Prop. 1 S (2016–2017)

FOR BUDSJETTÅRET 2017 — Utgiftskapittel: 20–51 og 1600–1670 Inntektskapittel: 3021–3051, 4600–4620, 5341, 5580, 5351, 5605 og 5692–5693

Til innhaldsliste

Del 2
Budsjettframlegget for 2017

5 Nærare omtale av løyvingsframlegga m.m.

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

Programkategori 00.30 Regjeringa

Utgifter under programkategori 00.30, fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

20

Statsministerens kontor

100 328

100 300

117 900

17,5

21

Statsrådet

162 725

159 600

169 500

6,2

24

Regjeringsadvokaten

83 691

84 600

117 200

38,5

Sum kategori 00.30

346 744

344 500

404 600

17,4

Statsministerens kontor og Statsrådet

Statsministerens kontor stør statsministeren i arbeidet med å leie og samordne arbeidet i regjeringa, m.a. ved å førebu, gjennomføre og følgje opp regjeringskonferansane.

Visse saker vert behandla i Statsrådet under Kongen si leiing. Det gjeld til dømes framlegg til nye lover, budsjettframlegg og andre framlegg til vedtak i Stortinget. Statsministerens kontor har saman med fagdepartementa ansvar for å førebu, gjennomføre og følgje opp Statsrådet sine møte hos Kongen. Vidare samordnar kontoret regjeringsmedlemene si deltaking i debattar og spørjetimar på Stortinget. Kontoret skal òg støtte statsministeren i internasjonalt arbeid. Dessutan har kontoret løns- og arbeidsgjevarfunksjonar for regjeringsmedlemene og andre politikarar i departementa.

Statsministerens kontor har tre avdelingar (administrativ og konstitusjonell avdeling, innanriksavdelinga og internasjonal avdeling) og ein kommunikasjonsseksjon. Regjeringa si bilteneste høyrer inn under administrativ og konstitusjonell avdeling.

Regjeringsadvokaten

Hovudoppgåvene til Regjeringsadvokaten er å føre sivile rettssaker på vegner av staten og gje fråsegner om rettslege spørsmål. Regjeringsadvokaten har som mål at staten får dekt behovet sitt for advokattenester på ein god måte, og slik at dei tildelte ressursane vert utnytta best mogleg sett under eitt. Brukarane skal oppfatte embetet som serviceinnstilt, målretta og effektivt. Saksbehandlinga skal vere rask og god.

Brukarane til Regjeringsadvokaten er dei statlege organa, dvs. regjeringa, departementa og verksemdene under departementa. Saksfeltet omfattar alle område av staten si verksemd. Viktige område er domstolskontroll av offentlege styresmakter (skatt, trygd, konsesjonar, ekspropriasjon m.m.), skadebotsaker, eigedomssaker, saker om arbeids- og tenestetilhøve m.m. I tillegg fører Regjeringsadvokaten saker for internasjonale domstolar, t.d. Menneskerettsdomstolen i Strasbourg og domstolane i EU og EØS.

Kap. 20 Statsministerens kontor

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

100 328

100 300

117 900

Sum kap. 0020

100 328

100 300

117 900

Rapport 2015

Post 01 Driftsutgifter

Statsministerens kontor har støtta statsministeren i å leie og samordne arbeidet til regjeringa, m.a. med å førebu, gjennomføre og følgje opp regjeringskonferansane. Om lag 70 pst. av utgiftene i 2015 var løn og godtgjersler til tilsette. Andre større utgifter var husleige og reiseutgifter.

Budsjett 2017

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga under kap. 20 Statsministerens kontor dekkjer vanlege driftsutgifter for kontoret. Framlegget inneber ei budsjettramme på 117,9 mill. kroner.

Som nemnt i revidert budsjett 2016 vart biltenestene i Forsvarsdepartementet og Utanriksdepartementet slått saman med Regjeringa si bilteneste 1. mai 2016, jf. Prop. 122 S (2015–2016). Regjeringa føreslår derfor ei rammeoverføring frå kap. 1700 Forsvarsdepartementet, post 01 Driftsutgifter og kap. 100 Utanriksdepartementet, post 01 Driftsutgifter til kap. 20 Statsministerens kontor, post 01 Driftsutgifter på til saman 4,9 mill. kroner. Resten av auken frå saldert budsjett 2016 gjeld pris- og lønsregulering og ny betalingsordning for premie til Statens pensjonskasse, jf. omtale i del 1, pkt. 1.3.2.

Kap. 21 Statsrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

162 725

159 600

169 500

Sum kap. 0021

162 725

159 600

169 500

Post 01 Driftsutgifter

Rapport 2015

Større utgifter i 2015 har vorte løn til regjeringa og dei politisk tilsette i departementa, investeringar i Regjeringa si bilteneste, reiseutgifter og husleige for pendlarbustader.

Budsjett 2017

Løyvinga under kap. 21 Statsrådet skal dekkje lønsutgifter for regjeringsmedlemane, statssekretærane og dei politiske rådgjevarane, og ein del andre utgifter knytt til den politiske leiinga i departementa. Det gjeld m.a. utgifter til bustad for pendlarar, heimreiser og besøksreiser for familie, diett ved utgifter til dobbelt hushald og barnehagetilbod for den politiske leiinga.

Løyvinga dekkjer dessutan generelle driftsutgifter for den politiske leiinga i departementa, irekna utgifter til tenestereiser og alle driftsutgifter knytt til Regjeringa si bilteneste.

Nærare reglar om kva for ytingar den politiske leiinga kan få dekt, finst i «Reglement om arbeidsvilkår for politisk ledelse», fastsett ved kgl.res. 28. mars 2003. Reglementet er supplert og utfylt i «Håndbok for politisk ledelse», som vert gjeve ut av Statsministerens kontor.

Som nemnt i revidert budsjett 2016 vart biltenestene i Forsvarsdepartementet og Utanriksdepartementet slått saman med Regjeringa si bilteneste 1. mai 2016, jf. Prop. 122 S (2015–2016). Regjeringa føreslår derfor ei rammeoverføring frå kap. 1700 Forsvarsdepartementet, post 01 Driftsutgifter og kap. 100 Utanriksdepartementet, post 01 Driftsutgifter til kap. 21 Statsrådet, post 01 Driftsutgifter på til saman 1,7 mill. kroner.

Framlegget inneber ei budsjettramme på 169,5 mill. kroner.

Fullmakt til overskriding

I samråd med politiet set Statsministerens kontor i verk visse tryggingstiltak for regjeringa. Det er vanskeleg å budsjettere behova, og dei kan endre seg i løpet av budsjettåret. Difor gjer departementet framlegg om samtykkje til at Statsministerens kontor i 2017 kan overskride løyvinga på kap. 21 Statsrådet, post 01 Driftsutgifter for å setje i verk naudsynte tryggingstiltak for regjeringa, jf. framlegg til romartalsvedtak III.

Kap. 3021 Statsrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

02

Diverse refusjonar

100

Sum kap. 3021

100

Post 01 Diverse refusjonar

Posten dekkjer i hovudsak refusjonar av utgifter der Statsministerens kontor har lagt ut for andre. Refusjonsbeløp kan variere mykje frå år til år. Det vert difor gjort framlegg om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 21, post 01 Driftsutgifter, med eit beløp tilsvarende meirinntekter på posten, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Kap. 24 Regjeringsadvokaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

62 270

63 000

95 000

21

Spesielle driftsutgifter

21 421

21 600

22 200

Sum kap. 0024

83 691

84 600

117 200

Rapport 2015

I 2015 kom det inn 1 061 nye saker til Regjeringsadvokaten, ein nedgang på 4 pst. i høve til 2014. Nedgangen gjaldt i sin heilskap rettssaker. Sakene er ofte meir komplekse enn før og krev stadig meir ressursar til førebuing og gjennomføring.

Utviklinga går òg i retning av at både fråsegnssaker og rettssaker vert større og meir kompliserte. Det har særleg samanheng med at rettskjeldematerialet er meir omfattande og samansett, og at sakene oftare har eit internasjonalt tilsnitt. Difor aukar behovet for spesialkompetanse innan menneskerettar, EØS-rett og allmenn folkerett.

Av dei nemnde sakene er 813 rettssaker (916 i 2014), 132 rådgjevande fråsegner (108 i 2014) og 116 høyringar (82 i 2014). Blant rettssakene utgjer områda trygd, psykisk helsevern og utlendingssaker framleis ein stor del.

Utlendingssakene viser ein nedgang til 176 saker frå toppåret 2014 (244 saker). Talet på psykisk helsevernsaker var som i 2014 234, og har dermed stabilisert seg på eit nytt høgt nivå. Talet på trygdesaker auka frå 101 saker i 2014 til 109 i 2015.

Arbeidsmengda for dei tilsette hos Regjeringsadvokaten er aukande. Noko vert løyst ved å setje ut saker til private advokatar og ved noko eigenprosedyre i etatane. Sakene som vert sett ut til private advokatar, er helst slike som det er mange relativt like av. Krevjande saker må behandlast av Regjeringsadvokaten.

Budsjett 2017

Post 01 Driftsutgifter

Framlegget inneber ei budsjettramme på 95,0 mill. kroner for 2017. Dette er 32 mill. kroner høgare enn saldert budsjett 2016. Løyvinga skal fyrst og fremst dekkje løns- og driftsutgifter hos Regjeringsadvokaten. For å sikre eit kvalifisert advokatkorps i ei tid der sakene stadig vert meir innfløkte, er Regjeringsadvokaten meir enn før nøydd til å halde på dei mest røynde advokatane, særleg dei som har møterett for Høgsterett.

På same vis som i revidert budsjett for 2016 føreslår regjeringa ei moderat styrking av bemanninga hos Regjeringsadvokaten. Forslaget inneber ei opptrapping over fleire år, og for 2017 gjer regjeringa framlegg om at ramma vert auka med 21,3 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2016. Forslaget fører til at Regjeringsadvokaten sine tenester vidareførast på ein forsvarleg måte, og at kapasiteten aukar på område som er særleg viktig og som det er pågang på frå regjering og forvaltning, jf. Prop. 122 S (2015–2016). Resten av auken frå saldert budsjett 2016 gjeld pris- og lønsregulering og ny betalingsordning for premie til Statens pensjonskasse, jf. omtale i del 1, pkt. 1.3.2.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje prosessutgifter og utgifter til leige av advokatar. Nokre sakstypar, til dømes utlendings- og trygdesaker, er tyngjande fordi det er så mange einskildsaker.

Det er avgjerande for den samla behandlinga av utlendingsområdet at rettssakene kan behandlast raskt. Tala på nye rettssaker er uvisse. Dei siste åra har Regjeringsadvokaten hatt ein aukande tendens i talet på utlendingssaker og trygdesaker. I peioden 2010–2015 auka utlendingssakene med 34 pst. og trygdesakene med 28 pst. Framlegget inneber ei budsjettramme på 22,2 mill. kroner.

Kap. 3024 Regjeringsadvokaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Vederlag for utgifter i rettssaker

21 945

14 800

18 000

Sum kap. 3024

21 945

14 800

18 000

Post 01 Vederlag for utgifter i rettssaker

Inntektsframlegget dekkjer inntekter som følgjer av at staten vert tilkjend sakskostnader i sivile saker der Regjeringsadvokaten var prosessfullmektig. Inntektene er vanskeleg å anslå, og departementet føreslår ei ramme for 2017 på 18 mill. kroner. Dette er ein auke på 3,2 mill. kroner frå med saldert budsjett 2016.

Programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar

Utgifter under programkategori 00.40, fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

41

Stortinget

1 393 988

1 688 800

1 658 500

-1,8

42

Ombodsmannsnemnda for Forsvaret

6 256

7 000

7 100

1,4

43

Stortingets ombodsmann for forvaltninga

63 747

74 100

76 300

3,0

44

Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste

12 499

14 300

15 000

4,9

45

Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar

4 229

9 700

20 600

112,4

51

Riksrevisjonen

459 959

508 100

493 200

-2,9

Sum kategori 00.40

1 940 678

2 302 000

2 270 700

-1,4

Kap. 41 Stortinget

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

848 958

935 800

924 500

21

Spesielle driftsutgifter

15 000

15 000

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

353 657

541 000

514 000

70

Tilskot til partigruppene

172 071

178 000

183 000

72

Tilskot til Det Norske Nobelinstituttets bibliotek

1 500

1 500

1 500

73

Kontingentar, internasjonale delegasjonar

14 303

14 000

15 500

74

Reisetilskot til skular

3 499

3 500

5 000

Sum kap. 0041

1 393 988

1 688 800

1 658 500

Hovudoppgåver og organisasjon

Oppgåvene og arbeidsordninga til Stortinget som konstitusjonelt organ er nedfelte i Grunnlova, lover, stortingsvedtak og konstitusjonell praksis. Stortingets konstitusjonelle hovudoppgåver er å vedta lover, løyve pengar til rådvelde for regjeringa og føre kontroll med regjering og forvaltning.

Stortingets administrasjon skal organisere og utvikle det parlamentariske arbeidet og leggje til rette for at representantane skal kunne skjøtte verva sine på ein god måte. Stortingets administrasjon skal formidle kunnskap om arbeidet til Stortinget og folkestyret.

Stortingets administrasjon skal drifte og modernisere Stortingets bygningar og system på ein måte som tek vare på dei historiske verdiane.

Det administrative arbeidet skal utførast slik at det sikrar omdømet til Stortinget på best mogleg måte. Administrasjonen skal opplevast som relevant, profesjonell, effektiv og samfunnsmedviten av stortingsrepresentantane og andre målgrupper. Stortingets administrasjon skal ha ein felles kultur basert på verdiane hjelpsam, ansvarleg, påliteleg og open.

Direktøren er den øvste administrative leiaren for Stortinget og står direkte under Stortingets presidentskap. Administrasjonen er organisert i sju avdelingar: konstitusjonell avdeling, eigedoms-, tryggings- og serviceavdelinga, kunnskaps- og dokumentasjonsavdelinga, forvaltningsavdelinga, internasjonal avdeling, kommunikasjonsavdelinga og IT-avdelinga. I tillegg ligg bedriftshelsetenesta og leiingssekretariatet under direktøren.

Scandinavian Star-kommisjonen

Stortinget vedtok 12. mai 2015 å oppnemne ein uavhengig granskingskommisjon som skal granske brannen på ferja MS «Scandinavian Star» i 1990. Føremålet med granskingskommisjonen skal vere å vurdere om dei faktiske tilhøva det er gjort greie for under den tidlegare behandlinga av saka i Stortinget, gjev eit korrekt og fullnøyande bilete av saka i lys av den informasjonen som seinare er komen fram. Kommisjonen skal òg vurdere korleis offentlege styresmakter følgde opp saka og tok vare på overlevande og pårørande.

Kommisjonen skal etter planen leggje fram rapport innan 1. juni 2017.

Mål og budsjett 2017

Stortingets strategi for 2014–2018 er lagd til grunn for mål og tiltak i 2017. Strategien inneheld fire hovudsatsingsområde og eit satsingsområde innanfor utvikling av organisasjonen som blir konkretiserte gjennom årlege verksemdsplanar. Tiltaka under kvart satsingsområde er såleis aktivitetar som må gjennomførast i 2017 for at Stortinget skal oppnå hovudmåla sine innan 2018.

Kjerneoppgåva til Stortingets administrasjon er å leggje til rette for det parlamentariske arbeidet og samtidig ha ansvaret for å formidle kunnskap og informasjon om demokratiet og å ta vare på og modernisere Stortingets bygningar.

Eit vitalt parlamentarisk arbeid

Administrasjonen skal sikre god kvalitet og kontinuitet i støtta til presidentskapet og representantane gjennom hjelp under saksbehandlinga i plenum, komitear og internasjonalt arbeid.

I strategiperioden fram til 2018 arbeider administrasjonen for å utvikle tenestene, slik at saksbehandling og produksjonen av dokument knytte til den parlamentariske prosessen i Stortinget blir meir effektiv. Administrasjonen vil ta i bruk nye, strukturerte malar for innstillingar og referat. Ein tek òg sikte på å betre tenestene for komiteane og partigruppene for å støtte moderne metodar for samhandling. Dagens informasjonssystem og saksbehandlingsløysingar som støttar dei parlamentariske prosessane, skal som ledd i dette bli forenkla og modernisert betydeleg. Målet er å gjere tilgangen til informasjon og samhandling omkring dokument meir fleksibel. I tillegg vil telefonsystemet bli modernisert og nye kommunikasjonstenester gjort tilgjengeleg. Bestilling av ei rekkje tenester vil bli digitalisert i større grad og føre til betre kvalitet.

Eit grunnlag for eit vitalt parlamentarisk arbeid er tilgang på kunnskap. Administrasjonen støttar representantane med kunnskapstenester. Administrasjonen vidareutviklar eksisterande kunnskapstenester for det parlamentariske arbeidet og utviklar nye kunnskapstenester med utgangspunkt i behova til brukarane. Det er viktig å ivareta både behovet for innhald og behovet for at kunnskapstenestene skal vere tilgjengelege digitalt. I 2017 vil administrasjonen gjennomgå og leggje om tilbodet sitt når det gjeld nyheitstenester i samsvar med den teknologiske utviklinga på dette området.

Aktuell kunnskapsformidling om folkestyret

Stortinget skal formidle kunnskap om folkestyret, og på den måten leggje grunnlag for engasjement og demokratisk deltaking. Kommunikasjonen med omverda skal vere aktiv og relevant og opne for samhandling mellom folket og dei folkevalte.

Stortingets kommunikasjonsstrategi (2015–2018) ligg til grunn for dette arbeidet som særleg retter seg mot vaksne med låg demokratisk deltaking, førstegongsveljarar og folk som i arbeidet sitt er i kontakt med Stortinget.

I 2017 vil Stortinget implementere den nye visuelle profilen sin på alle flater, bl.a. på parlamentariske dokumenter og stortinget.no.

Stortinget.no og dei ulike tenestene knytte til nettstaden skal vere i pakt med tida, og vere førstevalet for kunnskap om folkestyret. Stortinget vil leggje enda meir arbeid i opne data for å gje betre innsyn i det parlamentariske arbeidet.

I 2017 skal administrasjonen bruke stortingsvalet som eit høve til å formidle kunnskap om folkestyret og kommunisere med utvalde målgrupper. Stortinget skal etablere digitale tilbod til skuleelevar og dei som ikkje har norsk som morsmål.

Administrasjonen vil gjere kunnskap om utrykt materiale knytt til den parlamentariske saksbehandlinga tilgjengeleg gjennom den nasjonale arkivportalen (arkivportalen.no), og slik leggje til rette for innsyn og forsking basert på dette materialet.

Smart representantservice

Administrasjonen har samlokalisert viktige delar av tenestetilbodet i stortingstorget. Arbeidet med å vidareutvikle tenestetilbodet i stortingstorget held fram. Tilbodet vil bl.a. bli støtta betre av digitale verktøy. I 2017 blir arbeidet knytt til stortingsvalet prioritert, bl.a. når det gjeld tiltak for dei nye representantane.

Moderne skybaserte løysingar for samhandling i og utanfor Stortinget vil bli tilbode som ledd i å støtte den «mobile» representanten betre.

Fleire avdelingar og seksjonar vil vere involverte i arbeidet med å førebu og å ta imot nye representantar ved valet i 2017.

Profesjonell drift og utvikling av bygningane

Stortingets administrasjon skal forvalte, drifte og utvikle Stortingets eigedommar, slik at dei gjev trygge og gode rammer for det parlamentariske arbeidet samtidig som dei funksjonelle behova og stortingsbygningen blir godt tekne vare på.

Dei siste åra har fleire store prosjekt innan byggutvikling og utskifting av tekniske anlegg blitt sette i gang for å ivareta dagens krav til sikkerheit, funksjon og kvalitet. I tillegg blir det gjennomført samanhengande ombyggingar og vedlikehald av eksisterande lokale for å imøtekome nye krav til funksjonalitet og sikkerheit, samtidig som ein vernar historiske verdiar.

I 2017 vil det bli lagt størst vekt på å gjennomføre byggutviklingsprosjekta for Prinsens gate 26, nytt post- og varemottak og ekstra garasjenedkøyring, gjennomføring av utvendige sikringstiltak og vanleg vedlikehald av bygningsmassen og tekniske anlegg. Ein planlegg også å starte programmering/prosjektering av mogleg oppgradering av tilbygget av stortingsbygningen mot Akersgata.

Ombyggingsarbeida i Prinsensgate 26, nytt post- og varemottak og ny underjordisk innkøyringstrasé (kulvert) har ei estimert total kostnadsramme på inntil 1 800 mill. kroner per 1. januar 2016, og er planlagt ferdigstilt i 2018. Ein legg til grunn «Byggjekostnadsindeks for bustader» til Statistisk sentralbyrå for indeksjustering i perioden 2015–2018. Endringa i den totale kostnadsramma for prosjektet er nærmare omtala i vedlegg 1 til proposisjonen.

Attraktiv, kompetent organisasjon med godt arbeidsmiljø

Stortingets administrasjon skal ha eit godt arbeidsmiljø og ein felles kultur basert på verdiane hjelpsam, ansvarleg, pålitelig og open. Stortingets administrasjon jobbar kontinuerleg med å utvikle og vidareutvikle gode tenester innanfor administrasjonens ansvarsområde. I 2017 vil det vere særskilt merksemd rundt leiar- og medarbeidarutvikling, samt kompetanseutvikling, bl.a. gjennom oppfølging av resultata frå medarbeidarundersøkinga. I tillegg vil ein fortsette arbeidet med vidareutvikling og forbetring av systemstøtte for administrasjonens viktigaste prosessar.

Budsjettet

Budsjettet omfattar den parlamentariske aktiviteten, medrekna Stortingets deltaking i internasjonale parlamentarikarforsamlingar, reiser elles og godtgjerslene til stortingsrepresentantane. Budsjettet omfattar den administrative drifta og vedlikehaldet av Stortinget.

Stortingets budsjettkapittel viser totalt ein nedgang på 30,3 mill. kroner frå 2016 til 2017.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar løn og godtgjersler for stortingsrepresentantar og tilsette og utgifter til Stortingets kjøp av varer og tenester. Vidare omfattar posten utgifter til reiser og deltaking i faste internasjonale parlamentarikarforsamlingar. Utgifter til trykking av Stortingets publikasjonar, drift av Stortingets bibliotek og arkiv og vedlikehald og drift av bygningane og tenestebustadene til Stortinget er også med i denne posten.

Utgiftene på denne posten blir redusert med 11,3 mill. kroner, tilsvarande 1,2 pst., frå 2016 til 2017.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten omfattar utgifter til granskingskommisjon som skal granske brannen på ferja MS «Scandinavian Star» i 1990. Kommisjonen avsluttar sitt arbeid i 2017.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar kjøp av teknisk utstyr, fornying og vidareutvikling av Stortingets IKT-system, kjøp av kunst, ombyggingsarbeid og større vedlikehaldsarbeid i Stortinget. Sjå vedlegg 1 til denne proposisjonen for utfyllande kommentarar til utbyggingsarbeidet.

I framlegg til romartalsvedtak V.1 ber ein om samtykke til å inngå avtaler for oppgåver som blir avslutta i 2017 og seinare under denne posten.

Post 70 Tilskot til partigruppene

Posten omfattar tilskota frå Stortinget til gruppesekretariata til partia. Tilskotet til kvar stortingsgruppe er avhengig av representasjonen til partiet på Stortinget. Det blir gjeve eit fast, felles grunntilskot til kvar partigruppe og eit tillegg per stortingsrepresentant.

Post 72 Tilskot Det Norske Nobelinstituttets bibliotek

Posten omfattar tilskot til biblioteket ved Nobelinstituttet.

Post 73 Kontingentar, internasjonale delegasjonar

Posten omfattar kontingentane til Nordisk råd, OSSE og IPU.

Post 74 Reisetilskot til skular

Posten omfattar støtte til søkjarar frå skular som besøkjer Stortinget.

Kap. 3041 Stortinget

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Salsinntekter

8 708

6 500

7 500

03

Leigeinntekter

897

900

200

40

Sal av leilegheiter

3 663

Sum kap. 3041

13 268

7 400

7 700

Kap. 42 Ombodsmannsnemnda for Forsvaret

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

6 256

7 000

7 100

Sum kap. 0042

6 256

7 000

7 100

Hovudoppgåver

Ombodsmannsnemnda skal arbeide for å sikre dei allmennmenneskelege rettane for Forsvarets personell og medverke til å effektivisere Forsvaret. Leiaren i nemnda har tittelen Ombodsmannen for Forsvaret, er årslønna og leier Ombodsmannens administrasjon.

Vernepliktige mannskap, befal og sivilt tilsette i Forsvaret kan gå med alle typar saker til Ombodsmannen dersom dei meiner seg urettmessig, urimeleg eller urettferdig behandla av dei ordinære forvaltningsorgana i Forsvaret. Det er mange som vender seg til Ombodsmannen, og dei fleste førespurnadene blir løyste ved dialog og på lågast mogleg nivå.

Ombodsmannen besøkjer ei rekkje militære avdelingar og tenestestader, og underviser bl.a. på kurs for tillitsvalde. Ombodsmannen får ei rekkje førespurnader frå tenestemannsorganisasjonar, forsvarsrelaterte frivillige organisasjonar, veteranorganisasjonar, veteranar og familiane deira, etterlatne og pårørande, og hjelper personell i eller etter teneste i fleire samanhengar og saker.

Saker av prinsipiell karakter, eller som har særleg allmenn interesse, blir lagde fram for nemnda etter at dei er førebudde av Ombodsmannen. Som ledd i tilsyn og kontroll av tenesteforholda i Forsvaret gjer Ombodsmannsnemnda rutinemessige inspeksjonar (synfaringar) til avdelingar, garnisonar og fartøy. Stortinget, forsvarsministeren og forsvarssjefen kan leggje saker fram for Ombodsmannen og Ombodsmannsnemnda til uttale.

Ombodsmannen deltek i eit internasjonalt arbeid i regi av Geneva Centre for the Democratic Control of Armed Forces (DCAF) og i eit internasjonalt samarbeidsforum for ombodsmenn hovudsakleg innanfor NATO/OSSE.

Melding til Stortinget

Ombodsmannsnemnda sender årleg melding om verksemda til Stortinget (Dok. 5). Gjenpart av meldinga blir sendt til Forsvarsdepartementet og Forsvarets organ og avdelingar. Ombodsmannen og nemnda kan òg, når dei finn det ønskjeleg, sende melding til Stortinget om enkeltsaker gjennom året.

Av meldinga for 2015–2016 går det fram at det samla talet på klager held seg stabilt. Dei fleste førespurnadene/sakene blir løyste gjennom rettleiing og råd ved besøk av Ombodsmannen ved avdelinga eller per telefon/samtale. Desse sakene blir ikkje registrerte som klagesaker.

Meldinga inneheld dessutan ei rekkje faste årlege rapporter som bl.a. gjeld tillitsmannsordninga, HMS, Forsvarets Sanitet, Vernepliktsverket, Bustad- og Velferdstenesta, Vaksenopplæringa og Generaladvokaten – i tillegg til verksemda og saker hos Ombodsmannen.

Klagesakene hos Ombodsmannen knyter seg bl.a. til spørsmål om utsetjing av førstegongstenest, utsetjing av øvingar, sikkerheitsklarering, økonomiske ytingar som bustøtte, sosial stønad, økonomisk erstatning, medisinske uttaler, rettar for tilsette, forbigåing, ytringsfridom, disiplinærsaker, teneste i internasjonale operasjonar, tenesteuttaler, ferie, fritid mv.

Kap. 43 Stortingets ombodsmann for forvaltninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

63 747

74 100

76 300

Sum kap. 0043

63 747

74 100

76 300

Hovudoppgåver og organisering

Sivilombodsmannens føremål og oppgåver følgjer av lov om Stortingets ombodsmann for forvaltninga av 22. juni 1962, og Stortingets instruks for ombodsmannen av 19. februar 1980. Sivilombodsmannen er valt av Stortinget for ein periode på fire år.

Som Stortingets tillitsmann skal Sivilombodsmannen føre kontroll med at det i den offentlege forvaltninga ikkje blir gjort urett eller feil mot den enkelte borgaren. Ombodsmannen skal også arbeide for at forvaltninga respekterer og sikrar menneskerettane. Desse oppgåvene tek han hand om først og fremst gjennom undersøkingar og behandling av klager frå enkeltpersonar, organisasjonar og selskap. Ombodsmannen står fritt til å ta opp dei spørsmåla han meiner er av interesse, og kan setje i verk saker av eige tiltak. Slike undersøkingar er i hovudsak baserte på kjennskap til tilhøve i forvaltninga som det kan vere grunn til å ta opp spesielt. Ombodsmannen er òg nasjonal førebyggjande mekanisme mot tortur og annan grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Vidare prøver ombodsmannen å hindre urett gjennom ulike kommunikasjonstiltak, slik som foredragsverksemd og presseoppslag. Gjennom meldingane til Stortinget gjev Sivilombodsmannen informasjon om korleis Grunnlova, lover og stortingsvedtaka i praksis blir brukte i forvaltninga, og om verksemda som følgjer av førebyggingsmandatet.

Ombodsmannens kontor er organisert i tre avdelingar som behandlar klagesaker innanfor ulike rettsområde, éi utgreiingsavdeling, éi eining for førebygging av tortur og éi administrasjonsavdeling.

Rapport for 2015

Ombodsmannens årsmelding for 2015 blei overlevert Stortinget i mars 2016, og er teken inn i Dok. 4 (2015–2016). Meldinga gjer greie for hovudinntrykka frå klagesaksbehandlinga i 2015, og omtalar også nokre utviklingstrekk i forvaltninga baserte på dei meir generelle erfaringane til ombodsmannen.

Klagesaksbehandling

Dei siste åra har sakstilfanget vore stabilt på rundt 3 000 saker i året. Det kom inn 3 053 saker i 2015, mot 3 109 året før. I 2015 blei 26 saker tekne opp av eige tiltak, mot 35 saker i 2014. Samla tilgang på saker var dermed 3 079 i 2015, mot 3 144 året før. Talet på avslutta saker var 3 093 i 2015, mot 3 211 året før. Fordelinga mellom realitetsbehandla og avviste saker har vore relativt stabil gjennom fleire år.

Saksbehandlingstida har gått jamt nedover dei siste åra, og har gått markert ned i 2015. Saksbehandlingstida er avhengig av både intern ressursbruk, kompleksiteten til sakene og kor raskt forvaltninga responderer på undersøkingar frå ombodsmannen. Særleg heldt nedgangen i behandlingstida fram i 2015 for saker som blei avslutta etter å ha vore tekne opp med forvaltninga. Det har vore viktig å avvikle dei løpande sakene innanfor måltala for saksbehandlingstida. Erfaringa er at når ein legg vekt på saksbehandlingstida, fører det med seg at kapasiteten til å setje i gang saker av eige tiltak, blir redusert. Dette forklarar nedgangen i desse sakene i 2015.

Sivilombodsmannens førebyggingsarbeid

Førebyggingseininga mot tortur og umenneskeleg behandling ved fridomsrøving blei oppretta ved Sivilombodsmannens kontor i 2014, i tråd med tilleggsprotokollen til FNs torturkonvensjon (OPCAT). Førebyggingseininga har høve til å besøkje alle stader der personer har vorte fråtekne fridomen sin, for å førebyggje tortur og annan grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. 2015 blei brukt til å vidareutvikle metodikk og halde fram med besøka til arrestar og fengsel. I tillegg blei besøksarbeidet utvida til ytterlegare to sektorar: stader under tvungent psykisk helsevern og utlendingsinternatet på Trandum. Det blei gjennomført totalt 14 besøk til 13 stader for fridomsrøving. Årsmeldinga for førebyggingsarbeidet, Dok. 4.1 (2015–2016), blei lagt fram i mars 2016 og gjev ei nærmare omtale av denne verksemda i 2015.

Menneskerettsarbeid

Sivilombodsmannen arrangerte i oktober 2015 eit seminar om «Betydningen av åpenhet og ytringsfrihet i forvaltningen». Seminaret handla om problemstillingar knytte til dokumentinnsyn, møteoffentlegheit og ytringsfridom for offentleg tilsette.

Ombodsmannen behandlar stadig klagesaker som kan ha følgjer for dei menneskerettslege forpliktingane til Noreg. Ei omtale av fråsegner i 2015 der det uttrykkjeleg er vist til ei menneskerettsleg forplikting, kan ein finne i artikkelen «Menneskerettighetenes betydning for Sivilombudsmannens arbeid» i årsmeldinga til ombodsmannen for 2015, Dok. 4 (2015–2016). Artikkelen handlar også om ombodsmannens bruk av menneskerettslege kjelder i arbeidet som Noregs førebyggingsorgan mot tortur og umenneskeleg behandling ved fridomsrøving, jf. sivilombodsmannslova § 3a.

Mål og budsjett for 2017

Ein stor del av arbeidet til ombodsmannen går ut på å gjere undersøkingar og rettslege vurderingar av utvalde spørsmål. I den overordna strategien for 2015–2019 som blei vedteken i 2015, er det eit mål at ombodsmannen skal prioritere arbeidsinnsatsen der han har mest å seie. Dette inneber bl.a. at ombodsmannen i 2017 vil vidareføre bruken av prioriteringskriterium når ein skal vurdere kva for klager som gjev tilstrekkeleg grunn til å bli behandla og undersøkt nærmare. Det blei orientert nærmare om prioriteringskriteria i budsjettproposisjonen for 2016.

For å setje tilstrekkeleg kraft bak dei strategiske måla, bl.a. målet om å auke ressursbruken til saker som blir tekne opp av eige tiltak, blei verksemda omorganisert i 2016. Det blei oppretta ei eiga avdeling for å ivareta bl.a. satsingar på systematiske undersøkingar og visse koordinerings- og leiarstøtteoppgåver. Samtidig blei det innført færre, men større avdelingar som behandlar klagesaker. Det er venta at den nye organiseringa av kontoret vil ha effekt på dei strategiske måla i 2017.

Måla om å bli betre kjent, å arbeide for å ha tillit hos borgarane og å få gjennomslag i forvaltninga blir følgde opp også i 2017. Det vil ein gjere bl.a. ved å halde fram arbeidet med å utvikle og forbetre nettsidene og kommunikasjonsarbeidet og ved å følgje opp ombodsmannens kritikk av forvaltninga.

Institusjonen vil halde fram med arbeidet internt for å ha ei tydeleg leiing og sikre at arbeidsprosessane er effektive og gode. Det er venta at IT-støtta blir eit viktig satsingsområde i 2017.

Funksjonen som nasjonal førebyggande mekanisme blir vidareutvikla i 2017. I samband med det vil ein besøkje fleire stader der menneske er fråtekne fridomen sin, bl.a. fengsel, politiarrestar, stader under tvungent psykisk helsevern, inkludert slike stader for barn og unge, og barnevernsinstitusjonar. Det vil stadig bli lagt stor vekt på å utvikle metodikk og kunnskapsgrunnlag vidare.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønsutgifter og utgifter til Sivilombodsmannens kjøp av varer og tenester.

Budsjettveksten for 2017 er i hovudsak knytt til ei styrking av IT-funksjonen og auke i leigeutgifter.

Kap. 44 Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

12 499

14 300

15 000

Sum kap. 0044

12 499

14 300

15 000

Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste (EOS-utvalet) er eit permanent utval, oppretta i 1996. Utvalet har sju medlemmer. Medlemmene blir valde for eit tidsrom på inntil fem år av Stortinget i plenum. Medlemmene kan nemnast opp att etter innstilling av Stortingets presidentskap.

Hovudoppgåver

EOS-utvalet skal føre regelmessig tilsyn med etterretnings-, overvakings- og tryggingstenesta (EOS-tenesta) som blir utført i den sivile og militære forvaltninga. Oppgåvene til kontrollutvalet er å gjennomføre inspeksjonar, undersøkje klager og ta opp saker av eige tiltak som utvalet ut frå formålet finn det riktig å behandle. Hovudformålet er å ivareta rettstryggleiken til den enkelte og sjå til at tenestene respekterer menneskerettane.

Det blir kvart år lagt fram ei melding til Stortinget om arbeidet til utvalet. Elles blir det gjeve meldingar når det er behov for det.

Rapport for 2015

Utvalet har i 2015 gjennomført 25 inspeksjonar; PST er inspisert 10 gonger, E-tenesta 5 gonger, NSM 4 gonger og FSA 3 gonger. Personelltryggingstenesta i Forsvarsdepartementet, personelltryggingstenesta i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og etterretnings- og tryggingsfunksjonar i Marinejegerkommandoen er inspisert éin gong kvar.

I 2015 undersøkte utvalet 37 saker av eige tiltak, mot 39 saker i 2014.

Utvalet undersøkjer klager frå enkeltpersonar og organisasjonar. Det kom inn 23 klager til utvalet i 2015, mot 26 klager i 2014. Utvalet har på formelt grunnlag avvist nokre klagesaker, bl.a. ved å vise til at saka fell utanfor kontrollområdet til utvalet.

Utvalet meiner at ressursbruken har vore effektiv i 2015, både med tanke på kva det er brukt ressursar på og korleis desse er nytta.

Samla sett er utvalet fornøgd med resultat, måloppnåing og ressursbruk i 2015.

Nærmare opplysningar om verksemda står å lese i årsmeldinga til utvalet for 2015 (Dokument 7:1 (2015–2016)).

Mål for 2017

Hovudoppgåva til utvalet er å føre løpande kontroll med EOS-tenestene. Kontrollen blir utført ved inspeksjonar, behandling av klagesaker og behandling av saker som blir tekne opp av eige tiltak. Den faglege verksemda til utvalet blir i hovudsak styrt av kva som kjem fram gjennom inspeksjonsarbeidet og klagesaker, og av dei signala Stortinget gjev ved behandlinga av årsmeldinga til utvalet. I tillegg tek utvalet opp saker på bakgrunn av opplysningar som kjem fram i offentlegheita.

Rammene for arbeidet til utvalet er fastsette i lov og instruks om kontroll med etterretnings-, overvakings- og tryggingstenesta. Etter kontrollinstruksen § 11 nr. 2 skal det årlege tilsynsarbeidet til utvalet minst omfatte halvårlege inspeksjonar av E-tenesta sentralt, kvartalsvise inspeksjonar i Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), seks inspeksjonar av PST sentralt og tre inspeksjonar av Forsvarets tryggingsavdeling. I tillegg skal utvalet inspisere PST-einingar i minst fire politidistrikt, minst to av stasjonane til E-tenesta og/eller tryggings- og etterretningsfunksjonar ved militære stabar og avdelingar, og av personelltryggingstenesta ved minst to departement eller etatar utanfor NSM. Utvalet vil også i 2016 gjennomføre inspeksjonar i samsvar med krava, i tillegg til å behandle innkomne klagesaker og undersøkje saker i EOS-tenestene. I 2016 vil utvalet i noko større grad enn tidlegare arbeide tema- og prosjektbasert.

Innanfor rammene til verksemda arbeider EOS-utvalet kontinuerleg for å betre kontrollen. Utvalet konstaterer at Evalueringsutvalet konkluderer med at utvalets kontroll har fungert tilfredsstillande, samtidig som det er foreslått ein del endringar i kontrollarbeidet. Når Stortinget har behandla rapporten, vil utvalet rette seg etter dei vedtaka som då blir gjort. Det er sett av kr 300 000 til utgreiing av behova for utvida lokale i framtida.

Kap. 45 Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

4 229

9 700

20 600

Sum kap. 0045

4 229

9 700

20 600

Hovudoppgåver og organisering

Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar blei oppretta 1. juli 2015 som eit organ under Stortinget. Føremålet og oppgåvene til institusjonen følgjer av lov 22. mai 2015 nr. 33 om Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar av 30. april 2015 og Stortingets instruks av same dato. Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar har som hovudoppgåve å fremje og verne om menneskerettane i tråd med Grunnlova, menneskerettslova og annan lovgjeving, internasjonale traktatar og folkeretten elles.

Den nasjonale institusjonen skal bidra til å styrkje gjennomføringa av menneskerettane, særleg ved å overvake og rapportere om stillinga til menneskerettane i Noreg. Det inneber å leggje fram tilrådingar for å sikre at dei menneskerettslege forpliktingane til Noreg blir oppfylte, gje råd til Stortinget, regjeringa, Sametinget og andre offentlege organ og private aktørar om gjennomføringa av menneskerettane og å informere om menneskerettane. Det inneber òg å rettleie enkeltpersonar om nasjonale og internasjonale klageordningar, fremje opplæring, utdanning og forsking om menneskerettane, leggje til rette for samarbeid med relevante offentlege organ og andre aktørar som arbeider med menneskerettane, og å delta i internasjonalt samarbeid for å fremje og verne om menneskerettane. Den nasjonale institusjonen skal ikkje prøve enkeltsaker om krenking av menneskerettar.

I samsvar med føresetnaden til Stortinget er institusjonen samlokalisert med og administrativt knytt til Sivilombodsmannen.

Integrering av Gáldu – Kompetansesenter for urfolksrettar

Den nasjonale institusjonen skal bl.a. ha tilsyn med rettane til urfolk. Innstillinga frå Stortingets presidentskap om lov om Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar, Innst. 216 L (2014–2015), drøfta om det var mogleg å inkludere ein del av funksjonane til Gáldu – Kompetansesenter for urfolksrettar – i den nasjonale institusjonen. Sametinget og kommunal- og moderniseringsministeren hadde stilt seg positivt til dette, og presidentskapet la i innstillinga til grunn at den nye nasjonale institusjonen ville leggje til rette for ein god prosess om spørsmålet.

På bakgrunn av ein drøftingsprosess der Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Sametinget har delteke, tilrår styra i den nasjonale institusjonen og Gáldu at Gáldu blir integrert i den nasjonale institusjonen som ei eiga avdeling, lokalisert i Kautokeino.

I samsvar med føresetnadene i brev av 15. juni 2016 frå kommunal- og moderniseringsministeren til presidentskapet legg framlegget til statsbudsjett 2017 til rette for at ei formell integrering av Gáldu i den nasjonale institusjonen kan finne stad frå 1. januar 2017.

Avdelinga i Kautokeino vil, i tillegg til nye oppgåver, vidareføre den delen av verksemda ved Gáldu som er i samsvar med mandatet til den nasjonale institusjonen, jf. lov om Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar. Alle tilsette ved Gáldu blir overførte til den nasjonale institusjonen. Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Sametinget har ansvar for å vurdere korleis ein kan ivareta dei av Gáldus oppgåver som fell utanfor mandatet til den nasjonale institusjonen.

Mål og budsjett for 2017

I budsjettforslaget er det lagt til grunn kva som er å rekne som nødvendig for å oppfylle lovpålagde oppgåver og integrering med Gáldu.

Høveleg bemanning er avgjerande for at det skal vere mogleg for den nasjonal institusjonen å oppfylle oppdraget sitt og bli ein synleg og effektiv institusjon med legitimitet og gjennomslagskraft.

Når talet på tilsette aukar, vil det føre med seg auka utgifter til husleige. Det er berekna at husleige for 2017 blir til saman 1,1–1,2 mill. kroner, medan noverande leige er ca. 400 000 kroner.

I tillegg til å sikre midlar til drift legg budsjettforslaget til grunn at det skal vere mogleg med spesielle prosjekt som konferansar og seminar.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønsutgifter, utgifter til den nasjonale institusjonens kjøp av varer og tenester, og driftsutgifter som kjem på hos Sivilombodsmannen.

Det blir lagt opp til noko budsjettvekst utover løns- og prisvekst for å ta høgde for at verksemda er i full drift først frå hausten 2016, i tillegg til at driftskostnadene vil auke etter som talet på tilsette, og dermed aktivitetsnivået, vil auke.

Kap. 51 Riksrevisjonen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

438 459

486 200

468 200

75

Internasjonale organisasjonar og nettverk

21 500

21 900

25 000

Sum kap. 0051

459 959

508 100

493 200

Riksrevisjonen blir leia av eit kollegium med fem riksrevisorar valde av Stortinget for ein periode på fire år. Føremålet, oppgåvene og rammevilkåra til Riksrevisjonen følgjer av lov om Riksrevisjonen av 7. mai 2004 nr. 21 og instruks om Riksrevisjonens verksemd av 11. mars 2004. Riksrevisjonen skal gjennom revisjon, kontroll og rettleiing bidra til at statens inntekter blir innbetalte som venta, og at statens midlar og verdiar blir brukte og forvalta på ein økonomisk forsvarleg måte i samsvar med Stortingets vedtak og føresetnader, jf. riksrevisjonslova § 1.

Riksrevisjonen kan også etter avtale ta på seg revisjons-, kontroll- eller bistandsoppdrag internasjonalt. Stortinget kan påleggje Riksrevisjonen å setje i gang særlege undersøkingar. Oppgåvene er nærmare omhandla i instruksen om Riksrevisjonens verksemd.

Ved inngangen til ny strategisk planperiode gjennomførte Riksrevisjonen ei omorganisering og etablerte ei eiga avdeling for metodestøtte og -utvikling. Riksrevisjonen er no organisert i sju avdelingar. Av desse er tre rekneskapsrevisjonsavdelingar, to forvaltningsrevisjonsavdelingar, ei avdeling for metodestøtte og utvikling og ei administrasjonsavdeling. I tillegg er ein stabsseksjon knytt til revisjonsråden.

Rapport for 2015

Riksrevisjonens visjon for planperioden 1. mai 2014 til 30. april 2018 er å bidra til betre offentleg ressursbruk. Det er definert tre strategiske mål for perioden:

  • Aktuell og samfunnsnyttig revisjon

  • Profesjonell revisjon og kontroll

  • God leiing og effektiv ressursbruk

Rapporteringa for 2015 syner at det har tilfredsstillande måloppnåing, og at revisjonen i hovudsak er gjennomført i tråd med planen. Men uventa saker fører med seg at det alltid er behov for enkelte omprioriteringar av ressursane. Omprioriteringane er baserte på ei vurdering om kor vesentleg saka er, og om det er risiko for feil og manglar.

I 2015 blei 69 prosent av personalressursane brukte på revisjonsfaglege aktivitetar, 4 prosent på internasjonale aktivitetar, 5 prosent på kompetanseutvikling og 22 prosent på administrasjon og andre støttefunksjonar, som IKT, økonomi, personale, arkiv, bibliotek, reinhald, resepsjon og sentralbord. Ressursar som er brukte til revisjonsfaglege aktivitetar, har auka med 2 prosentpoeng frå 2014.

Riksrevisjonen har i samband med bistand til institusjonsutvikling av andre riksrevisjonar innrapportert 11,4 mill. kroner som bistandsmidlar (DAC-midlar) til OECD via Norad i 2015. I 2014 var dette talet 12,5 mill. kroner.

Ei detaljert orientering om verksemda i 2015 blei lagt fram for Stortinget i Dokument 2 (2015–2016).

Mål og budsjett for 2017

Riksrevisjonen utfører arbeidet sitt i tråd med den overordna visjonen og dei overordna målsettingane til Riksrevisjonens i gjeldande strategiplan. Det er ikkje planlagt større endringar i oppgåveløysing eller ressursbruk samanlikna med tidlegare år.

Arbeidet med å leggje til rette for best mogleg utnytting av eigne ressursar vil bli ført vidare også i 2017, både innanfor revisjon og støttefunksjonane. Det vil derfor vere kontinuerleg vekt på å forbetre revisjonsprosessane, kompetanse og kompetanseutviklingsprosessar, leiing og leiingsutviklingsprosessar.

Utviklingssamarbeidet med andre lands riksrevisjonar vil bli vidareført i 2017, og Riksrevisjonen vil framleis samarbeide tett med IDI (INTOSAI Development Initiative), spesielt når det gjeld å bidra til å styrkje regionale INTOSAI-organisasjonar.

I 2016 går leigeavtalen for Riksrevisjonens hovudkontor i Pilestredet 42 ut. Det er inngått avtale om leige av nye lokale sentralt i Oslo. Flyttinga vil skje hausten 2016. Flytting til nye lokale vil føre med seg at leigekostnadene til Riksrevisjonens blir om lag 15 mill. kroner høgare enn dei var i 2015, og det blir planlagt ein auke i investeringar i 2017 på ca. 4 mill. kroner samanlikna med 2015.

Post 75 Internasjonale organisasjonar og nettverk

Budsjettposten gjeld drifta av INTOSAI Development Initiative (IDI). Eit mål med arbeidet IDI er å styrkje offentleg revisjon i utviklingsland og gjennom dette bidra til godt styresett, utvikling og kamp mot fattigdom. IDI er organisert som ei stifting med eit styre, sekretariat og ein rådgjevande komité. Styret i stiftinga blir leia av riksrevisor.

Finansieringa av IDIs utviklingsprogrammer kjem frå fleire gjevarar, bl.a. Det Internasjonale fond for landbruksutvikling, Finland, INTOSAI, Irland, Storbritannia, Sveits, Sverige, USA, Østerrike, Verdsbanken og riksrevisjonane i Kuwait og Saudi Arabia. Fleire riksrevisjonar gjev også støtte til arbeid til IDI i form av ressursar og tenester.

Tilskotet frå Riksrevisjonen finansierer drifta for sekretariat til IDI i tråd med intensjonen i Innst. S. nr 8 (1998–99). Beløpet for 2016 er på 21,9 mill. kroner. Ein gjer framlegg om å auke beløpet for 2017 til 25 mill. kroner. Tilskotet til IDI har ikkje blitt auka utover prisjustering sidan 2011. I same periode har aktivitetsnivået til IDI auka monaleg slik at tilskot som er meint til å dekkje kostnadene av utviklingsprogram, må brukast til å dekkje driftskostnader.

Kap. 3051 Riksrevisjonen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Refusjon innland

1 774

1 800

1 800

02

Refusjon utland

732

600

300

Sum kap. 3051

2 506

2 400

2 100

Riksrevisjonen vil få refusjonar i samband med inngått leigeavtale med IDI-sekretariatet og internasjonale revisjonsoppdrag.

Programområde 23 Finansadministrasjon

Programkategori 23.10 Finansadministrasjon

Utgifter under programkategori 23.10, fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

1600

Finansdepartementet

382 781

406 154

440 800

8,5

1602

Finanstilsynet

340 098

350 944

362 900

3,4

1605

Direktoratet for økonomistyring

365 118

348 128

394 600

13,3

1608

Tiltak for å styrkje statleg økonomi- og prosjektstyring

12 806

15 664

16 000

2,1

Sum kategori 23.10

1 100 803

1 120 890

1 214 300

8,3

Kap. 1600 Finansdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

318 786

332 258

368 200

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

50 995

60 496

58 800

70

Forsking på og allmennopplysning om finansmarknaden

13 000

13 400

13 800

Sum kap. 1600

382 781

406 154

440 800

Hovudoppgåver

Arbeidsoppgåvene til Finansdepartementet kan delast inn i fem hovudområde:

  1. Samordning av den økonomiske politikken, som omfattar

    • overvaking og analyse av den økonomiske utviklinga

    • finanspolitikk

    • penge- og valutakurspolitikk

    • inntekts- og fordelingspolitikk

    • strukturpolitikk, mellom anna verkemåten til arbeidsmarknaden og produktmarknadene

    • samordning av regjeringa sitt arbeid med berekraftig utvikling

    • internasjonalt økonomisk samarbeid

    • offisiell statistikk, irekna overordna styring av Statistisk sentralbyrå

  2. Arbeidet med formues- og gjeldsforvalting, som omfattar

    • investeringsstrategien til Statens pensjonsfond utland og Statens pensjonsfond Noreg, medrekna strategien for ansvarleg forvalting

    • oppfølging og vidareutvikling av rammeverket for forvaltinga av Statens pensjonsfond

    • statleg gjeldsforvalting

  3. Arbeidet med statsbudsjettet, som omfattar

    • utgifter og inntekter på statsbudsjettet under dei einskilde fagdepartementa

    • effektivitet og ressursbruk i statsforvaltninga, økonomiske og administrative verknader av offentlege utgifter og ordningane for kvalitetssikring av større statlege investeringsprosjekt

    • forvalting og utvikling av regelverket for økonomistyring i statsforvaltninga, tiltak for å leggje til rette for økonomistyringa i verksemdene og overordna styring av Direktoratet for økonomistyring

    • saker frå fagdepartementa med økonomiske og administrative følgjer

  4. Arbeidet på skatte- og avgiftsområdet, som omfattar

    • skatte- og avgiftsframlegg som ledd i den samla finanspolitikken

    • utvikling av regelverk for skattar, avgifter og toll

    • fordelingsverknadene av skatte- og avgiftssystema og verknader på inntektene til det offentlege og ressursutnyttinga i økonomien

    • styring av Skatteetaten og Tolletaten

    • internasjonalt samarbeid på skatte-, avgifts- og tollområdet

  5. Arbeidet med finansmarknadsspørsmål, som omfattar overordna styring av Finanstilsynet og utforming av regelverk for og overvaking av

    • finansinstitusjonane (bankar, andre kredittinstitusjonar, forsikringsselskap, m.m.)

    • verdipapirmarknaden og infrastrukturføretaka for verdipapirmarknaden (autoriserte marknadsplassar, verdipapirregister m.m.)

    • eigedomsmeklarar, rekneskapsførarar og revisorar

    • struktur- og konkurransepolitikk for finansmarknaden

    • finansiell stabilitet

Rapport

Økonomisk politikk og forvalting av statsgjelda

Arbeidet med å utforme og samordne den økonomiske politikken til regjeringa er ei av hovudoppgåvene til Finansdepartementet, jf. nasjonalbudsjettet og revidert nasjonalbudsjett. Sjå nærare i Meld. St. 1 (2016–2017) Nasjonalbudsjettet 2017 for ein nærare omtale av stoda i landets økonomi og utsiktene framover. I den årlege finansmarknadsmeldinga framgår departementets vurdering av korleis pengepolitikken vert utøvt.

Forvaltinga av statsgjelda har tidlegare vore omtalt i den årlege lånefullmaktsproposisjonen. Frå og med for 2016 vart omtalene flytta til statsbudsjettet og nasjonalbudsjettet. For 2017 ber Finansdepartementet om fullmakter for statleg opplåning i Prop. 1 S (2016–2017) Statsbudsjettet for budsjettåret 2017 (Gul bok), mens Meld. St. 1 (2016–2017) Nasjonalbudsjettet 2017 inneheld ein generell omtale av gjeldsforvaltninga.

Frå og med 2015 har Finansdepartementet overført alle dei operative oppgåvene på statsgjeldområdet til Noregs Bank. Banken utfører oppgåvene etter et mandat gitt av Finansdepartementet. Mandatet gjev banken i oppdrag å dekkje statens lånebehov slik dette er definert av departementet, samt forvalte uteståande statsgjeld.

Formuesforvalting

Departementet rapporterte om forvaltinga av Statens pensjonsfond i 2015 i Meld. St. 23 (2015–2016) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2015.

Meldinga drøfta fleire sider ved strategien, mellom anna ei vurdering av investeringar i unotert eigedom og infrastruktur for SPU og SPN. I meldinga vart det for SPU lagt opp til å endre reguleringa av investeringar i unotert eigedom. Det vart ikkje lagt opp til å opne for investeringar i unotert infrastruktur i SPU. For SPN vart det ikkje lagt opp til å opne for unoterte investeringar i korkje eigedom eller infrastruktur. Meldinga inneheldt òg analysar av resultata i forvaltinga for 2015 og ein brei omtale av arbeidet med ansvarleg forvalting. Stortinget hadde meldinga oppe 3. juni 2016.

Sjå elles omtale i del I, pkt. 2.1 Statens pensjonsfond.

Arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyring i staten

Kongen fastsette i statsråd 19. februar 2016 ein ny instruks om utgreiing av statlege tiltak (utgreiingsinstruksen), med verknad frå 1. mars. Føremålet med utgreiingsinstruksen er å leggje eit godt grunnlag for vedtak om statlege tiltak, til dømes reformar, regelendringar og investeringar. Føresegnene i instruksen har vorte enklare og meir konkrete, med tydelegare krav til kva som skal gjerast. Regler som var unaudsynt kompliserte eller vanskelege å praktisere, er endra eller fjerna. Formuleringar som kunne vere vanskelege å forstå, er endra eller fjerna. Instruksverket er forenkla i og med at EØS- og Schengen-retningslinene no er integrerte i den reviderte utgreiingsinstruksen.

Finansdepartementet tok frå 1. mars 2016 over ansvaret for å forvalte utgreiingsinstruksen frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). Dette heng saman med at Finansdepartementet frå før har ansvaret for regelverket for økonomistyring i staten og for prinsippa for samfunnsøkonomisk analyse. Departementet har delegert den operative forvaltinga til Direktoratet for økonomistyring (DFØ), som frå før har det operative ansvaret for å forvalte økonomiinstruksen. Direktoratet er òg staten sitt fagorgan for samfunnsøkonomisk analyse. Flyttinga av ansvaret for utgreiingsinstruksen frå KMD endrar ikkje Justis- og beredskapsdepartementets ansvar for føresegnene i den delen av instruksen som gjeld lover og føresegner. Utanriksdepartementets ansvar for føresegnene om EØS- og Schengen-saker er heller ikkje endra.

Skatte- og avgiftsområdet

Oppfølging av Skatteutvalet

Regjeringa la 25. september 2015 fram ei melding om skattereform – Meld. St. 4. (2015–2016) Bedre skatt. Meldinga inneheld framlegg til oppfølging av Skatteutvalets utgreiing, jf. NOU 2014: 13 Kapitalbeskatning i en internasjonal økonomi. Fleire av framlegga frå Skatteutvalet vart allereie fylgte opp i budsjettet for 2016, sjå nærare omtale i Prop. 1 LS (2015–2016) Skatter, avgifter og toll 2016. Regjeringas skattemelding er behandla av Stortinget, og partia i finanskomiteen (unntatt Sosialistisk Venstreparti) kom i mai 2016 til semje om hovudlinene i meldinga, jf. Innst. 273 S (2015–2016), pkt. 1.2.3.

Nye skattereglar for verdipapirfond

I budsjettet for 2016 vart det gjort framlegg om nye skattereglar for verdipapirfond, jf. Prop. 1 LS (2015–2016) Skatter, avgifter og toll 2016, pkt. 7.4. Stortinget vedtok reglane i samsvar med framlegget. Dei nye reglane tek meir omsyn til at det kan vere ulike typar verdipapir i same fond og løyser fleire av dei problema som var knytte til dei tidlegare reglane.

Skattlegging av landbruk

Departementet sende 4. mars 2016 på høyring framlegg om endringar i skattlegginga av landbruk. Høyringsfristen var 4. juni 2016. I Prop. 1 LS (2016–2017) Skatter, avgifter og toll 2017, kap 7, foreslår departementet fleire endringar i reglane for skattlegging av landbruk med verknad frå og med inntektsåret 2017.

Yrkesbil

Skattedirektoratet sende i 2015 på høyring framlegg til enklare, meir fleksible, rettvise og føreseielege reglar for skattlegging av privat bruk av yrkesbilar. Finansdepartementet og Skattedirektoratet følgde opp høyringa og fastsette endringar i desse reglane med verknad frå 1. januar 2016.

Det generelle skattefritaket for offentlege innretningar

EFTAs overvakingsorgan, ESA, har førebels konkludert med at det generelle skattefritaket for staten, kommunar, fylkeskommunar og helseføretak inneber statsstønad i strid med EØS-avtalen når desse driv økonomisk aktivitet. ESA har òg førebels konkludert med at desse subjekta får ulovlege økonomiske fordelar i form av uavgrensa offentlege garantiar. Sjå òg omtale av saka under kap. 1600 Finansdepartementet i Prop. 1 S (2015–2016) Finansdepartementet, del II.6, Meld. St. 1 (2015–2016) Nasjonalbudsjettet 2016, pkt. 5.3.2 og Prop. 123 S (2015–2016) Kommuneproposisjonen 2017.

Regjeringa er oppteken av at det skal vere like konkurransevilkår for private og offentlege aktørar når dei er i same marknad. Når det offentlege tilbyr tenester i konkurranse med private aktørar, kan det ha enkelte fordelar, til dømes gunstige skattereglar, garantiar, finansieringsmoglegheiter eller høve til kryss-subsidiering. Fordelane kan gje ei konkurransevriding, noko som kan presse private aktørar ut av marknaden.

Regjeringa har sett ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere spørsmåla ESA har reist og tiltak for å sikre like konkurransevilkår mellom offentleg og privat verksemd. Professor Erling Hjelmeng ved Universitetet i Oslo er leiar av gruppa, og den er samansett av juristar og økonomar i tillegg til representantar frå organisasjonane KS, LO, NHO, Virke og Spekter. Arbeidsgruppa skal levere sin rapport til Nærings- og fiskeridepartementet innan 1. januar 2018.

Flypassasjeravgifta

Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2016 fatta Stortinget vedtak om ei flypassasjeravgift. Avgifta vart innført 1. juni 2016. Avgifta er nærare omtala i Prop. 1 LS (2016–2017) Skatter, avgifter og toll 2017, kap. 10.18.

Dokumentavgift

I statsbudsjettet for 2015, jf. Prop. 1 S (2014–2015) Finansdepartementet, la regjeringa fram fleire forslag for å betre skatte- og avgiftsforvaltninga. Eit av forslaga som skulle vurderast nærare, var ei overføring av Kartverkets oppgåver med dokumentavgifta til Skatteetaten. I pkt. 2.2 stod det mellom anna:

«Ei overføring vil kunne innebere at både fastsetjing og kontroll, og innkrevjinga som finn stad i Kartverket, vil gjerast av Skatteetaten. Ei slik løysing vil medverke til ei meir eins forvaltning av skatter og avgifter for fast eigedom. Dessutan vil Skatteetaten òg kunne handtere drift av IT-løysingar og bidrag til regelverksutvikling. Tinglysinga vil framleis skje ved Kartverket, medan grunnboka vil verte eit kjelderegister for fastsetjing av avgifta hos Skatteetaten.
Dokumentavgifta er ei stor inntektskjelde, og den einaste særavgifta som i dag ikkje handterast av ei av Finansdepartementets underliggjande verksemder. Ei overføring vil òg opne for at ein kan samordne regelverket for dokumentavgift med andre skatte- og avgiftskrav, og styrkje det faglege miljøet rundt skatte- og avgiftshandtering av fast eigedom. Styringa av dokumentavgifta vil òg lettare kunne samordnast med styringa av andre skattar og avgifter. Tiltaket vil på sikt kunne gje effektivisering og krevje mindre ressursar. Overføringa må gjerast på ein slik måte at prosessen med overføring av fast eigedom ikkje vert meir komplisert for publikum. Dette skal greiast ut i den vidare prosessen.»

Det faglege ansvaret for dokumentavgifta og saksbehandlinga vart overført frå Tolldirektoratet til Skatteetaten frå 1. januar 2016. Dette gjeld behandling av klager på vedtaka frå Kartverket og behandling i fyrste instans av saker om dispensasjon. Finansdepartementets kompetanse til å behandle klagesaker som gjeld dispensasjonar og tilleggsavgift, vart samstundes delegert til Skattedirektoratet, med fullmakt til vidaredelegering. Dette er omtalt i Prop. 120 LS (2014–2015) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga, pkt. 14.1.3 og i Prop. 1 S (2015–2016) Finansdepartementet, pkt. 2.2.

Ei arbeidsgruppe med deltakarar frå Skatteetaten, Kartverket og Tolldirektoratet har levert ei utgreiing der ulike alternativ for ei mogleg overføring av Kartverkets oppgåver med dokumentavgifta til Skatteetaten er behandla. Skattedirektoratet tilrådde i juni 2016 å behalde dagens løysing inntil vidare. Grunngjevinga er at det på kort sikt ikkje kan verte etablert god nok systemstøtte for fleire av oppgåvene. Ein grunn er òg omsynet til brukarane, som ikkje skal måtte halde seg til meir enn eitt kontaktpunkt. Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet har etter dette kome fram til at forholda i dag ikkje ligg til rette for ei overføring. Omsynet til at ei ny løysing må verte minst like god som den eksisterande løysinga for brukarane, har vege tungt. Ei løysing som vil føre til auka ressursbruk i Kartverket og i Skatteetaten på grunn av manglande systemstøtte er heller ikkje ynskjeleg. Ei overføring av oppgåver kan likevel vere aktuelt i framtida, mellom anna av omsyn til ei heilskapleg avgiftsforvaltning. Departementet vil vurdere dette på nytt når IT-systema i Kartverket og Skatteetaten i større grad legg til rette for ei overføring.

Skattemessig gjennomskjering

På oppdrag frå Finansdepartementet har professor em. Frederik Zimmer utarbeidd eit framlegg om å lovfeste ein generell regel om gjennomskjering i skatteretten, jf. NOU 2016: 5 Omgåelsesregel i skatteretten. Framlegget vart sendt på høyring med høyringsfrist 15. juni 2016. Framlegget er no til behandling i departementet.

BEPS

I oktober 2015 vart OECD- og G20-landa sitt BEPS-prosjekt (Base Erosion and Profit Shifting) avslutta. Det vart lagd fram 15 tiltak, både for nasjonal lovgiving, skatteavtalar og internprising. Tiltaka skal gjere det vanskelegare å flytte overskot til jurisdiksjonar med låg skatt og å uthole skattegrunnlag. Landa er no i ferd med å gjennomføre desse tiltaka. Det er viktig med ei brei gjennomføring av tiltaka slik at dei verker etter føremålet. Tiltaka som skal hindre misbruk av skatteavtalar, vil verte gjennomførte i ei multilateral internasjonal avtale. Denne avtala vert klar for underteikning i desember 2016. Noreg vil slutte seg til avtala. OECDs retningsliner for internprising har vorte klargjort, og desse retningslinene har direkte verknad i norsk rett. I mai 2016 kom regjeringa med framlegg om at store, fleirnasjonale konsern skal levere ein land-for-land-rapport til skattestyresmaktene. Dette framlegget er òg i samsvar med tiltaka i BEPS-prosjektet. Sjå nærare i Prop. 120 L (2015–2016) Endringer i ligningsloven (land-for-land-rapportering til skattemyndighetene).

Ny folkeregisterlov

Finansdepartementet sende 27. mars 2015 på høyring framlegg til ein teknisk revisjon og fornying av gjeldande folkeregisterlov. Høyringsfristen var 26. juni 2015. Departementet tek sikte på å fremje ein lovproposisjon hausten 2016.

Ny skatteforvaltningslov

Stortinget har ved lov 27. mai 2016 vedteke regjeringas forslag i Prop. 38 L (2015–2016) Lov om skatteforvaltning. Skatteforvaltningsreglane er harmonisert og samordna i ei uttømmande skatteforvaltningslov. I arbeidet med utforminga av eit felles regelverk er det lagt vekt på at løysingane skal gje skattytarane betre rettstryggleik. Dei viktigaste endringane er ny fastsettingsmodell for formues- og inntektsskatt mv., høve til å klage på bindande førehandsfråsegner, nye fristar for endring av fastsetjing og nye reglar om administrative reaksjonar (tilleggsskatt mv.). Reglane tek til å gjelde frå 1. januar 2017.

Finansmarknadsområdet

Regelverksarbeidet på finansmarknadsområdet har i stortingssesjonen 2015–2016 resultert i desse lovendringane og lovframleggane:

Stortinget vedtok 17. november 2015, etter framlegg i Prop. 142 L (2014–2015), lov 4. desember 2015 nr. 95 om fastsettelse av referanserenter (referanserentelova). Lova inneber mellom anna at pengemarknadsrenta Nibor vert underlagt offentleg regulering og tilsyn.

Finansdepartementet la 26. august 2016 fram Prop. 154 L (2015–2016) Endringer i verdipapirfondloven mv. (UCITSV V-direktivet mv.). I proposisjonen vert det foreslått endringar i verdipapirfondlova i tråd med forventa framtidige EØS-plikter som motsvarar UCITS V-direktivet (direktiv 2014/91/EU). Endringane i verdipapirfondlova gjeld depotmottakarfunksjonar, godtgjering og sanksjonar. Det vert òg foreslått ein ny rettsvernsregel i lov om finansiell sikkerhetsstillelse, endringar i verdipapirhandellova om konsolidering av kapital- og soliditetskrav og nye reglar om heimel til å fastsetje at verdipapirføretak og forvaltningsselskap for verdipapirfond skal lenke til prisopplysningar i nettbaserte prisportalar.

Stortinget vedtok 16. juni 2016, lov 17. juni 2016 nr. 30 om EØS-finanstilsyn etter framlegg i Prop. 127 L (2015–2016). Lov om EØS-finanstilsyn gjennomfører EØS-reglar som svarar til EUs fire forordningar som etablerer EUs finanstilsynssystem. Lova gjer òg endringar i lov om kredittvurderingsbyråer og i verdipapirhandelloven. Endringane i lov om kredittvurderingsbyråer gjennomfører EØS-reglene som svarer til dei to endringsforordningane til forordning om kredittvurderingsbyrå (CRA II og CRA III). Endringane i verdipapirhandelloven gjennomfører EØS-reglar som svarer til forordninga om OTC-derivat, sentrale motpartar og transaksjonsregistre (EMIR), og shortsalgforordninga. Lovvedtaket følgjer opp Stortingets vedtak om samtykke til å delta i EØS-komiteens moglege vedtak om innlemming i EØS-avtalen av mellom anna rettsaktene som etablerer EUs finanstilsynssystem, jf. Prop. 100 S (2015–2016).

Budsjett 2017

I kap. 2 i del I av denne proposisjonen er det omtalt nokre viktige oppgåver for Finansdepartementet i 2017. Dessutan går det fram av rapportdelen ovanfor at fleire av dei sakene som er omtalte der, krev oppfølging i seinare år.

Økonomisk politikk

Arbeidet med å utforme og samordne den økonomiske politikken til regjeringa vil vere ei hovudoppgåve for Finansdepartementet også i 2017. Politikken og dei analysane han byggjer på, vil få ein brei omtale i dei løpande budsjettdokumenta til Stortinget. Sjå nærare omtale i Meld. St. 1 (2016–2017) Nasjonalbudsjettet 2017.

Formuesforvalting

Departementet sitt arbeid med Statens pensjonsfond går ut på å utvikle den langsiktige investeringsstrategien til fondet, fastsetje og følgje opp retningsliner for forvaltinga, medrekna fondet si rolle som ansvarleg investor. I tillegg til eigne ressursar nyttar departementet eksterne fagmiljø i inn- og utland.

Arbeidet med å utvikle investeringsstrategien for fondet i 2017 tek utgangspunkt i dei måla som er skildra i Meld. St. 23 (2015–2016) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2015 og Stortinget si behandling av denne meldinga, sjå Innst. 326 S (2015–2016). Sjå nærare omtale i del I, pkt. 2.1 Statens pensjonsfond, i proposisjonen her og i Meld. St. 1 (2015–2016) Nasjonalbudsjettet 2017.

Skatte- og avgiftsområdet

Oppfølging av Skattemeldinga

Departementet vil arbeide vidare med oppfølginga av Meld. St. 4 (2015–2016) Bedre skatt. Sjå mellom anna nærare omtaler i Prop. 1 LS (2016–2017) Skatter, avgifter og toll 2017.

Gjennomgang av NOKUS-reglane

Departementet arbeider med ein gjennomgang av NOKUS-reglane (NOrsk Kontrollert Utenlandsk Selskap). Arbeidet er eit ledd i oppfølginga av OECD og G20-landa sitt BEPS-prosjekt (Base Erosion and Profit Shifting). Arbeidet vil halde fram i 2017, med sikte på å sende eit forslag til endringar på høyring.

Naturalytingar

Skattedirektoratet har i 2016 hatt møte med representantar for næringsliv og arbeidsgjevarar om naturalytingar i arbeidshøve og vil sende på høyring forslag til betre og meir føreseielege reglar. Departementet vil i 2017 følgje opp direktoratets framlegg til endringar som klargjer arbeidsgjevar sitt ansvar for rapportering, skattetrekk og arbeidsgjevaravgift for fordelar som dei tilsette tek i mot frå tredjepartar. Det vil samstundes verte vurdert enklare og betre reglar for skatteplikt for nokre naturalytingar i arbeidshøve.

Trafikkforsikringsavgift

Finansdepartementet har sett i gang eit arbeid med å erstatte årsavgifta med ei avgift som vert pålagd forsikringsselskapa ved sal av obligatoriske ansvarsforsikringar på køyretøy. Sjå omtale i Prop. 1 LS (2016–2017) Skatter, avgifter og toll 2017, kap. 10.4.3.

Utval som skal vurdere ytterlegare innskrenkingar i teieplikta på skatteområdet for skatterådgjevarar, medrekna advokatar

Under behandlinga av Meld. St. 4 (2015–2016) Bedre skatt vart partia på Stortinget einige om at det skal setjast ned eit utval som skal vurdere ytterlegare innskrenkingar i teieplikta på skatteområdet for skatterådgjevarar, medrekna advokatar. I avtalepunktet heter det:

«Det vises til at advokater og andre tredjeparter, uten hinder av lovbestemt taushetsplikt, etter krav fra ligningsmyndighetene plikter å gi opplysninger om pengeoverføringer, innskudd og gjeld, herunder hvem som er parter i overføringene, på deres konti tilhørende skattyter. Det skal opprettes et ekspertutvalg som skal vurdere om det bør gjøres ytterligere begrensninger i skatterådgiveres, herunder advokaters, taushetsplikt på skatteområdet. I forlengelsen av dette skal det vurderes om skattyteres og deres rådgiveres plikt til å gi kontrollopplysninger bør utvides til å gjelde informasjon om selskapsstrukturer og formålet med finansielle transaksjoner. Det skal også vurderes om skatterådgiveres skatteplanleggingspakker skal pålegges opplysningsplikt.»

Departementet tek sikte på å ha eit mandat for utvalsarbeidet ferdig hausten 2016 slik at eit utval kan starte utreiingsarbeidet i 2017.

Ny tollov

Tolletaten skal reindyrkast som grenseetat og styrkast for å utnytte den strategiske posisjonen etaten har på grensa til å drive effektiv grensekontroll og administrere vareførsel. Sjå omtale i Prop. 1 S (2015–2016) Finansdepartementet, pkt. 2.2. Som følgje av etaten sine nye oppgåver meiner departementet at tollova bør endrast for å passe betre til dei nye oppgåvene.

Departementet viser òg til at det er vedteke ei ny lov om skatteforvalting som inneheld forvaltingsføresegner for dei fleste skatte- og avgiftskrav, men ikkje toll. Departementet ser behov for ei vurdering av forholdet mellom forvaltningsføresegnene i tollova og forvaltingsføresegnene i skatteforvaltingslova.

Departementet legg opp til å sende framlegg om endringar i regelverket om Tolletatens oppgåver på ordinær høyring i løpet av 2017.

Finansmarknadsområdet

I 2017 vil mellom anna desse lovsakene krevje særleg innsats på finansmarknadsområdet:

Oppfølging av lov om EØS-finanstilsyn

Finansdepartementet sende 10. mai 2016 på høyring eit forslag om endringar i mellom anna lov om kredittvurderingsbyrå, verdipapirhandelloven, lov om forvaltning av alternative investeringsfond mm. Høyringsfristen var 1. august 2016. Høyringa inneheld forslag til endringar i norsk rett til gjennomføring av forordningane som vart tekne inn i norsk rett ved lov 17. juni 2016 nr. 30 om EØS-finanstilsyn. Finansdepartementet fremja lovforslag i Prop. 166 L (2015–2016) Endringer i EØS-finanstilsynsloven, lov om kredittvurderingsbyrå, lov om forvaltning av alternative investeringsfond og verdipapirhandelloven (oppfølging av EØS-finanstilsyn).

Rettsakter frå EU

I EU er det dei siste årane vedteke ei rekkje EØS-relevante rettsakter på finansmarknadsområdet, mellom anna nye reglar om kapitalkrav for bankar mm., eit nytt krisehandteringsdirektiv, eit nytt innskotsgarantidirektiv, nye solvensreglar for forsikringsverksemd, eit konsolidert rekneskapsdirektiv, endringar i revisjonsdirektivet og ei ny forordning om revisjon av allmennyttige føretak. På verdipapirområdet er det mellom anna vedteke eit revidert direktiv og ei forordning om marknader for finansielle instrument (MiFID og MiFIR), rapporteringsdirektiv og marknadsmisbruksdirektiv. EU har òg vedteke eit nytt kvitvaskingsdirektiv. På betalingsområdet er det vedteke ei ny forordning om interbankgebyr for kortbaserte betalingstransaksjonar og eit revidert direktiv om betalingstenester.

Finansdepartementet vil også i 2017 arbeide med å gjennomføre EØS-relevante rettsakter i norsk rett. Det er mellom anna nedsett fleire lovutval som vurderer og har kome og kjem med framlegg om nye reglar i norsk rett for fastsetjing av kommande EØS-reglar om rekneskap, kvitvasking, verdipapir og revisorar. Departementet vil måtte leggje ned mykje arbeid også i 2017 med å fylgje opp utgreiingane frå dei ulike utvala.

Ny forordning om verdipapiroppgjer og verdipapirregister

Forordning (EU) No 909/2014 om verdipapiroppgjer og om verdipapirregister (CSDR) vart vedteken i EU 23. juli 2014. Forordninga tredde i kraft i EU 17. september 2014, men slik at fleire av reglane i ho ikkje får verknad før seinare. Forordninga er enno ikkje teke inn i EØS-avtalen. Verdipapirregister og verdipapiroppgjerssystem er viktige for funksjonen til verdipapirmarknadene. Målet med forordninga er mellom anna å leggje til rette for ein grensekryssande marknad i EØS-området for verdipapiroppgjer og at oppgjer skal vere trygge og meir effektive, særleg ved grenseoverskridande oppgjer. Forordninga inneheld reglar om konsesjonsplikt m.m. for verdipapirregister og reglar om verdipapiroppgjer, såkalla «oppgjersdisiplin». Finanstilsynet har på oppdrag frå departementet sett ned ei arbeidsgruppe som skal foreslå lov- og forskriftsendringar for å gjennomføre forordninga i norsk rett. Finanstilsynet vil sende forslaget frå arbeidsgruppa til departementet innan 1. november 2016. Departementet tek sikte på å sende forslaget på høyring på vanleg måte.

Nye reglar om handtering av kriser i finansføretak

I EU vart det i mai 2014 vedteke eit nytt direktiv om handtering av økonomiske problem i finansføretak, jf. direktiv 2014/59/EU. Målet med direktivet for krisehandtering er at ein betre skal kunne handtere kriser som oppstår, mellom anna slik at både små og store føretak skal kunne avviklast utan at det skaper finansiell ustabilitet, og utan å tyngje offentlege budsjett, jf. òg omtale i kapittel 4.3 i Meld. St. 29 (2015–2016) Finansmarkedsmeldingen 2015. Direktivet er førebels ikkje teke inn i EØS-avtalen grunna arbeidet med EØS-tilpassing til EUs nye finanstilsynsstruktur.

Det norske systemet for handtering av finansføretak som hamnar i økonomiske vanskar, er nedfelt i finansføretakslova kapittel 19–21. Banklovkommisjonens utgreiing om revisjon av banksikringsføresegnene i finansføretakslova vert todelt. Fyrste del, om krisehandtering av banker mm., vert lagt fram hausten 2016. Banklovkommisjonens utgreiing av føresegnene om handtering av kriser i forsikringsføretak vil verte lagt fram i ei eiga utgreiing som er venta i løpet av fyrste halvår 2017. Finansdepartementet tek sikte på å sende utgreiingane på høyring på vanleg måte.

Innskotsgaranti

I april 2014 vedtok EU eit nytt innskotsgarantidirektiv – direktiv 2014/49/EU. Banklovkommisjonens fyrste utgreiing om revisjon av banksikringsføresegnene i finansføretakslova vil òg innehalde framlegg til reglar om gjennomføring av EØS-reglar som svarer til innskotsgarantidirektivet.

Nye kapitalkrav for pensjonskasser

Det nye Solvens II-regelverket for forsikring, som tredde i kraft 1. januar 2016, gjeld ikkje for pensjonskasser. Pensjonskassene er underlagde gammalt forsikringsregelverk (Solvens I). Dette er basert på bokførte verdiar og gjev mindre risikokjenslege kapitalkrav enn Solvens II. Finanstilsynet har nyleg utarbeidd utkast til nye kapitalkrav for pensjonskasser med utgangspunkt i at eigendelar og skyldnader skal målast til verkeleg verdi. Finanstilsynet har tidlegare vurdert at ein forenkla versjon av Solvens II-kapitalkrava, basert på eksisterande stresstestar frå Finanstilsynet, kan eigne seg som bindande kapitalkrav for pensjonskassene dersom prosessen med eit nytt europeisk regelverk for kapitalkrav for pensjonsføretak trekker ut i tid. Departementet omtalte dette i Prop. 125 L (2013–2014) Lov om finansforetak og finanskonsern (finansforetakslova), jf. kap. 6.8.6. Departementet uttalte mellom anna at det «på sikt bør innføres bindende kapitalkrav for pensjonskassene som sikrer mest mulig like rammebetingelser mellom livsforsikringsselskapene og pensjonskassene».

Samfunnstryggleik og beredskap

Finansdepartementet har det overordna ansvaret for samfunnstryggleik og beredskap for å sikre finansiell stabilitet. Departementet har òg ansvar for viktige samfunnsfunksjoner som Folkeregisteret og grensekontroll av vareførsel.

På ansvarsområdet til Finansdepartementet skal det arbeidast systematisk med samfunnstryggleik. Beredskapen for å kunne handtere ekstraordinære hendingar skal vere god. Departementet og dei underliggjande etatane har beredskapsplanverk for å kunne handtera uynskte hendingar, og desse vert jamleg oppdaterte.

Finansdepartementet byrja hausten 2016 arbeidet med ei oppdatert risiko- og sårbarhetsvurdering for departementet og sektoren. Departementet deltek òg jamleg i store, nasjonale øvingar innan sikkerhet og beredskap.

Vidare samarbeider Finansdepartementet mellom anna med, og fylgjer opp tilrådingar frå, Nasjonalt tryggingsorgan og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Ei hovudutfordring i finanssektoren er å halde betalingsformidlinga ved lag slik at samfunnet får dekt behovet for betalingstenester. Finanssektoren vert meir og meir sårbar for svikt i drifta av IKT-system og i tilgangen på telekommunikasjon og straum, jf. skildringa i avsnitt 2.4 i Meld. St. 29 (2015–2016) Finansmarkedsmeldingen 2015. Dei seinare åra har det vorte arbeidd med å effektivisere og tilpasse beredskapen i finanssektoren med tanke på kor sårbart eit moderne betalingssystem er. I 2000 vart det såleis skipa eit eige beredskapsutval for finanssektoren (BFI). BFI skal sikre ei best mogleg samordning av beredskapsarbeidet i den finansielle infrastrukturen, og utvalet vurderer m.a. driftsstabilitet, risiko og sårbarheit. Utvalet skal kome fram til og samordne tiltak for å førebyggje og løyse krisesituasjonar og andre situasjonar som kan gje store forstyrringar i den finansielle infrastrukturen. Medlemmene i utvalet representerer dei mest sentrale aktørane i den norske finansinfrastrukturen. Finanstilsynet har ansvaret for leiing og sekretariat. Finansdepartementet er observatør på møta.

I fyrste halvdel av 2016 var det to ordinære møter i BFI, og eit til er planlagt seinare i 2016. Det er òg planlagt ei øving i utvalet i 2016, slik som i tidlegare år. Det er planlagt minst like stor aktivitet i 2017.

Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet arbeider jamleg med overvaking og regelverksutvikling for å medverke til finansiell stabilitet.

Finansdepartementet har dei seinare åra rapportert til Stortinget om utsiktene for finansiell stabilitet: i finansmarknadsmeldinga (som kjem i april/mai), i nasjonalbudsjettet (som kjem i oktober) og i revidert nasjonalbudsjett (som kjem i mai). Mange av tiltaka på dette området kjem til gjennom regelverksutviklinga. I den siste finansmarknadsmeldinga, Meld. St. 29 (2015–2016) Finansmarkedsmeldingen 2015, er det i kapittel 4 gjort greie for regelverksutviklinga, medan kapittel 5 handlar om regelverksendringar i 2015. Kapittel 3 i meldinga handlar om ein heilskapleg politikk for finansmarknaden og gjev mellom anna eit oversyn over struktur og konkurranse i dei norske finansmarknadane og kapitaltilgangen for næringslivet. Finansdepartementet har gjort greie for utsiktene og arbeidet for finansiell stabilitet i kapittel 2 i meldinga.

Også Noregs Bank og Finanstilsynet publiserer jamleg rapportar om utsiktene for finansiell stabilitet og om risikotilhøva i finanssystemet. Noregs Bank legg fram «Pengepolitisk rapport med vurdering av finansiell stabilitet» fire gonger i året, og rapportane «Finansiell stabilitet» og «Finansiell infrastruktur» ein gong i året. Finanstilsynet legg fram to årlege rapportar om utsiktene for finansiell stabilitet, kalla «Finansielt utsyn» og «Finansielle utviklingstrekk», og ein årleg rapport om arbeidet med IKT-tryggleik i finanssektoren («Risiko- og sårbarhetsanalyse»).

Fleire etatar under Finansdepartementet forvaltar omfattande produksjonssystem som behandlar store informasjonsmengder, inkludert Folkeregisteret som er eit sentralt grunndataregister for personinformasjon. Skatteetaten har i 2016 starta ei modernisering av folkeregisteret, sjå eigen omtale under kap. 1618 Skatteetaten. Moderniseringa skal mellom anna gje betre informasjonstryggleik.

Eit av hovudmåla med flyttinga av oppgåver frå Tolletaten til Skatteetaten er å leggje til rette for ein betre grensekontroll. Tiltak som skal styrkje grensekontrollen, er omtalte under kap. 1610 Tolletaten.

Post 01 Driftsutgifter

Driftsløyvinga dekkjer lønsutgifter og andre utgifter til drift av departementet. Finansdepartementet hadde per 31. desember 2015 ei bemanning som svarer til 280 årsverk. Lønsutgifter m.m. utgjer om lag 79 pst. av budsjettet. Av andre driftsutgifter utgjer lokalleige den største einskildposten. For 2017 føreslår departementet ei løyving på 368,2 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Posten omfattar hovudsakleg utgifter til forskingsoppdrag, utgreiingsarbeid og ein del særlege innkjøp. Forskingsmidlane vert særleg brukte til program i regi av Noregs forskingsråd, m.a. knytte til skatteøkonomi.

Løyvinga dekkjer òg utgifter til kjøp av utviklingstenester frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Ei viktig oppgåve som SSB utfører for departementet, er å halde ved like det økonomiske modellapparatet som vert brukt i arbeidet med den økonomiske politikken. Med verknad frå 2016 av vert godtgjersla her handsama likt med andre oppdrag, ved at det vert lagt til eit tillegg for indirekte kostnader.

Midlane på posten vert òg brukte til ei rekkje særskilte utgreiingsoppgåver, m.a. kjøp av eksterne konsulenttenester i samband med departementet si oppfølging av Statens pensjonsfond. Etikkrådet er administrativt ein del av Finansdepartementet. Det gjev råd til Noregs Bank om utelukking og observasjon av verksemder.

For 2017 føreslår departementet ei løyving på 58,8 mill. kroner.

Finansdepartementet får refusjonar frå andre offentlege verksemder som departementet samarbeider med. Sidan det er uvisst kor store refusjonane vert, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1600, post 21 Spesielle driftsutgifter med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4600, post 02 Ymse refusjonar, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Post 70 Forsking og allmennopplysning om finansmarknaden

I samband med statsbudsjettet for 2002 vart det vedteke å bruke ein del av provenyet frå omdanning og sal av Oslo Børs til å skipe eit finansmarknadsfond med ei fondsavsetning på 90 mill. kroner (Finansmarknadsfondet). Føremålet med Finansmarknadsfondet er å medverke til auka kunnskap om og forståing for verkemåten til finansmarknadene, mellom anna regulering av marknader og marknadsaktørar, og å fremje innsikt og auke medvitet om etikk på finansmarknadsområdet. Fondet skal medverke til forsking, utdanning og allmenn opplysning om finansmarknadsspørsmål.

Fram til utgangen av 2012 var kapitalen i Finansmarknadsfondet plassert som kontolån til staten. Fondsutbytet vart ført som inntekt i statsbudsjettet og gav grunnlag for ei utgiftsløyving til dei nemnde føremåla. Utbytet frå fondskapitalen året før vart ført som inntekt i statsbudsjettet året etter.

I samband med statsbudsjettet for 2013 vart det vedteke å skipe ein ny modell for løyvingar til Finansmarknadsfondet, slik at sjølve fondet vart avvikla 1. januar 2013. Fondskapitalen vart tilført statskassa og erstatta med vanlege utgiftsløyvingar over statsbudsjettet frå og med budsjettåret 2013, sjå side 48–50 i Prop. 1 S (2012–2013) for Finansdepartementet. Med den nye løyvingsmodellen legg ein opp til å halda tildelingane om lag like store som dei var under den tidlegare modellen, målt i faste prisar. For 2012, siste gongen med den tidlegare modellen, vart det løyvd 11,8 mill. kroner.

For 2017 føreslår departementet i samsvar med modellen ei løyving på 13,8 mill. kroner på kap. 1600, post 70.

Fullmakt til å rette opp uoppklåra differansar og feilføringar i statsrekneskapar frå tidlegare år

Frå tid til anna oppstår det differansar i rekneskapen hos rekneskapsførarane i staten. Nokre av differansane vert ikkje oppklåra endå det er gjort mykje for å finna ut kva dei kjem av. Det hender òg at beløp vert tilviste og posterte feil i statsrekneskapen, og at feilen fyrst vert funnen etter at årsrekneskapen er avslutta.

På grunn av eittårsprinsippet vil retting av slike feil, med motsett postering i rekneskapen for eit seinare år, medføre at den rekneskapen òg vert galen. Slik Finansdepartementet ser det, er det mest korrekt at uoppklåra differansar og andre feil vert retta opp i statsrekneskapen med posteringar over kontoen for forskuvingar i balansen. Då vil desse posteringane ikkje påverke løyvingsrekneskapen det året rettinga vert gjord. Rettinga må skje etter ei posteringsoppmoding frå vedkomande departement og i) etter at ein har gjort det ein kan for å oppklåre differansen og ii) berre når feilposteringa ikkje kan rettast på nokon annan måte.

Det må hentast heimel frå Stortinget i kvar sak før posteringsoppmoding kan sendast til Finansdepartementet. For mindre beløp bør Finansdepartementet ha fullmakt.

Stortinget vedtok ved behandling av Innst. S. nr. 252 (1997–98), jf. St.prp. nr. 65 (1997–98), å gje Finansdepartementet ei fullmakt for budsjett- og rekneskapsåret 1998. Denne fullmakta er teken opp att i budsjettdokumenta kvart år sidan. Departementet gjer framlegg om same fullmakt for budsjett- og rekneskapsåret 2017, jf. framlegg til romartalsvedtak IX.

Kap. 4600 Finansdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

02

Diverse refusjonar

1 304

698

400

Sum kap. 4600

1 304

698

400

Post 02 Diverse refusjonar

Posten omfattar refusjonar frå andre offentlege verksemder som Finansdepartementet samarbeider med.

Oppmodingsvedtak

Oppfølginga av dei fleste oppmodingsvedtaka er omtalte i Prop. 1 LS (2016–2017) Skatter, avgifter og toll 2017 eller i Meld. St. 1 (2016–2017) Nasjonalbudsjettet 2017, jf. oversynstabell i del 1 pkt. 3. Andre vedtak er behandla nedanfor.

Vedtak nr. 483 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte legge til rette for at skattemyndighetene intensiverer kontrollen med transportnæringen for å hindre skatteunndragelser og ytterligere konkurransevridning til fordel for utenlandske transportører.»

Vedtaket vart gjort 26. mars 2015 ved behandlinga av Dok 8:93 S (2014–2015) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sverre Myrli, Kjell-Idar Juvik, Per Olaf Lundteigen og Janne Sjelmo Nordås om at det svares merverdiavgift fra utenlandske selskaper som driver innenlandsk transport av personer og gods i Norge (kabotasje) og tilhøyrande Innst. 148 S (2014–2015).

Med bakgrunn i Stortingets vedtak vil Finansdepartementet i tildelingsbrevet til Skatteetaten be om at etaten i 2017 set i verk tiltak for ein betre og meir effektiv kontroll med transportnæringa på veg.

Som ei oppfølging av rapporten «Kabotasje på veg i Norge», som vart levert til samferdselsministeren i 2014, vart det sett ned ei arbeidsgruppe med deltakarar frå Vegdirektoratet, Politiet, Arbeidstilsynet, Tolldirektoratet og Skattedirektoratet. Arbeidsgruppa vurderer tiltak som skal styrkje det operative samarbeidet mellom etatane i kontrollen av transportnæringa.

Vedtak nr. 513 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen utrede om Skatteetaten kan få bedre muligheter til å innhente relevant informasjon og sikre bevis, blant annet gjennom beslag.»

Vedtaket vart gjort 28. april 2015 ved behandlinga av Dok 8:7 S (2014–2015) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Olav Syversen, Line Henriette Hjemdal og Kjell Ingolf Ropstad om tiltak for å styrke kampen mot svart arbeid og tilhøyrande Innst. 218 S (2014–2015).

Skatteetaten har i dag vide og robuste kontrollheimlar i arbeidet med å fastsetje, kontrollere og innfordre skattar og avgifter. Når det er behov for bruk av tvangsmiddel, til dømes ved ransaking og beslag, må likevel skattemyndigheitene be om bistand frå politiet.

Dersom Skatteetaten skal ha eigne heimlar for bruk av tvangsmiddel, er det behov for ei prinsipiell vurdering av rollefordelinga mellom politiet og Skatteetaten, då slike arbeidsoppgåver vil flytte grensa mellom politiet og forvaltninga si rolle ved nedkjemping av kriminalitet. Vidare er det viktige spørsmål om Skatteetatens ressurssituasjon og kompetanse for denne type oppgåver som må avklarast. Skattedirektoratet har oppretta ei arbeidsgruppe som mellom anna skal greie ut dette spørsmålet og som er venta å levere ein rapport 1. april 2017.

Vedtak nr. 514 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag som kan gi Skatteetaten bedre mulighet til å dele informasjon, som for eksempel ileggelse av skjerpet tilleggsskatt og manglende levering av selvangivelse, med andre offentlige etater, for å bekjempe svart virksomhet.»

Dette vedtaket òg vart gjort 28. april 2015 ved behandlinga av Dok 8:7 S (2014–2015) og Innst. 218 S (2014–2015).

Ei styrking av informasjonsdelinga mellom offentlege etatar er eit prioritert tiltak i regjeringa sin strategi mot arbeidslivskriminalitet. Framlegget i oppmodningsvedtaket passer difor godt inn i denne strategien. Som ein del av dette arbeidet vart det 1. desember 2015 lagt fram ein «Nasjonal veileder for informasjonsdeling mellom kontrolletatene, politiet og private for å bekjempe kriminalitet». Denne skal leggje til rette for auka informasjonsdeling mellom kontrolletatane og inneheld mellom anna ei vurdering av kva slags informasjon som kan delast og forslag til korleis ein kan vurdere om informasjon kan delast. Det vart samtidig utarbeidd ein rapport med konkrete forslag til lover som bør vurderast med tanke på auka utveksling av informasjon mellom etatane. Skattedirektoratet deltar i ei arbeidsgruppe, leia av Økokrim, som skal vurdere endringsforslaga opp mot arbeidet i Nasjonalt tverretatlig senter for etterretning og analyse. Arbeidsgruppa skal levere sin rapport innan 31. desember 2016.

Vedtak nr. 602 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om et norsk offentlig eierskapsregister for å sikre åpenhet om eierskap i norske selskap og styrke innsatsen mot skattekriminalitet, korrupsjon og hvitvasking. Et slikt register må følge opp Financial Action Task Forces tilrådinger fra 2012 om internasjonale standarder for bekjempelse av hvitvasking og bekjempelse av terrorfinansiering og spredning, og registeret må også følge opp EU-reguleringen på dette området.»

Vedtaket vart gjort 5. juni 2015 ved behandlinga av Meld. St. 21 (2014–2015) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2014 og tilhøyrande Innst. 290 S (2014–2015).

Finansdepartementet har mellom anna i Prop. 1 S (2015–2016), Finansdepartementet del I pkt. 4.6, gjeve ei orientering til Stortinget om at regjeringa 6. februar 2015 sette ned eit kvitvaskingslovutval, som blant anna har fått i mandat å vurdere naudsynte endringar i kvitvaskingsregelverket for å følgje opp FATFs tilrådingar og komande EØS-reglar som svarer til EUs fjerde kvitvaskingsdirektiv. Ei vurdering av korleis informasjon om reelt eigarskap skal kunne gjerast tilgjengeleg i eit offentleg register, inngår i andre delutgreiing til utvalet. Utvalet har fått utsett frist til 16. desember 2016 med å levere utgreiinga til Finansdepartementet. Departementet vil kome tilbake til oppfølginga av vedtaket etter at utgreiinga har vore på høyring.

Vedtak nr. 792 (2014–2015)

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå effekten av forskriften for LLR-rapportering målt mot Stortingets målsetting om å synliggjøre uønsket skattetilpasning og sikre at relevante opplysninger knyttet til LLR-rapporteringen fra datterselskaper og støttefunksjoner i tredjeland fremkommer i regnskapet. Stortinget ber regjeringen også vurdere hvordan det kan etableres et tilsyn med rapporteringspliktige etter LLR-regelverket.»

Vedtaket vart gjort 19. juni 2015 ved behandlinga av Meld. St. 2 (2014–2015) Revidert nasjonalbudsjett 2015, Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2015, Prop. 119 S (2014–2015) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga, og tilhøyrande Innst. 360 S (2014–2015).

Finansdepartementet har blant anna i Prop. 1 S (2015–2016), Finansdepartementet del I pkt. 4.7, gjeve ei orientering til Stortinget om vidare arbeid med saka. Det er blant anna vist til at regjeringa vil søkje å få målt effekten av LLR-forskrifta, målt opp mot Stortingets målsetting om å synleggjere uønskt skattetilpassing, i samanheng med den evalueringa som er varsla i Prop. 1 LS (2013–2014). Skatter, avgifter og toll 2017. Vidare vil regjeringa få utgreidd korleis relevante opplysningar knytte til LLR-rapporteringa frå dotterselskap og støttefunksjonar i tredjeland, skal kunne framgå av rekneskapen, samt mogelege tilsynsordningar, med sikte på å leggje fram naudsynte regelendringar i løpet av 2016. Finansdepartementet sender hausten 2016 på høyring forslag til endringar i LLR-forskrifta som skal sikre rapportering som nemnt ovanfor. Finansdepartementet vil på bakgrunn av høyringa fastsetje endelege forskriftsendringar. Vidare har Verdipapirlovutvalet i NOU 2016: 2 Endringer i verdipapirhandelloven – flagging og periodisk rapportering, vurdert tilsyn med land-for-land-rapporteringspliktige etter verdipapirregelverket og foreslått presisert at tilsynet med dei rapporteringspliktige etter verdipapirregelverket vert lagt til Finanstilsynet. Departementet vil følgje opp utvalet sine vurderingar med forslag til Stortinget. Vidare tek departementet sikte på å kome tilbake til Stortinget med forslag om å utvide kretsen av rapporteringspliktige seinast i samband med oppfølginga av den evalueringa av regelverket som vart varsla i Prop. 1 LS (2013–2014).

Vedtak nr. 105 (2015–2016)

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake i Finansmarknadsmeldinga 2016 med en vurdering av kriteriene i EØS-regelverket for vekting av kommunelån ved beregninger av kapitalkrav for banker og forsikringsselskaper.»

Vedtaket vart gjort 3. desember 2015 ved behandlinga av Innst. 2 S (2015–2016) Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2016 og forslaget til statsbudsjett for 2016.

Oppmodingsvedtaket vart følgt opp i Meld. St. 29 (2015–2016) Finansmarkedsmeldingen 2015, kapittel 4.11.

Vedtak nr. 634 (2015–2016)

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte legge fram en sak for Stortinget hvor det foreslås endringer og presiseringer i gjeldende regelverk som sikrer at offentlige midler som går til å kjøpe tjenester fra private eller ideelle virksomheter, går til kostnadseffektiv tjenesteproduksjon av høy kvalitet, samt forslag til hvordan man kan hindre uønsket skattetilpasning i selskap som i all hovedsak er finansiert av offentlige midler.»

Vedtaket vart gjort 26. april 2016 ved behandlinga av Dok. 8:128 S (2014–2015) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Karin Andersen, Kirsti Bergstø og Snorre Serigstad Valen om profitt i offentlig finansierte velferdstjenester og tilhøyrande Innst. 232 S (2015–2016).

Vedtaket krev oppfølging frå fleire departement. Regjeringa tek sikte på å følgje opp vedtaket i samband med statsbudsjettet for 2018.

Vedtak nr. 761 (2015–2016)

«Stortinget ber om at neste års gjennomgang også vurderer resultatene fra, og kost/nytte-verdiene av de ulike investeringsstrategiene, både på kort og lang sikt, og fremme eventuelle endringer i lys av disse vurderingene i forbindelse med fondsmeldingen for 2017.»

Vedtaket vart gjort 3. juni 2016 ved behandlinga av Meld. St. 23 (2015–2016) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2015 og tilhøyrande Innst. 326 S (2015–2016). Ved same høve vart vedtak nr. 762 og 763 gjort.

Vedtaket vil verte følgt opp i stortingsmeldinga om forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2017, som skal leggjast fram våren 2018.

Vedtak nr. 762 (2015–2016)

«Stortinget ber regjeringen utvide mandatet for Gjedrem-utvalget, som vurderer sentralbankloven og styringen i Norges Bank, til også å omfatte en vurdering av alternative styrings- og selskapsmodeller for Statens pensjonsfond utland.»

Vedtaket gjeld mandatet til Gjedrem-utvalet, som vurderer sentralbanklova og styringsstrukturen i Noregs Bank. Det er følgt opp ved at utvalet i brev 15. juni 2016 har fått utvida sitt mandat i tråd med Stortingets vedtak. Etter oppmoding frå utvalet er fristen for å levere innstillinga utsett til 30. juni 2017.

Vedtak nr. 763 (2015–2016)

«Stortinget anmoder regjeringen om å be Norges Bank vurdere å utarbeide et forventningsdokument om skatt for de selskaper de investerer i.»

Vedtaket vil verte følgt opp i stortingsmeldinga om forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2016, som skal leggjast fram våren 2017.

Kap. 1602 Finanstilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

329 953

332 444

343 900

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

10 145

18 500

19 000

Sum kap. 1602

340 098

350 944

362 900

Føremål og hovudoppgåver

Oppgåvene til Finanstilsynet er fastlagde i lov 7. desember 1956 nr. 1 om tilsyn med finansinstitusjoner mv. (finanstilsynslova), og dei ulike særlovene for områda under tilsyn. Finanstilsynslova § 1 slår fast kva for institusjonar det skal førast tilsyn med, og i § 3 er det gitt nokre overordna føresegner om verksemda til Finanstilsynet:

«Tilsynet skal se til at de institusjoner det har tilsyn med, virker på hensiktsmessig og betryggende måte i samsvar med lov og bestemmelser gitt i medhold av lov samt med den hensikt som ligger til grunn for institusjonens opprettelse, dens formål og vedtekter. Tilsynet skal se til at institusjonene under tilsyn i sin virksomhet ivaretar forbrukernes interesser og rettigheter.»

Finanstilsynet vedtok i desember 2014 ein overordna strategi for perioden 2015–2018. Hovudmåla til Finanstilsynet etter denne strategien er «… å bidra til finansiell stabilitet og velfungerende markeder …». I strategien er dette konkretisert i dei følgjande delmåla:

  • Solide og likvide finansinstitusjonar

  • Robust infrastruktur

  • Investorvern

  • Forbrukarvern

  • Effektiv krisehandtering

For å nå måla for verksemda brukar tilsynet ei rekkje verkemiddel, anten kvar for seg eller i kombinasjon. Verkemidla er:

  • Tilsyn, overvaking og kontroll

  • Forvalting

  • Regelverksutvikling

  • Informasjon og kommunikasjon

Det er ein nær samanheng mellom finansiell stabilitet og velfungerande marknader, og dei er naudsynte for tilliten til det finansielle systemet, ei stabil økonomisk utvikling og for å verne brukarane av finansielle tenester. Finansiell stabilitet inneber at det finansielle systemet kan handtere uro og uventa sjokk og utføre funksjonane sine slik at det ikkje oppstår store negative konsekvensar for resten av økonomien. Velfungerande marknader bidreg til effektiv allokering og prising av kapital og risiko, og av finansielle tenester.

Finanstilsynets viktigaste verkemiddel for å bidra til finansiell stabilitet er tilsynet med at institusjonane, og særleg bankane, er robuste. Dette arbeidet må prioriterast høgt. Omsynet til forbrukarane sine interesser skal stå sentralt i planlegging og gjennomføring av tilsyn. Det skal leggjast særleg vekt på å følgje opp krav til god forretningsskikk. Godt forbrukarvern er viktig for den einskilde forbrukar og for tilliten til finansinstitusjonane. Finansdepartementet set nærare mål for verksemda i det enkelte året gjennom tildelingsbrev, som er gjevne på bakgrunn av budsjettdokumenta og føringar frå Stortinget.

Finanstilsynet er leia av eit styre på fem medlemar, supplert med to representantar frå dei tilsette ved behandling av administrative saker. Medlemane og varamedlemane vert peika ut av Finansdepartementet for ein periode på fire år. Bemanninga varierer gjennom året, og per 31. desember 2015 hadde verksemda 270 fast tilsette.

Rapport 2015

Nedanfor følgjer ei nærare omtale av arbeidet i Finanstilsynet i 2015.

Tabell 5.1 Ressursbruken i Finanstilsynet, i prosent fordelt på tilsynsområde

Resultat 2013

Resultat 2014

Resultat 2015

Plantall 2016

Årsverk

Prosent

Årsverk

Prosent

Årsverk

Prosent

Årsverk

Prosent

Bankar

66

25,4

71,5

28,2

66,9

27,0

68,6

26,2

Finansieringsselskap

3,6

1,4

3,2

1,3

2,3

0,9

2,6

1,0

Betalingsføretak

2,8

1,1

2,7

1,1

2,1

0,8

1,8

0,7

Kredittføretak

3,5

1,3

3,4

1,3

2,8

1,1

3,0

1,1

Prospektkontroll

10,5

4

10,3

4,1

9,9

4,0

10,3

3,9

Forsikringsselskap

47

18,1

42,6

16,6

43,5

17,5

47,2

18,0

Holdingselskap

2,1

0,8

2,3

0,9

2,8

1,1

3,0

1,2

Pensjonskassar og -fond

9,8

3,8

8,1

3,2

7,8

3,1

8,2

3,1

Verdipapirmarknaden

56,9

21,7

55,9

22

54,3

21,9

58,0

22,2

Eigedomsmekling

9,6

3,7

8,1

3,2

8,8

3,5

9,5

3,6

Inkassoføretak

4,1

1,6

3,8

1,5

4,4

1,8

4,7

1,8

Revisjonsføretak

16,8

6,5

15,2

6

16,5

6,6

17,7

6,8

Rekneskapsførarar

14,4

5,6

13,8

5,4

13,4

5,4

13,6

5,2

Rekneskapskontrollen

10,7

4,1

11

4,3

11,0

4,4

12,0

4,6

Andre

2,3

0,9

2,2

0,9

1,5

0,6

1,4

0,5

SUM

260,1

100

254,1

100

248,1

100

261,5

100

Planlagte vekeverk for 2016 er 11 508 (tilsvarande 261 årsverk ut frå Finanstilsynets reglar for omrekning). I 2015 vart det utført 10 918 vekeverk (248 årsverk) mot 11 181 (254) i 2014 og 11 443 (260) i 2013.

Allment

Bruken av ressursar i prosent på dei fleste tilsynsgruppene er tilnærma uendra frå 2014 til 2015.

Dyktige og kompetente medarbeidarar er Finanstilsynets viktigaste ressurs og difor avgjerande for godt tilsyn. God leiing, effektiv organisering av arbeidet, målretta rekruttering og kompetanseutvikling har høg prioritet. I tillegg prioriterer tilsynet òg utvikling av tekniske løysingar for å auke effektiviteten og betre grunnlaget for tilsynsarbeidet.

Finanstilsynet har sett opp konkrete mål for saksbehandlingstida for eit utval forvaltingssaker og for tilsynsrapportar og -merknader. For dei fleste forvaltingssakene er målet at 90 prosent skal vere ferdig behandla innan 30 dagar. Finanstilsynet legg vekt på at det har eit ansvar for å stille strenge krav til tryggleik og kontroll i føretak under tilsyn og å halde god kriseberedskap. Det gjeld òg i eigen organisasjon med omsyn til dei tilsette og andre som tilsynet samarbeider med. For å følgje utviklinga og avdekkje problem tidleg gjennomfører Finanstilsynet ulike stresstestar, analysar og inspeksjonar. Tematilsyn, dokumentbasert tilsyn og stadlege tilsyn er viktige verkemiddel.

I 2014–2015 vurderte Det internasjonale pengefondet (IMF) Noreg som ledd i eit program for kvalitetsvurdering av finansiell sektor («Financial Sector Assessment Program»). Tema var banktilsyn, makroøkonomisk overvakning, finansiell infrastruktur, stresstest for forsikring og bank og undersøkjing av kor samankopla norsk finansmarknad er med utlandet. Det vart mellom anna gjort ein gjennomgang av krisehandtering, finansiell infrastruktur, og stresstestar i 1. halvår 2015.

Nedanfor følgjer ei kort oversikt over aktiviteten i 2015 ut frå delmåla i strategien for perioden 2015–2018. Til slutt vert det gjort greie for Finanstilsynets arbeid mot kvitvasking og terrorfinansiering.

Solide og likvide finansføretak

Føretaka sin soliditet er følgd opp gjennom ein kombinasjon av stadlege tilsyn, pilar 2-vurderingar, dokumentbasert tilsyn, makroøkonomisk overvaking og stresstestar. Utviklinga i norsk og internasjonal økonomi er følgt fortlaupande, og det er utarbeidd analysar og vurderingar av utsiktene for finansiell stabilitet.

Finanstilsynet arbeider kontinuerleg med å forbetre metodikk, verkty og analysar for overvaking av økonomi, marknader og enkeltføretak. Stresstestar bidreg til å belyse om føretaka er sårbare for alvorlege økonomiske sjokk og endringar i ulike risikofaktorar. Innan banktilsyn har det vorte utvikla metodar for å kvantifisere ulike pilar 2-risikoar og malar for å få ei samla risikovurdering for bankar.

Som tidlegare har det vorte lagt vekt på oppfølging av den nytta bankar har av IRB-modellar («Internal Ratings-Based-models»). IRB-modellane nyttas til berekning av kredittrisiko i bankane. Tema ved stadleg tilsyn i 2015 har i særleg grad vore kredittområdet, inkludert vurderingar av aktiva. Likviditetsrisikoområdet, risikostyring og internkontroll og dessutan etterleving av kvitvaskingsreglane har òg vore sentrale tema.

Kapitaldekning og økonomisk utvikling i verdipapirføretaka og forvaltingsselskapa for verdipapirfond er som tidlegare følgt opp. Soliditeten i forsikringsføretaka har vorte følgd opp med aukande merksemd rundt nye Solvens II-krav frå 1. januar 2016. Det vart arbeidd mykje med regelverksutvikling i 2015.

Robust infrastruktur

Tilsynet med infrastrukturen er konsentrert om tilsynseiningar og leverandørar som har størst innverknad på finansiell stabilitet og velfungerande marknader. Operasjonell risiko og tryggleik i betalings- og oppgjørssystema, tilsynseiningane sine sentrale IKT-system og utkontraktering vert høgt prioritert. Ved meldingar frå føretak under tilsyn om utkontraktering av sentrale IKT-funksjonar må det vurderast om det bør stillast vilkår for, eller leggjast ned forbod mot, utkontraktering Regelendringar basert på m.a. EU-direktiv og -forordningar som MIFID II (Markets in Financial Instruments Directive), saman med seinare iverksetting av EMIR (European Market Infrastructure Regulation) og CSDR (Central Securities Depositories Regulation), vil kunne endre rammeføresetnadene for infrastrukturføretak på verdipapirområdet og oppgåvene til Finanstilsynet betydeleg.

Utanlandske oppgjørsentralar med norsk løyve er under tilsyn både i heimlandet og i Noreg. Heimlandstyresmakta fører det primære tilsynet med føretaka, medan Finanstilsynet følgjer opp verksemda i Noreg og etterlevinga av norske reglar.

Finanstilsynet har fast oppfølging av rapporteringa av hendingar, slik at tilsynet raskt kan vurdere og setje i verk tiltak for svikt i betalingssystema. Risikostyring og beredskap i samband med IKT er følgde opp gjennom IT-tilsyn.

Vern av investorar

God marknadsåtferd hos utskrivarar, mellommenn og investorar er viktig for eit tilfredsstillande investorvern og generell tillit i marknaden. Mengda av saker knytt til innsidehandel og marknadsmanipulasjon har lege stabilt dei siste åra. Nokre sakar om innsidehandel er politimeld.

Verdipapirføretaka sin praksis ved distribusjon og offentleggjering av investeringsanalysar er kartlagde på bakgrunn av at desse kan vera kurssensitive. Vidare er det gjort ei undersøking av verdipapirføretaka si plikt til å melde frå om mistenkjelege transaksjonar. Det har vore relativt stor aktivitet i førstehandsmarknaden med fleire prospekt for nynotering, i tillegg til andre aksje- og obligasjonsprospekt. Finanstilsynet har lagt stor vekt på den finansielle informasjonen i prospekta og at kontrollen held fristane som gjeld. Auka marknadsuro og store låneforfall kan tvinge fram fleire kriseemisjonar og refinansieringar i 2016.

På revisjonsområdet er tilsynet med dei som reviderer føretak av allmenn interesse, prioritert.

Det er gjennomført eit tematilsyn om rekneskapsføring for føretak av allmenn interesse.

Forbrukarvern

Marknaden for pensjonsprodukt er i betydeleg endring. Det er gjennomført tematilsyn om rådgjeving og informasjon ved overgang til investeringsval for fripolisar. Stadleg tilsyn i verdipapirføretak og deira investeringsrådgjeving er prioritert. Forbrukarvern gjennom å overhalde god forretningsskikk i sals- og rådgjevingsverksemd er sentralt, i tillegg til kontroll av om marknadsføringsmaterial inneheld balansert informasjon om risiko og kostnader. Under alle stadlege tilsyn i verdipapirføretak vert det òg retta merksemd mot korleis verksemda er organisert, inkludert etterlevingsfunksjonen (compliance) og risikostyringsfunksjonen. CFD-marknaden (contracts for difference – ein type derivatinstrument) har vore følgt opp spesielt. Det er òg gjennomført eit tematilsyn knytt til sal av fondobligasjonar.

Tilsynet på fondområdet er innretta for å bidra til ein trygg og effektiv fondsforvalting som er i interessene til deleigarane. Det er gjennomført eit tematilsyn for å vurdere i kva for ein grad aksjefond som etter investeringsstrategien sin skal forvaltast aktivt, faktisk vert forvalta aktivt. I tilsynet med eigedomsmeklarane vert det retta merksemd mot endra bodreglar og kravet til skriftlegheit i bodgjevinga. I tillegg var undersøkings- og informasjonsplikta og handtering av klientmidel sentralt.

Ved tilsyn på inkassoområdet vert forbrukarane sine interesser prioritert ved undersøkingar av systema til inkassoselskapa og rutinar for korrekt salær- og renterekning. Det var fleire saker på dette området i 2015.

Effektiv krisehandtering

EUs krisehandteringsdirektiv for bankar og verdipapirføretak vart vedteke i 2014. Finanstilsynet deltek i Banklovkommisjonen som i 2015 arbeidde med norsk innføring av krisehandteringsdirektivet og endra innskytargarantidirektiv. Arbeidet vil halde fram i 2016.

Vurdering av gjenopprettingsplanane til dei to største bankane vart gjort i andre halvår 2015, og seks andre planar er mottekne for vurdering i 2016.

Livsforsikringsføretak og pensjonskasser er følgde tett opp som følgje av svake avkastningsutsikter og aukande del fripolisar i mange av føretaka. Enkelte utsette skadeforsikringsføretak er følgde opp særskilt.

Kvitvasking og terrorfinansiering

Kamp mot kvitvasking og terrorfinansiering inngår i alle delar av verksemda til Finanstilsynet.

Financial Action Task Force (FATF) fastset globale standardar med tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering og evaluerer landa etter desse standardane. Noreg vart evaluert i 2013–2014. Som eit ledd i oppfølginga av FATF-rapporten frå hausten 2014 har Finanstilsynet i 2015 brukt noko meir ressursar på dette området. Det er òg lagt vekt på å synleggjere Finanstilsynets arbeid på området.

Det er gjennomført ei risikovurdering knytt til kvitvasking på alle tilsynsområde. Ei samla risikovurdering, som mellom anna skal danne grunnlag for tiltak og tilsynsoppfølging, vil bli fullført i 2016. Finanstilsynet deltek òg i ei arbeidsgruppe som skal utarbeide ei nasjonal risikovurdering. Vurderinga skal behandlast i Kontaktforum for kamp mot kvitvasking og terrorfinansiering.

I stadlege tilsyn i 2015 er det peikt på svak oppfølging av kvitvaskingsregelverket i ei rekkje bankar. Finanstilsynet har blant anna påpekt behov for å forbetre interne rutinar, skjerping av kundekontrollen, klargjerande intern organisering og ansvarsforhold, auka intern opplæring og styrkt rapportering til styra til bankar. Det er òg peikt på veik oppfølging av kvitvaskingsregelverket hos verdipapirføretak og eigedomsmeklarar. I fleire tilsyn med revisjonsselskap og rekneskapsførarselskap har Finanstilsynet avdekt at oppfølginga av kvitvaskingsrutinar ikkje har vore tilfredsstillande.

Finanstilsynet er representert i eit lovutval som skal gjennomgå kvitvaskingsregelverket, slik at dette vert i samsvar med EØS-regelverket og internasjonale standardar på området. Vidare deltek Finanstilsynet som nemnt i Kontaktforum for kamp mot kvitvasking og terrorfinansiering. Finanstilsynet har i samarbeid med ØKOKRIM ansvaret for temanettstaden hvitvasking.no, som informerer om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering. I 2015 har Finanstilsynet hatt eit tett samarbeid med ØKOKRIM og Finans Norge, mellom anna gjennom eit fagforum for å diskutere sentrale problemstillingar knytte til kampen mot kvitvasking. Ei samla risikovurdering, som mellom anna skal danne grunnlag for tiltak og tilsynsmessig oppfølging, vil sluttførast i 2016. Eit arbeid med å rettleie marknadsaktørane om praktiske problemstillingar i samband med pliktene dei har etter regelverket, vil verte vidareført i 2016 gjennom mellom anna rundskriv på enkelte tilsynsområde.

For nærare omtale av Finanstilsynets verksemd vises det til Meld. St. 29 (2015–2016) (Finansmarkedsmeldingen 2015, kap. 7 Virksomheten i Finanstilsynet i 2015.).

Budsjett 2017

Finanstilsynet må til kvar tid, innafor gjeldande budsjettramme, prioritere oppgåver som bidreg til å nå hovudmåla, som er finansiell stabilitet og velfungerande marknader.

Den føreslåtte løyvinga skal brukast i samsvar med strategien og oppgåvene til Finanstilsynet. Departementet føreslår å setje budsjettramma til Finanstilsynet for 2017 til 362,9 mill. kroner. Finanstilsynet må prioritere strengt innanfor ramma for å følgje opp dei ulike tilsynsområda som er omtalte ovanfor.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønsutgifter og andre driftsutgifter. For 2017 føreslår departementet ei løyving på 343,9 mill. kroner som inneber ei viss styrking samanlikna med Saldert budsjett 2016.

Finanstilsynet får stadig nye og endra oppgåver. Den internasjonale finanskrisa har ført til eit nytt og komplekst rammeverk for finansnæringa, og som krev betydeleg ressursinnsats frå Finanstilsynet. Dette vil både påverke utføringa av dei faste oppgåvene tilsynet har og gje nye oppgåver som følgje av internasjonalt regelverk og nasjonale tilhøve. Budsjettstyrkinga må sjåast i samband med nemnde forhold. Finanstilsynet må likevel framleis leggje stor vekt på å sikre rasjonell og effektiv drift.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar utviklingstiltak for IT-systema i Finanstilsynet. Nye krav til tilsyn og tilsynsmetodar stiller omfattande krav til tilpassingar og utvikling av IT-system som støtte for tilsynsarbeidet. For 2017 gjeld det mellom anna vidare arbeid med å tilfredsstille europeiske rapporteringskrav og leggje til rette for naudsynt analyse. Finanstilsynet vil, forutan å halde fram arbeidet med krav som gjeld CRD IV og Solvens II, arbeide i eit internasjonalt utviklingssamarbeid for innrapporteringsløysing på verdipapirområdet.

For 2017 gjer departementet framlegg om å løyve 19 mill. kroner.

Kap. 4602 Finanstilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

03

Prospektkontrollgebyr

8 890

10 180

10 400

86

Vinningsavståing og gebyr for regelbrot m.m.

1 674

500

500

Sum kap. 4602

10 564

10 680

10 900

Post 03 Prospektkontrollgebyr

Posten omfattar gebyr frå den operative prospektkontrollen for omsetjelege verdipapir. Kostnadene som Finanstilsynet har til prospektkontrollen, vert dekte ved at utskrivaren betaler eit gebyr til Finanstilsynet. Finanstilsynet skal sjå til at gebyr i størst mogleg utstrekning reflekterer dei reelle kostnadene ved prospektkontrollen. Eventuelle avvik mellom dei ilagde gebyra og kostnadene til Finanstilsynet vert fordelte året etter på dei noterte utskrivarføretaka, anten som ei tilleggsutlikning, eller som ei nedsetjing av utlikninga til andre tilsynsutgifter. Slike etterutrekningar vert av praktiske årsaker førde på kap.

Kap. 5580 Sektoravgifter under Finansdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

70

Finanstilsynet, bidrag frå tilsynseiningane

333 070

341 000

357 500

Sum kap. 5580

333 070

341 000

357 500

Utgiftene til Finanstilsynet vert fullt ut dekte av institusjonane som er under tilsyn etter finanstilsynslova § 1 eller annan lovheimel. Inndekkinga av utgiftene er heimla i finanstilsynslova § 9. Lova vart endra med verknad frå 1. januar 2016. Lovreglane vart samstundes supplert med forskrifter. Det samla tilskotet frå tilsynseiningane i 2017 er budsjettert til 357,5 mill. kroner. I tillegg kjem inntektene frå prospektkontrollgebyr, jf. omtale ovanfor. Utrekninga og betalinga av tilskotet frå kvar tilsynseining skjer etterskotsvis. Grunnen er at det samla utlikningsbeløpet ikkje vil vere klart før årsrekneskapet ligg føre, og at oversynet over kva for einingar som skal utliknast, fyrst ligg føre når året er omme.

Framlegget for kap. 5580 Sektoravgifter under Finansdepartementet, post 70 Finanstilsynet, bidrag frå tilsynseiningane, er basert på dei utgiftene som ein reknar med at tilsynet vil ha i 2016. Dette omfattar både utgiftene over kap. 1602 Finanstilsynet og Finanstilsynets del av posteringane på kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift. Til frådrag kjem inntektene på kap. 4602 Finanstilsynet, post 03 Prospektkontrollen.

Kap. 1605 Direktoratet for økonomistyring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

347 209

323 428

379 100

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

1 686

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

16 223

24 700

15 500

Sum kap. 1605

365 118

348 128

394 600

Formål, hovudmål og organisering

Direktoratet for økonomistyring (DFØ) er statens ekspertorgan for økonomi- og verksemdstyring. Med utgangspunkt i utgreiingsinstruksen, Reglement for økonomistyring i staten og Bestemmelser om økonomistyring i staten (økonomiregelverket) skal DFØ leggje til rette for god styring. DFØ skal sørgje for ei heilskapleg tilnærming på området.

Visjonen til direktoratet er effektiv ressursbruk i staten.

Hovudmåla for DFØ er å leggje til rette for formålstenlege fellesløysingar i staten og god styring i statlege verksemder.

DFØ fekk frå 1. mars 2016 det operative ansvaret for å forvalte utgreiingsinstruksen på vegne av Finansdepartementet. Oppgåva er innarbeidd i DFØs målstruktur.

DFØ skal:

  • forvalte utgreiingsinstruksen og økonomiregelverket i staten; vurdere og eventuelt foreslå endringar for Finansdepartementet slik at instruksen og regelverket er oppdatert og relevant

  • forvalte og formidle kunnskap om korleis verksemdene skal etterleve utgreiingsinstruksen og økonomiregelverket i staten; sørgje for at statlege verksemder får eit godt tilbod om kompetansebygging og røynsleoverføring på fagområdet til direktoratet

  • forvalte konsernsystema for statsrekneskapen og statens konsernkontoordning

  • levere fellestenester på økonomiområdet som gjev synergiar og stordriftsføremoner for staten; vege omsynet til direkte gevinstar frå standardiserte fellesløysingar mot behovet for spesialtilpassa løysingar for statlege einskildverksemder eller grupper av verksemder

  • gjennomføre analysar og utgreiingar som grunnlag for utvikling av statleg styring

Finansdepartementet legg vekt på at:

  • DFØs kompetanseoverføring representerer beste praksis innanfor styring og samfunnsøkonomisk analyse

  • DFØs fellestenester er korrekte, rettidige og nyttige

  • DFØs tenester gjev synergiar og stordriftsføremoner

DFØ har gått gjennom ei stor omstilling av verksemda i åra 2014–2016. For å betre styringa, auke kvaliteten og effektivisere drifta vart det avgjort å samle verksemda til DFØ på tre stader: Stavanger, Trondheim og Oslo. I 2015 vart talet på kontorstader stegvis redusert frå åtte til fire. Det står att å fullføre flyttinga av fakturamottaket frå Hamar til Trondheim. Denne flytteprosessen er planlagd avslutta i fyrste halvår 2017. Tenestene er i omstillingsperioden så langt levert i tråd med kvalitetskrava frå Finansdepartementet. DFØ hadde per 31. desember 2015 ei bemanning tilsvarande 346 årsverk. Dette er 20 færre enn på same tid året før.

Frå 1. juli 2016 overtok DFØ ansvaret for å levere løns- og rekneskapstenester til departementa, Statsministerens kontor og Regjeringsadvokaten. Desse tenestene vart fram til denne datoen leverte frå Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa. Frå 1. januar 2018 skal desse tenestene verte leverte frå DFØs etablerte verksemder i Stavanger og Trondheim.

Per 1. januar 2017 vil 86 pst. av statlege verksemder få levert lønstenester frå DFØ, og 72 pst. vil vere rekneskapskundar.

DFØ leverer tenester til stadig fleire verksemder. Frå årsskiftet 2016/2017 kjem det til ti nye kundar på eit eller begge tenesteområda. Hos sju av departementa er alle underliggjande verksemder kundar hos DFØ.

Ved årsskiftet får 81 000 tilsette i staten løna utbetalt frå DFØ. Dette er 51 pst. av alle som er tilsett i staten. I tillegg får kvart år om lag 90 000 honorarløna og 30 000 timeløna utbetalingar gjennom lønssystemet.

DFØs rekneskapskundar sysselset 28 pst. av alle statstilsette. Einskilde større verksemder er ikkje kundar av DFØ, til dømes Forsvaret, Arbeids- og velferdsforvaltinga, Statens vegvesen og fem universitet.

Utviklinga har gått i retning av færre og større einingar i forvaltinga, av di fleire mindre verksemder vert slått saman til større eller vert skilde ut frå staten. Denne utviklinga gjer at antalet kundar har vorte redusert dei seinare åra, medan prosentdelen av alle statlege verksemder som er kundar hos DFØ har auka.

Mål og resultat 2015

Mål 1: DFØs kompetanseoverføring representerer beste praksis innanfor styring og samfunnsøkonomisk analyse

DFØ tilbyr kompetansetiltak, metodeutvikling, rettleiing og rådgjeving i tillegg til analyse og informasjonsformidling innanfor sitt ansvarsområde. I 2015 omfatta det mellom anna:

  • regelverket for økonomistyring i staten

  • mål- og resultatstyring, resultatmålingar og resultatinformasjon

  • verksemdstyring, risikostyring og internkontroll

  • budsjettarbeid

  • tilskotsforvalting

  • evalueringar på styringsområdet

  • samfunnsøkonomiske analysar

  • statsrekneskap og verksemdsrekneskap

  • årsrapport og oppstilling av årsrekneskapen

  • statleg betalingsformidling

DFØ har levert tenester på alle desse områda i 2015. Tenestene er tilgjengelege for alle statlege verksemder og skal vere til hjelp i arbeidet med å betre verksemds- og økonomistyringa.

DFØs metodar og kompetansetiltak byggjer på prinsippa og standardane i økonomiregelverket. I 2015 arbeidde DFØ med nye rettleiingar, rapportar, presentasjonar, kurs, seminar, faglege nettverk og rådgjevingsoppdrag. Til dømes driv DFØ fleire faglege nettverk, mellom anna om verksemdstyring, samfunnsøkonomisk analyse, produktivitet i statlege verksemder og tilskotsforvalting.

DFØ har i 2015 revidert dei statlege rekneskapsstandardane. Frå 2016 vart desse standardane obligatoriske for dei verksemdene som fører rekneskap etter periodiseringsprinsippet.

I mai 2015 fastsette Finansdepartementet nye krav til at verksemder med inntekter eller utgifter over 300 mill. kroner regelmessig skal vurdere om dei bør bruke internrevisjon. Regelverket stiller krav til organisering, kompetanse og rapportering dersom verksemda opprettar ein slik funksjon. I 2015 har DFØ førebudd dette, mellom anna ved å utvikle to rettleiingar.

DFØ har deltatt i Kommunal- og moderniseringsdepartementets arbeid med å revidere utgreiingsinstruksen. Mellom anna er det utvikla ei rettleiing for instruksen, og det er òg laga eit e-læringsprogram. Den reviderte instruksen gjeld frå 1. mars 2016. Då vart ansvaret for instruksen overført til Finansdepartementet, som har delegert forvaltinga til DFØ.

Mål 2: DFØs fellestenester er korrekte, rettidige og nyttige

DFØs løns- og rekneskapstenester

DFØ tilbyr økonomitenester på friviljug basis til verksemder i statsforvaltinga. I 2015 leverte DFØ tenester innan løn og rekneskap som møtte dei krava til kvalitet som Finansdepartementet har sett. Undersøkinga om kor nøgde kundane er, syner ein liten nedgang frå 2014, noko som var venta i lys av den store omstillinga av økonomitenestene.

Tenestene er utvikla vidare i 2015 og 2016 og støttar opp om den statlege strategien om digitalt fyrsteval.

DFØs satsing på elektronisk fakturabehandling i statlege verksemder har gjeve administrative innsparingar og betre økonomistyring hos kundane. Vel 32 pst. av fakturaene som vart handsama av DFØ i 2014, var elektroniske. Andelen auka til 44 pst. i 2015.

E-handelsløysinga til DFØ integrerer heile innkjøpsprosessen frå ordre til godkjend faktura. Løysinga samhandlar med e-handelsplattforma til Difi og er ein integrert, men friviljug del av DFØ sine tenester på rekneskapsområdet. Etterspurnaden etter tenesta har utvikla seg langsamare enn venta då prosjektet vart starta. Det heng mellom anna saman med at e-handel stiller krav til korleis verksemdene organiserer innkjøpa sine. I siste halvdel av 2015 opplevde DFØ ein auke i interessa for løysinga, og ved utgangen av 2015 hadde 19 verksemder ein avtale med DFØ om denne tenesta.

DFØ har sluttført fleire prosjekt som gjev kundane oppgraderte og moderne løysingar. I 2015 vart det enklare for 30 000 statlege brukarar å logge seg på DFØs system, gjennom ei løysing som sparer dei for fleire innloggingar. Arbeidet med å gjere løysinga tilgjengeleg for alle brukarar vert vidareført i 2016.

Eit anna døme er mobil-appen for DFØ si lønsteneste. Frå april 2015 kunne statlege medarbeidarar hos DFØ sine kundar registrere arbeidstid, søkje om fri og sjå tidssaldo via ein app på smarttelefonen. Den nye appen vil spare staten for monalege kostnader og tidsbruk. DFØ utbetalte 1,2 mrd. kroner i reisegodtgjering i 2015. Mobil-appen er vidareutvikla i 2016 med ei løysing for reiserekningar. Det vil gje ytterlegare vinstar for staten.

DFØ har over tid utvikla fleire e-skjema som erstattar papirblankettar. Dei gjev meir effektive prosessar i lønssystemet fordi ein slepp å registrere data to gonger. Handsamingstida vert òg redusert. Samstundes vert det færre feilkjelder i registreringsprosessane.

DFØ har òg vidareutvikla løysinga for arbeidsgjevarane si oppfølging av sjukemelde. Ein større del av denne prosessen går no automatisk, og leiarar får automatisk påminning om tidsfristar.

Innføringa av nøytral meirverdiavgift i staten fekk store konsekvensar for DFØ. Endringane verka inn på alle tenestene DFØ yter, og systema måtte tilpassast nye reglar. DFØ har halde kurs for verksemdene om reglane.

Statsforvaltinga er i endring, og DFØ merkar det spesielt i høve til endringane i universitets- og høgskulesektoren og helsesektoren. Fusjonar og nye organiseringar har ført til at nokre verksemder har avslutta kundeforholdet og nye har komne til. Samstundes har DFØ ein jamn pågang av verksemder som ynskjer å verte kunde. Ein jamt høgare del av dei statlege verksemdene nytter DFØs tenester.

Statsrekneskapen, konserntenestene og regelverksforvaltinga

DFØ har ansvaret for å forvalte økonomiregelverket. Frå 2016 gjeld dette òg fagansvaret for etatsstyring, som tidlegare låg til Finansdepartementet. Dette inneber å handsame søknader om unntak og svare på spørsmål om regelverket. DFØ gjev råd til Finansdepartementet om vidareutvikling av regelverket.

DFØ har òg ansvaret for forvalting og drift av statsrekneskapen. I 2015 var 99,3 pst. av rapportane frå verksemdene til statsrekneskapen fullstendige og kom inn før fristen. Det er på same nivå som i 2014. DFØ publiserer månadleg rekneskap frå statsrekneskapen på kapittel og post. Frå slutten av 2015 publiserer DFØ òg rådata (sjå data.norge.no) med rekneskapsinformasjon etter standard kontoplan. Dette gjev grunnlag for å samanlikne rekneskapsinformasjon mellom statlege verksemder.

DFØ forvaltar rammeavtalar med bankar om betalingstenester i staten. Gjeldande avtale er frå 2014. Statlege verksemder får tilgang til tenestene ved å bestille dei frå ein av leverandørane som DFØ har inngått rammeavtale med. Statlege verksemder må bruke avtalane.

Mål 3: DFØs tenester gjev synergiar og stordriftsføremoner

DFØ skal oppnå stordriftsføremoner for staten ved å tilby standardiserte tenester med eit visst volum innanfor budsjett og rekneskap og løns- og personaladministrasjon.

80 000 tilsette og om lag 90 000 honorarløna medarbeidarar i statlege verksemder fekk løn gjennom DFØs lønstenester i 2015, og det vart utarbeidd meir enn 205 000 årsoppgåver. DFØ er ein stor leverandør av løns- og rekneskapstenester, også sett i høve til samfunnet under eitt.

DFØ hjelper verksemdene med å styrkje kompetansen på god styring og leverer fellestenester i store volum, noko som er meir effektivt enn om dei statlege verksemdene skulle løyse oppgåvene kvar for seg. Tenesteproduksjonen til DFØ kjem godt ut i samanlikningar med tilsvarande verksemder i Noreg og i andre land. Med ei friviljug løysing har ein såleis fått til viktige stordriftsvinstar i staten.

Den viktigaste synergieffekten av tenestene er betre kvalitet. Med store volum på løns- og rekneskapstenestene kan DFØ samle eit større fagmiljø på dette området enn det ein kan i dei fleste andre statlege verksemder. Store fagmiljø kan gje betre høve til kompetanseløft, betre kvalitet, raskare avklaring av problemstillingar og betre utvikling av tenestene. Dei store voluma gjer òg at DFØ kan gjere investeringar i løns- og rekneskapssystem som ei statleg verksemd åleine ikkje kan forsvare.

I arbeidet med å formidle og overføre kompetanse innanfor statleg økonomistyring, legg direktoratet meir vekt på å utvikle og tilby tenester som kan nå mange framfor å ta oppdrag retta mot einskilde kundar. Dette kjem mellom anna til uttrykk i DFØs kurs og rettleiingar, som utgjer grunnstammen i kompetansetilbodet frå direktoratet.

Utfordringar

Effektivisering

Krav til auka effektivisering i verksemdene gjer at fleire etterspør fellestenester frå DFØ. Direktoratet må difor vere budd på å ta opp fleire kundar og gje støtte til omstilling av løns- og rekneskapstenestene både hos nye og eksisterande kundar. Direktoratet har over tid opparbeidd ein praktisk kompetanse om omstillingar i staten som kjem kundane til gode.

Rekneskap i staten

Den samla rekneskapen for staten vert kvart år lagt fram i Meld. St. 3 Statsrekneskapen. DFØ arbeider med å utvikle ei løysing for publisering av statsrekneskapen som gjev fleire brukarar betre tilgang til meir data. Dette vil gje betre grunnlag for å samanlikne rekneskapsinformasjon både mellom statlege verksemder og over tid, og med det gje eit betre grunnlag for å analysere og samanstille tal for staten sett under eitt.

I tillegg til auka transparens når det gjeld offentleg ressursbruk, vil ytterlegare standardisering og automatisering av prosessane som gjeld rekneskapsdata i staten redusere kostnadene og betre kvaliteten i det tekniske arbeidet med statsrekneskapen. Den nye informasjonen som vert stilt til rådvelde, vil òg gje betre støtte til etatsstyringa i departementa.

Føremålet med dei statlege rekneskapsstandardane er å leggje til rette for eit meir utvida og standardisert informasjonsgrunnlag for styring i statlege verksemder.

Børmer-utvalet tilrådde i NOU 2015: 14 å gjere det obligatorisk for statlege verksemder å føre periodisert rekneskap som supplement til kontantrekneskapen. Regjeringa er positiv til at fleire verksemder tek i bruk periodiserte rekneskap.

Høyringsinstansane har stilt spørsmål ved om nytten av obligatorisk periodisering kan forsvare kostnadane ved eit slikt krav. DFØ har rekna på nytt på kostnadene ved å gjere periodisert rekneskap obligatorisk i staten og har kome til at desse kostnadene og behovet for fleire tilsette venteleg vil vere om lag det doble av det Børmer-utvalet la til grunn i si utgreiing. Forslaget kan difor gje meir byråkrati.

DFØ vil arbeide vidare med tiltak for forenkling, effektivisering, publisering og utvikling for å auke nytta og redusere kostnadene ved periodisering i verksemdene. Regjeringa tek ikkje stilling no til å innføre obligatorisk periodisering, men vil gjere ei ny vurdering innan tre år når forenklingstiltaka er gjennomførde. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2016–2017) Gul bok, kap. 8.5 Utvalg for å gjennomgå budsjett og regnskap i staten.

Betre avgjerder i staten – utgreiingsinstruksen

Som nemnt har DFØ frå 1. mars 2016 ansvaret med å forvalte og rettleie om føresegnene i ny utgreiingsinstruks for staten.

Formålet med instruksen er å auke tryggleiken for at tiltak i staten vert avgjort på best mogleg grunnlag. Instruksen omtalar korleis, og i kva omfang, statlege verksemder skal greie ut tiltak. Instruksen stiller tydelege krav til kva ei utgreiing skal innehalde, og når det skal gjennomførast ein samfunnsøkonomisk analyse. DFØ tilbyr kompetansehevande tiltak om korleis utgreiingar kan gjerast i samsvar med instruksen.

Justis- og beredskapsdepartementet og Utanriksdepartementet forvaltar eigne kapittel i instruksen.

Utgreiingsinstruksen og økonomiregelverket omhandlar ulike fasar i arbeidet med statlege tiltak. Tydelegare krav i ny instruks vil òg verte spegla i DFØs andre fagområde som til dømes verksemdstyring, etatsstyring og tilskotsforvalting.

Heilskapleg regelverksforvalting – etatsstyring

Finansdepartementet har delegert ansvaret for forvalting av økonomiregelverket sine føresegner om etatsstyring til DFØ frå 1. januar 2016 (jf. kap. 1 i føresegnene). Etatsstyring er ei departementsoppgåve og heng nært saman med arbeidet med statsbudsjettet og forståinga av Stortingets løyvingsreglement. Det er difor naturleg at DFØ har ein tettare fagleg dialog med departementet om forvalting, rettleiing og kompetanseformidling på etatsstyringsområdet enn elles i forvaltinga av økonomiregelverket. Prinsipielle spørsmål skal leggjast fram for departementet.

I 2017 skal direktoratet særleg prioritere å byggje vidare på etablerte kompetansetenester innanfor etatsstyring, og vidareutvikle det faglege samarbeidet med Finansdepartementet.

DFØ har no fått eit tydeleg ansvar for forvaltinga av heile det statlege økonomiregelverket. Dette er venta å gje synergiar i rådgjevinga til statlege verksemder om samanhengar mellom verksemdstyring og etatsstyring.

Tryggleik, styring og internkontroll

DFØ forvaltar fleire produksjonssystem som behandlar store informasjonsmengder. Direktoratet yter òg viktige fellestenester til dei fleste verksemdene i staten. At informasjonsssystema er tilgjengelege, sikre og sikra er heilt avgjerande for at direktoratet skal nå måla sine. DFØ skal arbeide vidare med å styrkje informasjonsstryggleiken i eiga verksemd, i tråd med dei nasjonale retningslinene.

Mål og budsjett 2017

Den underliggjande målstrukturen og dei kvalitative og kvantitative resultatmåla er fastsette i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og DFØ. Dei tilsikta resultata i 2017 skal jamt over vere like gode som resultata i føregåande år, jf. rapportomtalen ovanfor. Sjå òg omtale av DFØs mål ovanfor.

Løyvinga skal brukast i samsvar med dei føremåla og hovudoppgåvene som er omtalte ovanfor. Departementet gjer framlegg om å setje budsjettramma til DFØ for 2017 til 394,6 mill. kroner.

Når direktoratet får nye kundar, er hovudprinsippet at desse kundane skal rammeoverføre delar av budsjettet sitt til DFØ på varig basis. Det overførte beløpet utgjer DFØ sine kostnader ved å levere tenestane. Kunden beheld innsparinga.

DFØs eiga drift skal vere så kostnadseffektiv som mogleg. Årleg gevinst etter omstillinga (frå 2017) er rekna til om lag 6 pst. av løyvingsframlegget på kap. 1605, post 01 Driftsutgifter, for 2017. Utgifter til venteløn er haldne utanfor. Dette er ei varig innsparing for staten.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønsutgifter, utgifter til opplæring, utgifter til leige og drift av kontorlokale, reiser, drift og innkjøp av kontorutstyr og IKT-utstyr med meir. Beløpet omfattar dessutan direkte utgifter til lønskøyring for andre statlege verksemder hos ekstern leverandør, i tillegg til utgifter til vidareutvikling av tenestene. DFØ har inntekter mellom anna frå tenester som direktoratet utfører for andre statlege verksemder.

DFØs kundemasse og korleis dei einskilde kundane betalar for tenestene, kan endre seg gjennom året. Til dømes gjekk mange kundar i 2016 over frå ei ordning der DFØ fekk fullmakt til å føre utgiften på kunden sitt kapittel, til å få tilsendt faktura frå DFØ. Ved behandlinga av Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016, vart inntektsløyvinga på kap. 4605, post 01 Økonomitenester, mellombels auka med 30,1 mill. kroner. Frå 2017 vert det foreslått å løyve kostnadene for dei fleste av desse kundane på kap. 1605, post 01.

Sidan det er uvisst kor store inntektene vert, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1605, post 01 Driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4605, post 01 Økonomitenester, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Det vert gjort framlegg om å løyve 379,1 mill. kroner under post 01.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar utviklingstiltak for DFØs system og infrastruktur på IKT-området, medrekna naudsynte oppgraderingar, vidareutvikling av systemløysingar med meir.

Det vert gjort framlegg om å løyve 15,5 mill. kroner under post 45.

Kap. 4605 Direktoratet for økonomistyring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Økonomitenester

53 243

41 900

49 600

Sum kap. 4605

53 243

41 900

49 600

Post 01 Økonomitenester

Posten omfattar i hovudsak betaling frå kundar når DFØ vidarefakturerer visse utgifter i samband med elektronisk fakturabehandling, programvarevedlikehald og teknisk drift av lønssystemet. Posten inneheld òg inntekter som gjeld betaling for løns- og rekneskapstenester frå kundar som har fått unntak frå rammeoverføring som finansieringsform, eller som av andre årsaker ikkje kan overføre løyving til DFØ.

Det vert vist til forslag til fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1605, post 01 Driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4605, post 01 Økonomitenester, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Det vert gjort framlegg om å løyve 49,6 mill. kroner under post 01.

Kap. 1608 Tiltak for å styrkje statleg økonomi- og prosjektstyring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

12 806

15 664

16 000

Sum kap. 1608

12 806

15 664

16 000

Løyvinga under kap. 1608 vert delt om lag likt mellom tiltak for å styrkje økonomistyringa i staten og forsking og vidare utvikling innanfor styring av store statlege investeringsprosjekt.

Økonomistyring

Finansdepartementets arbeid med statleg økonomistyring omfattar mellom anna å fastsetje og forvalte reglement for økonomistyringa i staten og andre sams prinsipp og normer for god økonomistyring, og ulike tiltak for å leggje til rette for økonomistyringa i statlege verksemder. Føremålet med tiltaka er å betre rekneskapsføringa og økonomistyringa i verksemdene og leggje til rette for best mogleg utnytting av ressursane.

I 2015 vart løyvinga mellom anna brukt til eit kurs i etatsstyring på hovudfagsnivå i samarbeid med Universitetet i Oslo. Kurset samla deltakarar frå eit fleirtal av departementa og frå sentrale verksemder.

Same året starta Finansdepartementet og Direktoratet for økonomistyring òg eit prosjekt for å gjere statsrekneskapen tilgjengeleg for brukarane på ein høveleg måte. Dette vil gje allmenta eit betre grunnlag for å gjere seg opp ei meining om kva staten bruker pengar på og kva ein får igjen for pengebruken. Prosjektet er finansiert over kap. 1608 og vil verte sluttført hausten 2017.

I 2016 etablerte Finansdepartementet ei fireårig stipendiatstilling i etatsstyring i samarbeid med Universitetet i Oslo. Stipendiaten skal bidra til å byggje opp eit fagmiljø som forskar på departementa si styring av statlege verksemder.

Prosjektstyring

Statlege investeringsprosjekt med ein terskelverdi over 750 mill. kroner skal gjennom ekstern kvalitetssikring før prosjektet vert lagt fram for Stortinget. Ordninga vart innført i 2000 (KS 2) og utvida i 2005 (KS 1) og skal bidra til betre beslutningsgrunnlag før vedtak vert fatta. Kvalitetssikringa vert utført i to steg:

  • kvalitetssikring av konseptvalet når forstudien er fullført (KS 1)

  • kvalitetssikring av kostnadsoverslag og styringsunderlag når forprosjektet er fullført, eller i detaljprosjekteringsfasen for einskilde prosjekt (KS 2)

Kvalitetssikringa skal utførast av særleg kvalifiserte private verksemder som etter konkurranse har fått ein rammeavtale med Finansdepartementet. Det vart inngått ny rammeavtale i september 2015 med seks ulike føretakskonstellasjonar. Rammeavtala gjeld i to år med opsjon på forlenging i to år. Ordninga gjeld alle statlege investeringsprosjekt med unntak av SDØE, og statlege føretak eller statleg eigde aksjeselskap som er ansvarlege for eigne investeringar, til dømes Avinor AS og helseføretaka. Utbyggingsselskapet for veg (Nye veier AS) vil òg ha eige ansvar for kvalitetssikring av kostnader og styringsunderlag når reguleringsplan for eit vegprosjekt er klart.

Det kan gjerast unntak frå KS 1 for prosjekt som ikkje har viktige konseptuelle sider, medan KS 2 er obligatorisk. Prosjekt på fylkesvegnettet som ligg over terskelverdet, og som heilt eller delvis vert finansierte med bompengar, skal kvalitetssikrast i dette regimet.

Investeringsprosjekta og kvalitetssikringsarbeidet har sidan 2002 vorte følgt opp av eit eige tverrfagleg forskingsprogram – Concept-programmet. Programmet er organisatorisk forankra ved NTNU, og tilhøvet mellom institusjonen og Finansdepartementet er formalisert i ein samarbeidsavtale. I brev om gjennomføring kvart år stiller departementet til rådvelde løyvingar til Concept-programmet over kap. 1608.

Concept-programmet skal utvikle ny kunnskap om tilrettelegging, kvalitetssikring og styring av store statlege investeringsprosjekt. Målet er å sikre gode konseptval, ressursutnytting og effekt av investeringane. Programmet skal vektleggje tidlegfasen i prosjekta, frå den fyrste ideen oppstår til endeleg finansiering av gjennomføringa er vedteken. Etterevaluering av store statlege investeringsprosjekt som no er komne i driftsfasen, skal vere en sentral aktivitet i åra framover.

Concept-programmet arbeider med følgjeforsking på store offentlege investeringar. Det inneber å trekkje ut røynsler frå tilrettelegginga og kvalitetssikringa av prosjekta og forske på problemstillingar som er relevante for å betre dette arbeidet.

Etter kvart som tidlegare kvalitetssikra prosjekt vert fullførte, samlar ein røynsledata som kan samanliknast på tvers av prosjekt og sektorar for å gje kunnskap og råd til dei som skal ta avgjerder og stå for kvalitetssikring. Concept-programmet har utvikla evalueringsformatet og prøvd det ut slik at ein kan evaluere verknadene etter kvart som prosjekta vert ferdigstilte og har vore i drift ei stund. I 2015 vart det gjennomført fem evalueringar av ferdigstilte prosjekt, medan det er planlagt ferdigstilt fire evalueringar i 2016.

Evaluering av KS 1 gjeld verknadene av prosjekta. Her skal ein sjå i kva mon samfunns- og effektmåla vart nådde, og om den samfunnsøkonomiske nytta er verkeleggjort etter føresetnadene. Det skal takast omsyn til seinare drifts-, vedlikehalds- og oppgraderingskostnader etter at prosjekta er ferdigstilte, endringar i nyttebiletet og kor levedyktig investeringa er sett under eitt.

I eit KS 2-perspektiv skal ein sjå om resultatmåla vart nådde, dvs. om innhaldet i prosjektet vart som føresett, og om leveransen skjedde innanfor budsjett- og tidsrammene.

Forskingsresultata og publikasjonane til Concept-programmet er fritt tilgjengelege frå nettsidene til programmet.

Systematiske prosjektevalueringar kjem til å krevje auka innsats i åra som kjem. Samstundes skal følgjeforsking, arbeid med kompetansebygging, undervisning og rettleiing av studentar, røynsleutveksling nasjonalt og internasjonalt og forskingsformidling vidareførast.

Programkategori 23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon

Utgifter under programkategori 23.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

1610

Tolletaten

1 571 362

1 367 516

1 598 700

16,9

1618

Skatteetaten

5 486 966

5 786 354

6 418 900

10,9

Sum kategori 23.20

7 058 328

7 153 870

8 017 600

12,1

Finansdepartementet har ansvaret for å forvalte skatte- og avgiftssystema. Det omfattar arbeidet med skatte- og avgiftslovgjevinga og styringa av den statlege delen av skatte-, avgifts- og tolladministrasjonen (Skatteetaten og Tolletaten). Skatteoppkrevjarane høyrer administrativt til kommunane, men dei er underlagde fagleg instruksjon frå Finansdepartementet og Skatteetaten når det gjeld kontroll av arbeidsgjevarane og innkrevjing av skatt og folketrygdavgifter. Skatteetaten har ansvaret for statens kontroll av skatteoppkrevjarfunksjonen, medan Riksrevisjonen utfører revisjonen.

Finansdepartementet og skatte- og avgiftsadministrasjonen elles skal mellom anna arbeide for at regelverket for skattar, avgifter og toll vert følgt. Etatane har som hovudoppgåver å fastsetje, krevje inn og kontrollere. Ved sida av regelverksutvikling, informasjon og rettleiing er verdikjeda i skatte- og avgiftsadministrasjonen slik det er vist i figur 5.1.

Organisering og ansvarsområde

Figur 5.1 Arbeidet til skatte- og avgiftsadministrasjonen med fastsetjing og innkrevjing av skattar og avgifter

Figur 5.1 Arbeidet til skatte- og avgiftsadministrasjonen med fastsetjing og innkrevjing av skattar og avgifter

Skatteetaten skal leggje til rette for inntekter til fellesskapet og ei rettferdig fordeling gjennom rett fastsetjing og rettidig innbetaling av skattar, avgifter og toll. Tolletaten skal motverke ulovleg inn- og utførsel av varer og leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer. Skatteetaten skal dessutan arbeide for eit korrekt og oppdatert folkeregister. Ein nærare omtale av hovudmåla og resultata til etatane m.m. finst under kap. 1610 Tolletaten og kap. 1618 Skatteetaten.

For åra 2013–2015 fordelte skatte- og avgiftsinntektene seg slik det er vist i tabell 5.2.

Tabell 5.2 Innbetaling av skattar, avgifter og toll

Rekneskapstal (mill. kroner)

20131

20142

20153

Skatt på inntekt og formue

245 068

240 865

238 291

Arbeidsgjevaravgift

148 589

154 392

169 628

Trygdeavgift

120 481

129 559

129 807

Skatt og avgift på utvinning av petroleum

206 436

176 164

110 157

Meirverdiavgift

233 874

242 571

252 220

Andre avgifter

97 024

97 563

99 323

Tollinntekter, medrekna sal av tollkvotar

3 111

3 205

3 305

Sum skatte-, avgifts- og tollinntekter over statsbudsjettet

1 055 483

1 044 319

1 002 731

Kommune- og fylkeskommuneskatt på inntekt og formue4

153 398

156 673

165 758

Samla skatte-, avgifts- og tollinntekter

1 208 881

1 200 992

1 168 489

1 Jf. Meld. St. 3 (2012–2013)

2 Jf. Meld. St. 3 (2013–2014)

3 Jf. Meld. St. 3 (2014–2015)

4 Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Innbetalingsprosenten har dei siste åra vore jamn og høg for dei viktigaste skattane og avgiftene. Dette vert omtalt nærare under kap. 1610 Tolletaten og kap. 1618 Skatteetaten.

Kap. 1610 Tolletaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

1 519 725

1 289 516

1 480 300

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

51 637

78 000

118 400

Sum kap. 1610

1 571 362

1 367 516

1 598 700

Formål, hovudoppgåver og organisering

Tolletaten skal motverke ulovleg inn- og utførsel av varer og leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer. Hovudoppgåvene er å

  • forvalte regelverket for toll og vareførsel inn og ut av landet, mellom anna ved å informere og rettleie brukarane

  • kontrollere at varer som vart førde inn og ut av landet er riktig deklarert, mellom anna ved å kontrollere gods, postsendingar, reisande og transportmiddel

  • fastsetje og kontrollere grunnlaget for toll

  • utføre oppgåver for andre etatar på grensa

Etaten skal òg yte god service til brukarane og vidareutvikle organisasjonen for stadig betre og meir effektiv oppgåveløysing.

Overføringa av oppgåver til Skatteetaten vart gjennomført 1. januar 2016. Forvaltinga av meirverdiavgift ved innførsel og særavgifter for ikkje-registrerte avgiftspliktige vert overført frå 1. januar 2017. Overføring av oppgåver til Skatteetaten er nærare omtalt i Prop. 1 S (2015–2016) og Prop. 1 LS (2015–2016).

Etaten består av eit sentralt direktorat og seks underliggjande tollregionar. Regiontollstaden er det administrative senteret i kvar tollregion. Regiontollstadene er i Fredrikstad, Oslo, Kristiansand, Bergen, Trondheim og Tromsø. Tolletaten er òg lokalisert 30 andre stader i landet. I tillegg utfører svenske og finske tollstader på grensa oppgåver for norske tollstyresmakter. Per 31. desember 2015 hadde etaten ei bemanning tilsvarande 1 756 årsverk. Dette er ein auke med 34 årsverk samanlikna med bemanninga per 31. desember 2014. Som ei følgje av overføringa av oppgåver til Skatteetaten, fekk 331 tilsette ny arbeidsgjevar frå 1. januar 2016.

Mål og resultat 2015

Tolletatens driftsresultat i 2015 vert vurderte ut frå dei fire hovudmåla for verksemda dette året, jf. nedanfor.

Hovudmål 1: Motverke ulovleg inn- og utførsel av varer

Etaten byggjer i stor grad grensekontrollen på risikoanalysar og etterretning for å avdekkje alvorlege lovbrot og profittmotivert smugling. Beslaga varierer frå år til år, og einskildbeslag kan gjere store utslag på årsresultatet.

Tabell 5.3 Tolletaten – nøkkeltal frå grensekontrollen

År

2013

2014

2015

Kontrollerte objekt

212 385

214 894

212 667

Tal på treff

26 461

25 572

25 436

Treffprosent

12,5

11,9

12,0

Treffprosent i kontroll av reisande

13,4

12,7

13,0

Treffprosent i godskontrollen

8,0

8,6

8,5

Treffprosent i kontroll av transportmiddel

14,8

13,4

13

Tal på beslag (eitt treff kan omfatte fleire beslag)

35 729

34 570

34 155

Tal på lovbrot melde til politiet1

7 123

7 305

7 354

Tal på alvorlege lovbrot melde til politiet

785

688

720

Tal på skanna objekt

8 743

9 631

10 011

Tal på treff på skanna objekt

696

642

634

1 Gjeld ordinære melde saker og saker der politi/påtalemyndigheit får tollrapport rett etter beslag som grunnlag for vidare etterforsking.

Kontrollverksemda til Tolletaten har i 2015 halde seg på om lag same nivå som dei siste åra. Talet på kontrollerte objekt i 2015 var om lag 213 000, med ein treffprosent på 12. Treffprosenten er høgast i kontrollen av reisande og transportmiddel. Fleire av beslaga i godskontrollen er store.

I 2015 vart meir enn 7 300 saker melde til politiet, noko som er om lag på same nivå som i 2014. 720 av desse gjaldt alvorlege lovbrot. Beslaga gjeld profittmotivert smugling, og aktørane er ofte profesjonelle i organiserte nettverk. Det vart òg skrive ut 16 566 forenkla førelegg i 2015. Det er ein mindre nedgang på 1,4 pst. frå 2014.

I 2015 vart det gjort 3 942 beslag av narkotika. Dette er om lag på same nivå som i 2014. Tolletaten har aldri beslaglagt større mengder av amfetamin og GBL enn i 2015.

Tal på beslag av syntetisk narkotika auka noko frå 2014 til 2015. Ein stor del av narkotikaen som kjem til landet i post- og kurersendingar, er tinga over Internett.

Beslag av brennevin, vin og øl låg i 2015 på om lag same, høge nivå som i 2014, medan beslag av sigarettar auka med om lag 20 pst. til 11,7 mill. sigarettar i 2015.

Tabell 5.4 Tolletaten – grensekontroll – beslagsstatistikk

År

2013

2014

2015

Tal på narkotikabeslag

3 905

3 957

3 942

Cannabis (i kg)

866,3

895,1

1 232,8

Heroin (i kg)

35,2

33,7

23,8

Amfetamin (i kg)

235,0

104,4

320,6

Kokain (i kg)

147,8

131,6

56,7

Ecstasy (i stk. tabl.)

10 727

42 246

18 548

Dopingmiddel (einingar)1

209 806

167 438

285 461

Brennevin2 (i liter)

49 756

62 477

59 382

Sprit3 (i liter)

205

358

2 537

Vin (i liter)

49 519

49 056

46 412

Øl (i liter)

395 589

507 738

484 537

Sigarettar (stk.)

8 902 887

9 761 871

11 653 699

Skytevåpen (stk.)

19

14

12

Valuta NOK4

7 375 121

11 849 808

8 581 565

1 Frå 2014 vart òg dopingmiddel i gram teke med i berekninga av einingar, difor er tala i 2013 endra

2 Alkoholvarer med alkoholprosent over 22 pst. t.o.m. 60 pst.

3 Brennevin med meir enn 60 pst. alkohol

4 Valuta som er beslaglagd pga. mistanke om straffbare tilhøve

Etaten disponerte i 2015 fire skannarar. Av dei er tre mobile, medan ein er fast plassert på Svinesund. Etaten fekk ein ny mobil skannar i 2015. Den erstatta den gamle mobile skannaren til Tollregion Sør-Noreg.

Med skannarane kan ein undersøkje om det er andre varer i lasta enn det som er opplyst. Dei er difor eit effektivt verktøy for å velje ut kontrollobjekt. Næringslivet har òg stor nytte av desse skannarane, sidan kontrollane kan gjennomførast raskare og smidigare.

I 2015 avdekte etaten brot på deklarasjonsplikta for betalingsmiddel tilsvarande ein verdi på 52,4 mill. kroner, fordelt på om lag 1 000 høve. I 2015 vart det skrive ut gebyr for manglande deklarering av betalingsmiddel i 900 saker, og det vart kravd inn slike gebyr for 8,9 mill. kroner. Dei alvorlegaste sakene, der Tolletaten har mistanke om at betalingsmidla er knytte til straffbare tilhøve, vart melde til politiet. I 2015 vart 64 saker melde til politiet og om lag 8,6 mill. kroner beslaglagde etter mistanke om straffbare tilhøve.

Tolletaten støtta politiet i personkontrollen i samband med den mellombels innføringa av grensekontroll på indre Schengen-grense hausten 2015.

Hovudmål 2: Rett fastsetjing av avgifter og toll

Etaten behandlar og kontrollerer den grensekryssande varestraumen med tilhøyrande vareinformasjon og inn- og utførselsdeklarasjonar. Deklarasjonane er grunnlaget for det meste av statsinntektene som kjem av innførsel av varer til Noreg. Deklarasjonane vert òg brukt i statistikken for norsk utanrikshandel, og dei utgjer behandlings- og avgjerdsgrunnlag for andre etatar som Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Miljødirektoratet og Statistisk sentralbyrå.

I 2015 tok Tolletaten imot om lag 7,1 mill. inn- og utførselsdeklarasjonar, mot 7,2 mill. i 2014. I 2013 var talet 6,8 mill. deklarasjonar, jf. tabell 5.6. Alle deklarasjonane vert behandla elektronisk i TVINN (Tolletaten sitt elektroniske system for utveksling av dokumenter mellom næringslivet og Tolletaten). Grensa for samlefortollingar av sendingar med låg verdi vart hausten 2015 heva frå 1 000 kroner til 3 000 kroner. Dette har ført til at om lag 100 000 færre deklarasjonar vart behandla enkeltvis i TVINN.

Fysisk kontroll av dei deklarerte varene vart utført i 10 400 høve, mot 9 600 i 2014 og 9 900 i 2013. Ved kontrollane vart informasjonen i TVINN halden opp mot underliggjande dokumentasjon og den fysiske vara. Kontrollane i 2015 førte til korrigeringar med 281 mill. kroner til fordel for statskassa, mot 224 mill. kroner i 2014. Resultata av deklarasjonskontrollen kan òg føre til grundigare etterkontrollar i det økonomiske kontrollarbeidet.

I 2015 gjennomførte etaten færre kontrollar i toll- og avgiftsrekneskapa til verksemder, kontroller retta mot ulovleg disponering av motorkøyretøy og innførsel av kapitalvarer, enn i 2014. Likevel vart høgare beløp avdekt.

Frå 1. januar 2016 er forvaltninga av særavgifter for registrerte avgiftspliktige overført til Skatteetaten, og frå 1. januar 2017 er det planlagt at ansvaret for forvaltninga av særavgifter for ikkje-registrerte avgiftspliktige vert overført.

Den økonomiske kontrollen som etaten utøver, er viktig for å motverke økonomisk kriminalitet og for å sikre rett betaling av toll og avgifter. Etaten sitt resultat ved økonomisk kontroll dei tre siste åra er samanfatta i tabellen nedanfor.

Tabell 5.5 Tolletaten – resultat for økonomisk kontroll – korrigert til fordel for staten

(i mill. kroner)

År

2013

2014

2015

Rekneskapskontrollar

443

812

922

Deklarasjonskontrollar1

570

455

475

Kontroll med særavgiftsoppgåver

3,5

10

5

Valutakontroll

51

51

52

Piratvarekontroll

18

31

35

Kontroll av sendingar med låg verdi

10

13

12

Kontroll av varer med høg skatt

90

92

104

Sum

1 185

1 464

1 605

1 Inkluderer kontroll med mellombels tolldeklarasjonar og transitterte varer.

Dei økonomiske kontrollane til etaten avdekte 198 alvorlege lovbrot i 2015, mot 229 i 2014. I 24 av sakene vart forholda melde til politiet, mot 29 i 2014. Kontroll med forfalska merkevarer og andre krenkingar av immaterielle rettar (IPR-varer) førte til at 275 varesendingar vart haldne att i 2015, mot 281 i 2014 og 147 i 2013. Om lag 35 000 einingar vart haldne att i 2015, mot 75 000 i 2014 og 53 000 i 2013. Verdien på varene som er tilbakehaldne i 2015 var 35 mill. kroner, mot 30 mill. kroner i 2014 og 16 mill. kroner i 2013. Trenden dreier mot beslag av færre varer, men med høg verdi på varene som vert tilbakehaldne og destruert.

Til saman avdekte dei økonomiske kontrollane vel 1,6 mrd. kroner i 2015.

Tabell 5.6 Tolletaten – økonomisk kontroll – kontrollstatistikk

År

2013

2014

2015

Tal på innførselsdeklarasjonar

5 536 71

5 794 936

5 671 648

Tal på dokumentkontrollar ved innførsel

145 922

143 098

133 494

Treffprosent i innførselskontrollen

35,9

36,6

36,6

Tal på utførselsdeklarasjonar

1 269 026

1 383 477

1 412 038

Tal på dokumentkontrollar ved utførsel

23 405

20 689

20 713

Treffprosent i utførselskontrollen

38,2

39,7

40,2

Tal på oppgåvekontrollar av registrerte særavgiftspliktige

558

529

478

Tal på kontrollar av verksemder1

1 270

1 279

1 121

Tal på avdekte alvorlege lovbrot

185

229

198

1 I tillegg utfører etaten årleg fleire kontrollar for tollstyresmakter i andre land. I 2015 var talet 243.

Hovudmål 3: Rettidig innbetaling av avgifter og toll

Etaten har arbeidd målretta med å utvikle innkrevjinga og kan dei seinare åra syne til gode resultat på dette området.

I 2015 vart det innbetalt 229,1 mrd. kroner til etaten, jf. tabell 5.7. Dette er ein auke på om lag 10 mrd. kroner (4,5 pst.) frå 2014. Hovudårsaka er at inntektene frå meirverdiavgifta ved innførsel auka med 9,1 mrd. kroner (7,1 pst.). Inntektsutviklinga er nærare omtalt i Prop. 1 LS (2016–2017) Skatter, avgifter og toll 2017.

Etaten har stabilt låge restansar.

Tabell 5.7 Tolletaten – inntekter og restansar

(mill. kroner)

År

2013

2014

2015

Inntekter:1

212 205

219 224

229 113

– tollinntekter2

2 882

2 980

3 068

– meirverdiavgift ved innførsel3

121 900

128 774

137 878

– avgift på motorvogner4

32 309

30 773

29 887

– andre særavgifter

55 114

56 697

58 280

Akkumulerte restansar5

633

600

652

Nye restansar i året5

326

308

361

1 Ei meir detaljert oversikt finst i Prop. 1 LS ( 2016–2017) Skatter, avgifter og toll 2017.

2 Unnateke sal av tollkvotar.

3 For meirverdiavgiftspliktige næringsdrivande gjev den meirverdiavgifta som vert kravd inn ved innførsel, rett til frådrag i meirverdiavgiftsoppgjeret med skattekontora, jf. fotnote til tabell 5.2 og under kap. 1618 Skatteetaten.

4 Motorvognavgifter omfattar kapittel/post: 5536/71 Eingongsavgift, 5536/72 Årsavgift, 5536/73 Vektårsavgift, 5536/75 Omregistreringsavgift.

5 Medrekna kontrollkrav.

Hovudmål 4: Yte god service til brukarane

Tolletaten arbeider kontinuerleg med å betre servicen overfor brukarane. Etaten har som mål at nettstaden toll.no skal vere den informasjonskanalen brukarane går til fyrst. I 2015 var det om lag 4,7 mill. besøk på nettstaden. Det er om lag 10 pst. meir enn i 2014. Særleg populære tenester er kalkulatoren for innførsel av køyretøy og kalkulatoren for import av varer som vert handla på nett. Tolletaten har òg teke i bruk fleire ulike sosiale medium i kommunikasjonen med brukarane.

Dei regionale informasjonssentera fekk om lag 89 000 spørsmål i 2015, mot 102 000 i 2014 og 107 000 i 2013. Om lag 80 pst. av spørsmåla kjem per telefon, resten hovudsakleg per e-post. I 2015 har Tolletaten omorganisert og samla informasjonssentra til eitt senter.

Etaten har som mål at tida for saksbehandling for dei ulike søknadstypane skal vere kort, samtidig som kvaliteten skal vere høg. Nokre søknadstypar frå næringslivet er høgt prioritert, til dømes søknader om tollkreditt. Behandlingstida per søknad om tollkreditt var i 2015 under to veker i 96,9 pst. av sakene.

Etaten skal ha høg kvalitet på behandlinga av klagesaker, og tida for behandling skal vere kort. For 2015 var målet at minst 65 pst. av alle særavgiftsklagene skulle vere behandla innan seks månader. I 2015 behandla direktoratet 57,2 pst. innan fristen. Tilsvarande tal for 2014 var 72,6 pst. Nedgangen kjem av naudsynte prioriteringar rundt førebuingar ved overføring av oppgåver til Skatteetaten frå 2016.

Tolldirektoratet har lenge arbeidd for å betre saksbehandlinga i tollregionane. I 2014 vart det utvikla ein ny styringsparameter for å måle kvaliteten i saksbehandlinga i tollregionane. Styringsparameteren stiller krav til kor mange prosent av etaten sine vedtak som skal oppfylle standardiserte retningsliner for god saksbehandling. Resultatet for 2015 vart at 95,8 pst. av dei kontrollerte vedtaka hadde ein tilfredsstillande kvalitet. Tilsvarande tal for 2014 var 89,7 pst.

Samla resultatvurdering

Ut ifrå hovudmåla som vart sette for etaten i 2015, vurderer Finansdepartementet driftsresultata i 2015 samla sett som gode. Dette er sett i lys av arbeidet med overføring av oppgåver til Skatteetaten. Etaten har dei siste åra hatt jamt gode resultat. Etaten kan syne til gode resultat i grensekontrollen, men somme av resultata er noko lågare enn i 2013 og 2014. Beslag av brennevin, vin og øl låg i 2015 på om lag same nivå som i 2014. Dette gjelde òg talet på narkotikabeslag. Finansdepartementet er i hovudsak nøgd med resultata på fastsetjingsområdet i 2015, med mellom anna gode resultat for avdekte beløp. Restansane held seg låge. Departementet vurderer servicen overfor brukarane som tilfredstillande, sjølv om fleire av måla for saksbehandlingstid ikkje vert nådde.

Sentrale utfordringar og tiltak

Organisasjonsutviklingsprosjekt

Tolletaten er ein etat i endring etter overføring av oppgåver til Skatteetaten, auka satsing på betre grensekontroll og vidareutvikling av vareførselsadministrasjonen.

I 2015 vart det starta eit organisasjonsutviklingsprosjekt i Tolletaten. Fase 1 av prosjektet har vore å sikre at etaten har ein organisasjon som eigner seg for dei oppgåvene etaten har frå 1. januar 2016. Fase 2 i OU-prosjektet starta i 2016 og er retta mot dei langsiktige og strategiske behova for utvikling i Tolletaten.

Styrkt grensekontroll

Eit av hovudmåla med flyttinga av oppgåver frå Tolletaten til Skatteetaten er å leggje til rette for ein betre grensekontroll. Regjeringa vil reindyrke Tolletatens strategiske posisjon på grensa. Etaten skal drive god og effektiv grense- og varekontroll og leggje til rette for effektiv inn- og utførsel av lovlege varer for næringslivet og reisande.

Dagens trugselbilete ber preg av meir organisert kriminalitet, med aktørar som vert meir profesjonelle og kyniske. Sterk trafikkvekst dei siste åra gjev lågare kontrolldekning ved grenseovergangane. Ein vedvarande høg risiko for smugling, i tillegg til auke i registrert vareførsel gjer at Tolletaten må verte meir effektiv og betre på metodisk utvikling i samband med grensekontrollen. Samstundes gjev meir profesjonelle smuglarar auka utfordringar for etaten, mellom anna fordi smuglingsforsøk oftare skjer der smuglarane trur kontrolldekninga er lågast. Det vert òg meir og meir vanleg at smuglarar er organiserte i nettverk og bruker kontraspaning, følgjebilar og sambandsutstyr for ikkje å verte stansa. I 2015 vart det anslått at drygt 9,5 mill. køyretøy kryssa grensa inn til Noreg over ein av dei elleve bemanna eller 62 ubemanna grenseovergangane. Beslagsstatistikken tyder på at særleg smugling over ubemanna grenseovergangar aukar.

I 2016 vart Tolletatens grensekontroll styrkt gjennom tre satsingsområde: elektronisk nærvær ved alle landevegs grenseovergangar, auka bemanning, inkludert døgnbemanning på to av dei største landevegs grenseovergangane, og styrkt etterretnings- og analysekapasitet. Dette har medverka til at etaten har fått fleire tolltenestemenn på grensa, betre utstyr og fleire verkemiddel. Styrkinga av grensekontrollen for 2016 utgjorde 91,5 mill. 2016-kroner. Til vidareføring av denne styrkinga er det for 2017 rekna med 150,3 mill. 2016-kroner, med tillegg av løns- og prisjusteringar.

Regjeringa foreslår òg 25 mill. kroner til utvikling av systemstønad til Tolletatens grensekontroll. Etaten skal mellom anna etablere ei ny løysing for analyse, lagring og formidling av etterretningsinformasjon, leggje til rette for elektronisk overføring frå kurerselskapa av opplysningar om varene i ein transportenhet (manifest) og etablere ei løysing for registrering og tilgjengeleggjering av resultata frå deklarasjonskontrollen.

Departementet foreslår i Prop. 1 LS (2016–2017) fleire lovendringar som skal styrkje grensekontrollen. Det gjeld framlegg om å utvide og gjere tydelegare retten til å hente inn kontrollopplysningar og gje nye moglegheiter for reaksjonar og sanksjonar ved brot på føresegnene i tollova og utvida høve til å lagre opplysningar frå kamera og skiltattkjenning. Sjå nærare om dette i Prop. 1 LS (2016–2017), kap. 13.

Elektronisk nærvær ved alle landevegs grenseovergangar

Etaten har sidan 2012 nytta elektronisk utstyr med kamera og skiltattkjenning på nokre utvalde grenseovergangar i Østfold og Sør-Hedmark. Systemet syner all trafikk som passerer og varslar når køyretøy mistenkt for smugling, passerer ein grenseovergang.

Røynslene så langt er svært gode, og Tolletaten kan sjå ei betring i resultata. Til dømes har beslaga auka og ein har fått betre oversikt over korleis trafikken fordeler seg mellom dei ulike grenseovergangane gjennom eit døgn.

Etaten starta som varsla i Prop. 1 S (2015–2016) i 2016 opp ei systematisk utbygging, og vil fortlaupande byggje ut ordninga til fleire landevegs grenseovergangar og ferjeleie med utanlandstrafikk i åra fram mot 2019. Det vil verte oppretta elektronisk skiltattkjenning for både inn- og utgåande trafikk.

Styrkt bemanning – døgnbemanning på to av dei største landevegs grenseovergangane

I statsbudsjettet for 2016 vart etaten sin kontrollkapasitet auka på dei to største og mest trafikkerte grenseovergangane. Styrking av bemanninga i den operative grensekontrollen vil mellom anna gje døgnbemanna grensekontroll på Svinesund (E6) i løpet av 2016 og Ørje i løpet av 2017.

Tolletatens etterretnings- og analysesenter

I statsbudsjettet for 2016 vart det varsla eit nytt senter for analyse og etterretning i Tolletaten, for å styrkje og betre etatens etterretning- og analysekapasitet. Senteret skal mellom anna leggje til rette for meir koordinert kontrollinnsats og sikre god fordeling av etterretnings- og analyseoppgåver, i tillegg til å sikre ombruk av etterretningsinformasjonen i etaten. Styrking av Tolletatens etterretnings- og analysekapasitet er eit av satsingsområda i samband med styrkinga av grensekontrollen. Senteret skal leggjast til Tolldirektoratet, og det er planlagt å etablere det i løpet av hausten 2016.

Tolletaten vil halde fram arbeidet med å utgreie og vurdere moglegheita for å utvide tilgangen til å hente inn og lagre informasjon om kontrollobjekt, samstundes som den skal utvikle god IT-støtte til etterretnings- og analysearbeidet. I dette arbeidet vil etaten samarbeide med aktørar i både inn- og utland. Tolletaten vil òg samarbeide tett med andre myndigheiter, til dømes Skatteetaten, og delta aktivt i etterretnings- og analysefora med andre etatar.

Anna arbeid i grensekontrollen

Eit prøveprosjekt med forenkla prosedyrar ved flybytte, starta ved Oslo lufthamn, Gardermoen, i september 2015. Dette gjev passasjerar som kjem frå utlandet og skal vidare med innanlandsfly, ei enklare og raskare reise. Prøveprosjektet skal vare i tre år og ein vil under prøveprosjektet vurdere om ordninga skal gjerast permanent.

Betre kontroll med vareførselen

Arbeidet med risikovurderingar, basert på analyse med betre arbeidsmetodar og utvida grunnlagsmateriale, skal halde fram i Tolletaten. Internasjonale tollstrategiar, legg òg auka vekt på bruk av risikovurderingar av varesendingar og aktørar i varestraumen. Kontroll med vareførsel er samordna med grensekontrollen og omfattar ikkje berre økonomiske forhold, men òg restriksjonar og høve som kan true tryggleiken i samfunnet.

Den økonomiske kriminaliteten som gjeld vareførsel, vert meir samansett og innfløkt. Dei siste åra har det vore ein kraftig auke i handelen på Internett. Mange freistar å unndra avgifter ved å setje verdien på varen lågare enn reell verdi. I tillegg vert òg varer som det er knytt restriksjonar eller forbod til, tekne inn via postsendingar. Desse utviklingstrekka set store krav til analysekompetansen i Tolletaten og bruk av ny teknologi i kontrollverksemda.

Noregs geografiske nærleik til EU og forskjellen i toll- og avgiftssatsar utgjer òg ein risiko innan vareførsel. EU er Noregs største handelspartnar, og EU-statane har høgare toll enn Noreg på ei rekkje varer. Som ei følgje av EØS-avtalen nyt norske varer godt av enten fritak frå toll eller lågare toll. Ved fleire høve er det avdekt at Noreg vert forsøkt nytta som kvitvaskingsland for varer frå land som har høg tollsats inn til EU. Varene vert fyrst førte inn til Noreg og deretter førte til EU med feil opphav eller, i nokre høve, smugla inn i EU. Etaten vil difor fortsetje det tette samarbeidet med EU for å motverke at Noreg ulovleg vert nytta som transittland.

Kontrollen med vareførselen skal utviklast vidare. Etaten skal betre metodane på utvalde risikoområde innanfor deklarasjonskontrollen. Røynsler frå kontrollresultat skal brukast meir systematisk, og ein skal nytte informasjon frå eigne og eksterne kjelder betre.

Etaten skal framleis samarbeide med andre etatar som Skatteetaten, politiet, Økokrim og Fiskeridirektoratet. Samarbeidet omfattar utveksling av informasjon og sams kontrollar. Etter flyttinga av oppgåver frå Tolletaten til Skatteetaten vil samarbeidet mellom desse to etatane verte tettare og meir strukturert for å motverke skatte- og avgiftsunndraging. Etaten skal framleis vere ein aktiv deltakar i Fiskeriforvaltninga sitt analysenettverk (FFA), som arbeider mot ulovleg, ikkje-rapportert og uregulert fiske.

Samarbeid med Skatteetaten – overførte oppgåver

Ansvaret for forvaltinga av meirverdiavgift ved innførsel og særavgifter for ikkje-registrerte avgiftspliktige skal overførast frå Tolletaten til Skatteetaten 1. januar 2017. Sjå omtale i Prop. 1 S (2015–2016) Finansdepartementet, del I kap. 2.2 om overføringa av oppgåver til Skatteetaten.

Tolletaten skal framleis ha forvaltinga av tollbehandling og andre prosedyrar ved inn- og utførsel av varer. Forvaltinga omfattar deklarasjonskontroll, etterkontroll og behandling av saker som gjeld deklarering av varer. Tolletaten skal òg på vegner av Skatteetaten ha nokre oppgåver som avgiftsmyndigheit, knytte til meirverdiavgift og særavgifter frå ikkje-registrerte avgiftspliktige ved innførsel.

Etaten skal i 2017 fortsetje samarbeidet med Skatteetaten fram mot driftssetjing av Skatteetatens nye særavgiftssystem (SAFIR) 1. januar 2018, og vil òg etter dette levere vktig informasjon til SAFIR-systemet.

Utvikling av inn- og utførselsprosessar

I 2016 har etaten fortsett arbeidet med ulike prosjekt som skal føre til at kontroll- og vareførselsprosessane vert enklare og meir effektive. Tolletaten arbeider mellom anna med prosjektet «Ekspressfortolling på landevei», som skal gjere det mogleg å behandle deklarasjonane og vurdere risiko før varene kjem over grensa. I tillegg vil ein leggje til rette for elektronisk registrering og frigjeving av varer ved grensepassering. Formålet er å gjere det enklare for næringslivet ved at ein kan passere grensa raskare, og at varer vert stilt til rådevelde for mottakar ved passering av grensa. Ordninga skal òg leggje til rette for at Tolletaten kan gjere betre og meir målretta kontrollar. Tolletaten vil gjennomføre eit forsøksprosjekt med ekspressfortolling ved ein tollstad, og deretter vurdere om det er aktuelt å innføre ordninga i større skala.

Tollbehandlinga skal i størst mogleg grad vere tilpassa internasjonale standardar. Endringar i prosedyrane må mellom anna vere i samsvar med internasjonalt regelverk, folkerettslege forpliktingar og praksis i andre land.

Etaten har òg utvikla ein «Toll-applikasjon», «Kvoteappen» som reisande kan bruke mellom anna for å finne den toll- og avgiftsfrie kvota, i tillegg til å fortolle alkohol og tobakksvarer utover kvota. Toll-applikasjonen vart tilgjengeleg for publikum i juni 2016.

Internasjonalt samarbeid

Oppgåvene til Tolletaten vert meir og meir prega av den internasjonale utviklinga: rask teknologisk utvikling, meir effektive internasjonale handelsprosessar og eit meir komplisert og utfordrande trugselbilete. Etaten må difor prioritere oppgåvene sine etter det.

Størstedelen av norsk handel med utlandet er med andre europeiske land. Difor er det viktig at regelverk, prosedyrar og kontrollmetodar er godt avstemde med dei europeiske handelspartnarane våre. Etaten følgjer med på og freistar å påverke standardane og regelverket som vert utvikla gjennom Verdas handelsorganisasjon (World Trade Organization, WTO), Verdas tollorganisasjon (World Customs Organization, WCO) og gjennom frihandels- og samarbeidsavtalar som Noreg forhandlar om.

Tolletaten hjelper WCO og WTO med tollfagleg ekspertise i ein del utviklingsland, og er leiar av komitéen for kapasitetsbygging i WCO. Etaten gjev òg råd til utviklingsland for å gjere dei betre i stand til å bruke handelsavtalane og dei tollpreferansane som desse avtalane gjev.

Noreg deltek aktivt i frihandelsforhandlingane i regi av EFTA. Tolletaten skal støtte Finansdepartementet og andre departement, særleg Nærings- og fiskeridepartementet og Utanriksdepartementet, i dette arbeidet.

Noreg, EU og Sveits har samordna regelverket for opphav når varer vert innførde frå land i utvikling (GSP-reglane). Frå 2017 vert det sett i verk ei ny ordning der dei som skal føre ut varer til Noreg, EU eller Sveits må registrere seg hos heimlandet sine myndigheiter i EU sitt REX-system.

Noreg har inngått ei rekkje tollsamarbeidsavtalar om gjensidig administrativ støtte. Etaten vurderer kontinuerleg behovet for nye avtalar og gjev tilråding til Finansdepartementet.

Tolldirektoratet vil oppretthalde det aktive kontrollsamarbeidet med Europol, Baltic Sea og Politi-Toll-Norden (PTN), i tillegg til anna nordisk samarbeid for å kjempe mot kriminalitet.

Tolletaten har sambandsmenn (liaisonar) i Malmö, Berlin og Europol for å ivareta utveksling av informasjon og samarbeid. I tillegg har òg etaten ein fast utsending i Brussel som følgjer utviklinga i WCO, EU og andre relevante organisasjonar.

Mål og budsjett 2017

Finansdepartementet har fastsett desse hovudmåla for Tolletaten for 2017:

  • Leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer

  • Beskytte samfunnet mot ulovleg inn- og utførsel av varer

I oppfølginga av etaten tek ein høgd for at det er operasjonelle risikoar som det kan vere for dyrt å gardere seg fullt ut imot. Ein må likevel vere medviten om kor store feil og manglar ein kan tole.

Den underliggjande målstrukturen vert fastsett i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og Tolletaten i samband med utforminga av tildelingsbrevet frå departementet til etaten for 2017. Resultata i 2017 skal jamt over vere minst like gode som resultata i 2015. Departementet forventar ein positiv effekt av styrkinga av grensekontrollen i 2017.

Tolletaten arbeider jamt med å løyse oppgåvene sine betre. Heilt feilfri saksbehandling er likevel eit urealistisk mål. I praksis må etaten vege kvalitet mot effektivitet.

Departementet foreslår å setje utgiftsramma for Tolletaten til 1 598,7 mill. kroner. Dette er 16,9 pst. høgare enn saldert budsjett 2016. Om lag 9,2 prosentpoeng av auken gjeld ny ordning for betaling av premie til Statens pensjonskasse. Hovudgrunn til auken elles er styrkt grensekontroll, herunder òg utvikling av systemstønad for denne kontrollen.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønsutgifter og andre driftsutgifter og er budsjettert til 1 480,3 mill. kroner. Det er ein auke på 14,8 pst. frå Saldert budsjett 2016. Av den nominelle auken med 190,8 mill. kroner gjeld 125,8 mill. kroner nyordninga for premiebetaling til Statens pensjonskasse. Utover løns- og prisregulering kjem det meste av endringa elles av styrking i grensekontrollen, jf. omtale lengre framme under Styrkt grensekontroll. Samstundes ligg det inne krav om administrativ effektivisering.

Tolletaten framleiger ein del lokale. På grunn av den nære samanhengen som det her er mellom utgifter og inntekter, vil nettoføring gje det beste uttrykket for dei økonomiske realitetane. Finansdepartementet ber difor om fullmakt til å nettoføre refusjonane som utgiftsreduksjon under kap. 1610 Tolletaten, post 01 Driftsutgifter, jf. framlegg til romartalsvedtak IX.2.

Finansdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, postane 01 Særskilt vederlag for tolltenester, 04 Ymse refusjonar og 05 Refusjonar frå Avinor AS, jf. nærare omtale nedanfor.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar større vedlikehald, utskiftingar og kjøp av utstyr til grensekontrollen og IT-formål. Posten er budsjettert med 118,4 mill. kroner. Det er ein auke på 51,8 pst. frå saldert budsjett 2016. Ein stor del av løyvinga skal gå til utstyrskjøp i samband med styrkinga av grensekontrollen, mellom anna til montering av system for elektronisk kontroll ved enda fleire grenseovergangar. Det er òg avsett midlar til utvikling av systemstønad til Tolletatens grensekontroll, jf. omtale under Styrkt grensekontroll over.

I samband med visse kjøp og prosjekt kan det vere behov for å bestille for meir enn det som er løyvt. Departementet ber difor om ei bestillingsfullmakt på 40 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak IV.

Kap. 4610 Tolletaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Særskilt vederlag for tolltenester

8 625

6 588

6 700

02

Andre inntekter

2 348

1 694

1 700

03

Refunderte pante- og tinglysingsgebyr

1 443

04

Diverse refusjonar

3 804

2 494

1 100

05

Refusjon frå Avinor AS

16 405

26 826

25 300

11

Gebyr på kredittdeklarasjonar

18 814

85

Gebyr for regelbrot – valutadeklarering

8 504

7 000

7 000

Sum kap. 4610

59 943

44 602

41 800

I samband med overføring av oppgåver til Skatteetaten vart postane 03 Refunderte pante- og tinglysingsgebyr og 11 Gebyr på kredittdeklarasjonar overført til Skatteetaten 1. januar 2016.

Post 01 Særskilt vederlag for tolltenester

Posten omfattar gebyr for privatrekvirert tollbehandling og ekspedisjonsgebyr for utført tollforretning utanfor kontorstad og ekspedisjonstid. For å dekkje dei meirkostnadene som denne behandlinga og ekspederinga fører med seg ved høgare aktivitetsnivå enn det som er føresett, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 01 Særskilt vederlag for tolltenester, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Satsane for privatrekvirert tollbehandling skal i 2017 vere 410 kroner for 50 pst. overtid og 550 kroner for 100 pst. overtid. Ekspedisjonsgebyret skal vere på 205 kroner per påbyrja halvtime. Gebyrheimel er tollova § 4–3 tredje ledd.

Post 02 Andre inntekter

Posten omfattar fleire typar inntekter, som til dømes gebyr for avskilting, inntekter frå auksjonssal av overliggjande inndregne varer, innkravde sakskostnader og agio. Gebyret for avskilting skal i 2017 vere på 915 kroner.

Tolletaten har ein del direkte utgifter i samband med auksjonssal, særleg til kunngjeringar, provisjon til nettauksjonsstaden og til taksering av særskilde varer, til dømes tepper og smykke. Slike utgifter er med på å gje høgare salsinntekter. For å få eit meir korrekt uttrykk for salsresultatet foreslår departementet at slike direkte utgifter kan trekkjast frå brutto salsbeløp (nettoposterast), jf. framlegg til romartalsvedtak IX.1.

Post 04 Diverse refusjonar

Posten vert brukt til inntekter som er ei direkte følgje av og av same slag som den tilsvarande utgifta. Det gjeld mellom anna bestemte prosjekt etter oppdrag og med tilskot frå andre statlege etatar, kompetansetiltak m.m., inntekter frå kursverksemd for næringslivet.

Det er nær samanheng mellom desse inntektene og dei tilhøyrande utgiftene på kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, og inntektene varierer ein del frå år til år. Finansdepartementet ber difor om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 04 Ymse refusjonar, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Post 05 Refusjon frå Avinor AS

Avinor AS skal dekkje Tolletatens meirkostnader i samband med prøveprosjektet Forenkla transfer, Connecting Norway, enklare prosedyrar ved flybytte ved Oslo lufthamn, Gardermoen, jf. omtale lengre framme under Anna arbeid i grensekontrollen. Refusjonar frå Avinor AS skal førast på denne posten. Fordi meirkostnadene og dermed òg refusjonsbeløp er noko usikre, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 05 Refusjon frå Avinor AS, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Post 85 Gebyr for regelbrot – valutadeklarering

Posten omfattar inntekter frå gebyr som vert ilagde ved ulovleg ut- og innførsel av valuta. Valuta og andre betalingsmiddel med ein verdi på meir enn 25 000 kroner skal meldast og leggjast fram for Tolletaten ved inn- og utførsel i samsvar med tollova med forskrifter. Når det er konstatert brot på deklareringsplikta, kan det ileggjast eit gebyr, eventuelt kan tilhøvet meldast til politiet. Gebyret kan utgjere opp til 20 pst. av det ikkje-deklarerte beløpet.

Kap. 1618 Skatteetaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

4 892 504

5 113 954

5 671 800

21

Spesielle driftsutgifter

159 816

185 100

190 300

22

Større IT-prosjekt, kan overførast

325 958

293 600

358 700

23

Spesielle driftsutgifter, a-ordninga

83 100

85 000

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

105 688

107 400

110 100

70

Tilskot

3 000

3 200

3 000

Sum kap. 1618

5 486 966

5 786 354

6 418 900

Samfunnsoppdrag, hovudoppgåver og organisering

Skatteetatens samfunnsoppdrag er uttrykt slik: Skatteetatens verksemd dannar eit finansielt hovudgrunnlag for offentlig verksemd. Skatteetaten skal sjå til at skattar, avgifter og andre krav vert rett fastsette og innbetalte, syte for eit oppdatert folkeregister og yte god service.

Hovudoppgåvene til etaten er å:

  • produsere skattekort til arbeidsgjevarane, skattetrekksmelding og krav om forskotsskatt til skattytarane

  • sikre skatte- og avgiftsprovenyet, mellom anna ved å kontrollere grunnlaget for oppgåvene frå skatte- og avgiftspliktige og tredjepart

  • fastsetje og kontrollere folketrygdavgifter og skatt på formue og inntekt

  • fastsetje, kontrollere og krevje inn meirverdiavgift og særavgifter

  • kontrollere og føre tilsyn med korleis dei kommunale skatteoppkrevjarane krev inn direkte skattar og arbeidsgjevaravgift

  • forvalte Folkeregisteret

  • informere og rettleie publikum

  • krevje inn straffekrav som er utferda av justisstyresmaktene, og avgifter, gebyr og misleghaldne krav for andre statlege verksemder

Skatteetaten består i 2016 av eit sentralt direktorat, fem skatteregionar (Skatt nord, Skatt Midt-Noreg, Skatt vest, Skatt sør og Skatt aust), Statens innkrevjingssentral, Sentralskattekontoret for storbedrifter, Oljeskattekontoret og Skatteopplysninga. Skatteregionane hadde per 31. desember 2015 til saman 107 skattekontoreiningar. Etaten hadde per 31. desember 2015 ei bemanning tilsvarande 6 153 årsverk, inkludert tilsette i løna permisjon, serleg i samband med fødsel.

Skatteetaten har 43 serviceavtalar med andre etatar og 22 avtalar med organisasjonar om samarbeid på ulike område i Noreg. Etaten deltek òg aktivt i internasjonale organ.

I sitt arbeid med ei betre skatte- og avgiftsforvaltning gjennomfører regjeringa endringar i oppgåvefordelinga mellom etatane som handterer skatt, avgift, toll og anna innkrevjing. Frå 1. januar 2015 vart Statens innkrevjingssentral innlemma i Skatteetaten. Oppgåver knytt til innkrevjing av toll, meirverdiavgift ved innførsel og særavgifter vart overførte frå Tolletaten til Skatteetaten frå 1. januar 2016. Frå same tidspunkt vart òg forvaltninga av særavgifter for registrerte verksemder og motorvognavgiftene overført frå Tolletaten til Skatteetaten, og 358 årsverk overførde frå Tolleetaten. Overføring av forvaltninga av særavgifter for ikkje-registrerte avgiftspliktige og meirverdiavgift ved innførsel vert gjennomført frå 1. januar 2017.

Mål og resultat 2015

Resultata til Skatteetaten vert vurdert ut frå fire hovudmål, jf. nedanfor.

Hovudmål 1: Skattane skal fastsetjast rett og til rett tid

I 2015 vart det fastsett 923,4 mrd. kroner i direkte og indirekte skattar på ansvarsområdet til etaten. Det var 23,2 mrd. kroner mindre enn i 2014. Trygdeavgifta og arbeidsgjevaravgifta auka med høvesvis 11,5 og 8,2 mrd. kroner. Meirverdiavgifta auka med til saman 8,1 mrd. kroner frå 2014. Heile auken gjeld meirverdiavgifta på import, som vart fastsett av Tolletaten. Det vart utlikna 90 mill. kroner i arveavgift i 2015. Hovudårsaken til nedgangen i samla proveny er at fastsett petroleumsskatt vart lågare i 2015.

Nærare omtale finst i Prop. 1 LS (2016–2017) Skatter, avgifter og toll 2017.

Likning for inntektsåret 2014

I 2015 behandla Skatteetaten sjølvmeldingar for inntektsåret 2014 frå om lag 3,7 mill. lønstakarar og pensjonistar, 371 000 personleg næringsdrivande og 281 000 etterskotspliktige selskap, jf. tabell 5.8.

Omfattande grunnlagsdata, som vert førehandsutfylte i sjølvmeldinga, gjev høgare kvalitet på meldinga enn om skattytaren sjølv skulle ha fylt ut. Grunnlagsdata er tredjepartsopplysningar som Skatteetaten får frå til dømes bankar, arbeidsgjevarar og offentleg forvaltning. Betre og fleire grunnlagsdata gjer det lettare å fastsetje skattane rett. Skatteetaten brukte over 50 mill. oppgåver med grunnlagsdata til likningsarbeidet i 2015. 99,4 pst. av oppgåvene vart mottekne innan produksjonsstarten for sjølvmeldinga. Det er ei betring på 1,7 prosentpoeng frå 2014. Kvaliteten på grunnlagsdata vert mellom anna målt ved kor stor del dei ikkje identifiserte grunnlagsdataoppgåvene utgjorde. For 2015 var målet til etaten at den skulle vere mindre enn 1,5 pst. Resultatet vart 0,4 pst.

Tabell 5.8 Tal på behandla sjølvmeldingar m.m.

2013

2014

2015

Sjølvmelding lønstakarar og pensjonistar

3 624 500

3 678 000

3 740 000

Sjølvmelding personleg næringsdrivande

373 000

372 000

371 000

Sjølvmelding etterskotspliktige selskap

256 800

269 000

281 000

Grunnlagsdata (løns- og trekkoppgåver, bankoppgåver m.m.)1

58 436 000

66 818 000

97 065 000

1 Talet inkluderer endringsoppgåver. Av dei godkjente oppgåvene for 2015 er om lag 50 mill. brukt i likningsarbeidet.

Produksjonen av sjølvmelding gjekk bra, og kvaliteten på likninga for inntektsåret 2014 var god.

Av lønstakarane og pensjonistane nytta 69,9 pst. seg av ordninga med leveringsfritak i 2015. Det er ei minking på 2,2 prosentpoeng frå 2014. Av dei som leverte sjølvmelding, leverte 85,1 pst. elektronisk i 2015, mot 74,3 pst. i 2014.

Av dei personlege skattytarane som driv næring, leverte 93,6 pst. sjølvmeldinga til rett tid i 2015. I 2014 var prosentdelen 93,0 pst. For upersonlege skattytarar (etterskotspliktige selskap) leverte 89,4 pst. i tide. Skatteetaten gjennomfører fleire tiltak for å auke denne delen.

Av dei næringsdrivande som leverte sjølvmelding, leverte 87,8 pst. elektronisk i 2015, mot 84,6 pst. i 2014. Frå 1. januar 2016 vart pliktig elektronisk levering av sjølvmelding med vedlegg innført for alle typar næringsdrivande.

Skatteetaten gjennomfører ei rekkje tiltak for å bidra til rett kvalitet på skatteoppgjeret, til dømes informasjon, dialog med skattytar, dialog med oppgåvegjevar og kontroll. Målet med dette arbeidet er å auke etterlevinga og å sikre rettane til skattytar.

Likning ved sentralskattekontora

Frå 1. januar 2015 har Sentralskattekontoret for storbedrifter ansvaret for alle konsern med omsetnad over 3 mrd. kroner. Kontoret liknar og kontrollerer dei store konserna, reiarar, norskkontrollerte utanlandske selskap (NOKUS) og utanlandske deltakarlikna selskap (UDSL). Kontoret liknar i tillegg til saman 145 kraftproduserande selskap. Kontoret likna i 2015 om lag 6 300 selskap, ein auke på 1 600 frå 2014. Frå 1. januar 2014 har kontoret òg hatt ansvar for etterkontroll av meirverdiavgift og arbeidsgjevaravgift i verksemder som er i manntalet til kontoret. Sentralskattekontoret for storbedrifter ligg direkte under Skattedirektoratet og har tre kontoreiningar. Kontoret fastsette i 2015 skatt for om lag 26,3 mrd. kroner, ein auke på 3,2 mrd. kroner frå 2014.

Oljeskattekontoret tek seg av skattlegginga av petroleumsverksemda. Kontoret likna 74 selskap i 2015, og fastsett skatt var 139,7 mrd. kroner. Det er ein nedgang på 42,2 mrd. frå 2014.

Sentralskattekontoret for utanlandssaker, som er underlagt Skatt vest, er oppretta for å ta seg av utvalde område innanfor skattlegging av utanlandske selskap og arbeidstakarar med mellombels tilknyting til landet. Kontoret likna 67 100 lønstakarar og sjømenn i 2015. Ved den ordinære likninga for 2014 vart det fastsett 4,1 mrd. kroner i skatt for forskotspliktige. Det var 256 mill. kroner meir enn ved likninga for 2013. Kontoret likna til saman om lag 3 400 forskotspliktige næringsdrivande og 1 100 etterskotspliktige selskap ved ordinær likning i 2015. Fastsett skatt for etterskotspliktige ved ordinær likning for inntektsåret 2014 var 820 mill. kroner. Det er ein auke på 73 mill. kroner frå inntektsåret 2013.

Skatteoppgjeret for inntektsåret 2014

Skatteoppgjeret for inntektsåret 2014 vart klart i juni 2015 for 86,0 pst. av lønstakarane og pensjonistane. Året før var talet 84,1 pst. Auken heng saman med at færre leverte sjølvmeldinga på papir. Personlege næringsdrivande kunne få tidlege skatteoppgjer frå august og utover. 72 pst. av desse fekk skatteoppgjeret alt i august. Etterskotspliktige selskap får alltid skatteoppgjeret i oktober.

I 2015 fekk 19,2 pst. av dei forskotspliktige skattytarane restskatt, mot 16,3 pst. i 2014. Det gjennomsnittlege restskattebeløpet var om lag 23 000 kroner, 2 000 kroner lågare enn i 2014. Talet på skattytarar med beløp til gode var litt lågare enn i 2014. Om lag 3,0 mill. skattytarar (74 pst.) hadde beløp til gode i 2015. Beløp til gode var i gjennomsnitt om lag 12 900 kroner og til saman 39 mrd. kroner. Det er 3,3 mrd. kroner mindre enn i 2014.

Fastsetjing av meirverdiavgift

Ved utgangen av 2015 var det registrert om lag 355 000 verksemder i Meirverdiavgiftsregisteret, og det vart behandla omlag 1,7 mill. omsetnadsoppgåver i 2015. 91,3 pst. av oppgåvene vart leverte til rett tid. Det er ein reduksjon på 0,1 prosentpoeng frå 2014. Om lag 94 pst. av skjønsfastsetjingane skjedde innan 80 dagar. Det er ei betring på om lag 1,4 prosentpoeng frå 2014. Gjennomsnittleg avdekt meirverdiavgift per oppgåvekontroll (26 400 kroner) er litt lågare enn i 2014, men betre enn i 2013.

Dei siste åra har resultata i arbeidet med fastsetjing av meirverdiavgift samla sett vorte betre. Skatteetaten må likevel fortsette arbeidet med å auke kvaliteten på Meirverdiavgiftsregisteret og førebyggje manglande oppgåver, for mange skjønsfastsetjingar og meirverdiavgiftssvindel.

I 2012 vart det innført pliktig elektronisk levering av meirverdioppgåva, med dispensasjonsordning for dei som ikkje kan levere elektronisk. I 2015 vart 99,5 pst. av oppgåvene levert elektronisk, mot 99,2 pst. i 2014.

Kontroll av skattytarar og næringsdrivande

Ein stor del av Skatteetatens kontroll av næringslivet vert utført i samband med den årlege likningsbehandlinga og ved behandlinga av omsetnadsoppgåver. I tillegg gjennomfører Skatteetaten og dei kommunale skatteoppkrevjarane ei rekkje kontrollaktivitetar, mellom anna etterkontrollar (avdekkingskontrollar m.m.).

Skatteetaten har ein etterlevingsmetodikk der ulike kontrolltypar og andre verkemiddel vert vurderte i samanheng med sikte på eit best mogleg resultat og auka etterleving. Etaten arbeider dessutan førebyggjande gjennom målretta informasjon og rettleiing for å oppnå mest mogleg korrekt skatte- og avgiftsberekning. Etaten skal informere om resultata av kontrollane slik at opplevd fare for å verte oppdaga aukar.

Skatteetaten legg vekt på å kontrollere mest på dei områda der faren for medvitne feil og unndraging er størst. Sjølv om treffprosenten for avdekkingskontrollar i 2015 (66,4 pst.) er lågare enn i 2014, har kontrollutveljinga likevel ført til avdekking av store, samansette saker med medvitne skatte- og avgiftsunndragingar. Gjennomsnittleg avdekt inntekt per avdekkingskontroll (187 687 kroner) er noko mindre enn i 2014, medan gjennomsnittleg avdekt meirverdiavgift per avdekkingskontroll (98 090 kroner) syner ein auke.

Med god samansetjing av kontrollane skal etaten dekkje både dei store, tunge sakene og dei meir typiske kontrollaksjonane der synleggjering av kontrollarbeidet er eit av måla. Skatteetaten måler mellom anna korleis kontrollarbeidet kan påverke opplevd oppdagingsrisiko hos eit utval verksemder. Opplevd oppdagingsrisiko har mykje å seie for kor mykje skattar og avgifter som vert unndrege. Delen som opplever liten eller svært liten oppdagingsrisiko, var på 22 pst. i 2015. Det er på nivå med målingane i 2012 og 2013, og ein reduksjon samanlikna med 2014. I 2015 er delen som meiner risikoen er stor eller svært stor på 70 pst. Denne andelen er uendra frå 2014.

Sjå elles omtale nedanfor av arbeidet etaten gjer for å motverke skattekriminalitet.

Kontroll av arbeidsgjevarar

Dei kommunale skatteoppkrevjarane kontrollerar arbeidsgjevarane. Formålet med kontrollane er å sjå til at forskottstrekk og arbeidsgjevaravgift vert rekna ut, oppbevart, innrapportert og innbetalt i samsvar med dei føresegna som gjeld. Sidan likning av lønnstakarar òg baserar seg på innsende a-meldingsopplysningar frå arbeidsgjevarane, er kontrollen særs viktig for å få korrekt skattegrunnlag. I 2015 vart 4,6 pst. av arbeidsgjevarane kontrollerte mot 4,9 pst. i 2014. Personallistekontrollar, som er forholdsvis enkle, utgjorde 3 500 av totalt 9 700 arbeidsgjevarkontrollar. Delen som er avdekkingskontrollar var låg (35,9 pst.), samanlikna med 2014 (42,7 pst.). Departementet er ikkje nøgd med denne utviklinga og har i tildelingsbrevet for 2016 gjeve føringar om at Skatteetaten skal styrkje den faglege styringa og oppfølginga av skatteoppkrevjarfunksjonen.

Hovudmål 2: Skattane skal betalast til rett tid

Innkrevjing av inntekts- og formuesskatt og avgifter til folketrygda (trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift) er lagt til dei kommunale skatteoppkrevjarane, med Skatteetaten som fagleg overordna styresmakt. Skatteetaten er eineansvarleg for innkrevjing av innanlands meirverdiavgift og petroleumsskatt. Skatteetaten har òg ansvar for innkrevjinga som gjeld kommune 2312 (utanlandske selskap og arbeidstakarar utlikna ved Sentralskattekontoret for utanlandssaker). Gjennom Statens innkrevjingssentral krev etaten dessutan inn straffekrav og avgifter, gebyr og misleghaldne krav på vegner av andre styresmakter.

Innkrevjing av skatt og arbeidsgjevaravgift

Per 31. desember 2015 utgjorde samla innbetalingar i forskotsordninga 99,9 pst. av dei fastsette krava for inntektsåret 2014, jf. tabell 5.9. Forskotsordninga er summen av forskotstrekk og forskotsskatt for personar. Såkalla frivillige innbetalingar utgjer 99,4 pst. av forskotsordninga. Innbetalinga av restskatt frå personar for inntektsåret 2013 var litt betre enn for inntektsåret 2012. Tvangsinnkravd restskatt for personlege skattytarar av sum krav til innkrevjing var 62,3 pst. Dette er ein nedgang på 2,3 prosentpoeng frå 2014. Differansen mellom resultata for tvangsinnkrevjing av restskatt og Skatteetatens si tvangsinnkrevjing av meirverdiavgift har auka jamt sidan 2012. Sjølv om noko av resultatnedgangen for tvangsinnkrevjing av restkatt i 2015 truleg er ein konsekvens av auka frivillig innbetaling, er ikkje departementet nøgd med denne utviklinga. Det er viktig at resultatutviklinga for skatteoppkrevjarane si tvangsinnfordring vert betre. Departementet har difor i tildelingsbrevet for 2016 gjeve føringar om at Skatteetaten skal styrkje den faglege styringa og oppfølginga av skatteoppkrevjarfunksjonen.

Tabell 5.9 Skatt og arbeidsgjevaravgift for inntektsåra 2012–20141

(mill. kroner)

Inntektsår2

2012

2013

2014

Forskotstrekk3

Sum krav

382 665

407 957

417 228

Innbetalt

99,9 pst.

99,9 pst.

99,9 pst.

Ikkje innbetalt

218

231

229

Forskotsskatt (personar)3

Sum krav

31 136

32 329

32 452

Innbetalt

99,2 pst.

99,2 pst.

99,2 pst.

Ikkje innbetalt

258

258

253

Forskotsskatt (upersonlege skattytarar)3

Sum krav

54 239

57 654

54 992

Innbetalt

99,9 pst.

99,9 pst.

99,9 pst.

Ikkje innbetalt

37

39

35

Restskatt (upersonlege skattytarar)4

Sum krav

20 039

18 691

Innbetalt

97,5 pst.

98,7 pst.

Ikkje innbetalt

496

250

Restskatt (personar)4

Sum krav

16 494

16 820

Innbetalt

94,1 pst.

94,3 pst.

Ikkje innbetalt

977

963

Arbeidsgjevaravgift3

Sum krav

140 438

147 948

156 152

Innbetalt

99,8 pst.

99,8 pst.

99,8 pst.

Ikkje innbetalt

252

265

262

1 Rapporteringsmåten er endra samanlikna med Prop. 1 S (2014–2015). Dette gjeld òg tala for 2012.

2 Inntektsåret kjem eitt år før likningsåret.

3 Målt per 31. desember – 1 år etter inntektsåret.

4 Målt per 31. desember – 2 år etter inntektsåret.

Innkrevjing av meirverdiavgift

Per 31. desember 2015 var 99,4 pst. av meirverdiavgifta som var fastsett for avgiftsåret 2014, innbetalt. Resultatet var det same året før, jf. tabell 5.10. Resultatet for tvangsinnkrevjing (75,7 pst.) var 0,4 prosentpoeng betre enn året før. Det har vore ei jamn resultatforbetring for tvangsinnkrevjing av meirverdiavgift dei tre siste åra.

Tabell 5.10 Meirverdiavgift for avgiftsåra 2012–2014

(mill. kroner)

Avgiftsår

2012

2013

2014

Sum krav1

218 476

231 074

240 696

Innbetalt1

99,4 pst.

99,4 pst.

99,4 pst

Aktiv restanse2

441

402

334

1 Målt per 31. desember – 1 år etter avgiftsåret.

2 Med aktiv restanse er meint restanse unnteke krav i konkursbu, utsette krav og krav knytte til gjeldsforhandlingar. Restansen gjeld berre avgiftsåret.

Samla restanse – skatt og meirverdiavgift

Samla akkumulert restanse var 26,9 mrd. kroner per 31. desember 2015, om lag 1,3 mrd. kroner mindre enn året før, jf. tabell 5.11.

Tabell 5.11 Skatteetaten – samla restanse

(mill. kroner)

2013

2014

2015

Skatt og arbeidsgjevaravgift

23 789

21 927

21 244

Meirverdiavgift1

5 890

5 876

5 349

Arveavgift

477

430

333

Samla restanse

30 156

28 234

26 926

1 Omfattar ikkje innførselsmeirverdiavgift som er fastsett av Tolletaten, eller krav på tilbakebetaling av meirverdiavgift.

Statens innkrevjingssentral

Innkrevjingsresultata for Statens innkrevjingssentral er jamt over gode, men nokre resultat er dårlegare enn i 2014. For avgifter og gebyr er delane som er innbetalte, høgare enn for 2014 og 2013. Innbetalingsprosenten for permanent overførte studielån er litt lågare enn for 2014. Ein av årsakene til dette er truleg innføring av rente ved forseinka betaling, noko som gir ein monaleg auke av beløp til innkrevjing.

For bøter og andre straffekrav er det ein resultatnedgang. Hovudårsaka er dreiinga i portefølja frå små, enkle krav til tyngre krav. Det er ei minking i utlikninga av forenkla førelegg og ein auke i utlikning av erstatningar og inndragingar, som ofte er store krav det tek lang tid å krevje inn.

Delen feilfri saksbehandling i tvangsinnkrevjinga og anna innfordring ligg på eit stabilt høgt nivå.

Kontrollen av skatterekneskapen

Kontroll av skatterekneskapen vert utført av regionale kontrolleiningar ved skattekontora. I 2015 vart det gjennomført stadleg kontroll av 83 pst. av skatteoppkrevjarkontora. Dette er ein auke frå 2014 (80 pst.).

Hovudmål 3: Folkeregisteret skal ha høg kvalitet

I 2015 vart det registrert om lag 223 000 nye personar i Folkeregisteret. Av desse er 61 000 fødde i Noreg, 67 000 er innvandra og 95 000 fekk d-nummer.

Eit oppdatert folkeregister er avgjerande for ei rekkje sentrale samfunnsfunksjonar. Eit godt folkeregister føreset at Skatteetaten får inn korrekte opplysningar frå borgarane og andre instansar, og at endringar vert melde raskt. Skatteetaten nådde i 2015 resultatmåla sine for meldingsbehandling og saksbehandlingstider med unntak av tildeling av d-nummer.

Registrering i det norske Folkeregisteret er attraktivt for mange, og det er ein fare for at nokon skal tileigne seg fødsels- eller d-nummer på feil grunnlag. Ein god identitetskontroll ved melding om innvandring og rekvirering av d-nummer er difor viktig. Mange av d-nummera er gjevne utan god kontroll av identiteten. Sjå òg eigen omtale av identitetsforvaltning og modernisering av Folkeregisteret under.

Hovudmål 4: Brukarane skal få god service

Skatteetaten legg stor vekt på å yte god service og gje god informasjon til dei skattepliktige, mellom anna for å sikre høg tillit til skattesystemet og etaten. Etaten har i det siste sett i verk tiltak for å auke den digitale kompetansen til rettleiarane og styrkt rettleiinga mot dei digitale sjølvbeteningsløysningane. Målet er at flest mogleg vert sjølvhjelpne på skatteetaten.no.

Brukargranskingar

På oppdrag frå Skatteetaten gjennomfører eksterne meiningsmålingsbyrå jamleg brukargranskingar blant privatpersonar og i næringslivet. Ei brukargransking frå 2015 syner at publikum stort sett er nøgd med servicen frå Skatteopplysninga. 80 pst. er nøgd med telefonsamtalen brukaren hadde med Skatteopplysninga. 71 pst. av skattytarane som har hatt kontakt med Skatteetaten, meiner servicen frå etaten er god.

Statens innkrevjingssentral har òg undersøkt kor nøgde brukarane er. Resultatet syner at brukarane er godt nøgde, med ein skår på 5,3 i snitt der 6 er høgaste skår. I tillegg retta Statens innkrevjingssentral ei undersøking mot oppdragsgjevarane sine. Undersøkinga syner at 93 pst. av oppdragsgjeverane er nøgde med innkrevjinga som sentralen utfører for dei.

Fyrstelinetenesta

Skatteopplysninga fekk i 2015 om lag 1,86 mill. oppringingar, om lag same tal som året før. Frå 2014 til 2015 gjekk gjennomsnittleg ventetid opp frå 4 til 6 minutt. Svarprosenten i 2015 var 82 pst., mot 84 pst. i 2014. Skattopplysninga hadde i 2013 og 2014 ein nedgang i trafikken, men denne utviklinga har ikkje fortsatt i 2015. Årsaka til dette er innføringa av digitalt fyrsteval, som førte til at mange skattytarar kontakta Skatteopplysninga med praktiske spørsmål om den nye ordninga. Dette er vanleg ved større endringar av system og regelverk. Dessutan er ring-attende-tilbodet populært.

Skatteetaten gjorde i 2015 ei intern kvalitetsgransking av kvaliteten på svara i Skatteopplysninga. Undersøkinga syner at Skatteopplysninga svarar rett på gjennomsnittleg 91,3 pst. av spørsmål om skatt, folkeregister og meirverdeavgift. Dette er ein betring på 4,8 prosentpoeng sidan førre undersøking i 2013, men framleis noko lågare enn målet til etaten. Etaten har sett i verk fleire tiltak for å betre kvaliteten i fyrstelinetenesta.

Statens innkrevjingssentral svarte på til saman 273 000 førespurnader i 2015, ein reduksjon på 11,5 pst. frå 2014.

Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar

Skatteetaten samarbeider med politiet, Utlendingsdirektoratet og Arbeidstilsynet om servicesenter som er etablert i Oslo, Stavanger, Kirkenes og Bergen. Hausten 2016 opnar eit nytt senter i Trondheim. Ved servicesentra kan både arbeidstakarar frå land utanfor Norden og arbeidsgjevarar få rettleiing og behandling av søknader. Nordiske borgarar må vitje dei ordinære kontora til Skatteetaten, politiet, Utlendingsdirektoratet og Arbeidstilsynet. I 2015 vitja om lag 118 000 brukarar servicesentra, mot om lag 111 000 i 2014.

Skattehjelpa

Skattytarane har rett til informasjon og rettleiing, men behovet for slik hjelp varierer. Skattehjelpa er eit tiltak som er retta mot skattytarar som av ulike årsaker ikkje har vore i stand til å oppfylle sine plikter og ta vare på rettane sine overfor skattestyresmaktene. Tiltaket bidreg dermed til rettstryggleik for skattytarane.

I 2015 vurderte Skattehjelpa 1 167 saker. Om lag 40 pst. av sakene førte til endra fastsetjing eller at krav vart ettergitt. Endringa i inntekt i favør av skattytarane var til saman på om lag 110 mill. kroner og om lag 10 mill. kroner i nedsett meirverdiavgift, medan endring i disfavør av skattytarane var høvesvis 5,7 mill. kroner i inntekt og 140 000 kroner i meirverdiavgift. At endringane er størst i favør av skattytarane heng saman med at dei opprinnelege krava i desse sakene ofte er basert på skjønsfastsette krav som følgje av manglande eigendeklarering. Når Skattehjelpa har fått avklart den reelle situasjonen, viser det seg ofte at grunnlaget for skatt og meirverdiavgift er lågare enn det som vart lagt til grunn i skjønsfastsetjinga.

Skattehjelpa vart evaluert i 2014. Evalueringa syner at Skattehjelpa har ein viktig funksjon for personar som er komne i ein vanskeleg situasjon. I 2015 vart det avgjort at ordninga bør halde fram, og det er utarbeidd nytt mandat og reviderte rutinar for ordninga.

Behandling av klager på skatte- og arveavgiftsvedtak

Høve til å klage på skatte- og avgiftsvedtak er ein viktig del av rettstryggleiken til skattytarane. Tabell 5.12 syner talet på klagesaker som er behandla ved skattekontora og i nemndene.

Talet på klager som vart behandla ved skattekontora i 2015, minka med om lag 4 000 frå 2014. I 2015 vart om lag 91,1 pst. av klagene på likningsbehandlinga behandla innan 3 månader etter at klaga vart motteken. Dette er noko betre enn i 2014. Skatteklagenemndene behandla 75 pst. av sakene innan 8 månader i 2015 – det òg var betre enn i 2014. Talet på saker som vart behandla i nemndene i 2015, er noko mindre enn i 2014.

85,4 pst. av sakene som var behandla i Klagenemnda for meirverdiavgift var behandla innan 6 månader. Dette er ein nedgang frå 87,1 pst. i 2014.

Det er i 2016 etablert ei ny landsdekkjande klagenemnd for skatt og meirverdiavgift som erstatta dei fem regionale skatteklagenemndene, skatteklagenemnda ved Sentralskattekontoret for storbedrifter, skatteklagenemnda ved Sentralskattekontoret for utanlandssaker, Klagenemnda for meirverdiavgift og Riksskattenemnda. Den nye Skatteklagenemnda tok til å behandle saker frå 1. juli 2016. Eit eige landsdekkjande sekretariat, som er lokalisert i Stavanger, førebur sakene for nemnda.

Tabell 5.12 Tal på behandla klager på skattevedtak

2013

2014

2015

Behandla av skattekontoret sjølv i 1. instans

81 960

75 546

71 716

Behandla i dei regionale skatteklagenemndene

3 722

3 909

3 143

Behandla i Riksskattenemnda

5

7

6

Behandla i Klagenemnda for petroleumsskatt

20

25

23

Behandla i Klagenemnda for meirverdiavgift

390

369

322

Samla resultatvurdering

Finansdepartementet vurderer resultata til Skatteetaten for 2015 som gode sett under eitt.

Departementet er stort sett nøgd med resultata på fastsetjingsområdet. Etaten har gode resultat for kvalitet på grunnlagsdata, noko som mellom anna har si årsak i etablering av nye og meir omfattande grunnlagsdataordningar. Dei store produksjonane er gjennomførte til rett tid og med god kvalitet. Skatteetaten må fortsetje arbeidet med å betre resultata på meirverdiavgiftsområdet.

Finansdepartementet er stort sett nøgd med resultata til etaten på kontrollområdet. Gjennomsnittleg avdekt meirverdiavgift per oppgåvekontroll er litt lågare enn i 2014, men betre enn i 2013. Gjennomsnittleg avdekt inntekt per avdekkingskontroll er noko mindre enn i 2014, medan gjennomsnittleg avdekt meirverdiavgift per avdekkingskontroll syner ein auke. Etaten sitt kontrollarbeid må òg sjåast i samanheng med andre verkemiddel som skal bidra til etterleving av skatte- og avgiftsreglane, eksempelvis tiltak i arbeidet mot arbeidslivskriminalitet. Departementet er ikkje nøgd med at dei kommunale skatteoppkrevjarane i 2015 kontrollerte ein lågare del av arbeidsgjevarane enn i 2014 og at delen som er avdekkingskontrollar er låg.

Resultata på innkrevjingsområdet er gode og på same nivå som i 2014 eller betre for dei fleste styringsparametrane. Departementet er nøgd med Skatteetatens gode resultat for tvangsinnkrevjing av meirverdiavgift, men registrerer at skatteoppkrevjarane sine resultat på tvangsinnkrevjing av restskatt framleis har ei negativ utvikling. Departementet er nøgd med resultata for saksbehandlingstider på folkeregisterområdet.

Brukargranskingar syner at publikum gjennomgåande er godt nøgd med rettleiinga frå Skatteopplysninga, og at skattytarane er nøgde med servicen til etaten. Skatteetaten må likevel følgje opp at den faglege kvaliteten i fyrstelinetenesta er god.

Sentrale utfordringar og tiltak

Overføring av oppgåver til Skatteetaten

Regjeringa har sett i verk fleire tiltak for ei meir heilskapleg og effektiv skatte- og avgiftsforvaltning.

Frå 1. januar 2016 har Skatteetaten teke over oppgåver knytt til innkrevjing av toll, meirverdiavgift ved innførsel og særavgifter frå Tolletaten, jf. omtale i Prop. 120 LS (2014–2015) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivninga. Frå same tidspunkt vart òg forvaltninga av særavgifter for registrerte verksemder og motorvognavgiftene overført frå Tolletaten til Skatteetaten. Overføring av forvaltninga av særavgifter for ikkje-registrerte avgiftspliktige og for meirverdiavgift ved innførsel er planlagt gjennomført frå 1. januar 2017. Dermed vert både innsending og betaling av meirverdiavgifta ved innførsel ein del av det innanlandske meirverdisystemet (utsett avrekning).

Organiseringa av Skatteetaten

Som eit ledd i arbeidet med ei betre og meir effektiv skatte- og avgiftsforvaltning fekk Skattedirektoratet i oppdrag å greie ut ny kontorstruktur for etaten, jf. Prop. 1 S (2014–2015) og Prop. 1 S (2015–2016) for Finansdepartementet.

Hovudgrunngjevinga for å gjere endringar i Skatteetatens kontorstruktur er å leggje til rette for at Skatteetaten kan møte sentrale utfordringar for etaten på ein god og effektiv måte. Digitalisering av etatens tenester, mellom anna sjølvmeldinga, har minka behovet for personleg oppmøte ved skattekontora. Talet på besøk til skattekontora over skranke har gått monaleg ned dei seinaste åra, frå om lag 1,4 mill. besøk i 2012 til om lag 750 000 besøk i 2015. Av etaten sine 107 kontoreiningar, hadde 48 kontor færre enn 15 besøk i gjennomsnitt per dag i 2015. Store delar av oppgåveløysing i etaten er uavhengig av geografi.

Skatteetaten bør vere organisert slik at etaten er godt rusta til å møte store og langsiktige utfordringar knytt til økonomisk kriminalitet, arbeidsmarknadskriminalitet, identitetsforvaltning og risiko for utholing av skattefundamentet i ein globalisert og digitalisert økonomi. Dette inneber at Skatteetaten bør disponere ressursane sine på ein annan måte enn i dag og med færre, større og meir fleksible fagmiljø. Med dagens kontorstruktur er kompetansen i etaten i for stor grad spreidd på mange og til dels små miljø.

Skattedirektoratet anbefaler i sitt framlegg til ny kontorstruktur at talet på kontor vert redusert frå 107 til 57 einingar. I forslaget er det lagt vekt på at Skatteetaten bør vere lokalisert i områder med høg næringsaktivitet og gode moglegheiter for å byggje opp sterke fagmiljø. Samtidig er det lagt vekt på effektiv ressursbruk og ei god regional fordeling av arbeidsplassane.

Finansdepartementet har gjeve Skattedirektoratet fullmakt til å gjennomføre framleggjet til ny kontorstruktur, men med ei føring om at òg kontoreiningane i Gjøvik, Sandefjord, Askim og Otta vert vidareførte. Den nye kontorstrukturen vert innført gradvis frå 2017 til 2019.

Figur 5.2 Ny kontorstruktur i Skatteetaten

Figur 5.2 Ny kontorstruktur i Skatteetaten

Den nye kontorstrukturen vil samla sett gje monaleg betre slagkraft i Skatteetatens oppgåveløysing på prioriterte område samtidig som større og meir berekraftige fagmiljø vil gje meir likebehandling og rettstryggleik for skattytarane. Oppfølginga av næringslivet og samarbeidet med andre etatar vil verte enklare og meir effektivt. Digitaliseringa av Skatteetatens tenester gjer at brukarane vil få eit godt tenestetilbod òg med færre kontoreiningar. Skatteetaten vil halde fram med og vidareutvikle tilpassa informasjon og oppsøkjande tenester for brukargrupper med særskilde behov. Etaten vil utføre ID-kontroll ved like mange kontor som i dag.

Ny kontorstruktur vil i liten grad gje endringar i fordelinga av arbeidsplassar mellom landsdeler og fylke. Færre og større kontor legg godt til rette for at etaten seinare kan flytte oppgåver og etablere meir spesialiserte fagmiljø, òg utanfor dei store byane.

Fullmakta er ikkje til hinder for at Skatteetaten seinare kan gjere framlegg om tilpassingar i kontorstrukturen om dette vert vurdert som føremålstenleg. Slike endringar vil i så fall verte lagde fram for Finansdepartementet for godkjenning i tråd med gjeldande praksis.

Parallelt med utgreiinga av ny kontorstruktur har departementet gjeve Skattedirektoratet i oppdrag å vurdere om den overordna organiseringa av etaten er føremålstenleg og eventuelt gjere framlegg om endringar. Ein viktig del av dette oppdraget er å vurdere potensialet for meir effektiv oppgåveløysing ved mellom anna auka spesialisering og arbeidsdeling, standardisering av arbeidsprosessar og meir heilskapleg bruk av verkemiddel. Skattedirektoratet skal levere si vurdering i fyrste halvår 2017.

Tiltak mot skatte- og avgiftsunndraging

Skatte- og avgiftsunndragingar er økonomisk kriminalitet som råkar fellesskapen og svekkjer både grunnlaget for velferdsstaten og den allmenne lojaliteten til skattesystemet. Sakene som Skatteetaten arbeider med, vert stadig større og meir innfløkte. Dette har samanheng med kompliserte selskapsstrukturar, auka aktivitet over landegrensene, arbeidsinnvandring, fleirnasjonale konsern, nettenester, meir avanserte svindelmetodar og bruk av spesialtilpassa teknologi. Skatte- og avgiftsunndragingane vert difor vanskelegare å spore, avdekkje og hindre.

Ein del av skatte- og avgiftskriminaliteten inngår i ei meir omfattande og organisert kriminell verksemd. Internasjonalt aukar svindel med utbetalingsordningar. Det er òg i Noreg avdekt tilfelle av svindel med til dømes skattefunnordninga, kjeldeskatt og meirverdiavgift. Eit anna risikoområde er arbeidslivskriminalitet og spesielt svart omsetnad, svart arbeid og fiktiv fakturering i organiserte nettverk.

Arbeidslivskriminaliteten råkar ansvarsområda til fleire etatar. Tilnærminga må difor vere samordna. Skatteetaten er ein viktig part i regjeringas «Strategi mot arbeidslivskriminalitet» og har saman med Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten og politiet utarbeid ein sams tverrfaglig handlingsplan for styrkt innsats mot arbeidslivskriminalitet. Det er òg etablert tverretatlege einingar i Oslo, Stavanger, Bergen, Kristiansand og Trondheim der skatteoppkrevjarane og dei same etatane arbeider saman mot slik kriminalitet. I tillegg er det etablert eit nasjonalt tverretatleg analyse- og etterretningssenter mot økonomisk kriminalitet.

Skatteetaten arbeider med å redusere arbeidslivskriminalitet ved både å avdekkje og innfordre unndratte skattar og avgifter og ved å melde kriminelle bakmenn. I tillegg vert seriøse aktørar involvert for å redusere handlingsrommet til dei useriøse og for å setje innkjøpar og forbrukar i stand til å handle kvitt. Skatteetaten samarbeider med ei rekkje arbeidslivs- og bransjeorganisasjonar, mellom anna gjennom alliansen «Samarbeid mot svart økonomi». Samarbeidet held fram i 2017.

Det er òg viktig at Skatteetaten melder alvorleg skatte- og avgiftskriminalitet til politiet og at politiet behandlar sakene i straffesporet. For å sikre betre oppfølging av saker som Skatteetaten melder til politiet, har Skatteetaten ei landsdekkjande ordning med revisorar som hjelper politiet i slike saker. Det operative samarbeidet med politiet bør utviklast vidare.

Kunnskap om aktørar og trugselbiletet er viktig i arbeidet mot skatte- og avgiftsunndraging. Skatteetaten vurderer derfor om dagens regler i tilstrekkelig grad gjer det mogleg for etaten å innhente, behandle og dele opplysningar.

Internasjonalt arbeid for å tryggje skattegrunnlaget

Skatte- og avgiftsunndragingane vert vanskelegare å spore, avdekkje og hindre. Kontrollar har synt at stadig fleire unndragingar er knytte til utlandet. Skatteetaten legg difor stor vekt på samarbeid med andre skatteadministrasjonar.

Eit viktig bidrag i det internasjonale samarbeidet vil vere å innføre krava til internprisingdokumentasjon i norsk lovgiving (local file, master file og land-for-land-rapportering) i samsvar med tilrådingane i Action 14 i G20/OECDs «Base Erosion and Profit Shifting» (BEPS). Skatteetaten arbeider både med å følgje opp og ta i bruk BEPS Action 5 om utveksling med andre land av bindande førehandsavgjerder på enkelte område innan skattelovgivinga og BEPS Action 14 om effektiv tvisteløysing.

Internasjonale transaksjonar inneber ein risiko for skattefundamentet, særleg ved skjulte økonomiske interesser i utlandet og ved internprising i multinasjonale konsern. Skatteflukt ved grenseoverskridande, konserninterne transaksjonar har betydeleg provenypotensial. Skatteetaten skal difor prioritere arbeidet med internprising og skjult inntekt og formue i utlandet.

Den internasjonale standarden for automatisk utveksling av finansielle kontoopplysningar («the Common Reporting Standard» (CRS)) er ei standardisert datautveksling av finansopplysningar mellom avtalepartane. Både denne avtalen og avtalen med USA om automatisk utveksling av finansielle opplysningar (FATCA) er viktige verktøy for å oppdage utanlandsk formue og inntekter som er drege unna skattlegging. Skatteetaten og organisasjonane i finansbransjen må samarbeide for at bransjen skal greie å fylle CRS- og FATCA-krava om å identifisere rapporteringspliktige kontoar og å rapportere riktig informasjon.

Avtalane som Noreg inngår om utveksling av opplysningar, vil utvide grunnlaget for eit systematisk arbeid for å avdekkje manglande etterleving. Risikoen for å verte oppdaga aukar. Ein forventar at denne informasjonsutvekslinga vil føre til at skattereglane i større grad vert følgde, at nye unndragingar vert forhindra og at fleire gjennom frivillige rettingar melder frå til etaten om inntekt og formue i utlandet som har vore unndratt skattlegging.

Skatteetaten vil fortsetje arbeidet med å utvikle IT-løysingar og prosessar som effektivt kan nytte denne informasjonen. Etaten må òg etablere metodar for å hindre unndragingar via land eller middel som ikkje er knytt til eller omfatta av standarden. Førespurnader om bistand frå utlandet skal nyttast aktivt for å få ytterlegare opplysningar i dei einskilde sakene.

Betre identitetsforvaltning

Kriminelle nyttar falske identitetar for mellom anna ulovleg arbeidsinnvandring, organisert kriminalitet og til kvitvasking. Det er difor naudsynt å gjere identitetsforvaltninga i Noreg betre for å tryggje samfunnet mot identitetskriminalitet og annan relatert kriminalitet. Personopplysningane i Folkeregisteret vert nytta når andre instansar skal utstede legitimasjonsdokument som pass, bankkort og førarkort. Det kan vere vanskeleg å avdekkje om ein identitet er falsk eller fiktiv når den fyrst er registrert i Folkeregisteret. Med det følgjer risiko for at legitimasjonsdokument vert gjevne på feil grunnlag og at tenester og velferdsgode vert urettmessig fordelt og misbrukt. Skatteetaten arbeider for å gjere synleg i Folkeregisteret på kva grunnlag ein identitet er registrert. Det bør kome fram av registreringa om personen sin identitet er kontrollert eller ikkje. Slik kan brukarar av Folkeregisteret avgjere om identiteten er trygg nok for deira bruk. Skatteetaten skal førebu teknisk, juridisk og administrativ innføring av slik synleggjering. Skatteetaten skal halde fram dialogen med Politidirektoratet, Utlendingsdirektoratet og Datatilsynet med sikte på å hindre at falske eller fiktive identitetar vert registrert i Folkeregisteret. Skatteetaten vil òg rydde i d-nummerbasen og innføre registrering av inaktiv eller aktiv status.

Ein stor del av falske identitetar er knytt til rekvisisjon av d-nummer. Skatteetaten innførte i 2012 obligatorisk oppmøte med id-kontroll for alle d-nummerrekvisisjonar som skjer i samband med søknad om skattekort. Skatteetaten gjer i dag slik id-kontroll 42 stader i landet og har investert i systemløysingar, utstyr og kompetanseheving for å kunne utføre tilstrekkeleg sikker kontroll. Alle rekvirentar av d-nummer har eit sjølvstendig ansvar for å utføre id-kontroll av personar dei rekvirerer d-nummer for, men det er svært ulikt korleis dette vert praktisert. Dette er heller ikkje ei oppgåve dei andre rekvirentane er rusta for, då dei ikkje har investert i systemløysingar, utstyr og kompetanseheving i same grad som Skatteetaten. For å få ein god nok id-kontroll, vil Skatteetaten overta id-kontrollen frå Nav, Helfo, Brønnøysundregistra, bankar med fleire frå 1. januar 2017. Det vil framleis vere rekvirerande verksemd sitt ansvar å avgjere om ein person skal verte id-kontrollert eller ikkje.

Kvaliteten på Meirverdiavgiftsregisteret

Kvaliteten på Meirverdiavgiftsregisteret er svært viktig. Registeret skal berre innehalde reelle verksemder og ha oppdaterte opplysningar. Risikoen for registrering av fiktive firma og falske identitetar er stor. Skatteetaten arbeider aktivt for å auke registerkvaliteten, mellom anna gjennom målretta tiltak mot arbeidslivskriminalitet, endra kontrollkrav ved registrering og kontrollar av om verksemder som søkjer registrering er reelle, og om registrerte verksemder er i drift.

Ny skatteforvaltningslov

Den nye skatteforvaltningslova vart vedteke 27. mai 2016 og trer i kraft 1. januar 2017. Lova samlar og harmoniserer reglane for Skatteetatens fastsetjing av skatter og avgifter. I tillegg til å skape eit enklare og meir oversiktlig regelverk skal den nye lova bidra til å styrkje skattytaranes rettstryggleik.

Uførereforma

I samband med uførereforma gav departementet overgangsreglar for utvalde grupper, jf. omtale i Prop. 1 LS (2014–2015) Skatter, avgifter og toll 2015. Ordninga vart i 2014–2015 innarbeidd i forskotssystemet for 2015 og i likningssystemet i 2016. I slutten av 2016 og i 2017 kjem dei fyrste etteroppgjera som fylgje av uførereforma. Etteroppgjera er resultatet av kontroll, utført av utbetalar av uføreytingane. Utbetalar finn då ut om mottakar har fått for mykje eller for lite utbetalt i uføreytingar. Truleg vil det òg i 2017 verte pågang frå skattytarar som ynskjer informasjon om etteroppgjer og moglege konsekvensar for eiga likning.

Ny systemløysing for avgiftsforvaltninga (SAFIR)

Hovudmålet med SAFIR er at staten får eit nytt, velfungerande IT-system for å forvalte særavgifter når dagens teknologiske plattform i Tolletaten frå 2018 ikkje lenger har ei forsvarleg teknisk støtte. SAFIR-systemet skal handtere fastsetjing og innkrevjing av alle særavgifter og av meirverdiavgift ved innførsel, og dessutan innkrevjing av alle pengestraumar som gjeld import. Fornyinga skal òg gjere det mogleg å utvikle systemet vidare, i tråd med regjeringa sitt mål for ei betre skatte- og avgiftsforvaltning.

Prosjektet legg opp til fleire moglege gevinstar, mellom anna forenklingar av arbeidsprosessar, elektronisk betaling og enklare samhandling med næringsliv og innbyggjarar. I tillegg vil systemet styrkje arbeidet mot svart økonomi gjennom breiare tilfang av informasjon og ei betre analyseplattform. I 2017 skal SAFIR setje i produksjon løysing for mottak av tolldeklarasjonar. SAFIR skal òg setje i produksjon ny løysing for omregistreringsavgifta.

SAFIR-prosjektet har ei samla kostnadsramme på 616,1 mill. kroner, jf. Prop. 119 S (2014–2015) og Innst. 360 S (2014–2015). For 2017 er det sett av 171,3 mill. kroner til prosjektet.

Modernisering av Folkeregisteret

Folkeregisteret gjev oversikt over kven som er busett i Noreg og andre personar som har ei tilknyting til landet. Folkeregisteret skal òg syne kven som har innvandra og utvandra. Ei korrekt oppføring i Folkeregisteret er ein viktig føresetnad for dei rettane og pliktane den einskilde borgar har i samfunnet. Det vert stilt andre krav til innhald og registerkvalitet no enn den gong Folkeregisteret vart oppretta.

Skatteetaten byrja i 2016 arbeidet med modernisering av Folkeregisteret. Moderniseringa er eit viktig tiltak for å oppnå auka digitalisering og effektivisering av offentleg sektor. Moderniseringa skal bidra til at samfunnet betre kan møte utfordringar i samband med aukande migrasjon og identitetskriminalitet. Vidare skal moderniseringa stette krav om meir effektiv saksbehandling og samhandling innanfor offentleg sektor og med private verksemder. Arbeidet inneber utskifting av dagens systemløysing og automatisering av mange prosessar. Eit modernisert folkeregister er òg ein føresetnad for ny personidentifikator, sjå under. Arbeidet vert organisert som eit prosjekt og skal vere ferdig 1. januar 2020. Ein tek sikte på å setje enkeltløysingar i drift i prosjektperioden. Det nye Folkeregisteret skal gje eit godt grunnlag for offentleg og privat tenesteyting, forsking og samfunnsplanlegging. Registeret skal òg bidra til effektiv ressursnytting for brukarane og eit betre personvern.

Kostnadsramma for prosjektet er 548,3 mill. kroner. Det er for 2017 sett av 138,8 mill. kroner til modernisering av Folkeregisteret.

Ny personidentifikator

I 2015 vart Skattedirektoratets utgreiing om konseptval for ny personidentifikator vurdert av ein ekstern kvalitetssikrar. Saka er til behandling i Finansdepartementet.

Modernisering av systema for forskotsutskriving og skatteutrekning (SOFUS)

Skatteetaten starta i 2014 arbeidet med å modernisere prosessen og systema for forskotsutskriving og skatteutrekning. Desse systema er gamle, med høgare fare for feil og auka forvaltningskostnader.

Moderniseringa vil gje laupande skatteberekning og syne skattytarane dei skattemessige følgjene av endring i inntekt, frådrag og formue. Dette vil kunne styrkje rettstryggleiken og dialogen med skattytar både ved berekning av forskot og ved skatteoppgjeret. Moderniseringa av systemløysingane skal tryggje laupande produksjon, betre endringsevna og gje redusert vekst i forvaltningskostnadene.

I november 2016 skal prosjektet setje endeleg modernisert løysing for forskot i produksjon for inntektsåret 2017. Løysinga inneheld mellom anna tenester for endring av skattekort, søknad om frikort og ein skattekalkulator. Løysinga omfattar òg ei modernisering av saksbehandlingssystema for forskot.

Kostnadsramma for prosjektet er 257,1 mill. kroner, jf. Prop. 1 S (2013–2014). Prosjektet vil òg ha nokre aktivitetar i 2018 knytte til skatteutrekning, men dette vil ikkje påverke den samla kostnadsramma. Det er i 2017 sett av 48,6 mill. kroner til arbeidet.

Mål og budsjett 2017

Finansdepartementet har fastsett desse hovudmåla for Skatteetaten for 2017:

  • Skattane skal fastsetjast rett og til rett tid

  • Skattar og andre krav skal betalast til rett tid og innkrevjast effektivt

  • Folkeregisteret skal ha høg kvalitet

  • Brukarane skal få god service

I den praktiske oppfølginga av etaten tek ein høgde for at det er operasjonelle risikoar som kan vere for dyre å gardere seg fullt ut imot. Ein må likevel vere medviten om kor store feil og manglar ein kan tole.

Den underliggjande målstrukturen vert fastsett i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og Skatteetaten i samband med utforminga av tildelingsbrev til etaten for 2017.

Resultata i 2017 skal jamt over vere tilnærma like gode som resultata i 2015, jf. omtalen ovanfor, der det mellom anna går fram kva som er satsingsområde og område som kan betrast.

Skatteetaten arbeider jamt med å løyse oppgåvene sine betre. Heilt feilfri saksbehandling er likevel eit urealistisk mål, og i praksis må etaten vege kvalitet mot effektivitet.

Budsjettramma for Skatteetaten er for 2017 sett til 6 418,9 mill. kroner som er om lag det same som i Saldert budsjett 2016. Av den nominelle auken frå 2016 til 2017 på 632,6 mill. kroner gjeld 547,3 mill. kroner ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse. Korrigert for denne nyordninga vert driftsutgiftene lågare i 2017, medan IT-investeringane aukar.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar mellom anna lønsutgifter, utgifter til opplæring, utgifter til leige og drift av kontorlokale, reiser, kontorutstyr. Posten omfattar òg utgifter til rekneskapsføring, innkrevjing og kontroll av skatt frå oppdrags- og arbeidstakarar som er skattepliktige i Noreg, men som ikkje har tilknyting til nokon kommune. Posten dekkjer dessutan drift og forvalting av IT-systema til etaten, arbeid med utanlandske arbeidstakarar og tiltak mot svart økonomi og skattekriminalitet.

For 2017 er det gjort framlegg om å løyve 5 671,8 mill. kroner under post 01. Dette er ein nominell auke med 10,9 pst. frå 2016. Utan nyordninga for pensjonspremiebetaling ville den nominelle auken ha vore på 0,2 pst. som inneber ein realnedgang. Minkinga kjem særleg av skjerpa krav til effektivisering av drifta. Skattedirektoratet ventar at etaten i 2017 vil ha færre tilsette enn i 2016.

Skatteetaten har nokre inntekter frå sal av tenester til andre statsinstitusjonar og kommunar og ein del andre inntekter. Fordi det er uvisst kor store inntektene vil vere, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1618, post 01 Driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4618, post 03 Andre inntekter, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Skatteetaten har utgifter til tenester for eksterne oppdragsgjevarar. Finansdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1618, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4618, post 02 Andre refusjonar, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Skatteetaten framleiger ein del lokale. På grunn av den nære samanhengen her mellom utgifter og inntekter vil nettoføring gje det beste uttrykket for dei økonomiske realitetane. Finansdepartementet ber difor om fullmakt til å nettoføre refusjonane som utgiftsreduksjon under kap. 1618 Skatteetaten, post 01 Driftsutgifter, jf. framlegg til romartalsvedtak IX.3.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten omfattar utgifter til innkrevjing av meirverdiavgift, særavgifter og petroleumsskatt m.m. for Skatteetaten og etatens del av utgifter som dei kommunale skatteoppkrevjarane har til innkrevjing av arbeidsgjevaravgift, skatt og trygdeavgift. Posten omfattar òg kostnader med tvangsforretning, tinglysing og garantistilling, i tillegg til sakskostnader i rettssaker som gjeld meirverdiavgift og sakskostnadar der Oljeskattekontoret er part. For 2017 er det gjort framlegg om å løyve 190,3 mill. kroner under post 21.

Post 22 Større IT-prosjekt, kan overførast

Posten omfattar løyvingar til arbeid med modernisering av systema for forskotsutskriving og skatteutrekning (SOFUS), ny systemløysing for avgiftsforvaltninga (SAFIR) og modernisering av Folkeregisteret. Prosjekta er nærare omtalte ovanfor. For 2017 er det gjort framlegg om å løyve 358,7 mill. kroner under post 22.

For desse investeringsprosjekta kan det verte bruk for avtalar som går utover budsjettåret. Departementet ber difor om at Skatteetaten får fullmakt til å inngå slike avtalar innanfor dei kostnadsrammene som er gjevne ovanfor, jf. framlegg til romartalsvedtak V.2.

Post 23 Spesielle driftsutgifter, a-ordninga

Etatenes fellesforvaltning tek hand om interessene til dei tre samarbeidande etatane (Skatteetaten, arbeids- og velferdsetaten og Statistisk sentralbyrå) og til dei opplysningspliktige i den vidare forvaltninga og utviklinga av a-ordninga. Etatens fellesforvaltning er ei eiga avdeling i Skattedirektoratet. For 2017 er det gjort framlegg om å løyve 85,0 mill. kroner til forvaltninga av a-ordninga.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar ei avsetning til IT-formål, medrekna utgifter til større IT-utskiftingar i etaten og vedlikehald av programvara til etaten. For 2017 er det gjort framlegg om å løyve 110,1 mill. kroner under post 45.

I samband med visse kjøp og prosjekt kan det vere behov for å bestille for meir enn det som er løyvt. Difor ber departementet om ei tingingsfullmakt på 35 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak IV.

Skatteetaten samarbeider med andre offentlege institusjonar om somme IT-investeringar. Eit døme er utskriftssamarbeidet med arbeids- og velferdsetaten der denne etaten betaler ein del av utgiftene til høgvolumskrivar og konvolutteringsmaskin. Nettoføring vil her gje det beste uttrykket for dei økonomiske realitetane. Finansdepartementet ber difor om fullmakt til å nettoføre slike refusjonar som utgiftsreduksjon under kap. 1618 Skatteetaten, post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, jf. framlegg til romartalsvedtak IX.4.

Post 70 Tilskot

Posten omfattar tilskot til Senter for skatteforsking ved Noregs Handelshøgskule. For 2017 er det gjort framlegg om å løyve 3,0 mill. kroner under post 70.

Kap. 4618 Skatteetaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Refunderte utleggs- og tinglysingsgebyr

58 867

69 000

59 000

02

Andre refusjonar

45 127

43 316

44 300

03

Andre inntekter

36 230

46 310

36 400

05

Gebyr for utleggsforretningar

45 674

44 000

49 000

07

Gebyr for bindande førehandsfråsegner

2 237

2 400

2 400

11

Gebyr på kredittdeklarasjonar

18 362

18 800

85

Misleghaldne lån i Statens lånekasse for utdanning

268 156

240 000

240 000

86

Bøter, inndragingar m.m.

1 291 640

1 311 800

1 471 800

87

Trafikantsanksjonar

67 825

70 000

70 000

88

Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret

277 880

248 000

248 000

89

Gebyr for regelbrot

13 747

4 400

13 000

Sum kap. 4618

2 107 383

2 097 588

2 252 700

Inntektene på kap. 4618, postane 85–86, er jamt over vanskelege å budsjettere. Hovudgrunnen er at krava vert ilagde av andre. Også inntektene på nokre av dei andre postane på kapitlet vert monaleg påverka av forhold utanfor etaten.

Post 01 Refunderte utleggs- og tinglysingsgebyr

Posten omfattar refusjon av gebyr ved utleggsforretningar som vert utførte av dei alminnelege namsmennene, og staten sin del av dei refusjonane som skatteoppkrevjarane får inn frå debitorane, jf. kap. 1618, post 21.

Post 02 Andre refusjonar

Posten omfattar refusjonar for utgifter Skatteetaten har til tenester for oppdragsgjevarane. Det gjeld fyrst og fremst innkrevjing av misleghalden kringkastingsavgift.

Post 03 Andre inntekter

Posten omfattar mellom anna refusjonar for datatenester som er utførte for andre statlege verksemder, gebyr for folkeregisteropplysningar og nokre andre refusjonar. Inntekter frå framleige av lokale og refusjonar frå samarbeidande institusjonar ved somme IT-investeringar er det ynskjeleg å føre netto, jf. nærare omtale under høvesvis post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald.

Post 05 Gebyr for utleggsforretningar

Posten omfattar gebyrinntekter frå utleggsforretningar som Skatteetaten utfører sjølve.

Post 07 Gebyr for bindande førehandsfråsegner

Posten omfattar inntekter frå gebyr for bindande førehandsfråsegner frå Skatteetaten.

Post 11 Gebyr på kredittdeklarasjonar

Ved innførsel er hovudregelen at toll og avgifter skal betalast ved grensepasseringa. Etter tollkredittordninga kan godkjende importørar få kreditt slik at deklarasjonar for ein kalendermånad kan samlast og betalast den 18. i månaden etter. I månader der ein importør har brukt tollkredittordninga vil han få eit gebyr på 100 kroner. Samla gebyrinntekter svarer til dei kostnadene som Skatteetaten har med tollkredittordninga.

Post 85 Misleghaldne lån i Statens lånekasse for utdanning

Posten omfattar inntekter frå innkrevjing av misleghaldne lån som er tapsførte i Statens lånekasse for utdanning.

Post 86 Bøter, inndragingar m.m.

Posten omfattar inntekter frå bøter (forenkla førelegg, vanlege førelegg og bøter som er ilagde ved dom), inndragingar og sakskostnader.

Post 87 Trafikantsanksjonar

Posten omfattar inntekter frå trafikkgebyr, parkeringsgebyr og overlastgebyr utferda av politiet og Statens vegvesen.

Post 88 Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret

Posten omfattar innbetaling av forseinkingsgebyr ilagde av Rekneskapsregisteret.

Post 89 Gebyr for regelbrot

Posten omfattar inntekter frå gebyr for regelbrot som kan ileggjast arbeidsgjevarar som ikkje kan leggje fram ei oppdatert personalliste.

Tilsegnsordninga ved oppfølging av konkursbu

For å sikre og følgje opp krav i konkursbu som ledd i det offentlege innkrevjingsarbeidet, vart det for 2016 gjeve fullmakt til å gje nye, vilkårsbundne tilsegner om dekking av kostnader ved vidare bubehandling for opp til 8 mill. kroner. Ved utgangen av 2015 låg det føre slike tilsegner for vel 5,3 mill. kroner. Tilsegnsfullmakta er knytt til kap. 1618 Skatteetaten, post 21 Spesielle driftsutgifter. Vidare har skatteoppkrevjarane etter § 4-6 i skatteoppkrevjarinstruksen høve til å gje tilsegn om opp til 0,5 G til dekking av utgifter til vidare bubehandling. Tilsegna kan utvidast til opp til 1 G etter godkjenning frå Skatteetaten. Når ein skatteoppkrevjar gjev tilsegna, vert utbetalinga skuldskriven skatterekneskapen. Tilsegner frå skatteoppkrevjarane er ikkje omfatta av rapporteringa her.

Vanlegvis vert det gjeve tilsegn når ein reknar med at vidare bubehandling kan tilføre eit konkursbu aktiva, men buet ikkje har evne til å bere risikoen for kostnadene. I særlege tilfelle er tilsegna grunngjeven med preventive omsyn. Det gjeld mellom anna når mistanke om økonomisk kriminalitet tilseier at konkursbuet forfølgjer tilhøvet privatrettsleg eller overfører saka til påtalemakta. Ordninga medverkar dessutan til å avsløre brot på skatte-, avgifts- og rekneskapslovgjevinga og motverkar økonomisk tapping av verksemder.

Formålet med tilsegnsordninga er å tilføre skatte- og avgiftskreditorane verdiar som gjev betre dekning av skatte- og avgiftskrav som er melde i buet. Skatteetaten opplyser at skatte- og avgiftskreditorane får ei meirdekning i konkursbu der det er gjeve tilsegn om midlar til vidare bubehandling.

Finansdepartementet ser på tilsegnsordninga som viktig med tanke på både innkrevjing og allmennprevensjon. Ansvaret for å gje nye tilsegner er delegert til Skattedirektoratet. Departementet gjer framlegg om å vidareføre ordninga i 2017 ved å gje Skattedirektoratet fullmakt til å gje nye vilkårsbundne tilsegner om dekking av kostnader ved vidare bubehandling for opp til 10 mill. kroner innanfor ei samla fullmakt for nye og gamle tilsegner på 26,0 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak VIII.

Tabell 5.13 Tilsegnsordninga ved oppfølging av konkursbu

(i 1 000 kr)

Tilsegner

Samla ansvar per 1. januar 2015

5 290

Nye tilsegner i 2015

5 853

Tilsegnsreduksjonar som følgje av utbetalingar i avslutta bu

– 371

Tilsegnsreduksjonar som følgje av utbetalingar i ikkje avslutta bu

– 419

Differanse mellom tilsegner og utbetalingar i avslutta bu

–2 350

Samla ansvar per 31. desember 2015

8 003

Fullmakt til nye tilsegner i 2016

8 000

Framlegg til fullmakt til nye tilsegner i 2017

8 000

Framlegg til samla fullmakt i 2017 for nye og gamle tilsegner

24 003

Programkategori 23.30 Offisiell statistikk

Utgifter under programkategori 23.30

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

1620

Statistisk sentralbyrå

748 475

741 932

851 900

14,8

Sum kategori 23.30

748 475

741 932

851 900

14,8

Kap. 1620 Statistisk sentralbyrå

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

535 465

504 454

564 500

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

211 449

215 678

243 100

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

1 561

21 800

44 300

Sum kap. 1620

748 475

741 932

851 900

Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for å dekkje behovet for offisiell statistikk om det norske samfunnet. Offisiell statistikk gjev viktig kunnskap om korleis samfunnet er bygd opp, korleis det verkar og korleis det utviklar seg. Offisiell statistikk er eit felles gode, og statistikkar og analyser skal kome heile samfunnet til gode. Den er òg eit viktig grunnlag for planlegging og styring. SSB har dessutan ei omfattande forskingsverksemd. Oppgåvene til SSB er regulerte i statistikklova.

Ifølgje statistikklova skal SSB:

  • Kartleggje og prioritere behov for offisiell statistikk

  • Samordne omfattande statistikk som vert utarbeidd av forvaltningsorgan

  • Utvikle statistiske metodar og nytte statistikken til analyse og forsking

  • Gi opplysningar til statistisk bruk for forskingsformål og for offentleg planlegging

  • Ha hovudansvaret for internasjonalt statistisk samarbeid

Statistikklova slår fast at SSB er ein fagleg uavhengig institusjon som administrativt er underlagd Finansdepartementet. Sjølvstendet i høve til styresmakter og interessegrupper er avgjerande for den tillita og autoriteten offisiell statistikk må ha. Høg kvalitet i statistikken er ein berebjelke i omdømet til SSB. Kvalitet, datatryggleik og personvern er avgjerande føresetnader for tillit hos oppgåvegjevarar og intervjuobjekt. Desse prinsippa ligg òg til grunn for det offentlege utvalet som vart utnemnt i september 2016 for å vurdere endringar i statistikklova.

Noreg tek del i internasjonalt statistisk samarbeid som er med på å heve kvaliteten på norsk statistikk og gjer han lettare å samanlikne med internasjonal statistikk. Samstundes legg det føringar på statistikkproduksjonen. Den europeiske statistikklova, som inneheld retningsliner for å utvikle, produsere og formidle europeisk statistikk, er gjort gjeldande i norsk rett. Saman med Dei Sameinte Nasjonane (SN) sine grunnleggjande prinsipp for offisiell statistikk, utgjer desse retningslinene eit internasjonalt rammeverk for verksemda til SSB.

SSB prioriterer arbeid som gjev meir effektiv drift av verksemda og betre statistikk. Talet på årsverk har gått ned med nærare 100 personar sidan 2011, men var om lag uendra frå 2014 til 2015. Samstundes har SSB oppretthalde produksjonen på om lag same nivå som åra før. Ved utgangen av 2015 hadde verksemda ei bemanning på 842 årsverk. I tillegg utgjorde intervjuarar 47 årsverk. Om lag 62 pst. av dei tilsette arbeidde i Oslo og 38 pst. på Kongsvinger i 2015.

Med heimel i statistikklova peiker Finansdepartementet ut styret for SSB for periodar av fire år. Styret fører tilsyn med utviklinga i offisiell statistikk og med verksemda til SSB. Styret behandlar og godkjenner strategiar, årsrapportering og budsjettframlegg etter framlegg frå administrerande direktør. Styret ser òg til at verksemda har tilfredsstillande internkontroll.

Statistikkrådet er eit rådgjevande organ for SSB og andre produsentar av offisiell statistikk i Noreg. Rådet medverkar til samordning av produksjon og formidling av offisiell statistikk. Administrerande direktør i SSB leiar Statistikkrådet.

SSB har dialog med representantar for brukarar og oppgåvegjeverar mellom anna gjennom rådgjevande utval for ulike statistikkområde.

Rapport 2015

Nedanfor følgjer ein omtale av resultata for sentrale resultatindikatorar for statistikkproduksjonen i 2015.

Aktualitet

Som mål på aktualitet i statistikken nyttar ein talet på veker frå referanseperioden går ut til statistikken vert publisert. Den gjennomsnittlege produksjonstida for statistikkane vart klart betra frå 2014 til 2015. SSB nådde dei måla som var sette for aktualitet.

Tabell 5.14 Aktualiteten til statistikken – talet på veker frå utgangen av referanseperioden til publisering

2011

2012

2013

2014

2015

Månadsstatistikk

4,3

4,3

4,4

3,9

3,5

Kvartalsstatistikk

8,7

9,0

9,0

8,8

8,1

Årsstatistikk

38,9

35,4

34,0

35,5

33,4

Punktleg publisering av statistikk

SSB annonserar tidspunkta for publisering i ein publiseringskalender på nettsida ssb.no. I 2015 vart 91 pst. av statistikkane publisert på det varsla tidspunktet. Det er på line med målet sett for punktlegheit.

Tabell 5.15 Publisering av statistikk. Avvik frå varsla tidspunkt1

2011

2012

2013

2014

2015

Avvik frå varsla tidspunkt (i pst.)

12

13

11

13

9

1 Frå 2013 vart det teke i bruk nye, automatiske metodar for å registrere tid for publisering. Det inneber eit brot i serien frå 2012 til 2013.

Svarrespons

For at statistikken skal halde høg kvalitet, er det viktig at flest mogleg av intervjuobjekta svarer på undersøkingane. Statistikklova gjev SSB heimel til å bruke oppgåveplikt ved innsamling av data og eventuelt tvangsmulkt ved manglande levering.

Tabell 5.16 Svarrespons i undersøkingar frå SSB. Prosent

2011

2012

2013

2014

2015

Med oppgåveplikt

94

94

94

94

95

Friviljuge

61

63

61

64

66

Oppgåvebør

Det er eit viktig mål for regjeringa å redusere oppgåvebøra. Tilrettelegging for elektronisk innrapportering er eit viktig verktøy for å halde oppgåvebøra nede. 90 pst av innrapporteringa til SSB skjedde elektronisk i 2015.

Førebelse berekningar frå Oppgåveregisteret i Brønnøysundregistra syner at arbeidet med rapportering til SSB svarer til vel 2 pst. av den samla oppgåvebøra for næringslivet i 2015. Oppgåvebøra som omfattar rapporteringa til SSB, har gått klart ned dei siste åra, sjå tabell 5.17. For næringslivet fortsette nedgangen i 2015.

Tabell 5.17 Oppgåvebør ved rapportering til SSB. Årsverk

2011

2012

2013

2014

2015

Næringslivet i alt

89

79

85

82

74

Personar og offentlege institusjonar

40

44

23

23

15

12 pst. av alle føretak i privat sektor vart bedne om å rapportere til SSB i ei eller fleire undersøkingar i 2015, mot 14 pst. året før. Dei minste føretaka skal belastast mindre enn dei store. Av føretak i privat sektor med færre enn 10 tilsette, fekk berre eit av ti skjema frå SSB. Tilsvarande var det 49 pst. av føretak med 10–19 tilsette som fekk skjema, og 87 pst. av føretak med 20–49 tilsette.

Føretak med fleire enn 50 tilsette utgjer om lag 1 pst. av alle føretak. I denne gruppa deltok 93 pst. i minst ei undersøking i 2015.

Statistikkpubliseringar

I 2015 vart det publisert 931 statistikkar frå SSB. Det var 26 færre enn året før, sjå tabell 5.18. Nedgangen kom i hovudsak av at 21 lønsstatistikkar vart slått saman til ei einskild statistikkpublisering for å oppnå ein heilskapleg og samla presentasjon. I tillegg vart StatRes (Indikatorsett om staten si ressursbruk og resultat) avvikla. Mange av dei einskilde statistikkane som inngikk i StatRes vert framleis produserte, men publiseringa skjer i hovudsak under dei ulike områdestatistikkane for offentleg sektor.

SSB har i 2015 fullført ei kartlegging av statistikkporteføljen, der ein mellom anna har vurdert brukarbehov, lovkrav, i kva grad statistikken inngår i nasjonalrekneskapen og mogleg overlapp med andre statistikkar. Kartlegginga har gitt verksemda betre oversikt over delen av produksjonen som det ikkje er knytt internasjonale krav til. Seks statistikkar vart lagt ned i 2015 som følgje av denne kartlegginga, i hovudsak grunna låg etterspørsel frå brukarar og overlapp med andre statistikkar.

Tabell 5.18 Statistikkpubliseringar

2011

2012

2013

2014

2015

Frigjevne statistikkar

980

967

977

957

931

Sentrale prioriteringar 2017

Modernisering av produksjonsprosessane

Etterspurnaden etter statistikk og analysar er stor, og statistikkane må tilpassast endringar i brukarbehova, utan at kvaliteten vert redusert. På mange område må statistikken òg produserast i samsvar med internasjonale krav og retningsliner. Det er eit mål å nytte aktuelle datakjelder og utvikle effektive metodar som gjev god tilgang til naudsynte data for statistikkproduksjon. Samstundes skal oppgåvebøra for personar og føretak vere låg. Bruk av offentlege register og elektronisk rapportering er viktig for å nå desse måla. Det kan òg medverke til å effektivisere drifta vidare.

Nye datakjelder og utvikling av ny IT-teknologi for analyse av store datamengder gjev nye og betre høve for å utarbeide statistikk og analysar. SSB har stort behov for å gjere produksjonsprosessane meir effektive og moderne. Der er difor naudsynt å setje i gong eit moderniseringsprogram med sikte på å digitalisere statistikkproduksjonen vidare. Noverande arbeidsintensive operasjonar vil i stor grad kunne erstattast gjennom standardisering og automatisering av produksjonsprosessane, samstundes som det vert lagt til rette for framtidig nytting av nye datakjelder. I tillegg til innsparingar gjennom forenkla produksjonsprosessar, vil auka bruk av nye datakjelder gje lågare oppgåvebør.

KOSTRA er eit nasjonalt informasjonssystem som både gjev styringsinformasjon og tener som datakjelde for offisiell statistikk om kommunal og fylkeskommunal verksemd. Statistikken er etablert på ei gammal plattform og må moderniserast. I 2017 vil SSB prioritere utvikling og fornying som òg tar omsyn til komande endringar i kommunestrukturen. Ei ny løysing vil vere på plass i 2018.

Vere til stades i offentlegheita

Som ein viktig premissleverandør skal SSB vere til stades i offentlegheita og bidra med statistikk og analysar av aktuelle saker. Det set krav til at SSB fangar opp og utviklar relevante statistikkområde. SSB må stadig utvikle formidlinga av statistikk og analysar, innafor dei midla verksemda disponerer.

Det er eit tett samarbeid mellom Forskingsavdelinga og dei statistikkproduserande avdelingane i SSB. Dette er naudsynt for å prioritere og utvikle ny statistikk og for å stille saman statistikk og analyser for å skape ei god forståing av samfunnet og samfunnsutviklinga.

SSBs forsking vert ofte publisert i nasjonale og internasjonale tidskrift og kjem til syne i avisartiklar og faglege foredrag.

Auka satsing på nyheiter og brukarkommunikasjon

For at offisiell statistikk skal vere til allmenn nytte, er det avgjerande at statistikken når ut til alle lag av samfunnet. Media er ein viktig vidareformidlar av statistikk frå SSB. Medielandskapet er i sterk endring. Det set krav til at SSB nyttar seg av nye formidlingskanalar, og gjer moglegheiter for nye kontaktformer med publikum.

I 2017 vil SSB satse sterkare på å leggje til rette for redaksjonell bruk av statistikk og forsking.

Produsere meir relevant og etterspurd næringsstatistikk

Næringsstatistikken må tilpassast nye næringsstrukturar, endra brukarbehov og nye internasjonale retningsliner. Tenestesektoren er, saman med helsesektoren, i sterk framvekst og internetthandel og delingstenester tiltar i omfang. Auka globalisering og teknologiutvikling i norsk næringsliv gjer det særlig utfordrande å kartleggje organisering og aktivitetar i norskeide verksemder på tvers av landegrensene.

Dei tenesteytande næringane står no for ein større del av den samla verdiskapinga enn dei vareproduserande. SSB vil i 2017 difor utarbeide meir statistikk om slike sektorar, medan ein vil redusere ressursbruken i produksjon av statistikk for dei tradisjonelt store vareproduserande næringane.

Utvikle kompetanse for framtidas SSB

Tilsette med rett kompetanse er avgjerande for at SSB skal kunne levere gode resultat. Behovet for kompetanse endrar seg over tid i takt med den teknologiske utviklinga og endringar i samfunnet sitt behov for statistikk.

Dei komande 5–10 åra vil nærare ein tredel av dei tilsette i SSB gå av med pensjon. SSB har kartlagt kompetansen i verksemda for å tryggje at kritisk kompetanse vert vidareførd.

I ein periode med stor utskifting i arbeidsstokken er det naudsynt at SSB rekrutterer rett kompetanse til framtidige behov.

I 2017 vil SSB styrkje samarbeidet mellom Forskingsavdelinga og dei statistikkproduserande avdelingane for å auke analysekapasiteten og -kompetansen.

Samvirke med omverda

Vidare utvikling av SSB må skje i samarbeid og dialog med brukarar, registereigarar og andre dataforvaltarar. Eit meir profesjonalisert samarbeid kan redusere oppgåvebøra for næringslivet og andre ytterlegare, gje registerdata med betre kvalitet og sikre tilgang til nye datakjelder. Arbeidet skal bidra til at SSB fangar opp brukarbehov tidleg. SSB skal òg fortsette arbeidet med å betre tenesta for utlån av mikrodata gjennom å profesjonalisere utlånsverksemda vidare og å utvikle nye løysingar.

Forbruksundersøkinga

Forbruksundersøkinga er ein sentral statistikk. Resultata frå forbruksundersøkinga vert mellom anna nytta i økonomiske analysar og i analysar av levekår. Datainnsamlinga er omfattande og oppgåvebøra for respondentane er høg. SSB legg opp til meir bruk av elektronisk rapportering og automatiserte løysingar for datafangst i undersøkinga i 2017. Det vil redusere kostnadane og ha overføringsverdi til andre statistikkområde.

Forsking og analyse

SSBs forsking skal tilføre statistikken meirverdi gjennom analyse og auke kunnskapen om samfunnsutviklinga. Forskingsverksemda skal haldast på et høgt internasjonalt nivå og vere langsiktig og konsentrert om utvalde område. Eit systematisk samarbeid mellom statistikkproduksjon og forsking skal auke analysekapasiteten og betre statistikkvaliteten. Forskinga er empirisk basert og tar i all hovudsak utgangspunkt i SSBs eigne data.

Arbeidet med konjunkturanalysar, utvikling og vedlikehald av økonomiske og demografiske modellar og modelloppgåver for forvaltinga og Stortinget vart vidareført i 2015. Arbeidet vil halde fram òg i kommande år med særleg merksemd på ei modernisering av det økonomiske modellapparatet.

Internasjonalt samarbeid

Det internasjonale samarbeidet på statistikkområdet inneber at det vert sett særskilde krav til innhald, omfang og kvalitet i statistikkane. Internasjonale krav til statistikk samsvarer ofte med SSB sine eigne prioriteringar, men på nokre område er det krav til statistikk som normalt ikkje ville vore laga for Noreg.

SSB tek del i ei rekkje møte i regi av statistikkbyrået i EU (Eurostat) for å utvikle og harmonisere regelverk for felles europeisk statistikk.

Relevante statistikkrettsakter som er vedtekne av EU, vert etter kvart tekne inn i vedlegg XXI om statistikk i EØS-avtalen og deretter innarbeidde i norsk rett. 15 nye rettsakter vart innarbeida i 2015.

Den europeiske statistikklova frå 2009 gjev rammeverket for produksjon i det europeiske statistiske systemet (ESS). Noreg deltek i ESS gjennom EØS-avtala. Den europeiske statistikklova vart revidert i 2015, og mellom anna vart uavhengigheita til dei nasjonale statistikkbyråa styrkt. SSB gjennomfører dei krav som ligg i den reviderte statistikklova frå Eurostat.

Regjeringa har sett ned eit offentlig utval for mellom anna å vurdere behovet for endringar i det norske statistikkregelverket som følgje av endringane i det europeiske statistikkregelverket. Utvalet skal levere si vurdering ved utgangen av 2017.

Innanfor SN-samarbeidet vil særleg arbeidet med bærekraftindikatorar og flyktningstatistikk verte viktig i 2017.

Betre og meir effektive arbeidsprosessar

SSB legg stor vekt på å nytte eigne ressursar så effektivt som mogleg. Verksemda forbetrar arbeidsprosessane og aukar produktiviteten og kvaliteten i produkta, mellom anna ved hjelp av Lean-metodikk. Forbetringsarbeidet fortset i 2017.

Informasjonstryggleik, styring og kontroll

Informasjonstryggleik er naudsynt for at brukarar og oppgåvegjevarar skal vite at opplysingar vert forsvarleg behandla. SSB arbeider med å utvikle eit meir heilskapleg system for styring og kontroll i verksemda. Informasjonstryggleiken er høgt prioritert i dette arbeidet. Arbeidet vil verte ført vidare i 2017. Ein vil mellom anna gjennomgå og dokumentere roller og ansvar, prosedyrar og kontrollar på ein tydelegare og meir heilskapleg måte.

Budsjett 2017

Departementet gjer framlegg om ei budsjettramme for SSB i 2017 på 851,9 mill. kroner. Framlegget er 14,8 pst. høgare enn saldert budsjett for 2016. Ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse står for 10,1 prosentdelar av auken. Driftsutgiftene vert monaleg redusert, medan investeringane får ein stor auke.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar utgifter til løn, opplæring, leige og drift av kontorlokale, reiser, kontorutstyr o.a. Departementet foreslår å auke løyvinga med vel 60 mill. kroner frå 2016. Ny ordning for betaling av premie til Statens pensjonskasse og pris- og lønsreguleringar utgjer til saman nærare 66 mill. kroner. Dette inneber at det for 2017 er sett krav til ytterlegare effektivisering og innsparing i verksemda.

For 2017 gjer departementet framlegg om ei løyving på 564,5 mill. kroner under post 01.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Spesielle driftsutgifter er knytte til brukarfinansierte oppdrag. Posten omfattar utgifter til løn, opplæring, leige og drift av kontorlokale, reiser, kontorutstyr o.a. For 2017 gjer departementet framlegg om ei løyving på 243,1 mill. kroner som reelt er litt lågare enn for 2016.

Ved brukarfinansierte oppdrag vert utgiftene posterte på kap. 1620 Statistisk sentralbyrå, post 21 Spesielle driftsutgifter. Inntekta frå slike oppdrag skal dekkje utgiftene og vert postert på kap. 4620 Statistisk sentralbyrå, post 02 Oppdragsinntekter.

SSB kan overskride løyvinga til oppdragsverksemda på kap. 1620, post 21 Spesielle driftsutgifter, med eit beløp som svarer til meirinntektene på kap. 4620, post 02 Oppdragsinntekter. Eventuelle unytta meirinntekter kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på post 21, jf. framlegg til romartalsvedtak II.2.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Det meste av løyvinga skal brukast til utvikling av systema for statistikkproduksjon, datatryggleik og SSBs teknologiske plattform elles. Det er lagt inn ein monaleg auke frå 2016, særleg knytt til fornying av KOSTRA-systemet, sjå nærare omtale under sentrale prioriteringar.

Kap. 4620 Statistisk sentralbyrå

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Salsinntekter

118

02

Oppdragsinntekter

236 338

218 972

227 600

85

Tvangsmulkt

22 158

15 000

17 900

Sum kap. 4620

258 614

233 972

245 500

Post 02 Oppdragsinntekter

Sjå omtale under kap. 1620, post 21. Oppdragsinntektene er førte opp med 15,5 mill. kroner meir enn utgiftene på kap. 1620, post 21. Forskjellen gjeld meirverdiavgift i samband med brukarfinansierte oppdrag (+ 7 mill. kroner), og som vert å belaste kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift, og dessutan premiebetaling til Statens pensjonskasse (- 22,5 mill. kroner).

Post 85 Tvangsmulkt

SSB har med heimel i statistikklova høve til å ileggje tvangsmulkt.

Programkategori 23.40 Andre føremål

Utgifter under programkategori 23.40, fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

1632

Kompensasjon for meirverdiavgift

21 574 038

22 240 000

23 180 000

4,2

1633

Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift

5 416 011

5 489 700

5 700 000

3,8

Sum kategori 23.40

26 990 049

27 729 700

28 880 000

4,1

Kap. 1632 Kompensasjon for meirverdiavgift

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

61

Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, overslagsløyving

19 760 468

20 350 000

21 200 000

72

Tilskot til private og ideelle verksemder, overslagsløyving

1 813 570

1 890 000

1 980 000

Sum kap. 1632

21 574 038

22 240 000

23 180 000

Post 61 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, overslagsløyving

Med verknad frå 1. januar 2004 vart det innført ei allmenn ordning der kommunar og fylkeskommunar vert kompenserte for meirverdiavgift på kjøp av varer og tenester. Føremålet med ordninga er at meirverdiavgifta i minst mogleg mon skal påverke avgjerdene som kommunane tek om anten å produsera avgiftspliktige tenester med eigne tilsette eller å kjøpe dei frå private. Ordninga vart finansiert med ein reduksjon i dei frie inntektene til kommunane. Den allmenne kompensasjonsordninga kom i staden for ei avgrensa kompensasjonsordning som vart innført i 1995.

I saldert budsjett for 2016 vart det lagt til grunn ei utgift på 20 350 mill. kroner i momskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar. Løyvinga i 2016 vart halden uendra på 20 350 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2016.

Samla momskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar i 2017 er talfesta til 21 200 mill. kroner. Kommunane sender inn oppgåver over meirverdiavgiftskompensasjon til avgiftsstyresmaktene annankvar månad slik som i det ordinære meirverdiavgiftssystemet, men det er òg mogleg å levere årsoppgåver. Utbetalingane skjer etter kvart og innan tre veker etter innsending. Dokumentasjonskrava i samband med innsending av kompensasjonskrav er forenkla ved at krava berre skal ha stadfesting frå revisor. Kompensasjonskrav frå private tenesteprodusentar kan sendast direkte til avgiftsstyresmaktene. Det er ei minstegrense på 20 000 kroner for kompensasjonsbeløp per år for at verksemder skal kome inn under ordninga. Ordninga gjeld nokre private og ideelle verksemder òg. Det er ein eigen tilskotspost for desse, jf. post 72.

Post 72 Tilskot til private og ideelle verksemder, overslagsløyving

For ikkje å medverke til konkurransevriding mellom kommunal og privat produksjon av sentrale velferdstenester er private og ideelle verksemder òg omfatta av ordninga. Det gjeld private og ideelle verksemder som utfører slike sosiale tenester og helse- og undervisningstenester som kommunane ved lov er pålagde å utføre. Det er på desse områda ein reknar med at kompensasjonsordninga i størst mon vil kunne gje kommunane ein konkurranseføremon framfor private verksemder utan avgiftsplikt. Dei private og ideelle verksemdene som er omfatta av ordninga, skal sende krav etter dei same kriteria som kommunane.

I saldert budsjett for 2016 vart det lagt til grunn ei utgift på 1 890 mill. kroner på denne posten. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 980 mill. kroner under denne posten for 2017. Forslaget til løyving i 2017 er medrekna to endringar i kompensasjonsordninga frå januar 2017. Den eine utvidinga gjeld friskulane sine kjøp til oppføring og drift av internat, talfesta til 20 mill. kroner. Den andre utvidinga gjeld inkludering av burettslag og eigarseksjonssameige som samarbeider med kommunane om drift av helse- og omsorgstenester, talfesta til 30 mill. kroner. Det vert vist til nærare omtale i Prop. 1 LS (2016–2017) Skatter, avgifter og toll 2017.

Kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter, overslagsløyving

5 416 011

5 489 700

5 700 000

Sum kap. 1633

5 416 011

5 489 700

5 700 000

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Med verknad frå 1. januar 2015 vart det innført ei ordning med nettoføring av meirverdiavgift i ordinære statlege forvaltningsorgan. Nettoføringsordninga inneber at forvaltningsorgana som vert inkluderte i ordninga, ikkje vert belasta meirverdiavgift for utgifter på postane 01–49 i budsjetta og rekneskapane sine, men kan føre utgiftene til meirverdiavgift på eit sentralt kapittel for meirverdiavgift under Finansdepartementet (kap. 1633, post 01). Det vil vere uvisse om løyvingsbehovet på kap. 1633, post 01 i 2017. Regjeringa foreslår ei løyving på 5 700 mill. kroner for 2017.

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

Programkategori 24.10 Statsgjeld, renter og avdrag m.m.

Utgifter under programkategori 24.10, fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

1650

Statsgjeld, renter m.m.

11 284 439

10 740 820

11 661 900

8,6

1651

Statsgjeld, avdrag og innløysing

59 919 000

63 207 000

Sum kategori 24.10

71 203 439

10 740 820

74 868 900

597,1

Det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet, slik det er berekna ved nysalderinga av budsjettet, vert finansiert med overføring frå Statens pensjonsfond utland. Finansieringsbehovet i statsbudsjettet, m.a. avdrag på statsgjelda, netto utlån og kapitalinnskot til statsbankane, vert dekt med låneopptak i marknaden og/eller ved trekk på staten si kontantbehaldning.

Det er lagt opp til at finansieringsbehovet til staten skal dekkjast ved å ta opp nye langsiktige lån innanlands. Av omsyn til statspapirmarknaden vert det vanlegvis lagt opp til å glatte ut den langsiktige opplåninga over fleire år. Den kortsiktige opplåninga er mellom anna for å fange opp behovet i marknaden for kortsiktige papir. Finansdepartementets fullmakt til å låne i marknaden vart fram til 2015 fastsett av Stortinget på grunnlag av ein årleg stortingsproposisjon om lånefullmakter. For 2017 ber Finansdepartementet om fullmakter for statleg opplåning i Prop. 1 S (2016–2017) Statsbudsjettet for budsjettåret 2017 (Gul bok).

Tabell 5.19 syner den innanlandske statsgjelda per 31. desember 2015, medrekna kontolån frå ordinære fond i statskassa.

Tabell 5.19 Innanlandsk statsgjeld per 31. desember 2015

Type lån

Beløp (mill. kr)

Faste innanlandske lån

337 737

Statskassevekslar

86 000

Kortsiktige kontolån

59 080

Kontolån frå ordinære fond1

162 143

Sum

644 960

1 Gruppe 81 i Statsrekneskapen. Er ikkje omfatta av dei ordinære lånefullmaktane.

Kap. 1650 Statsgjeld, renter m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

35 725

42 820

42 600

89

Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

11 248 714

10 698 000

11 619 300

Sum kap. 1650

11 284 439

10 740 820

11 661 900

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar driftsutgifter som staten har i samband med gjelds- og likviditetsforvalting. Det gjeld m.a. utgifter til informasjons- og analysesystem, utgifter som Noregs Bank og verdipapirsentralen (VPS) har i samband med behandlinga av staten sine lån, og utgifter knytte til ratingbyråa si vurdering av Noreg. Posten dekkjer òg betaling til Noregs Bank for dei tenestene som banken yter Finansdepartementet i forvaltinga av gjelda og likviditeten til staten, og drift og forvalting av statens kontoar i Noregs Bank.

Frå 2015 har Noregs Bank fått utvida operative oppgåver i samband med forvaltinga av statsgjelda. Banken har no fullmakt til å ta opp lån og inngå derivatkontraktar på vegner av staten, innanfor rammer gitt av Finansdepartementet.

Post 89 Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

(mill. kr)

Underpost

Underpostnamn

Rekneskap 20151

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

89.11

Faste lån

9 341

8 106

8 878

89.12

Gjenkjøps- og rentebyteavtalar

-3 085

–2 583

-2 915

89.13

Kontolån

183

172

150

89.14

Kontolån frå ordinære fond

2 707

3 980

4 094

89.15

Statskassevekslar

1 972

1 046

506

89.17

Nye faste lån

2 150

907

Sum kap. 1650, post 89

11 249

11 148

11 620

1 I rekneskapen vert faste lån og nye faste lån ført samla.

Til grunn for overslaget for renteutgiftene under kap. 1650, post 89, ligg dels eksisterande lån og dels overslag over behovet for låneopptak i 2016 og 2017. Renteutgiftene vert påverka av omfanget av ny opplåning, førtidig innfriing og endringar i statens portefølje av rentebyteavtalar. Renteutgiftene vert òg påverka av utviklinga i marknadsrentene. Overslaget over renteutgifter er usikkert.

Underpost 89.11 Faste lån

Under denne posten vert det budsjettert renteutgifter på obligasjonslån som er tekne opp før 1. januar 2016. Ved opptak av statsobligasjonslån kan det på grunn av skilnad mellom kupongrenta på det aktuelle lånet og marknadsrenta på lånetidspunktet, oppstå ein over- eller underkurs. For å gje eit meir korrekt bilete av dei årlege finansieringskostnadene for staten, vert ein slik over- eller underkurs ikkje inntekts- eller utgiftsført på lånetidspunktet, men avrekna mot ein balansekonto i statsrekneskapen (gruppe 77) og inntekts- eller utgiftsført på post 89.11 over den løpetida som står att for lånet. Renteutgiftene på faste lån i 2017 kjem dermed fram som kupongrenta, justert for den delen av over- eller underkursen som vert inntekts- eller utgiftsført i 2017.

Renteutgiftene på faste lån er anslått til 8 878 mill. kroner i 2017.

Underpost 89.12 Gjenkjøps- og rentebyteavtalar

Posten omfattar dels renteutgifter i samband med utlån av statspapir til primærmeklarane (gjenkjøpsavtalar). Staten betaler rente på kontantinnskotet som primærmeklarane stiller som sikkerheit i utlånsperioden. I tillegg vert nettoeffekten på renteutgiftene frå rentebyteavtalar i norske kroner ført på denne posten. Staten har for tida ei netto inntekt frå desse avtalane. Staten mottek ei fast langsiktig rente og betaler ei kortsiktig pengemarknadsrente i rentebyteavtalane. Ettersom ein ventar framleis låge pengemarknadsrenter, reknar ein med ei nettoinntekt på denne posten på 2 915 mill. kroner i 2017.

Underpost 89.13 Kontolån

Statsinstitusjonar og statlege fond skal etter avtale plassere ledige midlar som innskot (kontolån) i statskassa. For dei fleste av desse innskota betaler staten rente. Kontolånsplasseringar som kjem frå overskotslikviditet i samband med skatte- og avgiftsbetalingar, vert ikkje forrenta. Renteutgiftene på kontolån er anslått til 150 mill. kroner i 2017.

Underpost 89.14 Kontolån frå ordinære fond

Inneståande kontolån frå ordinære fond (gruppe 81 i Statsrekneskapen) var ved utgangen av 2015 på 162,1 mrd. kroner (medrekna kapitaliserte renter). For 2017 vert rentene på kontolån frå ordinære fond anslått til 4 049 mill. kroner.

Underpost 89.15 Statskassevekslar

Den ordinære kortsiktige opplåninga i marknaden skjer gjennom auksjon av statskassevekslar. Dette er renteberande papir utan kupongrente, der rentekostnaden følgjer av underkursen som papira vert lagde ut til. Den effektive renta på statskassevekslane er såleis avhengig av kursen som staten oppnår i auksjonane.

Dei samla renteutgiftene til staten under denne posten er anslått til 506 mill. kroner i 2017.

Underpost 89.17 Nye faste lån

Underposten omfattar renteutgifter på innanlandske obligasjonslån med faste rente- og avdragsterminar tekne opp etter 1. januar 2016. Over- eller underkurs er budsjettert som omtalt under post 89.11. For 2017 er renteutgiftene på nye faste lån anslått til 907 mill. kroner.

Kap. 1651 Statsgjeld, avdrag og innløysing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

98

Avdrag på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

59 919 000

63 207 000

Sum kap. 1651

59 919 000

63 207 000

Post 98 Avdrag på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

Posten omfattar avdrag på langsiktige statsobligasjonslån. I 2017 er det forfall av eit langsiktig statsobligasjonslån med uteståande volum per 30. juni 2016 på 63,2 mrd. kroner. Noregs Bank vil arrangere tilbakekjøpsauksjonar i marknaden på fastsette datoar. Auksjonane kan føre til at avdragsbeløpet vert lågare enn budsjettert. Det er ikkje mogleg å gje gode overslag for omfanget av tilbakekjøp, og slike er difor ikkje teke med i budsjettforslaget. Det er heller ikkje ynskjeleg å gå ut med overslag her, sidan dette kan gje staten mindre handlefridom i marknaden.

Programkategori 24.20 Statlege krav, avsetningar m.m.

Utgifter under programkategori 24.20, fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

1670

Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken

20 000

20 000

139 800

599,0

Sum kategori 24.20

20 000

20 000

139 800

599,0

Kap. 1670 Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

50

Tapsfond for miljølåneordninga

20 000

20 000

20 000

90

Innbetalt grunnkapital

119 800

Sum kap. 1670

20 000

20 000

139 800

Den nordiske investeringsbanken (NIB)

Den nordiske investeringsbanken (NIB) vart skipa i 1975 etter avtale mellom regjeringane i dei nordiske landa. Avtalen er seinare revidert etter semje 23. oktober 1998. Frå 1. januar 2005 vart Estland, Latvia og Litauen medlemmer av banken. NIB har hovudkontor i Helsingfors i Finland.

Nærare om låne- og garantiordningane i NIB

Hovudtyngda av verksemda til banken er vanlege investeringsutlån og garantiar. Dei vanlege utlåna vert finansierte med grunnkapitalen til banken. Utanom vanlege utlån og garantiar yter banken lån til prosjektinvesteringar utanfor Norden (PIL) og miljølån til prosjekt i nærområda til medlemslanda (MIL).

Bankens årsmøte i 2016 vedtok å justere medlemslanda sine delar av innbetalt kapital og garantikapital slik at dei vert like, samt å justere medlemslanda sine delar av garantiansvaret for PIL og MIL slik at dei speglar fordelinga av grunnkapitalen. Føremålet med endringane er å få betre samsvar mellom eigarane sin rettar og plikter. Blant anna vil Noregs del av utbyte frå NIB verte betre i tråd med det samla ansvaret Noreg har tatt på seg. Noreg stemte for vedtaket med atterhald om Stortingets samtykke. Endringa skal så langt råd er vere fullført innan januar 2017.

Grunnkapitalen

Grunnkapitalen er dels innbetalt kapital og dels garantikapital frå medlemslanda. Noregs samla kapital i NIB er i dag om lag 1,3 mrd. euro, fordelt på om lag 0,8 mrd. euro i innbetalt kapital og om lag 1,2 mrd. euro i garantikapital. Den norske kapitalen utgjer 21,5 prosent av den samla kapitalen i NIB. Vedtaket om å justere medlemslanda sine delar av innbetalt kapital og garantikapital inneber at Noregs innbetalte kapital vert auka med 12 873 957 euro, tilsvarande omkring 119,8 mill. kroner. Garantikapitalen går ned med same beløp. Noregs innbetalte kapital vert etter dette 90 019 510 euro, medan garantikapitalen vert 1 230 785 695 euro.

I tråd med dette tilrår Finansdepartementet at det på kap. 1670 Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken, post 90 Innbetalt grunnkapital, vert løyvd eit beløp tilsvarande 12 873 957 euro til nytt kapitalinnskot i NIB. Innskotet er ein omplassering av formue og vil auke Noregs del av utbytebetalingane frå NIB, jf. kap. 5692 Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken, post 85 Utbyte. Vidare tilrår departementet at Stortinget gjev Finansdepartementet fullmakt til å gje garantiar i 2017 for Noregs del av grunnkapitalen til NIB, fråtrekt innbetalt kapital, innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 1 243 659 651 euro, jf. framlegg til romartalsvedtak VI.1. Når vedtaket om justering av innbetalt kapital og garantikapital i NIB er fullt gjennomført kan garantiramma setjast ned til 1 230 785 695 euro.

Prosjektinvesteringslån (PIL)

Gjennom PIL gjev banken lån til finansiering av prosjekt i land utanfor Norden og Baltikum med relativt god betalingsevne. NIB rapporterer jamleg om engasjementa under PIL.

Utlånsramma for prosjektlåneordninga (PIL) er 4 000 mill. euro. Garantiansvaret til medlemslanda er avgrensa til 90 pst. av kredittrisikoen ved kvart lån innanfor eit samla beløp på 1 800 mill. euro. Styret i NIB har vedteke at banken skal dekkje eventuelle tap under PIL opp til ein viss sum som er avsett i eit eige fond. Fondet er bygt opp gradvis. I tillegg har Noreg sett av 16 mill. kroner til tapsfond for PIL.

Vedtaket om å justere fordelinga av garantiansvaret i PIL inneber for Noreg at ansvaret vert auka med 57 778 234 euro, tilsvarande om lag 537,8 mill. kroner. På denne bakgrunn tilrår Finansdepartementet at Stortinget for 2017 gjev departementet fullmakt til å gje garantiar for lån frå NIB i samband med PIL innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 387 086 761 euro, jf. framlegg til romartalsvedtak VI.2.

Miljølåneordninga (MIL)

Gjennom MIL gjev NIB lån til miljøprosjekt i nærområda i Aust-Europa. Føremålet er å minke miljøbøra som nærområda skaper for medlemslanda. Ordninga vert garantert 100 pst. av medlemslanda. Noregs garantiansvar fram til utgangen av 2014 var 61 324 000 euro. I åra 1998 til 2004 vart det løyvt til saman 45 mill. kroner til eit tapsfond for denne låneordninga.

Eit utlån under MIL på til saman 40 mill. USD er misleghalde i perioden 2013 til 2015. NIB kravde først innløysing av garantiansvaret som medlemslanda hadde for den del av utlånet som vart misleghalde i 2013. Noregs del av dette var 5 372 651 USD. Beløpet vart betalt 2. juli 2014 med 33 143 888 kroner og belasta tapsfondet.

NIB tok ytterlegare tap på 10 mill. USD i desember 2014 og 5 mill. USD i juni 2015. Av desse to tapsavskrivingane er Noregs ansvar til saman 3 285 983 USD. Beløpet vart betalt 5. juli 2016 med 27 618 687 kroner og belasta tapsfondet. Noregs attståande garantiansvar under MIL vart med dette redusert til 54 413 396 euro, tilsvarande 506 496 214 kroner.

Vedtaket på siste årsmøte i NIB om å endre fordelinga av garantiansvaret for MIL inneber for Noreg at ansvaret aukar med 3 189 993 euro, tilsvarande 29,7 mill. kroner. Noregs garantiansvar i MIL vert etter dette 57 603 389 euro. Finansdepartementet tilrår på denne bakgrunn at Stortinget gjev departementet fullmakt til å gje garantiar i 2017 for lån frå NIB under MIL innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 57 603 389 euro, jf. framlegg til romartalsvedtak VI.3.

På grunn av innløysinga av garantiansvar i 2014 vart tapsfondet minska frå 45 mill. kroner til under 11,9 mill. kroner. I 2015 vart det på kap. 1670 Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken, post 50 Tapsfond for miljølåneordninga, løyvd 20 mill. kroner som eit fyrste steg for å byggje opp fondet igjen. For 2016 vart det løyvd ytterlegare 20 mill. kroner til tapsfondet. Fondet var med dette på snautt 51,9 mill. kroner ved inngangen til 2016. Etter innløysing av garantiansvar i 2016 er tapsfondet på om lag 24,3 mill. kroner, noko som svarer til omkring 4 pst. av Noregs attståande garantiansvar. Finansdepartementet tek sikte på å auke tapsfondet etter kvart slik at det igjen kjem opp til omkring 10 pst. av Noregs garantiansvar. For 2017 tilrår departementet ei løyving på 20 mill. kroner til tapsfondet.

Den nordiske investeringsbanken er eit sams nordisk-baltisk tiltak. Reglar for økonomiforvaltninga i den norske statsforvaltninga kan difor ikkje utan vidare gjerast gjeldande. Forvaltinga av Noreg sine garantiskyldnader under PIL-ordninga og MIL-ordninga oppfyller ikkje føresegnene i økonomireglementet om forvalting av statlege garantiar. Dette gjeld reglane om at garantiordninga skal vera sjølvfinansierande og at staten skal stille som enkel kausjonist, og dessutan krava om lineær nedtrapping av garantiansvaret, pro rata risikofordeling og valutaslag.

I tabell 5.20 er det gjeve ei samla oversikt over garantiordningane for Den nordiske investeringsbanken.

Tabell 5.20 Garantiordningar for Den nordiske investeringsbanken

(i 1 000 kr)

Utbetalt i 2015 pga. tap

Samla garantiansvar 31.12.20151

Samla fullmakt i 2016 for nye og gamle garantiar2

Samla fullmakt i 2017 for nye og gamle garantiar2

1. Grunnkapital fråtrekt innbetalt kapital

-

11 962 762

11 576 357

11 576 357

2. Prosjektinvesteringslån

-

3 167 623

3 065 303

3 603 120

3. Miljølån

-

551 689

506 496

536 190

Sum garantiar under Finansdepartementet

-

15 682 074

15 148 156

15 715 667

1 Omrekna frå euro 31. desember 2015 (kurs 9,619)

2 Omrekna frå euro 1. juni 2016 (kurs 9,3083)

Kap. 5341 Avdrag på uteståande fordringar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

91

Vanlege fordringar

31

95

Avdrag på lån til andre statar

324

300

300

98

Avdrag på eigenbehaldning statsobligasjonar

8 000 000

8 000 000

Sum kap. 5341

8 000 355

300

8 000 300

Post 91 Vanlege fordringar

På denne posten vert det ført eventuelle avdrag på lån, m.a. til næringsverksemd.

Post 95 Avdrag på lån til andre statar

Posten gjeld avdrag på eit lån som vart gjeve til Jugoslavia i 1983. Den delen av lånet som står att, vert no betalt av Serbia og Montenegro. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2015–2016) frå Finansdepartementet.

Post 98 Avdrag på eigenbehaldning statsobligasjonar

Posten omfattar avdrag som staten får innbetalt på eigenbehaldning av statsobligasjonar som vert nytta til marknadspleie. I 2017 er det forfall av eit langsiktig statsobligasjonslån der staten eig 8 mrd. kroner.

Kap. 5351 Overføring frå Noregs Bank

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

85

Overføring

10 419 188

14 800 000

17 700 000

Sum kap. 5351

10 419 188

14 800 000

17 700 000

Etter retningslinene for Noregs Banks årsoppgjersdisposisjonar, fastsette ved kgl. res. 21. desember 2000, skal eit eventuelt overskot setjast av til bankens kursreguleringsfond inntil fondet utgjer ein bestemt del av dei innanlandske og utanlandske aktiva som inneber ein kursrisiko for banken. Eventuelt overskot etter avsetjingar til kursreguleringsfondet skal setjas av i eit overføringsfond. Ved kvart årsoppgjer skal eit beløp svarande til ein tredel av inneståande beløp i overføringsfondet overførast til statskassa.

Basert på vurderingar av risikoen for svingningar i resultatet til Noregs Bank i åra framover, er storleiken på kursreguleringsfondet sett til 40 pst. av bankens netto internasjonale fordringar og 5 pst. av bankens behaldning av innanlandske verdipapir. Retningslinene er nærare omtalte i St.prp. nr. 40 (2002–2003). Kursreguleringsfondet var i fleire år lågare enn minstekravet i retningslinene, og det vart difor ikkje sett av middel til overføringsfondet. Dette har endra seg dei siste åra. I 2015 vart det overført 10,4 mrd. kroner til statskassa, medan det i 2016 vart overført 26,6 mrd. kroner. Avkastninga av valutareservane fyrste halvår 2016 tyder på at det også i 2016 vert sette av midlar i overføringsfondet, og ein reknar med at det vil vere grunnlag for overføringar til staten i 2017 på 17,7 mrd. kroner. Endeleg beløp vert fastlagt ved Noregs Banks avslutning av rekneskapen for 2016.

Kap. 5605 Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

80

Av statskassas foliokonto i Noregs Bank

236 800

62 900

81

Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta

739

200

200

82

Av innanlandske verdipapir

1 757 291

1 719 300

1 467 000

83

Av alminnelege fordringar

32 013

25 000

25 000

84

Av driftskreditt til statsverksemder

212 490

138 200

136 100

86

Renter av lån til andre statar

122

100

100

Sum kap. 5605

2 002 655

2 119 600

1 691 300

Post 80 Av statskassas foliokonto i Noregs Bank

Ved utgangen av 2015 var staten si kontantbehaldning i Noregs Bank om lag 101 mrd. kroner, mot 116 mrd. kroner ved utgangen av 2014.

Alle betalingar til og frå staten vert avrekna mot staten sin foliokonto i Noregs Bank. Det er store daglege svingingar på kontoane til staten, m.a. som følgje av skatteinnbetalingar og overføringar til Statens pensjonsfond utland. Utviklinga i kontantbehaldninga er heller uviss.

Renta av det inneståande på foliokontoen vert rekna ut på bakgrunn av den renta som Noregs Bank får på sine utanlandske krav. For 2017 er dei samla renteinntektene under denne posten anslått til 63 mill. kroner.

Post 81 Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta

Posten omfattar m.a. renter på staten sine bankinnskot til bruk på utanriksstasjonane. For 2017 er renteinntektene under denne posten anslått til 0,2 mill. kroner.

Post 82 Av innanlandske verdipapir

Posten omfattar for det meste renteinntekter som staten får på eigenbehaldninga av statspapir som vert nytta til marknadspleieføremål.

For å gje eit meir korrekt bilete av dei årlege renteinntektene på eigenbehaldninga og dermed av dei årlege netto finansieringskostnadene til staten, vert over- eller underkurs ført etter dei same prinsippa som for statsgjelda, jf. omtale under kap. 1650, post 89. For 2017 er renteinntektene under denne posten anslått til 1 467 mill. kroner.

Post 83 Av alminnelege fordringar

Posten omfattar renteinntekter av innskot frå statens rekneskapsførarar i bankar utanom konsernkontoordninga, utlån som vert forvalta av Finansdepartementet og andre departement, og andre renteinntekter av alminnelege krav.

Inntektene på denne posten er vanskeleg å føreseia. På usikkert grunnlag er det for 2017 ført opp inntekter på 25 mill. kroner.

Post 84 Av driftskreditt til statsverksemder

Dei regionale helseføretaka kan ta opp lån i statskassa til investeringsføremål. Føretaka skal ikkje betale renter i opptrekksperioden. Rentene i denne perioden skal i staden kapitaliserast og leggjast til låna gjennom ei særskild låneløyving for opptrekksrenter under Helse- og omsorgsdepartementet, jf. kap. 732, post 83 og kap. 732, post 91. Post 84 her er den motsvarande inntektsposten. Etter opptrekksperioden skal rentene på låna innbetalast av føretaka og inntektsførast på særskilde postar under fagdepartementet.

I 2009 vart dei regionale helseføretaka sine driftskredittar i private bankar omgjorde til driftskredittar i staten, jf. kap. 732, post 86 under Helse- og omsorgsdepartementet. Føretaka betaler renter av trekka på driftskredittramma, og desse rentene vert òg inntektsførte under post 84.

For 2017 er renteinntektene under denne posten anslått til 136,1 mill. kroner.

Kap. 5692 Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

85

Utbyte

88 565

88 300

110 100

Sum kap. 5692

88 565

88 300

110 100

Den nordiske investeringsbanken betaler utbyte til medlemslanda i høve til den innskotne kapitalen. Storleiken på utbyte vert vedteken av styret i banken på grunnlag av resultatet av verksemda året før. For 2015 har banken i 2016 betalt utbyte til den norske stat med om lag 10,1 mill. euro eller 88,6 mill. kroner.

På siste årsmøte vedtok NIB å justere medlemslanda sine delar av innbetalt kapital og garantikapital slik at dei vert like, jf. omtale under kap. 1670 Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken. Endringa vil auke Noregs del av utbyte frå NIB.

Basert på same samla utbyte i 2017 som i 2016, dei vedtekne justeringane i utbytefordelinga og valutakursen per 1. juni 2016, gjer departementet framlegg om for 2017 å føre opp eit utbyte på 110,1 mill. kroner.

Kap. 5693 Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

85

Utbyte frå Folketrygdfondet

1 390

1 400

700

Sum kap. 5693

1 390

1 400

700

Det er tidlegare lagt til grunn at staten skal ha normalt utbyte av den innskotne ansvarlege kapitalen i Folketrygdfondet, jf. Prop. 1 S (2009–2010) for Finansdepartementet. I tråd med dette er det for 2016 fastsett eit utbytekrav på 720 000 kroner. Utbytekravet er fastsett med utgangspunkt i ei femårig statsobligasjonsrente. For 2017 er det difor budsjettert med eit utbyte på 0,7 mill. kroner.

Til forsida