1 Innleiing
Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg med dette fram ei melding om regulering av pensjonar i 2024 og inntektstilhøve for pensjonistar.
Den pårekna effekten av neste års regulering av pensjonar, basert på anslaget for lønnsvekst i statsbudsjettet, vert budsjettert på dei relevante postane på budsjettet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet direkte og som ein del av den ordinære budsjettprosessen, jf. Prop. 1 S frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Viss det trengst, vil dei relevante budsjettpostane verte korrigerte i samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett.
Det skal gjennomførast drøftingar med organisasjonane til pensjonistane, dei funksjonshemma og arbeidstakarane om talgrunnlaget for reguleringa. Drøftingane skal gjennomførast i møte straks etter at revidert nasjonalbudsjett er lagt fram.
Punkt 2 gjev ein gjennomgang av reguleringsreglane og reguleringa av pensjonar m.m. i 2024. Faktorar som påverkar realinntektsutviklinga og kjøpekrafta til pensjonistar, vert handsama i punkt 3. Inntektsutviklinga blant den eldre befolkninga vert omtalt i punkt 4. Punkt 5 tek for seg utviklinga i talet på og prosentdelen minstepensjonistar og utviklinga i låginntekt blant alderspensjonistane. Protokollar og referat frå drøftingsmøta, tabellar over den historiske utviklinga av pensjonane og statistiske opplysningar m.m. følgjer som vedlegg 1–6.