Prop. 1 S (2021–2022)

FOR BUDSJETTÅRET 2022 — Utgiftskapitler: 1–2, 500–595, 2412, 2445 Inntektskapitler: 3500–3595, 5312, 5446–5447, 5570, 5607, 5615–5616

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Omtale av særlege tema

6 Samfunnssikkerheit og beredskap

Regjeringa arbeider heilskapleg og systematisk med samfunnssikkerheit. Føringane som er gitt i Meld. St. 5 (2020–2021) Samfunnssikkerhet i en usikker verden, Meld. St. 28 (2020–2021) Vår felles digitale grunnmur – mobil-, bredbånds- og internettjenester, Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn, Meld. St. 38 (2016–2017) IKT-sikkerhet – Et felles ansvar, Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge – IKT for en enklere hverdag og økt produktivitet, Meld. St. 21 (2012–2013) Terrorberedskap, Meld. St. 29 (2011–2012) Samfunnssikkerhet og Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet, er utgangspunktet for Kommunal- og moderniseringsdepartementets arbeid med samfunnssikkerheit. Hovudmålet er:

  • Kommunal- og moderniseringsdepartementets arbeid med samfunnssikkerheit styrker evna til å førebygge og handtere kriser innanfor departementets ansvarsområde.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet prioriterer arbeidet med å halde ved like og utvikle vidare evna til å handtere kriser i eiga verksemd og i sektorane. I tillegg prioriterer departementet:

  • arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar

  • å lære av øvingar og hendingar, kontinuitetsplanlegging og oppfølging av tilsyn

  • å styrke samordninga internt i departementet, med verksemder i sektorane og med andre departement

  • å utvikle vidare arbeidet med grunnleggande nasjonale funksjonar.

Departementet har eit mangfaldig og komplekst sektoransvar. Under gir vi ein nærmare omtale av ansvarsområde som betyr særleg mykje for samfunnssikkerheita, og av mål, prioriteringar og tiltak. Til slutt blir status for arbeidet med å implementere sikkerheitslova og grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF) omtalt.

Elektronisk kommunikasjon (ekom)

Elektroniske kommunikasjonsnett og -tenester dannar ein digital grunnmur for det norske samfunnet. Ekomnett og -tenester blir stadig viktigare for funksjonaliteten i samfunnet, og elektronisk kommunikasjon er definert som ein kritisk samfunnsfunksjon. Kommunal- og moderniseringsdepartementet forvaltar og utviklar ekompolitikken. Det overordna målet for området er:

  • Eit likeverdig tilbod av sikre elektroniske kommunikasjonstenester av høg kvalitet og til rimelege prisar over heile landet.

Saman med ekomaktørane og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit arbeider departementet med å identifisere og redusere sårbarheiter, handtere hendingar og sørge for tilstrekkeleg beredskap.

Regjeringa har sett i verk fleire tiltak for å styrke den digitale grunnmuren. Dette er nokre av dei:

  • Vidare satsing på auka beredskap for mobildekning i utvalde område i nye kommunar, der mobilnetta mellom anna blir styrkte med tre døgns reservestraum som førebygger utfall ved langvarige straumbrot. Mobildekninga blir styrkt for alle dei tre mobilnett-tilbydarane, Ice, Telenor og Telia, i programmet for forsterka ekom. I 2021 vil i underkant av 90 mill. kroner gå til forsterka ekom i åtte kommunar i Innlandet.

  • Satsing på å styrke sårbare område som opplever meir langvarige utfall, mellom anna på grunn av straum- eller fiberbrot. Finnmark fekk i 2020 og 2021, etter ein grundig risiko- og sårbarheitsanalyse, sett i verk tiltak for nær 70 mill. kroner, mellom anna nye fiberføringsvegar som gir reservevegar for internett-trafikk. Ein risiko- og sårbarheitsanalyse for Troms er snart ferdigstilt, og det blei løyvd 25 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2021 til tiltak i regionen. Det blir foreslått ytterlegare 25 mill. kroner til tiltak i 2022, jf. omtale under programkategori 13.40.

  • Tilrettelegging for å auke talet på føringsvegar frå Noreg til utlandet, der det er inngått ein kontrakt om eit nytt sjøfibersamband frå Kristiansand til Esbjerg i Danmark. Stadig meir av den norske internett-trafikken går via skytenester i datasenter i utlandet. Tiltaket reduserer sårbarheita ved at det meste av ekomtrafikken i dag går via Oslo og vidare gjennom Sverige.

  • Styrkt samarbeid mellom kraft- og ekomsektoren med mål om raskare gjenoppretting ved straumbrot som rammar viktige lokasjonar for ekomnetta.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er ei utøvande tilsyns- og forvaltningsmyndigheit underlagd Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Vidareføring og utvikling av tilsyn og forum for sikkerheit og beredskap står sentralt i samfunnssikkerheitsarbeidet. Departementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har dei siste åra styrkt arbeidet på sikkerheitsområdet. Det digitale responsmiljøet for ekomsektoren, EkomCERT, innhentar, samanstiller og analyserer sikkerheitsrelatert informasjon, koordinerer og handterer cyberhendingar og utarbeider situasjonsbilete. Ekomsikkerheitsforum har som formål å leggje til rette for samarbeid mellom dei største tilbydarane, sikkerheitstenestene og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.

Departementet har identifisert enkelte funksjonar innanfor ekomsektoren som grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF-ar) etter sikkerheitslova. Tilbydarane som er underlagde sikkerheitslova, er i ferd med å implementere lova i nært samarbeid med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og departementet, med skadevurderingar og utpeiking av skjermingsverdige objekt og infrastruktur.

Sensorteknologi, tingas internett og kunstig intelligens, kombinert med 5G, dannar eit viktig grunnlag for vidare digitalisering og verdiskaping i det norske samfunnet. Departementet arbeider, saman med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og andre relevante myndigheiter, med å leggje til rette for at denne nye teknologien kan bidra til verdiskaping, samtidig som sikkerheit og personvern blir tatt vare på.

Satellittbasert kommunikasjon

Satellittbasert navigasjon og kommunikasjon er definert som ein kritisk samfunnsfunksjon. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ansvar for kommunikasjonsdelen, medan Samferdselsdepartementet har ansvar for det som omfattar navigasjon. Departementet forvaltar regelverk for satellittbaserte kommunikasjonstenester, mellom anna ekomlova, satellittinnmeldingsforskrifta og fribruksforskrifta. Nærings- og fiskeridepartementet, som har ansvaret for norsk rompolitikk, arbeider med å få på plass ei ny romlov, som vil gi ein ny og utvida regulatorisk overbygning på dette feltet.

Satellittbasert kommunikasjon er nyleg identifisert som ein GNF i samsvar med sikkerheitslova. Dei viktigaste prioriteringane på området er å følgje dei relevante implementeringstiltaka for denne nye GNF-en. Departementet har handtert enkeltsaker som dreier seg om føresegner i sikkerheitslova og anvending for verksemder som driv satellittverksemd.

Satellittområdet er prega av omfattande internasjonal verksemd. Samtidig er satellittområdet i endring, med framvekst av lågbanesatellitt-initiativ som i aukande grad kan konkurrere med landbasert elektronisk kommunikasjon. Det er derfor viktig å sjå arbeidet med samfunnssikkerheit for satellittbasert kommunikasjon i samanheng med arbeidet med elektronisk kommunikasjon.

IKT-tenester til departementa

Departementa har ei viktig rolle i den nasjonale handteringa av kriser og uønskte hendingar. Dei er derfor ein del av den kritiske samfunnsfunksjonen styring og kriseleiing. Deira verksemd, handlefridom og avgjerdsdyktigheit er også utpeikt som ein GNF. For å vareta denne funksjonen er departementa avhengige av ein del understøttande funksjonar, mellom anna IKT. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ansvar for å levere IKT-tenester til departementa på ei felles IKT-plattform. Det overordna målet for området er:

  • Sikre og robuste IKT-system som støttar opp under departementsfunksjonen.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil kontinuerleg arbeide med å gjere IKT-systema sikrare og meir robuste, mellom anna gjennom responsmiljøet i DSS CERT. Det skal innførast eit nytt felles saks- og arkivsystem for Statsministerens kontor, departementa og DSS. Løysinga blir innført både for låggradert og ugradert nivå og skal leggje til rette for betre funksjonalitet og informasjonssikkerheit i departementsfellesskapen.

Objekt- og infrastruktursikkerheit for departementsbygningane

Departementa er avhengige av sikre og funksjonelle arbeidslokale for å vareta sin kritiske samfunnsfunksjon og GNF. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ansvar for arbeidet med førebyggande objekt- og infrastruktursikkerheit i den felles bygningsmassen, på fellesområda og utandørsområda i regjeringskvartalet og i departementsbygningar utanfor regjeringskvartalet. Ansvaret omfattar ikkje Statsministerens kontor og Forsvarsdepartementets lokale på Akershus festning. Ein kongeleg resolusjon om instruks for arbeidet med førebyggande objekt- og infrastruktursikkerheit for departementsbygningane blei vedtatt i februar 2021. Ansvaret for departementsbygningane omfattar felles grunnsikring og i tillegg nødvendig samordning og instruksutvikling for å vareta den felles grunnsikringa. Det overordna målet for området er:

  • Eit forsvarleg sikkerheitsnivå for departementsbygningane som skjermingsverdige objekt.

Departementet legg til grunn ei risikobasert tilnærming når det gjeld vurdering og prioritering av eventuelle behov for komplettering og justering av sikkerheitstiltaka i den felles grunnsikringa, med mål om godt sikra departementsbygningar fram til det nye regjeringskvartalet kan takast i bruk.

Valgjennomføring

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har det overordna ansvaret for valgjennomføringa. Det inneber ansvar for regelverket, mellom anna vallova med tilhøyrande forskrifter, føresegnene i samelova som gjeld val til Sametinget, forskrift om valg til Sametinget og etatsstyraransvar for Valdirektoratet. Gjennomføring av frie, direkte og hemmelege val til Stortinget, kommunestyre, fylkesting og Sametinget er meld inn som ein GNF ettersom heilt eller delvis bortfall vil få konsekvensar for statens evne til å vareta den nasjonale sikkerheitsinteressa demokratisk styreform. Det overordna målet for området er:

  • Korrekt og sikker valgjennomføring med tillit i befolkninga.

Valgjennomføring har ein avgjerande funksjon i vårt demokratiske samfunn og styresett. Departementet og Valdirektoratet har sidan direktoratet blei oppretta i 2016, utvikla eit tett samarbeid rundt sikkerheit og beredskap, mellom anna gjennom risiko- og sårbarheitsvurderingar og rutinemessige beredskaps- og kriseøvingar. Høgt prioritert er tiltak for kontinuerleg å gjere det elektroniske valadministrasjonssystemet (EVA) sikrare og meir robust.

Digitale fellesløysingar

Nasjonale digitale fellesløysingar er byggjeklossar som blir brukte i eit felles økosystem for nasjonal digital samhandling og tenesteutvikling. Fleire av fellesløysingane og systema som bruker dei, er viktige for funksjonaliteten i samfunnet og er knytte til den kritiske samfunnsfunksjonen digital sikkerheit i sivil sektor. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har etatsstyringsansvar for Digitaliseringsdirektoratet, som forvaltar ei rekke fellesløysingar, mellom anna ID-porten og Altinn. Det overordna målet for området er:

  • Offentleg sektor har sikre, stabile og tilgjengelege digitale fellesløysingar.

Sentrale tiltak er å kartleggje avhengigheiter og rutinemessig vurdere risiko og sårbarheit i dei digitale fellesløysingane som Digitaliseringsdirektoratet har eit drifts- og forvaltningsansvar for. Ansvaret for drifta av andre offentlege fellesløysingar er fordelt på mange aktørar, og styringa av dei statlege løysingane følgjer sektoransvaret og linjestyringa. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har eit ansvar for å koordinere statlege og kommunale interesser i felles økosystem for nasjonal digital samhandling og tenesteutvikling, mellom anna for å inngå samarbeidsavtalar mellom departementet og Digitaliseringsdirektoratet, og KS for å vareta desse på tvers av statleg og kommunal sektor.

Kart- og geodata

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har det overordna ansvaret for den nasjonale kart- og geodatapolitikken og etatsstyraransvar for Kartverket, som leverer tenestene på dette området. Kartverket har fleire viktige oppgåver og roller på samfunnssikkerheitsområdet. Ei viktig oppgåve er å levere geografisk informasjon til nødetatar og kriseleiing som er knytt til den kritiske samfunnsfunksjonen styring og kriseleiing. Det overordna målet for dette området er:

  • Vere i stand til å levere geografisk informasjon til samfunnet.

Departementet legg også stor vekt på Kartverkets tenester som avgjerande for funksjonaliteten i samfunnet. Dette dreier seg særleg om tinglysing og registeret for offentleg eigedomsinformasjon (matrikkelen), men også om fastsetting av posisjon, oppmåling, kartlegging og jordobservasjon. Eit prioritert sikkerheitstiltak har vore å etablere sikkerheitsnivå 4 etter NIST-standarden (the National Institute of Standards and Technology) for Kartverkets system, som blir ferdigstilt no. Eit slikt sikkerheitsnivå styrker leveransen av geografisk informasjon til samfunnet. Vidare blir det arbeidd med å sikre betre bruk av geodata til beredskapsformål, mellom anna gjennom tettare samarbeid med Forsvaret.

Plan- og bygningspolitikk

Kommunal- og moderniseringsdepartementet forvaltar plan- og bygningslova og er fagmyndigheit for areal- og samfunnsplanlegging og bygningspolitikk. Plan- og bygningslova skal fremme forsvarleg byggkvalitet og effektiv ressursbruk i byggjeprosessen. Klimaendringane er i aukande grad ei utfordring for samfunnssikkerheita fordi endringane gjer det meir sannsynleg at hendingar som er utløyste av naturen, kan true folks liv og helse, materielle verdiar og sentrale samfunnsfunksjonar. Gjennom ansvaret for plan- og bygningspolitikken har departementet eit rettleiingsansvar overfor regionale og kommunale plan- og bygningsmyndigheiter. Rettleiinga skal bidra til at dei på best mogleg måte gjennom planlegging kan ta avgjerder ut frå regional og lokal kunnskap for å førebygge at naturskapte hendingar får store konsekvensar. Det overordna målet for området er at:

  • Plan- og bygningspolitikken skal leggje til rette for reduksjon av klimagassutslepp og tilpassing til forventa klimaendringar.

Departementets viktigaste tiltak for å nå målet er å utvikle, forvalte og informere om regelverket i plan- og bygningslova med forskrifter. Departementet prioriterer også å fremme og utvikle vidare ny kunnskap om potensielle fareområde og effektar av klimaendringar. Arbeidet gjøres i samarbeid med andre departement og underliggende etater. Dette skal bidra til at kommunal og regional planlegging og byggjesaksbehandling og bustad- og bygningssektoren tar høgde for framtidige klimaendringar og leggje til rette for berekraftige byar og bygg. Eit viktig bidrag er arbeidet med å etablere ein detaljert høgdemodell for heile landet, noko som vil gi betre grunnlag for konsekvensutgreiingar og risiko- og sårbarheitsanalysar knytte til flaum- og rasfare. Høgdemodellen er 98,4 pst. ferdigstilt, og departementet fokuserer særleg på gevinstrealisering hos etatane som deltar.

Som ledd i oppfølginga av NOU 2015: 16 Overvann i byer og tettsteder – Som problem og ressurs er det gjort endringar i plandelen av plan- og bygningslova og rettleiaren for arealdelen i kommuneplanen. Rettleiaren for reguleringsplanar er under revisjon og vil bli ferdigstilt i løpet av 2021. Departementet har også hatt på høyring forslag til endringar i byggjesaksdelen. Dei foreslåtte endringane vil sette kommunane betre i stand til å handtere utfordringar med klimaendringar og overvatn. Endringsforslaga blir vurderte i samanheng med Klima- og miljødepartementets forslag til endringar i vass- og avløpsanleggslova og forureiningslova.

Informasjonssikkerheit i forvaltninga

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har eit samordningsansvar for å arbeide for ei styrkt og meir heilskapleg tilnærming til informasjonssikkerheit i forvaltninga. Digitalisering av forvaltninga gir nye moglegheiter og fremmer effektivitet, men skaper også nye avhengigheiter og sårbarheiter. For å motverke dei digitale sårbarheitene er styrkt kompetanse og systematisk tilnærming til arbeidet med informasjonssikkerheit eit viktig bidrag til samfunnssikkerheitsarbeidet i stort. Digitaliseringsdirektoratet er departementets utøvande fagmiljø på området og skal vere ein samordnar og pådrivar i arbeidet med førebyggande informasjonssikkerheit i offentleg sektor. Direktoratet skal også bidra til arbeidet med sikkerheit i IT-anskaffingar, og skal særskilt bidra til at alle offentlege verksemder har eit system for internkontroll av informasjonssikkerheit. Vidare skal direktoratet leggje til rette for at offentleg forvaltning får gjennomført tiltak og handlingsplanar i samsvar med vedtatte strategiar på området.

Statsforvaltarens fellestenester

Statsforvaltarens fellestenester leverer fellestenester som støttar opp under verksemda til statsforvaltarene, og har ein viktig funksjon i å leggje til rette for at Statsforvaltaren kan utøve samordningsrolla si ved kriser. Statsforvaltarens fellestenester har gjennomført ei modernisering av IKT-infrastrukturen og ei oppgradering av programvara hos statsforvaltarane, noko som gir større sikkerheit og betre funksjonalitet.

Status for implementering av sikkerheitslova og GNF

Lov om nasjonal sikkerhet (sikkerheitslova) tredde i kraft 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å implementere lova. Hovudformålet med lova er å trygge nasjonale sikkerheitsinteresser og å førebygge, avdekke og motverke verksemd som truar sikkerheita. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene blir verna ved at departementa identifiserer GNF-ar innanfor sine ansvarsområde, ved at verksemder av avgjerande betydning for GNF blir underlagde sikkerheitslova, og ved at det blir gjennomført nødvendige sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar. Departementet har identifisert og meldt inn desse grunnleggande nasjonale funksjonane i eigen sektor til sikkerheitsmyndigheita:

Boks 6.1 Grunnleggande nasjonale funksjonar i sektorane under Kommunal- og moderniseringsdepartementet

GNF 1: Kommunal- og moderniseringsdepartementets verksemd, handlefridom og avgjerdsdyktigheit.

GNF 2: Gjennomføring av frie, direkte og hemmelege val til Stortinget, kommunestyre, fylkesting og Sametinget.

GNF 3: Evne til å vareta talekommunikasjonstenester basert på norsk nummerplan.

GNF 4: Evne til å vareta tekstbaserte meldingstenester basert på norsk nummerplan.

GNF 5: Evne til å vareta grunnleggande internett-tilgang.

Departementa har utarbeidd ei felles GNF-formulering for verksemda si. GNF 1 omfattar Kommunal- og moderniseringsdepartementets rolle som fagleg sekretariat for den politiske leiinga, utøving av myndigheit og styring og oppfølging av underliggande verksemder.

Departementet har også ansvar for objekt-, infrastruktur- og IKT-sikkerheit på vegner av store delar av departementsfellesskapen. Dette ansvaret blir følgt opp gjennom arbeidet med denne GNF-en.

Evna til å gjennomføre frie, direkte og hemmelege val til Stortinget, kommunestyre, fylkesting og Sametinget er utpeikt som ein GNF, ettersom heilt eller delvis bortfall av funksjonen vil få konsekvensar for statens evne til å vareta den nasjonale sikkerheitsinteressa demokratisk styreform. GNF-en avgrensar seg til sjølve gjennomføringa av vala, og inkluderer ikkje eventuelle påverknadsoperasjonar av det offentlege ordskiftet eller liknande.

Evna til å oppretthalde enkelte typar elektroniske kommunikasjonstenester (ekom) av eit visst omfang blir rekna som ein GNF ettersom eit heilt eller delvis bortfall vil få konsekvensar for statens evne til å ta vare på nasjonale sikkerheitsinteresser. Evna til å oppretthalde elektroniske kommunikasjonstenester omfattar å sikre tilgjengelegheit, integritet og konfidensialitet. Basert på dette er det identifisert tre GNF-ar innanfor elektronisk kommunikasjon.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er utpeikt som tilsynsorgan for ekomsektoren etter sikkerheitslova og har inngått ein samarbeidsavtale med Nasjonal sikkerheitsmyndigheit.

Innan utgangen av 2021 tar departementet sikte på å identifisere verksemder av vesentleg eller avgjerande betydning for dei GNF-ane som er nemnde over, vurdere tidlegare innmelde og klassifiserte objekt etter gammal sikkerheitslov på nytt i lys av GNF og vurdere og klassifisere eventuelle nye objekt og infrastruktur. Desse vurderingane vil bli reviderte i åra framover. For å vareta formåla med lova vil GNF-prosessen vere ein kontinuerleg prosess. Denne prosessen kan føre til endringar i identifiserte funksjonar og skjermingsverdige verdiar, kva for verksemder som er av vesentleg og avgjerande betydning, og i kva grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (andre verksemder). Kva som krevst for å oppnå eit forsvarleg sikkerheitsnivå, kan også bli endra.

Departementets sektor har også nokre skjermingsverdige objekt som er melde inn etter den gamle sikkerheitslova, men som ikkje er direkte knytte til ein GNF. Departementet vil i løpet av 2022 vurdere statusen for desse objekta i lys av eventuelle innmelde avhengigheiter frå andre sektorar.

Fram til det er gjort nye vedtak etter sikkerheitslova § 7-2, blir sikringa av eksisterande skjermingsverdige objekt etter den gamle sikkerheitslova vidareført. Dersom departementet endrar klassifiseringsgrad for allereie innmelde objekt eller gjer vedtak om nye skjermingsverdige objekt og infrastruktur, skal det etablerast nødvendige sikkerheitstiltak for å oppnå eit forsvarleg sikkerheitsnivå og redusere risikoen for verksemd som truar sikkerheita.

Under covid-19-pandemien har nokre teleselskap fått enkelte dispensasjonar frå krava i sikkerheitslova for å sikre nødvendig drift og utvikling av ekomnett og -tenester.

7 Klima- og miljørelevante saker

Regjeringas klima- og miljøpolitikk bygger på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljømåla blir nådde. For ein omtale av regjeringas samla klima- og miljørelevante saker, sjå fagproposisjonen frå Klima- og miljødepartementet.

Målet med regjeringas regional- og distriktspolitikk er regional balanse gjennom vekstkraft, likeverdige levekår og berekraftige regionar i heile landet. Ein berekraftig region har ei balansert befolkningssamansetning og forvaltar menneskelege ressursar og naturressursar for utvikling og verdiskaping no og i framtida. Næringslivet og samfunnet elles skal kunne tilpasse seg endra føresetnader i økonomiske, sosiale, klima- og miljømessige rammevilkår. Dei distrikts- og regionalpolitiske tilskota frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg vekt på eit vekstkraftig næringsliv og verdiskaping i attraktive arbeidsmarknader over heile landet, regional utvikling over landegrensene og i nordområda og styrkt utviklingskapasitet og velfungerande tenestetilbod i distrikta. Berekraft er omtalt i dei overordna planane og strategiane til fylkeskommunane, som for eksempel dei regionale planane, som styrer verksemda til fylkeskommunane. Gjennom dei distrikts- og regionalpolitiske tilskota over programkategori 13.50 har fylkeskommunane og kommunane gitt tilsegn om om lag 82 mill. kroner til ulike typar miljøfremmande tiltak i 2020.

Innovasjon Noreg forvaltar bedriftsretta låne- og tilskotsordningar i distrikta på oppdrag frå fylkeskommunane. I strategien deira er berekraft spesielt vektlagd, og Innovasjon Noreg vurderer prosjekt som skal motta finansiering, opp mot tre berekraftsdimensjonar: økonomi, miljø og samfunnseffektar av prosjektet. Dersom eit prosjekt blir vurdert til å ha ein negativ miljø- eller samfunnseffekt, får ikkje prosjektet finansiering. Innovasjon Noreg har laga ein rettleiar for heilskapleg vurdering av berekraft i finansieringssaker. Vidare skal bioøkonomiordninga i Innovasjon Noreg bidra til større verdiskaping og berekraftig omstilling av norsk næringsliv ved å utnytte det marknadspotensialet som bionæringane, baserte på ressursar frå hav, jord og skog, representerer. Ordninga er ei oppfølging av bioøkonomistrategien til regjeringa.

Noreg deltar i EUs grenseoverskridande samarbeid gjennom Interreg-programma. Programma Noreg deltar i, har smart, berekraftig og inkluderande vekst som overordna mål. Om lag 40 pst. av dei norske Interreg-midlane blei i 2020 nytta til innsatsområde knytte til lågkarbonøkonomi, risikohandtering ved klimaendringar, vern av miljø og berekraftig transport.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ansvar for byggje- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor. Regjeringa har i Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 utarbeidd felles klima- og miljøambisjonar for statlege bygg og eigedommar i sivil sektor. Statsbygg arbeider med revitalisering og optimalisering av funksjonar og løysingar i den eksisterande bygningsmassen for å kunne utvikle og tilpasse bygga framfor å byggje nytt. Statsbygg har i 2020 utvikla konsept for å møte nye behov hos brukarane med enkle grep, som for eksempel å leggje til rette for miljøvennleg transport og tiltak som fremmar biologisk mangfald og sirkulærøkonomi.

Lokalisering og arealbruk er vesentleg for klimapåverknaden av bygg. Statsbygg gir råd til oppdragsgivaren om desse forholda både i statlege byggjeprosjekt og når staten skal leige.

Bygningsregelverket skal sørge for at bustader og bygg er sikre, energieffektive og miljøvennlege.

Klimagassutsleppa for byggjeprosjekt som Statsbygg har gjennomført, blei i 2020 reduserte med 36 pst. målt mot minstekravet i byggteknisk forskrift. Utslepp frå materiale til prosjekta og frå energi i drift i løpet av det normerte livsløpet på 60 år for bygga er med i berekninga. Etter at utsleppsreduserande tiltak var gjennomførte, låg det samla klimagassutsleppet for byggjeprosjekt i byggjefasen i 2020 på 15,4 kilo CO2-ekvivalentar per kvadratmeter per år.

I 2019 og 2020 har Statsbygg kartlagt potensielle ENØK-tiltak for totalt 500 000 kvadratmeter av eigedomsmassen. Vidare er potensialet for produksjon av solenergi på takflater i bygningsporteføljen kartlagt.

Forskrift om lån frå Husbanken, kap. 2 Lån til boligkvalitet skal fremme miljø og tilgjengelegheit i nye bustader. Oppføring av bustader med godt inneklima og miljøvennlege materiale og byggjemetodar kan få lån. Eksisterande bustader kan få lån til å fremme bustadkvalitetar som energieffektivitet og tilgjengelegheit.

Eit forslag om klimabaserte energikrav i byggteknisk forskrift blei sendt på høyring i juli 2021. Energikrava blir utvikla frå passivhusnivå til nesten nullenerginivå ved å supplere dagens krav med krav som bidrar til reduserte klimagassutslepp frå materiale og betre ressursutnytting. Forslaget inneber mellom anna eit krav om å utarbeide ein klimagassrekneskap for bustadblokker og yrkesbygg. Når det er hausta erfaringar med kravet om klimagassrekneskap for slike bygg, tar regjeringa sikte på å innføre krav til utsleppsnivå for desse bygga, i tillegg til at kravet om klimagassrekneskap blir utvida til andre bygningskategoriar, mellom anna i lys av at kostnadene ved å lage slike rekneskapar vil bli mindre.

Regjeringa arbeider for å kutte avfallsmengda og klimagassutsleppa knytte til byggeverksemd. Å leggje til rette for ombruk av byggjevarer bidrar til dette. Direktoratet for byggkvalitet har laga ein rettleiar med informasjon om kva krav som blir stilte ved omsetning og bruk av brukte byggjevarer. Regjeringa vil i tillegg gå igjennom dokumentasjonskrava for byggjevarer, slik at dei er betre tilpassa ombruk.

Regjeringa har, i samarbeid med næringa, tatt initiativ til å opprette eit samordningsråd for digitalisering. Rådet skal legge til rette for betre flyt av digitale produktdata, mellom anna gjennom pilotprosjekt for utvalde byggjevarer med særleg potensial for ombruk. Gjennom å leggje til rette for at digitale produktdata flyt godt – frå produsent til sluttbrukar – gjer regjeringa det lettare for næringa å vite kva for byggjevarer som kan brukast om igjen.

8 Oppfølging av berekraftsmåla i Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Berekraftsmåla blei vedtatt av FNs medlemsland i 2015. Det er til saman 17 mål og 169 delmål. Måla handlar om vekst og velstand, helse og utdanning, miljø og klima, fred, sikkerheit og samarbeid. Alle land har eit ansvar for å oppfylle berekraftsmåla innan 2030. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har frå 2020 ansvar for den nasjonale koordineringa av arbeidet med berekraftsmåla. Regjeringa la i juni 2021 fram Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening. Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030. I juli la Noreg fram den andre rapporten til FN-landa om implementeringa av agendaen for berekraft nasjonalt. Kommunal- og moderniseringsdepartementet er også koordinerande departement for berekraftsmål 11. Kapittelet omtaler innsatsen for å nå berekraftsmåla som er finansierte over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

8.1 Hovudmål 11. Berekraftige byar og lokalsamfunn

Delmål 11.1) Innan 2030 sikre at alle har tilgang til tilfredsstillande og trygge bustader og grunnleggjande tenester til ein overkomeleg pris, og betre forholda i slumområde

Noreg har få bustadslause, og dei aller fleste bur godt og trygt. Meir enn 80 pst. av Noregs befolkning bur i bustader dei sjølve eig. For å sikre at flest mogleg kan klare seg sjølve på bustadmarknaden, er regjeringa opptatt av å leggje til rette for velfungerande bustadmarknader og trygg bustadhandel. Enklare regelverk og digitale søknadsprosessar legg til rette for effektiv bustadbygging. Regjeringa rettar ein særleg innsats mot dei som ikkje klarer å skaffe seg og behalde ein bustad på eiga hand, spesielt hushaldningar med låg inntekt. I desember 2020 lanserte regjeringa ein ny nasjonal strategi for sosial bustadpolitikk: Alle trenger et trygt hjem (2021–2024). I strategien blir det varsla nye tiltak for at fleire skal kunne eige sin eigen bustad, og at det å leige skal vere eit trygt alternativ. Regjeringa vil gjere ein særskild innsats for at ingen skal vere utan bustad, at barn og unge skal ha gode buforhold, og at personar med nedsett funksjonsevne på lik linje med andre skal kunne velje kvar og korleis dei skal bu.

Det er i dag ingen område i norske byar og tettstader som kan kategoriserast som slum, men enkelte område i dei største byane har ei opphoping av dårlege levekår. Regjeringa er opptatt av at alle lokalsamfunn skal vere inkluderande og trygge, og har derfor eit samarbeid om områdesatsingar med fire av dei største byane, som er dei som har størst utfordringar.

Delmål 11.2) Innan 2030 sørgje for at alle har tilgang til trygge, tilgjengelege og berekraftige transportsystem til ein overkomeleg pris og betre tryggleiken på vegane, særleg ved å leggje til rette for kollektivtransport og med særleg vekt på behova til personar i utsette situasjonar, kvinner, barn, personar med nedsett funksjonsevne og eldre

Noreg har få trafikkulykker og eit forholdsvis godt kollektivtilbod, men det er ei utfordring å få til eit godt tilbod i område med spreidd busetting. Effektiv arealbruk skal bidra til å redusere klimagassutslepp, kø, forureining og støy og til at veksten i persontransporten blir tatt med kollektivtransport, sykkel og gange. Regjeringa legg vekt på universell utforming for å sikre omgivnader som er tilgjengelege og kan brukast av alle.

Delmål 11.3) Innan 2030 styrkje inkluderande og berekraftig urbanisering og leggje til rette for deltakande, integrert og berekraftig samfunnsplanlegging og forvaltning i alle land

Byar og lokalsamfunn skal vere for alle og gi grunnlag for at også barn, eldre og personar med funksjonsnedsetting kan delta. Medverknad er integrert i all planlegging og sikra i plan- og bygningslova.

Delmål 11.5) Innan 2030 oppnå ein vesentleg reduksjon i talet på dødsfall og talet på personar som blir ramma av katastrofar, inkludert vassrelaterte katastrofar, og i vesentleg grad minske dei direkte økonomiske tapa i det samla bruttonasjonalproduktet i verda som følgje av slike katastrofar, med vekt på vern av fattige og personar i utsette situasjonar

Eit endra klima med meir nedbør og høgare havnivå aukar risikoen for flaum og ras og skaper utfordringar for vass- og avløpsnettet. Fortetting bidrar også til større omfang av overvass-skadar i byar og tettstader. I 2018 blei det utarbeidd statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing. Det er behov for å auke innsatsen for å førebyggje og gjere norske kommunar meir klimarobuste. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har hatt på høyring forslag til endringar i gjennomførings- og byggjesaksdelen av plan- og bygningslova knytte til overvasshandtering og tar sikte på å fremje ein lovproposisjon for Stortinget innan våren 2022. Lovforslaget er ei oppfølging av utgreiinga frå overvassutvalet, NOU 2015: 16 Overvann i byer og tettsteder.

Det er forholdsvis få dødsfall i Noreg på grunn av naturkatastrofar, men naturhendingar som for eksempel ras og flaum fører til store tap av samfunnsverdiar kvart år. Det er behov for å gjere informasjon om risiko og sårbarheit lettare tilgjengeleg for kommunar og statsforvaltarar i arbeidet deira med risiko- og sårbarheitsanalysar. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har derfor utvikla ei teknisk løysing, Kunnskapsbanken, for innhenting, samanstilling og tilgjengeleggjering av data, i tillegg til støtte til analyseprosessar på samfunnssikkerheitsområdet.

Tilgang til geografiske data er avgjerande for å tilpasse seg eit endra klima. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vore med på å finansiere prosjektet nasjonal detaljert høgdemodell (NDH), der heile Noregs landareal blir skanna med laser for å produsere høgdedata. Slike data kan gi informasjon om område som er sårbare for flaum, skred og ras, og utgjer eit viktig kunnskapsgrunnlag for å redusere konsekvensane av forventa klimaendringar.

Delmål 11.6) Innan 2030 redusere negativ påverknad på miljøet frå byar og lokalsamfunn (målt per innbyggjar), med særleg vekt på luftkvalitet og avfallshandtering i offentleg eller privat regi

Ei samordna bustad-, areal- og transportplanlegging er eit tiltak for å redusere dei nasjonale klima- og miljøutfordringane. For å bidra til å nå målet om nullvekst i persontrafikken i byane og redusere utslepp av lokal forureining og klimagassar har regjeringa inngått byvekstavtalar med dei fire største byregionane. Den forventa vidare veksten i og rundt dei største byane vil krevje effektiv arealbruk og ei relativt sterk utbygging av alle typar infrastruktur. Kompakt byutvikling er ein viktig strategi for å redusere klimagassutsleppa og fremje gode livsvilkår for innbyggjarane også i små og mellomstore byar.

Norske byar har i internasjonal samanheng relativt lite luftforureining, og Noreg er blant landa i Europa som har minst risiko for tidleg død på grunn av lokal luftforureining frå vegtrafikken.

Delmål 11.7) Innan 2030 sørgje for at alle, særleg kvinner og barn, eldre og personar med nedsett funksjonsevne, har tilgang til trygge, inkluderande og tilgjengelege grøntområde og offentlege rom

Regjeringa er opptatt av å sikre gode og tilgjengelege grøntområde for alle. Gjennom eigne tilskotsordningar blir det gitt tilskot til kjøp / varig sikring og tilrettelegging av attraktive grøntområde for friluftsliv og rekreasjon. Ei rekke attraktive grøntområde i byar og tettstader er dei siste åra lagde til rette og varig sikra for allmenta som følgje av denne ordninga. Kartleggingar utførte av Statens kartverk tyder på at opp mot 40 pst. av turvegane er tilgjengelege og kan brukast av personar med funksjonsnedsetting.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sendt på høyring forslag til endringar i reglane om utbyggingsavtalar i plan- og bygningslova. Utbyggingsavtalar, som blir inngått mellom kommunar og utbyggarar, inneber at grunneigaren eller utbyggaren er med på å finansiere nødvendig offentleg infrastruktur, for eksempel vegar, parkar og friområde. Forslaget gir kommunane eit betre verktøy for gjennomføring av planar og legg til rette for at utbygginga kan skje raskare.

Delmål 11.a) Støtte positive økonomiske, sosiale og miljømessige samband mellom byområde, omland og spreiddbygde område ved å styrkje nasjonale og regionale planar

Planlegging er det viktigaste verktøyet fylkeskommunen og kommunen har når dei skal prioritere oppgåver og fastsette areal for utbygging i by og bygd. Gjennom dokumentet Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging 2019–2023 understrekar regjeringa kor viktig det er at fylke og kommunar legg berekraftsmåla til grunn for planlegginga si.

Fylkeskommunen skal vere samfunnsutviklar, og er ein strategisk viktig næringspolitisk aktør. Gjennom regionale utviklingsplanar og partnarskap er fylkeskommunane med på å utnytte og utvikle regionale konkurransefortrinn. Dei forvaltar også nærings- og forskingsretta verkemiddel som støttar opp om berekraftig utvikling.

Gjennom sitt internasjonale engasjement, mellom anna i Interreg, deltar fylkeskommunane i grenseoverskridande samarbeid som støttar opp under fleire av berekraftsmåla.

Distriktssenteret arbeider med ei rettleiing om innsats for lokal samfunnsutvikling. Senteret har sett i gang eit pilotarbeid om behovet for rettleiing i utvalde kommunar, kalla Distriktskommune 3.0, og samarbeider med fylkeskommunane om å utvikle rettleiingspakker for å styrkje utviklingsarbeidet i små distriktskommunar.

Departementa har dialog med dei nordlegaste fylkeskommunane og Sametinget gjennom Regionalt nordområdeforum. Dette dialogforumet skal bidra til å styrkje samordninga mellom nordområdepolitikken og annan nasjonal og regional innsats i Nord-Noreg.

Frå 2020 forvaltar Nordland og Troms og Finnmark fylkeskommunar delar av tilskotsordninga Arktis 2030, som skal bidra til å ta vare på norske interesser og Noregs rolle som ansvarleg polarnasjon og i tillegg støtte opp under regjeringas nordområdepolitikk. Prosjekta skal bidra til berekraftig utvikling og verdiskaping.

Delmål 11.b) Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på byar og lokalsamfunn som vedtek ein integrert politikk og gjennomfører planar med sikte på inkludering, betre ressursbruk, avgrensing av og tilpassing til klimaendringar og evne til å stå imot og handtere katastrofar, og dessutan utvikle og setje i verk eit heilskapleg system for risikostyring og katastrofehandtering på alle nivå, i tråd med Sendai-rammeverket for katastrofeberedskap for 2015–2030

Kommunane har ei nøkkelrolle i arbeidet med samfunnssikkerheit. Dei har eit generelt ansvar for å ta vare på sikkerheita for befolkninga innanfor sine geografiske område. Samfunnssikkerheitsarbeidet i kommunane skal vere heilskapleg, systematisk og kunnskapsbasert. Kommunane skal kartleggje uønskte hendingar som kan inntreffe, vurdere kor sannsynleg det er at desse hendingane inntreffer, og korleis dei i så fall kan påverke kommunen. Resultatet av dette arbeidet skal vurderast og samanstillast i ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse), jf. sivilbeskyttelseslova § 14. Undersøkingar viser at 98 pst. av norske kommunar har heilskaplege ROS-analysar og beredskapsplanar.

Delmål 11.c) Støtte dei minst utvikla landa i å føre opp berekraftige og solide bygg ved bruk av lokale materiale, mellom anna gjennom økonomisk og fagleg støtte

Rask urbanisering bidrar til meir luftforureining, utilstrekkeleg infrastruktur og mangel på nødvendige tenester. Noreg støttar arbeidet for robuste og berekraftige byar gjennom dei multilaterale utviklingsbankane og FNs busettingsprogram, som har hjelpt regjeringar og bymyndigheiter i å regulere arealbruk, drive byplanlegging, gjennomføre skattlegging og bustadbygging og satse på infrastruktur og samfunnssikkerheit. Behova til kvinner, ungdom og utsette grupper blir prioriterte.

8.2 Rapportering på andre delmål

Delmål 1.3) Innføre nasjonalt tilpassa sosiale velferdsordningar og tiltak for alle, inkludert minstestandardar, og innan 2030 oppnå ei vesentleg dekning av fattige og sårbare

I den nye strategien for den sosiale bustadspolitikken, Alle trenger et trygt hjem (2021–2024), varslar regjeringa at startlån og bustøtte vil vere prioriterte verkemiddel også i åra framover. Startlån skal bidra til at personar med langvarige bustadfinansieringsproblem kan skaffe seg ein eigna bustad og behalde han. Barnefamiliar som leiger bustad, er ei prioritert målgruppe for startlån. Bustøtte skal sikre personar med låg inntekt og høge buutgifter ein eigna bustad. Om lag 80 000 husstandar med svært låg inntekt får bustøtte i månaden. Som eit ledd i innsatsen mot barnefattigdom foreslår regjeringa å styrkje bustøtta for husstandar med meir enn éin person. Regjeringa har også sett ned eit ekspertutval som skal levere forslag til ei framtidig innretting av ordninga i løpet av våren 2022.

Delmål 4.1) Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskule og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gje dei eit relevant og reelt læringsutbytte

Romane er éin av fem nasjonale minoritetar i Noreg. Kommunal- og moderniseringsdepartementet finansierer ordninga «Skolelos for romelever». Skolelosane følgjer opp romelevar som bur i Oslo og i nabokommunen Lørenskog. Tiltaket blir drifta av Oslo kommune. Skolelosane arbeider for å styrkje læringsutbyttet for elevane, redusere fråvær og auke antalet elevar som fullfører grunnopplæringa. Skolelosane bistår mellom anna i koordineringa mellom skolen, eleven og heimen. Skolelosordninga for romelevar blei styrkt med fleire tilsette i 2021.

Delmål 5.5) Sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like moglegheiter til leiande stillingar på alle nivå der det blir teke avgjerder, i det politiske, det økonomiske og det offentlege livet

Noreg blir rekna som eit føregangsland når det gjeld kvinners deltaking i politikken. Særleg er andelen kvinner i regjeringa høg i internasjonal samanheng, om lag 50 pst. Andelen kvinner i Stortinget er om lag 40 pst. Gjennomsnittleg andel kvinner i kommunestyra i landet var om lag 40 pst. ved lokalvalet i 2019. Det var første gong den gjennomsnittlege andelen kvinner i kommunestyra kom over 40 pst. for landet. Det var også ein stor auke i andelen kvinnelege ordførarar i landet, opp frå 28 pst. til 35 pst.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjennomførte i forkant av siste lokalval, i 2019, ein kampanje for å bevisstgjere partia, sivilsamfunnet og innbyggjarane i kommunane om betydninga av ein balansert representasjon av kvinner og menn i lokalpolitikken. I tillegg har departementet utvikla eit representasjonsbarometer som gir ei oversikt over innvalde kvinner og menn i alle kommunestyra i landet, om ein kommune har ei kvinne i ordførarposisjon, og kor mange kvinnelege kandidatar på listene som partia har gitt stemmetillegg (og dermed prioritert). Formålet er å bidra til å synleggjere og inspirere partia og sivilsamfunnet elles i kommunar med låg kvinneandel i kommunestyret til å rekruttere og få fleire kvinner til å stille til gjenval i lokalpolitikken og i leiande posisjonar.

Målet om å oppnå likestilling og sikre at kvinner deltar i det politiske, det økonomiske og det offentlege liv, kan også sjåast i samanheng med verdiar og ansvar i den statlege arbeidsgivarpolitikken. Eit sentralt tema er likelønn. Som ein del av likestillingsarbeidet skal arbeidsgivarar i offentlege verksemder kartleggje og gjere greie for mellom anna lønnsforskjellar mellom kvinner og menn. Hausten 2021 set Kommunal- og moderniseringsdepartementet, saman med hovudsamanslutningane i staten (LO Stat, YS Stat, Unio og Akademikerne), i gang eit eige prosjekt for å følgje opp og gi råd til utvalde statlege verksemder om arbeidet med lønnskartlegging, i tråd med krava om rapportering av likelønn i likestillings- og diskrimineringslova for 2021.

Delmål 8.2) Auke den økonomiske produktiviteten gjennom diversifisering, teknologisk framgang og innovasjon, mellom anna med vekt på lønsame og arbeidsintensive sektorar

Departementet gir Innovasjon Noreg og Forskingsrådet i oppdrag å forvalte verkemiddel som bidrar til innovasjon, verdiskaping og omstillingsevne, gjennom samarbeid mellom bedrifter, forskingsmiljø, næringsliv og offentleg sektor. Verkemidla omfattar det nasjonale klyngeprogrammet Norwegian Innovation Clusters, innovasjonspartnarskapa og bioøkonomiordninga i Innovasjon Noreg og Kapasitetsløft i Forskingsrådet.

Smart spesialisering er EUs metode for regional utvikling i alle typar regionar. Smart spesialisering er viktig for å auke produktiviteten og fremje innovasjon i distrikta. Strategiar for smart spesialisering skal fremje fornying og omstilling ved å styrkje utviklinga på dei næringsområda der regionen effektivt kan kople ressursar og kompetansefortrinn med marknadspotensial.

Delmål 8.3) Fremje ein utviklingsretta politikk som støttar produktive aktivitetar, oppretting av anstendige arbeidsplassar, entreprenørskap, kreativitet og innovasjon, og stimulere til formalisering av og vekst i talet på svært små, små og mellomstore bedrifter, mellom anna ved å gje dei tilgang til finansielle tenester

Departementet bidrar til vekstkraftig næringsliv i regionar og distrikt gjennom innsats som er tilpassa regionale moglegheiter og utfordringar. Gjennom løyve frå departementet finansierer fylkeskommunane verkemiddel for å mobilisere og utvikle eit verdiskapande næringsliv i distrikt og regionar.

Fylkeskommunane har ansvar for å utforme og finansiere oppdrag til Innovasjon Noreg og Siva i tråd med regionale behov og prioriteringar. Verkemidla til fylkeskommunen i Innovasjon Noreg omfattar bedriftsretta låne- og tilskotsordningar i distrikta, landsdekkande etableringstilskot, mentortenester for gründerar og bedriftsnettverk.

Næringshageprogrammet og inkubasjonsprogrammet blir forvalta av Siva på oppdrag frå fylkeskommunane. Gjennom næringshageprogrammet bidrar Siva med tilskot, kompetanse, verktøy og eit nasjonalt nettverk til 39 næringshagar over heile landet. Næringshageprogrammet skal bidra til større verdiskaping gjennom å leggje til rette for utvikling av attraktive bedrifter og kunnskapsarbeidsplassar i heile landet, men fortrinnsvis i distrikta. Hovudmål for inkubasjonsprogrammet er effektivt å identifisere, vidareutvikle og kommersialisere gode idear til nye vekstbedrifter og gi ny vekst i etablerte verksemder.

Delmål 9.1) Utvikle påliteleg, berekraftig og solid infrastruktur av høg kvalitet, inkludert regional og grensekryssande infrastruktur, for å støtte økonomisk utvikling og livskvalitet med vekt på overkomeleg pris og likeverdig tilgang for alle

Den digitale grunnmuren (mobil- og breibandsnetta) har høg kvalitet og brei nasjonal dekning. Noreg scorar jamleg høgt på internasjonale samanlikningar av tilbod om breiband. Hovudverkemiddelet er utbygging på kommersielt grunnlag, men regjeringa bidrar med fleire målretta ordningar i område der det ikkje blir bygd ut, mellom anna breibandstilskot, distriktspakka for utbygging av raskt trådlaust breiband i 5G-frekvensauksjonen i september 2021 og innkjøpsordninga for funksjonell internett-tilgang og telefontjeneste til alle (jf. omtale under mål 16.10). Vidare bidrar regjeringa med ei rekkje tiltak for sikrare og meir solide nett, mellom anna forsterka mobilberedskap i sårbare kommunar og styrking av transportnetta i sårbare regionar, i tillegg til at det er brukt statlege midlar på å styrkje fiberkonnektiviteten mot utlandet.

Delmål 9.3) Auke tilgangen til finansielle tenester, inkludert rimeleg kreditt, for små industribedrifter og andre bedrifter, særleg i utviklingsland, og styrkje posisjonen til desse bedriftene og integrere dei i verdikjeder og marknader

Departementet gir tilskot til omstilling i kommunar eller regionar som opplever vesentleg reduksjon i sysselsetjinga. Omstillingsmidlane skal styrkje næringsgrunnlaget og bidra til etablering av nye arbeidsplassar, styrkt utviklingsevne og ein meir variert næringsstruktur.

Departementet har innført kompetansepilotar for å identifisere og mobilisere behovet for kompetansehevande tiltak i verksemdene og kople og leggje til rette for eit tilpassa etter- og vidareutdanningstilbod. Målgruppa er offentlege og private verksemder, med særleg vekt på små bedrifter i Distrikts-Noreg.

Delmål 9. c) Auke tilgangen til informasjons- og kommunikasjonsteknologi vesentleg og arbeide for at dei minst utvikla landa får allmenn og rimeleg tilgang til internett innan 2020

Tilgangen til kommunikasjonsteknologi har auka betydeleg i Noreg dei siste åra. Ved årsskiftet 2020/2021 hadde 90 pst. av husstandane tilbod om raskt breiband med minst 100 Mbit/s, og nær alle hadde tilbod om grunnleggjande breiband. Rask utbygging av fast breiband basert på fiber og ny teknologi, som for eksempel 5G-mobilteknologi og lågbane satellittsystem, gjer det mogleg å nå alle husstandar og verksemder i Noreg med raskt breiband i løpet av dei neste åra.

Ny teknologi gjer det også mogleg å arbeide for langt større utbreiing av breiband og også raskt breiband i dei minst utvikla landa. Noreg er medlem i FN-organet Den internasjonale telekommunikasjonsunion (ITU) og i satellittorganisasjonane ITSO og EUTELSAT. Desse organa arbeider mellom anna for universell og rimeleg tilgang til informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Noreg deltar og støttar dette arbeidet.

Delmål 10.2) Innan 2030 sikre myndiggjering og fremje sosial, økonomisk og politisk inkludering av alle, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, rase, etnisitet, nasjonalt opphav, religion eller økonomisk eller annan status

Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjennomfører kontinuerleg tiltak for å få fleire kvinner inn i lokalpolitikken, særleg i leiande posisjonar. Det same gjeld unge, eldre og menneske med funksjonsnedsetting. For eksempel blei vallova nyleg endra slik at menneske med funksjonsnedsetting kan velje kven dei vil ha med seg som hjelpar i stemmelokalet.

Departementet arbeider også systematisk med å overvake og hente inn kunnskap om i kva grad ulike grupper, basert på kjenneteikn som sosioøkonomisk eller sosial status og landbakgrunn, deltar i politikken. På bakgrunn av tidsseriestudiar og djupnestudiar av dette utviklar departementet politikk og tiltak for betre å inkludere ulike grupper i politikken og auke deltakinga i demokratiet.

Delmål 10.3) Sikre like moglegheiter og redusere skilnader i levekår, mellom anna ved å avskaffe diskriminerande lover, politikk og praksis og ved å fremje lovgjeving, politikk og tiltak som er eigna til å nå dette målet

Rekrutteringsarbeidet i staten skal ha ei brei og inkluderande tilnærming, jf. Statens personalhåndbok, pkt. 1.6. Regjeringa tok i 2018 initiativ til ein inkluderingsdugnad for å få offentlege og private verksemder til å tilsette fleire med funksjonsnedsetting og hòl i CV-en. Staten skal gå føre i dugnaden, og har som mål at minst fem pst. av alle nytilsette i staten årleg skal vere personar med funksjonsnedsetjing eller hòl i CV-en.

Som verkemiddel for å oppnå mangfald har staten eit eige traineeprogram for personar med funksjonsnedsetjing og hòl i CV-en. Det er også sett i verk andre sentrale tiltak for å leggje til rette for å tilsette personar i staten frå målgruppa for inkluderingsdugnaden. I perioden 1. august 2019 til 31. desember 2020 blei det gjennomført ei forsøksordning med anonyme søknader for å integrere fleire innvandrarar i staten. Sjå nærmare omtale av desse ordningane og resultat under pkt. 10.

Delmål 12.5) Innan 2030 redusere avfallsmengda vesentleg gjennom førebygging, reduksjon, attvinning av materiale og ombruk

Bygg-, anleggs- og eigedomsnæringa står for 25 pst. av den samla avfallsmengda og er dermed den største kjelda til avfall i Noreg. Det er eit stort potensial for å auke sirkulariteten i næringa. Regjeringa stimulerer til sirkulære løysingar på fleire måtar, mellom anna gjennom å gjere det enklare å bruke byggjevarer om igjen. Direktoratet for byggkvalitet lanserte i mai 2021 ein rettleiar for ombruk. Direktoratet vil også sjå på korleis forskrifta om dokumentasjon av byggjevarer (DOK) betre kan tilpassast ombruk. Regjeringa har i tillegg tatt initiativ til å etablere eit samordningsråd for å leggje til rette for meir bruk av og betre flyt av maskinlesbare produktdata. Betre informasjon om eigenskapane til byggjevarer gjer meir ombruk mogleg.

I Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 lanserte regjeringa fem klima- og miljøambisjonar for staten som eigedomsforvaltar, leigetakar og byggherre. Blant ambisjonane er at staten skal utnytte eksisterande eigedomsmasse og sikre gjenbruk av fråflytta eigedom, ombruke tidlegare brukte byggjemateriale og leggje til rette for at også andre kan ombruke materiale frå statlege bygningar. I Nasjonal strategi for ein grøn, sirkulær økonomi går det mellom anna fram at staten skal gå føre og leggje til rette for grøn omstilling i næringa. Statlege byggherrar og eigedomsforvaltarar skal jobbe for å redusere mengda av byggavfall og stille strenge krav til sortering av næringsavfall.

Delmål 16.6) Utvikle effektive, ansvarlege og opne institusjonar på alle nivå

Opne data er viktig for effektivisering og innovasjon, for næringsutvikling og for å fremje eit opent og demokratisk samfunn. Opne data handlar om å gi næringsliv, forskarar og sivilsamfunn tilgang til data som offentleg forvaltning har, på ein slik måte at dei lett kan brukast i nye samanhengar. Digitaliseringsdirektoratet har ansvar for data.norge.no, som er Noregs offisielle nettstad for opne offentlege data. Her kan verksemdene sjølve registrere datasett som er gjorde tilgjengelege for vidare bruk, og finne rettleiingsmateriell og informasjon om Norsk lisens for offentlege data.

Å ha gode, stabile og sikre nett for fast og mobilt breiband er viktig for å bidra til effektiv deling av data. Slike nett er også ein avgjerande føresetnad for at offentlege tenester i aukande grad kan digitaliserast, mellom anna gjennom sjølvbeteningsløysingar, og legg dermed til rette for meir effektive arbeidsmetodar og organisering.

Noreg var i 2010 éin av åtte initiativtakarar til Open Government Partnership (OGP). Målet med OGP er at offentleg sektor og det sivile samfunnet skal samarbeide om å skape ei opnare og meir velfungerande og brukarvennleg forvaltning. OGP har no vakse til om lag 80 deltakande statar, lokalsamfunn og fleire sivilsamfunnsorganisasjonar, mellom andre OECD og Verdsbanken. Det viktigaste verkemiddelet i OGP er dei nasjonale handlingsplanane som blir utarbeidde i samråd med det sivile samfunnet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet er koordinator og pådrivar for dei norske OGP-handlingsplanane. Noreg har til no levert fire handlingsplanar i OGP. Den fjerde handlingsplanen, som inneheld åtte forpliktingar, varer frå 2019 til 2021. Regjeringa arbeider med å oppdatere planen, som igjen vil kunne danne grunnlag for ein ny femte handlingsplan.

Delmål 16.7) Sikre lydhøyre, inkluderande, deltakingsbaserte og representative avgjerdsprosessar på alle nivå

For spørsmål som kan påverke samiske interesser, er det eigne reglar om konsultasjonar. Stortinget vedtok våren 2021 å lovfeste plikta til å konsultere Sametinget og samiske interesser i saker som gjeld dei. Lova forankrar konsultasjonsplikta for alle forvaltningsnivå, også kommunar og fylkeskommunar. Lova legg til rette for gode demokratiske prosessar mellom myndigheitene og samane og skal sikre at samiske interesser kjem tidleg inn i prosessane, slik at dei har moglegheit til å påverke avgjerdene.

Myndigheitene bidrar til å styrkje organisasjonane til nasjonale minoritetar, mellom anna gjennom drifts- og prosjekttilskot, slik at dei sjølve kan delta og påverke i saker som angår dei. Dialogen mellom myndigheitene og desse organisasjonane skjer i Kontaktforum mellom nasjonale minoritetar og sentrale myndigheiter, gjennom årlege dialogmøte med organisasjonane enkeltvis og gjennom kontakt i konkrete spørsmål som organisasjonane er opptatt av.

Delmål 16.10) Sikre allmenn tilgang til informasjon og verne grunnleggjande fridommar, i samsvar med nasjonal lovgjeving og internasjonale avtalar

Tilgang til internett er ein føresetnad for digital deltaking og bruk av tenester som offentlege portalar, undervisningsportalar, e-post, nettmedium (aviser mv.), netthandel, nettbank og strøyming av video. Tilgang for alle er derfor viktig for interaksjon med det offentlege, deltaking i arbeids- og skuleliv, demokratisk deltaking, effektiv handel og bruk av finansielle tenester. Det er i dag eit fåtal husstandar i Noreg som ikkje har slik tilgang. Regjeringa foreslår derfor å opprette ei offentleg innkjøpsordning som skal sikre funksjonell tilgang til internett og telefonteneste til alle.

Tilgang til grunnlag for avgjerder og prioriteringar i offentleg sektor gjer det lettare å etterprøve forvaltninga. eInnsyn-løysinga i Digitaliseringsdirektoratet gjer det mogleg å følgje politiske avgjerdsprosessar på tvers av verksemdsgrensene og å søkje etter dokument og saker for så å få dei utlevert.

9 Lønnsvilkår o.a. til leiarar i heileigde statlege verksemder

Kommunalbanken AS

Administrerande direktør mottok 2 733 000 kroner i fastlønn for 2020.1 Andre ytingar utgjorde 32 000 kroner. Pensjonskostnaden var 174 000 kroner. Administrerande direktør har som andre tilsette ei innskotsbasert pensjonsordning inntil 12 G, og er omfatta av den same ordninga for resultatbasert variabel lønn som andre tilsette. Ordninga er avgrensa til 1,5 månadslønner og føreset at styrefastsette måltal er nådde. Administrerande direktør har ein etterlønnsavtale på inntil tolv månadslønner som blir utløyst etter særskilde vilkår. Opplysningar om godtgjering til administrerande direktør går fram av Kommunalbankens årsberetning for 2020.

Norid AS

Dagleg leiar mottok 1 136 866 kroner i fastlønn for 2020. Andre ytingar utgjorde 33 920 kroner. Pensjonskostnaden var 157 134 kroner. Leiande tilsette er på lik linje med andre tilsette med i den kollektive pensjonsordninga til selskapet. Dette er ei innskotsbasert pensjonsordning på inntil 12 G. Det er ikkje avtalt etterlønnsordning for dagleg leiar. Norid AS nyttar ikkje variabel lønn og heller inga form for opsjonsprogram eller bonusutbetalingar.

10 Likestilling

Likestilling inneber at alle personar skal ha like rettar og moglegheiter i samfunnet, uavhengig av mellom anna kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet og religion.

10.1 Likestilling i det statlege tariffområdet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ansvaret for statens sentrale arbeidsgivarfunksjon og er tariffpart i det statlege tariffområdet. Departementet har i eigenskap av denne rolla eit særleg ansvar for å leggje til rette for at den statlege personalpolitikken bidrar til likestilling og hindrar diskriminering mellom anna når det gjeld rekruttering, lønns- og arbeidsvilkår, forfremming, utviklingsmoglegheiter og tilrettelegging for å kombinere arbeid og familieliv. Å leggje til rette for at alle får like moglegheiter i arbeidslivet, er ein viktig føresetnad for likestilling og er mellom anna nedfelt i Statens personalhåndbok pkt. 1.6:

«Staten skal speile mangfoldet i befolkningen når det gjelder kjønn, alder, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, seksuell orientering mv. Mangfold i den statlige personalstyrken støtter opp under mulighetene for god måloppnåelse og bidrar til at staten kan yte gode tjenester til alle samfunnsborgere uansett bakgrunn og livserfaring.»

I samband med regjeringas inkluderingsdugnad er det sett eit mål om at minimum 5 pst. av nytilsette skal ha nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har utarbeidd eit omfattande tilbod av rettleiing, kurs og verktøy for å støtte verksemdene i dette inkluderingsarbeidet. Eit eige traineeprogram er også ein del av den statlege satsinga for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og hòl i CV-en.

I 2020 blei 333 personar i målgruppa for inkluderingsdugnaden tilsette i staten, mot 279 i 2019. Dermed auka talet på nytilsette i målgruppa samanlikna med året før. Av alle tilsettingar i staten i desse to åra gjekk likevel prosentdelen nytilsette som var i målgruppa ned frå 2,2 pst. i 2019 til 2,0 pst. i 2002. Det var i 2020 også ein nedgang i talet på utlyste traineestillingar (frå 46 stillingar i 2019 til 28 stillingar i 2020). Årsaka til nedgangen både i tilsettingar i målgruppa og i utlyste traineestillingar er pandemien og den omfattande bruken av heimekontor. Introduksjon av nytilsette med utfordringar er vanskeleg når bruken av heimekontor er så omfattande.

Regjeringa har sendt på høyring eit forslag om unntak frå kravet om offentleg utlysing ved førebels tilsetting i inntil to år av personar med lønnstilskot. Dette skal gjere det lettare for statlege verksemder å tilsette personar som har vanskar med å komme i arbeid på ordinære lønns- og arbeidsvilkår. I samband med regjeringas integreringsløft har det vore gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten for å finne ut om det kan vere eit godt verkemiddel for å integrere innvandrarar i arbeidslivet. DFØ har i DFØ-rapport 2021:3 Forsøk med anonyme søknader i staten evaluert resultata. Forsøket viser at anonymisering ikkje førte til at fleire med innvandrarbakgrunn kom til intervju. Det blei likevel dokumentert at andelen søkarar med innvandrarbakgrunn som kjem til intervju i staten, er høg, uavhengig av om søknadene er anonyme eller ikkje.

I tråd med likestillings- og diskrimineringslova § 26 a skal det gjerast greie for den faktiske tilstanden når det gjeld kjønnslikestilling. Nedanfor følgjer ei oversikt over andelen kvinner og menn blant leiarar i staten, lønn blant kvinner og menn i staten fordelt på ulike stillingskategoriar og andelen kvinner og menn som har deltidsarbeid. Bakgrunnen for vektlegginga er at likestillingstiltaka innanfor det statlege tariffområdet dei siste åra særleg har vore retta mot å fremme likelønn mellom kvinner og menn og mot målet om 40 pst. representasjon av begge kjønn i leiarstillingar. Etter endringar i likestillings- og diskrimineringslova blir det også lagt særleg vekt på likelønn og spørsmål om deltid.

Tabell 10.1 Prosentdelen kvinner og menn i alle leiarstillingar og toppleiarstillingar i statleg sektor 2016–20201

Leiargrupper

Kjønn

2016

2017

2018

2019

2020

Alle leiarar i staten

Kvinner

47 %

48 %

49 %

49 %

51 %

Menn

53 %

52 %

51 %

51 %

49 %

Totalt

10 878

10 361

10 323

10 310

9 958

Leiarar som er omfatta av leiarlønnssystemet

Kvinner

35 %

34 %

37 %

38 %

39 %

Menn

65 %

66 %

63 %

62 %

61 %

Totalt

245

248

242

234

232

Leiarar som er omfatta av hovudtariffavtalane

Kvinner

47 %

48 %

49 %

50%

51 %

Menn

53 %

52 %

51 %

50 %

49 %

Totalt

10 633

10 113

10 081

10 076

9 726

1 Prosentdelen kvinner og menn i leiarstillingar inkluderer både leiarar som er omfatta av hovudtariffavtalane i staten, og leiarar som er omfatta av statens leiarlønnssystem per 1. oktober. Tala for leiarar som er omfatta av hovudtariffavtalane, baserer seg på yrkeskode/STYRK-kode 1 administrative leiarar.

Kilde: Statens lønnsstatistikk og innrapporterte opplysningar frå departementa per 31.12.

Tabell 10.1 ovanfor gir ei oversikt over andelen kvinner og menn i alle leiarstillingar, inkludert toppleiarstillingar, i staten. Av alle leiarar var det i 2020 49 pst. menn og 51 pst. kvinner. Dersom vi berre ser på leiarar som er omfatta av leiarlønnssystemet, er andelen kvinner 39 pst. Leiarlønnssystemet omfattar toppleiarstillingar i staten, slik som departementsrådar og ekspedisjonssjefar i departementa, toppleiarar i større etatar og institusjonar, statsforvaltarar og politimeistrar. Leiarlønnssystemet blei etablert i 1991, mellom anna for å kunne rekruttere og halde på dyktige toppleiarar i staten. At det er ein lågare andel kvinner som har slike leiarlønnskontraktar, gjer at det framleis er viktig å ha merksemda retta mot utviklinga av kjønnslikestilling i toppleiarsjiktet i staten.

Tabell 10.2 Antal menn og kvinner og gjennomsnittleg lønn for menn og kvinner i utvalde yrkeskategoriar

Kjønnsbalanse

Lønn

Yrkeskategoriar

År

Menn

Kvinner

Totalt

Menn, md.lønn i alt

Kvinner, md.lønn i alt

Kvinners andel av menns lønn

Administrativ leiar1

2019

5 066

5 010

10 076

70 083

67 391

96 %

2020

4 754

4 972

9 726

72 276

68 857

95 %

Rådgivar

2019

5 159

10 426

15 585

48 790

45 497

93 %

2020

5 229

10 969

16 198

49 822

46 293

93 %

Seniorrådgivar

2019

5 679

7 235

12 914

57 444

53 866

94 %

2020

5 759

7 584

13 343

58 318

54 747

94 %

Reinhaldar

2019

136

937

1 073

34 016

33 698

99 %

2020

143

923

1 066

34 507

34 240

99 %

Ingeniør, høgskole

2019

2 834

1 353

4 187

48 602

43 517

90 %

2020

2 905

1 323

4 228

49 306

44 859

91 %

Sosionom

2019

101

221

322

43 744

45 874

105 %

2020

103

209

312

45 367

46 902

103 %

Førstekonsulent

2019

908

2 161

3 069

43 409

40 777

94 %

2020

864

1 986

2 850

44 333

41 220

93 %

Miljøarbeidar

2019

250

223

473

43 716

42 728

98 %

2020

251

222

473

43 751

42 142

96 %

Lektor, inkl. høgskolelektor og universitetslektor

2019

2 270

3 315

5 585

52 284

50 936

97 %

2020

2 232

3 312

5 544

52 812

51 397

97 %

1 Administrative leiarar er her dei som er omfatta av hovudtariffavtalane, og uttrekket er gjort ved hjelp av STYRK-kode 1 (administrative leiarar) i statens lønnssystem.

Kilde: Statens lønnssystem. Fleire STYRK-kodar er brukte.

Eit sentralt tema innanfor likestilling er likelønn. Likestillings- og diskrimineringslova § 34 slår fast at kvinner og menn i same verksemd skal ha lik lønn for same arbeid eller arbeid av lik verdi. Lønna skal fastsettast på same måte, utan omsyn til kjønn. Ser vi på samfunnet under eitt, har gjennomsnittslønna for kvinner og menn nærma seg kvarandre over tid. Det har skjedd samtidig med ein auke i yrkesdeltakinga og utdanningsnivået blant kvinner. Lønnsforskjellen er minst i kommunal sektor, deretter følgjer stat og til slutt privat sektor (kjelde: Bufdir.no). Tabell 10.2 viser gjennomsnittleg lønn for kvinner og menn i det statlege tariffområdet innanfor utvalde yrkeskategoriar, medan tabell 10.3 viser gjennomsnittleg månadslønn for høvesvis kvinner og menn og prosentvis auke i månadslønn frå 2015 til 2020.

Tabell 10.3 Antal årsverk og gjennomsnittleg månadsforteneste per årsverk 2015–2020

Antal årsverk1

Prosent endring

2015–2020

Gjennomsnittleg mnd.

forteneste2 for heiltidstilsette

Prosent endring

2015–2020

2015

2020

2015

2020

Årsverk som er omfatta av hovudtariffavtalane

144 185

147 932

2,6 %

45 874

51 895

13,1 %

Kvinner

69 702

74 524

6,9 %

43 249

49 072

13,5 %

Menn

74 484

73 408

-1,4%

48 331

54 761

13,3 %

1 Antal årsverk i 2015 og 2020 er henta frå rapportane frå Statistikk- og berekningsutvalet i samband med revisjon av hovudtariffavtalane i staten.

2 Tala for månadsforteneste er for heiltidstilsette, og ikkje per årsverk.

For tilsette i det statlege tariffområdet samla hadde kvinner 89,8 pst. av menns lønn både i 2019 og i 2020 (månadsforteneste i alt). Ser vi på fastlønn, var det likevel ein auke frå 2019 til 2020, frå 95,8 pst. til 96,1 pst., når det gjeld kvinners andel av menns lønn (Statistikk- og berekningsutvalet i samband med revisjon av hovudtariffavtalane i staten 2021). I perioden mellom 2015 og 2020 auka talet på årsverk i staten (årsverk omfatta av hovudtariffavtalen) med 2,6 pst. Talet på årsverk for kvinner auka med 6,9 pst, medan talet på årsverk for menn gjekk ned med 1,4 pst. Tabell 10.3 viser at frå 2015 til 2020 var den prosentvise auken i månadsforteneste marginalt større for kvinner enn for menn.

Både tabell 10.2 og 10.3 viser at det er kjønnsforskjellar når det gjeld lønn, men tala seier ikkje noko om årsakene til desse forskjellane. I samband med den forsterka opplysnings- og aktivitetsplikta er offentlege verksemder pålagde å gjere nærmare greie for likelønn annakvart år, forstått som lik lønn for arbeid av lik verdi. Ei slik kartlegging vil på sikt kunne gi større innsikt i kva som er årsaka til dei konkrete kjønnsforskjellane i det statlege tariffområdet. Den første likelønnsrapporteringa etter den nye plikta vil vere for 2021.

Når det gjeld bruken av deltid, er forskjellen mellom kvinner og menn liten. 8,5 pst. menn og 10,8 pst. kvinner arbeidde deltid i 2020 (kjelde: Rapport frå Statistikk- og berekningsutvalet i samband med revisjon av hovudtariffavtalane i staten 2021 pkt. 7 Hovedtal for det statlege tariffområdet pr. 01.10.2017). Endringane frå 2019 til 2020 er også små. I 2019 arbeidde 8,8 pst. menn og 11,5 pst. kvinner deltid i staten. For ytterlegare informasjon om likestillinga i staten viser vi til budsjettproposisjonane frå dei enkelte departementa.

10.2 Likestilling i verksemdene

Tabell 10.4 gir ei tilstandsrapportering om likestillingssituasjonen i Kommunal- og moderniseringsdepartementet og underliggande verksemder.

Kjønnsbalansen i departementet når ein ser alle stillingskategoriar under eitt, er 61 pst. kvinner og 39 pst. menn. Departementet arbeider for lik lønn mellom kjønna innan alle stillingskategoriar. Andelen som arbeider deltid, har i ein del verksemder gått noko ned for både kvinner og menn frå 2019 til 2020. I andre har andelen auka. Det same gjeld for andelen mellombels tilsette. Både kvinner og menn tar ut foreldrepermisjon og kan tilpasse arbeidstida i småbarnsperioden. Framleis har kvinner noko høgare legemeldt sjukefråvær enn menn.

For nærmare omtale av dei underliggande verksemdene viser vi til årsrapportane deira.

Tabell 10.4 Tilstandsrapportering i Kommunal- og moderniseringsdepartementet og underliggande verksemder

Kjønnsbalanse

Kvinners lønn i % av menn

Deltid

Mellombels tilsetting

Foreldre-permisjon (fordeling)

Legemeld sjukefråvær

M%

K%

Total

(kr/%)

M%

K%

M%

K%

M%

K%

M%

K%

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

2020

39

61

384

99

1,0

3,6

2,0

2,0

41

59

2,1

3,7

2019

40

60

367

98

2,7

5,0

4,1

3,2

33

67

1,5

3,8

Datatilsynet

2020

41

59

58

103

4,3

5,9

17,4

8,8

27

73

0,0

3,8

2019

40

60

45

98

5,6

4,7

5,6

4,7

0

100

0,5

1,3

Departementas sikkerheits- og serviceorganisasjon

2020

60

40

737

100

1,0

4,0

5,0

7,0

40

60

2,7

4,5

2019

60

40

731

100

1,0

6,0

7,0

10,0

48

52

3,7

5,5

Direktoratet for byggkvalitet

2020

43

57

84

91

6,0

0,0

0,0

2,0

66

33

2,0

6,0

2019

40

60

89

96

3,0

4,0

0,0

4,0

60

40

4,0

7,0

Digitaliseringsdirektoratet

2020

53

47

320

92

1,0

2,0

3,0

3,0

47

53

0,8

4,2

2019

46

54

321

96

1,0

4,0

5,0

8,0

50

50

0,1

0,5

Distriktssenteret - Kompetansesenter for distriktsutvikling

2020

36

64

28

93

0,0

0,0

1,0

0,0

0

100

1,9

1,8

2019

40

60

27

86

1,0

0,0

0,0

0,0

0

0

0,0

4,9

Statsforvaltaren

2020

32

68

2 460

94

6,3

8,3

5,9

6,7

21

79

1,9

4,7

2019

33

67

2 505

93

6,4

9,0

7,5

7,8

11

89

2,5

5,1

Statsforvaltarens fellestenester (STAF)

2020

37

63

219

91

1,0

9,0

8,0

4,0

29

71

1,6

4,8

2019

34

66

226

92

1,0

12,0

11,0

10,0

0

100

2,8

5,4

Husbanken

2020

44

56

298

88

2,3

9,5

0,8

1,8

57

43

2,4

3,5

2019

41

59

299

89

2,4

10,8

0,8

2,3

100

0

3,0

5,8

Husleigetvistutvalet

2020

33

67

33

74

0,0

0,0

0,0

6,6

33

67

8,2

4,0

2019

32

68

30

78

0,0

3,3

0,0

6,6

33

67

4,6

5,4

Internasjonalt reindriftssenter

2020

45

55

11

39

18,0

27,0

9,0

9,0

0

0

9,0

0,0

2019

50

50

8

58

25,0

12,5

0,0

25,0

0

0

0,0

0,0

Kartverket

2020

46

54

861

88

1,9

7,3

2,3

1,4

31

69

2,1

5,3

2019

46

54

841

83

9,1

22,8

3,5

4,7

36

64

2,1

5,1

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit

2020

66

34

176

97

0,9

1,7

1,7

3,4

29

71

1,1

2,7

2019

64

36

162

97

0,0

3,4

2,9

0,0

45

55

1,1

2,5

Statsbygg

2020

63

37

867

110

3,1

6,8

1,1

2,5

34

66

3,1

3,9

2019

63

37

870

110

3,0

9,0

2,0

3,3

30

70

2,1

4,9

Valdirektoratet

2020

67

33

25

110

0,0

0,0

0,0

0,0

89

11

0,9

0,9

2019

57

43

35

101

20,0

26,7

25,0

33,3

100

0

0,2

4,2

10.3 Likestillingskonsekvensar av covid-19 og iverksette tiltak

Virusutbrotet har sett sitt preg på heile samfunnet. Virusutbrotet og tiltaka som er sette i verk for å avgrense smitte og oppretthalde aktivitet i næringslivet og i samfunnet, kan få ulike konsekvensar for ulike personar, avhengig av kjønn, alder, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet osv.

Som offentleg myndigheit er departementa forplikta til å vurdere likestillingskonsekvensar i alt sitt arbeid, jf. likestillings- og diskrimineringslova § 24 første ledd. Stortinget har i anmodningsvedtak nr. 537, 30. april 2020 bedt regjeringa kartleggje effekten av koronakrisa på likestillingsfeltet, og komme tilbake til Stortinget med resultat og funn på eigna måte.

Statleg arbeidsgivarpolitikk

Innanfor statleg arbeidsgivarpolitikk er det særleg to tiltak under pandemien det er relevant å vurdere likestillingskonsekvensar av. Det er mellombels avskaffing av kjernetid og bruk av heimekontor. For at statstilsette skulle kunne vareta viktige funksjonar under virusutbrotet, blei det den 16. mars 2020 inngått ein avtale mellom staten som arbeidsgivar og dei fire hovudsamanslutningane i staten om å endre rammene for arbeidstid inntil vidare. Eit sentralt element i avtalen var at reglane om kjernetid mellombels blei sette ut av kraft. Avtalen om oppheving av kjernetid blei forlengd fram til 31. desember 2020, deretter til 31. august 2021 og igjen til 31. desemeber 2021. Vidare har mange innanfor det statlege tariffområdet som følgje av smittesituasjonen arbeidd frå heimekontor det siste året. Både fleksibel arbeidstid og heimekontor har ifølgje Bufdir sin rapport av mars 2021 om likestillingskonsekvenser av covid-19 og tiltakene mot pandemien vist seg å ha både positive og negative konsekvensar for likestilling. På den eine sida har ein del arbeidstakarar opplevd betre jobb-heim-balanse, større fleksibilitet, betre tilrettelegging og at bruken av digitale løysingar har vore tidssparande på grunn av mindre reising til og frå jobb. Dette kan særleg ha positive effektar for tilsette med funksjonsnedsetting og tilsette som kombinerer lønt arbeid med omsorgsoppgåver. På den andre sida er det funn som indikerer at kvinner har tatt eit større ansvar for å følgje opp barn og heimeskole i løpet av pandemien, og at kvinner i offentleg sektor har oppgitt å jobbe fleire timar enn normalt samanlikna med menn. Det har også vore uttrykt bekymring for at bruk av digitale verktøy og videomøte kan vere særleg vanskeleg for arbeidstakarar med syns- eller høyrselshemming.

Denne typen funn og problematiseringar av tiltak som er iverksette under pandemien, har gjort at det har vore særleg interessant å fange opp om statlege arbeidsgivarar er bevisste på slike utfordringar, og om dette har vore diskutert i dei statlege verksemdene. Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjennomfører ei spørjeundersøking to gonger i året, arbeidsgivarbarometeret, som blir send til dei i underkant av 200 HR-leiarane i det statlege tariffområdet. Formålet med arbeidsgivarbarometeret er å leggje til rette for ei kunnskapsbasert utvikling av arbeidsgivarpolitikken.

Tilbakemeldingar frå verksemdene i arbeidsgivarbarometeret viser at det er forventa at koronapandemien vil føre til varige endringar i arbeidskvardagen, med meir bruk av digitale verktøy, meir fleksibel arbeidstid og meir bruk av heimekontor og/eller staduavhengig arbeidsstad. I arbeidsgivarbarometeret våren 2021 oppgav 82 pst. av HR-leiarane i staten at dei ønsker å gi medarbeidarane større moglegheiter til å jobbe heimanfrå også når pandemien er over.

Statlege arbeidsgivarar bør i tida framover vere meir bevisste på og følgje med på moglege likestillingsmessige konsekvensar av endringane som er skisserte over. Kommunal- og moderniseringsdepartementet som ansvarleg for den sektorovergripande arbeidsgivarpolitikken vil også ta opp dette temaet med hovudsamanslutningane i tråd med hovudtariffavtalane for perioden 2020–2022, der partane blei einige om ein ny protokolltilførsel (nr.4) om likestilling. Her blir plikta arbeidsgivarane har til saman med partane i arbeidslivet om å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering, understreka. Det blir vidare slått fast at leiarane for hovudsamanslutningane i staten og statens personaldirektør vil ta opp temaet likestilling minimum éin gong i året.

Fotnoter

1.

Vedkomande var i byrjinga av 2020 økonomidirektør, frå 9. mars 2020 fungerande administrerande direktør og frå 19. oktober 2020 administrerande direktør.

Til forsiden