5 konkrete eksempel
- Einskilde norske kommuner har seld tomt til prosjekt som seinare har skifta føremål, for eksempel frå å tilrettelegge for etablering av eit «hyperscale» datasenter med fleire arbeidsplassar og tydelege ringverknadar, til rein kryptoutvinning med særs få arbeidsplassar. Då er det viktig at kommunen ved høve har etablert ein god gjenkjøpsavtale med tydelege kriterium for kva som utløyser moglegheita for gjenkjøp.
- Andre kommunar og datasenteraktørar har bevisst inngått avtalar om kryptoutvinning, og viser til at dei gjennom det har bygd kapital, kapasitet, infrastruktur og kompetanse som dei seinare har fått bruk for i anna næringsverksemd.
- Fleire kommuner har fått førespurnadar frå konsulentar og finansielle aktørar som hevder å ha verdas største selskap på kundelistene, og som med bakgrunn i dette set i gang ressurskrevjande prosjekt i kommunane.
- Nokre kommunar har inngått avtalar som er interessante på kort sikt, men som blokkerer for meir langsiktige næringsutviklingsmoglegheiter. Dette kan løysast med kortsiktige avtalar.
- MEN: Datasenteretableringar gir også anledning til samarbeid om viktige lokale energi- og klimatiltak, og datasenter bidreg til nye jobbar, industri-utvikling og til å sikre eksisterande arbeids- plassar i kommunen. For eksempel blir restvarmen frå Stack sitt datasenter på Ulven brukt til fjernvarme for 5000 bustadar gjennom samarbeid med Hafslund Oslo Celsio (tidlegare Fortum Oslo Varme). Vakthald på datasenteret deira på Fetsund består i tillegg av rundt 60 årsverk.