Prop. 101 L (2012–2013)

Lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)

Til innhaldsliste

13 Sakskostnader og kostnader til sakkunnig hjelp med meir

13.1 Innleiing

13.1.1 Innhaldet i kapitlet

Med sakskostnader meinast her variable kostnader knytt til behandling av sak for jordskifteretten som til vanleg fell på partane. Typiske eksempel er gebyr til staten, kostnader til meddommarar og kostnader til sakkunnig hjelp – oftast advokat. I dette kapitlet drøftast føresegnene om betaling av desse kostnadene.

Kapitlet inneheld òg forslag til føresegner om kven som skal betale kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp.

I dette kapitlet finnast òg forslag til føresegner om kven som skal betale kostnader ved skjønn og andre avgjerder etter andre lover i samband med sak for jordskifterett. Ved skjønn og andre avgjerder etter andre lover som eiga sak, gjeld skjønnsprosesslova for kostnadene.

Endeleg inneheld kapitlet føresegner om kven som skal betale kostnader ved anke over jordskifteavgjerd. Anke over skjønn og andre avgjerder etter andre lover i samband med sak for jordskifterett fell inn under anke over jordskifteavgjerd. Ved anke over andre avgjerder enn jordskifteavgjerd i saker etter kapittel 3 og 4, gjeld tvistelova kapittel 20.

Kostnader med investeringar etter lovforslaget § 3-9 er ikkje tema i dette kapitlet.

13.1.2 Prinsippa bak føresegnene om kostnader

Prinsippa bak føresegnene om sakskostnader er ikkje endra i dette lovforslaget. Eit av måla for dette lovarbeidet er å harmonisere lovreglane for behandling av likearta saker for jordskifteretten og tingretten. Det gjeld òg for reglane om betaling av kostnader med sak. Der det ikkje er grunnlag for å gi like reglar for heile saker, har departementet prøvd å få til like reglar for delar av saker etter lovforslaget kapittel 3 og 4.

Staten skal framleis betale dei faste kostnadene med drift av jordskiftedomstolen. Det sikrar at domstolen er økonomisk uavhengig av partane. Her er det ingen forskjell mellom jordskiftedomstolen og dei alminnelege domstolane.

Partane skal betale dei variable kostnadene med saka. Kostnader til advokat eller anna partstilknytt sakkunnig hjelp,gebyr, godtgjering til meddommarar, godtgjering til rettsoppnemnde sakkunnige og grensemerke som retten set ned, er eksempel på variable kostnader. Dette er òg same prinsipielle løysing som i dei alminnelege domstolane.

Det er viktig at kostnadene som fell på partane, blir balanserte i høve til rettstryggleiken. Kostnadene bør heller ikkje vere så store at dei fører til mindre bruk av sak for jordskifterett enn det samfunnet er tent med. Dette er dei same prinsipielle vurderingane som i dei alminnelege domstolane.

Storleiken på gebyra er fastsett ut frå to forskjellige motiv. Det eine motivet er at gebyra skal bidra til at partane ikkje skal bruke jordskifteretten i utrengsmål fordi han kostar lite. Inngangsgebyret er meint å ha ein slik verknad. Dette motivet er elles vurdert i høve til mange føresegner i dette kapitlet.

Det andre motivet er at kostnadene med merking og koordinatfesting av grensene i saka ikkje skal avvike nemnande frå alternativet som er eigedomsdanning etter matrikkellova. Grenselengdegebyret skal førebyggje slik «konkurransevriding». Dei alminnelege domstolane gjer ikkje slikt grensearbeid.

Ei anna føring er at når ein tvist kan behandlast både i jordskifterett og i tingrett, så bør ikkje forskjellar i kostnadsreglane påverke val av domstol.

For det som berre kan avgjerast i jordskifteretten, står ein friare til å velje kostnadsreglar. Prinsippet for kostnadsansvaret i tvisteløysing høver ikkje så godt i andre avgjerder jordskifteretten tek. Dom i tvist gir ein vinnar og ein tapar. Slik er det ikkje ved dei andre avgjerdene som jordskifteretten kan ta. Avgjerdene vil vere meir eller mindre gode for den enkelte part. I samsvar med dette er hovudregelen at sakskostnadene skal delast mellom partane etter nytten dei får.

Ut over dette gjeld prinsippet om at den som har valda ekstraordinære kostnader, skal betale desse kostnadene. Det skal òg framleis vere slik at ved tiltaksjordskifte, vernejordskifte og andre saker som er forårsaka av offentlege omsyn, skal utgangspunktet vere at tiltakshavar betaler sakskostnadene i første instans. Dette er same prinsipielle løysing som for dei alminnelege domstolane.

Endeleg er det eit mål at partane framleis skal kunne klare seg utan profesjonell rettshjelp i sak for jordskifterett. I samsvar med dette reknast ikkje kostnadene med slik hjelp med i nyttevurderinga i sak etter kapittel 3. Med dei unntaka som er positivt bestemte, må den enkelte parten betale denne hjelpa sjølv.

Målet om å harmonisere lovreglane for behandling av likearta saker gjeld òg for regalane om kostnader knytt til bruk av rettsmiddel mot avgjerder i jordskifteretten.

13.1.3 Strukturen i kapitlet

Departementet meiner det er noko å vinne ved å endre oppbygginga av kapitlet i høve til høyringsforslaget. Departementet meiner det er fordelaktig å bruke inndeling i romartal. Kapitlet er delt i seks delar.

Del I inneheld paragrafen som omhandlar kva som fell inn under omgrepet sakskostnader for jordskifteretten. Det er forskjellig frå innhaldet i omgrepet i dei alminnelege domstolane. Forskjellen er knytt til reglane om vederlag for sakkunnig hjelp. I sak for jordskifteretten fell vederlag for sakkunnig hjelp ikkje inn under omgrepet sakskostnader. I sak for dei alminneleg domstolane er dette vederlaget ein del av sakskostnadene.

I del II finn ein gebyrreglane. I høyringsforslaget var desse reglane samla i ein paragraf med 10 ledd. Departementet meiner det er betre å ha ein paragraf for kvart gebyr. Da blir det lettare for partane å få oversikt over gebyrreglane.

Del III inneheld reglane om kven som skal betale sakskostnadene.

I del IV finn ein føresegnene om kven som skal betale kostnader til rettshjelp og anna sakkunnig hjelp.

Del V inneheld dei nødvendige særreglane for anke over jordskifteavgjerd og for gjenopning.

I del VI finn ein føresegner som det ikkje høver å plassere i dei andre romartala. Dette er reglar om forskott, betalingsfrist, erstatningsansvaret staten har, og panterett for pålagt kostnad eller yting.

13.2 Sakskostnader

13.2.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å føre vidare hovudinnhaldet i reglane om kva partane skal betale.

Etter høyringsforslaget § 7-1 første ledd skal partane betale gebyr, kostnader til meddommarar, kostnader til grensemerke og målehjelp og godtgjering til vitne og sakkunnige oppnemnt av retten. Etter andre ledd skal offentleg styresmakt som krev tiltaks- eller vernejordskifte, betale sideutgifter.

Arbeidsgruppa foreslår at dersom jordskifteretten innhenter utskrifter eller kopier av tinglyste dokument eller dokument frå statsarkivet på vegner av partane, så skal kostnadene med dette falle på partane.

Arbeidsgruppa foreslår ei endring for kostnader til leige av lokale for rettsmøte. Etter gjeldande jordskiftelov § 74 niande ledd fell desse kostnadene på partane dersom kommunen ikkje held møtelokale, eller betaler for det. Arbeidsgruppa foreslår at staten skal dekkje kostnader med leige av rettsmøtelokale, dersom kommunen ikkje gjer det.

Høyringsforslaget § 7-2 førte elles vidare ei presisering av at partane ikkje skal betale for fast kontorhald, porto, elektronisk kommunikasjon og løn, skyss- og kostpengar til personale til jordskifteretten.

Arbeidsgruppa foreslår at storleiken på rettsgebyret skal følgje rettsgebyrlova § 1 andre ledd. Arbeidsgruppa foreslår òg at rettsgebyrlova § 27 om gebyrfrie avskrifter, utskrifter og kopiar skal gjelde for jordskifteretten. Begge forslaga er i samsvar med gjeldande jordskiftelov.

13.2.2 Høyringsinstansane

Ingen har innvendingar til at jordskifteretten skal ta inn gebyr til staten, og få dekt kostnadene til meddommarar, grensemerke, målehjelp og rettsoppnemnde vitne og sakkunnige.

Når det gjeld kostnader til rettsmøtelokale, meiner Domstoladministrasjonen (DA) og jordskifteoverrettane at det ikkje bør vere forskjell mellom jordskifterettane og tingrettane. DA skriv mellom anna:

«Selv om det ofte forekommer at kommuner dekker slike utgifter ved leie av kommunale lokaler, skjer det like ofte at slike krav avvises av kommuner under henvisning til at dl. § 25 ikke gjelder for jordskifterettene. For at dette skal bli tilstrekkelig avklart ber en departementet vurdere å endre enten dl. § 25 eller gjøre et tillegg i lovutkastets § 7-3 siste ledd.»

Ingen høyringsinstansar som uttaler seg om det, meiner det er nødvendig å lovfeste kva jordskifteretten ikkje skal ta seg betalt for.

Ingen høyringsinstansar ytrar seg om forslaget om å føre vidare reglane om storleiken på rettsgebyret og om gebyrfrie avskrifter, utskrifter og kopiar.

13.2.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår at i sak etter lovforslaget kapittel 3 og 4 skal partane framleis betale gebyr, godtgjering til jordskiftemeddommarar, for grensemerke, godtgjering til ekstrahjelp til verdsetjing og måling og merking av grenser. Dei skal òg betale godtgjering til rettstolkar og sakkunnige oppnemnd av retten, og betale for utskrifter eller kopier av tinglyste dokument eller dokument frå statsarkivet som jordskifteretten hentar inn på vegner av partane.

Departementet foreslår òg at reglane om sideutgifter i tiltaks- og vernejordskifte og i grensesak for offentleg regulering av eigarrådvelde, blir vidareført. Desse reglane kom inn i jordskiftelova ved lovendringar i 1998 og i 2001, jf. Ot.prp. nr. 5 (1998–99) og Ot.prp. nr. 76 (2000–2001). Bakgrunnen for innføringa av reglane, var å tilføre dei jordskifterettane som får slike saker til behandling ekstra ressursar slik at tiltaks- og vernesakene ikkje skulle gå ut over arbeidet med dei andre sakene.

Etter rettsgebyrlova § 2 andre ledd er sideutgifter kostnader til meddommarar, skjønnsmedlemmer, sakkunnige, vitne, oversetjingar, særlege undersøkingar og «andre sideutgifter». I saker etter jordskiftelova vil det meste av det rettsgebyrlova kallar sideutgifter vere regulert direkte i lovforslaget § 7-1 første ledd bokstav a til f. Når det likevel i bokstav g er teke med ei tilvising til sideutgifter, siktar ein her først og fremst til den forståinga av sideutgiftsomgrepet som går fram av Ot.prp. nr. 5 (1998–99). Her står det i kapittel 4, i tredje avsnitt under departementet sine vurderingar, ei slik omtale av sideutgiftsordninga i desse spesifikke sakstypane:

«Ordningen gjelder dekning av nødvendige utgifter det offentlige pådras når et rettergangsskritt utføres. Departementet mener at de samme prinsipper kan overføres til utbyggings- og vernejordskiftene. Rekvirenten, i alminnelighet det offentlige, utløser en situasjon som kan medføre en ekstraordinær situasjon hos vedkommende jordskifterett. Det må som følge av dette engasjeres ekstrahjelp for å foreta de nødvendige undersøkelser, registreringer m.v. for jordskifteretten.»

I sjette avsnitt i samme kapittel står det:

«Departementet legger til grunn at sideutgiftene til ekstrahjelp uavkortet skal brukes til lønn og utgifter som den engasjerte pådrar jordskifteretten.»

Eksempel på slike sideutgifter i tiltaks- og vernejordskifte og i grensesak for offentleg regulering av eigarrådvelde, er løns- og driftsutgifter til ekstrahjelp som er nødvendig for å få utført det tekniske arbeidet innan rimeleg tid. I driftsutgifter ligg mellom anna reise-, diett- og opphaldsutgifter.

I enkelte saker vil det på grunn av omfanget av markarbeidet eller på grunn av terrengtilhøva kunne vere føremålstenleg å nytte helikoptertransport. Bruk av helikopter vil redusere arbeidstida monaleg. I slike høve bør det i kvar enkelt sak avtalast med rekvirenten på førehand om kostnadane skal reknast inn i sideutgiftene, eller om fakturering av slike kostnader skal skje direkte til rekvirenten.

Administrasjonsutgifter i samband med tilsetjing av ekstrahjelp må òg kunne dekkast av sideutgifter. Det same gjeld vesentleg utgifter i samband med administrering av saka, som for eksempel portoutgifter.

Utstyr som inngår i den normale tekniske infrastrukturen til den enkelte jordskifterett, og som har ledig kapasitet òg til arbeidet desse sakene fører til, vil til vanleg falle utanfor omgrepet sideutgifter Men dersom slikt nødvendig teknisk utstyr ikkje er tilgjengeleg, kan òg dette reknast som sideutgifter. Dette bør avklarast med vernemyndigheita på førehand.

Sideutgifter i samband med tiltaks- og vernejordskifte og i grensesak for offentleg regulering av eigarrådvelde, skal etter lovforslaget § 7-6 andre og tredje ledd dekkjast av tiltakshavar eller vernemyndigheita. Dette fører vidare reglane i gjeldande jordskiftelov.

Innkrevjing av sideutgifter i utbyggings- og vernejordskifte og i grensesak for offentleg regulering av eigarrådvelde, kan medføre at jordskifteretten i den enkelte saka må vurdere bruk av unntaksregelen om gebyrfastsetjing i lovforslaget § 7-5.

Elles viser bokstav g til sideutgifter, slik at det òg for dei vanlege sakene som går for ein jordskifterett, er klart at reglane om sideutgifter gjeld så langt dei høver.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-1 første ledd.

Departementet foreslår at reglane for betaling av rettsmøtelokale for domstolar skal vere like. Departementet er samd med Domstoladministrasjonen og jordskiftoverrettane i at det skal vere slik. Departementet meiner det er best å samle reglane om plikta stat og kommune har til å betale for rettsmøtelokale for domstolane i § 25 i domstollova. Plikta skal òg gjelde for rettsmøtelokale etter domstollova § 25 fjerde ledd, det vil seie når jordskifteretten set rettsmøte der det ikkje er eit fast lokale for rettsmøte. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 9-7 endringar i andre lover nr. 1 domstollova § 25 nytt femte ledd.

Departementet er samd i at det berre er nødvendig å lovfeste kva partane skal betale.

Eit strukturerande grep i dette lovforslaget er skiljet mellom skjønn og andre avgjerder som eiga sak for jordskifterett, og skjønn og andre avgjerder etter andre lover i samband med sak for jordskifterett. Skjønn og andre avgjerder etter andre lover som eiga sak for jordskifterett skal gå etter skjønnsprosesslova. Det gjeld òg for sakskostnadene. Derfor er det ikkje nokon eigen paragraf om kostnadene ved slike skjønn og andre avgjerder etter andre lover. Departementet legg til grunn at lovforslaget § 6-1 tredje ledd òg gjeld for sakskostnadene ved skjønn og andre avgjerder etter andre lover som eiga sak. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov §§ 6 b og 74 andre ledd. Det er same regel som for dei alminnelege domstolane.

For skjønn og andre avgjerder etter andre lover i samband med jordskifte, er den gjennomgåande løysinga at reglane i lova her skal gjelde. Departementet foreslår likevel at reglane om sakskostnader framleis skal vere like for skjønn og andre avgjerder etter andre lover i samband med sak for jordskifterett, og for skjønn og andre avgjerder etter andre lover som eiga sak. Dette fører vidare kostnadsprinsippet som er nedfelt i gjeldande jordskiftelov § 74 andre ledd. Skjønn og andre avgjerder etter andre lover i samband med sak for jordskifterett vil til vanleg behandlast på ein slik måte at det er greitt å identifisere dei sakskostnadene som er knytt til skjønnet eller avgjerda. Dersom reglane om kostnader blir forskjellige, kan det føre til kostnadsregelbasert tilpassing av kva for skjønn og andre avgjerder etter andre lover som jordskifteretten i framtida vil kunne få. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-1 andre ledd.

Departementet meiner at det er ein fordel om rettsgebyrlova gjeld for saker for jordskifteretten «slik det går fram av lova her, eller så langt ho høver», jf. lovforslaget § 7-1 tredje ledd. Mellom anna gjer det at lovforslaget ikkje treng å innehalde eigne reglar om storleiken på rettsgebyret og om gebyrfrie avskrifter, utskrifter og kopiar. I det heile er det ei meir fleksibel løysing i høve til framtidige endringar enn ei lovpositivt avgrensa tilvising til rettsgebyrlova.

13.3 Gebyr

13.3.1 Inngangsgebyr

13.3.1.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at inngangsgebyret for jordskifte, grensesak og sak om rettsutgreiing skal vere uendra og utgjere fem gonger rettsgebyret. Arbeidsgruppa presiserer at rekvirenten skal forskottere inngangsgebyret.

For skjønn og andre avgjerder etter andre lover er det ikkje noko inngangsgebyr.

13.3.1.2 Høyringsinstansane

Ingen har merknader til realiteten i forslaget. Domstoladministrasjonen meiner det er betre å skrive sak etter høyringsforslaget kapittel 3 og §§ 4-1 og 4-2 enn å bruke namna på sakstypane. Fleire av høyringsuttalane frå jordskiftedomstolane viser til at det er ein fordel å bruke namna på sakstypane.

13.3.1.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår at inngangsgebyret framleis skal vere fem gonger rettsgebyret. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 74 første ledd første punktum.

Departementet viser til at inngangsgebyret i sak for tingrett er fem gonger rettsgebyret. Departementet kan ikkje sjå at det er grunn til å ha forskjell på nivået på inngangsgebyret for tingretten og for jordskifteretten.

Departementet viser òg til at rekvirenten må betale gebyr for saker for tingretten, jf. rettsgebyrlova § 2.

Departementet er samd med Domstoladministrasjonen i at det er greitt å vise til kva for kapittel i lovforslaget føresegna gjeld for. Departementet meiner at lova blir unødig lang dersom ein skal gjenta namnet på alle sakstypar kvar gong det er aktuelt. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-2 første ledd første punktum.

Departementet foreslår at ein part som set fram krav om utviding av ei sak etter at jordskifteretten etter lovforslaget § 6-9 har avgrensa saka, skal betale inngangsgebyr som for ny sak. Forslaget er nytt. Departementet meiner at eit så seint framsett krav om utviding har meir til felles med eit sjølvstendig krav om sak, enn med noko anna. Etter lovforslaget § 6-9 andre ledd andre punktum er utgangspunktet at krav om utviding som kjem så seint, skal avvisast. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-2 første ledd andre punktum.

Departementet foreslår at inngangsgebyret framleis skal bli redusert til to gonger rettsgebyret dersom krav om sak etter lovforslaget kapittel 3 eller 4 trekkjast før det er ført inn i rettsboka at behandlinga av eit jordskifte har begynt. Det same gjeld om jordskifteretten avviser. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 74 sjuande ledd. Dersom saka blir avvist, er det fordi det er openberre manglar ved kravet. Da krev ikkje avvisinga mykje arbeid av jordskifteretten.

Departementet viser til at gebyret i sak for tingrett er to gonger rettsgebyret dersom saka blir avvist.

Departementet kan ikkje sjå at det er grunn til å ha forskjell på nivået på dette gebyret for tingrett og for jordskifterett. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-2 andre ledd.

13.3.2 Grenselengdegebyr

13.3.2.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å føre vidare grenselengdegebyret på to gonger rettsgebyret for kvar påbegynt 500 meter nymerka grense.

13.3.2.2 Høyringsinstansane

Ingen høyringsinstansar går mot ordninga med grenselengdegebyr.

Det er delte meiningar om nivået på dette gebyret. Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner grenselengdegebyret er for høgt.

Det er fleire høyringsinstansar som uttaler seg om gebyr og arbeidsdelinga mellom kommunen som lokal matrikkelmyndigheit, og jordskifteretten. Sjølv om desse utsegnene gjeld dei samla gebyra, vel departementet å behandle dei i tilknyting til grenselengdegebyret.

Justisdepartementet viser til Finansdepartementets retningsliner for gebyr- og avgiftsfinansiering av statlege myndigheitshandlingar. Utgangspunktet er at gebyra skal dekkje kostnadene med myndigheitshandlinga.

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme meiner at det ikkje må bli slik at gebyrkostnadene ved bruk av jordskifteretten blir vesentleg lågare enn satsane kommunane har for oppmålingsforretning. Desse jordskiftedommarane meiner det ikkje er oppgåva til ein domstol å setje ut grensemerke og koordinatfeste dei der grensa er klar og ikkje omtvista.

Norges Jordskiftekandidatforening argumenterar med at kostnadene med grensefastsetjing for jordskifterett bør vere slik at kommunen som lokal matrikkelmyndigheit til vanleg får oppgåvene med å merkje og måle grenser som er uklare. Jordskifteretten bør få arbeidet med dei grensene der det er tvist.

13.3.2.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår at det framleis skal betalast grenselengdegebyr, sjå gjeldande jordskiftelov § 74 første ledd andre punktum og lovforslaget § 7-3. Departementet foreslår òg at departementet skal fastsetje storleiken på gebyra ved forskrift.

Departementet konstaterar at det er brei semje om at partane framleis skal betale grenselengdegebyr.

Det er eit mål at kostnadene med grensemerking og koordinatfesting av grensene ikkje skal vere avgjerande for om partane går til jordskifteretten eller til matrikkelmyndigheita i dei tilfella begge instansar er aktuelle. Departementet meiner at grenselengdegebyret er eit viktig element for å sikre at det ikkje skal oppstå uønska konkurransevriding mellom kommunen som lokal matrikkelmyndigheit, og jordskifteretten. Det er likevel dei samla kostnadene og det samla produktet ved dei to framgangsmåtane som er avgjerande. Departementet meiner at det ikkje er aktuelt å setje grenselengdegebyret så høgt at det fører til at grensefastsetjing for jordskifterett ikkje blir eit reelt alternativ samanlikna med kommunen. Det vil kunne vere i strid med Finansdepartementets retningsliner om prising av statlege myndigheitshandlingar.

Matrikkellova førte ikkje med seg noka endring i oppgåvene til jordskifteretten med grenser.

Eit anna mål er at gebyrreglane er enkle og forståelege. Derfor er det like reglar for rettsendrande og rettsfastsetjande saker. Det er heller ikkje skilt mellom grenser som er fastsett ved dom eller rettsforlik, og grenser som er fastsett utan slikt konfliktnivå.

Da grenselengdegebyret blei innført, hadde jordskifteretten berre plikt til å merkje nye grenser, jf. gjeldande jordskiftelov § 58 andre ledd. Jordskifteretten hadde ikkje plikt til å koordinatfeste grensemerka. I dag følgjer det av Håndbok for teknisk arbeid i jordskifteverket av mars 1999 at hovudregelen er at nye grensemerke i endepunkt og knekkpunkt i grensa skal koordinatfestast. Dette gjeld likevel ikkje når grensa følgjer vatn og vassdrag. I praksis er det no slik at grenselengdegebyret skal fastsetjast ut frå lengda på grenser som er koordinatfesta.

Departementet meiner at den beste måten å følgje opp desse måla på, er å gi forskriftsfullmakt til departementet for utforming av dei konkrete reglane om grenselengdegebyr. Når måla for grenselengdegebyret er nedfelt i denne lovproposisjonen, vil dei vere førande for forskrifta. Samtidig er det noko enklare å endre ei forskrift enn ei lov. Dermed meiner departementet at ein her har funne fram til ei løysing som både tek vare på måla og legg til rette for ei effektiv og tidsmessig tilpassing av grenselengdegebyret. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-3.

13.3.3 Partsgebyr

13.3.3.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å erstatte partsgebyret med rettsmøtegebyr. Forslaget blir grunngitt med at det er eit harmoniseringstiltak i høve til det som gjeld for dei alminnelege domstolane. Det er ikkje tilsikta at det skal ha nemnande innverknad på dei samla gebyra.

13.3.3.2 Høyringsinstansane

Høyringsinstansane brukar mykje plass til å kommentere dette forslaget. Domstoladministrasjonen (DA) har gjennomført ei undersøking for avslutta saker i 2008. Undersøkinga viser at høyringsforslaget vil føre tilein nedgang i totalgebyr til staten på 31 %.

Justisdepartementet, DA, jordskifterettane i Agder og Hålogaland jordskiftedømmer, jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme og Sør-Trøndelag jordskifterett går inn for å føre vidare ordninga med partsgebyr i gjeldande jordskiftelov. Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme og Statens Kartverk stør forslaget om rettsmøtegebyr. Nokre av dei andre høyringsuttalane frå jordskiftesida fell i ein slags mellomposisjon ved at dei kjem med forslag til modifisering av høyringsforslaget utan å vere klare i prinsippspørsmålet.

Dei som går mot rettsmøtegebyr, kjem med fleire argument. Gebyr knytt til tal rettsmøtedagar vil i seg sjølv oppmuntre til få og korte rettsmøte. Det er uheldig for sjølvprosederande partar som er tente med munnlege forhandlingar i rettsmøte. I jordskifte vil det dessutan ofte vere eit gode at forslag til jordskifteløysing kan drøftast i fleire rettsmøte. På den måten kan partane få tid til å venne seg til det faktum at saka vil føre til ny eigedomsutforming, og til korleis hovudtrekka i utforminga av eigedom vil bli. Dersom eit «ekstra» rettsmøte fører til ei så samlande jordskifteløysing at partane avstår frå å bruke rettsmiddel, kan det i seg sjølv vere kostnadssparande både for partane og domstolane.

Det blir òg hevda at når dei samla gebyra berre utgjer om lag 10 % av løyvinga til jordskifterettane, så er ikkje kostnadene med gebyra så store at det er behov for å redusere dei.

Det blir òg peika på at ressursane som blir brukt på jordskiftesaker, heng betre saman med tal partar, enn med tal rettsmøtedagar. Jordskifterettane i Hålogaland skriv mellom anna:

«Lange avstander medfører at vi har en grundig skriftlig saksforberedelse. (…) I tillegg foretar ingeniørene i mange saker utstrakt meklingsarbeid utenom rettsmøtene. Dette er gode og rasjonelle arbeidsrutiner som ikke «honoreres» etter forslaget.»

DA skriv om det same:

«En av innvendingene mot partsgebyret og argument for innføring av rettsmøtegebyr, er at det samlede partsgebyret blir betydelig i saker med mange parter. I noen bruksordningssaker kan det være et tresifret antall parter. Bruksordningssaker med så mange parter krever store administrative ressurser i forhold til logistikk av parter, håndtering av store mengder dokumenter, rettsbokskriving, og ikke minst portokostnader.»

DA kjem elles med mange argument for å bruke partsgebyr. Sitatet her er rimeleg representativt:

«Partsgebyr er en særordning som kun omfatter jordskiftedomstolene. Dette gebyret ble, sammen med en rekke andre gebyr, innført ved lovendring i 1983 etter et eget forslag fra LD (nå LMD), jf. Ot. prop. 38 (1982–83). Partsgebyret ble betegnet som tilleggsgebyr i likhet med grensemerkegebyret. Formålet med endringa var å få en gebyrordning i samsvar med det som gjelder ved de alminnelige domstoler og å skaffe inntekter som dekker en del av kostnadene med jordskiftesakene. I tillegg fremholdes det at gebyr vil medføre at de minst viktige sakene ikke blir krevd (terskel for å fremme sak). Av nevnte Ot. prop. kan man ikke se at det er gitt særskilt begrunnelse for nettopp innføring av partsgebyr. Det er imidlertid nærliggende å anta at partsgebyret ble innført fordi jordskiftesakene kjennetegnes med et høyere antall parter pr. sak sammenlignet med partsforholdet for de aller fleste saker som føres for de alminnelige domstoler.
Uavhengig av det inntektsmessige bortfallet ved en endring, mener DA det er gode grunner som taler for å opprettholde dagens partsgebyr.
Jordskiftesakene kjennetegnes med mange selvprosederende parter og utstrakt bruk av muntlige forhandlinger. Disse forholdene tilsier også at det ofte kan være nødvendig å avholde flere rettsmøter enn i saker hvor partene nesten uten unntak er representert ved en profesjonell aktør – advokat. DA vil for øvrig fremholde at partsgebyret i motsetning til rettsmøtegebyr gir betre forutsigbarhet i kostnadene for parter som er involvert i en sak for jordskiftedomstolen.
Norge er et vidstrakt land og i mange sokn kan reiseavstandene være betydelige. Dette vil òg påvirke hvordan retten forbereder den enkelte sak. Som man ser av gebyrundersøkelsen, vil et eventuelt rettmøtegebyr ha store variasjoner fra sokn til sokn. I mange saker vil retten kunne forberede saken med et saksforberedende møte og deretter en hovedforhandling. Slike saker vil ikke utløse rettsmøtegebyr, kun et inngangsgebyr. Det er grunn til å stille spørsmålstegn ved om dette gir et riktig bilde av rettens arbeid med saken i forhold til hva det skal koste partene. Hvilken terskel vil det foreligge for å fremme sak i slike tilfeller?
Statistikk viser at i saker for jordskifteretten, i motsetning til de alminnelige domstolene, er det kun 1/3 av sakene at en av part er representert ved advokat eller godkjent rettsmedhjelper. DA vil fremholde at det heller er utgifter til sakkyndig bistand enn partsgebyr som eventuelt vil skape store utgifter for en part i en jordskiftesak.
Gebyrreglene i jordskifteloven er skreddersydd for jordskiftedomstolens oppgaver. Eksempler på dette er grenselengdegebyret samt bestemmelsen om at jordskiftekostnader, herunder gebyrer, skal fordeles mellom partene etter nytteprinsippet. Begge disse ordningene videreføres i lovforslaget.»

Dei som går inn for rettsmøtegebyr, kjem òg med fleire argument. Eit argument er at dei samla gebyrkostnadene blir urimeleg høge i saker med mange partar på grunn av partsgebyret. Sjølv om det kan vere eit stort tal partar, kan saka løysast på to til tre rettsmøte. I slike samanhenger er det òg vanskeleg å gi gode anslag over kva gebyrkostnadene vil bli fordi unntaksregelen kan brukast. Dermed kan moglege rekvirentar av saker avstå frå å krevje sak på grunn av usikkerheit omkring gebyrkostnadene.

Det blir òg peika på at ei sak i utgangspunktet må koste det same uansett kor mange partar det er. Noko anna kan vere i strid med EMK artikkel 6 nr. 1. Derfor er det rett å gå bort frå partsgebyr.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme foreslår at om fleire partar har same syn på saka og let seg representere av ein person med fullmakt, kan jordskifteretten redusere partsgebyra deira.

Desse jordskifterettane meiner det avgjerande er at dei totale gebyra for den enkelte part ikkje blir så høge at det går ut over rettstryggleiken.

13.3.3.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår at det framleis skal vere partsgebyr, sjå gjeldande jordskiftelov § 74 første ledd første punktum og lovforslaget § 7-4. Departement foreslår å auke partsgebyret frå 1,8 til 2 gonger rettsgebyret for kvar part. Aukinga utgjer om lag 11 %. Med om lag 10 000 partar i dei sakene som kvart år blir avslutta, vil det utgjere ein årleg inntektsauke på om lag 1,7 millionar kroner rekna etter gjeldande storleik på rettsgebyret (860 kr). Forslaget om auke er knytt til meirkostnadene som følgjer av lovforslaget § 6-22 fjerde ledd om forkynning av forslag til fastsetting av grenser, rettar og anna.

Gebyrundersøkinga som Domstoladministrasjonen (DA) har gjennomført, viser at forslaget til arbeidsgruppa vil føre til klar reduksjon i gebyrinntektene og til lite ønskjelege distriktsmessige følgjer. Departementet viser òg til at fleire høyringsinstansar går inn for å behalde gjeldande ordning.

Det er rett at partsgebyret i utgangspunktet vil bli høgt i saker med mange partar. Departementet er samd med DA i at nokre kostnader er noko i nærleiken av proporsjonale med talet på partar. Eksempel på dette er forkynning av innkalling og av resultat i saka. Ikkje reint lite av det som elles går på logistikken knytt til partane, vil òg samvariere nokså godt med tal partar.

Departementet viser til unntaksregelen i lovforslaget § 7-5. Regelen samsvarer med retningslinene frå Finansdepartementet om prising av statleg myndigheitshandlingar. Departementet viser òg til at jordskifteløysinga ikkje skal føre til at kostnadene eller ulempene blir større enn nytten nokon eigedom eller bruksrett, jf. lovforslaget § 3-18. Dermed er er det lovfesta eit vern mot å bli dregen inn i eit jordskifte der gebyra vil føre til tap. Ut frå unntaksregelen i lovforslaget § 7-5 og regelen i lovforslaget § 3-18, kan departementet heller ikkje sjå at det er grunn til å frykte at partsgebyret skal vere i strid med EMK.

Departementet meiner at forslaget frå jordskifterettane i Agder jordskiftedømme om å redusere partsgebyra for partar som slår seg saman og opptrer som ein part, er eit moment som bør vege tungt når det gjeld å bruke unntaksregelen i lovforslaget § 7-5. Departementet kan elles ikkje sjå at det er nokon automatikk i at alle partar skal bere sine «eigne» partsgebyr. Tvert om er det slik at partsgebyret er ein del av dei samla gebyrkostnadane som skal delast etter reglane om deling av kostnader, sjå lovforslaget §§ 7-6 og 7-7. Departementet har ikkje innarbeidd ein slik reduksjonsregel for partsgebyret som jordskifterettane i Agder jordskiftedømme gjer framlegg om.

Departementet ser at det kan oppstå tvil om partsomgrepet når eigeforma er sameige. Er det da kvar sameigar som er part, eller er det heile sameiget som er ein part? Departementet meiner at dette – som etter gjeldande jordskiftelov – må avgjerast konkret i den enkelte sak. I eit jordskifte som går på oppdeling av eit sameige, er det kvar sameigar eller kvar gruppe av sameigarar som er part. I ei grensesak med eit sameige på eine sida, og eit eineeige på andre sida, vil det oftast vere rett å sjå på sameiget som ein part. I slike saker vil sameigarane ofte ha samanfallande interesse av utfallet av saka. Da ligg det til rette for at sameiget kan representerast av ein person. Om det ikkje skjer, gir unntaksregelen i lovforslaget § 7-5 rom for å endre dei samla gebyra slik at dei speglar arbeidet og kostnadene jordskifteretten har med partskonstellasjonen i sameiget.

Departementet har elles merka seg at dei samla gebyrinntektene i 2008 kan tyde på at det ikkje reint sjeldan er slik at unntaksregelen i gjeldande jordskiftelov blir brukt til å setje ned dei samla gebyra. Departementet bruker 2008 fordi Domstoladministrasjonen har framskaffe tal for det året i ei eiga undersøking. I 2008 var dei samla gebyrinntektene på 16,2 millionar kroner. Etter tala i statistikken for same år, skulle gebyrinntektene for jordskifterettane ha vore:

Inngangsgebyr frå 1047 saker:

3,9 mill. kroner

Grenselengdegebyr frå 1987 km grense:

6,0 mill. kroner

Partsgebyr frå 9000 partar:

12,2 mill. kroner

Sum

22,1 mill. kroner

Noko av differansen mellom 16,2 og 22,1 millionar kroner kjem av at grenselengdegebyr og partsgebyr blir betalt etter reglane slik dei var da saka blei kravd.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-4.

13.3.4 Samla gebyr og arbeidstid

13.3.4.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å føre vidare nesten ordrett føresegna i gjeldande jordskiftelov § 74 åttande ledd om at jordskifteretten kan endre dei samla gebyra slik at dei harmonerer med det faktiske forbruket av arbeidstid i saka.

13.3.4.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet uttaler:

«I Finansdepartementets retningslinjer for gebyr- og avgiftsfinansiering av statlige myndighetshandlinger, R-112/2006, er det forutsatt at gebyrer for statlige myndighetshandlinger normalt skal settes til kostnadene ved å produsere myndighetshandlingen. Ved innretningen av gebyrordning i jordskiftesaker bør det, i tråd med retningslinjene, sees hen til hvilken ordning som best tilpasser størrelsen på gebyret i den enkelte sak til statens kostnader ved saken. Dette innebærer likevel ikke at gebyrordningen skal fullfinansiere jordskifterettene, fordi dette ville gi gebyrer som var så høye at de ville innebære en urimelig skranke for borgernes tilgang til jordskifterettene.»

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme meiner ordninga med partsgebyr kombinert med unntaksregelen om reduksjon av dei samla gebyrkostnadene, har fungert godt. Derfor bør denne ordninga oppretthaldast.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner at praktiseringa av denne føresegna kan bli meir lik mellom jordskifterettane.

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme hevdar at det ikkje er bra i høve til det rettssøkjande publikum å ha ein regel om partsgebyr som er urimeleg, slik at ein ved avsluttinga av saka må bruke unntaksregelen for å få gebyrkostnadene i samsvar med arbeidsmengda.

Ingen høyringsinstans er negativ til å føre vidare denne føresegna.

13.3.4.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår å føre denne føresegna vidare, sjå gjeldande jordskiftelov § 74 åttande ledd og lovforslaget § 7-5. Det bør vere rimeleg samanheng mellom arbeidstida og storleiken på dei samla gebyra. Sakene for jordskifterett kan vere svært forskjellige når det gjeld tal partar og grenselengde. Sjølv om tal partar og grenselengde ofte heng nokolunde godt saman med arbeidsinnsatsen, kan det vere saker der desse to faktorane ikkje gir eit godt samla uttrykk for arbeidstida jordskifteretten har brukt. Da bør jordskifteretten ha tilgang til ein regel som gjer det mogeleg å endre dei samla gebyra, i høve til arbeidsinnsatsen. Departementet har erfaring for at regelen i gjeldande lov er praktisert noko ulikt i jordskifterettane, sjå også oversikta over gebyrinntektene for året 2008 i kapittel 13.3.3.3. Departementet vil understreke at regelen i § 7-5 er ein unntaksregel, og at det berre er ved klare avvik frå det vanlege at regelen kan nyttast ved fastsetjing av samla gebyr. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-5.

13.4 Fordeling av sakskostnader

13.4.1 Fordeling etter nytte

13.4.1.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å føre vidare hovudregelen i gjeldande jordskiftelov § 76 første ledd. Etter føresegna skal sakskostnadene delast mellom partane etter den nytte dei har av sak etter høyringsforslaget kapittel 3 og 4.

13.4.1.2 Høyringsinstansane

Ingen høyringsinstans har merknader til hovudregelen om å dele sakskostnadene etter nytten.

Når det gjeld rettsfastsetjande saker, uttaler jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme:

«Me er usikre på om det alltid er rett å fordele kostnadane i rettsfastsetjande saker etter «nytte». I tvist om ei grense der ein part tapar totalt og må erstatte motparten sine utgifter til juridisk bistand, bør han kanskje også dekke heile jordskiftekostnaden. Me syner til merknadane i ein dom frå Agder lagmannsrett (LA-1999-93). Her uttaler lagmannsretten: «Nyttebegrepet i jordskiftelovens § 76 tar sikte på forholdene ved en vanlig jordskiftesak og passer dårlig i en sak om rettsutgreiing, dvs. i en rettstvist, slik tilfellet er i denne saken. Det kan neppe sies å være til noen «nytte» for den vinnende part å få en avgjørelse som er i samsvar med det som hele tiden har vært hans oppfatning, og som retten ikkje har funnet tvilsom. Etter sin art kunne saken ha vært reist ved byretten og etter resultatet ville ankemotparten da ha fått erstattet sine saksomkostninger etter tvistemålslovens regler, mens han etter «nytte»regelen i jordskiftelovens § 76 må betale for å få fastslått sin rett.»

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme tek opp det same og uttaler:

«I mange tilfelle vil hovudregelen om deling etter nytte av klarlegginga og fastsettinga av rettsforholda vere rett å bruke. I visse tilfelle, som til dømes når saka allereie ved kravet gjeld ein klårt avgrensa tvist, bør det likevel vere ein klår heimel til å kunne leggje kostnaden etter § 7-1 på den tapande parten i tvisten.»

13.4.1.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår at hovudregelen for deling av sakskostnader i saker etter lovforslaget kapittel 3 og 4 framleis skal vere etter nytte. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 76 første ledd. Departementet viser til at det ikkje er nokon høyringsinstans som går mot denne hovudregelen.

Departementet er samd med dei to høyringsinstansane som seier at reglane om betaling av sakskostnader bør skilje mellom dom i tvist og dom utan tvist i dei rettsfastsetjande sakene etter lovforslaget kapittel 4. Departementet viser til lovforslaget § 7-9 første ledd som gjeld for sakskostnader som er direkte knytt til dom i tvist. Dette gjeld uansett om tvisten kjem opp ved fastsetjing av eigedomsretts- eller bruksrettstilhøva etter lovforslaget § 3-13, eller ved rettsutgreiing eller grensefastsetjing etter lovforslaget §§ 4-1 og 4-2. Hovudregelen i lovforslaget § 7-6 første ledd gjeld for dom utan tvist. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-6 første ledd.

13.4.2 Særreglar for fordeling av sakskostnader i visse saker

13.4.2.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at i tiltaksjordskifte skal utgangspunktet framleis vere at tiltakshavaren skal betale sakskostnader og sideutgifter. Arbeidsgruppa foreslår òg å føre vidare at dei andre partane i slike jordskifte kan påleggjast delar av desse sakskostnadene dersom dei får netto nytte i høve til tilhøva før jordskiftet. Arbeidsgruppa foreslår det same for vernejordskifte. Forslaga fører vidare gjeldande jordskiftelov § 81 andre ledd.

For grensesak etter høyringsforslaget § 4-2 første ledd bokstav g foreslår arbeidsgruppa at offentleg vernemyndigheit framleis skal betale sakskostnadene. Forslaget fører vidare gjeldande jordskiftelov § 76 siste ledd.

Arbeidsgruppa foreslår òg å føre vidare reglane om betaling for særlege grensesaker i Nordland, Troms og Finnmark, jf. høyringsforslaget §§ 4-4 og 4-5. Innhaldet i forslaget er at desse sakene skal vere fri for rettsgebyr og at partane ikkje skal betale for kostnadene med grensemerking, koordinatfesting og kartleggjing av grenser. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 89 a tredje ledd. Sidan desse sakene skal gå med jordskiftedommaren som einedommar, blir det heller ikkje kostnader til jordskiftemeddommarar. Dette forslaget fører vidare gjeldande jordskiftelov § 89 a fjerde ledd.

13.4.2.2 Høyringsinstansane

Ingen høyringsinstans uttaler seg om særreglane for sakskostnader i tiltaks- og vernejordskifte eller om sakskostnadsreglane i grensesaker etter høyringsforslaget § 4-2 første ledd bokstav g.

Når det gjeld dei særlege grensesakene i Nordland, Troms og Finnmark, viser jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme til at Utmarkskommisjonen for Nordland og Troms er lagt ned. Dei sakene som er mottekne, vil gå etter gjeldande jordskiftelov. Derfor er det ikkje behov for ein regel om saker frå denne utmarkskommisjonen i den nye jordskiftelova.

13.4.2.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår å føre vidare reglane om betaling av sakskostnader for tiltaks- og vernejordskifte. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 81 andre ledd. Innhaldet i forslaga er at høvesvis tiltakshavar og vernemyndigheit i utgangspunktet skal betale sakskostnadene. Dersom ein eller fleire partar får netto nytte i høve til tilhøva før jordskiftet, kan retten leggje sakskostnader på desse partane. Sjølv om ordlyden i lovforslaget § 7-6 andre ledd ikkje er ordrett den same som i gjeldande jordskiftelov § 81 andre ledd, er det ikkje meininga å gjere realitetsendringar.

Departementet ser dette som ei vel etablert og godt akseptert ordning som det ikkje er grunn til å endre. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-6 andre ledd.

Departementet foreslår at offentleg vernemyndigheit framleis skal betale sakskostnadene i sak om grensefastsetjing etter lovforslaget § 4-2 første ledd bokstav f. Slik sak går ut på å fastsetje grensa for det regulerte området. Det kan ikkje vere tvil om at det er vernemyndigheita som må bere ansvaret for at det blir ei sak. Grensa er ny og ein direkte følgje av reguleringsvedtaket. Det vanlege er at den som står bak ei ny grense, må betale kostnadene med å få ho på plass i terrenget, koordinatfesta, kartfesta og registrert i matrikkelen. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-6 tredje ledd.

Departementet er samd med jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme om at det ikkje er nødvendig å ha nokon regel om sakskostnader i grensesaker frå Utmarkskommisjonen i Nordland og Troms fordi kommisjonen har avslutta sitt arbeid. Da vil alle saker frå den gå etter gjeldande jordskiftelov.

Departementet viser til at finnmarkslova § 45 inneheld både kompetanseregelen for jordskifteretten og reglar om saksbehandling for dei spesielle sakene jordskifteretten kan få etter finnmarkslova. Departementet registrerer at høyringsforslaget ikkje har med nødvendige endringar i referansar til jordskiftelova i finnmarkslova. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 9-7 endringar i andre lover nr. 19 finnmarkslova § 45.

13.4.3 Sakskostnader som følgje av trekking av sak, avvising med vidare

13.4.3.1 Sakskostnader når saka blir trekt

13.4.3.1.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at rekvirenten framleis skal betale sakskostnadene dersom sak etter høyringsforslaget kapittel 3 og 4 blir trekt. Forslaget er i samsvar med gjeldande jordskiftelov § 75 første ledd.

13.4.3.1.2 Høyringsinstansane

Dei høyringsinstansane som uttaler seg, meiner at rekvirenten må bere sakskostnadene dersom krav om sak etter høyringsforslaget kapittel 3 og 4 blir trekt.

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner likevel at dette ikkje skal gjelde etter at saka er fremja. Desse jordskifterettane uttaler i den samanheng:

«Når saka er fremma, har alle partane ansvar for sakskostnadene etter § 7-1. Når sak blir trekt tilbake etter at saka er fremma, skal kostnadene delast slik retten fastset.»

13.4.3.1.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår at rekvirenten framleis skal betale sakskostnadene dersom eit krav om slik sak for jordskifterett blir trekt. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 75 første ledd.

Det er berre rekvirenten som kan trekkje kravet. Da må òg rekvirenten bere omkostningane som følgjer av eigne handlingar. Dette må òg gjelde dersom sakskravet blir trekt etter at behandlinga av realiteten har begynt. I slike tilfelle skal jordskifteretten etter lovforslaget § 6-19 første ledd samtykke i at saka blir trekt. Da skal jordskiftedommaren informere om konsekvensane av å trekkje saka. Ansvaret rekvirenten har for sakskostnadene vil vere ein pårekneleg del av informasjonen frå jordskiftedommaren.

Departementet meiner at synspunktet til jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme om deling av kostnader etter fremjing er lite relevant fordi det etter lovforslaget ikkje lenger vil vere noko vedtak om fremjing. I denne samanhengen peika departementet òg på at lovforslaget har ei mykje snevrare opning for trekking av slik sak enn det desse jordskifterettane la til grunn for sitt forslag. Endeleg meiner departementet at forslaget til desse jordskifterettane har vel lite føringar for det skjønnet som skal utøvast ved fordeling av dei aktuelle kostnadene. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-7 første ledd bokstav a.

13.4.3.2 Sakskostnader når sak blir avvist på grunn av formfeil

13.4.3.2.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at rekvirenten skal bere sakskostnadene dersom formfeil han har valda, fører til at saka ikkje blir behandla. Forslaget fører vidare gjeldande jordskiftelovlov § 75 første ledd.

Arbeidsgruppa foreslår òg at rekvirenten skal betale sakskostnadene dersom krav om sak etter høyringsforslaget kapittel 3 og 4 er heilt grunnlaust. Forslaget fører vidare gjeldande jordskiftelov § 75 første ledd.

Arbeidsgruppa foreslår at inngangsgebyret skal reduserast frå fem til to gonger rettsgebyret dersom krav om sak etter høyringsforslaget kapittel 3 eller 4 blir avvist før realitetsbehandling. Dette er i samsvar med gjeldande jordskiftelov § 74 sjuande ledd.

13.4.3.2.2 Høyringsinstansane

Dei høyringsinstansane som uttaler seg, meiner at rekvirenten må bere sakskostnadene dersom krav om sak etter høyringsforslaget kapittel 3 og 4 blir avvist av formelle grunnar som rekvirenten er skuld i.

Når det gjeld forslaget om kostnadsansvar for heilt grunnlause saker, kjem det fram nokre synspunkt i høyringsuttalane.

Domstoladministrasjonen (DA) ber departementet vurdere om ordet «heilt» bør strykast. DA uttaler:

«Av likhetshensyn bør det av særmerknadene klargjøres hva man skal legge i begrepet «grunnlaust».»

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme uttaler:

«I første avsnitt er tatt inn en bestemmelse som tilsvarer dagens § 75, 1. ledd. Vi mener formuleringen «heilt grunnlaust» er uheldig. Vi mener at rekvirenten må betale en sak som blir trekt tilbake, avvist eller nektet fremmet.»

Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme meiner at ordet «heilt» bør strykast både i overskrifta og i første ledd i paragrafen.

Sør-Trøndelag jordskifterett uttaler:

Ordet «heilt» i overskrift og første ledd må strykes. Den aktuelle vurderinga er et skjønnsspørsmål og ordet heilt snevrer inn rommet for skjønnet på en uheldig måte.»

Ingen høyringsinstans uttaler seg om at inngangsgebyret er foreslått redusert.

13.4.3.2.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner at dersom sak etter lovforslaget kapittel 3 eller 4 blir avvist av formelle grunnar, skal rekvirenten framleis betale sakskostnadene. Det følgjer av at det må vere ansvaret til rekvirenten å sjå til at dei formelle vilkåra for sak er til stades. Lovforslaget § 7-7 første ledd bokstav b svarar til gjeldande jordskiftelov § 75 første ledd når det gjeld formelle feil. Lovforslaget § 7-7 første ledd bokstav b gjeld også i høve til materielle vilkår, sjå kapittel 13.4.3.3.3.

Departementet foreslår å ta bort formuleringa «heilt grunnlaust» i gjeldande jordskiftelov § 75 første ledd. Det er eit harmoniseringstiltak i samsvar med mandatet for lovarbeidet. Departementet viser til at lovforslaget § 6-1 andre ledd bokstav o gjer reglane i reglane i tvistelova kapittel 20 gjeldande så langt dei høver. Det er òg i samsvar med høyringsuttalane som går mot at vilkåret framleis skal vere at kravet er «heilt» grunnlaust.

13.4.3.3 Sakskostnader når jordskifte blir avvist av materielle grunnar

13.4.3.3.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår ikkje nokon konkret regel om dette.

13.4.3.3.2 Høyringsinstansane

Jordskifteoverrettane, jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme, jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme og Sør-Trøndelag jordskifterett meiner at det bør vere eit skilje mellom avvising av prosessuelle grunnar og avvising av materielle grunnar.

13.4.3.3.3 Departementets vurderingar

Blir krav om jordskifte avvist i første rettsmøte fordi dei materielle vilkåra etter lovforslaget §§ 3-2, 3-3 og 3-18 ikkje er til stades, skal parten som har ansvaret for at det blir sakskostnader knytt til dette møtet betale desse saksomkostningane. Ofte vil det vere rekvirenten. Dette følgjer av lovforslaget § 7-7 første ledd bokstav b. Forslaget inneber ei viss endring i høve til gjeldande jordskiftelov § 75 første ledd som seier at rekvirenten må bere kostnadene dersom jordskiftekravet blir nekta fremjing fordi jordskiftekravet er heilt grunnlaust.

Eit særtrekk ved jordskifte er at det inneheld fleire fasar, og at det ofte kan strekkje seg over tid.

Første rettsmøte er første høve til å behandle krav om avvising av materielle grunnar. Dersom påstand om avvising ikkje blir teken til følgje, er det ikkje lenger rimeleg at rekvirenten skal bere alle sakskostnader.

Til vanleg fører det første rettsmøtet til at jordskifteretten har skaffa seg oversikt over kva jordskiftet skal handle om. Den andre fasen i eit jordskifte er å fastsetje dei aktuelle eigedomstilhøva. Etter sitt innhald er dette arbeidet det same som i ei rettsfastsetjande sak etter lovforslaget kapittel 4. Dersom eit krav om avvising blir teken til følgje i denne fasen, og jordskifteretten har avsagt dom om rettar eller grenser, meiner departementet at det ikkje skal vere mogleg å få oppheve desse dommane gjennom avvising av jordskiftet. Det vil i realiteten vere å innføre eit nytt rettsmiddel. Departementet meiner at kravet om avvising på dette stadiet, er å sjå på som eit krav om avvising av resten av jordskiftet. Dersom jordskiftet avbrytast på denne måten, meiner departementet at realiteten er at saka har blitt omgjort frå eit jordskifte til ei rettsfastsetjande sak. Departementet viser til at lovforslaget § 6-20 opnar for å slutte ei sak delvis. Sakskostnadene med den rettsfastsetjande delen skal da delast etter reglane for slik sak.

Eventuelle sakskostnader knytt til avgjerda om avvising av resten av jordskiftet må gjerast opp for seg. Departementet meiner at dei som får medhald i å avvise jordskiftet, i utgangspunktet må vere fri for desse kostnadene. I praksis er ein da på mange måtar om lag i same situasjon som i første rettsmøtet.

Dersom det seinare i jordskiftet viser seg at eit av dei kumulative, materielle vilkåra ikkje kan oppfyllast, skal jordskiftet avvisast. I slike høve vil det vere sakskostnader knytt til dei rettsmøta som er haldne etter den rettsfastsetjande fasen.

Dersom det er skapt ei nytte for ein eller fleire partar før jordskiftet blir avvist, skal sakskostnader knytt til dette, delast etter nytten på vanleg måte. Nytten kan for eksempel vere løysing av eitt eller fleire delproblem i jordskifteområdet.

Dersom det framleis gjenstår sakskostnader, skal dei leggjast på han som har valda at jordskiftet ikkje blir avvist i tide. Departementet viser til at dette prinsippet gjeld i tvistelova, sjå § 10-5 tredje ledd. Dersom jordskifteretten ikkje har avvist eit jordskifte som openbert skulle ha vore avvist, gjeld lovforslaget § 7-15 for ansvaret staten har for sakskostnader.

Departementet meiner at dersom det etter dette framleis gjenstår sakskostnader, vil det vere mest rimeleg å fordele dei etter det kvar part har forårsaka av dei gjenståande sakskostnadene.

Forslaget går fram av lovforslaget § 7-7 første ledd bokstav b.

13.4.3.4 Sakskostnader som skuldast for seine krav eller opplysningar

13.4.3.4.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å føre vidare regelen i gjeldande jordskiftelov § 76 andre ledd andre punktum om at kostnader som kjem av at krav blir sett fram for seint, skal kunne leggjast på dei som er skuld i dette. Det same skal gjelde når opplysningar blir gitt for seint.

13.4.3.4.2 Høyringsinstansane

Ingen høyringsinstansar kommenterer dette.

13.4.3.4.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner at det framleis skal vere slik at den som gjennom sommel med krav eller opplysningar valdar sakskostnader, skal påleggjast å betale desse sakskostnadene, jf. gjeldande lov § 76 andre ledd. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-7 første ledd bokstav c.

13.4.3.5 Sakskostnader knytt til visse eigedommar eller partar

13.4.3.5.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at jordskifteretten framleis skal kunne leggje sakskostnader knytt til enkelte eigedommar eller partar på vedkommande aleine. Føresetnaden er at desse sakskostnadene i utgangspunktet skal delast etter nytten. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 76 andre ledd første punktum.

Sjølv om det ikkje sto i klartekst i høyringsforslaget, følgjer det av systemet at den interne fordelinga av kostnadene mellom dei som skal betale, skal følgje dei alminnelege reglane om deling av kostnader. Dette er i samsvar med gjeldande rett.

Arbeidsgruppa foreslår òg at dersom det i skjønn i samband med jordskifte er tvist om underliggjande rettshøve om for eksempel grenser, eigedomsrett, bruksrett, tyngsler eller anna, så skal jordskifteretten avgjere dette ved dom når det er nødvendig å ta stilling til tvisten for å avheimle skjønnet. Dersom det er ein tilsvarande tvist i eit skjønn som sjølvstendig sak for jordskifteretten, skal jordskifteretten ta stilling til tvisten prejudisielt. Dette er i samsvar med gjeldande rett.

13.4.3.5.2 Høyringsinstansane

Ingen høyringsinstansar går mot innhaldet i forslaget om å behalde regelen om at jordskifteretten skal kunne leggje kostnader som berre gjeld nokre eigedommar eller partar, på dei det gjeld.Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme og Sør-Trøndelag jordskifterett stør forslaget positivt ved å fremje ei alternativ språkleg formulering av regelen.

Det er elles ikkje merknader til dette forslaget.

13.4.3.5.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår at det framleis skal vere slik at sakskostnader i sak etter lovforslaget kapittel 3 og 4 som berre gjeld nokre eigedommar eller partar, skal kunne leggjast på dei det gjeld. I store saker vil det ofte vere slik at jordskifteretten med fordel kan halde eigne rettsmøte for å løyse delproblem som berre gjeld nokre partar. Sakskostnadene med slike delproblem kan etter lovforslaget § 7-7 andre ledd leggjast på dei det gjeld. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 76 andre ledd første punktum.

I andre tilfelle vil behandlinga av delproblem berre vere ein del av eit rettsmøte. Da kan det både vere vanskeleg å knyte bestemte sakskostnader til delproblemet, og dei aktuelle kostnadene vil ofte vere heller små.

I den praktiske kvardagen vil jordskifteretten stå overfor ei rekkje slike konkrete vurderingar. Da treng jordskifteretten ein heimel som legg til rette for konkrete vurderingar.

Departementet meiner at det ikkje er grunn til å lage særreglar for fordeling av sakskostnadene mellom dei som skal betale. Når slik fordeling er aktuelt gjeld § 7-6. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-7 andre ledd.

13.4.3.6 Ingen regel om sakskostnader til det offentlege

13.4.3.6.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at jordskifteretten skal kunne påleggje partane å betale sakskostnader til det offentlege dersom saka blir trekt etter at realitetsbehandlinga har teke til og det ligg føre særlege grunnar. I merknadene til høyringsforslaget § 7-6 andre ledd heiter det: «… særlege grunnar kan vere at spørsmålet om å trekkje saka har vore tema fleire gonger og retten har informert om konsekvensane med reversering, men partane har drygd med å ta den endelege avgjerda om å trekkje saka. Det offentlege har så brukt ressursar som burde ha vore unngått. Særlege grunnar kan òg vere at partane har trekt tilsvarande sak tidlegare.» Forslaget er nytt.

13.4.3.6.2 Høyringsinstansane

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme går mot forslaget om å kunne påleggje sakskostnader til det offentlege. Dei oppfattar forslaget slik at det er tale om ei form for «straffesakskostnader». Det må i så fall vere tilleggsgebyr, og da ligg heimelen uansett i heimelen til å endre gebyra i høyringsforslaget § 7-3 niande ledd.

Jernbaneverket meiner det er uklart kva som er meint med formuleringa «det offentlege» i denne føresegna i høyringsforslaget. Jernbaneverket meiner òg at det er uklart kva for kostnader det her er tale om.

13.4.3.6.3 Departementets vurderingar

Departementet er samd med jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme i at det ikkje er grunn til å ha ein eigen regel om «straffesakskostnader» til det offentlege. Departementet er òg samd i at unntaksregelen i lovforslaget § 7-5 om tilpassing av gebyr i saker som avvik nemnande frå det vanlege når det gjeld arbeidstid, kan nyttast dersom det ligg føre særlege grunnar som tilseier det.

Departementet ser ikkje grunn til å kommentere høyringsuttalen til Jernbaneverket fordi lovforslaget ikkje fører vidare høyringsforslaget på dette punktet.

Lovforslaget inneheld ikkje andre heimlar enn § 7-5 når det gjeld tilpassing av gebyr til arbeidstida som er brukt på saka.

13.5 Kostnader til rettshjelp og anna sakkunnig hjelp

13.5.1 Kvar part ber eigne kostnader

13.5.1.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å føre vidare hovudregelen som følgjer av kombinasjonen av gjeldande jordskiftelov §§ 76 første ledd og 81 første ledd. Hovudregelen inneber at partane skulle bere sine eigne kostnader til rettshjelp og anna partstilknytt hjelp i jordskifte, rettsutgreiing og grensesak.

13.5.1.2 Høyringsinstansane

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme er samde i at hovudregelen om at partane dekkjer sine eigne kostnader til sakkunnig hjelp, skal presiserast i den nye jordskiftelova.

Desse jordskifterettane er kritiske til bruken av formuleringa «sakkunnig hjelp» i høyringsforslaget § 7-13 første ledd. Dei viser til at kva som er rettshjelp, følgjer av domstollova § 218. Dei uttaler òg:

«Det å gje rettshjelp er å gje råd om rettslege spørsmål og om sakførsel for domstolen. Omgrepet sakkunig hjelp femner både om rettshjelp og fagkyndige på til dømes jordskifte, verdsetting og bygging av vegar. Vi foreslår derfor at overskrifta blir presisert til Kostnader til rettshjelp og anna sakkunnig hjelp. Den same presiseringa er gjort i første ledd.»

Ingen andre har merknader til forslaget om å føre vidare gjeldande rett på området.

13.5.1.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår at hovudregelen framleis skal vere at partane skal bere eigne kostnader til rettshjelp og anna sakkunnig hjelp i saker etter lovforslaget kapittel 3 og 4.

Departementet er samd med jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme. Departementet har derfor omarbeidd teksten i lovforslaget noko i høve til teksten i høyringsforslaget. I høyringsforslaget § 7-13 første og andre ledd heiter det:

«Partane ber kvar sine kostnader til sakkunnig hjelp.
For rettsforlik gjeld tvisteloven § 19-11 (4).»

Lovforslaget § 7-8 lyder slik:

«Med dei unntak som går fram av § 7-9, skal kvar part bere eigne kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp i sak etter kapittel 3 og 4.»

Departementet meiner elles at prinsippet om ansvar for eigne kostnader til rettshjelp er eit viktig element i tilrettelegginga for at partane òg i framtida skal klare seg utan å bruke rettshjelp i jordskifte, rettsutgreiing og grensefastsetjing for jordskifterett.

Departementet har vald å formulere denne paragrafen slik at det går tydeleg fram at dette er ein hovudregel med konkrete unntak. Unntaka er nedfelte i lovforslaget § 7-9, og gjeld ved dom i tvist og ved trekking og avvising av sak for jordskifterett. Ved å gjere det på den måten, legg departementet til rette for at det skal vere greitt for sjølvprosederande partar å finne fram til dei aktuelle reglane. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-8.

13.5.2 Erstatning for kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp

13.5.2.1 Ved dom i tvist

13.5.2.1.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å føre gjeldande jordskiftelov vidare for dom i tvist etter høyringsforslaget § 6-19 andre ledd. I gjeldande jordskiftelov § 81 første ledd heiter det:

«Vederlag for kostnader til sakkunnig hjelp i tvistar blir avgjorde etter reglane i tvisteloven kapittel 20.»

Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 7-13 fjerde ledd å ta inn ein regel henta frå småkravsprosessen i tvistelova som set tak for storleiken på erstatning for kostnader til rettshjelp og andre sakskostnader i tvistar der tvistesummen er under 125 000 kroner. Dette er nytt.

13.5.2.1.2 Høyringsinstansane

Alle som uttaler seg om det, er samde i at reglane i tvistelova kapittel 20 skal gjelde ved avgjerdsforma dom etter høyringsforslaget § 6-19 andre ledd.

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme uttaler om kva for kostnader som bør knyttast til ein dom i rettsfastsetjande saker:

«Me er usikre på om det alltid er rett å fordele kostnadane i rettsfastsetjande saker etter «nytte». I tvist om ei grense der ein part tapar totalt og må erstatte motparten sine utgifter til juridisk bistand, bør han kanskje også dekke heile jordskiftekostnaden. Me syner til merknadane i ein dom frå Agder lagmannsrett (LA-1999-93). Her uttaler lagmannsretten: «Nyttebegrepet i jordskiftelovens § 76 tar sikte på forholdene ved en vanlig jordskiftesak og passer dårlig i en sak om rettsutgreiing, dvs. i en rettstvist, slik tilfellet er i denne saken. Det kan neppe sies å være til noen «nytte» for den vinnende part å få en avgjørelse som er i samsvar med det som hele tiden har vært hans oppfatning, og som retten ikke har funnet tvilsom. Etter sin art kunne saken ha vært reist ved byretten og etter resultatet ville ankemotparten da ha fått erstattet sine saksomkostninger etter tvistemålslovens regler, mens han etter «nytte»regelen i jordskiftelovens § 76 må betale for å få fastslått sin rett.»»

Domstoladministrasjonen og jordskifterettane i jordskiftedømma i Agder, Eidsivating og Hålogaland stør forslaget om innføring av reglane småkravsprosessen har for erstatning for kostnader med rettshjelp og andre sakskostnader. Sør-Trøndelag jordskifterett har merknader til forslaget, men går ikkje mot det. Heller ikkje andre høyringsinstansar går mot forslaget. Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme er rimeleg representative når dei uttaler:

«Vi ser for oss at denne regelen vil være et godt redskap for å holde utgiftene på et mer forsvarlig nivå.»

Sør-Trøndelag jordskifterett peiker på at lovfesting av denne regelen frå småkravsprosessen får konsekvensar for arbeidet med avgjerda i dei aktuelle tvistane. Denne jordskifteretten uttaler:

«Bestemmelsen medfører at jordskiftedommeren må vurdere størrelsen på tvistesummen for hver tvist, når krav om dekning av sakskostnader skal avgjøres.»

Denne jordskifteretten uttaler òg:

«I denne sammenheng virker det ulogisk at ikke også tvisteloven § 10-4 (Dommen) gjelder for jordskiftesaker.»

13.5.2.1.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår å føre vidare vilkåra for tilkjenning av erstatning for kostnader til sakkunnig hjelp i dom i tvist om grenser, eigedomsrett, bruksrett og andre materielle eigedomstilhøve. Departementet viser til at både jordskifteretten og tingretten er kompetente til å dømme i slike tvistar. Departementet meiner derfor at reglane om erstatning for sakskostnader i tvistelova må gjelde på same måte uansett om tvisten er pådømt i tingretten eller jordskifteretten.

I sak for tingretten er tvisten og saka synonyme omgrep. Saka er tvisten, og tvisten er saka. Dersom tvisten står om kvar ei eigedomsgrense går, avgjer dommen dette i form av ei verbal skildring.

Dersom nokon av partane vil ha grensa merkt i terrenget, inn i matrikkelen og inn på kart, må vedkommande part krevje oppmålingsforretning etter matrikkellova. Etter matrikkellova skal gebyrkravet rettast mot rekvirenten av oppmålingsforretninga dersom ikkje anna er skriftleg avtalt.

I sak for jordskifterett er det berre unntaksvis at sak og tvist fell saman på same måten. Det er tilfellet dersom heile grensestrekninga som er til behandling i ei sak om grensefastsetjing, er omtvista. I slike tilfelle er departementet samd med jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme i at det ikkje er grunn til å ha forskjell i reglane om sakskostnader. Departementet meiner likevel dette berre gjeld så langt det er snakk om likearta kostnader. Det vil i praksis seie at reglane i tvistelova kapittel 20 bør gjelde for dei kostnadene som er knytt til dommen i jordskifteretten om kvar grensa går. I grensefastsetjing etter lovforslaget § 4-2 med tvist om heile grensestrekninga, vil det seie at den vinnande parten i utgangspunktet skal få erstatning for kostnader til rettshjelp og til sakkunnig hjelp. Den vinnande parten skal heller ikkje betale kostnader med eventuelle jordskiftemeddommarar, inngangsgebyr og partsgebyr.

Kostnader knytt til merking og koordinatfesting av grensa og grenselengdegebyr er kostnader som berre finst i sak om grensefastsetjing for jordskifterett. Dei er på sett og vis knytt til eit etterarbeid etter at tvisten er avgjort ved dom. Kostnadene med dette etterarbeidet motsvarar gebyr for oppmålingsforretning og matrikkelføring etter matrikkellova i etterkant av at dommen i tingretten har blitt rettskraftig.

Departementet meiner at dei som eig inntil grensa, er like godt tente med at grensa blir merkt med varige merke i marka, at grensemerka blir koordinatfesta og at grensa blir festa til kart og teken inn i matrikkelen. Departementet meiner derfor at hovudregelen framleis skal vere at kostnadene med dette skal delast etter nytten. I praksis vil dette gjelde for kostnadene knytt til merking og koordinatfesting av grensa og grenselengdegebyr. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-9 første ledd første punktum og § 7-6 første ledd.

Ikkje reint sjeldan kjem det opp tvist som berre gjeld eit fåtal partar og berre utgjer ein liten del av eigedomstilhøva. Da må kostnadene knytt til saksbehandlinga av tvisten, gjerast opp som om tvisten var ei sjølvstendig sak. Det same prinsippet må gjelde om tvisten utgjer storparten av saka. Departementet meiner det må vere mogleg å avgjere konkret kva for kostnader som er knytt til dommen, og kostnader som er uavhengige av dommen. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-9 første ledd første punktum.

Departementet foreslår å ta inn verdigrensa frå småkravsprosessen både når det gjeld storleiken på tvistesummen og øvre grense for erstatning for sakskostnader. Departementet legg vekt på at dette er eit ledd i arbeidet med å harmonisere reglane om tvisteløysing i tingrett og jordskifterett. Departementet legg òg vekt på at det er god støtte til forslaget.

Departementet er samd med jordskifterettane i Agder jordskiftedømme når dei uttaler at forslaget vil halde utgiftene knytt til tvisten på eit meir forsvarleg nivå.

Departementet er samd med Sør-Trøndelag jordskifterett i at innføringa av verdigrensa på 125 000 kroner for tvistesummen er å påleggje jordskifteretten ei tilleggsoppgåve samanlikna med gjeldande rett. Departementet viser til at jordskifteretten har lang erfaring i verdsetjing i jordskifte og i skjønn. Departementet kan derfor ikkje sjå at denne verdsetjingsoppgåva skal falle vanskelegare for jordskifteretten enn for tingretten. Departementet viser til at slike tvistar ofte vil kome opp i starten av ei sak. Da er det eit gode både for partane og for jordskifteretten at kostnadene knytt til ein tvist om små verdiar, kan haldast innafor rimelege grenser. I jordskiftesak vil det kunne vere ein ikkje ubetydeleg fordel når det gjeld å løyse dei problema som er til behandling.

Når det gjeld uttalen til Sør-Trøndelag jordskifterett om at småkravsprosessen logisk sett òg skulle ha blitt gjort gjeldande for sjølve dommen i tvisten, viser departementet til drøftinga av småkravsprosessen i kapittel 12.4.5 i lovproposisjonen. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-9 første ledd andre punktum.

13.5.2.2 Erstatning for kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp i visse saker

13.5.2.2.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at reglane i skjønnsprosesslova §§ 54 til 54 b og 58 skal gjelde for tiltaks- og vernejordskifte. Hovudregelen skal vere at tiltakshavar skal erstatte nødvendige utgifter partane har som følgje av skjønnsdelen av saka. Forslaget fører vidare gjeldande jordskiftelov § 81 andre ledd siste punktum.

Arbeidsgruppa foreslår òg å føre vidare reglane om betaling for særlege grensesaker i Nordland, Troms og Finnmark, jf. høyringsforslaget § 4-5. Etter at utmarkskommisjonen for Nordland og Troms er avvikla, er det berre reglane i finnmarkslova som er aktuelle. Arbeidsgruppa foreslår ikkje endringar i finnmarkslova.

13.5.2.2.2 Høyringsinstansane

Når det gjeld vederlag for kostnader til rettshjelp i tiltaks- og vernejordskifte, har det kome merknader frå Statens vegvesen og Avinor AS. Statens vegvesen uttaler:

«Når det gjeld regler om utgiftsdekning, har vi merket oss at man foreslår å videreføre regelen i § 81 i någjeldende lov om at skjønnsloven § 54 kommer til anvendelse for tiltaksjordskifte. Regelen er tatt inn i § 7-4 i utkastet. Etter kjennelsen i Høyesteretts kjæremålsutvalg 29. mai 2000 er det klart at henvisningen til skjønnsloven § 54 innebærer at skjønnslovens sakskostnadsregler kommer til anvendelse for hele prosessen, dvs også for arbeidet med skifteplanen. Konsekvensen av dette er at grunneierne kan engasjere advokat til å ivareta sine interesser under skifteplanprosessen og få kostnadene dekket av tiltakshaver.
Vegdirektoratet ser ingen tungtveiende grunner til å videreføre denne bestemmelsen. For det første mener vi det formelt sett ikke kan være riktig å gjøre skjønnsprosessloven § 54 gjeldende for skifteplanprosessen ettersom denne prosessen ikke innebærer noen ekspropriasjon. For det andre mener vi det reelt sett ikke er behov for advokatbistand under denne delen av prosessen. I spørsmål om hvordan eiendommene skal utformes vil ikke en advokat besitte noe mer kompetanse enn en vanlig grunneier. Dessuten har jordskiftedommeren særlig kyndighet på dette område. Når vi går i mot at skjønnsloven § 54 også skal gjelde for skifteplanprosessen, er likevel hovedårsaken de kostnader dette innebærer. Vi har erfaring for at kostnadene i enkelte saker kan beløpe seg til flere hundre tusen kroner. Dette har ført til at Statens vegvesen har blitt mer tilbakeholden med å kreve tiltaksjordskifte. Etter at den nevnte kjennelsen i Høyesteretts kjæremålsutvalg forelå, sendte Vegdirektoratet således et brev til vegkontorene der vi gjorde det klart at det ut frå kostnadshensyn vil måtte vurderes nøye om det skal kreves tiltaksjordskifte eller vanlig skjønn.
At det i praksis kan være vanskelig å sette skille mellom hva som hører inn under skifteplanprosessen og hva som hører inn under skjønnet, mener vi ikke er noen tungtveiende grunn til å opprettholde någjeldende regel. Det må her utvises et skjønn, og dette skjønnstemaet er neppe vanskeligere enn mange andre skjønnstemaer som melder seg i denne typen saker.
Ut fra dette mener vi § 7-4 i utkastet må endres slik at skjønnsloven § 54 kun blir gjort gjeldende for skjønnssaken.»

Avinor AS uttaler:

«Etter lovutkastet § 7-4 vil skjønnslovens § 54 fortsatt komme til anvendelse for tiltaksjordskifte. Dette innebærer i slike saker basert på høyesterettspraksis at skjønnslovens sakskostnadsregler blir gjeldende ikke bare for selve skjønnsdelen, men også for arbeidet med å utarbeide skifteplaner. Vi vil anbefale en klargjøring av at skjønnslovens § 54 kun skal få anvendelse på det rene erstatningsutmålingsskjønnet, og ikke ved utarbeidelsen av skifteplaner. I motsatt fall vil jordskifte som virkemiddel trolig i større grad bli valgt bort av tiltakshavere ut frå prosessøkonomiske hensyn, sjølv om forholdene elles skulle tilsi at jordskifte burde være et godt virkemiddel. Vi kan heller ikke se reelle hensyn som taler for at grunneiere skal ha krev om dekning av juridisk og sakkyndig bistand ved utarbeidelse av skifteplaner, hvor jordskifteretten er et uavhengig organ som i utgangspunktet har den beste kompetanse. Her vil det i tilfelle også være større potensial for motstridende interesser mellom grunneierne, og derved behov for hver sine advokater, enn i et ordinært ekspropriasjonsskjønn.»

Når det gjeld dei særlege grensesakene i Nordland, Troms og Finnmark, viser jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme til at Utmarkskommisjonen for Nordland og Troms er lagt ned. Dei sakene som er motteke, vil gå etter gjeldande jordskiftelov. Derfor er det ikkje behov for ein regel om saker frå denne utmarkskommisjonen i den nye jordskiftelova.

13.5.2.2.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår at reglane om utgiftsdekning i skjønnsprosesslova §§ 42, 54 og 58 framleis skal gjelde for sjølve skjønnet i tiltaks- og vernejordskifte. I skjønnsdelen av saka er det erstatning for eigedomsinngrepet som er det sentrale. Da må dei alminnelege reglane for erstatning for kostnader til sakkunnig hjelp mot eigedomsinngrepet, gjelde. Departementet har merka seg at det ikkje er nokon som går mot dette. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-1 andre ledd.

Departementet er samd med Statens vegvesen og Avinor AS når det gjeld dekking av utgifter til advokat og anna rettshjelp i jordskiftedelen i slike saker. I jordskiftedelen er det ny eigedomsutforming som er det sentrale, ikkje erstatningsutmåling. Jordskiftedelen skal skipe dei eigedomstilhøva som utmålinga av erstatninga skal byggje på. I jordskiftedelen av slike saker vil partane ofte ha innbyrdes motstridande syn på kva som er den beste jordskifteløysinga. I jordskiftedelen av saka passer derfor ikkje skjønnsprosesslova § 54 andre ledd første punktum om felles juridisk og teknisk bistand til å ta vare på likearta interesser som ikkje står i innbyrdes strid.

Departementet viser til at jordskifteløysinga skal fylle dei kumulative vilkåra i lovforslaget §§ 3-2, 3-3 og 3-18 òg i tiltaks- og vernejordskifte. Praksis viser at jordskifte er aktuelt når den som står bak eigedomsinngrepet, eig areal som kan gå inn i jordskiftet. Etter lovforslaget § 3-22 har den som står bak eigedomsinngrepet, krav på at jordskifteløysinga skal føre til at han får det arealet eigedomsinngrepet gjeld. Departementet legg vekt på at i arbeidet med jordskifteløysinga er jordskifteretten eit uavhengig organ som i utgangspunktet har den beste kompetansen. Departementet kan ikkje sjå at partane har eit særleg behov for å sakkunnig hjelp til å kontrollere at desse vilkåra er oppfylte i slike saker.

I dei tilfella jordskiftedelen blir etterfølgd av ein skjønnsdel for utmåling av erstatning, vil skjønnstemaet vere kva for «resttap» erstatninga skal dekkje. På sett og vis vil det vere ei vurdering av kor mykje erstatningskrevjande «restskade» og «restulempe» som tiltaket påfører ein eller fleire av partane i tiltaks- eller vernejordskiftet etter at den endelege jordskifteløysinga er fastsett. Departementet meiner at når partane får erstatning for kostnader til rettshjelp i skjønnsdelen av saka etter vanlege reglar for skjønn, vil dei ha fått det vederlaget dei har krav på i samband med eigedomsinngrepet.

Departementet viser til at det må vere ein positiv regel i jordskiftelova for at retten skal kunne påleggje ein part å betale erstatning for kostnader andre partar har til rettshjelp og anna sakkunnig hjelp. Departementet forslår ikkje nokon slik regel for jordskiftedelen i tiltaks- og vernejordskifte.

Departementet er samd med jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme om at ikkje er nødvendig å ha nokon regel om sakskostnader i grensesaker frå Utmarkskommisjonen i Nordland og Troms. Grunnen er at kommisjonen har avslutta sitt arbeid og alle attverande saker vil gå etter gjeldande jordskiftelov.

13.5.2.3 Erstatning for kostnader til rettshjelp og anna sakkunnig hjelp ved trekking og avvising av sak

13.5.2.3.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår ikkje nokon eksplisitt regel om erstatning for kostnader til rettshjelp og anna sakkunnig hjelp ved trekking av sak eller ved orskurd som avviser ei sak fordi formelle vilkår for å behandle saka ikkje er oppfylte. Det følgjer likevel av framstillinga i høyringsforslaget at det truleg er meininga at rekvirenten òg skulle kunne påleggjast å betale erstatning for nødvendige kostnader til rettshjelp og anna sakkunnig hjelp i desse tilfella.

13.5.2.3.2 Høyringsinstansane

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme, jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme, Sør-Trøndelag jordskifterett og jordskifteoverrettane meiner at det bør vere eit skilje mellom avvising av prosessuelle grunnar og avvising av materielle grunnar. Dei meiner at det berre er ved avvising av prosessuelle grunnar at det skal vere mogleg å få erstatning for kostnader til rettshjelp. Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme er rimeleg representative for desse høyringsinstansane når dei mellom anna uttaler:

«I 1979-lova var det meininga at det berre var i tvist om det rettslege grunnlaget for fremme at det var mogleg å få tilkjent kostnader til rettshjelp. Rettspraksis har endra dette.
Vi meiner at kostnader til rettshjelp ved tvist om fremme skal gjerast trongare og meir i samsvar med det som var meininga ved innføringa i 1979-loven. Det inneber at det berre er i tvist om avvisning på grunnlag av prosessuelle innvendingar som til dømes litispendens, manglande rettslig interesse, partsevne, lovheimel og habilitet, at det skal vere mogleg å få tilkjent kostnader til rettshjelp. Dette er tilsvarande det som er absolutte prosessføresetnader i sivilprosessen. Det skal såleis ikkje vere mogleg å få tilkjent kostnader til rettshjelp (eller sakkunnig hjelp) i tvist om materielle innvendingar ved å fremme jordskifte. Materielle vurderingar etter gjeldande lov er om ikkje-tapsgarantien (§ 3 bokstav a) er oppfylt og om ein eigedom er utenleg (§ 1). Dette må gjelde både i forhold til om tvisten knyter seg til tolkinga av reglane eller den konkrete forståinga. Vi viser til orskurd i Eidsivating lagmannsrett, 2004-05-12, LE-2004-14 452.
Formålet med at det ikkje skal vere mogleg å få tilkjent kostnader til rettshjelp (eller fagsakkunnig hjelp) i tvist om materielle innvendingar ved fremme av jordskifte, er å redusere konfliktnivået i oppstarten på ei sak slik at sjølve problemløysingsprosessen får ein betre og meir konstruktiv start. Dette er eit grep som er tenleg i høve til arbeidsgruppas mål om å gjera spørsmålet om fremme mindre framtredande. I denne samanheng kan det visast til eit nyleg avgjort fremmevedtak ved Øvre Buskerud jordskifterett. Kravet gjaldt avløysing av bruksrett til beite. I tvisten om det materielle grunnlaget for fremme vart det innlevert omkostningsoppgåve på kr 82 000 på den eine sida og kr 350 000 på den andre sida.»

13.5.2.3.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår at det skal vere like reglar for jordskifterett og for tingrett når det gjeld erstatning for kostnader til rettshjelp ved trekking av sak, og ved avvising av sak fordi formelle vilkår for å behandle saka ikkje er oppfylte. Departementet er samd med høyringsuttalane som gjeld avvising av sak på «prosessuelt grunnlag». Departementet meiner òg at dette er i samsvar med målet om harmonisering av reglane.

Departementet er samd med høyringsinstansane som seier at det bør vere eit skilje mellom avvising fordi formelle vilkår for å behandle saka ikkje er oppfylte, og avvising av materielle grunnar. Avvising av materielle grunnar er berre aktuelt i jordskifte etter lovforslaget kapittel 3. Avvising av materielle grunnar av eit jordskifte har ikkje nokon parallell i tvistelova.

Departementet foreslår at det skal vere høve til å leggje erstatningsansvar for kostnader andre parter har på rekvirenten dersom jordskifte, rettsutgreiing eller grensefastsetjing avvisast fordi formelle vilkår for å behandle saka ikkje er oppfylte.Vilkåra for dette må vere dei same som ved dom i tvist, jf. lovforslaget § 7-7 første ledd.

Dersom nokon av partane har pådradd seg kostnader til nødvendig rettshjelp eller anna sakkunnig hjelp før ei slik sak blir trekt, meiner departementet at det bør vere opning for at dei kan få erstatta desse kostnadene. Særleg vil det gjelde dersom ein påstand om avvising kjem i forkant av at saka blir trekt, og kostnadene til rettshjelp er knytt til påstanden om avvising. Departementet meiner i det heile at det ikkje bør vere nokon forskjell mellom tingretten og jordskifteretten når det gjeld kostnadsansvar i dei tilfella rekvirenten trekkjer ei sak. Departementet foreslår derfor at reglane i tvistelova kapittel 20 skal gjelde når rekvirenten trekkjer ei sak eller eit krav om sak frå jordskifteretten. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-9 andre ledd første punktum.

Departementet foreslår at dette òg må gjelde for krav om endra avgrensing av sak etter lovforslaget § 6-9. Departementet meiner at den som kjem med endringskrav, må ha same ansvar for kostnader som ein rekvirent. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-9 andre ledd andre punktum.

13.5.2.4 Erstatning for kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp ved avvising av jordskifte av materielle grunnar

13.5.2.4.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å ta bort vedtaket om fremjing. Etter høyringsforslaget § 6-19 femte ledd bokstav a kan jordskifteretten berre avvise eller fremje ei sak på materielt grunnlag etter særleg behandling av ein påstand om avvising. Høyringsforslaget inneheld ikkje nokon eksplisitt regel om erstatning for kostnader til rettshjelp knytt til slik avgjerd. Etter gjeldande rettspraksis kan den som tapar i avgjerda om fremje, bli pålagd å erstatte kostnader motparten har hatt til rettshjelp.

13.5.2.4.2 Høyringsinstansane

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme, jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme, Sør-Trøndelag jordskifterett og jordskifteoverrettane meiner at det berre er ved avvising av prosessuelle grunnar at det skal vere mogleg å få erstatning for kostnader til rettshjelp.

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme er rimeleg representative for desse høyringsinstansane. Høyringsutsegna er teken inn under punkt 13.5.2.3.2.

13.5.2.4.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår at avgjerd av påstand om avvising av jordskifte av materielle grunnar ikkje lenger skal vere grunnlag for tilkjenning av vederlag for kostnader til rettshjelp.

Departementet er samd med dei høyringsinstansane som uttaler seg. Departementet viser til at avvising av materielle grunnar berre er aktuelt for jordskifte, sjå lovforslaget §§ 3-2 og 3-3.

Departementet meiner derfor at utgangspunktet må vere at partane ikkje har krav på erstatning for kostnader til rettshjelp knytt til jordskifteavgjerda om avvising eller fremjing av eit jordskifte.

Departementet viser til at når vedtaket om fremjing ikkje blir gjort obligatorisk, er det grunn til å tru at spørsmålet om avvising ikkje kjem på spissen like ofte som etter gjeldande jordskiftelov.

Departementet har merka seg at det ikkje er nokon som tar til orde for å behalde rettspraksis når det gjeld erstatning for rettshjelp ved avvising av materielle grunnar.

Departementets forslag går fram av at lovforslaget § 7-9 ikkje inneheld nokon heimel for tilkjenning av vederlag for kostnader til rettshjelp og anna sakkunnig hjelp ved avvising av materielle grunnar. Det inneber at hovudregelen i lovforslaget § 7-8 gjeld for slike kostnader.

13.6 Kostnader i saker etter lovforslaget §§ 5-2 og 5-3

13.6.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at dersom jordskifte fører til skjønn og andre avgjerder etter veglova, taubanelova og vannressurslova som del av eit jordskifte, skal kostnadene med skjønnet fordelast mellom partane i jordskiftet etter den nytten dei hadde av jordskiftet.

13.6.2 Høyringsinstansane

Når det gjeld kostnader med skjønn etter særlover i samband med jordskifte, meiner Sør-Trøndelag jordskifterett at kostnadsregelen er uklar. Denne jordskifteretten uttaler:

«Det antas at det er forutsatt at skjønn etter §§ 5-3 (veg, taubane) og 5-4 (grøfter, kanaler etc.) berører en eiendom utenom jordskiftefeltet og at skjønnskostnadene dermed deles på jordskiftepartene som er å oppfatte som eksproprianter. Dette bør gå klarere fram og videre bør det klargjøres ellers at det er skjønnsprosessens kostnadsfordeling som gjelder i forholdet ekspropriant/ekspropriat. Alternativt kan det være en henvisning til det som er foreslått i § 7-5.»

13.6.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår at dersom jordskifteretten må halde skjønn eller ta avgjerd etter lovforslaget §§ 5-2 og 5-3, og skjønnet eller avgjerda råkar ein eigedom som ligg utanfor jordskifteområdet, så skal eigaren av den råka eigedommen bli behandla etter reglane i skjønnsprosesslova når det gjeld sakskostnader med skjønnet eller anna avgjerd. Dette er i samsvar med gjeldande rett på området. Departementet er samd med Sør-Trøndelag jordskifterett i at regelen om sakskostnader for skjønn og andre avgjerder etter andre lover kan formulerast klarare enn i høyringsforslaget. Departementet forstår elles forslaget til arbeidsgruppa på same måte som Sør-Trøndelag jordskifterett. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-10 første ledd.

Departementet foreslår at dei som er partar i sjølve jordskiftesaka skal dele kostnadene ved slike skjønn og andre avgjerder som nemnde i første ledd, etter den nytte dei har av det tiltaket eller den investeringa som skjønnet eller avgjerda gjeld. Dette går fram av lovforslaget § 7-10 andre ledd.

Ei liknande løysing er vald for kostnader ved felles investeringstiltak. Etter gjeldande jordskiftelov § 42 tredje ledd skal slike kostnader fordelast etter nytte. Denne føresegna blir ført vidare i lovforslaget § 3-28. Kostnader etter lovforslaget § 7-10 andre ledd kjem i tillegg til kostnader etter lovforslaget § 3-28.

Føresegnene i skjønnsprosesslova om sakskostnader gjeld for skjønn og andre avgjerder som eiga sak. I tillegg har enkelte særlover eigne reglar om kostnader ved slike skjønn og andre avgjerder.

13.7 Sakskostnader ved anke

13.7.1 Høyringsforslaget

Høyringsforslaget inneheld ein eigen paragraf om kostnader ved bruk av rettsmiddel og ved gjenopning, jf. høyringsforslaget § 7-8.

Arbeidsgruppa foreslår at utgangspunktet skal vere at den som ankar ei jordskifteavgjerd, skal betale kostnadene etter høyringsforslaget § 7-1 ved ankebehandlinga i lagmannsretten, jf. høyringsforslaget § 7-8 første ledd første punktum. Dersom ankebehandlinga fører til at jordskifteavgjerda blir monaleg endra, foreslår arbeidsgruppa at kostnadene etter høyringsforslaget § 7-1 for behandlinga i lagmannsretten skal delast mellom partane etter nytten. Dette fører vidare gjeldande rett nedfelt i gjeldande jordskiftelov §§ 75 første til tredje ledd og 76 første ledd og rettspraksis, men tilpassa forslaget om bortfallet av jordskifteoverretten som sjølvstendig ankeinstans.

Arbeidsgruppa foreslår òg at ved anke over andre avgjerder enn jordskifteavgjerd, skal reglane for sakskostnader i tvistemålsloven kapittel 20 og reglane i rettsgebyrlova gjelde for ankebehandling i lagmannsretten. Dette fører òg vidare gjeldande rett tilpassa ny ankeordning.

Arbeidsgruppa foreslår ikkje nokon eksplisitt regel om erstatning for kostnader til rettshjelp og anna sakkunnig hjelp knytt til orskurd som avviser ein anke fordi formelle vilkår for å ta opp anken ikkje er oppfylte. Det følgjer likevel av framstillinga i høyringsforslaget at det mest truleg var meininga at den ankande parten skal kunne påleggjast å betale erstatning for nødvendige kostnader til rettshjelp dersom anken blir avvist fordi formelle vilkår for å ta opp anken ikkje er oppfylte.

Arbeidsgruppa foreslår òg at ankeinstansen skal gi nødvendige reglar om tilbakebetaling dersom anke over jordskifteavgjerd førte til endring i kostnader etter høyringsforslaget § 7-1, og dei alt er betalte. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 80 fjerde ledd.

13.7.2 Høyringsinstansane

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler:

«Vi foreslår at overskrifta blir endra til : Fordeling av kostnader… Ordlyden i første ledd første punktum har vi endra til (omskrive samt at første punktum i andre ledd er flytta hit): Ved anke over jordskifteavgjerd skal den som ankar, ta kostnadene etter § 7-1 dersom ikkje jordskifteavgjerda blir monaleg endra. Dersom jordskifteavgjerda blir monaleg endra gjeld § 7-3. Andre punktum i første ledd bør etter vår meining vere eit sjølvstendig ledd. Vi forstår ikkje kvifor det her i samband med reglar om fordeling er relevant å vise til rettsgebyrloven. Tilvisninga ligg allereie i § 7-3 i utkastet. I vårt endringsforslag har vi presisert ordlyden til For anke over andre avgjerder enn jordskifteavgjerder … Andre ledd andre punktum høyrer logisk under § 7-3 i utkastet. Vi har flytta dette til siste punktum i femte ledd i vårt endringsforslag til § 7-2.»

Sør-Trøndelag jordskifterett uttaler:

«Første ledd, første setning må omskrives og dessuten settes i sammenheng med andre ledd. Det er mer naturlig å se at en anke i utgangspunktet medfører endring av en avgjørelse. Det bør derfor angis at det er kostnadsdeling etter nytte. Videre dersom anken ikke medfører «monaleg endring» skal ankende part dekke kostnadene.»

13.7.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår i lovforslaget § 8-1 tredje ledd at ved anke over jordskifteavgjerd, skal reglane i den nye jordskiftelova kapittel 6 gjelde så langt dei høver. I tillegg skal tvistelova gjelde slik det går fram av paragrafane i lovforslaget kapittel 8 om rettsmiddel. Departementet foreslår i tillegg ein eigen regel i lovforslaget § 7-11 som regulerer ansvaret for kostnader ved anke over jordskifteavgjerd.

Departementet foreslår at hovudregelen framleis skal vere at den som ankar ei jordskifteavgjerd, skal bere kostnadene med ankebehandlinga i lagmannsretten. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 75 andre ledd sjølv om ordlyden er tilpassa forslaget til ny ankeordning. Ingen høyringsinstans har merknader til innhaldet i denne hovudregelen. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-11 første ledd første punktum.

Departementet foreslår at det framleis skal vere eit unntak frå hovudregelen dersom ankebehandlinga fører med seg ei monaleg endring i det påanka jordskiftet. Dette byggjer òg på gjeldande jordskiftelov § 75 andre ledd tilpassa ny ankeordning. Det er ikkje meininga å gjere endring i realitetane sjølv om ordbruken er endra. Ingen høyringsinstans har merknad til innhaldet i denne unntaksregelen. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-11 første ledd andre punktum.

Departementet foreslår at den ankande parten skal forskottere kostnadene med ankebehandlinga dersom ei jordskifteavgjerd blir oppheva etter lovforslaget § 8-10 tredje ledd. Departementet foreslår òg at dei forskotterte kostnadene med ankebehandlinga skal reknast som ein del av kostnadene med den nye jordskifteavgjerda som jordskifteretten treff. Gjeldande jordskiftelov er taus om denne situasjonen. Forslaget er i samsvar med gjeldande rettspraksis. Praksis viser elles at oppheving ikkje er vanleg. I Frostating og Hålogaland jordskifteoverrettar er til saman berre to jordskifte oppheva dei siste 10 åra. Ingen høyringsinstans har ytra seg om dette. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-11 andre ledd.

Departementet foreslår at utgangspunktet skal vere at kvar part framleis skal bere eigne kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp for lagmannsretten. Forslaget er ei lovfesting av rettspraksis i jordskifteoverrettane. Rettspraksis går ut på at det berre er ved tap i spørsmålet om fremjing etter gjeldande jordskiftelov § 14 første ledd og ved dom i tvist etter § 17, at ein part kan tilkjennast dekning av kostnadene med rettshjelp og anna sakkunnig hjelp. Departementet viser til at lovforslaget avviklar ordninga med vedtak om fremjing, sjå kapittel 12.5. Dermed står ein att med dom i tvist. I tråd med dette foreslår departementet at lovforslaget § 7-9 første ledd skal gjelde for dom i tvist som lagmannsretten seier i tilknyting til behandling av anke over jordskifteavgjerd.

Departementet foreslår òg at ved trekking av anke og ved avvising av anke fordi formelle vilkår for å behandle saka ikkje er oppfylte, skal lovforslaget § 7-9 andre ledd gjelde. Dette er i samsvar med rettspraksis. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-11 tredje ledd.

13.8 Sakskostnader ved gjenopning

13.8.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å føre vidare at gebyret for krav om gjenopning skal vere fem gonger rettsgebyret. Arbeidsgruppa foreslår òg å føre vidare føresegna om at dersom kravet om gjenopning blir teken til følgje, skal det betalast gebyr som for ny sak. Endeleg foreslår arbeidsgruppa at dersom krav om gjenopning blir avvist, skal gebyret reduserast frå fem til to gonger rettsgebyret.

Arbeidsgruppa foreslår inga endring i reglane om ansvar for kostnadene med ei sak etter at ho er gjenopna.

13.8.2 Høyringsinstansane

Domstoladministrasjonen (DA), jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme og Sør-Trøndelag jordskifterett peiker alle på at gebyret for gjenopning bør vere seks gonger i staden for fem gonger rettsgebyret. DA formulerer seg slik:

«Dersom det tilstrebes en harmonisering med rettsgebyrloven, kan det synes å være en kollisjon mellom bestemmelsen i tredje ledd og første punktum i fjerde ledd. Gebyr for behandling av krav om gjenåpning etter rettsgebyrlovens § 8, sjuende ledd er i dag 6 R og ikke 5 R.»

Ingen uttaler seg om forslaget til redusert gebyr i dei tilfella krav om gjenopning ikkje fører fram. Det er heller ingen som uttaler seg om forslaget om å føre vidare reglane om ansvar for sakskostnader i gjenopna sak for jordskifterett.

13.8.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår å føre vidare oppbygginga av reglane om sakskostnader ved gjenopning. I gjeldande jordskiftelov § 74 sjette ledd er det ein regel om gebyr for krav om gjenopning. I gjeldande jordskiftelov § 75 fjerde ledd er det reglar om deling av sakskostnader når krav om gjenopning blir teken til følgje. Ut over dette gjeld kapittel 8 i gjeldande jordskiftelov sjølv om det ikkje går direkte fram av nokon lovregel. Departementet meiner det er ein fordel å gjere dette tydeleg ved å seie rett ut i lovforslaget § 7-12 første ledd at reglane om sakskostnader i lovforslaget kapittel 7 gjeld med dei unntak som går positivt fram av lovforslaget § 7-12 andre og tredje ledd.

Departementet foreslår å auke gebyret for krav om gjenopning frå fem til seks gonger rettsgebyret. Departementet er samd med dei høyringsinstansane som seier at det bør vere same storleik på dette gebyret ved jordskifterett og ved tingrett. Departementet viser òg til at dette er i samsvar med målet om å harmonisere reglane for desse to domstolane.

Departementet foreslår at den som krev gjenopning, skal betale gebyret for krav om gjenopning. I gjeldande jordskiftelov § 74 sjette ledd heiter det at «For krav om gjenopning skal ein betale …». I praksis er «ein» den som krev gjenopning. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-12 andre ledd første punktum.

Departementet foreslår at gebyret framleis skal reduserast til to gonger rettsgebyret dersom kravet om gjenopning blir avvist eller trekt før realitetsbehandling. Det fører vidare gjeldande jordskiftelov § 74 sjuande ledd. Dette samsvarar med rettsgebyrlova § 8 sjuande ledd første punktum som gjeld for tilsvarande tilfelle for tingrett. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-12 andre ledd andre punktum.

Departementet foreslår at det framleis skal vere slik at gebyret for krav om gjenopning skal kome i staden for inngangsgebyr etter lovforslaget § 7-2 første ledd dersom kravet blir teke til følgje. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-12 andre ledd tredje punktum.

Departementet foreslår å føre vidare reglane om ansvar for sakskostnader i gjenopna sak for jordskifterett med nokre språklege endringar utan tilsikta realitetsendring. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-12 tredje ledd.

13.9 Andre reglar

13.9.1 Forskott

13.9.1.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at jordskifteretten framleis skal kunne krevje forskott frå alle partane i sak etter høyringsforslaget kapittel 3 og §§ 4-1 og 4-2. Høyringsforslaget § 7-10 første punktum byggjer på gjeldande jordskiftelov § 80. Jordskifteretten skal kunne gjere dette etter at realitetsbehandlinga av saka er begynt, jf. høyringsforslaget § 7-10.

Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 7-1 andre ledd at tiltakshavar framleis skal betale sideutgifter forskottsvis i tiltaksjordskifte. Det same gjeld for vernejordskifte og grensesak kravd av offentleg styresmakt med heimel til regulering av eigarrådvelde. Forslaget byggjer på gjeldande jordskiftelov § 74 andre ledd andre til fjerde punktum.

Arbeidsgruppa foreslår ikkje å føre vidare regelen i gjeldande jordskiftelov § 79 om at rekvirenten skal kunne påleggjast å betale forskott på sakskostnader allereie i samband med at krav om jordskifte, rettsutgreiing eller grensegang kom inn til jordskifteretten.

Arbeidsgruppa foreslår å føre vidare regelen om at rekvirenten skal betale inngangsgebyret. Dette forslaget er behandla i kapittel 1.3.1 over.

Arbeidsgruppa foreslår ein eigen regel om sikring av kostnader. Regelen fører vidare innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 79 om å gi «trygd for dei kostnadene som etter eit førebels overslag ville falle på partane.» Forslaget til arbeidsgruppa er ei rein tilvising til at tvistelova § 20-11 gjeld.

Arbeidsgruppa foreslår òg å føre vidare heimelen jordskifteretten har i gjeldande jordskiftelov § 80 tredje ledd til både å kunne rekne rente av innbetalte forskott, og til å fastsetje storleiken på denne renta.

13.9.1.2 Høyringsinstansane

Det er berre jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme som uttaler seg om forskottsreglane. Dei meiner at reglane om forskott må bli betre samla for å få ei meir logisk rekkefølgje på paragrafane. Ingen høyringsinstans uttaler seg om rente på forskott.

13.9.1.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår å samle reglane om forskott i lovforslaget § 7-13. Departementet er såleis samd med jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme.

Departementet foreslår at jordskifteretten framleis skal kunne krevje forskott frå rekvirenten for å dekkje sakskostnader etter lovforslaget § 7-1. Dette skal gjelde for jordskifte, rettsutgreiing og grensefastsetjing. Det fører vidare innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 79 første punktum sjølv om det er nokre endringar i ordlyden. Det er same prinsipielle løysing som gjeld for tingretten, jf. rettsgebyrlova § 3 første ledd. Departementet kan ikkje sjå at det treng vere prinsipiell forskjell på dette området. I praksis vil det kunne vere forskjell i kva som fell inn under sakskostnadene i høvesvis tingrett og jordskifterett.

Det følgjer av rettsgebyrlova § 3 første ledd andre punktum at forskottet kan fastsetjast utan at ein kjenner det eksakte beløpet. Når rettsgebyrlova § 3 blir gjort gjeldande, er det ikkje behov for å føre vidare formuleringa i gjeldande jordskiftelov § 79 første punktum om «førebels overslag». Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-13 første ledd første punktum.

Departementet foreslår at jordskiftelova ikkje skal innehalde ein eigen regel om sikring av sakskostnader når innhaldet i regelen berre vil vere ei tilvising til tvistelova § 20-11. Departementet viser til at lovforslaget § 6-1 andre ledd bokstav o gjer tvistelova § 20-11 gjeldande så langt han høver. Tvistelova § 20-11 høver for sikring av dei aktuelle kostnadene. Departementet kan heller ikkje sjå at ein slik tilvisingsregel om eit såpass spesielt tema inneheld informasjon av nemnande interesse for partane. Da er det meir aktuelt at den som får pålegg om å betale forskott, blir gjort merksam på alternativet i kravbrevet. Lovforslaget inneheld ingen eigen regel om sikring av kostnader.

Departementet foreslår at jordskifteretten framleis skal kunne krevje forskott av andre partar enn rekvirenten. Slik er det etter gjeldande jordskiftelov § 80 første ledd. Hovudregelen for deling av sakskostnader etter lovforslaget § 7-1 i jordskifte, rettsutgreiing og grensefastsetjing, er at dei skal delast etter nytten, sjå lovforslaget § 7-6 første ledd. Da er det ikkje rimeleg at rekvirenten skal forskottere alle sakskostnadene. Departementet meiner at det er eit gode å kunne fordele sakskostnader allereie mens saka går føre seg. Departementet meiner derfor det er nødvendig å føre vidare heimelen til å kunne krevje forskott frå alle partane i slike saker.

Ei slik løysing gjer at jordskifteretten både kan krevje forskott frå rekvirenten og frå dei andre partane. Departementet er ikkje kjent med at gjeldande reglar om forskott har valda problem. Departementet kan derfor ikkje sjå at desse reglane om forskott skal valde problem i framtida heller. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-13 første ledd andre punktum.

Departementet foreslår at det framleis skal vere slik at dersom rekvirenten ikkje betaler forskottet, skal kravet om sak bli avvist. Det følgjer av rettsgebyrlova § 3 sjette ledd andre punktum. Denne føresegna erstattar gjeldande jordskiftelov § 79 tredje punktum. Det er ikkje meininga at dette skal føre til endringar i realitetane. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-13 første ledd tredje punktum.

Departementet foreslår at det framleis skal vere slik at jordskifteretten kan krevje inn forskott på sideutgifter frå tiltakshavar i tiltaksjordskifte, frå vernemyndigheita i vernejordskifte og frå vernemyndigheita i grensefastsetjing etter lovforslaget § 4-2 første ledd bokstav f. Departementet viser til at rettsgebyrlova § 3 første ledd første punktum òg femner om forskott på sideutgifter. Denne føresegna erstattar gjeldande jordskiftelov § 74 andre ledd andre til fjerde punktum. Det er ikkje meininga at dette skal føre til endringar i realitetane.

Erfaring viser at det praktisk talt alltid har vore høvesvis tiltakshavar og vernemyndigheita som har kravd slike saker. Om det unntaksmessig skulle kome krav om slik sak frå andre, vil retten kunne bruke heimelen i lovforslaget § 7-13 første ledd andre punktum slik at behovet for forskottsvis dekking av sideutgifter da skulle vere ivareteke. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-13 første ledd tredje punktum.

Departementet foreslår at jordskifteretten framleis skal kunne bestemme at det skal reknast rente av innbetalte forskott. Det fører vidare gjeldande jordskiftelov § 80 tredje ledd. Det er vanleg å setje forskottet inn på renteberande konto i bank. Departementet foreslår ikkje å føre vidare at retten skal kunne fastsetje rentefoten. Departementet legg til grunn at renta skal fastsetjast på vanleg måte gjennom avtale mellom retten og banken. Det er rekneskapsmessig rett at renta på forskott godskrivast den som har betalt. Departementet viser til at Riksrevisjonen fører tilsyn med rekneskapen til jordskifterettane. Departementet legg òg til grunn at lovforslaget § 7-11 andre ledd ikkje inneber pålegg om endring i praksisen som er etablert og akseptert av Riksrevisjonen i den enkelte jordskifterett med omsyn til å velje å rekne rente. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-13 andre ledd.

13.9.2 Betalingsfrist

13.9.2.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at jordskifteretten skal kunne fastsetje betalingsfristen for sakskostnader eller at fristen skulle vere 14 dagar etter at den kravet er retta mot, er gjort kjent med pålegget om å betale. I høve til gjeldande jordskiftelov § 80 andre ledd er dette ei nedkorting av betalingsfristen med ein dag. Det er ei nedkorting med ei veke i høve til fristen på tre veker for betaling av forskott etter gjeldande jordskiftelov § 79.

Arbeidsgruppa foreslår òg å føre vidare regelen om at dersom rekvirenten ikkje held betalingsfristen, blir det rekna jamgodt med at han har kalla kravet tilbake.

13.9.2.2 Høyringsinstansane

Ingen høyringsinstans kjem med synspunkt på forslaga om lengda på fristen.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme og Domstoladministrasjonen (DA) meiner at høyringsforslaget § 7-12 andre ledd kan oppfattast slik at manglande innbetaling av forskott undervegs i ei sak fører til at saka blir trekt. Dei meiner at det må gå klart fram at det berre er manglande innbetaling frå rekvirenten i forkant av realitetsbehandling av saka, som skal føre til at saka skal reknast som trekt.

Sør-Trøndelag jordskifterett meiner høyringsforslaget § 7-12 andre ledd er ein saksbehandlingsregel som passer betre i saksbehandlingskapitlet, enn i kapitlet om sakskostnader.

DA kjem med ein merknad knytt til manglande innbetaling av forskott undervegs i ei sak. DA meiner at dette kan avreknast når saka sluttast.

13.9.2.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår at betalingsfristen til vanleg skal vere 14 dagar. Departementet foreslår òg at jordskifteretten skal kunne fastsetje ein annan frist. Da blir regelen tilstrekkeleg fleksibel. Departementet viser til at betalingsfristen er 14 dagar for dei vanlege domstolane. Departementet kan ikkje sjå at det treng vere nokon forskjell mellom jordskifteretten og tingretten når det gjeld betalingsfrist. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-14 første ledd.

Departementet foreslår at det berre er manglande betaling frå rekvirenten i forkant av realitetsbehandling av saka, som skal føre til at sakskravet kan reknast som trekt tilbake. Det er i samsvar med gjeldande jordskiftelov § 79 tredje punktum. Departementet er samd med Domstoladministrasjonen (DA) og jordskifterettane i Agder jordskiftedømme i at det er på dette stadiet at manglande betaling kan få slikt resultat. Dette er aktuelt for manglande betaling av inngangsgebyret etter lovforslaget § 7-2 og av gjenopningsgebyret etter lovforslaget § 7-12 andre ledd første punktum. Det er òg aktuelt med forskott etter lovforslaget § 7-13 første ledd første punktum. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-14 andre ledd.

Departementet er samd med DA i at avrekning av manglande forskott undervegs i ei sak, kan utstå til saka blir avslutta. Departementet er ikkje kjent med at manglande innbetaling av forskott undervegs i sak, har valda nemnande problem. Departementet kan ikkje sjå at det er noko i lovforslaget som skulle endre på dette.

Departementet viser elles til at lovforslaget § 7-13 tredje ledd slår fast at rettsgebyrlova § 3 gjeld for jordskifteretten så langt han høver. Det inneber at krav på betaling frå andre enn stat, fylkeskommune eller kommune er tvangsgrunnlag for utlegg. Dersom det skulle bli nødvendig, kan jordskifteretten drive inn forskott på den måten. Sidan det mest truleg vil vere lite behov for å bruke denne regelen, meiner departementet det ikkje er nødvendig med ei eksplisitt tilvising til dette i kapitlet om sakskostnader i jordskiftelova. Lovforslaget inneheld ikkje eigne reglar om konsekvensar av manglande innbetaling av forskott undervegs i jordskifte, rettsutgreiing eller grensefastsetjing.

13.9.3 Statens erstatningsansvar

13.9.3.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at staten skal ha same ansvar for sakskostnader i sak for jordskifterett som i sak for tingrett. Forslaget er nytt.

Arbeidsgruppa foreslår òg å føre vidare ansvaret staten har for feil som blir avdekka ved gjennomsyn. Høyringsforslaget § 8-10 fører vidare gjeldande jordskiftelov § 78.

13.9.3.2 Høyringsinstansane

Statens Kartverk uttaler:

«Blir det gjort rettinger som krever endringer i matrikkelen, bør staten dekke kostnadene med retting i matrikkelen.»

Det er ingen andre som har merknader til kva for ansvar staten skal ha for feil gjort av jordskifteretten.

13.9.3.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår at staten skal ha same ansvar for sakskostnader i sak for jordskifterett som i sak for tingrett. Departementet har merka seg at det ikkje er nokon som går mot dette. Departementet viser til at ordninga med gjennomsyn ikkje blir ført vidare. Dermed er det ikkje lenger behov for å ha ein eigen erstatningsregel knytt til gjennomsyn.

Departementet er samd med Statens Kartverk i at dersom feil forårsaka av jordskifteretten fører til endringar i matrikkelen, så skal staten betale gebyret for matrikkelføring. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-15.

13.9.4 Panterett for pålagt kostnad og yting

13.9.4.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å føre ordrett vidare regelen i gjeldande jordskiftelov § 91 andre ledd om panterett i eigedommen eller bruksretten for kostnad eller yting som jordskifteretten har lagt på eigar eller bruksrettshavar. Regelen er teke inn i høyringsforslaget § 6-28 andre ledd.

13.9.4.2 Høyringsinstansane

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler:

«Kva er det slik sak syner til? Eigar og bruksrettshavar er ikkje heilt dekkande og bør bli endra til part eller partar i sak for jordskifterett. Panterett i eigedommen eller i bruksretten er ikkje dekkande. Panterett i ein bruksrett kan vel neppe tenkjast anna enn dersom den er særskilt matrikulert. Vi tilrår at matrikkeleining blir brukt.»

Sør-Trøndelag jordskifterett uttaler:

«Vi slutter oss til forslaget fra Eidsivating om følgende tekst i første setning. «Kostnad eller yting som partar blir pålagde av jordskifteretten(alt: i jordskiftesak), får ved tinglysing panterett i vedkomande part si matrikkeleining. …»

13.9.4.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår å føre vidare innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 91 andre ledd. Departementet forstår høyringsinstansane slik at dei er samde i at innhaldet i gjeldande jordskiftelov bør førast vidare. Departementet er i det alt vesentlege samd med høyringsinstansane i at ordbruken bør endrast, og i den grunngivinga dei kjem med.

Departementet foreslår å flytte regelen frå kapitlet om ymse reglar i gjeldande jordskiftelov, til kapitlet om sakskostnader i lovforslaget fordi dette er ein regel som i hovudsak er knytt til pålegg av kostnad. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 7-16.

13.9.5 Sakskostnader ved rettsforlik

13.9.5.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår i ei konkret lovfesting i høyringsforslaget § 7-13 andre ledd at tvistelova § 19-11 fjerde ledd skal gjelde for sakskostnadene med å få i stand rettsforliket. Den føresegna lyder:

«Har forliket ikke bestemmelser om fordeling av sakskostnadene, skal retten på begjæring fra partene avgjøre spørsmålet etter skjønn.»

Den konkrete lovfestinga er ny, men i realiteten blir gjeldande rett ført vidare.

13.9.5.2 Høyringsinstansane

Ingen høyringsinstans uttaler seg om sakskostnader ved rettsforlik.

13.9.5.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår at lovforslaget kapittel 7 ikkje skal innehalde ein eigen regel om sakskostnader ved rettsforlik. Lovforslaget § 6-1 andre ledd bokstav o gjer dei aktuelle føresegnene i tvistelova gjeldande, og § 6-26 fjerde ledd har reglar om at retten skal avgjere fordelinga av sakskostnader når partane krev det.

13.9.6 Bortfall av regresskrav mot leigar og av eigne reglar om kostnader for minneleg jordskifte

13.9.6.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa forslår å ta bort heimelen i gjeldande jordskiftelov § 77 om at leigar eller andre med liknande rett har plikt til å gi eigaren vederlag for jordskiftekostnader og andre kostnader som jordskiftet fører med seg.

Heimelen til å gi attest for minneleg jordskifte blir ikkje ført vidare i høyringsforslaget. Da forsvinn òg behovet for eigne reglar om sakskostnader for minneleg jordskifte.

13.9.6.2 Høyringsinstansane

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme og jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme er samde i forslaget om å ta bort heimelen i gjeldande jordskiftelov § 77. Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme viser til at dette er ein regel dei aldri har brukt.

Ingen høyringsinstans er mot å ta denne regelen ut av jordskiftelova.

Høyringsinstansane uttaler seg om minneleg jordskifte, men ikkje konkret om sakskostnadene ved denne type sak.

13.9.6.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår ikkje å føre vidare gjeldande jordskiftelov § 77. Departementet er samd med høyringsinstansane i dette.

Når det gjeld minneleg jordskifte, viser departementet til kapittel 8.36.1.

Til forsida