8 viktige spørsmål ved etablering av datasenter i din kommune

Kven er det som tek kontakt?

Har du gjennomført bakgrunnssjekk av interessenten(-ane)? Inkludert eigarskap, rekneskap og forretningsmodell.

Planavklaring

Er den ønska etableringa i samsvar med gjeldande kommunale planar, inkludert gjeldande arealformål i kommunens arealdel og reguleringsplan?

Ifølgje forarbeida til Plan- og bygningsloven § 12-7 om føresegner til reguleringsplan, kan ein ikkje regulere aktivitet og verksemd som sådan. Fysiske ressursar som type bygg, utforming av uteareal og tiltak kan på den andre sida regulerast. Kommunen kan gi føresegner om å forby plassering av container, brakkerigg og liknande mellombelse tiltak i eit område. Handheving av eit forbod mot utvinning av kryptovaluta vil krevje gjennomgang av innhaldet på dataserverar. Ein slik gjennomgang fell utanfor den myndigheita som ligg hos kommunen som plan- og bygningsmyndigheit.

Krav til utbyggjar

Kva krav bør ein stille til utbyggjar? Blant dei aktuelle tiltaka kan vere ein gjenkjøpsavtale («buy-back») slik at kommunen kan ta tilbake tomta dersom ho ikkje blir brukt, eventuelt brukast til eit anna føremål enn avtalt.

Ressursar

Har kommunen ressursar til å støtte gjennomføring av tenkt etablering?

Kvalitetssikring

Er prosjektet godt nok kvalitetssikra (sjekk raude flagg) før ein igangsett ressurskrevjande arbeid?

Potensielle ringverknadar i kommunen

Har kommunen annan eksisterande industri eller næringsverksemd som kan styrke eller dra nytte av denne etableringa (for eksempel brukarar av restvarme eller fiberinfrastruktur; kompetanseheving hos leverandørar som f eks netteigar, etc.) og korleis bidreg etableringa til arbeidsmarknaden lokalt (nye og eksisterande arbeidsplassar)

Infrastruktur og prioriteringar

Kor mykje nettkapasitet (kraft) er tilgjengeleg og når? Høyr med nettselskap om status i dag. Tilgang på nettkapasitet bør vurderast regionalt og sjåast i samanheng med andre planlagde etableringar.

Bistand

Kvar kan ein spørje om bistand til å evaluere om initiativet skal følgast opp?

Om det er behov for ekstra støtte for desse spørsmåla, tek kontakt med Innovasjon Noreg – sjå baksida for kontaktinformasjon.