Meld. St. 3 (2017–2018)

Statsrekneskapen 2017

Til innhaldsliste

2 Utgifter under departementa

Tabell 2.1 Utgifter 2017 etter programområde (tal i mrd. kroner)

Programområde / departement, inkludert lånetransaksjonar

Referanse til omtale

Budsjett 2017

Rekneskap 2017

Avvik budsjett og rekneskap

Kongehuset

0,20,20,0

Regjeringa

0,40,40,0

Stortinget og underliggjande institusjonar

2,32,20,0

Sum 00 Konstitusjonelle institusjonar

2.1

2,9

2,9

0,0

02 Utanriksforvaltning

6,4

6,3

0,1

03 Internasjonal bistand

30,8

31,0

-0,3

Sum Utanriksdepartementet, UD

2.2

37,1

37,4

-0,2

Sum 07 Kunnskapsområdet, KD

2.3

97,2

96,8

0,5

Sum 08 Kulturføremål, KUD

2.4

13,8

13,7

0,1

Sum 06 Justissektoren, JD

2.5

58,9

57,4

1,5

Sum 13 Kommunal, bustad og modernisering, KMD

2.6

206,4

207,2

-0,7

09 Arbeid og sosiale føremål

35,8

35,9

-0,1

29 Sosiale føremål, folketrygda

384,3

384,3

0,1

33 Arbeidsliv, folketrygda

14,6

14,8

-0,2

Sum Arbeids- og sosialdepartementet, ASD

2.7

434,7

434,9

-0,2

10 Helse og omsorg

157,9

158,2

-0,3

30 Stønad ved helsetenester, folketrygda

31,4

31,0

0,4

Sum Helse- og omsorgsdepartementet, HOD

2.8

189,3

189,3

0,1

11 Barn og likestilling

28,0

28,0

0,0

28 Foreldrepengar, folketrygda

20,1

19,7

0,4

Sum Barne- og likestillingsdepartementet, BLD

2.9

48,1

47,7

0,4

17 Nærings- og fiskeriføremål

64,8

62,8

2,0

33 Arbeidsliv, folketrygda

0,1

0,1

0,0

Sum Nærings- og fiskeridepartementet, NFD

2.10

64,9

62,9

2,0

Sum 15 Landbruk og mat, LMD

2.11

18,2

18,3

-0,1

21 Innanlands transport

66,8

70,9

-4,1

22 Post og telekommunikasjonar

1,0

1,0

0,0

Sum Samferdselsdepartementet, SD

2.12

67,7

71,8

-4,1

Sum 12 Klima og miljø, KLD

2.13

10,0

9,9

0,1

23 Finansadministrasjon

2.14

40,2

41,2

-1,0

24 Statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag

4.2

60,0

60,0

0,0

Sum Finansdepartementet, FIN

100,2

101,2

-1,0

Sum 04 Militært forsvar, FD

2.15

52,3

52,4

-0,2

Sum 18 Olje- og energiføremål, OED

2.16

41,4

40,9

0,5

Sum 26 Ymse utgifter

0,1

0,0

0,0

Sum 34 Statens pensjonsfond utland

1.7/3.1

167,5

167,8

-0,4

Sum utgifter1)

1 610,8

1 612,3

-1,5

1) Tabell 1.6 i kapittel 1 syner ei mindreutgift på 2 507 mill. kroner utan lånetransaksjonar, statleg petroleumsverksemd og overføring til Statens pensjonsfond utland. Netto meirutgifter for desse postane utgjer 4 028 mill. kroner. Dette gjev 1 521 mill. kroner i brutto meirutgifter med lånetransaksjonar.

Dette kapittelet inneheld ei kort omtale av rekneskapen til kvart einskilt departement og av statlege utlån. Kapittelet syner utviklinga på programområde og programkategoriar dei seinare åra. Under kvart programområde vert rekneskapen for 2015, 2016 og 2017 synt i ein tabell saman med nysaldert budsjett for 2017. Samla lånetransaksjonar kjem fram på ei særskild rad.

Tabell 2.1 syner utgifter etter programområde per departement, og med referanse til avsnitt i meldinga med nærare omtale.

Tabellane i avsnitta 2.1 til 2.16 nedanfor er ordna i ei rekkefølgje som er avleia av departementa sine kapittelnummer i statsbudsjettet. Avsnitt 2.17 inneheld ei kort omtale av statlege utlån.

Rekneskapen vert i utgangspunktet gjord opp på kapittel- og postnivå. Overføringar frå eit år til det neste vert vedtekne på postnivå. Unytta beløp kan overførast på postar merkte «kan overførast», medan vanlege driftspostar berre kan overførast med opp til fem prosent av løyvinga. Eit programområde inneheld mange postar, og summen av overførte beløp er difor ikkje den same som summen av unytta løyvingar på programområdet sett under eitt. Tabell 1.10 i vedlegg 1 syner utgiftsløyvingar, rekneskap og overførte løyvingar utanom lånetransaksjonar per programområde og gjev eit oversyn over samla meirinntekter knytte til områda.

Det er eitt forhold som er viktig å vere klår over ved samanlikning av rekneskapstala for perioden 2015 til 2017:

  • Det vart i 2017 innført ei forenkla pensjonspremieordning for ordinære statlege forvaltningsorgan som tidlegare ikkje betalte premie til Statens pensjonskasse (SPK). Tidlegare var hovudregelen at pensjonspremien vart ført på budsjettkapittel 612 under Arbeids- og sosialdepartementet (ASD). Statlege verksemder betaler frå 2017 ein arbeidsgjevardel på 12 prosent og ein medlemsdel på 2 prosent. Verksemdene skal òg rekne arbeidsgjevaravgift av pensjonspremien. Arbeidsgjevaravgifta vart tidlegare ført på kapittel 613 under ASD/SPK. Budsjettet er kompensert for omlegginga. Som følgje av omlegginga er samla driftsutgifter på om lag 7,5 mrd. kroner i 2017 omfordelte frå budsjettkapitla 612 og 613 (ASD/SPK) til dei einskilde statlege verksemdene. Det må takast omsyn til dette ved samanlikning av rekneskapstala for 2017 med dei føregåande åra, då utgifter under programkategoriar med stort innslag av lønsutgifter vil vere høgare i 2017. Sjå òg omtalen under ASD, programkategori 09.50 Pensjonar mv. under Statens pensjonskasse, jf. avsnitt 2.7.

Det kan vere avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med rekneskapen.

2.1 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2015

Rekneskap 2016

Budsjett 2017

Rekneskap 2017

00.10

Kongehuset

227,6

232,2

247,5

247,5

00.30

Regjeringa

346,7

374,0

412,2

402,3

00.40

Stortinget og underliggjande institusjonar

1 940,7

2 163,9

2 250,1

2 243,3

Sum før lånetransaksjonar

2 515,0

2 770,1

2 909,8

2 893,2

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Konstitusjonelle institusjonar

2 515,0

2 770,1

2 909,8

2 893,2

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 16,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2016 aukar disponibel løyving med 84,7 mill. kroner, frå 2 909,8 mill. kroner til 2 994,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 101,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det i 2017 ikkje knytte nokre meirinntekter. Det er overført til saman 90,9 mill. kroner til 2018 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,4 mrd. kroner, frå 2,5 mrd. kroner til 2,9 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 10,1 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 4,4 prosent.

Under programkategori 00.10 Kongehuset har utgiftene auka med 20 mill. kroner, frå 228 mill. kroner til 248 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 2,0 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 6,6 prosent. Auken frå 2016 til 2017 var i hovudsak knytt til sikringstiltak for kongefamilien.

Under programkategori 00.30 Regjeringa har utgiftene auka med 56 mill. kroner, frå 347 mill. kroner til 402 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 7,9 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 7,6 prosent. Auken frå 2015 til 2016 heng særleg saman med auka bemanning og større lokale hos Regjeringsadvokaten og meirutgifter på kap. 21 Statsrådet, som følgje av endringar i den politiske leiinga. Drygt halvdelen av auken frå 2016 til 2017 galdt ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse.

Under programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar har utgiftene auka med 303 mill. kroner, frå 1 941 mill. kroner til 2 243 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 11,5 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 3,7 prosent. Båe åra var det særleg utgiftene til større ombyggingsarbeid i Prinsens gate 26, nytt post- og varemottak og ekstra garasjenedkøyring som vaks.

2.2 Utanriksdepartementet

Utanriksdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 02 Utanriksforvaltning og programområde 03 Internasjonal bistand (den offisielle utviklingshjelpa, ODA).

Programområde 02 Utanriksforvaltning

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2015

Rekneskap 2016

Budsjett 2017

Rekneskap 2017

02.00

Administrasjon av utanrikstenesta

2 160,3

2 198,4

2 406,5

2 321,7

02.10

Utanriksføremål

6 185,7

4 950,5

3 780,2

3 797,5

Sum før lånetransaksjonar

8 346,0

7 148,9

6 186,7

6 119,2

Lånetransaksjonar

0,1

192,7

190,4

189,8

Sum 02 Utanriksforvaltning

8 346,0

7 341,6

6 377,1

6 309,0

Programområde 03 Internasjonal bistand

03.00

Administrasjon av utviklingshjelpa

1 678,6

1 707,0

1 895,5

1 844,7

03.10

Bilateral bistand

3 480,5

3 355,0

3 687,1

3 690,3

03.20

Globale ordningar

19 526,4

22 545,2

18 385,1

18 698,3

03.30

Multilateral bistand

5 893,3

5 294,3

5 673,2

5 686,0

Sum før lånetransaksjonar

30 578,9

32 901,6

29 641,0

29 919,3

Lånetransaksjonar

1 110,0

1 108,5

1 125,0

1 125,0

Sum 03 Internasjonal bistand

31 688,9

34 010,1

30 766,0

31 044,3

Sum Utanriksdepartementet

40 034,9

41 351,7

37 143,1

37 353,3

Programområde 02 Utanriksforvaltning

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 67,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2016 aukar disponibel løyving med 393,7 mill. kroner, frå 6 186,7 mill. kroner til 6 580,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 461,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 21,3 mill. kroner. Det er overført til saman 432,5 mill. kroner til 2018 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 0,6 mill. kroner.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 02 Utanriksforvaltning har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 2,2 mrd. kroner, frå 8,3 mrd. kroner til 6,1 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 14,3 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 14,4 prosent.

Under programkategori 02.00 Administrasjon av utanrikstenesta har utgiftene auka med 161 mill. kroner, frå 2 160 mill. kroner til 2 322 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 1,8 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 5,6 prosent. Auken frå 2016 til 2017 har i hovudsak samanheng med ny ordning for pensjonspremiebetaling til SPK, jf. omtale i innleiinga til kapittel 2.

Under programkategori 02.10 Utanriksføremål har utgiftene minka med 2,4 mrd. kroner, frå 6,2 mrd. kroner til 3,8 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 20 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 23,3 prosent. Dei store variasjonane i utbetalte beløp per år har i hovudsak samanheng med utbetalingar under EØS-finansieringsordningane.

Programområde 03 Internasjonal bistand

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 278,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2016 aukar disponibel løyving med 649,5 mill. kroner, frå 29 641,0 mill. kroner til 30 290,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 371,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 15,6 mill. kroner. Det er overført til saman 351,3 mill. kroner til 2018 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 03 Internasjonal bistand har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 0,7 mrd. kroner, frå 30,6 mrd. kroner til 29,9 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 7,6 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 9,1 prosent.

Under programkategori 03.00 Administrasjon av utviklingshjelpa har utgiftene auka med knapt 0,2 mrd. kroner frå 1,7 mrd. kroner til drygt 1,8 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 1,7 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 8,1 prosent. Auken frå 2016 til 2017 har i hovudsak samanheng med forenkla modell for pensjonspremiebetaling til SPK.

Under programkategori 03.10 Bilateral bistand har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 3,5 mrd. kroner til 3,7 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 3,6 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 10,0 prosent. Auken frå 2016 til 2017 har i hovudsak samanheng med auka bilateral bistand til afrikanske land.

Under programkategori 03.20 Globale ordningar har utgiftene minka med 0,8 mrd. kroner, frå 19,5 mrd. kroner til 18,7 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 15,5 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 17,1 prosent. Endringane er hovudsakleg knytte til flyktningutgifter i Noreg (kapittel 167, post 21) som kan variere frå år til år.

Under programkategori 03.30 Multilateral bistand har utgiftene minka med 0,2 mrd. kroner, frå 5,9 mrd. kroner til 5,7 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 10,2 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 7,4 prosent. Endringane er hovudsakleg knytte til auka utbetalingar til mellom anna FN og Verdsbanken.

Utbetalingar av utviklingshjelp i perioden 2013–2017

For 2017 er samla offisiell utviklingshjelp (ODA) utrekna til 34 262 mill. kroner. I denne summen inngår:

  • 31 206 mill. kroner på Utanriksdepartementet sitt budsjett (inkl. 161 mill. kroner av innskotet i Den asiatiske investeringsbanken for infrastruktur (AIIB) (85 prosent er godkjent som ODA), løyvd på programområde 02, kap. 116, post 90),

  • 2 978 mill. kroner på Klima- og miljødepartementet sitt budsjett (kap. 1482),

  • 35,1 mill. kroner på Riksrevisjonen sitt budsjett (kap. 51) og

  • 43,2 mill. kroner i nettoført meirverdiavgift på Finansdepartementet sitt budsjett (kap. 1633).

Samla utbetalt utviklingshjelp i 2017, i alt 34 262 mill. kroner, svarar til 1,00 prosent av faktisk BNI for 2017, slik BNI for 2017 no er venta.

Tabellen nedanfor syner tal for samla offisiell utviklingshjelp (nominelle tal) i perioden 2013–2017:

År

Utbetalt i mill. kroner

Utbetalt i prosent av BNI1)

Unytta løyving overført til neste termin (i mill. kroner)

Unytta løyving overført neste budsjettermin, i prosent av budsjett

2013

30 219

0,97

1 357

4,4

2014

32 136

0,98

727

2,2

2015

34 657

1,05

170

0,5

2016

36 738

1,12

783

2,1

2017

34 262

1,00

390

1,1

1) Rekna ut på bakgrunn av faktisk BNI det aktuelle året. I budsjettsamanheng vert utviklingshjelpa målt i prosent av forventa BNI komande budsjettår.

2.3 Kunnskapsdepartementet

Programområde 07 Kunnskapsdepartementet

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2015

Rekneskap 2016

Budsjett 2017

Rekneskap 2017

07.10

Administrasjon

272,1

271,0

364,8

357,2

07.20

Grunnopplæring

9 764,4

10 984,2

11 954,4

11 829,5

07.30

Barnehagar

430,7

573,5

642,9

657,2

07.50

Kompetansepolitikk og livslang læring

1 836,2

2 013,0

2 064,2

2 057,1

07.60

Høgare utdanning og fagskuleutdanning

32 588,8

34 529,6

36 607,4

36 169,3

07.70

Forsking

7 216,8

7 408,6

7 176,5

7 171,6

07.80

Utdanningsfinansiering

11 972,9

11 868,8

12 529,7

12 515,4

Sum før lånetransaksjonar

64 081,7

67 648,6

71 340,0

70 757,3

Lånetransaksjonar

23 371,7

24 139,6

25 891,7

25 992,9

Sum Kunnskapsdepartementet

87 453,4

91 788,1

97 231,7

96 750,3

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 582,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2016 aukar disponibel løyving med 450,3 mill. kroner, frå 71 340,0 mill. kroner til 71 790,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 033,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 30,4 mill. kroner. Det er overført til saman 989,9 mill. kroner til 2018 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 101,2 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 07 Kunnskapsdepartementet har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 6,7 mrd. kroner, frå 64,1 mrd. kroner til 70,8 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 5,6 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 4,6 prosent.

Under programkategori 07.10 Administrasjon har utgiftene auka med 85 mill. kroner, frå 272 mill. kroner til 357 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 0,4 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 31,8 prosent. Auken frå 2016 til 2017 kjem mellom anna av at departementet i 2017 fekk tilført 58 mill. kroner til dekning av husleige og vedlikehald av noverande lokale. Tidlegare vart storparten av desse kostnadene dekte av Statsbygg. Innføring av ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse, jf. omtale i innleiinga til kapittel 2, innebar ein auke på om lag 28 mill. kroner i samla driftsutgifter til løn under departementet.

Under programkategori 07.20 Grunnopplæring har utgiftene auka med knapt 2,1 mrd. kroner, frå knapt 9,8 mrd. kroner til drygt 11,8 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 12,5 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 7,7 prosent. Grunnopplæringa vert stort sett finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Ein stor del av løyvingane over programkategori 07.20 er tilskot til frittståande skular og kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, inkludert vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. Utgiftsauken frå 2015 til 2017 kjem mellom anna av satsinga på vidareutdanning for lærarar, og auka tilskot til lærarinnsats på fyrste til fjerde trinn. I tillegg har det vore ein auke i tilskotet til opplæring for barn og unge som søkjer opphald i Noreg, og det har vorte fleire elevar i dei frittståande skulane.

Under programkategori 07.30 Barnehagar har utgiftene auka med drygt 0,2 mrd. kroner, frå drygt 0,4 mrd. kroner til knapt 0,7 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 33,2 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 14,6 prosent. Utgiftsauken i perioden kjem for det meste av auka løyvingar til satsing på kvalitet og kompetanseheving for personalet i barnehagen. I tillegg har det vore ein auke i tilskotet til symjing i barnehagane.

Under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring har utgiftene auka med drygt 0,2 mrd. kroner, frå drygt 1,8 mrd. kroner til knapt 2,1 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 9,6 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 2,2 prosent. Det meste av auken frå 2015 til 2016 kjem av auka kontingent for norsk deltaking i EUs utdannings- og ungdomsprogram Erasmus+, der ny programperiode starta i 2014. Desse løyvingane gjekk litt ned i 2017. Løyvingane til Kompetansepluss-programma og tiltak for livslang læring har auka i heile perioden, med størst auke siste året.

Under programkategori 07.60 Høgare utdanning og fagskuleutdanning har utgiftene auka med knapt 3,6 mrd. kroner, frå 32,6 mrd. kroner til knapt 36,2 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 6,0 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 4,7 prosent. Auken i perioden skriv seg mellom anna frå at studieplassar og rekrutteringsstillingar oppretta i 2016 og tidlegare, er førte vidare. Samstundes har nye rekrutteringsstillingar og nye studieplassar i 2017 òg auka utgiftene. Studiepoengproduksjonen i perioden har auka som følgje av auken i talet på studieplassar og saman med endringar i finansieringssystemet gir dette utslag i den resultatbaserte utteljinga i finansieringssystemet som i 2017 var på om lag 10,7 mrd. kroner. Andre årsaker til auken i utgifter er at meir midlar er brukte til å gjennomføre strukturreforma der institusjonane i sektoren slår seg saman til større einingar, og det er gjeve løyvingar til utstyr og husleige i nybygg, og til å oppgradere bygningar.

Under programkategori 07.70 Forsking har utgiftene minka med 45 mill. kroner, frå drygt 7,2 mrd. kroner til knapt 7,2 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 2,7 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 3,2 prosent. Nedgangen frå 2016 til 2017 skriv seg i hovudsak frå ein eittårig reduksjon i løyvingane til forskingsinfrastruktur i Noregs forskingsråd på 337 mill. kroner. I tillegg vart løyvingane til administrasjon i Forskingsrådet, og løyvingane til Regionale forskingsfond reduserte.

Under programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering har utgiftene auka med drygt 0,5 mrd. kroner, frå knapt 12,0 mrd. kroner til drygt 12,5 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 0,9 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 5,4 prosent. Nedgangen frå 2015 til 2016 kjem mellom anna av lågare utgifter til rentefritak under utdanning, lågare valutajustering og færre studentar i utlandet. Auken frå 2016 til 2017 kjem hovudsakleg av høgare studenttal og innfasing av ei veke ekstra med stønad i opptrapping mot 11 månader med studiestønad.

Utgiftene til lånetransaksjonar har auka med 2,6 mrd. kroner, frå 23,4 mrd. kroner til 26,0 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 3,3 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 7,7 prosent. Årsaka til auken frå 2016 er auke i studiestønaden gjennom Lånekassa som følgje av høgare studenttal og at det er lagt inn ei veke meir med stønad i opptrapping mot 11 månader med studiestønad. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar om utlåna frå Lånekassa er nærare spesifiserte.

2.4 Kulturdepartementet

Programområde 08 Kulturføremål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2015

Rekneskap 2016

Budsjett 2017

Rekneskap 2017

08.10

Administrasjon

138,9

144,5

166,6

165,5

08.15

Samfunns- og frivilligheitsføremål

2 076,9

1 775,5

1 609,8

1 597,3

08.20

Kulturføremål

7 283,5

7 587,0

7 860,5

7 807,6

08.30

Medieføremål m.m.

1 240,8

1 293,7

1 342,8

1 299,6

08.40

Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn1)

2 050,3

2 348,8

2 816,7

2 824,0

Sum før lånetransaksjonar

12 790,4

13 149,4

13 796,4

13 693,9

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Kulturdepartementet

12 790,4

13 149,4

13 796,4

13 693,9

1) Den norske kyrkja vart frå 1.1.2017 skilt ut frå staten, og etablert som eit eige rettssubjekt. Den ordinære løyvinga frå staten vart erstatta med eit årleg tilskot til kyrkja.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 102,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2016 aukar disponibel løyving med 220,1 mill. kroner, frå 13 796,4 mill. kroner til 14 016,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 322,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 19,2 mill. kroner. Det er overført til saman 320,7 mill. kroner til 2018 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 08 Kulturføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,9 mrd. kroner, frå 12,8 mrd. kroner til 13,7 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 2,8 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 4,1 prosent.

Under programkategori 08.10 Administrasjon har utgiftene auka med 27 mill. kroner, frå 139 mill. kroner til 166 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 4,0 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 14,6 prosent. Auken frå 2016 til 2017 gjeld særleg husleigeutgifter og ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse, jf. omtale i innleiinga til kapittel 2.

Under programkategori 08.15 Samfunns- og frivilligheitsføremål har utgiftene minka med 0,5 mrd. kroner, frå 2,1 mrd. kroner til 1,6 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 14,5 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 10,0 prosent. Nedgangen frå 2016 til 2017 kom i hovudsak av at løyvinga til frivilligsentralane vart overført til Kommunal- og moderniseringsdepartementet i 2017 og at 2016 var siste år med løyving til Ungdoms-OL 2016.

Under programkategori 08.20 Kulturføremål har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 7,3 mrd. kroner til 7,8 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 4,2 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 2,9 prosent.

Under programkategori 08.30 Medieføremål m.m. har utgiftene auka med 59 mill. kroner, frå 1 241 mill. kroner til 1 300 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 4,3 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 0,5 prosent.

Under programkategori 08.40 Den norske kyrkjaog andre trus- og livssynssamfunn har utgiftene auka med 774 mill. kroner, frå 2 050 mill. kroner til 2 824 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 14,6 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 20,2 prosent. Auken frå 2016 til 2017 gjeld utgifter på til saman 426 mill. kroner ved å etablere Den norske kyrkja som eit eige rettssubjekt frå 1. januar 2017. I samband med dette vart det løyvd eit særskilt tilskot til dekning av feriepengar på 147 mill. kroner og eit særskilt eigenkapitaltilskot på 100 mill. kroner. Det årlege tilskotet til kyrkja vart samstundes auka med 179 mill. kroner for å dekkje pensjonsutgifter, som tidlegare vart rekneskapsført på sentralt kapittel under Arbeids- og sosialdepartementet.

2.5 Justis- og beredskapsdepartementet

Programområde 06 Justissektoren

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2015

Rekneskap 2016

Budsjett 2017

Rekneskap 2017

06.10

Administrasjon

423,3

479,8

578,8

573,6

06.20

Rettsstell

2 559,3

2 624,5

2 909,5

2 866,8

06.30

Kriminalomsorg

4 264,9

4 521,0

5 054,4

5 114,9

06.40

Politi- og påtalemakt

15 797,1

17 107,0

19 528,2

19 442,3

06.50

Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap

3 870,7

3 214,4

4 700,8

3 583,4

06.60

Andre verksemder

1 427,8

1 571,4

1 546,7

1 573,4

06.70

Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m.

1 480,2

1 611,6

1 544,2

1 461,9

06.80

Svalbardbudsjettet

261,5

276,1

322,2

268,2

06.90

Beskyttelse og innvandring

5 508,4

8 166,7

4 189,9

4 069,7

06.95

Integrering og mangfald

9 800,6

13 195,8

18 522,4

18 427,6

Sum før lånetransaksjonar

45 393,7

52 768,3

58 897,1

57 381,9

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Justis- og beredskapsdepartementet

45 393,7

52 768,3

58 897,1

57 381,9

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 515,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2016 aukar disponibel løyving med 837,6 mill. kroner, frå 58 897,1 mill. kroner til 59 734,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 2 352,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 88,6 mill. kroner. Det er overført til saman 1 242,2 mill. kroner til 2018 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 06 Justissektoren har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 12,0 mrd. kroner, frå 45,4 mrd. kroner til 57,4 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 16,2 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 8,7 prosent. I 2017 er det innført ei ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse, jf. omtale i innleiinga til kapittel 2. Denne omlegginga aukar lønsutgiftene for departementet og etatane frå 2016 til 2017, og forklarer om lag halvdelen av auken på programområdet siste året.

Under programkategori 06.10 Administrasjon har utgiftene auka med 150 mill. kroner, frå 423 mill. kroner til 574 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 13,3 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 19,6 prosent. Auken frå 2016 til 2017 følgjer i hovudsak av heilårseffekten av at ansvaret for integreringsområdet vart overført frå Barne- og likestillingsdepartementet til Justis- og beredskapsdepartementet i 2016, og ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse. Vidare fekk departementet i 2017 tilført midlar til dekning av husleige til erstatningslokale tekne i bruk etter bombeangrepet i regjeringskvartalet i 2011. Tidlegare vart storparten av desse utgiftene dekte av Statsbygg.

Under programkategori 06.20 Rettsstell har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 2,6 mrd. kroner til 2,9 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 2,5 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 9,2 prosent. Auken kjem i hovudsak av pris- og lønsvekst og som følgje av ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse.

Under programkategori 06.30 Kriminalomsorg har utgiftene auka med knapt 0,9 mrd. kroner, frå knapt 4,3 mrd. kroner til drygt 5,1 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 6,0 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 13,1 prosent. Auken over perioden 2015–2017 heng saman med kapasitetsutvidande tiltak i sektoren og ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse.

Under programkategori 06.40 Politi- og påtalemakt har utgiftene auka med 3,6 mrd. kroner, frå 15,8 mrd. kroner til 19,4 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 8,3 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 13,7 prosent. Hovudforklaringa til auken i utgiftene i perioden 2015–2017 er fleire politistillingar, IKT-tiltak, gjennomføring av nærpolitireforma, tryggleik og beredskap, returarbeid og ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse.

Under programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap har utgiftene minka med 0,3 mrd. kroner, frå 3,9 mrd. kroner til 3,6 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 17,0 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 11,5 prosent. Hovudforklaringa til nedgangen i utgiftene er reduserte løyvingar til naudnettet, som følgje av at den landsdekkjande utbygginga av dette snart er fullført. Auken frå 2016 til 2017 kjem av kjøp av nye redningshelikopter og naudsynte tiltak for tilrettelegging av infrastruktur.

Under programkategori 06.60 Andre verksemder har utgiftene auka med drygt 0,1 mrd. kroner, frå drygt 1,4 mrd. kroner til knapt 1,6 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 10,1 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 0,1 prosent. Svingingar i rekneskapstala mellom åra kjem i hovudsak av variasjonar i særskilde straffesaksutgifter. Desse utgiftene auka i 2017, medan utgiftene til vergemålsordninga minka som følgje av at få einslege, mindreårige asylsøkjarar kom til Noreg i 2016 og 2017 samanlikna med 2015.

Under programkategori 06.70 Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m. har utgiftene over treårsperioden vore om lag uendra rundt eit nivå på 1,5 mrd. kroner, men svinga mellom åra. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 8,9 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 9,3 prosent. Sistnemnde kjem mellom anna av ein nedgang i utgifter til fri rettshjelp.

Programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet syner netto utgifter på 268,2 mill. kroner for 2017. Tilskotet til svalbardbudsjettet kjem fram av kapittel 480, post 50 i statsrekneskapen og utgjer eit netto tilskot. Mindreforbruket på kap. 480, post 50 kjem i hovudsak av auka skatteinngang frå føretak. Meirinntekta inneber at tilskotet frå statsbudsjettet vert lågare.

Under programkategori 06.90 Beskyttelse og innvandring har utgiftene minka med 1,4 mrd. kroner, frå 5,5 mrd. kroner til 4,1 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 48,3 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 50,2 prosent. Nedgangen på utlendingsfeltet i perioden kjem i hovudsak av at det i 2016 og 2017 kom få asylsøkjarar til Noreg, høvesvis 3 460 og 3 560 personar, samanlikna med 2015, då det kom 31 150 asylsøkjarar.

Under programkategori 06.95 Integrering og mangfald har utgiftene auka med 8,6 mrd. kroner, frå 9,8 mrd. kroner til 18,4 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 34,6 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 39,6 prosent. Hovudårsaka er auke i talet på busette flyktningar som utløyser integreringstilskot til kommunane.

2.6 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Programområde 13 Kommunal, bustad og modernisering

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2015

Rekneskap 2016

Budsjett 2017

Rekneskap 2017

13.00

Administrasjon og fellestenester m.m.

1 952,5

2 017,4

2 063,2

2 094,6

13.25

Fylkesmannsembeta

1 755,2

1 745,8

1 992,4

1 978,7

13.30

Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning

4 480,1

5 539,2

5 519,4

5 590,2

13.40

Forvaltningsutvikling og IKT-politikk

394,6

469,6

555,8

565,0

13.45

Personvern

40,8

47,9

53,1

54,9

13.50

Distrikts- og regionalpolitikk

2 115,7

1 931,2

1 757,3

1 764,8

13.60

Samiske føremål

311,2

316,8

332,6

333,5

13.67

Nasjonale minoritetar

22,1

25,6

31,1

27,5

13.70

Rammeoverføringar til kommunesektoren m.m.

162 607,9

165 989,8

172 300,6

172 399,3

13.80

Bustad, bustadmiljø og bygg

4 781,2

5 259,3

4 841,4

4 659,0

13.90

Planlegging, byutvikling og geodata

848,9

1 018,9

1 342,2

1 382,5

Sum før lånetransaksjonar

179 310,1

184 361,3

190 789,1

190 850,0

Lånetransaksjonar

17 870,8

14 670,4

15 659,0

16 323,2

Sum Kommunal- og moderniseringsdepartementet

197 180,9

199 031,7

206 448,1

207 173,2

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 60,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2016 aukar disponibel løyving med 1 448,1 mill. kroner, frå 190 789,1 mill. kroner til 192 237,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 387,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 100,3 mill. kroner. Det er overført til saman 1 355,6 mill. kroner til 2018 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 664,2 mill. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 13 Kommunal, bustad og modernisering har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 11,5 mrd. kroner, frå 179,3 mrd. kroner til 190,9 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 2,8 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 3,5 prosent.

Under programkategori 13.25 Fylkesmannsembeta har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 1,8 mrd. kroner til 2,0 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 0,5 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 13,3 prosent. Auken frå 2016 til 2017 kjem mellom anna av ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse, jf. omtale i innleiinga til kapittel 2, og flytting av finansiering av oppgåver frå Landbruks- og matdepartements og Barne- og likestillingsdepartementets budsjetter.

Under programkategori 13.30 Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning har utgiftene auka med 1,1 mrd. kroner, frå 4,5 mrd. kroner til 5,6 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 23,6 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 0,9 prosent. Auken frå 2015 til 2016 kjem i hovudsak av vidareføring av byggeprosjekt Stortinget tidlegare har vedteke at skal gjennomførast, og gjeld mellom anna vidareføring av utbygginga av Nasjonalmuseet på Vestbanen, Campus Ås og oppstartsløyving til fengselsplassar ved Ullersmo og Indre Østfold fengsel. Auken frå 2016 til 2017 kjem mellom anna av løyving til nytt regjeringskvartal og auka behov til vidareføring av fleire byggeprosjekt.

Under programkategori 13.40 Forvaltningsutvikling og IKT-politikk har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 0,4 mrd. kroner til 0,6 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 19,0 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 20,3 prosent. Auken frå 2015 til 2016 kjem i hovudsak av innføringa av ordninga for medfinansiering av lønsame IKT-prosjekt. Auken kjem dessutan av at det vart løyva midlar til ny løysing for Offentleg elektronisk postjournal og til å etablere Statens innkjøpssenter i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Auken frå 2016 til 2017 kjem i hovudsak av ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse, jf. omtale i innleiinga til kapittel 2, og auka bruk av Difi sine nasjonale felleskomponentar.

Under programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk har utgiftene minka med 0,35 mrd. kroner, frå drygt 2,1 mrd. kroner til knapt 1,8 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 8,7 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 8,6 prosent. Nedgangen frå 2015 til 2017 kjem av at midlar frå programkategori 13.50 er omprioriterte for å gje rom for auka løyvingar til fysisk infrastruktur, mellom anna vedlikehald av fylkesvegar, vekstfremmande skattelettar og forsking.

Under programkategori 13.70 Rammeoverføringar til kommunesektoren m.m. har utgiftene auka med 9,8 mrd. kroner, frå 162,6 mrd. kroner til 172,4 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 2,1 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 3,9 prosent. Utgiftene under denne programkategorien må sjåast i samanheng med det samla økonomiske opplegget for kommunesektoren i statsbudsjettet. Auken frå 2015 til 2017 heng saman med den generelle styrkinga av dei frie inntektene til kommunesektoren, auke i utgiftene i toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester, auke i tilskot til eingongskostnader i samband med kommune- og regionreforma og tilskot til vedlikehald og rehabilitering i kommunane på Sør- og Vestlandet.

Under programkategori 13.80 Bustad, bustadmiljø og bygg har utgiftene minka med 0,1 mrd. kroner, frå 4,8 mrd. kroner til 4,7 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 10,0 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 11,4 prosent. Auken frå 2015 til 2016 kjem av auka løyving til bostønadsordninga, og utbetaling av eittårige satsingar på tilskot til utleigebustader. Nedgangen frå 2016 til 2017 kjem hovudsakleg av reduserte feilutbetalingar av bustønad, utfasing av eittårige satsingar på tilskot til utleigebustader og lågare etterspurnad etter tilskot til utleigebustader.

Under programkategori 13.90 Planlegging, byutvikling og geodata har utgiftene auka med 534 mill. kroner, frå 849 mill. kroner til 1 383 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 20,0 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 35,7 prosent. Auken frå 2015 til 2016 kjem hovudsakleg av at tilskotet til bustad-, by og områdeutvikling vart flytta til programkategorien. Auken kjem dessutan av auka løyvingar til Statens kartverk, mellom anna ei eittårig sysselsettings- og digitaliseringspakke og til jordobservatoriet i Ny-Ålesund. Auken frå 2016 til 2017 kjem av endra organisering av Kartverket, frå statleg forvaltningsverksemd til ordinært bruttobudsjettert forvaltningsorgan.

Lånetransaksjonane syner ein nedgang på 1,6 mrd. kroner frå 17,9 mrd. kroner til 16,3 mrd. kroner. Det var ein nedgang på 17,9 prosent frå 2015 til 2016 og ein auke på 11,3 prosent frå 2016 til 2017. Nedgangen frå 2015 til 2016 kjem hovudsakleg av eit lågare volum av utbetalte grunnlån i Husbanken. Årsaka er dels lågare søknadsvolum, som gir redusert volum av innvilga lån, og dels lågare utbetalingar av dei innvilga låna. Nedgangen frå 2015 til 2016 har òg samanheng med det eittårige tilskotet til styrking av aksjekapitalen i Kommunalbanken i 2015. Auken frå 2016 til 2017 kjem hovudsakleg som følgje av ein auke i tilsegner om startlån frå Husbanken. I 2017 gav dei tilsegner om startlån til kommunane for 8,3 mrd. kroner, som er 1,1 mrd. kroner meir enn i 2016. Startlån vert stort sett utbetalte i tilsegnsåret, medan grunn- og barnehagelån vert utbetalte over fleire år. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå Husbanken er nærare spesifiserte.

2.7 Arbeids- og sosialdepartementet

Arbeids- og sosialdepartementet har ansvaret for tre budsjettområde: programområde 09 Arbeid og sosiale føremål, programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda og programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2015

Rekneskap 2016

Budsjett 2017

Rekneskap 2017

09.00

Administrasjon

429,1

428,9

481,4

472,0

09.10

Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken

12 290,9

12 035,4

12 542,9

12 283,8

09.20

Tiltak for betra levekår m.m.

337,6

352,9

346,8

334,9

09.30

Arbeidsmarknad

7 783,5

8 292,8

8 962,6

9 061,3

09.40

Arbeidsmiljø og tryggleik

980,8

991,4

1 078,3

1 090,7

09.50

Pensjonar mv. under Statens pensjonskasse

11 318,1

12 639,7

6 004,9

5 955,5

09.60

Kontantytingar

2 384,0

2 395,5

2 579,0

2 579,2

Sum før lånetransaksjonar

35 523,9

37 136,6

31 995,9

31 777,3

Lånetransaksjonar

7 844,0

3 551,6

3 800,0

4 073,8

Sum Arbeid og sosiale føremål

43 367,8

40 688,2

35 795,9

35 851,1

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda

29.20

Einslege forsørgjarar

3 665,6

3 352,2

3 062,4

3 066,8

29.50

Inntektssikring ved sjukdom og uførleik

151 186,3

154 250,5

157 819,7

157 671,0

29.60

Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m.

9 119,7

9 486,6

9 972,7

10 053,0

29.70

Alderdom

190 563,4

201 708,7

211 205,0

211 187,3

29.80

Forsørgjartap m.m.

2 422,6

2 336,2

2 263,3

2 272,2

Sum før lånetransaksjonar

356 957,6

371 134,1

384 323,1

384 250,3

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Sosiale føremål, folketrygda

356 957,6

371 134,1

384 323,1

384 250,3

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

33.30

Arbeidsliv

14 573,7

16 259,5

14 600,0

14 784,6

Sum før lånetransaksjonar

14 573,7

16 259,5

14 600,0

14 784,6

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Arbeidsliv, folketrygda

14 573,7

16 259,5

14 600,0

14 784,6

Sum Arbeids- og sosialdepartementet

414 899,2

428 081,9

434 719,0

434 886,0

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 218,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2016 aukar disponibel løyving med 497,1 mill. kroner, frå 31 995,9 mill. kroner til 32 493,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 715,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 6,3 mill. kroner. Det er overført til saman 604,1 mill. kroner til 2018 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 273,8 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 09 Arbeid og sosiale føremål har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 3,7 mrd. kroner, frå 35,5 mrd. kroner til 31,8 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 4,5 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 14,4 prosent. Hovudårsaka til nedgangen i 2017 er innføring av forenkla pensjonspremiebetaling for statlege verksemder til Statens pensjonskasse. Sjå omtale under programkategori 09.50 nedanfor.

Under programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken har utgiftene over treårsperioden vore om lag uendra rundt eit nivå på 12,3 mrd. kroner, men svinga mellom åra. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 2,1 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 2,1 prosent.

Under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad har utgiftene auka med 1,3 mrd. kroner, frå 7,8 mrd. kroner til 9,1 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 6,5 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 9,3 prosent. Auken frå 2016 til 2017 kjem mellom anna av at det er gjennomført fleire tiltaksplassar for arbeidsmarknadstiltak i 2017 enn i 2016.

Under programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og tryggleik har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,0 mrd. kroner til 1,1 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 1,1 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 10,0 prosent.

Frå 2015 til 2016 er det ein mindre auke på 10 mill. kroner som mellom anna kjem av overføringar og auka løyvingar til Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet. Hovudgrunnen til endringa frå 2016 til 2017 er knytt til ordninga som gjeld statlege bruttobudsjetterte verksemder som ikkje tidlegare har betalt arbeidsgjevarpremie, og som frå 2017 fekk auka løyvinga til dekking av utgifter tilsvarande 12 prosent arbeidsgjevarpremie.

Under programkategori 09.50 Pensjonar mv.under Statens pensjonskasse har utgiftene minka med knapt 5,4 mrd. kroner, frå 11,3 mrd. kroner til knapt 6,0 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 11,7 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 52,9 prosent.

Under programkategorien utgiftsfører ein mellom anna statens netto pensjonsutbetalingar gjennom Statens pensjonskasse (SPK). Det vart frå 2017 innført ei forenkla premiebetalingsordning for statlege verksemder. Ordninga vart innført budsjettnøytralt på omleggingstidspunktet. For statlege verksemder som frå 2017 betaler pensjonspremie til SPK, vert premieinnbetalinga hos SPK ført som utgiftsreduksjon på kapittel 612 Tilskot til Statens pensjonskasse. Nedgangen frå 2016 til 2017 kjem difor av auka premieinntekter som følgje av at store deler av statsforvaltninga no betaler pensjonspremie ut frå ein forenkla, fast premiesats på 14 prosent; (arbeidsgjevardel på 12 prosent og medlemsinnskot på 2 prosent). I tillegg vert ikkje arbeidsgjevaravgift til folketrygda lenger utgiftsført sentralt på kapittel 613 under ASD/SPK, men av den einskilde premiebetalande verksemda. Omlegginga har samla sett påverka programkategori 09.50 med om lag 7,5 mrd. kroner i netto utgiftsnedgang. Desse utgiftene er i 2017 omfordelte til statlege verksemder og programområde der den tilhøyrande pensjonsgjevande løna er utgiftsført.

Brutto utlån for bustadlånsordninga (lånetransaksjonar) på kapittel 614 er gått ned frå 7,8 mrd. kroner i 2015 til 4,1 mrd. kroner i 2017. Dette utgjer ein årleg gjennomsnittleg nedgang på 28 prosent. Nedgangen kjem av lågare etterspurnad etter lån. Samla utlån for bustadlånsordninga er redusert fordi avdrag og innfriing av gamle lån overstig brutto utlån. Samla utlån i bustadlånsordninga per 31.12.2017 er 49,1 mrd. kroner. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå bustadlånsordninga i SPK er nærare spesifiserte.

Under programkategori 09.60 Kontantytingar har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 2,4 mrd. kroner til 2,6 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 0,5 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 7,7 prosent.

Programkategorien omfattar statstilskot til avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor, krigspensjon, statstilskot til pensjonstrygda for sjømenn og supplerande stønad til personar over 67 år. Auken frå 2016 til 2017 kjem i hovudsak av at utgiftene til AFP har auka.

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 72,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2016 aukar disponibel løyving med 106,4 mill. kroner, frå 384 323,1 mill. kroner til 384 429,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 179,1 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

Det er ikkje meirinntekter knytte til programområdet, som stort sett inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar. Det er overført til saman 133,3 mill. kroner til 2018 på postar merkte «kan overførast».

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 27,3 mrd. kroner, frå 357,0 mrd. kroner til 384,3 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 4,0 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 3,5 prosent.

Under programkategori 29.20 Einslege forsørgjarar har utgiftene minka med 0,6 mrd. kroner, frå 3,7 mrd. kroner til 3,1 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 8,6 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 8,5 prosent. Regelverksendringar i overgangsstønadsordninga har ført til færre nye mottakarar og redusert lengde på stønadsperiodane.

Under programkategori 29.50 Inntektssikring ved sjukdom og uførleik har utgiftene auka med 6,5 mrd. kroner, frå 151,2 mrd. kroner til 157,7 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 2,0 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 2,2 prosent.

Utgiftene til sjukepengar for arbeidstakarar var på 39,8 mrd. kroner i 2017, ein auke på 0,3 mrd. kroner frå 2015 og på 0,6 mrd. kroner frå 2016. Utgiftene til arbeidsavklaringspengar var på 34,8 mrd. kroner i 2017, ein nedgang på 0,2 mrd. kroner frå 2015. Utgiftene til uføretrygd var på 83 mrd. kroner i 2017, ein auke på 6,4 mrd. kroner frå 2015.

Frå 2016 til 2017 gjekk talet på sjukedagar som folketrygda har betalt for ned, medan betalinga for kvar sjukedag framleis auka. Talet på sjukepengedagar per sysselsett arbeidstakar som folketrygda har betalt for (korrigert for sjukepengegrad), vart redusert frå 8,6 arbeidsdagar i 2016 til 8,3 dagar i 2017. Dette er det lågaste nivået sidan 1995.

Per desember 2015 var det 148 535 mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Ved utgangen av 2016 var talet på mottakarar gått ned til 146 262. Nedgangen heldt fram i 2017. Per desember 2017 var det 140 623 mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Hovudgrunnen til nedgangen i utgifter til arbeidsavklaringspengar er færre mottakarar, mellom anna som følgje av overgang til uføretrygd. Samstundes har utbetalinga per mottakar auka grunna regulering av grunnbeløpet i folketrygda.

Talet på uføretrygda har auka frå 314 800 ved utgangen av 2015 til 318 200 ved utgangen av 2016. Ved utgangen av 2017 har talet på uføretrygda auka til 325 900. Auken i 2016 og i 2017 heng saman med at mange tidlegare mottakarar av arbeidsavklaringspengar gjekk over til uføretrygd, og at færre mottakarar enn tidlegare år har gått over til alderspensjon. Grunnen til auka utgifter i 2016 og 2017 var hovudsakleg fleire mottakarar. Samstundes har gjennomsnittleg yting auka grunna regulering av grunnbeløpet i folketrygda, og fordi gifte/sambuande uføre som tidlegare hadde uførepensjon fekk auka yting frå 1. september 2016. Sistnemnde tiltak fekk full effekt i 2017.

Under programkategori 29.70 Alderdom har utgiftene auka med 20,6 mrd. kroner, frå 190,6 mrd. kroner til 211,2 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 5,8 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 4,7 prosent.

Auken frå 2015 til 2016 målt i fast grunnbeløp var på 3,3 prosent, medan auken frå 2015 til 2016 var på 3,0 prosent. Grunnen til auken er i hovudsak at det vart fleire alderspensjonistar. Mesteparten av auken skjedde blant pensjonistar i aldersgruppa 67 år og over.

Frå 1. januar 2011 vart det høve til å starte uttak av alderspensjon frå 62 år. I 2015 var gjennomsnittleg tal på mottakarar mellom 62 og 66 år om lag 86 000, i 2016 var det om lag 90 000 og i 2017 var det om lag 92 000. Gjennomsnittleg tal på alderspensjonistar var om lag 854 000 i 2015, om lag 881 000 i 2016 og om lag 905 000 i 2017.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap syner ei meirutgift på 184,6 mill. kroner av ei samla løyving på 14,6 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter knytte til programområdet, sidan det berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene auka nominelt med 0,2 mrd. kroner, frå 14,6 mrd. kroner til 14,8 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 11,6 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 9,1 prosent.

Endringa for programkategori 33.30 for 2017 kjem for det meste av at utgiftene til dagpengar har minka som følgje av færre arbeidslause med rett til dagpengar. Nedgangen vart dempa av at gjennomsnittleg utbetaling per dagpengemottakar auka med 3,9 prosent.

2.8 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 10 Helse og omsorg og programområde 30 Stønad ved helsetenester, folketrygda.

Programområde 10 Helse og omsorg

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2015

Rekneskap 2016

Budsjett 2017

Rekneskap 2017

10.00

Helse- og omsorgsdepartementet m.m.

715,4

1 066,7

1 017,4

1 218,5

10.10

Folkehelse

2 130,6

2 292,2

1 997,3

2 121,8

10.20

Helseforvaltning1)

2 049,8

1 792,5

1 919,5

1 900,4

10.30

Spesialisthelsetenester

134 271,4

135 978,8

140 843,2

140 662,2

10.40

Sentral helseforvalting1)

0,0

0,0

114,2

114,4

10.50

Legemiddel

319,6

361,6

336,2

340,1

10.60

Helse- og omsorgstenester i kommunane

7 495,9

7 776,5

10 709,0

10 894,2

10.70

Tannhelse

235,2

261,5

285,8

280,8

10.80

Kunnskap og kompetanse

718,3

668,4

691,2

691,0

Sum før lånetransaksjonar

147 936,2

150 198,2

157 913,7

158 223,5

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Helse og omsorg

147 936,2

150 198,2

157 913,7

158 223,5

Programområde 30 Stønad ved helsetenester, folketrygda

30.10

Spesialisthelsetenester m.m.

5 185,1

5 334,4

5 545,9

5 465,3

30.50

Legehjelp, legemiddel m.m.

24 174,8

24 531,5

25 668,4

25 369,0

30.90

Andre helsetiltak

185,9

201,3

220,0

214,2

Sum før lånetransaksjonar

29 545,8

30 067,1

31 434,3

31 048,6

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Stønad ved helsetenester, folketrygda

29 545,8

30 067,1

31 434,3

31 048,6

Sum Helse- og omsorgsdepartementet

177 482,0

180 265,4

189 348,0

189 272,0

1) I 2017 vart Statens strålevern på ny etablert som ein eigen etat. Det medførte at midlar vart overført frå Helsedirektoratet under programkategori 10.20 til nyoppretta programkategori 10.40.

Programområde 10 Helse og omsorg

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 309,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2016 aukar disponibel løyving med 1 214,3 mill. kroner, frå 157 913,7 mill. kroner til 159 128,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 904,5 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 385,1 mill. kroner. Det er overført til saman 1 054,8 mill. kroner til 2018 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 10 Helse og omsorg har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 10,3 mrd. kroner, frå 147,9 mrd. kroner til 158,2 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 1,5 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 5,3 prosent.

Under programkategori 10.00 Helse- og omsorgsdepartementet m.m. har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 0,7 mrd. kroner til 1,2 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 49,1 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 14,2 prosent. Auken frå 2015 til 2016 kjem i hovudsak av løyvingar for 2016 som vart flytta frå programkategoriane 10.20 og 10.80 ved etableringa av Direktoratet for e-helse. Auken frå 2016 til 2017 kjem i hovudsak av ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse, jf. omtale i innleiinga til kapittel 2, større løyvingar til helsekort for gravide og prosjekt på helsenorge.no finansiert av dei regionale helseføretaka. For EU-kontingentar minka utgiftene frå 2016 til 2017 med om lag 25 mill. kroner.

Under programkategori 10.10 Folkehelse har utgiftene over treårsperioden vore om lag uendra rundt eit nivå på 2,1 mrd. kroner, men svinga mellom åra. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 7,6 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 7,4 prosent. Årsaka til reduserte utgifter frå 2016 til 2017 er mellom anna utskilling av rettsmedisinske fag til Oslo Universitetssykehus.

Under programkategori 10.20 Helseforvaltning har utgiftene minka med 0,15 mrd. kroner, frå 2,05 mrd. kroner til 1,9 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 12,6 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 6,0 prosent. Auken i utgifter frå 2016 til 2017 kjem i all hovudsak av ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse, jf. omtale i innleiinga til kapittel 2.

Under programkategori 10.30 Spesialisthelsetenester har utgiftene auka med 6,4 mrd. kroner, frå 134,3 mrd. kroner til 140,7 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 1,3 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 3,4 prosent. Auken frå 2016 til 2017 kjem hovudsakleg av vekst i pasientbehandlinga.

Under programkategori 10.60 Helse- og omsorgstenester i kommunane har utgiftene auka med 3,4 mrd. kroner, frå 7,5 mrd. kroner til 10,9 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 3,7 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 40,1 prosent. Årsaka til auken frå 2015 til 2016 er at det vart flytta 0,6 mrd. kroner frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) til halvårseffekt av forsøksordninga for statleg finansiering av eldreomsorga. Samtidig vart 0,5 mrd. kroner flytta til KMD som følgje av innlemming av midlar til etablering av døgntilbod for pasientar. Årsaka til auken frå 2016 til 2017 kjem hovudsakleg av at det vart flytta 1,3 mrd. kroner frå KMD til forsøksordninga for statleg finansiering av eldreomsorga, og større løyvingar til investeringstilskot for heildøgns omsorgsplassar og opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering.

Under programkategori 10.70 Tannhelse har utgiftene auka med 46 mill. kroner, frå 235 mill. kroner til 281 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 11,2 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 7,4 prosent. Auken er knytt til omdisponeringar frå stønadsordningane i folketrygda.

Under programkategori 10.80 Kunnskap og kompetanse har utgiftene minka med 27 mill. kroner, frå 718 mill. kroner til 691 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 6,9 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 3,4 prosent. Nedgangen frå 2015 til 2016 kjem særleg av at tilskot til Helseregistre (kap. 782) vart flytta frå programkategori 10.80 til programkategori 10.10 (kap. 701). Auken frå 2016 til 2017 kjem hovudsakleg som følgje av større løyvingar til tiltak i oppfølging av HelseOmsorg21-strategien, mellom anna etablering av ei ny senterordning for klinisk helseforsking.

Programområde 30 Stønad ved helsetenester

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 385,7 mill. kroner av eit samla budsjett på 31,4 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar knytte til programområdet, som berre inneheld løyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 30 Stønad ved helsetenester har utgiftene auka nominelt med 1,5 mrd. kroner, frå 29,5 mrd. kroner til 31,0 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 1,8 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 3,3 prosent.

Under programkategori 30.10 Spesialisthelsetenester m.m. har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 5,2 mrd. kroner til 5,5 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 2,9 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 2,5 prosent. Auken frå 2016 til 2017 kjem hovudsakleg av vekst i utgifter til spesialisthjelp og laboratorie- og røntgenundersøkingar.

Under programkategori 30.50 Legehjelp, legemiddel m.m. har utgiftene auka med 1,2 mrd. kroner, frå 24,2 mrd. kroner til 25,4 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 1,5 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 3,4 prosent. Auken frå 2016 til 2017 kjem mellom anna av høgare utgifter til legemiddel, medisinsk forbruksmateriell, eigenandelstak 1, helseteneste i kommunane og helsehjelp i utlandet. Det var ein stor auke i utgiftene til eigenandelstak 2 og om lag ein like stor nedgang i utgiftene til fysioterapibehandling. Dette har samanheng med avviklinga av sjukdomslista i 2017. Utgiftene til legemiddel og medisinsk forbruksmateriell har auka med høvesvis 1,9 og 3,2 prosent.

Under programkategori 30.90 Andre helsetiltak har utgiftene auka med 28 mill. kroner, frå 186 mill. kroner til 214 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 8,3 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 6,4 prosent. Auken kjem særleg av økte utgifter til legemiddel.

2.9 Barne- og likestillingsdepartementet

Barne- og likestillingsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 11 Barn og likestilling og programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda.

Programområde 11 Barn og likestilling

(i mill. kr)

Programkategori1)

Rekneskap 2015

Rekneskap 2016

Budsjett 2017

Rekneskap 2017

11.00

Administrasjon

173,8

156,1

163,4

157,9

11.10

Familie og oppvekst

17 710,6

17 745,7

17 986,0

18 014,9

11.20

Barnevernet

9 343,8

9 957,2

9 273,5

9 271,2

11.30

Forbrukarpolitikk

223,4

217,6

225,3

224,5

11.40

Likestilling og ikkje-diskriminering2)

0,0

344,5

362,8

351,6

Sum før lånetransaksjonar

27 451,6

28 421,0

28 011,0

28 020,1

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Barn og likestilling

27 451,6

28 421,0

28 011,0

28 020,1

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda

28.50

Stønad ved fødsel og adopsjon

19 303,6

19 546,4

20 053,0

19 660,5

Sum før lånetransaksjonar

19 303,6

19 546,4

20 053,0

19 660,5

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Foreldrepengar, folketrygda

19 303,6

19 546,4

20 053,0

19 660,5

Sum Barne- og likestillingsdepartementet

46 755,2

47 967,4

48 064,0

47 680,6

1) Frå 2016 vart programkategori 11.05 Integrering og mangfald overført frå Barne- og likestillingsdepartementet til programkategori 06.95 under Justis- og beredskapsdepartementet. Samanliknbare tal for 2015 er omklassifiserte.

2) BLD har i statsbudsjettet for 2016 gjort endringar i budsjettstrukturen. Det er mellom anna oppretta ein ny programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering. Den nye programkategorien spring ut frå programkategori 11.10. Samanlikningstal for rekneskapen 2015 er ikkje omklassifiserte i tabellen ovanfor.

Programområde 11 Barn og likestilling

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 9,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2016 aukar disponibel løyving med 103,1 mill. kroner, frå 28 011,0 mill. kroner til 28 114,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 94,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det mindreinntekter på i alt 0,9 mill. kroner. Det er overført til saman 92,2 mill. kroner til 2018 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 11 Barn og likestilling har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med knapt 0,6 mrd. kroner, frå knapt 27,5 mrd. kroner til drygt 28,0 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 3,5 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 1,4 prosent.

Under programkategori 11.10 Familie og oppvekst har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 17,7 mrd. kroner til 18,0 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 0,2 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 1,5 prosent. Det har i perioden mellom anna vore auka utbetalingar til den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom og auka utgiftar til familievernet og tiltak mot vald og overgrep.

Under programkategori 11.20 Barnevernet har utgiftene i perioden 2015 til 2017 minka med 73 mill. kroner, frå drygt 9,3 mrd. kroner til knapt 9,3 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 6,6 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 6,9 prosent. Hovudårsaka til at utgiftene auka frå 2015 til 2016 er den store auken i einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar under 15 år som har fått opphald i omsorgssentera. Talet på einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar under 15 år gjekk derimot betydeleg ned frå 2016 til 2017 og dette er hovudårsaka til at utgiftene er reduserte.

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 392,5 mill. kroner av ei samla løyving på 20,1 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar knytte til programområdet, som berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

Under programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon har utgiftene auka nominelt med knapt 0,4 mrd. kroner, frå 19,3 mrd. kroner til 19,7 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 1,3 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 0,6 prosent. Talet på mottakarar av foreldrepengar har gått noko ned frå 2015 til 2017, medan oppteningsgrunnlaget til mottakarane har gått opp.

2.10 Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet har ansvar for programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål. I tillegg har departementet ansvar for programkategori 33.40 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2015

Rekneskap 2016

Budsjett 2017

Rekneskap 2017

17.10

Forvaltning og rammevilkår

4 178,0

4 524,8

4 988,3

5 031,2

17.20

Forsking og innovasjon

7 316,5

7 256,8

8 598,9

7 535,1

17.30

Marknadsadgang og eksport

115,5

109,6

229,1

222,1

17.40

Statleg eigarskap

541,9

325,3

158,2

456,7

Sum før lånetransaksjonar

12 151,8

12 216,5

13 974,5

13 245,2

Lånetransaksjonar

62 793,4

56 002,5

50 816,3

49 575,2

Sum Nærings- og fiskeriføremål

74 945,2

68 218,9

64 790,8

62 820,3

Programområde 33 Arbeidsliv, Folketrygda

33.40

Arbeidsliv

80,0

80,0

80,0

87,0

Sum før lånetransaksjonar

80,0

80,0

80,0

87,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Arbeidsliv, Folketrygda

80,0

80,0

80,0

87,0

Sum Nærings- og fiskeridepartementet

75 025,2

68 298,9

64 870,8

62 907,3

Programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 729,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2016 aukar disponibel løyving med 1 566,8 mill. kroner, frå 13 974,5 mill. kroner til 15 541,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 2 296,1 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 18,4 mill. kroner. Det er overført til saman 1 970,0 mill. kroner til 2018 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 241,1 mill. kroner.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,1 mrd. kroner, frå knapt 12,2 mrd. kroner til drygt 13,2 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 0,5 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 8,4 prosent.

Under programkategori 17.10 Forvaltning og rammevilkår har utgiftene auka med knapt 0,9 mrd. kroner, frå knapt 4,2 mrd. kroner til drygt 5,0 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 8,3 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 11,2 prosent. Årsaka til auken frå 2015 til 2016 er i hovudsak at einskilde tilskotsordningar har auka. Årsaka til auken frå 2016 til 2017 er mellom anna ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse, jf. omtale i innleiinga til kapittel 2. I tillegg er det i 2017 starta opp arbeid med nytt registersystem for Brønnøysundregistera. Det vart utbetalt 66,7 mill. kroner til arbeidet med nytt registersystem i 2017.

Under programkategori 17.20 Forsking og innovasjon har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 7,3 mrd. kroner til 7,5 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 0,8 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 3,8 prosent. Hovudgrunnen til auken frå 2016 til 2017 er auka aktivitet under Havforskingsinstituttet, knytte til ordinære driftsutgifter, oppdrag og forsking finansiert av fiskeriforskingsavgifta. I tillegg er det auka utbetalingar til miljøteknologiordninga under Innovasjon Noreg, og det er etablert ei ny ordning under Siva for tilskot til testsenter.

Under programkategori 17.30 Marknadsadgang og eksport har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 0,1 mrd. kroner til 0,2 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 5,1 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 102,8 prosent. Auken frå 2016 til 2017 kjem av at det vart utbetalt eit tilskot på 100,5 mill. kroner knytt til ordninga med stønad til kapitalvareeksport, den såkalla 108-ordninga, medan det ikkje vart utbetalt noko i 2016. Utbetalinga er knytt til eit samla oppgjer mellom Eksportfinans ASA, som forvaltar ordninga, og Nærings- og fiskeridepartementet.

Under programkategori 17.40 Statleg eigarskap har utgiftene minka med 85 mill. kroner, frå 542 mill. kroner til 457 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 40,0 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 40,4 prosent. Nedgangen frå 2015 til 2016 er knytt til at det i 2015 vart gjeve ei eingongsløyving på 500 mill. kroner til kjøp av eigedom og lån med tapsavsetjing til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Auken frå 2016 til 2017 er knytt til utbetaling av eingongsløyving til kjøp av eigedom i Austre Adventsfjord.

Utgiftene under Lånetransaksjonar minka med 6,8 mrd. kroner frå 2015 til 2016, og med 6,4 mrd. kroner frå 2016 til 2017. Dette kjem i hovudsak av at utlåna under eksportkredittordninga er redusert på grunn av marknadssituasjonen. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå Innovasjon Noreg og Eksportkreditt Noreg AS er nærare spesifiserte.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 7 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar knytt til programområdet, som berre omfattar ein tilskotspost (overslagsløyving).

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene over perioden auka med 7 mill. kroner, frå 80 mill. kroner til 87 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 var utgiftene uendra, medan dei frå 2016 til 2017 auka med 8,8 prosent.

Utgiftene gjeld arbeidsløysestønad til fiskarar og fangstmenn, og løyvinga er ei overslagsløyving. Stønaden vert finansiert innanfor det beløpet som fiskarar betaler i produktavgift ved fyrstehandsomsetjing av fisk og fiskevarer.

2.11 Landbruks- og matdepartementet

Programområde 15 Landbruk og mat

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2015

Rekneskap 2016

Budsjett 2017

Rekneskap 2017

15.00

Administrasjon m.m.

186,8

196,1

183,7

192,4

15.10

Matpolitikk

1 316,6

1 334,9

1 480,2

1 472,3

15.20

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

561,8

668,5

837,9

859,7

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

15 430,7

15 549,5

15 701,5

15 758,6

Sum før lånetransaksjonar

17 495,8

17 749,0

18 203,3

18 283,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Landbruks- og matdepartementet

17 495,8

17 749,0

18 203,3

18 283,0

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 79,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2016 aukar disponibel løyving med 241,5 mill. kroner, frå 18 203,3 mill. kroner til 18 444,8 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 161,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 38,9 mill. kroner. Det er overført til saman 219,4 mill. kroner til 2018 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 15 Landbruk og mat har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,8 mrd. kroner, frå 17,5 mrd. kroner til 18,3 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 1,4 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 3,0 prosent.

Under programkategori 15.10 Matpolitikk har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 1,3 mrd. kroner til 1,5 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 1,4 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 10,3 prosent. Midlane har gått til kunnskapsutvikling og til drift av Mattilsynet. Auken er mellom anna knytt til løns- og prisauke og ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse, jf. omtale i innleiinga til kapittel 2.

Under programkategori 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling har utgiftene auka med 298 mill. kroner, frå 562 mill. kroner til 860 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 19,0 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 28,6 prosent. Midlane har gått til forsking, innovasjon, basisløyvingar og kunnskapsutvikling. Auken i 2017 er knytt til at Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, som tidligare ikkje er budsjettert på statsbudsjettet, frå og med 2017 vart innlemma i statsbudsjettet.

Under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå drygt 15,4 mrd. kroner til knapt 15,8 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 0,8 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 1,3 prosent. Den største delen, om lag 14,8 mrd. kroner, er løyvingar til næringsavtalane for landbruk og reindrift. Resten av midlane er fordelte mellom driftsmidlar og midlar til ulike tilskotsordningar utanfor næringsavtalane.

2.12 Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 21 Innanlands transport og programområde 22 Post og telekommunikasjonar.

Programområde 21 Innanlands transport

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2015

Rekneskap 2016

Budsjett 2017

Rekneskap 2017

21.10

Administrasjon m.m.

520,2

561,5

568,2

545,4

21.20

Luftfartsføremål

1 021,7

1 055,4

1 024,5

1 037,6

21.30

Vegføremål

26 660,1

30 477,1

33 369,8

33 676,7

21.40

Særskilde transporttiltak

2 104,8

2 283,9

3 091,1

2 817,2

21.50

Jernbaneføremål

20 411,7

23 120,0

22 590,6

22 630,2

21.60

Kystforvaltning

2 572,2

2 705,2

2 625,0

2 467,1

Sum før lånetransaksjonar

53 290,8

60 203,2

63 269,2

63 174,3

Lånetransaksjonar

40 000,1

30 000,4

3 500,0

7 700,0

Sum Innanlands transport

93 290,9

90 203,6

66 769,2

70 874,3

Programområde 22 Post og telekommunikasjonar

22.10

Post og telekommunikasjonar

772,1

777,0

965,5

953,2

Sum før lånetransaksjonar

772,1

777,0

965,5

953,2

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Post og telekommunikasjonar

772,1

777,0

965,5

953,2

Sum Samferdselsdepartementet,

94 063,0

90 980,6

67 734,7

71 827,5

Programområde 21 Innanlands transport

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 94,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2016 aukar disponibel løyving med 2 340,1 mill. kroner, frå 63 269,2 mill. kroner til 65 609,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 2 435,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 118,2 mill. kroner. Det er overført til saman 2 316,6 mill. kroner til 2018 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 4 200,0 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 21 Innanlands transport har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 9,9 mrd. kroner, frå 53,3 mrd. kroner til 63,2 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 13,0 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 4,9 prosent. Hovudårsaka til auken er at løyvingane under programkategori 21.30 Vegføremål har auka i heile perioden og at løyvingane under programkategori 21.50 Jernbaneføremål auka frå 2016 til 2017. I 2017 er det innført ei ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse, jf. omtale i innleiinga til kapittel 2. Denne omlegginga auka lønsutgiftene for departementet og etatane frå 2016 til 2017.

Under programkategori 21.10 Administrasjon m.m. har utgiftene auka med 25 mill. kroner, frå 520 mill. kroner til 545 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 7,9 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 2,9 prosent. Både auken frå 2015 til 2016 og nedgangen frå 2016 til 2017 heng mellom anna saman med løyvingar til arbeidet med reformer i samferdselssektoren og utgreiing av ein miljø-/oljevernbase i Lofoten/Vesterålen.

Under programkategori 21.20 Luftfartsføremål har utgiftene auka med 16 mill. kroner, frå 1 022 mill. kroner til 1 038 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 3,3 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 1,7 prosent, på grunn av lågare utbetalingar til kjøp av innanlandske flyruter.

Under programkategori 21.30 Vegføremål har utgiftene auka med 7,0 mrd. kroner, frå 26,7 mrd. kroner til 33,7 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 14,3 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 10,5 prosent. Løyvinga til Nye Veier AS har auka monaleg for 2017. For Statens vegvesen auka utgiftene til drift og vedlikehald, riksveginvesteringar og kjøp av riksvegferjetenester.

Under programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak har utgiftene auka med 0,7 mrd. kroner, frå 2,1 mrd. kroner til 2,8 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 8,5 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 23,4 prosent. Den største auken gjeld ordninga med rentekompensasjon for bompengelån og påskjøningsmidlar i bymiljøavtalane.

Under programkategori 21.50 Jernbaneføremål har utgiftene auka med 2,2 mrd. kroner, frå 20,4 mrd. kroner til 22,6 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 13,3 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 2,1 prosent. Auken frå 2015 til 2016 gjaldt drift og vedlikehald og investeringar som Jernbaneverket hadde ansvaret for. Som del av jernbanereforma vart Jernbaneverket avvikla frå 2017 og vidareført i Jernbanedirektoratet og statsføretaket Bane NOR SF. Medan utgiftene til Jernbaneverket tidlegare vart løyvd over statens eigne drifts- og investeringspostar, er dette frå 2017 endra til tilskotspostar. Eksterne inntekter som tidlegare vart førte brutto av Jernbaneverket, er frå 2017 teken omsyn til i løyvinga til statens kjøp av infrastrukturtenester frå Bane NOR SF. Slike inntekter utgjorde i 2016 om lag 0,7 mrd. kroner og må takast omsyn til ved samanlikning av rekneskapstala for 2017.

Under programkategori 21.60 Kystforvaltning har utgiftene minka med 0,1 mrd. kroner, frå 2,6 mrd. kroner til 2,5 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 5,2 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 8,8 prosent. Nedgangen gjeld i hovudsak arbeidet med å etablere ei støttefylling ved vraket etter U-864 ved Fedje i Hordaland som vart avslutta i 2016.

Lånetransaksjonar

I 2017 vart det rekneskapsført 7,7 mrd. kroner i auka kapitalinnskot i Bane NOR SF i samband med overføringa av ROM Eiendom AS frå NSB AS til Bane NOR SF. Auken frå løyvinga i nysaldert budsjett gjeld oppdatert verdivurdering av ROM Eiendom AS ved tidspunktet for overføringa til Bane NOR SF.

Programområde 22 Post og telekommunikasjonar

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 12,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2016 aukar disponibel løyving med 32,6 mill. kroner, frå 965,5 mill. kroner til 998,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 44,9 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det ikkje inntektsført meirinntekter. Det er overført til saman 52,7 mill. kroner til 2018 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 22 Post og telekommunikasjonar har utgiftene før lånetransaksjonar auka med 181 mill. kroner, frå 772 mill. kroner til 953 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 0,6 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 22,7 prosent. Storparten av auken gjeld utgifter til avtalar om tryggleiks- og vernebuingstiltak med tilbydarar av ekomnett og -tenester. Avgiftsstyresmaktene har kome til at desse tiltaka er avgiftspliktig omsetning. Utgiftene i 2017 gjeld mellom anna kompensasjon for meirverdiavgift tidlegare år.

2.13 Klima- og miljødepartementet

Programområde 12 Klima og miljø

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2015

Rekneskap 2016

Budsjett 2017

Rekneskap 2017

12.10

Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

1 159,9

1 190,6

1 384,9

1 369,5

12.20

Klima, naturmangfald og forureining

3 131,9

3 516,1

4 347,9

4 177,8

12.30

Kulturminne og kulturmiljø

650,6

693,6

788,4

756,3

12.60

Nord- og polarområda

346,0

364,6

418,8

443,3

12.70

Internasjonalt klimaarbeid

3 034,8

2 754,6

3 062,1

3 111,4

Sum før lånetransaksjonar

8 323,2

8 519,5

10 002,1

9 858,4

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Klima- og miljødepartementet

8 323,2

8 519,5

10 002,1

9 858,4

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 143,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2016 aukar disponibel løyving med 681,9 mill. kroner, frå 10 002,1 mill. kroner til 10 684,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 825,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 25,4 mill. kroner. Det er overført til saman 735,5 mill. kroner til 2018 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 12 Klima og miljø har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med drygt 1,5 mrd. kroner, frå 8,3 mrd. kroner til knapt 9,9 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 2,4 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 15,7 prosent. I 2017 vart det innført ei ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse, jf. omtale i innleiinga til kapittel 2. Denne omlegginga auka lønsutgiftene for departementet og etatane frå 2016 til 2017.

Under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 1,2 mrd. kroner til 1,4 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 2,6 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 15,0 prosent. Det har vore ein auke i driftsutgifter og utgifter til miljøforsking og miljøovervaking.

Under programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining har utgiftene auka med drygt 1,0 mrd. kroner, frå drygt 3,1 mrd. kroner til knapt 4,2 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 12,3 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 18,8 prosent. Det har vore ein auke i driftsutgiftene i denne programkategorien. Det har òg vore ein jamn auke i mange av tiltaka i denne kategorien. Dei viktigaste er CO2-kompensasjonsordninga for industrien, oppryddingstiltak, tiltak mot marin forsøpling og tiltak for skogvern.

Under programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø har utgiftene auka med 106 mill. kroner, frå 651 kroner til 756 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 6,6 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 9,0 prosent. Det har vore ein auke i utbetalingane til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap, men òg i tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne. Vidare har det vore ein auke i overføringane til Norsk kulturminnefond.

Under programkategori 12.60 Nord- og polarområda har utgiftene auka med 97 mill. kroner, frå 346 mill. kroner til 443 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 5,4 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 21,6 prosent. Auken i utgiftene på dette området kjem fyrst og fremst av at Klima- og miljødepartementet har teke over verksemda Kings Bay AS på Svalbard. Det har òg vore ein liten auke i utgiftene til Framsenteret.

Under programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid har utgiftene auka med 77 mill. kroner, frå drygt 3,0 mrd. kroner til 3,1 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 9,2 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 13,0 prosent. Noreg har kjøpt fleire klimakvoter enn tidlegare i 2017, og difor har utgiftene auka. Vidare kjem 12,7 prosent av den totale auken på dette området frå større utbetalingar til partnarlanda i klima- og skoginitiativet.

2.14 Finansdepartementet

Programområde 23 Finansadministrasjon

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2015

Rekneskap 2016

Budsjett 2017

Rekneskap 2017

23.10

Finansadministrasjon

1 100,8

1 151,4

1 301,4

1 311,3

23.20

Skatte- og avgiftsadministrasjon

7 058,3

7 244,3

7 925,7

8 037,1

23.30

Offisiell statistikk

748,5

768,5

853,7

852,2

23.40

Andre føremål

26 990,0

29 257,8

30 163,5

31 042,2

Sum før lånetransaksjonar

35 897,7

38 421,8

40 244,3

41 242,9

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Finansdepartementet

35 897,7

38 421,8

40 244,3

41 242,9

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 998,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2016 aukar disponibel løyving med 647,4 mill. kroner, frå 40 244,3 mill. kroner til 40 891,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei meirutgift på 351,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 21,2 mill. kroner. Det er overført til saman 548,4 mill. kroner til 2018 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 23 Finansadministrasjon har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 5,3 mrd. kroner, frå 35,9 mrd. kroner til 41,2 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 7,0 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 7,3 prosent. Frå 2015 til 2016 var utgiftsauken 2,5 mrd. kroner. Av dette kom vel 1,5 mrd. kroner frå ordninga med meirverdiavgiftskompensasjon til kommunesektoren. I 2017 vart det innført ei ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse, jf. omtale i innleiinga til kapittel 2. Denne omlegginga auka lønsutgiftene for departementet og etatane og stod for vel 0,8 mrd. kroner av utgiftsauken i 2017. Nettoordninga for statleg betalt meirverdiavgift auka frå 2015 til 2016 med knapt 0,3 mrd. kroner til totalt vel 6,2 mrd. kroner.

Under programkategori 23.10 Finansadministrasjon har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 1,1 mrd. kroner til 1,3 mrd. kroner. Som følgje av fleire kundar stod Direktoratet for økonomistyring for meir enn halvparten av auken. For heile programkategorien auka utgiftene frå 2015 til 2016 med 4,6 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 13,9 prosent.

Under programkategori 23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon har utgiftene auka med 1,0 mrd. kroner, frå 7,1 mrd. kroner til 8,0 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 2,6 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 10,9 prosent. Korrigert for ny betalingsmodell for Statens pensjonskasse var auken frå 2016 til 2017 på 1,6 prosent. Medan Tolletaten vart styrka i 2017 òg, sokk realnivået på løyvinga til Skatteetaten.

Under programkategori 23.30 Offisiell statistikk har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå drygt 0,7 mrd. kroner til knapt 0,9 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 2,7 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 10,9 prosent. Programkategorien gjeld Statistisk sentralbyrå. Talet på tilsette der er dei seinare åra redusert monaleg og verksemda effektivisert, utan svekking av produksjonen.

Under programkategori 23.40 Andre føremål har utgiftene auka med 4,1 mrd. kroner, frå 27,0 mrd. kroner til 31,0 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 8,4 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 6,1 prosent. Utgiftsauken gjeld mellom anna ein auke i meirverdikompensasjon til kommunesektoren med vel 15 prosent.

2.15 Forsvarsdepartementet

Programområde 04 Militært forsvar

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2015

Rekneskap 2016

Budsjett 2017

Rekneskap 2017

04.10

Militært forsvar m.m.

45 338,9

49 254,0

52 255,3

52 429,5

Sum før lånetransaksjonar

45 338,9

49 254,0

52 255,3

52 429,5

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum 04 Forsvarsdepartementet

45 338,9

49 254,0

52 255,3

52 429,5

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 174,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2016 aukar disponibel løyving med 1 780,2 mill. kroner, frå 52 255,3 mill. kroner til 54 035,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 606,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det mindreinntekter på i alt 12,0 mill. kroner. Det er overført til saman 1 572,2 mill. kroner til 2018 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 04 Militært forsvar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 7,1 mrd. kroner, frå 45,3 mrd. kroner til 52,4 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 8,6 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 6,4 prosent. I 2017 vart det innført ei ny ordning for premiebetaling til Statens pensjonskasse, jf. omtale i innleiinga til kapittel 2. Denne omlegginga auka lønsutgiftene for departementet og etatane frå 2016 til 2017.

Driftsutgiftene har auka med 10,2 prosent, frå 33,3 mrd. kroner i 2015 til 36,7 mrd. kroner i 2017. Auken i driftsbudsjettet kjem mellom anna av ein auke i vedlikehald av materiell i forsvarsgreinene, ei styrking av etterretningstenesta og auka ressursar til vedlikehald i Sjøforsvaret og Heimevernet.

Utgifter til investeringar i materiell auka med 27,8 prosent, frå 9,7 mrd. kroner i 2015 til 12,4 mrd. kroner i 2017. Auken er i stor grad knytt til større utbetalingar til kjøp av nye kampfly med baseløysing. Forsvarsdepartementet har tinga fly i samsvar med leveringsplanen stadfesta i Innst. 7 S (2012–2013) til Prop. 1 S (2012–2013) og godkjenning frå Stortinget i den årlege budsjetthandsaminga. Talet på norske fly i produksjon er seks fly i kvar produksjonsserie.

Utgifter til nasjonalfinansierte og fellesfinansierte investeringar i eigedom, bygg og anlegg auka med 42,5 prosent, frå 2,3 mrd. kroner i 2015 til 3,3 mrd. kroner i 2017. Denne auken er knytt til bygging av baseløysing på Ørlandet, inkludert forlenging av rullebane og etablering av nye skvadronsbygg og vedlikehaldsbygg for F-35.

I perioden 2015 til 2017 syner rekneskapen at utgifter til norsk deltaking i operasjonar i utlandet har auka med 70 prosent, frå 0,6 mrd. kroner i 2015 til 1,0 mrd. kroner i 2017. Bakgrunnen for dette er i stor grad auka innsats i operasjonar i Jordan og Irak, og i FN-operasjonen i Mali.

2.16 Olje- og energidepartementet

Programområde 18 Olje- og energiføremål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2015

Rekneskap 2016

Budsjett 2017

Rekneskap 2017

18.00

Administrasjon

234,3

231,0

270,7

260,0

18.10

Petroleumssektoren

29 754,5

28 633,0

27 795,6

27 360,2

18.20

Energi- og vassressurssektoren

2 634,3

2 576,9

3 740,9

3 736,0

18.30

Forsking og næringsutvikling

764,1

993,7

941,9

944,4

18.40

CO2-handtering

2 114,0

2 040,9

1 194,5

1 022,0

Sum før lånetransaksjonar

35 501,2

34 475,4

33 943,6

33 322,5

Lånetransaksjonar

9 250,0

19 274,6

7 443,0

7 540,9

Sum Olje- og energidepartementet

44 751,2

53 750,0

41 386,6

40 863,5

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 621,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2016 aukar disponibel løyving med 209,8 mill. kroner, frå 33 943,6 mill. kroner til 34 153,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 830,9 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 12,3 mill. kroner. Det er overført til saman 421,9 mill. kroner til 2018 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 97,9 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2015–2017

På programområde 18 Olje- og energiføremål har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 2,2 mrd. kroner, frå 35,5 mrd. kroner til 33,3 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 2,9 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 3,3 prosent. Endringane heng for det meste saman med endringar i utgifter til investeringar under Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE) under programkategori 18.10 Petroleumssektoren, auka overføringar til Energifondet under programkategori 18.20 og reduserte utgifter til Teknologisenter for CO2-fangst på Mongstad (TCM) under programkategori 18.40 CO2-handtering.

Under programkategori 18.10 Petroleumssektoren har utgiftene minka med 2,4 mrd. kroner, frå 29,8 mrd. kroner til 27,4 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 3,8 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 4,4 prosent. Hovudgrunnen er reduserte investeringar under SDØE.

Under programkategori 18.20 Energi- og vassressurssektoren har utgiftene auka med 1,1 mrd. kroner, frå 2,6 mrd. kroner til 3,7 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 2,2 prosent, og frå 2016 til 2017 auka dei med 45,0 prosent. Hovudgrunnen er auka overføringar til Energifondet.

Under programkategori 18.30 Forsking og næringsutvikling har utgiftene auka med 180 mill. kroner, frå 764 mill. kroner til 944 mill. kroner. Frå 2015 til 2016 auka utgiftene med 30,0 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 5,0 prosent. Hovudgrunnen er auka overføringar til Noregs forskingsråd.

Under programkategori 18.40 CO2-handtering har utgiftene minka med 1,1 mrd. kroner, frå 2,1 mrd. kroner til 1,0 mrd. kroner. Frå 2015 til 2016 minka utgiftene med 3,5 prosent, og frå 2016 til 2017 minka dei med 49,9 prosent. Hovudgrunnen er lågare utgifter til kjøp av forskingstenester frå TCM DA som følgje av at lånet frå staten til TCM DA vart nedbetalt i 2017.

Under lånetransaksjonar vart kapitalen i Fond for klima, fornybar energi og energiomlegging auka med 9,25 mrd. kroner i 2015 og med 14,25 mrd. kroner i 2016. I 2016 vart Statoils utbyteaksjeprogram starta opp, og det vart rekneskapsført utbyteaksjar for om lag 5 mrd. kroner. I 2017 vart det rekneskapsført utbyteaksjar for om lag 7,5 mrd. kroner gjennom utbyteaksjeprogrammet.

2.17 Statlege utlån

Dette avsnittet gjev eit oversyn over hovudtal frå rekneskapen til statlege verksemder som forvaltar statlege utlån. Detaljar kring utlåna er baserte på opplysningar frå departementa.

Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse er ordinære statlege forvaltningsorgan. På vegner av staten forvaltar dei statlege utlån etter reglar og føresetnader fastsette av Stortinget.1 Innovasjon Noreg forvaltar statlege utlån til næringslivet over heile landet og gjev ulike typar lån med høg eller låg risiko. Eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportkreditt Noreg AS er omtalt til slutt i avsnittet.

Husbanken

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Husbankens utlån:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2015

2016

2017

Inngåande behaldning

Konto 63000501

135 672

140 570

142 736

Utlån i året

Kap. 2412 / 90

16 871

14 670

16 320

Tilbakebetalingar i året

Kap. 5312 / 90

-11 973

-12 504

-12 418

Utgåande behaldning

Konto 63000501

140 570

142 736

146 638

Renteinntekter

Kap. 5615 / 80

3 499

3 071

2 948

I 2017 disponerte Husbanken 17,6 mrd. kroner av låneramma på 18 mrd. kroner.

Samla uteståande lån i Husbanken, medrekna opptente, ikkje betalte renter, var på 146,6 mrd. kroner ved utgangen av 2017. Det er om lag 3,9 mrd. kroner meir enn året før. Av låna var 54,2 mrd. kroner fastrentelån, 0,5 mrd. kroner var lån med særvilkår og 91,4 mrd. kroner var lån med flytande rente. Opptente, ikkje betalte renter utgjorde om lag 0,5 mrd. kroner. Netto overkurs på fastrentelåna er av Husbanken rekna til drygt 1,2 mrd. kroner per 31.12.2017.

Husbanken hadde om lag 45 900 registrerte låntakarar (dellån) ved utgangen av 2017. Om lag 11 100 hadde lån med fast rente, 33 500 hadde lån med flytande rente, medan dei resterande om lag 1 300 låntakarane hadde lån på særvilkår. Av utlåna utgjorde lån til burettslag, stiftingar og liknande 43 prosent, lån til kommunar 38 prosent og lån til personlege låntakarar 19 prosent.

Husbanken inntektsførte i 2017 renter med 2,9 mrd. kroner under kapittel 5615, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2016 og 2015 var høvesvis 3,1 mrd. kroner, og 3,5 mrd. kroner.

Husbanken hadde i 2017 eit netto tap på utlån på 8,9 mill. kroner i 2017. Tilsvarande tal for 2016 var 10,4 mill. kroner. Tapa for Husbanken vert dekte med ei særskild løyving på kapittel 2412, post 71 Tap på utlånsverksemd, og omfattar tap på hovudstol, tap på opptente, ikkje betalte renter ved inngangen til året, og årets renter knytt til avskrivne tap.

Statens lånekasse for utdanning

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå Lånekassa:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2015

2016

2017

Inngåande behaldning

Konto 63000201

146 764

155 266

163 960

Utlån i året

Kap. 2410/90

23 372

24 140

25 993

Tilbakebetalingar i året1)

Kap. 5310/90

-9 097

-9 386

-9 838

Konvertering til stipend

Kap. 5310/93

-5 774

-6 059

-6 440

Utgåande behaldning

Konto 63000201

155 266

163 960

173 675

Renteinntekter2)

Kap. 5617 / 80

3 976

3 473

3 977

1) Tap og avskrivingar løyvde over kapittel 2410, postane 73 og 74 høyrer saman med ordinære tilbakebetalingar på post 90. Avskrivingar på post 73 utgjorde 574 mill. kroner i 2017, 596 mill. kroner i 2016 og 600 mill. kroner i 2015. Tapa på post 74 er nærare spesifiserte i teksten nedanfor.

2) Renteinntekter inneheld òg rentestønad som i 2017 vart utgiftsført med 1 050 mill. kroner på Lånekassa sitt kapittel 2410, post 72. Rentestøtta var 847 mill. kroner i 2016 og 1 001 mill. kroner i 2015.

Samla uteståande krav i Statens lånekasse for utdanning var 173,7 mrd. kroner ved utgangen av 2017, ein auke på 9,7 mrd. kroner frå året før. I tillegg til sjølve utdanningslåna omfattar summen òg tillagde renter. 49,8 mrd. kroner av utdanningslåna er ikkje renteberande. Andre ikkje renteberande krav er opptente, ikkje betalte renter på om lag 240 mill. kroner og ikkje betalte gebyr på om lag 77 mill. kroner. Uteståande renteberande rente er om lag 1,4 mrd. kroner. Lån med fast rente i Lånekassa utgjer om lag 13,1 mrd. kroner. Overkurs per 31.12.2017 på fastrentelåna er av Lånekassa rekna til om lag 0,2 mrd. kroner. Lån med flytande rente utgjer 110,8 mrd. kroner. Lånekassa har om lag 899 200 registrerte låntakarar ved utgangen av 2017. Av dei har om lag 226 000 ikkje renteberande lån (kundar i tildelingsfasen), medan om lag 62 100 har lån med fast rente. Resten av låntakarane har lån med flytande rente.

Lånekassa inntektsførte i 2017 renter med om lag 4,0 mrd. kroner på kapittel 5617, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2016 var om lag 3,5 mrd. kroner. Det vart utgiftsført 380 mill. kroner i tap på utlån i 2017 medan talet i 2016 var 358 mill. kroner. Statens innkrevjingssentral inntektsførte 256 mill. kroner i 2017 (kapittel 4618, post 85) frå innkrevjing av misleghaldne lån i Lånekassa. Tilsvarande tal for 2016 og 2015 var høvesvis 244 mill. kroner og 268 mill. kroner.

Sjå òg omtale av Lånekassa under kapittel 2.3 Kunnskapsdepartement.

Konverteringsordninga i Lånekassa

Frå undervisningsåret 2004–2005 betaler Lånekassa ut heile basisstønaden som lån for dei som er omfatta av stønadsordninga for høgare utdanning m.m. Opp til 40 prosent av stønadsbeløpet kan konverterast til stipend når stønadsmottakaren har gjennomført utdanninga vedkomande har fått stønad til. I statsbudsjetta vert det kvart år løyvd midlar til å dekkje framtidig konvertering frå lån til stipend gjennom ei avsetjing til konverteringsfondet. Denne løyvinga går over kapittel 2410, post 50. Kapittel 5310, post 93 i rekneskapen syner nettobeløpet av lån som vert ettergjevne og trekte frå konverteringsfondet.

Utgiftene til andre stipend under Lånekassa kjem fram på kapittel 2410, postane 70 og 71. For å få oversyn over samla netto utgifter til stipend, må lån som er konverterte til stipend, leggjast til stipendutgiftene. Denne summen kjem fram om ein ser kapittel 2410, postane 70 og 71 og kapittel 5310, post 93 i samanheng. For 2017 betalte Lånekassa ut i overkant av 3,5 mrd. kroner som stipend. Vidare vart drygt 6,4 mrd. kroner netto konvertert frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla netto utgiftene til stipend i 2017 var dermed knapt 10 mrd. kroner.

Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse (SPK)

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå bustadlånsordninga i SPK:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2015

2016

2017

Inngåande behaldning

Konto 63510601

97 052

74 850

58 204

Utlån i året

Kap. 0614 / 90

7 844

3 552

4 074

Tilbakebetalingar i året

Kap. 3614 / 90

-30 046

-20 198

-13 153

Utgåande behaldning

Konto 63510601

74 850

58 204

49 124

Renteinntekter

Kap. 5607 / 80

2 367

1 506

1 173

Samla uteståande krav i bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse var på 49,1 mrd. kroner ved utgangen av 2017. Det er om lag 9,1 mrd. kroner mindre enn året før. Ved utgangen av 2017 var det om lag 49 800 lån i ordninga, mot 56 800 året før.

Statens pensjonskasse inntektsførte i 2017 renter med 1 173 mill. kroner under kapittel 5607, post 80. Tilsvarande tal for 2016 og 2015 var høvesvis 1 506 mill. kroner og 2 367 mill. kroner. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse tilbyd berre lån med flytande rente.

Tap på utlån i Statens pensjonskasse utgjorde i 2017 netto 0,4 mill. kroner.

Det var ei meirutgift på Statens pensjonskasses lånekapittel 0614, post 90 på 274 mill. kroner. Det vart innvilga fleire lån enn venta i siste del av året og utbetalt per lån var i snitt høgare enn venta. Statens pensjonskasse hadde dessutan ei mindreinntekt på lånekapittel 3614, post 90 på 247 mill. kroner. Hovudstol på innfridde lån var i snitt noko lågare enn venta, og ekstraordinære avdrag vart noko lågare enn budsjettert.

Sjå òg omtale av bustadlånsordninga i SPK under programkategori 09.50 Pensjonar mv. under Statens pensjonskasse i kapittel 2.7 Arbeids- og sosialdepartementet.

Innovasjon Noreg

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Innovasjon Noregs innlån frå statskassa. I tillegg til innlån frå statskassa nyttar Innovasjon Noreg eigenkapital til å finansiere utlån. Det er difor ikkje ein heilt eintydig samanheng mellom selskapet sine innlån frå statskassa og utlån til lånetakarar.

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2015

2016

2017

Inngåande behaldning

Konto 63000901

17 283

17 002

17 283

Netto endring

-281

281

645

Utgåande behaldning

Konto 63000901

17 002

17 283

17 927

Renteinntekter

Kap. 5625 / 80

198

143

110

Innovasjon Noregs samla innlån frå statskassa, som er aktiverte i kapitalrekneskapen som statens utlån, utgjorde 17,9 mrd. kroner per 31.12.2017. Av dette utgjorde ordinære innlån 15,7 mrd. kroner og lån til såkorn- og investeringsfond 2,2 mrd. kroner.

Innovasjon Noregs samla netto utlån per 31.12.2017 utgjorde 17,7 mrd. kroner etter tapsavsetjingar på 1,0 mrd. kroner. Det er ein netto auke på 0,5 mrd. kroner, frå 17,2 mrd. kroner per 31.12.2016. Brutto utlån (før tapsavsetjing) fordelte seg med knapt 14,2 mrd. kroner til lågrisikolån (om lag 7 400 lån), 3,2 mrd. kroner til innovasjons- og risikolån (om lag 1 620 lån)2, og 1,4 mrd. kroner til andre utlån3.

Det vart inntektsført 110 mill. kroner i renter frå Innovasjon Noreg på kapittel 5625, post 80 i statsrekneskapen 2017. Tilsvarande tal for 2016 og 2015 var høvesvis 143 mill. kroner og 198 mill. kroner.

Brutto bokført tap på utlån og garantiar i 2017 utgjer 77 mill. kroner, mot 41 mill. kroner i 2016. Rekneskapen til Innovasjon Noreg for 2017 syner eit netto utlånstap på -50 mill. kroner. Dette kjem av at tidlegare nedskrivingar overstig konstaterte tap.

Statleg eksportfinansieringsordning

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for den statlege eksportfinansieringsordninga.

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2015

2016

2017

Inngåande behaldning

Konto 63510901

54 467

63 831

76 505

Netto endring

Kap. 2429/5329, post 90

9 365

12 674

-7 146

Utgåande behaldning

Konto 63510901

63 831

76 505

69 359

Renteinntekter

Kap. 5629 / 80

1 557

1 711

1 744

Låna under eksportfinansieringsordninga er hovudsakleg gjevne i NOK, USD og i nokre andre valutaer. Fordelinga ved utgangen av 2016 og 2017 er slik:

Valuta (tal i mrd.)

Talet på lån 2016

Uteståande per 31.12.2016

Talet på lån 2017

Uteståande per 31.12.2017

NOK

108

23,01

97

21,31

USD

102

5,95

88

5,48

EUR

12

0,17

16

0,20

GBP

10

0,05

9

0,04

SEK

1

0,04

1

0,04

CAD

2

0,09

JPY

1

1,18

Balansetabellen ovanfor syner at statlege eksportfinansieringslån til saman utgjorde 69,4 mrd. kroner ved utgangen av 2017, ein netto nedgang på 7,1 mrd. kroner frå året før. Lån i utanlandsk valuta vart fram til 2016 rekna om til norske kroner basert på den historiske kursen då låna vart utbetalte. Frå 2016 vart dette lagt om slik at uteståande lån ved utgangen av året vert omrekna til valutakursen på balansedagen, jf. nærare omtale i Prop. 25 S (2016–2017). Som følgje av høgare kursar på dei fleste av låna ved utgangen av 2016, samanlikna med historiske kursar då låna vart utbetalte, vart uteståande lån i 2016 oppjusterte med nærare 11,5 mrd. kroner, noko som forklarer det meste av auken i 2016. Nedgangen frå 2016 til 2017 kjem hovudsakleg av at mottekne avdrag var høgare enn utbetalingane i 2017. Valutakursendringar stod for om lag 2,3 mrd. kroner av nedgangen i 2017. Netto realisert valutavinst på avdraga som vart innbetalte i 2017, utgjorde om lag 1,1 mrd. kroner.

Det vart inntektsført renter frå ordninga med 1,7 mrd. kroner under kapittel 5629, post 80 i statsrekneskapen 2017. Tilsvarande tal for 2016 og 2015 var høvesvis 1,7 mrd. kroner og 1,6 mrd. kroner.

Alle eksportfinansieringslåna er garanterte 100 prosent av GIEK og/eller andre finansinstitusjonar.

Fotnotar

1.

Bokføring av utlån og renteinntekter i statsrekneskapen for Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse bustadlånsordning, følgjer prinsippet om opptente renter basert på kalenderåret, jf. Prop. 1 S (2009–2010) kapittel 9.4. Det inneber at behaldningane av utlån som er aktiverte i kapitalrekneskapen òg inneheld opptente, men enno ikkje betalte renter.

2.

Desse omfattar landsdekkjande innovasjonslån, distriktsretta risikolån, risikolån landbruk, landsdekkjande innovasjonslån European Investment Fund og distriktsretta risikolån European Investment Fund.

3.

Andre utlån omfattar ansvarlege lån til såkornfonda, lån til pre-såkornkapital, ansvarlege lån til investeringsfond for Nordvest-Russland og Aust-Europa, bygdeutviklingslån til landbruket og lån til tilsette. (Innovasjon Noreg forvaltar òg bygdeutviklingslån til landbruket for Landbrukets utviklingsfond, som omfattar 3 940 lån.)

Til forsida