Forslag
Under Finansdepartementet vert i Prop. 1 S (2016–2017) statsbudsjettet for budsjettåret 2017 dei forslag til vedtak som følgjer førde opp:
Kapitla 20–51 og 1600–1670, 3021–3051, 4600–4620, 5341, 5580, 5351, 5605 og 5692–5693
I
Utgifter:
Kap. | Post | Kroner | Kroner | ||
---|---|---|---|---|---|
Regjeringa | |||||
20 | Statsministerens kontor | ||||
01 | Driftsutgifter | 117 900 000 | 117 900 000 | ||
21 | Statsrådet | ||||
01 | Driftsutgifter | 169 500 000 | 169 500 000 | ||
24 | Regjeringsadvokaten | ||||
01 | Driftsutgifter | 95 000 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter | 22 200 000 | 117 200 000 | ||
Sum Regjeringa | 404 600 000 | ||||
Stortinget og underliggjande institusjonar | |||||
41 | Stortinget | ||||
01 | Driftsutgifter | 924 500 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter | 15 000 000 | |||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 514 000 000 | |||
70 | Tilskot til partigruppene | 183 000 000 | |||
72 | Tilskot til Det Norske Nobelinstituttets bibliotek | 1 500 000 | |||
73 | Kontingentar, internasjonale delegasjonar | 15 500 000 | |||
74 | Reisetilskot til skular | 5 000 000 | 1 658 500 000 | ||
42 | Ombodsmannsnemnda for Forsvaret | ||||
01 | Driftsutgifter | 7 100 000 | 7 100 000 | ||
43 | Stortingets ombodsmann for forvaltninga | ||||
01 | Driftsutgifter | 76 300 000 | 76 300 000 | ||
44 | Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste | ||||
01 | Driftsutgifter | 15 000 000 | 15 000 000 | ||
45 | Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar | ||||
01 | Driftsutgifter | 20 600 000 | 20 600 000 | ||
51 | Riksrevisjonen | ||||
01 | Driftsutgifter | 468 200 000 | |||
75 | Internasjonale organisasjonar og nettverk | 25 000 000 | 493 200 000 | ||
Sum Stortinget og underliggjande institusjonar | 2 270 700 000 | ||||
Finansdepartementet Finansadministrasjon | |||||
1600 | Finansdepartementet | ||||
01 | Driftsutgifter | 368 200 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 58 800 000 | |||
70 | Forsking på og allmennopplysning om finansmarknaden | 13 800 000 | 440 800 000 | ||
1602 | Finanstilsynet | ||||
01 | Driftsutgifter | 343 900 000 | |||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 19 000 000 | 362 900 000 | ||
1605 | Direktoratet for økonomistyring | ||||
01 | Driftsutgifter | 379 100 000 | |||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 15 500 000 | 394 600 000 | ||
1608 | Tiltak for å styrkje statleg økonomi- og prosjektstyring | ||||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 16 000 000 | 16 000 000 | ||
Sum Finansdepartementet Finansadministrasjon | 1 214 300 000 | ||||
Skatte- og avgiftsadministrasjon | |||||
1610 | Tolletaten | ||||
01 | Driftsutgifter | 1 480 300 000 | |||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 118 400 000 | 1 598 700 000 | ||
1618 | Skatteetaten | ||||
01 | Driftsutgifter | 5 671 800 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter | 190 300 000 | |||
22 | Større IT-prosjekt, kan overførast | 358 700 000 | |||
23 | Spesielle driftsutgifter, a-ordninga | 85 000 000 | |||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 110 100 000 | |||
70 | Tilskot | 3 000 000 | 6 418 900 000 | ||
Sum Skatte- og avgiftsadministrasjon | 8 017 600 000 | ||||
Offisiell statistikk | |||||
1620 | Statistisk sentralbyrå | ||||
01 | Driftsutgifter | 564 500 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 243 100 000 | |||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 44 300 000 | 851 900 000 | ||
Sum Offisiell statistikk | 851 900 000 | ||||
Andre føremål | |||||
1632 | Kompensasjon for meirverdiavgift | ||||
61 | Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, overslagsløyving | 21 200 000 000 | |||
72 | Tilskot til private og ideelle verksemder, overslagsløyving | 1 980 000 000 | 23 180 000 000 | ||
1633 | Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift | ||||
01 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 5 700 000 000 | 5 700 000 000 | ||
Sum Andre føremål | 28 880 000 000 | ||||
Statsgjeld, renter og avdrag m.m. | |||||
1650 | Statsgjeld, renter m.m. | ||||
01 | Driftsutgifter | 42 600 000 | |||
89 | Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving | 11 619 300 000 | 11 661 900 000 | ||
1651 | Statsgjeld, avdrag og innløysing | ||||
98 | Avdrag på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving | 63 207 000 000 | 63 207 000 000 | ||
Sum Statsgjeld, renter og avdrag m.m. | 74 868 900 000 | ||||
Statlege krav, avsetningar m.m. | |||||
1670 | Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken | ||||
50 | Tapsfond for miljølåneordninga | 20 000 000 | |||
90 | Innbetalt grunnkapital | 119 800 000 | 139 800 000 | ||
Sum Statlege krav, avsetningar m.m. | 139 800 000 | ||||
Sum departementets utgifter | 116 647 800 000 |
Inntekter:
Kap. | Post | Kroner | Kroner | ||
---|---|---|---|---|---|
Regjeringa | |||||
3021 | Statsrådet | ||||
02 | Diverse refusjonar | 100 000 | 100 000 | ||
3024 | Regjeringsadvokaten | ||||
01 | Vederlag for utgifter i rettssaker | 18 000 000 | 18 000 000 | ||
Sum Regjeringa | 18 100 000 | ||||
Stortinget og underliggjande institusjonar | |||||
3041 | Stortinget | ||||
01 | Salsinntekter | 7 500 000 | |||
03 | Leigeinntekter | 200 000 | 7 700 000 | ||
3051 | Riksrevisjonen | ||||
01 | Refusjon innland | 1 800 000 | |||
02 | Refusjon utland | 300 000 | 2 100 000 | ||
Sum Stortinget og underliggjande institusjonar | 9 800 000 | ||||
Finansdepartementet | |||||
4600 | Finansdepartementet | ||||
02 | Diverse refusjonar | 400 000 | 400 000 | ||
4602 | Finanstilsynet | ||||
03 | Prospektkontrollgebyr | 10 400 000 | |||
86 | Vinningsavståing og gebyr for regelbrot m.m. | 500 000 | 10 900 000 | ||
4605 | Direktoratet for økonomistyring | ||||
01 | Økonomitenester | 49 600 000 | 49 600 000 | ||
4610 | Tolletaten | ||||
01 | Særskilt vederlag for tolltenester | 6 700 000 | |||
02 | Andre inntekter | 1 700 000 | |||
04 | Diverse refusjonar | 1 100 000 | |||
05 | Refusjon frå Avinor AS | 25 300 000 | |||
85 | Gebyr for regelbrot – valutadeklarering | 7 000 000 | 41 800 000 | ||
4618 | Skatteetaten | ||||
01 | Refunderte utleggs- og tinglysingsgebyr | 59 000 000 | |||
02 | Andre refusjonar | 44 300 000 | |||
03 | Andre inntekter | 36 400 000 | |||
05 | Gebyr for utleggsforretningar | 49 000 000 | |||
07 | Gebyr for bindande førehandsfråsegner | 2 400 000 | |||
11 | Gebyr på kredittdeklarasjonar | 18 800 000 | |||
85 | Misleghaldne lån i Statens lånekasse for utdanning | 240 000 000 | |||
86 | Bøter, inndragingar m.m. | 1 471 800 000 | |||
87 | Trafikantsanksjonar | 70 000 000 | |||
88 | Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret | 248 000 000 | |||
89 | Gebyr for regelbrot | 13 000 000 | 2 252 700 000 | ||
4620 | Statistisk sentralbyrå | ||||
02 | Oppdragsinntekter | 227 600 000 | |||
85 | Tvangsmulkt | 17 900 000 | 245 500 000 | ||
Sum Finansdepartementet | 2 600 900 000 | ||||
Ymse inntekter | |||||
5341 | Avdrag på uteståande fordringar | ||||
95 | Avdrag på lån til andre statar | 300 000 | |||
98 | Avdrag på eigenbehaldning statsobligasjonar | 8 000 000 000 | 8 000 300 000 | ||
Sum Ymse inntekter | 8 000 300 000 | ||||
Skatter og avgifter | |||||
5580 | Sektoravgifter under Finansdepartementet | ||||
70 | Finanstilsynet, bidrag frå tilsynseiningane | 357 500 000 | 357 500 000 | ||
Sum Skatter og avgifter | 357 500 000 | ||||
Renter og utbyte m.m. | |||||
5351 | Overføring frå Noregs Bank | ||||
85 | Overføring | 17 700 000 000 | 17 700 000 000 | ||
5605 | Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar | ||||
80 | Av statskassas foliokonto i Noregs Bank | 62 900 000 | |||
81 | Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta | 200 000 | |||
82 | Av innanlandske verdipapir | 1 467 000 000 | |||
83 | Av alminnelege fordringar | 25 000 000 | |||
84 | Av driftskreditt til statsverksemder | 136 100 000 | |||
86 | Renter av lån til andre statar | 100 000 | 1 691 300 000 | ||
5692 | Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken | ||||
85 | Utbyte | 110 100 000 | 110 100 000 | ||
5693 | Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m. | ||||
85 | Utbyte frå Folketrygdfondet | 700 000 | 700 000 | ||
Sum Renter og utbyte m.m. | 19 502 100 000 | ||||
Sum departementets inntekter | 30 488 700 000 |
Fullmakt til å overskride gjevne løyvingar
II
Meirinntektsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2017 kan:
overskride løyvinga under
mot tilsvarande meirinntekter under
kap. 21 post 01
kap. 3021 post 02
kap. 1600 post 21
kap. 4600 post 02
kap. 1605 post 01
kap. 4605 post 01
kap. 1610 post 01
kap. 4610 postane 01, 04 og 05
kap. 1618 post 01
kap. 4618 post 02
kap. 1618 post 01
kap. 4618 post 03
Meirinntekt som gjev grunnlag for overskriding, skal òg dekkje meirverdiavgift som er knytt til overskridinga, og kjem difor òg ved kap. 1633, post 01, for dei statlege forvaltningsorgana som kjem inn under nettoordninga for meirverdiavgift.
Meirinntekter og eventuelle mindreinntekter skal reknast med ved berekninga av overføring av unytta løyving til neste år.
overskride løyvinga til oppdragsverksemd på kap. 1620 Statistisk sentralbyrå, post 21 Spesielle driftsutgifter, med eit beløp som svarer til alle meirinntektene på kap. 4620 Statistisk sentralbyrå, post 02 Oppdragsinntekter.
Unytta meirinntekter og eventuelle mindreinntekter skal reknast med ved utrekning av overførbart beløp på posten.
Meirinntekt som gjev grunnlag for overskriding, skal òg dekkje meirverdiavgift som er knytt til overskridinga, og kjem difor òg ved kap. 1633, post 01, for dei statlege forvaltningsorgana som kjem inn under nettoordninga for meirverdiavgift.
III
Fullmakt til overskriding
Stortinget samtykkjer i at Statsministerens kontor i 2017 kan overskride løyvinga på kap. 21 Statsrådet, post 01 Driftsutgifter, for å setje i verk naudsynte tryggingstiltak for regjeringa.
Fullmakter til å pådra staten skyldnader utover løyvingane
IV
Tingingsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2017 kan gjere tingingar utover det som er løyvt, men slik at den samla ramma for nye tingingar og gammalt ansvar ikkje overstig desse summane:
Kap. | Post | Nemning | Samla ramme |
---|---|---|---|
1602 | Finanstilsynet | ||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald | 10 mill. kroner | |
1610 | Tolletaten | ||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald | 40 mill. kroner | |
1618 | Skatteetaten | ||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald | 35 mill. kroner |
V
Fullmakt til å gjere avtalar om investeringsprosjekt
Stortinget samtykkjer i at:
ein i 2017 kan inngå avtaler for oppgåver som vert avslutta i 2017 og seinare under kap. 41 Stortinget, post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, innanfor den kostnadsramma som er nemnd i Prop. 1 S (2016–2017).
Finansdepartementet i 2017 kan inngå avtaler om gjennomføring av dei investeringsprosjekta som er omtalte i Prop. 1 S (2016–2017) under kap. 1618 Skatteetaten, post 22 Større IT-prosjekt, innanfor dei kostnadsrammene som er gjevne der.
VI
Garantifullmakter
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2017 kan gje garantiar for:
grunnkapitalen til Den nordiske investeringsbanken innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 1 243 659 651 euro.
lån frå Den nordiske investeringsbanken som gjeld ordninga med prosjektinvesteringslån innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt garantiansvar på 387 086 761 euro.
miljølån gjennom Den nordiske investeringsbanken innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt garantiansvar på 57 603 389 euro.
VII
Fullmakt til å dekkje utgifter til vidare bubehandling
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet for 2017 under ordninga med oppfølging av staten sine krav i konkursbu kan pådra staten skyldnader utover løyvingane, men slik at den samla ramma for nye tilsegner og gammalt ansvar ikkje overstig 24 mill. kroner. Utbetalingar vert dekte av løyvingane under kap. 1618 Skatteetaten, post 21 Spesielle driftsutgifter.
Andre fullmakter
VIII
Fullmakt til å rette opp uoppklåra differansar og feilposteringar i statsrekneskapar for tidlegare år
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2017 i einskildsaker kan rette opp uoppklåra differansar i rekneskapane og feilposteringar i statsrekneskapen som gjeld rekneskapar for tidlegare år. Dette må gjerast ved å postere over kontoen for forskuvingar i balansen i statsrekneskapen i rekneskapen for det inneverande året. Fullmakta gjeld opp til 1 mill. kroner.
IX
Nettobudsjetteringsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2017 kan:
trekkje direkte utgifter i samband med auksjonssal frå salsinntektene før det overskytande vert ført som inntekter under kap. 4610 Tolletaten, post 02 Andre inntekter.
nettoføre som utgiftsreduksjon under kap. 1610 Tolletaten, post 01 Driftsutgifter, refusjonar av fellesutgifter og liknande der Tolletaten framleiger lokale.
nettoføre som utgiftsreduksjon under kap. 1618 Skatteetaten, post 01 Driftsutgifter, refusjonar av fellesutgifter og liknande der Skatteetaten framleiger lokale.
nettoføre som utgiftsreduksjon under kap. 1618 Skatteetaten, post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, refusjonar frå andre offentlege institusjonar for investeringar Skatteetaten gjer i samarbeid med desse.