Prop. 1 S (2024–2025)

FOR BUDSJETTÅRET 2025 — Utgiftskapittel: 20–51 og 1600–1651 Inntektskapittel: 3024–3051, 4600–4620, 5341, 5351, 5580, 5600, 5605, 5692–5693

Til innhaldsliste

Del 3
Andre saker

6 Likestilling og mangfald

Nedanfor kjem ei oversikt over stoda i arbeidet med likestilling og mangfald på området til Finansdepartementet, jf. § 26 a i likestillings- og diskrimineringslova. Som nemnt i pkt. 1.1 i del I, omfattar denne proposisjonen av praktiske grunnar òg programkategori 00.30 Regjering, som Statsministerens kontor har ansvaret for. Difor er likestillingsstoda for denne programkategorien òg tatt med.

Budsjettkapitla på området til Finansdepartementet gjeld i hovudsak administrasjon og statens gjeld og krav. Disponeringa av desse løyvingane har lite å seie for kjønns- og likestillingstilhøve. Departementet sitt arbeid med til dømes skatte-, avgifts- og pensjonsspørsmål har i nokre tilfelle følgjer for likestillinga. Det same gjeld personalpolitikken i departementet.

6.1 Finansdepartementet

6.1.1 Om arbeidet med likestilling og mangfald

Departementet har gjennom årlege personalrapportar merksemd på alders- og kjønnssamansetnad, rekruttering og turnover i avdelingane og på stillingsgruppenivå. Rapporten gir grunnlag for HR-analysar og vurdering av eventuelle utfordringar og blir drøfta på leiarnivå og i arbeidsmiljøutvalet samt møter etter Hovudavtalen. Lønsstatistikk blir brukt for å følgje med på lønsutviklinga for kvinner og menn. Det er òg merksemd på profileringsaktivitetar og tilrettelegging i brei forstand.

Finansdepartementet ynskjer å vere ein arbeidsplass som speglar befolkninga og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Ledige stillingar blir kunngjorde på nettmedium som JobbNorge, JobbiFIN (på regjeringen.no), Finn, Nav, Jobbforalle, Linkedin og aktuelle universitet og høgskular.

6.1.2 Status for 2023

Kvinner utgjorde 51,5 pst. av dei tilsette ved utgangen av 2023. Det er første gong at over halvdelen av dei tilsette i departementet er kvinner. Dei er i fleirtal i stillingar som lovrådgjevar, underdirektør, seniorskattejurist, seniorrådgjevar, rådgjevar, seniorkonsulent og førstekonsulent.

Gjennomsnittsalderen ved utgangen av 2023 var drygt 41 år for kvinner og drygt 48 år for menn. I åra som kjem er det venta at alderskilnadene mellom kvinner og menn blir mindre. Kvinner er i fleirtal i aldersgruppene under 50 år.

Det er rekruttert fleire kvinnelege leiarar dei seinare åra. Delen kvinnelege leiarar var 43,2 pst. ved utgangen av 2023 (same som i 2022).

Kvinner har noko høgare turnover enn menn (9,2 mot 7,5 pst.).

Departementet legg til rette for fleksibel arbeidstid og arbeidsstad for mellom anna å ta omsyn til delvis sjukmelding, nedsett funksjonsevne og omsorgsoppgåver. Ein legg òg til rette for at tilsette kan stå lenge i arbeid. Gjennomsnittleg avgangsalder i 2023 var 64,3 år.

Ved utgangen av 2023 hadde 91 pst. av kvinnene og 99 pst. av mennene høgare utdanning. 56 pst. av juristane, 46 pst. av økonomane og 50 pst. av dei med anna høgare utdanning var kvinner. Delen kvinnelege økonomar er no på sitt høgaste dei siste 20 åra. Dei andre tala har vore stabile over fleire år.

Deltid, mellombels tilsette og sjukefråvær, fordelt på kjønn og samla, per 31. desember 2023. Prosentdelar. Tal for 2022 i parentes.

Deltid

Mellombels tilsette

Samla sjukefråvær

K

M

Båe

K

M

Båe

K

M

Båe

2,0 (3,5)

1,4 (0,7)

1,7 (2,1)

4,0 (18,4)

2,1 (6,1)

3,1 (12,2)

5,1 (4,6)

3,7 (2,1)

4,5 (3,3)

Departementet har ingen tilsette på ufrivillig deltid. 0,7 pst. av dei samla 1,7 pst. er ordinære, mellombelse og små deltidsstillingar, medan 1 pst. kjem av redusert arbeidstid grunna sjukdom eller omsorgsoppgåver. Mellombels tilsetjing blir berre nytta ved vikariat eller kortvarige engasjement.

Kvinner som starta i foreldrepermisjon i 2023, tok i gjennomsnitt ut 27 veker, medan menn tok ut 15 veker.

Ved utgangen av 2023 hadde 3,3 pst. av dei tilsette innvandrarbakgrunn. Av søkjarane til ledige stillingar i 2023 kryssa 14,3 pst. av for at dei har innvandrarbakgrunn. 5,4 pst. av desse blei vurdert som kvalifiserte og innkalla til intervju. Ein av dei blei tilsett. Talet syner ikkje tilsettinga av eventuelle søkjarer med innvanrarbakgrunn som vel ikkje å krysse av for dette i søknaden.

Ved utgangen av 2023 hadde departementet ein lærling mot to i 2022.

6.1.3 Lønskartlegging for 2023 – prosentdelar

Stillingsgruppe

Kjønnsbalanse antall

Del kvinner

Kvinner sin del av menns løn

Kvinner

Menn

Båe kjønn

Alle kontantytingar1

Avtalt løn

Leiarar på leiarløn2

4

5

9

44,4

88,3

88,3

Seksjonsleiarar3

12

16

28

42,9

102,2

101,7

Fagdirektør m.fl.4

10

34

44

22,7

98,9

103,3

Lovrådgjevar

13

10

23

56,5

96,0

97,1

Underdirektør

10

8

18

55.6

99,4

102,4

Fagsjef5

25

24

49

51,0

93,1

95,0

Senior(skattejurist)

6

5

11

54,5

95,9

95,1

Seniorrådgjevar

29

22

51

56,9

102,1

100,1

Rådgjevar

25

8

33

75,8

103,2

102,7

Seniorkonsulent, førstekonsulent, konsulent

16

10

26

61,5

100,6

103,7

Totalt i verksemda6

150

142

292

51,4

88,2

89,0

1 Summen av avtalt løn, overtidsgodgjering, helgetillegg, stedfortredergodtgjering, etterberekna løn, stipend, m.m.

2 Finansråd og ekspedisjonssjefar

3 Avdelingsdirektør med personalleiaransvar, kommunikasjonssjef, spesialrådgjevar med personalleiaransvar

4 Fagdirektør, avdelingsdirektør utan personalleiaransvar, spesialrådgjevar, investeringsdirektør

5 Arbeidstittel, kode som utredningsleiar

6 Alle unntatt 2 lærlingar

6.2 Programkategori 00.30 Regjering

Statsministerens kontor

Tilstandsrapport kjønn

Tala i tilstandsrapporten er per 31. desember 2023 for faste og mellombels tilsette.

Tabell 6.1 Kjønnsbalanse; tal på mellombels tilsette, tal på deltid, uttak av foreldrepermisjon

Alle tilsette

Av dette mellombels tilsette

Av dette deltid

Foreldrepermisjon

Gjennomsnitleg tal veker

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Statsministerens kontor

34

22

2

-

2

-

12

-

Målet er å halde ei jamn kjønnsfordeling mellom dei tilsette ved kontoret. Fordelinga kan bli betre i enkelte grupper. I leiarstøttegruppa var det til dømes ti kvinner og ein mann. Ved rekruttering legg ein vekt på å få båe kjønna representert i alle stillingsgrupper, i den grad det er mogleg innanfor kvalifikasjonsprinsippet i staten, om å tilsette den best kvalifiserte søkjaren.

To kvinner var mellombels tilsett. Bruken av mellombels tilsettingar blir årleg tatt opp med dei tillitsvalde, i tråd med statsansatteloven. Hovudregelen er faste tilsettingar, og mellombelse stillingar blir nytta ved kortvarige behov og vikariat.

Statsministerens kontor har to tilsette som jobbar deltid, begge er kvinner.

3 kvinner tok ut fødselspermisjon i 2023.

Tabell 6.2 Samla sjukefråvær 2023 i pst

Samla sjukefråvær 2023

Kvinner

2,98 pst.

Menn

0,88 pst.

Båe kjønn

2,16 pst.

Tabell 6.3 Kjønnsbalanse og kvinner sin del av menn si løn. Tala i parentes er frå 31. desember 2022

Stillingsnivå

Fordeling tilsette i pst.

Kvinner sin del av menn si løn i pst.

Menn

Kvinner

Totalt i verksemda

39 (39)

61 (61)

94 (91)

Leiarstillingar

44 (56)

56 (44)

126 (120)

Fagdirektørar og seniorrådgivarar

58 (45)

42 (55)

104 (101)

Andre saksbehandlarar og støttefunksjonar

17 (25)

83 (75)

95 (98)

I lønstala er fast løn og faste tillegg inkludert. Likt arbeid og arbeid av lik verdi er vurdert i utforming av stillingsnivå.

På leiarnivå hadde kvinner noko høgare gjennomsnittsløn enn menn. Gjennomsnittsløna for menn og kvinner i andre grupper varierte, avhengig av fagområde, kompetanse og arbeidserfaring.

Utgreiing om arbeidet for likestilling og mot diskriminering

Statsministerens kontor har som mål å fremje likestilling og mangfald gjennom personalpolitikken. Kontoret legg vekt på å gi kvinner og menn same moglegheit til utvikling i oppgåver og kompetanse, og dermed same høve til lønsutvikling. Kontoret søkjer god kjønnsbalanse i alle stillingar og mangfald i etnisitet, alder, erfaring og fagleg bakgrunn.

Kontoret ynskjer å leggje til rette for gode arbeidsvilkår for tilsette i ulike fasar i livet. Personar med nedsett funksjonsevne, personar med hol i CV og personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda til å søkje ledige stillingar ved kontoret. Dersom det finst kvalifiserte søkjarar i desse gruppene, blir minst ein søkjar kalla inn til intervju.

Statsministerens kontor er som andre verksemder, omfatta av avtala om inkluderande arbeidsliv. Kontoret legg vekt på å tilpasse den fysiske arbeidsplassen, utstyr, arbeidsoppgåver og arbeidstid for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne eller for andre med behov for særskild tilrettelegging, for eksempel på grunn av sjukdom, skadar, graviditet eller omsorgsoppgåver.

For tilsette over 60 år blir det i medarbeidarsamtalen utført ein seniorsamtale for å kartleggje eventuelle ynskjer om endra arbeidsoppgåver, tilrettelegging av arbeidssituasjonen og andre tiltak som kan styrke moglegheita for å stå lenger i stillinga enn fyrste moglege pensjonsalder.

Kontoret har kvart år vernerunde og det blir med jamne mellomrom gjennomført meir omfattande undersøkingar av arbeidsmiljøet.

Eigne rutinar for varsling av kritikkverdige forhold ved kontoret inneheld òg forhold som diskriminering.

Kvart år blir det utarbeida ein personalrapport om mellom anna løn, likestilling og sjukefråvær og som blir behandla i Arbeidsmiljøutvalet.

Regjeringsadvokaten

Tilstandsrapport kjønn

Tala i tilstandsrapporten er per 31. desember 2023 for faste og mellombels tilsette.

Tabell 6.4 Kjønnsbalanse; tal på mellombels tilsette, tal på deltid, uttak av foreldrepermisjon

Alle tilsette

Av dette mellombels tilsette

Av dette deltid

Foreldrepermisjon

gjennomsnitleg tal på veker

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Kvinner

Menn

Regjeringsadvokaten

39

38

3

0

2

0

17

12

Regjeringsadvokaten har som mål å ha kjønnsbalanse mellom advokatane, samt for heile verksemda. Av dei 48 advokatane embetet hadde ved inngangen av året, var 19 kvinner (39,5 pst.) og 29 menn (60,5 pst.). Av 24 tilsette på administrativ side, var 18 kvinner (75 pst.) og 6 menn (25 pst.) Regjeringsadvokaten opplever å ha ein god kjønnsbalanse i alle stillingskategoriar, med unntak av advokatassistentane, der alle faste tilsette er kvinner. Ved rekruttering legg embetet stor vekt på å oppretthalde den gode kjønnsbalansen mellom advokatane, så langt det er mogleg innanfor kvalifikasjonsprinsippet i staten.

Tre personar var mellombels tilsette. To av dei er jus-studentar, som jobbar som kveldssekretærar og resepsjonsmedarbeidarar.

To tilsette arbeidde deltid; begge på grunn av uføre. Begge var kvinner.

Fem menn og fire kvinner tok foreldrepermisjon i 2023.

Tabell 6.5 Samla sjukefråvær 2023 i pst

Samla sjukefråvær 2023

Kvinner

5,8 pst.

Menn

1,4 pst.

Totalt

3,0 pst.

Tabell 6.6 Kvinner sin del av menn si løn. Tala i parentes er frå 31. desember 2022

Stillingsnivå

Fordeling tilsette i pst.

Kvinner sin del av menn si løn i pst.

Menn

Kvinner

Totalt i verksemda

50 (49)

50 (51)

83 (83)

Leiarstillingar

67 (67)

33 (33)

92 (91)

Fagleiar

53 (53)

47 (47)

125 (106)

Andre advokatar og støttefunksjonar

45 (46)

55 (54)

71 (75)

I lønstala er fast løn og faste tillegg inkludert. Likt arbeid og arbeid av lik verdi er vurdert i utforming av stillingsnivå.

På leiarnivå hadde menn høgare lønsnivå i gjennomsnitt enn kvinner. Dette har si årsak i at leiar av verksemda, som har høgast løn, er mann. Gjennomsnittsløna for menn og kvinner i andre grupper varierte, avhengig av fagområde, kompetanse og arbeidserfaring. For advokatane gjeld eit reint ansiennitetsprinsipp ved fastsetjing av løn, noko som medfører at kvinner og menn har lik løn gitt same ansiennitet.

Embetet sitt arbeid for likestilling og mot diskriminering

Regjeringsadvokaten har som mål å fremje likestilling og mangfald gjennom personalpolitikken. Embetet har ein likestillingsplan med mål som skal hindre at tilsette blir behandla ulikt på grunn av kjønn. Planen gjeld område som bemanning, leiing, faglege utfordringar, løn, å leggje til rette for omsorgsplikter mv.

Hos Regjeringsadvokaten får advokatane ein relativ stor lønsauke når ein får møterett for Høgsterett. Tildelinga av prøvesaker for Høgsterett følger hovudsakleg ansiennitet, og vil difor alltid skje ut frå kjønnsnøytrale prinsipp.

Regjeringsadvokaten legg vekt på målsettingane i staten, om mangfald i offentlege stillingar. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir i stillingsannonsane frå embetet oppmoda til å søkje. Det er òg tatt inn at embetet har eit mål om å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetjing. Embetet kallar som hovudregel inn minst ein søkjar, som regel fleire, med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en til intervju.

Regjeringsadvokaten er omfatta av avtalen om inkluderande arbeidsliv. Kontoret legg vekt på å tilpasse den fysiske arbeidsplassen, utstyr, arbeidsoppgåver og arbeidstid for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne eller for andre med behov for særskilt tilrettelegging, til dømes på grunn av sjukdom, skader, graviditet eller omsorgsoppgåver.

Embetet har etablert eigne rutinar for varsling.

Arbeidsmiljøutvalet har møter minimum fire gonger i året, der status på likestillingsarbeidet og sjukefråvær er tema. Utvalet gjennomfører òg årlege vernerundar.

7 Omtale av klima- og miljørelevante saker

Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetene sine og medverke til at dei nasjonale klima- og miljømåla kan nås. For ein oversikt over regjeringas viktigaste klima- og miljøtiltak, sjå del III av Klima- og miljødepartementets fagproposisjon.

7.1 Finansdepartementet

Berekraftig utvikling

Finansdepartementet har eit sektorovergripande ansvar for å leggje grunnlaget for effektiv forvalting av dei økonomiske ressursane. I arbeidet med den økonomiske politikken skal Finansdepartementet medverke til at den økonomiske utviklinga skjer på eit miljømessig forsvarleg grunnlag.

Oppfølginga av FNs 17 mål for berekraft er integrert i det ordinære regjeringsarbeidet. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet koordinerer den nasjonale oppfølginga, og Utanriksdepartementet koordinerer oppfølginga internasjonalt.

Sektorovergripande klima- og miljøverkemiddel

Finansdepartementet har det overordna ansvaret for innrettinga av avgifter i miljøpolitikken. Rett utforma miljøavgifter gir tildriv til å minke utsleppa og sikrar òg at forureinarane betaler.

7.2 Statistisk sentralbyrå

Statistikk over utslepp til luft er eit prioritert område. Statistikken over klimagassutslepp er mellom anna knytta til oppfølginga av Noregs klimamål, slik dei til dømes kjem fram i Parisavtalen, i forordning om miljørekneskapar i Eurostat, samt rapportering som følgjer av klimalova. Norsk klimapolitikk er nært knytta til EU, og Noreg inngjekk i 2019 eit samarbeid om klimaforpliktingane for 2030. Energistatistikken er eit viktig grunnlag for utslepp til luft, og blir utvikla vidare for å følgje overgangen til meir fornybar energi. Statistikken over langtransportert forureining gjeld for det meste oppfølginga av Gøteborg-protokollen.

Utviklinga av statistikk over verkemiddelbruk, m.a. avgifter og utsleppskvotar, skal halde fram. I 2019 blei statistikken utvida med tal for miljøsubsidiar. SSB starta opp eit arbeid med fossile subsidiar same år med mellom anna to artiklar. Statistikken over reinsing og utslepp av kommunalt avløpsvatn blir utvikla vidare.

SSB følgjer òg opp statistikkforordninga om materialrekneskapar; «Sirkulær økonomi» (materialstraumar og attvinning). SSB skal hjelpe Miljødirektoratet med å finne målepunkt som er tilpassa nytt direktiv, tilpasse innhentinga av data og avklare korleis statistikken skal kunne ta vare på nasjonale og internasjonale behov. SSB utreier nye kjelder om plastavfall og plastprodukt for ein mogleg statistikk om plast. SSB er med på å kartleggje matsvinn i primærleddet, altså hos jordbruksverksemdene. SSB skal oppdatere og publisere arealstatistikken for Noreg (arealbruk og arealressursar) og andre meir analyseprega temastatistikkar om areal. Statistikk og analysar er publiserte som planlagt.

Etterspurnaden etter miljøstatistikk til internasjonale publikasjonar og indikatorsystem, særleg i EU og OECD, er aukande.

Frå 2017 ga ei EU-forordning rapporteringsplikt på områda rekneskap for miljøvernutgifter (EPEA), statistikk for produksjon, bruttoprodukt, sysselsetjing og eksport av miljørelaterte varer og tenester (EGSS) og næringsfordelt energibruk. Alle desse statistikkane blir utarbeidd etter den internasjonale standarden SEEA (System for Environmental Economic Accounting) og i tråd med prinsipp i nasjonalrekneskapen.

Som del av ei ny utviding av EU-forordninga på miljørekneskap vil tre nye statistikkar bli utvikla. Statistikk over miljøvennlege subsidiar og skogrekneskap vil i stor grad byggje på allereie eksisterande statistikkar. Statistikk for naturrekneskap vil krevje betydeleg utvikling. Naturrekneskapet følgjer SNs statistiske rammeverk, som blei godkjent i 2021 – SEEA EA (Ecosystem Accounting). Rekneskapen omfattar eit arealrekneskap over utbreiinga av ulike økosystem, tilstanden deira, samt tilgang og etterspurnad etter økosystemtenestar. Utviklinga vil krevje samarbeid med fleire andre statistikkprodusentar, dataleverandørar og forskingsmiljø. Det blir arbeidd mot eit nasjonalt naturrekneskap i 2026.

Innanfor forskingsverksemda i SSB på miljø- og klimafeltet er det fleire analyseprosjekt i gang om energimarknadstrendar, klimapolitisk utvikling og bruk av naturressursar. I desse nyttar ein mellom anna økonomiske analysemodellar av norsk, europeisk og global økonomi. Ein modell av norsk økonomi (SNOW), som nyttast av Finansdepartementet, blir oppdatert og utvikla av SSB. Forskingsprosjekta nyttar norske data, i hovudsak frå SSB, og medverkar til statistikkarbeid på energi-, utslepps- og miljøfeltet. Prosjekta omfattar mellom anna omstilling av norsk økonomi og studiar av Noregs klimapolitiske mål og verkemiddel, løysingar for låge utslepp i transport, energi og industri, samt verdsetjing av naturressursar og tenester frå økosystema. Forskarane arrangerer og deltar i aktivitetar overfor norske brukarar i forvaltinga, nærings- og organisasjonslivet, offenlegheita, samt nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar.

8 Oppfølging av berekraftsmåla

FN vedtok i september 2015 berekraftsmål for perioden fram mot 2030 (Agenda 2030). Måla forpliktar Noreg både internasjonalt og nasjonalt. Finansdepartementet har ansvar for koordineringa av berekraftsmål 8 og 10. Departementet har òg eit ansvar for bidrag til delmål under berekraftsmål 1, 9, 12 og 16. Hovudinnsatsen til Finansdepartementet er omtalt under dei ulike måla. Meir omtale finst i proposisjonane til andre departement, og ein samla rapport følgjer som eit digitalt vedlegg til Prop. 1 S frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

Delmål 1.4) Innan 2030 sikre at alle menn og kvinner, særleg fattige og sårbare, har lik rett til økonomiske ressursar og tilgang til grunnleggjande tenester, til å eige og kontrollere jord og andre former for eigedom, og til arv, naturressursar, ny teknologi og finansielle tenester, inkludert mikrofinansiering

For personar i yrkesaktiv alder heng fattigdom og låginntekt for ein stor del saman med manglande eller for låg deltaking i arbeidsmarknaden. Regjeringa har dei siste åra redusert inntektsskatten for dei med låge og middels inntekter, og både marginalskatten og gjennomsnittleg skattesats er redusert for personar med låg inntekt. Dette aukar inntekta etter skatt og gjer det meir attraktivt å jobbe for denne gruppa.

Delmål 8.5) Innan 2030 oppnå full og produktiv sysselsetjing og anstendig arbeid for alle kvinner og menn, inkludert ungdom og personar med nedsett funksjonsevne, og oppnå lik løn for likt arbeid

Berekraftig vekst krev at så mange som mogleg deltar i arbeidslivet, og målet til regjeringa er at enda fleire skal i jobb og færre på trygd. Ein aktiv arbeids- og velferdspolitikk legg til rette for dette. I tillegg er særskilde tiltak, som den nye integreringslova som blei innført i januar 2021 og den nye ungdomsgarantien som blei innført i juli 2023, viktige for å bidra til at fleire kan delta i arbeidslivet. Integreringslova skal bidra til at innvandrarar får gode norskkunnskapar, kunnskap om norsk samfunnsliv, formelle kvalifikasjonar og ei varig tilknyting til arbeidslivet. Lova set tydelegare krav til norskkunnskapar.

I mars 2023 sette regjeringa ned eit utval som skal sjå på omfang og utvikling av låge løningar. Utvalet skulle mellom anna sjå på kjenneteikn ved låglønte. Utvalet skulle òg vurdere eksisterande verkemiddel og institusjonelle forhold med betyding for omfanget av lågløn. Utvalet skulle eventuelt òg foreslå endringar i verkemidla. Utvalet la fram utgreiinga si, NOU 2024: 11 Lavlønn i Norge, 17. juni 2024.

Regjeringa har også sett ned eit utval som skal gi meir kunnskap og foreslå tiltak for å betre arbeidshelse og tilknyting til arbeidslivet for kvinner. Målet er at fleire har gode arbeidsforhold, og at færre fell utanfor arbeidslivet i periodar eller for godt. Betre arbeidshelse blir viktig i ljos av ei aldrande befolkning og det store behovet for arbeidskraft i åra framover. Difor har vi mykje å hente på førebygging og utvikling i arbeidsmiljøet til kvinner.

Delmål 8.10) Styrkje evna nasjonale finansinstitusjonar har til å utvide tilgangen til og stimulere til bruk av bank- og forsikringstenester og finansielle tenester for alle

Ny finansavtalelov og finansavtaleforskrift tredde i kraft 1. januar 2023. Lova styrkjer retten forbrukarane har til kontoavtale og betalingstenester. Forskrifta har reglar som gjer det enklare å sikre barn under omsorg av barnevernet tilgang til konto og betalingstenester.

Delmål 9.3) Auke tilgangen til finansielle tenester, inkludert rimeleg kreditt, for små industribedrifter og andre bedrifter, særleg i utviklingsland, og styrkje posisjonen til desse bedriftene og integrere dei i verdikjeder og marknader

God kapitaltilgang og ein velfungerande kapitalmarknad er viktig for berekraftig vekst, omstilling og innovasjon. Samla sett fungerer den norske finansmarknaden godt. Kredittverdige kundar og lønnsame prosjekt får generelt dekka kapitalbehova sine i marknaden gjennom eit diversifisert finansieringstilbod. Sterke og solide sparebankar, med unik kompetanse og nærvær i dei lokale marknadene, er viktige for kapitaltilgangen i distrikta, særleg for nye og mindre verksemder. Den norske finansmarknadsreguleringa legg til rette for godt fungerande kapitalmarknader. Det blir lagt stor vekt på å sikre ein trygg og stabil finanssektor, som er robust mot forstyrringar og har evne til å halda oppe tenestetilbodet, òg i dårlegare tider. Dette gjerast mellom anna ved hjelp av krav til tilstrekkeleg soliditet og likviditet i finansføretaka. Den norske verdipapirmarknaden er ei effektiv finansieringskjelde for næringslivet, og god regulering og godt tilsyn er viktige tiltak for å sikre velordna og transparente verdipapirmarknader.

Delmål 10.1) Innan 2030 oppnå ein gradvis og varig inntektsauke for dei fattigaste 40 prosentane av befolkninga som er raskare enn auken for det nasjonale gjennomsnittet

Sterk økonomisk vekst har bidratt til realinntektsvekst for dei fleste hushalda i Noreg over lang tid. Dette har òg kome dei fattigaste til gode. Til dømes har inntekta etter skatt for dei 40 prosent fattigaste hushalda, målt i faste kroner og justert for storleiken på hushaldet, vakse med knappe 30 prosent mellom 2004 og 2022. Dette er om lag det same som det nasjonale gjennomsnittet. Dei siste åra har vore prega av høg inflasjon, noko som har ført til ein liten nedgang i realinntekta til mange hushald. Forholdet mellom inntekta til dei 40 prosent med lågast inntekt og det nasjonale gjennomsnittet har vore relativt stabilt dei siste ti åra.

Regjeringa har gjennomført fleire tiltak mellom anna retta mot hushald med låge inntekter. Til dømes er barnetrygda auka, prisane i SFO/barnehage er sett ned og skatten på låge og middels inntekter er senka. Dette aukar inntekta til dei med dei lågaste inntektene. Samstundes er truleg arbeid det viktigaste verkemiddelet for å auke inntekta til denne gruppa.

Sysselsetjing er avgjerande for inntekta til kvar enkelt og er ein føresetnad for finansiering av velferdsordningar. Saman med progressiviteten i skattesystemet bidrar arbeid til å jamne ut inntektsskilnader. Det inntektspolitiske samarbeidet bidrar til at lønsdanninga fungerer godt og fordelar gevinstar og tap mellom arbeidstakarar og kapitaleigarar.

Brei deltaking i arbeidslivet er avgjerande for ei jamn inntektsfordeling, og er eit mål for regjeringa. Arbeidsmarknadspolitikken skal leggje til rette for at arbeidssøkjarar kan komma i jobb og gi inntektssikring til personar som mellombels er utan arbeidsinntekt. IA-avtalen skal bidra til å førebyggje og redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet. Arbeids- og velferdsetaten forvaltar ulike verkemidlar som skal hjelpe dei som står utanfor arbeidslivet til å kome i arbeid. Døme på dette er arbeidsmarknadstiltak som skal styrkje deltakarane sine moglegheiter til å skaffe seg eller halde på inntektsgivande arbeid. Integreringslova og ny ungdomsgaranti er døme på tiltak som skal bidra til at utsette grupper blir inkluderte i arbeidsmarknaden.

Det blir elles vist til omtalen under delmål 8.5 over.

Delmål 10.4) Vedta politikk, særleg når det gjeld skattar og avgifter, løn og sosialomsorg, med sikte på å oppnå ei gradvis utjamning av skilnader

Noreg er mellom dei landa i verda som har minst ulikskap, både når det gjeld fordelinga av inntekt og levekår. Låg ulikskap er eit sentralt rettferdsprinsipp, som òg blir knytta til høg mellommenneskeleg tillit og tiltru til styresmaktene. I Noreg, som i dei fleste andre landa, har inntektsulikskapen auka noko dei siste 30 åra. Ulikskapen i formue er høg og aukande. Det har over tid blir ein større del personar som lever i hushald med vedvarande låginntekt, og det har òg blitt fleire barn i låginntektshushald. Etter ein topp i 2018–2020 har det dei siste åra blitt færre barn som lever i vedvarande låginntekt.

Skattesystemet er eit sentralt verktøy for omfordeling. Personskattlegginga er progressiv, og skattar og overføringar bidrar direkte til å redusere den målte inntektsulikskapen med nærare 40 prosent. Skattesystemet påverkar òg fordelinga av økonomiske ressursar ved å skaffe staten inntekter som finansierer offentlege tenester, samt ved å påverke økonomisk aktivitet. I eit fordelingsperspektiv er det viktig at skattesystemet støttar opp om høg deltaking i arbeidslivet og skaffar staten inntekter på ein måte som er lite skadeleg for økonomien. Regjeringa ynskjer eit skatte- og avgiftssystem som bidrar til sterkare sosial og geografisk omfordeling. I tråd med Hurdalsplattforma er det gjennomført endringar som reduserer inntektsskatten for dei med låge og middels inntekter og aukar skatt for store formuar og inntekter.

10.5) Betre reguleringa av og tilsynet med globale finansmarknader og finansinstitusjonar, og styrkje gjennomføringa av regelverket

Styresmakter frå fleire land og internasjonale organ har arbeidd i fleire tiår for felles reglar på finansmarknadsområdet, for å bidra til eit meir robust finanssystem globalt. Baselkomiteen for banktilsyn har ei sentral rolle i arbeidet med internasjonale reglar for bankverksemd. Komiteen har utarbeidd omfattande forslag til bankregelverk i tre bolkar: Basel I, II og III. Komiteen har ingen overnasjonal styresmakt, men medlemslanda har forplikta seg til å innføre tilrådningane frå komiteen.

Sidan den globale finanskrisa i 2008 har òg Financial Stability Board (FSB) og dei europeiske tilsynsmaktene European Banking Authority (EBA), European Securities and Markets Authority (ESMA) og European Insurance and Occupational Pensions Authority (EIOPA) hatt sentrale roller i det internasjonale samarbeidet om finansmarknadsregulering. Norske styresmakter deltar i det omfattande tilsynssamarbeidet i EØS.

I Europa utarbeider EU-kommisjonen forslag til finansmarknadsregelverk. EBA, ESMA og EIOPA hjelper EU-kommisjonen i arbeidet. Forslaga byggjer som regel på internasjonale tilrådingar, som til dømes dei frå Baselkomiteen. Deretter vedtar EU-rådet og EU-parlamentet regelverket basert på forslag frå EU-kommisjonen. Finansmarknadsreguleringa i Noreg følgjer i stor grad utviklinga i EU gjennom EØS-avtalen.

Delmål 10.c) Innan 2030 redusere transaksjonsgebyra til under 3 prosent ved pengeoverføringar frå migrantar til heimlandet og avskaffe overføringsordningar med gebyr som overstig 5 prosent.

Prisen på pengeoverføringar til andre land avhenger av mellom anna storleiken på beløpet og om transaksjonen gjennomførast fysisk eller digitalt. Prisen utgjer ein lågare del av beløpet, jo høgare overføringsbeløpet er, og fysiske overføringar er dyrare enn digitale. Per. 1. januar 2024 var prisen på overføringar til eit utval land om lag 1,5 pst. av eit beløp på 5 000 kr via bank og over internett, og noko høgare ved overføring hos andre finansielle føretak og betalingsføretak.

Mål 16.4 Innen 2030 oppnå en betydelig reduksjon av ulovlige finans- og våpenstrømmer, gjøre det enklere å spore opp og returnere stjålne eiendeler og bekjempe alle former for organisert kriminalitet

Den internasjonale standardsettaren Financial Action Task Force (FATF) er ei sentral premissleverandør for det internasjonale arbeidet for å motarbeide kvitvasking, terrorfinansiering og finansiering av spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Dette er ei samarbeidsgruppe med 40 medlemmer, inkludert Noreg. I tillegg deltar mange land og organisasjoner som observatørar. FATF gjennomfører mellom anna landevalueringar og lagar detaljerte rapportar om landa si etterleving av standardane.

Dei siste åra har Finanstilsynet styrka tilsynsinnsatsen sin knytta til kvitvaskingsregelverket. Samstundes viser erfaringar frå tilsyn at etterlevinga fortset å vere mangelfull i mange tilfelle. Etterleving av kvitvaskingsregelverket er mellom Finanstilsynet sine særleg prioriterte tilsynsområde i strategiperioden 2023–2026.

Av relevant aktivitet på området til Finansdepartementet – eller med bidrag frå Finansdepartementet – frå det siste dryge året, kan følgjande nemnast:

  • I november 2023 publiserte Finanstilsynet ein rapport om resultata frå eit tematilsyn om sanksjonsscreening. Rapporten synte at mange bankar må forbetre sanksjonsscreeninga av manipulerte data. Tematilsynet synte òg at mange av bankane er avhengige av få og felles leverandørar av system for sanksjonsscreening.

  • I mars 2024 la regjeringa fram ei Meld. St. 15 (2023–2024) Felles verdier – felles ansvar. Meldinga og stortingsbehandlinga av denne legg grunnlaget for ein styrka innsats i førebygging og motverking av økonomisk kriminalitet.

  • Etter forslag i Prop. 74 LS (2023–2024) er kvitvaskingslovens verkeområde utvida til å gjelde kunsthandlarar og dei som tilbyr særlege tenester for oppbevaring av kunst. Desse lovendringane trer i kraft 1. januar 2025.

  • Register over reelle rettshavarar blei oppretta frå 1. oktober 2024. Registreringsplikta vil bli innfasa fram til 31. juli 2025. Registeret skal betre tilgangen til opplysingar om eigarskap og kontroll i norske føretak, og blir eit viktig verktøy i kampen mot kvitvasking, terrorfinansiering og annan økonomisk kriminalitet.

Til forsida