaandelane og distrikta som har hatt eit for høgt reintal gjennom bruk av reindriftslova sine sanksjonsreglar.
For å sikre eit stabilt reintal i samsvar med inngåtte bruksreglar er reindriftslova endra slik at fylkesmannen kan låse reintalet gjennom å fastsetje eit øvre reintal per siidaandel.
Løyvinga til produksjonspremie og kalveslaktetilskott er auka for å stimulere til meir produksjonen av reinkjøtt
Innføring av eit felles klassifiseringssystem for reinsdyrkjøt
Prioritering av dei produksjonsretta tilskota over reindriftsavtalen
Det blir lagt opp til ei innføring av avgiftsfritak ved kjøp av driftsmiddel i reindrifta
Matsikkerheit, folkehelse og dyrevelferd
Innsatsen for å kjempe mot antibiotikaresistente bakteriar i husdyrhaldet er trappa opp
Forskinga på antibiotikaresistente bakteriar er auka
Talet på rapporterte tilsyn utført av Mattilsynet er auka med om lag 30 pst. frå 2013 til 2016
Prøveprosjekt med dyrepoliti i tre fylke er etablert
Nybygg til Veterinærinstituttet og Veterinærfakultetet ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Campus Ås er under bygging
Forbrukarinformasjonen om alkoholhaldige drikker er betra
Rekruttering, kompetanse og omstilling
Ein nasjonal modell for vaksenagronomen er etablert frå skoleåret 2018/2019
Prøveprosjekt med mentorordning i jordbruket er innført
Investeringsverkemidla er auka
Bioøkonomistrategi er lagt fram, og forskings- og innovasjonsverkemidla er målretta mot dette
Boks 1.1 Resultat og konsekvensar av regjeringa sine endringar for norsk landbruk
Bøndene ligg an til ein inntektsauke på over det dobbelte av andre yrkesgrupper i perioden
Færre gardsbruk går ut av drift no enn under den førre regjeringa. I perioden 2005–2013 gjekk talet på jordbruksbedrifter ned med i snitt 2,4 pst. kvart år, medan talet i perioden 2013–2017 var redusert til i snitt 1,9 pst. årleg
Nydyrka areal har auka, frå 14 557 daa nydyrka areal i 2013 til 18 139 daa i 2015
Matproduksjonen i Noreg har auka – det har aldri blitt produsert meir mat
Produksjonen av saue- og lammekjøtt dekkjer no det norske forbruket, mot ei tidlegare underdekning på 10 pst.
Salet av lokalmat i daglegvarehandelen har auka kraftig – salet har vekse mellom 2 og 3 gonger så mykje som resten av daglegvaremarknaden
Omsetnaden av mat og drikke direkte frå gard, frå Bondens marknad og frå matfestivalar er auka
Salet av fruktsider er auka
Søkinga til landbruksutdanning er auka på alle nivå
Reintalet er tilnærma på nivået fastsett i bruksreglane, og snittvekta for vaksen rein og kalv har auka
Auka slakteuttak og auka uttak av reinkalv har, saman med ein betydeleg auke i prisen til reineigar, medverka til ein positiv auke i dei produksjonsbaserte inntektene
1.3 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet
I samband med handsaminga av Meld. St. 11 (2016–2017) bad Stortinget regjeringa om å leggje til grunn ein justert målstruktur for jordbrukspolitikken, jf. Innst. 251 S (2016–2017). Desse endringane er innarbeidde i målstrukturen med nokre tilpassingar, slik at målstrukturen for departementet blir heilskapleg, og at den òg fangar opp måla for forbrukarorientering, reindrift og skog- og trenæringa. Dei tverrgåande måla knytte til forvaltning, forsking og internasjonalt samarbeid er uendra.
Matsikkerheit og beredskap
Sikre forbrukarane trygg mat
Hovudoppgåva til jordbruket er å produsere mat som forbrukarane etterspør. Matsikkerheit inneber at innbyggjarane til kvar tid har fysisk og økonomisk tilgang til nok og trygg mat. Matsikkerheiten blir sikra gjennom nasjonal produksjon, handel og varetaking av produksjonsgrunnlaget. Regjeringa har som mål å auke matproduksjonen og styrkje jordbruket si konkurransekraft. Dei landbrukspolitiske verkemidla skal innrettast slik at dei innanfor økonomiske, miljømessige og handelspolitiske rammer bidreg til auka produksjon der det er moglegheiter og marknad for det.
All mat som blir seld i Noreg skal vere trygg. Produksjonen av trygg mat skaper tillit, sikrar omsetnad av varer og legitimitet for eit levande landbruk, og for næringsmiddelindustrien.
Auka matvareberedskap
Dei viktigaste føresetnadene for matsikkerheiten i Noreg er kontinuerleg produksjon av mat, varetaking av produksjonsgrunnlaget og eit velfungerande handelsystem. Regjeringa vil auke matvareberedskapen gjennom å bidra til auka innanlands produksjon av landbruksvarer, og å bidra til å halde forsyning av nødvendige matvarer gjennom import ved like òg i kriser. Matvareberedskapen byggjer på eit samspel mellom departement, myndigheitsorgan og private aktørar.
God dyre- og plantehelse og god dyrevelferd
Noreg har få førekomstar av matboren sjukdom samanlikna med andre land. Regjeringa vil bidra til å halde denne situasjonen ved lag. God plante- og dyrehelse er viktig for mattryggleik, kostnadseffektivitet og berekraftig matproduksjon.
Det er òg gjennomgåande god dyrevelferd i Noreg. Regelverket stiller klare krav til dyrehald, og Mattilsynet prioriterer tilsyn med dyrevelferd. Regjeringa har etablert eit samarbeid mellom Mattilsynet og politiet i form av eit treårig prøveprosjekt med dyrepoliti i Sør-Trøndelag frå hausten 2015 og i Rogaland frå 2016. I revidert budsjett for 2017 blei det bestemt å utvide prosjektet til å omfatte Østfold.
Satse på avl, forsking og utdanning for å auke bruken av dei biologiske ressursane
Gjennom eit målretta avls- og foredlingsarbeid blir grunnlaget lagt for berekraftig og klimatilpassa husdyravl og planteforedling i Noreg. I tillegg til eit plante- og dyremateriale som er godt tilpassa norske forhold og som gir god avkasting, kan målretta avlsarbeid gi viktige bidrag til klimakutt i landbruket. Forsking og teknologiutvikling står sentralt i vidareutviklinga av avls- og foredlingsarbeidet og for å vidareutvikle norsk landbruk. I tillegg vil ny kunnskap vere avgjerande for å utvikle nye produksjonsprosessar og produkt med opphav i dei mange biologiske ressursane i landbruket.
Klimaendringar, den raske teknologiutviklinga og krav om høgare effektivitet og klimakutt i jordbruket, gjer at framtidas matproduksjon må bli enda meir kunnskapsbasert enn i dag. Det er difor viktig å leggje til rette for auka kompetanse i næringa gjennom fleksible og gode tilbod av etter- og vidareutdanning for bønder. Samstundes må det leggjast til rette for utdanningstilbod av høg kvalitet på alle nivå slik at ein får dekt kompetansebehova i heile verdikjeda.
Landbruk over heile landet
Leggje til rette for bruk av jord- og beiteressursane
Å stimulere til auka bruk av utmarksressursane var eit av hovudgrepa i årets jordbruksoppgjer, og tilskottet til utmarksbeite blei vesentleg auka. Beiting i utmark utnyttar fôrressursane til matproduksjon samstundes som det òg bidreg til vedlikehald av eit ope og artsrikt kulturlandskap. Om lag 85 pst. av sau og lam går på utmarksbeite, og delen sau på utmarksbeite aukar jo større buskapen er.
Moglegheiter for busetjing og sysselsetjing
Ressursgrunnlaget i Noreg er spreidd og vilkåra for jord- og skogbruksdrift varierer. Regjeringa arbeider for eit sterkt og konkurransedyktig landbruk i alle delar av landet. Landbruket bidreg med ei rekkje fellesgode og skaper grunnlag for sysselsetjing, verdiskaping, næringsutvikling og vekstkraftige distrikt. Det er difor viktig å vidareføre verkemidla som stimulerer til utnytting av ressursane til landbruksproduksjon over heile landet, og som bidreg til busetjing, sysselsetjing og verdiskaping i distriktsområda.
Eit mangfaldig landbruk med ein variert bruksstruktur og geografisk produksjonsdeling
Føresetnadene for jordbruksproduksjon varierer mellom dei ulike delane av Noreg. Auka produktivitet og styrkt konkurransekraft vil vere avgjerande for å kunne realisere Stortingets mål om auka produksjon. Dei små og mellomstore bruka blei prioriterte i årets jordbruksoppgjer gjennom ei styrking av strukturtilskotta til små og mellomstore bruk i grasbasert husdyrhald.
I oppgjeret forsterka partane òg den geografiske produksjonsfordelinga i landbruket gjennom å auke tilskotta til korn i dei områda som har best føresetnader for å produsere korn og samstundes redusere stimulansen til grasbasert husdyrhald i desse områda. Distriktstilskottet til husdyr (mjølk og kjøtt) og arealtilskott grovfôr blei auka i område som har gode føresetnader for grasproduksjon. Bruken av utmarksressursane blei stimulert gjennom ein auke i tilskottet til utmarksbeite.
Leggje til rette for rekruttering i heile landet
Stabil rekruttering av kompetente næringsutøvarar er viktig for å nå måla i landbrukspolitikken. Jordbruksavtalen i heilskap er det viktigaste bidraget frå regjeringa si side til å gi gode rammevilkår og grunnlag for auka lønsemd i landbruket, og er slik det viktigaste verktøyet for å leggje til rette for rekruttering i heile landet. Særskild er ordninga med investerings- og bedriftsutviklingsmidlar målretta for å fremje rekruttering til næringa.
For å sikre og utvikle norsk matproduksjon og andre landbaserte næringar har landbruksnæringa, i likskap med andre næringar, behov for kunnskap og kompetanse. Det er difor viktig å leggje til rette for eit godt og fleksibelt opplærings- og utdanningssystem i landbruket. Det er vidare avgjerande for landbruket å ha eit godt omdømme i det norske samfunnet som blir halde ved lag over tid. Landbruket som heilskap og den enkelte næringsutøvaren er dei viktigaste og beste ambassadørane for rekruttering til næringa.
Ei økologisk berekraftig reindrift
Reindrifta er ei urfolksnæring som er unik i både nasjonal og internasjonal samanheng, og som er ein viktig eksponent for samisk kultur og levesett. Reindrifta er òg ein forvaltar av ein sentral nasjonal og samisk kulturarv. Det er ei politisk målsetjing å vidareføre og styrkje arbeidet med å utvikle reindriftsnæringa som ei rasjonell og marknadsorientert næring som er berekraftig i eit langsiktig perspektiv. I tråd med regjeringa si politiske plattform skal tiltak som legg til rette for ei økologisk berekraftig reindrift prioriterast. Sjølv om innrapporterte tal viser at ein no har eit reintal tilnærma det som er fastsett i bruksreglane, er det likevel nødvendig å halde fram arbeidet slik at reintalet held seg på eit berekraftig nivå. Kontroll av reintalet og tiltak som sikrar eit stabilt reintal, har difor høgaste prioritet òg i 2018.
Auka verdiskaping
Utnytte marknadsbaserte produksjonsmoglegheiter
Regjeringa prioriterer dei marknadsbaserte produksjonsmoglegheitene. Gjennom jordbruksoppgjera er verkemidla for å stimulere område med underdekning av norske produkt styrkte. Regjeringa har no prioritert å stimulere til ein auke i produksjonen av storfekjøtt, korn og grønsaker der det er eit stort potensial for større norsk produksjon.
Ei konkurransedyktig og kostnadseffektiv verdikjede for mat med ei jamnare maktfordeling
Jordbruket skal vere ei effektiv næring som leverer det forbrukarane etterspør, og som tek omsyn til ein stadig meir krevjande nasjonal og internasjonal marknad. Regjeringa har lagt til rette for at næringa kan utvikle seg og få styrkt konkurransekraft gjennom ein enklare verkemiddelstruktur, færre offentlege inngrep i næringsdrifta, auka konkurranse og meir marknadsretting av produksjonen.
Ei effektiv og lønsam utnytting av gardens samla ressursar
Regjeringa arbeider for at det samla ressursgrunnlaget til landbrukseigedommen skal utnyttast betre, og vil stimulere til auka vekst og verdiskaping innan andre landbruksbaserte næringar utanom tradisjonelt landbruk. Regjeringa har sett av betydelege midlar over jordbruksavtalen og gjennomført fleire forenklingar i regelverket for å stimulere til ei positiv utvikling. Ein eigen strategi for reiseliv basert på landbruket og reindrifta sine ressursar blei ferdigstilt våren 2017, og skal bidra til ein meir strategisk og målretta innsats på området.
Vidareutvikle Noreg som matnasjon
Det er eit stort potensial for auka verdiskaping knytt til lokalmat. Det er eit stort engasjement både lokalt og regionalt for å utnytte dette potensialet enda betre. Fleire regionar har difor utforma eigne matmanifest og planar for oppfølging av desse. Regjeringa vil ta grep for å samle desse initiativa for å synleggjere mangfaldet og konkretisere kva matnasjonen Noreg er og kan bli. I dette arbeidet vil regjeringa trekkje veksel på innspel frå ei samla matnæring, inkludert mellom anna råvareprodusentar, industrien, lokalmataktørar, kokkar og reiselivet.
Leggje til rette for bondens inntekter og evne til å investere i garden
Utviklinga med større jordbruksbedrifter, høgare produktivitet og bruk av ny teknologi krev auka investeringar. Nye krav til dyrevelferd, irekna krav om lausdriftsfjøs, gir eit særskild investeringsbehov innan mjølk- og storfeproduksjon. Regjeringa har prioritert midlar til både investering og bedriftsutvikling i dei siste års jordbruksoppgjer. Verkemidla bidreg til å redusere risikoen og betre kapitaltilgangen ved investeringane. Samla verkemiddelbruk overfor jordbruket og stabile rammevilkår vil vere grunnleggjande føresetnader for at det blir investert i næringa. Avgjerda om investering må gjerast av den enkelte næringsutøvar som sjølv er den som svarar for gjelda. Det er difor viktig at investeringsverkemidla er retta inn mot lønsame investeringar.
Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder
Skogbruk og trebasert industri er viktig både som næring og som bidrag til å løyse klimautfordringane. Skog- og trenæringa har potensial til å gi enda større positive nærings-, miljø- og klimabidrag enn i dag. Det er ein ambisjon at mest mogleg av tømmeret blir vidareforedla i Noreg, der dette er lønsamt. Noreg er langt framme når det gjeld innovativ bruk av tre, mellom anna i bruer og i bygningar. Regjeringa vil leggje til rette for dette gjennom gode generelle rammevilkår for næringslivet, mellom anna gjennom satsing på infrastruktur, forsking og utvikling og lågare skatter og avgifter. Ei vidareutvikling av infrastrukturen i skogbruket vil gjere det enklare for dei næringsdrivande å avverke tømmer og plante ny skog.
Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar
Redusert forureining frå landbruket
Reduksjon av vassforureininga (avrenning av næringsstoff og plantevernmiddel) er viktig for at vatn skal oppnå god, økologisk tilstand. Konsentrasjonar og tap av næringsstoff frå jordbruksareal varierer mykje frå år til år grunna variasjonar i nedbør, temperatur og jordbruksdrifta. Åkerareal utan vernande plantedekke haust og vinter gir større risiko for erosjon. Årlege tilskott til tiltak for redusert jordarbeiding om hausten er difor eitt av dei viktigaste tiltaka for å redusere vassforureininga frå jordbruket. Innsatsen er størst der enkelte vassførekomstar har eller har hatt dårleg tilstand, slik som i Østfold, Akershus, Hedmark og Oppland.
Reduserte utslepp av klimagassar, auka opptak av CO2 og lagring av karbon og gode klimatilpassingar
Regjeringa vil føre ein offensiv klimapolitikk og forsterke klimaforliket. Landbruket er opphav til utslepp av klimagassar, men gir samstundes positive bidrag til klimaarbeidet gjennom lagring av karbon i skog og jord.
Jordbruket sitt utslepp av klimagassar var i 2015 på 4,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar og utgjorde om lag 8,3 pst. av dei samla norske utsleppa. Utsleppet frå jordbruket er redusert med 5,3 pst. frå 1990 til 2015. Samstundes var det ein auke i dei nasjonale utsleppa samla sett. Det er behov for meir kunnskap om jordbruket sine moglegheiter til å redusere klimagassutsleppa sine, om potensialet til lagring av karbon i jord, og korleis ein kan tilpasse seg eit klima i endring. Det er difor viktig at ein i det vidare arbeidet vektlegg at produksjon av mat skal skje med lågast moglege klimagassutslepp per produsert eining. Arbeidet med utsleppsreduserande tiltak i jordbruket vil bli vidareført i 2018.
Regjeringa vil i 2018 halde fram med klimatiltak i skogsektoren og generelt leggje større vekt på klimapolitiske mål i forvaltninga av norske skogar. Auka aktivitet i skogbruket og tilrettelegging for auka bruk av fornybart skogråstoff som kan erstatte fossile utslepp i andre sektorar er element i dette.
Klimaendringane vil endre føresetnadene for planteproduksjon både i Noreg og globalt. God tilpassing til eit klima i endring blir viktig for å bli mindre sårbar og for å utnytte moglegheitene som følgjer med klimaendringane.
Klimaframskrivingane viser at det kan bli auka skogbrannfare og at skogen kan bli meir utsett for skadegjerarar i form av sopp, insekt med vidare. Samstundes vil klimaendringane innebere at skogen veks betre. Dette gir grunnlag for auka skogproduksjon og auka avverking over tid, noko som kan gi viktige bidrag til bioøkonomien.
Berekraftig bruk og eit sterkt vern av landbrukets areal og ressursgrunnlag
Rett bruk av og vern om arealressursane er viktig for å oppnå målet om auka matproduksjon. Både mengda av og kvaliteten på jorda er avgjerande for matproduksjonen. Det er difor viktig å ta vare på gode jordbruksareal og matjord. Samstundes må jordvernet balanserast mot storsamfunnet sine behov. Stortinget har fastsett det årlege målet for omdisponeringa av dyrka jord til under 4 000 dekar, og bedt regjeringa om at målet blir nådd gradvis innan 2020. Regjeringa har laga ein eigen strategi for å nå målet. Strategien blei handsama av Stortinget i 2015.
Regjeringa sitt arbeid for ei meir lønsam landbruksnæring med auka matproduksjon og styrkt eigedomsrett er òg retta inn mot å halde omdisponeringa av dyrka mark på eit lågt nivå.
Klimaendringar og press på ressursgrunnlaget utgjer eit trugsmål mot målet om auka matproduksjon. Desse utfordringane krev gode tilpassingar i landbruket. Dei genetiske ressursane hos husdyr og matvekstar er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon. God forvaltning av dei genetiske ressursane gjennom bruk og vern er viktig for god måloppnåing i landbruket.
Vareta kulturlandskapet og naturmangfaldet
Jordbrukslandskapet, med sitt mangfald og kombinasjon av natur- og kulturverdiar, er ein karakteristisk og viktig del av landskapet i Noreg. Variasjonen i kulturlandskapet må haldast ved like, og ei målretta forvaltning kan bidra til målet om å stoppe tapet av biologisk mangfald og ta vare på kulturminne. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen skal bidra til å halde det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet ved lag. I tillegg er det viktig at kommunane forvaltar landskapsverdiane i den kommunale planlegginga og lagar planar som kan liggje til grunn for ei god forvaltning.
Ei effektiv landbruks- og matforvaltning
Ei enkel og brukarvennleg forvaltning med god kvalitet
Landbruks- og matforvaltninga skal vere effektiv, brukarvennleg og kjenneteikna av god kvalitet i alle ledd. For å oppnå dette krev det at heile forvaltninga har stor merksemd på å gjere forbetringar og å effektivisere prosessar i lys av utviklinga i samfunnet og nye krav. Dei siste åra har større omorganiseringar vore gjennomførte i landbruks- og matforvaltninga, og talet på tilsette er redusert. Gevinstane skal mellom anna nyttast til å betre tenestene til innbyggjarar og næringsdrivande. Digitalisering av offentlege tenester og interne arbeidsprosessar er viktig for å effektivisere, og å nå målet om ei enkel og brukarvennleg forvaltning. Verksemdene under Landbruks- og matdepartementet utfører omfattande arbeid for å digitalisere tenester retta mot næringsliv, innbyggjarar og anna offentleg forvaltning. Effektivisering gjennom digitalisering skjer innanfor eit breitt spekter av fagområde, men òg administrativt, der fleire av verksemdene gjennomfører digitaliseringstiltak for å betre økonomistyring, budsjett og rekneskap.
Gode system for samfunnstryggleik og beredskap
Landbruks- og matdepartementets ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i eigen sektor er hovudsakleg knytt til matproduksjon og mattryggleik. Departementet sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap skal vere sporbart og integrert i planverk, styringssystem og i styringsdialogen med underliggjande verksemder. Viktige element i arbeidet er å sikre personell og kritisk infrastruktur på best mogleg vis, slik at departementet og underliggjande verksemder i størst mogleg grad kan drive verksemda vidare, uavhengig av uønskte hendingar og kriser.
Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til at hovudmåla i landbruks- og matpolitikken blir nådde
For å nå dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla må løyvingane til forsking, innovasjon og kompetanse vere mest mogleg målretta. Samstundes er det viktig at resultata frå forskinga er tilgjengeleg for næring og forvaltning, og at instituttsektoren er effektiv og solid og har eit godt samspel med andre.
Forsking, innovasjon og teknologiutvikling skal danne grunnlag for effektiv og berekraftig produksjon og utnytting av fornybare biologiske ressursar. Tett kopling mellom forsking og næringsliv vil vere sentralt for å utnytte potensialet. Tilsvarande vil internasjonalt forskingssamarbeid vere viktig for å heve kvaliteten i forskinga. Landbruks- og matforskinga må følgjast opp med målretta formidling slik at ny kunnskap på ein rask og effektiv måte når ut til aktørane som kan ta kunnskapen i bruk. For å lukkast med dette er det nødvendig å sikre eit godt samarbeid mellom dei ulike aktørane i landbruks- og matnæringa.
God rekruttering av fagpersonar med rett kompetanse er viktig for å sikre eit aktivt landbruk, verdiskaping og busetjing i heile landet.
Vareta norske interesser og sikre framgang i internasjonale prosessar
Utviklinga i norsk landbruk og matindustri heng nøye saman med utviklinga internasjonalt. Det er ei rekkje internasjonale avtalar som dekkjer mellom anna handel, plante- og dyrehelse, skog og klima. Mange avtalar blir fornya med jamne mellomrom. Noreg har i fleire av desse særeigne nasjonale interesser som må inkluderast i avtaleverket, mellom anna med basis i naturgitte forhold, kostnadsnivå og nasjonale landbruks- og matpolitiske mål.
WTO-regelverket, inkludert landbruksavtalen, legg rammer for utforminga av verkemidla i landbrukspolitikken. Vidare legg EØS-avtalen klare føringar på regelverket for mat og innsatsfaktorar i Noreg. Det norske regelverket er harmonisert med regelverket i EU på matområdet. Regjeringa legg vekt på å vareta norske interesser ved å bidra tidlegare i prosessar og politikkutforming i EU enn dei formelle og uformelle foruma EØS-avtalen gir tilgang til. Regjeringa vil innanfor gitte rammer for landbrukspolitikken arbeide for ein friare handel med landbruksvarer. Arbeidet med multilaterale avtalar gjennom Verdas handelsorganisasjon (WTO) og innanfor EØS-avtalen vil bli prioritert.
Noreg deltek òg i ei rekkje andre internasjonale forum på landbruks- og matområdet, både globale og regionale, og både innanfor og utanfor FN-systemet. Departementet deltek aktivt i desse, mellom anna for å bidra til berekraftig utvikling, global matsikkerheit, berekraftig skogforvaltning, bevaring av genetiske ressursar, styrking av landbruket og bønder si stilling i den tredje verda og auka handel mellom land.
1.4 Hovudtrekk ved budsjettframlegget
mill. kr | |||
---|---|---|---|
Nemning | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 | Pst. endr. 17/18 |
Programområde 15 Landbruk og mat | |||
15.00 Administrasjon m.m. | 167,2 | 168,8 | 1,0 |
15.10 Matpolitikk | 1 461,2 | 1 463,9 | 0,2 |
15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling | 837,9 | 841,3 | 0,4 |
15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | 15 567,9 | 16 025,3 | 2,9 |
Sum Landbruks- og matdepartementet | 18 034,1 | 18 499,4 | 2,6 |
Hovudprioriteringar i budsjettforslaget for Landbruks- og matdepartementet:
auka matproduksjon
forsking på mogleggjerande teknologiar
Den største delen av auken i framlegget frå regjeringa er knytt til jordbruksavtalen.
Innretninga av verkemidla over jordbruksavtalen skal leggje til rette for auka matproduksjon. Løyvingar som følgjer av jordbruksavtalen utgjer en vesentleg del av budsjettet under Landbruks- og matdepartementet. Årets avtale gir grunnlag for ein inntektsvekst for jordbruket på 4,5 pst. per årsverk. Løyvingane er foreslått auka med 528,1 mill. kroner, av dette 377,1 mill. kroner som følgje av jordbruksoppgjeret og resten som følgje av kvantumsjusteringar. Kvantumsjusteringane kjem særleg av auka anslag for produksjon av korn og kjøtt.
Det kan vere stort potensial for verdiskaping gjennom vidareutvikling og bruk av bioteknologi og andre mogleggjerande teknologiar. Som ei oppfølging av regjeringa sin bioøkonomistrategien, gjer regjeringa framlegg om å auke forskingsløyvingane på desse områda med 10 mill. kroner over Landbruks- og matdepartementets budsjett.
Regjeringa foreslår òg å vidareføre innsatsen mot utvikling av antibiotikaresistente bakteriar og tiltak mot Chronic Wasting Disease (CWD) hos hjortedyr.
Regjeringa foreslår òg å avvikle ordninga med støtte til organisasjonar innanfor det landbruks- og matpolitiske området. Ordninga har i stor grad vore ein vidareføring av støtte til dei same organisasjonane. Dette har gitt mindre rom for nye organisasjonar for å få støtte, og ordninga har dermed ikkje bidrege til eit større mangfald av organisasjonar og meir frivilligheit.
Regjeringa legg til grunn effektiviseringstiltak i Landbruksdirektoratet og Mattilsynet ut over den generelle avbyråkratisering- og effektiviseringsreforma.
1.5 Oversiktstabellar
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 | Pst. endr. 17/18 |
01–24 | Driftsutgifter | 1 645 518 | 1 771 947 | 1 768 126 | -0,2 |
30–49 | Investeringar | 32 894 | 3 992 | 4 032 | 1,0 |
50–59 | Overføringar til andre statsrekneskap | 2 050 000 | 2 113 492 | 2 095 219 | -0,9 |
60–69 | Overføringar til kommunesektoren | 138 845 | 142 664 | 146 373 | 2,6 |
70–89 | Overføringar til private | 13 886 719 | 14 002 051 | 14 485 624 | 3,5 |
Sum under departementet | 17 753 976 | 18 034 146 | 18 499 374 | 2,6 |
Utgifter fordelte på programkategoriar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kat. | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
15.00 | Administrasjon m.m. | 196 121 | 167 200 | 168 846 |
15.10 | Matpolitikk | 1 334 864 | 1 461 185 | 1 463 879 |
15.20 | Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling | 673 497 | 837 852 | 841 341 |
15.30 | Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | 15 549 494 | 15 567 909 | 16 025 308 |
Sum programområde 15 | 17 753 976 | 18 034 146 | 18 499 374 |
Inntekter fordelte på programkategoriar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kat. | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 |
15.00 | Administrasjon m.m. | 1 080 | 1 027 | 1 046 |
15.10 | Matpolitikk | 159 221 | 199 007 | 201 973 |
15.20 | Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling | 19 775 | 20 286 | 20 643 |
15.30 | Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | 213 982 | 351 374 | 227 279 |
15.40 | Forretningsdrift | 14 053 | 18 060 | 26 630 |
Sum programområde 15 | 408 111 | 589 754 | 477 571 |
Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 | Pst. endr. 17/18 |
Administrasjon m.m. | |||||
1100 | Landbruks- og matdepartementet | 196 121 | 167 200 | 168 846 | 1,0 |
Sum kategori 15.00 | 196 121 | 167 200 | 168 846 | 1,0 | |
Matpolitikk | |||||
1112 | Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet | 94 327 | 95 661 | 97 252 | 1,7 |
1115 | Mattilsynet | 1 240 537 | 1 365 524 | 1 366 627 | 0,1 |
Sum kategori 15.10 | 1 334 864 | 1 461 185 | 1 463 879 | 0,2 | |
Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling | |||||
1136 | Kunnskapsutvikling m.m. | 227 448 | 227 979 | 235 921 | 3,5 |
1137 | Forsking og innovasjon | 446 049 | 609 873 | 605 420 | -0,7 |
Sum kategori 15.20 | 673 497 | 837 852 | 841 341 | 0,4 | |
Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | |||||
1138 | Støtte til organisasjonar m.m. | 37 779 | 36 760 | 8 336 | -77,3 |
1139 | Genressursar, miljø- og ressursregistreringar | 20 356 | 25 519 | 24 596 | -3,6 |
1142 | Landbruksdirektoratet | 483 768 | 459 082 | 440 549 | -4,0 |
1144 | Regionale og lokale tiltak i landbruket | 6 639 | |||
1148 | Naturskade - erstatningar | 135 822 | 169 000 | 156 000 | -7,7 |
1149 | Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket | 131 292 | 158 817 | 144 729 | -8,9 |
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 14 591 451 | 14 579 932 | 15 107 993 | 3,6 |
1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen | 118 016 | 114 500 | 118 600 | 3,6 |
1161 | Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn | 24 371 | 24 299 | 24 505 | 0,8 |
Sum kategori 15.30 | 15 549 494 | 15 567 909 | 16 025 308 | 2,9 | |
Sum utgifter | 17 753 976 | 18 034 146 | 18 499 374 | 2,6 |
Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 | Pst. endr. 17/18 |
Administrasjon m.m. | |||||
4100 | Landbruks- og matdepartementet | 1 080 | 1 027 | 1 046 | 1,9 |
Sum kategori 15.00 | 1 080 | 1 027 | 1 046 | 1,9 | |
Matpolitikk | |||||
4115 | Mattilsynet | 159 221 | 199 007 | 201 973 | 1,5 |
Sum kategori 15.10 | 159 221 | 199 007 | 201 973 | 1,5 | |
Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling | |||||
4136 | Kunnskapsutvikling m.m. | 19 775 | 20 286 | 20 643 | 1,8 |
Sum kategori 15.20 | 19 775 | 20 286 | 20 643 | 1,8 | |
Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | |||||
4142 | Landbruksdirektoratet | 47 082 | 41 374 | 42 279 | 2,2 |
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 67 | |||
4162 | Statskog SF - forvaltning av statleg eigarskap | 25 000 | 25 000 | 25 000 | 0,0 |
5576 | Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet | 141 833 | 285 000 | 160 000 | -43,9 |
Sum kategori 15.30 | 213 982 | 351 374 | 227 279 | -35,3 | |
Forretningsdrift | |||||
5652 | Statskog SF - renter og utbytte | 14 053 | 18 060 | 26 630 | 47,5 |
Sum kategori 15.40 | 14 053 | 18 060 | 26 630 | 47,5 | |
Sum inntekter | 408 111 | 589 754 | 477 571 | -19,0 |
1.6 Oppmodingsvedtak
Tabell 1.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
Sesjon | Vedtak nr. | Stikkord | Omtalt side |
---|---|---|---|
2015–2016 | 140 | Omdisponeringsmål | 79 |
2015–2016 | 141 | Jordvern | 80 |
2015–2016 | 510 | Mangfald av pollinerande insekt | 39 |
2016–2017 | 57 | Langsiktige investeringar i landbruket | 81 |
2016–2017 | 108 | Forslag om forbod mot dyrking av myr | 81 |
2016–2017 | 108 | Vidareføring av tilskottsordning for organisasjonar | 81 |
2016–2017 | 290 | Innskottskapital i Staur gård AS | 32 |
2016–2017 | 422 | Matkastelov | 39 |
2016–2017 | 424 | Tiltak mot kasting av fullverdige matvarer | 40 |
2016–2017 | 427 | Berekraftig utvikling for pelsnæringa | 40 |
2016–2017 | 428 | Forbod mot gruppehald av mink | 40 |
2016–2017 | 443 | Offentleg geografisk miljø- og ressursinformasjon | 81 |
2016–2017 | 445 | Etterspørsel etter grøne trebaserte produkt | 81 |
2016–2017 | 448 | Forsking, utvikling og innovasjon i skog- og trenæringa | 55 |
2016–2017 | 449 | Beredskapsplanar i skogbruket | 82 |
2016–2017 | 525 | Import av gatehundar til Noreg | 40 |
2016–2017 | 526 | Obligatorisk ID-merking av hundar | 40 |
2016–2017 | 837 | Fjelloven i Nordland og Troms | 82 |
2016–2017 | 878 | Konsekvensar av liberalisering av konsesjonsplikta | 82 |
2016–2017 | 962 | Nye forhandlingar om jordbruksavtale | 82 |
2016–2017 | 966 | Merkeordning for samanlikning av produkt frå ulike land | 41 |
2016–2017 | 968 | Kompenserande tiltak ved utfasing av eksportsubsidiar | 83 |
1.7 Bruk av stikkordet «kan overførast»
Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30–49
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2017 | Forslag 2018 |
1100 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 3 353 | 2 555 |
1137 | 70 | Innovasjonsaktivitet mv. | 3 777 | 8 375 |
1137 | 71 | Bioøkonomiordninga | 2 832 | |
1138 | 71 | Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar | 921 | 1 268 |
1139 | 71 | Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak | 4 903 | 24 596 |
1142 | 71 | Omstillingstiltak i Indre Finnmark | 8 300 | 4 460 |
1142 | 80 | Radioaktivitetstiltak | 1 553 | 500 |
1148 | 22 | Naturskade, administrasjon | 1 859 | |
1149 | 71 | Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket | 3 281 | 92 300 |
1149 | 72 | Tilskott til trebaserte innovasjonsprogram | 41 180 | |
1149 | 73 | Tilskott til skog-, klima- og energitiltak | 20 152 | 48 899 |
1150 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 3 237 | 17 500 |
1150 | 70 | Marknadsregulering | 4 161 | 317 809 |
1150 | 74 | Direkte tilskott | 16 887 | 8 361 247 |
1150 | 77 | Utviklingstiltak | 7 604 | 256 880 |
1150 | 78 | Velferdsordningar | 46 980 | 1 504 800 |
1151 | 75 | Kostnadssenkande og direkte tilskott | 1 556 | 76 700 |
1151 | 79 | Velferdsordningar | 173 | 2 600 |