6 FIFU-prinsippet og gåver
Departementet legg fram forslag om lovendring for å presisere at FIFU-prinsippet (først inn, først ut) også skal gjelde ved gåvetransaksjonar. FIFU-prinsippet er lovfesta i skattelova § 10-36 og avgjer kven av aksjane som skal reknast som realisert først i ein aksjebehaldning med ulike ervervstidspunkt. Etter FIFU-prinsippet skal dei aksjane som blei erverva først, reknast som realisert først.
FIFU-prinsippet blei innført ved skattereforma 1992. Tidlegare kunne skattytar velje kven av aksjane som skulle reknast som realisert først. Den tidlegare valfridommen gjorde at mange valte å realisere aksjane med høgast inngangsverdi først. Dette kunne medføre ein oppbygging av ikkje skattlagte reserver, og gje ein uheldig innlåsingseffekt.
FIFU-prinsippet gjeld, etter ordlyden i skattelova § 10-36, ved ”realisasjon” av aksjar. Samtidig føljer det av skattelova § 9-2 tredje ledd at gåveoverføringar ikkje er omfatta av omgrepet ”realisasjon”. Dei bakanforliggande omsyn som tilseier at FIFU-prinsippet skal gjelde ved realisasjon av aksjar, gjeld tilsvarande ved gåvetransaksjonar. Ut frå ein føremåls – og samanhengsfortolking, har departementet lagt til grunn at FIFU-prinsippet også gjeld ved gåvetransaksjonar, jf. departementets fråsegn til Skattedirektoratet av 9. mars 2006. Det gjer at ein givar ikkje kan velje å bli sittande igjen med dei aksjane som har lågast inngangsverdi.
I ein nyleg avsagt underrettsdom er det likevel lagt til grunn at FIFU-prinsippet ikkje har tilstrekkeleg lovmessig forankring ved gåvetransaksjonar. Departementet foreslår derfor ei lovendring for å få klart fram at FIFU-prinsippet og skal gjelde ved gåvetransaksjonar. Departementet viser til forslag om endring i skattelova § 10-36 første ledd.
Forslaget vil ikkje ha monalege administrative eller økonomiske verknader. Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks med verknad frå og med 13. mai 2011.