Meld. St. 15 (2022–2023)

Folkehelsemeldinga— Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar

Til innhaldsliste

1 Ei folkehelsemelding for utjamning av sosiale helseforskjellar

Figur 1.1 

Figur 1.1

Regjeringa vil

  • prioritere folkehelsearbeidet og innsatsen mot sosiale helseforskjellar.

Folkehelsa i Noreg er generelt god og levealderen er høg, men det er framleis store sosiale helseforskjellar. Dei som har lang utdanning og god økonomi, lever lenger og har færre helseproblem enn dei som har kortare utdanning og dårlegare økonomi.

I 2021 var forventa levealder 84,7 år for kvinner og 81,6 år for menn. Sjukdomsbiletet i Noreg er dominert av ikkje-smittsame sjukdommar, som forårsakar omlag 87 prosent av den totale sjukdomsbyrda. Ikkje-smittsame sjukdommar som hjarte- og karsjukdom, kreft, kols, rusmiddellidingar, psykiske lidingar og demens er viktige årsaker til tapte leveår hos begge kjønn i Noreg. Koronapandemien har samtidig vist skadepotensialet smitte i befolkninga har. Helsetilstanden i Noreg er nærare omtalt i vedlegg til slutt i denne stortingsmeldinga. Det er framleis eit betydeleg potensial for å forbetre helsa i befolkninga. Det viktigaste er å redusere dei sosiale helseforskjellane.

Å fase ut røyking er det enkelttiltaket som vil ha størst betydning for å betre helsa og jamne ut dei sosiale helseforskjellane. Regjeringa vil legge til rette for ein tobakksfri generasjon, utvide vernet mot passiv røyking og innføre eit nasjonalt program for røykeslutt.

Det er eit samfunnsansvar å sikre at alle har gode føresetnader for eit godt liv med god helse. God helse og gode levekår heng saman, og folkehelsearbeidet må legge til rette for ei betre helse for alle. Dette vil også bidra til å redusere sosial ulikskap. Helsevanane som blir etablerte tidleg i livet, påverkar sjansane til å lykkast i skulen og i arbeidslivet. Det helsefremjande arbeidet i nærmiljøet og lokalsamfunnet bør skje i samarbeid mellom kommunen, frivillige organisasjonar, private og brukarorganisasjonar.

Ein god folkehelsepolitikk er viktig for den enkelte og ein føresetnad for eit berekraftig velferdssamfunn. FNs berekraftsmål slår fast at god helse er ein grunnleggande føresetnad for moglegheita menneske har til å nå det fulle potensialet sitt og for å bidra til utvikling i samfunnet. Høg sjukelegheit og låg funksjonsevne medfører påkjenningar og kostnader både for den enkelte og for samfunnet i form av helse- og omsorgstenester, sjukefråvær og meir varige trygdeytingar.

Endringar i den globale demografien, pandemiar, klimaendringar, ein uviss tryggleikspolitisk verdssituasjon og endringar i ulikskap påverkar folkehelsa, også i Noreg. Derfor er det nødvendig å sjå folkehelseutfordringane i Noreg i samanheng med utviklinga elles i verda.

Andelen økonomisk trygge hushaldningar har falle frå 65 prosent under koronapandemien til 49 prosent i august 2022 (1). Mange i Noreg i dag opplever belastninga med auka kostnader på straum, mat og andre nødvendige varer. Dette rammar dei som allereie er i ein utsett situasjon ekstra hardt, og aukar også talet på hushald som strever. Levekostnadskrisa forsterkar helsemessige, sosiale og økonomiske forskjellar.

Kvinnehelseutvalet la fram rapporten sin 2. mars (2). Folkehelsemeldinga løftar eit kvinnehelseperspektiv gjennom å legge vekt på folkehelseutfordringar som særleg rammar kvinner. Dette gjeld til dømes psykiske plager i ungdommen og muskel- og skjelettlidingar.

Folkehelsepolitikken skal bidra til å redusere sårbarheita og auke motstandskrafta i samfunnet. God helse og trivsel gir styrke i seg sjølve, og ei effektiv organisering av arbeidet med å verne og fremje folkehelsa på tvers av sektorar bidrar til betre evne til å handtere kriser. I Noreg er det generell høg tillit i samfunnet, også til styresmaktene. Folkehelsepolitikken, og spesielt arbeidet med å jamne ut sosiale forskjellar i helse og livskvalitet, skal bidra til å styrke den sosiale berekrafta i samfunnet.

1.1 Strategi mot sosiale helseforskjellar i folkehelsemeldinga

I tråd med Hurdalsplattforma vil regjeringa løfte fram utjamning av sosiale helseforskjellar som den viktigaste prioriteringa på tvers av innsatsområda i folkehelsemeldinga. Sosiale helseforskjellar er systematiske forskjellar i helsetilstand som følge av forskjellar i sosiale og økonomiske kategoriar, slik som yrke, utdanning og inntekt. Dette er helseforskjellar som er skapte av samfunnet, og som det er mogleg å gjere noko med.

Det er store helseforskjellar mellom sosiale lag i Noreg. Dette viser seg tydelegast ved at dei med lengst utdanning lever i snitt 5–6 år lenger og har betre helse enn dei som har kortast utdanning. Dei sosiale helseforskjellane gjeld også for ei lang rekke sjukdommar og levevanar og for livskvalitet. Vi viser til Folkehelseinstituttets skildring av status og utviklingstrekk for sosiale helseforskjellar i Noreg (3).

Figur 1.2 Hushaldningsinntekt og forventa levealder

Figur 1.2 Hushaldningsinntekt og forventa levealder

Kjelde: Folkehelseinstituttet

Sosioøkonomiske helseforskjellar dannar ein gradient gjennom befolkninga. Litt betre sosioøkonomisk status gir (statistisk sett) litt betre helse. Dette gjeld gjennom heile inntektsskalaen. På same måte som dei nest fattigaste har betre helse enn dei fattigaste, har dei rikaste betre helse enn dei nest rikaste. Sidan dette er basert på gjennomsnitt, vil det på individnivå sjølvsagt finnast mange unntak frå regelen.

Befolkninga med lågast hushaldsinntekt har markert kortare levealder. Denne gruppa blir kjenneteikna av ein høg del aleinebuarar og lågt utdanningsnivå. Regjeringa vil ha eit samfunn med eit sterkt tryggingsnett med velferdstenester for dei som treng det permanent eller i fasar av livet.

Det er ikkje gitt at helseforskjellane blir borte sjølv om alle har like lang utdanning. Det er snarare slik at dei sosioøkonomiske variablane er eit uttrykk for tilgang til ei rekke ressursar – både materielle og psykososiale – som gir betre helse (4).

I tillegg til sosiale forskjellar internt i land er det omfattande sosiale forskjellar i helse mellom land. Verdshelseorganisasjonen (WHO) har sett problemet på dagsordenen i ei årrekke, blant anna i den globale kommisjonen for sosiale helsedeterminantar, under leiing av sir Michael Marmot (5).

Som eit ledd i dette meldingsarbeidet gav regjeringa eit oppdrag til sir Michael Marmot og fagmiljøet hans ved University College London (UCL). Dei har hatt NTNUs forskingssenter for livskvalitet og sosial berekraft (WellFare) som norsk partnar.

Resultatet av oppdraget er ein rapport som gir oppdatert informasjon om sosiale determinantar og helseforskjellar i Noreg, og som foreslår tilrådingar om politikk og nødvendige arbeidsformer for å møte desse forskjellane. Rapporten framhevar lovande praksisdøme frå Noreg, frå fleire ulike kommunar, som kan oppskalerast eller spreiast.

Rapporten bygger på åtte prinsipp for politikkutvikling:

  1. gi alle barn den beste starten på livet

  2. sette alle barn, unge og vaksne i stand til å maksimere evnene sine og ha kontroll i eige liv

  3. skape eit rettferdig arbeidsliv og godt arbeidsmiljø for alle

  4. skape ein helsefremjande levestandard for alle

  5. skape og utvikle helsefremjande og berekraftige lokalsamfunn

  6. styrke rolla til og verknaden av sjukdomsførebygging

  7. kjempe mot diskriminering og rasisme og konsekvensane av dette

  8. fremje miljømessig berekraft og rettferdig fordeling av helse samtidig

Rapporten, som vart offentleggjord vinteren 2023, dannar eit viktig grunnlag for denne meldinga. Eit viktig bodskap i rapporten er at tiltak bør vere universelt innretta, men verke best for dei som treng det mest, også kalla proporsjonal universalisme.

Figur 1.3 Tiltak som verkar best på dei som treng det mest

Figur 1.3 Tiltak som verkar best på dei som treng det mest

Kjelde: UCL Institute of Health Equity og NTNU WellFare, 2023

Forskarar har avdekt ei lang rekke slike ressursar som har direkte eller indirekte betydning for helsa. Nokre faktorar, som økonomi og arbeid, har omfattande og komplekse påverknadsvegar til helse. Andre faktorar, som tobakk og fysisk miljø, er enklare og meir direkte i helsepåverknaden sin. Stort sett kjem påverknadsfaktorane først, så kjem helsa som ein konsekvens av påverknaden.

Figur 1.4 Årsakskjede – område der innsats kan redusere sosiale helseforskjellar

Figur 1.4 Årsakskjede – område der innsats kan redusere sosiale helseforskjellar

Kjelde: Folkehelseinstituttet

Denne stortingsmeldinga er ein nasjonal strategi for å jamne ut sosiale helseforskjellar. Strategien er inspirert av dei åtte prinsippa til Marmot.

Sosiale helseforskjellar skal for det første jamnast ut gjennom at tiltak i meldinga blir retta inn slik at dei verkar best for dei som treng det mest. Forskjellar i dei bakanforliggande forholda skal jamnast ut, sjå nærare omtale i kapittel 3. Forskjellar i levevanar og i sosialt og fysisk miljø skal også utjamnast, dette er nærare omtalt i kapittel 4–7. Tiltak i helse- og omsorgstenesta for å handtere forskjellane blir vurderte i samband med andre kommande stortingsmeldingar frå Helse- og omsorgsdepartementet, sjå også kapittel 8.

For det andre er strategien å forsterke innretninga på det systematiske folkehelsearbeidet slik at det i endå større grad bidrar til å utjamne helseforskjellane, sjå nærare omtale i kapittel 9–11.

For det tredje skal tiltak i kommande meldingar, strategiar og planar frå Helse- og omsorgsdepartementet også legge vekt på sosiale helseforskjellar. Dette gjeld blant anna den nasjonale livskvalitetsstrategien.

Helse- og omsorgsdepartementet vil for det fjerde be Helsedirektoratet om å gjennomgå alle anbefalingane i rapporten frå Marmot som blei lansert 10. mars 2023, og gi eit råd til departementet om oppfølging.

1.2 Geografiske helseforskjellar

Det er klare geografiske helseforskjellar i Noreg. Forventa levealder varierer med 1–1,5 år mellom fylka i landet. Levealderen for menn er høgast i Møre og Romsdal og lågast i Finnmark, medan han for kvinner er høgast i Møre og Romsdal og lågast i Innlandet. Internt i Oslo er det rundt 7 års forskjell i levealder for menn i ulike bydelar, medan forskjellen er på rundt 5 år for kvinner.

Forsking viser at det ikkje er eigenskapar ved sjølve staden som gjer oss friskare eller sjukare. Derimot kjem forskjellane ofte av at ulike stader blir folkesette av menneske med ulik alder, utdanning, yrkesstatus og inntekt.

Heile 80 prosent av den geografiske forskjellen i dødelegheit mellom norske menn kan forklarast med ulike sosioøkonomiske faktorar. Tilsvarande del blant kvinner er 73 prosent. Ein liknande studie analyserte forskjellar i overvekt blant unge mellom norske kommunar og fann at rundt halvparten av variasjonen kunne tilskrivast sosioøkonomiske forhold.

1.3 Innsatsområde og perspektiv

Denne folkehelsemeldinga har seks hovudinnsatsområde: dei samfunnsskapte vilkåra for god helse, levevanar og førebygging av ikkje-smittsame sjukdommar (NCD – non-communicable diseases), psykisk helse og livskvalitet, vern mot helsetruslar og rett til eit sunt miljø, kommunikasjon og innbyggardialog og førebyggande arbeid i helse- og omsorgstenesta.

Regjeringa vil gjennom folkehelsemeldinga løfte fram fleire perspektiv som saman med innsatsen mot sosiale helseforskjellar vil ha stor betydning for folkehelsearbeidet framover. Dette gjeld særleg

  • klimaendringane

  • demografiske endringar

  • internasjonalt samarbeid

Samanhengen mellom klima og helse blir stadig tydelegare og blei seinast stadfesta i den siste rapporten frå FNs klimapanel. Globalt er det venta over 9 millionar klimarelaterte dødsfall årleg innan utgangen av dette hundreåret dersom klimagassutsleppa ikkje går ned (6).

Menneskeleg aktivitet forårsakar klimaendringar som blant anna fører til at ekstremvêrhendingar blir vanlegare og meir alvorlege. Meir nedbør, hetebølger og tørkeperiodar påverkar den fysiske og psykiske helsa vår og kan bli utfordrande for evna vår til å dyrke mat. Dermed truar klimaendringane velferda vår. Klimaendringar reduserer mattryggleik og tilgang på drikkevatn, påverkar fysisk og mental helse negativt og kan bidra til migrasjon og til humanitære katastrofar i sårbare område.

Klima- og miljøendringar vil påverke samfunn og befolkningsgrupper i verda ulikt. Dei med lågast sosioøkonomisk bakgrunn og barn er mest sårbare. Klimakrisa kan true utviklinga, oppveksten og utdanninga til barn, tilgangen deira på reint vatn, helse og tilstrekkeleg, sunn og trygg mat og overleving. Undersøkingar viser at barn under fem år i dag ber anslagsvis 88 prosent av sjukdomsbyrda knytt til klimaendringar (7).

Ifølge Verdshelseorganisasjonen er klimaendringar den største trusselen mot folkehelsa globalt (8), og klimaendringar er også ein trussel nasjonalt. Klimakrisa er derfor også ei helsekrise. Det betyr at helseargumentet for å handtere klimakrisa aldri har vore klarare. Fleire gode helsetiltak bidrar til å redusere utsleppa av klimagassar. Døme på dette er blant anna arbeidet regjeringa gjer for å få befolkninga til å følge kostråda. Regjeringa si satsing på meir aktiv transport, som å gå og sykle, bidrar også til å redusere utslepp av klimagassar og lokal luftforureining. Også regjeringa sitt arbeid med å redusere matsvinnet bidrar til reduserte klimagassutslepp.

Noreg står føre store endringar i befolkningssamansettinga. Som eit resultat av høge fødselstal etter andre verdskrigen og stadig aukande levealder aukar både andelen og talet på eldre i befolkninga. Over ein million nordmenn er i dag pensjonistar, og mange lever over 20–30 år som pensjonist. Talet på personar over 80 og 90 år vil doblast dei næraste tiåra. Distrikta får den største auken i andelen eldre.

Samtidig som levealderen aukar, er dagens eldre friskare enn tidlegare generasjonar. Mange eldre utgjer også ei ressurssterk gruppe som vil ha høgare utdanning, betre helse, betre bustader og betre økonomi enn tidlegare generasjonar eldre. Samtidig er det store sosiale forskjellar i helsa til eldre. Det er eit stort potensial for ei friskare aldring. Aktive og engasjerte eldre gir friskare eldre. Samfunnet må legge til rette for at eldre også tar i bruk eigne ressursar for å møte utfordringane og moglegheitene i alderdommen. Regjeringa vil bidra til bevisstgjering og involvere noverande og kommande generasjonar av den eldre befolkninga i planlegginga og utforminga av sin eigen alderdom.

Både i folkehelsepolitikken og i førebyggingsarbeidet i helse- og omsorgstenesta skal det leggast vekt på å fremje sunn og aktiv aldring. Overgangen frå arbeidsliv til pensjonistliv er ein viktig fase for å endre vanar. Frivillig sektor kan spele ei rolle i å engasjere eldre. Friskare aldring er ein gevinst for den enkelte og ein gevinst for samfunnet. Det styrkar eigenmeistringa til den enkelte, og det bidrar til å redusere og utsette behovet for helse- og omsorgstenester og til at aktive eldre kan vere økonomiske bidragsytarar i samfunnet. Helsepersonellkommisjonen har i rapporten sin vist til betydninga av førebyggande helsearbeid i ei aldrande befolkning for å utsetje behov for helse- og omsorgstenester.

Mange eldre erfarer likevel negative haldningar og barrierar for deltaking. Helseproblem og funksjonsnedsettingar skal ikkje vere til hinder for å kunne delta i samfunnet slik ein ønsker. Politikken kan kompensere for eventuelle funksjonstap og barrierar med hjelpemiddel, universell utforming og aldersvennlege løysingar, i tillegg til å fjerne aldersdiskriminerande åtferd og praksis.

Ei aldrande befolkning inneber ei gjennomgåande endring av heile samfunnet. Eldreperspektivet må inn i all politikk, og alle sektorar har ansvar for å bidra til at eldre kan leve aktive og deltakande liv.

For å sikre berekraftig velferd for noverande og kommande generasjonar, må kommunale og sentrale styresmakter planlegge for ei utvikling med stadig fleire eldre. Arbeidet med eit aldersvennleg Noreg har bidratt til å styrke det tverrsektorielle perspektivet i politikkutviklinga og samfunnsplanlegginga. Regjeringa vil forsterke dette ytterlegare gjennom «bu trygt heime»-reforma, som vil omfatte tiltak frå fleire departement. Reforma vil blant anna vektlegge levande lokalsamfunn og ein framtidsretta bustadspolitikk for å møte mangfaldet i behova og ønska til dei eldre.

Helse er i stor grad ei nasjonalt sak, men fleire av utfordringane, både nasjonalt, regionalt og internasjonalt, kan ikkje løysast av eit enkeltland aleine. Dette er spesielt aktuelt for folkehelsefeltet. Erfaringane med koronapandemien dei siste åra har avdekt kor avhengige Norge er av internasjonalt samarbeid, og dei har spesielt gjort synleg kor viktig samarbeidet med EU er.

Verda har berre sju år igjen på å nå FNs berekraftsmål. Berekraftsmåla er eit rammeverk for utvikling og samarbeid om utfordringane i verda og gjeld for alle land. Krisene som går føre seg, gjer dette arbeidet meir krevjande. Internasjonal innsats for sosial, økonomisk og miljømessig berekraft er viktigare enn nokon gong.

Det overordna målet for Helse- og omsorgsdepartementets internasjonale arbeid er å bidra til god folkehelse, auka kompetanse og auka kapasitet og kvalitet i helse- og omsorgstenestene og helserelaterte tenester, nasjonalt og globalt. Noreg må delta der helsepolitiske avgjerder blir fatta, for å fremje norske helseinteresser, bidra til gode fellesskapsløysingar og sikre at nasjonale tiltak blir sett i samanheng med utviklinga ellers i verda.

I tillegg er erfaringar og læringspunkt etter pandemien viktige å løfte fram som tema på dei enkelte innsatsområda, og dette er også eit tema som er særleg drøfta i kapittel 2.

1.4 God folkehelse er fundamentet i helse- og omsorgspolitikken

Helsepersonellkommisjonen har i si utgreiing NOU 2023: 4 Tid for handling, uttalt at riktig oppgåvedeling startar med folkehelsearbeid, førebygging, tidleg innsats, helsefremjande arbeid og styrking av befolkningas helsekompetanse. Slik kan pasientar og brukarar gjerast i stand til å ta vare på eigen helse og delta i eiga behandling. Dette vil også kunne bidra til å redusere behovet for helse- og omsorgstenester, og dermed redusere behovet for innsats frå helsepersonell.

Dei breie, tverrsektorielle folkehelsetiltaka er fundamentet for god helse og livskvalitet i befolkninga og for ei berekraftig helse- og omsorgsteneste. Det er eit mål for regjeringa å vidareutvikle og styrke den felles helsetenesta vår og motverke sosiale og økonomiske helseforskjellar.

Ei sterk offentleg helse- og omsorgsteneste, styrt og finansiert av fellesskapet, er avgjerande for å handtere aukande sosiale og geografiske forskjellar og for å hindre ei todeling av helsetenesta. Den offentlege helsetenesta skal sørge for beredskap og tryggleik i kvardagen og tilgang på helsehjelp av høg kvalitet ut frå behov. Målet er å skape eit helsefremjande samfunn, førebygge sjukdom og sikre ei helseteneste som gir god hjelp, behandling og omsorg til befolkninga i heile landet.

Folkehelse er i folkehelseloven definert som helsetilstanden til befolkninga og korleis helsa fordeler seg i ei befolkning. Folkehelsearbeid er definert som innsatsen samfunnet gjer for å påverke faktorar som direkte eller indirekte fremjar helsa og trivselen i befolkninga, førebygger psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding eller vernar mot helsetruslar. I tillegg kjem arbeid for ei jamnare fordeling av faktorar som direkte eller indirekte påverkar helsa.

Korleis folkehelsa er og blir framover, er med andre ord avhengig av korleis samfunnet vert innretta på mange samfunnsområde. Det er også til dels avhengig av situasjonen utanfor Noregs grenser. Derfor er også internasjonalt samarbeid og påverknad viktig på folkehelseområdet.

Folkehelsemeldinga, Nasjonal helse- og samhandlingsplan og helseberedskapsmeldinga vil saman danne rammene for helse- og omsorgspolitikken til regjeringa. Innanfor desse rammene vil regjeringa legge fram opptrappingsplan for psykisk helse, førebyggings- og behandlingsreform for rusfeltet og «bu trygt heime»-reforma.

1.5 Dei nasjonale folkehelsemåla

Det er brei tverrpolitisk semje om dei tre nasjonale folkehelsemåla:

  • Noreg skal vere blant dei tre landa i verda som har høgast levealder

  • Befolkninga skal oppleve fleire leveår med god helse og trivsel og reduserte sosiale helseforskjellar

  • Vi skal skape eit samfunn som fremjar helse i heile befolkninga

Regjeringa fører desse måla vidare. Måla må sjåast i samanheng med kvarandre. Samla varetar måla ei brei forståing av folkehelsepolitikken, som primært må vere retta ut mot befolkninga. Måla krev innsats frå alle delar av samfunnet.

Dei tre folkehelsemåla har så langt ikkje vore operasjonaliserte. Fleire av innsatsområda i denne meldinga blir innleia med resultatmål som konkretiserer folkehelsemåla. Helse- og omsorgsdepartementet vil operasjonalisere måla i tråd med berekraftsmåla.

Helseforvaltninga har eit særskilt ansvar for å følge opp FNs berekraftsmål 3, som handlar om å sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, uansett alder. I tillegg har helseforvaltninga viktige aksjar i andre berekraftsmål.

1.6 Prosess og innspel

Folkehelsepolitikken til regjeringa har blitt forma ut gjennom ein brei involveringsprosess. Med utgangspunkt i eit retningsgivande innspelsbrev blei relevante miljø inviterte til å komme med skriftlege innspel til folkehelsepolitikken til regjeringa. Det blei i tillegg halde eit ope innspelsmøte 12. mars 2022 i Bergen. Totalt kom det inn 274 innspel.

Det overordna inntrykket er at det blir etterlyst ein offensiv folkehelsepolitikk. Dette omfattar å ta i bruk strukturelle verkemiddel i større grad, slik som skattar og avgifter, regulering i lover og forskrifter, og staten sin posisjon som innkjøpar av varer og tenester.

Mange innspel er knytte til barn og unge og det at denne gruppa har ein spesiell rett på vern mot helseskadeleg påverknad og god tilrettelegging. Det blir foreslått tiltak i skulen, knytte til både skulemåltid, fysisk aktivitet, psykisk helse, læringsmiljø og skulebygg.

Mange framhevar betydninga av å delta i arbeidslivet for å bevare god helse, og det blir peikt på behov for tettare samarbeid mellom sektorane. Vidare blir det framheva kva betydning dei sosiale arenaene i lokalsamfunnet har for inkludering og fellesskap, gjennom både kulturtilbod, frivillige organisasjonar og anna.

Helsa til dei eldre blir også trekt fram. Blant anna har fleire spelt inn at regjeringa bør bygge vidare på tiltak frå satsinga på eit aldersvennleg samfunn. Digitalt utanforskap blir også framheva som ei stor utfordring for fleire grupper, blant anna for ein del av dei eldre.

Innspela er tilgjengelege på regjeringen.no.

1.7 Samandrag

I denne stortingsmeldinga presenterer regjeringa ei folkehelsemelding for utjamning av sosiale helseforskjellar.

Kapittel 1 løftar fram dei viktigaste strategiske verkemidla. I tråd med Hurdalsplattforma vil regjeringa løfte fram utjamning av sosiale helseforskjellar som den viktigaste prioriteringa på tvers av innsatsområda i folkehelsemeldinga. Tre andre faktorar som vil ha stor betydning for folkehelsearbeidet framover, er klimaendringane, dei demografiske endringane og det internasjonale samarbeidet.

Kapittel 2 løftar fram betydninga koronapandemien har for folkehelsa, og dette er også eit gjennomgåande tema i meldinga og meldingsvedlegget.

I del I blir det presentert seks hovudinnsatsområde (kapittel 3–8).

Kapittel 3 tar utgangspunkt i dei samfunnsskapte vilkåra for god helse. Folkehelsa blir hovudsakleg påverka av forhold utanfor helsesektoren. Folkehelsa heng blant anna saman med opplevinga av fridom og tryggleik i samfunnet ein er ein del av, men også med omgivnadene i kvardagen. Helsa blir påverka av bakanforliggande faktorar som oppvekst og utdanning, inntekt, arbeid og arbeidsforhold, bustad og forhold i lokalmiljøet. Staten har plikt til å legge til rette for gode føresetnader for god helse, og retten til helse er såleis relevant ved utforminga av folkehelsepolitikken.

Kapittel 4 beskriv innsatsen for å fremje gode levevanar og førebygge ikkje-smittsame sjukdommar. Helseåtferd og levevanar knytte til blant anna tobakksbruk, fysisk aktivitet, kosthald og alkohol har stor innverknad på dei ikkje-smittsame sjukdommane. Helseåtferd og levevanar handlar om individuelle val og helsemessige føresetnader som i stor grad blir påverka av dei samfunnsskapte vilkåra for god helse.

Kapittel 5 handlar om korleis psykisk helse og livskvalitet kan fremjast gjennom godt folkehelsearbeid. Innsatsen for psykisk helse og livskvalitet handlar også om å påverke dei samfunnsskapte vilkåra. Det kan vere mange enkeltårsaker til psykiske lidingar, og både genetiske og miljømessige faktorar kan auke risikoen for å utvikle psykiske lidingar. Det er derfor avgjerande å legge til rette for helsefremjande miljø som kan redusere negative, miljømessige faktorar.

Kapittel 6 slår fast at styresmaktene har ansvar for å bidra til vern mot helsetruslar og legge til rette for eit sunt miljø. Dette omfattar blant anna smittevern, antibiotikaresistens, vaksinar, drikkevatn, trygg mat, skadar og ulykker, luftforureining og støy, inneklima og stråling. Gode system for å handtere helsetruslar i ein normalsituasjon utgjer grunnlaget for god beredskap mot helsetruslar også i ein krisesituasjon. Pandemien har vist at vern av liv og helse blir høgt verdsett, og at større helsetruslar kan krevje omfattande tiltak i ein skala samfunnet tidlegare ikkje har vore godt nok førebudd på. Dette illustrerer at det er stor samanheng mellom vern mot helsetruslar og beredskap. Regjeringa tar sikte på å legge fram ei helseberedskapsmelding i løpet av 2023. Folkehelsemeldinga beskriv i hovudsak regjeringa sin politikk for vern mot helsetruslar i ein normalsituasjon, medan helseberedskapsmeldinga vil omtale dette i lys av ein krisesituasjon.

Kapittel 7 tar føre seg betydninga av digitalisering og kommunikasjon. Det er avgjerande med god informasjon og dialog med innbyggarane for å nå måla innan folkehelse. Digital kompetanse blant innbyggarane er ein nøkkel for å oppnå dette. Dialog med enkelte grupper må viast særleg merksemd og styrkast.

I kapittel 8 er temaet førebyggande arbeid i helse- og omsorgstenesta. God folkehelse føreset gode levekår og eit helsefremjande samfunn, men også godt utbygde helse- og omsorgstenester. Innsatsen til helse- og omsorgstenesta for å førebygge sjukdom og sjukdomsutvikling gjennom tidleg innsats, opplæring og oppfølging, er avgjerande for helsetilstanden i befolkninga og for å dempe etterspurnaden etter helse- og omsorgstenester. Det er derfor eit mål å styrke det førebyggande arbeidet i den felles helsetenesta vår og motverke sosiale og økonomiske helseforskjellar. Nærare omtale av helsetenesta og innsatsen for å motverke sosiale forskjellar i helsetenester vil komme i Nasjonal helse- og samhandlingsplan.

I del II blir det presentert ein strategi for kunnskap og systematikk i folkehelsearbeidet (kapittel 9–11).

Kapittel 9 beskriv det nasjonale systemet for å følge opp folkehelsepolitikken og korleis det systematiske folkehelsearbeidet skal bli utvikla vidare, blant anna med sikte på å klargjere verdigrunnlaget, avgjerdsarenaer og kunnskapsgrunnlaget for vurderingar og avgjerder om folkehelsetiltak.

Kapittel 10 viser at kommunane speler ei grunnleggande rolle for å fremje helsa til befolkninga, jamne ut sosiale helseforskjellar og verne mot skade og sjukdom. Det har vore ei positiv utvikling i det kommunale folkehelsearbeidet sidan folkehelseloven tredde i kraft. Gjennom betre regulering, styrking av kommuneoverlegefunksjonen og ved å legge til rette for at program for folkehelsearbeid i kommunane blir inkluderte som ordinære oppgåver, vil regjeringa sikre god utvikling i arbeidet til kommunane med å fremje helse og jamne ut sosiale helseforskjellar.

Kapittel 11 tar for seg datagrunnlag, kunnskapsutvikling og bruken av forsking, og beskriv m.a. grunnlaget for eit heilskapleg kunnskapssystem for folkehelsa og kunnskapsbehovet i framtida. Eit framtidsretta kunnskapssystem må blant anna svare på utfordringar knytte til sosiale helseforskjellar, gi kunnskap om befolkningsretta verkemiddel for god helse og livskvalitet og ta høgde for den demografiske utviklinga. Kunnskapen må takast i bruk i samfunnet. Det er eit mål å samle kunnskap og legge til rette for bruk av forskinga. Kapittelet trekk også fram læringspunkt for framtidige kriser og betydninga av kunnskapssystemet.

Økonomiske og administrative konsekvensar er omtalte i kapittel 12.

Vedlegget beskriv helseutfordringar fram mot 2050.

Til forsida