1 Tilsetjingsvilkåra for leiarane i heileigde statlege føretak
1.1 Noregs Bank
Ida Wolden Bache har vore sentralbanksjef sidan 1. mars 2022. Sentralbanksjefen leier òg hovedstyret i Noregs Bank og komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet.
Årsløna sentralbanksjefen Ida Wolden Bache var i 2023 på 2 523 686 kroner. Sentralbanksjefen er medlem i Noregs Banks eiga pensjonsordning med m.a. maksimalt pensjonsgrunnlag 12 ganger Folketrygdens grunnbeløp (12 G). Den eiga pensjonsordninga for sentralbanksjef og visesentralbanksjef tek no ikkje opp nye medlemar. For året 2023 utgjorde løna til Wolden Bache samla 2 535 189 kroner. Verdien av andre føremoner utgjorde same året 11 503 kroner.
1.2 Folketrygdfondet
Folketrygdfondet er eit særlovselskap, jf. lov 29. juni 2007 nr. 44 om Folketrygdfondet.
Løna til administrerande direktør Kjetil Houg utgjorde 4 376 000 kroner i 2023 og andre ytingar utgjorde 56 000 kroner.
Administrerande direktør må fråtre si stilling seinast ved fylte 70 år. Oppseiingstida er seks månader. Administrerande direktør har rett til etterløn tilsvarande seks månaders løn, rekna frå utgangen av oppseiingstida, dersom han blir oppsagd eller sjølv seier opp etter avtale med styret. Det er ikkje knytt rett til feriepengar eller pensjon til etterløna.
Folketrygdfondet har ein avtale om innskottsbasert pensjonsordning for dei tilsette. Dersom administrerande direktør i perioden frå han er 65 til 67 år tek imot yting knytt til sjukdom eller arbeidsuførleik, frå Nav og/eller tenestepensjonsordningar, vil desse ytingane kome til frådrag i pensjonen frå Folketrygdfondet i denne perioden. Pensjon for administrerande direktør vil bli samordna med alderspensjon frå folketrygda, oppsett rettighet i Statens pensjonskasse og innskottspensjon frå 67 år.