Forsvar: Eit forsvar av og for folket
Målet for regjeringas forsvarspolitikk er å vareta Noregs sikkerheit, tryggleik og handlefridom, våre interesser og verdiar. Basert på NATO-alliansen skal Forsvaret avskrekke og førebyggje krig og konflikt. Det sikkerheitspolitiske landskapet rundt oss er i endring og har blitt meir uføreseieleg.
Forsvaret skal hevde norsk suverenitet og sikre nasjonale interesser. Noreg må ha eit nasjonalt og sjølvstendig forsvar med eigna kapasitetar på land, i luft, på sjø og i det digitale rom. Medlemskapet i NATO er ein berebjelke i norsk forsvars- og sikkerheitspolitikk.
Det er spesielt viktig at Forsvaret er i stand til å løyse utfordringar Noreg kan stå overfor i nordområda. Dei nordiske landa vovne stadig tettare saman sikkerheitspolitisk. Regjeringa vil styrkje forsvarsevna og det militære nærværet i Nord-Noreg. Samtidig må Forsvaret òg kunne bidra i felles innsats for internasjonal fred og sikkerheit.
I løpet av den kommande perioden er det avgjerande at Hæren utviklar seg vidare til å bli ein moderne landstyrke. Spesialstyrkane skal tilførast utstyr for ytterlegare å auke evna til militære spesialoperasjonar, medrekna kampen mot internasjonal terror. Heimevernet må moderniserast som ein territoriell styrke med lokalkunnskap og nærvær over heile landet. Det er strategisk viktig å sikre nærværet og kampkrafta i Troms og Finnmark.
Samtidig er Noreg ein kyststat med ei av verdas lengste kystlinjer. Sjøforsvaret og Luftforsvaret speler ei viktig rolle i å overvake våre store kyst- og havområde. Noreg er på dette området NATO i nord. Saman med etterretning, cyberforsvar og landforsvar set dette oss i stand til å vareta dei viktige oppgåvene for forsvarsalliansen som den geografiske plasseringa vår gir oss. Regjeringa vil følgje opp og tilretteleggje for innfasinga av nye kampfly og overvakningsfly i Luftforsvaret og innkjøpet av nye ubåtar til Sjøforsvaret.
Dei tilsatte er Forsvarets viktigaste ressurs. Regjeringa legg opp til å opprette over tusen nye årsverk i Forsvaret i perioden. Auken skal i hovudsak gå til personell i operativ teneste. Regjeringa legg opp til at Forsvaret skal trene og øve meir. Samtidig vil vi arbeide for at dei tilsette i Forsvaret forblir tilsette i lengre tid. Dette krev innsats på fleire område, blant anna ved å leggje til rette for øvingar, god familiepolitikk, bustader og moglegheiter for utdanning.
Verneplikta sikrar ei demokratisk forankring for Forsvaret og sørgjer for nødvendig rekruttering. Regjeringa vil anerkjenne innsatsen veteranane våre har gjort for Noreg i internasjonal teneste, og sørgje for god helsemessig og sosial oppfølging før, under og etter teneste.
Regjeringa vil:
- Slutte opp om NATOs toprosentmål og streve etter langsiktig balanse mellom Forsvarets oppgåver, struktur og økonomiske rammer.
- Opprette eit fond for Andøy kommune på 250 millionar kroner. Dette skal ikkje føre til avkorting av andre tilskot til Andøy kommune eller hindre kommunen frå å få andre midlar til næringsverksemd. Regjeringa vil òg bidra til fleire arbeidsplassar og meir aktivitet i Andøy kommune, blant anna gjennom å styrkje romindustrien, leggje til rette for auka aktivitet i reiselivsnæringa og gjennomføre utbygging av Andenes hamn.
- Auke Noregs totale forsvarsevne ved å styrkje og vidareutvikle vårt eige nasjonale forsvar, NATO-alliansen og samarbeid med enkeltallierte.
- Forsterke og fordype nordisk sikkerheits- og forsvarspolitisk samarbeid som eit tillegg til NATO-alliansen.
- Styrkje forsvarsevna i Nord-Noreg med relevante bidrag frå alle forsvarsgreiner.
- Investere i viktige kapasitetar som kampfly, ubåtar og overvakingsfly.
- Investere i nye stridsvogner til Hæren.
- Sørgje for dedikerte helikopter til Hæren, som blir stasjonerte og organiserte i ein eigen skvadron basert på Bardufoss.
- Flytte eit tilstrekkeleg antal Bell 412-helikopter til Bardufoss for å styrkje Hærens helikopterkapasitet i påvente av innkjøp av nye helikopter. Flyttinga skal vere basert på ei militærfagleg vurdering der både Hæren og spesialstyrkane sine behov for helikopterkapasitet blir varetatt.
- Avklare den framtidige fartøysstrukturen til Sjøforsvaret sett i samanheng med det øvrige Forsvaret.
- Styrkje forsvarssektorens innsats mot truslar frå det digitale rom og sørgje for at Forsvaret kan rekruttere og behalde personell med digital kompetanse.
- Sørgje for nødvendige etterretnings- og overvakingsressursar til å gi ei oppdatert situasjonsforståing i nordområda til nasjonale myndigheiter og NATO.
- Auke Heimevernets områdestruktur til 45 000 soldatar. For å møte behovet for eit tilstrekkeleg antal personell i Heimevernet, skal det vurderast å opprette ein eigen utdanningskapasitet.
- Bruke strategiske avtaler til å trygge beredskap, sikre kapasitet til alliert mottak og effektivisere logistikk.
- Leggje til rette for trening og øving med allierte og våre naboland.
- Gjennomføre ein ambisiøs opptrappingsplan for talet på tilsette i Forsvarets operative ledd.
- Ha som mål at stabsfunksjonane i Forsvaret i hovudsak skal liggje nært dei operative avdelingane.
- Bruke statens innkjøp til å utvikle og styrkje gjenkjøp i norsk forsvarsindustri.
- Sørgje for at Forsvaret ved utstyrsinnkjøp i større grad kjøper allereie utvikla og utprøvd utstyr. Norske myndigheiter skal streve etter å sikre forpliktande gjenkjøpsavtaler som bidrar til nasjonal verdiskaping og teknologioverføring.
- Sørgje for at reinhaldet i heile forsvarssektoren igjen blir organisert i Forsvarets eigen regi.
- Gå gjennom Forsvarets samarbeid med private aktørar, med omsyn til blant anna sikkerheit, beredskap, kompetanse og krigens folkerett.
- Ta betre vare på veteranane våre før, under og etter teneste, med spesiell vekt på helsemessig og sosial oppfølging, økonomisk sikkerheit og pårørande.
- Sørgje for at samfunnet i større grad nyttiggjer seg av den viktige kompetansen til veteranane.
- Sørgje for at sikkerheitsklarering av personell skjer basert på individuelle og ikkje skjematiske vurderingar.
- Utnemne i løpet av hausten 2021 ein breitt samansett forsvarskommisjon for å førebu grunnlaget for ein ny langtidsplan for Forsvaret frå 2025.
- Leggje til rette for eit tettare samarbeid mellom Forsvaret og resten av samfunnet for å styrkje både forsvarsevna og vår totale samfunnsberedskap.