1 Innleiing
Lov 16. desember 2011 nr. 60 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter og regjeringsmedlemmer (stortings- og regjeringspensjonsloven) blei sett i kraft 1. januar 2012. Frå same tidspunkt blei desse lovene oppheva: lov 14. desember 1951 nr. 11 om pensjonsordning for statsråder og lov 12. juni 1981 nr. 61 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter.
Stortings- og regjeringspensjonsloven § 8-1 lyder slik:
«Pensjonsordningen administreres av Statens pensjonskasse. Pensjonskassen skal senest seks måneder etter at regnskapsåret er avsluttet, utarbeide en beretning om virksomheten i siste regnskapsår. Beretningen utarbeides for departementet og forelegges Stortinget.»
I samsvar med denne føresegna legg Arbeids- og inkluderingsdepartementet fram ei melding om utviklinga i pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer i 2023. Meldinga inneheld ei oversikt over dei viktigaste ytingane i pensjonsordninga etter nye og gamle oppteningsreglar, og ei oversikt over utviklinga i ordninga i 2023.