3 Statens pensjonsfond
Lov om Statens pensjonsfond tok til å gjelde 1. januar 2006. Same dato vart Statens pensjonsfond skipa som overbygning over det som før var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Desse to fonda skifta samstundes namn til høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i fonda er vidareført under den nye overbygningen. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 16 115,0 mrd. kroner ved utgangen av 2023, tilsvarande ein auke på 3 383,4 mrd. kroner frå utgangen av 2022. Kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.
Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)
2022 | 2023 | Endring | |
---|---|---|---|
SPU | 12 413 461 | 15 760 765 | 3 347 304 |
SPN | 318 200 | 354 264 | 36 064 |
Statens pensjonsfond | 12 731 662 | 16 115 029 | 3 383 368 |
3.1 Statens pensjonsfond utland
Inntektene og utgiftene i SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2023 er summen av statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanstransaksjonar (medrekna ev. kjøp og sal av aksjar i Equinor ASA), og avkastninga av fondets investeringar. Utgiftene i fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget.1 Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen om handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond vart det etablert som praksis at overføringa svarer til det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. Overføringa frå SPU til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett. Etter handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle, oljekorrigerte underskotet over tid svare til venta realavkastning av SPU.
SPU vert forvalta som eit kroneinnskot i Noregs Bank og er ein del av balansen i rekneskapen til banken. Kroneinnskotet har same verdi som banken sin særskilde portefølje av utanlandske eigedelar tilknytt SPU. Rekneskapen for kroneinnskotet vert såleis ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter IFRS. Det stortingsoppnemnde representantskapet skal etter sentralbanklova føre tilsyn med drifta av banken, medrekna kapitalforvaltninga. Representantskapet peikar ut ekstern revisor for Noregs Bank.
Tabell 3.3 nedanfor syner eit resultatoppsett for SPU med resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond. Tabell 3.4 syner balansen til fondet. I tabell 3.2 er dei månadlege kontantoverføringane mellom fondet og statskassa spesifiserte.
Resultatoppsettet i tabell 3.3 syner ein auke i verdiane i SPU på 3 347,3 mrd. kroner i 2023. Netto kontantstraum frå statens petroleumsverksemd var på 978,1 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2023 vart det overført 286,2 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet. Staten hadde i 2023 også netto finanstransaksjonar som påverka resultatet i SPU2, jf. lov om Statens pensjonsfond § 4. Avkastninga av plasseringane til fondet var 2 616,4 mrd. kroner, jf. Noregs Banks årsmelding om SPU. Av dette kjem til saman 338,6 mrd. kroner3 frå renter, utbyte, og netto andre postar inkludert skattekostnad, med frådrag for forvaltningskostnader, medan 148,7 mrd. kroner kjem frå netto realiserte vinstar/tap på verdipapir og 1 719,7 mrd. kroner kjem frå netto urealiserte vinstar/tap på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ein auke i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 409,4 mrd. kroner som følgje av svekka kronekurs i 2023. Noregs Banks årsmelding om SPU syner eit positivt resultat frå forvaltning på 2 213,6 mrd. kroner, før valutakursregulering og forvaltningskostnader (jf. spesifikasjon i tabell 3.3, note 4).
Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna eventuelle finanstransaksjonar i samband med at staten har kjøpt eller selt aksjar i Equinor ASA, og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet i statsbudsjettet. For 2023 er netto avsetjing 730,9 mrd. kroner.4 Kontantoverføringane mellom statskassa og fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing der ein òg tek omsyn til om det vart overført for mykje eller for lite året før. Dei månadlege kontantoverføringane og samanhengen med netto avsetjing til SPU kjem fram i tabell 3.2.
Tabell 3.2 Kontantoverføringar SPU (tal i mill. kroner)
Overføring til SPU | 2022 | 2023 |
---|---|---|
Januar | 30 000 | 74 000 |
Februar | 30 000 | 72 000 |
Mars | 80 000 | 71 000 |
April | 80 000 | 55 000 |
Mai | 62 000 | 60 000 |
Juni | 76 000 | 60 000 |
Juli | 76 000 | 60 000 |
August | 100 000 | 37 000 |
September | 130 000 | 42 000 |
Oktober | 150 000 | 52 000 |
November | 141 000 | 82 000 |
Desember | 134 800 | 46 000 |
Sum kontantoverføringar til/frå(-) SPU*) | 1 089 800 | 711 000 |
+ Oppgjer av mellomrekninga frå i fjor | -15 084 | 15 872 |
– Netto avsetjing til SPU i år, inkl. finanspostar | 1 058 844 | 730 918 |
For lite (-)/mykje overført til SPU i år | 15 872 | -4 046 |
*) For 2023 vart det til saman overført 711,0 mrd. kroner til fondet. I 2022 vart det overført 15 872 mill. kroner for mykje til fondet frå statskassa, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2022. Dei kontante overføringane frå statskassa til SPU i 2023 enda opp med å vere 4 046 mill. kroner lågare enn netto avsetjing til SPU inkl. finanspostar og mellomrekninga per 31.12.2022 skulle tilseie, slik at statskassa har ei gjeld til SPU. I kapitalrekneskapen per 31. desember er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. Sjå òg tabell 3.4 for spesifikasjon. I tråd med tidlegare praksis vert mellomrekninga gjord opp i overføringane mellom fondet og staten året etter.
Samla verdi av fondet ved utgangen av 2023 er bokført til 15 760,8 mrd. kroner i kapitalrekneskapen. Dette svarer til marknadsverdien av fondet på 15 756,7 mrd. kroner og mellomrekninga på 4,1 mrd. kroner i favør av SPU. Balansen i SPU er nærare spesifisert i tabell 3.4, der bruttotal for balansen til fondet òg kjem fram.
Kapitalen i SPU er plassert i renteberande verdipapir, i aksjar noterte på børs og i unotert eigedom og infrastruktur. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i mandatet for fondet definert nærare innretting for forvaltninga. Samansetjinga av referanseindeksen for fondet vert nærare omtalt i Meld. St. 22 (2023–2024) Statens pensjonsfond 2024.
Den 27. februar 2024 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for forvaltninga av SPU.
Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarer til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2023. I samsvar med forskrift om årsrekneskap m.m. gjeldande frå 2011 følgjer Noregs Bank dei internasjonale rekneskapsstandardane IFRS i rekneskapsrapporteringa.5 Årsmeldinga syner at den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 15 756,7 mrd. kroner ved utgangen av 2023. Avkastninga av dei utanlandske investeringane i fondet vart på 16,1 prosent for heile 2023 målt i valutakorga til fondet. Valutakorga er ei vekta samansetjing av valutaene i referanseindeksane for aksjar og obligasjonar. Når ein fordeler avkastninga på aksje-, obligasjons- og eigedomsporteføljane, ser ein at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 21,3 prosent, obligasjonsinvesteringane gav 6,1 prosent, dei unoterte eigedomsinvesteringane -12,4 prosent og dei unoterte infrastrukturinvesteringane 3,7 prosent.
Verdien av den norske krona svekka seg i 2023 mot fleire av valutaene fondet er investert i. Isolert sett vart verdien av fondet målt i norske kroner 409,4 mrd. kroner høgare som følgje av dette. Det er avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.
Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastninga i fondet i samsvar med mandatet for Noregs Bank si forvaltning av SPU. For 2023 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,05 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med, og kom på 1 343 mill. kroner i 2023 mot 718 mill. kroner i 2022. Til saman utgjorde forvaltningskostnadene til Noregs Bank, medrekna eksterne forvaltarar, 6 632 mill. kroner i 2023, mot 5 226 mill. kroner i 2022. Forvaltningskostnadene er nærare spesifiserte i note 12 i Noregs Bank si årsmelding om SPU for 2023, og kostnadsutviklinga vert nærare omtalt i Meld. St. 22 (2023–2024) Statens pensjonsfond 2024, der årsmeldinga til Noregs Bank er uprenta vedlegg.
Tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU1) (tal i mill. kroner)
Notar | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|
Inntekter frå netto kontantstraum (jf. kap. 2800, 50) | 1 | 1 285 223 | 978 064 |
Inntekt frå netto finanstransaksjonar (jf. kap. 2800, 96) | 2 | 83 496 | 39 071 |
Utgift ved overføring til statsbudsjettet (jf. kap. 5800, 50) | 3 | -309 875 | -286 217 |
Netto avsetjing til SPU i statsbudsjettet | 1 058 844 | 730 918 | |
Avkastning av plasseringane til fondet | 4 | -1 000 551 | 2 616 385 |
Samla endring SPU | 58 292 | 3 347 304 |
1) Tabellen inneheld resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond.
Note 1 Inntekter frå netto kontantstraum
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vert overført til SPU over kapittel 2800, post 50 i statsbudsjettet. Netto kontantstraum utgjer desse postane i statsbudsjettet (tal i mill. kroner):
Kap. | Post | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|---|
INNTEKTER | ||||
5507 | Skatt og avgift på utvinning av petroleum | |||
71 | Ordinær skatt på formue og inntekt | 212 995 | 188 239 | |
72 | Særskatt på oljeinntekter | 500 626 | 426 187 | |
74 | Arealavgift m.m. | 1 050 | 1 319 | |
Sum kap. 5507 | 714 671 | 615 746 | ||
5508 | 70 | Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen | 6 258 | 7 496 |
5509 | 70 | Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen | 1 | 4 |
5440 | Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda | |||
24 | Driftsresultat | 528 720 | 277 003 | |
30 | Avskrivingar | 26 314 | 27 206 | |
80 | Renter av statens kapital | 2 383 | 2 708 | |
85 | Renter på mellomvære | -5 | -11 | |
Sum kap. 5440 | 557 412 | 306 906 | ||
5685 | 85 | Utbyte frå Equinor ASA | 35 258 | 78 309 |
Sum inntekter frå petroleumsverksemda | 1 313 601 | 1 008 461 | ||
UTGIFTER | ||||
2440 | Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda | |||
30 | Investeringar | 28 378 | 30 396 | |
Sum utgifter til petroleumsverksemda | 28 378 | 30 396 | ||
Sum netto kontantstraum | 1 285 223 | 978 064 | ||
2800 | Statens pensjonsfond utland | |||
50 | Overføring til fondet | 1 285 223 | 978 064 |
Note 2 Inntekt frå netto finanstransaksjonar
I 2022 var det finanstransaksjonar på til saman 83,5 mrd. kroner som påverka resultatet for SPU. I 2023 vart det seld aksjar til Equinor ASA for innløysing for 39 071 mill. kroner, som ledd i Equinors atterkjøpsprogram av eigne aksjar. Dette påverkar resultatoppsettet for SPU i 2023, jf. tabell 3.3 ovanfor.
Kap. | Post | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|---|
3955 | Equinor ASA | |||
96 | Sal av aksjar | 13 496 | 39 071 | |
Sum finanstransaksjonar | 13 496 | 39 071 | ||
2800 | Statens pensjonsfond utland | |||
96 | Finanspostar overført til fondet | 83 496 | 39 071 |
Note 3 Utgift ved overføring til statsbudsjettet
Overføringa frå SPU til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember og ført til inntekt over kapittel 5800, post 50 (tal i mill. kroner):
Kap. | Post | 2022 | 2023 | |
---|---|---|---|---|
5800 | Statens pensjonsfond utland | |||
50 | Overføring frå fondet | 309 875 | 286 217 |
Note 4 Inntekter frå avkastning av fondet
Noregs Banks resultatrekneskap for SPU (tal i mill. kroner):
2022 | 2023 | |
---|---|---|
Resultat frå porteføljen før vinst/tap valuta | ||
Inntekt/kostnad frå | ||
– aksjar | -1 201 835 | 2 030 561 |
– obligasjonar | -453 128 | 231 769 |
– unotert eigedom | -2 213 | -47 389 |
– unotert infrastruktur | 897 | -257 |
– finansielle derivat | 23 926 | 15 752 |
– utlån med sikkerhetsstillelse | 4 845 | 9 922 |
– innlån med sikkerhetsstillelse | -4 792 | -13 278 |
Skattekostnad1) | -4 850 | -13 555 |
Renteinntekt/-kostnad | -22 | 49 |
Annan inntekt/kostnad | -4 | 4 |
Porteføljeresultat før vinst/tap valuta2) | -1 637 176 | 2 213 577 |
Vinst/tap valuta | 641 850 | 409 441 |
Porteføljeresultat | -995 326 | 2 623 018 |
Forvaltningskostnad | -5 226 | -6 632 |
Resultat og totalresultat | -1 000 551 | 2 616 385 |
1) Sjå note 9 Skattekostnad i Noregs Banks årsrapport for SPU.
2) I Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er porteføljeresultat før vinst/tap valuta spesifisert nærare i notane 4, 6, 7, 10 og 13. Referanse til tabellar med slik spesifikasjon står i parentes nedanfor (tal i mill. kroner):
Renter | Utbyte | Real. vinst/tap | Ureal. vinst/tap | Andre postar | Sum | |
---|---|---|---|---|---|---|
Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå: | ||||||
- aksjar (4.1) | 240 842 | 236 321 | 1 553 398 | 2 030 561 | ||
- obligasjonar (4.2) | 109 431 | -101 065 | 223 402 | 231 769 | ||
- unotert eigedom (6.1) | 6 8611) | -54 251 | -47 389 | |||
- unotert infrastruktur (7.1) | 752 | -1 010 | -257 | |||
- finansielle derivat (4.3) | 4 185 | 13 404 | -1 837 | 15 752 | ||
Inntekt/kostnad frå utlån med sikkerhetsstillelse (13.1) | 9 922 | 9 922 | ||||
Inntekt/kostnad frå innlån med sikkerhetsstillelse (13.1) | -13 278 | -13 278 | ||||
Renteinntekt/kostnad | 49 | 49 | ||||
Skattekostnad (10.1) | -13 555 | -13 555 | ||||
Annan inntekt/kostnad | 4 | 4 | ||||
Porteføljeresultat før vinst/tap valuta | 121 278 | 240 842 | 148 660 | 1 719 702 | -16 907 | 2 213 577 |
Summen av renteinntekter (121,3 mrd. kroner), aksjeutbyte (240,8 mrd. kroner) og netto andre postar inkludert skattekostnad (-16,9 mrd. kroner), med frådrag av forvaltningskostnader (6,6 mrd. kroner) utgjer 338,6 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.
1) Talet inkluderer renter og utbyte som ikkje er fordelte.
Tabell 3.4 Balanse for SPU per 31.12. (tal i mill. kroner)
Eigedelar | 2022 | 2023 |
---|---|---|
Mellomrekning med statskassa1) | 0 | 4 046 |
Konto i Noregs Bank2) | 12 429 334 | 15 756 719 |
Sum eigedelar | 12 429 334 | 15 760 765 |
Gjeld og eigenkapital | ||
Mellomrekning med statskassa1) | 15 872 | 0 |
Eigenkapital | 12 413 461 | 15 760 765 |
Sum gjeld og eigenkapital | 12 429 334 | 15 760 765 |
1) Dei kontante overføringane frå statskassa til SPU i 2023 vart 4 046 mill. kroner lågare enn netto avsetjing til SPU inkl. finanspostar og mellomrekninga per 31.12.2022 skulle tilseie. Denne differansen utgjer per 31.12.2023 ei gjeld som statskassa har til fondet, og som vert avrekna i overføringane mellom fondet og statskassa i 2024. Tilsvarande tal per 31.12.2022 var ei fordring som statskassa hadde på fondet på 15 872 mill. kroner som vart avrekna i overføringane i 2023.
2) I samsvar med mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland fastsett 8. november 2010 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12:
Tal i mill. kroner | 2022 | 2023 |
---|---|---|
Eigedelar | ||
Innskot i bankar | 12 061 | 8 584 |
Utlån med sikkerhetsstillelse | 462 982 | 728 559 |
Avgiven kontantsikkerheit | 21 601 | 19 361 |
Uoppgjorde handlar | 11 428 | 33 812 |
Aksjar | 8 138 602 | 10 577 325 |
Utlånte aksjar | 451 799 | 493 949 |
Obligasjonar | 2 968 272 | 3 563 613 |
Utlånte obligasjonar | 886 555 | 1 006 711 |
Finansielle derivat | 20 498 | 19 192 |
Unotert eigedom | 329 732 | 300 541 |
Unotert infrastruktur | 14 489 | 17 593 |
Fordring kjeldeskatt | 8 937 | 10 522 |
Andre eigedelar | 2 017 | 2 752 |
Fordring forvaltningsgodtgjering | 274 | 168 |
Sum eigedelar | 13 329 248 | 16 782 681 |
Gjeld og eigenkapital | ||
Innlån med sikkerhetsstillelse | 796 082 | 911 548 |
Motteken kontantsikring | 14 801 | 28 754 |
Uoppgjorde handlar | 44 329 | 44 247 |
Finansielle derivat | 40 159 | 33 055 |
Utsett skatt | 4 488 | 8 246 |
Anna gjeld | 56 | 112 |
Sum gjeld | 899 915 | 1 025 962 |
Eigenkapital SPU | 12 429 334 | 15 756 719 |
Sum gjeld og eigenkapital | 13 329 248 | 16 782 681 |
3.2 Statens pensjonsfond Noreg
Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på oppdrag frå Finansdepartementet.
Folketrygdfondet offentleggjorde 16. februar 2024 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2023.
Aksje- og obligasjonsplasseringane vert førte til marknadsverdi i Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN, jf. tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN. Eigenkapitalen i SPN var ved utgangen av 2023 354,3 mrd. kroner, mot 318,2 mrd. kroner året før. I årsmeldinga til Folketrygdfondet vert dei ulike eigedels- og gjeldspostane fordelte til høvesvis aksjeporteføljen og renteporteføljen. Sjå note 5 Porteføljeområde i Folketrygdfondet sin rekneskap for SPN. Fordelinga syner at bokført verdi av SPNs aksjeportefølje (målt ved statens kapitalinnskot alt. eigenkapitalen) ved utgangen av 2023 var 218,0 mrd. kroner, og bokført verdi av renteporteføljen var 136,3 mrd. kroner. Tilsvarande tal for 2022 var høvesvis 191,5 mrd. kroner og 126,7 mrd. kroner.
I 2023 syner resultatet til SPN eit overskot på 36,1 mrd. kroner, jf. tabell 3.5 nedanfor.6 Det var ei vinst på aksjar på 25,9 mrd. kroner. Vinsten på obligasjonar og andre renteberande papir var 9,9 mrd. kroner, og det var 1,3 mrd. kroner i vinst på finansielle derivat. Spesifikasjonen under tabell 3.5 nedanfor syner at renteinntekter utgjorde 3,7 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 12,9 mrd. kroner. Netto realisert vinst/tap på verdipapir var 2,5 mrd. kroner, medan netto urealisert vinst/tap var 17,3 mrd. kroner. Samla forvaltningskostnader var 207 mill. kroner, som er 0,06 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 2023. Forvaltningskostnadene er kostnadene til Folketrygdfondet si forvaltning av fondet. Dette er nærare omtalt i årsmeldinga til Folketrygdfondet og i Meld. St. 22 (2023–2024) Statens pensjonsfond 2024.
Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2023. Avkastninga av fondet i 2023 var på 11,4 prosent før forvaltningskostnader. Avkastninga av plasseringane i renteinstrument var på 8,1 prosent, medan avkastninga av aksjar var på 13,6 prosent.
Folketrygdfondet si forvaltning av SPN vart i 2023 revidert av revisjonsselskapet KPMG, som er oppnemnt av Finansdepartementet.
Tabell 3.5 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN1) (tal i mill. kroner)
2022 | 2023 | |
---|---|---|
Inntekt og kostnad på finansielle eigedelar og gjeld til verkeleg verdi over resultatet: | ||
– aksjar | -3 176 | 25 869 |
– obligasjonar og andre renteberande papir | -3 016 | 9 917 |
– finansielle derivat og tilknytta sikkerhetsstillelse | -8 380 | 1 287 |
– Utlån, innlån og tilknytta sikkerhetsstillelse | -112 | -1 084 |
Bankkontoar | 128 | 266 |
Andre porteføljeinntekter/-kostnader | 4 | 15 |
Porteføljeresultat2) | -14 551 | 36 271 |
Forvaltningskostnader | -183 | -207 |
Totalresultat SPN | -14 735 | 36 064 |
1) Det er frå rekneskapsåret 2023 gjort endringar i presentasjonen av oppstilling over SPNs totalresultat og finansielle stilling. Dette er gjort ved å dele inn oppstillinga over totalresultat og finansiell stilling i postar/ liner som gjer det enklare å relatere resultatpostar til tilhøyrande postar i finansiell stilling. Samanlikningstal for 2022 er omklassifiserte tilsvarande. Sjå òg note 1 til Folketrygdfondets rekneskapsoppstilling for SPN for dokumentasjon av korleis tala er omarbeidde.
2) I Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN er porteføljeresultatet spesifisert nærare i note 6. Referanse til tabellar med slik spesifikasjon står i parentes nedanfor (tal i mill. kroner):
Utbyte | Renter | Real. vinst/tap | Ureal. vinst/tap | Andre postar | Sum | |
---|---|---|---|---|---|---|
Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå: | ||||||
– aksjar (6.1) | 12 886 | 3 168 | 9 841 | -26 | 25 869 | |
– obligasjonar (6.2) | 6 052 | -82 | 3 947 | 9 917 | ||
– finansielle derivat m.m. (6.3) | -2 107 | -599 | 3 489 | 504 | 1 287 | |
– utlån/innlån med sikkerhetsstillelse (6.4) | -436 | -648 | - 1 084 | |||
– Bankkontoar (6.5) | 224 | 42 | 266 | |||
Annan inntekt/kostnad | 15 | 15 | ||||
Porteføljeresultat | 12 886 | 3 733 | 2 487 | 17 277 | -113 | 36 271 |
Summen av renteinntekter (3 733 mill. kroner), aksjeutbyte (12 886 mill. kroner fråtrukke kjeldeskatt) og netto andre inntekter (-113 mill. kroner), med frådrag for forvaltningskostnader (207 mill. kroner), utgjer 16 299 mill. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4, i kapittel 1.
Tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN1) per 31.12. (tal i mill. kroner)
2022 | 2023 | |
---|---|---|
Eigedelar | ||
Kontantar og kontantekvivalentar | 5 446 | 5 716 |
Stilt kontantsikring knytte til utlån og innlån | 1 738 | 914 |
Stilt kontantsikring knytte til finansielle derivat | 6 168 | 3 102 |
Uoppgjorde handlar | 24 | 911 |
Aksjar | 182 087 | 208 528 |
Utlånte aksjar | 9 279 | 8 786 |
Obligasjonar og andre renteberande papir | 126 120 | 131 967 |
Utlånte obligasjonar og andre renteberande papir | 5 798 | 5 223 |
Finansielle derivat | 2 698 | 3 582 |
Fordringar | 140 | 95 |
Sum eigedelar | 339 498 | 368 824 |
Gjeld og eigenkapital | ||
Motteken kontantsikring knytte til utlån og innlån | 12 272 | 7 095 |
Motteken kontantsikring knytte til finansielle derivat | 4 | 343 |
Uoppgjorde handlar | 32 | 790 |
Finansielle derivat | 8 956 | 6 306 |
Andre forpliktingar og avsetjingar | 13 | - |
Skuldig forvaltningsgodtgjersle | 21 | 26 |
Sum gjeld | 21 298 | 14 560 |
Eigenkapital SPN | 318 200 | 354 264 |
Sum gjeld og eigenkapital | 339 498 | 368 824 |
1) Det er frå rekneskapsåret 2023 gjort endringar i presentasjonen av oppstilling over SPNs totalresultat og finansielle stilling. Dette er gjort ved å dele inn oppstillinga over totalresultat og finansiell stilling i poster/ liner som gjer det enklare å relatere resultatpostar til tilhøyrande postar i finansiell stilling. Samanlikningstal for 2022 er omklassifiserte tilsvarande. Sjå òg note 1 til Folketrygdfondets rekneskapsoppstilling for SPN for dokumentasjon av korleis tala er omarbeidde.
Fotnotar
Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember.
Sjå omtale i note 2 til tabell 3.3.
Summen av renteinntekter og aksjeutbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, utgjer 338,6 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1. I tabell 3.3, note 4 er elementa i dette sumtalet nærare spesifiserte.
Sjå tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU. Netto avsetjing til SPU i 2023 (730 918 mill. kroner) er netto kontantstraum (978 064 mill. kroner), netto finanstransaksjonar (39 071 mill. kroner), og med frådrag av overføringa til statsbudsjettet frå fondet (286 217 mill. kroner).
Meir om retningsliner for Noregs Banks årsrekneskap og rekneskapsprinsipp står i notane 1 og 2 i Noregs Banks årsrekneskap for SPU.
Sjå fotnotar til resultatet i tabell 3.5 som syner samanhengen med statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.