2 Utgifter under departementa
Tabell 2.1 Utgifter 2023 etter programområde (tal i mrd. kroner)
Programområde / departement inkludert lånetransaksjonar | Referanse til omtale | Budsjett 2023 | Rekneskap 2023 | Avvik budsjett og rekneskap |
---|---|---|---|---|
Kongehuset | 0,3 | 0,3 | 0,0 | |
Regjeringa | 0,4 | 0,4 | 0,0 | |
Stortinget og eksterne organ | 2,3 | 2,3 | 0,0 | |
Sum 00 Konstitusjonelle institusjonar | 2.1 | 3,0 | 3,0 | 0,0 |
02 Utanriksforvaltning | 11,8 | 11,8 | 0,0 | |
03 Internasjonal bistand | 55,6 | 55,6 | 0,0 | |
Sum Utanriksdepartementet, UD | 2.2 | 67,4 | 67,4 | 0,0 |
Sum 07 Kunnskapsføremål, KD | 2.3 | 130,5 | 131,1 | -0,6 |
Sum 08 Kulturføremål, KUD | 2.4 | 23,9 | 24,0 | -0,1 |
Sum 06 Justissektoren, JD | 2.5 | 53,6 | 53,4 | 0,2 |
Sum 13 Statsforvaltning og kommunesektoren m.m. | 2.6 | 309,4 | 306,8 | 2,6 |
09 Arbeid og sosiale føremål | 62,8 | 61,0 | 1,8 | |
29 Sosiale føremål, folketrygda | 532,8 | 534,7 | -1,9 | |
33 Arbeidsliv, folketrygda | 11,6 | 11,1 | 0,5 | |
Sum Arbeids- og inkluderingsdepartementet, AID | 2.7 | 607,2 | 606,7 | 0,5 |
10 Helse og omsorg | 229,3 | 231,2 | -1,8 | |
30 Helsetenester, folketrygda | 41,0 | 41,5 | -0,4 | |
Sum Helse- og omsorgsdepartementet, HOD | 2.8 | 270,4 | 272,7 | -2,3 |
11 Barn og familie | 39,1 | 39,1 | -0,1 | |
28 Foreldrepengar, folketrygda | 24,2 | 24,7 | -0,5 | |
Sum Barne- og familiedepartementet, BFD | 2.9 | 63,2 | 63,8 | -0,6 |
17 Nærings- og fiskeriføremål | 134,0 | 131,9 | 2,2 | |
33 Arbeidsliv, folketrygda | 0,1 | 0,1 | 0,0 | |
Sum Nærings- og fiskeridepartementet, NFD | 2.10 | 134,1 | 132,0 | 2,2 |
Sum 15 Landbruk og mat, LMD | 2.11 | 29,3 | 29,4 | 0,0 |
21 Innanlands transport | 83,7 | 83,8 | -0,1 | |
22 Posttenester | 1,5 | 1,4 | 0,0 | |
Sum Samferdselsdepartementet, SD | 2.12 | 85,1 | 85,3 | -0,1 |
Sum 12 Klima og miljø, KLD | 2.13 | 22,7 | 22,7 | 0,0 |
23 Finansadministrasjon | 2.14 | 58,3 | 58,4 | -0,1 |
24 Statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag | 4.2 | 105,3 | 110,8 | -5,5 |
Sum Finansdepartementet, FIN | 163,6 | 169,2 | -5,6 | |
Sum 04 Militært forsvar, FD | 2.15 | 84,4 | 85,6 | -1,2 |
Sum 18 Olje- og energiføremål, OED | 2.16 | 23,0 | 23,1 | -0,1 |
Sum 26 Ymse utgifter | 0,1 | 0,0 | 0,0 | |
Sum 34 Statens pensjonsfond utland | 1.7/3.1 | 1 025,5 | 1 017,1 | 8,3 |
Sum1) | 3 096,4 | 3 093,1 | 3,3 |
1) Tabell 1.6 i kapittel 1 syner meirutgifter på 2 714 mill. kroner utan lånetransaksjonar, statleg petroleumsverksemd og overføring til Statens pensjonsfond utland. Netto mindreutgifter for desse postane utgjer høvesvis 3 217 mill. kroner, -396 mill. kroner og 8 331 mill. kroner. I tillegg kjem meirutgifter på statsgjelda på 5 175 mill. kroner. Dette gjev 3 263 mill. kroner i brutto mindreutgifter med lånetransaksjonar.
Dette kapittelet inneheld ei kort omtale av rekneskapen til kvart einskilt departement og av statlege utlån. Kapittelet syner utviklinga på programområde og programkategoriar dei seinare åra. Under kvart programområde vert rekneskapen for 2021, 2022 og 2023 synt i ein tabell saman med nysaldert budsjett for 2023. Samla lånetransaksjonar kjem fram på ei særskild rad.
Tabell 2.1 syner utgifter etter programområde per departement, og med referanse til avsnitt i meldinga med nærare omtale.
Tabellane i avsnitta 2.1 til 2.16 nedanfor er ordna i ei rekkjefølgje som er avleidd av departementa sine kapittelnummer i statsbudsjettet. Avsnitt 2.17 inneheld ei kort omtale av statlege utlån.
Rekneskapen vert i utgangspunktet gjord opp på kapittel- og postnivå. For detaljar knytte til kapittel og postar, sjå vedlegg 2, Løyvingsrekneskap for staten. Overføringar av unytta løyvingar frå eit år til det neste vert vedtekne på postnivå. Unytta beløp kan overførast på postar merkte «kan overførast», medan vanlege driftspostar berre kan overførast med opp til fem prosent av løyvinga. Eit programområde inneheld mange postar, og summen av overførte beløp er difor ikkje den same som summen av unytta løyvingar på programområdet sett under eitt. Tabell 1.10 i vedlegg 1 syner utgiftsløyvingar, rekneskap og overførte løyvingar utanom lånetransaksjonar per programområde og gjev eit oversyn over samla meirinntekter knytte til områda.
Løyvingsrekneskapen er stilt opp etter departementsstrukturen som var gjeldande per 31. desember 2023.
Ved samanlikning av rekneskapstal over perioden 2021 til 2023 vil utgifter knytte til koronapandemien i nokon grad påverke einskilde programområde og -kategoriar.
Dersom ein ynskjer å sjå nærare på rekneskapen i den einskilde statlege verksemd finns denne i årsrapporten til verksemda. Årsrapportane vert publiserte både på departementas og verksemdene sine nettsider innan 1. mai. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) publiserer gjennom året og ved årsslutt òg statsrekneskapen på eit meir detaljert nivå enn sjølve løyvingsrekneskapen. Ein kan mellom anna, ut over kapittel- og postnivå, få fram informasjon om utgifter og inntekter i statsrekneskapen for den einskilde verksemd etter art som i standard kontoplan for staten. På nettportalen Statsregnskapet.no presenterer DFØ til dømes òg nøkkeltal som kan vere eit utgangspunkt for samanlikning av verksemder.
Det kan vere avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med rekneskapen.
2.1 Konstitusjonelle institusjonar
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2021 | Rekneskap 2022 | Budsjett 2023 | Rekneskap 2023 | |
00.10 | Kongehuset | 335,7 | 455,0 | 271,0 | 271,0 |
00.30 | Regjeringa | 397,3 | 422,2 | 421,4 | 418,0 |
00.40 | Stortinget og eksterne organ | 2 008,8 | 2 517,5 | 2 307,4 | 2 270,5 |
Sum før lånetransaksjonar | 2 741,8 | 3 394,7 | 2 999,8 | 2 959,5 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Konstitusjonelle institusjonar | 2 741,8 | 3 394,7 | 2 999,8 | 2 959,5 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 40,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2022 aukar disponibel løyving med 178,2 mill. kroner, frå 2 999,8 mill. kroner til 3 178,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 218,5 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 3,1 mill. kroner. Det er overført til saman 210,0 mill. kroner til 2024 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,2 mrd. kroner, frå 2,7 mrd. kroner til 3,0 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 23,8 prosent, og frå 2022 til 2023 minka dei med 12,8 prosent.
Under programkategori 00.10 Kongehuset har utgiftene minka med 65 mill. kroner, frå 336 mill. kroner til 271 mill. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 35,6 prosent, og frå 2022 til 2023 minka dei med 40,4 prosent. Auken frå 2021 til 2022 og nedgangen frå 2022 til 2023 er i hovudsak knytt til prosjektet for sikringstiltak for kongefamilien som vart ferdig i 2022.
Under programkategori 00.30 Regjeringa har utgiftene auka med 21 mill. kroner, frå 397 mill. kroner til 418 mill. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 6,3 prosent, og frå 2022 til 2023 minka dei med 1,0 prosent. Hovudårsaka til reduksjonen frå 2022 til 2023 var rammeoverføringa av midlar til alarmsystem og liknande fysisk sikring av bustadar for regjeringspolitikarane til Politiet (programkategori 06.40) og avslutninga av Korona-kommisjonen i 2022.
Under programkategori 00.40 Stortinget og eksterne organ har utgiftene auka med 262 mill. kroner, frå 2 009 mill. kroner til 2 270 mill. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 25,3 prosent, og frå 2022 til 2023 minka dei med 9,8 prosent. Hovudårsaka til den store nedgangen frå 2022 til 2023 var eit eingongstilskot på 300 mill. kroner til Alfred Nobels minnestiftelse i 2022.
2.2 Utanriksdepartementet
Utanriksdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 02 Utanriksforvaltning og programområde 03 Internasjonal bistand (ODA).
Programområde 02 Utanriksforvaltning | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2021 | Rekneskap 2022 | Budsjett 2023 | Rekneskap 2023 | |
02.00 | Administrasjon av utanrikspolitikken | 2 433,5 | 2 601,1 | 2 736,7 | 2 800,8 |
02.10 | Utanriksføremål | 5 356,7 | 6 893,3 | 9 065,5 | 9 010,9 |
Sum før lånetransaksjonar | 7 790,2 | 9 494,5 | 11 802,2 | 11 811,7 | |
Lånetransaksjonar | 1,5 | 0,4 | 3,9 | 0,9 | |
Sum 02 Utanriksforvaltning | 7 791,8 | 9 494,8 | 11 806,0 | 11 812,6 |
Programområde 03 Internasjonal bistand | |||||
---|---|---|---|---|---|
03.00 | Forvaltning av utviklingssamarbeidet | 2 144,2 | 2 329,7 | 2 554,9 | 2 500,5 |
03.10 | Utviklingssamarbeidet | 33 469,2 | 42 358,4 | 51 097,3 | 51 127,6 |
Sum før lånetransaksjonar | 35 613,4 | 44 688,0 | 53 652,1 | 53 628,1 | |
Lånetransaksjonar | 1 239,9 | 1 989,9 | 1 989,9 | 1 989,9 | |
Sum 03 Internasjonal bistand | 36 853,3 | 46 677,9 | 55 642,0 | 55 618,0 | |
Sum Utanriksdepartementet | 44 645,0 | 56 172,7 | 67 448,0 | 67 430,6 |
Programområde 02 Utanriksforvaltning
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 9,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2022 aukar disponibel løyving med 344,4 mill. kroner, frå 11 802,2 mill. kroner til 12 146,6 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 334,9 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving
På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 25,6 mill. kroner. Det er overført til saman 360,9 mill. kroner til 2024 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 3,0 mill. kroner.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 02 Utanriksforvaltning har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 4,0 mrd. kroner, frå 7,8 mrd. kroner til 11,8 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 21,9 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 24,4 prosent.
Under programkategori 02.00 Administrasjon av utanrikspolitikken har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 2,4 mrd. kroner til 2,8 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 6,9 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 7,7 prosent. Endringane har i hovudsak samanheng med pris- og lønskompensasjon og med valutakursutvikling. I tillegg arrangerte Noreg eit uformelt utanriksministermøte til Nato i 2023.
Under programkategori 02.10 Utanriksføremål har utgiftene auka med knapt 3,7 mrd. kroner, frå knapt 5,4 mrd. kroner til 9,0 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 28,7 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 30,7 prosent. Endringane har i hovudsak samanheng med auka utbetalingar under EØS-finansieringsordningane.
Programområde 03 Internasjonal bistand
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 24,0 mill. kroner. Overført løyving frå 2022 aukar disponibel løyving med 686,0 mill. kroner, frå 53 652,1 mill. kroner til 54 338,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 710,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det ikkje netto meirinntekter. Det er overført til saman 709,9 mill. kroner til 2024 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Lånetransaksjonar syner ikkje avvik.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 03 Internasjonal bistand har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 18,0 mrd. kroner, frå 35,6 mrd. kroner til 53,6 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 25,5 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 20,0 prosent.
Under programkategori 03.00 Forvaltning av utviklingssamarbeidet har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 2,1 mrd. kroner til 2,5 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 8,7 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 7,3 prosent. Endringane har i hovudsak samanheng med pris- og lønskompensasjon og med valutakursutvikling. I tillegg vart løyvinga til rekruttering til internasjonale organisasjonar flytta frå programkategori 03.10 til programkategori 03.00 frå 2023.
Under programkategori 03.10 Utviklingssamarbeidet har utgiftene auka med 17,7 mrd. kroner, frå 33,5 mrd. kroner til 51,1 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 26,6 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 20,7 prosent. Den store auken kjem i hovudsak av bistand til Ukraina og naboland og auka flyktningutgifter i Noreg grunna ukrainske flyktningar etter Russlands invasjon av Ukraina i 2022. Nansen-programmet for Ukraina vart vedteke av Stortinget i 2023, og samstundes vart også bistand til særleg råka utviklingsland auka med 5 mrd. kroner.
Utgiftene under lånetransaksjonar har auka med 750 mill. kroner, frå 1 240 mill. kroner til 1 990 mill. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 60,5 prosent, og frå 2022 til 2023 var utgiftene uendra. Lånetransaksjonane gjeld kapitalinnskot i Norfund (utanom risikokapital). Auken frå 2022 kjem av innskot knytt til klimainvesteringsfondet som vert forvalta som del av Norfunds rekneskap. Sjå òg tabell 5.7 i vedlegg 5, der balansetal for Norfund er nærare spesifiserte.
Utbetalingar til utviklingshjelp i perioden 2019–2023
I statsrekneskapen for 2023 er det samla utgiftsført 58 757,1 mill. kroner til bistand, fordelt som følgjer:
55 618,0 mill. kroner under Utanriksdepartementet
2 993,8 mill. kroner under Klima- og miljødepartementet (klimatiltak på kap. 1482)
70,7 mill. kroner under Finansdepartementet (nettoført mva. på kap. 1633, fordelt med 54,5 mill. kroner på Utanriksdepartementet og underliggjande etatar og 16,1 mill. kroner på Klima- og miljødepartementet)
40,6 mill. kroner til utviklingsprosjekt under Riksrevisjonen (utviklingsprosjekt på kap. 51)
15,4 mill. kroner under Kunnskapsdepartementet (forsking på kap. 285)
14,7 mill. kroner under Helse- og omsorgsdepartementet (bilateral bistand til Ukraina på kap. 703)
3,9 mill. kroner under Kommunal- og distriktsdepartementet og Finansdepartementet for ulike fellestenester
Samla utbetalingar i 2023, i alt 58 757,1 mill. kroner, utgjer 1,10 prosent av BNI for 2023, slik BNI for 2023 no er venta.
Tabellen nedanfor syner tal for samla norsk bistand (nominelle tal) i perioden 2019–2023:
År | Utbetalt i mill. kroner | Utbetalt i prosent av BNI1) | Unytta løyving overført til neste termin i mill. kroner | Unytta løyving overført til neste termin, i prosent av budsjett |
---|---|---|---|---|
2019 | 37 984 | 1,03 | 744 | 1,9 |
2020 | 39 844 | 1,12 | 658 | 1,7 |
2021 | 39 972 | 0,92 | 679 | 1,7 |
2022 | 49 693 | 0,86 | 710 | 1,4 |
2023 | 58 757 | 1,10 | 805 | 1,4 |
1) Rekna ut på bakgrunn av faktisk BNI det aktuelle året. I budsjettsamanheng vert utviklingshjelpa målt i prosent av forventa BNI komande budsjettår. For 2023 er prosentsatsen basert på SSB sine førebelse tal for BNI.
2.3 Kunnskapsdepartementet
Programområde 07 Kunnskapsføremål | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2021 | Rekneskap 2022 | Budsjett 2023 | Rekneskap 2023 | |
07.10 | Administrasjon | 656,9 | 649,5 | 701,8 | 686,3 |
07.20 | Grunnopplæringa | 13 837,6 | 13 447,0 | 14 398,6 | 14 359,4 |
07.30 | Barnehagar | 694,2 | 791,8 | 1 107,6 | 1 099,7 |
07.40 | Høgare yrkesfagleg utdanning | 1 112,5 | 1 256,8 | 1 339,4 | 1 341,8 |
07.50 | Kompetansepolitikk og livslang læring | 1 802,1 | 2 003,8 | 1 897,1 | 1 970,7 |
07.60 | Høgare utdanning og forsking | 51 259,3 | 55 474,4 | 57 208,3 | 57 361,5 |
07.80 | Utdanningsstøtte | 15 179,2 | 15 680,3 | 16 984,8 | 16 840,1 |
Sum før lånetransaksjonar | 84 541,8 | 89 303,5 | 93 637,5 | 93 659,5 | |
Lånetransaksjonar | 34 885,7 | 34 992,9 | 36 906,3 | 37 460,9 | |
Sum Kunnskapsdepartementet | 119 427,5 | 124 296,4 | 130 543,8 | 131 120,4 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 22,0 mill. kroner. Overført løyving frå 2022 aukar disponibel løyving med 928,2 mill. kroner, frå 93 637,5 mill. kroner til 94 565,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 906,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving
På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 12,1 mill. kroner. Det er overført til saman 748,7 mill. kroner til 2024 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 554,6 mill. kroner.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 07 Kunnskapsføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 9,1 mrd. kroner, frå 84,5 mrd. kroner til 93,7 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 5,6 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 4,9 prosent.
Under programkategori 07.10 Administrasjon har utgiftene auka med 29 mill. kroner frå 2021 til 2023, frå 657 mill. kroner til 686 mill. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 1,1 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 5,7 prosent. I 2022 vart nokre utgifter til utdanningsforsking flytta til denne programkategorien. Samstundes vart administrative utgifter flytta frå programkategori 07.10 til programkategori 09.00 som følgje av at tidlegare programkategori 07.90 Integrering og mangfald vart flytta til programkategori 09.70 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Desse endringane gjorde at det netto vart ein nedgang i utgiftene frå 2021 til 2022. Nokre fleire utgifter til utdanningsforsking vart flytta til denne programkategorien i 2023. Utover denne endringa var utgiftsauken frå 2022 til 2023 om lag i takt med løns- og prisutviklinga.
Under programkategori 07.20 Grunnopplæringa har utgiftene auka med drygt 0,5 mrd. kroner, frå drygt 13,8 mrd. kroner til knapt 14,4 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 2,8 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 6,8 prosent. Reduksjonen frå 2021 til 2022 skriv seg mellom anna frå at mellombelse tiltak på grunn av pandemien gradvis vart fasa ut. Auken frå 2022 til 2023 kjem mellom anna av at høgare elevtal i private skular har gjort at løyvingane til desse skulane har auka.
Under programkategori 07.30 Barnehagar har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 0,7 mrd. kroner til 1,1 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 14,1 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 38,9 prosent. Barnehagane vert i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane. Auken frå 2021 til 2022 heng i hovudsak saman med løyvingar til auka pedagogtettleik i barnehagar i levekårsutsette område. Auken frå 2022 til 2023 kjem mellom anna av styrka satsing på vidareutdanning for barnehagelærarar, eit nyoppretta tilskot til auka kvalitet i barnehagelærarutdanninga og auke i tilskota til auka pedagogtettleik i barnehagar i levekårsutsette område og til tiltak for å styrke språkutviklinga blant minoritetsspråklege barn i barnehage.
Under programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 1,1 mrd. kroner til 1,3 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 13,0 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 6,8 prosent. Auken i perioden kjem fyrst og fremst av at det vart løyvt pengar til nye studieplassar til fagskulane.
Under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring har utgiftene auka med knapt 0,2 mrd. kroner, frå 1,8 mrd. kroner til knapt 2,0 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 11,2 prosent, og frå 2022 til 2023 minka dei med 1,7 prosent. Auken frå 2021 til 2022 skriv seg mellom anna frå at det vart flytta midlar til kategorien i samband med at Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse vart etablert.
Under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking har utgiftene auka med 6,1 mrd. kroner, frå 51,3 mrd. kroner til 57,4 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 8,2 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 3,4 prosent. Vidareføring av studieplassar som vart oppretta i tidlegare budsjettår førte til ein auke i utgiftene også i 2022 og 2023. Vidare vart det meir resultatbasert utteljing, som følgje av ein auke i studiepoengproduksjon. Ein stor del av auken frå 2021 til 2022 skriv seg frå at Stortinget vedtok ei ekstra løyving til Noregs Forskingsråd for å unngå samla negative avsetjingar. Løyvinga vart ikkje vidareførd i 2023, og Noregs forskingsråd har hatt ein utgiftsnedgang på om lag 1,5 mrd. kroner frå 2022 til 2023, noko som har dempa utgiftsveksten på programkategorien. Samla sett har utgiftene likevel auka, mellom anna fordi kontingenten til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa, har auka monaleg.
Under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte har utgiftene auka med knapt 1,7 mrd. kroner, frå knapt 15,2 mrd. kroner til drygt 16,8 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 3,3 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 7,4 prosent. Auken frå 2021 til 2022 skriv seg hovudsakeleg frå utgifter til straumstipend, som studentane fekk tilbod om i 2022 i tillegg til den studiestøtta dei elles fekk. Vidare auka rentestøtta igjen i 2022 som følgje av utviklinga i rentenivået. Auken frå 2022 til 2023 kjem for det meste av auka rentestøtte som følgje av utviklinga i rentenivået.
Utgiftene til lånetransaksjonar har auka med 2,5 mrd. kroner, frå 34,9 mrd. kroner til 37,4 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 0,3 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 7,1 prosent. Frå 2021 til 2022 var studenttalet stabilt, og sidan det i 2022 ikkje var utgifter til pandemirelatert tilleggslån, auka ikkje samla utgifter til lånetransaksjonar nemnande. Utgiftsauken frå 2022 til 2023 kjem dels av auka utlån som følgje av høgare basislån, og dels av auka rentenivå. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar om utlåna frå Lånekassa er nærare spesifiserte.
2.4 Kultur- og likestillingsdepartementet
Programområde 08 Kulturføremål | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2021 | Rekneskap 2022 | Budsjett 2023 | Rekneskap 2023 | |
08.10 | Administrasjon | 204,5 | 211,4 | 226,1 | 226,2 |
08.15 | Frivilligheitsføremål | 2 583,0 | 3 193,5 | 3 489,0 | 3 662,0 |
08.20 | Kulturføremål | 14 436,3 | 10 916,7 | 10 467,6 | 10 431,2 |
08.30 | Medieføremål m.m. | 8 153,0 | 8 724,9 | 9 096,8 | 9 101,0 |
08.45 | Likestilling | 489,9 | 507,3 | 589,1 | 591,2 |
Sum før lånetransaksjonar | 25 866,8 | 23 553,8 | 23 868,6 | 24 011,4 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Kultur- og likestillingsdepartementet | 25 866,8 | 23 553,8 | 23 868,6 | 24 011,4 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 142,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2022 aukar disponibel løyving med 1 079,6 mill. kroner, frå 23 868,6 mill. kroner til 24 948,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 936,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving
På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 38,8 mill. kroner. Det er overført til saman 801,9 mill. kroner til 2024 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 08 Kulturføremål har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 1,9 mrd. kroner, frå 25,9 mrd. kroner til 24,0 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 8,9 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 1,9 prosent.
Under programkategori 08.10 Administrasjon har utgiftene auka med 22 mill. kroner, frå 205 mill. kroner til 226 mill. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 3,3 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 7,0 prosent. Auken i perioden 2021–2023 består i hovudsak av ordinær pris- og lønsjustering.
Under programkategori 08.15 Frivilligheitsføremål har utgiftene auka med 1,1 mrd. kroner, frå 2,6 mrd. kroner til 3,7 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 23,6 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 14,7 prosent. Auken frå 2021 til 2022 kjem i hovudsak av straumstøtteordninga for frivillige organisasjonar som følgje av ekstraordinære straumprisar i 2022. Auken frå 2022 til 2023 gjeld meirverdiavgiftskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar og ei særskild løyving for å leggje til rette for at fleire barn og unge skal kunne ta del i fritidsaktivitetar.
Under programkategori 08.20 Kulturføremål har utgiftene minka med 4,0 mrd. kroner, frå 14,4 mrd. kroner til 10,4 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 24,4 prosent, og frå 2022 til 2023 minka dei med 4,4 prosent. Nedgangen frå 2021 til 2023 kjem hovudsakleg av at utgiftene til kompensasjons- og stimuleringsordningar for kultur, frivilligheit og idrett i møte med pandemien var 4,4 mrd. kroner lågare i 2023 enn i 2021.
Under programkategori 08.30 Medieføremål m.m. har utgiftene auka med drygt 0,9 mrd. kroner, frå knapt 8,2 mrd. kroner til 9,1 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 7,0 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 4,3 prosent. Auken i perioden 2021–2023 kjem av ordinær pris- og lønsjustering og av at NRK hadde lågare utgifter til meirverdiavgift i 2021 som følgje av den mellombelse reduksjonen av meirverdiavgiftssatsen under koronapandemien.
Under programkategori 08.45 Likestilling har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 0,5 mrd. kroner til 0,6 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 3,5 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 16,5 prosent. Auken frå 2022 til 2023 kjem i hovudsak av auka løyvingar for å styrke arbeidet med kjønns- og seksualitetsmangfald og for å betre levekåra for personar med nedsett funksjonsevne.
2.5 Justis- og beredskapsdepartementet
Programområde 06 Justissektoren | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2021 | Rekneskap 2022 | Budsjett 2023 | Rekneskap 2023 | |
06.10 | Administrasjon | 615,4 | 660,7 | 677,2 | 701,2 |
06.20 | Rettsstell | 3 338,2 | 3 555,7 | 3 745,1 | 3 742,1 |
06.30 | Straffegjennomføring og konfliktråd | 5 719,4 | 5 991,5 | 6 278,8 | 6 254,9 |
06.40 | Politi- og påtalemakt | 22 092,5 | 25 458,1 | 27 140,6 | 27 084,8 |
06.50 | Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap | 6 859,0 | 5 279,2 | 5 481,1 | 5 217,7 |
06.60 | Andre verksemder | 1 618,5 | 1 693,6 | 1 810,9 | 1 875,2 |
06.70 | Statens sivilrettsforvaltning, rettshjelp, erstatningsordningar m.m. | 1 410,8 | 1 345,0 | 1 679,4 | 1 644,8 |
06.80 | Svalbardbudsjettet m.m. | 453,1 | 445,2 | 488,8 | 471,6 |
06.90 | Beskyttelse og innvandring | 2 320,6 | 6 155,1 | 6 292,3 | 6 364,4 |
Sum før lånetransaksjonar | 44 427,5 | 50 584,1 | 53 594,1 | 53 356,7 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Justis- og beredskapsdepartementet | 44 427,5 | 50 584,1 | 53 594,1 | 53 356,7 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 237,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2022 aukar disponibel løyving med 1 171,9 mill. kroner, frå 53 594,1 mill. kroner til 54 766,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 409,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving
På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 111,3 mill. kroner. Det er overført til saman 1 115,3 mill. kroner til 2024 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 06 Justissektoren har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 8,9 mrd. kroner, frå 44,4 mrd. kroner til 53,4 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 13,9 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 5,5 prosent.
Under programkategori 06.20 Rettsstell har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 3,3 mrd. kroner til 3,7 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 6,5 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 5,2 prosent. Auken i utgifter over treårs-perioden kjem mellom anna som følgje av auka løyvingar til dommarstillingar og ulike digitaliseringsprosjekt i domstolane.
Under programkategori 06.30 Straffegjennomføring og konfliktråd har utgiftene auka med drygt 0,5 mrd. kroner, frå 5,7 mrd. kroner til knapt 6,3 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 4,8 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 4,4 prosent. Auken heng saman med prisauke, i hovudsak på husleige og energi. Auken kjem òg av auka løyvingar til bemanning i kriminalomsorga for å redusere isolasjon i fengsla.
Under programkategori 06.40 Politi- og påtalemakt har utgiftene auka med 5,0 mrd. kroner, frå 22,1 mrd. kroner til 27,1 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 15,2 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 6,4 prosent. Hovudforklaringa til auka heng saman med ein auke i prisnivå samanlikna med nivået i 2022. Mellom anna har det vorte prisauke på drift, som husleige, energi samt auke i utbetaling til pensjon. Auken over perioden kjem òg av auka løyvingar til bemanning i politiet, mellom anna for å oppretthalde eit høgt bemannings- og aktivitetsnivå i politidistrikta og til å handtere fleire asylinnkomstar frå Ukraina.
Under programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap har utgiftene minka med drygt 1,6 mrd. kroner, frå knapt 6,9 mrd. kroner til 5,2 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 23,0 prosent, og frå 2022 til 2023 minka dei med 1,2 prosent. Det er fleire forhold som saman har ført til at utgiftene er reduserte frå 2021 til 2023. Mellom anna vart karentenehotellordninga avvikla og det vart utbetalt mindre til anskaffing av nye redningshelikopter. Det vart pådratt utgifter knytt til utfasing av koparlinjer til moderne IP-teknologi og det vart gjennomført ein frigjerande betaling til ein privat långivar.
Under programkategori 06.60 Andre verksemder har utgiftene auka med knapt 0,3 mrd. kroner, frå 1,6 mrd. kroner til 1,9 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 4,6 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 10,7 prosent. Utgiftene til særskilde straffesaker varierer som følgje av mengda straffesaker og deira omfang, oppnemnde forsvararar, bruken av tolkar og sakkunnige og den offentlege salærsatsa. Auka i utgifter til straffesaker kjem hovudsakeleg at talet på saker har auka, og at det har vore fleire større og meir kostnadskrevjande saker.
Under programkategori 06.70 Statens sivilrettsforvaltning, rettshjelp, erstatningsordningar m.m. har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 1,4 mrd. kroner til 1,6 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 4,7 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 22,3 prosent. Dette kjem mellom anna av at utgiftene til fri rettshjelp har auka som følgje av at inntekts- og formuesgrensene for fri rettshjelp har auka, og dermed er det fleire som fell inn under ordninga. I tillegg har det vore ein auke i utbetalingane til valdserstatning, og fleire einskilde saker med store utbetalingar i 2023.
Under programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet m.m. har utgiftene auka med 19 mill. kroner, frå 453 mill. kroner til 472 mill. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 1,7 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 5,9 prosent. Tilskotet til Svalbardbudsjettet kjem fram av kap. 480, post 50 i statsrekneskapen og utgjer eit netto tilskot.
Under programkategori 06.90 Beskyttelse og innvandring har utgiftene auka med drygt 4,0 mrd. kroner, frå 2,3 mrd. kroner til 6,4 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 165 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 3,4 prosent. Hovudforklaringa er auka utgifter som følgje av fleire asylsøkarar frå Ukraina. Frå 2016 til 2021 har talet på asylsøkarar til Noreg vore lågt. I perioden har Utlendingsdirektoratet (UDI) redusert talet på mottaksplassar. I 2022 måtte det opprettast svært mange asylmottak for å innkvartere utlendingar som søker om vern. Innkomsten av asylsøkarar har vore vedvarande høg sidan krigen i Ukraina starta.
2.6 Kommunal- og distriktsdepartementet
Programområde 13 Statsforvaltning og kommunesektoren m.m. | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2021 | Rekneskap 2022 | Budsjett 2023 | Rekneskap 2023 | |
13.00 | Administrasjon | 2 284,2 | 2 377,2 | 2 718,4 | 2 714,7 |
13.25 | Statsforvaltarane1) | 1 986,9 | 2 043,0 | 2 207,3 | 2 121,4 |
13.30 | Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning1) | 3 818,4 | 7 198,8 | 11 990,6 | 12 066,6 |
13.40 | Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk1) | 2 088,7 | 2 213,9 | 2 440,4 | 2 530,5 |
13.45 | Personvern1) | 71,3 | 70,3 | 84,0 | 83,9 |
13.50 | Distrikts- og regionalpolitikk | 5 059,6 | 1 566,1 | 1 366,8 | 1 372,3 |
13.60 | Samiske føremål | 563,6 | 586,6 | 628,1 | 632,5 |
13.67 | Nasjonale minoritetar | 59,7 | 56,0 | 60,5 | 60,1 |
13.70 | Kommunesektoren m.m. | 205 212,6 | 199 411,5 | 227 130,5 | 225 968,4 |
13.80 | Bustad, bustadmiljø og bygg | 4 234,5 | 5 582,6 | 6 019,6 | 5 973,2 |
13.90 | Planlegging, byutvikling og geodata | 1 297,0 | 1 384,7 | 1 523,1 | 1 514,9 |
Sum før lånetransaksjonar | 226 676,3 | 222 490,6 | 256 169,4 | 255 038,5 | |
Lånetransaksjonar | 27 786,4 | 36 203,3 | 53 217,5 | 51 770,4 | |
Sum Kommunal- og distriktsdepartementet | 254 462,8 | 258 693,9 | 309 386,9 | 306 808,9 |
1) Dei markerte programkategoriar er alle overførte til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) frå 2024. I tillegg er delar av kategori 13.00 og lånetransaksjonar knytt til SPK òg overført til DFD frå 2024.
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 130,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2022 aukar disponibel løyving med 1 877,9 mill. kroner, frå 256 169,4 mill. kroner til 258 047,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 3 008,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det netto mindreinntekter på i alt 10,0 mill. kroner. Det er overført til saman 2 962,7 mill. kroner til 2024 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar, fordelt på 2 061,9 mill. kroner til Kommunal- og distriktsdepartementet, 804,8 mill. kroner til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og 96,0 mill. kroner til Energidepartementet.
Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 447,1 mill. kroner.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 13 Statsforvaltning og kommunesektoren m.m. har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 28,4 mrd. kroner, frå 226,7 mrd. kroner til 255,0 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 1,8 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 14,6 prosent.
Under programkategori 13.00 Administrasjon har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 2,3 mrd. kroner til 2,7 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 4,1 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 14,2 prosent. Auken frå 2022 til 2023 kjem mellom anna av overføringar frå tidlegare år, ekstraordinær løns- og prisjustering, oppstart av gjennomføring av innkjøp av IKT-nettverksutstyr til nytt regjeringskvartal og tilleggsmidlar for å dekkje uventa meirutgifter til tiltak i samband med dataangrepet mot DSS si IKT-plattform sommaren 2023.
Under programkategori 13.25 Statsforvaltarane har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 2,0 mrd. kroner til 2,1 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 2,8 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 3,8 prosent. Auken frå 2022 til 2023 kjem av den generelle løns- og prisauken, justert ned for effektivisering i embeta og Statsforvaltarens fellestenester (STAF).
Under programkategori 13.30 Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning har utgiftene auka med drygt 8,2 mrd. kroner, frå 3,8 mrd. kroner til knapt 12,1 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 88,5 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 67,6 prosent. Auken i utgifter frå 2021 til 2023 kjem mellom anna av høgare løyvingar til store byggjeprosjekt som byggetrinn 1 av nytt regjeringskvartal og Livsvitskapsbygget.
Under programkategori 13.40 Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 2,1 mrd. kroner til 2,5 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 6,0 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 14,3 prosent. Auken frå 2022 til 2023 kjem mellom anna av auken i tilskot til utbygging av breiband og høgare kontingent for norsk deltaking i programmet for eit digitalt Europa.
Under programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk har utgiftene minka med 3,7 mrd. kroner, frå 5,1 mrd. kroner til 1,4 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 69,0 prosent, og frå 2022 til 2023 minka dei med 12,4 prosent. Nedgangen frå 2021 til 2023 kjem i all hovudsak av lågare løyvingar og avvikling av ordningar i tilknyting til koronapandemien.
Under programkategori 13.70 Kommunesektoren m.m. har utgiftene auka med 20,8 mrd. kroner, frå 205,2 mrd. kroner til 226,0 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 2,8 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 13,3 prosent. Nedgangen frå 2021 til 2022 var i hovudsak knytt til lågare ekstraordinære løyvingar til kommunesektoren i samband med koronapandemien. Auken frå 2022 til 2023 kjem i hovudsak av ei monaleg auke i rammetilskota til kommunane og fylkeskommunane. Dette må sjåast i samanheng med det samla økonomiske opplegget for kommunesektoren i statsbudsjettet, mellom anna auke i dei frie inntektene til kommunesektoren.
Under programkategori 13.80 Bustad, bustadmiljø og bygg har utgiftene auka med drygt 1,7 mrd. kroner, frå drygt 4,2 mrd. kroner til knapt 6,0 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 31,8 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 7,0 prosent. Auken frå 2021 til 2023 kjem mellom anna av ei satsing på bustøtte til barnefamiliar og gjentekne ekstrautbetalingar av bustøtte som følgje av høge straumprisar.
Under programkategori 13.90 Planlegging, byutvikling og geodata har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 1,3 mrd. kroner til 1,5 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 6,8 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 9,4 prosent. Auken frå 2021 til 2022 kjem mellom anna av at Design og Arkitektur Norge (DOGA) vart flytta til denne programkategorien, at områdesatsingane vart styrka og at Kartverket endra rekneskapsføring av inntekter knytt til PRIMAR-samarbeidet. Auken frå 2022 til 2023 kjem hovudsakeleg av ein auke i samfinansierte prosjekt, mellom anna som følgje av arbeidet etter ekstremværet Hans, og at områdesatsingane vart styrka. Vidare er det sett i gong eit arbeid med verdiberekning av fritidsbustadar.
Lånetransaksjonar syner i perioden 2021 til 2023 ein auke på 24,0 mrd. kroner, frå 27,8 mrd. kroner til 51,8 mrd. kroner. Det var ein auke på 30,3 prosent frå 2021 til 2022 og ein auke på 43,0 prosent frå 2022 til 2023. Auken frå 2021 til 2023 kjem som følgje av gunstige rentevilkår i SPK samanlikna med marknaden elles. I tider med aukande rente vil renteendringar setjast i verk seinare i SPK enn i andre bankar. Utlånsrenta i SPK vil difor framstå gunstig i tider med aukande rente. Auken frå 2022 til 2023 kjem mellom anna også av ei auka låneramme i Husbanken, og at ein stor del av denne ramma vart nytta til startlån som i hovudsak vert raskare utbetalte enn andre lån frå Husbanken. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå Husbanken og bustadlånsordninga i SPK er nærare spesifiserte.
2.7 Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for tre budsjettområde: programområde 09 Arbeid og sosiale føremål, programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda og programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda.
Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2021 | Rekneskap 2022 | Budsjett 2023 | Rekneskap 2023 | |
09.00 | Administrasjon | 538,2 | 669,3 | 698,8 | 701,9 |
09.10 | Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken | 14 067,6 | 13 758,8 | 14 244,6 | 14 262,3 |
09.20 | Tiltak for betra levekår m.m. | 335,6 | 353,0 | 383,7 | 370,9 |
09.30 | Arbeidsmarknad | 10 199,4 | 10 209,4 | 10 037,4 | 9 813,9 |
09.40 | Arbeidsmiljø og tryggleik1) | 958,0 | 1 037,1 | 1 056,2 | 1 065,1 |
09.50 | Pensjonar mv. under Statens pensjonskasse | 9 728,8 | 10 540,1 | 9 057,3 | 7 923,8 |
09.60 | Kontantytingar | 3 578,8 | 3 921,1 | 4 323,1 | 4 315,2 |
09.70 | Integrering og mangfald | 9 017,2 | 13 150,6 | 22 981,2 | 22 499,2 |
Sum før lånetransaksjonar | 48 423,7 | 53 639,2 | 62 782,3 | 60 952,2 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Arbeid og sosiale føremål | 48 423,7 | 53 639,2 | 62 782,3 | 60 952,2 |
Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda | |||||
---|---|---|---|---|---|
29.20 | Einslege forsørgjarar | 2 449,3 | 2 373,0 | 1 655,4 | 1 688,2 |
29.50 | Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik | 187 999,3 | 200 003,9 | 219 427,0 | 221 005,0 |
29.60 | Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m. | 10 524,3 | 10 994,3 | 12 435,5 | 12 666,3 |
29.70 | Alderdom | 256 906,0 | 272 358,3 | 296 850,0 | 296 881,0 |
29.80 | Forsørgjartap m.m. | 2 273,8 | 2 350,0 | 2 430,4 | 2 418,9 |
Sum før lånetransaksjonar | 460 152,8 | 488 079,5 | 532 798,3 | 534 659,4 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Sosiale føremål, folketrygda | 460 152,8 | 488 079,5 | 532 798,3 | 534 659,4 |
Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda | |||||
---|---|---|---|---|---|
33.30 | Arbeidsliv | 28 064,5 | 13 915,7 | 11 570,0 | 11 073,9 |
Sum før lånetransaksjonar | 28 064,5 | 13 915,7 | 11 570,0 | 11 073,9 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Arbeidsliv, folketrygda | 28 064,5 | 13 915,7 | 11 570,0 | 11 073,9 | |
Sum Arbeids- og inkluderingsdepartementet | 536 640,9 | 555 634,5 | 607 150,5 | 606 685,5 |
1) Havindustritilsynet (tidlegare kjent som Petroleumstilsynet) er frå 2023 flytta frå programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og tryggleik (kap. 642) til programkategori 18.60 Sikkerheit og arbeidsmiljø (kap. 1860) under Energidepartementet. Samanlikningstal for 2021 og 2022 er omklassifiserte tilsvarande.
Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 830,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2022 aukar disponibel løyving med 521,7 mill. kroner, frå 62 782,3 mill. kroner til 63 303,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 2 351,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 8,7 mill. kroner. Det er overført til saman 659,6 mill. kroner til 2024 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 09 Arbeid og sosiale føremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 12,5 mrd. kroner, frå 48,4 mrd. kroner til 61,0 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 10,8 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 13,6 prosent.
Under programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 14,1 mrd. kroner til 14,3 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 2,2 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 3,7 prosent. Auken frå 2022 til 2023 kjem i hovudsak av justeringar for auken i pris og løn.
Under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad har utgiftene minka med 0,4 mrd. kroner, frå 10,2 mrd. kroner til 9,8 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 0,1 prosent, og frå 2022 til 2023 minka dei med 3,9 prosent. Liten nominell endring frå 2021 til 2022 er knytt til at løyvinga til arbeidsmarknadstiltak vart redusert i samband med revidert nasjonalbudsjett 2022. Reduksjonen i utgiftene frå 2022 til 2023 kjem i hovudsak av at aktivitetsnivået i fyrste halvår av 2023 låg under planlagt nivå.
Under programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og tryggleik har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,0 mrd. kroner til 1,1 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 8,3 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 2,7 prosent. Auken frå 2021 til 2022 er knytt til oppretting av eit nytt arbeidslivskriminalitetssenter i Troms og Finnmark. Auken frå 2022 til 2023 er knytt til styrking av innsatsen mot useriøsitet og sosial dumping.
Under programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse har utgiftene minka med 1,8 mrd. kroner, frå 9,7 mrd. kroner til 7,9 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 8,3 prosent, og frå 2022 til 2023 minka dei med 24,8 prosent. Under programkategorien vert mellom anna statens netto pensjonsutbetalingar gjennom Statens pensjonskasse (SPK) utgiftsførte. Reduserte netto utgifter over perioden kjem av at premieinntektene auka meir enn pensjonsutbetalingane.
Under programkategori 09.60 Kontantytingar har utgiftene auka med 0,7 mrd. kroner, frå 3,6 mrd. kroner til 4,3 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 9,6 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 10,1 prosent. Programkategorien omfattar statstilskot til avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor, krigspensjon, statstilskot til pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs, statstilskot til pensjonstrygda for fiskarar og supplerande stønad. Auken over perioden kjem i hovudsak av at utgiftene til AFP har auka.
Under programkategori 09.70 Integrering og mangfald har utgiftene auka med 13,5 mrd. kroner, frå 9,0 mrd. kroner til 22,5 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 45,8 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 71,1 prosent. Hovudårsaka til at utgiftene har auka er at fleire personar har utløyst integreringstilskot, særskild tilskot ved busetting av einslege mindreårige flyktningar og tilskot til norskopplæring, som følgje av innkomstar av fordrivne frå Ukraina.
Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 861,1 mill. kroner. Det var på programområdet inga overført løyving frå 2022, og disponibel løyving i 2023 var dermed 532 798,3 mill. kroner.
Det er ikkje meirinntekter knytte til programområdet, som stort sett inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar. Det er overført til saman 24,2 mill. kroner til 2024 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 74,5 mrd. kroner, frå 460,2 mrd. kroner til 534,7 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 6,1 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 9,5 prosent.
Under programkategori 29.20 Einslege forsørgjarar har utgiftene minka med knapt 0,8 mrd. kroner, frå drygt 2,4 mrd. kroner til 1,7 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 3,1 prosent, og frå 2022 til 2023 minka dei med 28,9 prosent. Nedgangen i utgiftene har i hovudsak samanheng med færre mottakarar og lågare gjennomsnittleg utbetaling per mottakar.
Under programkategori 29.50 Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik har utgiftene auka med 33,0 mrd. kroner, frå 188,0 mrd. kroner til 221,0 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 6,4 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 10,5 prosent.
Utgiftene til sjukepengar har sidan 2021 auka med 11,7 mrd. kroner, frå 50,3 mrd. kroner til 62,1 mrd. kroner. Utgiftene til arbeidsavklaringspengar er frå 2021 auka med 7,4 mrd. kroner, frå 33,7 mrd. kroner til 41,1 mrd. kroner. Utgiftene til uførleik har sidan 2021 auka med 13,8 mrd. kroner, frå 104,0 mrd. kroner til 117,8 mrd. kroner.
Frå 2022 til 2023 var det ein auke både i grunnlaget for sjukepengar for arbeidstakarar og i sysselsettinga. Samstundes var det ein auke i tilbøyelegheita til sjukefråvær for arbeidstakarar. Dei mellombelse utvidingane i ordningane med sjukepengar og omsorgspengar som vart innførte som følgje av pandemien, førte til ein auke i utgiftene i perioden 2021 til 2022.
I gjennomsnitt for 2023 fekk om lag 145 000 personar arbeidsavklaringspengar mot om lag 137 000 og 130 000 mottakarar i 2022 og 2021. Dette utgjer ein auke i gjennomsnittleg tal på mottakarar på 6,0 prosent frå 2022 til 2023, og ein auke på 11,2 prosent frå 2021 til 2023. Auken i talet på mottakarar sidan 2021 må sjåast i samanheng med pandemien og endringane i regelverket frå 1. juli 2022. Mellombelse regelendringar, generelle forseinkingar i avklaringsløpa for alle mottakarar og etterverknader av koronapandemien har bidratt til låg avgang frå ordninga og vekst i talet på mottakarar. I tillegg ga nye regler frå 1. juli 2022 i større grad enn før moglegheit til å ta imot ytinga utover grensa for varigheit på tre år, eller å få innvilga ein ny stønadsperiode. Fleire mottakarar har trekt utgiftene til arbeidsavklaringspengar opp frå 2022 til 2023.
Per desember 2023 var det i alt 366 600 mottakarar av uføretrygd. Det er ein auke på 5 700 uføretrygda frå 2021 då talet på uføretrygda var 360 900, og ein auke på 2 200 uføretrygda frå 2022 då talet på uføretrygda var 364 400. Fleire mottakarar har trekt utgiftene til uføretrygd opp i 2022 og 2023. Dei fleste som får innvilga uføretrygd har motteke arbeidsavklaringspengar. På grunn av dei ovanfor nemnte regelverksendringane i arbeidsavklaringspengar, har den årlege auken i talet uføretrygda i perioden 2021 til 2023 vore litt lågare enn tidlegare år.
Under programkategori 29.60 Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m. har utgiftene auka med drygt 2,1 mrd. kroner, frå drygt 10,5 mrd. kroner til knapt 12,7 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 4,5 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 15,2 prosent.
For alle postane under kap. 2661 har det vore ein utgiftsauke i perioden 2021–2023. For hjelpemiddel til betring av funksjonsevna var det ein vesentleg auke frå 2022 til 2023 på 20,3 prosent. Auken er som følge av volumvekst og auke i priser på hjelpemiddel, samt ei vriding mot dyrare hjelpemiddel. Frå 2022 til 2023 har det òg vore ein kraftig auke i utgiftene til stønad til bil. Det heng saman med at mange bilar vart leverte i 2023 etter leveranseproblem i 2022.
Under programkategori 29.70 Alderdom har utgiftene auka med 40,0 mrd. kroner, frå 256,9 mrd. kroner til 296,9 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 6,0 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 9,0 prosent.
Auken målt i fast grunnbeløp frå 2021 til 2022 var på 1,1 prosent, medan auken frå 2022 til 2023 var på 3,0 prosent. Grunnen til auken er i hovudsak at det vart fleire alderspensjonistar i aldersgruppa 67 år og over.
Frå 1. januar 2011 vart det mogleg å starte uttak av alderspensjon frå 62 år.
I 2021 var gjennomsnittleg tal på mottakarar mellom 62 og 66 år om lag 89 000, i 2022 var det om lag 86 000 og i 2023 var det om lag 83 000. Gjennomsnittleg tal på alderspensjonistar var om lag 991 000 i 2021, om lag 1 010 000 i 2022 og om lag 1 029 000 i 2023.1
Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 496,1 mill. kroner av ei samla løyving på 11,6 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter knytte til programområdet, sidan det berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene minka nominelt med 17,0 mrd. kroner, frå 28,1 mrd. kroner i 2021 til 11,1 mrd. kroner i 2023. Reduksjonen i utgiftene kjem som følge av betydeleg nedgang i talet på dagpengemottakarar etter pandemien. Nedgangen kjem òg som følge av lågare utgifter til kortvarige stønadsordningar for sjølvstendig næringsdrivande, frilansarar og lærlingar som vart avvikla i løpet av 2022.
Av omsyn til svært mange søknader og lang saksbehandlingstid, vart det våren 2020 innført ei ordning med forskotering av dagpengar. Utbetaling av forskot er utgiftsførte i statsrekneskapen (kap. 2541, post 71), medan tilbakebetalingar av slike er frå 2022 inntektsførte under kap. 5705, post 72. Ved utgangen av 2023 var det om lag 350 mill. kroner uteståande i slike forskot, mot om lag 450 mill. kroner året før.
2.8 Helse- og omsorgsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 10 Helse og omsorg og programområde 30 Helsetenester, folketrygda.
Programområde 10 Helse og omsorg | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2021 | Rekneskap 2022 | Budsjett 2023 | Rekneskap 2023 | |
10.00 | Helse- og omsorgsdepartementet m.m. | 3 797,2 | 5 662,8 | 1 346,7 | 1 535,7 |
10.10 | Folkehelse m.m. | 3 907,6 | 4 050,8 | 1 520,7 | 1 745,8 |
10.30 | Spesialisthelsetenester | 187 292,1 | 189 641,7 | 210 986,7 | 211 024,5 |
10.40 | Sentral helseforvalting | 5 417,4 | 4 995,6 | 4 668,7 | 5 153,8 |
10.60 | Helse- og omsorgstenester i kommunane | 13 417,2 | 10 476,5 | 9 648,3 | 10 531,0 |
10.70 | Tannhelse | 359,1 | 431,0 | 408,4 | 431,6 |
10.80 | Kunnskap og kompetanse | 538,0 | 765,5 | 756,7 | 751,9 |
Sum før lånetransaksjonar | 214 728,7 | 216 023,9 | 229 336,4 | 231 174,2 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Helse og omsorg | 214 728,7 | 216 023,9 | 229 336,4 | 231 174,2 |
Programområde 30 Helsetenester, folketrygda | |||||
---|---|---|---|---|---|
30.10 | Spesialisthelsetenester m.m. | 6 236,9 | 6 548,4 | 7 051,0 | 7 035,2 |
30.50 | Legehjelp, legemiddel m.m. | 30 870,0 | 31 329,6 | 33 746,0 | 34 199,0 |
30.90 | Andre helsetiltak | 213,0 | 222,5 | 250,0 | 250,0 |
Sum før lånetransaksjonar | 37 319,9 | 38 100,5 | 41 047,0 | 41 484,2 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Helsetenester, folketrygda | 37 319,9 | 38 100,5 | 41 047,0 | 41 484,2 | |
Sum Helse- og omsorgsdepartementet | 252 048,5 | 254 124,4 | 270 383,4 | 272 658,5 |
Programområde 10 Helse og omsorg
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 837,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2022 aukar disponibel løyving med 4 700,8 mill. kroner, frå 229 336,4 mill. kroner til 234 037,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 2 863,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 343,8 mill. kroner. Det er overført til saman 2 916,3 mill. kroner til 2024 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 10 Helse og omsorg har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 16,4 mrd. kroner, frå 214,7 mrd. kroner til 231,2 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 0,6 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 7,0 prosent.
Under programkategori 10.00 Helse- og omsorgsdepartementet m.m. har utgiftene minka med 2,3 mrd. kroner, frå 3,8 mrd. kroner til 1,5 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 49,1 prosent, og frå 2022 til 2023 minka dei med 72,9 prosent. Auken frå 2021 til 2022 er på 1,9 mrd. kroner. Auken er i hovudsak knytt til koronapandemien, mellom anna utgifter til legemiddel, utstyr til smittevern og testutstyr. Frå 2022 til 2023 har utgiftene minka med 4,1 mrd. kroner. Det er hovudsakleg som følgje av ein nedgang i utgiftene relatert til koronapandemien knytt til legemiddel og testutstyr, og at beredskapslager for smittevernutstyr er flytta frå departementets kapittel og over til helseføretaka. Vidare kjem det også ein reduksjon på 270 mill. kroner i løyvingane til arbeidet med dei nasjonale digitaliseringstiltaka felles kommunal journal, digital samhandling, modernisert folkeregister og helseanalyseplattforma, og 119 mill. kroner i reduserte inntekter til Helsedataservice og frå helseføretaka til Direktoratet for e-helse. Investeringane i CEPI i 2022 var ei eingongsutbetaling på 200 mill. kroner, som fører til ein reduksjon i 2023.
Under programkategori 10.10 Folkehelse m.m. har utgiftene minka med 2,2 mrd. kroner, frå 3,9 mrd. kroner til 1,7 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 3,7 prosent, og frå 2022 til 2023 minka dei med 56,9 prosent. Reduksjon i løyvingane er i hovudsak knytt til mindre innkjøp av vaksinar mot covid-19 og vaksinasjon mot covid-19 enn under pandemien.
Under programkategori 10.30 Spesialisthelsetenester har utgiftene auka med 23,7 mrd. kroner, frå 187,3 mrd. kroner til 211,0 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 1,3 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 11,3 prosent. Endringa frå 2022 til 2023 kjem mellom anna av auka utgifter knytt til pasientbehandlinga i dei regionale helseføretaka, auka løyvingar til investeringslån og driftskreditt. I tillegg vart alle løyvingane i statsbudsjettet for 2023 justerte i samband med revidert nasjonalbudsjett, for mellom anna å kompensere for den ekstraordinære pris- og lønsveksten i 2023.
Under programkategori 10.40 Sentral helseforvalting har utgiftene minka med knapt 0,3 mrd. kroner, frå drygt 5,4 mrd. kroner til knapt 5,2 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 7,8 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 3,2 prosent. Folkehelseinstituttet vart samla løyvd 370 mill. kroner til mellom anna krisehandtering og drift av koronavaksinasjonsprogrammet i 2022. For Helsedirektoratet er den største endringa knytt til ei flytting av løyvingar frå ulike 21-postar til Helsedirektoratets driftskapittel. Det gjeld òg for Direktoratet for e-helse med flytting frå 21-postar til driftskapittelet. For Legemiddelverket auka løyvinga med om lag 20 mill. kroner, hovudsakeleg knytt til metodevurdering og kliniske studiar.
Under programkategori 10.60 Helse- og omsorgstenester i kommunane har utgiftene minka med 2,9 mrd. kroner, frå 13,4 mrd. kroner til 10,5 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 21,9 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 0,5 prosent. Frå 2022 til 2023 auka utgiftene med netto 55 mill. kroner, mellom anna grunna ein auke i utbetalinga av investeringstilskot til heildøgns omsorgstenester og ein auke i utbetaling av kompensasjon for renter og avdrag for oppstartstilskot som vart gjevne under handlingsplan for eldreomsorga 1998–2003 og opptrappingsplanen for psykisk helse 1994–2004. Samstundes var det ein nedgang i utgifter knytt til avvikling av testing ved grenseovergangar og karantenehotell i 2023. Forsøksordninga for statleg finansiering av eldreomsorga vart avslutta i 2021 og siste utbetaling var i 2022.
Under programkategori 10.70 Tannhelse har utgiftene auka med 72 mill. kroner, frå 359 mill. kroner til 432 mill. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 20,0 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 0,1 prosent. Auken frå 2021 til 2022 er i hovudsak knytt til ein auke i løyving til oppbygging av eit tilbod til personar med alvorleg angst for tannbehandling, tortur- og overgrepsofre og personar med odontofobi med 60 mill. kroner. Frå 2022 til 2023 har det ikkje vore nokon endringar av betydning i programkategorien.
Under programkategori 10.80 Kunnskap og kompetanse har auka med 214 mill. kroner, frå 538 mill. kroner til 752 mill. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 42,3 prosent, og frå 2022 til 2023 minka dei med 1,8 prosent. Reduksjonen frå 2022 til 2023 er mellom anna knytt til avvikling av einskilde tilskot og midlertidige løyvingar.
Programområde 30 Helsetenester, folketrygda
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 437,2 mill. kroner av ei samla løyving på 41,0 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar av unytta løyvingar knytte til programområdet, som berre inneheld løyvingar på tilskotspostar.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 30 Helsetenester, folketrygda har utgiftene auka nominelt med 4,2 mrd. kroner, frå 37,3 mrd. kroner til 41,5 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 2,1 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 8,9 prosent.
Under programkategori 30.10 Spesialisthelsetenester m.m. har utgiftene auka med 0,8 mrd. kroner, frå 6,2 mrd. kroner til 7,0 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 5,0 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 7,4 prosent. Auken frå 2022 til 2023 er knytt til årleg vekst i folketalet.
Under programkategori 30.50 Legehjelp, legemiddel mv. har utgiftene auka med 3,3 mrd. kroner, frå 30,9 mrd. kroner til 34,2 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 1,5 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 9,2 prosent. Auken frå 2022 til 2023 er som følgje av årleg vekst i folketalet og auka legemiddelutgifter.
Under programkategori 30.90 Andre helsetiltak har utgiftene auka med 37 mill. kroner, frå 213 mill. kroner til 250 mill. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 4,5 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 12,3 prosent. Auken kjem i hovudsak av auka utgifter til reiser og opphald både i 2022 og 2023.
2.9 Barne- og familiedepartementet
Barne- og familiedepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 11 Barn og familie og programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda.
Programområde 11 Barn og familie | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2021 | Rekneskap 2022 | Budsjett 2023 | Rekneskap 2023 | |
11.00 | Administrasjon | 163,7 | 165,9 | 219,2 | 216,4 |
11.10 | Familie og oppvekst | 20 754,4 | 21 382,9 | 25 233,2 | 25 251,1 |
11.20 | Barnevernet | 9 356,7 | 8 625,2 | 9 543,3 | 9 641,8 |
11.30 | Forbrukarpolitikk | 311,4 | 270,1 | 289,8 | 285,4 |
11.50 | Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn | 3 307,6 | 3 528,0 | 3 769,6 | 3 730,3 |
Sum før lånetransaksjonar | 33 893,8 | 33 972,0 | 39 055,1 | 39 124,9 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Barn og familie | 33 893,8 | 33 972,0 | 39 055,1 | 39 124,9 |
Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda | |||||
---|---|---|---|---|---|
28.50 | Stønad ved fødsel og adopsjon | 23 259,4 | 24 056,4 | 24 180,0 | 24 712,5 |
Sum før lånetransaksjonar | 23 259,4 | 24 056,4 | 24 180,0 | 24 712,5 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Foreldrepengar, folketrygda | 23 259,4 | 24 056,4 | 24 180,0 | 24 712,5 | |
Sum Barne- og familiedepartementet | 57 153,2 | 58 028,4 | 63 235,1 | 63 837,4 |
Programområde 11 Barn og familie
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 69,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2022 aukar disponibel løyving med 203,3 mill. kroner, frå 39 055,1 mill. kroner til 39 258,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 133,5 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 64,4 mill. kroner. Det er overført til saman 145,6 mill. kroner til 2024 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 11 Barn og familie har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 5,2 mrd. kroner, frå 33,9 mrd. kroner til 39,1 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 0,2 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 15,2 prosent.
Under programkategori 11.00 Administrasjon har utgiftene auka med 53 mill. kroner, frå 164 mill. kroner til 216 mill. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 1,3 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 30,4 prosent. Dette kjem i hovudsak av flytting av midlar til prosjekt i Noregs forskingsråd frå programkategori 11.10 og 11.20 til programkategori 11.00.
Under programkategori 11.10 Familie og oppvekst har utgiftene auka med 4,5 mrd. kroner, frå 20,8 mrd. kroner til 25,3 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 3,0 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 18,1 prosent. Det har i perioden vore ei omlegging av støtta til einslege forsørgjarar som har ført til auka satsar for utvida barnetrygd til einslege forsørgjarar. Barnetrygda vart òg prisjustert for alle aldersgrupper og auka for barn over seks år. Bidragsforskot vart vidare flytta frå programkategori 29.20 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet til programkategori 11.10 i 2023.
Under programkategori 11.20 Barnevernet har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå knapt 9,4 mrd. kroner til drygt 9,6 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 7,8 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 11,8 prosent. Utgiftene til det statlege barnevernet har fyrst gått ned frå 2021 til 2022 grunna lågare aktivitet. Frå 2022 til 2023 har aktiviteten igjen gått opp. Dette har gjeve høgare utgifter i barnevernsinstitusjonar.
Under programkategori 11.50 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 3,3 mrd. kroner til 3,7 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 6,7 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 5,7 prosent. Auken i utgiftene frå 2021 til 2023 følgjer hovudsakleg av ein auke i tilskota til trus- og livssynssamfunn og ein auke i utgiftene til rentekompensasjon for istandsetjing av kyrkjebygg.
Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 532,5 mill. kroner av ei samla løyving på 24,2 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar av unytta løyvingar knytte til programområdet, som berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
Under programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,5 mrd. kroner, frå 23,3 mrd. kroner til 24,7 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 3,4 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 2,7 prosent. Utgiftsvekst kjem mellom anna av høgare gjennomsnittleg utbetaling av foreldrepengar.
2.10 Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet har ansvaret for programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål. I tillegg har departementet ansvar for programkategori 33.40 Arbeidsliv, folketrygda.
Programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori1 | Rekneskap 2021 | Rekneskap 2022 | Budsjett 2023 | Rekneskap 2023 | |
17.10 | Forvaltning og rammevilkår1) | 18 582,3 | 13 296,1 | 11 678,5 | 11 689,4 |
17.20 | Forsking og innovasjon | 10 459,1 | 9 004,6 | 10 095,4 | 10 007,0 |
17.30 | Marknadsadgang og eksport | 589,0 | 463,2 | 289,5 | 316,4 |
17.40 | Statleg eigarskap | 25 690,2 | 29 093,9 | 31 572,3 | 31 779,5 |
Sum før lånetransaksjonar | 55 320,6 | 51 857,8 | 53 635,7 | 53 792,3 | |
Lånetransaksjonar | 83 169,7 | 76 669,0 | 80 413,1 | 78 091,1 | |
Sum Nærings- og fiskeriføremål | 138 490,3 | 128 526,8 | 134 048,9 | 131 883,5 |
Programområde 33 Arbeidsliv, Folketrygda | |||||
---|---|---|---|---|---|
33.40 | Arbeidsliv | 70,0 | 63,0 | 60,0 | 68,0 |
Sum før lånetransaksjonar | 70,0 | 63,0 | 60,0 | 68,0 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Arbeidsliv, Folketrygda | 70,0 | 63,0 | 60,0 | 68,0 | |
Sum Nærings- og fiskeridepartementet | 138 560,3 | 128 589,8 | 134 108,9 | 131 951,5 |
1) Kystforvaltninga er frå 2023 flytta frå tidlegare programkategori 17.50 Kystforvaltning til programkategori 17.10 Forvaltning og rammevilkår. Samanlikningstal for 2021 og 2022 er omklassifiserte tilsvarande.
Programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 156,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2022 aukar disponibel løyving med 1 665,4 mill. kroner, frå 53 635,7 mill. kroner til 55 301,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 508,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 130,4 mill. kroner. Det er overført til saman 1 690,0 mill. kroner til 2024 på utgiftspostar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 2 322,0 mill. kroner.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 1,5 mrd. kroner, frå 55,3 mrd. kroner til 53,8 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 6,3 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 3,7 prosent.
Under programkategori 17.10 Forvaltning og rammevilkår har utgiftene minka med 6,9 mrd. kroner, frå 18,6 mrd. kroner til 11,7 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 28,4 prosent, og frå 2022 til 2023 minka dei med 12,1 prosent. Hovudårsaka til reduksjonen frå 2021 til 2022 er ekstraordinære tilskot som vart løyvd i 2021 som følgje av pandemien, spesielt mellombels kompensasjonsordning for verksemder med stort fall i omsetjing der det vart utbetalt meir enn 7,8 mrd. kroner i 2021. Hovudårsaka til reduksjonen frå 2022 til 2023 er at utbetalingane av tilskot til kommunar og fylkeskommunar for vederlag for nye oppdrettsløyve og vekst i eksisterande løyve vart om lag 1,7 mrd. kroner lågare i 2023 enn i 2022.
Under programkategori 17.20 Forsking og innovasjon har utgiftene minka med 0,5 mrd. kroner, frå 10,5 mrd. kroner til 10,0 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 13,9 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 11,1 prosent. Hovudgrunnen til nedgangen frå 2021 til 2022 er ekstraordinære tiltak i møte med pandemien på Innovasjon Noreg sitt budsjett som vart redusert i 2022. Auken frå 2022 til 2023 er hovudsakleg knytt til auka løyvingar til romverksemd, EU-programmet InvestEU og risikokapital til Siva SF.
Under programkategori 17.30 Marknadsadgang og eksport har utgiftene minka med 0,3 mrd. kroner, frå 0,6 mrd. kroner til 0,3 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 21,4 prosent, og frå 2022 til 2023 minka dei med 31,7 prosent. Reduksjonen frå 2021 til 2022 har mellom anna samanheng med mindre utbetalingar til eksportfremje i 2022 som følgje av omorganisering av verksemda. Reduksjonen frå 2022 til 2023 gjeld hovudsakleg bortfall av tapsavsetjingar til dei mellombelse lånegarantiordningane i samband med krigen i Ukraina og høge straumprisar i 2023.
Under programkategori 17.40 Statleg eigarskap har utgiftene auka med 6,1 mrd. kroner, frå 25,7 mrd. kroner til 31,8 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 13,2 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 9,2 prosent. Hovudgrunnen er variasjon i årlege investeringar for Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE). I tillegg er risikokapital til Nysnø Klimainvesteringer AS auka med nærare 0,7 mrd. kroner frå 2022 til 2023.
Utgiftene under lånetransaksjonar minka med 6,5 mrd. kroner frå 2021 til 2022, og auka med 1,4 mrd. kroner frå 2022 til 2023. Nedgangen frå 2021 til 2022 hadde samanheng med at lån til Innovasjon Noreg og eksportkredittordninga vart redusert med til saman 6,4 mrd. kroner, medan lån til Eksfin auka med om lag 4,7 mrd. kroner. Auken frå 2022 til 2023 kjem av at lån til Innovasjon Noreg vart redusert med 4,1 mrd. kroner, lån under eksportkredittordninga auka med 4,8 mrd. kroner, medan kapitalinnskot i Nysnø Klimainvesteringar AS og Siva SF båe vart auka med om lag 0,7 mrd. kroner.
Sjå òg kapittel 2.17 der detaljar kring Innovasjon Noreg sine utlån og statleg eksportkredittordning er nærare spesifiserte.
Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 8,0 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar av unytta løyvingar knytte til programområdet, som berre omfattar ein tilskotspost (overslagsløyving).
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene minka med 2 mill. kroner, frå 70 mill. kroner til 68 mill. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 10,0 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 7,9 prosent. Utgiftene gjeld arbeidsløysestønad til fiskarar og fangstmenn, og løyvinga er ei overslagsløyving. Stønaden vert finansiert innanfor det beløpet som fiskarar betaler i produktavgift ved fyrstehandsomsetjing av fisk og fiskevarer.
2.11 Landbruks- og matdepartementet
Programområde 15 Landbruk og mat | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2021 | Rekneskap 2022 | Budsjett 2023 | Rekneskap 2023 | |
15.00 | Administrasjon m.m. | 204,5 | 192,5 | 196,4 | 197,5 |
15.10 | Matpolitikk | 1 544,0 | 1 617,6 | 1 682,3 | 1 701,6 |
15.20 | Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling | 866,5 | 860,0 | 904,0 | 902,1 |
15.30 | Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | 18 304,9 | 22 798,6 | 26 545,2 | 26 558,8 |
Sum før lånetransaksjonar | 20 919,9 | 25 468,8 | 29 327,8 | 29 360,1 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 2 624,9 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Landbruks- og matdepartementet | 20 919,9 | 28 093,7 | 29 327,8 | 29 360,1 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 32,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2022 aukar disponibel løyving med 1 844,1 mill. kroner, frå 29 327,8 mill. kroner til 31 171,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 811,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 8,2 mill. kroner. Det er overført til saman 1 549,5 mill. kroner til 2024 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 15 Landbruk og mat har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 8,4 mrd. kroner, frå 20,9 mrd. kroner til 29,4 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 21,7 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 15,3 prosent.
Under programkategori 15.10 Matpolitikk har utgiftene auka med knapt 0,2 mrd. kroner, frå drygt 1,5 mrd. kroner til 1,7 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 4,8 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 5,2 prosent. Midlane har gått til kunnskapsutvikling og til drift av Mattilsynet, og til Mattilsynet si handtering av kjæledyr som fordrivne frå Ukraina har hatt med seg til Noreg.
Under programkategori 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling har utgiftene auka med 36 mill. kroner, frå 866 mill. kroner til 902 mill. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 0,7 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 4,9 prosent. Midlane har gått til forsking, innovasjon, grunnløyvingar til primærnæringsinstitutta og kunnskapsutvikling.
Under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak har utgiftene auka med 8,3 mrd. kroner, frå 18,3 mrd. kroner til 26,6 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 24,5 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 16,5 prosent. I 2023 gjeld om lag 24,3 mrd. kroner løyvingar til næringsavtalane for landbruk og reindrift. Resten av midlane er fordelte mellom driftsmidlar og midlar til ulike tilskotsordningar utanfor næringsavtalane.
Utgiftene under lånetransaksjonar i 2022 heng saman med Statskog SF sitt kjøp av aksjane i AS Meraker Brug. Kjøpet vart finansiert gjennom ein eigenkapitalauke på 2,35 mrd. kroner og eit lån frå staten på 300 mill. kroner. Sjå Prop. 6 S (2022–2023).
2.12 Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 21 Innanlands transport og programområde 22 Posttenester.
Programområde 21 Innanlands transport | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2021 | Rekneskap 2022 | Budsjett 2023 | Rekneskap 2023 | |
21.10 | Administrasjon m.m. | 440,5 | 447,3 | 516,2 | 532,8 |
21.20 | Luftfartsføremål | 5 486,2 | 1 281,4 | 2 532,4 | 2 411,6 |
21.30 | Vegføremål | 40 688,6 | 40 689,3 | 42 344,8 | 42 299,7 |
21.40 | Særskilde transporttiltak | 5 735,4 | 5 810,2 | 6 717,9 | 6 662,3 |
21.50 | Jernbaneføremål | 30 623,8 | 33 099,9 | 31 365,9 | 31 706,9 |
Sum før lånetransaksjonar | 82 974,6 | 81 328,0 | 83 477,2 | 83 613,2 | |
Lånetransaksjonar | 200,1 | 7,2 | 200,1 | 200,1 | |
Sum Innanlands transport | 83 174,7 | 81 335,2 | 83 677,3 | 83 813,3 |
Programområde 22 Posttenester | |||||
---|---|---|---|---|---|
22.10 | Posttenester | 760,3 | 945,6 | 1 458,9 | 1 448,4 |
Sum før lånetransaksjonar | 760,3 | 945,6 | 1 458,9 | 1 448,4 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Posttenester | 760,3 | 945,6 | 1 458,9 | 1 448,4 | |
Sum Samferdselsdepartementet, | 83 935,0 | 82 280,9 | 85 136,2 | 85 261,7 |
Programområde 21 Innanlands transport
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 136,0 mill. kroner. Overført løyving frå 2022 aukar disponibel løyving med 1 701,8 mill. kroner, frå 83 477,2 mill. kroner til 85 179,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 565,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 92,2 mill. kroner. Det er overført til saman 1 476,7 mill. kroner til 2024 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Lånetransaksjonar syner ikkje avvik.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 21 Innanlands transport har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,6 mrd. kroner, frå 83,0 mrd. kroner til 83,6 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 2,0 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 2,8 prosent.
Under programkategori 21.10 Administrasjon m.m. har utgiftene auka med 92 mill. kroner, frå 441 mill. kroner til 533 mill. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 1,5 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 19,1 prosent. Auken frå 2021 til 2022 og frå 2022 til 2023 gjeld mellom anna utgifter til tilskotsordninga for pilotprosjekt for utsleppsfrie anleggsplassar som vart oppretta i 2022.
Under programkategori 21.20 Luftfartsføremål har utgiftene minka med 3,1 mrd. kroner, frå 5,5 mrd. kroner til 2,4 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 76,6 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 88,2 prosent. Reduksjonen frå 2021 til 2022 kjem av at utgifter på grunn av koronapandemien vart fasa ut, i hovudsak tilskotet til Avinor AS. Auken frå 2022 til 2023 gjeld i hovudsak det statlege bidraget til Avinor for å byggje ny flyplass ved Mo i Rana og flytte Bodø lufthamn.
Under programkategori 21.30 Vegføremål har utgiftene auka med 1,6 mrd. kroner, frå 40,7 mrd. kroner til 42,3 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 var utgiftene om lag uendra, medan dei frå 2022 til 2023 auka med 4,0 prosent. Frå 2021 til 2022 auka tilskotet til riksvegferjetenester fordi ein gjekk over til å bruttobudsjettere desse utgiftene, slik at utgifter og inntekter vert førte kvar for seg. Utgiftene til tilskot til å redusere bompengegjeld, bompengetakstar m.m. gjekk i 2022 ned samanlikna med 2021. Frå 2022 til 2023 auka utgiftene til drift og vedlikehald og til OPS-prosjekt, medan utgiftene til riksveginvesteringar gjekk ned.
Under programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak har utgiftene auka med drygt 0,9 mrd. kroner, frå drygt 5,7 mrd. kroner til knapt 6,7 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 1,3 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 14,7 prosent. Auken frå 2021 til 2022 galdt det særskilde tilskotet til store kollektivprosjekt. Frå 2022 til 2023 var den største auken tilskot til byområda, men kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes auka òg.
Under programkategori 21.50 Jernbaneføremål har utgiftene auka med 1,1 mrd. kroner, frå 30,6 mrd. kroner til 31,7 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 8,1 prosent, og frå 2022 til 2023 minka dei med 4,2 prosent. Den største auken i utgifter frå 2021 til 2022 var utgifter til jernbaneinvesteringar og -planlegging. Frå 2022 til 2023 minka utgiftene til investeringar.
Programområde 22 Posttenester
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 10,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2022 aukar disponibel løyving med 5,3 mill. kroner, frå 1 458,9 mill. kroner til 1 464,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 15,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
Programområdet omfattar berre ein tilskotspost. Det er overført til saman 15,8 mill. kroner til 2024 på denne posten som er merkt «kan overførast». Det er ikkje meirinntekter knytt til programområdet.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 22 Posttenester har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 688 mill. kroner, frå 760 mill. kroner til 1 448 mill. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 24,4 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 53,2 prosent. Auken frå 2021 til 2022 gjeld utgifter til omdeling av post og distribusjon av avisar. Frå 2022 til 2023 auka utgiftene til omdeling av post.
2.13 Klima- og miljødepartementet
Programområde 12 Klima og miljø | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2021 | Rekneskap 2022 | Budsjett 2023 | Rekneskap 2023 | |
12.10 | Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. | 2 347,5 | 2 371,3 | 2 399,6 | 2 406,7 |
12.20 | Klima, naturmangfald og forureining | 9 589,4 | 13 173,6 | 15 784,6 | 15 766,0 |
12.30 | Kulturminne og kulturmiljø | 847,7 | 803,3 | 816,3 | 822,0 |
12.60 | Nord- og polarområda | 498,5 | 518,9 | 511,5 | 590,2 |
12.70 | Internasjonalt klimaarbeid | 3 192,7 | 2 973,6 | 3 168,8 | 3 074,2 |
Sum før lånetransaksjonar | 16 475,9 | 19 840,6 | 22 680,8 | 22 659,1 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Klima- og miljødepartementet | 16 475,9 | 19 840,6 | 22 680,8 | 22 659,1 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 21,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2022 aukar disponibel løyving med 360,9 mill. kroner, frå 22 680,8 mill. kroner til 23 041,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 382,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 75,0 mill. kroner. Det er overført til saman 455,3 mill. kroner til 2024 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 12 Klima og miljø har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 6,2 mrd. kroner, frå 16,5 mrd. kroner til 22,7 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 20,4 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 14,2 prosent.
Under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. har utgiftene auka med 59 mill. kroner, frå 2 348 mill. kroner til 2 407 mill. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 1,0 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 1,5 prosent. Endringane i 2023 syner ein lågare auke enn prisjusteringa, og kjem av lågare aktivitet knytt til miljødata.
Under programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining har utgiftene auka med 6,2 mrd. kroner, frå 9,6 mrd. kroner til 15,8 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 37,4 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 19,7 prosent. Auken i 2023 samanlikna med 2022 har å gjere med endringar i utbetaling av CO2-kompensasjon for industrien og overføringa til Klima- og energifondet. Hovudårsaka til auken i utgiftene til CO2-kompensasjonsordninga kjem av auka pris for EU sine klimakvotar. Kostnadane til ordninga auka med om lag 1 mrd. kroner frå 2022 til 2023, sjølv om det vart innført eit kvoteprisgolv på 200 kroner i ordninga i 2023-budsjettet. Vidare har Klima- og energifondet, i regi av Enova, auka innsatsen til prosjekt som gjev utsleppsreduksjonar i ikkje-kvotepliktig sektor. Støtte til smarte energitiltak i hushaldningane, auke i prosjekt i industrien på hydrogenteknologi, batteriteknologi og landtransport bidrog òg til auka overføringar til Klima- og energifondet.
Under programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø har utgiftene minka med 26 mill. kroner, frå 848 mill. kroner til 822 mill. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 5,2 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 2,3 prosent. Auken i 2023 har samanheng med at det i samband med revidert nasjonalbudsjett vart løyvd midlar til ekstraordinær prisjustering og auka administrasjonsutgifter for arbeidet med tilskot til freda og verneverdige kyrkjebygg.
Under programkategori 12.60 Nord- og polarområda har utgiftene auka med 92 mill. kroner, frå 499 mill. kroner til 590 mill. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 4,1 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 13,7 prosent. Auken i 2023 heng saman med tiltak knytt til vedlikehald, tryggleik og beredskap på forskingsstasjonen Troll i Antarktis, og auka drifts- og investeringstilskot til Kings Bay AS.
Under programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid har utgiftene minka med 0,1 mrd. kroner, frå 3,2 mrd. kroner til 3,1 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 minka utgiftene med 6,9 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 3,4 prosent. Auken i 2023 kjem av høgare aktivitet knytt til klima- og skoginitiativet, mellom anna med oppstart av prosjekt i Indonesia.
2.14 Finansdepartementet
Programområde 23 Finansadministrasjon | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2021 | Rekneskap 2022 | Budsjett 2023 | Rekneskap 2023 | |
23.10 | Finansadministrasjon | 1 932,8 | 1 976,0 | 2 021,6 | 2 148,5 |
23.20 | Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon | 9 770,5 | 9 976,7 | 10 648,4 | 10 686,1 |
23.30 | Offisiell statistikk | 865,0 | 911,7 | 946,3 | 987,2 |
23.40 | Andre føremål | 38 579,1 | 42 208,7 | 44 660,5 | 44 570,7 |
Sum før lånetransaksjonar | 51 147,4 | 55 073,1 | 58 276,8 | 58 392,4 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Finansdepartementet | 51 147,4 | 55 073,1 | 58 276,8 | 58 392,4 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 115,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2022 aukar disponibel løyving med 862,4 mill. kroner, frå 58 276,8 mill. kroner til 59 139,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 746,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 142,7 mill. kroner. Det er overført til saman 775,3 mill. kroner til 2024 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 23 Finansadministrasjon har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 7,2 mrd. kroner, frå 51,1 mrd. kroner til 58,4 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 7,7 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 6,0 prosent.
Under programkategori 23.10 Finansadministrasjon har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 1,9 mrd. kroner til 2,1 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 2,2 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 8,7 prosent. Auken frå 2021 til 2023 skriv seg mellom anna frå digitaliseringsprosjektet i Finanstilsynet, og at Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har fått fleire kundar.
Under programkategori 23.20 Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon har utgiftene auka med 0,9 mrd. kroner, frå 9,8 mrd. kroner til 10,7 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 2,1 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 7,1 prosent. Tolletaten hadde ein auke i utgiftene, mellom anna grunna auka aktivitet på Svalbard og i samband med sanksjonar mot Russland. Skatteetaten hadde ein auke i aktivitetar på fleire område, mellom anna grunna dei store IT-prosjekta samt regelverksarbeid, mellom dei innføring av nye skattereglar for store fleirnasjonale konsern.
Under programkategori 23.30 Offisiell statistikk har utgiftene auka med 122 mill. kroner, frå 865 mill. kroner til 987 mill. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 5,4 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 8,3 prosent. Statistisk sentralbyrås utgifter auka reelt noko i perioden.
Under programkategori 23.40 Andre føremål har utgiftene auka med 6,0 mrd. kroner, frå 38,6 mrd. kroner til 44,6 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 9,4 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 5,6 prosent. Dei største utgiftene under kategorien gjeld dei regelstyrte ordningane med kompensasjon for meirverdiavgift og nettoføring av statleg meirverdiavgift. Samla utgifter til desse ordningane var i 2021 vel 38,1 mrd. kroner og i 2023 nærmare 44,6 mrd. kroner.
Under denne kategorien vart òg kompensasjonar i samband med koronapandemien førte. I 2020 vart det mellom anna sett av 10 mrd. kroner til å dekkje delar av moglege tap i samband med ei garantiordning for lån til små og mellomstore føretak med akutt mangel på likviditet som følgje av pandemien. Det er Eksportfinansiering Noreg som forvaltar garantiordninga og sett opp rekneskap for midlane, som ved utgangen av 2023 er førte opp med 9,5 mrd. kroner i kapitalrekneskapen på høvesvis konto 641602 og 811602.
2.15 Forsvarsdepartementet
Programområde 04 Militært forsvar | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2021 | Rekneskap 2022 | Budsjett 2023 | Rekneskap 2023 | |
04.10 | Militært forsvar m.m. | 67 590,5 | 78 493,0 | 84 380,6 | 85 591,7 |
Sum før lånetransaksjonar | 67 590,5 | 78 493,0 | 84 380,6 | 85 591,7 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 27,2 | 27,2 | |
Sum 04 Forsvarsdepartementet | 67 590,5 | 78 493,0 | 84 407,8 | 85 619,0 |
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 211,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2022 aukar disponibel løyving med 3 082,8 mill. kroner, frå 84 380,6 mill. kroner til 87 463,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 871,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det netto meirinntekter på i alt 1 234,5 mill. kroner. Det er overført til saman 2 900,8 mill. kroner til 2024 på postar merkte ‘‘kan overførast’’ og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 04 Militært forsvar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 18,0 mrd. kroner, frå 67,6 mrd. kroner til 85,6 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 16,1 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 9,0 prosent.
Driftsutgiftene auka med 11,1 mrd. kroner, frå 44,1 mrd. kroner i 2021 til 55,2 mrd. kroner i 2023. Det utgjer ein auke over perioden på 25,3 prosent.
Utgifter til investeringar i materiell auka med 5,4 mrd. kroner, frå 18,3 mrd. kroner i 2021 til 23,7 mrd. kroner i 2023. Det utgjer ein auke over perioden på 29,1 prosent.
Auken frå 2021 til 2023 er i stor grad knytt til styrkingar i tråd med langtidsplanen for forsvarssektoren og til den endra og meir alvorlege tryggingspolitiske situasjonen i Europa som følgje av krigen i Ukraina. Noreg bidrar med militær og sivil støtte til Ukraina, mellom anna gjennom Nansen-programmet. Den norske militære støtta skal bidra til å dekkje Ukrainas militære behov, som del av ein brei internasjonal innsats. I 2023 var ramma for militær støtte til Ukraina gjennom Nansen-programmet 10 mrd. kroner. I tillegg vart det gjeve ei løyving på 1 mrd. kroner til militær støtte utanfor Nansen-programmet. Samla sett vart om lag 93 prosent av ramma til militær støtte nytta i 2023. Donasjonar av materiell frå Forsvarets eigen behaldning utgjorde til saman 7,5 mrd. kroner, eller om lag 68 prosent av den norske militære støtta i 2023. Samla løyving i 2023 på kap. 1700, post 79, var på drygt 2 mrd. kroner etter endringar gjennom året. Ein vesentleg del av ramma vart nytta til støtte innretta mot luftvern, artilleri inkludert ammunisjon og anna mekanisk materiell. I tillegg kjem trening og øving av ukrainsk personell. Verdien av donert materiell vert trekt ifrå ramma.
Utgifter til nasjonalfinansierte og fellesfinansierte investeringar i eigedom, bygg og anlegg minka med 3,6 prosent, frå 4,3 mrd. kroner i 2021 til 4,2 mrd. kroner i 2023.
Overføringar til andre auka frå 0,9 mrd. kroner i 2021 til 2.8 mrd. kroner i 2023. Utgifter til Ukraina utgjorde omlag halvparten av utgiftene i 2023.
Lånetransaksjonar i 2023 gjeld kapitalinnskot i NATOs innovasjonsfond.
2.16 Olje- og energidepartementet
Programområde 18 Olje- og energiføremål | (i mill. kroner) | ||||
---|---|---|---|---|---|
Programkategori | Rekneskap 2021 | Rekneskap 2022 | Budsjett 2023 | Rekneskap 2023 | |
18.00 | Administrasjon | 245,4 | 258,6 | 301,2 | 299,4 |
18.10 | Petroleum1) | 760,9 | 837,2 | 994,3 | 996,1 |
18.20 | Energi- og vassressursar | 1 213,7 | 27 693,1 | 17 143,8 | 17 996,1 |
18.30 | Klima, industri og teknologi2) | 3 436,2 | 4 786,7 | 4 574,3 | 3 805,8 |
Sum før lånetransaksjonar | 5 656,2 | 33 575,6 | 23 013,6 | 23 097,4 | |
Lånetransaksjonar | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | |
Sum Olje- og energidepartementet | 5 656,2 | 33 575,6 | 23 013,6 | 23 097,4 |
1) Petroleumstilsynet (kap. 642) er frå 2023 flytta frå Arbeids- og inkluderingsdepartementets programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og tryggleik til programkategori 18.10 Petroleum (kap. 1812). Samanlikningstal for 2021 og 2022 er omklassifiserte tilsvarande.
2) Tidlegare programkategori 18.40 CO2-handering er frå 2023 slegen saman med programkategori 18.30 Forsking og næringsutvikling. Nytt namn på kategori 18.30 frå 2023 er Klima, industri og teknologi. Samanlikningstal for 2021 og 2022 er omklassifiserte tilsvarande.
Samla avvik mellom budsjett og rekneskap
Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 83,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2022 aukar disponibel løyving med 433,8 mill. kroner, frå 23 013,6 mill. kroner til 23 447,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 350,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.
På programområdet er det netto mindreinntekter på i alt 4,3 mill. kroner. Det er overført til saman 1 284,9 mill. kroner til 2024 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.
Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.
Trenden i rekneskapen i perioden 2021–2023
På programområde 18 Olje- og energiføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 17,4 mrd. kroner, frå 5,7 mrd. kroner til 23,1 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 494 prosent, og frå 2022 til 2023 minka dei med 31,2 prosent. Hovudgrunnen til den store variasjonen er årlege utbetalingar av stønad til hushaldningane for ekstraordinære straumutgifter under programkategori 18.20 Energi- og vassressursar.
Under programkategori 18.00 Administrasjon har utgiftene auka med 54 mill. kroner, frå 245 mill. kroner til 299 mill. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 5,4 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 15,8 prosent. Hovudgrunnen er auka løyvingar til arbeidet med havvind og konsesjons- og klagebehandling. Vidare har det vore auka utgifter til ulike utval og utgreiingar.
Under programkategori 18.10 Petroleum har auka med 235 mill. kroner, frå 761 mill. kroner til 996 mill. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 10,0 prosent, og frå 2022 til 2023 auka dei med 19,0 prosent. Hovudgrunnen er auka løyvingar til grunnundersøkingar i havvindområda Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord.
Under programkategori 18.20 Energi og vassressursar har utgiftene auka med 16,8 mrd. kroner, frå 1,2 mrd. kroner til 18,0 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 2 182 prosent, og frå 2022 til 2023 minka dei med 35,0 prosent. Hovudgrunnen er store variasjonar i årlege utbetalingar frå stønadsordninga for ekstraordinære straumutgifter som vart innført frå og med desember 2021.
Under programkategori 18.30 Klima, industri og teknologi har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 3,4 mrd. kroner til 3,8 mrd. kroner. Frå 2021 til 2022 auka utgiftene med 39,3 prosent, og frå 2022 til 2023 minka dei med 20,5 prosent. Hovudgrunnen er variasjonar i årlege utgifter til fullskalaprosjektet Langskip – fangst og lagring av CO2 som avheng av framdrifta i delprosjekta.
2.17 Statlege utlån
Dette avsnittet gjev eit oversyn over hovudtal frå rekneskapen til statlege verksemder som forvaltar statlege utlån. Detaljar kring utlåna er baserte på opplysningar frå departementa.
Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse er ordinære statlege forvaltningsorgan. På vegner av staten forvaltar dei statlege utlån etter reglar og føresetnader fastsette av Stortinget.2 Innovasjon Noreg forvaltar statlege utlån til næringslivet over heile landet og gjev ulike typar lån med høg eller låg risiko. Eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportkreditt Noreg AS er omtalt til slutt i avsnittet.
Husbanken
Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Husbankens utlån:
Balanse 31. desember (tal i mill. kroner) | Konto/referanse | 2021 | 2022 | 2023 |
---|---|---|---|---|
Inngåande behaldning | Konto 63000501 | 159 094 | 163 261 | 169 249 |
Utlån i året | Kap. 2412/90 | 19 360 | 20 356 | 20 613 |
Tilbakebetalingar i året | Kap. 5312/90 | -15 192 | -14 368 | -12 168 |
Utgåande behaldning | Konto 63000501 | 163 261 | 169 249 | 177 695 |
Renteinntekter | Kap. 5615/80 | 2 019 | 2 014 | 4 766 |
I 2023 disponerte Husbanken heile låneramma på 24 mrd. kroner.
Samla uteståande lån i Husbanken, medrekna opptente, ikkje betalte renter, var på 177,7 mrd. kroner ved utgangen av 2023. Det er om lag 8,5 mrd. kroner meir enn året før. Av låna var 50,4 mrd. kroner fastrentelån, 0,1 mrd. kroner var lån med særvilkår og 126,1 mrd. kroner var lån med flytande rente. Opptente, ikkje betalte renter utgjorde om lag 1,1 mrd. kroner. Netto underkurs på fastrentelåna er av Husbanken rekna til om lag 4,1 mrd. kroner per 31.12.2023 som er om lag same nivået som i fjor.
Husbanken hadde om lag 27 600 registrerte låntakarar (dellån) ved utgangen av 2023. Om lag 4 400 hadde lån med fast rente, 23 000 hadde lån med flytande rente, medan dei resterande om lag 200 låntakarane hadde lån på særvilkår. Av utlåna utgjorde lån til burettslag, stiftingar og liknande 31 prosent, lån til kommunar 59 prosent og lån til personlege låntakarar 10 prosent. Tap på utlån i Husbanken (kap. 2412, post 71) utgjorde 19,7 mill. kroner i 2023 mot 8 mill. kroner i 2022 og 25,7 mill. kroner i 2021.
Sjå òg omtale av Husbanken under kapittel 2.6 Kommunal- og distriktsdepartementet.
Statens lånekasse for utdanning
Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå Lånekassa:
Balanse 31. desember (tal i mill. kroner) | Konto/referanse | 2021 | 2022 | 2023 |
---|---|---|---|---|
Inngåande behaldning | Konto 63000201 | 208 900 | 224 658 | 239 698 |
Utlån i året | Kap. 2410/90 | 34 886 | 34 993 | 37 461 |
Tilbakebetalingar i året1) | Kap. 5310/90 | -11 925 | -12 082 | -12 471 |
Konvertering til stipend | Kap. 5310/93 | -7 202 | -7 871 | -7 966 |
Utgåande behaldning | Konto 63000201 | 224 658 | 239 698 | 256 722 |
Renteinntekter2) | Kap. 5617 / 80 | 3 261 | 4 291 | 9 144 |
1) Tap og avskrivingar løyvde over kap. 2410, postane 73 og 74 høyrer saman med ordinære tilbakebetalingar på post 90. Avskrivingar på post 73 utgjorde 950 mill. kroner i 2023, 813 mill. kroner i 2022 og 844 mill. kroner i 2021. Tapa på post 74 er nærare spesifiserte i teksten nedanfor.
2) Renteinntekter inneheld òg rentestønad som i 2023 vart utgiftsført med 2 385 mill. kroner på kap. 2410, post 72. Rentestønaden var 1 106 mill. kroner i 2022 og 824 mill. kroner i 2021.
Samla uteståande krav i Statens lånekasse for utdanning var 256,7 mrd. kroner ved utgangen av 2023, ein auke på 17,0 mrd. kroner frå året før. I tillegg til sjølve utdanningslåna omfattar summen òg rente- og gebyrgjeld. 72,2 mrd. kroner av utdanningslåna er ikkje renteberande. Lån med fast rente utgjer 4 mrd. kroner, medan lån med flytande rente utgjer 180,5 mrd. kroner. Med i desse tala er òg ikkje betalte gebyr på 92 mill. kroner. Netto underkurs per 31.12.2023 på fastrentelåna er av Lånekassa rekna til 318 mill. kroner, medan det i fjor var rekna ein netto underkurs på 375 mill. kroner.
Lånekassa har om lag 1 029 460 registrerte låntakarar ved utgangen av 2023. Av dei har om lag 236 500 ikkje renteberande lån (kundar i tildelingsfasen), medan om lag 15 450 har lån med fast rente. Resten av låntakarane har lån med flytande rente.
Lånekassa inntektsførte i 2023 renter med 9,1 mrd. kroner på kap. 5617, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2022 og 2021 var høvesvis 4,3 og 3,3 mrd. kroner. Det vart utgiftsført 283 mill. kroner i tap på utlån i 2023 medan tapa i 2022 og 2021 var høvesvis 281 og 373 mill. kroner.
Sjå òg omtale av Lånekassa under kapittel 2.3 Kunnskapsdepartement.
Konverteringsordninga i Lånekassa
Lånekassa betaler ut heile basisstønaden som lån for dei som er omfatta av stønadsordninga for høgare utdanning m.m. Opp til 40 prosent av stønadsbeløpet kan konverterast til stipend når stønadsmottakaren har gjennomført utdanninga og oppnådd ein grad. I statsbudsjetta vert det kvart år løyvd midlar til å dekkje framtidig konvertering frå lån til stipend gjennom ei avsetjing til konverteringsfondet. Denne løyvinga går over kap. 2410, post 50. Kap. 5310, post 93 i rekneskapen syner nettobeløpet av lån som vert ettergjevne og trekte frå konverteringsfondet.
Utgiftene til andre stipend under Lånekassa kjem fram på kap. 2410, postane 70 og 71. For å få oversyn over samla netto utgifter til stipend, må lån som er konverterte til stipend, leggjast til stipendutgiftene. Denne summen kjem fram om ein ser kap. 2410, postane 70 og 71 og kap. 5310, post 93 i samanheng.
Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse (SPK)
Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå bustadlånsordninga i SPK:
Balanse 31. desember (tal i mill. kroner) | Konto/referanse1) | 2021 | 2022 | 2023 |
---|---|---|---|---|
Inngåande behaldning | Konto 63510501 | 39 406 | 38 053 | 45 317 |
Utlån i året | Kap. 0505 / 90 | 8 411 | 15 250 | 31 017 |
Tilbakebetalingar i året | Kap. 3505 / 90 | -9 764 | -7 985 | -8 826 |
Utgåande behaldning | Konto 63510501 | 38 053 | 45 317 | 67 508 |
Renteinntekter | Kap. 5607 / 80 | 549 | 723 | 2 088 |
1) For åra før 2022 vart lånetransaksjonar under bustadlånsordninga budsjetterte på kap. 0614 og kap. 3614 under dåverande Arbeids- og sosialdepartementet. Konto i kapitalrekneskapen vart i 2022 endra frå 63510601 til 63510501.
Samla uteståande krav i bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse var på 67,5 mrd. kroner ved utgangen av 2023. Det er om lag 22,2 mrd. kroner meir enn året før. Ved utgangen av 2023 var det om lag 49 400 lån i ordninga, mot 39 200 året før.
Statens pensjonskasse inntektsførte i 2023 renter med 2 088 mill. kroner på kap. 5607, post 80. Tilsvarande tal for 2022 og 2021 var høvesvis 723 mill. kroner og 549 mill. kroner. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse tilbyr berre lån med flytande rente.
Netto tap på utlån, inkludert innbetalingar på tidlegare avskrivne tap, utgjorde i 2023 ei inntektsføring på knapt 0,3 mill. kroner. Det er om lag same nivået som i 2022.
Det var ei mindreutgift på Statens pensjonskasse sitt kap. 0505, post 90 på 1 183 mill. kroner. Årsaka var fyrst og fremst at det vart utbetalt færre lån enn føresett som følgje av noko lågare kapasitet enn føresett til handsaming av lånesøknader. Vidare vart gjennomsnittleg utbetalt beløp per lån noko lågare enn rekna i budsjettet. Som forklart under lånetransaksjonar i kapittel 2.6 Kommunal- og distriktsdepartementet, aukar etterspurnaden etter bustadlån i SPK i tider med renteauke. Statens pensjonskasse hadde dessutan ei meirinntekt på kap. 3505, post 90 på 126 mill. kroner. Det vart innfridd fleire lån enn venta, i hovudsak som følgje av innfridde lån ved sal av bustad.
Sjå òg omtale av bustadlånsordninga i SPK under kapittel 2.6 Kommunal- og distriktsdepartementet.
Innovasjon Noreg
Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Innovasjon Noreg sine innlån frå statskassa. I tillegg til innlån frå statskassa nyttar Innovasjon Noreg eigenkapital til å finansiere utlån. Det er difor ikkje ein heilt eintydig samanheng mellom selskapet sine innlån frå statskassa og utlån til lånetakarar.
Balanse 31. desember (tal i mill. kroner) | Konto/referanse | 2021 | 2022 | 2023 |
---|---|---|---|---|
Inngåande behaldning | Konto 63000901 | 18 468 | 18 150 | 17 993 |
Netto endring | -318 | -157 | -710 | |
Utgåande behaldning | Konto 63000901 | 18 150 | 17 993 | 17 283 |
Renteinntekter | Kap. 5625 / 80 | 41 | 170 | 528 |
Innovasjon Noreg sine samla innlån frå statskassa, som er aktiverte i kapitalrekneskapen som statens utlån, utgjorde 17,3 mrd. kroner per 31.12.2023. Av dette utgjorde ordinære innlån 16,9 mrd. kroner, lån til pakkereisearrangørar 0,1 mrd. kroner og lån til investeringsfond 0,3 mrd. kroner.
Innovasjon Noreg sine samla netto utlån per 31.12.2023 utgjorde 18,0 mrd. kroner etter tapsavsetjingar på 1,0 mrd. kroner. Det er ein nedgang på drygt 0,3 mrd. kroner, frå 18,4 mrd. kroner per 31.12.2022. Brutto utlån (før tapsavsetjing) fordelte seg med 13,3 mrd. kroner til lågrisikolån (4 165 lån), 5,6 mrd. kroner til innovasjons- og risikolån (2 379 lån)3 og 0,1 mrd. kroner til andre utlån4.
Det vart inntektsført 528 mill. kroner i renter frå Innovasjon Noreg på kap. 5625, post 80 i statsrekneskapen 2023. Tilsvarande tal for 2022 og 2021 var høvesvis 170 mill. kroner og 41 mill. kroner.
Brutto bokført tap på utlån og garantiar i 2023 utgjorde 329 mill. kroner, mot 283 mill. kroner i 2022. Rekneskapen til Innovasjon Noreg for 2023 syner eit netto utlånstap på 5,3 mill. kroner, mot -2,2 mill. kroner i 2022.
Statleg eksportfinansieringsordning
Den statlege eksportfinansieringsordninga vert handsama av forvaltningsverksemda Eksportfinansiering Noreg (Eksfin). Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for den statlege eksportfinansieringsordninga:
Balanse 31. desember (tal i mill. kroner) | Konto/referanse | 2021 | 2022 | 2023 |
---|---|---|---|---|
Inngåande behaldning | Konto 63510901 | 51 269 | 46 101 | 35 124 |
Utlån i året | Kap. 2429, post 90 | 6 104 | 3 637 | 10 928 |
Tilbakebetalingar i året | Kap. 5329, post 90 | -11 822 | -16 878 | -9 265 |
Omrekning til valutakurs balansedagen1) | 551 | 2 264 | 1 320 | |
Utgåande behaldning | Konto 63510901 | 46 101 | 35 124 | 38 106 |
Renteinntekter | Kap. 5629 / 80 | 901 | 811 | 936 |
1) Lån i utanlandsk valuta under eksportkredittordninga vert omrekna til kursen på balansedagen. Beløpet for 2023 består av 1 319 mill. kroner i valutajustering og andre korrigeringar og knapt 1 mill. kroner i kapitaliserte renter.
Låna under eksportfinansieringsordninga er hovudsakleg gjevne i NOK, USD, EUR og i nokre andre valutaer. Fordelinga ved utgangen av 2022 og 2023 er av Eksfin spesifisert slik:
Valuta (mrd.) | Talet på lån 2022 | Uteståande per 31.12.2022 | Talet på lån 2023 | Uteståande per 31.12.2023 |
---|---|---|---|---|
NOK | 62 | 8,11 | 49 | 7,08 |
USD | 42 | 1,32 | 40 | 1,29 |
EUR | 44 | 1,18 | 50 | 1,41 |
JPY | 1 | 0,67 | 1 | 0,56 |
DKK | 1 | 0,30 | 2 | 0,44 |
GBP | 5 | 0,07 | 6 | 0,09 |
NZD | 1 | 0,01 | 1 | 0,00 |
Balansetabellen ovanfor syner at statlege eksportfinansieringslån til saman utgjorde 38,1 mrd. kroner ved utgangen av 2023, ein netto auke på 3,0 mrd. kroner frå året før. Lån i utanlandsk valuta er rekna om til norske kroner basert på valutakursen på balansedagen. Valutakursendringar førte til at verdien på utlånsporteføljen auka med 1,3 mrd. kroner i 2023. Netto realisert valutavinst på avdraga som vart innbetalte i 2023, utgjorde om lag 1,4 mrd. kroner.
Det vart inntektsført renter frå ordninga med 0,9 mrd. kroner på kap. 5629, post 80 i statsrekneskapen 2023. Tilsvarande tal for 2022 og 2021 var høvesvis 0,8 mrd. kroner og 0,9 mrd. kroner.
Alle eksportfinansieringslåna er garanterte 100 prosent av Eksfin og/eller andre finansinstitusjonar. Ved restrukturering av låneforhold, der det vert rekna eit break cost-krav mot låntakar, vil slike krav ikkje vere sikra på same måte. Desse krava er ikkje garanterte og inneber dermed ein noko høgare tapsrisiko for eksportkredittordninga samanlikna med ordinær utlånsportefølje som er garantert. Krav om break cost er inkludert som ein del av låneavtalen for å sikre staten sine samla verdiar. Restrukturering av låneforhold vert inngått under føresetnad om vidare drift. Det er ikkje registrert nokon nye slike lån verken i 2022 eller 2023. Krav ved utgangen av 2023 utgjorde 123,7 mill. kroner, ei auke på 5,5 mill. kroner frå utgangen av 2022, grunna valutakursendringar. To av dei aktuelle krava på til saman om lag 112 mill. kroner vart innfridde i januar 2024.
Fotnotar
Gjennomsnittleg tal på mottakarar mellom 62 og 66 år i 2021 og 2022 og gjennomsnittleg tal på alderspensjonistar i 2021 fråvik noko frå tala som er oppgjeve i Meld. St. 3 (2022–2023) Statsrekneskapen 2021. Det er tidlegare oppgjeve tal for middelbestand som gjennomsnittleg tal. Tala for 2021 og 2022 er justert til gjennomsnittleg tal.
Bokføring av utlån og renteinntekter i statsrekneskapen for Husbanken, Lånekassa og bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, følgjer prinsippet om opptente renter basert på kalenderåret, jf. Prop. 1 S (2009–2010) kapittel 9.4. Det inneber at behaldningane av utlån som er aktiverte i kapitalrekneskapen òg inneheld opptente, men enno ikkje betalte renter.
Desse omfattar landsdekkjande innovasjonslån inkludert vekstlån, skipsfart landsdekkjande innovasjonslån, distriktsretta risikolån, risikolån landbruk, landsdekkjande risikolån grønt vekstlån, landsdekkjande innovasjonslån European Investment Fund og distriktsretta risikolån European Investment Fund.
Andre utlån omfattar lån til pakkereisearrangørar, bygdeutviklingslån til landbruket og lån til tilsette. Innovasjon Noreg forvaltar òg bygdeutviklingslån til landbruket for Landbrukets utviklingsfond, som omfattar 149 lån.