3 Nærare om forslaga
3.1 Husleigetvistutval i staden for forliksråd
Etter gjeldande rett kan husleigetvistutval behandle tvistar i bustadleigeforhold der ei slik ordning finnest. For tida har ein dette berre i Oslo og Akershus. Å bringe saker inn for husleigetvistutval er frivillig. Den som ønskjer det kan alternativt velje å bringe saka inn for forliksrådet og vidare til tingretten. Enkelte andre tvisteløysingsorgan kan også behandle nokre typar tvistar i bustadleigeforhold, jf. oversynet under punkt 2.3.
Forbrukarrådet , Huseiernes Landsforbund og Leieboerforeningen i Oslo har i ein felles førespurnad til departementet gjort framlegg om å gjere Husleigetvistutvalet i Oslo og Akershus til obligatorisk førsteinstans i staden for forliksrådet i denne regionen.
Departementet legg til grunn at Husleigetvistutvalet i Oslo og Akershus har vore ei vellykka ordning, men at ordninga truleg har vore lite brukt i forhold til potensialet. Denne konklusjonen samsvarer med resultata i ei evaluering av Husleigetvistutvalet i Oslo og Akershus, som konsulentfirmaet rh Knoff gjennomførte i 2003.
Til behandlinga av statsbudsjettet for 2006 signaliserte regjeringa difor at ho ville fremje forslag om å gjere husleigetvistutval til ein obligatorisk førsteinstans i staden for forliksrådet der ein har eit husleigetvistutval, jf. kapittel 585 i St.prp. nr. 1 (2005-2006) for budsjettåret 2006 om endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet 2006. Departementet fremjar nå eit slikt lovframlegg.
Det finnest også andre tvisteløysingsorgan som med avgrensa kompetanse kan treffe avgjerder i husleigetvistar. Oslo husleigenemnd og takstnemnder etter husleigelova kan til dømes treffe avgjerder om gjengs leige. Bakgrunnen for denne moglegheita er at desse instansane har spisskompetanse i å fastsetje slike økonomiske storleiker. Departementet ser difor ikkje behov for å ta denne kompetansen frå dei. Departementet gjer heller ikkje framlegg om å krevje behandling i husleigetvistutval i tilfelle der tvisten kan bringast direkte inn for tingretten etter føresegnene i rettargangslovgivinga. Dette gjeld mellom anna tvistar om formuesgode der begge partar har vore representerte ved advokat. Når den nye tvistelova tek til å gjelde, må tvisteverdien dessutan vere på 125000 kroner eller meir.
3.2 Stansing av fråviking ved å bringe saka inn for husleigetvistutval
Tvangsfullføringslova § 5-11 regulerer høvet til å utsetje ei fråviking som er sett i gang (i dette høvet ein utkasting). Fullføringa kan i dag utsetjast etter krav frå saksøkjar. Vidare kan ho utsetjast etter krav frå saksøkte dersom det blir reist søksmål om grunnlaget for fråvikinga. At saka blir brakt inn for husleigetvistutval gjer ikkje høve til utsetting, idet ei klage til husleigetvistutval ikkje blir rekna som «søksmål».
Departementet ser ikkje grunn til forskjellsbehandling mellom ein ordinær domstol og husleigetvistutval i slike saker. Namsmannen i Oslo har i brev til departementet gitt uttrykk for at mange av dei fråvikingssakene som er stansa hos Namsmannen i Oslo med fordel kunne vore behandla av eit husleigetvistutval. Departementet foreslår difor lovendring slik at fullføringa kan utsetjast etter krav frå saksøkte, og i dei tilfella der saka blir brakt inn for husleigetvistutval. Som nemnt under punkt 2.3 vil dette i Oslo og Akershus kunne vere aktuelt i inntil 125 saker per år.