Prop. 101 L (2012–2013)

Lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)

Til innhaldsliste

12 Reglane om saksbehandling

Innleiing

Dette kapittelet omhandlar reglane om saksbehandling i den nye lova. Departementet gjer greie for dei hovudprinsippa lova byggjer på og tilhøvet mellom denne lova og tvistelova. Det blir gitt ei oversikt over reglane om saksbehandling ordna etter underkapitla i lovforslaget. Det blir vidare gitt ei oversikt over dei reglane i tvistelova som departementet meiner ikkje bør gjelde for saksbehandlinga i jordskifterettane. Svært mange høyringsuttalar omhandlar reglane om saksbehandling, og det blir gjort greie for synet til høyringsinstansane undervegs i framstillinga.

Lovforslaget skil seg frå høyringsforslaget på mange punkt, men ikkje i dei meir grunnleggjande spørsmåla. Reglane om saksbehandling er ordna slik at det er gitt ein del eigne reglar for saksbehandlinga til jordskifterettane, samtidig som det blir vist til kva for reglar i tvistelova som skal gjelde i tillegg. Nokre av reglane i tvistelova er tekne inn i ei tilpassa form, av informasjonsomsyn. Det er lagt vekt på at reglane skal kunne handterast av partar som prosederer sjølve, som det er mange av i sakene for jordskifterettane.

12.1 Hovudprinsippa for reglane om saksbehandling og tilhøvet til tvistelova

12.1.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa viser til at tvistelovgivinga har gjennomgått ein omfattande revisjon. Den nye tvistelova tok til å gjelde 1. januar 2008, og avløyste tvistemålslova frå 1915. Lova inneheld dei alminnelege reglane om saksbehandling for sivile rettstvistar i domstolane. Hovudformålet med tvistelova er å gi ei meir effektiv sivil rettspleie, som gir raskare, billigare og rettare tvisteløysing for partane, sjå nærare om dette i Ot.prp. nr. 51 (2004–2005). Arbeidsgruppa viser òg til at gjeldande jordskiftelov og tvistelova byggjer på dei same prosessuelle prinsippa, og at tvistelova i stor grad er gjort gjeldande for jordskifterettane gjennom tilvisingar i enkelte paragrafar, og gjennom den generelle tilvisingsregelen i gjeldande jordskiftelov § 97.

Arbeidsgruppa uttaler at hovudmålsetjinga for arbeidet med nye reglar om saksbehandling er den same som for utarbeiding av tvistelova. Reglane om saksbehandling må oppfylle dei krava ein i dag må kunne stille til ein effektiv, rimeleg og trygg prosess. Lova må passe med tida og tilhøva, og møte dei behov eigarar, rettshavarar og samfunnet elles har for å få løyst konkrete problem og uklare faktiske og rettslege tilhøve knytt til fast eigedom. Likeeins må lova leggje til rette for at tvistar kan løysast på ein tillitvekkande og trygg måte. Dette gjeld både i høve til materielle og prosessuelle reglar. På same måte som den ordinære sivilprosessen, må jordskifteprosessen tilfredsstille dei folkerettslege krava til ei prosessordning. Prosessen må byggje på uavhengige domstolar og ein kontradiktorisk prosess der partane får høve til å leggje saka si fram og føre bevis for sine påstandar (og sitt syn på saka om dei ikkje har direkte påstandar). Prosessen må òg byggje på likebehandling og lik tilgang til retten for partane, og på at sakene skal få ei effektiv og ikkje for kostbar behandling. Andre sentrale prosessuelle prinsipp er plikta retten har til å grunngi avgjerdene, til å gjere dei offentleg tilgjengelege og til å føre sakene for opne dører slik at allmenta kan få innsyn i kva domstolane driv med. Heilt grunnleggjande er òg retten til å anke avgjerdene til høgare rettsinstansar. Arbeidsgruppa gjer i kapittel 5.10.3. òg greie for korleis ho vurderer høyringsforslaget i høve til dei sentrale omsyna til mellom anna folkeretten, kravet til uavhengige domstolar, og sentrale prosessuelle prinsipp som kontradiksjon, likebehandling, offentlegheit, partsinnsyn og retten til prøving (anke) av avgjerdene til domstolane.

Arbeidsgruppa ser det som ønskjeleg og i tråd med mandatet å gi nye reglar om saksbehandling, som berre avvik frå tvistelova der det er gode grunnar for det. Gruppa sa det var ei rettesnor for arbeidet at den nye lova skal liggje nært opp til reglane og løysingane i tvistelova. Arbeidsgruppa foreslår berre avvik der ho meiner det er gode grunner for å ha det. Dei unntaka arbeidsgruppa meiner er nødvendige, blei tekne inn i høyringsforslaget § 6-1.

12.1.2 Høyringsinstansane

Mange av høyringsinstansane er opptekne av tilhøvet mellom den nye jordskiftelova og tvistelova. Det er brei semje om at dei prosessuelle prinsippa som gjeld for den allminnelege sivilprosessen òg skal gjelde for jordskifteprosessen, og at det er behov for endringar i reglane om saksbehandling mellom anna med sikte på enklare og klarare reglar. Sjå mellom anna dei høyringsuttalane som det blir referert til i kapittel 5.2, som omhandlar behovet for revisjon av reglane om saksbehandling.

Mange av høyringsinstansane er òg opptekne av at reglane om saksbehandling i den nye lova blir tilpassa dei særlege behova ein har når det gjeld behandlinga i jordskifteretten. Særleg gjeld dette reglar om behandlinga av jordskiftesakene, der enkelte prinsipp i den sivilrettslige prosessen må fråvikast.

Advokatforeningen uttaler:

«Advokatforeningen imøteser en jordskiftelov som i moderne språkdrakt og med klare bestemmelser definerer jordskifterettens kompetanse og saksbehandling. Målet må imidlertid ikke være å utvide jordskifterettens kompetanse. Saksbehandlingsreglene bør legges så tett opp til tvistelovens regler som mulig, fordi tvisteloven sikrer en forsvarlig og korrekt kontradiktorisk behandling. Disse hensyn er i stor grad ivaretatt i lovutkastet.»

Norges Bondelag uttaler:

«Norges Bondelag er opptatt av at regelverket skal være lett tilgjengelig og brukervennlig. den forbindelse bør det søkes å oppnå færrest mulig særregler for jordskifteretten, herunder når det gjelder prosessreglene. Ved tvisteløsning som rettsutgreiing og grensegang, bør tvisteloven anvendes med mindre det er særlige forhold som taler for en annen løsning. Tilsvarende bør skjønn for jordskifteretten følge skjønnsprosesslovens regler. Det fremstår som mindre heldig at publikum skal kunne velge domstol etter hvilken prosessordning som passer best. Jordskifteretten bør i stedet velges fordi den har en særlig kompetanse som de alminnelige domstoler mangler.»

Sør-Rogaland jordskifterett uttaler:

«Jordskifteretten skal drive med både rettsfastsettende og rettsendrende oppgaver. For rettsfastsettende oppgaver må vanlige rettergangsregler gjelde. For rettsendrende oppgaver er det behov for egne regler, men disse må ikke bryte med de prinsippene sivilprosessen bygger på. Vi ser det som særdeles utfordrende å få til en god harmonisering av alminnelig sivilprosess og jordskifteprosess. Etter vår mening har arbeidsgruppa klart dette på en god måte.»

12.1.3 Departementets vurderingar

Tvistelovgivinga har gjennomgått ein omfattande revisjon. Den nye tvistelova tok til å gjelde 1. januar 2008, og avløyste tvistemålslova frå 1915. Tvistelova inneheld dei alminnelege reglane om saksbehandling for sivile rettstvistar i domstolane. Hovudformålet med tvistelova er å gi ei meir effektiv sivil rettspleie som gir raskare, billigare og rettare tvisteløysing for partane, sjå Ot.prp. nr. 51 (2004–2005). Lovforarbeida understrekar òg at det er eit mål at tvistar kan løysast utanfor domstolane, samstundes som tilgangen til domstolane skal gjerast lettare når det er behov for det. Tvistelova legg opp til ei grunneleggjande kulturendring blant dommarar, advokatar og partar, gjennom meir aktiv saksstyring frå dommarane, meir vekt på saksførebuing og kortare hovudforhandling enn det som har vore vanleg. Behandlinga av den enkelte saka skal skje etter eit proporsjonalitetsprinsipp, slik at omfanget av saksbehandlinga skal stå i samsvar med tvisten.

Gjeldande jordskiftelov byggjer på dei same grunnleggjande prosessuelle prinsippa som tvistelova, og tvistelova er i stor grad gjort gjeldande for jordskifterettane gjennom tilvising i enkelte paragrafar og gjennom den generelle tilvisingsregelen i gjeldande jordskiftelov § 97. Forslaget til ny jordskiftelov ligg òg nært opp til løysingane i tvistelova. I forslaget er det berre gjort avvik der ein meiner det er gode grunnar for å gjere dette ut i frå dei særlege behova som gjer seg gjeldande for saksbehandlinga i jordskifterettane.

Saksbehandlinga i jordskifterettane er i dag ein kombinasjon av eigne reglar og reglane i tvistelova, sjå gjeldande jordskiftelov § 97. Slik må det framleis vere. Departementet har i motsetnad til arbeidsgruppa, vald å følgje den same tilnærminga til tvistelova som i gjeldande jordskiftelov, sjå lovforslaget § 6-1, som byggjer på § 97. Dette inneber at òg den nye lova positivt seier kva for reglar i tvistelova som skal gjelde ved sida av reglane om saksbehandling i jordskiftelova. Departementet meiner at dette alt i alt gjer det enklare både for partane og domstolane å finne ut kva for reglar om saksbehandling som gjeld. Spørsmålet er nærare omhandla i kapittel 12.2. I kapittel 12.4 gjer departementet ein gjennomgang av kva for sentrale delar av tvistelova som ikkje blir gjort gjeldande.

På same måte som den ordinære sivilprosessen må jordskifteprosessen tilfredsstille dei folkerettslege krava til ei prosessordning. Prosessen må byggje på uavhengige domstolar og ein kontradiktorisk prosess der partane får høve til å leggje saka si fram og føre bevis for sine påstandar (og sitt syn på saka om dei ikkje har direkte påstandar). Prosessen må òg byggje på likebehandling og lik tilgang til retten for partane, og på at sakene skal få ei effektiv og ikkje for kostbar behandling. Andre sentrale prosessuelle prinsipp er plikta retten har til å grunngi avgjerdene, til å gjere dei offentleg tilgjengelege og til å føre sakene for opne dører, slik at allmenta kan få innsyn i kva domstolane driv med. Heilt grunnleggjande er òg retten til å anke avgjerdene til høgare rettsinstansar. Denne retten er likevel ikkje utan unntak, sjå reglane om krav til samtykke for anke i tvistelova §§ 29-13 og 30-4, som òg gjeld for jordskifterettane.

Departementet har i lovforslaget forsøkt å ta vare på alle dei omsyna som er nemnde ovanfor. Tilpassinga til krava i folkeretten følgjer dels ved at alle dei sentrale prosessuelle prinsippa i tvistelova òg gjeld for jordskifterettane. I lovforslaget § 1-2 er det dessutan teke inn at lova gjeld med dei avgrensingane som følgjer av folkeretten eller av avtale med framand stat.

Blant dei heilt sentrale reglane i tvistelova som ikkje er gjort gjeldande i forslaget til ny jordskiftelov, er § 1-3, som omhandlar «søksmålsgjenstand, partstilknytning og søksmålssituasjon», det vil seie dei grunnleggjande vilkåra for å få ei sak i gang. Denne paragrafen passar dårleg for jordskifteprosessen, ikkje minst fordi utgangspunktet er forskjellig. Det er ikkje nødvendig at partane er i ein tvistesituasjon, det fremjast ikkje eit søksmål (stemning) på same måten og så vidare. Departementet foreslår at det i staden skal givast eigne reglar om grunnleggjande vilkår for å reise sak etter jordskiftelova, sjå lovforslaget § 1-4 som regulerer kva det kan reisast sak om (søksmålsgjenstanden), og § 1-5 som regulerar partstilknytinga (kven som kan reise sak). Kva ei sak for jordskifteretten kan gå ut på, går òg fram av kapitla 3, 4 og 5 i lovforslaget som inneheld dei materielle reglane.

Når det gjeld «søksmålssituasjonen» meiner departementet det må vere nok med ein regel som seier kva det kan reisast sak om. Regelen må kombinerast med eit krav til å beskrive kva partane vil oppnå med saka. I tillegg må det vere eit krav om å beskrive kva for utenlege eigedomstilhøve ein vil at retten skal bøte på, når det gjeld krav om jordskifte, sjå lovforslaget § 6-2. Ut over dette er det ikkje nødvendig med spesielle krav til godtgjering av reelt behov for å få kravet avgjort.

Tvistelova kapittel 4, 5 og 6 som mellom anna omhandlar verneting, plikter før sak blir reist og forliksrådsbehandling, er heller ikkje gjort gjeldande, fordi dei passar dårleg for jordskifteprosessen. Sjå nærare omtale i kapittel 12.4.2 til 12.4.4. Heller ikkje alle reglane i småkravsprosessen er gjort gjeldande. Grunnen til det er at departementet foreslår andre måtar å halde kostnadene nede på for partane i ei sak for jordskifterettane. Sjå nærare omtale av dette i kapittel 12.4.5. Elles er alle grunnleggjande prinsipp tekne vare på. Ein del sentrale reglar i tvistelova kapittel 9 om saksførebuinga, er gjort gjeldande for jordskifterettane så langt dei høver. Fleire av «generalklausulane» i tvistelova er tekne inn i tilpassa form. Reglane i tvistelova kapittel 11 om saksstyringa er gjort gjeldande utan atterhald ut over det generelle som følgjer av «så langt dei høver». Løysinga av tilhøvet til tvistelova ligg nært opp til løysinga i gjeldande jordskiftelov.

Lovforslaget byggjer på at jordskifterettane er uavhengige domstolar på lik line med andre domstolar. Dei fast tilsette dommarane er embetsdommarar, og blir utnemnde på same måten som dommarane i det ordinære domstolssystemet, sjå nærare om dette i proposisjonen kapittel 7. Jordskifterettane er særdomstolar, sjå domstollova § 2, men det endrar ikkje noko på statusen deira i høve til å vere uavhengige domstolar. Jordskiftedommarane har det same oppseiingsvernet som andre dommarar. Tilhøva er derfor lagt til rette for at jordskifterettane skal vere uavhengige, objektive domstolar på same måten som dei ordinære domstolane.

Det at jordskifterettane er særdomstolar, med eit positivt avgrensa saksfelt knytt til fast eigedom, inneber visse avgrensingar i tilgangen til jordskifteretten. Vilkåra for å bringe ei sak inn for jordskifteretten, er likevel objektive og dei knyt seg til kva for posisjon den som vil krevje saka har i høve til fast eigedom, eller i høve til rettar til fast eigedom. Det er òg slik at retten kan avvise ei sak, men denne avvisinga skal da knyte seg til at materielle eller formelle vilkår for ei sak ikkje er innfridde, sjå for eksempel kravet i lovforslaget § 3-18.

Kontradiksjonsprinsippet er retten til å kunne gjere greie for sitt syn og kunne bli kjent med og kunne imøtegå prosessmaterialet i saka. Det er eit grunnleggjande prinsipp i norsk prosesslovgiving. Dette er solid rotfesta i saksbehandlinga for jordskifterettane. Partane i ei sak for jordskifterettane skal ha den same retten til å bli hørt, til å leggje fram bevismateriale og til å argumentere og leggje fram sitt syn på saka som partane har i andre sivile saker. I visse høve tek jordskifteprosessen dette noko lenger enn den allminnelege prosessen, ved at retten i jordskiftesakene lager ulike utkast til løysingar som partane får uttale seg til, og som kan endrast ut i frå innspela til partane. Dette er ein framgangsmåte som høver godt i desse sakene der fokuset ikkje ligg på tvisteløysing, men på utarbeidinga av gode og tenlege løysingar for framtidig utnytting av eigedom og rettar. Det er da viktig at partane får høve til å gi sitt syn på løysingsforslaga, om nødvendig i fleire omgangar.

Retten til å leggje fram bevismateriale og argumentere omkring rettslege og faktiske tilhøve er den same for jordskifterettane som for dei ordinære domstolane. For bevisføringa i jordskifterettane gjeld i dag jordskiftelova § 15. Dei fleste av kapitla tvistelova har om bevis (kapitla 22–28) gjeld òg for saksbehandlinga i jordskifterettane, så langt dei høver, sjå gjeldande jordskiftelov § 97. Departementet foreslår at alle kapitla i tvistelova om bevisføring skal gjelde for saker for jordskifterettane. Det gjeld òg kapittel 21 om dei alminnelege reglane om bevis, sjå lovforslaget §§ 6-1 og 6-15.

Prinsippet om likebehandling er teke vare på både i gjeldande reglar og i lovforslaget. Det er ikkje gjort skilnad på partane i høve til å kunne fremje krav og påstandar i ei sak. Dei har òg lik rett til å eksaminere vitna til motparten, til sjølv å føre bevis, få tilgang til bevis, og til å argumentere for sitt syn på saka.

Når det gjeld bruken av verkemidla i jordskifte i høve til reindrifta, viser departementet til drøftinga i kapittel 8.6.

Retten skal foreta ei reell og forsvarleg vurdering av det framlagde prosessmaterialet innan rimeleg tid. Dette omsynet blir teke vare på i tvistelova ved dei fristreglane lova set for ulike handlingar frå partane eller retten si side. Departementet legg til grunn at saksavviklinga ikkje vil bli lenger i jordskifterettane enn i tingrettane, i saker som kan samanliknast. Jordskifterettane har på den andre sida òg saker av ein annan karakter, der saksbehandlingstida i nokre høve er lang. Dette har først og fremst samanheng med kompleksiteten i sakene og det store talet på partar. Den enklare og raskare prosessen som skal følgje av småkravsprosessen, gjerast ikkje gjeldande for jordskifterettane. Det ligg andre element i forslaget til ny jordskiftelov som eit stykke på veg vil ivareta dei same omsyna når det gjeld enklare og billigare saksbehandling.

Tvistelova har reglar om offentlegheit og partsinnsyn i kapittel 14. Både partane og ålmenta har rett til innsyn i sakene. Dette er eit sentralt prinsipp i den sivile rettargongen som òg gjeld for saksbehandlinga ved jordskifterettane. For partane sin del gjeld retten til innsyn i prosesskriv, rettsbøker, rettsavgjerder og andre dokument i saka. Partane kan forlange kopi av dokumenta eller dei kan få dei tilsendt elektronisk. Ålmenta har rett til innsyn i rettsbøker, rettsmeklingsprotokollar og rettsavgjerder. Det gjeld visse unntak frå retten til innsyn, for eksempel i dei tilfella der det ligg føre eit forbod mot offentleggjering av rettsavgjerder, eller saka er av ein personleg karakter. Desse unntaka vil truleg i liten grad få verknad for saker som jordskifterettane behandlar.

Sjølve rettargongen skal vere offentleg, sjå domstollova § 124: «Rettsmøtene er offentlige og forhandlingane og rettsavgjørelsene kan gjengis offentlig, hvis ikke annet er bestemt i lov eller av retten i medhold av lov». Lovbestemte unntak frå denne regelen følgjer mellom anna av domstollova § 126, medan § 125 har reglar om i kva tilfelle retten kan ta avgjerd om å halde rettsmøta for lukka dører. Reglane gjeld òg for behandlinga i jordskifterettane, sjå domstollova § 2.

Dei avgjerdene jordskifterettane tek, kan angripast med rettsmiddel (anke), på same måten som avgjerdene i dei ordinære domstolane. Reglane om anke over jordskifteavgjerder er ei blanding av eigne reglar og av tvistelova sine reglar. Dette gjeld både ankeordninga slik ho er i dag, og etter lovforslaget. I forslaget til ny jordskiftelov er det òg lagt inn visse avvik i høve til den ordinære ankeordninga. Dette gjeld mellom anna samansettjinga av ankeinstansen. Likevel tek reglane samla sett like godt vare på rettstryggleiken som den ordinære ankeordninga etter tvistelova.

Tvist er ikkje eit vilkår for å reise sak for jordskifterettane

Formålet med jordskifte er å endre eigedoms- eller bruksrettstilhøve som er utenlege. For å kunne endre tilhøva, treng det ikkje liggje føre tvist mellom to eller fleire partar. Korkje gjeldande jordskiftelov eller lovforslaget har noko krav om tvist mellom partane for at endring skal kunne skje. Jordskifteprosessen skil seg her frå eit grunnleggjande vilkår for sivile saker elles, sjå tvistelova kapittel 1. Det er heller ikkje noko krav om tvist mellom partane for å kunne reise ei sak om grenser eller om rettsutgreiing. Det kan krevjast rettsleg avklaring av grenser mellom to eller fleire eigedommar utan at partane treng å vere usamde om grensene. Det er nok at ein eller fleire partar går til jordskifteretten og ber om ei rettsleg avklaring av noko som er uklart for dei. Vilkåret for grensefastsetjing er at grensa er uklar. Dette gjer at terskelen for partane til å reise sak nok kan opplevast som lågare for jordskifteretten enn for dei ordinære domstolane. Det gjer òg at konfliktnivået mellom dei som er partar er lågare, og det er ganske vanleg at partane blir forlikte under prosessen.

Utgangspunktet for ei sak for jordskifteretten kan vere at partane er samde om eit resultat, men at dei treng medverknad frå jordskifteretten til for eksempel å dele eit brukssameige. Eit anna utgangspunkt kan vere at partane ikkje er samde om resultat, men at dei vil at jordskifteretten skal løyse ugreie eigedoms- eller bruksrettstilhøve. Eit tredje utgangspunktet kan vere at partane verken er samde om at jordskifteretten skal løyse saka, eller korleis ho skal løysast.

Det er på den andre sida ikkje noko hinder at det ligg føre ein tvist når saka blir reist, eller at det oppstår tvist seinare under behandlinga. I jordskiftesakene må retten avklare eigedomstilhøve og grenser så langt det er nødvendig for jordskiftet. Det er ikkje uvanleg at tvistar oppstår under saka. I andre høve reiser ein krav om grensesak fordi naboane er usamde, slik at saka er tvistesak heilt frå starten.

Endring av eigedoms- eller bruksrettstilhøve ved jordskifte må byggje på dei eksisterande eigedoms- og bruksrettstilhøva. Jordskifteretten har derfor eit særskilt ansvar for at grunnlaget er klart. Arbeidet med utgreiing eller klarlegging er ein sentral del av jordskifteprosessen. Arbeidet med å klarleggje er ein av grunnane til at jordskifteretten har fått heimel til grensegang og rettsutgreiing. Arbeidet skjer ved ein domstol, og mange av reglane for tvisteløysing i tingrettane gjeld. I utgangspunktet er det difor ansvaret til partane å skaffe dokument og gjere greie for saka. Ved grensesak og rettsutgreiing er dette meir framtredande eller viktigare enn ved jordskifte. Ved jordskifte og rettsutgreiing kan arbeidet med å greie ut og klarleggje medføre systematisering av data, for eksempel det å setje opp partshøve ut frå matrikkel og delingar. Jordskifteretten har òg kart, måleutstyr og kompetanse som ein kan bruke aktivt for å klarleggje eller rekonstruere grensene.

Jordskifteprosessen må på bakgrunn av dette ha visse andre reglar enn dei som følgjer av tvistelova. I lovforslaget § 6-6 foreslår departementet reglar om saksstyring og planleggjing av sakene. Reglane svarer til tvistelova § 9-4 om sakstyring og plan for behandlinga. Reglane har likevel ei noko enklare form, tilpassa behovet i saker for jordskifteretten.

I høyringsforslaget § 6-19 blei det gjort eit skilje mellom tvist og ikkje tvist når det gjeld dei formene for avgjerd jordskifteretten kan bruke. Meininga er å føre vidare det skiljet ein har i gjeldande jordskiftelov mellom dom og vedtak, sjå gjeldande jordskiftelov §§ 17 og 17 a. Etter § 17 skal tvist om grenser, eigedomsrett, bruksrett og anna i ei jordskiftesak, og tvist i sak om grensegang og sak om rettsutgreiing, avgjerast ved dom. Når jordskifteretten skal avgjere slike spørsmål utan at det er tvist, nyttar ein forma «vedtak», sjå § 17 a. Ordninga med vedtak blei innført ved ei lovendring i 1998. Departementet foreslår at dom kan vere forma for avgjerd anten det er tvist eller ikkje, sjå nærare om dette i kapittel 12.3.4.1, og lovforslaget § 6-23 første ledd.

Omgrepet vedtak går likevel ikkje ut av lova. Av språklege grunnar brukast «vedtak» der tvistelova brukar omgrepet «beslutninger», sjå tvistelova § 19-1 tredje ledd og lovforslaget § 6-23 tredje ledd.

12.2 Tilhøvet til tvistelova og skjønnsprosesslova

12.2.1 Lovteknisk løysing

12.2.1.1 Høyringsforslaget

I høyringsforslaget tek arbeidsgruppa som utgangspunkt at reglane i tvistelova skal gjelde for saksbehandlinga i jordskifterettane. Reglane i tvistelova skal gjelde så langt ikkje særlege omsyn tilseier at det er nødvendig med unntak eller særlege reglar. Dette går fram av høyringsforslaget § 6-1, der tilhøvet til tvistelova blir regulert motsett av slik det er i gjeldande jordskiftelov. Gjeldande jordskiftelov § 97 har eit sett med særskilde reglar for saksbehandlinga. I tillegg har ho ei føresegn der særskild nemnde paragrafar og kapittel i tvistelova gjerast gjeldande, så langt dei høver. I høyringsforslaget er utgangspunktet at tvistelova gjeld så langt ho høver, og så langt det ikkje er gjort direkte unntak.

Når det gjeld skjønnsprosesslova, foreslår arbeidsgruppa i høyringsforslaget § 5-5 at reglane om saksbehandling i jordskiftelova skal gjelde for behandlinga av skjønn som blir halde i samband med jordskifte. Dersom jordskiftelova ikkje har reglar om det aktuelle spørsmålet, skal skjønnsprosesslova gjelde. For skjønn som blir behandla som eiga sak, skal berre skjønnsprosesslova gjelde.

12.2.1.2 Høyringsinstansane

Fleire høyringsinstansar drøfter om ein bør behalde den ordninga ein har i gjeldande jordskiftelov § 97. Gjeldande jordskiftelov § 97 seier kva reglar i tvistelova som gjeld så langt dei høver. Høyringsinstansane drøftar om ein bør speglvende dette prinsippet slik arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget til § 6-1.

Justisdepartementet sluttar seg generelt sett til den lovtekniske løysinga arbeidsgruppa foreslår for tilhøvet til tvistelova. Justisdepartementet uttaler:

«Justisdepartementet støtter utvalgets tilnærming til tvisteloven ved at utkastet er tett opp til tvistelovens regler og løsninger, men med enkelte unntak, jf. høyringsnotat punkt 5.10. Unntakene som det er redegjort for i punkt 5.10.4, synes velbegrunnede.»

Justisdepartementet foreslår òg at kapitlet om saksbehandling i den nye jordskiftelova skal delast inn i underkapittel for å lette oversikta over reglane.

Domstoladministrasjonen (DA) er kritisk til å speglvende prinsippet i gjeldande § 97:
«Det følger av bestemmelsens første ledd at saker etter kapittel 3 og 4 skal behandles etter saksbehandlingsreglene i kapittel 6. Av andre ledd går det fram at tvistelovens bestemmelser gjelder så langt de passer, med mindre det er gitt positive unntak i tredje ledd. Man har derved gått bort fra dagens lovteknikk, der det positivt henvises til enkeltbestemmelser i tvisteloven, jf. jordskifteloven § 97. En av innvendingene mot dagens lovteknikk, er at man får en lang henvisningsrekke som lett kan framstå som uoversiktlig. Ved den generelle henvisningen til tvisteloven jf. lovutkastet § 6-1 andre ledd, vil store deler av tvisteloven bli gjort gjeldende for alle saker som behandles etter jordskifteloven. Formuleringen «så langt dei høver» skal forstås slik at så lenge en bestemmelse kan bli brukt, skal den bli brukt, jf. høyringsnotatet s. 92-93. Vi kan ikke se at det er foretatt en systematisk gjennomgang av tvistelovens bestemmelser med tanke på hvor godt de vil fungere ved behandlingen av jordskifterettenes saker. »

Jordskifteoverrettane uttaler

«Grensesnittet mellom tvistelov og jordskiftelov er i dagens lov løyst ved å vise til dei lovparagrafar i tvistelova som også skal gjelde for jordskifte så langt det høver, jf § 97. I utkast til ny lov er dette prinsippet forsøkt snudd slik at reglar som ikkje gjeld for jordskifte er særlig nemnt i § 6-1. Resterande reglar i tvistelova skal gjelde «så langt det høver»…»Så langt det høver» er forklart i høyringsnotatet på side 92-93: «At resten av lova gjeld så langt ho høver, inneber m.a. at der tvisteloven kan bli nytta, skal den bli lagt til grunn, og der reglane ikkje høver, får dei ikkje verknad sjølv om dei ikkje er positivt unntatt i utkastet § 6-1 tredje ledd. Dette gjer det i noko grad opp til domstolen å finne ut kva for reglar som gjeld for saksbehandlinga, men arbeidsgruppa har vald å gjere det slik for ikkje å få alt for kompliserte reglar om forholdet mellom lovene. Når det gjeld omgrepet «så langt det høver», er altså tydinga den at dersom ein regel kan bli brukt, så skal han bli brukt». Konsekvensen vil bli at ei lang rekkje reglar som tidlegare ikkje har vore gjeldande i jordskifteprosessen, no blir gjort gjeldande og skal brukast. Slik vi forstår lovforslaget blir t.d. tvistelova § 9-3 gjort gjeldande etter dei nye reglane. Her blir hovudregelen at partane skal få pålegg om skriftleg tilsvar med fråværsdom som resultat dersom tilsvar ikkje blir gitt innan fristen. Dette er reglar som positivt må vere unntatt, og som vil høve svært dårleg når det store fleirtalet er sjølvprosederande partar. Vi vil derfor stille spørsmål ved om ein heller burde byggje vidare på gjeldande system, der tilvisinga til tvistelova er uttømmande, og der retten i tilfelle tilvisinga ikkje fangar opp alle forhold må nytte lova analogt. »

Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme uttaler:

«Vi er enige i utgangspunktet om at jordskifteloven går foran tvisteloven der dette går klart fram av jordskifteloven. Vi er imidlertid usikker på om speilvendingsprinsippet som innføres i forhold til tvisteloven er gunstig. Etter vårt syn er henvisning til hvilke bestemmelser som gjelder, som i dagens lov, et bedre alternativ. Da unngår en at bestemmelser som ikke egner seg for jordskifteprosessen påberopes. Det er videre enklere for en selvprosederende part å forholde seg til en slik henvisningsparagraf.»

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme uttaler:

«§ 6-1 er etter vår oppfatning en rettesnor for koplingen til tvisteloven. Paragrafen er bra! Prinsippet om at tvistelovens regler om saksbehandling «gjelder så langt den høver», er videreført fra dagens lov. Vi ser det som grunnleggende og viktig at denne formuleringen blir med i den nye jordskifteloven. Når det er sagt, kan vi ikke se at det er noe poeng i å fremheve tvisteloven mer enn nødvendig. Dersom formålet med en såpass utstrakt henvisning til tvisteloven er å gi partene veiledning, vil det være bedre å formidle et slikt budskap i formen – informasjonsskriv. Et slikt informasjonsskriv må utarbeides sentralt, og det kan følge forkynning av ny sak eller innkallingen til første rettsmøte.»

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler:

«Videre stiller vi spørsmål til både positiv og negativ avgrensning av hvilke regler som gjelder i tvisteloven. Lovutkastet til paragraf 6-1 har prisverdig opplisting av hva som ikke gjelder i tvisteloven. I utkastet til ny lov er det også henvisninger til det motsatte, hvilke regler som gjelder i tvisteloven. Så vidt vi kan se gjelder det henvisninger i lovutkastet §§ 6-7, 6-8, 6-12, 6-13, 6-14, 6-15, 6-16, 6-18, 6-21 og 6-23. Dette kan gi grunnlag for misforståelser og unødige prosesser. I tillegg blir loven unødig lang. Positiv henvisning har neppe interesse for selvprosederende parter, kun for prosessfullmektiger og dommere, som kan lese tvisteloven selv. Vi ber derfor lovgiver å vurdere om positiv henvisning er nødvendig.»

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme uttaler:

«Forslaget representerer en speilvending i forhold til dagens jordskiftelov, jfr. § 97 der det er listet opp hvilke bestemmelser i tvisteloven som skal gjelde «så langt dei høver». Speilvendingen medfører at en lang rekke bestemmelser i tvisteloven som tidligere ikke er gjort gjeldende nå kommer med. »

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme uttaler:

«Me er usikre på om reglane i tvistelova §§ 9-13 til 9-17 bør gjerast gjeldande for jordskiftesaker. Reglane høver sjølvsagt for forhandlingane der det skal avseiast dom og ordskurd, men høver mindre godt i jordskiftesaker».

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme og Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner det bør takast inn ein ny bokstav i § 6-1 med unntak for tvistelova §§ 9-13 til 9-17 om hovudforhandling, med mindre det skal avseiast dom etter høyringsforslaget § 6-19 andre ledd. Det bør òg takast inn eit unntak for tvistelova § 16-16 bokstav b og c som gjeld stansing av ei sak når parten dør eller «saksøkerens bo tas under konkursbehandling, dersom tvistegjenstanden inngår i bomassen». Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner tvistelova § 16-16 bokstav b og c kan vere naturlege å bruke i saker med få partar, mens desse reglane kan lamme fullstendig ei sak med mange partar. Det er uproblematisk at buet inngår som part i staden for avdøde eller selskapet som går konkurs. Ved privat skifte går arvingane inn som partar.

Sør-Trøndelag jordskifterett tar opp spørsmålet om litispendens og uttaler:

«Etter forslagets § 6-1 gjelder tvisteloven med visse unntak. Det betyr at tvisteloven § 18-2 (litispendens) gjelder. Dermed er alle saker litispendente for jordskifteretten straks de er innkommet. Dvs. både grense/rettsutgreiing og jordskiftesaker. Vi har ingen innvendinger til det.»

Norges Bondelag uttaler:

«Norges Bondelag er opptatt av at regelverket skal være lett tilgjengelig og brukervennlig. I den forbindelse bør det søkes å oppnå færrest mulig særregler for jordskifteretten, herunder når det gjelder prosessreglene. Ved tvisteløsning som rettsutgreiing og grensegang, bør tvisteloven anvendes med mindre det er særlige forhold som taler foren annen løsning. Tilsvarende bør skjønn for jordskifteretten følge skjønnsprosesslovens regler. Det fremstår som mindre heldig at publikum skal kunne velge domstol etter hvilken prosessordning som passer best. Jordskifteretten bør i stedet velges fordi den har en særlig kompetanse som de alminnelige domstoler mangler. »

12.2.1.3 Departementets vurderingar

Departementet har same utgangspunkt som arbeidsgruppa har i høyringsforslaget. Det er at reglane i tvistelova bør gjelde så langt ikkje spesielle grunnar tilseier at det er nødvendig å gjere unntak eller gi særlege reglar. Som det går fram av kapitlet her, er det nødvendig både å avgrense kva for reglar i tvistelova ein gjer gjeldande og gi særlege reglar i den nye lova, ikkje minst av omsyn til jordskiftesakene.

Den lovtekniske løysinga i lovforslaget er likevel motsett av høyringsforlaget. Departementet meiner ein bør føre vidare den lovtekniske løysinga i gjeldande jordskiftelov § 97, sjå lovforslaget § 6-1 andre ledd. Denne løysinga har vært gjeldande i lengre tid, og den er difor godt innarbeidd i praksis. Etter lov om jordskifte o.a. av 22. desember 1950 § 108 skulle eit utval av reglane i tvistemålslova gjelde på tilsvarande måte i jordskiftesaker så langt dei høver. Ein liknande regel blei tatt inn i gjeldande jordskiftelov i 1979. Regelen i gjeldande lov blei ajourført med tilvisingar til tvistelova i 2008. Med lovforslaget unngår ein på den andre sida den dobbelttilvisinga som følgjer av gjeldande § 97 første ledd bokstav a og b. Departementet meiner lovforslaget slik sett blir meir presist enn gjeldande lov.

Departementet meiner lovforslaget gir den beste tilnærminga til den nye tvistelova. Det blir eit avgrensa og klart angitt tal reglar å halde seg til, noko som gjer det lettare for partane og jordskifterettane å finne fram til kva for reglar som gjeld for saksbehandlinga. Fleire av høyringsinstansane uttaler at med høyringsforslaget vil mange fleire reglar i tvistelova gjerast gjeldande enn i dag, òg reglar som ikkje passar så godt. Eksempel på uttalar er uttalane frå Domstoladministrasjonen, jordskifteoverrettane og jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme. Departementet er samd i desse innvendingane.

Om tilvisinga i den nye lova ikkje fangar opp alle tilhøve, må løysinga, slik jordskifteoverrettane uttaler, bli at ein nytter tvistelova analogt. Dette tek vare på omsynet til fleksibilitet i reglane, og det er slik det har vore i lengre tid no.

I § 6-1 andre ledd står det at reglane i tvistelova gjeld «slik det går fram av paragrafane i lova her og elles så langt dei høver». Fleire stader der det er vist til tvistelova, vil ein kunne leggje reglane til grunn slik dei lyder, medan ein i andre tilfelle må gjere ei nærare vurdering av kor langt dei høver. Korleis ein bør handtere dette, går fram av samanhengen i dei enkelte paragrafane.

Departementet meiner ein kan gjere gjeldande noko fleire reglar i tvistelova enn det som er tilfellet i dag. Dette gjeld mellom anna delar av kapittel 12 om prosesskriv, kapittel 17 om fastsetjing av verdien på ein tvistegjenstand, kapittel 30 om anke til Høgsterett, og dessutan § 10-5 første og andre ledd om sakskostnader.

Nokre av reglane i tvistelova er skrivne inn i forslaget til ny jordskiftelov i ei omarbeidd form. Dette blir gjort for på den eine sida å få inn i lova reglar som inneheld heilt sentrale prosessuelle prinsipp, samstundes som ein gir desse reglane ei utforming som passar for dei sakene jordskifteretten skal behandle. Eit slikt eksempel er tvistelova § 9-4 som har viktige reglar om saksførebuinga, men som ikkje passar i den forma paragrafen har i tvistelova, sjå lovforslaget § 6-6. Andre eksempel er tvistelova §§ 8-1 og 8-2 om minneleg løysing og mekling, sjå lovforslaget § 6-17, og tvistelova § 11-1 om grunnlaget for avgjerdene til retten, sjå lovforslaget § 6-14.

Enkelte sentrale delar av tvistelova blir ikkje gjort gjeldande. Dette gjeld mellom anna visse grunnleggjande vilkår for prosess for domstolane (tvistelova § 1-3). Det gjeld òg reglane om pliktene til partane før ei sak blir reist (tvistelova kapittel 5), og dessutan reglane om behandling i forliksrådet (tvistelova kapittel 6) og småkravsprosess (tvistelova kapittel 10). Departementet gjer greie for desse unntaka og fleire andre unntak i kapittel 12.4.

Når det gjeld behandlinga av skjønn og andre avgjerder etter andre lover, foreslår departementet at reglane i lovforslaget kapittel 1, 2, 6 og 8 skal gjelde så langt dei høver, når skjønn blir behandla i samband med jordskifte, sjå lovforslaget § 5-7. Reglane i skjønnsprosesslova skal likevel gjelde i tillegg så langt jordskiftelova ikkje har reglar om behandlinga. Skjønn og andre avgjerder jordskifteretten tek som eiga sak, skal følgje reglane i skjønnsprosesslova. For skjønn jordskifteretten held etter reindriftslova, gjeld i tillegg reindriftslova § 70 a. Reglane om saksbehandling for skjønn og andre avgjerder er nærare behandla i kapittel 11.7.

12.3 Reglane om saksbehandling i den nye jordskiftelova

Strukturen i kapitlet om saksbehandling

Departementet vel ei anna redigering av kapittel 6 Reglar om saksbehandling, enn det arbeidsgruppa foreslår. Departementet gjer endringane mellom anna etter innspel frå Justisdepartementet, som uttaler:

«Slik lovutkastet kapittel 6 nå fremstår, er det ikke uten videre enkelt å skaffe seg en oversikt over gangen i saksbehandlingen samt den samlede reguleringen av saksbehandlingen ved jordskifterettene. Vi foreslår derfor – i tråd med den lovtekniske løsningen i lovutkastet kapittel 3 – at også kapittel 6 inndeles i underkapitler. Tematisk skisseres følgende mulige underkapitler: I Forholdet til tvisteloven. Verneting. Partstilknytning mv., II Saksforberedelsen, III (Slutt)Behandlingen i rettsmøte, IV Generelle bestemmelser, V Rettslige avgjørelser, rettsforlik, rettskraft og tvangskraft, VI Bevis og VII Øvrige saksbehandlingsregler. Den nærmere plassering av de enkelte bestemmelser vil i stor grad gi seg selv, samt at tvistelovens oppbygning og nærmere inndeling kan nyttes som rettesnor.»

Fleire andre høyringsinstansar foreslår òg endringar i redigering og inndeling i underkapittel, mellom anna Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme og Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme. Domstoladministrasjonen ber òg departementet sjå nærare på oppbygginga av kapittel 6, og foreslår ei inndeling av kapitla slik det er gjort i høyringsforslaget kapittel 3 eller i tvistelova, det vil seie ei inndeling med kapittel og underkapittel.

Departementet er samd med høyringsinstansane i at ei inndeling av saksbehandlingskapitlet i underkapittel vil gi ei ryddig og god oversikt over reglane. Departementet har vald ei løysing som ligg nokså nær opp til forslaget frå Justisdepartementet.

Gjennomgangen av forslaget til reglar om saksbehandling nedanfor følgjer den same inndelinga, men slik at ein startar med del II om førebuing av saka. Del I om tilhøvet til tvistelova og skjønnsprosesslova, og lovforslaget § 6-3 om verneting, er omhandla ovanfor under kapittel 12.2.

12.3.1 Førebuing av saka

12.3.1.1 Krav om sak. Formkrav og innhaldskrav

12.3.1.1.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår i §§ 6-7 og 6-8 reglar om forma og innhaldet i dei krava som skal setje i gang ei sak for jordskifteretten. Arbeidsgruppa viser til at det ikkje følgjer av gjeldande jordskiftelov at krav skal setjast fram skriftleg. Det følgjer likevel av rettleiing for utføring av jordskiftesaker av 1. mai 1991 punkt. 2.1 at det er utarbeidd eit skjema for slike krav (M-140). Jordskifterettane har tidlegare, etter analogi med tvistemålslova § 119, gitt partane hjelp med å setje opp krava skriftleg med underskrifta til rekvirentent, og med opplysing om at kravet er sett opp med hjelp av jordskifteretten. Tvistelova har føresegner om forma på søksmål i § 9-2 (1). Tvistelova § 12-1 har generelle reglar om prosesskriv.

Arbeidsgruppa meiner at den nye jordskiftelova bør ha uttrykkelege føresegner om forma på kravet om jordskifte, og på andre prosesshandlingar som vil versere i ei sak for jordskifteretten. Arbeidsgruppa meiner at det ikkje er nødvendig med strengare krav til forma på krav om jordskifte, enn det er for prosesshandlingar i den ordinære sivilprosessen. Reglane bør difor vere slik at krav kan fremjast munnleg og med plikt for retten til å setje opp kravet skriftleg når det kjem frå sjølvprosederande parter.

Arbeidsgruppa meiner at det er rett å halde fast ved kravsomgrepet i gjeldande jordskiftelov. Dette gjer at ein må gi reglane om innhaldet i kravet ei litt anna utforming enn i tvistelova. Arbeidsgruppa foreslår slike reglar i høyringsforslaget § 6-8.

12.3.1.1.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet meiner at reglane i høyringsforslaget om formkrav og innhaldskrav kan bli slått saman, omredigert og forenkla. Justisdepartementet uttaler òg:

«Bestemmelsene i lovutkastet §§ 6-7 og 6-8 regulerer i noen grad også utformingen av andre prosesskriv enn selve kravet om sak for jordskifteretten, noe som ikke harmonerer med overskriftene. Etter vår vurdering er det tilstrekkelig med en særskilt regulering av formkravene til og innholdet i det innledende prosesskrivet hvor sak kreves. For de senere prosesskrivene mener vi at henvisningen i lovutkastet § 6-1 til tvistelovens regler, supplert med de særlige saksbehandlingsreglene i utkastet til kapittel 6 for øvrig, er tilstrekkelig. … Formålet med bestemmelsen i tvisteloven § 9-2 tredje ledd tredje punktum om at saksøkerens argumentasjon ikke skal gå lenger enn det som er nødvendig for å ivareta disse hensynene, er å hindre at stevningen flyter ut i en omfattende skriftlig prosedyre. Unntaksvis kan en unødig omfattende argumentasjon gi grunnlag for pålegg om retting. Formuleringen i lovutkastet § 6-8 første ledd tredje punktum tyder på at arbeidsgruppen har tenkt at denne begrensningen ikke skal gjelde i saker om jordskifte, rettsutgreiing eller i grensesaker. Justisdepartementet ber Landbruks- og matdepartementet vurdere om det er behov for særregelen i lovutkastet § 6-8 første ledd tredje punktum.»

Domstoladministrasjonen (DA) meiner høyringsforslaget går for langt i å gjere tvistelova gjeldande i høve til formkrava til eit krav om sak:

«Etter den generelle henvisningen i utkastet § 6-1 andre ledd er tvisteloven kapittel 9 og 12, med unntak av § 12-1 fjerde ledd, gjort gjeldende for saker etter den nye jordskifteloven. DA mener det kan være grunn til å stille andre formkrav til partenes skriftlige innlegg i saker som går for jordskifteretten sammenlignet med saker som går for de alminnelige domstolene. Det bør etter vår oppfatning vurderes å gjøre unntak fra bestemmelser om dette i tvisteloven kapittel 9 og 12. Vi vil derfor anbefale lovgiver å vurdere om det i § 6-7 bør gis en spesialregel om de formkrav som skal stilles til krav om sak for jordskifteretten. Slik § 6-7 er utformet i lovutkastet, er den ikke å anse som en spesialregel som unntar fra tvisteloven.»

DA meiner vidare at reglane om krav til innhaldet i sakskravet ikkje bør vere så strenge som i tvistelova. DA uttaler:

«Ved utformingen av denne bestemmelsen bør det tas hensyn til at jordskifterettene har mange selvprosederende parter. Det bør ikke stilles så strenge krav til innholdet i et krav at mange parter finner det nødvendig med advokatbistand. Bestemmelsen kan derfor med fordel forenkles og kortes ned. Utkastet innbærer en vesentlig skjerping i forhold til jordskifteloven § 12 første ledd.»

Jordskifteoverrettane uttaler til høyringsforslaget § 6-8:

«Ved krav om sak for jordskifteretten vil det vere viktig å sette fokus på kva problem parten ynskjer løyst og mindre fokus på ei endeleg løysning. Det vil vere prosessen som legg grunnlaget for ei best mogleg løysing og det vil vere mindre formålsteneleg at partane har festa seg i ei endeleg løysning før alle partar har kome til ordet. Vi føreslår derfor ei endring av ordlyden i første og andre ledd: «Krav om sak for jordskifteretten skal seie kva problem som skal løysast. Innhaldet i kravet må vere slik at dei andre partane kan ta stilling til kravet og førebu seg på saka. Kravet skal gje jordskifteretten grunnlag for å vurdere om retten kan behandle saken. Kravet skal så langt det er mogleg vise det geografiske området det omfattar. Området bør bli vist på kart.»

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner reglane i høyringsforslaget §§ 6-7 og 6-8 kan forenklast og omredigerast. Det same meiner Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme. Dei har konkrete forslag til ordlyden. Dei peikar mellom anna på det viktige skiljet mellom sak for jordskifteretten og vanlege sivile saker:

«Ved jordskifte er det ikke krav om tvist og følgelig heller ikke krav om påstand. Eiere mv. gir seg langt på vei selv ut fra det arealet eller problemet som ønskes behandlet. I sivilprosess er parter og påstander i kravet langt mer sentralt.»

Sør-Trøndelag jordskifterett meiner òg høyringsforslaget skjerper formkrava:

«Det er henvisning til tvisteloven § 12-2 og det gjør formkravet unødvendig rigorøst. Også tvisteloven § 9-2 har flere bestemmelser om stevningens (kravets) innhold. Er unødvendig og bør gjøres unntak for i jordskifteloven § 6-1. Det passer ikke for jordskiftesaker (kap. 3). Kan til nød gå an for grensegang/rettsutgreiing. Jordskifteretten må ikke bli arena kun for advokater. »

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme meiner formkrava blir skjerpa, men er ikkje sikker på om praksisen blir endra så mykje om det framleis skal brukast skjema for krav om sak. Dei uttaler òg:

«Formkravene må ikke gjøres slik at det oppfattes som et hinder for å kreve sak. Det er viktig at terskelen for dette fortsatt er relativt lav slik at en unngår økt bruk av advokater og stor økning i antall muntlige henvendelser for oppsett av krav. Jordskifteretten bør fortsatt være en arena for selvprosederende parter.»

Dei meiner òg at krav til innhald i krava blir skjerpa i høve til dagens § 12, og uttaler:

«Vi har ikke merknader til de kravene som er anført i bestemmelsen. Det er stort sett opplysninger det er naturlig å ta med i et krav og vil kunne styres gjennom utforming av skjema for krav om sak. Det som er mest betenkelig er at det er tatt inn en henvising til tvistelovens § 12 – 2 som også skal gjelde for alle skriv til retten under sakens gang. Dette kan jo passe brukbart for tvistesaker, men er etter vår mening uheldig i forhold til de rettsendrende sakene der fokus på tvistespørsmål ikke bør være mest framtredende. Dette gjelder også rettsfastsettende saker uten tvist. Det må fortsatt være slik at en part kan sende inn et vanlig brev til jordskifteretten der han/hun gir uttrykk for sine synspunkter.»

Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme viser òg til omsynet til sjølvprosederande partar når det gjeld krava til form og innhald i krav om sak:

«Med tanke på den store andelen selvprosederende parter er det viktig at formkravene ikke er for strenge. Muligheten for fortsatt bruk av skjema er i så måte en god løsning. I og med at kravskjema ikke kan benyttes ved tingretten, kunne dette gjerne vært nevnt i lovteksten.»

Når det gjeld innhaldskrava uttaler dei:

«Bestemmelsen er ny og innebærer en skjerpelse i forhold til dagens § 12, men slik bør det også være. At tvisteloven § 12-2 skal gjelde ved senere prosesskriv synes for strengt. Det bør fortsatt være mulig for en part å skrive et vanlig brev til jordskifteretten der de gir uttrykk for sine meninger.»

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme peikar på behovet for omredigering og endringar av visse formuleringar. Når det gjeld innhaldet i krav om sak, meiner dei at gjeldande jordskiftelov § 12 kanskje er bra nok, men at paragrafen treng visse omskrivingar.

12.3.1.1.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner den nye jordskiftelova bør ha uttrykkelege føresegner om forma på kravet om sak, anten det gjeld krav om jordskifte, grensesak eller rettsutgreiing. Lova bør likeeins ha reglar om innhaldet i kravet. Reglane må tilpassast sakene for jordskifteretten. Dette er gjort i lovforslaget § 6-2. Der har departementet sett saman og forenkla reglane i høyringsforslaget §§ 6-7 og 6-8. Reglane er dermed òg betre tilrettelagt for sjølvprosederande partar, slik fleire av høyringsinstansane meiner det er behov for.

Departementet er samd med arbeidsgruppa i at det er rett å halde fast ved omgrepet «krav» når det gjeld sak for jordskifteretten. Gjeldande jordskiftelov bruker omgrepet «krav» og ikkje «stemning» (stevning) eller «søksmål», mellom anna fordi ein ikkje nødvendigvis har å gjere med ein tvist. Dette gjer at reglane om innhaldet i kravet må få ei litt anna utforming enn i tvistelova.

Meininga med reglane i lovforslaget § 6-2 er til saman å erstatte reglane i tvistelova § 9-2 og § 12-2 om innhaldet i stemning og andre prosesskriv, sjå mellom anna uttalen frå Domstoladministrasjonen (DA). DA meiner det er nødvendig med spesialreglar for saker for jordskifterettane. Sør-Trøndelag jordskifterett, jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme åtvarar mot at tvistelova § 12-2, som inneheld formkrav til prosesskriv i sivile tvistar, blir for rigorøs for dei sjølvprosederande partane ved jordskifteretten. Det blir mellom anna peika på at partane må kunne ytre seg overfor jordskifteretten i vanlege brev. Departementet foreslår difor at tvistelova § 12-2 ikkje skal gjerast gjeldande for saker for jordskifteretten. Reglar om form og innhald for sjølve kravet om sak, følgjer nå av forslaget § 6-2. Reglane om merknader til krav om sak og om saksbehandlinga følgjer av §§ 6-5 og 6-8 i lovforslaget. Departementet meiner desse reglane til saman er godt tilpassa behovet for saker for jordskifterettane, og at dei ikkje stiller for strenge eller rigorøse krav til innhald og form på dei skriva partane sender til retten.

Departementet meiner at eit krav om sak for jordskifteretten i utgangspunktet bør fremjast skriftleg og at det skal vere underskrive, sjå lovforslaget § 6-2 første ledd. Eit slikt formkrav vil gjere at partane på ein betre måte får fram kva som er formålet med kravet, kven som må trekkjast inn, kva for bevis som vil bli lagt fram og så vidare. Departementet kan likevel ikkje sjå at det er nødvendig med strengare formkrav for krav om jordskifte, enn det er for prosesshandlingar i den ordinære sivilprosessen. Reglane bør difor vere slik at krav òg kan fremjast munnleg, og med plikt for retten til å setje opp kravet skriftleg når det kjem frå sjølvprosederande partar. Det ein kan diskutere, er om kravet tvistelova har om skriftlege prosesshandlingar skal gjelde der parten i jordskiftesaka er representert ved advokat. Departementet meiner som arbeidsgruppa at ein òg i slike høve bør følgje systemet til tvistelova. Det inneber at kravet da i tilfelle må fremjast skriftleg, sjå tvistelova § 12-1 andre ledd som lovforslaget § 6-2 første ledd viser til. Både papirbaserte og elektroniske dokumenter reknast som skriftlege. For bruk av elektronisk kommunikasjon, under dette elektronisk signatur, legg departementet til grunn at dei same reglane skal gjelde for jordskifterettane som for dei allminnelege domstolane, jf. domstollova § 197 a. Domstollova § 197 a gir heimel til forskrifter om elektronisk kommunikasjon med domstolane.

Departementet forslår på den andre sida ulike reglar i jordskiftelova og tvistelova når det gjeld dei habilitetsproblema som kan følgje av at retten gir bistand med å setje opp prosesskriv. Tvistelova § 12-1 (4) blir ikkje gjort gjeldande, og grunngivinga for dette går fram av kapittel 12.4.6.

Det spesielle for jordskifte går særleg fram av § 6-2 tredje ledd siste punktum. Føresegna krev at parten eller partane skal gjere greie for kva for utenlege eigedomstilhøve som han eller dei vil at jordskifteretten skal bøte på. Tilsvarande vilkår er ikkje teke inn for dei rettsfastsetjande sakene (rettsutgreiing og grensefastsetjing), men andre ledd bokstav d – om at parten må opplyse kva han vil oppnå med kravet – vil òg gjelde dei rettsfastsetjande sakene. Dette er ei endring i høve til i dag, men departementet meiner det kan vere hensiktsmessig at ein part gjer greie for dette allereie når kravet setjast fram.

Andre ledd i lovforslaget § 6-2, om kva for opplysningar om eigedommane, partane med meir, som kravet må innehalde, byggjer på tvistelova § 9-2 andre ledd. Føresegna er likevel tilpassa det behovet for opplysningar det er i høve til krav om sak for jordskifteretten. I andre ledd bokstav e er det stilt krav om at sakskravet skal nemne kva bevis som vil bli førte og annan dokumentasjon.

For rettsutgreiing er det i gjeldande jordskiftelov eit vilkår at slik utgreiing skal vere nødvendig av omsyn til ein rasjonell bruk av området. Departementet er samd med arbeidsgruppa i at det ikkje er grunn til å oppretthalde dette vilkåret, og fremjar heller ikkje forslag om at partane skal godtgjere dette i kravet om sak. Tredje ledd har òg eit vilkår om at kravet om mogleg skal vise kva for geografisk område det gjeld, på eit kart, sjå uttalen frå Jordskifteoverrettane. Avgrensinga i kravet er utgangspunktet for regelen i § 6-9, som regulerar den avgrensinga jordskifteretten gjer av området for saka.

Departementet fremjar ikkje forslag om lovheimel for bruk av skjema for krav om sak. Dette er likevel ikkje til hinder for at dagens ordning med kravsskjema kan førast vidare om det skulle vere behov for det. Fordelen med eit kravsskjema vil vere at partane på denne måte kan få mykje informasjon og rettleiing om formelle og materielle vilkår for å reise ei sak for jordskifteretten. Det kan vere informasjon om det førearbeidet dei bør gjere, om litispendensverknader av at eit krav er reist, og så vidare. Det fører òg til at krava får ei ryddig utforming, noko som kan gjere arbeidet enklare for jordskifterettane. Bruken av skjema vil rett nok avvike frå ordninga i tvistelova. Det store innslaget av sjølvprosederande partar i sakene for jordskifterett, gjer det likevel aktuelt å føre vidare ordninga. Noko påbod om bruk av skjema vil ikkje kunne fastsetjast slik lovforslaget er utforma.

12.3.1.2 Aktiv saksstyring og planlegging

12.3.1.2.1 Høyringsforslaget

Tvistelova kapittel 9 inneheld dei sentrale reglane om saksførebuinga for dei ordinære domstolane. Etter tvistelova § 9-1 gjeld kapitlet for tingrettane og for lagmannsrettane når dei er første instans. Jordskifterettane er ikkje nemnde. Etter gjeldande jordskiftelov er berre nokre få av reglane i kapittel 9 gitt verknad, sjå gjeldande jordskiftelov § 97. Arbeidsgruppa meiner at reglane i tvistelova kapittel 9 om saksførebuinga i det store og heile kan leggjast til grunn ved behandlinga òg i jordskifteretten. Den generelle regelen i høyringsforslaget om tilhøvet til tvistelova (§ 6-1) inneber at føresegnene i kapittel 9 skal gjelde tilsvarande så langt dei høver. Arbeidsgruppa foreslår ikkje spesielle unntak frå kapittel 9.

Arbeidsgruppa viser elles til at gjeldande jordskiftelov § 14 fastset at jordskifteretten først skal avgjere om saka skal fremjast. Spørsmålet om fremjing blir avgjort ved eit vedtak, som skal grunngjevast. Innkalling til rettsmøte er regulert i gjeldande jordskiftelov § 13. Den første delen av saksstyringa etter gjeldande lov er behandlinga av spørsmålet om fremjing i det første rettsmøtet. Arbeidsgruppa viser òg til at den nye tvistelova legg sterk vekt på aktiv og planmessig saksstyring frå retten si side. Ansvaret til retten for dette kjem særleg til uttrykk i tvistelova § 9-4.

Tvistelova § 9-4 blei ikkje gjort gjeldande for jordskifterettane ved ikraftsetjinga 1.1.2008. Derimot gjeld heile kapittel 11. Arbeidsgruppa foreslår at ein regel om saksstyringa, som tek utgangspunkt i tvistelova § 9-4, skal takast inn i den nye jordskiftelova som § 6-11. Regelen må da forenklast og skrivast om for å passe betre for jordskifterettane. Jordskifteretten skal etter forslaget leggje ein plan for den vidare behandlinga av saka, etter drøfting med partane. Arbeidsgruppa tek òg inn ein regel om at retten skal undersøkje om det er grunnlag for ei minneleg ordning. Dette er noko retten normalt vil gjere, men arbeidsgruppa meiner ein slik regel likevel kan takast med. Arbeidsgruppa viser til at tvistelova har ein tilsvarande regel for småkravsprosessen i § 10-2.

Når det gjeld rettsmøte, viser arbeidsgruppa mellom anna til tvistelova § 9-5 tredje ledd som gjer det mogleg å halde rettsmøte som fjernmøte. Tvistelova § 9-5 gir stor grad av fleksibilitet med omsyn til bruken av rettsmøte i saker for jordskifterettane.

Arbeidsgruppa viser òg til at reglane i tvistelova om hovudforhandlinga ikkje er direkte anvendelege for saksbehandlinga i jordskifterettane. Gruppa meiner at den nye jordskiftelova likevel kan gjere reglane i tvistelova kapittel 9 III – §§ 9-13 til 9-17 gjeldande, med det atterhald som ligg i uttrykksmåten «så langt dei høver». På denne måten får ein understreka at sentrale prinsipp som er lovfesta i tvistelova òg får verknad for jordskifteprosessen. Slik høyringsforslaget blei forma, kom enkelte av desse prinsippa òg direkte til uttrykk. Det gjeld prinsippet om konsentrert, effektiv og forsvarleg saksbehandling, og prinsippet om munnlege forhandlingar med vidare, jf. høyringsforslaget § 6-15.

I høyringsforslaget § 6-11 er det òg teken inn ein nokså sjølvsagt regel om at retten må planleggje saksbehandlinga under omsyn til tvistar og skjønn under saka. Det bør mellom anna vere ein viss notoritet omkring det at tvistar oppstår. I høyringsforslaget er det difor òg ein regel om at retten skal føre inn i rettsboka at ein tvist ligg føre, eller at det må haldast skjønn. Det at det er oppstått ein tvist, har mellom anna verknad for fordelinga av sakskostnadene, jf. høyringsforslaget kapittel 7.

12.3.1.2.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet uttaler til høyringsforslaget § 6-11om førebuing av og plan for gjennomføring av sakene:

«Vi foreslår at overskriften endres slik: ‘Aktiv saksstyring. Førebuing av og plan forgjennomføring av sakene’: Slik vi oppfatter lovutkastet er § 6-11, samt § 6-15 første ledd, de sentrale reglene om aktiv saksstyring. Den regulering av aktiv saksstyring som lovutkastet legger opp til, avviker noe fra tvistelovens regulering. I tvisteloven er det gitt en generalklausul om aktiv saksstyring i tvl. § 11-6, som bygges ut gjennom reglene i tvl. §§ 9-4, 9-11 (saksforberedelsen) og 9-13 (hovedforhandlingen). Vi ber om at det vurderes å innta en generalklausul om aktiv saksstyring også i jordskifteloven, og denne kan inntas i tilknytning til de generelle bestemmelsene om saksbehandlingen, jf ovenfor om inndelingen av saksbehandlingskapitlet. Bestemmelsen i lovutkastet § 6-11 kan i så fall rendyrkes og legges enda tettere opp til tvl. § 9-4 og inntas sammen med saksforberedelsesbestemmelsene. Gjennom den generelle henvisningen til tvisteloven blir også tvl. § 9-16 om preklusjon gjort gjeldende. Etter vår oppfatning bør det vurderes om det ikke her er på plass med særlige tilpasninger. For det første knytter tvl. § 9-16 seg an mot «avsluttet saksforberedelse» – som hovedregel to uker før hovedforhandlingen. Umiddelbart kan vi ikke se at dette passer særlig godt for saksbehandlingen i jordskifte. Dernest peker vi på at det ofte vil være selvprosederende parter i saker som behandles etter jordskifteloven, slik at det regimet tvl. § 9-16 etablerer om preklusjon ikke uten videre bør være lovens løsning. Muligens kan en se hen til reguleringen i småkravsprosessen hvor preklusjonstematikken nettopp i stor grad er nedtonet som en følge av blant annet hensynet til selvprosederende parter.»

Domstoladministrasjonen (DA) uttaler til høyringsforslaget § 6-11:

«Første ledd svarer til tvisteloven § 9-4, men er noe forenklet i forhold til denne. DA er enig i at det her er behov for å utforme en spesialregel som er tilpasset jordskifterettene. I tillegg til at det her er utformet egne forenklede regler, er det vist til at tvisteloven § 9-4 gjelder så langt den passer. Dette anses ikke som en god lovteknisk løsning. Når det er gitt en spesialregel som skal være en forenkling av tvisteloven § 9-4, kan det framstå som uklart hvilke deler av § 9-4 som likevel skal komme til anvendelse. DA mener at lovutkastet § 6-11 bør være en spesialregel som fullt ut setter tvisteloven § 9-4 til side. I andre ledd siste punktum er det foreslått at retten skal føre i rettsboka når det foreligger tvist eller det skal holdes skjønn. Dette kan skape praktiske problemer for jordskifterettene. En tvist kan dukke opp på et tidspunkt hvor det vil bety unødvendig ekstraarbeid å innkalle til et rettsmøte for å protokollere i rettsboka at det foreligger tvist før det videre arbeidet med saken kan gjennomføres. Vi foreslår at det bør vurderes å ta ut siste punkt i andre ledd.»

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler:

«Til § 6-11 (bør bli 6-10) Førebuing av og plan for gjennomføring av sakene. I overskriften bør sakene rettes til sak. Bestemmelsen i forslagets § 6-17 tredje ledd viderefører ikke dagens § 12 tredje ledd siste punktum om at «Tilsvarande førebuing kan gjennomførast for einskilde rettsmøte under saka». Hjemmelen for å kunne holde saksforberedende møter er svært tjenlig, og må absolutt ikke bli avgrenset til å klarlegge kravet. Vi foreslår derfor at bestemmelsen opprettholdes, og mener der naturlig hører hjemme i denne paragrafen. Bestemmelsen plasseres best som annet ledd, tidligere annet ledd blir da tredje ledd.»

Jordskifteoverrettane uttaler:

«Til § 6-11 – Førebuing av og plan for gjennomføring av sakene. Her kan ein med fordel ta bort tilvisinga til tvl § 9-4, jf. og det som er sagt om tilvisingssystemet i lova. Paragrafen er god sjølvstendig, med ein generelle tilvising til tvistelova slik det er vist i § 6-1.»

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme uttaler om høyringsforslaget § 6-11:

«Dette er en ny bestemmelse etter mønster fra tvisteloven, særlig § 9 – 4. Det vektlegges at det skal skje en aktiv og planmessig saksstyring. Det har jo alltid vært arbeidsplaner i jordskifterettene så for så vidt er det ikke noe nytt. Vi mener henvisingen til § 9-4 i tvisteloven bør tas ut når de viktigste punktene er kommet med i bestemmelsen. En unngår da misforståelser i forhold til hva som gjelder. Ved å ta ut henvisingen unngår en f.eks. tidsfristen på 6 måneder som uansett vil være vanskelig å overholde i jordskifteretten. Siste avsnitt er unødvendig og kan tas ut.»

Jordskiftedommarane i Gulating uttaler:

«§ 6-11. Det bør vurderast om reglane om saksførebuande/ planmøte bør takast inn her. Det bør og gå klårt fram at det kan haldast fleire saksførebuande møte og på fleire stadium i saka. Siste punktum i 1. ledd er dekka opp gjennom § 6-1, og treng ikkje takast opp at her.»

Sør-Trøndelag jordskifterett uttaler at høyringsforslaget § 6-11 er eit gjentak av reglane i tvistelova og kan takast ut, eventuelt skrivast om.

12.3.1.2.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner den nye jordskiftelova bør ha eigne reglar om saksstyring og førebuing av sakene. Kravet til saksstyring bør i utgangspunktet vere det same som for dei ordinære rettane, slik det går fram av tvistelova § 9-4: «Retten skal aktivt og planmessig styre saksforberedelsen for å oppnå en rask, prosessøkonomisk og forsvarlig behandling». Aktiv og planmessig styring av sakene er viktig ut i frå mange omsyn, mellom anna ei meir effektiv rettspleie med kortare saksbehandlingstid, og dermed rimelegare prosessar for partane og for samfunnet. Rask, rimeleg og forsvarleg behandling bør vere ei sjølvsagt rettesnor for alle rettsinstansar.

Dette utgangspunktet betyr likevel ikkje at det ikkje kan vere grunnlag for å vurdere særlege tilpassingar av reglane. Som det går fram av fleire høyringsuttalar, kan det vere grunn til å ha eigne reglar tilpassa behovet i jordskifterettane. Tvistelova § 9-4 treng ikkje å gjelde i tillegg. Departementet viser mellom anna til uttalane frå DA, jordskifteoverrettane og jordskifterettsleiarane i Frostating jordskiftedømme om dette.

I lovforslaget § 6-6 foreslår departementet eigne reglar om saksførebuinga etter mønster av tvistelova § 9-4. Ordlyden er utforma slik at han gir uttrykk for dei same prinsippa som tvistelova. Det innber at jordskifteretten aktivt og planmessig skal styre saksførebuinga for å oppnå ei rask, prosessøkonomisk og forsvarleg behandling. Paragrafen viser òg til tvistelova § 11-6, som er ein «generalklausul» om aktiv saksstyring. Plikta til aktiv og planmessig saksførebuing, og aktiv styring av sakene undervegs i behandlinga, er dermed klart nok framheva i lovforslaget. Lovforslaget § 6-6 er enklare utforma enn tvistelova § 9-4, og har òg karakter av å vere ein generalklausul om aktiv saksstyring, slik Justisdepartementet etterlyser i si uttale.

Etter råd frå DA har departementet ikkje teke inn forslaget til arbeidsgruppa om at retten skal føre i rettsboka når det oppstår ein tvist eller det må haldast skjønn. DA meiner det kan skape praktiske problem og ekstraarbeid for jordskifterettane å innkalle til rettsmøte for å få protokollert at det ligg føre ein tvist, før ein kan gå vidare med saksbehandlinga. Oppstår det tvist under vegs i ei sak, for eksempel under ei synfaring av grenser, må likevel den vidare saksbehandlinga ta omsyn til dette. Dersom det er snakk om ein tvist i eit enkelt og oversiktleg spørsmål, må behandlinga av tvisten kunne skje «der og da» under eit rettsmøte som allereie er i gang. Jordskifteretten kan gjere det slik dersom partane ønskjer slik behandling. Er det snakk om meir kompliserte og omfattande spørsmål, må retten leggje til rette for vanleg tvistebehandling, og planleggje behandlinga og nye rettsmøte slik at partane får tid til å førebu seg. Reglane i tvistelova § 9-13 til 9-17 vil gjelde for hovudforhandlinga, så langt dei høver, sjå lovforslaget § 6-12 tredje ledd.

Fleire høyringsinstansar peiker på behovet for å føre vidare den heimelen ein har i gjeldande jordskiftelov § 12 tredje ledd, til å halde saksførebuande rettsmøte utan at dette blir avgrensa til klarleggjing av eit krav om sak. Departementet er samd i dette, og foreslår ein eigen paragraf om saksførebuande rettsmøte, sjå § 6-7. Etter første ledd kan retten innkalle partane til saksførebuande rettsmøte på alle steg i saka. Slike rettsmøte kan òg vere fjernmøte.

Justisdepartementet meiner regelen i tvistelova § 9-16, om frist for endringar i krav og påstandar ikkje passer så godt for jordskiftesakene. Etter tvistelova § 9-16 kan ein part ikkje setje fram nye krav eller tilby nye bevis etter at saksførebuing er avslutta. Normalt vil saksførebuing vere avslutta to veker før hovudforhandlinga. Departementet er samd med Justisdepartementet i dette, når det gjeld jordskiftesakene. Det skulle på den andre sida ikkje vere noko problem at tvistelova § 9-16 gjeld for tvistane, der ein har ein situasjon som er nokså lik tvistebehandlinga i dei ordinære domstolane. I lovforslaget § 6-12 foreslår departementet at det seiast uttrykkeleg at tvistelova §§ 9-13 til 9-17 gjeld tilsvarande så langt dei høver for behandlinga av «tvist om grenser, eigedomsrett, rettar og anna».

12.3.1.3 Avgjerd om vilkåra for å reise sak er til stades, og om saksbehandlinga

12.3.1.3.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 6-9 reglar om den kontrollen retten skal ha med vilkåra for sak. Gruppa viser til reglane i gjeldande jordskiftelov § 12 andre ledd. Av føresegna går det fram at dommaren kan avvise krav om sak av eige tiltak etter reglane i tvistelova § 16-5. Det inneber at dommaren først må gjere parten merksam på mangelen som gjer at han må avvise saka. Berre om mangelen ikkje blir retta, kan han avvise kravet. I tillegg må dommaren føre kontroll med meir generelle vilkår, som for eksempel reglane om den stadlege og saklege kompetansen til retten i høve til det kravet som reisast.

Gruppa meiner den nye jordskiftelova bør ha føresegner der det går fram at retten har eit ansvar for å granske dei grunnleggjande føresetnadene for at ei sak skal kunne behandlast. Dermed blir det òg klart for partane at manglar ved kravet kan føre til at retten avviser saka. Høyringsforslaget har òg reglar om frist for retting av manglar, om avvising av saka når manglane ikkje blir retta, om avvisning når dei materielle vilkåra for sak ikkje lenger er tilstades, retten partane har til å uttale seg før ei avgjerd om avvising, og ein regel om at samtykke frå retten er nødvendig for at partane skal kunne trekkje ei sak etter at realitetsbehandlinga har teke til.

Dei materielle vilkåra for jordskifte i dag er at eigedommane må vere vanskelege å nytte på tenleg måte og at ingen skal li tap ved eit jordskifte. Når det gjeld kontrollen med desse vilkåra seier gjeldande jordskiftelov § 14 at retten i første rettsmøte skal avgjere ved vedtak om saka skal fremjast. Dei materielle vilkåra for jordskifte går fram av jordskiftelova §§ 1 og 3, og førast vidare i høyringsforslaget §§ 3-2 og 3-3. Arbeidsgruppa meiner det ikkje nødvendig med eit særskilt vedtak om fremjing. Sjå nærare om dette i kapittel 12.5.

12.3.1.3.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet uttaler om tilhøvet til tvistelova § 9-6, som gjeld avgjerder retten må ta om saksbehandlinga:

«Forslaget om at retten ikke lenger skal fatte fremmingsvedtak, vil kunne føre til krav om avvisning i tilfeller hvor en av partene mener at vilkårene i utkastet §§ 3-2 eller 3-3 ikke er oppfylt. I slike tilfeller vil tvisteloven § 9-6 gjelde tilsvarende, jf. utkastet § 6-1 annet ledd. Etter tvisteloven § 9-6 tredje ledd skal avvisningsavgjørelser som utgangspunkt treffes så tidlig som mulig. Men tredje ledd gir retten adgang til, på visse vilkår, å vente med å avgjøre avvisningskravet til hovedforhandlingen. Henvisningen i utkastet § 6-1 til tvisteloven må forstås slik at jordskifteretten har et tilsvarende valg, selv om det i jordskifteprosessen ikke avholdes noen hovedforhandling. Tvisteloven § 9-6 bør omtales i forslaget til bestemmelse tilsvarende utkastet § 6-9.
Femte ledd legger opp til et annet utgangspunkt for saksbehandlingen enn det som følger av tvisteloven. Etter tvisteloven § 9-6 fjerde ledd skal avgjørelser om saksbehandlingen, herunder om saken skal avvises, som utgangspunkt treffes etter skriftlig behandling. Det fremgår imidlertid av forarbeidene at blant annet avvisningsavgjørelser står i en særstilling og etter omstendighetene vil kunne nødvendiggjøre muntlig behandling, jf. EMK artikkel 6 (1) om rettergangen i sivile saker (se merknaden til bestemmelsen i Ot.prp. nr. 51 (2004–2005) side 394, hvor det vises til merknaden i NOU 2001: 32 side 752). Det kan derfor ikke ses å være noen reell forskjell mellom utkastet § 6-9 femte ledd og tvisteloven § 9-6 fjerde ledd. Det bør derfor vurderes om det er behov for særregelen i utkastet § 6-9 femte ledd, eller om det er tilstrekkelig å omtale saksbehandlingen i merknaden til bestemmelsen. Tvisteloven § 9-6 tredje ledd siste punktum kan ikke gjelde for jordskifterettene ettersom de ikke avsier frifinnelsesdommer.»

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler til høyringsforslaget § 6-9:

«Overskriften må presiseres til innholdet, «dei formelle vilkåra for sak». Første ledd bør forenkles. Fjerde til sjette ledd hører ikke hjemme i denne paragrafen og foreslås flyttet til ny § 6-17. Siste ledd regulerer anledningen til å trekke saka. Arbeidsgruppa presiserer i sine merknader ( s.161) at med partane blir meint alle partar, ikkje berre rekvirenten eller rekvirentane. Retten til å trekke ei sak må vel pr. definisjon ligge til rekvirenten eller rekvirentene. Leddet blir endra i forhold til dette og tatt inn i vår § 6-17.»

Fleire høyringsuttalar understrekar det viktige skiljet mellom formelle og materielle vilkår for sak etter jordskiftelova. Som formelle vilkår for sak kan for eksempel reknast at kravet fyller dei vilkåra som er sett for innhaldet, og at det er sett fram for den rette domstolen. For jordskiftesakene gjeld òg materielle vilkår for at ei sak skal kunne behandlast. Desse går i dag fram av §§ 1 og 3 (utenlege tilhøve og garantien mot å li tap). Er vilkåra ikkje oppfylde, vil saka ikkje bli fremja. Fleire høyringsinstansar kommenterer problematikken knytt til formelle og materielle vilkår for sak, og kva for avgjerdsformer retten bør gjere bruk av ved avvising/stansing av ei sak når det er manglar ved kravet.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme viser til at skiljet mellom formelle og materielle vilkår for sak er uklart etter gjeldande jordskiftelov:

«Både jordskifteretten, prosessfullmektiger og ikke minst selvprosederende parter, har i mange tilfeller vanskelig for å trekke opp et klart skille mellom det ene kontra det andre. Fremmingsvedtaket kommer ofte for tidlig i prosessen; dvs. før det materielle er tilstrekkelig vurdert. Vi håper derfor at man i det forestående lovarbeidet trekker opp klare skillelinjer mellom formelle vilkår og det vi kaller den materielle vurderingen. I denne sammenheng vil vi peke på at vi stiller oss bak arbeidsgruppas konklusjon om at fremmingsvedtaket bør tas ut av loven; jf. eget punkt om dette. Arbeidsgruppa har belyst de svakheter som en unødvendig, og i visse tilfeller kostbar, prosess om formaliteter, kan medføre. Enhver som har et legitimt og fornuftig krav, må ha rett til å få vurdert sitt krav om en rettsendring (jordskifteløsning), uten å stå i fare for å risikere store utgifter i en forutgående tvisteprosess om saken kan fremmes eller ikke fremmes.»

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner bruken av omgrepet «avvisning» i høyringsforslaget ikkje er den same som i tvistelova. I høyringsforslaget er avvisning foreslått som forma på ei avgjerd som avviser ei sak anten ho blir avvist på grunn av formelle eller materielle manglar. Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner ei realitetsbehandling (vurdering av materielle vilkår) som ikkje fører med seg ei endring, ikkje er ei avvising:

«Det er en realitetsbehandling der rekvirenten ikke får medhold i sitt ønske (krav) om endring fordi vilkårene for endring ikke er oppfylt. Denne vurderingen omtales gjerne som «de materielle vilkårene», utkastet § 6-9 fjerde ledd. Tidligere medførte dette at saken ble nektet fremmet på materielt grunnlag. Avgjørelsen var et vedtak; en realitetsbehandling av kravet om endring. I senere år er kjennelse brukt, jf. bestemmelsen i tvistemålsloven § 137 andre ledd: «Andre beslutninger er kjendelser, naar loven kalder dem saa, eller naar de avslutter saken eller en selvstændig del av saken» (understreket her.) Se Austenå og Øvstedal, kommentarutgave til jordskifteloven, Universitetsforlaget 2000, side 105, nest siste avsnitt. Avvisning fordi de formelle vilkår ikke er oppfylt og avgjørelse om ikke endring, bør ikke samles i samme type avgjørelse, jf. utkastet § 6-19 femte ledd bokstav»

Domstoladministrasjonen (DA) kommenterer òg dette:

«Etter fjerde ledd skal «ei sak som er tatt under behandling, […] bli avvist ved orskurd når jordskifteretten blir klar over at vilkåra for å behandle saken ikkje lenger er til stades, under dette at vilkåra for jordskiftesak i §§ 3-2 og 3-3 ikkje kan bli oppfylte». Dette strider etter vår oppfatning med utkastet § 6-19 femte ledd a). Avvisningsformen bør være forbeholdt prosessuelle grunner, og slik er det også naturlig å forstå utkastet § 6-19 femte ledd a). Det vises til våre bemerkninger til denne.
I saker etter utkastet kap. 3 skal retten foreta en vurdering av om vilkårene i §§ 3-2 og 3-3 er oppfylt. Denne vurderingen må etter DAs oppfatning regnes som en realitetsbehandling av saken. Det er ikke naturlig at retten etter å ha behandlet dette spørsmålet eventuelt skal avvise saken. Der retten tar positivt stilling til spørsmålet om vilkårene i §§ 3-2 og 3-3 er oppfylt eller ikke, er det naturlig at dette gjøres i form av en «jordskifteavgjerd», jf. utkastet § 6-19 fjerde ledd. Ved anke til lagmannsretten vil man få en mer hensiktsmessig sammensetning, ettersom dette er avgjørelser av jordskiftefaglig art.
Dersom partene fremsetter påstand om at vilkårene i §§ 3-2 og 3-3 ikke er oppfylt, må retten etter DAs syn treffe en begrunnet jordskifteavgjørelse etter å ha ivaretatt hensynet til kontradiksjon. Etter utkastet § 3-4 skal retten foreta en selvstendig vurdering av om vilkårene i §§ 3-2 og 3-3 er oppfylt eller ikke. I de tilfellene retten av eget tiltak finner at vilkårene for jordskifte åpenbart ikke er til stede, bør retten uavhengig av partenes påstander kunne treffe en jordskifteavgjørelse om at saken nektes fremmet. Det bør vurderes om de alminnelige reglene om krav til begrunnelse og forutgående kontradiksjon bør bli gjort gjeldende i disse tilfellene.
Dersom retten finner at vilkårene i §§ 3-2 og 3-3 er til stede, og ingen av partene har protestert mot at krav om jordskifte fremmes, legges det i utkastet opp til at retten treffer en formløs beslutning som skal føres inn i rettsboka, jf. utkastet § 6-9 sjette ledd. Dette betyr i praksis at beslutningen treffes uten en forutgående prosess med oppfordring til partene om å uttale seg til spørsmålet, og uten at retten behøver å begrunne avgjørelsen. På denne måten unngår man unødvendig prosess og tidsbruk slik man kan få med dagens fremmingsvedtak. Den formløse beslutningen i sjette ledd markerer et skjæringstidspunkt med hensyn til når partene uten rettens samtykke kan trekke saken. Videre vil den markere at rettens arbeid med jordskifteløsningen har startet. Ettersom avgjørelsen om å fremme jordskiftet også i disse tilfellene er gitt en prosessuell rettsvirkning, vil vi anbefale at departementet vurderer om det vil være mer hensiktsmessig at denne treffes i form av en jordskifteavgjørelse. For at man skal unngå ulempene med dagens fremmingsvedtak, bør det i så fall gjøres unntak fra kravet om begrunnelse og fra prinsippet om at partene skal gis en foranledning til å uttale seg.
Dersom departementet velger å opprettholde den formløse beslutningen jf. utkastet § 6-9 sjette ledd, bør det vurderes om protokollasjon er nødvendig i alle saker. Saker etter kapittel 4 bør i utgangspunktet følge tvistelovens regler. Det bør også klargjøres hva som vil være rettsfølgene av at protokollasjon ikke er foretatt. Ordet realitetsbehandling bør ikke benyttes her, da rettens vurdering av om vilkårene i §§ 3-2 og 3-3 er oppfylt må anses som en materiell vurdering av realitetene i saken.»

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme er òg opptekne av at lova må markere skiljet mellom formelle og materielle vilkår for ei sak, og at det er avgjerande at det blir ei jordskiftefagleg overprøving av anke over at ei sak ikkje fremjast for behandling fordi dei materielle vilkåra ikkje er innfridde:

«Utkastet synes ikkje å skilje mellom avvising og nekte fremme. Avvising skal brukast der det er formelle grunnar for ikkje å ta saka opp til behandling. Nekte fremme skal brukast når det er materielle grunnar for å ikkje ta saka opp til behandling. Det er viktig å halde på dette skiljet. Det har med overprøvinga av ei slik avgjerd. Vi ser det som avgjerande at ei avgjerd om å nekte fremme ei sak, kan bli overprøvd av jordskifteoverretten eller det som eventuelt måtte erstatte denne. Det avgjerande må vera at det blir ei jordskiftefagleg overprøving.»

Agder lagmannsrett uttaler:

«Lovutkastet viderefører ikke denne sondringen mellom materielle og ikke-materielle avvisningsgrunner som operativt kriterium for valg av prosessregler ved overprøvingen. Dette er i og for seg en god ting. Kriteriet materielle grunner er uklart og har gitt opphav til en rekke tvister. Jeg er enig i at det ikke bør videreføres. Det hindrer likevel ikke at regelen innenfor sitt kjerneområde er godt begrunnet. Med materielle grunner siktes i første rekke til hovedvilkårene for å fremme jordskiftesak i jordskifteloven §§ 1 og 3; at eiendommene er utjenlige, at jordskifteretten må ha et egnet virkemiddel til rådighet, og at ingen eiendom vil lide tap (ikketapsgarantien i § 3 a). Dette er avgjørelser som må treffes på grunnlag av jordskiftefaglige vurderinger, og det er derfor gode grunner til at overprøvingen skjer ved jordskifteoverretten, ikke lagmannsretten.
De materielle vilkårene for jordskifte i jordskifteloven §§ 1-3 er i det vesentlige videreført i lovutkastet §§ 3-2 og 3-3, jf også §§ 3-6 flg. om virkemidlene. Lovutkastet innebærer at avgjørelser om å nekte saken fremmet – forkaste kravet om jordskifte – fordi hovedvilkårene ikke er oppfylt, vil bli truffet i form av en kjennelse som er gjenstand for overprøving etter reglene i § 8-2 første ledd og § 8-3 første ledd av tre fagdommere etter reglene i tvisteloven. Dette følger av lovutkastet § 8-2 første ledd, sammenholdt med definisjonen av kjennelser i § 6-19 femte ledd bokstav a og § 6-9 fjerde ledd. Den sistnevnte bestemmelsen gir uttrykkelig anvisning på at saken skal avvises ved kjennelse når jordskifteretten blir klar over at vilkårene for å behandle den ikke lenger er til stede, herunder at vilkårene for jordskiftesak i §§ 3-2 og 3-3 ikke kan bli oppfylt. Dette innebærer en vesentlig realitetsendring utover det som følger av overgangen til felles rettsmiddelinstans. Jeg tror ikke det er tilstrekkelig overveiet å endre behandlingsform i ved overprøving av disse jordskiftefaglige realitetsavgjørelsene fra jordskifteprosess til allmennprosess. Overprøvingen i lagmannsretten bør heller skje etter prosessordningen for «jordskifteavgjerd» i lovutkastet § 8-2 annet ledd, jf. § 8-3 annet ledd. Det er ikke tilstrekkelig at lovutkastet gir førstelagmannen kompetanse til å bestemme at en av tre fagdommere skal være jordskiftelagdommer. Hvis man er enig i disse synspunktene, er det ikke til å unngå at man må videreføre et skille mellom avgjørelser om avvisning på det grunnlag at prosessuelle vilkår for å behandle saken ikke er oppfylt på den ene siden, og avgjørelser om å nekte saken fremmet fordi vilkår for jordskifte ikke er oppfylt på den annen. Det er imidlertid mulig å utforme reglene slik at man unngår uklarhetene som kriteriet «materielle grunner» er belemret med. Man bør ikke bruke uttrykket avvisning om negative realitetsavgjørelser av kravet om jordskifte, men heller bruke uttrykk som at jordskiftesaken nektes fremmet. Denne begrepsbruken har en parallell i skjønnsprosessen, hvor det er innarbeidet å sondre mellom avgjørelser om avvisning av skjønnssaken av formelle grunner etter skjønnsprosessloven § 9 og avgjørelser om å nekte skjønnskravet behandlet av materielle grunner etter § 26 eller § 48 annet ledd. Dette er riktignok avgjørelser som typisk gjelder tvister om prejudisielle rettsforhold av betydning for om skjønnet kan fremmes. Nærmere enda ligger det å sammenligne med lovbestemmelser som gir skjønnsretten kompetanse til å avgjøre om vilkårene for et inngrep eller tiltak er til stede, som for eksempel ved ekspropriasjon av privat adkomstrett etter vegloven § 53. Her vil en negativ avgjørelse begrunnet med at den nødvendige interesseovervekt ikke foreligger bli truffet i form av skjønn, altså den ordinære formen for realitetsavgjørelser. En presis løsning vil være å bestemme at avgjørelser om å nekte jordskiftekravet behandlet fordi vilkårene i §§ 3-2 eller 3-3 ikke er oppfylt, treffes i form av jordskifteavgjerd. Anvendelsesområdet for regelen vil da også falle sammen med lovutkastet § 3-5 første ledd annet punktum om sperretid, hvor det er av interesse å konstatere at jordskiftelovens § 4 er videreført med en tilsvarende endring av kriteriet «materielle grunner».»

Jordskifteoverrettane uttaler:

«Forholdet mellom materielle og ikkje-materielle vilkår har i jordskiftesamanheng skapt problem, særleg har dette vist seg ved val av rettsmiddel etter gjeldande lov. Etter vårt syn vil det også i det vidare arbeidet etter ny jordskiftelov vere naudsynt å sondre mellom materielle og formelle vilkår i lova med bakgrunn i rettens samansetning ved ankebehandlinga. Dersom saka blir avvist av formelle grunnar, vil det som hovudregel vere naturleg å handsame dette spørsmålet etter tvistelova sitt system for anke over vedtak og orskurd. Dersom saka blir nekta fremma av materielle grunnar bør anken handsamast slik at skjønnet blir forsvarleg prøvd, etter same mønster som ved prøving av jordskifteavgjerd. Vi er samde i at det ikkje skal vere naudsynt å fatte ei grunngjeven avgjerd i spørsmålet om fremme av jordskifte, når ingen av partane har protestert mot kravet. Etter gjeldande lov er slik grunngjeving obligatorisk, og vi er glad for at dette kravet blir tatt vekk. Det er ein føresetnad frå vår side at jordskiftedommaren oppfyller si rådgivingsplikt, jf. tvistelova § 11-5. Det medfører at partane må bli orientert om konsekvensane av ikkje å protestere mot rekvirenten sitt krav. Rettsformannen si plikt til dette er nedfelt i tvistelova § 11-5, men i samband med regelen i § 6-9 kunne dette kanskje vore eksplisitt uttrykt også i jordskiftelova. Det følgjer vidare av dette at dersom ingen protesterer vil det slik vi ser det vere forsvarleg at jordskifteretten kort konstaterer at realitetsbehandlinga av saka har starta. Vi er likevel av den oppfatning at den formlause konstateringa det her er lagt opp til gjerne kan erstattast med avgjerdsforma «jordskifteavgjerd». Kravet til innhald i ei slik jordskifteavgjerd, når ingen protesterer mot kravet om jordskifte, må vere svært enkelt. Det må t.d. ikkje vere nødvendig å grunngi avgjerda eller gjengi partane sine påstander m.v. Vi kjem tilbake til dette i kommentarane til §§ 6-19 og 6-20. Ved å halde fast ved at saka skal fremmast i ei jordskifteavgjerd, vil det framstå endå meir tydeleg at saka er i gang med dei følger dette får. Vidare meiner vi at det i ei slik jordskifteavgjerd høyrer til god sakshandsaming å kort gjere greie for kva saka gjeld, kva for eigedomar og område saka skal omfatte. Dersom nokon av partane ved oppstart av sak legg ned påstand om avvisning av formelle grunnar eller å nekte saka fremma av andre grunnar, må retten ta stilling til dette. Dersom nekte fremme blir gjort til jordskifteavgjerd vil overprøving etter vårt syn kome inn under reglane i § 8-2 andre ledd, med jordskiftelagdommar og meddommarar, noko som vil vere ei føresetnad for ei god overprøving av slike spørsmål. Dersom ein held fast på at avgjerdsforma ved avvisning og nekte fremme av sak uansett skal vere orskurd, må ein ta inn ei presisering i ny § 8-2 første ledd 2. punktum: «Ved anke overorskurd ved avvisning av andre enn formelle grunner skal retten setjast saman etter andre ledd.» Den store ulempa med vårt framlegg, er at ein opprettheld eit problemområde i gjeldande lov, nemleg om eit spørsmål er formelt eller materielt. Vi gjør merksam på at også lovutkastet brukar uttrykket materielle grunnar, jf. § 8-11 fjerde ledd. Med tydelege lovforarbeid på kva ein legg i uttrykket materielle grunnar, skulle ein få til ein god regel utan rom for store gråsoner. Den mest typiske materielle vurderinga er «ikkjetapsgarantien», og dei vurderingar som skal gjerast etter §§ 3-2 og 3-3. I staden for å bruke uttrykket materiell, kan ein då i staden vise til dei reglane vurderingane blir gjort etter, t.d. etter mønster av forslaget til § 3-5 første ledd siste punktum. Ein må likevel vurdere om «materielle grunnar» skal omfatte noko meir enn desse to paragrafane, t.d. om eit verkemiddel i § 3-6 til § 3-15 er eigna til ei tenleg problemløysing, eller om framtidig verdiendring i § 3-24 blir vurdert som eit hinder for å fremme jordskiftet. Fremme eller nekte av fremme av andre enn formelle vilkår bør som hovudregel først kunne ankast ved avslutning av ein sak. Dersom ei sak blir fremma, er det sluttresultatet i saka som må prøvast. Det blir derfor lite interessant å angripe sjølve fremminga av saka. Det er særleg viktig at ein unngår dei tilfella som i gjeldande lov er regulert i § 61 tredje ledd bokstav a der ein kan angripe spørsmål om avvising (eller fremme) av andre enn materielle grunnar. Overprøving av sjølve avgjerda om fremme blir derfor først og fremst aktuelt i dei tilfelle der kravet blir nekta fremma eller avvist.»

12.3.1.3.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner at den nye jordskiftelova bør slå fast at retten har ansvar for å vurdere om vilkåra for å behandle ei sak er til stades. Departementet foreslår reglar om dette i lovforslaget § 6-4. Reglane er utforma litt annleis enn i høyringsforslaget § 6-9, men gjeld langt på veg det same spørsmålet. Reglane avløyser gjeldande jordskiftelov § 12 andre ledd.

Etter § 6-4 første ledd skal retten, når eit krav om sak kjem inn, undersøkje om vilkåra for å behandle saka er tilstades. Dersom sakskravet har manglar som det kan bøtast på, skal retten gi rettleiing og setje frist for retting, sjå andre ledd og lovforslaget § 6-16. Etter tredje ledd skal retten ta avgjerd om vilkåra for sak er tilstades eller ikkje, så snart det er grunnlag for det.

For alle sakene som jordskifteretten behandlar, gjeld det formelle vilkår for å reise sakene. For jordskiftesakene etter lovforslaget kapittel 3, gjeld det òg nokre materielle vilkår. Mange av høyringsinstansane kommenterer skiljet mellom vilkåra, og dei problema det har skapt i praksis.

Formelle vilkår følgjer mellom anna av reglane om utforming av og innhald i dei krava som blir reist (lovforslaget § 6-2). Formelle vilkår omfattar òg spørsmålet om retten har domsmakt på staden (lovforslaget § 6-3), og om retten er sakleg kompetent til å avgjere den typen krav som blir reist (det vil seie om kravet gjeld jordskifte, grensefastsetjing, rettsutgreiing, skjønn eller andre avgjerder der jordskifteretten har avgjerdsmyndigheit). Kravet må heller ikkje versere for ein annan domstol (vere litispendent) eller vere rettskraftig avgjort mellom partane tidlegare. Rekvirenten må òg vere i posisjon til å kunne krevje sak, jf. lovforslaget § 1-5. Om dei formelle vilkåra er oppfylde, vil retten kunne ta stilling til allereie når kravet kjem inn.

Dei materielle vilkåra for jordskiftesakene går fram av lovforslaget §§ 3-2, 3-3 og 3-18. Desse vilkåra gjeld realitetane i saka, og retten vil normalt ikkje kunne ta stilling til dei før lenger ut i saksgangen, når alle partane har fått uttale seg til kravet, og det er halde eit saksførebuande rettsmøte og så vidare. Retten kan handtere eventuelle problem i høve til dei materielle vilkåra på ulikt vis. Retten kan mellom anna avgrense saka slik at vilkåra kan oppfyllast, gjennom den saklege og geografiske avgrensinga som skal gjerast (lovforslaget § 6-9).

Spørsmålet om vilkåra er oppfylde, kan komme opp etter påstand frå ein av partane, og resultatet kan bli anten at saka blir stansa, eller at ho førast vidare. Avgjerda bør da bli formulert slik at saka anten ikkje blir fremja, eller at ho blir fremja, sjå uttalen frå Agder lagmannsrett. Denne avgjerda kan likevel ikkje samanliknast med vedtaket om fremjing etter gjeldande jordskiftelov, sjå nærare omtale av dette i kapittel 12.5.

Skiljet mellom formelle og materielle vilkår kjem ikkje eksplisitt til uttrykk i lovforslaget. Som mellom anna Agder lagmannsrett peikar på, er skiljet problematisk og har gitt opphav til tvistar. Skiljet kjem fram når ein skal vurdere behandlinga av manglar ved eit krav om sak. Formelle manglar vil etter lovforslaget føre til avvising i form av ei orskurd (kjennelse) om avvising, sjå § 6-23 andre ledd bokstav a. Dette svarer til ordninga etter tvistelova. Ved manglar i dei materielle vilkåra for jordskifte, skal det avseiast ei jordskifteavgjerd, sjå lovforslaget § 6-23 fjerde ledd bokstav a. Dette er ein forskjell frå høyringsforslaget, der avgjerdsforma i begge tilfelle var orskurd. Bakgrunnen for departementets forslag, er særleg det at avvising av ei jordskiftesak på grunn av dei materielle vilkåra, vil vere ei realitetsavgjerd. Retten vurderer om ein kan bøte på utenlege eigedomstilhøve ved bruk av verkemidla i jordskifte. Samstundes skal ingen av partane li tap. Dersom desse vilkåra ikkje kan oppfyllast, skal saka avvisast. Forma på ei slik avgjerd bør vere som for andre realitetsavgjerder som gjeld jordskifte/rettsendring, altså jordskifteavgjerd. Høyringsuttalane er klare på at ei slik utforming av reglane er nødvendig, sjå mellom anna uttalane frå Agder lagmannsrett og jordskifteoverrettane.

Skiljet mellom formelle og materielle vilkår er viktig i høve til ankereglane. Slik høyringsforslaget er utforma, vil ei orskurd om avvising i utgangspunktet bli behandla av ordinær lagmannsrett. Førstelagmannen kan likevel fastsetje at ein jordskiftelagdommar skal erstatte ein av dei juridiske dommarane. Ordninga inneber ein moglegheit for, men ikkje ein garanti for, at jordskiftekompetanse blir kopla inn i saker om avvising av ei sak av materielle/jordskiftefaglege grunnar. Ein kan difor risikere at overprøvinga ikkje får den faglege vinklinga og tyngda som er ønskjeleg, og som fleire av høyringsinstansane har understreka. Lovforslaget rettar opp dette. Prøvinga i ankeinstansen blir som for andre jordskifteavgjerder.

Sjølv om ordninga med eit vedtak om fremjing blir endra, vil det vere behov for ei handling eller avgjerd frå retten si side, som det kan knyttast visse rettsverknader til. Etter høyringsforslaget § 6-9 sjette ledd skal retten føre inn i rettsboka at realitetsbehandlinga av saka har teke til. Frå dette tidspunktet kan partane berre trekkje saka dersom retten gir samtykke til det. Slik protokollføring vil, som DA peikar på, bety at ei avgjerd om vidare saksbehandling kan takast som ei formlaus avgjerd, utan ein føregåande prosess med oppfordring til partane om å uttale seg om spørsmålet, og utan at retten treng å grunngi avgjerda.

Departementet meiner at ei ordning med protokollføring har gode grunnar for seg, og foreslår å lovfeste dette i § 6-4 fjerde ledd, jf. § 6-19 som omhandlar trekking av krav når det ført inn i rettsboka at behandlinga har teke til. Som DA òg peikar på, unngår ein da unødvendig prosess og tidsbruk som ofte kan følgje med behandlinga av dagens vedtak om fremjing. Det er likevel viktig at lova skipar eit slikt «skjeringspunkt» for når partane kan trekkje eit krav om sak. Departementet har vurdert om protokollføring bør skje i form av ei jordskifteavgjerd etter § 6-23 fjerde ledd, men har kome til at dette ikkje er noko god løysing. Dersom ein bruker forma jordskifteavgjerd, vil det følgje med eit krav til grunngiving, sjå lovforslaget § 6-24, og til kontradiktorisk behandling. Ein kan lovfeste særlege unntaksreglar for denne typen jordskifteavgjerd, men ein vil da få unødig kompliserte og uoversiktlege reglar. Bakgrunnen for protokollføringa er at partane ikkje har funne grunn til å protestere mot at saka blir behandla. Samstundes vil retten ha informert partane om verknaden av protokollføringa. Dette følgjer av plikta til å rettleie i lovforslaget § 6-16. Departementet ser det difor ikkje som problematisk med ei formlaus avgjerd, som protokollføring av at retten held fram med saksbehandlinga. Ordninga med protokollføring skal dessutan berre gjelde for dei rettsendrande sakene (jordskifte) og ikkje for dei rettsfastsetjande sakene (grensefastsetjing og rettsutgreiing).

Når det gjeld spørsmålet om å trekkje krav om rettsfastsetjande avgjerd, meiner departementet at ordninga i tvistelova kan gjelde som utgangspunkt, men ikkje fullt ut. Partane kan vente med å trekkje ei slik sak heilt fram til retten tek avgjerd, jf. tvistelova § 18-4 første ledd. Etter tvistelova vil den som trekkjer saka, samstundes gi opp kravet. Dei rettsfastsetjande sakene er ganske parallelle med tvistesaker for dei ordinære domstolane. Dette kan tale for like reglar om følgjene av å trekkje eit krav. Departementet meiner det bør vere mogleg å trekkje krav om rettsutgreiing fram til retten tek avgjerd, men meiner at det ikkje bør ha dei same verknadene som etter tvistelova. Departementet går inn for eit avvik frå tvistelova her, sjå nærare om dette i kapittel 12.4.8. Ei anna side ved dette er at retten, for eksempel i saker om grensefastsetjing, kan ha gjort mye merkearbeid før han tek endeleg avgjerd. Departementet meiner dette ikkje bør få innverknad på moglegheita til å trekkje saka. Det kan likevel bli aktuelt å påleggje den som trekkjer saka å betale dei kostnadene som merkinga har ført med seg, sjå § 7-7 første ledd, og framstillinga i kapittel 13.

Når det gjeld tidspunktet for når retten kan ta stilling til eit krav om avvising, viser departementet til uttalen frå Justisdepartementet. Departementet foreslår ein eigen regel i § 6-4 tredje ledd om at avgjerd om vilkåra for sak er tilstades eller ikkje, skal treffast av jordskifteretten så snart det er grunnlag for det. I tillegg vil tvistelova § 9-6 gjelde tilsvarande så langt ho høver, jf. lovforslaget § 6-1 andre ledd og § 6-8 andre ledd. Etter tvistelova § 9-6 tredje ledd skal avgjerder om avvising i utgangspunkt takast så tidleg som mogleg. Tvistelova § 9-6 tredje ledd seier òg at retten, på visse vilkår, kan vente til hovudforhandlinga med å avgjere avvisingskravet. Når det i lovforslaget §§ 6-1 og 6-8 blir vist til tvistelova § 9-6, er det meininga at jordskifteretten har eit tilsvarande val, sjølv om det i jordskifteprosessen ikkje blir halde hovudforhandling.

12.3.1.4 Merknader frå partane til sakskravet og saksbehandlinga

12.3.1.4.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 6-1 at hele kapittel 9 i tvistelova skal gjelde så langt det høver, òg §§ 9-3 og 9-6. Dette inneber at reglane i tvistelova om tilsvar og om merknader om saksbehandlinga, og om avgjerdene retten tar om saksbehandlinga, skal gjelde så langt dei høver for saksbehandlinga i jordskifteretten.

12.3.1.4.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet uttaler:

«Femte ledd legger opp til et annet utgangspunkt for saksbehandlingen enn det som følger av tvisteloven. Etter tvisteloven § 9-6 fjerde ledd skal avgjørelser om saksbehandlingen, herunder om saken skal avvises, som utgangspunkt treffes etter skriftlig behandling. Det fremgår imidlertid av forarbeidene at blant annet avvisningsavgjørelser står i en særstilling og etter omstendighetene vil kunne nødvendiggjøre muntlig behandling, jf. EMK artikkel 6 (1) om rettergangen i sivile saker (se merknaden til bestemmelsen i Ot.prp. nr. 51 (2004–2005) side 394, hvor det vises til merknaden i NOU 2001: 32 side 752). Det kan derfor ikke ses å være noen reell forskjell mellom utkastet § 6-9 femte ledd og tvisteloven § 9-6 fjerde ledd. Det bør derfor vurderes om det er behov for særregelen i utkastet § 6-9 femte ledd, eller om det er tilstrekkelig å omtale saksbehandlingen i merknaden til bestemmelsen.»

Jordskiftedommarane i Gulating uttaler:

«I 5. ledd bør i alle fall ordet «i rettsmøte» strykast. Dette gjer det særdeles tungvint å avvise ei sak som heilt klårt må avvisast. Det er tilstrekklig at partane får uttale seg skriftleg i dei fleste tilfeller.»

12.3.1.4.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner at tvistelova kapittel 9 II Saksforberedelsen, inneheld viktige prinsipp for planlegging og saksførebuing som bør gjelde tilsvarande for saker for jordskifterettane. Dette gjeld mellom anna partane sitt tilsvar til kravet, sjå tvistelova § 9-3 og lovforslaget § 6-5. Ein bør òg ha reglar tilsvarande tvistelova § 9-6, om den retten partane har til å uttale seg om tilhøve som er viktige for avgjerder om saksbehandlinga. Lovteknisk sett har departementet vald å gjere dette slik at ein gir særlege tilpassa reglar i §§ 6-5 og 6-8. Paragraf 6-5 erstattar tvistelova § 9-3, om tilsvar. Departementet ser det ikkje som nødvendig å gi § 9-3 verknad ved sida av § 6-5, som difor er ei enklare og uttømmande regulering av tilsvar til dei krava som reisast i saka. Når det gjeld merknader til saksbehandlinga og til avgjerder om saksbehandlinga, har departementet vald å dels gjengi dei sentrale reglane i tvistelova § 9-6, dels å vise til desse reglane, sjå lovforslaget § 6-8 første og andre ledd. Ein kan diskutere om tilvisinga i § 6-1 kanskje er tilstrekkeleg, men departementet meiner reglane i § 6-8 bør vere med som ei påminning og opplysing for partane og retten om noko som er svært sentralt i saksførebuinga.

Justisdepartementet tek i si høyringsuttale opp spørsmålet om avgjerder om avvising bør takast etter skriftleg eller munnleg behandling. Jordskiftedommarane i Gulating meiner det er tilstrekkleg at partane får uttale seg skriftleg i dei fleste tilfelle. I høyringsforslaget foreslår arbeidsgruppa at partane som hovudregel skal få uttale seg munnleg i rettsmøte før det blir teke avgjerd om avvising. Utgangspunktet i tvistelova er skriftleg behandling av spørsmål som gjeld saksbehandlinga, men munnleg behandling kan skje når omsynet til rettferdig og forsvarleg behandling tilseier det, sjå § 9-6 fjerde ledd. Justisdepartementet viser til at avgjerder om avvising står i ei særstilling, og at munnleg behandling kan vere nødvendig, mellom anna på grunnlag av EMK artikkel 6 (1) om rettargangen i sivile saker. Slik lovforslaget nå er utforma, er det tvistelova § 9-6 som regulerar spørsmålet om skriftleg eller munnleg saksbehandling, sjå lovforslaget § 6-8 andre ledd. Det skulle difor ikkje vere tvil om at lovforslaget her er i tråd med EMK.

Justisdepartementet peikar òg på at det er eit element i tvistelova § 9-6 som ikkje passar inn i jordskiftelova. Det er føresegna i tredje ledd siste punktum som seier at «Er det klart grunnlag for det, kan retten frifinne saksøkte uten å ta stilling til et tvilsomt spørsmål om avvisning». Føresegna passar ikkje for jordskifterettane fordi jordskifterettane ikkje avseier frifinningsdommar. Tredje ledd siste punktum blir difor ikkje gjort gjeldande, sjå lovforslaget § 6-8 andre ledd, og § 6-1 andre ledd bokstav d.

12.3.1.5 Sakleg og geografisk avgrensing av sakene

12.3.1.5.1 Høyringsforslaget

Høyringsforslaget § 6-17 inneheld reglar om den saklege og geografiske avgrensinga av saka. Reglane er dels til erstatning for gjeldande jordskiftelov § 21 og 25. Utgangspunktet i forslaget er at jordskifteretten skal gjere ei avgrensing av saka i samsvar med kravet. Jordskifteretten skal òg kunne setje frist for partane med omsyn til krav om sakleg eller geografisk utviding av saka. Om nødvendig skal jordskifteretten kunne halde saksførebuande rettsmøte for å klarleggje omfanget av saka. Utgangspunktet for høyringsforslaget er at disposisjonsprinsippet skal gjelde både i høve til kva saka handlar om, og det geografiske området saka gjeld. Arbeidsgruppa foreslår likevel reglar tilsvarande gjeldande jordskiftelov § 25. Det gjer det mogleg for jordskifteretten av eige tiltak å gå utanom den geografiske avgrensinga i kravet. Jordskifteretten kan ta med attverande delar av dei eigedommane saka gjeld, når retten finn at dette er nødvendig for å løyse problema i saka. Arbeidsgruppa foreslår òg reglar om avslutting av saka for ein del av det område saka gjeld for. Kvar del som blir avslutta for seg, skal da reknast som ei eiga sak.

12.3.1.5.2 Høyringsinstansane

Domstoladministrasjonen (DA) uttaler:

«Saklig og geografisk avgrensing inngår i fremmingsvedtaket etter dagens lovgivning. Siden obligatorisk fremming er foreslått tatt ut, er det et spørsmål om den avgrensing som jordskifteretten skal gjøre nå må skje formløst. Saklig og geografisk avgrensing er imidlertid så grunnleggende at det bør vurderes å knytte dette opp til en avgjørelsesform, der vel «jordskifteavgjerd» peker seg ut.»

Jordskifteoverrettane uttaler at ein bør sjå reglane i høyringsforslaget § 6-17 i samanheng med dei andre reglane om oppstarten av ei sak, i høyringsforslaget §§ 6-9 og 6-10. Slik § 6-17 tredje ledd er utforma, kan det sjå ut som om førebuande rettsmøte berre er knytt opp til klargjering av kravet. Dei meiner dette er uheldig.

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler at sakleg og geografisk avgrensing av saka etter gjeldande lov høyrer til fremjingsvedtaket. Jordskifterettane i Eidsivating foreslår at avgjerd om avgrensing av saka får forma jordskifteavgjerd og at fremjingsvedtaket blir vidareført. Dei meiner òg at gode grunnar talar for at høvet retten har til å utvide saka òg bør gjelde for rettsfastsetjande saker og skjønn. Vidare meiner dei at lova bør opna for partiell sakleg avslutting. Dei viser til at det vil vere praktisk for retten å for eksempel kunne avslutte den delen av ei sak som gjeld veg, for så å halde fram med resten av saka.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme viser til at det første steget i ei sak er sakleg og geografisk avgrensing. I dei fleste sakene er dette gitt, men avgrensinga kan vere ein sentral del av løysinga i enkelte saker. Dei viser også til at det kan være behov for saksførebuande rettsmøte i andre spørsmål enn sakleg og geografisk avgrensing. Dei meiner òg at dersom jordskiftelova skal ha ei føresegn om saksførebuande rettsmøte, må det være ein generell regel, som ikkje er knytt til sakleg og geografisk avgrensing. Høyringsforslaget § 6-17 siste ledd gjeld partiell avslutning. Jordskifterettene i Agder jordskiftedømme meiner regelen er plassert feil, fordi han ikkje har noko med sakleg og geografisk avgrensing av saka å gjere.

Sør-Trøndelag jordskifterett uttaler at det er uklart kva som meinast med siste setninga i siste ledd i høyringsforslaget § 6-17 («Kvar del som blir avslutta for seg, blir rekna som ei særskilt sak»). Formuleringa i gjeldande lov § 21, andre setning kan nyttast, eller alternativt formuleringa: » … rekna som særskilt sak med tanke på bruk av rettsmiddel».

Jordskiftedommarane i Gulating uttaler:

«§6-17. Me syner til generelle merknader om fremmingsvedtaket i vårt kap. 2.6. Me meiner det i mange saker kan vera hensiktsmessig og kanskje turvande å avgjere kva saka skal omhandle, dette gjeld både geografisk og sakleg. Her medrekna om det skal gjennomførast sak eller ikkje. Det må og gjerast eit skilje mellom saker etter kap. 4 og jordskiftesaker etter kap. 3. Det er ikkje naudsynt med fremmingsvedtak i rettsutgreiingssaker og grensesaker. »

Jordskifteoverdommaren i Gulating meiner at ein bør sjå høyringsforslaget § 6-17 i samanheng med høyringsforslaget § 6-9 om kontrollen med vilkåra for sak, og det som ellers er sagt om oppstart av ei sak.

12.3.1.5.3 Departementets vurderingar

I ei rettssak vil retten vere bunden av dei krav og påstandar som partane har. Denne ramma om kompetansen til retten følgjer av tvistelova § 11-2, og blir omtala som disposisjonsprinsippet. Prinsippet er òg utgangspunktet for saker for jordskifteretten, og det er ikkje gjort noko unntak for tvistelova § 11-2 korkje i gjeldande jordskiftelov eller i forslaget til ny jordskiftelov.

I saker for jordskifteretten, vil utgangspunktet vere at disposisjonsprinsippet gjeld for den saklege avgrensinga av saka. Disposisjonsprinsippet gjeld såleis det som er tema for saka, for eksempel klarlegging av grenser eller endring av utenlege eigedomstilhøve. Disposisjonsprinsippet gjeld òg for det geografiske området saka gjeld, altså kva for eigedommar eller delar av eigedommar saka gjeld. Innanfor denne saklege/tematiske og geografiske ramma kan retten løyse dei problema partane har. Regelen er gjort generell i høve til sakstypane, i og med at sakleg og geografisk avgrensing vil vere nødvendig i alle saker. I gjeldande jordskiftelov § 25 er det ein avgrensingsregel knytt til jordskifte, og i § 88 fjerde ledd ein regel for grensegang, og 88 a andre ledd for rettsutgreiing.

Disposisjonsprinsippet er på den andre sida ikkje gjennomført fullt ut i gjeldande jordskiftelov og heller ikkje i forslaget til ny lov. Når det gjeld jordskifte kan retten for eksempel gå utanom avgrensinga i dei krava som er reiste og ta med attverande delar av dei eigedommane som jordskiftet gjeld. Det kan retten gjere om han finn det nødvendig for eit formålstenleg jordskifte, sjå gjeldande jordskiftelov § 25. Slik bør det òg vere i framtida. Det er altså behov for særlege reglar om tilhøvet mellom den kompetansen retten har og partane sine krav og eventuelle påstandar, sjå lovforslaget § 6-9, som byggjer på gjeldande jordskiftelov § 25, men med litt ulike formuleringar. I høve til gjeldande jordskiftelov § 25 har departementet ikkje teke med utviding av saka til å gjelde andre eigedommar. Departementet meiner det ikkje er nødvendig, og heller ikkje så godt i samsvar med disposisjonsprinsippet, å trekkje kompetansen jordskifteretten har til å utvide så langt.

Departementet meiner det ikkje vil vere rett å gi ein tilsvarande heimel til òg å gjelde rettsfastsetjande saker (grensefastsetjing og rettsutgreiing) og skjønn, slik jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme foreslår. Avvik frå disposisjonsprinsippet har ei spesiell grunngiving når det gjeld problemløysing i eit jordskifte. For å kunne halde jordskiftet og løyse problem knytt til utenlege eigedomstilhøve, kan utviding av jordskifteområdet vere ein føresetnad. Dette vil ikkje i same grad vere tilfelle i høve til grensefastsetjing og rettsutgreiing.

Det vil vere den som krev saka som har størst innverknad på avgrensinga. Etter lovforslaget skal retten settje ein frist for partane til eventuelt å fremje krav som gjeld sakleg eller geografisk avgrensing av saka. Lova byggjer på prinsippet om at saka skal avgrensast til det kravet går ut på. Dei uttalane partane kjem med kan likevel gi saka ei anna geografisk avgrensing enn i kravet.

Praksis viser variasjon når det gjeld utviding av saker. Dels heng det saman med at dei krava som fremjast ikkje alltid er klare nok når det gjeld omfang, og dels heng det saman med kva som kan vere praktisk eller rasjonelt å «ordne opp i» når jordskifteretten først «er på staden». Departementet er samd med arbeidsgruppa i at den nye lova må få klarare reglar for utviding, slik at praksis kan bli meir einsarta. Det vil òg vere eit gode at det raskt er mogleg å få rimeleg oversikt over det arbeidsomfanget ei sak vil føre med seg.

Dersom retten finn at den skriftlege saksførebuinga ikkje klargjer kravet eller krava, kan retten om nødvendig halde saksførebuande rettsmøte for å klarleggje omfanget. Dette følgjer av lovforslaget § 6-7, som gjeld saksførebuande rettsmøte på alle trinn i saka, òg i samband med avgrensing av saka.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme har motsegner mot at høyringsforslaget § 6-17 òg inneheld ein regel i siste ledd som gjeld delvis (partiell) avslutting av sakene. Departementet er samd i desse innvendingane. Det kan vere viktig for partane at jordskifteretten delvis avsluttar saka, slik at tiltak kan komme i gang utan at ein må vente på at heile skiftet blir avslutta. Gjeldande jordskiftelov har ein slik regel i § 21. Regelen er likevel ikkje plassert på rette staden i høyringsforslaget. Departementet foreslår difor at regelen blir ein eigen paragraf, sjå § 6-20. Paragrafen er utforma slik at han òg omfattar saklegpartiell avslutting. Som jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme viser til, vil det vere praktisk for retten å for eksempel kunne avslutte den delen av ei sak som gjeld veg, for så å halde fram med resten av saka. I tråd med uttalen frå Sør-Trøndelag jordskifterett har departementet òg tatt inn i paragrafen ei presisering av kva det inneber at ein del av saka som er avslutta for seg, blir ei eiga sak («…med omsyn til fullføring, overprøving og ny behandling»). Kravet i gjeldande jordskiftelov om samrøystes avgjerd, førast ikkje vidare.

Etter lovforslaget § 6-23 fjerde ledd bokstav b, har avgjerd om avgrensing av saka forma jordskifteavgjerd. Dette er i tråd med høyringsfråsegna frå Domstoladministrasjonen.

12.3.2 Rettsmøte

Lovforslaget kapittel 6 del III har reglar om behandlinga av sakene i rettsmøte. Departementet foreslår mellom anna generelle reglar om konsentrert og forsvarleg behandling tilsvarande dei reglane ein finn i tvistelova. Departementet foreslår òg reglar om korleis innkallinga til rettsmøtet skal skje, om plikta partar og vitnar har til å møte og forklare seg, og ein eigen paragraf om rettsbøker.

12.3.2.1 Innkalling til rettsmøte. Plikt til å møte og forklare seg

12.3.2.1.1 Høyringsforslaget

Høyringsforslaget § 6-13 inneheld reglar om innkallinga av partar og vitne med fleire («alle saka vedkjem»). Reglane skal erstatte gjeldande jordskiftelov § 13. Arbeidsgruppa viser til at jordskiftelova § 13 òg blir supplert av tvistelova § 13-3 om innkalling av vitne og sakkunnige til rettsmøte, sjå gjeldande jordskiftelov § 97 første ledd bokstav a. Arbeidsgruppa meiner at den nye lova kan vise til heile kapittel 13 I om innkalling til rettsmøte, slik at tvistelova supplerer der jordskiftelova ikkje har reglar. Eksempel på dette er reglane om fjernmøte, fråvær med meir.

Høyringsforslaget pålegg retten å forkynne innkalling til det første rettsmøtet. Fristen for innkalling skal vere to veker; den same fristen som etter tvistelova, sjå § 13-2 andre ledd. Etter gjeldande jordskiftelov er fristen tre veker, men arbeidsgruppa meiner det ikkje er noko i vegen for å samkjøre jordskiftelova med tvistelova. Innkallinga til seinare rettsmøte kan skje slik retten finn det høveleg, altså på andre måtar enn ved forkynning. Regelen er utforma etter mønster av tvistelova § 13-2 første ledd tredje punktum. Arbeidsgruppa foreslår at partane skal ha innkalling òg om dei har advokat. Dette er motsett løysing av tvistelova § 13-2, som seier at partar med advokat skal innkallast ved advokaten.

Arbeidsgruppa foreslår å føre vidare reglane om summarisk innkalling (gjeldande jordskiftelov § 13 tredje ledd). Det skal likevel ikkje vere nødvendig med løyve frå departementet, slik det er etter gjeldande jordskiftelov. Etter forslaget kan jordskifterettane avgjere sjølve om innkallinga bør skje på denne måten.

Når det gjeld plikta partar og andre har til å møte og forklare seg, foreslår arbeidsgruppa at reglane i gjeldande jordskiftelov § 18 skal førast vidare, jf. høyringsforslaget § 6-14. Gjeldande jordskiftelov § 18 viser til tvistelova kapittel 22-24. Gruppa foreslår òg at det skal visast til tvistelova kapittel 25 når det gjeld plikta sakkunnige har til å møte og gi forklaring.

Arbeidsgruppa foreslår å avgrense plikta for partar og vitne til å møte til dei tilfella der dei får særskilt innkalling. Avgrensinga blir gjort fordi det i saker for jordskifteretten kan vere svært mange partar. Det er ikkje alltid hensiktsmessig og nødvendig å innkalle alle til det same rettsmøtet. Arbeidsgruppa meiner at retten i staden kan avgrense innkallinga til dei partane som vedkommande rettsmøte er relevant for. Andre punktum i første ledd påla likevel retten å informere alle partar om rettsmøte dei ikkje blir innkalla til, slik at dei eventuelt kan følgje rettsforhandlingane om dei skulle ønskje det. Arbeidsgruppa legg til grunn at slik informasjon i dag for eksempel kan skje ved e-post til partane. Arbeidsgruppa viser òg til at rettsmøta er offentlege, jf. domstollova § 124.

Arbeidsgruppa foreslår ut over dette å føre vidare gjeldande jordskiftelov § 18 andre punktum, som seier at jordskifterettane ikkje har kompetanse til å bruke tvangsmiddel eller straff mot partar og vitne etter den nye jordskiftelova. Dei vanlege domstolane har slik kompetanse etter domstolslova kapittel 10.

12.3.2.1.2 Høyringsinstansane

Domstoladministrasjonen (DA) uttaler om høyringsforslaget § 6-13:

«Bestemmelsen svarer til tvisteloven § 13-2 og framstår delvis som en gjengivelse av denne. Det er i tillegg gitt noen suppleringer og tilpasninger. Bestemmelsen bør derfor kunne forstås som en spesialregel som setter tvisteloven § 13-2 til side. I følge første ledd fjerde punktum kan varsel om innkalling i visse tilfeller gis på annen måte enn det som følger av hovedregelen i andre punktum. Vi er i tvil om det er nødvendig å utforme en slik spesialregel, eller om det er tilstrekkelig å falle ned på domstollovens bestemmelser om forkynning. Slik fjerde ledd fjerde punktum er utformet, er det også et spørsmål om den er godt nok tilpasset dagens kommunikasjon/forhold. Vi kan uansett ikke se at det er noen grunn til at de som er «busett utanfor kommunen» skal omfattes av dette unntaket. I femte ledd henvises det til reglene i tvisteloven kapittel 13 I. Denne delen av bestemmelsen er overflødig, da det følger av den generelle henvisningen i § 6-1 andre ledd at tvisteloven kapittel 13 gjelder. Det er kun tvisteloven § 13-2 som etter vår oppfatning settes til side i kraft av spesialregelen i ukastet § 6-13. Femte ledd bør derfor etter vår oppfatning gå ut.»

DA uttaler om høyringsforslaget § 6-14:

«Det følger av første ledd første punktum at parter og vitner har plikt til å møte når de er særskilt innkalt. Vi reiser spørsmålet om det ikke her burde vært tilføyd en henvisning til § 6-13. Alle parter skal i henhold til andre punktum ha informasjon om rettsmøter de ikke selv er innkalt til. Dette betyr at dersom det i jordskiftesaken oppstår en tvist som involverer et mindre antall parter, skal de øvrige partene i jordskiftesaken ha informasjon om rettsmøter i anledning tvisten. Dette vil i noen saker innebære et betydelig merarbeid for jordskifteretten. DA mener av den grunn at første ledd andre punktum bør utgå. I tredje ledd er det positivt henvist til kapittel 22-25 i tvisteloven. Henvisningene er på grunn av den generelle henvisningen i § 6-1 andre ledd overflødig. Som ovenfor nevnt mener vi det er viktig å holde seg konsekvent til den systematikk som følger av § 6-1. Tredje ledd bør derfor gå ut.»

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner høyringsforslaget § 6-13 første ledd femte punktum bør forenklast og lyde slik:

«Om nokon som skal ha varsel har ukjent adresse og tilhaldsstad, kan varsel gis på siste kjende bustaden hans i riket, eller om denne staden ikkje er kjent, på åstaden.»

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler vidare:

«Bosted utenfor kommunen er normalt og krever ikke særbestemmelser. Om noen er «fråværande», kan ingen domstol ha oversikt over. Adressen er det man må forholde seg til. Skulle noen ha ukjent adresse, eller av annen grunn ikke motta post, kan man selvsagt forkynne på tilholdssted om det skulle være kjent. Etter at disse mulighetene er prøvd, må en forkynne på siste kjente bosted eller åstedet – eller søke annen løsning via domstollovens bestemmelser. Fjerde ledd, siste punktum, setter 6 ukers frist for varsel i Norsk lysningsblad. Vi mener 4 uker må være tilstrekkelig, forholdsmessig samme reduksjon som i den alminnelige varselfristen – frå tre til to uker. Til § 6-14 Plikt til å møte og forklare seg. 1. ledd andre punktum. Det kan ikke være noen grunn for å informere alle partene i ei sak om et rettsmøte de ikke innkalles til. Et rettsmøte for behandling av en tvist mellom to av partene, gjelder disse to partene og ikke de andre partene i saka.»

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme uttaler om høyringsforslaget § 6-13:

«Det viser seg av og til vanskelig å få forkynt innkallingen på ordinær måte. Dette kan ha sammenheng med at parten har ukjent bopel. Betegnelsen «åstaden» virker noe fremmed, og det bør byttes ut med et annet dekkende uttrykk. Budskapet er vel noe i retning av: Partar med ukjent adresse, skal varslast på siste kjende bustad eller kontorstad i Norge, eller om denne staden ikkje er kjent, i jordskifteområdet.»

Dei meiner vidare at § 6-14 bør kortast ned:

«Det er viktig å slette andre punktum i første ledd. Dette vil føre til unødig ekstraarbeid og kan medføre at partene ikke møter når de har behov for det. Første ledd kan begrenses til: Partar og vitne har plikt til å møte og forklare seg når dei er innkalla, sjå tvisteloven kapittel 22-25. Andre ledd slettes. Siste ledd må beholdes.»

Sør-Trøndelag jordskifterett meiner høyringsforslaget § 6-13 første ledd, femte setning bør forenklast slik jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme foreslår. Sør-Trøndelag jordskifterett meiner fjerde ledd kan formulerast slik:

«Er det uklart kven som er eigar eller bruksrettshavar eller finner jordskifteretten det nødvendig av andre grunnar, kan innkalling foretas ved lysing i Norsk lysingsblad og i eitt eller fleire lokalblad og med oppslag. Varslet skal i slike tilfelle vere gitt minst 6 veker på førehand rekna frå den dagen kunngjeringa står i lysingsbladet.»

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme uttaler:

«Til § 6-13. Varselfristen blir forkortet og i samsvar med tvisteloven § 13 – 2 (2). Dette er OK og gir retten større fleksibilitet. Ellers er det til forskjell fra tvisteloven bestemmelse om at parten skal ha innkalling selv om han har prosessfullmektig. Vi mener det kan reises spørsmål ved nødvendigheten av det. Til § 6-14. Det er ikke noen endringer her i forhold til nåværende lov. Er det nødvendig å vise til kap. I tvisteloven når kapitlene likevel generelt er gjort gjeldende. Formuleringen i nåværende lov er kortere og bedre.»

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme uttaler:

«§ 6-14. Denne bør kunne kortast ned. I store mangearta saker kan det ikkje vera noko krav at alle partar skal ha informasjon om rettsmøte som ikkje vedkjem dei, 2. setning i 1. ledd bør takast ut. Det må vera nok med ein kort visning til tvistelova sine reglar, desse er og gjort gjeldande i § 6-1.»

12.3.2.1.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår reglar i den nye jordskiftelova om innkalling til rettsmøte og plikt til å møte og forklare seg. Departementets forslag skil seg frå gjeldande jordskiftelov og høyringsforslaget på nokre punkt. Dette har mellom anna samanheng med høyringsuttalar om detaljutforminga av reglane. I kapitlet her vil departementet sjå på dei meir generelle spørsmåla i samband med innkalling og møteplikt for retten.

Det første spørsmålet, er korleis tilhøvet til tvistelova kapittel 13 I Rettsmøter bør ordnast. Gjeldande jordskiftelov har eigne reglar om innkalling av partar og vitne i § 13, og i tillegg er tvistelova § 13-3 gjort gjeldande gjennom tilvisinga i gjeldande jordskiftelov § 97 første ledd bokstav a. Arbeidsgruppa meiner den nye lova kan vise til heile kapittel 13 I, men departementet meiner dette er unødvendig. I alle fall treng ein ikkje vise til tvistelova § 13-2 som dekkjer om lag det same som lovforslaget § 6-10. Slik forslaget til § 6-10 er utforma dekkjer føresegna behovet når det gjeld reglar om innkalling til rettsmøte for jordskifterettane, med dei særlege tilpassingane som må gjerast. Med den lovteknikken som er vald i § 6-1, skulle det ikkje oppstå spørsmål om tvistelova § 13-2 gjeld saman med reglane i jordskiftelova, i og med at det ikkje er vist til § 13-2.

På den andre sida bør tvistelova § 13-1 Rettsmøter og fjernmøter, § 13-3 Innkalling av vitner og sakkyndige til rettsmøte og § 13-4 Gyldig fravær kunne gjelde, sjå lovforslaget § 6-1 andre ledd bokstav h. Desse reglane vil dermed supplere jordskiftelova. Når det gjeld tvistelova § 13-1 foreslår departementet unntak frå første ledd i paragrafen, som seier at innlegga frå partane og kommunikasjon med retten skal skje i rettsmøte, når det ikkje skjer i prosesskriv. Departementet meiner denne regelen blir for rigid i høve til at det er svært mange sjølvprosederande partar for jordskifterettane. Ein bør da ikkje ha så firkanta krav til korleis kommunikasjonen mellom retten og partane skal vere. Kjem det inn eit vanleg brev til retten, meiner departementet dette må gjelde som eit prosesskriv, sjølv om ikkje formkrava til prosesskriv er følgde. Denne løysinga er i tråd med høyringsuttalane.

Departementet foreslår å lovfeste ei endring i fristen for innkalling, slik arbeidsgruppa foreslår. Fristen blir endra frå tre til to veker. Dette er den same fristen som i tvistelova § 13-2 andre ledd. Det kom ikkje særlege innvendingar mot dette i høyringa. Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme meiner endringa vil gi retten større fleksibilitet i saksbehandlinga.

Departementet har òg vald å utforme reglane slik at retten skal forkynne innkalling til det første ordinære rettsmøtet til alle saka vedkjem. Med «alle saka vedkjem» er meint alle eigarar, alle dei som har rettar over fast eigedom, dei som er grannar, og andre som saka vedkjem. Namnet til medlemmene i retten skal stå i innkallinga, sjå § 6-10 første ledd. Dette er omlag dei same formuleringane som i gjeldande jordskiftelov § 13.

Forkynning skal etter lovforslaget òg brukast ved innkalling av partar som er pålagde å møte personleg, og når det skal reknast som fråvær i saka om parten ikkje møter. Fråvær i saka kan innebere at det aktuelle kravet kan avgjerast ved fråværsdom, sjå tvistelova § 16-10 (som òg gjeld for behandlinga i jordskifteretten, så langt den høver (det vil seie når det er tvist), jf. lovforslaget § 6-1 andre ledd bokstav k og § 6-11 andre ledd). Elles skal partane få slikt varsel som retten finn høveleg, for eksempel ved brev eller e-post, sjå § 6-10 andre ledd.

Partar med advokat som prosessfullmektig, skal etter lovforslaget kallast inn ved advokaten, sjå lovforslaget § 6-10 tredje ledd. Departementet vel her same løysinga som i tvistelova § 13-2 andre ledd. Det blir da ei litt anna løysing enn i gjeldande jordskiftelov § 13 andre ledd. Til skilnad frå tvistelova, skal partar med advokat varslast ved å få kopi av innkallinga. Dette gjer at alle partar blir orientert om innkallinga til rettsmøte samstundes, både dei som har advokat og dei som ikkje har. Departementet meiner dette kan vere ein fordel, i og med at partane gjerne òg er naboar.

Ein part som retten har pålagd å møte personleg, skal få innkallinga forkynt sjølv om han har advokat. Denne regelen tilsvarar tvistelova § 13-2 tredje ledd første punktum. Partar utan advokat, eller med annan prosessfullmektig enn advokat, skal kallast inn direkte.

I høyringsforslaget foreslår arbeidsgruppa å føre vidare regelen om såkalla summarisk kunngjering, sjå gjeldande jordskiftelov § 13 tredje ledd og høyringsforslaget § 6-13 fjerde ledd. Etter gjeldande jordskiftelov kan summarisk innkalling brukast når skiftefeltet er stort eller brukstilhøva ugreie (under dette at partstilhøvet verkar uklart). Summarisk innkalling skjer ved lysing i Norsk Lysingsblad, og i eitt eller fleire lokalblad og med oppslag. Løyve til summarisk innkalling blir gitt av departementet (Landbruks- og matdepartementet). Lova nemner ikkje kva for rettsverknad ei summarisk innkalling har i høve til interesserte som ikkje møter opp, anten fordi dei ikkje har sett varselet eller dei ikkje finn grunn til å møte opp. Innkallinga har likevel den verknaden at avgjerdene retten tek, er gyldige og bindande for alle dei som innkallinga er retta mot. Departementet har gitt nærare reglar om summarisk innkalling i Rettleiing for føring av jordskiftesaker, frå 1991. I rettleiinga er det mellom anna lagt til grunn at dei partane ein kjenner, skal få direkte varsel sjølv om ein brukar summarisk innkalling.

Etter høyringsforslaget skal det ikkje vere nødvendig med løyve frå departementet for å kunne gjere bruk av slik innkalling. Jordskifterettane skal sjølve avgjere om innkallinga bør skje på denne måten. Departementet støttar forslaget om framleis å ha reglar om summarisk innkalling, og at retten skal kunne ta avgjerd om summarisk innkalling sjølv. Slik det har utvikla seg, har løyveordninga fått ein viss karakter av «sandpåstrøing» på dei søknadene om løyve som jordskifterettane kjem med. Om summarisk innkalling er nødvendig, er det domstolane som står nærast til å vurdere. Det ein kan vurdere å lovfeste, er kravet i rettleiinga om at partar ein kjenner til alltid skal varslast direkte. Departementet er blitt ståande ved at dette ville bli ein overflødig regel. Departementet viser til regelen i lovforslaget § 6-10 første ledd, om innkalling av alle saka vedkjem. Departementet viser òg til formuleringa i fjerde ledd som seier » Er det uklart kven som er eigar eller som har ein rett, eller meiner jordskifteretten det trengst av andre grunnar, kan det kallast inn…». I dette ligg òg at alle ein kjenner til skal varslast sjølv om ein nyttar summarisk innkalling. Ordlyden er litt endra i høve til høyringsforslaget, mellom anna etter innspel frå Sør-Trøndelag jordskifterett.

I høyringsforslaget § 6-14 første punktum, foreslår arbeidsgruppa at partar og vitne skal ha plikt til å møte og til å forklare seg når dei er særskilt innkalla. Departementet meiner det rette må vere å knytte plikta til å møte og til å forklare seg, til reglane om innkalling i lovforslaget § 6-10, og reglane om innhaldet i bevisplikta (mellom anna om plikta partane har til å sørgje for opplysning av saka, til å gi forklaring og bevistilgang med meir) i § 6-15, sjå lovforslaget § 6-11 første ledd. Reglane i tvistelova Femte del – Bevis blir òg gjort gjeldande så langt dei høver, under dette kapittel 23 om partane si møte- og forklaringsplikt, sjå lovforslaget § 6-15 sjette ledd.

Når det gjeld spørsmålet om gyldig fråvær frå rettsmøte, foreslår departementet å gi tvistelova § 13-4 verknad, sjå lovforslaget § 6-11 andre ledd. Etter tvistelova § 13-4 første ledd er det gyldig fråvær når «sykdom eller andre hindringer utenfor vedkommendes kontroll gjør det umulig eller uforholdsmessig byrdefullt å møte». Tvistelova 13-4 tredje ledd regulerer spørsmålet om gyldig fråvær når parten har prosessfullmektig. Etter § 13-4 fjerde ledd skal den som har gyldig fråvær straks gi retten melding om dette. Dette skal òg gjelde i høve til saker for jordskifteretten.

Høyringsforslaget om at alle partar skal ha informasjon om rettsmøte dei ikkje blir innkalla til, fekk ein del negative reaksjonar. Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme viser til at eit rettsmøte som gjeld behandling av ein tvist mellom to partar, berre gjeld desse partane, og ikkje andre partar i saka. Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner forslaget kan føre til ekstraarbeid for retten, og til at partar ikkje møter i retten når dei har behov for det. DA peiker òg på faren for meirarbeid. Ein slik regel er difor ikkje tatt med i lovforslaget.

Departementet foreslår at regelen i gjeldande jordskiftelov § 18 andre punktum om at bruk av tvangsmiddel eller straff høyrer under dei vanlege domstolane ikkje blir ført vidare i ny jordskiftelov. Departementet meiner at dei vanlege reglane i domstollova kapittel 10 og tvistelova § 24-5 òg kan gjelde for jordskifterettane. Den kompetansen jordskifteretten har vil da følgje av regelen i jordskiftelova § 6-1 bokstav p der det står at kapitla 21 til 28 i tvistelova gjeld. Dette er ei meir praktisk løysing enn den som gjeld i dag der jordskifteretten må overlate avgjerda til tingretten.

12.3.2.2 Reglar for saksbehandlinga i rettsmøte

12.3.2.2.1 Høyringsforslaget

Høyringsforslaget § 6-15 Andre reglar om saksbehandlinga inneheld generelle reglar om saksbehandlinga i rettsmøta. Første ledd gir uttrykk for det same prinsippet som tvistelova § 9-13 andre ledd, om plikta retten har til å sørgje for at saksavviklinga skal skje konsentrert og forsvarleg. Forslaget gir òg uttrykk for det «bevisumiddelbarhetsprinsippet» som følgjer av tvistelova § 9-14 første ledd. Der blir det mellom anna sagt at «Hovedforhandlingen er muntlig og bevisføringen umiddelbar…». Dette inneber at bevisa førast direkte for den dømmande retten – sjå òg tvistelova § 21-9 om bevisføringa når saka skal behandlast munnleg. Arbeidsgruppa meiner òg at reglane i tvistelova §§ 9-13 til 9-17 som gjeld hovudforhandlinga, kan gjelde ved sak for jordskifteretten så langt dei høver utan reservasjon for enkelte sakstypar.

12.3.2.2.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet uttaler:

«Vi forstår det slik at bestemmelsen er ment å regulere saksbehandlingen i rettsmøte. Overskriften foreslås derfor endret til «Reglar for behandlinga av saka i rettsmøte». Første ledd er en sammenfatning av bestemmelsene i tvisteloven § 9-13 første ledd og annet ledd første punktum som gjelder styringen av hovedforhandlingen. Vi foreslår at bestemmelsen knyttes direkte opp mot behandlingen i rettsmøte: «Retten skal sørgje for at saksavviklinga i rettsmøte går føre seg på hensiktsmessig måte, og skjer konsentrert og forsvarleg utan unødig tidsspille for retten, partane, vitne og sakkunnige.» Annet ledd gjelder saksforberedelsen og bør etter vår vurdering heller innarbeides i § 6-11. Dersom en også ønsker en særlig regulering av fremgangsmåten i rettsmøte, bør en heller søke å utforme en generell norm som kan ta utgangspunkt i tvi. § 9-15 og tilpasses karakteren til rettsmøtene i jordskiftesaker.»

Domstoladministrasjonen (DA) uttaler:

«Første ledd (i høyringsforslaget § 6-15) svarer til deler av tvisteloven § 9-13, men gjelder saksavviklingen generelt og ikke kun hovedforhandling. Dette er begrunnet med at prosessen ved behandlingen av de rettsendrende sakene skiller seg fra prosessen i rettsfastsettende saker. Bestemmelsen burde kunne forstås som en spesialregel som setter tvisteloven § 9-13 til side. Tredje ledd er etter sitt innhold sammenfallende med tvisteloven § 9-14 første ledd, med unntak av at denne ikke er begrenset til å gjelde hovedforhandling. Dette oppfattes som et supplement til tvisteloven § 9-14 første ledd, og det er da naturlig å foreta en henvisning til denne. Fjerde ledd er overflødig, og bør gå ut. Som ovenfor nevnt mener vi at tvisteloven § 9-13 bør kunne anses som positivt unntatt i kraft av spesialregelen i utkastet § 6-15 første ledd. Ellers vil det følge av utkastet § 6-1 andre ledd at tvisteloven §§ 9-14 til 9-17 gjelder så langt de passer. Det kan imidlertid reises spørsmål ved hvor godt disse bestemmelsene passer for de rettsendrende sakene. Vi savner en gjennomgang av hvordan det vil slå ut i praksis at disse bestemmelsene i tvisteloven er gjort gjeldende (så langt de passer) også for de rettsendrende sakene.»

Jordskifteoverrettane meiner siste leddet i høyringsforslaget § 6-15 bør gå ut, og uttaler vidare:

«Det bør vere tilstrekkelig med ein generell tilvising slik det gjerast i § 6-1. Hovudforhandling er eit lite fleksibelt verktøy for jordskiftesaker med mange partar og vi stiller spørsmål ved om desse reglane berre skal gjerast gjeldande ved handsaming av tvistar i jordskifteretten.»

Jordskifterettane Agder jordskiftedømme meiner òg at paragrafen kan kortast ned. Det er nok med den generelle tilvisinga i § 6-1 i forslaget.

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme har innspel til rekkefølgja på dei paragrafane som gjeld for saksavviklinga.

Sør-Trøndelag jordskifterett uttaler:

«Hovedforhandling kom inn i jordskifte i 1998. Gikk ut igjen 1.1.2008 med ny tvistelov da henvisninga fra jordskifteloven § 97 mangla. Kommer nå inn igjen med § 6-15. OK. Siste ledd må presiseres slik at det framgår at bestemmelsene om hovedforhandlinger kun gjelder tvistebehandling. I forslaget synes det som om det gjelder alle sakstyper.»

Jordskifterettslederne og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme uttaler:

«Uttrykket «så snart retten gir partene høve til det skal dei sette fram og grunngi krava sine». Dette er noe partene blir mer forpliktet til allerede når de krever sak etter det nye lovforslaget. Det er ikke slik at retten skal gi et signal om at nå må partene sette seg i sving. Det som er viktig er at retten kan sette frister for endelige krav m.v. Første setning i andre ledd kan derfor tas ut. Vi er i mot at bestemmelsene om hovedforhandling skal gjøres gjeldende i jordskifteprosessen ved behandling av kap. 3 saker. Viktige stikkord ved en hovedforhandling er påstander, påstandsgrunnlag, bevisføring, og å ta saken opp til doms. Dette passer dårlig særlig i de rettsendrende sakene, men også i rettsfastsettende saker uten tvist. Ved behandlingen av tvister er det naturlig at bestemmelsene gjelder. I siste ledd må det derfor presiseres at det er ved behandling av saker etter kap. 4 i jordskifteloven at § 9-13 – § 9-17 i tvisteloven skal gjelde.»

Jordskiftedommarane i Gulating uttaler (i merknadane til høyringsforslaget § 6-1):

«Me er usikre på om reglane i tvistelova §§ 9-13 til 9-17 bør gjerast gjeldande for jordskiftesaker. Reglane høver sjølvsagt for forhandlingane der det skal avseiast dom og ordskurd, men høver mindre godt i jordskiftesaker.»

Jordskifteoverrettane uttaler om § 6-15 i høyringsforslaget:

«Siste ledd bør gå ut. Det bør vere tilstrekkelig med ein generell tilvising slik det gjerast i § 6-1. Hovudforhandling er eit lite fleksibelt verktøy for jordskiftesaker med mange partar og vi stiller spørsmål ved om desse reglane berre skal gjerast gjeldande ved handsaming av tvistar i jordskifteretten.»

12.3.2.2.3 Departementets vurderingar

Regelen i tvistelova § 9-13 andre ledd gir uttrykk for eit svært sentralt prinsipp, nemleg at retten skal syte for at hovudforhandlinga skjer konsentrert og forsvarleg utan unødig tidsspille for retten, partar, vitne og sakkyndige. I Ot.prp. nr. 51 (2004–2005) uttaler Justisdepartementet på side 179:

«Departementet anser en mer aktiv saksstyring som meget viktig av flere grunner. Det vil legge til rette for mer effektiv rettspleie med kortere saksbehandlingstid, og de nye lovreglene vil gi retten langt bedre styringsmekanismer til å nå de mål som vil føre til en rimeligere prosess. Det tenkes her på målet om at saksbehandlingen skal konsentreres om de sentrale tvistetemaene i en sak, og målet om at saksbehandlingens omfang skal tilpasses sakens viktighet.
Aktiv saksstyring er også viktig på andre måter. Når retten helt fra mottak av stevning, og i særlig grad fra tilsvar er innkommet, har sin oppmerksomhet rettet mot styring av saken, vil det også falle mer naturlig for retten at den så tidlig som mulig utfører sin oppgave med å bringe klarhet i partenes påstandsgrunnlag og bevistilbud, jf. 13.5. Det vil redusere risikoen for at påstandsgrunnlag og bevistilbud blir prekludert, og det vil øke sjansen for at retten kan basere sin avgjørelse på flest mulig av de omstendigheter som er relevante, slik at sjansen for en riktig avgjørelse blir størst mulig. En hensiktsmessig utforming av det samlede bevistilbud vil også kunne være avhengig av hvilken måte fagkyndighet blir tilført retten på – ved å legge fram utredninger som er gjort av eller for partene, ved at partene fører sakkyndige vitner, ved at retten oppnevner sakkyndige, eller ved at det oppnevnes fagkyndige meddommere. Det er derfor gunstig å treffe avgjørelse om disse spørsmålene tidligst mulig.
Departementet ser det også som viktig at reglene om rettens saksstyring innebærer at det straks etter tilsvar rutinemessig blir tatt stilling til om det bør mekles mellom partene, gjennom rettsmekling eller mekling i rettsmøte.»

Omsynet til effektiv saksbehandling, konsentrasjon om sentrale tema i ei sak og målet om å tilpasse saksbehandlinga til kor viktig saka er, gjeld òg i høve til saksbehandlinga i jordskifterettane. Prosessen for jordskifterettane samsvarar likevel ikkje fullt ut med prosessen for dei ordinære domstolane, der hovudforhandling eller ei munnleg sluttbehandling normalt er grunnlaget for dei avgjerdene retten tek. Jordskifteprosessen er rett nok basert på munnleg behandling og bevisføring i rettsmøte, men det er meir sjeldan at dette skjer i eit enkelt rettsmøte som det er naturleg å samanlikne med ei hovudforhandling. Her er det likevel ein viss forskjell mellom behandlinga av rettsendrande saker (jordskifte) og rettsfastsetjande saker (grensefastsetjing og rettsutgreiing), der dei sistnemnde i større grad følgjer hovudforhandlingsmodellen.

Under høyringa av lov om endringer i tvistelova (Ot.prp. nr. 74 (2005–2006) uttalte Landbruks- og matdepartementet mellom anna at departementet var samd i at føresegnene i tvistelova om hovudforhandlinga ikkje bør gjelde jordskifteprosessen «bortsett frå når det skjer tvistebehandling som i dag». På side 23 i proposisjonen uttaler Justisdepartementet:

«Når henvisningen til reglene om hovedforhandling sløyfes, blir det enklere å vise til de generelle reglene i tvisteloven kapittel 11, slik at hovedregelen om jordskifterettens avgjørelsesgrunnlag blir den fleksible regelen i § 11-1 annet ledd. Departementet ser ikke betenkeligheter ved at dette også blir situasjonen når jordskifteretten skal avgjøre en tvist ved dom. For øvrig er ikke opphøret av henvisningen til regelen for hovedforhandling til hinder for at jordskifteretten kan fortsette med å la rettsmøtet for den muntlige behandlinga av tvisten og forberedelsene til det rettsmøtet i stor utstrekning skje etter et opplegg som tilsvarer tvistelovens regler.»

Gjeldande jordskiftelov § 97 viser ikkje til føresegnene i tvistelova kapittel 9 III Hovedforhandlingen, ut over ei tilvising til tvistelova § 9-16 om endring i krav, påstand, påstandsgrunnlag og bevis (sjå òg gjeldande jordskiftelov § 15 som viser til same paragrafen i tvistelova).

Departementet meiner at nokre av prinsippa i tvistelova bør skrivast inn i jordskiftelova. Dette gjeld særleg prinsippet i § 9-13 om konsentrert, effektiv og forsvarleg saksbehandling. Forslag til regel går fram av § 6-12 første ledd, der departementet har gjort regelen meir generell ved at det blir vist til behandlinga i rettsmøte, slik det er foreslått av Justisdepartementet, og ikkje til hovudforhandling. Prinsippet om «bevisumiddelbarhet» i tvistelova § 9-14 bør òg takast inn, sjå lovforslaget § 6-12 andre ledd, men slik at uttrykket «umiddelbart» blir endra til «direkte». Endringa blir gjort av språklege grunnar, og inneber ikkje forskjellar i innhaldet.

Ut over dette meiner departementet det ikkje er grunnlag for å gjere reglane i tvistelova §§ 9-13 til 9-17 om hovudforhandlinga gjeldande» så langt dei høver» for alle sakstypar, slik arbeidsgruppa foreslår. Høyringsinstansane, mellom dei DA, jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme og Jordskifterettslederne og jordskifteoverdommeren i Frostating jordskiftedømme,synest å vere nokså samstemmige i at desse paragrafane ikkje passar for behandlinga av dei rettsendrande sakene (jordskifte), men at dei kan passe for behandlinga av tvistar. Departementet har difor utforma § 6-12 tredje ledd slik at reglane om hovudforhandlinga i tvistelova §§ 9-14 til 9-17 gjeld så langt dei høver «ved behandlinga av tvist om grenser, eigedomsrett, rettar og anna». Denne formuleringa korresponderer med formuleringa i lovforslaget § 6-23 om kva avgjerdsform som skal brukast ved tvist i rettsfastsetjande spørsmål (dom). I lovforslaget § 6-14 om grunnlaget for avgjerdene, er det elles tatt inn reglar som tilsvarer tvistelova § 11-1 (men i ei litt omskriven form). I § 6-14 gjerast det klart at behandlinga i rettsmøte går inn i grunnlaget for dei avgjerdene jordskifteretten tek. I tillegg til dette kjem synfaringar (som også er rettsmøte), dokument, uttalar etter lovforslaget §§ 6-21 og 6-22 og så vidare. Om saka er ei tvistesak og ho blir behandla med hovudforhandling, er òg hovudforhandlinga del av grunnlaget for avgjerda.

12.3.2.3 Rettsbøker

12.3.2.3.1 Høyringsforslaget

Gjeldande jordskiftelov § 22 gir tvistelova kapittel 13 II Rettsbøker verknad for føringa til jordskifterettane av rettsbøkene. Arbeidsgruppa foreslår at det same skal gjelde etter den nye jordskiftelova, jf. høyringsforslaget § 6-22, som òg handlar om tinglysing og melding til kommunen etter lov om eigedomsregistrering. Arbeidsgruppa legg til grunn at endringane, i tråd med det som er sagt i Ot.prp. nr. 74 (2005–2006) side 23, ikkje vil hindre jordskifterettane i å halde fram med å ta inn alle rettsavgjerdene i rettsboka.

12.3.2.3.2 Høyringsinstansane

Domstoladministrasjonen (DA) uttaler om høyringsforslaget § 6-22:

«Første ledd er en ren henvisning til tvisteloven kapittel 13 II, som allerede er gjort gjeldende ved den generelle henvisningen i § 6-1 andre ledd. Første ledd er unødvendig, i tillegg til at det bryter med systematikken som naturlig følger av § 6-1. Vi anbefaler derfor at første ledd går ut, og at utkastet § 6-22 kun omhandler tinglysing.»

Jordskiftedommarane i Eidsivating jordskiftedømme meiner òg at høyringsforslaget § 6-22 første ledd om rettsbøker kanskje er unødvendig, i og med at kapittel 13 II i tvistelova òg gjeld for jordskifteretten.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme uttaler i ein felles høyringsuttale at reglane om rettsboka bør stå i ein eigen paragraf, og ikkje bli blanda saman med tinglyst utdrag og melding om avslutta sak. Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme foreslår ein alternativ ordlyd i paragrafen.

12.3.2.3.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner på same måten som arbeidsgruppa, at reglane i tvistelova kap 13 II om rettsbøker kan gjelde tilsvarande i ny jordskiftelov så langt dei høver. Dette er same ordninga som etter gjeldande jordskiftelov § 22 tredje ledd, sjå òg § 97 første ledd bokstav b. Departementet foreslår ein eigen paragraf om føring av rettsbøker, sjå lovforslaget § 6-13. Departementet meiner, i motsetnad til DA og jordskiftedommarane i Eidsivating jordskiftedømme, at regelen ikkje er overflødig.

I jordskiftedomstolane er det tradisjon for eit utvida rettsbokomgrep, samanlikna med dei alminnelege domstolane. Både rettsbøker frå rettsmøte, frå hovudforhandlingar og avgjerder som dom og orskurd blir kalla rettsbok. Dette er naturleg, da det i dei fleste saker for jordskifteretten, og da spesielt i dei rettsendrande, blir halde fleire rettsmøte og det blir teke fleire avgjerder undervegs i saka. Den samla rettsboka har gjennomgåande sidetalsnummerering, noko som gjer det lett å halde orden og ha oversikt over saksgangen. Denne praksisen treng ein ikkje endre som følgje av den nye lova.

Reglar om tinglysing og melding til matrikkelstyresmaktene, er òg gitt i eigne paragrafar. Dette gir meir oversiktlege reglar enn i høyringsforslaget, og det er i samsvar med høyringsuttalen frå jordskifterettane i Agder jordskiftedømme.

I § 6-13 andre ledd er det lagt inn ein regel om at partane skal ha tilgang til rettsboka. Regelen tilsvarar gjeldande jordskiftelov § 22 tredje ledd tredje punktum, men er utforma slik at retten ikkje treng å sende utskrift til partane etter kvart rettsmøte, slik ordninga er etter gjeldande jordskiftelov. Departementet meiner utsending ikkje er nødvendig for å halde partane informerte om framdrifta i sakene i dag. Det må vere nok at retten legg til rette for at partane får tilgang til rettsboka, for eksempel gjennom nettbaserte løysingar, og at retten informerer partane på høveleg måte om kor dei kan finne ho. I tillegg til denne regelen gjeld dessutan tvistelova kapittel 14 om offentlegheit og innsynsrett, tilsvarande for jordskifterettane, sjå § 6-1 bokstav i.

Regelen i gjeldande jordskiftelov § 22 tredje ledd andre punktum, som inneheld ein heimel for departementet til å gi nærare reglar om føring av rettsboka, er ikkje teken med i lovforslaget. Forskriftsheimelen synest å vere unødvendig ved sida av lovforslaget § 6-13 og reglane i tvistelova.

12.3.3 Generelle reglar

12.3.3.1 Grunnlaget for avgjerdene

12.3.3.1.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår ein regel i den nye lova om kva som er grunnlaget for avgjerdene i retten, jf. høyringsforslaget § 6-18. Lova bør òg – slik det er etter gjeldande jordskiftelov – byggje på at det i jordskiftesakene ikkje nødvendigvis skal haldast eit rettsmøte som det er naturleg å kalle hovudforhandling. Utforminga av regelen er difor noko annleis enn den motsvarande regelen i tvistelova § 11-1 Grunnlaget for rettens avgjørelser. Det er mellom anna ikkje nokon referanse til «hovudforhandlinga» i oppramsinga av kva jordskifteretten skal ta sine avgjerder på grunnlag av («behandlinga i rettsmøte, under dette synfaringar, dokumenta i jordskiftesaka, verdsetjing og uttale om forslag til jordskifteløysing»). I høyringsforslaget § 6-18 andre ledd foreslår arbeidsgruppa ein regel som tilsvarer tvistelova § 11-1 tredje ledd, om at retten ikkje kan byggje avgjerdene sine på faktiske tilhøve som partane ikkje har hatt oppmoding til å uttale seg om.

12.3.3.1.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet er samd i at den nye jordskiftelova bør ha ein regel som viser kva som er grunnlaget for avgjerdene i retten:

«Bestemmelsen bør plasseres sammen med de øvrige generelle reglene, for eksempel veiledningsregelen, en generell regel om aktiv saksstyring og en regel om rettens forhold til partenes prosesshandlig ovenfor. Videre er vi enige i at en ikke uten videre kan bygge på det «hovedforhandlingsprinsippet» som fremgår av tvl. § 11-1 første ledd. Men vi spør om det ikke likevel er grunn til en nærmere oppdeling av reguleringen av avgjørelsesgrunnlaget for tilfeller hvor det avsies dom og andre avgjørelser. Vi er også enig i at den generelle regelen om kontradiksjon inntas i annet ledd.»

Miljøverndepartementet uttaler om høyringsforslaget § 6-18:

«Her bør det klargjøres at jordskifteretten skal bygge sine avgjørelser på foreliggende rettsregler og forvaltningsvedtak.»

Domstoladministrasjonen (DA) uttaler:

«Første ledd oppfattes som en spesialregel som setter tvisteloven § 11-1 første og andre ledd til side. DA er enig i at det her er behov for en spesialregel. Andre ledd svarer til tvisteloven § 11-1 tredje ledd, og er slik vi oppfatter det ment å være i samsvar med denne. Vi anbefaler derfor at det gjøres en henvisning til tvisteloven § 11-1 tredje ledd for å unngå tolkningstvil. En henvisning er dessuten med på å understreke at formuleringen «ikkje har hatt grunn til» er ment å være dekkende for tvistelovens «ikke har hatt foranledning til».

Jordskifteoverrettane uttaler:

«Første ledd bør i oppramsinga (i høyringsforslaget § 6-18) supplerast med «og andre bevis» som også vil dekke vitne- og sakkyndige sine forklaringar. Partane sine forklaringar om verdsetjing bør også telje med, ikkje berre forklaringa til løysinga. Andre ledd er henta frå tvl. § 11-1 (3). Ved oversetning til nynorsk har innhaldet blitt eit anna når «foranledning» er blitt oversatt med «grunn». Her bør ein velje eit meir passande uttrykk som nettopp fangar opp at partane er gitt anledning til å uttale seg om det faktiske grunnlaget.»

Jordskifterettene i Agder jordskiftedømme samde i utsegna når det gjeld første ledd, men meiner at andre ledd kan strykast.

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler til høyringsforslaget § 6-18, med støtte frå Jordskifteretten i Sør-Trøndelag og jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme,:

«I første ledd bør det stå bare «saka» i stedet for «jordskiftesaka». Disse reglene skal jo gjelde også for grense- og rettsutgreiingssaker, jf. § 6-1. »...verdsetting og uttale om forslag til jordskifteløysing» burde være unødvendig. Både verdsettinga og utkast til jordskifteløysing og skriftlige merknader til denne, vil være dokument i saka. Muntlige merknader er dekka av behandlinga i rettsmøte. Annet ledd inneholder det samme som § 11-1 tredje ledd i tvisteloven, men med en litt annen ordlyd. Dette bidrar til å skape unødvendig forvirring. § 11-1 er jo av de bestemmelser som er gjort gjeldende for jordskifteretten «så langt dei høver» etter § 6-1. Det bør være uproblematisk å forholde seg til dette, og det mest riktige er at hele leddet strykes. Dersom leddet beholdes, må «grunn til» erstattes med «høve til». Det er høvet/muligheten til å uttale seg som skal sikres. «Grunn til» sikter til en mer subjektiv vurdering fra partens ståsted. Regelen er fulgt dersom jordskifteretten har gitt parten høve til å uttale seg, selv om parten har hatt grunn til å avstå frå uttale. Det bør vurderes om paragrafen er nødvendig. Kap. 11 i tvisteloven skal også gjelde for jordskifteretten»

Jordskiftedommarane i Gulating meiner òg andre ledd kan strykast, eventuelt omformulerast, slik jordskiftedommarane i Eidsivating jordskiftedømme går inn for.

12.3.3.1.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner at den nye lova bør ha ein regel om kva som er grunnlaget for dei avgjerdene retten tek, sjå lovforslaget § 6-14. Dette foreslår arbeidsgruppa og det får støtte frå høyringsinstansane, i alle fall så langt det gjeld første ledd i høyringsforslaget, der det er ein regel om grunnlaget for avgjerda som er tilpassa behandlinga i jordskifteretten. I lovforslaget er det lagt inn ein tilsvarande, litt omformulert regel. Regelen er plassert i kapittel 6 IV Generelle reglar, saman med mellom anna § 6-16 om rettleiing, slik Justisdepartementet foreslår i høyringa.

Lovforslaget byggjer på at det i jordskiftesakene ikkje nødvendigvis skal haldast eit rettsmøte som det er naturleg å kalle for hovudforhandling. Arbeidsgruppa uttaler på side 192 mellom anna følgjande om forskjellane mellom jordskifteprosessen og prosessen for dei ordinære domstolane:

«Jordskifteprosessen samsvarar ikkje fullt ut med prosessen for dei ordinære domstolane, der hovudforhandling eller ei munnleg sluttbehandling normalt utgjer grunnlaget for retten si avgjerd. Jordskifteprosessen er også basert på munnleg behandling og bevisføring i rettsmøte, men det er meir sjeldan at dette skjer i eit enkelt rettsmøte som det er naturleg å samanlikne med ei hovudforhandling. Her er det likevel ein viss forskjell mellom behandlinga av rettsendrande og rettsfastsetjande saker, der dei sistnemnde i større grad følgjer hovudforhandlingsmodellen. Under høyringa av lov om endringar i tvisteloven (Ot.prp. nr. 74 (2005–2006)) uttalte Landbruks- og matdepartementet mellom anna at departementet var einig i at tvisteloven sine føresegner for hovudforhandling ikkje bør gjelde jordskifteprosessen «bortsett frå når det skjer tvistebehandling som i dag». På side 23 i proposisjonen uttaler Justisdepartementet: «Når henvisningen til reglene om hovedforhandling sløyfes, blir det enklere å vise til de generelle reglene i tvisteloven kapittel 11, slik at hovedregelen om jordskifterettens avgjørelsesgrunnlag blir den fleksible regelen i § 11-1 annet ledd. Departementet ser ikke betenkeligheter ved at dette også blir situasjonen når jordskifteretten skal avgjøre en tvist ved dom. For øvrig er ikke opphøret av henvisningen til regelen for hovedforhandling til hinder for at jordskifteretten kan fortsette med å la rettsmøtet for den muntlige behandlinga av tvisten og forberedelsene til det rettsmøtet i stor utstrekning skje etter et opplegg som tilsvarer tvistelovens regler.»

Regelen om grunnlaget for avgjerda må difor bli ein annan enn i tvistelova § 11-1. Det er ikkje nokon referanse til «hovudforhandlinga» i oppramsinga av kva jordskifteretten skal ta sine avgjerder på grunnlag av. Jordskifteretten skal som før byggje avgjerdene sine på det som kjem fram i rettsmøte (under dette synfaringar som òg er rettsmøte), dokumenta i saka og andre bevis, sjå uttalen frå jordskifteoverrettane. I jordskiftesakene skal den endelege jordskifteløysinga òg byggje på dei uttalane som blir henta inn om forslaga til jordskifteløysing eller om fastsetjing av grenser og rettar, sjå lovforslaget §§ 6-21 og 6-22. Verdsetjing av det som skal gå i byte etter § 3-14 vil òg inngå i grunnlaget for avgjerda for den endelege jordskifteløysinga. Regelen fangar opp den moglegheita retten har til å ta avgjerder etter forhandlingar i rettsmøte under saksførebuinga, sjå tvistelova § 9-5 (4).

I høyringsforslaget § 6-18 andre ledd har arbeidsgruppa skrive inn kontradiksjonsprinsippet omtrent slik det står i tvistelova § 11-1 tredje ledd. Justisdepartementet meiner dette prinsippet bør gå fram av den nye jordskiftelova, medan andre høyringsinstansar, som jordskiftedommarane i Eidsivating jordskiftedømme og jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme, meiner dette er unødvendig. Departementet er samd med Justisdepartementet i at regelen bør takast inn, sjå lovforslaget § 6-14 andre ledd. Regelen gir uttrykk for eitt av dei heilt sentrale prinsippa i sivilprosessen, og det bør difor kome til uttrykk direkte, ikkje berre gjennom ei tilvising til tvistelova § 11-1 tredje ledd.

Skilnadene mellom tvistelova og jordskifteprosessen gjer òg at ei direkte tilvising til tvistelova § 11-1 kan skape noko tvil om kva for regel som gjeld. Reglane i lovforslaget § 6-14 er difor laga slik at dei skal kunne dekkje behovet for reglar for jordskifteretten. I den grad det er behov for utfyllande reglar, vil tvistelova § 11-1 likevel gjelde tilsvarande så langt den høver, sjå § 6-1 andre ledd bokstav f.

Etter forslag frå jordskifteoverrettane er «andre bevis» teke med i opprekninga i første ledd første punktum, over kva retten skal ta avgjerd på grunnlag av. Formuleringa «dokumenta i saka» er teken inn etter forslag frå jordskiftedommarane i Eidsivating jordskiftedømme, jordskifteretten i Sør-Trøndelag og jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme. Formuleringa «ikkje har hatt oppmoding til å gi merknader om» i andre ledd, er meint å dekkje formuleringa i tvistelova som seier «ikke har hatt foranledning til å uttale seg om», sjå tvistelova § 11-1 (3). Formuleringa er vald av språklege grunnar og er ikkje meint å ha eit anna meiningsinnhald enn formuleringa i tvistelova, slik enkelte av høyringsinstansane reiser spørsmål om.

Når det gjeld forvaltingsvedtak, for eksempel reguleringsplanar, går det fram av lovforslaget § 3-17 at jordskifteløysingar ikkje må vere i strid med bindande offentlege føresegner om arealbruk, og at nødvendige løyve må liggje føre. Dette er vel ein nokså sjølvsagt regel i dag, men han er teken med for å unngå mogleg tvil på dette punktet. Den klargjeringa Miljøverndepartementet foreslår er dermed innarbeidd.

12.3.3.2 Bevis

12.3.3.2.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 6-16 reglar om plikta partane har til å opplyse saka og tilby dei bevis dei har. Første ledd i paragrafen er bygd på tvistelova § 21-4 Partenes sannhets- og opplysningplikt. I andre ledd blir reglane i tvistelova femte del om bevis gjort gjeldande på tilsvarande måte for saker for jordskifteretten. Arbeidsgruppa meiner det ikkje er grunn til å gjere spesielle unntak her. I høyringsforslaget § 6-27 foreslår arbeidsgruppa ein regel om at retten kan nytte sakkunnig hjelp i særskilte spørsmål, når han finn det nødvendig. Regelen fører vidare gjeldande jordskiftelov § 94.

12.3.3.2.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet uttaler til høyringsforslaget § 6-16:

«Fjerde ledd overlapper til en viss grad den særlige henvisningsregelen i lovutkastet § 6-14 annet ledd. Bestemmelsene bør etter vår vurdering samordnes bedre, fortrinnsvis ved en henvisning til tvistelovens bevisregler. Bestemmelsen bør plasseres sammen med de øvrige bevisreglene i lovutkastet kapittel 6, jf ovenfor om oppbygning i underkapitler.»

Og til høyringsforslaget § 6-27:

«Bestemmelsen bør plasseres i tilknytning til de øvrige bevisreglene i lovutkastet kapittel 6, og inntas i et eget underkapittel om bevis, jf ovenfor om oppbygningen av kapittel 6.»

Domstoladministrasjonen (DA)uttaler:

«Første til tredje ledd (i § 6-16) svarer til tvisteloven § 21-4, og framstår som en ren gjengivelse av denne. I fjerde ledd foretas en henvisning til tvisteloven femte del. Det følger av den generelle henvisningen i § 6-1 andre ledd at denne delen av tvisteloven er gjort gjeldende. Bestemmelsen er i sin helhet overflødig. DA mener som nevnt at det er uheldig å bryte med systematikken som følger av § 6-1, og at bestemmelsen av den grunn bør gå ut. Dersom bestemmelsen blir stående bør den i så fall forenkles. Vi foreslår at den for eksempel kan gis slik ordlyd: «Partane skal sørgje for at saka blir riktig og fullstendig opplyst, jf. tvisteloven § 21-4.»

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme uttaler:

«Denne paragrafen kunne kanskje vore korta ned, reglane her følgjer av dei deler av tvistelova som er gjort gjeldande for jordskifteretten. Eksempel på nedkorting utan endring i innhald: i 1. ledd 2. setning kan det «stå tilby bevis» i staden for «tilby dei bevis dei har «. Det hender sjølvprosederande parter får tak i jordskiftelova, for desse gjev reglane her nyttig informasjon, og det skadar ikkje om den blir ståande. Reglane i §6-15, 2. ledd bør inn her.»

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme uttaler:

«Paragrafen kan kortes ned til: «Partane skal sørgje for at saka blir riktig og fullstendig opplyst. Dei skal greie ut om saka og tilby dei bevis dei har, sjå tvisteloven § 21-4.»

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme uttaler:

«Vi er enig i at det blir tatt inn en slik bestemmelse. Henvisingen til beviskapitlene i tvisteloven kan det stilles spørsmål ved nødvendigheten av. Det går fram av § 6-1 at de gjelder.»

12.3.3.2.3 Departementets vurderingar

Dei kapitla i tvistelova som gjeld bevis (femte del – kapitla 21 til 28), er alle gjort gjeldande for behandlinga i jordskifterettane, sjå gjeldande jordskiftelov § 97. Gjeldande jordskiftelov § 15 seier dessutan: «Så snart retten gir partane høve til det, skal dei sette fram og grunngi krava sine, føre prov og gi dei opplysningane som blir kravde».

Reglane om bevis gjeld det faktiske grunnlaget for avgjerda i sakene. I tvistelova kapittel 21 finn ein mange av dei sentrale prinsippa for bevisføring. Det er mellom anna prinsippet om den frie bevisvurderinga domstolane gjer, den retten partane har til å føre bevis, plikta domstolane har til i visse høve å sørgje for bevisføring, plikta partane har til å sørgje for at saka blir opplyst rett og fullstendig, allmenne avgrensingar i retten til å føre bevis, bevisopptak og så vidare. Kapittel 22 inneheld reglar om bevisforbod og bevisfritak. Kapittel 23 har reglar om møte- og forklaringsplikta til partane. Kapittel 24 har reglar om vitnebevis (mellom anna om vitneplikt og møteplikt), kapittel 25 har reglar om sakkunnigbevis (fagkunnige vurderingar av faktiske tilhøve i saka) og 26 om realbevis, det vil seie «personer» eller «gjenstander» (som for eksempel kan vere fast eigedom eller dokument) som kan bidra til å opplyse det faktiske grunnlaget for avgjerda i saka. Kapittel 27 gjeld bevisopptak og kapittel 28 bevissikring utanfor rettssak.

Ein sentral regel om bevisføring er òg gitt i tvistelova § 11-2 andre ledd. Der står det at partane har hovudansvaret for å sørgje for bevisføring. Retten kan likevel sørgje for bevisføring dersom ikkje partane set seg i mot det. Retten er heller ikkje bunden av argumentasjonen til partane om bevisspørsmål, det vil seie kva som må reknast som bevist, og kva for vekt eit bevis skal ha. Etter tvistelova § 11-5 kan retten oppfordre ein part til å tilby bevis, noko som kan vere aktuelt der partane er sjølvprosederande og bevis av stor betyding ikkje vil kome fram om ikkje retten tek initiativ. Retten må likevel, her som elles, gå fram slik at han ikkje blir oppfatta som partisk.

Når det gjeld bevisreglane er det òg eit spørsmål kva ein skal ta med av reglar i jordskiftelova, og kva ein kan nøye seg med å vise til, eller la gjelde gjennom den generelle regelen i lovforslaget § 6-1. Meiningane om dette er litt ulike i høyringa. Fleire av instansane, som jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme og jordskifterettane i Agder jordskiftedømme, meiner ein kan klare seg med nokså kortfatta tilvisingsreglar. Domstoladministrasjonen meiner ein ikkje treng tilvising ut over høyringsforslaget § 6-1. Departementet har kome til at eit minimum av reglar om bevisføringa bør stå uttrykkeleg i den nye jordskiftelova, sjå lovforslaget § 6-15. Paragrafen framhevar mellom anna kva for plikter partanehar til å sørgje for at saka blir opplyst riktig og fullstendig, og til å leggje fram bevis. I tillegg visast det til at reglane i tvistelova kapittel 21 til 28 skal gjelde tilsvarande så langt dei høver. Dette inneber ei «dobbelttilvising» saman med lovforslaget § 6-1, men dette er gjort av informasjonsomsyn. Så langt råd er skal bevisa nemnast i kravet om sak, sjå lovforslaget § 6-2 andre ledd.

Reglane om bevis er ikkje plasserte i eit eige underkapittel slik Justisdepartementet foreslår. Dei er plasserte i underkapittel IV Generelle reglar, mellom anna saman med reglane om grunnlaget for avgjerdene, rettleiing av partane og minneleg løysing av sakene. Dette gir etter departementets oppfatning ei betre redigering av reglane.

Dei bevisa som blir ført for retten, vil i saker for jordskifteretten, som i saker for andre domstolar, vere grunnlaget for avgjerdene i jordskifteretten, sjå lovforslaget § 6-14 første ledd. Jordskifteløysingane, som inneber endringar i eigedoms- og brukstilhøve, vil òg byggje på verdsetjinga av det som skal gå i byte, og på fråsegnene frå partane om utkast til jordskifteløysing.

Retten kan ikkje byggje avgjerdene sine på faktiske grunnlag som partane ikkje har hatt «foranledning til å uttale seg om», sjå tvistelova § 11-1 tredje ledd og lovforslaget § 6-14 andre ledd. Det gjeld eit krav til kontradiksjon omkring dei faktiske tilhøva retten kan leggje til grunn. Dette i motsetnad til rettsbruken. Retten kan byggje på ein annan rettsbruk enn det partane har lagt til grunn, utan at partane må få høve til å uttale seg om spørsmålet.

12.3.3.3 Rettleiing av partane

12.3.3.3.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa meiner at rettleiingsplikta bør vere den same for jordskifterettane som for tingrettane. Gruppa framhevar likevel at jordskifterettane vil ha ei særleg plikt til å informere om det som er spesielt for jordskifterettane. Det er mellom anna kva for eigne verkemiddel jordskifterettane har, dei særlege sakskostnadsreglane som gjeld og så vidare. Gruppa viser til det store innslaget av sjølvprosederande partar i saker for jordskifterettane, og at rettleiingsplikta dermed er særs viktig. Arbeidsgruppa foreslår reglar om rettleiingsplikta i § 6-12. Paragrafen er dels ei avskrift av tvistelova § 11-5 Rettens veiledningsplikt, dels blir det vist til at § 11-5 skal gjelde tilsvarande for rettleiingsplikta til jordskifteretten, så langt regelen høver.

12.3.3.3.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet uttaler om forslaget til reglar om rettleiingsplikta:

«Bestemmelsen bør bygges ut og i større grad innta hele tvl. § 11-5. Av lovutkastet nå fremgår verken vektlegginga av selvprosederende parter – som i enda større grad gjør seg gjeldende i saker etter jordskifteloven – eller den grunnleggende vurderingsterskelen etter tvl. § 11-5 syvende ledd. I tilknytning til dette spør vi om ikke loven bør innta den grunnleggende regelen i tvl § 11-2 om rettens forhold til partenes prosesshandlinger – eventuelt med nødvendige justeringer. Regelen bør i så tilfelle plasseres sammen med de øvrige generelle regler for saksbehandlingen.»

Domstoladministrasjonen(DA) viser til at regelen i høyringsforslaget delvis er eit gjentak av tvistelova § 11-5 og at det elles blir vist til denne paragrafen. DA oppfattar det slik at rettleiingsplikta etter forslaget skal vere den same i jordskifterettane som i dei alminnelege domstolane. DA uttaler òg om høyringsforslaget § 6-12:

«Bestemmelsen framstår som overflødig. Spørsmålet er om det av pedagogiske hensyn bør være en egen bestemmelse om veiledningsplikten i jordskifteloven. DA mener at hensynet til en god og konsekvent lovsystematikk tilsier at det ikke gis en egen bestemmelse i jordskifteloven med samme innhold som en tilsvarende bestemmelse i tvisteloven. Det vises til våre kommentarer til § 6-1 ovenfor. Vi anbefaler at § 6-12 går ut. Dersom bestemmelsen blir stående bør den etter vår oppfatning krympes. Vi foreslår at den for eksempel kan gis slik ordlyd: Jordskifteretten skal gi partene slik rettleiing om reglar og rutinar for saksbehandlinga og andre formelle forhold som er nødvendig for at dei skal kunne ta vare på sine interessar i saka, jf. tvisteloven § 11-5.»

Sør-Trøndelag jordskifterett meiner òg regelen om rettleiing kan kortast betydeleg ned.

Jordskifterettene i Agder jordskiftedømme meiner paragrafen kan kortast ned. Poenget må vere å gi kortfatta informasjon om rettleiingsplikta.

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme viser til at jordskifterettane òg tidlegare har hatt ei rettleiingsplikt og at reglane i tvistelova er gjort gjeldande i jordskifteprosessen. Ein kan derfor reise spørsmål ved om det er nødvendig å ta inn ein eigen paragraf om dette i jordskiftelova.

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme meiner at siste ledd i høyringsforslaget § 6-12, som viser til tvistelova § 11-5, kan strykast, fordi denne regelen blir dekt opp av høyringsforslaget § 6-1.

12.3.3.3.3 Departementets vurderingar

Rettleiingsplikta er eit sentralt prinsipp i prosesslovgivinga. Departementet meiner difor det bør vere reglar om rettleiingsplikta i den nye jordskiftelova, sjå lovforslaget § 6-16. Gjeldande jordskiftelov seier ikkje noko direkte om rettleiingsplikta, men fordi tvistelova kapittel 11 gjeld for jordskifterettane er plikta likevel fastsett i lova, jf. § 97. Heile kapittel 11 i tvistelova vil gjelde tilsvarande så langt det høver òg etter lovforslaget, sjå § 6-1 andre ledd bokstav f.

Jordskifteretten er ein særdomstol, men innhaldet i rettleiingsplikta bør i utgangspunktet vere det same for jordskifterettane som for dei allminnelege domstolane. Særleg viktig er rettleiinga til dei sjølvprosederande partane. Desse er det fleire av i saker for jordskifterettane enn i saker for tingrettane. Det gir jordskifteretten eit større ansvar for å rettleie. Sjølvprosederande partar vil normalt ha behov for rettleiing om dei fleste sidene ved saksbehandling og prosedyre for retten. I den grad det er nødvendig kan retten òg gi prosessfullmektigar rettleiing. Er retten klar over at det er gjort feil, vil retten ha ansvar for å gjere merksam på feilen, slik at han kan rettast. Departementet meiner liksom Justisdepartementet at den nye lova konkret bør framheve ansvaret retten har for dei sjølvprosederande partane, og det er teke inn eit eige ledd om dette i lovforslaget § 6-16.

I høyringa er det fleire uttalar om den lovtekniske løysinga. Nokre meiner at eigne reglar om rettleiingsplikta ikkje er nødvendige, eller at reglane i alle fall kan vere svært kortfatta. DA, jordskifteretten i Sør-Trøndelag, jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme og jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme, uttaler seg slik. Departementet meiner at den nye jordskiftelova bør ha uttrykkelege reglar om rettleiingsplikt. Reglane bør gi uttrykk for dei mest sentrale prinsippa. Det er plikta til å gi prosessuell og materiell rettleiing, til å ta særleg omsyn til dei sjølvprosederande og at retten må utøve rettleiinga på ein måte som gjer at partane ikkje mister tilliten til at retten opptrer upartisk. Retten kan difor ikkje gi partane råd om kva for standpunkt dei bør ta til tvistespørsmål eller kva for prosesshandlingar dei bør setje i verk. Retten skal ikkje gi partane direkte råd om kva for krav dei bør fremje, kva deira påstandar bør gå ut på, eller kva for påstandsgrunnlag og rettsreglar dei bør gjere gjeldande. På den andre sida vil retten kunne gi rettleiing eller orientering om rettsreglar slik at partane får eit rimeleg godt grunnlag for sjølv å ta stilling til kva for prosesshandlingar dei bør foreta. Dette er særleg aktuelt overfor sjølvprosederande partar.

Ein del av den hjelpa domstolane gir til partane, kan vere å setje opp skriftleg dei munnlege prosesshandlingane som partane gjer, sjå tvistelova § 12-1. Ein dommar som gir slik bistand med eit prosesskriv kan ikkje ta del i den vidare behandlinga av saka, sjå § 12-1 fjerde ledd. Som det går fram av kapittel 12.4.6 foreslår departementet mildare reglar når det gjelder inhabiliseringsverknaden for jordskiftedommarane. Dette har samanheng både med det store innslaget av sjølvprosederande partar, og det at jordskifterettane mange stader er små einingar, med berre ein dommar.

12.3.3.4 Minneleg løysing av saker for jordskifteretten. Mekling

12.3.3.4.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår eit unntak for tvistelova kapittel 6 om forliksrådsbehandling, sjå nærare omtale av dette i kapittel 12.4.4 nedanfor. I høyringsforslaget § 6-11 foreslår arbeidsgruppa å lovfeste at retten skal undersøkje om det er grunnlag for minnelege ordningar. Arbeidsgruppa uttaler at dette er noko retten normalt vil gjere, men at ein slik regel likevel kan takast med. Reglane i tvistelova kapittel 8 Mekling og rettsmekling i de allminnelige domstoler, foreslår arbeidsgruppa ikkje unntak for, jf. høyringsforslaget § 6-1 tredje ledd. Hovudregelen i tvistelova § 8-1, om plikta domstolane har til å vurdere om saka kan få ei minneleg løysing, vil dermed få verknad. Gruppa viser òg til at ein tilsvarande regel om mekling er gitt i tvistelova § 10-2 for småkravsprosessen.

Tvistelova kapittel 8 II om rettsmekling blei det heller ikkje foreslått unntak for. Gruppa foreslår på den andre sida eigne reglar om forskrift om areal- og rettsmekling (høyringsforslaget § 6-24, som i det vesentlege førte vidare gjeldande reglar), utan at tilhøvet mellom dei ulike regelsetta blir drøfta nærare.

Arbeidsgruppa foreslår særskilte reglar om rettsforlik i høyringsforslaget § 6-23. Forslaget byggjer på tvistelova § 19-11.

12.3.3.4.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet sluttar seg til forslaget om at det ikkje skal vere krav om forliksrådsbehandling av sakene, og held i den samanhangen fram dei krava ein må stille til å vurdere minnelege løysingar:

«Videre slutter vi oss til arbeidsgruppens forslag om at det ikke skal være krav om forliksrådsbehandling i de sakene jordskifteretten behandler, samt at tvisteloven kapittel 5 om plikter før sak reises ikke skal gjelde. Justisdepartementet peker imidlertid på at dette reiser særlige krav til dommerens oppmerksomhet knyttet til minnelige løsninger for saker som behandles av jordskifteretten. Især vil dette gjelde for saker hvor det er tvist, men synspunktet er av generell karakter.»

Jordskifterettene i Agder jordskiftedømme uttaler òg i samband med forslaget om ikkje å ha forliksrådsbehandling:

«De fleste grensetvistsaker går i dag til jordskifteretten. Jordskifteretten har tradisjon og lang erfaring med å mekle i denne type saker. Jordskifteretten har høy kompetanse i tingsrett, og jordskifterettens personale har lang erfaring i mekling. I vårt distrikt vil en anta at ca. 50 % av tvistesakene løses gjennom forlik. Behandlingstiden for denne type saker er kort; ca. ½ -1dags varighet. I denne type sak er det nødvendig å få beskrevet, innmålt og tinglyst den aktuelle grensa. Dette har både et privat- og et samfunnsmessig aspekt. Partene ønsker klare grenseforhold, samtidig som det er et samfunnsansvar å bidra til at kartgrunnlaget blir best mulig. Enkle og oversiktlige saker løses i dag av jordskifteretten gjennom en rasjonell behandling og ved bruk av forsvarlige og enkle metoder. Vi vil advare mot at det innføres et ekstra saksbehandlingsledd (forliksråd) i saker forjordskifteretten.»

Jordskifterettane i Agderhar òg forslag til visse endringar i ordlyden i høyringsforslaget § 6-23 om rettsforlik og § 6-24 om forskrifter om mekling.

Domstolsadministrasjonen (DA) uttaler òg til høyringsforslaget § 6-24 Forskrifter om mekling:

«Første ledd andre punktum bygger på at rettsmekling fortsatt skal være en forsøksordning i jordskifterettene. Det følger av den generelle henvisningen til tvisteloven i utkastet § 6-1 andre ledd at tvisteloven kapittel 8 vil gjelde for jordskifterettene. Dette betyr at rettmekling foreslås innført som en fast ordning. Første ledd andre punktum må derfor gå ut. Av samme grunn må ordet «rettsmekling» i andre ledd strykes. Det kan videre reises spørsmål ved om det er hensiktsmessig å ha en egen forskriftshjemmel for arealmekling som forsøksordning. Det framstår som uklart hva som ligger i begrepet arealmekling. Dersom forskriftshjemmelen for arealmekling blir stående, vil vi anbefale en nærmere definisjon av begrepet, enten i § 1-3 eller i forarbeidene til loven.»

Sør-Trøndelag jordskifterett uttaler til høyringsforslaget § 6-23 om rettsforlik:

«Paragrafen bør flyttes slik at den har forbindelse med avgjerdsformene i § 6-19. Det gir meir logisk oppbygning.»

Sør-Trøndelag jordskifteretthar òg forslag til endringar i ordlyden i høyringsforslaget § 6-23 første og andre ledd, og forslag til oppklaring som gjeld fordelinga av sakskostnader etter forslaget fjerde ledd:

«Paragrafen sier noe om fordeling av sakskostnader ved forlik. Begrepet jordskiftekostnader er tatt ut av lovforslaget. Dermed er det uavklart om 4. avsnitt også omfatter gebyrer, meddommere etc. eller er det kun advokatutgifter etc. Bør klargjøre at det gjelder utgifter til sakkyndig hjelp og annet som kan dekkes etter tvistemålslovens bestemmelser. «Jordskiftekostnadene» kan partene også avtale fordeling om, men retten er ikke avhengig av at partene skal kreve at retten skal fordele (slik paragrafen sier).»

Når det gjeld arealmekling uttaler Sør-Trøndelag jordskifterett:

«Hvis arealmekling i det hele tatt vil bli tatt i bruk, bør definisjonen av begrepet tas inn i § 1-3. Rettsmekling antas å bli permanent ordning også i jordskifterettene. Det midlertidige i form av forsøksordning med tilhørende forskrifter bør derfor gå ut.»

Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme meiner elles at det er positivt med ei prøveordning med arealmekling, men at rettsmekling ikkje lenger bør vere ei prøveordning. Rettsmekling bør vere eit permanent verkemiddel i løysinga av saker etter kapittel 4 i lovforslaget (grensesak og rettsutgreiing).

Jordskifteoverrettane uttaler dette om rettsmekling og arealmekling i si fellesfråsegn:

«Sjølv om ordninga med rettsmekling så langt ikkje er mykje brukt så meiner vi at dagens forsøksordning må erstattast av ei permanent ordning slik som i dei alminnelige domstolar. Det som står om forsøksordning med rettsmekling må derfor strykast, og reglane i tvistelova må gjerast gjeldande slik utkastet legg opp til. Blir rettsmiddelordninga endra slik som foreslått vil rettsmekling automatisk også gjelde for jordskifteavgjerd som har blitt anka til lagmannsrett. Konsekvensen av dette må klarleggjast i det vidare lovarbeidet. Vi er i tvil om det er behov for å ha arealmekling i dei rettsendrande sakene. I dei aller fleste tilfella vil sakshandsaminga i samband med å utarbeide planforslag vere på ein slik måte at ein fangar opp dei enkelte partars særlige interesser utan at ein treng å ha særmøte etc. Dersom ein skal behalde arealmekling i lova må dette definerast i § 1-3.»

12.3.3.4.3 Departementets vurderingar

I tvistelova er det lagt stor vekt på mekling og minnelege løysingar av tvistane. Gjennom tvistelova § 8-1 er domstolane på eit kvart trinn i saka gitt eit sjølvstendig ansvar for å vurdere om det er mogleg med ei minneleg løysing, heilt eller delvis. Regelen gjeld òg for jordskifterettane i dag, sjå gjeldande jordskiftelov § 97 første ledd bokstav a, som gjer tvistelova kapittel 8 I Minnelig løsning og mekling gjeldande. Tvistelova kapittel 7 har reglar om utanrettsleg mekling. Det vil seie mekling som skjer utanfor domstolane ved hjelp av ein meklar som partane, eventuelt tingretten, har oppnemnt. Ot.prp. nr. 51 (2004–2005) Om lov om mekling og rettergang i sivile tvister (tvisteloven) inneheld ei omfattande grunngiving av reglane om mekling, sjå særleg kapittel 10. Tvistelova kapittel 6 og 7 er ikkje gjort gjeldande for jordskifterettane i dag, og kapittel 6 vil heller ikkje bli det etter lovforslaget, sjå nærare om dette i kapittel 12.4.4. Kapittel 7 vil gjelde for så vidt som partane kan avtale utanrettsleg mekling etter kapittel 7 òg i dei tvistane som jordskifteretten kan avgjere, for eksempel tvist om eigedomsgrenser. Kapitlet treng ikkje nemnast i jordskiftelova for at det skal bli slik.

I gjeldande jordskiftelov § 17 siste ledd er det fastsett at jordskifteretten først bør prøve å mekle i saka, og at retten kan reise spørsmål om partane vil leggje tvistar under valdgift. I gjeldande jordskiftelov kapittel 11 A Mekling (sjå § 89 b første ledd) er det òg gitt heimel for Kongen til å fastsetje nærare forskrifter om arealmekling og om forsøksordning om utvida mekling i jordskifterettane (rettsmekling). I andre ledd er det gitt føresegner om kva forskrifta kan innehalde. Slik forskrift er gitt av Landbruks- og matdepartementet 22. januar 2007 (FOR 2007-01-22 nr 80). Forskriftsreglane om rettsmekling ligg nær opp til reglane i tvistelova, men slik at dei er lempa til så langt det er nødvendig av omsyn til dei spesielle sakstypane jordskifteretten behandlar. Forskrifta skipar ei prøveordning, som gjeld fram til 1. april 2015.

I gjeldande jordskiftelov er det dessutan eit kapittel med reglar om minneleg jordskifte, sjå kapittel 9. Reglane tek utgangspunkt i at partane er samde om korleis jordskiftet skal gjennomførast før dei går til jordskifteretten, og at dei kan bringe avtalen inn for retten for godkjenning. Retten skal da gå fram på same måte som med krav om offentleg jordskifte, sjå gjeldande jordskiftelov § 82 første og andre ledd. Departementet foreslår å oppheve reglane om minneleg jordskifte, sjå vurderinga av dette i kapittel 8.36.1.

Etter departementets oppfatning bør tvistelova kapittel 8 I, om plikta retten har til å mekle, gjelde for jordskifterettane òg i framtida, sjå lovforslaget § 6-1 andre ledd bokstav c. Det er ein sterk tradisjon og kultur for mekling og vurdering av minnelege løysingar i jordskifterettane, og det er ikkje grunn til å tvile på at dette vil halde fram. Departementet viser mellom anna til uttalen frå jordskifterettene i Agder jordskiftedømme som understrekar dette. Dei reknar med at ca. 50 % av tvistesakane blir løyst gjennom forlik. Behandlingstida for denne type saker er òg kort da dei varer ca. ½ -1dag.

Det kan reisast spørsmål om det i tillegg til dei generelle reglane i tvistelova, er nødvendig med ein eigen regel i den nye lova kapittel 6, der plikta til å mekle og til å vurdere minnelege løysingar blir særskilt framheva. Departementet meiner at den nye jordskiftelova òg bør ha reglar som konkret gjeld plikta til å vurdere minnelege løysingar, på eit kvart trinn i saka. Dette standpunktet har mellom anna samanheng med at det ikkje er noko krav om forliksrådsbehandling i dei sakene jordskifteretten behandlar, og at dette, som Justisdepartementet viser til, reiser særlege krav til at retten er merksam på minnelege løysingar. Synspunktet er særleg aktuelt i saker der det er tvist. Det er difor behov for konkrete reglar om det i jordskiftelova, og ikkje la det gjelde indirekte gjennom ei tilvising, sjå lovforslaget § 6-17 første ledd.

Når det gjeld rettsmekling som nemnt i tvistelova kapittel 8 II, meiner departementet at reglane i tvistelova kan gjelde tilsvarande så langt dei høver, og så langt det er snakk om tvist innanfor kompetanseområdet til jordskifteretten, sjå lovforslaget § 6-18. Dette gjeld tvist i ei rettsfastsetjande sak, eller tvist under avklaring av rettstilhøva i ei jordskiftesak. Det er likevel behov for nokre særlege reglar, mellom anna knytt til det tekniske personalet til jordskifteretten som rettsmeklarar, og plikta retten har til å merkje, koordinatfeste og tinglyse resultatet av ei rettsmekling.

Reglane om rettsmekling blir ikkje gjort gjeldande for dei rettsendrande spørsmåla i ei jordskiftesak. Mekling er ein naturleg del av eit jordskifte, men reglane om rettsmekling høver ikkje. Jordskifteretten lagar forslag, legg dei fram for partane og justerer forslaga. Forslaga til løysing kan innehalde mange element eller enkeltdelar. Partane er kanskje samde i nokre av dei, kan godta andre, men er kanskje usamde i nokre av elementa. Jordskifteavgjerda er gjerne ei «pakkeløysing» som alt i alt gir ei god løysing for eigedommane eller rettane som den gjeld for. Når det ikkje skal vere rettsmekling inneber dette at ein ikkje kan bruke særmøte ved avgjerd etter kapittel 3 i lova. Retten kan ikkje ta i mot opplysningar som ikkje kan gjerast kjend for alle partar. Jordskifteavgjerdene vil heller ikkje kunne bli rettsforlik, noko som vil vere problematisk i høve til at jordskifteavgjerdene skal kunne vurderast på nytt etter 10 år, sjå § 3-37.

Departementet foreslår at forskriftsheimelen om arealmekling i gjeldande jordskiftelov ikkje skal førast vidare. Forskrift om arealmekling er hittil ikkje gitt, og departementet har ikkje registrert nokon etterspurnad etter det heller. I Ot.prp. nr. 78 (2004–2005) Om lov om endringer i jordskifteloven m.v. blir arealmekling forklart slik: «Med arealmekling menes utenrettslig mekling med grunneiere som blant anna vil fremme private planforslag etter plan- og bygningsloven. Aktuelle spørsmål som tas opp til mekling, kan bl.a. være organisering av planarbeidet, f. eks. ved etablering av lag, fordeling av planskapte arealverdier og kostnader ved ulike felles tiltak og avbøting av planskapte ulemper.» Departementet viser òg til uttalen frå jordskifteoverrettane der dei gir uttrykk for tvil om behovet for arealmekling: » Vi er i tvil om det er behov for å ha arealmekling i dei rettsendrande sakene. I dei aller fleste tilfella vil sakshandsaminga i samband med å utarbeide planforslag vere på ein slik måte at ein fangar opp dei enkelte partars særlige interesser utan at ein treng å ha særmøte etc.».

12.3.3.5 Framlegging av forslag til jordskifteavgjerd og fastsetjing av grenser, rettar og anna

12.3.3.5.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa fremjar i høyringsforslaget §§ 3-19 og 4-4 forslag om særskilde reglar om saksbehandling for framlegging av forslag til jordskifteløysing, og forslag til fastsetjing av grenser og rettar. Høyringsforslaga skal avløyse reglane i gjeldande jordskiftelov §§ 17 a og 20.

Føresetnaden for reglar om forslag til fastsetjing av grenser og rettar, er at det ikkje er tvist mellom partane. Den endelege avgjerda om fastsetjing av grenser eller rettar skal jordskifteretten ta i form av «semjedom» når det ikkje er tvist. (Høyringsforslaget om å innføre avgjerdsforma «semjedom» er behandla i proposisjonen kapittel 12.3.4).

I høyringsforslaget § 3-19 tredje ledd foreslår arbeidsgruppa ein regel om at jordskifteløysingane ikkje skal vere i strid med bindande føresegner om arealbruk i jordskifteområdet. Regelen skal i hovudsak føre vidare gjeldande jordskiftelov § 20 a. Dette høyringsforslaget er behandla i proposisjonen kapittel 8.22. I høyringsforslaget § 3-19 siste ledd foreslår arbeidsgruppa ein regel om at jordskifteavgjerder som blir tekne undervegs i saka, kan endrast av jordskifteretten dersom særlege grunnar gjer at dei ikkje kan bli ståande. Ein tilsvarande regel er teken inn i lovforslaget § 6-25 første ledd, og blir omtala i kapittel 12.4.9.

12.3.3.5.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet reiser spørsmål om det er nødvendig med ei særleg regulering av retten partane har til kontradiksjon, og peikar på at ein slik rett òg følgjer av den generelle regelen i høyringsforslaget § 6-18 fjerde ledd (er vel meint andre ledd).

Domstoladministrasjonen (DA) meiner høyringsforlaget § 4-4 inneheld reglar om saksbehandling, og bør stå i kapittel 6, av omsyn til systematikken i lova.

Jordskifteoverrettane meiner forslaget til § 4-4 er ein saksbehandlingsregel, og bør stå i kapittel 6. Reglane må utformast slik at jordskifteretten kan setje fram eit forslag utan at dommar og meddommarar blir inhabile i den vidare behandlinga av ein eventuell tvist. Jordskifteoverrettane har òg merknader til forslaget om avgjerdsforma «semjedom». Desse merknadene er refererte i kapittel 12.3.4.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner det bør gå fram at høyringsforslaget § 3-19 gjeld «forslag til verdsetting, det enkelte trinn (forslag underveis) og forslag til den endelige jordskifteavgjørelsen». Dei meiner òg at høyringsforslaget § 3-19 andre ledd «ikke er hensiktsmessig i forhold til at forslaget til jordskifteløsning kan være av svært forskjellig karakter. Med bakgrunn i praktisk erfaring med ulike jordskifteløsninger mener vi andre ledd bør strykes». Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme har òg merknader til forslaget om avgjerdsforma «semjedom», som er refererte i kapittel 12.3.4.

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme spør om ikkje «forslag til jordskifteløysing» i høyringsforslaget § 3-19 bør endrast til «forslag til jordskifteavgjerd». Dei uttaler:

«Forslaget skal fastsettes i en jordskifteavgjørelse og da blir begrepsbruken logisk. Vi minner om at det vil bli tatt mange jordskifteavgjørelser som ikke avslutter hele saken. Bruken av ordet jordskifteløysing i paragrafen gir et uklart inntrykk. Vi har ikke endret dette i vårt forslag, men anmoder om at dette blir vurdert. I vårt forslag til lovtekst har vi tatt inn flere av elementene i gjeldende § 17a, andre ledd. Disse bestemmelsene har fungert godt i praksis. Det at partene skal få anledning til å uttale seg har vi tatt inn i første ledd, slik at det blir tydeliggjort at de skal få anledning til dette før jordskifteretten utarbeider forslag. Vi mener at det er unødvendig å ta med andre punktum i andre ledd. Å ta med regler om bruk og vedlikehold er selvsagt i de saker der det er nødvendig å ha dem med. Det er uheldig å bare trekke fram noen momenter som et forslag skal inneholde. Vi har ellers endret ordlyden i det gjenstående av andre ledd».

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler til høyringsforslaget § 4-4:

«Det er ingen grunn til å grunngi det som partane er einige om. Dette er ein generell saksbehandlingsregel. Det meste av første ledd står alt i § 6-19, tredje ledd. Paragrafen høyrer kanskje meir heime i kapittel 6 om saksbehandling, enten før eller etter § 6-23 om rettsforlik. Ein bør vurdere å flytte regelen dit.»

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme meiner at gjeldande jordskiftelov § 17 a andre ledd har vist seg som ein nyttig regel:

«Etter vårt syn bør ordlyden i § 17 a andre ledd så langt råd er vidareførast i si noverande form. Det kan godt takast inn eit tillegg som opnar for skriftleg behandling dersom partane er samde om det. Skriftleg behandling er mykje brukt også i dag. Nokre av bestemmelsane i forslaget er openbert unødvendige, for eksempel andre ledd siste punktum (følgjer av forslaget i § 3-14) og fjerde ledd (det kontradiktoriske prinsipp)».

Jordskiftedommarane i Gulating peikar òg på at pålegget til retten om å utarbeide eit forslag til fastsetting av grenser eller rettar

«inneber at partane får ei områdings-/modningstid. Det blir såleis ei meir tidkrevjande handsaming enn ved domsavseiing. Dette er likevel rimeleg, jf. arbeidsgruppa si grunngjeving på side 176. Vi meiner også det er greitt å ha same reglar for sakshandsaminga når avgjerda byggjer på semje mellom partane og når det berre er uvisse. På side 176 i høyringsnotatet står det at utkastet skal forkynnast, men dette går ikkje fram i lovteksten i § 4-4. Sidan § 4-4 er ein sakshandsamingsregel bør det vera ei tilvising til § 4-4 i kap. 6, tilsvarande det som står om skjønn i § 6-2».

Sør-Trøndelag jordskifterett meiner at høyringsforslaget §§ 3-19 og 4-4 er reglar om saksbehandling og bør stå i kapittel 6. Sør-Trøndelag jordskifterett meiner at mange av elementa i gjeldande jordskiftelov § 17 a kan takast inn i den nye jordskiftelova, fordi dette er ei velfungerande føresegn. Sør-Trøndelag jordskifterett uttaler òg til høyringsforslaget § 3-19 at

«det ikke er absolutt naturlig i alle saker at jordskifteretten utarbeider forslag til løsninger. Også partene kan være så kreative at retten kun må ta stilling til framlagte forslag. Setningen bør omskrives til at jordskifteretten kan utarbeide osv.»

Forslaget til § 3-19 andre ledd

«kan oppfattes som om retten skal gi fullstendig begrunnelse for forslaget. En redegjørelse for bakgrunnen for ulike forslag kan være hensiktsmessig i en del tilfeller. Men det kan bli feil hvis jordskifteretten allerede under arbeidet med forslag skal gi en utdypende forklaring. En begrunnelse betyr langt på veg at retten har tatt stilling i saka og videre kontradiksjon kan synes meningsløs. Det strider mot grunnleggende rettsprinsipp. Begrunnelsen hører sammen med det endelige vedtaket. Det er heller ikke absolutt at alle jordskifteløsninger innebærer at det skal være regler om bruk og vedlikehold slik som siste setning angir.»

Ut over dette har Sør-Trøndelag jordskifterett merknader til høyringsforslaget om avgjerdsforma «semjedom», som er refererte i kapittel 12.3.4.

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme uttaler til høyringsforslaget § 4-4:

«Det er bra at saksbehandlingsregelen for slike avgjerder har fått ei meir generell form enn vi i dag har i § 17 a. Men framleis er det rom for ei enklare formulering av paragrafen.»

Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB), Institutt for landskapsplanlegging uttaler:

«Partenes rett til å få uttale seg må presiseres. Overskriften burde være «jordskifteløsning» og i alle fall ikke «forslag til…». For det første bør det presiseres at partene skal ha anledning til å uttale seg før forslag til jordskifteløsning utarbeides, for eksempel ved at «etter at partene har fått anledning til å uttale seg,» føyes til etter «Jordskifteretten skal...» Vi mener uttalelsene fra partene bør brukes i alle fall i tre sammenhenger: 1. For å kunne utforme eiendommen lengre i retning av partens ønsker enn retten ellers kan, jf. nedenfor. 2. Ved vurdering av hvilke subjektive forhold retten skal ta hensyn til (jf. forslagets § 3-26, 1. ledd) 3. Ved vurderingen av tapsfraværsgarantien.»

12.3.3.5.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår nærare reglar om framlegging av forslag til jordskifteavgjerd, og forslag til fastsetjing av grenser eller rettar, i §§ 6-21 og 6-22. Reglane fastset ei plikt for retten til å sørgje for at det blir utarbeidd og lagt fram eit skriftleg forslag til avgjerd, og at partane får ein rimeleg frist til å uttale seg til forslaget. Etter råd frå fleire av høyringsinstansane, er reglane plassert i kapitlet med reglar om saksbehandling og ikkje i kapittel 3 og 4 som inneheld dei materielle reglane om jordskifte, rettsutgreiing og grensefastsetjing. Den lovtekniske løysinga med to paragrafar, har samanheng med at reglane gjeld for ulike sakstypar, og at dei knyt seg til ulike avgjerdsformer.

Lovforslaget §§ 6-21 og 6-22 avløyser gjeldande jordskiftelov § 17 a andre til femte ledd, og § 20. Gjeldande jordskiftelov 17 a andre ledd gjeld retten partane har til uttale seg til vedtak som gjeld verdsetjing eller regulering. Med verdsetjing meinast i § 17 a fastsetjing av verdien på areal, rettar, standskog og liknande som skal gå i byte. Med regulering meinast avgjerder der retten utformar eigedommar og rettar, regulerer grenser, lagar planar (under dette skifteplan), lagar bruksordningar og fastset bruksreglar (med andre ord bruker verkemidla i jordskifte for å betre ein utenleg tilstand for eigedommar og rettar). Etter gjeldande jordskiftelov § 17 a andre ledd skal partane «få høve til å uttale seg om spørsmålet». Retten skal deretter utarbeide eit framlegg som skal leggjast skriftleg fram for partane.

Gjeldande jordskiftelov § 17 a tredje ledd har reglar om saksbehandlinga for rettsfastsetjande vedtak og vedtak om fremjing. Med rettsfastsetjande vedtak er meint vedtak der jordskifteretten fastset kva som er gjeldande rett mellom partane. Vedtaket får same verknad som dom avsagt i tvist etter gjeldande jordskiftelov § 17. Dei partane som vedtaket gjeld for, skal få høve til å uttale seg om spørsmålet, og til dei merknadene som kjem inn. Etter dette skal vedtaket fastsetjast så snart som råd. Tredje ledd gjeld for dei tilfella der det er uvisse om grenser eller rettar, men ikkje tvist. Tredje ledd har ikkje noko krav om at retten skal lage eit utkast eller forslag som partane skal få uttale seg til.

Når vedtaket er rettsfastsetjande og partane er samde, skal retten etter gjeldande jordskiftelov § 17 fjerde ledd forkynne eit utkast til vedtak for partane. Retten skal «gje dei ein frist til å seie frå dersom det inneheld feil eller mistydingar eller det likevel ikkje er semje». Når fristen er ute, skal vedtak fattast så snart som råd. Er partane samde om det, kan rette i særlege høve fatte vedtak etter fjerde ledd straks, sjå gjeldande jordskiftelov § 17 a femte ledd.

Etter gjeldande jordskiftelov § 20 skal retten, når alt førebuande arbeid er gjort, lage utkast til skifteplan, som skal leggjast fram for partane for drøfting i rettsmøte. Etter at § 17 a blei teken inn i lova i 1998, fekk § 20 mindre sjølvstendig betyding.

Gjeldande jordskiftelov §§ 17 a og 20 lovfester det kontradiktoriske prinsipp i saksbehandlinga. Lova har litt ulike reglar for kontradiksjon, alt ettersom det gjeld verdsetjing og regulering (jordskifte), eller rettsfastsetjing i form av rettsutgreiing eller grensegang (grensefastsetjing). Når det gjeld dei rettsfastsetjande vedtaka, har lova ulike reglar avhengig av om det er semje mellom partane, eller om det berre er uvisse.

I Ot.prp. nr. 57 (1997–98) uttaler departementet at det må vere eit krav at forslag til vedtak om verdsetjing eller regulering skal drøftast med partane. Grunnen er at dette i all hovudsak er skjønnsbaserte avgjerder og i liten grad handlar om rettsbruk. Departementet meinte den gongen at det ikkje var like naturleg å ha eit lovbestemt krav om at retten skal høyre og drøfte forslag til rettsfastsetjande vedtak med partane. Departementet meinte at partane må få uttale seg, og leggje fram det dei måtte ha av dokumentasjon, men deretter må retten ta stilling til saka. Regelen skulle på den andre sida ikkje oppfattast som noko forbod mot at retten drøftar ulike løysingar med partane.

Departementet meiner at den samla gjennomgangen som ein no gjer av lova, gir grunnlag for å vurdere alle sider ved saksbehandlinga av rettsendrande og rettsfastsetjande avgjerder, òg kontradiksjon (den retten partane har til å uttale seg) knytt til rettsfastsetjing.

Justisdepartementet reiser spørsmål ved om det er nødvendig å ha ein eigen regel om kontradiksjon i det som var høyringsforslaget § 4-4. Justisdepartementet viser til at arbeidsgruppa òg foreslår generelle reglar om dette. Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme reiser tilsvarande spørsmål knytt til høyringsforslaget § 3-19. UMB, ved Institutt for landskapsplanlegging, uttaler på den andre sida at ein bør presisere prinsippet om retten partane har til å uttale seg.

Departementet foreslår fleire reglar om retten partane har til å uttale seg, sjå lovforslaget § 6-5 (om merknader til kravet), § 6-8 (merknader til avgjerder om saksbehandlinga), i § 6-12 (om saksbehandlinga i rettsmøte) og § 6-14 (om grunnlaget for avgjerdene). Når uttrykkelege reglar om kontradiksjon òg er tekne med i §§ 6-21 og 6-22, er det fordi reglane avløyser reglar som lovfester dette prinsippet. Det er òg fordi dette er reglar som det er viktig for den enkelte parten å vere klar over.

Lovforslaget § 6-21 fører vidare reglane i gjeldande jordskiftelov, om at partane skal få uttale seg om rettsendringa (for eksempel utkast til jordskifteavgjerd). Regelen er utforma slik at retten skal utarbeide eit skriftleg forslag til jordskifteavgjerd, som partane får uttale seg til. Men før forslaget blir lagt fram, skal partane ha fått høve til å uttale seg om det aktuelle spørsmålet, for eksempel om verdsetjinga retten har gjort. UMB, ved Institutt for landskapsplanlegging, legg vekt på dette momentet i sin uttale, og det blir teken vare på gjennom lovforslaget § 6-21 andre ledd. Etter råd frå jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme har departementet formulert lovforslaget slik at det er forslag til jordskifteavgjerd, som blir lagt fram for partane, ikkje forslag til jordskifteløysing. Departementet er samd i at dette gir ein meir logisk omgrepsbruk i høve til resten av jordskiftelova. Det inneber òg framlegging og kontradiktorisk behandling av utkast til alle jordskifteavgjerder på ulike trinn i prosessen. Desse avgjerdene, som retten tek under vegs i saka, kan vere avgjerd av om materielle vilkår for jordskifte er oppfylte, sakleg og geografisk avgrensing av saka, verdsetjing av det som skal gå i byte, og så vidare. Lovforslaget fører ikkje vidare den avgrensinga til «verdsetjing og regulering» som følgjer av gjeldande jordskiftelov § 17 a andre ledd første punktum, eller «skifteplan» som følgjer av gjeldande § 20 første ledd første punktum. Departementet legg til grunn at dette i praksis ikkje inneber noko særleg endring i kva retten må leggje fram for partane til uttale.

Partane skal òg få høve til å uttale seg til dei merknadene som kjem inn. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 17 a andre ledd tredje punktum og tredje ledd første punktum.

Sør-Trøndelag jordskifterett og jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme meiner gjeldande § 17 a andre ledd er ei velfungerande føresegn, som bør førast vidare i si noverande form. Departementet er langt på veg samd med høyringsinstansane i dette, men meiner det bør gjerast visse forenklingar i formuleringane. Når det gjeld reglane om dei rettsfastsetjande avgjerdene, er departementet samd med jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme i at ein ikkje bør føre vidare skiljet mellom saker der det er uvisse, og saker der det er semje (§ 17 a tredje og fjerde ledd). Departementet oppfattar jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme slik at dei òg meiner at skiljet kan fjernast. Departementet foreslår difor reglar om framlegging av forslag til rettsfastsetjande avgjerd òg der det er uvisse mellom partane. I høyringsnotatet uttaler arbeidsgruppa mellom anna dette (i samband med forslaget om å innføre «semjedom» for rettsfastsetjande avgjerder utan tvist):

«Saksbehandlinga forut for avgjerda er sentral. Retten skal bidra til at det blir laga eit ukast. Utkastet skal bli forkynt anten i rettsmøte eller skriftleg. Partane kan få ei områings- eller modningstid. Dei skal ikkje bli overrumpla av eit uventa resultat, sjå tredje og fjerde ledd. Semjedom er spesielt eigna for sameigarar som ikkje møter i rettsmøte og som ikkje har gitt medeigar fullmakt. Semjedom er vidare godt eigna der rekvirenten ikkje har lagt ned påstand, altså i mange saker som jordskifteretten behandlar. Grunnen til at det ikkje er lagt ned påstand før rettsmøtet, kan vere at det ikkje er tvist eller at forholda er så uklare at det ikkje er grunn for å leggje ned påstand før temaet er behandla i rettsmøte. Mykje kan bli klarlagt med ein felles gjennomgang av dokument og synfaring i rettsmøte.»

Departementet meiner poenget med å gi partane ei «områings- eller modningstid», bør få gjennomslag òg i høve til saker der det er uvisse. Som jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme peikar på, inneber desse reglane ei meir tidkrevjande behandling enn ved avseiing av dom. Departementet meiner likevel dette er rimeleg ut i frå grunngivinga til arbeidsgruppa. Det at partane får ei områdingstid, og ikkje blir overrumpla av eit uventa resultat, vil vere eit gode ved ordninga. Det bidrar òg til å forenkle jordskiftelova om ein har dei same reglane for saker der det er uvisse, og der det er semje. Det er vel heller ikkje uvanleg at det i ei sak om grensefastsetjing både vil vere strekningar der partane er samde om grensene, og strekningar der dei ikkje har nokon bestemt oppfatning, og overlet til retten å finne grensene. Retten kan etter lovforslaget behandle desse situasjonane likt med omsyn til framlegging av forslag til avgjerd.

Det må på andre sida vere slik at retten skal leggje det partane er samde om, til grunn for forslag til avgjerd, sjå lovforslaget § 6-22 tredje ledd. Det er vel ein ganske vanleg situasjon at partane under synfaringa blir samde om grenser som tidlegare var uklare for dei. Så langt partane er samde, vil framlegging av forslaget få karakter av å vere ein kontroll med at avgjerda ikkje inneheld feil eller mistydingar, eller å få klarlagt om det framleis er semje mellom partane, sjå formuleringane i gjeldande jordskiftelov § 17 a fjerde ledd. Retten kan likevel ikkje leggje til grunn semje om grenser som i realiteten inneber ei overføring av eigedom mellom partane.

På same måte som i høyringsforslaget, er utgangspunktet for reglane for høyring av forslag til grensefastsetjing og rettsutgreiing, at det ikkje er tvist mellom partane. Dette går fram av innleiinga i lovforslaget § 6-22 første ledd. Til skilnad frå høyringsforslaget, skal den avgjerda retten tek, ha forma «dom», ikkje «semjedom», sjå nærare om grunnen til dette i kapittel 12.3.4. Dersom det er tvist mellom partane, skal prosessen følgje reglane i tvistelova §§ 9-13 til 9-17 om hovudforhandlinga så langt dei høver, sjå § 6-12 tredje ledd.

Departementet har òg teke inn ei føresegn om at forslag til grensefastsetjing og rettsutgreiing skal forkynnast. Høyringsforslaget har ikkje reglar om dette. Gjeldande jordskiftelov § 17 a andre ledd har ikkje krav om forkynning for framlegg til rettsendrande avgjerder. Ein kan diskutere om forkynning trengst for alle forslag retten utarbeider, eller om det kan avgrensast til forslag om avgjerd som byggjer på noko partane er samde om, slik det er avgrensa i gjeldande jordskiftelov, sjå § 17 a fjerde ledd. Departementet meiner at forkynning av forslag til jordskifteavgjerder (regulering/skifteplanar) ikkje er nødvendig. Som det blir framheva i Ot.prp. nr. 57 (1997–98) på side 72-73, vil det at ein part er usamd eller har merknader, ikkje automatisk få nokon verknad. Departementet vurderer dette annleis i høve til avgjerder som baserer seg på semje mellom partane. Departementet understrekar at det er viktig at partane får høve til å sjekke kva retten har lagt til grunn at det er semje om, før det blir fatta eit vedtak på dette grunnlaget. Departementet legg framleis denne vurderinga til grunn, men meiner at ein av omsyn til regelforenkling bør ha same ordninga for framlegging av forslag til rettsfastsetjande avgjerder, anten dei byggjer på uvisse eller på semje. Bruk av forkynning er ei noko meir arbeidskrevjande ordning enn om ein berre sender forslaget ut med vanleg post. I og med at forslaget gjeld fastsetjing av gjeldande rett mellom partane, vil det på den andre sida vere ein fordel at retten får klarlagt om partane faktisk har motteke forslaget. Bruk av forkynning vil sikre dette, og dette omsynet må vere avgjerande.

Etter gjeldande jordskiftelov § 20 skal det i utkast til skifteplan «gjerast greie for det rettslege grunnlaget, faktiske omstende og andre tilhøve som har hatt mest å seie for skifteplan, skjønn og takstar». Etter gjeldande jordskiftelov § 17 b skal eit vedtak innehalde dei vurderingane som ligg til grunn for resultatet, og dei faktiske og rettslege tilhøva som desse vurderingane i hovudsak byggjer på. Departementet fremjer ikkje forslag om krav til grunngiving av forslag verken til rettsfastsetjande avgjerder (dom) eller jordskifteavgjerder (dei endelege avgjerdene skal ha ei grunngiving etter reglane i lovforslaget § 6-24). Departementet er samd med Sør-Trøndelag jordskifterett, som uttaler dette om dei prinsipielle problema ved grunngiving av forslag:

«Forslaget til § 3-19 andre ledd «kan oppfattes som om retten skal gi fullstendig begrunnelse for forslaget. En redegjørelse for bakgrunnen for ulike forslag kan være hensiktsmessig i en del tilfeller. Men det kan bli feil hvis jordskifteretten allerede under arbeidet med forslag skal gi en utdypende forklaring. En begrunnelse betyr langt på veg at retten har tatt stilling i saka og videre kontradiksjon kan synes meningsløs. Det strider mot grunnleggende rettsprinsipp. Begrunnelsen hører sammen med det endelige vedtaket.»

Departementet meiner det vil vere uheldig om partane får inntrykk av at avgjerda er teken før dei får uttalt seg. Det er òg viktig at reglane blir utforma slik at jordskifteretten kan setje fram eit forslag til avgjerd utan at dommar og meddommarar blir inhabile i den vidare behandlinga om det skulle bli tvist mellom partane, slik jordskifteoverrettane understrekar. Retten må på den andre sida gjere greie for innhaldet i forslaget på ein slik måte at partane forstår kva det går ut på, men det er ikkje meininga at retten skal gå nærare inn på dei avvegingane ein har gjort. Ei nærare grunngiving for avgjerdene skal difor vente til ein tek den endelege avgjerda.

Etter lovforslaget ligg plikta til å utarbeide forslag på jordskifteretten. Det er ikkje meininga at ein skal ta dette heilt bokstaveleg. Det kan, som Sør-Trøndelag jordskifterett er inne på, vere slik at aktive og kreative partar sjølv kjem med forslag til jordskifteavgjerder. Oppgåva til retten kan i slike tilfelle bli å sørgje for at forslaga får den rette saksbehandlinga, med framlegging for alle partane og så vidare. Retten må likevel kunne innestå for innhaldet i forslaga, òg den endelege jordskifteavgjerda, sjølv om ho byggjer på forslag utarbeidd av partane.

Reglane i lovforslaget §§ 6-21 og 6-22 er heller ikkje meint å vere til hinder for at ein let vere å sende ut forslag til partane, dersom dei er samde om at dette ikkje trengst. Når det i § 6-21 tredje ledd og § 6-22 femte ledd er sagt at fristen normalt ikkje skal vere kortare enn to veker, ligg det i dette at partane òg kan seie frå seg høyringsfristen, og be retten om ta avgjerda straks, eventuelt med ei kortare frist enn to veker. Men føresetnaden må vere at partane er samde om denne framgangsmåten. Retten bør i slike tilfelle òg gi partane rettleiing og opplyse at ein fråvik «normalordninga» til lova, som mellom anna føreskriv forkynning av forslag til rettsfastsetjande avgjerd. Slik sett blir gjeldande jordskiftelov § 17 a andre ledd fjerde punktum og femte ledd ført vidare i den nye jordskiftelova.

I lovforslaget § 6-21 fjerde ledd er utgangspunktet at forslag til jordskifteavgjerd skal behandlast i rettsmøte. Rettsmøte vil ofte vere den mest hensiktsmessige måten å behandle desse forslaga på. Fjerde ledd opnar likevel for skriftleg behandling. Departementet viser til uttalen frå jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme der dei seier: «Det kan godt takast inn eit tillegg som opnar for skriftleg behandling dersom partane er samde om det. Skriftleg behandling er mykje brukt også i dag». Departementet meiner det òg bør vere eit vilkår at jordskifteretten finn skriftleg behandling forsvarleg i høve til den konkrete avgjerda. Dette vilkåret er teken inn i fjerde ledd andre punktum. Dersom retten meiner skriftleg behandling held, kan han meddele dette til partane når forslaget blir sendt ut, og be partane eventuelt seie frå innan ein frist om dei ønskjer rettsmøte.

Når det gjeld forslag til rettsfastsetjande avgjerder, har departementet utforma regelen på ein annan måte. Skriftleg saksbehandling vil i mange tilfelle vere det mest hensiktsmessige i desse sakene, og er òg ei vanleg behandlingsform i praksis i dag. Utgangspunktet til lova kan difor vere at saksbehandlinga er skriftleg. Omsynet til rettstryggleiken tilseier likevel at partane må kunne krevje rettsmøte når dei ønskjer dette. Likeeins må retten kunne bestemme behandling i rettsmøte når retten meiner det er nødvendig, for eksempel for å behandle forslag etter §§ 6-21 og 6-22 samstundes i same rettsmøtet.

12.3.4 Rettslege avgjerder og rettsforlik med meir

12.3.4.1 Rettslege avgjerder. Avgjerdsformene

12.3.4.1.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa meiner at den nye jordskiftelova bør ha ein paragraf der alle avgjerdene jordskifteretten kan ta etter den nye jordskiftelova er nemnde, jf. høyringsforslaget § 6-19. Regelen blei laga etter mønster av tvistelova § 19-1. Arbeidsgruppa foreslår at avgjerdsforma dom skal nyttast for dei avgjerdene som gjeld materielle rettstilhøve. Dette er avgjerder som gjeld eksisterande grenser, eigedomsrett, bruksrett eller andre rettar. Arbeidsgruppa meiner det er grunn til å dele avgjerdsforma dom i «dom» og «semjedom». Semjedom skal erstatte rettsfastsetjande vedtak i gjeldande jordskiftelov § 17 a. Avgjerder om verdsetjing av det som skal gå i byte i jordskifte, jordskifteløysing som fastsetjast under vegs i saka, og avsluttande forklaring av jordskifteløysinga, foreslår arbeidsgruppa å kalle jordskifteavgjerd. Prosessuelle avgjerder skal vere anten orskurd (kjennelse) eller vedtak (beslutning), tilsvarande tvistelova. I tillegg inneheld høyringsforslaget § 6-19 eit ledd som viser til at jordskifteretten òg tek avgjerd ved skjønn.

12.3.4.1.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet meiner det er unødvendig å ha eit innleiande første ledd i paragrafen, der det står at jordskifteretten skal avslutte saka ved slik avgjerd som går fram av dei etterfølgjande ledda. Justisdepartementet meiner òg at omgrepet «semjedom» ikkje gir eit presist og dekkjande uttrykk for dei avgjerdene det omfattar. Språkleg sett viser dette omgrepet snarare til eit krav om semje mellom dommarane, eventuelt at det er snakk om ei form for rettsforlik, i form av dom.

Domstoladministrasjonen(DA) meiner det er hensiktsmessig å ha ein paragraf som definerer avgjerdsformene. DA meiner òg at første leddet i høyringsforslaget bør gå ut. DA forstår høyringsforslaget slik at det sett tvistelova § 19-1 til sides. Når det gjeld «semjedom» uttaler DA:

«Det kan reises spørsmål ved om «semjedom» er et uttrykk som språklig sett er treffende, ettersom det vanligvis ikke vil foreligge en uttrykt enighet i disse tilfellene. Imidlertid er hovedpoenget å få fram at dette er en avgjørelsesform med rettskraftsvirkninger som en dom. DA støtter derfor innføring av «semjedom» som en egen avgjørelsesform.»

DA er samd i at omgrepet «jordskifteavgjerd» blir brukt om avgjerdsformene i dei rettsendrande sakene, men har nokre innvendingar mot regelutforminga i høyringsforslaget:

«Vi er videre enige i at avgjørelsesformen for de rettsendrende sakene benevnes som «jordskifteavgjerd» jf. fjerde ledd. Uttrykket «jordskifteløysing undervegs i saka» jf. fjerde ledd b) kan lett misoppfattes som en midlertidig avgjørelse i motsetning til en «endelig jordskifteløysing», jf. fjerde ledd c). Det er ikke slik at de avgjørelsene det her er tale om nødvendigvis er midlertidige. Vi mener at faren for misforståelser er så nærliggende at man her må finne andre formuleringer. De tre underpunktene i fjerde ledd kan gi inntrykk av å være uttømmende for når avgjørelsesformen «jordskifteavgjerd» skal benyttes. Det kan imidlertid være naturlig å bruke denne avgjørelsesformen også i andre tilfeller enn de som uttrykkelig er nevnt her.»

DA foreslår på denne bakgrunn konkrete endringar i ordlyden. DA tek òg opp spørsmålet om kva som er rett avgjerdsform for avgjerder om avvising av ei sak når dei materielle vilkåra for sak ikkje er oppfylde. Rett avgjerdsform vil da vere jordskifteavgjerd. Kva ein vel for avgjerdsform, vil få konsekvensar for samansetjinga av ankeinstansen, slik ankereglane er utforma i høyringsforslaget.

Agder Lagmannsrett meiner det er viktig å sjå reglane om avgjerdsformene i samanheng med reglane om rettsmiddelordninga, og at høyringsforlaget § 6-19 er eit godt fundament for å sjå denne samanhengen. Agder Lagmannsrett meiner at sondringa mellom dom og jordskifteavgjerd er særleg viktig som namn på realitetsavgjerdene i rettsfastsetjande og rettsendrande saker. Agder Lagmannsrett uttaler:

«Det er en riktig grunntanke at realitetsavgjørelser som med bindende virkning for partene normerer et rettsforhold, treffes i form av dom. Dette stemmer med tvistelovens løsning i § 19-1 første ledd. Forslaget innebærer at begrepet «rettsfastsettende vedtak» i dagens jordskiftelov erstattes med dom. Det er en god betegnelse at avgjørelser basert på partenes enighet i utkastet § 6-19 tredje ledd kalles «semjedom». Bruken av domsformen, fremfor vedtaksformen, gjør det lettere å skille materielle avgjørelser med rettskraftvirkning fra prosessuelle avgjørelser som kalles «vedtak» i § 6-19 femte ledd.»

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme viser til grunngivinga arbeidsgruppa har for å kalle rettsfastsetjande vedtak for semjedom. Gruppa meiner omgrepet «vedtak» i gjeldande jordskiftelov kan gi assosiasjonar til forvaltingsvedtaka. Desse jordskifterettane meiner at «semjedom» òg kan gi feil assosiasjonar:

«Begrepet er dekkende for de enighetsvedtak som i dag blir fastsatt i medhold av § 17a. «Semjedom» dekker derimot ikke de andre tilfellene; dvs. de tilfellene der partene ikke er eller blir enige om ett og alt. Dette gjelder særlig saker med mange parter. Typisk er dette for saker som ikke fremstår som en typisk tvistesak. Partene har ingen klar oppfatning av rettsforholdene; de er usikre på hva som er riktig. Rettsfastsettende vedtak benyttes i dag på mer komplekse rettsforhold; typisk kan dette være ved fastsetting av om andeler for brukssameier i utmarksområder (fjellområder, jakt, fiske og beite). Dette er saker der det kan være ulike oppfatninger av hva som skal danne grunnlag for andelsfordelingen, uten at saken fremstår som en tvistesak. I slike saker vil det ikke være fornuftig å provosere frem en konkret påstand. … Begrepet «semjedom» forbinder vi med en forliksløsning eller enighet. Vi mener det blir feil å benytte semje eller enighet i en avgjørelse der partene ikke har uttrykt noen enighet i realitetsspørsmålet. Det de er enige om er at jordskifteretten fastsetter rettsforholdene. Vi er redd at «semjedom» vil fremstå som misvisende; i alle fall for selvprosederende parter.»

For å unngå mistyding og feil oppfatning av omgrepet «semjedom», foreslår Jordskifterettane i Agder jordskiftedøme å byte ut dette omgrepet med «rettsfastsetting».

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme har mellom anna synspunkt på omgrepsbruken i høyringsforslaget § 6-19. Omgrepa «bruksrett og tyngsler» bør erstattast med «servituttar». Festerett bør òg vere positivt opprekna.Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme er ikkje samde i at omgrepet semjedom bør brukast, og grunngir dette mellom anna med at dom i utgangspunktet er definert i tvistelova § 19-1, og gjeld mellom anna for tvistar, som er det motsette av semje. Semje betyr ei positiv oppslutning, i motsetning til systemet med rettsfastsetjande vedtak som legg til grunn ingen merknad frå partane. Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme gir ei rekkje eksempel på problema med omgrepet semjedom. Dei foreslår at ein heller brukar omgrepet «rettsfastsetjing». Dei peikar mellom anna på at ein ikkje kan bruke semjedom som namnet på ei samla grenseskildring som kanskje baserer seg på dom i tvist for delar av strekninga. Tilsvarande vil gjelde for oppsummeringa av rettstilstanden i ei jordskiftesak eller i ei sak om rettsutgreiing. Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner at dei avgjerdene som i høyringsforslaget blir kalla «semjedom», kan sorterast under «jordskifteavgjerder». Overprøvinga vil da bli som for andre jordskifteavgjerder. Det beste vil likevel vere å bruke omgrepet «rettsfastsetting». Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme peikar elles på at ei uttømmande opprekning av kva som er jordskifteavgjerder, er lite tenleg. Mange avgjerder vil da ikkje ha ei definert avgjerdsform og vil vera utelukka som «jordskifteavgjerd». Dei meiner òg at det må vere feil at utkast til skifteplan – jordskifteløysing undervegs i saka – skal ha ei avgjerdsform. Utkastet er eit arbeidsutkast for drøfting som retten står fritt til å endre etter drøfting med partane. Ofte vil utkastet bli revidert fleire gonger. Dersom retten skal vedta eit utkast ved ei jordskifteavgjerd, har han gjort seg sjølv inhabil. Det er den endelege skifteplanen eller jordskifteløysinga, som fastsetjast av jordskifteretten – ikkje utkastet. Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme gir nokre eksempel på kva for avgjerder som kan få forma «jordskifteavgjerd». Dei meiner òg det er viktig å halde på skiljet mellom formelle og materielle grunnar for avvising av ei sak. Dette har å gjere med overprøvinga av ei slik avgjerd. Det er viktig å sikre at det blir ei jordskiftefagleg overprøving. Dei meiner avvising av ei sak må skje ved orskurd, men at ankereglane må sikre jordskiftefagleg overprøving. Avgjerd om at ei sak blir fremja, må skje ved jordskifteavgjerd, ikkje ved orskurd slik som i høyringsforslaget.

Jordskiftedommarane i Gulating, ved Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett, meiner utforminga av paragrafen om avgjerdsformene avheng av kva for val ein gjer seinare i lova. Dei foreslår å erstatte semjedom med «rettsfastsetting», og peikar på at det er ei rekkje avgjerder som ikkje er nemnde i høyringsforslaget, men som bør vere jordskifteavgjerder. Opplistinga av jordskifteavgjerder bør heller ikkje vere uttømmande.

Sør-Trøndelag jordskifterett er òg skeptisk til å bruke omgrepet semjedom. Dei uttaler:

«Det foreslåtte begrepet semjedom er et nytt og lite hensiktsmessig begrep. I og med at det kan oppfattes å uttrykke at retten er enig, dvs. avsier en enstemmig dom, er det også misvisende. Dagens rettsfastsettende vedtak, er en avgjørelse som bare tas av jordskifteretten. Begrepet er lite kjent og krever stadig at det blir forklart. Partene omtaler ofte alle jordskifteavgjørelsene som dommer, og det bør være utgangspunktet for forenklinger. Det å ha begrepene dom og rettsfastsettende vedtak/semjedom er mest til for å skille mellom prosessformene. De vil ha noe ulik utforming, men ellers samme funksjon – nemlig avklare rettslig spørsmål. Derfor bør semjedom/rettsfastsettende vedtak kunne erstattes med dom eller evt. med begrepet rettsfastsetting. Benyttes begrepet dom, kan det i premissene angis hva slags prosessform som er nytta som dermed forklarer hvorfor den har annen utforming enn en «vanlig» dom».

Sør-Trøndelag jordskifterett meiner òg at det ikkje er konsekvent argumentasjon i høyringsnotatet når det gjeld korleis ein brukar omgrepet vedtak. Det blir ikkje konsekvent når ein tek omgrepet vedtak ut i samband med rettsfastsetjinga av språklege grunnar, men likevel brukar det i staden for omgrepet «beslutning» i tvistelova. Sør-Trøndelag jordskifterett er elles samd med jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme når dei viser til at fleire avgjerder bør takast med i paragrafen om avgjerdsformene, og at opprekninga av jordskifteavgjerder ikkje bør vere uttømmande.

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme viser til at omgrepa «semjedom» og «jordskifteavgjerd» er nye, og at semje og dom eigentleg ikkje høyrer saman. Eit alternativ kan vere å kalle det «rettsfastsetting». «Jordskifteavgjerd» erstattar det som er kalla «regulerande vedtak» i § 17 a i gjeldande jordskiftelov. «Vedtak» blir brukt om det som er kalla «beslutninger» i tvistelova. Dei meiner jordskiftelova bør samordnast med tvistelova her, slik at «beslutninger» i jordskiftelova tilsvarar «beslutninger» i tvistelova. Det kan ikkje vere grunn god nok at «beslutninger» er eit dårlig ord på nynorsk. På nynorsk kunne ein kalle det «avgjerd». Jordskifteavgjerd bør difor endrast tilbake til «vedtak» som er ei godt innarbeida avgjerdsform.

Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme meiner at «rettsfastsetting» er eit betre ord enn «semjedom». Dei viser òg til at fjerde ledd i høyringsforslaget er uttømmande. Dei meiner at ein må sikre seg at alle former for avgjerder kommer med. Dei peikar òg på at omgrepsbruken i jordskiftelova og tvistelova blir harmonisert.

Jordskifteoverrettane kommenterer særleg forslaget om semjedom, og kva som bør høyre inn under avgjerdsforma jordskifteavgjerd. Dei er samde med arbeidsgruppa i at ein må finne ei avgjerdsform som viser at rettsfastsetjande vedtak i resultat er å rekne som ein dom, men som framleis er knytt opp mot reglar om saksbehandling som er forskjellig frå ordinær tvistebehandling. Avgjerder om tematisk og geografisk avgrensing av ei sak, utviding av sak og fastsetjing og fordeling av jordskiftekostnader bør vere «jordskifteavgjerder». Dei meiner òg at avgjerd om å fremje eller å nekte å fremje eit krav bør ha forma jordskifteavgjerd. Dette må gjelde både for saker etter kapittel 3 og 4 (både rettsendrande og rettsfastsetjande avgjerder).

Jordskifteoverrettane uttaler òg (til høyringsforslaget § 4-4) at dei er samde i at det i saker der det ikkje er tvist om grenser, rettar og anna skal kunne avseiast ein semjedom. Dei meiner regelen bør stå i lova kapittel 6, og ikkje i kapittel 4. Jordskifteoverrettane meiner at semjedom berre skal nyttast i dei høve der partane er samde om ei løysing. Regelen må òg gi jordskifteretten høve til å setje fram eit forslag til semjedom, utan at dommar og meddommar blir inhabil i den vidare behandling av ein eventuell tvist. Jordskifteoverrettane meiner det er viktig at regelen har nokre prosedyrekrav til kva som er minstekravet for at retten kan konstatere at partane er samde og at det ikkje er tvist. Jordskifteoverrettane meiner det bør vere slik at dei partane som ikkje har uttalt seg til eit konkret framlegg i rettsmøte, skal få ein frist til skriftleg å uttale seg. Dersom det ikkje blir protestert innan ein gitt frist, kan semjedom avseiast i tråd med framlegget. Det må da stillast krav til at utkastet til semjedom er kome fram til partane, for eksempel ved at det blir stilt krav om forkynning av utkastet.

Jordskifteoverrettane viser òg til at mange jordskifterettar i dag nyttar «rettsfastsettende vedtak» som avgjerdsform for grenseskildring og avsluttande oppstilling av rettar og plikter med vidare. Denne avgjerdsforma blir nytta til å gi rettskraftsverknad til sluttresultatet av alt arbeidet som er gjort i saka. Det var ikkje slik denne avgjerdsforma var meint brukt da ho blei innført i 1999. I samband med innføring av semjedom blir det viktig at lovforarbeida seier noko om når ei slik avgjerdsform skal nyttast.

Norges jordskiftekandidatforening, faglig gruppe av Tekna (NJKF), viser til at rettsfastsetjande vedtak blei innført i jordskiftelova med Ot.prp. nr. 57 (1997–1998). Det går fram av proposisjonen at rettsfastsetjande vedtak skal brukast til stadfesting av gjeldande rett. Behovet for regelen var at partane ikkje nødvendigvis er i tvist, men er usikre. Det blir òg poengtert at ei avgjerd i slike saker må grunngjevast, av omsyn til partane. Det var dermed behov for å formalisere ei avgjerdsform i jordskiftelova. NJKF uttaler òg:

«Semjedom virker på bakgrunn av dette å være en konstruksjon som ikke nødvendigvis er naturlig. Sammensetningen av to ord med motsatt betydning kan bidra til større uklarhet. Det kan være at en beslutning under slike forhold må ha en særlig betegnelse. Slik NJKF ser det er eksisterende begrepsbruk mer betegnende for beslutningsformen enn semjedom».

12.3.4.1.3 Departementets vurderingar

Etter gjeldande jordskiftelov tek jordskifteretten avgjerd dels ved dom, og dels ved vedtak, i tillegg til orskurd, beslutningar og skjønn slik dei ordinære domstolane gjer. Jordskifterettane bruker fem avgjerdsformer i dag. Retten skal etter gjeldande jordskiftelov § 17 seie dom når retten avgjer tvist om grenser, om bruksrett eller anna innan jordskifteområdet, eller mot ein tilgrensande eigedom eller bruksrett, eller når retten avgjer ein tvist i ei sak som berre gjeld rettsutgreiing eller grensegang. Det same gjeld tvist i skjønnssaker om underliggjande rettshøve (om grenser, eigedomsrett med vidare), som det er nødvendig å få avgjort. Gjeldande jordskiftelov § 17 a fastset at forma «vedtak» skal brukast når det blir teke avgjerd som gjeld «grenser, rettar eller plikter for ein eller fleire partar» og det ikkje skal seiast dom (med andre ord når det ikkje er tvist). Dette gjeld både ved rettsfastsetjing og rettsendring. Vedtak skal òg brukast ved avgjerd av fremjingsspørsmålet etter gjeldande jordskiftelov § 14. Vedtaksforma blei innført ved ei lovendring i 1998 og er spesiell for jordskifterettane. Tvistelova kapittel 19 I Form og framgangsmåte (§ 19-1) fastset når avgjerdsformene dom, «kjennelse» og «beslutning» skal brukast i den ordinære sivilprosessen. Reglane er gjort gjeldande for jordskifteprosessen gjennom gjeldande jordskiftelov § 97 første ledd bokstavane a og b, og § 17 b.

Departementet meiner at den nye jordskiftelova bør ha ein paragraf der dei ulike avgjerdsformene blir lista opp, etter mønster av tvistelova § 19-1, sjå lovforslaget § 6-23. Alle avgjerdsformene er nemnde der. Det gjeld òg dei som er omhandla i tvistelova som dom, kjennelse (orskurd) og beslutning (vedtak). Det blir da greitt å få oversikt over kva for avgjerdsformer jordskifteretten gjer bruk av, og i høve til kva for avgjerder dei ulike formene skal brukast. Lovforslaget § 6-23 er ei uttømmande føresegn når det gjeld avgjerdsformene. Ho trer slik sett i staden for tvistelova § 19-1. Paragrafen har òg reglar om jordskifteavgjerd, som er ei avgjerdsform som berre jordskifteretten skal gjere bruk av. Ordlyden i reglane om dom, orskurd og vedtak er dessutan tilpassa det at jordskifteretten er ein særdomstol, med avgrensa domsmyndigheit i høve til dei ordinære domstolane. Lovforslaget § 6-23 har ikkje fått eit innleiande første ledd, slik høyringsforslaget hadde. Departementet er samd med Justisdepartementet og DA i at eit slikt ledd er unødvendig.

Ei viktig side ved lovforslaget § 6-23 er at regelen er fundamentet for rettsmiddelordninga. Kva for avgjerdsform som er brukt, får betyding for samansetjinga av lagmannsretten som ankeinstans, sjå lovforslaget § 8-7. Skiljet går mellom dom og jordskifteavgjerd, mellom anna slik at dersom det blir anka over ei jordskifteavgjerd skal lagmannsretten setjast med jordskiftelagdommar. Blir det anka over ein dom er dette ikkje noko krav. Lova opnar likevel for at jordskiftelagdommaren kan inngå i lagmannsretten i slike saker.

Jordskifteretten skal etter lovforslaget nytte avgjerdsforma dom for realitetsavgjerder som med bindande verknad for partane normerer eit rettshøve, slik Agder lagmannsrett utrykkjer det. Dom skal altså vere avgjerdsforma når jordskifteretten fastset rettstilstanden når det gjeld grenser, eigedomsrett eller rettar knytt til fast eigedom, sjå § 6-23 første ledd.

I motsetnad til høyringsforslaget har departementet ikkje delt avgjerdsforma dom i «dom» og «semjedom». Departementet meiner det må vere riktig og tilstrekkeleg at ein berre brukar «dom». Dette inneber at retten skal avseie dom òg i dei tilfella der det ikkje er tvist mellom partane. Det er kanskje ein uvant måte å bruke dom på, men det står fram som ei betre løysing enn å bruke «semjedom» om ei avgjerd som ikkje byggjer på semje, men på at rettstilstanden er uklar for partane, og utan at dei er i tvist med kvarandre.

Justisdepartementet uttaler at omgrepet «semjedom» ikkje gir eit presist og dekkjande uttrykk for dei avgjerdene det omfattar. Språkleg sett viser det snarare til eit krav om semje mellom dommarane, eventuelt at det er snakk om ei form for rettsforlik som dom. Jordskiftekandidatforeningen synest semjedom set saman to ord som står i motsetnad til kvarandre, og difor ikkje er naturleg. DA peikar mellom anna òg på at omgrepet semjedom ikkje er heilt treffande språkleg sett. Grunnen til det er at det ikkje nødvendigvis er noko semje i saka. Eit samla jordskifterettsmiljø er av same grunn òg svært skeptiske til å bruke omgrepet «semjedom» om avgjerdene. DA støttar likevel innføringa av semjedom. Grunnen til det er at ein med dette omgrepet får fram det som var hovudpoenget, nemleg at avgjerda skal ha same rettsverknad som ein dom.

Som jordskifteretten i Sør-Trøndelag er inne på, oppfattar som regel partane alle avgjerder retten tar som dom, uansett om dei blir kalla noko anna. Dette bør vere utgangspunktet for forenklingar. Det at ein nå brukar omgrepa dom og rettsfastsetjande vedtak er mest for å skilje mellom prosessformene. Derfor bør semjedom/rettsfastsetjande vedtak kunne erstattast med dom eller eventuelt omgrepet «rettsfastsetjing».

Departementet meiner omgrepet «dom» eigentleg er nøytralt i høve til om det er tvist eller ikkje tvist mellom partane, eller om partane berre oppfattar rettstilhøva som uklare, eller om dei eventuelt er samde. Når det i sivilprosessen elles blir brukt når retten løyser tvistar, har det samanheng med at tvist er vilkår for å reise sak, og at dom er den avgjerdsforma som tvistelova bestemmer. Det er ikkje nødvendigvis slik at omgrepet «dom» berre skal kunne brukast når det er tvist. Poenget med å bruke «dom» er at det gir informasjon om kva som er verknadene for partane. Verknaden er at dei får ei bindande rettskraftig avgjerd av materielle rettsspørsmål. Dette får ein fram utan å bruke forma «semjedom».

Omgrepet «rettsfastsetjing» har den fordelen at omgrepet skildrar kva retten faktisk gjer. Det har likevel den ulempa at det ikkje seier så mykje om verknaden av avgjerda. Både «semjedom» og «rettsfastsetjing» inneber dessutan enda fleire særeigne avgjerdsformer som ingen andre rettsinstansar brukar. Departementet meiner dei dermed ikkje vil vere noko bidrag til forenkling av rettssystemet.

Som Agder lagmannsrett peikar på, gir det skiljet ein hadde i høyringsforslaget, mellom dom/semjedom og jordskifteavgjerd, eit godt grunnlag for den nye rettsmiddelordninga. Departementet meiner at dette grunnlaget ikkje blir svekka om ein berre nyttar dom, og ikkje semjedom som avgjerdsform. Det er skiljet mellom dom og jordskifteavgjerd som er det sentrale skiljet, altså mellom avgjerder som avklarar den gjeldande rettslege situasjonen, og avgjerder som endrar denne situasjonen.

Det er likevel slik at prosessen framleis bør vere noko forskjellig, ut i frå om partane er i tvist med kvarandre eller ikkje. Er det tvist, kan retten leggje opp saksbehandlinga etter reglane om hovudforhandling i tvistelova, sjå tvistelova kapittel 9 III og lovforslaget § 6-12 tredje ledd. Der det er uvisse, eller i alle fall ikkje er tvist mellom partane, bør prosessen leggje opp til at retten skal hjelpe til med ei klarlegging og systematisering. Prosessen bør ende i at retten lagar eit utkast til fastsetjing av grenser, eigedomsrett og rettar og så vidare, sjå lovforslaget § 6-22.

Dom og semjedom skal etter høyringsforslaget gjelde avgjerd om «grenser, eigedomsrett, bruksrett, tyngsler eller anna». Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler at omgrepa «bruksrett» og «tyngsler» bør endrast til «servituttar». Departementet meiner ein i staden bør bruke formuleringa «grenser, eigedomsrett, rettar og anna». Omgrepet «rettar» er meint å femne bruksrettar og positive og negative servituttar. Tillegget «og anna» er meint å fange opp festerett.

Avgjerdsforma «vedtak» skal etter lovforslaget brukast for avgjerder som gjeld saksbehandlinga og som i tvistelova blir kalla «beslutninger», sjå lovforslaget § 6-23 tredje ledd. Departementet meiner ein helst bør unngå å bruke omgrepet «vedtak» i ei lov som gjeld verksemda i ein domstol, men er blitt ståande ved denne omgrepsbruken av språklege grunnar.

Jordskifteavgjerdene vil etter lovforslaget vere ulike typar avgjerder som inngår i jordskiftesakene, i prosessen fram mot ei endeleg jordskifteløysing (skifteplan). Dette gjeld for eksempel avgjerd om korleis jordskifteområdet skal avgrensast, verdsetjing av det som skal gå i byte, den endelege jordskifteløysinga retten kjem til med meir, sjå lovforslaget § 6-23 fjerde ledd.

Bruk av omgrepet «jordskifteavgjerd» har fått støtte under høyringa, men det er mange oppfatningar om kva for slags avgjerder som bør kallast jordskifteavgjerd. Departementet meiner jordskifteavgjerd først og fremst bør omfatte dei avgjerdene som er typiske for jordskifteprosessen. Mange har teke til orde for at avgjerda av om dei materielle vilkåra for ei jordskiftesak etter lovforslaget §§ 3-2, 3-3 og 3-18 er til stades, bør vere ei jordskifteavgjerd og ikkje ei orskurd, slik det står i høyringsforslaget. Departementet er samd i dette. Ei følgje av dette er at overprøvinga skjer i ein lagmannsrett som er sett med jordskiftelagdommar. På den måten får spørsmålet om dei materielle vilkåra ei jordskiftefagleg vurdering i ankeinstansen.

Det er òg kome fleire forslag om at mellom anna avgjerd om sakskostnader, og avgjerd om midlertidig bruk av areal etter lovforslaget § 3-34 bør vere jordskifteavgjerder. Departementet har på bakgrunn av høyringsuttalane utvida spekteret av avgjerder som etter lova skal vere «jordskifteavgjerder». Departementet har dessutan lagt inn «utsett merking og måling» som jordskifteavgjerd. I nokre saker kan merking av grenser og oppmåling bli utsett til etter at saka er avslutta, og det er da riktig å gi slik etterfølgjande merking og måling ei avgjerdsform. Merkinga og målinga vil da kunne angripast ved anke etter reglane i lovforslaget kapittel 8.

Fleire avgjerder som retten må ta, og som etter høyringsforslaget var formlause avgjerder, får med lovforslaget ei avgjerdsform.

Etter forslag frå mellom anna jordskifterettane i Eidsivating og Gulating jordskiftedømme, har departementet ikkje teke med «jordskifteløysing undervegs i saka» blant jordskifteavgjerdene, slik det blei foreslått i høyringsforslaget. Dei forslaga til jordskifteløysing som jordskifteretten utarbeider undervegs i saka, er arbeidsutkast for drøfting, og retten står fritt til å endre dei etter drøftinga med partane. Ofte vil utkastet bli revidert fleire gonger i dialogen med partane. Å kalle forslaga frå retten for «avgjerd» blir da feil. Det kan òg gi partane inntrykk av at retten allereie har bestemt seg når det gjeld løysingane. Det er dei delavgjerdene retten tek, mellom anna om verdsetjing av det som skal gå i byte, om avgrensinga av jordskifteområdet undervegs i saka (og som reint faktisk er avgjerder), og til slutt den endelege jordskifteløysinga, som bør få nemninga «jordskifteavgjerd».

Skjønn og andre avgjerder som retten tek etter særlovgivinga i samband med jordskifte (sjå kapittel 5, § 5-3), vel departementet å kalle jordskifteavgjerder, sjå § 6-23 fjerde ledd bokstav d. Desse avgjerdene er ikkje jordskifteavgjerder i den forstand at alle reglane for jordskifte i lovforslaget kapittel 3 vil gjelde. Avgjerdene er likevel jordskifteavgjerder i den forstand at reglane om saksbehandling for jordskifteavgjerder i kapittel 6, og overprøvinga i lagmannsretten i kapittel 8, skal skje etter reglane for jordskifteavgjerder.

Den nye jordskiftelova bør, på same måte som tvistelova, seie klart i frå at det ikkje spelar nokon rolle for rettsverknadene, eller eventuell overprøving, om det er brukt feil form på avgjerda. Det må vere realitetane som tel. Ved anke skal ein difor følgje dei reglane som gjeld for den avgjerdstypen som retten skulle ha brukt. Dette prinsippet går fram av tvistelova § 19-1 fjerde ledd, og er teke med som siste ledd i lovforslaget § 6-23.

12.3.4.2 Innhaldet i avgjerdene

12.3.4.2.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 6-20 at den nye jordskiftelova skal ha reglar om innhaldet i avgjerdene etter mønster av tvistelova § 19-6. Arbeidsgruppa foreslår nærare reglar om grunngiving for semjedom, jordskifteavgjerd, orskurd og skjønn i samband med jordskifte. Når det gjeld semjedom foreslår arbeidsgruppa noko avvikande reglar om grunngivinga fordi arbeidsgruppa meiner det ikkje er naturleg å snakke om «påstandar «og «påstandsgrunnlag» eller om «dei vurderingane retten har gjort» i høve til slike avgjerder. Gruppa uttaler at grunngiving av jordskifteavgjerd mellom anna skal innehalde utgreiingar som gjer det mogleg å sjå at skifteløysinga ikkje bryt med dei grunnleggjande krava til samla nytte av jordskiftetiltaka, og at ingen av dei involverte eigedommane skal få redusert verdi. For grunngiving av dom gjer arbeidsgruppa tvistelova § 19-6 direkte gjeldande.

12.3.4.2.2 Høyringsinstansane

Domstoladministrasjonen (DA) meiner at fleire av ledda i høyringsforslaget § 6-20 er like reglane i tvistelova § 19-6 og at det bør visast til denne paragrafen. DA uttaler òg:

«Når det gjelder innholdet i avgjørelsene, er vi enig i at det bør skilles mellom de ulike avgjørelsesformene. Fjerde ledd bør imidlertid også omfatte kjennelse. Kravet til innhold både i dommer og kjennelser bør følge tvistelovens regler. Vi foreslår videre at femte ledd omfatter jordskifteavgjørelse og skjønn i forbindelse med jordskifte, mens semjedom med fordel kan skilles ut i et eget ledd. Sjuende ledd bør vurderes nærmere. Det kan diskuteres om det er nødvendig å omtale avgjørelse om sakskostnader særskilt, da dette ikke er en egen avgjørelsesform, men vil inngå som en del av en avgjørelse.»

Jordskifteoverrettane meiner høyringsforslaget gir eit ryddig oppsett på kva ei avgjerd skal innehalde. Dei uttaler:

«Vi anbefaler at fjerde ledd blir utvida til å omfatte ordskurd. Vi ser ikkje at det er grunn til å ha andre krav tilgrunngjeving av ordskurd i jordskiftelova enn det tvistelova har. Vi er av den oppfatning av femte og sjette ledd kan omformast slik at krava til jordskifteavgjerd og jordskifteavgjerd kombinert med skjønn står samla i eitt ledd. Kravet til semjedom kan stå i eit eige ledd. Vidare vil vårt forslag om fremme av jordskifte skal vere jordskifteavgjerd måtte føre til ein spesialtilpassa regel i denne paragrafen. Denne regelen må regulere dei tilfelle der ingen partar har protestert mot kravet. Etter vårt syn er det då tilstrekkeleg at a) b) og e) i framlegget sitt femte ledd er med i ei slik avgjerd. Vi er usikker på om 7. ledd er naudsynt, i alle fall er den ikkje tilstrekkelig presis slik den står i utkastet. Avgjerd om kostnad til sakkyndig hjelp vil gjelde tvist, og bør takast som del av avgjerda slik dette er regulert i tvistelova. Jordskiftekostnadene er foreslått regulert i § 6-19 som jordskifteavgjerd, og må avgjerast særskilt som ei av dei siste avgjerdene i saka.»

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme har same oppfatninga som jordskifteoverrettane når det gjeld grunngivinga av orskurd. Dei gjentar òg synspunkta dei har om bruken av omgrepet semjedom. Når det gjeld «jordskifteavgjerd» meiner dei forslaget er unødig rotete:

«Det bør ikke være nødvendig å lete under flere bokstavrekker for å finne ut hvordan en jordskifteavgjerd skal begrunnes, og dessuten bør 3 av bokstavene (c og d samt den andre b-en) slås sammen. Det er ellers uriktig å si at slutning er en del av begrunnelsen. Det vises til tvistelovens § 19-6, der slutning omtales for seg selv i 7. ledd. Slutning må derfor stå i et eget ledd.»

Når det gjeld sjuande ledd i høyringsforslaget, uttaler dei:

«Vi går ut frå at forslaget gjelder kostnader til sakkunnig hjelp i tvistar, jfr, § 7-13 tredje ledd. Slik som leddet framstår blir det feil. Fastsettelse og fordeling av jordskiftekostnaden blir først gjort ved avslutning av saka. Det er først da at jordskifteretten har full oversikt over samla gebyr, utgifter til meddommere, sideutgifter og den enkelte parts nytte av saka. Når det gjelder utgifter til sakkunnig hjelp, så må retten ta stilling til disse dersom det blir lagt ned påstand om at slike utgifter skal tilkjennes. Retten forholder seg til de nedlagte påstander. Et eget ledd om disse utgiftene er derfor ikke nødvendig.»

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme fremjer forslag til ein noko enklare ordlyd enn i høyringsforslaget.

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme meiner grunngivingsplikta kan vere den same for dom og orskurd. Dei uttaler òg:

«Elles så skjønar me ikkje heilt kvifor ikkje 5. og 6. ledd er samanslege til eit ledd. Rett nok følgjer det av rettsfastsetjinga/ semjedom at partane ikkje har lagt ned påstand, men 6. ledd bokstav a) tek atterhald om dette jf «partane sin eventuelle påstandar». Det er viktig at jordskifteretten grunngir jordskifteavgjerdene sine på lik line som ved dom. Partane sine merknader må koma fram i avgjerda. Jordskifteretten si grunngivinga er like relevant og kanskje endå meir turvande i endringssaker enn i tvistesaker. Ved rettsfastsetjing vil ofte jordskifteretten si grunngiving vera kortfatta, men bør minimum innehalde kva som ligg til grunn for avgjerda. I dei tilfella ei rettsfastsetjing vil bli anka vil dette vera til stor hjelp. Me undrast noko over siste og 7. ledd. Ofte vil fordeling av sakskostnader bli avgjort som eiga avgjerd ved avslutting av saka. Det kan ikkje vera eit krav at det ved alle jordskifteavgjerdene skal takast inn avgjerd om sakskostnader.»

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme meiner høyringsforslaget § 6-20 har fått ei litt vanskeleg form. Dei uttaler:

«Vi mener forslaget (til § 6-20) har fått en litt vanskelig form. For det første burde bestemmelsene i § 19-6 i tvisteloven gjelde for både dom og orskurd. Det er vanskelig å se hvorfor orskurd i jordskifteloven skal ha et annet innhold enn kjennelser etter tvisteloven når orskurd etter forslagets § 6-20 omfatter de samme avgjørelser som kjennelser etter § 19-1 (2) i tvisteloven. Jordskifteavgjerd og skjønn kan ha et innhold som i forslaget. Dette tilsvarer noenlunde § 17 b i nåværende lov. Semjedom bør beskrives for seg selv med et innhold som tilsvarer a, b og e i forslaget. Når det gjelder navnet på avgjørelsesformene vises til kommentaren til § 6-19.»

12.3.4.2.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår reglar om krav til innhaldet i avgjerdene til jordskifteretten, etter mønster av reglane i tvistelova § 19-6, som gjeld dom, kjennelse (orskurd) og beslutning (vedtak), sjå lovforslaget § 6-24.

Departementet foreslår dels felles reglar for alle avgjerder, dels reglar der kravet til grunngivinga er ulikt. Alle avgjerdene skal innehalde sentrale opplysingar som namnet på domstolen, kven som er medlemmer av retten, partane, saksnummeret, kva for avgjerd som er teken, og tid og stad for avseiinga av avgjerda. Avgjerdene skal òg vere skriftlege og underskrivne av medlemmene av retten. Når det er meir enn èin dommar, skal det gå fram av avgjerda om ho er samrøystes. Ved dissens skal det gå fram kva dissensen gjeld, og kven som har dissentert. Dette går fram av lovforslaget § 6-24 første til tredje ledd. DA meiner reglane i første til tredje ledd er så samanfallande med reglane i tvistelova at jordskiftelova kan vise til tvistelova framfor å ha eigne reglar. Departementet er samd i at reglane er svært like, men har likevel vald å gi eigne reglar fordi dette er reglar som det kan vere nyttig at partane kan lese rett ut av lova. Tvistelova § 19-6 andre ledd har dessutan ei tilvising til småkravsprosessen som kan virke forvirrande, fordi reglane om småkravsprosessen ikkje blir gjort gjeldande for jordskifterettane.

Det at avgjerder som gjeld realiteten eller viktige prosessuelle spørsmål i saka skal ha ei grunngiving er sjølvsagt, men må likevel lovfestast. Krav til grunngiving gjer at retten må tenke nøye gjennom spørsmåla. Når avgjerda er grunngjeven, blir det dessutan lettare for partane å akseptere dei avgjerdene retten tar. Grunngivinga gir partane betre grunnlag for å vurdere om dei vil anke, og kva dei eventuelt skal anke over. Grunngivinga er òg viktig for den ankeinstansen som skal vurdere avgjerda.

Departementet meiner at kravet til grunngiving av dom bør vere det same som i tvistelova, sjå lovforslaget § 6-24 fjerde ledd og tvistelova §19-6. Dette er same løysinga som etter gjeldande jordskiftelov, sjå § 17 fjerde ledd.

Arbeidsgruppa foreslår eigne reglar for grunngiving av orskurdar («kjennelser»). Dette har fått fleire kommentarar i høyringa. DA, jordskifteoverrettane og fleire av jordskifterettane meiner kravet til grunngiving av orskurdar bør vere dei same som i tvistelova. Departementet er samd i dette, og fjerde ledd i lovforslaget er utforma slik at kravet til grunngiving av både dom og orskurd følgjer tvistelova § 19-6.

For grunngivinga av jordskifteavgjerder foreslår departementet eigne reglar i lovforslaget § 6-24 femte ledd. Reglane er innhaldsmessig ganske like høyringsforslaget, men utforminga er noko annleis. Dette har mellom anna samanheng med at høyringsforslaget om «semjedom» som avgjerdsform, ikkje er teke med i lovforslaget, sjå kapittel 12.3.4.1.

Dom og jordskifteavgjerd gjeld realitetane i saka. Felles for desse avgjerdene er at der det er semje mellom partane om faktiske tilhøve som er opp i saka, skal retten leggje denne semja til grunn for avgjerda. Føresetnaden for dette må likevel vere at partane faktisk er heilt samde. Er partane usikre, og ønskjer at jordskifteretten tek avgjerd, bør retten ikkje grunngi avgjerda med at partane er samde.

Arbeidsgruppa foreslår ein regel om at alle avgjerdene skal innehalde fordeling av sakskostnadene, men slik at for eksempel kostnadene etter § 7-1 i høyringsforslaget kan fordelast til slutt. Fleire av høyringsinstansane er usikre på om regelen er nødvendig å ha med. Andre meiner den i alle fall må skrivast om. Det blir mellom anna peika på at fordeling av sakskostnader skal gjerast som eiga avgjerd når saka avsluttast. Det er først da at retten vil ha full oversikt over samla gebyr, utgifter til meddommarar, sideutgifter, og nytten til den enkelte parten. Etter tvistelova § 20-8 første ledd skal krav på sakskostnader avgjerast for kvar instans i den avgjerda som avsluttar saka i instansen. Reglane tvistelova kapittel 20 gjeld for jordskifterettane så langt dei høver, sjå lovforslaget § 6-1 første ledd. Departementet har i lovforslaget formulert § 6-24 sjuande ledd slik at avgjerdene skal innehalde fordeling av kostnadene etter reglane i kapittel 7, så framt ikkje retten meiner at kostnadene skal fordelast i ei anna avgjerd seinare i saka.

12.3.4.3 Rettsforlik

12.3.4.3.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa viser til at tvistelova har føresegner om rettsforlik i kapittel 19 IV. Arbeidsgruppa meinte rettsforlik ikkje er mindre praktisk for jordskifterettane enn for dei ordinære domstolane, og la til grunn at reglane om formkrav og kontroll med rettsforlik bør vere dei same etter jordskiftelova, som etter tvistelova. Arbeidsgruppa foreslo ein paragraf som innhaldsmessig er lik tvistelova § 19-11, jf. høyringsforslaget § 6-23.

12.3.4.3.2 Høyringsinstansane

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme viser til at høyringsforslaget til § 6-23 om rettsforlik berre er ein nynorsk versjon av tvistelova § 19-11, og kan strykast. Paragraf 19-11 gjeld òg i saker for jordskifteretten.

Det same meinte jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme, jordskiftedommarane i Gulating og Domstoladministrasjonen (DA), som òg vil reservere rettsforlik for dei rettsfastsetjande sakene (rettsutgreiing og grensefastsetjing):

«Etter vår vurdering kan rettsforlik, både etter gjeldende rett og i henhold til utkastet, bare inngås i rettsfastsettende spørsmål. Vi er kjent med at det er ulike oppfatninger i jordskifterettene om det også er eller bør være anledning til å inngå tilsvarende forlik i rettsendrende spørsmål. Vi anbefaler derfor at det i forarbeidene til ny jordskiftelov går klart fram at rettsforlik bare kan inngås i rettsfastsettende spørsmål.»

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner rettsforlik berre skal kunne brukast på rettsfastsetjing og ikke på endring (jordskifte). Semje i samband med jordskifte må i tilfelle heite noko anna, for eksempel «forlik». Dei uttaler:

«Det er to forhold som er verdt å nevne i denne sammenheng. Det første er om det skal være mulig å anke over slik enighet, eller om det må reises sak for tingrett etter samme mønster som gjelder for rettsforlik. Det andre er sperrefristen på 10 år etter gjeldende lov § 4 og utkastet § 3-5. Dette er kanskje den viktigste grunnen til at rettsendring ikke bør inngå i eller omtales som rettsforlik. Rettsfastsetting er ikke til hinder for at det umiddelbart kan forlanges jordskifte etter kapittel 3, mens det for rettsendring gjelder en sperrefrist på 10 år. For mange vil det være vanskelig å forstå at deler av et rettsforlik kan revideres umiddelbart (forutsatt at eiendomsforholdene kan bedres) mens andre deler får en sperrefrist. Se også sitat fra sammendrag i Rt. 2005-985 foran. En sak etter utkastet kapittel 3 vil aldri være «innbrakt som tvistegjenstand for domstolen» (understreket her.) Sak etter kapittel 3 er ikke tvist i jordskiftelovens forstand.»

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme foreslår ein annan ordlyd i paragrafen om rettsforlik.

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme har òg forslag til endringar i ordlyden, og uttaler dette om sakskostnadene og om å ha ein eigen paragraf om rettsforlik:

«Med sakskostnader i 4. ledd siktes det vel til kostnader til sakkunnig hjelp, jfr. § 7-13 i lovforslaget. Det betyr ikke at partene ikke også kan enes om å fordele kostnadene etter § 7-1 (jordskiftekostnadene) på samme måten. Ellers mener vi det er ok at bestemmelsen om forlik blir tatt inn som egen paragraf selv om kapitlet om rettsforlik er gjort gjeldende etter § 6-1.»

Sør-Trøndelag jordskifterett meiner høyringsforslaget § 6-23 bør flyttast slik at paragrafen står saman med paragrafen om avgjerdsformene. Sør-Trøndelag jordskifterett uttaler til fjerde ledd:

«Paragrafen sier noe om fordeling av sakskostnader ved forlik. Begrepet jordskiftekostnader er tatt ut av lovforslaget. Dermed er det uavklart om 4. avsnitt også omfatter gebyrer, meddommere etc. eller er det kun advokatutgifter etc. Bør klargjøre at det gjelder utgifter til sakkyndig hjelp og annet som kan dekkes etter tvistemålslovens bestemmelser. «Jordskiftekostnadene» kan partene også avtale fordeling om, men retten er ikke avhengig av at partene skal kreve at retten skal fordele (slik paragrafen sier).»

12.3.4.3.3 Departementets vurderingar

Tvistelova har føresegner om rettsforlik i kapittel 19 IV. Tvistelova § 19-11 har føresegner om formkrava og kontrollen retten har med at rettsforlik ikkje er i strid med offentlege omsyn som avgrensar rådveldet partane har i saka, og om sakskostnader. Tvistelova § 19-12 har føresegner om verknaden av rettsforlik og om moglegheita til å få sett rettsforlik til sides, eller få dei endra.

Spørsmålet om ein skal ha eigne reglar i tillegg til dei generelle i tvistelova, kjem òg opp når det gjeld rettsforlik. Forslaget til reglar frå arbeidsgruppa er ei omskriving av tvistelova § 19-11. I tillegg skal tvistelova kapittel 19 IV Rettsforlik gjelde så langt det høver. Det er ulike meiningar om denne lovteknikken i høyringa. Mange jordskifterettar og DA meiner det er unødvendig med utfyllande reglar om rettsforlik i jordskiftelova, når reglane i tvistelova skal gjelde.

Departementet meiner informasjonsomsyn tilseier at det bør fastsetjast eigne reglar om rettsforlik. Dei bør likevel liggje nært opp til reglane i tvistelova. Forlik er vanleg i saker for jordskifterettane. Det store innslaget av sjølvprosederande partar gjer informasjonsomsynet tungtvegande.

Det kan diskuterast kva for spørsmål partane bør kunne inngå rettsforlik om for jordskifterettane. Som DA og jordskifterettane i Agder jordskiftedømme peiker på, er det eit spørsmål om ein kan inngå rettsforlik ved anna enn rettsfastsetjande spørsmål. Ein bør i alle fall vurdere om ikkje den nye lova bør seie klart i frå at moglegheita til rettsforlik gjeld med ei slik avgrensing. Departementet er samd i dette. Rettsforlik høver der det er tvist om kva som er den gjeldande rettstilstanden. Rettsforlik høver ikkje i spørsmål som gjeld bruken av verkemidla i jordskifte i kapittel 3, der formålet er å endre eigedoms- og brukstilhøva til ein meir tenleg tilstand. I lovforslaget § 6-26 er det difor foreslått at rettsforlik berre kan gjelde slike spørsmål retten elles kan avgjere ved dom etter § 6-23 første ledd. Kompetansen retten har til å avgjere spørsmål om «grenser, eigedomsrett, rettar og anna» set altså ramma for kva partane kan inngå forlik om.

Når det gjeld fordelinga av sakskostnader foreslår departementet ein regel tilsvarande tvistelova § 19-11 fjerde ledd. Føresegna seier at retten skal avgjere fordelinga dersom forliket ikkje regulerar det, og partane krev ei avgjerd.

12.3.4.4 Tvangskraft og rettskraft

12.3.4.4.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa viser i høyringsnotatet til at gjeldande jordskiftelov § 91 har føresegner om tvangskraft og rettskraft for dei avgjerder jordskifteretten tek. Gjeldande jordskiftelov § 97 bokstav a viser òg til heile kapittel 19 i tvistelova, og føresegnene gjeld dermed «så langt dei høver». Dette inkluderer da òg kapittel 19 V Tvangskraft og rettskraft. Arbeidsgruppa meiner at desse føresegnene i tvistelova kan gjelde for dei avgjerdene jordskifteretten tek. Det kan av informasjonsomsyn vere greitt å ha ei føresegn med ei særleg tilvising til tvistelova, jf. høyringsforslaget § 6-28 første ledd.

12.3.4.4.2 Høyringsinstansane

Domstoladministrasjonen (DA) uttaler:

«Etter tvisteloven § 19-13 første ledd kan rettslige avgjørelser fullbyrdes etter reglene i tvangsfullbyrdelsesloven. Tvangsfullbyrdelsesloven § 4-1 andre ledd a) må antas også å omfatte jordskifteavgjørelser. Vi vil anbefale at forholdet til tvangsfullbyrdelsesloven klargjøres og gjøres lettere tilgjengelig. Første ledd er i sin nåværende form overflødig. »

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler til høyringsforslaget § 6-28 andre ledd:

«Kva er det slik sak syner til? Eigar og bruksrettshavar er ikkje heilt dekkande og bør bli endra til part eller partar i sak for jordskifterett.»

Sør- Trøndelag jordskifterett uttaler:

«Første ledd har dårlig formulert tekst. Forslag: «Reglane i tvisteloven kapittel 19 V om tvangskraft og rettskraft gjeld tilsvarande så langt dei høver.»

Jordskiftekandidatforeningen, NJKF, viser til at høyringsnotatet, i drøftinga av forslaget til semjedom på side 103, gir uttrykk for at ei slik avgjerd inneberer «ei endeleg bindande avgjerd av ein domstol, ikkje eit forvaltningsorgan». NJKF uttaler òg:

«I prinsippet kan partene, etter at jordskifteretten har avsagt dom eller gjort vedtak om hvor en grense går, inngå en ny avtale om grensen (Rt. 1968 s. 1209). Formuleringene på side 103 kan oppfattes som om dette ikke er tilfelle, og at grensen ved jordskifterettens behandling er fastlagt for all framtid, uten mulighet for partene til å endre grensen. Lovforslaget burde i større grad gjort rede selve rettskraftbegrepet, og hva virkningene er for grunneierne, kommunen og domstolene av rettskraftige avgjørelser i jordskifteretten».

12.3.4.4.3 Departementets vurderingar

Departementet er samd med arbeidsgruppa i at informasjonsomsyn tilseier at ein gir reglar om rettskraft og tvangskraft til dei avgjerdene jordskifteretten tek. Det må likevel vere nok å vise til tvistelova kapittel 19 V Tvangskraft og rettskraft (§§ 19-13 til 19-16). Gjentak av heile kapittel 19 V vil bli for omfattande.

Tvangskrafta følgjer av at lovforslaget § 6-28 viser til tvistelova §§ 19-13 til 19-16. Tvistelova § 19-13 viser til lov om tvangsfullbyrdelse (tvangslova). Tvangslova § 4-1 seier at «dom eller kjennelse av norsk domstol, og andre avgjørelser av en norsk domstol som har virkning som dom eller kjennelse» er tvangsgrunnlag. Dommar og orskurdar frå jordskifteretten er etter dette òg tvangsgrunnlag. Løysinga er ein indirekte form for regulering av tvangskraftspørsmålet, slik DA er inne på, men departementet meiner det likevel vil vere greitt å finne fram i desse reglane.

Bruk av tvang kan vere nødvendig for å setje i verk mange av dei avgjerdene jordskifteretten tek. Tvang kan for eksempel bli aktuelt i samband med overføring av grunn eller hus, opparbeiding og vedlikehald av vegar, pengeytingar som for eksempel sakskostnader og så vidare. Tvangsfullføring må skje med heimel i tvangslova. Det er partane som må krevje tvangsfullføring. Retten gjer ikkje dette.

Når det gjeld rettskraft av avgjerdene, vil tvistelova §§ 19-14 og 19-15 gjelde. Tvistelova § 19-14 første ledd seier at ei avgjerd er rettskraftig når ho ikkje lenger kan angripast ved ordinære rettsmiddel. Tvistelova § 19-15 første ledd seier at ei rettskraftig avgjerd er bindande for partane. Andre ledd seier at ei rettskraftig avgjerd av eit krav skal utan realitetsbehandling leggjast til grunn i ei ny sak der retten må ta stilling kravet for å avgjere saka. Etter tredje ledd skal retten avvise ei ny sak mellom same partar om eit krav som er rettskraftig avgjort. Ei rettskraftig avgjerd, for eksempel om grensene for to eller fleire eigedommar, er på den andre sida ikkje til hinder for at partane gjer ei avtale om nye grenser, sjå uttalen frå Jordskiftekandidatforeningen.

Når det gjeld jordskifteavgjerder er tilhøva litt spesielle i den forstand at jordskifteavgjerder retten tek undervegs i saka, kan endrast heilt fram til jordskiftet setjast i verk. Avgjerdene kan såleis vere endelege for partane sin del, men dei treng ikkje vere endelege for jordskifteretten. Sjå nærare om grunngivinga for dette i kapittel 12.4.9. I høve til mellombelse jordskifteavgjerder retten tek etter § 3-34, meiner departementet det vil bli på same måten. Reglane vil ha tvangskraft, men vil likevel kunne endrast av jordskifteretten (og seinare opphevast og eventuelt erstattast med permanente ordningar i jordskifteløysinga).

12.3.4.5 Merking og koordinatfesting av grenser

12.3.4.5.1 Høyringsforslaget

I høyringsforslaget § 6-26 foreslår arbeidsgruppa reglar om at retten skal merkje og koordinatfeste nye grenser som fastsetjast etter kapittel 3. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 58 første ledd. Andre ledd i høyringsforslaget fører vidare § 58 andre ledd andre og tredje punktum, om utsettjing av varig grensemerking og tilhøyrande grensebeskriving til etter at jordskiftet har rettskraft.

12.3.4.5.2 Høyringsinstansane

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler:

«Jordskifteretten skal besørge merking og koordinatfesting av alle de grenser den fastsetter – enten de er nye eller gamle, og uansett om det skjer i grense- eller jordskiftesak. Samtidig mener vi at den foreslåtte bestemmelsen framstår som lite hensiktsmessig. Det er ikke mulig/riktig å merke alle grenser i praksis. Det gjelder for eksempel grenser i vassdrag samt andre steder der merking i praksis ikke er gjennomførbart.»

Jordskifterettane i Hålogaland uttaler omtrent det same og har forslag til ein litt annan ordlyd. Sør-Trøndelag jordskifterett meiner ordlyden kan bli klarare.

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner òg at tredje ledd i høyringsforslaget § 6-26 bør takast ut:

«En del av sakene ved jordskifteretten gjelder ikke grenser, men kun jakt, fiske, beite osv. Disse sakene inneholder ikke forhold som det er nødvendig å rapportere til kommunen av hensyn til matrikkelen. Vi vil tro § 6-26 tredje ledd dekker nødvendig rapportering.»

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme har same oppfatning når det gjeld tredje ledd i høyringsforslaget.

Domstoladministrasjonen (DA) tek òg opp at ikkje alle grenser kan merkjast:

«Ikke alle grenser egner seg for merking og koordinatfesting, for eksempel grenser i vassdrag og sjø, jf første ledd. Obligatorisk merking og koordinatfesting bør derfor nyanseres noe.»

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme uttaler seg på liknande måte:

«Det er ikkje alle grenser som let seg merkje eller det er hensiktsmessig å merkje, så som i vassdrag og bergflog. Det kan og vera turvande å nymerkje eksisterande grenser. Det må leggjast opp til jordskifteretten sitt skjønn her. Dersom grensemerkinga blir utsett til etter at saka er rettskraftig, bør desse vedtakast ved jordskifteavgjerd når dei er merka og målt inn, slik at partane kan nytte rettsmiddel dersom dei meiner noko vart feil.»

Jordskifterettane i Agder jordskiftedøme meiner det kan gå fram av spesialmerknadene til paragrafen at merkinga skal skje «i nødvendig grad». Dette står ikkje i gjeldande lov, men den praktiserast slik.

Statens kartverk uttaler:

«Koordinatfesting er ikke nærmere omtalt. Kartverket er usikre på om jordskifteretten skal følge egne målereglementer eller Kartverkets standarder. Landbruks- og matdepartementet har hjemmel for å fastsette utforming av grensemerker som i tidligere lov. Det bør i hvert fall etableres et lignende samarbeid som med delingsloven og tidligere jordskiftelov og helst bør man lage samordnede målestandarder. Rapportering av nye grensemerker og andre nye data er litt snevert uttrykt. Det er behov for rapportering av nye, slettede og eksisterende som har fått forbedret kvalitet, se matrikkelforskriftens § 27, 1 ledd bokstav g og merknader til denne.»

Norges Jordskiftekandidatforening NJKF, viser til at ein i høyringsforslaget vil oppnå samkjøring av terminologien mellom ny lov og matrikkellova. NJKF meiner dette er riktig og viktig for at omgrepsbruken innanfor fagområdet generelt skal bli meir eintydig. NJKF uttaler òg:

«I så måte meiner vi at ny lov ikke tar høyde for slik sammenkobling når det i lovforslaget § 6-26 ikke legges opp en felles nasjonal standard for det tekniske arbeidet. En felles nasjonal standard vil gjøre det lettere for jordskifterettene å innhente sakkyndig målehjelp ved behov. Samme paragraf tar heller ikke høyde for at nye grenser er knytt til gamle grensepunkt. Regelen burde ta høyde for at retten skal oversende kartgrunnlag/tekniske data for grenseforløp registrert i vedkommende sak. Vi viser til matrikkelforskriften § 41».

12.3.4.5.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår reglar om merking og koordinatfesting av grenser i lovforslaget § 6-29. Reglane er innhaldsmessig like høyringsforslaget § 6-26 første og andre ledd. Reglane fører vidare dei tilsvarande reglane i gjeldande jordskiftelov § 58. Merking og koordinatfesting av grenser skal skje anten grensefastsetjinga har opphav i ei jordskiftesak der det blir fastsett nye grenser, eller i ei grensesak der eksisterande grenser skal klarleggjast, sjå lovforslaget § 6-29 første ledd.

Andre ledd i lovforslaget § 6-29 fører vidare § 58 andre ledd andre og tredje punktum, om utsetjing av varig grensemerking og tilhøyrande grensebeskriving til etter at jordskiftet har rettskraft. Det kan vere aktuelt å utsetje den endelege grensemerkinga der anleggsarbeid like etter at saka er rettskraftig, vil føre til at merka blir fjerna eller øydelagde. Utsett grensemerking kan òg vere aktuelt, der avgjerd i ankesak fører til at merka må flyttast. Dersom jordskifteretten ventar med varig grensemerking, må grensene merkast tydeleg med midlertidig merke for eksempel med spray eller trepålar. Det er viktig at partane ser i terrenget kva som er resultatet av saka. Utsett grensemerking vil difor vere meir unntak enn hovudregel. Totalt sett er det billigare å fjerne nokre få grensemerke på grunn av endring i ankedomstol, enn å merkje alle grenser to gonger, først med midlertidig merke og deretter med varig merke. Blir grensemerkinga utsett, skal merkinga seinare gjerast i form av jordskifteavgjerd, sjå lovforslaget § 6-23 fjerde ledd bokstav c. Avgjerda vil da kunne angripast ved anke etter reglane i lovforslaget kapittel 8. Med avgjerda er meint det utsette arbeidet, ikkje realiteten i saka elles.

Departementet meiner elles det er gode grunnar til å gjere regelen om plikta til å merkje grenser meir fleksibel enn i høyringsforslaget. Dette er i tråd med høyringsuttalane frå DA og jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme og jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme. Det kan gjerast ved å ta inn «så langt råd er» i første ledd. Departementet meiner at det ikkje blir rett å avgrense merkinga til «i nødvendig grad». Grunnen til det er at det kan vere mange ulike oppfatningar av kva som er nødvendig. Utgangspunktet må i staden vere at merking skal skje så langt det let seg gjere. Ved skiping av ny matrikkeleining vil matrikkellova § 34 med tilhøyrande forskrifter gi rettleiding òg for det arbeidet jordskifteretten gjer.

Når det gjeld uttalen frå Jordskiftekandidatforeningen, legg departementet til grunn at krava som Statens kartverk har sett for merkje- og målearbeidet, skal etterlevast av jordskifterettane. Av omsyn til at domstolane skal vere uavhengige av forvaltinga – òg på dette området – meiner departementet at jordskiftelova bør innehalde ei forskriftsfullmakt om utforming av grensemerke, sjå lovforslaget § 6-29 tredje ledd. I praksis skal det mykje til at denne forskrifta vil avvike frå reglane som gjeld kommunale grensemerke.

Departementet vil elles understreke at jordskifteretten berre kan avgjere den grensestrekninga som partane har teke opp og som er til behandling for retten. Jordskifteretten skal etter lovforslaget § 6-9 gjere ei sakleg og geografisk avgrensing av saka i samsvar med det eller dei krava som blir reiste, og som partane har uttala seg til. Jordskifteretten kan såleis ikkje gå utanom denne avgrensinga for å få til ei tilknyting til grensepunkt utanfor den grensestrekninga retten har til behandling. Der påstandane frå partane fører til at grensa som jordskifteretten fastset ikkje let seg knyte til andre grenser i matrikkelkartet, bør jordskifterettane gjere partane merksame på det. Om partane følgjer rettleiinga, kan matrikkelen bli meir truverdig. Partane kan óg unngå seinare tvist om grensa.

12.3.5 Rapportering og tinglysing

12.3.5.1 Rapportering til matrikkelmyndigheita

12.3.5.1.1 Høyringsforslaget

I høyringsforslaget § 6-26 tredje ledd foreslår arbeidsgruppa reglar om at retten skal rapportere nye grensedata og andre nye data til matrikkelmyndigheita i samsvar med forskrift gitt av departementet.

12.3.5.1.2 Høyringsinstansane

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner at tredje ledd i høyringsforslaget § 6-26 bør takast ut:

«En del av sakene ved jordskifteretten gjelder ikke grenser, men kun jakt, fiske, beite osv. Disse sakene inneholder ikke forhold som det er nødvendig å rapportere til kommunen av hensyn til matrikkelen. Vi vil tro § 6-26 tredje ledd dekker nødvendig rapportering.»

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme har same oppfatning når det gjeld tredje ledd i høyringsforslaget.

Statens kartverk uttaler:

«Rapportering av nye grensemerker og andre nye data er litt snevert uttrykt. Det er behov for rapportering av nye, slettede og eksisterende som har fått forbedret kvalitet, se matrikkelforskriftens § 27, 1 ledd bokstav g og merknader til denne.»

12.3.5.1.3 Departementets vurdering

Høyringsforslaget § 6-26 tredje ledd, om at retten skal rapportere nye grensedata og andre nye data til matrikkelstyresmakta, er teke inn lovforslaget § 6-30. Plikta til rapportering omfattar òg at det er sett fram krav om sak for jordskifteretten, sjå matrikkelforskrifta §§ 46 og 47. Departementet kan ikkje sjå at matrikkelforskrifta gjer det nødvendig å rapportere resultatet av saker som berre gjeld reglar for jakt, fiske, beite med vidare, og andre reglar om bruk som blir tinglyst utan at dei blir ført i matrikkelen. Departementet oppfattar uttalen frå jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme slik at dei er samde i dette. Jordskifterettane har i dag avtale med Statens kartverk om utveksling av data. På den måten held ein ved like samfunnsmessig verdifull infrastruktur.

Etter gjeldande jordskiftelov § 58 fjerde ledd har jordskifteretten plikt til å sørgje for å få registrert alle jordsameiger innanfor skiftefeltet i matrikkelen dersom dei framleis skal eksistere etter at jordskiftet er avheimla. Det er eit vilkår for plikta at jordskifteretten som del av behandlinga av saka har klarlagt grensene og kven som har part i sameiget. Plikta til å få sameigene registrerte kom inn i jordskiftelova i samband med ny matrikkellov i 2005. Registreringa kan føre til at bortfeste av tomt i eit jordsameige blir enklare fordi sameiget har eige matrikkelnummer. Skiping av ny grunneigedom vil dessutan vere enklare reint data-teknisk dersom jordsameige har eigne matrikkelnummer. I førearbeida til endringa blei det lagt til grunn at rapporteringa var god nok dersom grensene blei viste på kart godkjent av kommunen. Heimelsforholda trong heller ikkje vere fullstendig klarlagde.

Etter lovforslaget § 6-30 skal jordskifteretten rapportere til matrikkelmyndigheita om at det er sett fram krav om sak, og om resultatet av saka. Departementet ser ikkje behov for at jordskifteretten skal rapportere inn til matrikkelmyndigheita partstilhøve som blir endra gjennom jordskifte. Det er nok at ein rapporterer inn resultatet av det aktuelle jordskiftet. Etter departementets syn dekkjer heimelen i lovforslaget § 6-30 det behovet matrikkelen har for opplysningar som gjeld jordsameiger. Departementet foreslår difor at heimelen i gjeldande jordskiftelov § 58 fjerde ledd ikkje skal førast vidare. Der påstandane frå partane fører til at grensa som jordskifteretten fastset ikkje heng saman med andre grenser, bør jordskifterettane gjere partane merksame på det. Om partane følgjer rettleiinga, kan matrikkelen bli meir truverdig. Partane kan óg unngå seinare tvist om grensa.

12.3.5.2 Tinglysing

12.3.5.2.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 6-22 reglar om både rettsbøker, melding til kommunen etter matrikkellova, og tinglysing. Paragrafen erstattar gjeldande jordskiftelov § 22 tredje ledd og § 24. Forslaget til reglar om tinglysing fører i det alt vesentlege vidare gjeldande reglar.

12.3.5.2.2 Høyringsinstansane

Domstoladministrasjonen (DA) foreslår at det blir gitt ein eigen paragraf berre om tinglysing.

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler:

«Tinglysingsutdraget blir i dag arkivert på kontoret i eget system. Dersom utdraget skal oppbevares sammen med dokumenta i saka, vil utdraget bli sendt statsarkivet når saksdokumenta blir sendt dit. Vi mener utdraget bør være tilgjengelig på jordskiftekontoret også etter at dokumenta er sendt til endelig arkivering.»

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme, meiner det kan vere uheldig om formuleringa i gjeldande lov om kva som skal tinglysast framleis skal gjelde («alt av varig verdi»). Dei uttaler:

«Den har medført svært ulik praksis ved jordskifterettene og at mye som er unødvendig å tinglyse er blitt tinglyst. Kan for eksempel departementet gis myndighet til å gi mer presise retningslinjer. Vi reiser spørsmål om det er riktig å tinglyse alle jordskiftesaker. Grensebeskrivelser skal bl.a. i framtida registreres i matrikkelen. Det må derfor være unødvendig å tinglyse grensebeskrivelsene.»

Statens kartverk uttaler:

«I den grad jordskiftesaken medfører endringer som betinger føring i matrikkelen, må dette skje før registrering i grunnboken. Det kan også være jordskiftesaker som må føres i flere etapper fordi det er elektronisk kommunikasjon mellom registrene og sperrer mot føringer et sted uten tilsvarende i det andre registeret. Rent praktisk hvordan slike forhold skal løses er det ikke naturlig å ta inn som en del av jordskifteloven. Det forutsettes at de gjeldende rutinene mellom jordskifteretten og tinglysingen videreføres.»

12.3.5.2.3 Departementets vurderingar

Etter lovforslaget § 6-31 er hovudregelen om tinglysing den same som før. Når saka er avslutta og alle avgjerdene har fått rettskraft, skal jordskiftedommaren sørgje for at eit utdrag av rettsboka blir tinglyst. Alt av varig verdi skal vere med i utdraget.

Som jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme uttaler kan «alt av varig verdi» vere ein litt upresis uttrykksmåte. Dette er same formulering som i gjeldande jordskiftelov, og dei meiner denne regelen har medført svært ulik praksis ved jordskifterettane. Mykje som er unødvendig å tinglyse, har blitt tinglyst.

Tidlegare, i forarbeida til jordskiftelova av 1950, blei det vurdert om ein skulle knytte regelen opp mot tinglysingslova § 12. Føresegna seier at «Såfremt ikke annet er bestemt ved lov, kan et dokument bare anmerkes i grunnboken når det går ut på å stifte, forandre, overdra, behefte, anerkjenne eller opheve en rett som har til gjenstand en fast eiendom i embedskretsen.» Dette blei likevel ikkje gjort, fordi ein var usikker på om § 12 var fullstendig nok. Sjølv om uttrykksmåten «alt av varig verdi» (tidlegare «varande verde») ikkje gav ei heilt skarp avgrensing, meinte ein at det ville vere «fullnøyande» som ei rettesnor for vurderinga til jordskiftedommarane av kva som skal takast med i utdraget. Austenå og Øvstedal (2000) peikar i kommentarutgåva til gjeldande jordskiftelov side 165, på at tinglysingslova § 12 vil vere ei rettesnor for det som skal med i utdraget, men utan at det kan vere ein uttømmande regel når det gjeld jordskifte:

«Utdraget må i allfall innehalde jordskiftets sluttresultat med kvar enkelt bruks grenser, og kvar det ligg med gardsnummer og bruksnummer, … og dei «herligheter» som ligg til, saman med dei hefter og byrder som er pålagt i medhald av jordskiftet.» Jordskifteforretninga skal avmerkast på alle dei eigedomane som er berørt av jordskiftet.»

Departementet meiner at omgrepet «alt av varig verdi» bør brukast i den nye jordskiftelova, sjølv om det altså ikkje gir ei heilt klar avgrensing av kva som skal med i utdraget. Som Austenå og Øvstedal peikar på, varierer jordskiftesakene mykje med omsyn til innhald og omfang. Det vil bli vanskeleg å setje opp ei fullgod liste med det som skal med i utdraget. Dei uttaler:

«Jordskiftedommaren må på ein måte sette seg inn i den posisjon ein potensiell interessent er i, når han vurderer ein eigedom. Kva er avgjerande for han å få kunnskap om.»

Det er jordskiftedommaren som skal sørgje for at utdraget blir tinglyst. Når ei sak er behandla som ankesak i lagmannsretten, er det den jordskifteretten som tidlegare hadde saka, som skal sørgje for tinglysing av avgjerda.

Etter tinglysinga skal utdraget oppbevarast saman med dokumenta i saka. Som jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme peikar på, bør utdraget vere tilgjengeleg på jordskiftekontoret etter at dokumenta er send til arkivering i Statsarkivet.

Når det gjeld uttalen frå Statens kartverk, viser departementet til at ein i lovforslaget § 6-30 har tatt inn ei rapporteringsplikt for jordskifterettane. Opplysingar om grensene for kvart enkelt bruk, kvar bruket ligg med gardsnummer og bruksnummer, blir nå ført i matrikkelen. Det går fram av kapittel 8.32.3 at departementet foreslår at rekkefølgja ved innsending til matrikkelen, matrikkelføring og innsending til tinglysing skal løysast med heimel i forskrift etter matrikkellova.

12.4 Nærare om visse sentrale delar av tvistelova som ikkje blir gjort gjeldande for saksbehandlinga i jordskifterettane

12.4.1 Reglane i tvistelova om dei grunnleggjande føresetnadene for sak

12.4.1.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår dels eigne reglar, dels at reglane i tvistelova skal gjelde så langt dei høver når det gjeld dei grunnleggjande føresetnadene for å reise ei sak for jordskifterettane.

Dei grunnleggjande føresetnadene for ei sivil sak går fram av første del i tvistelova, kapitla 1 til 4. Arbeidsgruppa foreslår ikkje unntak for heile kapittel 1 i tvistelova, berre for § 1-3 som gjeld krava til søksmålsgjenstand, partstilknyting og søksmålssituasjon. Arbeidsgruppa foreslår ikkje unntak for §§ 1-1 om formålet til tvistelova, 1-2 om betydinga folkeretten har, 1-4 om søksmålshøve for organisasjonane og § 1-5 om kven ein skal rette eit søksmål mot om eit offentlege vedtak er gyldig.

Når det gjeld tvistelova sitt formål, uttaler arbeidsgruppa i kapittel 5.10.4 på side 93:

«Arbeidsgruppa foreslår at jordskiftelova får eit eige formål, sjå utkastet § 1-1 og grunngjevinga for denne, men arbeidsgruppa legg til grunn at tvisteloven § 1-1, formålsparagrafen, og § 1-2 om forholdet til folkeretten, kan gjelde ved sidan av jordskifteloven sin eigen formålsparagraf. Det er ikkje nokon motstrid mellom desse reglane, men det ligg ein forskjell i at det etter tvisteloven skal liggje ei tvist til grunn for saka, medan dette ikkje er nødvendig for saker etter jordskiftelova.»

Arbeidsgruppa foreslår ikkje unntak for tvistelova § 1-1 (1). Denne paragrafen omhandlar føremålet for tvistelova, og han er av generell og overordna karakter. Tvistelova skal leggje til rette for ei rettferdig, forsvarleg, rask, effektiv og tillitsskapande behandling av rettstvistar gjennom offentleg rettargong for uavhengige og upartiske domstolar.

Arbeidsgruppa meiner at vilkåra om søksmålsgjenstand, partstilknyting og søksmålssituasjon bør regulerast i eigne tilpassa reglar i den nye jordskiftelova, jf. høyringsforslaget §§ 6-4 og 6-5. Dette er i samsvar med gjeldande reglar. Tvistelova § 1-3 bør difor vere eit av unntaka frå tvistelova, jf. høyringsforslaget § 6-1 tredje ledd. Gjeldande jordskiftelov har fleire reglar om kven som kan krevje sak, sjå § 5 for jordskiftesakene og §§ 88 første og andre ledd, og 88 a første og andre ledd for saker om rettsutgreiing og grensegang.

Arbeidsgruppa viser til at det etter jordskiftelova ikkje treng å liggje føre ein tvist. Med det meiner arbeidsgruppa at det ikkje treng liggje føre eit rettskrav frå nokon av partane i tydinga krav av rettsleg art som kan løysast ut i frå rettsreglar, og som er retta mot ein eller fleire andre partar. Det er nok at det ligg føre ein tilstand knytt til eigedommar eller bruksrettar som ein eller fleire av partane vil at retten skal klarleggje eller endre, og fastsetje på ein måte som får rettskraft for partane for framtida. Dette gjer at ein må ha andre reglar om søksmålssituasjonen enn det ein har i tvistelova.

Når det gjeld tvistelova kapittel 2 om «parter, prosessdyktighet, og stedfortredere», og kapittel 3 om «prosessfullmektiger og rettslige medhjelpere», meiner arbeidsgruppa det ikkje er nødvendig med unntak frå tvistelova. Arbeidsgruppa uttaler om tilhøvet til tvistelova kapittel 2:

«I tillegg vil tvisteloven sine reglar om prosessdyktigheit og partsevne gjelde. Partsevne gjeld den evna ein fysisk eller juridisk person har (eller manglar) i forhold til å opptre som part i rettssaker. Prosessevne handlar om den evna ein fysisk eller juridisk person har til sjølv å opptre i ein rettssak, mellom anna til å reise eller ta i mot søksmål. Eit sentralt skilje går for eksempel mellom myndige og umyndige personar. Reglane om partsevne etter tvisteloven kapittel 2 meiner arbeidsgruppa kan bli gjort gjeldande også for jordskiftesakene. Gruppa foreslår derfor ikkje unntak for tvisteloven kapittel 2, sjå utkastet § 6-1.»

Arbeidsgruppa kommenterer ikkje tilhøvet til tvistelova kapittel 3. Om unntaket frå tvistelova kapittel 4 «om saklig og stedlig domsmyndighet» uttaler gruppa:

«Arbeidsgruppa foreslår unntak for tvisteloven kapittel 4 om stadleg domsmyndigheit (verneting). Gjeldande regel om verneting for jordskifte går fram av jordskifteloven § 12 første ledd første punktum: «Krav om offentleg jordskifte set ein fram for jordskifteretten i den sokna der eigedomen ligg.» Jordskifteloven § 97 gir også tvisteloven § 4-5 første ledd tilsvarande verknad for jordskifte så langt den høver: «Fast eiendom: Søksmål som gjelder fast eiendom, kan anlegges i den rettskrets hvor eiendommen ligger. Ligger eiendommen i flere rettskretser, kan søksmål anlegges i en av disse. Det same gjelder hvis søksmålet gjelder flere tilstøtende faste eiendommer som ligger i ulike kretser.» Utkastet til ny regel gjer det unødvendig å gjere tvisteloven kapittel 4 gjeldande. Riket er delt inn i eigne jordskiftesokn og då bør ein også ha eigne reglar om stadleg domsmyndigheit som samsvarar med dette. Arbeidsgruppa foreslår ikkje reglar om at partane kan velje verneting. Synfaring vil så å seie alltid vere nødvendig i dei sakene jordskifteretten behandlar. Det er derfor ikkje grunn til å lovfeste noko anna enn det som uansett er mest praktisk, og som vil bli løysinga i alle saker. Ein skal likevel vere merksam på at domstolloven § 38 om overføring av saker også vil gjelde for jordskifterettane.»

Arbeidsgruppa foreslår eigne reglar om verneting i høyringsforslaget § 6-3. Reglar om sakleg domsmyndigheit går fram av lova elles. Jordskifteretten er ein særdomstol som må ha positiv heimel for dei avgjerdene den skal ta. Slik positiv heimel går fram av høyringsforslaget kapittel 3 om jordskifte, kapittel 4 om rettsutgreiing og grensefastsetjing med meir og kapittel 5 om skjønn og andre avgjerder etter andre lover, i tillegg til dei heimlane for skjønn og andre skjønnsliknande avgjerder som går fram av særlovgivinga, for eksempel reindriftslova.

12.4.1.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet uttaler:

«Justisdepartementet er enig i at tvisteloven § 1-3 ikke blir gjort gjeldende etter jordskifteloven. Denne bestemmelsen angir søksmålsbetingelsene i vanlige sivile saker – kravene til søksmålsgjenstanden, søksmålssituasjonen og partstilknytning. Reelt sett er det særlig kravet til søksmålssituasjonen som ikke passer for jordskiftesakene – kravet om at det må foreligge et «reelt behov for å få kravet avgjort» (aktualitetskravet). Men det er også vesentlige forskjeller i kravet til søksmålsgjenstand og partstilknytningskravet. Lovutkastet § 6-4 angir etter det vi forstår hvem som kan anlegge sak for jordskifterettene – med andre ord partstilknytningskravet. Vi har ingen vesentlige innvendinger mot utformingen av denne bestemmelsen.»

Miljøverndepartementet uttaler:

«Til §§ 6-5 Når tiltakshavar og offentleg styresmakt kan krevje sak og 6-6 Fråskriving av retten til å krevje sak. Det ser her ut til å være et behov for en mer utfyllende omtale av spørsmålet om det offentliges adgang til å kreve jordskifte og når det offentlig/myndigheter kan håndheve sine regler direkte i stedet for å være henvist til å kreve/være part i et jordskifte – for eksempel hvis jordskifteretten avlyser en servitutt som kommunen mener fortsatt skal gjelde som vilkår for en tillatelse eller dispensasjon.»

Sør-Trøndelag jordskifterett uttaler:

«Vi kan ikke se noen klar grunn til at tvisteloven § 1-3 (2) skal unntas for jordskifterettens tvisteløsningsarbeid. Forslagets § 6-4 og § 6-5 angir hvem som kan kreve sak (grunneier etc.). Andre kan intervenere etter tvisteloven §§ 15-3 og 15-7 i oppstarta sak. Men noen kan ha sjølstendig interesse i å avklare grense for andre eiendommer/verneområder enn der de direkte har eiendom. Er aktualisert i grensegangssaker for verneområder hvor også eiere i nærheten av verneområdene kan ha «rettslig interesse» i grenseforløp. Høyringsskrivet synes å ha som hovedbegrunnelse for unntaket at det ikke passer for jordskiftesaker (kap. 3). Dette omtales også i kommentaren til § 6-4 hvor det er tydelig at jordskifte etter kap. 3 og tvisteløsning sees under ett. Det er riktig at tvisteloven § 1-3 ikke skal gjelde for jordskifte etter kap. 3, men bestemmelsen bør gjelde for tvisteløsningssakene. Uansett er det ikke logisk at tvisteloven § 1-4 ikke er unntatt når § 1-3 er unntatt. Etter § 1-4 kan organisasjoner kreve sak. (Muligheten faller kanskje mot jordskifteloven § 6-4 og § 6-5, men klargjøring mangler uansett). Vi mener det kan være hensiktsmessig at § 1-4 kan gjelde slik at organisasjoner som for eksempel grendelag kan få fram synspunkter på vegne av allmenheten for for eksempel adkomstraseer. Andre organisasjoner vil kunne ha interesse i å avklare eiendomsgrenser for eiendommer på bakgrunn av at de for eksempel skal nyttes på kontroversielle måte. Samme må derfor også gjelde naboer til slike eiendommer eller til verneområdet hvor det er juridisk uenighet om grensas forløp. Dvs. at det kan være hensiktsmessig at § 1-3 (2) blir gjeldende. Vi mener at dette bør drøftes nærmere.»

Jordskifterettane i Frostating jordskiftedømme uttalar:

«Vi er enig i at denne bestemmelsen [§ 1-3 ] tas ut og at det blir fastsatt egne regler om kravskompetanse. Dette gjelder særlig i forhold til § 1-3 (1). Når det gjelder § 1-3 (2) er det vel i og for seg ikke noe i vegen for at denne bestemmelsen kunne gjøres gjeldende både for kap. 3 og 4 sakene.»

12.4.1.3 Departementets vurderingar

Jordskifteretten er ein særdomstol med oppgåve å løyse problem med å nytte fast eigedom, eller avklare uklare grenser eller rettstilhøve. For å reise ei sak for dei ordinære domstolane, må det liggje føre ein tvist. Tvistegjenstanden må vere eit krav som er underlagt rettsleg regulering (rettskrav). For reise sak for jordskifteretten er det ikkje nødvendig at det skal vere tvist mellom partane. Det er nok at det ligg føre ein utenleg eigedoms- eller bruksrettstilstand, eller at grensene for ein eigedom er uklare eller at det ligg føre uklare eigedoms- eller bruksrettstilhøve, sjå gjeldande jordskiftelov § 1, 88 og 88 a. Desse reglane blir i det alt vesentlege ført vidare i lovforslaget.

Skilnaden mellom jordskifterettane og dei ordinære domstolane påverkar korleis ein kan utforme reglane. Departementet meiner likevel at dei fleste av reglane i tvistelova om grunnleggjande føresetnader for å reise sak, òg kan gjelde for jordskifterettane.

Den tilnærminga departementet har vald til tvistelova, inneber at det ikkje er spørsmål om kva det skal gjerast unntak for, men om kva for reglar i tvistelova som skal gjerast gjeldande. Dette er same ordning som etter gjeldande jordskiftelov, sjå nærare omtale av dette i kapittel 12.2. Departementet meiner at formålet for prosessereglane i jordskiftelova og tvistelova i det alt vesentlege er det same, sjå nærare om dette i kapittel 6.2.

Ein regel departementet meiner ikkje bør gjelde, er tvistelova § 1-3 om søksmålsgjenstand, partstilknyting og søksmålssituasjon. Dette er ein svært sentral regel i tvistelova, som fører vidare prinsippet om krav til «rettsleg interesse» for å reise sak. Den passar likevel ikkje så godt for dei sakstypane jordskiftelova regulerar. Justisdepartementet uttaler at det særlig er kravet til søksmålssituasjonen som ikkje passar for jordskiftesakene. Det vil seie kravet om at det må liggje føre eit «reelt behov for å få kravet avgjort» (aktualitetskravet). Tvistelova § 1-3 er heller ikkje gjort gjeldande for jordskiftesakene i dag, sjå gjeldande jordskiftelov § 97. Dette har samanhang med at det ikkje treng å liggje føre ein tvist for at saka skal kunne behandlast i jordskifteretten. Ein kan da ikkje ha dei same reglane knytt til søksmålssituasjon som dei ein har i tvistelova.

Kravet til kva det kan reisast sak om («søksmålsgjenstand»), går fram av lovforslaget § 1-4, jf. kapittel 3 Jordskifte, kapittel 4 Rettsutgreiing og grensefastsetjing og anna og kapittel 5 Skjønn og andre avgjerder etter andre lover. Reglane svarar til tvistelova § 1-3 første ledd. Andre typar sivile saker kan ikkje reisast for jordskifterettane, med mindre det følgjer av lovverket. Eksempel på slike lovreglar finn ein i reindriftslova, veglova og visse andre lover som gir jordskifteretten kompetanse til å ta avgjerd i skjønn, eller i skjønnsliknande spørsmål (sjå mellom anna drøftinga i kapittel 11 av forslaget om å innføre omgrepet «avgjerder» i reindriftslova og visse andre lover i staden for «skjønn»).

Departementet foreslår at partstilknytinga skal regulerast i eigne reglar om kven som kan reise sak for jordskifteretten, sjå § 1-5 i lovforslaget, og omtalen i kapittel 6.5.

Departementet meiner at dei grunnleggjande føresetnadene for sak bør stå i innleiinga i den nye jordskiftelova, slik dei gjer i tvistelova. Departementet foreslår derfor å ta inn reglar i lovforslaget kapittel 1 del II, §§ 1-4 og 1-5, der desse føresetnadene går fram. Reglane står difor ikkje i kapittel 6 Reglar om saksbehandling.

Departementet meiner ein ikkje treng å gjere kapittel 1 i tvistelova gjeldande, når lovforslaget har eigne reglar om formål med vidare. Tvistelova kapittel 2 og 3 kan gjerast gjeldande. Kapittel 2 Parter, prosessdyktighet og stedfortredere, omhandlar partsevne og prosessevne. Det vil seie den evna ein fysisk eller juridisk person har (eller manglar) i høve til å opptre som part i rettssaker. Prosessevne handlar om den evna ein fysisk eller juridisk person har til sjølv å ta del i ei rettssak, mellom anna til å reise eller ta i mot søksmål. Eit sentralt skilje går for eksempel mellom myndige og umyndige personar. Tvistelova kapittel 3 omhandlar prosessfullmektigar og rettslege medhjelparar. Reglane i tvistelova kapittel 2 og 3 er gitt verknad gjennom gjeldande jordskiftelov § 97, og det same kan gjelde etter den nye jordskiftelova.

12.4.2 Tvistelova kapittel 4, om sakleg og stadleg domsmakt

12.4.2.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at tvistelova kapittel 4 Saklig og stedlig domsmyndighet (verneting), ikkje skal gjelde for jordskifterettane. Jordskifteretten er ein særdomstol som har si domsmakt positivt heimla i lovverket. Sakleg domsmakt (avgjerdsmyndigheit) går fram av jordskiftelova og andre lover. Arbeidgsruppa foreslår nye reglar om sakleg domsmakt i høyringsforslaget kapitla 3, 4 og 5. Gjeldande regel om stadleg domsmakt (verneting) for jordskifterettane går fram av gjeldande jordskiftelov § 12 første ledd første punktum. Der står det at «Krav om offentleg jordskifte set ein fram for jordskifteretten i den sokna der eigedomen ligg.» Gjeldande jordskiftelov § 97 gir òg tvistelova § 4-5 første ledd verknad for jordskifte så langt ho høver. Tvistelova § 4-5 (1) seier at «Fast eiendom: Søksmål som gjelder fast eiendom, kan anlegges i den rettskrets hvor eiendommen ligger. Ligger eiendommen i flere rettskretser, kan søksmål anlegges i en av disse. Det samme gjelder hvis søksmålet gjelder flere tilstøtende faste eiendommer som ligger i ulike kretser.»

Arbeidsgruppa meiner at høyringsforslaget gjer det unødvendig å gjere tvistelova kapittel 4 gjeldande. Dette gjeld òg § 4-5 første ledd. Riket er delt inn i eigne jordskiftesokn og da bør ein òg ha eigne reglar om domsmakt på staden som samsvarar med dette. Arbeidsgruppa foreslår nye reglar om domsmakt på staden i høyringsforslaget § 6-3.

Arbeidsgruppa foreslår ikkje reglar om at partane kan velje verneting. Synfaring vil så å seie alltid vere nødvendig i dei sakene jordskifteretten behandlar. Det er difor ikkje grunn til å lovfeste noko anna enn det som uansett er mest praktisk, og som vil bli løysinga i alle saker.

12.4.2.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet meiner ein kan slå saman første og andre ledd i høyringsforslaget § 6-3, og viser til tvistelova § 4-5 første ledd.

Domstoladministrasjonen (DA) uttaler om høyringsforslaget § 6-3:

«Dersom bestemmelsens innhold er ment å være samsvarende med tvisteloven § 4-5 første ledd og § 4-7, bør det henvises til disse for å unngå tolkningstvil. DA mener overskriften med fordel kan endres. Utkastet § 6-3 regulerer hvor et krav om sak for jordskifteretten skal settes fram. Av pedagogiske hensyn mener DA at dette bør gå fram av lovregelen overskrift. Vi foreslår følgende overskrift: Kvar krav om sak skal settast fram (verneting).»

Jordskifterettene i Frostating jordskiftedømme uttaler:

«Det er fastsatt egen regel i § 6-3 i forslaget om dette som ikke innebærer endring i forhold til § 12 i nåværende lov. En får dessuten fjernet det uheldige i at § 4-5 i tvisteloven som innførte et fritt verneting ble gjort gjeldende etter § 97 i nåværende jordskiftelov. »

Sør-Trøndelag jordskifterett har forslag til endringar i overskrifta og i ordlyden i høyringsforslaget § 6-3. Forslag til endringar i overskrifta har òg jordskifterettane i Agder jordskiftedømme, og jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme.

12.4.2.3 Departementets vurderingar

Tvistelova kapittel 4 I gjeld den saklege domsmakta til forliksråda og dei ordinære domstolane. Den saklege domsmakta til tingrettane er negativt avgrensa. Etter tvistelova § 4-1 andre ledd er tingrettane den ordinære førsteinstansen for saker som blir reist for domstolane, når ikkje anna følgjer av første ledd som gjeld domsmakta til forliksråda, eller tredje ledd som gjeld domsmakta til lagmannsrettane. Kapittel 4 II gjeld den stadlege domsmakta til dei ordinære domstolane, det vil seie vernetingsreglane.

Departementet er samd med arbeidsgruppa i at forslaget til ny jordskiftelov gjer det unødvendig å gjere tvistelova kapittel 4 gjeldande. Når det gjeld den saklege domsmakta har jordskifterettane, som er særdomstolar etter domstollova § 2, den myndigheita som jordskiftelova og andre lover legg til jordskifteretten. Domsmakta er positivt avgrensa, og slik må det òg vere i framtida.

Når det gjeld den stadlege domsmakta, meiner departementet at det òg er grunn til å ha eigne reglar, slik arbeidsgruppa foreslår. Lovforslaget § 6-3 om kvar krav skal setjast fram (verneting), er i innhald likt med høyringsforslaget og med gjeldande jordskiftelov. Forslaget er likevel endra noko når det gjeld ordlyden i paragrafoverskrifta. Nokre ledd er slått saman i tråd med innspel frå høyringsinstansane. Riket er delt inn i eigne jordskiftesokn. Da bør ein òg ha eigne reglar om kvar krav skal setjast fram som samsvarar med dette, sjå lovforslaget §§ 6-3 og 2-1. Departementet foreslår ikkje reglar om at partane kan velje verneting. Dette fordi synfaring nesten alltid vil vere nødvendig i dei sakene jordskifteretten behandlar. Domstollova § 38 om overføring av saker vil òg gjelde for jordskifterettane.

12.4.3 Tvistelova kapittel 5, om plikter partane har før det blir reist sak

12.4.3.1 Høyringsforslaget

Arbeidgsruppa foreslår i høyringsforslaget unntak frå tvistelova kapittel 5. Kapittel 5 har føresegner om dei pliktene ein part har før sak blir reist for domstolane. Parten har mellom anna plikt til å varsle han eller ho som det er aktuelt å reise sak mot skriftleg, sjå tvistelova § 5-2. Varselet skal opplyse om det kravet som kan bli fremja, og grunnlaget for det. Det skal òg opplysast om dokument som har samanheng med kravet, og andre bevis. Varselet skal oppmode den andre parten til å ta stilling til kravet og grunnlaget for det. Den som tek i mot varselet, har på si side plikt til å ta stilling til kravet, og eventuelt fremje motkrav. Partane skal etter tvistelova § 5-4 undersøkje om det er mogleg å løyse tvisten gjennom semje før sak blir reist for domstolane. Gjeldande jordskiftelov har ikkje slike føresegner for framferda til partane før kravet blir fremja for jordskifteretten. Arbeidsgruppa meiner at reglane i tvistelova kapittel 5 ikkje passar for behandlinga av saker for jordskifterettane.

12.4.3.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet sluttar seg generelt sett til den lovtekniske løysinga arbeidsgruppa foreslår for tilhøvet til tvistelova, oguttaler:

«Justisdepartementet støtter utvalgets tilnærming til tvisteloven ved at utkastet er tett opp til tvistelovens regler og løsninger, men med enkelte unntak, jf. høyringsnotat punkt 5.10. Unntakene som det er redegjort for i punkt 5.10.4, synes velbegrunnede.»

Jordskifterettane i Frostating jordskiftedømme uttaler om unntaket for tvistelova kapittel 5:

«Vi er enig i at dette kapitlet tas ut. Det passer ikke for kap. 3 – sakene. Det gjelder for rettslige tvister og kunne derfor ha blitt gjort gjeldende for kap. 4 – saker med tvist. Det stilles imidlertid såpass store krav til saksbehandling forut for et krav at det åpenbart ville føre til større advokatbehov og fordyre prosessen for partene. »

Bondelaget uttaler:

«Det kan for øvrig ikke sees at det er gitt noen god begrunnelse for å unnta tvistelovens kapitler 5 og 20, samt §§ 12-1 fjerde ledd og 18-4, i rettsutgreiings og grensesaker. Tvert om vil det være naturlig å la disse reglene få anvendelse i slike tvister. I tilfeller hvor begge parter ønsker en avklaring av et rettsspørsmål uten at det foreligger en tvist, kan nevnte regler suppleres med en bestemmelse etter mønster av odelsloven § 6.»

12.4.3.3 Departementets vurderingar

Etter tvistelova kapittel 5 om plikter før saka blir reist, har partane mellom anna plikt til å varsle skriftleg den det er aktuelt å reise sak mot. Når ein no lagar ny jordskiftelov, er spørsmålet om ein bør innføre tilsvarande føresegner om varsling på førehand og plikter for partane, før ei sak for jordskifteretten tek til. Det ein må oppfatte som grunngivinga for reglane i tvistelova – det at partane skal vere opne om krav og dei bevis som støttar krava, samt tilrettelegging for minnelege løysingar – kan tale for dette.

I kapittel 5 i Ot.prp. nr. 51 (2004–2005) på side 80, uttaler Justisdepartementet mellom anna.:

«Departementet mener at en synliggjøring ved lovfesting av en plikt til å varsle motparten, klarlegge krav og grunnlaget for kravet, opplyse om viktige bevis og forsøke å løse saken utenrettslig, vil øke bevisstheten om utenrettslig løsning og bidra til at flere saker blir løst uten at saken bringes inn for domstolene. Reglene vil også legge til rette for at saksforholdet er bedre avklart når sak eventuelt reises for tingretten. Dette er i samsvar med målet om at sakene i større grad skal avklares under saksforberedelsen…»

I høyringsnotatet blir det vist til denne uttalen, men arbeidsgruppa foreslår likevel unntak for reglane i tvistelova kapittel 5. Departementet er samd med arbeidsgruppa i at reglane ikkje bør gjelde. Bakgrunnen for dette er at saker for jordskifteretten ofte har ein annan karakter enn saker for dei ordinære domstolane. Særleg kan den som skal krevje jordskifte, ha vanskar med å finne fram til alle dei som til sjuande og sist blir trekte inn i saka. Det kan vere tilfellet ved større utmarksjordskifte, men òg i andre saker. Grensesaker kan ha eit meir oversiktleg partstilhøve enn jordskiftesakene, men òg grensesakene kan vere svært ulike. Departementet meiner difor at den enklaste løysinga vil vere at tvistelova kapittel 5 ikkje får verknad for saker etter jordskiftelova. Dette får støtte frå Justisdepartementet og jordskifterettane i Frostating jordskiftedømme. Det har òg vore eit moment i vurderinga at konsekvensane av ikkje å følgje reglane i tvistelova kapittel 5 er eit spørsmål om fordeling av sakskostnader. Det har ikkje noko å seie for om ei sak skal avvisast eller ikkje, sjå om dette i Ot.prp. nr. 51(2004–2005) på side 81 og side 377.

12.4.4 Tvistelova kapittel 6, om behandlinga i forliksrådet

12.4.4.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa meiner at det ikkje kan vere grunn til å krevje forliksrådsbehandling av ei sak etter tvistelova kapittel 6 forut for behandling i jordskifteretten. Det er ikkje grunn til å stille forliksrådsbehandling som vilkårfor at ei sak skal kunne behandlast. I høyringsnotatet blir det mellom anna vist til at dei fleste sakene for forliksråda gjeld pengekrav. I praksis er hovudfunksjonen altså å skaffe tvangsgrunnlag for formuesrettslege krav.

Forliksråda er òg reine lekmannsorgan. Det blir ikkje stilt spesielle faglege kompetansekrav til medlemmene. Medlemmene er dermed utan juridisk eller eigedomsfagleg kompetanse, eller kan i alle fall ikkje påreknast å ha ein slik kompetanse. Jordskiftesakene reiser gjerne kompliserte spørsmål knytt til avklaring av gjeldande eigedoms-, bruksretts- og grensetilhøve på dei involverte eigedommane. Jordskiftesaka skal ende opp med at det blir fastsett ein skifteplan som skal ha gode jordskiftefaglege løysingar på problem knytt til utnyttinga av desse eigedommane. Det skal etablerast ein ny rettstilstand og skapast ein samla netto nytte for eigedommane. Retten skal òg ta vare på tapsfråværsgarantien for dei som er partar i saka. Det skulle vere klart nok at forliksråda ikkje kan handtere slike problemstillingar.

Gjeldande jordskiftelov viser ikkje til tvistelova kapittel 6, så det er heller ikkje krav i dag om forliksrådsbehandling av dei sakene jordskifteretten behandlar. I dei rettsfastsetjande sakene der det er tvist, vil det vere ei overlapping i kompetanse mellom tingrettane og jordskifterettane. Forliksrådsbehandling vil da, alt etter tilhøva, kunne vere eit vilkår for behandling i tingrettane, men ikkje i jordskifterettane.

Arbeidsgruppa meiner at det ikkje vil vere tenleg med eit krav om at oppmålingsforretning skal vere forsøkt før saka blir lagt fram for jordskifteretten. Det vil i tilfelle bety toinstans behandling av grensesaker og oppmåling der det er tvist, i staden for ein meir effektiv og truleg rimelegare behandling direkte i jordskifteretten. Dei som ikkje er i tvist, bør kunne velje mellom oppmålingsforretning etter matrikkellova eller behandling i jordskifteretten. Dei som er i ei tvist, vil ha valet mellom forliksrådet/tingretten eller jordskifteretten.

Reine grensesaker kan i nokre tilfelle framstå som enkle og oversiktlege. Sakene kan difor vere eigna for mekling og eventuelt dom i forliksrådet. I dei sakene der ein står overfor meir komplekse rettslege og faktiske spørsmål, vil resultatet gjerne bli «innstilling av saken» (jf. tvistelova § 6-11). Rettsutgreiing er det meir usikkert om forliksråda eignar seg for. Slike saker krev kunnskap om tingsrettslege tilhøve, og det vil forliksråda sjeldan eller aldri ha. Det kan i desse sakene fort bli mange komplekse rettslege og faktiske spørsmål å ta stilling til. Hovudregelen vil da bli «innstilling av saken» når det gjeld rettsutgreiing.

Arbeidsgruppa meiner difor at få saker kan løysast av forliksråda. Men sjølv om sakene kan løysast ved dom eller forlik i forliksrådet, vil andre instansar måtte koplast inn for å få sakene sluttførte. Jordskifterettane tek grensesakene «heilt ut», til oppmåling og kartfesting. Krav om forliksrådsbehandling forut for jordskifterettsbehandling vil difor neppe føre til nemnande rasjonalisering.

Konklusjonen til arbeidsgruppa er difor at det ikkje er tenleg å krevje forliksrådbehandling før jordskifterettsbehandling i nokon av dei sakene jordskifteretten behandlar.

12.4.4.2 Høyringsinstansane

Ei rekkje høyringsinstansar kommenterer forslaget om unntak frå forliksrådsbehandling (tvistelova kapittel 6), og spørsmålet om oppmålingsforretning bør forsøkjast før grensesak kan behandlast i jordskifteretten.

Justisdepartementet sluttar seg generelt sett til den lovtekniske løysinga arbeidsgruppa foreslår for tilhøvet til tvistelova, oguttaler:

«Justisdepartementet støtter utvalgets tilnærming til tvisteloven ved at utkastet er tett opp til tvistelovens regler og løsninger, men med enkelte unntak, jf. høringsnotat punkt 5.10. Unntakene som det er redegjort for i punkt 5.10.4, synes velbegrunnede.»

Miljøverndepartementet uttaler at dei

«savner en bedre begrunnelse for å avvise forslaget om å ikke kreve oppmålingsforretning eller behandling i forliksrådet forut for behandling av grensesak i jordskifteretten».

Tekna – Teknisk naturvitenskaplig forening støttar både forslaget om unntak for forliksrådsbehandling, og forslaget om at det heller ikkje skal vere krav om at det er forsøkt oppmålingsforretning etter matrikkellova kapittel 7 før behandlinga i jordskifteretten. Tekna uttaler:

«Tekna støtter fullt ut konklusjonen i høringsforslaget om at jordskiftesaker ikke bør starte i forliksrådet. Det er bare jordskifteretten som har den nødvendige kombinasjon av juridisk og teknisk kompetanse til å løse de saker som kreves for jordskifteretten. Å prøve slike saker først for forliksrådet ville være en meningsløs sløsing med tid og ressurser, både for partene og samfunnet. Tilsvarende støtter Tekna konklusjonen om at grensesakene skal kunne fremmes direkte for jordskifteretten uten først å ha vært forsøkt løst som kommunale oppmålingssaker. Dette er situasjonen i dag, og har vist seg som en hensiktsmessig og prosessøkonomisk gunstig løsning. Kommunene har ikke, og vil ikke kunne få myndighet til å avgjøre saker der partene er uenige. I en rettsstat må slike avgjørelser ligge til domstolene. Tekna viser her til at Norge er i en særstilling på den måten at vi tidligere har manglet lovverk for sikker stedfesting av grenser. I grensesakene som bringes inn for jordskifteretten råder derfor som hovedregel både uklarhet og uenighet. Å skulle starte med disse sakene hos den kommunale oppmålingsmyndighet som mangler både nødvendig kompetanse og myndighet, ville derfor også framstå som en totalt hensiktsløs ressurssløsing.»

Frå jordskifteoverrettane er det òg gitt støtte til forslaget om å ikkje krevje forliksrådsbehandling, og samstundes åtvara mot ei ordning der oppmålingsforretning setjast som eit vilkår for behandling i jordskifteretten. I ei felles uttale frå jordskifteoverrettane heiter det:

«På side 96 i høyringsforslaget blir det drøfta om det kan vere grunnlag for eventuelt å stille krav om oppmålingsforretning etter matrikkellova kapittel 7, forut for behandlinga i jordskifteretten. Eit slikt krav vil etter vårt syn innebere eit fordyrande mellomledd i saker der grensene er uklare eller kor det er tvist om grensa. Dette vil vere både urasjonelt og kostnadsdrivande for partane og samfunnet. Vi åtvarar sterkt mot å innføre kommunal oppmålingsteneste som forliksråd i jordskifte og grensesaker.»

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler i ei felles fråsegn at dei er samde med arbeidsgruppa i at jordskiftesakene ikkje bør starte opp med behandling i forliksrådet på same måten som saker for dei allminnelege domstolane. Desse jordskifterettane grunngir synet sitt slik:

«Det ville vere svært urasjonelt og ressurskrevjande om jordskiftesakene skulle gå denne vegen. Det ville medføre større kostnader og meiningslaus tidsbruk for både partane og samfunnet. Å reise sak direkte for jordskifteretten som har både juridisk og teknisk kompetanse, har i lang tid vist seg å vere tenleg. Jordskifteretten kan både fastsetje, merke av måle inn og skildre grenser og eigedomsforhold i ei og same sak. Eit anna moment er at behandling i forliksrådet før behandling i jordskifteretten nok i mange tilfelle vil medføre at konfliktnivået stig. Det er sjølvsagt ikkje ønskeleg. Vi viser elles til merknadene til § 6-1. Arbeidsgruppa er også innom spørsmålet om grensesaker bør starte opp som kommunal oppmålingsforretning. Gruppa avviser dette som utenleg. Vi er samde med arbeidsgruppa også i dette.»

Jordskifterettane i Gulating jordskiftedømme uttaler:

«Kompleksiteten i mange rettsutgreiingssaker og især jordskiftesaker eignar seg ikkje for handsaming i forliksrådet. I forliksrådet er det heller ikkje måleteknisk kompetanse, noko som gjør at forliksrådet ikkje er eigna i grensesaker. På den andre sida, meiner me, at partane må stå fritt til å krevje saka inn for anten tingrett eller jordskifterett i etterkant av handsaming i forliksrådet, der kor jordskifteretten har kompetanse. Kravet om kartforretning før krav om grensesak, vil vera eit fordyrande og forseinkande ledd for partane. Slik det er i dag har dei fleste grensesakene karakter av tvist. Der kor partane er reelt usikre på grensa blir rettsfastsetjande vedtak nytta. Jordskifteretten har verkemidla dom og rettsfastsetjande vedtak tilgjengelege, dette har ikkje styrar av kartforretning. Hadde det vore slik at me i dag fekk mange grensesaker som like godt kunne vore gjennomført ved kartforretning, kunne me ha forstått synspunktet om at partane først skulle prøvd kartforretning. Det må like fullt vera eit mål at kurante grensesaker, klåre, ikkje omtvista grenser blir merka og målt inn av kommunane.»

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme uttaler:

«De fleste grensetvistsaker går i dag til jordskifteretten. Jordskifteretten har tradisjon og lang erfaring med å mekle i denne type saker. Jordskifteretten har høy kompetanse i tingsrett, og jordskifterettens personale har lang erfaring i mekling. I vårt distrikt vil en anta at ca. 50 % av tvistesakene løses gjennom forlik. Behandlingstiden for denne type saker er kort; ca. 1/2-1 dags varighet. I denne type sak er det nødvendig å få beskrevet, innmålt og tinglyst den aktuelle grensa. Dette har både et privat- og et samfunnsmessig aspekt. Partene ønsker klare grenseforhold, samtidig som det er et samfunnsansvar å bidra til at kartgrunnlaget blir best mulig. Enkle og oversiktlige saker løses i dag av jordskifteretten gjennom en rasjonell behandling og ved bruk av forsvarlige og enkle metoder. Vi vil advare mot at det innføres et ekstra saksbehandlingsledd (forliksråd) i saker for jordskifteretten.»

Tilsvarande uttalar om ulempene med forliksrådsbehandling og kartforretning har òg Sør-Trøndelag jordskifterett, jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme og jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme.

12.4.4.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner som arbeidsgruppa at det ikkje er grunn til å krevje forliksrådsbehandling av ei sak før for behandling i jordskifteretten. Forliksrådsbehandling bør ikkje vere eit vilkårfor at ei sak skal kunne behandlast i jordskifteretten. Dette standpunktet har brei støtte i høyringa.

Det er ikkje pårekneleg at medlemmene i forliksrådet har juridisk eller eigedomsfagleg kompetanse. Jordskiftesakene gjeld ofte kompliserte spørsmål om avklaring av gjeldande eigedoms-, bruksretts- og grensetilhøve på dei involverte eigedommane. Jordskiftesaker skal òg ende opp med at det blir fastsett ein skifteplan der det skal finst gode jordskiftefaglege løysingar på problem knytt til utnyttinga av eigedommane. Det skal etablerast ein ny rettstilstand og skapast ein samla netto nytte for eigedommane. Retten skal òg sørgje for at dei som er partar i saka ikkje lir tap. Det skulle difor vere klart nok at forliksråda ikkje kan handtere slike saker. Forliksrådsbehandling kan ha meining i grensesaker, men vil i dei aller fleste tilfella berre bety unødig bruk av tid og pengar for partane. Departementet er difor samd med arbeidsgruppa i at det ikkje er tenleg å krevje forliksrådbehandling før jordskifterettsbehandling i nokon av dei sakstypane jordskifteretten behandlar.

Forslaget er likevel ikkje til hinder for at partane i ei grensesak kan velje kva for instans dei vil gå til, etter at dei eventuelt først har vore i forliksrådet med ein grensetvist. Dei kan velje mellom tingretten og jordskifteretten. Poenget er at behandling i forliksrådet ikkje vil vere eit vilkår for å fremje sak for jordskifteretten, slik det etter tilhøva kan vere for å fremje ei sak for tingretten.

Eit anna spørsmål er om det kan vere grunnlag for eventuelt å stille som vilkår at det skal haldast oppmålingsforretning etter matrikkellova kapittel 7 før behandlinga i jordskifteretten. Dette vil da fungere slik at dei sakene der det er semje om grensene, skal avgjerast av partane sjølve gjennom avtale og av kommunen som oppmålingsmyndigheit. I saker der det oppstår tvist, skal dette «markerast i kravet om matrikkelføring», jf. matrikkellova § 33 andre ledd. Det inneber at matrikkelføringa blir gjort med ein merknad i grunnboka om at den aktuelle grensestrekninga eller grensepunktet ikkje kan merkast og oppmålast på grunn av usemja, eventuelt at dei ulike grensepåstandar som partane har blir merka i matrikkelen. Løysinga av tvisten må eventuelt skje ved domstolane, anten ved tingretten eller ved jordskifteretten. Arbeidsgruppa meiner det ikkje vil vere tenleg med eit krav om at oppmålingsforretning skal vere forsøkt før saka blir lagt fram for jordskifteretten. Departementet er samd i dette. Eit slikt krav vil i tilfelle bety ei toinstans behandling av grensesaker og oppmåling der det er tvist, i staden for ein meir effektiv og truleg rimelegare behandling direkte i jordskifteretten. Dei som ikkje er i tvist, bør kunne velje mellom oppmålingsforretning etter matrikkellova eller behandling i jordskifteretten. Dei som er i ei tvist, vil ha valet mellom forliksrådet/tingretten eller jordskifteretten. I dei sakene der grensene er uklare eller omtvista, vil eit krav om oppmålingsforretning innføre eit fordyrande mellomledd på vegen fram mot ei rettsleg avgjerd. Forslaget er på den andre sida ikkje til hinder for at partane gjer bruk av kommunen som oppmålingsmyndigheit når dei er samde om grensene.

Høyringsuttalane viser at det er ei samstemmig oppfatning hos jordskifterettane og jordskifteoverrettane, at ein ikkje skal stille krav om at forliksrådsbehandling eller kommunal oppmålingsforretning skal vere forsøkt, før ei sak kan reisast for jordskifteretten. Det blir mellom anna vist til at forliksråda er ueigna. Det blir dessutan åtvara mot at forliksrådsbehandling vil innebere eit fordyrande mellomledd. Konfliktnivået kan òg bli skjerpa. Departementet meiner desse omsyna må bli utslagsgivande, og foreslår at tvistelova kapittel 6 ikkje skal gjerast gjeldande for saker for jordskifteretten.

12.4.5 Tvistelova kapittel 10, om småkravsprosessen

12.4.5.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at tvistelova kapittel 10 om småkravprosessen ikkje skal gjelde for dei enkle sakene for jordskifterettane. Arbeidsgruppa viser i høyringsnotatet til at tvistelova bind småkravsprosessen til ein bestemt tvistesum (under 125 000 kr, sjå tvistelova § 10-1 (2)a). Ei slik grense for behandling av krav passar ikkje for saker for jordskifterettane. Grunnen er at omfang og kompleksitet av sakene ikkje nødvendigvis heng saman med verdien av dei areala som går inn i eit jordskifte. Ei stor og kompleks sak med mange partar kan dreie seg om summar eller verdiar mindre enn 125 000 kr, medan enkle jordskiftesaker i urbane strøk, med få partar, kan dreie seg om store verdiar. Utforminga av reglane om samansetjinga av retten kan vere ein betre måte å inkorporere «småkravsprosess-tanken» i jordskiftesakene. På den andre sida foreslår arbeidsgruppa at tvistelova § 10-5 om sakskostnader kan gjerast gjeldande for avgjerd i tvist om grenser, eigedomsrett, bruksrett eller andre rettar, utan at dei andre reglane om småkravsprosessen blir gjort gjeldande, jf. høyringsforslaget § 7-13 («Dersom tvistesummen er under kr. 125 000, gjeld tvistelova § 10-5 (2) for rettshjelp etter tvistelova § 10-5(1)»). Forslaget til reglar om rettleiingsplikt, og den forliksorienterte kulturen ein har i jordskifterettane legg òg til rette for ei grei saksavvikling og minnelege løysingar.

12.4.5.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet sluttar seg generelt sett til den lovtekniske løysinga arbeidsgruppa foreslår for tilhøvet til tvistelova, sjå omtale av dette i kapittel 12.2.

Sør-Trøndelag jordskifterett uttaler:

«Småkravprosessen gjelder ikke for jordskifte noe som vi mener er hensiktsmessig. Men § 6-1 bokstav e viser til jordskifteloven kap. 7 mtp at det er enkelte momenter i småkravprosessen som allikevel skal gjelde. Noe uklart hvor mange momenter fra småkravprosessen som er i kap. 7, men det er klart at det i hvert fall er § 7-13, 4. ledd. Hvis det er det eneste burde det vært direkte henvisning. § 7-13, 4. ledd innebærer at småkravsprosessens begrensinger i advokatutgifter gjelder for tvisteverdier under kr. 125 000 også for jordskifterettssaker. I denne sammenhengen virker det ulogisk at ikke også tvisteloven § 10-4 (Dommen) gjelder for jordskiftesaker. Jordskifteretten må slik det er foreslått, begrunne sine dommer mer omfattende enn tingretten dersom verdien på tvistegjenstanden er under kr 125 000.»

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme uttaler:

«I § 7-13, 4. ledd er det i forslaget tatt inn henvising til § 10-5 i tvisteloven. Advokatkostnader kan etter denne bestemmelsen bare erstattes med 20 % av tvistesummen. Dersom det bare er denne bestemmelsen i kap. 7 det henvises til burde det ha vært en direkte henvising til bestemmelsen og ikke til hele kap. 7. Vi er enige i at denne kostnadsbestemmelsen blir tatt med for å få samordnet reglene i tvisteloven og jordskifteloven. I motsatt fall ville en kunne oppleve at advokater fremmer krav om småsaker inn for jordskifteretten bare fordi det der ikke er noen begrensning av advokatutgiftene. Vi mener dessuten at bestemmelsene i § 10-4 (2), (3) og (4) i tvisteloven burde ha vært gjort gjeldende ved tvistebehandling i jordskifteretten. Dersom verdien av tvistegjenstanden er under 125 000 kr. burde det ikke være nødvendig for jordskifteretten å begrunne en dom grundigere enn ved tilsvarende behandling i tingretten. § 10-1 (4) i tvisteloven burde vel tilsvarende gjøres gjeldende for avgjørelse av uenighet om tvistegjenstanden har en verdi som er under 125 000 kr. Slike avgjørelser bør komme tidlig i prosessen slik at partene kan forholde seg til spørsmålet om eventuelle begrensninger i saksomkostningene. Dette er en avgjørelse som i den alminnelige prosessen kan påankes etter § 29-3 første ledd. Etter § 6-1 i forslaget er kap. 29 i tvisteloven blant de bestemmelser som ikke skal gjelde i jordskifteprosessen. Bestemmelsene i kap. 10 i tvisteloven er for øvrig uegnet for behandling av de rettsendrende sakene.»

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme uttaler:

«I vårt daglige jordskiftearbeid opplever vi i langt sterkere grad enn tidligere, at enkelte prosessfullmektiger pådrar saken ekstra utgifter når det gjelder spørsmålet om vilkårene for å gjennomføre en sak er oppfylt. De fleste prosessfullmektiger har likevel en saklig tilnærming til at det er de materielle sidene av saken som er viktig å belyse. Jordskiftedommer Ove A. Flø og jordskifterettsleder Harald S. Haraldstad har i en artikkel («Perspektiver på jordskifte», Gyldendal 2009, kap.15) pekt på dette problemet, og skriver bl.a. følgende: «Lovgiver må etter vår oppfatning gå en grensegang hvor hensynet til folkets behov for å kunne kreve jordskiftesak får fokus. Å risikere sakskostnader som står utenfor et hvert rimelig forhold til verdiene som er grunnlaget for kravet, må veie tungt. Ved gjennomgangen må lovgiver legge avgjørende vekt på hensynet til å videreføre tradisjonen med selvprosederende parter.» Vi slutter oss til deres anførsler, og vi håper og tror at det forestående lovarbeidet vil klare å ivareta dette hensynet. Et legitimt krav om å gjennomføre et jordskifte må ikke gå på bekostning av en vegring for å kreve sak der det er et reelt behov for få til en endring. Hvorvidt det er behov for å gjennomføre et jordskifte og hvilke ulemper og fordeler det vil bli, må bero på en kvalifisert og materiell vurdering av jordskifteretten. En part må ha lov og anledning til å kunne få belyst mulighetene for å få gjennomført et jordskifte uten at vedkommende skal risikere å måtte pådra seg omkostninger til juridisk bistand før kravet er nærmere klargjort og vurdert gjennom saksforberedelse og nødvendige fortsettende forhandlinger. På den annen side må enhver selvsagt ha et visst vern mot å bli dradd inn i et grunnløst jordskifte. Som vi har redegjort for ovenfor, mener vi at hensynet til rettsikkerhet og prosessøkonomi tilsier at de rettsfastsettende sakene ikke bør underlegges noe absolutt vilkår om forliksråd eller oppmålingsforretning før de kan behandles i jordskifteretten. I denne sammenheng vil vi trekke frem arbeidsgruppas forslag i § 7-13. Vi opplever tidvis at tvistegjenstandens verdi ikke på noen måte samsvarer med det beløpet som kreves dekket for utgifter til juridisk bistand. Utgiftene til sakkyndig bistand må stå i et rimelig forhold til det som saken gjelder. Den foreslåtte regelen i § 7-13 er derfor svært viktig, og det er bra at tankene omsettes i lovs form. Regelen vil føre til at jordskifteretten lettere kan fastsette hva som er det riktige beløpet som skal tilkjennes den vinnende part. Jordskifterettens kompetanse i verdsetting vil i denne sammenheng ha betydning i fastsettelsen av verdigrensa for det beløp som kan kreves erstattet. Vi støtter derfor fullt ut arbeidsgruppas forslag om å innføre «småkravsprosesstanken» slik det er foreslått i § 7-13. Regelen i § 7-13 vil sannsynligvis dempe kostnadsnivået, og dermed risikoen for uforholdsmessig høye utgifter i en del tvister med lave tvisteverdier. Vi ser for oss at denne regelen vil være et godt redskap for å holde utgiftene på et forsvarlig nivå.»

12.4.5.3 Departementets vurderingar

Dei omsyna som ligg bak reglane i tvistlova om småkravsprosessen, det vil seie omsyna til ein rask og rimeleg prosess for partane, bør òg få eit visst gjennomslag for jordskifteprosessen. Departementet er likevel samd med arbeidsgruppa i at tvistelova kapittel 10 om småkravsprosessen ikkje bør gjelde for jordskifterettane, sjølv om jordskifterettane òg behandlar enkle saker. Ein bør i staden finne andre løysingar for å få raske og rimelege prosessar.

Departementets syn har særleg samanheng med at tvistelova bind småkravsprosessen til ein bestemt tvistesum (under 125 000 kr, sjå tvistelova § 10-1 (2)a). Ei slik grense for behandling av småkrav passar ikkje i saker for jordskifterettane. Grunnen er at omfang og kompleksitet i sakene ikkje nødvendigvis heng saman med verdien av dei areala som går inn i jordskiftet. Ei stor og kompleks sak med mange partar kan dreie seg om summar eller verdiar mindre enn 125 000 kr, medan enkle jordskiftesaker i urbane strøk, med få partar, kan dreie seg om verdiar på fleire millionar kroner. Dette gjer at ein må finne andre måtar å forenkle prosessen på, der dette er ønskeleg.

Rettsfastsetjande saker kan òg reisast for dei ordinære domstolane. Dette taler for at reglane bør vere dei same òg med omsyn til behandlinga av «småsaker». På den andre sida vil det at ein har ulike prosessformar virke kompliserande. Departementet har som mål å ha enklast moglege reglar, òg om saksbehandlinga, ikkje minst av omsyn til dei mange sjølvprosederande partane i saker for jordskifteretten. Har ein fleire ulike løp for prosessen, kan det vere vanskeleg å få oversikt, særleg for dei sjølvprosederande partane. Kombinasjonen av eigne reglar, tvistelova og skjønnsprosesslova er komplisert nok. Ein bør difor ikkje innføre tvistelova kapittel 10 om småkravsprosessen i tillegg.

Ein måte å inkorporere «småkravsprosess-tanken» i jordskiftesakene, er utforminga av reglane om samansetjinga av retten. I lovforslaget § 2-6 er det gjort til hovudregel at det berre skal vere èin dommar (fagdommar), og at meddommarar berre skal oppnemnast når partane krev det, eller når fagdommaren meiner det trengst.I tvistelova er utgangspunktet for hovudforhandlingane at retten setjast med èin dommar, og at meddommarar skal oppnemnast dersom ein av partane krev det, eller retten meiner det trengst. For småkravsprosessen er utgangspunktet òg at retten setjast med ein dommar. Retten kan likevel setjast med fagkunnige meddommarar når det er sett fram krav om det, og det er ønskeleg av omsyn til ei forsvarleg behandling. Når det gjeld samansetjinga av retten i første instans, ser det altså ut til å vere godt samsvar mellom prosessreglane for småkrav og forslaget til ny jordskiftelov. Utgangspunktet er ein dommar. Meddommarar blir berre oppnemnde når partane krev det, eller retten meiner det trengst.

Eit viktig omsyn bak småkravsprosessreglane er å halde sakskostnadene nede. Gjennom tvisteverdigrensa i tvistelova, vil stort sett alle saker om mindre pengekrav følgje småkravsprosessen. I høyringsnotatet blir det drøfta om ein òg kan gjere tvistelova § 10-5 om sakskostnader gjeldande for avgjerd i tvist om grenser, eigedomsrett, bruksrett eller andre rettar, men utan at reglane elles om småkravsprosessen skal gjerast gjeldande. Ein må i tilfelle gi nokre reglar om vilkåra for når ein har ei «småsak», men berre så langt det er nødvendig for å kunne gi reglane om sakskostnader verknad. Det skulle vere nok å ta med beløpsgrensa på kr 125 000. Poenget er å gi regelen om sakskostnader verknad utan at småkravsprosessen elles skal følgjast. Departementet støttar dette forslaget, og det har òg fått støtte i høyringa. Det er foreslått ein konkret regel om dette i lovforslaget § 7-9 første ledd. Paragraf 6-1 andre ledd bokstav e viser òg til tvistelova § 10-5 første og andre ledd.

Kapittel 17 i tvistelova er teke med i lovforslaget § 6-1 andre ledd bokstav l, og tvistelova sine reglar for berekning av verdien på tvistegjenstanden vil difor gjelde i desse sakene.

Småkravsprosessen er lagt til rette for sjølvprosederande partar. Eit sentralt element i småkravsprosessen er kontakten retten har med partane med sikte på å finne ut om det er grunnlag for forlik og minnelege ordningar. Dette er eit sentralt element òg i saker for jordskifterettane, og har vore det i lang tid. Ein kan vel seie at det er ein sterk løysings- og forliksorientert kultur i jordskifterettane. I forslaget til reglar om saksbehandling er det teke inn ein eigen paragraf om rettleiingsplikta, sjå lovforslaget § 6-16, og i § 6-17 er det understreka at retten skal undersøkje om det er grunnlag for ei minneleg løysing. Omsynet til minnelege løysingar er difor godt teke vare på i lovforslaget, både for små og store saker.

Rask behandling av sakene er òg eit sentralt mål med småkravsprosessen. Det er sett nokre fristar i lova som skal sikre dette. Saka skal vere avslutta ved dom seinast tre månader etter at stemning blir innlevert (tvistelova § 10-4). Fristen for å avseie dom er elles ei veke etter at saka er teken opp til doms. Det er av omsyn til framdrifta at krava til grunngiving av dommen er meir lempelege i småkravsprosessen, sjå tvistelova § 10-4 siste ledd. Mange tvistar gjeld små krav, og dersom tvist kjem opp i sak som er i gang, ligg det til rette for at fristen tvistelova har på tre månadar kan haldast med god margin. Det viktigaste er normalt tidspunkt for slutting av heile saka, og dette må gå føre ønsket om å halde fristen på tre månader. Det kan vere god prosessøkonomi å vente med ein liten tvist til partane må kallast inn for behandling av andre tema. Departementet ser det difor ikkje som nødvendig med fristreglar tilsvarande dei som gjeld for småkravsprosessen.

12.4.6 Tvistelova § 12-1 (4), om habiliteten til dommarane ved bistand med prosesskriv

12.4.6.1 Høyringsforslaget

Tvistelova § 12-1 fastset mellom anna at innlegg partane har i saka utanom rettsmøte, skal skje i prosesskriv. Partar utan prosessfullmektig kan likevel setje fram stemning, tilsvar, og anke med vidare, munnleg ved personleg oppmøte i retten. Retten set da prosesshandlinga opp som prosesskriv. Etter tvistelova § 12-1 fjerde ledd skal ein dommar som gir slik rettleiing, ikkje delta i den vidare behandlinga av saka. Tvistelova § 12-1 gjeld ikkje for jordskifterettane i dag, og i høyringsnotatet argumenterast det for at det framleis bør vere eit unntak frå fjerde ledd i denne regelen. Tvistelova § 12-1 første til tredje ledd kan gjelde. Forslaget er grunngitt med det store talet på sjølvprosederande partar i saker for jordskifterettane

12.4.6.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet sluttar seg generelt sett til den lovtekniske løysinga arbeidsgruppa foreslår for tilhøvet til tvistelova, oguttaler:

«Justisdepartementet støtter utvalgets tilnærming til tvisteloven ved at utkastet er tett opp til tvistelovens regler og løsninger, men med enkelte unntak, jf. høyringsnotat punkt 5.10. Unntakene som det er redegjort for i punkt 5.10.4, synes velbegrunnede.»

Jordskifterettane i Frostating jordskiftedømme uttaler om unntak for tvistelova § 12-1 fjerde ledd om inhabilitet for dommarar som har gitt hjelp til å setje opp prosesskriv:

«Etter denne bestemmelsen kan ikke en dommer som har gitt bistand til å sette opp stevning, prosesskriv m.v. delta i behandlingen av saken videre. Det er helt nødvendig at denne bestemmelsen blir tatt ut. En slik bestemmelse ville lamme mange jordskifteretter etter kort tid.»

Bondelaget uttaler:

«Det kan for øvrig ikke sees at det er gitt noen god begrunnelse for å unnta tvistelovens kapitler 5 og 20, samt §§ 12-1 fjerde ledd og 18-4, i rettsutgreiings og grensesaker. Tvert om vil det være naturlig å la disse reglene få anvendelse i slike tvister. I tilfeller hvor begge parter ønsker en avklaring av et rettsspørsmål uten at det foreligger en tvist, kan nevnte regler suppleres med en bestemmelse etter mønster av odelsloven § 6.»

12.4.6.3 Departementets vurderingar

Tvistelova § 12-1 omhandlar generelle reglar om prosesskriv. Det er mellom anna bestemt at innlegg partane gir til retten utanom rettsmøte, skal skje i prosesskriv. Partar utan prosessfullmektig kan setje fram stemning, tilsvar, anke med meir, munnleg ved personleg oppmøte i retten. Retten set da prosesshandlinga opp som prosesskriv. Blir det gitt slik hjelp av ein tilsett som ikkje er dommar, skal prosesskrivet leggjast fram for ein dommar før det blir underteikna. Etter tvistelova § 12-1 fjerde ledd skal ein dommar som gir slik rettleiing, ikkje delta i den vidare behandlinga av saka. Blir det gitt slik rettleiing av ein tilsett som ikkje er dommar, skal prosesskrivet leggjast fram for ein dommar før det underteiknast. Dommaren vil da kunne delta i den vidare behandlinga av saka.

Departementet er samd med arbeidsgruppa og jordskifterettane i Frostating jordskiftedømme, i at tvistelova § 12-1 fjerde ledd ikkje kan gjelde. Ettersom departementet har vald ein annan systematikk i høve tvistelova, kjem løysinga fram ved at § 12-1 første til tredje ledd gjerast gjeldande, men ikkje § 12-1 fjerde ledd. Bakgrunnen for unntaket er det store talet på sjølvprosederande partar i saker for jordskifterettane, og at jordskifterettane er små domstolar med ein eller to dommarar. Overfor sjølvprosederande partar må dommarane ofte gi rettleiing til partane ut over det ein ville ha gjort om partane hadde hatt prosessfullmektig, for eksempel ved å gi rettleiing til ein part utan at dei andre partane er tilstades. Det skulle likevel ikkje vere nødvendig å ha ein så streng nøytralitets- og habilitetsregel for jordskiftedommarane som den som følgjer av fjerde ledd i tvistelova § 12-1. Strenge nøytralitets- og habilitetsreglar vil slik jordskifterettane i Frostating jordskiftedømme viser til, kunne lamme mange jordskifterettar etter kort tid. Dommarane må sjølvsagt vere forsiktige med korleis dei handterer rettleiinga, og ikkje gi uttrykk for noko bestemt oppfatning om dei spørsmåla saka reiser. Dei må ikkje la si oppfatning av saka bli påverka av at det blir gitt bistand til ein eller fleire av partane.

12.4.7 Tvistelova kapittel 16, unntak for kapittel 16 IV om stansing

12.4.7.1 Høyringsforslaget

I gjeldande jordskiftelov § 97, er det bestemt at tvistelova kapittel 16 Styring av sakens fremdrift. Spesielle virkemidler, del I Oppdeling og III Forsømmelser og fraværsdom skal gjelde i jordskifte-, rettsutgreiings- og grensegangssaker på tilsvarande måte så langt dei høver. Kapittel 16 II Omberammelse og utsettelse, og IV Stansing er ikkje gjort gjeldande.

Arbeidsgruppa foreslår at heile tvistelova kapittel 16 skal gjelde tilsvarande for saksbehandlinga i jordskifteretten, så langt reglane i kapitlet høver.

12.4.7.2 Høyringsinstansane

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme foreslår konkrete unntak for tvistelova § 16-16 første ledd bokstav c og d, om stansing av ei sak når ein part eller stedfortreder døyr, eller buet til saksøkjaren takast under konkursbehandling, dersom tvistegjenstanden inngår i bumassen.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner tvistelova § 16-16 bokstav b og c kan vere naturlege å bruke i saker med få partar, medan desse reglane kan lamme fullstendig ei sak med mange partar. Det er uproblematisk at buet inngår som part i staden for avdøde eller selskapet som går konkurs. Ved privat skifte går arvingane inn som partar.

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme meiner reglane i tvistelova kapittel 16 II Omberammelse og utsettelse i praksis har vore brukt tidlegare og at det er riktig at dei nå kjem med. Dei meiner det er riktig at reglane om stansing etter tvistelova kapittel 16 IV òg blir gjort gjeldande. Dette har mellom anna noko å seie for saksbehandlingstida.

12.4.7.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår at dei fleste av reglane i tvistelova kapittel 16 Styring av sakens fremdrift, Spesielle virkemidler, kan gjerast gjeldande for saksbehandlinga i jordskifterettane. Det er likevel ønskeleg å gjere visse unntak, men dei treng ikkje vere like omfattande som dei er etter gjeldande jordskiftelov. Dei unntaka departementet foreslår, er dels i tråd med forslaget frå jordskifterettane i Eidsivating og Agder jordskiftedømmer, men går litt lenger. Unntaket gjeld det meste av kapittel 16 del IV om stansing, under dette tvistelova § 16-16 første ledd bokstav b når: «en part eller stedfortreder dør», eller bokstav c: «saksøkerens bo blir tatt under konkursbehandling, dersom tvistegjenstanden inngår i bomassen».

Unntaket er gjort særleg med tanke på saker etter kapittel 3 i lovforslaget, og har samanheng med at det normalt ikkje vil vere grunn til å stanse eit jordskifte fordi om det skjer endringar ved at for eksempel ein av partane går konkurs, eller at ein part døyr. Eit jordskifte gjeld eigedommane, ikkje eigarane. Jordskiftet kan i visse saker omfatte eit stort tal partar og eigedommar. Det er ikkje heilt uvanleg at det inntreff slike omstende som nemnde i tvistelova § 16-16 første ledd bokstav b og c. Som jordskifterettane i Agder jordskiftedømme peiker på, kan reglane i tvistelova § 16-16 bokstav b og c gjere at ei sak med mange partar blir lamma fullstendig. I jordskiftesakene vil jordskifteretten ha ansvaret for at jordskifteløysinga ikkje fører til at kostnadene eller ulempene blir større enn nytten for nokon eigedom eller bruksrett, jf. lovforslaget § 3-18, og det vil ikkje vere nokon fare for at arvingane eller konkursbuet skal tape på at saka held fram. Det skulle ikkje vere problematisk at buet inngår som part i staden for avdøde, eller for eit selskap som er gått konkurs. Ved privat skifte går arvingane inn som partar. Departementet meiner difor at ein ikkje treng reglar om stansing tilsvarande tvistelova § 16-16 første ledd bokstav a og b for desse sakene.

Reglane kunne kanskje gjerast gjeldande fullt ut for dei andre sakstypane, men omsynet til enkle og oversiktlege reglar tilseier at ein ikkje gjer forskjell på sakstypane her. Departementet foreslår som ei «mellomløysing» at kapittel 16 IV i tvistelova ikkje blir gjort gjeldande, ut over § 16-18 Stansing i andre tilfeller. Denne paragrafen gjer det mogleg for retten å stanse ei sak etter krav frå ein part, dersom utfallet heilt eller delvis avheng av rettstilhøve som blir avgjort i ei anna sak. Retten kan òg stanse ei sak dersom tungtvegande grunnar taler for det. Departementet meiner desse reglane gjer det mogleg for retten å stanse ei sak dersom den finn gode nok grunnar til det. Jordskifteretten vil dermed ikkje vere avskoren frå å stanse ei sak på grunnlag av for eksempel dødsfall eller konkursbehandling om den skulle meine dette er heilt nødvendig. Departementet meiner at reglane i tvistelova kapittel 16 utover dette òg må kunne brukast analogisk, så langt dei høver, om det skulle oppstå særleg behov for det.

Departementet har òg vurdert unntak for tvistelova kapittel 16 III, særleg i høve til saker etter kapittel 3 Jordskifte. Tilhøvet til kapittel 16 III blei drøfta i Ot.prp. nr. 74 (2005–2006) om lov om endringer i tvisteloven (endringer i straffeprosessloven og andre lover) på side 86. Det blir her vist til Ot.prp. nr. 57 (1997–1998) på side 64, der det blir uttalt at det ikkje er ønskeleg med ein heimel for jordskifteretten til å seie fråværsdom (uteblivelsesdom) under saksførebuinga. I Ot.prp. nr. 74 (2005–2006) seiast det at departementet ikkje tek sikte på at denne praksisen skal endrast, sjølv om jordskiftelova etter endringane viser til heile kapittel 16 III i tvistelova. I Ot.prp. nr. 74 (2005–2006) heiter det mellom anna:

«Tvistemålsloven §§ 344-354 er erstattet med tvisteloven kapittel 16 III. Det innebærer at det også vises til alle reglene som gir hjemmel for å avsi fraværsdom, herunder fravær under saksforberedelsen, slik som omhandlet i § 16-7 første ledd bokstav c og § 16-8 første ledd bokstav b. Forut for innføringen av henvisningen til §§ 344-354 ble det i Ot.prp. nr. 57 (1997–98) 16.4 s. 64 uttalt at det ikke er ønskelig med hjemmel for jordskifteretten til å avsi uteblivelsesdom på dette tidspunktet. Departementet tar ikke sikte på at denne praksis skal endres, men antar likevel at det er praktisk å vise til hele kapitteldelen om forsømmelser og fraværsdom. Det antas å følge tilstrekkelig klart av utformingen av jordskifteloven § 12 tredje ledd at det ikke er aktuelt med noen fraværsvirkninger etter tvisteloven kapittel 16 III om skriftlig eller muntlig uttalelse unnlates. Fortsatt vil verken § 12 tredje ledd eller jordskifteloven for øvrig vise til regler som påbyr retten på dette trinn av saken å opplyse om virkningen av ikke å gi svar eller møte, jf. tvisteloven § 9-3 første ledd tredje punktum og § 9-5 første ledd jf. § 13-2 fjerde ledd annet punktum. Om møtefravær for øvrig bemerker departementet at det i lovforarbeidene er antatt at regelen om sluttbehandling i § 16-8 første ledd bokstav a bare vil gjelde rettsmøter i småkravprosessen i tillegg til hovedforhandling og ankeforhandling, slik at regelen ikke kan anvendes ved fravær fra et rettsmøte som avholdes som del av en kombinert skriftlig og muntlig behandling etter § 9-9 annet ledd. Når regelen i tvisteloven § 16-8 skal gjelde «på tilsvarande måte så langt dei høver» i jordskiftesaker mv., antar departementet at det er regelen i første ledd bokstav a som i første rekke vil kunne utløse møtefravær, selv om jordskiftelovens henvisning til de alminnelige reglene om hovedforhandling ikke videreføres. Departementet antar at forutsetningen for å fastslå møtefravær i jordskifteprosessen fortsatt bør være at det dreier seg om en rettstvist, og at det da ikke vil være vanskelig å fastslå når det er et rettsmøte for sluttbehandling, jf. § 16-8 første ledd bokstav a, og når det er et rettsmøte som må vurderes etter regelen i § 16-8 annet ledd.»

Departementet meiner at det heller ikkje i den nye jordskiftelova er nødvendig å gjere unntak frå kapittel 16 III. Departementet meiner det skulle gå klart nok fram av lovforslaget § 6-5 at det ikkje er aktuelt med fråværsverknader etter tvistelova kapittel 16 III om skriftleg eller munnleg uttale (tilsvar) unnlatast. Ved forkynninga av krav om sak vil partane bli oppmoda til å komme med sitt syn på det eller dei krava som er reist, og partane bør da seie frå om korleis dei stiller seg til krava. Dei bør òg føre dei bevisa og gi dei opplysningane dei har. Lovforslaget § 6-5 skal gjelde i staden for tvistelova § 9-3, og § 6-5 har ei lempelegare utforming når det gjeld plikta til å gi tilsvar. Det er heller ikkje gitt nokon regel om plikt for retten til å opplyse om verknaden av å ikkje gi tilsvar, slik det er i § 9-3. Departementet legg difor til grunn at praksis etter gjeldande jordskiftelov vil halde fram. Tvistelova § 9-5 om rettsmøte under saksførebuinga og § 13-2 om innkalling til rettsmøte er heller ikkje gjort gjeldande for saksførebuinga i jordskifteretten. I staden er det gitt reglar om innkalling til rettsmøte i lovforslaget § 6-10. Tvistelova § 16-8, skal gjelde «så langt den høver» etter den nye jordskiftelova, jf. lovforslaget § 6-1 bokstav k. Departementet legg til grunn at det òg i framtida vil vere § 16-8 første ledd bokstav a som vil kunne utløyse møtefråvær, jf. uttalen i Ot.prp. 74 (2005–2006). Dette vil gjelde i spørsmål der det er tvist, og det ikkje vil vere vanskeleg å fastslå at det dreier seg om eit rettsmøte for sluttbehandling. Det vil òg bli rekna som møtefråvær dersom retten har bestemt at det vil bety fråvær i saka om partane ikkje møter, jf. § 16-8 andre ledd.

12.4.8 Tvistelova § 18-4, om fråfall av søksmål

12.4.8.1 Høyringsforslaget

Tvistelova § 18-4 gjeld verknadene av at ein part trekkjer eit krav frå behandling i retten etter at kravet er forkynt for motparten, eller er sett fram i rettsmøte. Arbeidsgruppa foreslår konkret unntak for tvistelova § 18-4, og viser til at denne paragrafen heller ikkje er gjort gjeldande i jordskiftelova i dag, sjå gjeldande lov § 97. Dette har samanheng med dei forskjellane det er på jordskifteprosessen og sivilprosessen.

12.4.8.2 Høyringsinstansane

Sør-Trøndelag jordskifterett uttaler:

«Kravet i tvisteloven § 18-4 om å oppgi kravet som forutsetning for at saka skal trekkes, kan ikke gjelde for jordskiftesaker. Det er ikke noe rettslig krav å oppgi, og jordskifteloven § 6-9, 6. ledd må være gjeldende slik som foreslått. Men tvisteloven § 18-4 bør være gjeldende i to tilfeller: – Dersom det i ei jordskiftesak er avklart at et tvistetema må løses for at den jordskiftemessige delen av saka skal kunne videreføres, burde forutsetningen om å oppgi kravet for å frafalle saken etter tvisteloven § 18-4 kunne gjøres gjeldende. – Dersom kravet er konkretisert i grensegang/rettsutgreiing bør også tvisteloven § 18-4 kunne gjøres gjeldende. Tvisteloven § 18-4 må derfor kunne gjøres gjeldende (dvs. oppgi kravet) i slike tilfeller.»

Jordskifterettane i Frostating jordskiftedømme uttaler:

«Vi er enig i at dette er en bestemmelse som ikke egner seg ved behandlingen av de rettsendrende sakene. Her har vi i dag en spesialregel i § 12, 5. ledd som sier at et krav bare kan trekkes tilbake så lenge vedtak om å fremme saken ikke er ført inn i rettsboka. Dette er en bestemmelse som må opprettholdes selv om det etter lovforslaget ikke kan knyttes til fremmingstidspunktet men til tidspunktet for starten på behandlingen av saken, jfr. § 6-9 6. ledd i lovforslaget. Vi mener § 18 – 4 bør gjøres gjeldende i kap. 4 saker og ved tvistebehandling som er nødvendig for å komme videre i en kap. 3 – sak.»

Norges Bondelag uttaler:

«Det kan for øvrig ikke sees at det er gitt noen god begrunnelse for å unnta tvistelovens kapitler 5 og 20, samt §§ 12-1 fjerde ledd og 18-4, i rettsutgreiings og grensesaker. Tvert om vil det være naturlig å la disse reglene få anvendelse i slike tvister. I tilfeller hvor begge parter ønsker en avklaring av et rettsspørsmål uten at det foreligger en tvist, kan nevnte regler suppleres med en bestemmelse etter mønster av odelsloven § 6.»

12.4.8.3 Departementets vurderingar

Tvistelova §18-4 gjeld verknadene av at ein part trekkjer eit krav frå behandling i retten etter at kravet er forkynt for motparten, eller er sett fram i rettsmøte. Kravet skal i slike tilfelle reknast som oppgitt dersom det blir trekt før retten har teke avgjerd i saka, sjå tvistelova § 18-4 (1). Kravet kan trekkjast utan at det blir oppgitt, for eksempel når motparten samtykkjer til det, sjå tvistelova § 18-4 (2).

Tvistelova § 18-4 er ikkje gjort gjeldande i jordskiftelova i dag, sjå gjeldande jordskiftelov § 97. Paragrafen bør heller ikkje gjerast gjeldande for framtida. Unntaket har samanheng med at jordskifteprosessen skil seg frå sivilprosessen på fleire måtar. I jordskifteprosessen tek rekvirenten opp eit tema eller problem som han vil at jordskifteretten skal behandle. Det er ikkje noko krav om at det skal vere tvist mellom partane. Domsresultatet i jordskifteretten blir heller ikkje «frifinnelse», sjå gjeldande jordskiftelov § 17. Det same gjeld for vedtak etter gjeldande jordskiftelov § 17 a. Resultatet skal tinglysast. Det er ikkje avgrensa til dagens eigarar, men gjeld for eigedommane. Jordskifte inneber endring av eksisterande eigedoms- eller bruksrettstilhøve. Tvistelova § 18-4 vil difor ikkje ha meining. Ein kan ikkje ha ei ordning som hindrar forbetring av utenlege tilhøve. Sjå òg regelen i gjeldande jordskiftelov § 5 siste ledd. Den seier «Rett til å krevje jordskifte kan ein ikkje skrive frå seg». Regelen har same grunngiving. Jordskifteprosess er noko kvalitativt anna enn vanleg sivilprosess. Tvistelova § 18-4 passar i sivilprosessen, men ikkje i jordskifteprosessen.

Det er likevel eit spørsmål om unntaket bør gjelde både for rettsendrande og rettsfastsetjande avgjerder. Det er særleg i høve til dei rettsendrande avgjerdene (jordskifte) regelen ikkje passar. I høve til dei rettsfastsetjande avgjerdene er ikkje dette like opplagt. Sør-Trøndelag jordskifterett meiner tvistelova § 18-4 kan gjelde når kravet er konkretisert i sak om rettsutgreiing eller grensegang. Det same uttaler jordskifterettane i Frostating jordskiftedømme. Jordskifterettane viser òg til at regelen passar ved tvistebehandling som er nødvendig for å komme vidare i ei jordskiftesak.

Departementet meiner at tvistelova § 18-4 ikkje bør gjerast gjeldande for nokon av dei sakstypane jordskifteretten behandlar. Eit krav som gjeld avklaring av uklare eigedoms- og rettstilhøve bør kunne trekkjast utan at det får den følgje at kravet fell bort. Dette gjeld sjølv om kravet inneheld påstand om ei bestemt grense. Det at dagens eigar ikkje ønskjer å sluttføre ei sak om klarlegging av grenser eller rettar, kan ikkje vere til hinder for at spørsmålet kan behandlast seinare. Det knyter seg store samfunnsmessige interesser til det å ha klare rettstilhøve og grenser for eigedommar. Det bør alltid vere mogleg å få komme tilbake med krav om rettsutgreiing, endå om eit tilsvarande krav blei trekt tidlegare. Det vil òg vere slik at eit krav om rettsutgreiing eller grensefastsetjing kan behandlast sjølv om det er ganske generelt i forma og ikkje har nokon klart formulert påstand om for eksempel ei konkret grense. Det er nok å krevje avklaring av grenser ein meiner er uklare. Det er eit samfunnsmessig behov for å ha klare eigedomsgrenser. Det synest ikkje å vere god rettspolitikk om det å trekkje eit slikt krav skulle få konsekvensar for moglegheita til å reise grensesak for jordskifteretten seinare. Problemstillinga vil vel heller ikkje bli noko stort spørsmål i praksis.

12.4.9 Tvistelova § 19-4 første ledd, om avseiing av rettslege avgjerder

12.4.9.1 Høyringsforslaget

Tvistelova § 19-4 gjeld avseiing av rettslege avgjerder. Av første ledd går det fram at ei rettsleg avgjerd er bindande for retten når ho er avsagt. Arbeidsgruppa meiner den nye jordskiftelova bør gjere unntak for denne regelen. Arbeidsgruppa meiner at reglane i andre til femte ledd, som gjeld andre omstende, kan gjelde så langt dei høver. Første ledd kan i utgangspunktet òg gjelde for rettsfastsetjande avgjerder som jordskifteretten tek. Det bør likevel vere unntak for visse avgjerder, jf. høyringsforslaget § 6-21 første ledd der arbeidsgruppa foreslår unntak for jordskifteavgjerdene etter høyringsforslaget § 6-19 fjerde ledd bokstav a og b. Gruppa meiner unntaket er nødvendig dersom regelen i gjeldande jordskiftelov § 17 a siste ledd skal kunne førast vidare. Regelen gjer at jordskifteretten på visse vilkår kan endre på dei rettsendrande vedtaka som er fatta tidlegare i prosessen, og som elles ville vere bindande for retten.

12.4.9.2 Høyringsinstansane

Jordskifterettane i Frostating jordskiftedømme uttaler:

«§ 19-4 (1) om når retten er bunden av ei avgjerd, så langt det gjeld jordskifteavgjerd etter § 6-19 tredje ledd bokstav a og b under vegs i saka. Vi er enig i at det gjøres unntak for de nevnte jordskifteavgjørelser. Dette er også i tråd med situasjonen slik den er i dag, jfr. § 17a, 6. ledd i nåværende lov og § 6-21, 1. ledd i forslaget. Det er svært viktig at det holdes åpen en mulighet for å endre slike avgjørelser under sakens gang.»

12.4.9.3 Departementets vurderingar

Av tvistelova § 19-4 første ledd går det fram at ei rettsleg avgjerd er bindande for retten når ho er avsagt. Andre til femte ledd i § 19-4 gjeld andre omstende, mellom anna om tidspunktet for når ei skriftleg avgjerd er avsagt, når ei munnleg avgjerd er avsagt, og fristane for når ei avgjerd skal avseiast. Departementet er samd med arbeidsgruppa i at reglane i andre til femte ledd i § 19-4 kan gjelde så langt dei høver. Første ledd kan i utgangspunktet òg gjelde. Det må likevel vere eit unntak for slike jordskifteavgjerder som er omhandla i § 6-23 fjerde ledd i lovforslaget (for eksempel jordskifteavgjerd om verdsetjing og anna undervegs i saka). I lovforslaget er dette foreslått regulert slik at § 6-1 gjer heile tvistelova kapittel 19 gjeldande generelt. I § 6-25 første ledd andre punktum er det ein spesialregel om at jordskifteavgjerd undervegs i saka likevel kan omgjerast fram til saka blir avslutta, når særlege grunnar gjer at avgjerda ikkje kan bli ståande.

Regelen i § 6-25 første ledd andre punktum er nødvendig dersom regelen i gjeldande jordskiftelov § 17 a siste ledd skal førast vidare. Etter § 17 a siste ledd kan jordskifteretten på visse vilkår endre dei rettsendrande vedtaka ein har fatta tidlegare i prosessen, og som elles ville vere bindande for retten. Unntaket gjeld fram til saka blir avslutta. Når saka er avslutta, er jordskifteavgjerda òg bindande for jordskifteretten.

Gjeldande jordskiftelov § 17 a siste ledd kom inn i lova i 1998. Behandlinga av ei jordskiftesak kan vere omfattande og ha mange steg. Dette gjeld for eksempel ved ny eigedomsutforming av fleire teigar. Hovudregelen er at det ikkje kan brukast rettsmiddel før heile saka er slutt. Det er først ved avsluttinga at tapsfråværsgarantien verkeleg kan prøvast. Det er òg slik at den nye teiginndelinga kan vere viktigare enn verdsetjing. Det same kan òg gjelde resultatet av ein liten tvist om tilhøva før jordskifte. Partane kan vere nøgde med dei nye teigane, men usamde om verdsetjing eller resultatet av ein dom. Dette kjem først og fremst av at jordskifte ikkje er byte etter areal, men etter verdi. Totalarealet eigedommane har treng ikkje vere likt før og etter jordskifte, men verdien skal vere lik (eventuelt høgare). Ved avslutting av saka kan partane sjå at dei totalt fekk ei god løysing sjølv om dei ikkje er samd i alle vurderingar fram til sluttresultatet.

For partane og retten er det eit stykke på veg ein fordel at alle avgjerder kjem så seint som mogleg i saka. På den andre sida må retten gjere seg ferdig med noko for å koma vidare i saka. Alt kan ikkje vente til slutt. Dei ulike stega i jordskiftet er dels rettsfastsetjande og dels rettsendrande. Det rettsfastsetjande blir fastsett ved rettsforlik eller dom. Dei rettsfastsetjande sakene gjeld eksisterande tilhøve, og det er berre eit rett svar på dei. Retten er bunden når han seier dom eller liknande, men avgjerdene kan ankast når saka er slutt dersom vilkåra for anke er oppfylte.

Dei rettsendrande avgjerdene byggjer på skjønnsmessige vurderingar. Da er det ikkje nødvendigvis berre eitt svar som er rett. Behovet for å kome vidare i saka kombinert med at det kan vere god grunn til å justere tidlegare avgjerd, er grunnen til unntaket frå tvistelova § 19-4 første ledd for rettsendrande avgjerder. Det er likevel ikkje fritt fram for å endra. Vilkåret er at det ligg føre særlege grunnar. Regelen skal sikre tilstrekkeleg framdrift, samtidig som avgjerder kan endrast når det er nødvendig.

12.4.10 Tvistelova kapitla 32 til 37, om midlertidig sikring og særlege prosessformer

12.4.10.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår unntak for tvistelova kapittel 32 til 37. Gruppa meiner at dette er reglar som ikkje er aktuelle for saksbehandlinga i jordskifterettane. Når det gjeld tvistelova kapittel 34 «Midlertidig forføyning», viser gruppa til høyringsforslaget § 3-30.

12.4.10.2 Høyringsinstansane

Jordskifterettane i Frostating jordskiftedømme uttaler:

«Dette er bestemmelser i tvisteloven som ligger utenfor det som er aktuelt i jordskiftesammenheng og det er riktig at de er tatt ut.»

12.4.10.3 Departementets vurderingar

I lovforslaget § 6-1 blir det ikkje vist til tvistelova kapitla 32 til 37. Dette er reglar som departementet meiner ikkje er aktuelle for saksbehandlinga i jordskifterettane, og dei blir difor heller ikkje gjort gjeldande. Jordskifterettane i Frostating jordskiftedømme er av same oppfatning. Når det gjeld unntaket for tvistelova kapittel 34 Midlertidig forføyning, viser departementet til lovforslaget § 3-34. Etter denne paragrafen kan jordskifteretten gi reglar om bruken av areala innanfor jordskifteområdet fram til jordskiftet er gjennomført. Reglar om mellombelse tiltak ut over dette skulle det ikkje vere behov for.

12.5 Bortfall av vedtak om fremjing

12.5.1 Høyringsforslaget

I gjeldande jordskiftelov § 14 andre ledd andre punktum står det: «Først avgjer retten om saka skal fremmast.» Fremjinga skjer ved eit vedtak, sjå gjeldande jordskiftelov § 17 første ledd andre punktum. Vedtaket om fremjing kan påankast til lagmannsretten, sjå gjeldande jordskiftelov § 61 tredje ledd bokstav a og h, når anken gjeld anna enn materielle grunnar (og altså gjeld formelle grunnar), eller anken gjeld avgjerd om saksbehandlinga eller rettsbruken som jordskifteretten har sett til førehands påanke. Blir fremjing av saka nekta av materielle grunnar er jordskifteoverretten ankeinstans. Dei materielle vilkåra for ei jordskiftesak går fram av gjeldande jordskiftelov §§ 1 til 3.

Arbeidsgruppa viser til at føresegnene om fremjing i utgangspunktet gjeld for jordskiftesakene. For dei rettsfastsetjande sakene (rettsutgreiing og grensesak) er det ikkje nokon slik heilt klar regel, men arbeidsgruppa legg til grunn at òg dei rettsfastsetjande sakene må fremjast gjennom eit vedtak, etter gjeldande jordskiftelov.

Arbeidsgruppa foreslår å snu om på ordninga med eit vedtak om fremjing slik at det jordskifteretten skal gjere, er å avvise saka dersom det blir klart for retten at vilkåra for å behandle saka ikkje kan oppfyllast. Avvising skal skje uavhengig av på kva for tidspunkt i saka dette blir klart, jf. høyringsforslaget § 6-9 og drøftinga i høyringsnotatet kapittel 5.10.7. Vedtaket om fremjing fell såleis bort. Slik det er etter gjeldande jordskiftelov skal retten på eit meir eller mindre sikkert grunnlag, og tidleg i saka, ta stilling til om dei materielle vilkåra er til stades. Arbeidsgruppa viser til at føresetnadene for jordskiftet vil kunne endre seg under saka. Retten kan difor likevel måtte stanse saka på eit seinare tidspunkt (etter fremminga) fordi vilkåra for å behandle saka ikkje lenger kan oppfyllast.

12.5.2 Høyringsinstansane

Forslaget om å fjerne ordninga med vedtak om fremjing er mellom dei mest omdiskuterte i høyringa. Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner tanken om ikkje lenger å skulle fremje ei sak er uvant, fordi dette er så godt innarbeidd. Dei meiner forslaget likevel er interessant og uttaler:

«Etter dagens jordskiftelov er skillet mellom de formelle vilkårene og det vi vil kalle for den materielle vurderingen (realitetsbehandlingen) uklart. Både jordskifteretten, prosessfullmektiger og ikke minst selvprosederende parter, har i mange tilfeller vanskelig for å trekke opp et klart skille mellom det ene kontra det andre. Fremmingsvedtaket kommer ofte for tidlig i prosessen; dvs. før det materielle er tilstrekkelig vurdert. Vi håper derfor at man i det forestående lovarbeidet trekker opp klare skillelinjer mellom formelle vilkår og det vi kaller den materielle vurderingen. I denne sammenheng vil vi peke på at vi stiller oss bak arbeidsgruppas konklusjon om at fremmingsvedtaket bør tas ut av loven; jf. eget punkt om dette. Arbeidsgruppa har belyst de svakheter som en unødvendig, og i visse tilfeller kostbar, prosess om formaliteter, kan medføre. Enhver som har et legitimt og fornuftig krav, må ha rett til å få vurdert sitt krav om en rettsendring (jordskifteløsning), uten å stå i fare for å risikere store utgifter i en forutgående tvisteprosess om saken kan fremmes eller ikke fremmes»…
«Bestemmelsen om fremmingsvedtaket etter dagens lov ikke er god. Den har i mange sammenhenger ført til en viss usikkerhet, med til dels unødvendige og kostbare tvister om fremmingsspørsmålet. I tillegg er det ofte vanskelig for jordskifteretten å gjøre et slikt vedtak i starten av en sak. På dette tidspunktet har jordskifteretten fått på det rene hva som er problemene i saken, men det kan være vanskelig å vite nøyaktig hvordan problemene vil bli løst og ikke minst hva dette vil føre til for hver enkelt eiendom. I en del saker er dette så vanskelig at det synes lite hensiktsmessig å skrive et fremmingsvedtak på dette tidspunktet. Vi er enig i arbeidsgruppas konklusjon om å ta bort fremmingsvedtaket, og vi stiller oss i hovedtrekk bak den argumentasjon som arbeidsgruppa har redegjort for i sin rapport på side 104-105. Vi vil særlig peke på det arbeidsgruppa skriver om at den beste løsningen er å gå inn i realiteten i saken så fort som mulig og ikke bruke for store ressurser på fremmingsspørsmålet. Når man tar bort fremmingsvedtaket må forutsetningen være at man får innarbeidet regler i kap. 6 som ivaretar hensynet til et klart skille mellom de formelle og de andre jordskifteskjønnsmessige (materielle) vilkårene. Dette er viktig for å kunne sette en stopper for parter som fokuserer mer på prosess enn løsninger på problemene i saka. For å unngå unødvendig prosess og misforståelser, ser vi det som svært viktig at man omskriver og får tilpasset reglene i kap. 6, spesielt §§ 6-9 og 6-19, på en bedre måte enn lovutkastet.»

Sør-Trøndelag jordskifterett drøftar fordelar og ulemper med vedtaket om fremjing, og konkluderer med at vedtak om fremjing kan takast bort, men da under føresetnad av at moglegheita for «evighetsprosedyre» etter høyringsforslaget § 3-4 blir fjerna. I tilfelle vedtaket om fremjing blir oppretthalde må det gjerast klart at vedtak om fremjing ikkje er nødvendig i rettsfastsetjande saker (grensesak og rettsutgreiing).

Jordskifterettane i Gulating jordskiftedømme meiner at regelen i dag i jordskiftelova § 14 første ledd andre punktum om at det første jordskifteretten skal gjere er ta stilling til om saka skal fremjast, ikkje har ei heldig utforming. Jordskifterettane uttaler:

«Ofte er det slik at å vurdere fremming ikkje er det første jordskifteretten kan gjere. Mange forhold vil først måtte avklarast, som t.d. tilskot til ymse tiltak, løyve frå forvaltninga osv. Vidare kan ofte kost/nytte-vurderingar krevje mykje arbeid både frå partane og frå jordskifteretten si side for å skaffe fram tilstrekkeleg avgjerdsgrunnlag. Dette betyr at fremmingsvedtak ikkje kan gjerast før grunnlaget er tilstrekkeleg opplyst, noko som i mange tilfelle medfører at fremmingsvedtaket kjem seint eller nesten til slutt i saka. Når jordskifteretten etter forslaget likevel må prøve vilkåra for jordskifte, definere saka sakleg og geografisk og å tilføre rettsboka at realitetsbehandling har tatt til, bør poenget med å ta bort obligatorisk fremmingsvedtak i saker etter forslaget kap. 3 drøftast nøyare. I drøftinga bør tidspunktet for fremming vere sentralt. Fremming bør først skje når grunnlaget er tilstrekkeleg opplyst. Me meiner at den som kjem med eit rimeleg krav om endring/ jordskifte ikkje bør risikere store sakskostnader. Gjeld kravet noko jordskifteretten kan handsame, må dette kunne gjerast utan at motparten sine kostnader skal bli velta over på rekvirenten. Det må gjennom det vidare arbeidet med lova gjerast grep som sikrar dette, sentrale reglar vil her vera § 6-19, § 7-6 og § 7-13.»

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme uttaler:

«Etter denne bestemmelsen [§ 6-9] skal det ikke lenger gjøres noe vedtak om å fremme saken på første rettsmøtet. Det er bare snakk om avvising på grunn av mangler ved kravet og avvising mens saken går dersom retten mener at vilkårene etter § 3-2 og § 3-3 ikke kan bli oppfylt. Dette synes vi er en bra endring. Den vil medføre at det ikke blir så mye fokus på fremmingsspørsmålet, og det kan bidra til at spørsmålet om fremmingen blir en egen prosess med stort ressursforbruk og kostnader før saken egentlig kommer i gang. Det er etter det nye forslaget først og fremst opp til retten om et avvisingsspørsmål skal tas opp. Det vil nok også nå være slik at det i saksforberedelsesfasen eller på første møte eller senere vil dukke opp krav om å nekte saken fremmet på materielt grunnlag eller at den må avvises på ikkematerielt grunnlag fra en eller flere parter og som retten må ta stilling til, men det vil etter det vi kan se ikke bli anledning til å anke dette før saken er avsluttet, jfr. § 8-4 i forslaget uten at retten bestemmer det. Etter nåværende § 61, 3. ledd i jordskifteloven, jfr. § 62, 3. ledd er det en automatisk ankeadgang til lagmannsretten straks avgjørelsen er tatt. Det vil nok i en del tilfeller bli behov for å få en endelig avklaring på om de ikke materielle vilkår for å behandle saken er til stede før realitetsbehandlingen tar til, men når den automatiske adgangen til å anke dette til lagmannsretten blir tatt bort vil en uansett kunne unngå vesentlig tidstap og prosessomkostninger. For at dette skal fungere godt i praksis er det nødvendig at det blir en nøyaktig avklaring av når en sak nektes fremme av materielle grunner og når en sak avvises av ikke materielle grunner.»

Eit fleirtal av jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner det vil ha ein del uheldige sider å ikkje føre vidare det obligatoriske vedtaket om fremjing. Dei meiner at alle jordskiftesaker, grensesaker og rettsutgreiingssaker framleis skal fremjast i ei formell avgjerd. Dersom dette blir endra må det takast inn endringar i lovforslaget som reduserer dei negative konsekvensane av endringa. Jordskifterettane uttaler òg:

«Lovutkastet pålegger i prinsippet ikke jordskifteretten andre plikter i forhold til fremme/avvisning enn det som gjelder for de ordinære domstoler. Det innebærer at det bare er formelle forhold som litispendens, rettslig interesse og partsevne som skal vurderes. Jordskifteretten er en særdomstol som må ha en positiv hjemmel for å kunne behandle en sak. Retten har en selvstendig plikt til å avgjøre/konstatere om hjemmelen foreligger. Dette gjøres ved fremminga. Jordskifteretten kan derfor ikke likestilles med de ordinære domstoler. Vi kan ikke se at arbeidsgruppa har vurdert fjerning av fremminga i forhold til at jordskifteretten er en særdomstol. Kravet til fremmingsvedtak i dagens lov tvinger jordskifteretten til å foreta vurderinger av de formelle og materielle vilkårene for å gjennomføre saken. De materielle vilkårene er utformet minst like strengt i lovutkastet som i dagens lov. Ved bortfall av fremmingsvedtaket bortfaller prosessen som sikrer den grunnleggende prøvinga. Partene vil ikke få vite hvordan retten har vurdert og tenkt. Dette er også en vesentlig svakhet i forhold til overprøving. Ved fremmingsvedtaket blir den saklige og geografisk avgrensning avklart. Lovutkastet etterlater seg uklarheter om hvordan denne avgrensningen skal gjøres. Vi har oppfattet at formålet med å fjerne det obligatoriske fremmingsvedtaket er å redusere prosessen om fremminga både i forhold til jordskifterettens arbeidsmengde og prosesskostnader. Vi peker på at det er i de saker hvor fremmingen har vært omtvistet at prosessen har hatt noe omfang. Etter lovutkastet skal jordskifteretten fortsatt ta stilling til påstand om at saken skal nektes fremmet eller avvises. Det er således de enkle og uomtvista fremmingsvedtak som vil falle bort. Disse representerer ingen stor arbeidsmengde for jordskifteretten og har heller ikke medført kostnader for partene. Vi mener at det nevnte formålet ikke oppfylles ved å fjerne den obligatoriske fremmingsavgjørelsen. Vi mener at fjerning verken vil eller bør få noen betydning i forhold til hvilket konfliktnivå det er i oppstarten på ei sak.»

Jordskifteoverrettane uttaler i ei felles fråsegn:

«Måten eit krav om jordskifte blir fremma er ikkje uvesentleg. Vi er samde i at det er gode grunnar for å tone ned fremminga som ein viktig milepæl i jordskifteprosessen. Særleg bidreg endringane i § 3-3 til dette. Vi er likevel ikkje samde i at ei slik avgjerd uansett nektingsgrunn skal kallast avvising. Etter vårt syn peikar forma avvising mot tvistelova sitt system, som gjeld dei formelle nektingsgrunnane for å halde sak. Vi meiner at ein framleis må skilje mellom avvising av formelle grunnar, og fremme eller nekte fremme av materielle grunnar, slik det i dag er i skjønnsprosesslova og i ulike skjønnslover. Etter vårt syn bør slike materielle spørsmål bli avgjort i forma jordskifteavgjerd, slik at overprøving, sakskostnader og andre regelsett følgjer reglane for jordskifteavgjerd. Skiljet mellom dei materielle og formelle nektingsgrunnane høyrer til dei mindre godt definerte skilja i sivilprosessen. Vi kan likevel ikkje sjå at det er nokon god veg utanom, men dette kan løysast ved å definere i lova uttømmande kva for vurderingar som er materielle.»

Agder lagmannsrett har ei uttale om høyringsforslaget til reglar om rettsmiddel, der ein òg tek opp skiljet mellom prosessuelle og materielle vilkår for ei sak for jordskifteretten. Lagmannsretten peiker på betydinga av den avgjerdsforma ein brukar på ei avgjerd om å stanse ei sak, og kva som vil vere rett behandling når ei avgjerd om stansing/avvising blir anka:

«På et punkt vil forslaget etter min oppfatning kunne medføre en uhensiktsmessig løsning. Lovutkastets § 8-2 første ledd omfatter med ett unntak slike judisielle avgjørelser som i dag er gjenstand for anke til lagmannsrett. Unntaket jeg sikter til er det jordskifteloven omtaler som kjennelser om avvisning av «materielle grunner», hvor rettsmidlet er anke til jordskifteoverretten, se jordskifteloven § 61 tredje ledd bokstav a, sammenholdt med siste ledd. Motstykket er avvisning av «andre enn materielle grunnar», dvs. formelle eller prosessuelle grunner, hvor rettsmidlet i dag er anke til lagmannsrett. Lovutkastet viderefører ikke denne sondringen mellom materielle og ikke-materielle avvisningsgrunner som operativt kriterium for valg av prosessregler ved overprøvingen. Dette er i og for seg en god ting. Kriteriet materielle grunner er uklart og har gitt opphav til en rekke tvister. Jeg er enig i at det ikke bør videreføres. Det hindrer likevel ikke at regelen innenfor sitt kjerneområde er godt begrunnet. Med materielle grunner siktes i første rekke til hovedvilkårene for å fremme jordskiftesak i jordskifteloven §§ 1-3; at eiendommene er utjenlige, at jordskifteretten må ha et egnet virkemiddel til rådighet, og at ingen eiendom vil lide tap (ikketapsgarantien i § 3 a). Dette er avgjørelser som må treffes på grunnlag av jordskiftefaglige vurderinger, og det er derfor gode grunner til at overprøvingen skjer ved jordskifteoverretten, ikke lagmannsretten. De materielle vilkårene for jordskifte i jordskifteloven §§ 1-3 er i det vesentlige videreført i lovutkastet §§ 3-2 og 3-3, jf også §§ 3-6 flg. om virkemidlene. Lovutkastet innebærer at avgjørelser om å nekte saken fremmet – forkaste kravet om jordskifte – fordi hovedvilkårene ikke er oppfylt, vil bli truffet i form av en kjennelse som er gjenstand for overprøving etter reglene i § 8-2 første ledd og § 8-3 første ledd av tre fagdommere etter reglene i tvisteloven. Dette følger av lovutkastet § 8-2 første ledd, sammenholdt med definisjonen av kjennelser i § 6-19 femte ledd bokstav a og § 6-9 fjerde ledd. Den sistnevnte bestemmelsen gir uttrykkelig anvisning på at saken skal avvises ved kjennelse når jordskifteretten blir klar over at vilkårene for å behandle den ikke lenger er til stede, herunder at vilkårene for jordskiftesak i §§ 3-2 og 3-3 ikke kan bli oppfylt. Dette innebærer en vesentlig realitetsendring utover det som følger av overgangen til felles rettsmiddelinstans. Jeg tror ikke det er tilstrekkelig overveiet å endre behandlingsform ved overprøving av disse jordskiftefaglige realitetsavgjørelsene fra jordskifteprosess til allmennprosess. Overprøvingen i lagmannsretten bør heller skje etter prosessordningen for «jordskifteavgjerd» i lovutkastet § 8-2 annet ledd, jf. § 8-3 annet ledd. Det er ikke tilstrekkelig at lovutkastet gir førstelagmannen kompetanse til å bestemme at en av tre fagdommere skal være jordskiftelagdommer. Hvis man er enig i disse synspunktene, er det ikke til å unngå at man må videreføre et skille mellom avgjørelser om avvisning på det grunnlag at prosessuelle vilkår for å behandle saken ikke er oppfylt på den ene siden, og avgjørelser om å nekte saken fremmet fordi vilkår for jordskifte ikke er oppfylt på den annen. Det er imidlertid mulig å utforme reglene slik at man unngår uklarhetene som kriteriet «materielle grunner» er belemret med. Man bør ikke bruke uttrykket avvisning om negative realitetsavgjørelser av kravet om jordskifte, men heller bruke uttrykk som at jordskiftesaken nektes fremmet. Denne begrepsbruken har en parallell i skjønnsprosessen, hvor det er innarbeidet å sondre mellom avgjørelser om avvisning av skjønnssaken av formelle grunner etter skjønnsprosesslovens § 9 og avgjørelser om å nekte skjønnskravet behandlet av materielle grunner etter § 26 eller § 48 annet ledd. Dette er riktignok avgjørelser som typisk gjelder tvister om prejudisielle rettsforhold av betydning for om skjønnet kan fremmes. Nærmere enda ligger det å sammenligne med lovbestemmelser som gir skjønnsretten kompetanse til å avgjøre om vilkårene for et inngrep eller tiltak er til stede, som for eksempel ved ekspropriasjon avprivat adkomstrett etter vegloven § 53. Her vil en negativ avgjørelse begrunnet med at den nødvendige interesseovervekt ikke foreligger bli truffet i form av skjønn, altså den ordinære formen for realitetsavgjørelser. En presis løsning vil være å bestemme at avgjørelser om å nekte jordskiftekravet behandlet fordi vilkårene i §§ 3-2 eller 3-3 ikke er oppfylt, treffes i form av jordskifteavgjerd. Anvendelsesområdet for regelen vil da også falle sammen med lovutkastet § 3-5 første ledd annet punktum om sperretid, hvor det er av interesse å konstatere at jordskiftelovens § 4 er videreført med en tilsvarende endring av kriteriet «materielle grunner.»

12.5.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner som arbeidsgruppa at ordninga med eit obligatorisk vedtak om fremjing ikkje bør førast vidare i den forma det har no. Departementet kan langt på veg slutte seg til grunngivinga arbeidsgruppa har for dette. Endringa har òg støtte i mange av dei høyringsfråsegnene som er kome inn, mellom anna frå fagmiljøet i jordskifterettane. På bakgrunn av høyringsuttalane ser departementet det likevel som nødvendig med visse tillempingar i lovforslaget. Det gjeld i høve til kva for avgjerdsform som skal brukast ved eventuell stansing/avvising av ei sak når dei materielle vilkåra for å behandle saka ikkje (lenger) er tilstades. Bruken av avgjerdsform har samanheng med behandlinga av anke over slik avgjerd, nemleg korleis ankeinstansen bør setjast saman for å sikre rett kompetanse for behandlinga av slike spørsmål.

Departementet ser at det kan vere fleire argument for å behalde vedtaket om fremjing. Som arbeidsgruppa peiker på er desse argumenta mest tungtvegande ved ny utforming av eigedom, altså i jordskiftesakene. Sjølv om ordninga med eit vedtak om fremjing fell bort, må retten tidleg i ei saka vurdere om dei særlege vilkåra for ei jordskiftesak er tilstades. Partane i saka og retten kan bruke mykje tid på å klarleggje eigedomstilhøve før skifte, verdsetje eigedommane, og avklare og merkje grenser med meir. Partane kan òg måtte tilpasse seg dei nye tilhøva ved å flytte vegar, gjerde, og så vidare. Eit vedtak om fremjing medverkar til å klarleggje om endringa (truleg) kan gjerast utan at nokon lir tap. Som det går fram av uttalen frå jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme, tvingar kravet om fremjingsvedtak i gjeldande lov, jordskifteretten til å vurdere dei formelle og materielle vilkåra for å halde saka.

På den andre sida har behandlinga av vedtaket om fremjing slik ho er i dag nærast blitt ein eigen prosess. Vedtaket om fremjing bidrar til å gjere sakene meir omfattande og dyrare for partane. Jordskifteretten må tidleg i prosessen, før retten har full oversikt over saka, gjere vedtak som kan få store konsekvensar. Fjernar ein ordninga med vedtak om fremjing må jordskifteretten gå meir direkte på løysinga av det temaet eller problemet som er brakt inn for retten. Departementet meiner at det er viktig å ta realitetsspørsmålet opp til behandling og eventuelt å få avslutta ei sak om vilkåra for sak ikkje er oppfylte, så tidleg som mogleg. Den beste løysinga vil da vere å gå raskt inn i realiteten i saka, og ikkje bruke for store ressursar på spørsmålet om fremjing.

Som arbeidsgruppa og nokre av høyringsinstansane peiker på, vil det i saker med stor samla nytte og stor nettonytte for alle eigedommar, vere lite problematisk at vedtaket om fremjing går ut. I saker med marginal samla nytte og stor fare for at ein eigedom lir tap, er det viktig at det ikkje blir brukt store ressursar på den førebels nyttevurderinga som vedtaket om fremjing i realiteten er. I slike saker er det viktig at retten går direkte på realitetane i saka. Jordskifteretten løyser både omfattande saker som for eksempel ny utforming av eigedom og meir oversiktlege saker som felles tiltak, bruksordning, grensegang, og anna. I meir oversiktlege saker er det viktig og lite problematisk å gå direkte på realitetsbehandling av saka.

Ny utforming av eigedom kan vere ein meir omfattande prosess i fleire steg. Prosessen handlar om verdsettjing, ny inndeling av teigar, grensemerking og så vidare. Spørsmålet er om dagens vedtak om fremjing fører til mindre ressursbruk og større rettstryggleik i dei meir omfattande sakene, enn forslaget til arbeidsgruppa. Departementet meiner at det heller ikkje for dei omfattande sakene bør vere eit obligatorisk vedtak om fremjing. Jordskifteretten må vurdere realitetane og avvise (stanse) saka, eller del av saka, når det blir klart at dei materielle vilkåra for ei jordskiftesak (lovforslaget §§ 3-2, 3-3 og 3-18) ikkje kan oppfyllast. Avvising etter ein omfattande prosess der partane har brukt store ressursar, er uheldig. Vedtaket om fremjing er ingen garanti mot dette, og den beste løysinga totalt sett er at vedtaket om fremjing går ut.

Departementet kan ikkje sjå at vedtaket om fremjing er nødvendig av den grunn at jordskifteretten er ein særdomstol. Retten har eit sjølvstendig ansvar for å sjå til at vilkåra for sak er oppfylde. Dette gjeld under heile prosessen, og vedtaket om fremjing er ikkje ein nødvendig føresetnad for at retten skal kunne ha dette ansvaret.

I høyringsforslaget er skiljet mellom materielle og prosessuelle vilkår tona ned, og mellom anna ikkje gjort til noko kriterium for valet av prosessreglar når det gjeld overprøving (anke). Etter høyringsforslaget skal avvising av ei sak skje ved orskurd, uansett om avvisninga skjer på grunnlag av formelle eller materielle vilkår, jf. høyringsforslaget § 6-9 fjerde ledd. Bruken av orskurd som avgjerdsform fekk den konsekvens at anke over avgjerd om avvising skulle behandlast etter høyringsforslaget § 8-2 første ledd eller § 8-3 første ledd. Da skulle lagmannsretten i utgangspunktet setjast saman av 3 fagdommarar (men slik at retten etter § 8-2 første ledd kunne setjast med 2 fagdommarar og ein jordskiftelagdommar, om førstelagmannen bestemmer det). Fleire av høyringsinstansane, mellom anna Jordskifteoverrettane og Agder lagmannsrett, er inne på at dette ikkje er noko gunstig ordning. Som høyringsinstansane understrekar, vil overprøvinga av dei materielle vilkåra vere ei jordskiftefagleg overprøving. Det må da vere rett at retten alltid setjast med jordskiftelagdommar. Dette vil ein oppnå om ei prøving av dei materielle vilkåra blir teke som jordskifteavgjerd, sjå lovforslaget § 6-23 fjerde ledd bokstav a, og § 8-7 andre ledd. Ei avgjerd av om at dei materielle vilkåra er innfridde, blir dermed òg teke ved jordskifteavgjerd. Behandling av anke over avgjerda vil i slike tilfelle innebere ei jordskiftefagleg overprøving.

Departementet er elles samd med Agder lagmannsrett i at kriteriet «materielle grunnar» (sjå mellom anna gjeldande jordskiftelov § 61 tredje ledd bokstav a) kan vere uklart og at det ikkje er nokon grunn til å føre det vidare. I staden for å bruke omgrepet avvising (og avgjerdsforma orskurd) om ei negativ avgjerd av kravet om jordskifte, kan ein i avgjerda uttrykke det slik at saka blir nekta fremja. Ein gjer såleis bruk av det som er realitetsavgjerda for jordskiftesakene, det vil seie jordskifteavgjerd. Slik avgjerd vil etter forslaget vere eit resultat anten av behandlinga av ein påstand om avvisning av kravet, eller eit resultat av vurderinga retten gjer, jf. plikta retten har til å vurdere dei materielle vilkåra ex-officio.

Følgjer av at vedtaket om fremjing fell bort: Trekking av saka

Arbeidsgruppa peiker i høyringsnotatet på at det er viktige følgjer av bortfall av vedtaket om fremjing som må løysast. Dette gjeld mellom anna reglane om at ein part ikkje kan trekkje saka etter at det er fatta vedtak om fremjing, men etter gjeldande rett fram til dette tidspunktet. Her er gjeldande rett eit avvik frå disposisjonsprinsippet. Avviket er ein følgje av at jordskifteretten har eit sjølvstendig ansvar for totaliteten i ei jordskiftesak. Ved jordskifte blir eigedoms- og råderettstilhøva endra eller klarlagt, og partane kan til ein viss grad ikkje endre tilhøva aleine utan medverknad frå det offentlege. Dei nye tilhøva kan føre til endringar i matrikkel og matrikkelkart. Dei kan ha noko å seie for panthavarar, eller berre vere lovlege dersom delingsløyve eller andre løyve ligg føre. I ei sak som er i gang, kan det vere gjort endringar som anten må registrerast eller reverserast. Dette må jordskiftretten sjå til at er i orden før det blir gitt samtykke til at saka kan trekkjast.

Er saka derimot ein tvist med to påstandar, kan partane ha fullt herredøme over ho til retten har skreve under dommen, sjå tvistelova § 18-4. Deretter kan partane anke saka, eller avtale noko som set resultatet av dommen til sides. I slike høve er det difor ikkje noko behov for ein regel om protokollering, på same vis som eit vedtak om fremjing knapt har nokon reell funksjon i slike saker i dag.

Departementet foreslår at gjeldande reglar om trekking av ei jordskiftesak blir ført vidare, med den forskjell at verknadene knyttast til at det er ført inn i rettsboka (protokollert) at behandlinga har starta, sjå lovforslaget § 6-19 jf. § 6-4 fjerde ledd. Etter at det er ført inn i rettsboka at behandlinga av saka har starta, kan rekvirenten berre trekkje saka dersom retten samtykkjer. Kravet om at retten skal samtykkje, medfører ikkje at retten står fritt til å vurdere om partane skal få samtykke. Avslag må få ei grunngiving. Etter lovforslaget § 6-19 andre ledd kan ei sak om grensefastsetjing eller sak om rettsutgreiing blir trekt fram til retten tek avgjerd, tilsvarande det som gjeld for tvistar etter tvistelova § 18-4. Tvistelova § 18-4 er likevel ikkje gitt verknad for desse sakene, sjå kapittel 12.4.8.

Endringa skal føre til at jordskifteretten går meir direkte på problemløysinga, og dette må førast inn i rettsboka sidan det har konsekvensar for partane. Det kan innvendast mot ein regel om protokollering at konsekvensane er så store at ein bør nytte ei avgjerdsform. Protokollering er ikkje nok. Departementet ser det ikkje slik, og vil understreke at det er viktig å setje ein stoppar for dei som ønskjer prosess og ikkje løysing. Jordskifteprosessen må verne den vanlege parten som vil ta eigedommen i bruk. Han må ha vern mot dei som kan bruke store prosesskostnader for å hindre klargjering eller endring av eigedomstilhøve.

Følgjer av at vedtak om fremjing fell bort: Litispendens

Tvistelova § 18-2 Når hinder for ny sak inntrer og opphører, er teke med i opplistinga av kva for reglar i tvistelova som gjeld, sjå lovforslaget § 6-1 bokstav m. Krav om sak for jordskifteretten blir etter lovforslaget litispendent frå kravtidspunktet. Dette fører vidare gjeldande rett når det gjeld saker om grensefastsetjing og rettsutgreiing. Det er derimot ei endring når det gjeld jordskiftesaker. Etter gjeldande jordskiftelov gjeld tvistelova § 18-2 berre for rettsutgreiing og grensesak. Ei jordskiftesak etter gjeldande jordskiftelov § 2 blir først litispendent ved vedtaket om fremjing.

Departementet meiner det er naturleg å leggje reglane i tvistelova til grunn når det gjeld litispendens. Etter tvistelova § 18-2 er det at ein reiser sak til hinder for ei ny sak etter tvistelova § 18-1, når forliksklage er komen inn til forliksrådet eller når stemning er komen inn til retten. For jordskiftesaker må det avgjerande tidspunktet da bli tidspunktet for framsetjinga av kravet. Verknaden av litispendens trer inn når kravet blir innlevert til jordskifteretten, og varer så lenge saka verserer for denne retten. Departementet ser, på same måten som arbeidsgruppa, ikkje behov for å unnta reglane om litispendens i tvistelova frå å gjelde i jordskifteprosessen. Å velje tidspunktet for framsetjing av kravet, er rimeleg. Når kravet er sett fram for jordskifteretten, bør partane sleppe å vende seg til to domstolar om det same problemkomplekset samstundes. Ein vil òg unngå unødige kostnader.

Endringa i seg sjølv fører ikkje til krav om større presisjonsnivå i jordskiftekravet. Det er ønskeleg at krav om jordskiftesak er så presist at det ikkje blir tvil om kva som er litispendent, og kva som ikkje er det. Lovforslaget § 6-2 tredje ledd fjerde punktum, seier at kravet om mogleg skal visast på eit kart. Frå lovrevisjonen i 1998 har dette blitt meir vanleg enn tidlegare. Kart er kanskje den enklaste og beste måten å vise kva som skal behandlast.

Partane tek gjerne eit tema eller eit problem til jordskifteretten. Det detaljerte innhaldet i kravet treng ikkje vere så klart som det er i ei stemning for tingretten. Det kan vere uklart om kravet eigentleg gjeld jordskifte etter gjeldande jordskiftelov § 2, eller grensesak eller rettsutgreiing etter gjeldande jordskiftelov §§ 88 eller 88 a. Det kan òg vere uklart om jordskiftekravet medfører at jordskifteretten må løyse ein tvist etter gjeldande jordskiftelov § 17. Det kan følgjeleg vere uklart om tvistetemaet er litispendent, eller ikkje. Departementet meiner forslaget til endringar vil gjere spørsmålet om litispendens enklare.

Nokre jordskifterettar har hatt store restansar og lang ventetid. Dersom partar reiser sak for tingretten i tida frå jordskifteretten har motteke krav om jordskifte, til det blir teke opp til realitetsbehandling, må jordskiftesaka vente til saka er rettskraftig avgjort i dei alminnelege domstolane. Dette er òg ein grunn for endringa.

Følgjer av at vedtaket om fremjing fell bort: Sakskostnader

Bortfall av vedtaket om fremjing får òg følgjer for enkelte av paragrafane i lovforslaget kapittel 7 Sakskostnader og gebyr. Prinsippet om fordeling av sakskostnader etter nytte, skal etter lovforslaget gjelde frå saka er reist, og ikkje frå det er fatta vedtak om fremjing, sjå lovforslaget § 7-6 som inneheld hovudregelen om fordeling av sakskostnadene. Dersom saka blir trekt, skal rekvirenten betale sakskostnadene, sjå lovforslaget § 7-7.

12.6 Oppsummering av tilhøvet til tvistelova

Departementet foreslår å regulere tilhøvet til tvistelova i lovforslaget § 6-1. Regelen inneber at følgjande reglar i tvistelova anten ikkje gjeld, eller dei gjeld så langt dei høver, eller dei gjeld slik det er nærare fastsett gjennom særskilde tilvisingar i lova:

  • Tvistelova kapittel 1. Lovens formål og anvendelse; gjeld ikkje.

  • Tvistelova kapittel 2. Parter, prosessdyktighet og stedfortredere; gjeld.

  • Tvistelova kapittel 3.Prosessfullmektiger rettslige medhjelpere; gjeld.

  • Tvistelova kapittel 4. Saklig og stedlig domsmyndighet; gjeld ikkje.

  • Tvistelova kapittel 5. Plikter før sak reises; gjeld ikkje.

  • Tvistelova kapittel 6. Behandlingen i forliksrådet; gjeld ikkje.

  • Tvistelova kapittel 7. Utenrettslig mekling; ikkje gjort gjeldande etter lovforslaget § 6-1, men gjeld likevel i den forstand at partane uansett vil ha anledning til utanrettsleg mekling òg i dei tvistesakene jordskifteretten har heimel til å behandle, for eksempel tvist om grenser. Det er tingretten som i tilfelle (og etter oppfordring frå partane) oppnemnar meklar.

  • Tvistelova kapittel 8. Mekling og rettsmekling i de alminnelige domstoler; gjeld.

  • Tvistelova kapittel 9. Allmennprosess; gjeld ikkje, med unntak for § 9-6 Uttalelser, innsigelser og avgjørelser om saksbehandlingen; første og andre ledd, og tredje ledd første og andre punktum, og fjerde ledd, § 9-10 Avsluttet saksforberedelse. Sluttinnlegg, § 9-13 Styringen av hovedforhandlingen, § 9-14 Muntlig hovedforhandling, § 9-15 De enkelte ledd i hovedforhandlingen, § 9-16 Endring i krav, påstand, påstandsgrunnlag og bevis og § 9-17 Saken tas opp til doms. Fortsatte forhandlinger,

  • Tvistelova kapittel 10. Småkravprosess; gjeld ikkje, med unntak for § 10-5 første og andre ledd, som gjeld for sakskostnader.

  • Tvistelova kapittel 11. Grunnlaget for rettens avgjørelser, veiledning og saksstyring; gjeld.

  • Tvistelova kapittel 12. Prosesskriv; gjeld ikkje, med unntak for § 12-1 første til tredje ledd.

  • Tvistelova kapittel 13 I. Rettsmøter; gjeld, med unntak av § 13-1 første og fjerde ledd og § 13-2. Kapittel 13 II Rettsbøker; gjeld.

  • Tvistelova kapittel 14. Offentlighet og innsynsrett; gjeld.

  • Tvistelova kapittel 15. Forening av krav og søksmål. Partshjelp; gjeld ikkje, med unntak av § 15-2 første ledd bokstav b og §§ 15-6 til 15-8.

  • Tvistelova kapittel 16 I. Oppdeling; gjeld. Kapittel 16 II. Omberammelse og utsettelse; gjeld. Kapittel 16 III. Forsømmelser og fraværsdom ; gjeld. Kapittel 16 IV. Stansing; § 16-18 Stansing i andre tilfelle; gjeld. Resten av kapittel 16 IV; gjeld ikkje.

  • Tvistelova kapittel 17. Verdifastsetting; gjeld. Kapitlet gjeld fastsetting av verdien av tvistegjenstanden og verdien i saker om formuesverdiar, ikkje verdsettinga i eit skiftefelt.

  • Tvistelova kapittel 18. Virkninger av søksmål; gjeld ikkje, med unntak av §§ 18-1 og 18-2.

  • Tvistelova kapittel 19. Rettslege avgjerder og rettsforlik; gjeld, med unntak for § 19-4 når det gjeld jordskifteavgjerd undervegs i saka, jf. lovforslaget § 6-25 første ledd andre punktum.

  • Tvisteloven kapittel 20. Sakskostnader; gjeld for avgjerd om sakskostnader i tvistar. I andre saker etter lovforslaget gjeld reglane i kapittel 7 for fordeling av sakskostnadene.

  • Tvistelova kapittel 21 til 28 (del fem i tvistelova om bevis); alle kapitla gjeld.

  • Tvistelova kapittel 29. Anke til lagmannsrett; gjeld i tillegg til, og slik det går fram av, kapitel 8 i lovforslaget.

  • Tvistelova kapittel 30. Anke til Høyesterett; gjeld.

  • Tvistelova kapittel 31. Gjenåpning; gjeld.

  • Tvistelova kapittel 32 til 34 (del sju i tvistelova, om midlertidig sikring); gjeld ikkje.

  • Tvistelova kapittel 35 og 36 (del åtte i tvistelova, om særlige prosessformer); gjeld ikkje.

  • Tvistelova kapittel 37. Ikraftsetting og endringar i andre lover; gjeld ikkje.

12.7 Saksbehandlinga i skjønnssaker og andre avgjerder etter andre lover, og i ankebehandlinga

Kapitla 5 og 8 i lovforslaget inneheld enkelte reglar om saksbehandlinga av skjønn og andre avgjerder, og anke. Desse reglane om saksbehandling blir det gjort greie for i kapittel 11 og 14.

Til forsida