1 Innhaldet i proposisjonen
Proposisjonen inneheld forslag om at forliksråd ikkje kan behandle saker der husleigetvistutval kan treffe avgjerder. Dette fører til at søksmål i bustadleigeforhold til vanleg vil starte i husleigetvistutval der eit slikt tvisteløysingsorgan finnest.
Vidare inneheld proposisjonen forslag om at det å bringe ei sak inn for husleigetvistutval skal vere likestilt med søksmål etter tvangsfullføringslova § 5-11. Det inneber at gjennomføring av ei utkasting kan utsetjast etter krav frå saksøkte dersom saka blir brakt inn for husleigetvistutval.