Prop. 116 LS (2010–2011)

Endringar i skatte- og avgiftsreglane mv.

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I samanheng med Revidert nasjonalbudsjett 2011 foreslår Regjeringa følgjande skatte- og avgiftsendringar som har provenyverknader for 2011:

  • I likskap med anna innanriks sjøfart blir offshorefartøy friteke frå CO2-avgift for bruk av naturgass og LPG. Dette blei allereie varsla da det blei innvilga dispensasjon frå avgiftsplikta for offshorefartøya i januar 2011. Forslaget gir eit provenytap på om lag 6 mill. kroner påløpt og bokført i 2011.

  • Definisjonen av hybridbilar i eingongsavgifta blir endra slik at også dei nye variantane av hybridbilar blir omfatta av definisjonen. Forslaget gir eit provenytap på om lag 2 mill. kroner påløpt og 1 mill. kroner bokført i 2011.

  • Auka løyving til audiovisuelle produksjonar er foreslått finansiert med eit vederlag for TV2. Dette aukar sektoravgifter under Kulturdepartementet med 10 mill. kroner i 2011.

  • For å finansiere ei tilleggsløyving til Finanstilsynet er det foreslått å auke sektoravgifter under Finansdepartementet med 3,7 mill. kroner.

Dei foreslåtte endringane i skatte- og avgiftsopplegget inneber ei samla auke i provenyet på 5,7 mill. kroner påløpt og 6,7 mill. kroner bokført i 2011 samanlikna med saldert budsjett for 2011.

For forslaga som omhandlar løyvingane og sektoravgiftane på områdene til Kulturdepartementet og Finansdepartementet visas det til Prop. 120 S (2010-2011) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2011.

Regjeringa foreslår også enkelte andre endringar på skatte- og avgiftsområdet:

  • Måten ein gjør skattelista offentleg på blir endra. Skattelista skal vere tilgjengeleg på skatteetatens heimesider på Internett fram til neste årsliste blir lagt ut. Dei som ønskjer å søkje i skattelista må logge seg inn på ID-porten med MinID. Likningsstyresmaktene vil etter forslaget framleis kunne gi pressa ein elektronisk kopi av skattelista, men berre såframt den aktuelle redaksjonen skriv under på ei avtale om ikkje å offentleggjere heile eller delar av skattelista for personlege skattytarar på Internett.

  • Skattytarar som flyttar til andre statar i EØS, i samband med fusjon, fisjon eller rein selskapsutflytting, kan utsetje inntektsføring av gevinst- og tapskonto samt negativ saldo på same vis som skattytarar som blir i Noreg.

  • Det vert innført eit toårskrav ved selskapsdeltakar sin realisasjon av eigardel i deltakarlikna selskap under den såkalla 90-prosentregelen i fritaksmetoden.

  • Lovheimel for informasjonsutveksling mellom Noregs forskningsråd og Skatteetaten i Skattefunn-ordninga, og sanksjonar ved brot på vilkår gitt i samband med godkjende prosjekt.

  • Lovendring for å presisere at FIFU- prinsippet (først inn, først ut) gjelder ved gåvetransaksjonar.

  • Rekkjefølgjet for frådrag (kredit) for skatt betalt i utlandet blir presisert.

  • Mindre justeringar i pensjonsskattereglane.

  • Gjeldande reglar i arveavgiftslova for ektefelleuskifte skal gjelda tilsvarande på sambuaruskifte.

  • Utdeling frå uskiftebo til felles livsarvingar etter arveavgiftslova skal reknast å kome frå begge ektefellene eller sambuarane, og såleis gi rett til to fribeløp.

  • Praksisen for tidfesting ved årsskiftehandlar med VPS-registrerte aksjar blir endra.

  • Presiseringar og opprettingar i lovtekst.

I denne proposisjonen legg Finansdepartementet fram forslag til:

  • lov om endringar i lov 19. juni 1964 nr. 14 om avgift på arv og visse gaver (arveavgiftsloven)

  • lov om endringar i lov 12. desember 1975 nr. 59 om dokumentavgift

  • lov om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning (ligningsloven)

  • lov om endringar i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven)

  • lov om endring i lov 12. desember 2003 nr. 108 om kompensasjon av merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv.

  • lov om endring i lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel (tolloven)

  • lov om endringer i lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift (merverdiavgiftsloven)

og

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak 25. november 2010 om CO2-avgift på mineralske produkter for budsjetterminen 2011

  • vedtak om endringar i Stortingets vedtak 25. november 2010 om engangsavgift på motorvogner for budsjetterminen 2011.

Til forsida