4 Inntektsutvikling blant den eldre delen av befolkninga
Dette punktet presenterer statistikk som klargjer utviklinga i samla inntekt for den eldre delen av befolkninga i perioden 2012–2022. 2022 er siste tilgjengelege år for tal for inntekt. Tala i dette punktet kjem også fram i rapporten «Arbeid, pensjon og inntekt i den eldre befolkningen. Rapport fra Pensjonspolitisk arbeidsgruppe 2024».
Mange i aldersgruppa over 62 år står framleis i arbeid, og mange kombinerer arbeid med pensjonsuttak. Samtidig er det ei gruppe som berre får alderspensjon, og ein del får andre ytingar frå det offentlege. Det er difor viktig å sjå på samla inntekt, ikkje berre alderspensjon frå folketrygda.
Ved å følgje inntektsutviklinga for bestemte aldersgrupper over ein periode får ein innsikt i korleis inntekta til den eldre befolkninga er i dag samanlikna med tidlegare. Utviklinga ein ser ved å samanlikne inntekta til aldersgruppene over tid vil påverkast av at samansetjinga av gruppene også blir endra over tid, og at ein dermed samanliknar personar med ulik grad av pensjonsopptening, yrkesinntekt, utdanningsnivå osv. Utviklinga vil også påverkast av endringar i regelverk. Statistikken i dette punktet seier derfor ikkje noko om korleis den einskilde si inntektsutvikling har vore, men statistikken supplerer punkt 3 og punkt 5 i meldinga. Punkt 3 klargjer faktorar som påverkar utviklinga i realinntekt og kjøpekraft for pensjonistane når ein berre tek omsyn til regulering, prisutvikling og endringar i skattereglar. Det gir altså eit bilete av korleis inntekta utviklar seg over tid for personar som berre har motteke alderspensjon i perioden. Samtidig vil mange ha supplerande pensjonsytingar til alderspensjon frå folketrygda, som vil kunne avvike i utvikling samanlikna med alderspensjon frå folketrygda og ordningar som følgjer reguleringsinstruksane i folketrygda. Punkt 5 tek for seg utviklinga i talet på minstepensjonistar og utviklinga i låginntekt blant alderspensjonistane. I punktet her blir det også vist til fleire artiklar frå Statistisk sentralbyrå som har følgt inntektsutviklinga til einskilde årskull over tid, som klargjer inntektsutviklinga til den eldre befolkninga frå eit ytterlegare perspektiv.
Ved utgangen av 2022 var det 1 198 373 personar som var 62 år eller eldre. Figur 4.1 illustrerer samansetjinga av samla inntekt for alle som var 62 år eller eldre i 2022, fordelt etter alder. Samla inntekt er stort sett fallande med auka alder. 62-åringane hadde ei gjennomsnittleg inntekt på rundt 700 000 kroner før skatt, medan tilsvarande nivå for 75-åringane var rundt 435 000 kroner. Skattereglane handsamar pensjonsinntekt lempelegare enn yrkesinntekt, og dette kombinert med eit progressivt skattesystem gjer at inntektsskilnadene mellom aldersgruppene er mindre når vi måler etter skatt. Yrkesinntekt er summen av lønnsinntekter og netto næringsinntekter i løpet av kalenderåret. Inntekta til 62-åringane etter skatt utgjorde 70 prosent av samla inntekt før skatt i 2022, medan tilsvarande del for 75-åringane var 80 prosent.
Yrkesinntekta utgjer den viktigaste inntektskomponenten fram til fylte 67 år. For 67-åringane utgjer yrkesinntekt og alderspensjon om lag like stor del av samla inntekt, rundt 30 prosent kvar. Alderspensjon omfattar berre alderspensjon frå folketrygda.
Viss ein samanliknar den eldre befolkninga med den yngre, så ser ein at inntektsnivået er høgare blant den yngre delen av befolkninga enn blant den eldre delen, sjå figur 4.2, som viser median av samla inntekt etter skatt for ulike aldersgrupper i 2022. Median av samla inntekt etter skatt seier noko om korleis kjøpekrafta er for medianen i kvar aldersgruppe, det vil seie den personen som ligg midt i inntektsfordelinga for den aktuelle aldersgruppa. Medianinntekta er jamt minkande med alder, og det er størst relativ endring frå 62–66 år til 67–69 år sidan mange går ut av arbeidslivet i denne perioden. Medan arbeidsinntekt er hovudinntekta for dei som er under 62 år, er pensjon hovudinntekta for dei som er 67 år og eldre.
Ved å samanlikne utviklinga i kjøpekraft for den eldre delen av befolkninga med utviklinga for resten av befolkninga får ein eit bilete av korleis utviklinga for den eldre delen av befolkninga har vore relativt til andre aldersgrupper. Figur 4.3 viser realveksten i median av samla inntekt etter skatt for utvalde aldersgrupper i perioden 2012–2022. Realveksten i medianinntekt etter skatt har vore sterkast i aldersgruppa 62–66 år. Aldersgruppene 75 år og eldre har hatt om lag same auke i kjøpekrafta dei siste ti åra som aldersgruppene 50–59 år og 60–61 år, og sterkare enn aldersgruppa 40–49 år. For aldersgruppene 67–69 år og 70–74 år er veksten nær null i perioden. Dette må sjåast i samanheng med at dei første årskulla som fekk høve til tidleg uttak av alderspensjon frå 2011, no i stor grad har hatt avgang frå arbeid. Uttaksmønsteret for desse årskulla medfører isolert sett lågare inntekt når ein samanliknar med inntektsnivået for dei som er fødde 10 år tidlegare, og som ikkje hadde høve til uttak av alderspensjon før fylte 67 år.
Også når vi berre ser på perioden 2017–2022, har realveksten i inntekt vore høg for dei eldste aldersgruppene, samanlikna med dei i alderen 62–74 år. Aldersgruppa 96 år og eldre har hatt den sterkaste veksten i inntekt før og etter skatt, sjå figur 4.4. Denne aldersgruppa inneheldt 7 594 personar, og ein stor prosentdel var minstepensjonistar. Den sterke veksten for denne gruppa heng saman med at Stortinget fleire gonger etter 2017 har gjort vedtak som har påverka satsane for minste pensjonsnivå, utover reguleringa. Frå 2019 vart det vedteke ein auke av den særskilde satsen for einslege med 4 000 kroner. I 2021 vart det vedteke to ytterlegare auke av den særskilde satsen for einslege med 4 000 kroner og 5 000 kroner. I 2023 vart det vedteke ein ytterlegare auke med 4 000 kroner.
Veksten for aldersgruppa 62–66 år er relativt sett ein del svakare når ein ser på perioden 2017–2022, enn når ein ser på perioden 2012–2022. I 2017 har høve til tidleg uttak av alderspensjon frå folketrygda og høve til å kombinere full jobb og full pensjon blitt fasa inn. Det har også vore ein nedgåande trend i andelen som tek ut alderspensjon frå folketrygda før fylte 67 år.
I aldersgruppene 60–61 og 62–66 år er arbeid hovudinntektskjelda. Skilnaden mellom realvekst i inntekt før og etter skatt er liten for desse gruppene. Også dei eldste aldersgruppene har hatt vekst i inntekt før skatt. Høgare inntekt før skatt gjer at fleire betaler skatt av inntekta, og at gjennomsnittsskatten er høgare. Realveksten i inntekt etter skatt vert då relativt sett noko lågare. Realveksten i inntekt etter skatt vil også vere påverka av skatteendringar i perioden. For aldersgruppa 67–69 år har det vore ein vekst nær null og for aldersgruppa 70–74 år har det i perioden vore ein negativ realvekst i samla inntekt, både før og etter skatt. Den negative realveksten for denne gruppa kjem av at tidleguttak av alderspensjon gjev ei lågare årleg yting, og mange har valt å ta ut alderspensjonen før fylte 67 år.
Sjølv om realveksten i perioden 2012–2022 har vore god for mange aldersgrupper, har den årlege veksten vore varierande. Figur 4.5 viser årleg realvekst i medianinntekt etter skatt frå 2017 til 2022. For perioden 2017–2018 var realveksten marginalt positiv for einskilde aldersgrupper over 60 år, medan han var negativ for aldersgruppene 67–69 år og 70–74 år. For perioden 2018–2019 var realveksten igjen positiv. For perioden 2019–2020 var realveksten positiv for einskilde aldersgrupper over 60 år, medan han var negativ for aldersgruppene 67–69 år og 70–74 år. For perioden 2020–2021 var realveksten marginalt positiv for aldersgruppene under 67 år, og negativ for aldersgruppene 67 år og eldre. For perioden 2021–2022 var realveksten marginalt positiv for aldersgruppa 85–95 år, medan han var negativ for dei andre aldersgruppene, som vist i figur 4.5.
Innfasinga av høvet til uttak av pensjon før fylte 67 år har bidrege til lågare årleg vekst i alderspensjon frå folketrygda. Det tekniske utrekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU) viser i rapporten sin for 2024 (NOU 2024: 6) at utviklinga i gjennomsnittleg alderspensjon sidan 2011 har vore svak for aldersgruppa 62–66 år. Eit fleirtal i denne aldersgruppa har likevel hatt yrkesinntekt ved sida av alderspensjonen slik at utviklinga i samla inntekt har vore god. Dei som tek ut alderspensjon før fylte 67 år, får likevel lågare årleg alderspensjon resten av livet enn om dei hadde venta med uttak til 67 år. Innfasing av dei som har høve til uttak frå fylte 62 år, gjev difor utslag i særleg låg årleg vekst i gjennomsnittleg alderspensjon for aldersgruppene 67–69 år og 70–74 år dei seinaste åra.
SSB-rapporten «Kombinasjon av tidligpensjon og arbeid» (SSB, 2020) har følgt 1949-kullet og sett på utviklinga deira i inntekt og formue i perioden 2012 til 2018. I 2012 kombinerte nesten ein av fem 63-åringar yrkesaktivitet med alderspensjon, og fleirtalet var menn. Rapporten viser at personar som kombinerte yrkesaktivitet og alderspensjon i 2012, i utgangspunktet hadde eit mykje høgare inntektsnivå enn andre, også samanlikna med yrkesaktive utan alderspensjon i 2012. Denne skilnaden heldt seg fram til 67 års alder før han stort sett vart utlikna då dei aller fleste gjekk ut av arbeidslivet og fekk alderspensjon som viktigaste inntektskjelde. Yrkesinntektene i dei to gruppene av yrkesaktive var relativt like i perioden, så skilnaden mellom dei kom i all hovudsak frå uttaket av alderspensjon. Valet mellom å ta ut tidleg alderspensjon ved sida av yrkesaktivitet eller ikkje i 2012 ser ikkje ut til å ha skapt skilnader i formuessituasjonen, sjølv om dei som har kombinert arbeid og pensjon, har hatt eit høgare inntektsnivå i den aktuelle perioden.
SSB-artikkelen «Høy inntektsvekst for eldre» (SSB, 2019) viser også at den eldre befolkninga har hatt god inntektsvekst. I tillegg til å samanlikne inntekta blant den eldre befolkninga på tvers av årskull ser rapporten også på korleis inntektssamansetjinga og samla inntekt endrar seg med alder for det same årskullet (1947-kullet). Rapporten viser at median av samla inntekt etter skatt held seg meir eller mindre rundt 300 000 over heile aldersløpet frå 60 til 70 år.
SSB-artikkelen «Mindre inntekter, men større formue for pensjonistene» (SSB, 2022) følgjer eit bestemt årskull i ein periode for å studere utviklinga i inntekt og formue blant personar i pensjonsalder. Artikkelen følgjer 1944-kullet frå dei var 67 år i 2011 til dei var 75 år i 2019. Artikkelen finn at overgangen til pensjonsalder fører til ein realinntektsnedgang for eldre, men at det ikkje ser ut til at denne aldersgruppa begynner å tære på formuen, sidan formuen fortset å auke også etter dei blei 67 år. Realinntektsnedgangen blir forklart med reguleringa av alderspensjon under utbetaling, og det gradvise bortfallet av yrkesinntekter. Eit skattesystem som skattlegg lønnsinntekt hardare enn alderspensjon, med blant anna lågare trygdeavgift og skattefrådrag på alderspensjon, trekkjer i motsett retning. Artikkelen ser også på korleis inntekt og formue fordeler og utviklar seg for ulike grupper i alderskohorten, og finn i hovudsak ein fallande inntekts- og formuesulikskap i perioden.
Inntektsutviklinga fordelt på grupper med ulikt inntektsnivå er vist i figur 4.6. Figuren viser auken i kjøpekraft for den eldre befolkninga fordelt på ulike desil. Ei desilfordeling for samla inntekt betyr at populasjonen er delt i 10 intervall på ein slik måte at kvart intervall inneheld like mange personar. Desil 1 referer til dei 10 prosentane som har lågast inntekt, desil 2 til dei 10 prosentane som har nest lågast inntekt, osv.
Alle inntektsdesilane har hatt ein auke i kjøpekraft i perioden. Auken i kjøpekraft har vore relativ sterk blant dei 20 prosentane som har høgast samla inntekt. Realinntektsveksten har også vore høg blant dei som har lågast samla inntekt. Dei tre lågaste desila, dvs. dei 30 prosentane som har lågast samla inntekt, har hatt ein realvekst i median av samla inntekt etter skatt på om lag 6–9 prosent i perioden 2012–2022, medan desil 4–8 har hatt en realvekst på om lag 3–5 prosent.
At realveksten i samla inntekt har vore relativ sterk blant dei som har høgast samla inntekt, kan fange opp at ein del høgtlønte kombinerer full jobb og full pensjon, noko som ikkje var mogleg i perioden før pensjonsreforma. At realveksten også har vore god for dei som har lågast samla inntekt, reflekterer truleg auken i minstepensjonen i perioden.