Meld. St. 18 (2016–2017)

Berekraftige byar og sterke distrikt

Til innhaldsliste

Samandrag

I Sundvolden-erklæringa varsla regjeringa ein ny regionalpolitikk. Den legg mellom anna vekt på rammevilkåra for norske verksemder og arbeidsplassar og ein meir aktiv storbypolitikk. Ulike stader har forskjellig utgangspunkt og moglegheiter. Difor er det naudsynt med ein politikk som kan tilpassast, som styrkjer samarbeid og gjev vekstkraft og likeverdige levekår i alle delar av landet.

Denne stortingsmeldinga er ei overordna melding som gjev eit samansett og kunnskapsbasert bilete av utfordringar og moglegheiter. Meldinga meislar ut kva retning regjeringa meiner det er rett å gå i for å oppnå ei berekraftig utvikling av byane og tettstadene, distrikta og regionane våre.

Meldinga styrkjer innsatsen for å betre samarbeidet mellom ulike aktørar. Kommunane er grunnmuren i det norske demokratiet, den viktigaste planstyresmakta og førstelinje for næringsutviklinga. Gjennom nærleiken til innbyggjarane og næringslivet har kommunane lokalkunnskap som gjev gode føresetnader for å vere ein pådrivar i samfunns- og næringsutviklinga. Regjeringa styrkjer lokaldemokratiet ved å flytte makt og ansvar til kommunane. Den komande proposisjonen om kommunereforma, som legg vekt på større og sterkare velferdskommunar, vil vere eit viktig grep i ein ny politikk for byar og distrikt.

Regjeringa ynskjer ein heilskapleg forvaltningsstruktur som kan møte utfordringar i dag og i framtida. I Meld. St. 22 (2015–2016) Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver føreslo regjeringa å gjennomføre ei regionreform frå 2020, samtidig med kommunereforma. Måla til regjeringa er å utvikle eit folkevalt mellomnivå som speler godt på lag med stat og kommune, som kan gripe sentrale utfordringar i samfunnet og leggje til rette for utvikling og vekst i alle delar av landet. Regjeringa vil våren 2017 leggje fram ein proposisjon for ny inndeling for det regionalt folkevalde nivået, basert på det som blei vedteken under handsaminga av Meld. St. 22 (2015–2016) om ei styrking av samfunnsutviklarrolla og nye oppgåver for mellomnivået.

Regjeringa vil nytte fagkompetansen som finst på ulike stader i landet, og sikre ei meir balansert lokalisering av statlege arbeidsplassar. Spreiing av kompetanse er eit bidrag til å styrkje kunnskapsmiljø utanfor dei større byane. Regjeringa sin plan for lokalisering av statlege arbeidsplassar er lagd ved denne meldinga.

Meldinga i korte trekk

Regjeringa lanserer nye mål for regional- og distriktspolitikken. Alle i Noreg skal ha likeverdige levekår same kvar dei bur. Regjeringa legg vekt på at befolkninga skal ha tilgang på grunnleggjande tenester uavhengig av kor dei bur. Tilgangen på meir spesialiserte offentlege tenester vil variere med lokalisering av tenestetilboda. Eit godt fungerande næringsliv er ein viktig føresetnad for velferd, levekår og livskvalitet i alle typar samfunn, både i byregionar og i spreiddbygde område. Vi treng eit aktivt og lønsamt næringsliv som innoverer og skaper arbeidsplassar. Samtidig er samansetjinga av befolkninga viktig for framtidig vekst og utvikling. Politikken skal leggje til rette for ei utvikling der vi tek vare på ressursane for framtidige generasjonar, og det skal vere eit mål å ha små skilnader mellom regionane i Noreg. Dette vil leggje til rette for å halde på hovudtrekka i busetjingsmønsteret.

Berekraftige byar og sterke distrikt kan dra nytte av kvarandre. Det finst ressursar over heile landet. Byane veks på grunn av høge fødselstal og innvandring, og urbaniseringa gjev moglegheiter for landet som heilskap. Byane gjev større tilgang på kompetanse og kapital, infrastruktur og tenester. I distrikta finn vi viktige ressursar som gjev grunnlag for industri og vekst. Fiskeri og havbruk har hatt sterk vekst dei siste åra, og gjeve ny aktivitet i mange småsenterregionar og spreiddbygde område langs kysten av Nord-Noreg, Trøndelag og Vestlandet. Samtidig dreg kunnskapsintensive tenestenæringar, gjerne lokaliserte i byar, nytte av eit sterkt, ressursbasert næringsliv i distrikta.

Regjeringa legg vekt på langsiktig omstillingsevne og eit konkurransedyktig næringsliv. Styrkt satsing på samferdsel og innovasjon, vekstfremjande skattelettar og forenkling i offentleg sektor stimulerer vekstkrafta i næringslivet. I tillegg vil regjeringa

  • prioritere verkemiddel som styrkjer dei langsiktige føresetnadene for konkurranseevne og regional vekstkraft

  • satse på verkemiddel som mobiliserer verksemder til bruk av forsking i utviklingsarbeid

  • gje insentiv til meir og betre samspel mellom universitets- og høgskulesektoren og arbeids-, samfunns- og næringslivet ved å leggje vekt på slike samarbeid i finansieringa av sektoren

  • styrkje samarbeid og samordning på regionalt nivå gjennom vidare utvikling av regionale strategiar for vekst og tilgang på kompetanse i arbeidslivet

  • sikre ei balansert lokalisering av statlege arbeidsplassar og nytte fagkompetansen som finst på ulike stader i landet

  • at departementet vurderer bruk av avtalar mellom sektorstyresmakter og lokale/regionale styresmakter på stader med særskilde omstillingsutfordringar

  • at departementet gjennomgår ansvaret for å handtere meir akutte omstillingsutfordringar

  • sørgje for betre rettleiing om planlegging i kystnære sjøområde

  • utvikle Nord-Noreg til ein av dei mest skapande og berekraftige regionane i landet

Tilgang til effektiv transport har mykje å seie for næringsutviklinga og omstillingsevna over heile landet. God infrastruktur mellom ulike knutepunkt for transport av gods er avgjerande for mange næringar for å nå viktige marknader. Berekraftig arealbruk og transportsystem medverkar til økonomisk aktivitet, sikrar klima- og miljøomsyn og fremjar sosial integrasjon. Betre arealbruk og miljøvenleg transport er sentrale element i det grøne skiftet i byane. Dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal og transportplanlegging ligg til grunn for politikkutviklinga i denne meldinga. For å lukkast vil regjeringa

  • vere ein aktiv partnar i planlegging for ei framtidsretta og klimavenleg by- og tettstadutvikling i heile landet, der ein prioriterer høg arealutnytting i senter og nær knutepunkt for kollektivtransport

  • samarbeide med byområda om å inngå byvekstavtalar for å sikre samordning mellom arealbruken og investeringane i transportsystema

  • at lokalisering av statlege publikumsretta verksemder og større statlege arbeidsplassar skal byggje opp om utviklinga i by- og tettstadsentera og i knutepunkta

  • vidareføre forenklingsarbeidet med sikte på å leggje til rette for raskare bustadbygging. For å møte bustadbehovet er det særleg viktig å sjå på korleis det kan leggjast til rette for raskare, billigare og enklare utbygging i kompliserte fortettings- og transformasjonsområde

  • medverke med kunnskap, metodar og erfaringar frå utviklingsarbeid for å sikre naudsynt omsyn til helse og livskvalitet, og dermed sosial berekraft, i samordna bustad-, areal- og transportplanlegging

Utforminga av dei fysiske omgjevnadene har mykje å seie for kvardagen og livsutfaldinga til folk. Gode offentlege rom og møteplassar kan fremje kontakt mellom menneske og er viktig for det sosiale livet på staden. Grøne område og korridorar opnar for rekreasjon, fysisk aktivitet og naturopplevingar. Ved å ta vare på kulturminne og kulturmiljø styrkjer ein særpreget og identiteten til byane og tettstadene. Arkitektur, historiske bygg og bymiljø er òg med på å skape identitet og opplevingar av senterområda. Dette er ressursar kommunane kan nytte for å utvikle klima og miljøvenlege, attraktive by- og tettstadsenter, for innbyggjarar, næringsliv og turistar. Regjeringa er oppteken av å unngå aukande ulikskapar mellom grupper av befolkninga og å medverke til gode og inkluderande lokalsamfunn. Nye erfaringar, innovative arbeidsformer og modellar som blir utvikla i områdesatsingane, vil gje læring og innspel til utarbeiding av ny statleg politikk. For å lukkast vil regjeringa

  • leggje til rette for gode og inkluderande lokalsamfunn med vekt på sosial berekraft i utsette byområde gjennom områdesatsingar, styrkje og vidareutvikle oppveksttenester, sysselsetjingstenester og nærmiljøkvalitetar og støtte opp under frivillig arbeid som førebyggjer einsemd og fremjar sosial inkludering.

  • halde fram arbeidet med dei eksisterande områdesatsingane og fortløpande vurdere samarbeid med andre byar der utfordringane er særleg store

  • støtte opp om kommunar og andre aktørar som ynskjer å prøve ut nye løysingar og verktøy for frivillig forpliktande sentrumssamarbeid

  • opne for at ein tiltakshavar som har søkt om permanent bruksendring, kan gå attende til opphavleg bruk. Regjeringa vil vurdere om det er mogleg å gjere fleire endringar i nasjonalt regelverk som kan gjere det enklare å ta i bruk tomme lokale mellombels til andre føremål enn dei er regulerte til, og vurdere behov for betre rettleiing på feltet

  • styrkje rettleiinga for kvalitet og attraktivitet i dei bygde omgjevnadene med sikte på auka livskvalitet og eit godt liv for alle uavhengig av alder og funksjonsnivå

  • auke medvitet og styrkje arbeidet for at kulturarven og andre miljøgode skal vere ein ressurs i by- og tettstadarbeidet, gjennom tilrådingar om korleis bevaring, bruk og utvikling kan medverke til god stadutvikling.

Regjeringa styrkjer distrikta gjennom ein aktiv distriktspolitikk. Ei rekkje sektorar er viktige for ein aktiv distriktspolitikk, slik som den generelle nærings- og samferdselspolitikken. Mindre arbeidsmarknader har likevel meir utfordrande føresetnader for omstilling enn større arbeidsmarknader, på grunn av små lokale marknader og lange avstandar, få næringsaktørar og mangel på finansinstitusjonar og kompetansemiljø. Dette gjer det naudsynt med ein nasjonal ekstrainnsats i distrikta. I distrikta vil regjeringa

  • halde fram med ein særleg innsats for næringsliv i område med særskilde utfordringar, i tillegg til politikken som gjeld heile landet. Ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift er ein sentral del av politikken

  • prioritere finansielle verkemiddel som investeringsstøtte og verksemdsutviklingstilskot

  • føre næringshageprogrammet vidare som eit viktig distriktspolitisk verkemiddel

  • forenkle utmarksforvaltninga slik at det blir enklare å drive berekraftig næringsverksemd basert på naturressursar i utmark og fjell

  • styrkje rettleiinga om planlegging i fjell og utmark

  • medverke til grunnleggjande kommersielle tenestetilbod i tynt busette område gjennom Merkur-programmet

  • utløyse lokal utviklingskraft i distrikta gjennom innsats som legg til rette for næringsutvikling og tiltak som medverkar til å inkludere tilflyttarar

Planlegging etter plan- og bygningslova er ein av nøklane til berekraftig utvikling i heile landet. Gjennom planlegginga skal kommunane og fylkeskommunane, saman med andre regionale og lokale aktørar, peike ut ei retning for samfunnsutviklinga. Dei må ta utgangspunkt i regionale og lokale føresetnader og nasjonale rammer og mål, og kome fram til strategiar og tiltak for å utvikle samfunnet i den retninga dei ynskjer. I dette arbeidet skal dei samarbeide med andre aktørar og ta utgangspunkt i aktuelle utfordringar og nasjonale rammer og mål. Bruk av ny teknologi i planlegging og samfunnsutvikling vil medverke til ei framtidsretta og berekraftig utvikling.

I planprosessane må det leggjast til rette for samordning og avveging av ulike interesser og omsyn. Det gjev grunnlag for avgjerder som er godt forankra og står seg over tid, og som sikrar at planane kan gjennomførast. Planlegging er eit av dei viktigaste verktøya til folkevalde organ på kommunalt og regionalt nivå. Dei folkevalde må difor utøve leiarskap i planprosessane og i gjennomføring av planane. For å lukkast vil regjeringa

  • arbeide for ytterlegare harmonisering og samordning av plan- og bygningslova og tilgrensande sektorlover

  • medverke til å styrkje samfunnsplanlegginga i kommunane gjennom betre rettleiing og vurdere tiltak for å gjere det mogleg å rullere samfunnsdelen av kommuneplanen raskare

  • styrkje medverknad frå folk flest i heile planprosessen mellom anna gjennom betre tilrettelegging for digitale løysingar

  • føre vidare innsatsen for styrkt samordning i planprosessane med tiltak som skal medverke til tidleg dialog, betre samordning av ulike interesser og betre handtering av konfliktar i planprosessane

  • forlenge forsøket med samordning av statlege motsegner til kommunale planar og avklare vidare oppfølging

  • gjere statistikk om arealutvikling i kommunar og fylke meir tilgjengeleg ved å lansere «arealprofilar» som eit nytt verktøy for planlegginga

  • vidareføre arbeidet med digitalisering og forenkling av plan- og byggjesaksprosessane som eit særskilt satsingsområde

Denne meldinga er blitt til i ein open prosess der alle har hatt høve til å kome med innspel. Desse er gjorde tilgjengelege på nettsida www.byerogdistrikter.no. I alt 56 innspel blei sende inn til nettsida frå kommunar og fylkeskommunar, privatpersonar, verksemder og medlems- og interesseorganisasjonar. I tillegg blei det arrangert ti innspelsmøte over heile landet. Her fekk deltakarar frå store og små verksemder, offentleg forvaltning og utdanningssektoren møte kommunal- og moderniseringsministeren og tilsette i departementet.

Innspelsmøta og innspel til nettsida har hatt stor verdi for meldingsarbeidet. Tema som tilgang på relevant utdanning og arbeidskraft, samarbeid mellom verksemder og akademia, gode regionale transportløysingar, gode arealplanar, levande sentrum og overgang til eit samfunn med lågare utslepp har gått igjen. Vidare syner diskusjonane på innspelsmøta at temaa heng saman og difor må løysast på tvers av faggrenser og forvaltningsnivå.

Eit døme er forholdet mellom utdanningstilbodet og behovet for arbeidskraft blant verksemder i regionen. Dette har òg gått igjen i mange av innspela til nettsida. God oversikt over kompetansebehov i lokale og regionale arbeidsmarknader er vesentleg for å kunne styrkje koplinga mellom utdanningstilboda og verksemda.

Kompetanse og kapasitet er òg viktige faktorar i planlegginga. Oppdaterte arealplanar er ein føresetnad for å gjere gode avvegingar om berekraftig bruk, leggje til rette for berekraftig transport, tiltrekkje seg nye verksemder og gjere det føreseieleg for innbyggjarane kva utvikling dei kan vente i området dei bur i. Frå Nord-Noreg kom det fleire innspel om kor viktig det er med oppdaterte arealplanar også for sjøområda.

Ved fleire høve tok deltakarane opp korleis by og distrikt kan spele kvarandre gode. For nye næringar, til dømes havbruksnæringa, er byar og tettstader med levande sentrum og gode offentlege tenester, viktig for å trekkje til seg rett arbeidskraft. Reiselivsnæringa peikte på at operatørane treng attraktive byar og tettstader som utgangspunkt for reise- og friluftsliv i til dømes fjell og utmark. Samspelet mellom byane og dei kringliggjande kommunane blei trekt fram som avgjerande for ei vidare berekraftig utvikling.

Kva for moglegheiter som ligg i automatisering og digitalisering, var òg eit tema som gjekk att. Innlandet trekte særleg fram bioøkonomien sin innverknad på eit grønt skifte i Noreg. Over heile landet la deltakarar vekt på koplinga mellom fysiske og digitale møteplassar, og korleis digitale sosiale nettverk kan supplere fysiske møtestader og knyte gründerar i by og distrikt tettare saman.

Kommunal- og moderniseringsministeren takkar for alle innspel og ein god dialog undervegs i arbeidet med denne meldinga. Her har det vore arrangert innspelsmøte:

  1. Hafjell i Øyer kommune, september 2015

  2. Litteraturhuset i Oslo, november 2015

  3. Hønefoss, november 2015

  4. Ålesund, desember 2015

  5. Arendal, januar 2016

  6. Mesh i Oslo, februar 2016

  7. Henningsvær, mars 2016

  8. Stavanger, mai 2016

  9. Grenland, august 2016

  10. Vadsø, november 2016

Čoahkkáigeassu

Ráđđehus dieđihii Sundvolden-julggaštusas ođđa regionálapolitihka. Dat deattuha earret eará rámmaeavttuid mat nannejit norgga fitnodagaid ja bargosajiid ja doaibmevaš stuoragávpotpolitihka.

Iešguđet báikkiin leat iešguđetlágan hástalusat ja vejolašvuođat. Danne lea dárbu fievrridit njuovžilis politihka mii nanne ovttasbarggu ja ovddida ahtanuššanovddideaddji ja dásseárvosaš birgenlági buot osiin riikkas. Dát stuoradiggedieđáhus lea bajitdási dieđáhus mii govvida máŋggabealat ja máhtolašvuhtii vuođđuduvvon hástalusaid ja vejolašvuođaid. Dieđáhus lea čujuhussan dasa guđe guvlui ráđđehusa mielas lea riekta bargat olahan dihte guoddevaš ovdáneami gávpogiin, gilážiin ja stuorit guovlluin.

Dieđáhus vuoruha doaimmaid mat galget buoridit iešguđet oasálaččaid gaskasaš ovttasbarggu. Gielddat leat norgga demokratiija geađgejuolgi, deháleamos plánastivreneiseválddit ja servodatovddideaddjit. Gielddain lea máhttu báikkálaš diliid birra go sis lea lagasvuohta ássiide ja ealáhuseallimii, ja dat dahká vejolažžan áŋgiruššat servodat- ja ealáhusovdáneami ovdii. Ráđđehus nanne báikkálaš demokratiija go sirdá fámu ja ovddasvástádusa gielddaide. Boahttevaš stuoradiggedieđáhus gielddaođastusa birra, mii deattuha stuorit ja beaktilis čálgogielddaid, lea dehálaš gaskaoapmi ođđa politihka ovddideapmái sihke gávpogiin ja boaittobealguovlluin.

Ráđđehus háliida ollislaš hálddašanstruktuvrra mii nagoda dustet dálá ja boahttevaš hástalusaid. Dieđ.St.22 (2015–2016) Ođđa álbmotválljenregiovnnat – rollat, struktuvrrat ja doaimmat bokteráđđehus árvalii čađahit regiovdnaođastusa jagi 2020 rájes, oktan gielddaođastusain. Ráđđehusa mihttomearri lea ovdánahttit regionála álbmotválljenorgána mii bures ovttasdoaibmá stáhtain ja gielddaiguin, mii nagoda čoavdit dehálaš hástalusaid servodagas ja láhčit dili ovdáneapmái ja ahtanuššamii buot osiin riikkas. Ráđđehus áigu giđđat 2017 ovddidit proposišuvnna regionála álbmotválljendási ođđa struktuvrra birra mii čuovvula Dieđ.St.22 mearrádusaid ahte nannet regiovdnadási servodatovdánahttinrolla ja ođđa doaimmaid.

Ráđđehus áigu geavahit fágagelbbolašvuođa mii juo gávdno riikkas, ja sihkkarastit ahte stáhtalaš bargosajit dássedit ásahuvvojit. Gelbbolašvuođa juogadeapmi lea mielde nannemin máhttobirrasiid stuorit gávpogiid birrasiin. Ráđđehusa plána stáhtalaš bargosajiid ásaheapmái lea mielddusin dán dieđáhusas.

Dieđáhus oanehaččat čilgejuvvon

Ráđđehus ovddida dieđáhusa bokte ođđa ulbmiliid regionála- ja guovllupolitihkkii. Buot Norgga ássiin galget leat seammaárvosaš eallineavttut beroškeahttá gos ásset. Bures doaibmi ealáhuseallin lea dehálaš eaktu čálgui, birgenláhkái ja eallinkvalitehtii buotlágan servodagain, sihke gávpotguovlluin ja gilážiin. Mii dárbbašat aktiivvalaš ealáhuseallima mii hutká ja ráhkada ođđa bargosajiid. Seammás lea álbmoga čoahkkádus dehálaš boahttevaš ahtanuššamii ja ovdáneapmái. Politihkka galgá láhčit dili ovdáneapmái gos mii váldit vára resurssain maŋit buolvvaide ávkin, ja mihtu lea ahte guovlluid gaskka Norggas eai galgga stuora erohusat. Dat lea mielde bisuheamen ássanminstara váldobeliid.

Ráđđehus vuoruha gaskaomiid mat dahket guoddevaš gávpogiidda ja fámolaš báikegottiide vejolažžan ávkkástallat guđet guimmiideaset resurssaid. Resurssat gávdnojit miehtá riikka. Gávpogat sturrot go riegádahttinlogut ja sisafárremat lassánit ja go eanet olbmot fárrejit stuorit báikkiide, de dat addá eanet vejolašvuođaid. Gávpogiin gávdno gelbbolašvuohta ja kapitála, infrastruktuvra ja bálvalusat. Boaittobealbáikkiin gávdnojit dehálaš resurssat mat addet vuođu industriijadoaimmaide ja ahtanuššamii. Guolásteapmi ja mearradoallu leat sakka lassánan maŋimuš jagiid ja vuolggahan ođđa doaimmaid ollu smávit guovddášbáikkiin ja gilážiin Davvi-Norgga, Trøndelága ja Vestlándda riddoguovlluin. Seammás sáhttet máhttointensiiva bálvalusealáhusat mat eanaš gávdnojit gávpogiin, ávkkástallat nana, resursavuđot ealáhuseallimis mat gávdnojit boaittobealguovlluin.

Ráđđehus deattuha guhkesáiggi nuppástuhttindáiddu ja gilvalannávccalaš ealáhuseallima. Nana ealáhuseallin ovdána go vuoruhat johtolatsuorggi ja innovašuvnna, ahtanuššanovddideaddji vearrogeahpádusaid ja almmolaš suorggi álkidandoaimmaid. Dan lassin áigu ráđđehus

  • vuoruhit váikkuhangaskaomiid mat nannejit guhkesáiggi gilvalannávccaid ja regionála ahtanuššanvejolašvuođaid

  • vuoruhit váikkuhangaskaomiid mat movttiidahttet fitnodagaid geavahit dutkama ovdánahttinbarggus

  • movttiidahttet universitehta- ja allaskuvlasuorggi ja bargo-, servodat- ja ealáhuseallima buorebut ovttasdoaibmat go suorgái juolluduvvojit ruhtadoarjagat

  • guovllu ahtanuššanstrategiijaid viidáset ovdánahttimis nannet ovttasbarggu ja ovttastahttima regionála dásis

  • sihkkarastit ahte stáhtalaš bargosajit dássedit ásahuvvojit ja ahte fágagelbbolašvuohta mii gávdno iešguđet báikkiin riikkas geavahuvvo

  • ovdánahttit Davvi-Norgga nu ahte dat šaddá okta dain stuorimus ovdáneaddji ja guoddevaš guovlluin Norggas

  • departemeanta árvvoštallá suorgeeiseválddiid ja báikkálaš/regionála eiseválddiid vejolašvuođaid geavahit šiehtadusaid dustet hástalusaid dakkár báikkiin gos leat erenoamáš hástalusaid

  • departemeanta guorahallá hálddašanovddasvástádusa meannudit fáhkka nuppástuhttinhástalusaid

  • fuolahit ahte plánabagadallan doaibmá buorebut riddolagaš mearraguovlluin

Fievrridanvejolašvuođat leat hirbmat dehálaččat ealáhusovdáneapmái ja nuppástuhttimii miehtá riikka. Buorre siskkáldasstruktuvra iešguđet báikkiid gaskka lea mearrideaddjin ollu ealáhusaide vai besset ávkkástallat gálvomárkaniid. Dieđáhus láhčá dili guoddevaš areálageavaheapmái gos lea dakkár fievrridanvuogádat mii ovddida ekonomalaš gánnáhahtti gávpedoaimmaid, sihkkarastá dálkkádat- ja birasberoštumiid ja ovddida sosiála ovttaiduhttima. Buoret areálageavaheapmi ja birasseasti fievrrideapmi leat guovddáš áššit gávpogiid ruoná ođasmahttimis. Stáhtalaš plánanjuolggadusat ovttastahttit ássanguovllu-, areála- ja fievrridanplánabargguid leat vuođđun dieđáhusa politihkaovddideapmái.

Ráđđehus áigu vai lihkostuvvat

  • doaibmevaččat searvat plánabargui ovddidit boahtteáigái heivehuvvon ja birasseasti gávpogiid ja čoahkkebáikkiid miehtá riikka, gos gávpotguovddážiid ja kollektiivajohtolaga areálageavaheapmi vuoruhuvvo

  • ovttasbargat gávpogiiguin šiehtadan dihte gávpotahtanuššanšiehtadusaid sihkkarastit dan ahte areálageavaheapmi ja fievrridansuorggi investeremat oktiiheivehuvvojit

  • ahte stáhtalaš bálvalusfálaldagat ja stuorit stáhtalaš bargosajit galget leat mielde ovdánahttimin gávpogiid, čoahkkebáikkiid ja deaivvadanbáikkiid

  • joatkit álkidahttindoaimmaid dainna ulbmilin ahte ássanviessohuksemiid johtileappot čađahit. Dusten dihte ássanviessodárbbuid lea erenoamáš dehálaš geahčadit maid sáhttá dahkat vai huksenbarggut čađahuvvojit johtileappot, hálbbibun ja álkibun moalkás čoahkke- ja nuppástusguovlluin

  • geavahit máhtu, metodaid ja vásáhusaid maid vuođđun leat ovdánahttinbarggut, sihkkarastin dihte ahte dearvvašvuohta ja eallinkvalitehta vuhtiiváldojuvvo, ja maiddái dan ge ahte sosiála ceavzilvuohta sihkkarastojuvvo ovttastahttojuvvon ássan-, areála- ja fievrridanplánabarggus

Olbmuid árgabeaivái ja eallindillái lea hirbmat dehálaš dat movt fysalaš birrasat hábmejuvvojit. Buorit almmolaš lanjat ja deaivvadanbáikkit sáhttet buoridit olbmuid gaskavuođaid ja mearkkašit ollu sosiála eallimii. Ruoná guovllut ja váccáhagat rahpet vejolašvuođaid vuoiŋŋasteapmái, lihkadeapmái ja luondduvásáhusaide. Kulturmuittuid ja kulturbirrasiid áimmahuššan nanne gávpogiid ja čoahkkebáikkiid iešvuođaid ja dovdomearkkaid. Arkitektuvra, historjjálaš huksehusat ja gávpotbirrasat leat maid mielde duddjomin iešdovddu ja vásáhusaid čoahkkebáikkiin. Gielddat sáhttet geavahit dáid resurssaid ovddidit dálkkádat- ja birasseasti, geasuheaddji gávpot- ja guovddášbáikkiid, ássiid, ealáhuseallima ja mátkeealáhusa várás. Ráđđehus mihtu lea eastadit eallindili erohusaid olmmošjoavkkuid gaskka ja leat mielde ovddideamen buriid ja searvadahtti báikegottiid.

Ráđđehus áigu vai lihkostuvvat

  • surggiid oktasašbarggu bokte láhčit dili buresdoaibmi ja searvadahtti báikegottiide mat vuhtiiváldet sosiála ceavzilvuođa hástaleaddji gávpotguovlluin, nannet ja viidáset ovddidit bajásšaddanbálvalusaid, barggahusbálvalusaid ja lagašbirasdoaimmaid ja doarjut eaktodáhtolašdoaimmaid mat eastadit eret duvdašuvvama ja mat ovddidit sosiála searvadahttima. Ođđa vásáhusat, innovatiiva bargovuogit ja bargomállet mat ovddiduvvojit, addet vuođu hábmet ođđa stáhtalaš politihka.

  • joatkit suorgegaskasaš áŋgiruššamiid ja jotkkolaččat árvvoštallat ovttasbargovejolašvuođaid eará gávpogiiguin gos leat erenoamáš stuora hástalusat

  • doarjut gielddaid ja eará oasálaččaid geat háliidit geahččaladdat ođđa čovdosiid ja reaidduid čađahit eaktodáhtolaš geatnegahtti gávpotovttasbarggu, earret eará gávpotahtanuššanšiehtadusaid bokte

  • Doaibmaálggaheddjiide, geat leat ohcan bistevaš areálageavahanrievdadusa rahpat vejolašvuođa beassat geavahit areálaid nu go ovdal. Ráđđehus áigu maid árvvoštallat vejolašvuođaid rievdadit nationála lágaid vai šaddá álkit geavahišgoahtit geavakeahtes eatnamiid mat leat várrejuvvon eará doaimmaide, ja árvvoštallat dárbbu buoridit diehtojuohkima dán suorggis

  • ođđa huksejuvvon birrasiin áŋgiruššat kvalitehta ja loaktima ovdii buoridan dihte eallinkvalitehta ja eallindili beroškeahttá agis ja doaibmanávccain

  • Nannet diđolašvuođa ja doaimmaid rávvagiid bokte movt seailluheapmi, geavaheapmi ja ovdánahttin sáhttet váikkuhit nana báikegoddeovddideapmái, vai kulturárbi ja eará birasbuorrevuođat bohtet ávkin gávpot- ja čoahkkebáikkiid ovddideapmái

Ráđđehus áigu nannet boaittobealguovlluid aktiivvalaš guovllupolitihka bokte. Ulbmil lea oaččuhit áigái ovdánannávccalaš, ovttaárvosaš eallineavttuid ja guoddevaš regiovnnaid buot osiin riikkas. Ollu suorggit leat dehálaččat fievrridit aktiivvalaš guovllupolitihka, nu go oppalaš ealáhus- ja johtolatpolitihkka. Smávva bargomárkaniid lea almmatge váddáseappot nuppástuhttit go stuorra bargomárkaniid, smávva báikkálaš márkaniid ja guhkes gaskkaid geažil, ealáhusdoallit eaige leat nu ollugat ja ruhtadanásahusat ja gelbbolašvuođabirrasat váilot. Dan dihte leage dárbu nationála dásis erenoamážit áŋgiruššat boaittobealguovlluid ovdáneami ovdii.

Ráđđehus áigu boaittobealguovlluin

  • joatkit áŋgiruššat ealáhuseallima ovdii erenoamáš hástaleaddji guovlluin, ja dan lassin fievrridit politihka mii gusto miehtá riikka. Heivehuvvon bargoaddidivatortnet lea guovddáš oassi dán politihkas

  • vuoruhit ekonomalaš váikkuhangaskaomiid nu go investerendoarjaga ja ovddidandoarjaga

  • joatkit ealáhusgárdeprográmma mii galgá doaibmat dehálaš guovllupolitihkalaš váikkuhangaskaoapmin

  • álkidahttit meahccehálddašeami vai šaddá álkit jođihit guoddevaš luondduvuđot ealáhusaid duoddariin ja mehciin

  • nannet plánabagadallama mii guoská meahcástallandoaimmaide

  • sihkkarastit dehálaš kommersiála bálvalusfálaldagaid smávit báikegottiin

  • nannet boaittobealguovlluid ahtanuššanvejolašvuođaid doaimmaiguin mat láhčet dili ealáhusovdáneapmái ja doaibmabijuiguin mat searvadahttet olggobeale olbmuid geat fárrejit báikái

Plána- ja huksenlágavuđot plánabargu lea okta čoavdda riikkaviidosaš guoddevaš ovdáneapmái. Plánabarggus galget gielddat ja fylkkagielddat, ovttas regionála ja báikkálaš oasálaččaiguin čujuhit guđe guvlui servodat galgá ovdánit. Sii fertejit vuhtiiváldit regionála ja báikkálaš eavttuid ja nationála rámmaid ja mihtuid, ja ovddidit strategiijaid ja doaibmabijuid mat ovdánahttet servodaga dan guvlui maid sii háliidit. Dán barggus lea dárbu ovttasbargat eará oasálaččaiguin ja vuhtiiváldit áigeguovdilis hástalusaid ja nationála rámmaid ja ulbmiliid. Teknologiija geavaheapmi plánabarggus ja servodatovdánahttimis lea mielde duddjomin guoddevaš ja boahtteáigái heivehuvvon ovdáneami.

Plánaproseassain galgá leat vejolašvuohta iešguđet beroštumiid ja deasttaid oktiiheivehit ja vihkkedallet. Dat addá vejolašvuođa dahkat bures vuođđuduvvan mearrádusaid mat gustojit guhkit áiggi, ja mat sihkkarastet ahte plánat čađahuvvojit. Plánabargu lea álbmotválljejuvvon orgánaid deháleamos reaidu, sihke gieldda- ja regionála dásis. Álbmotválljejuvvon jođiheaddjit fertejit fuolahit ahte plánaproseassat ja plánat čađahuvvojit.

Ráđđehus áigu vai lihkostuvvat

  • bargat dan ovdii ahte plána- ja huksenláhka ja áigeguovdilis suorgelágat buorebut heivehuvvojit ja ovttastahttojuvvojit

  • váikkuhit dasa ahte gielddaid servodatplánabargu nannejuvvo bagadallama bokte mii lea buorre ja ávkkálaš, ja árvvoštallat vejolašvuođaid gielddaplána servodatoasi johtileappot ođasmahttit

  • oaččuhit eanet olbmuid searvat olles plánaprosessii earret eará buresdoaibmi digitála čovdosiid bokte

  • plánaproseassaid buorebut oktiiheivehit doaibmabijuiguin mat galget váikkuhit dasa ahte bealit gulahallagohtet nu árrat go vejolaš, ja buorebut oktiiheivehit iešguđet beroštumiid ja plánaproseassain buoridit riidduidčoavdinhálddašeami

  • ásahit bistevaš ortnega ovttastahttit stáhtalaš vuostecealkámušaid gielddalaš plánaid hárrái ja guorahallat mo dan geavatlaččat sáhttá čađahit

  • váikkuhit dasa ahte buohkat galget beassat geavahit gielddaid ja fylkkaid areálageavahanstatistihkaid «areálaprofiillaid» go dat ásahuvvo ođđa plánareaidun

  • viidáset ovddidit digitaliserendoaimmaid ja álkidahttit plána- ja huksenproseassaid, mii lea okta deháleamos áŋgiruššansurggiin

Dieđáhusas lea leamaš rabas proseassa mas buohkat leat beassan buktit cealkámušaid. Dat gávdnojit neahttabáikkis www.byerogdistrikter.no. Gielddat, fylkkagielddat, ovttaskasolbmot, fitnodagat ja ásahusat ja miellahttu- ja ealáhusorganisašuvnnat sáddejedje oktiibuot 54 cealkámuša neahttabáikái. Dan lassin lágiduvvojedje 10 gulahallančoahkkima miehtá riikka gos olbmot besse buktit oaiviliiddiset. Doppe oassálaste sihke stuora ja smávva fitnodagat, almmolaš hálddašeapmi ja oahpahussuorgi, gieldda- ja ođasmahttinministtar ja departemeantta bargit.

Gulahallančoahkkimat ja cealkámušat neahttabáikkis leat mearkkašan ollu dieđáhusbargui. Ollu ságastallui dan birra ahte gávdnojit go relevánta oahppofálaldagat ja bargofámut, ja ásahusaid ja akademiija gaskasaš ovttasbargu, buorit regionála fievrridančovdosat, areálaplánat, ealli guovddážat ja movt geahpedit nuoskkideami ledje áššit mat ožžo stuora beroštumi. Ja divaštallamat gulahallančoahkkimiin duođaštedje ahte visot áššit gullet oktii, ja ahte daid lea dárbu čoavdit fágasurggiid ja hálddašandásiid gaskasaš ovttasbarggus.

Ovdamearkka dihte leat go oahppofálaldagat heivehuvvon fitnodagaid bargofápmodárbbuide. Dát ášši divaštallojuvvui dávjá neahttabáikkis. Lea dehálaš ahte báikkálaš ja regionála bargomárkanat bures čalmmustahttet gelbbolašvuođadárbbuid vai sáhttá oahppofálaldagaid buorebut heivehit fitnodatdárbbuide.

Gelbbolašvuohta ja doaibmanávccat gustojit maid plánabargguide. Ođasmahttojuvvon areálaplánat gáibiduvvojit go gánnáhahtti doaimmaid galgá árvvoštallat, ja go lea dárbu nanusmahttit ceavzilis fievrridanfálaldagaid ja ođđa bargosajiid, ja vai ássit sáhttet einnostit boahtteáiggi iežaset ássanbáikái. Davvi-Norggas oaivvildedje máŋggas ahte lea dárbu ođasmahttit plánaid mat gusket mearraguovlluide.

Máŋgga oktavuođas leai sáhka dan birra movt gávpogat ja boaittobealguovllut gaskaneaset sáhtášedje geavahit gelbbolašvuođa buorebut. Ođđa ealáhusaide, ovdamearkka dihte mearradollui, leat gávpogat ja čoahkkebáikkit gos lea ealli biras ja almmolaš bálvalusat dehálaččat olahit ja doalahit rivttes bargofámuid. Mátkeealáhus čujuhii dasa ahte fitnodagat dárbbašit geasuheaddji gávpogiid ja čoahkkebáikkiid vuolggasadjin mátkkoštan- ja meahcástallanfálaldagaide. Namuhuvvui maid ahte ovttasdoaibman gávpogiid ja lagašgielddaid gaskkas lea mearrideaddjin viidáset guoddevaš ovdáneapmái.

Automatiseren ja digitaliseren leai fáddá mii dávjá ságastallojuvvui. Siseatnanássit gesse erenomážit ovdan dan movt bioekonomiija sáhttá váikkuhit ruoná ođasmahttimii Norggas. Buot oasseválddit miehtá riikka deattuhedje ahte fysalaš ja digitála deaivvadanbáikkiid galggašii sáhttit buorebut geavahit ovttas, ja guđe láhkai digitála sosiála neahttabáikkit sáhttet dievasmahttit fysalaš deaivvadanbáikkiid ja duddjot buorre oktavuođa fitnoálggaheddjiid gaskka gávpogiin ja boaittobealbáikkiin.

Gielda- ja ođasmahttinministtar giitá buot cealkámušaid ovddas ja go gulahallan lea leamaš hui buorre dieđáhusa bargoproseassas.

Lágiduvvon gulahallančoahkkimat:

  1. Hafjell, Øyer gielddas, čakčamánus 2015

  2. Litteraturhuset, Oslos, skábmamánus 2015

  3. Hønefoss, skábmamánus 2015

  4. Ålesund, juovlamánus 2015

  5. Arendal, ođđajagemánus 2016

  6. Mesh, Oslos, guovvamánus 2016

  7. Henningsvær, njukčamánus 2016

  8. Stavanger, miessemánus 2016

  9. Grenland, borgemánus 2016

  10. Čáhcesuolu, skábmamánus 2016

Til forsida