5 Sentrale hendingar i 2023
I samsvar med lov om pensjonsordning for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer, § 3-4 kan alderspensjonen for stortingsrepresentantar takast ut før fylte 65 år når summen av alder og oppteningstid i den tidlegare ordninga fram til 1. januar 2012 er minst 75 år (75-årsregelen). Dette gjeld berre dei som har oppteningstid i den tidlegare pensjonsordninga for stortingsrepresentantar. For å sikre at ingen har hatt inntekt som overstig inntektsgrensa, blir det årleg utført inntektskontroll på alle som tok imot pensjon etter 75-årsregelen. Inntektsgrensa svarar til full pensjon berekna etter § 3-6 i lov om pensjonsordning for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer. Ein har ikkje rett på pensjon etter 75-årsregelen når inntekta overstig inntektsgrensa. Inntektskontrollen på dei som tok imot pensjon etter 75-årsregelen blei ferdig i slutten av 2023. Kontrollen gjaldt for inntektsåret 2022. Alle som blei kontrollert var innanfor inntektsgrensa.
I samsvar med lov om pensjonsordning for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer, § 5-2, følger stortingsrepresentantar og statsrådar reglar om midlertidig uførepensjon og uførepensjon som gjeld i lov om Statens pensjonskasse, kapittel 6. I lov om Statens pensjonskasse, § 30, tredje ledd, kjem det fram at det skal gjennomførast eit etteroppgjer for dei som mottar uførepensjon. Det skal gjerast eit etteroppgjer for å sikre at uførepensjonen er berekna ut frå den eventuelle inntekta ein har hatt samtidig med uførepensjon. Etteroppgjer for uføre er altså berre ein justering av pensjonen i forhold til inntekt. I løpet av sommaren/hausten 2023 blei det difor, ut frå skatteoppgjeret for 2022, gjennomført etteroppgjer for alle uførepensjonistar i ordninga.
I 2023 blei alderspensjonar under utbetaling, samt etterlatnepensjon til etterlatne som er 67 år eller eldre, regulert med eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst. Reguleringa blei høgare enn vanleg og utgjorde 8,54 prosent. Uførepensjon og etterlatnepensjon for dei under 67 år blir regulert som veksten i grunnbeløpet som utgjorde 6,41 prosent i 2023.