Del 1
Innleiing
1 Oversikt
1.1 Område
I denne proposisjonen kjem departementet med forslag om utgifter og inntekter under programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar, programområde 23 Finansadministrasjon, medrekna skatte- og avgiftsadministrasjonen, og programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m. Ansvaret for løyvingane, medrekna rekneskapsavlegging, under programkategoriane 00.30 Regjeringa og 00.40 Stortinget og tilknytte organ ligg til høvesvis Statsministerens kontor og Stortingets eigne institusjonar. Av praktiske grunnar blir desse programkategoriane førte opp i Finansdepartementets proposisjon, og beløpa er tekne med i oversikt over løyvingar på Finansdepartementets område. Forslaget under programkategori 00.40 er i samsvar med forslaget frå stortingsadministrasjonen.
1.2 Hovudoppgåver og organisering
Finansdepartementet med underliggjande etatar har ansvar for m.a. å
medverke til eit høveleg grunnlag for vedtak i den økonomiske politikken og i budsjettarbeidet
sikre finansieringa av den offentlege verksemda gjennom skattar og avgifter
samordne arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyringa i staten
forvalte statleg formue og gjeld
medverke til eit offisielt statistikk- og datagrunnlag til bruk i offentleg og privat verksemd
medverke til velfungerande finansmarknader
Politikken på områda over er omtalt i Meld. St. 1 (2024–2025) Nasjonalbudsjettet 2025, Prop. 1 S (2024–2025) Statsbudsjettet for budsjettåret 2025 og Prop. 1 LS (2024–2025) Skatter og avgifter 2025. Proposisjonen her omfattar i fyrste rekkje forvaltninga og administrasjonen på desse områda.
Nedanfor er ei oversikt over verksemder på Finansdepartementets område.
1.3 Oversikt over budsjettforslaget for Finansdepartementet
Programområde under departementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar | 2 688 543 | 2 868 046 | 3 048 162 | 6,3 |
Programområde 23 Finansadministrasjon | 58 391 060 | 60 509 290 | 63 567 459 | 5,1 |
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m. | 110 761 597 | 80 454 300 | 80 243 200 | -0,3 |
Sum utgifter | 171 841 200 | 143 831 636 | 146 858 821 | 2,1 |
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar | 42 447 | 29 837 | 31 959 | 7,1 |
Programområde 23 Finansadministrasjon | 4 254 778 | 3 746 477 | 4 017 431 | 7,2 |
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m. | 49 685 298 | 40 479 352 | 52 287 752 | 29,2 |
Sum inntekter | 53 982 523 | 44 255 666 | 56 337 142 | 27,3 |
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar omfattar Regjeringa og Stortinget med underliggjande institusjonar. Forslag til løyving for 2025 under dette programområdet utgjer 3 048,2 mill. kroner som er ein auke på 6,3 pst. frå saldert budsjett 2024. Under programkategori 00.30 Regjeringa, er det ein auke med noko under 40 mill. kroner, herunder ei styrking av Regjeringsadvokaten med 8 mill. kroner.
Under programkategori 00.40 Stortinget og tilknytte organ, er det foreslått å auke løyvingane med 142,9 mill. kroner eller 5,8 pst. Endringane gjeld stort sett løns- og prisjusteringar. Forslaget under denne programkategorien er utarbeidd og fremja av stortingsadministrasjonen.
Programområde 23 Finansadministrasjon
Programområde 23 Finansadministrasjon omfattar skatte- og avgiftsadministrasjon, offisiell statistikk, finansadministrasjon og nokre andre føremål. Det samla forslag til løyving for 2025 under dette programområdet utgjer 63 567,563 605 mill. kroner. Det er ein auke med 3 058,2 mill. kroner eller 5,1 pst. frå saldert budsjett 2024.
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.
Programområdet omfattar utgifter til renter og avdrag på den innanlandske statsgjelda og på statskassa sine krav. Departementet sine renter og avdrag på statsgjeld er budsjetterte til 80 243,2 mill. kroner.
Inntekter
Samla inntekter, utanom skattar og avgifter, utgjer 56 337,1 mill. kroner. Det er ein auke med vel 12 081 mill. kroner eller 27,3 pst. frå saldert budsjett 2024. Hoveddelen av auken heng saman med at ein frå 2025 budsjetterer med inntekter frå overføring frå Statens pensjonsfond Noreg, med 11 700 mill. kroner. Andre store inntektspostar er overføring frå overføringsfondet i Noregs Bank med 18 974 mill. kroner og vel 15 547 mill. kroner i renter frå statskassa sin foliokonto i Noregs Bank. Staten sine renteinntekter av foliokontoen og andre krav i 2025 er omtalte i kap. 5605 Renter av kontantar i statskassa og andre fordringar. Det er gjort greie for skattar og avgifter i ein særskild proposisjon – Prop. 1 LS (2024–2025) Skatter og avgifter 2025.
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
01–29 | Statens eigne driftsutgifter | 25 759 047 | 26 034 675 | 27 372 567 | 5,1 |
30–49 | Nybygg, anlegg o.a. | 473 140 | 509 790 | 667 275 | 30,9 |
50–89 | Overføringar til andre | 45 977 013 | 49 287 171 | 55 001 979 | 11,6 |
90–99 | Utlån, statsgjeld o.a. | 99 632 000 | 68 000 000 | 63 817 000 | -6,2 |
Sum under departementet | 171 841 200 | 143 831 636 | 146 858 821 | 2,1 |
2 Nokre viktige oppgåver i 2025
Nedanfor er det gjort kort greie for nokre viktige oppgåver på Finansdepartementet sitt område i 2025. Publikasjonar som til dømes Prop. 1 LS (2024–2025) Skatter og avgifter 2025, Meld. St. 1 (2024–2025) Nasjonalbudsjettet 2025, Meld. St. 22 (2023–2024) Statens pensjonsfond 2024 og Meld. St. 23 (2023–2024) Finansmarkedsmeldingen 2024, gir god innsikt i arbeidet på området til Finansdepartementet.
Statens pensjonsfond
Stortinget har i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond gitt Finansdepartementet ansvaret for forvaltinga av fondet. Den operasjonelle forvaltinga av Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er det høvesvis Noregs Bank og Folketrygdfondet som tar hand om, jf. § 2 i lova. Departementet har fastsett føresegner for forvaltinga i særskilde mandat for Noregs Bank og Folketrygdfondet.
Den samla marknadsverdien av Statens pensjonsfond var 18 124 mrd. kroner ved inngangen til andre halvår 2024. Av dette var 17 745 mrd. kroner i SPU og 379 mrd. kroner i SPN. Langsiktig og god forvalting av denne fellesformuen er ei viktig oppgåve. Ei viktig sak i 2025 er å gjennomføre utbytte frå Statens pensjonsfond Noreg.
Statens fond i Tromsø
Ei viktig sak i 2025 blir etableringa av Statens fond med kontorstad i Tromsø. Fondet blei oppretta i 2024, dei fyrste investeringane er venta i 2025.
Skatte- og avgiftsområdet
I 2022 starta programmet Fremtidens innkreving, som er planlagt ferdig i 2029. Skatteetaten skal, i samarbeid med Nav, Brønnøysundregistera, politiet, Lånekassa og fleire andre etatar, modernisere statleg innkrevjing ved å harmonisere og koordinere tenester, lovverk, prosessar, IT-system og brukarflater. Innkrevjing av skattar, avgifter og andre pengekrav skal effektiviserast gjennom datadeling og moderniserte og integrerte løysingar med brukarane i sentrum. Programmet er planlagt gjennomført i tre steg. Fyrste steg (2022–2026) er særleg innrette mot forbetringar for næringslivet. Steg to (2025–2027) skal fortsette moderniseringa som starta i steg 1.
Ei ny lov om innkrevjing av statlege krav m.m. var på høyring i 2023. Eit nytt regelverk tilpassa ei digital forvaltning er naudsynt for å realisere delar av gevinstane i dette programmet, og det bør kunne tre ikraft frå 1. januar 2026. Målet er å få ei samordna, systematisk og moderne lov, som gir eit oversiktleg og brukarvenleg regelverk.
Tollområdet
Tolletaten arbeider med Treff-satsinga som inneber å etablere både ny og forbetra systemstønad for oppgåver i alle ledd av Tolletatens kontrollprosessar. Det er etablert ei løysing som utgjer det nye hovudløpet for innførsel av varer til Noreg – Digitoll. Med Digitoll skal infomasjon som varer og transport sendast til Tolletaten digitalt seinast ved grensepassering, slik at tollbehandlinga og grensepasseringa blir effektivisert. Tolletaten vil i 2025 samarbeide med næringslivet for at bruken av Digitoll blir tatt i bruk i stor skala.
Svalbard blei etablert som eige tollområde i mai 2022. Dagens ordning for kontroll blei etablert på svært kort tid og er basert på ei minimumsløysing. Ei viktig oppgåve for etaten blir gradvis å utvikle kontrollen med vareførselen. Tolletaten må mellom anna vurdere behovet for regelverksutvikling, samt etablere naudsynt systemstøtte til kontroll.
Statleg økonomistyring
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) legg til rette for effektiv ressursbruk i staten gjennom å levere standardiserte og effektive tenester til statlege verksemder. Gjentatte, regelbaserte oppgåver med store volum gjer slike tenester godt eigna for digitalisering og automatisering, og DFØ har arbeidd målretta med dette i fleire år. Den kontinuerlege utviklinga av tenestene bidrar både til effektivisering og auka kvalitet.
Direktoratet bidrar òg til at staten får lågare investerings- og driftskostnader ved å kjøpe og tilby løysingar som mange kundar kan nytte. Dette arbeidet held fram i 2025.
Regjeringa arbeider med å utvikle DFØ til eit kompetansesenter for offentleg ressursbruk for å styrkje merksemda og kompetansen på effektiv ressursbruk i forvaltninga. DFØ leverer fleire tenester knytta til organisering, leiing, styring og gode avgjerdsgrunnlag i staten.
Finansområdet
Stortinget vedtok i 2024 ei ny finanstilsynslov, som mellom anna skal betre reflektere utviklinga som har vore i regelverk og i tilsynsomfang og -metodikk. Ved sidan av arbeid med forskrifter til lova, blir etableringa av ei ny klagenemnd for finansmarknadsområdet ei viktig oppgåve i 2025.
Finanstilsynet har dei siste åra også trappa opp digitaliseringsarbeidet i eit eige digitaliseringsprosjekt. Prosjektet er retta inn mot automatisering av forvaltingsoppgåver, digitalisering av tilsynsprosessar, meir effektiv rapportering og datafangst, betre analyseløysingar og auka deling av data. Prosjektet kjem i tillegg til anna løpande digitaliseringsarbeid i verksemda. Digitaliseringsarbeidet har mellom anna som føremål å sikre meir effektiv ressursutnytting og kvalitet i tilsynarbeidet. Finansdepartement følgjer arbeidet tett.
På finansmarknadsområdet er regelverksutvikling ei oppgåve som krev mykje ressursar. Regelverket skal mellom anna fremje tryggleik, soliditet og stabilitet i marknaden. Regelverksarbeidet speglar i stor grad arbeidet med nye reglar i EU/EØS. Også i 2025 vil dette krevje stor innsats knytta til fleire regelverk mellom anna på verdipapirmarknadsområdet, kvitvaskingsreglar, berekraftsrapportering, folkefinansiering og soliditetskrav og krisehandteringsreglar for bankar. I tillegg er det ei rekkje andre prosessar som må følgjast opp, mellom anna utgreiingar innan betaling, kapitalstrukturen i sparebankar og privat tenestepensjon.
Modernisering av statistikkproduksjonen
I tråd med statistikklova § 4 vedtok regjeringa i 2023 eit nytt nasjonalt program for offisiell statistikk for perioden 2024–2027. Programforslaget blei utarbeida av SSB, i samråd med Utvalet for offisiell statistikk. Statistikkprogrammet peiker mellom anna ut nye tema det skal utviklast offisiell statistikk på dei neste åra. Statistikk om helse og omsorg, natur, areal, klima og miljø er mellom desse temaområda. Fleire tema som sett søkjeljos på overgangen til lavslippsamfunn vil også inngå i det nye programmet.
SSB skal utvikle og fremje tiltak for kvalitetssikring og kompetansebygging innan det norske statistikksystemet i samråd med Utvalet for offisiell statistikk. Eit system for kvalitetssikring er etablert, og årlege rapportar gir grunnlag for å vurdere tiltak for betre kvalitet i offisiell statistikk og kvalitetssystemet. I tillegg til kvalitetsarbeidet skal SSB halde fram med å ta i bruk nye datakjelder, metodar og teknologi for å utvikle ny statistikk og meir effektiv statistikkproduksjon.
SSB skal flytte produksjonen av statistikk og forsking over på ei skybasert plattform, Dapla. Flyttinga vil òg gi effektivisering og ei systematisk gjennomgang av alle produksjonsløpa.
3 Oppfølging av oppmodingsvedtak
Nedanfor er ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Finansdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtaka frå stortingssesjonen 2023–2024 og alle vedtaka frå tidlegare sesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 239 S (2023–2024) meinte ikkje var kvittert ut. I nokre høve er det samstundes med rapporteringa her gitt ei meir omfattande framstilling av oppfølginga i Prop. 1 LS (2024–2025) Skatter og avgifter 2025 eller i Meld. St. 1 (2024–2025) Nasjonalbudsjettet 2025. I slike høve er det vist til kor denne framstillinga finst i desse dokumenta.
I tabellen nedanfor blir det òg opplyst om departementet planlegg at rapporteringa knytta til oppmodingsvedtaket no blir avslutta eller om departementet òg vil rapportere konkret på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år.
Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer.
Sesjon | Vedtak nr. | Stikkord | Rapportering avsluttes (Ja/Nei) |
---|---|---|---|
2023–2024 | 82 | Utgreiing om posisjonen til forbrukarane i finansmarknadene | Ja |
2023–2024 | 89 | Skjermingsfrådrag | Nei |
2023–2024 | 90 | Nivået på treprosentregelen i fritaksmetoden | Nei |
2023–2024 | 91 | Prosenttoll på potet | Ja |
2023–2024 | 434 | Prisane på banktenester | Ja |
2023–2024 | 514 | Avgift på avfallsforbrenning og fjernvarme | Ja |
2023–2024 | 522 | Register over reelle rettshavarar | Ja |
2023–2024 | 530 | Situasjonen i byggje- og anleggsnæringa | Ja |
2023–2024 | 541 | Skatt på sal av overskotsstraum frå private bustadar | Ja |
2023–2024 | 752 | Ny fakturaordning | Nei |
2023–2024 | 753 | Elektronisk førehandsdeklarering av kontantar mv. ved inn- og utreise, og krav om å opplyse om kvar pengane kjem frå | Nei |
2023–2024 | 759 | Eigedomsmeklarar sin tilgjenge til offentlege databasar, mellom anna folkeregisteret | Nei |
2023–2024 | 760 | Utveksling av informasjon mellom eigedomsmeklarar og bankar om mistenkelege forhold | Nei |
2023–2024 | 800 | Utvide opsjonsskatteordninga for oppstarts- og vekstselskap | Ja |
2023–2024 | 812 | Eigedomsskatt – differensierte satsar | Nei |
2023–2024 | 920 | Evaluering av renteavgrensningsreglane | Nei |
2023–2024 | 921 | Utviding av kjeldeskatt på renter og royalty mv. | Nei |
2023–2024 | 922 | Trafikkforsikringsavgift – fritak for lette elektriske varebilar | Nei |
2022–2023 | 82 | Utflyttingsskatt | Ja |
2022–2023 | 83 | Turistskatt | Nei |
2022–2023 | 91 | Eingongsavgift på tunge køyretøy | Ja |
2022–2023 | 719 | Arbeidsgruppe om fripolisar og annan privat tjenestepensjon | Ja |
2022–2023 | 857 | Representantordningsutvalet, folkeregisterlova, skattelova, Stortingets pendlarbustadordning | Nei |
2022–2023 | 939 | Differensiert verdsetjing av ikkje-børsnoterte aksjar i formuesskatten | Nei |
2021–2022 | 35-13 | Tiltak for auka elbildel i leasing- og varebilmarknaden | Ja |
2021–2022 | 35-31 | Evaluering av NOKUS-reglane | Nei |
2021–2022 | 35-32 | Rapportering på ulikskap | Ja |
2021–2022 | 35-34 | Verdsetjingsmetode for bustader | Nei |
2021–2022 | 35-36 | Utvida land-for-land-rapportering (LLR) etter rekneskapslova | Nei |
2021–2022 | 782 | Vurdere kven som bør vere utelukka frå å sitje i Noregs Banks styrande organ | Nei |
2020–2021 | 104 | Vurdere den kommunale handlefridomen i formuesskatten | Ja |
2020–2021 | 1250 | Eigedomsskatt, utgreiing og vurdering av eit tak for bustader og fritidsbustader | Nei |
2019–2020 | 707 | Kulturmiljømeldinga – vedlikehald av privateigde kulturminne og kulturmiljø | Nei |
2016–2017 | 48 | Land-for-land rapportering | Nei |
2016–2017 | 1040 | Sikre behovet hos bustadkjøparar for meir tid i bustadhandelen | Nei |
3.1 Stortingssesjon 2023–2024
Utgreiing om posisjonen til forbrukarane i finansmarknadene
Vedtak nr. 82, 4. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen innen 1. juli 2024 utrede hvordan Finanstilsynet kan styrke forbrukernes posisjon i finansmarkedene, herunder om tilsynet med forbrukernes rettigheter i finansmarkedet bør samles i Finanstilsynet. Utredningen skal inngå i arbeidet med ny finanstilsynslov.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av nasjonalbudsjettet for 2024 og forslag til statsbudsjett for 2024, jf. Innst. 2 S (2023–2024). Vedtaket er følgt opp i Prop. 75 L (2023–2024), jf. Innst. 364 L (2023–2024).
Skjermingsfrådrag
Vedtak nr. 89, 4. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen utrede nivået på fastsettelsen av skjermingsfradraget, herunder påslaget, i aksjonærmodellen, jf. Skatteutvalget.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av nasjonalbudsjettet for 2024 og forslag til statsbudsjett for 2024, jf. Innst. 2 S (2023–2024). Regjeringa vil følgje opp dette vedtaket og kome tilbake til Stortinget med ei vurdering i Revidert nasjonalbudsjett 2025.
Nivået på treprosentregelen i fritaksmetoden
Vedtak nr. 90, 4. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen utrede nivået på treprosentregelen i fritaksmetoden, jf. Skatteutvalget.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av nasjonalbudsjettet for 2024 og forslag til statsbudsjett for 2024, jf. Innst. 2 S (2023–2024). Regjeringa vil følgje opp dette vedtaket og kome tilbake til Stortinget med ei vurdering i Revidert nasjonalbudsjett 2025.
Prosenttoll på potet
Vedtak nr. 91, 4. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen gå fra krone- til prosenttoll på potet, herunder hel potet, potetflak og potetgranulat fra 1. januar 2024. Omleggingen skal omfatte tollvarenr. 0701, 0712 og 1105. For at markedsaktørene skal få tid til å tilpasse seg omleggingen, gis regjeringen fullmakt til for 2024 å administrere prosenttollsatsene ned slik at de tilsvarer inntil kronetollnivået.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av nasjonalbudsjettet for 2024 og forslag til statsbudsjett for 2024, jf. Innst. 2 S (2023–2024). Regjeringspartia blei i budsjettforliket med Sosialistisk Venstreparti einige om at omlegginga frå kronetoll til prosenttoll òg skal omfatte potet. Vedtaket blei deretter følgt opp i Innst. 3 S (2023–2024).
Prisane på banktenester
Vedtak nr. 434, 13. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen i finansmarkedsmeldingen 2024 gjøre rede for konkurransesituasjon og prisene på banktjenester i Norge, og vurdere tiltak som kan styrke konkurransen og bidra til rimeligere tjenester.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Representantforslag 6 S (2023–2024), jf. Innst. 156 S (2023–2024). Departementet ser det slik at vedtaket er følgt opp gjennom omtale i Meld. St. 23 (2023–2024) Finansmarkedsmeldingen 2024 kapittel 3.
Avgift på avfallsforbrenning og fjernvarme
Vedtak nr. 514, 7. mars 2024
«Anmodningsvedtak 514 om å redusere søppeleksporten – forslag om en avgift på alt restavfall også det som sendes ut av landet»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Dokument 8:34 S (2023–2024, jf. Innst. 205 S (2023–2024). Departementet ser det slik at vedtaket er følgt opp gjennom omtale i Prop. 1 LS (2024–2025), kap 19.
Register over reelle rettshavarar
Vedtak nr. 522, 14. mars 2024
«Stortinget ber regjeringen raskest mulig sluttføre arbeidet med et utvidet register over reelle rettighetshavere.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Dokument 8:11 S (2023–2024), jf. Innst. 211 S (2023–2024). Register over reelle rettshavarar blir opna for registrering av opplysningar 1. oktober 2024. Departementet ser det slik at vedtaket er følgt opp gjennom dette.
Situasjonen i byggje- og anleggsnæringa
Vedtak nr. 530, 19. mars 2024
«Stortinget ber regjeringen innen fremleggelsen av revidert nasjonalbudsjett for 2024 gjøre en analyse av utviklingen i byggebransjen for å kartlegge hvilke tiltak som kan være nødvendige for å øke aktiviteten i næringen»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Representantforslag 59 S (2023–2024), Innst. 221 S (2023–2024). Departementet legg til grunn at vedtaket er følgt opp gjennom omtale i Meld. St. 2 (2023–2024) Revidert nasjonalbudsjett 2024, kap. 2 boks 2.2.
Skatt på sal av overskotsstraum frå private bustadar
Vedtak nr. 541, 21. mars 2024
«Stortinget ber regjeringen utrede og legge frem forslag om særregler som gir et skattefritak for salg av overskuddsstrøm fra private boliger.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Representantforslag 68 S (2023–2024), jf. Innst. 222 S (2023–2024). Departementet legg til grunn at vedtaket er følgt opp gjennom forslag i Prop. 1 LS (2024–2025), kapittel 3.
Ny fakturaordning
Vedtak nr. 752, 12. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen utrede en fakturaordning med QR-kode etter inspirasjon fra andre europeiske land, og komme tilbake til Stortinget senest innen revidert nasjonalbudsjett for 2025»
Vedtaket blei gjort 12. juni 2024 i medhald av Stortingets forretningsorden § 14, nr. 8, bokstav b samstundes med behandlinga av Meld. St. 15 (2023–2024), jf. Innst. 412 S (2023–2024). Departementet vil vurdere korleis vedtaket skal følgjast opp, mellom anna på grunnlag av vurderingar frå Skattedirektoratet.
Elektronisk førehandsdeklarering av kontantar mv. ved inn- og utreise, og krav om å opplyse om kvar pengane kjem frå
Vedtak nr. 753, 12. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen stille krav om elektronisk forhåndsdeklarering av større pengeverdier som skal fraktes inn og ut av landet, samt innføre krav om å opplyse om pengenes opprinnelse, og komme tilbake til Stortinget om dette innen revidert nasjonalbudsjett for 2025.»
Vedtaket blei gjort 12. juni 2024 i medhald av Stortingets forretningsorden § 14, nr. 8, bokstav b samstundes med behandlinga av Meld. St. 15 (2023–2024), jf. Innst. 412 S (2023–2024). Departementet vil vurdere korleis vedtaket skal følgjast opp.
Eigedomsmeklarar sin tilgjenge til offentlege databasar, mellom anna folkeregisteret
Vedtak nr. 759, 12. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen utrede om eiendomsmeklere bør gis tilgang til offentlige databaser, herunder folkeregisteret.»
Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 15 (2023–2024), jf. Innst. 412 S (2023–2024). Departementet vil kome tilbake til Stortinget om oppmodingsvedtaket ved eit passande høve.
Utveksling av informasjon mellom eigedomsmeklarar og bankar om mistenkelege forhold
Vedtak nr. 760, 12. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen utrede om eiendomsmeklere bør gis rett til å utveksle informasjon med banker om mistenkelige forhold.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Meld. St. 15 (2023–2024), jf. Innst. 412 S (2023–2024). Regjeringa tar, som varsla i Meld. St. 15 (2023–2024), sikte på å setje ned ei arbeidsgruppe for å vurdere gjennomføringa av den nye antikvitvaskingspakka, som blei vedtatt i EU i juni 2024 og som inkluderer reglar om deling av informasjon.
Utvide opsjonsskatteordninga for oppstarts- og vekstselskap
Vedtak nr. 800, 17. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2025 foreslå endringer i opsjonsskatteregelverket, slik at vilkårene for å benytte ordningen utvides til å omfatte bedrifter som har inntil 150 ansatte, ikke er eldre enn 12 år, og som har en balansesum på inntil 200 mill. kroner.»
Vedtaket blei gjort 17. juni 2024, i samband med behandling av Dokument 8:135 S (2023–2024). Regjeringa følgjer opp vedtaket i Prop. 1 LS (2024–2025) og ved å notifisere endringa til ESA. Departementet legg til grunn at vedtaket er følgt opp gjennom omtale i Prop. 1 LS (2024–2025), kapittel 3.
Eigedomsskatt – differensierte satsar
Vedtak nr. 812, 19. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen utrede endringer i regelverket slik at det blir mulig for kommunene å sette ulike skattesatser for sekundær-, fritids- og primærboliger.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Prop. 102 S (2023–2024) Kommuneproposisjonen for 2025, jf. Innst. 440 S (2023–2024). Regjeringa vil vurdere korleis vedtaket skal følgjast opp og vil kome tilbake til Stortinget om saka.
Evaluering av renteavgrensningsreglane
Vedtak nr. 920, 21. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen på egnet tidspunkt og senest i 2025 påbegynne en evaluering av hvordan rentebegrensningsreglene har fungert, i tråd med skatteutvalgets anbefalinger. Evalueringen skal inkludere skattemyndighetenes erfaringer og administrative kostnader knyttet til å skulle kontrollere unntaksbestemmelsen i praksis.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2024, jf. Innst. 447 S (2023–2024). Regjeringa vil følgje opp vedtaket og vil kome tilbake til Stortinget ved eit passande høve.
Utviding av kjeldeskatt på renter og royalty mv.
Vedtak nr. 921, 21. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen utrede en utvidelse av kildeskatten til også å gjelde betalinger til land som ikke regnes som lavskatteland.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2024, jf. Innst. 447 S (2023–2024). Regjeringa vil greie ut om ein bør utvide kjeldeskatten til òg å gjelde betalingar til land som ikkje reknast som land med låg skatt. Ein tar sikte på å kome tilbake til Stortinget med ei vurdering i 2025.
Trafikkforsikringsavgift – fritak for lette elektriske varebilar
Vedtak nr. 922, 21. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2025 foreslå å gi lette el-varebiler fritak for trafikkforsikringsavgift, med forbehold om notifisering og godkjenning av ESA.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Prop. 103 LS (2023–2024) Endringar i skatte- og avgiftslovgivinga, jf. Innst. 438 L (2023–2024). Regjeringa vil vurdere korleis vedtaket skal følgjast opp og vil kome tilbake til Stortinget om saka. Det er gitt ei omtale av saka i Prop. 1 LS (2024–2025), kapittel 18.
3.2 Stortingssesjon 2022–2023
Utflyttingsskatt
Vedtak nr. 82, 1. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen utrede og foreslå en utflyttingsskatt som sikrer at urealiserte gevinster opparbeidet i Norge frem til utflyttingstidspunktet, faktisk skattlegges her.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Meld. St. 1 (2022–2023), jf. Innst. 2 S (2022–2023). Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom forslag i Prop. 1 LS (2024–2025), kapittel 5.
Turistskatt
Vedtak nr. 83, 1. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om en kommunal/statlig turistskatt senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2024.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Endring av Prop. 1 S (2022–2023) og Prop. 1 LS (2022–2023), jf. Innst. 5 S (2022–2023). Regjeringa treng meir tid på å vurdere mogleg innretting av ein lokal/statleg turistskatt og vil kome tilbake til Stortinget om saka.
Eingongsavgift på tunge køyretøy
Vedtak nr. 91, 1. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen utrede engangsavgift på fossile lastebiler, busser og andre tunge kjøretøy i forbindelse med statsbudsjettet for 2024.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Prop. 1 LS (2022–2023), jf. Innst. 5 S (2022–2023). Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom omtale i Prop. 1 LS (2024–2025), kapittel 17.
Arbeidsgruppe om fripolisar og annan privat tjenestepensjon
Vedtak nr. 719, 1. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen nedsette et hurtigarbeidende utvalg med representasjon fra berørte parter, med mandat til å se på mulige regelendringer for ytterligere å sikre verdiene i og reguleringene av fripoliser.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Prop. 83 L (2022–2023), jf. Innst. 401 L (2022–2023). Finansdepartementet sette 20. desember 2023 i gang eit utgreiingsarbeid for å følgje opp oppmodingsvedtaket. Utgreiinga skal leverast i løpet av hausten 2024.
Representantordningsutvalet, folkeregisterlova, skattelova, Stortingets pendlarbustadordning
Vedtak nr. 857, 15. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen vurdere Representantordningsutvalgets forslag til endring av folkeregisterloven § 5-4 og skatteloven § 3-1, herunder klargjøre aktuelle tolkningsspørsmål samt utrede forslag til regler for grupper som har særlige behov for unntak eller overgangsordninger.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Dokument 18 (2021–2022) og Dokument 18 (2022–2023), jf. Innst. 499 S (2022–2023). Departementet vil følgje opp vedtaket og vil sende forslag til endringar på høyring når saka er ferdig utreidd.
Differensiert verdsetjing av ikkje-børsnoterte aksjar i formuesskatten
Vedtak nr. 939, 16. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen utrede differensiert verdsetting av ikke-børsnoterte aksjer i formuesskatten på grunnlag av egenskaper ved de enkelte aksjer, f.eks. ulik stemme- og utbytterett, og slik at verdsettelsen av de enkelte aksjer i større grad samsvarer med reell markedsverdi.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Prop. 117 LS (2022–2023), jf. Innst. 490 S (2022–2023). Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget ved eit passande høve.
3.3 Stortingssesjon 2021–2022
Tiltak for auka elbildel i leasing- og varebilmarknaden
Vedtak nr. 35-13, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen, i revidert nasjonalbudsjett 2022, foreslå tiltak for å øke elbilandelen i leasingmarkedet og innenfor varebilmarkedet, herunder konkrete forslag som vil ha umiddelbar effekt i 2022, for å hindre at disse markedene blir en barriere for å nå målet om at alle nye personbiler og lette varebiler i 2025 skal være nullutslippsbiler. Utredningen skal se på fjerning av skattefordeler til biler med utslipp i leasingmarkedet, støtteordninger til elvarebiler, og CO2-komponenten i engangsavgiften for nyttekjøretøyer med forbrenningsmotor, den skal videre se på om det kan gjøres grep i støtteordningene til elbil som kan gi næringsdrivende styrkede og mer like fordeler som privatpersoner»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av nasjonalbudsjettet for 2022 og forslag til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022). Departementet legg til grunn at vedtaket er følgt opp gjennom forslag i Prop. 103 LS (2023–2024), kapittel 2.
Evaluering av NOKUS-reglane
Vedtak nr. 35-31, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen om i løpet av 2022 å gjennomføre en grundig evaluering av dagens skatteordning for NOKUS-selskap, herunder også vurdere hvordan denne ordningen samvirker med kildeskatt»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Prop. 1 LS (2021–2022), jf. Innst. 2 S (2021–2022). Departementet vil kome tilbake til ei vurdering av NOKUS-reglane når to-pilarløysinga for skattleggjing av store multinasjonale konsern er innført i norsk rett.
Rapportering på ulikskap
Vedtak nr. 35-32, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen fra og med statsbudsjettet 2023 rapportere om fordeling og ulikhet på grunnlag av flere parametere enn i dag. Eierinntekter skal inngå i rapporteringen så snart det er praktisk mulig. Rapporteringen skal bidra til å nå målet om å redusere økonomisk ulikhet.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av nasjonalbudsjettet for 2022 og forslag til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022). Departementet legg til grunn at vedtaket er følgt opp gjennom omtale i Meld. St. 1 (2024–2025) Nasjonalbudsjettet 2025, kapittel 6.
Verdsetjingsmetode for bustader
Vedtak nr. 35-34, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen endre metoden for verdsetting av dyre boliger slik at verdsettingen bedre samsvarer med eiendommenes reelle markedsverdi»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av nasjonalbudsjettet for 2022 og forslag til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022). Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget ved eit passande høve.
Utvida land-for-land-rapportering (LLR) etter rekneskapslova
Vedtak nr. 35-36, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen om at en forskrift om utvidet land-for-land-rapportering blir utformet slik at selskaper blir pliktige til å opplyse om regnskapsstørrelser for alle land, inkludert støtteland hvor skatt ikke betales.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av nasjonalbudsjettet for 2022 og forslag til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022). Departementet tek sikte på å utarbeide og høyre forslag til lovendringar, med utgangspunkt i nye EU-reglar (direktiv (EU) 2021/2101). Vedtaket vil bli følgt opp i samband med vedtak nr. 48 av 15. november 2016.
Vurdere kven som bør vere utelukka frå å sitje i Noregs Banks styrande organ
Vedtak nr. 782, 13. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen på egnet måte komme tilbake til Stortinget med en vurdering av hvem som bør være utelukket fra å sitte i Norges Banks styrende organer, jf. sentralbankloven § 2-3 fjerde ledd og § 2-6 tredje ledd.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby, Sveinung Rotevatn og Sofie Høgestøl om å flytte Noregs Bank Investment Management (NBIM) ut av Noregs Bank og innføre strengare habilitetsreglar rundt utnemningar i banken, jf. Dokument 8:149 S (2021–2022) og Innst. 353 S (2021–2022). Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med ei vurdering.
3.4 Stortingssesjon 2020–2021
Vurdere den kommunale handlefridomen i formuesskatten
Vedtak nr. 104, 26. november 2020
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av det framtidige mulighetsrommet for endring av formuesskatten, der både statens inntekter og kommunenes handlingsrom for konkurranse om skattebetingelser mellom kommuner belyses.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Meld. St. 5 (2019–2020), Levende lokalsamfunn for fremtiden – Distriktsmeldingen, jf. Innst. 88 S (2020–2021). Departementet legg til grunn at vedtaket er følgt opp gjennom omtala i Prop. 102 S (2023–2024) Kommuneproposisjonen 2025, kap. 14, jf. Innst. 440 S (2023–2024).
Eigedomsskatt, utgreiing og vurdering av eit tak for bustader og fritidsbustader
Vedtak nr. 1250, 16. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen legge fram en helhetlig utredning om eiendomsskatten og herunder utrede et tak for eiendomsskatt på ordinære boliger og hytter, og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Prop. 192 S (2020–2021) Kommuneproposisjonen for 2022, jf. Innst. 660 S (2020–2021). Regjeringa vil vurdere korleis vedtaket skal følgjast opp og vil kome tilbake til Stortinget om saka.
3.5 Stortingssesjon 2019–2020
Kulturmiljømeldinga – vedlikehald av privateigde kulturminne og kulturmiljø
Vedtak nr. 707, 16. juni 2020
«Stortinget ber regjeringen i samband med bevaringsstrategiene, fremme forslag om hvordan staten kan stimulere private eiere av kulturminner og kulturmiljøer til jevnt, godt vedlikehold gjennom skatte- og avgiftsinsentiver.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold, jf. Innst. 379 S (2019–2020). Oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp i samråd med Klima- og miljødepartementet og i samsvar med nye bevaringsstrategiar som Klima- og miljødepartementet førebur. Sjå omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Klima- og miljødepartementet. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om saka.
3.6 Stortingssesjon 2016–2017
Land-for-land rapportering
Vedtak nr. 48, 15. november 2016
«Stortinget ber regjeringen sørge for at selskap som etter forslagene i land-for-land-rapportering til skattemyndighetene, også blir pliktige til å rapportere etter regnskaps- og verdipapirloven, og at selskapene skal rapportere betalt inntektsskatt og påløpt inntektsskatt, antall ansatte, akkumulert fortjeneste, resultat før skattekostnad, summen av inntekter fra transaksjoner med nærstående/ikke nærstående foretak og bokført egenkapital.»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Prop. 120 L (2015–2016) Endringer i ligningsloven (land-for-land-rapportering til skattemyndighetene), jf. Innst. 42 L (2016–2017). Departementet tar sikte på å utarbeide og høyre forslag til lovendringar, med utgangspunkt i nye EU-reglar (direktiv (EU) 2021/2101), der òg oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp. Vedtaket vil bli følgt opp i samband med vedtak nr. 35-36 av 2. desember 2021.
Sikre behovet hos bustadkjøparar for meir tid i bustadhandelen
Vedtak nr. 1040, 20. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen sikre boligkjøpernes behov for mer tid i bolighandelen gjennom forskriftene til eiendomsmeglingsloven eller ved å fremme forslag for Stortinget om endringer i avhendingsloven»
Vedtaket blei gjort ved behandlinga av Dokument 8:123 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Olav Syversen, Line Henriette Hjemdal, Hans Fredrik Grøvan, Kjell Ingolf Ropstad og Geir Sigbjørn Toskedal om tiltak for å styrke forbrukernes rettigheter i handel med bolig, jf. Innst. 477 S (2016–2017). Eit utval blei sett ned 11. oktober 2019 for å revidere eigedomsmeklingslova. Utvalet overleverte si utgreiing, NOU 2021: 7 Trygg og enkel eiendomsmegling – Evaluering av eiendomsmeglingsloven og forslag til en fremtidsrettet regulering, 4. juni 2021. Utgreiinga inneheld mellom anna forslag til endringar som skal sikre forbrukarar meir tid i bustadhandelen. Utgreiinga har vore på høyring til oktober 2021 og ligg no til vurdering i departementet.
4 Oversiktstabeller for budsjettet
Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
Regjeringa | |||||
20 | Statsministerens kontor | 103 891 | 107 671 | 116 121 | 7,8 |
21 | Statsrådet | 184 247 | 180 299 | 197 674 | 9,6 |
24 | Regjeringsadvokaten | 129 906 | 135 991 | 147 422 | 8,4 |
Sum kategori 00.30 | 418 044 | 423 961 | 461 217 | 8,8 | |
Stortinget og eksterne organ | |||||
41 | Stortinget | 1 449 971 | 1 589 700 | 1 676 848 | 5,5 |
42 | Stortingets ombodsnemnd for Forsvaret | 8 268 | 10 000 | 10 728 | 7,3 |
43 | Stortingets ombod for kontroll med forvaltninga | 102 299 | 109 388 | 118 311 | 8,2 |
44 | Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste | 40 814 | 47 600 | 49 986 | 5,0 |
45 | Noregs institusjon for menneskerettar | 27 582 | 28 500 | 31 322 | 9,9 |
51 | Riksrevisjonen | 641 565 | 658 897 | 699 750 | 6,2 |
Sum kategori 00.40 | 2 270 499 | 2 444 085 | 2 586 945 | 5,8 | |
Sum programområde 00 | 2 688 543 | 2 868 046 | 3 048 162 | 6,3 | |
Finansadministrasjon | |||||
1600 | Finansdepartementet | 524 746 | 560 969 | 570 176 | 1,6 |
1602 | Finanstilsynet | 533 427 | 555 046 | 599 117 | 7,9 |
1605 | Direktoratet for forvaltning og økonomistyring | 1 090 308 | 1 005 979 | 1 156 018 | 14,9 |
Sum kategori 23.10 | 2 148 481 | 2 121 994 | 2 325 311 | 9,6 | |
Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon | |||||
1610 | Tolletaten | 1 968 274 | 1 996 796 | 2 364 420 | 18,4 |
1618 | Skatteetaten | 8 639 664 | 8 828 577 | 9 047 736 | 2,5 |
1619 | Skatteklagenemnda | 78 120 | 77 979 | 80 238 | 2,9 |
Sum kategori 23.20 | 10 686 058 | 10 903 352 | 11 492 394 | 5,4 | |
Offisiell statistikk | |||||
1620 | Statistisk sentralbyrå | 987 165 | 988 634 | 1 029 754 | 4,2 |
Sum kategori 23.30 | 987 165 | 988 634 | 1 029 754 | 4,2 | |
Andre føremål | |||||
1632 | Kompensasjon for meirverdiavgift | 34 541 587 | 36 400 000 | 38 200 000 | 4,9 |
1633 | Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift | 10 021 039 | 10 000 000 | 10 500 000 | 5,0 |
1634 | Kompensasjon for inntektssvikt som følgje av koronaviruset | 2 645 | 0,0 | ||
1635 | Forskottering av erstatningskrav | 90 000 | 20 000 | -77,8 | |
1645 | Statleg garantiordning for lån til små og mellomstore føretak | 4 085 | 5 310 | -100,0 | |
Sum kategori 23.40 | 44 569 356 | 46 495 310 | 48 720 000 | 4,8 | |
Sum programområde 23 | 58 391 060 | 60 509 290 | 63 567 459 | 5,1 | |
Statsgjeld, renter og avdrag m.m. | |||||
1650 | Statsgjeld, renter m.m. | 11 129 597 | 12 454 300 | 16 426 200 | 31,9 |
1651 | Statsgjeld, avdrag og innløysing | 99 632 000 | 68 000 000 | 63 817 000 | -6,2 |
Sum kategori 24.10 | 110 761 597 | 80 454 300 | 80 243 200 | -0,3 | |
Sum programområde 24 | 110 761 597 | 80 454 300 | 80 243 200 | -0,3 | |
Sum utgifter | 171 841 200 | 143 831 636 | 146 858 821 | 2,1 |
Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
Regjeringa | |||||
3024 | Regjeringsadvokaten | 28 788 | 22 237 | 23 082 | 3,8 |
Sum kategori 00.30 | 28 788 | 22 237 | 23 082 | 3,8 | |
Stortinget og eksterne organ | |||||
3041 | Stortinget | 10 011 | 7 300 | 8 577 | 17,5 |
3051 | Riksrevisjonen | 3 648 | 300 | 300 | 0,0 |
Sum kategori 00.40 | 13 659 | 7 600 | 8 877 | 16,8 | |
Sum programområde 00 | 42 447 | 29 837 | 31 959 | 7,1 | |
Finansadministrasjon | |||||
4600 | Finansdepartementet | 506 | 50 | 50 | 0,0 |
4602 | Finanstilsynet | 202 873 | 14 500 | 19 200 | 32,4 |
4605 | Direktoratet for forvaltning og økonomistyring | 310 366 | 186 932 | 302 192 | 61,7 |
5580 | Sektoravgifter under Finansdepartementet | 512 668 | 565 046 | 606 417 | 7,3 |
Sum kategori 23.10 | 1 026 413 | 766 528 | 927 859 | 21,0 | |
Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon | |||||
4610 | Tolletaten | 57 503 | 52 401 | 54 565 | 4,1 |
4618 | Skatteetaten | 2 922 914 | 2 678 023 | 2 777 904 | 3,7 |
Sum kategori 23.20 | 2 980 417 | 2 730 424 | 2 832 469 | 3,7 | |
Offisiell statistikk | |||||
4620 | Statistisk sentralbyrå | 239 715 | 247 525 | 257 103 | 3,9 |
Sum kategori 23.30 | 239 715 | 247 525 | 257 103 | 3,9 | |
Andre føremål | |||||
4634 | Kompensasjon for inntektssvikt som følgje av virusutbrotet | 8 233 | 2 000 | -100,0 | |
Sum kategori 23.40 | 8 233 | 2 000 | -100,0 | ||
Sum programområde 23 | 4 254 778 | 3 746 477 | 4 017 431 | 7,2 | |
Statlege fordringar, avsetningar m.m. | |||||
5341 | Avdrag på uteståande fordringar | 26 001 022 | 4 000 500 | 6 000 000 | 50,0 |
5351 | Overføring frå Noregs Bank | 8 093 868 | 24 600 000 | 18 974 000 | -22,9 |
5600 | Overføring frå Statens pensjonsfond Norge | 11 700 000 | 100,0 | ||
5605 | Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar | 15 527 555 | 11 812 800 | 15 547 700 | 31,6 |
5692 | Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken | 62 176 | 64 400 | 64 400 | 0,0 |
5693 | Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m. | 677 | 1 652 | 1 652 | 0,0 |
Sum kategori 24.20 | 49 685 298 | 40 479 352 | 52 287 752 | 29,2 | |
Sum programområde 24 | 49 685 298 | 40 479 352 | 52 287 752 | 29,2 | |
Sum inntekter | 53 982 523 | 44 255 666 | 56 337 142 | 27,3 |
4.1 Bruk av stikkordet «kan overførast»
Under Finansdepartementet blir stikkordet «kan overførast» foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30–49
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2024 | Forslag 2025 |
41 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 619 | |
1600 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 29 551 | 67 874 |
1618 | 22 | Større IT-prosjekt | 185 012 | 557 631 |
1620 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 15 611 | 242 503 |
1635 | 70 | Utbetaling av erstatning | 20 000 |