3 Utvikling i 2023 for pensjonar opptent som stortingsrepresentant
Totalt 390 personar fekk ved utgangen av 2023 pensjon på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som stortingsrepresentant (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).
3.1 Alderspensjon
Ved inngangen til 2023 var det 294 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore avgang på elleve personar og tilgang på 15 personar. Per 31. desember 2023 var talet på alderspensjonistar derfor 298 personar.
Gjennomsnittleg utbetalt alderspensjon var 16 972 kroner per månad. Kvinner fekk i gjennomsnitt 16 906 kroner, medan menn i gjennomsnitt fekk 17 089 kroner.
I 2023 tok 15 personar ut alderspensjon i ordninga for første gong. Av desse var fire kvinner og elleve menn. Gjennomsnittleg uttaksalder var 66,2 år for kvinner og 67,3 år for menn. Samla sett var den gjennomsnittlege uttaksalderen 67 år.
Gjennomsnittleg uttaksalder for stortingsrepresentantar varierer frå år til år, sidan talet på uttak er svært lågt.
Gjennomsnittsalderen for alle alderspensjonistar i ordninga var 77,3 år for kvinner og 76,8 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 76,9 år.
3.2 Uførepensjon
Ved inngangen til 2023 var det to uførepensjonistar i ordninga. Det har vore avgang på éin person og tilgang på to personar med uførepensjon i løpet av året. Per 31. desember 2023 var det derfor tre uførepensjonistar i ordninga.
Gjennomsnittleg utbetalt uførepensjon var 7 180 kroner per månad.
Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2023.
3.3 Etterlatnepensjon (ektefelle- og barnepensjon)
Ved inngangen til 2023 var det 91 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore avgang på elleve personar og tilgang på ni personar. Per 31. desember 2023 var talet på ektefellepensjonistar derfor 89 personar.
Gjennomsnittleg utbetalt ektefellepensjon var 8 461 kroner per månad. Kvinner fekk i gjennomsnitt 8 426 kroner, medan menn i gjennomsnitt fekk 8 722 kroner.
I 2023 blei ni personar innvilga ektefellepensjon. Det var fem kvinner og fire menn. Gjennomsnittleg uttaksalder var 79,3 år.
Gjennomsnittsalderen for alle ektefellepensjonistar i ordninga var 83,2 år for kvinner og 83,5 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 83,2 år.
Per 31. desember 2023 var det ingen som tok i mot barnepensjon i ordninga.
3.4 Rekneskap for 2023
Pensjonane blir dekte over kapittel 41 «Stortinget». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 73 734 105 kroner til pensjonar. Dette er ein auke på i underkant av to millionar kroner frå 2022. Administrasjonskostnadene var i sum 1 361 700 kroner. Dette er ein liten nedgang frå 2022.