Prop. 1 S (2014–2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015 — Utgiftskapitler: 1300–1380 Inntektskapitler: 4300–4380, 5577, 5611, 5618, 5619, 5622 og 5624

Til innholdsfortegnelse

Del 1
Innleiing og oversikt

1 Mål og hovudprioriteringar

1.1 Regjeringa sine mål med samferdselspolitikken

Samferdselspolitikken til regjeringa er forankra i Sundvolden-erklæringa og samarbeidsavtalen med Kristeleg Folkeparti og Venstre. Regjeringa bygger sin politikk på at verdiar må skapast før dei kan delast. Innfasing av oljepengar vil bli styrt mot dei områda som Stortinget var mest oppteken av ved innføringa av handlingsregelen i 2001, m.a. investeringar i kunnskap, infrastruktur og vekstfremmande skattelette.

Forbetring og fornying av transportinfrastrukturen har ein sentral plass i regjeringa sitt arbeid for auka verdiskaping, m.a. for å minske transportkostnadene, styrke konkurranseevna for næringslivet og legge til rette for ein velfungerande arbeidsmarknad over heile landet. Det må byggast ut eit tidsmessig transportnett i Noreg med riks- og fylkesvegar, jernbane og anna kollektivtransport, og infrastruktur for luft- og sjøtransport som tek omsyn til framkome, miljø, transporttryggleik og tilgjenge.

Regjeringa vil bygge landet er eitt av åtte satsingsområde i den politiske plattforma til regjeringa. Effektive kommunikasjonar er viktig for Noregs konkurranseevne. Satsingsområdet er først og fremst avhengig av gode samferdselssamband. Fleire av dei andre utpeika satsingsområda vil vere avhengig av eller ha stor nytte av satsinga på samferdselsinfrastruktur, både transportinfrastruktur og breiband/IKT-løysingar. Dette kan betre konkurransekrafta for norske arbeidsplassar og gi ein enklare kvardag for folk flest. Regjeringa har derfor store ambisjonar for samferdselssektoren.

I tillegg til auka løyvingar vil regjeringa gjennomføre ei gjennomgripande reform av sektoren. Nye organisatoriske løysingar må takast i bruk i transportsektoren for å få fart på utbygginga, få meir effekt ut av ressursane, og for å betre den samfunnsøkonomiske lønnsemda i sektoren. I reformarbeidet er det lagt opp til heilskaplege løysingar for transportsektoren. For å sikre at gevinstane ved dei ulike reformene kan komme til nytte så raskt som mogleg, vil det likevel vere aktuelt å utarbeide og foreslå konkrete løysingar etter kvart som dei er klare. Dette er nødvendig for å effektivisere sektoren og sikre gode konkurransevilkår for norsk næringsliv. Etableringa av eit utbyggingsselskap for utvalde vegprosjekt vil vere eit første steg. Det må leggast til rette for auka konkurranse på ulike område av samferdselssektoren og stillast krav til auka produktivitet og effektivitet.

Regjeringa vil redusere avstandsulempene og transportkostnadene gjennom ei storstilt satsing på hovudvegane. Dette vil m.a. skje ved å etablere eit utbyggingsselskap for veg. Vidare vil regjeringa også organisere nokre større veg- og jernbaneutbyggingar som eige prosjekt der offentleg-privat samarbeid (OPS) kan brukast som gjennomføringsstrategi. Regjeringa vil òg auke satsinga på annan infrastruktur. Jernbanen skal ha ei viktig rolle både for pendlarreiser til dei større byane og for godstransport mellom dei store byane. Vidare har regjeringa signalisert at staten vil dekke inntil 50 pst. av kostnadene ved store investeringar i fylkeskommunal infrastruktur for kollektivtransport av nasjonal betydning i dei fire største byane, som t.d. Fornebubanen.

Regjeringa vil at Noreg over tid skal få eit moderne samferdselsnett på nivå med andre land det er naturleg å samanlikne med. Samla sett er levekåra for folk og rammevilkåra for næringslivet i Noreg blant dei aller beste i verda. Transportinfrastrukturen bør være på same nivå. Regjeringa vil derfor legge til rette for at ein større del av avkastinga frå Statens pensjonsfond utland (SPU) blir investert i vegar, jernbane og annan samferdselsinfrastruktur.

I regjeringsplattforma varsla regjeringa at ein skulle etablere eit infrastrukturfond på 100 mrd. kr som blir bygd opp over inntil fem år. I 2015 vil fondet ha ein innskottkapital på 70 mrd. kr. Fondet blir dermed bygd opp raskare enn regjeringsplattforma legg opp til.

Innkrevjinga av bompengar kan og bør bli meir kostnadseffektiv, og bilistane bør i større grad betale for den vegen dei faktisk nyttar, og ikkje for unødig dyre finansierings- og innkrevjingskostnader. Regjeringa arbeider derfor med å reformere bompengesektoren.

Regjeringa vil sørgje for auka trafikktryggleik og kortare og meir føreseieleg reisetid for folk og næringsliv. Infrastrukturen må byggast meir heilskapleg. Offentleg usemje om planløysingar må løysast raskare og betre. Stortinget bør i framtida vedta nasjonale planar med mål, rammer, tiltak og finansiering, slik at fagetatane kan overta ansvaret for detaljar og gjennomføring.

Folketalet i byområda aukar og er venta å vokse kraftig i åra som kjem. Dette får konsekvensar for samferdselspolitikken. Regjeringa vil derfor gjennomføre ei kraftig satsing på bygging av infrastruktur i og rundt dei største byane. Regjeringa vil legge betre til rette for at fleire kan reise kollektivt, bruke sykkel eller gå. Det er fastsett eit rammeverk for bymiljøavtalar, der belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda vil bli innlemma så raskt som praktisk mogleg.

Regjeringa vil at satsinga på utbygging av veg og kollektivtransport skal aukast meir enn det som er vedteke i Nasjonal transportplan 2014–2023, og at bompengedelen i nye vegprosjekt blir redusert. Det er naturleg at opptrappinga av løyvingane til transportinfrastruktur skjer gradvis og er tilpassa utbyggingsporteføljen. Dette inneber at opptrappinga nødvendigvis ikkje blir lik for alle sektorar samtidig.

Regjeringa vil innføre fri konkurranse for posttenester og oppheve reservasjonen mot EUs tredje postdirektiv. Systemet med eins porto over heile landet for einskiltsendingar skal vidareførast.

Dette budsjettforslaget er eit første steg på vegen på alle desse områda. Betre forvaltning av vår felles infrastruktur er prioritert gjennom auka løyvingar til drift og vedlikehald. Ein betydeleg vekst i investeringar på veg, jernbane og i sjøtransport gjer at regjeringa vil klare å gjennomføre nye investeringsprosjekt utover dei som inngår i rammene i Nasjonal transportplan 2014–2023 i første del av planperioden. Fornebubanen er eit godt døme på at ein slik tankegang alt gjer seg gjeldande.

For regjeringa er det likevel viktig at samferdselssektoren ikkje blir redusert til berre å handle om nivået på løyvingane. Samferdselssektoren har potensial for betre organisering og effektivisering. Meir heilskapleg utbygging, evne til å sjå dei ulike transportområda i samanheng og ei stabil og meir føreseieleg finansiering av infrastruktur er viktige problemstillingar som regjeringa er i gang med å vurdere.

1.2 Hovudprioriteringane i budsjettet for 2015

Regjeringa foreslår å løyve 54,6 mrd. kr, ekskl. lånetransaksjonar, på Samferdselsdepartementets budsjett. Det er ein auke på om lag 5 mrd. kr, eller 10 pst. samanlikna med saldert budsjett 2014. Tek ein omsyn til nettopostering av meirverdiavgift i 2015 er auken på 10,7 pst.

Regjeringa sine hovudprioriteringar er:

  • oppfølging av Nasjonal transportplan 2014–2023 med betydeleg auka løyvingar til veg, jernbane og sjøtransport

  • redusere vedlikehaldsetterslepet på veg

  • eit bedre togtilbud

  • auka satsing på fylkesvegane

  • kapitalinnskott til infrastrukturfondet på 40 mrd. kr

  • reform av samferdselssektoren.

Etter to av fire år av planperioden 2014–2017 i Nasjonal transportplan 2014–2023 utgjer løyvingane 48,7 pst. av den økonomiske ramma i planen. Løyvingsforslaget i 2015 ligg om lag 436 mill. kr over årleg gjennomsnittleg planramme for dei første fire åra, medan løyvingane i 2014 var nærmare 3 mrd. kr lågare.

Til vegformål under Statens vegvesen blir det foreslått å løyve 26,8 mrd. kr. Dette er ein auke på om lag 3 mrd. kr eller 12,4 pst. frå saldert budsjett 2014. Med den auka ramma til drift og vedlikehald kan vedlikehaldet gjennomførast på eit nivå som gjer at vedlikehaldsetterslepet stansar i 2015. Saman med ei løyving på om lag 1 mrd. kr til fornying av eksisterande vegnett vil etterslepet bli redusert i 2015. Det er første gong på fleire tiår at dette skjer. Det blir foreslått å løyve om lag 8 mrd. kr til store vegprosjekt. Alle store prosjekt som i oppfølginga av Nasjonal transportplan 2014–2023 er føresett starta i 2015, får startløyving. Planlegginga av nye prosjekt for m.a. oppstart av viktige prosjekt på ferjefri E39 blir òg styrkt.

I Prop. 1 S (2013–2014) blei rentekompensasjonsordninga for fylkesvegar foreslått avvikla, jf. Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023. I Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014) foreslo regjeringa å vidareføre ordninga. Regjeringa foreslår å auke investeringsramma frå 2 mrd. kr til 3 mrd. kr i 2015. I tillegg foreslår regjeringa å løyve 272 mill. kr til fylkesvegane over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett for å oppfylle krava i tunnelforskrifta og 1 mrd. kr til å ruste opp fylkesvegane som er ein auke på om lag 225 mill. kr frå 2014 til 2015. Regjeringa foreslår 580,4 mill. kr til skredsikring på fylkesvegane.

Regjeringa foreslår å løyve om lag 21 mrd. kr til jernbaneformål. Det er ein auke på om lag 1,7 mrd. kr eller 8,7 pst. frå saldert budsjett 2014. Det blir foreslått å løyve 3 135 mill. kr for å sikre rasjonell gjennomføring av prosjektet nytt dobbeltspor Oslo–Ski (Follobanen). Dette er ein auke med nærmare 1,8 mrd. kr frå 2014. Follobanen vil legge til rette for å utvikle eit vesentleg betre togtilbod på Østfoldbanen for alle togslag, særleg for InterCity-trafikken. Regjeringa foreslår ei auka løyving til eit forbetra togtilbod med fleire avgangar på Sørlandsbanen og forlenging av lokaltoga på Trønderbanen til Melhus. Det er lagt opp til ein auke til drift og vedlikehald på 5,4 pst.

Til kystforvaltninga blir det foreslått å løyve 2,75 mrd. kr. Løyvinga er 128 mill. kr høgare enn saldert budsjett 2014. Ordninga med nøytral meirverdiavgift frå 2015 omfattar Kystverket. Tek ein omsyn til nettoføring av meirverdiavgift, er løyvingsforslaget om lag 410 mill. kr eller 15,6 pst. høgare enn i 2014. Løyvinga inneber styrkt plankapasitet og auka midlar til fiskerihamner og farleier.

Regjeringa sitt forslag til løyving til luftfartsformål er på 992 mill. kr. Løyvinga omfattar kjøp av innanlandske flyruter, tilskott til regionale ikkje-statlege flyplassar, Luftfartstilsynet og Statens havarikommisjon for transport, og er i hovudsak ei vidareføring av løyvinga i 2014.

Det blir foreslått å løyve 717 mill. kr til post- og telekommunikasjonar, som er ein auke på 30 pst. frå saldert budsjett 2014. Auken kjem av behovet for auka kjøp av post- og banktenester og auka tilskott til teletryggleik og -beredskap.

Til særskilde transporttiltak blir det foreslått å løyve 41,8 mrd. kr, inkludert 40 mrd. kr i innskott til infrastrukturfondet. Ein stor del av resten av løyvinga gjeld belønningsordninga for betre kollektivtransport i byområda og kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen-Kirkenes. Det blir foreslått at prøveprosjektet med TT-tilbod til brukarar med særlege behov blir forlenga med eitt år til evalueringa av ordninga ligg føre.

I tråd med Sundvolden-erklæringa er det løyvd 10 mrd. kr og 20 mrd. kr til infrastrukturfondet i 2013 og 2014, som gir ei avkastning i 2015 på 871 mill. kr. Regjeringa foreslår å løyve ytterlegare 40 mrd. kr til fondet i 2015. Med det foreslåtte innskottet vil infrastrukturfondet ha 70 mrd. kr i kapital i 2015. Det vil gi grunnlag for større og meir føreseieleg finansiering av samferdselsinfrastruktur.

I tillegg til auka løyvingar vil regjeringa gjennomføre ei gjennomgripande reform av samferdselssektoren. Regjeringa tek sikte på å etablere vegutbyggingsselskapet i løpet av 2015. Selskapet vil ha stor betyding for utbygginga av riksvegsystemet i Noreg.

1.3 Nærmare om budsjettforslaget

Utgifter fordelt på kapitler

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

Administrasjon m.m.

1300

Samferdselsdepartementet

216 035

259 588

388 402

49,6

1301

Forskning og utvikling mv.

233 477

260 975

157 382

-39,7

Sum kategori 21.10449 512520 563545 7844,8

Luftfartsformål

1310

Flytransport

637 489

681 000

698 928

2,6

1311

Tilskudd til regionale flyplasser

28 958

35 000

36 155

3,3

1313

Luftfartstilsynet

205 765

194 000

193 908

0,0

1314

Statens havarikommisjon for transport

60 603

63 400

63 239

-0,3

Sum kategori 21.20932 815973 400992 2301,9

Vegformål

1320

Statens vegvesen

22 285 118

23 875 050

26 847 061

12,4

Sum kategori 21.3022 285 11823 875 05026 847 06112,4

Særskilte transporttiltak

1330

Særskilte transporttiltak

1 557 403

1 786 600

1 802 888

0,9

1331

Infrastrukturfond

10 000 000

20 000 000

40 000 000

100,0

Sum kategori 21.4011 557 40321 786 60041 802 88891,9

Jernbaneformål

1350

Jernbaneverket

12 084 113

16 177 800

17 698 787

9,4

1351

Persontransport med tog

2 878 661

3 047 000

3 196 870

4,9

1354

Statens jernbanetilsyn

79 098

78 800

79 094

0,4

1355

Baneservice AS

30 000

Sum kategori 21.5015 071 87219 303 60020 974 7518,7

Kystforvaltning

1360

Kystverket

2 583 854

2 711 493

4,9

1361

Samfunnet Jan Mayen og Loran-C

44 410

45 242

1,9

Sum kategori 21.60

2 628 264

2 756 735

4,9

Sum programområde 21

50 296 720

69 087 477

93 919 449

35,9

Post og telekommunikasjoner

1370

Posttjenester

479 700

270 000

418 000

54,8

1380

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet

203 211

281 600

298 932

6,2

Sum kategori 22.10

682 911

551 600

716 932

30,0

Sum programområde 22

682 911

551 600

716 932

30,0

Sum utgifter

50 979 631

69 639 077

94 636 381

35,9

Inntekter fordelt på kapitler

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

Administrasjon m.m.

4300

Samferdselsdepartementet

6 375

2 400

2 479

3,3

Sum kategori 21.106 3752 4002 4793,3

Luftfartsformål

4312

Oslo Lufthavn AS

444 370

444 400

444 400

0,0

4313

Luftfartstilsynet

150 353

138 800

126 776

-8,7

4314

Statens havarikommisjon for transport

1 208

5619

Renter av lån til Oslo Lufthavn AS

153 878

116 300

98 000

-15,7

5622

Aksjer i Avinor AS

463 400

478 000

500 000

4,6

Sum kategori 21.201 213 2091 177 5001 169 176-0,7

Vegformål

4320

Statens vegvesen

880 335

522 800

628 089

20,1

4322

Svinesundsforbindelsen AS

25 000

25 000

25 000

0,0

5624

Renter av Svinesundsforbindelsen AS

15 845

30 000

29 000

-3,3

Sum kategori 21.30921 180577 800682 08918,0

Særskilte transporttiltak

4331

Infrastrukturfond

871 000

Sum kategori 21.40871 000

Jernbaneformål

4350

Jernbaneverket

863 333

693 000

650 617

-6,1

4354

Statens jernbanetilsyn

17 820

13 000

13 362

2,8

4355

Baneservice

16 221

5611

Aksjer i NSB AS

296 000

260 000

300 000

15,4

Sum kategori 21.501 193 374966 000963 979-0,2

Kystforvaltning

4360

Kystverket

10 747

11 102

3,3

4361

Samfunnet Jan Mayen og Loran-C

5 213

5 385

3,3

5577

Sektoravgifter under Samferdselsdepartementet

773 453

829 068

7,2

Sum kategori 21.60

789 413

845 555

7,1

Sum programområde 21

3 334 138

3 513 113

4 534 278

29,1

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

Post og telekommunikasjoner

4380

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet

158 925

162 700

171 731

5,6

5618

Aksjer i Posten Norge AS

253 500

217 000

200 000

-7,8

Sum kategori 22.10

412 425

379 700

371 731

-2,1

Sum programområde 22

412 425

379 700

371 731

-2,1

Sum inntekter

3 746 563

3 892 813

4 906 009

26,0

Administrasjon, forsking og utvikling

Samla budsjettforslag til administrasjon m.m. er på 545,8 mill. kr. Løyvinga på kap. 1300 utgjer til saman 388,4 mill. kr og går til drift av departementet, kontingentar mv. til internasjonale organisasjonar, tilskott til trafikktryggleiksformål, til samferdselsberedskap og til Redningsselskapet, løyving til å etablere miljøbase/oljevernbase i Lofoten/Vesterålen og midlar til utgreiingar for å modernisere transportsektoren.

Vidare omfattar programkategorien løyvingar til forsking og utgreiingar, der det samla er foreslått å løyve 157,4 mill. kr. Oppgåvene til Transnova-prosjektet blir frå 2015 foreslått overført til Enova som er underlagt Olje- og energidepartementet.

Luftfartsformål

Samla budsjettforslag for luftfartsformål er 992,2 mill. kr.

Det er budsjettert med 698,9 mill. kr til kjøp av flytransport. Ny kontrakt som er inngått i 2014 for regional helikopterrute mellom Bodø og Værøy, er 31,8 pst. dyrare enn den førre kontrakten. Til regionale ikkje-statlege flyplassar er det foreslått å løyve 36,2 mill. kr, m.a. til driftstilskott til Stord lufthamn, Sørstokken, og Ørland lufthamn. Til Luftfartstilsynet er det foreslått å løyve 193,9 mill. kr og til Statens havarikommisjon for transport 63,2 mill. kr.

Det er budsjettert med eit utbytte frå Avinor AS på 500 mill. kr.

Vegformål

Til vegformål er det i alt foreslått å løyve 26,8 mrd. kr. Forslaget er ein auke på nærmare 3 mrd. kr eller 12,4 pst. frå saldert budsjett 2014.

Det er foreslått om lag 10,5 mrd. kr til drift og vedlikehald av riksvegar og trafikant- og køyretøytilsyn som er ein auke på 872 mill. kr eller 9,1 pst. frå saldert budsjett 2014.

Til investeringar på riksvegane er det foreslått å løyve om lag 14,1 mrd. kr, som er ein auke på 12,3 pst. frå 2014. På post 30 Riksveginvesteringar er det foreslått å løyve om lag 12,1 mrd. kr. Dette er ein auke på om lag 1,6 mrd. kr eller 15,2 pst. frå saldert budsjett 2014. I tillegg kjem investeringsmidlar til prosjekta E16 over Filefjell, E6 vest for Alta og til Bjørvika, som er førte på eigne postar.

Det er foreslått statlege midlar til førebuande arbeid og anleggsstart på ei rekkje nye prosjekt i 2015. Med dette budsjettforslaget vil alle prosjekta som i oppfølginga av Nasjonal transportplan 2014–2023 er føresett starta opp i 2015, få startløyving.

Nokre vedtekne prosjekt vil vere i startfasen i 2015, m.a.:

  • E18 Riksgrensen – Ørje i Østfold

  • E134 Seljord – Åmot i Telemark

  • E16 Sandvika – Wøyen i Akershus

  • E6 Helgeland nord i Nordland

  • E39 Hove – Sandved i Rogaland.

Med atterhald om Stortingets behandling av bompengeopplegget er det lagt til grunn statlege midlar og bompengar til anleggsstart på desse prosjekta:

  • E39 Svegatjørn – Rådal i Hordaland, jf. Prop. 134 S (2013–2014)

  • Rv 80 Hunstadmoen – Thallekrysset i Nordland (Bypakke Bodø), jf. Prop. 131 S (2013–2014).

I tillegg er det lagt til grunn statlege midlar og bompengar frå Miljøpakke Trondheim til anleggsstart på prosjektet E6 Jaktøya – Klett – Sentervegen i Sør-Trøndelag.

Det er òg lagt til grunn statlege midlar og bompengar til førebuande arbeid og anleggsstart i 2015 på nokre prosjekt som enno ikkje er lagt fram for Stortinget. Regjeringa tar sikte på at forslag om delvis bompengefinansiering av prosjekta vil bli lagt fram for Stortinget i løpet av 2015. Prioriteringa er med atterhald om Stortingets behandling av eit opplegg for delvis bompengefinansiering:

  • E134 Damåsen – Saggrenda i Buskerud

  • E16 Bagn – Bjørgo i Oppland

  • E6 Vindåsliene – Korporalsbrua i Sør-Trøndelag.

Det er prioritert statlege midlar til førebuande arbeid på desse prosjekta, med sikte på anleggsstart i 2016:

  • E18 Rugtvedt – Dørdal i Telemark

  • E18 Tvedestrand – Arendal i Aust-Agder.

Videre er det lagt til grunn statlege midlar til førebuande arbeid på E18 Varoddbrua i Vest-Agder, med sikte på anleggsstart så raskt som praktisk mogleg.

Det tas sikte på anleggsstart med bompengar i 2015 på Bypakke Nedre Glomma i Østfold. Denne er enno ikkje lagt fram for Stortinget. Regjeringa tar sikte på at forslag om delvis bompengefinansiering vil bli lagt fram for Stortinget i løpet av 2015. Det pågår nærare utredningar av fleire bompengeprosjekt. Regjeringa vil vurdere desse prosjekta nærare og deretter komme tilbake til Stortinget på egna måte.

Desse prosjekta med kostnad over 100 mill. kr er venta opna for trafikk i 2015:

  • Rv 22 Lillestrøm – Fetsund i Akershus

  • E18 Sydhavna i Oslo

  • E39 Høgkjølen – Harangen i Sør-Trøndelag

  • E134 Skjold – Solheim i Rogaland

  • E134 Stordalstunnelen i Hordaland

  • E6 Oppdal sentrum i Sør-Trøndelag

  • E136 Tresfjordbrua i Møre og Romsdal

  • E6 Kråkmofjellet i Nordland

Til fornyingstiltak blir det foreslått 1 042 mill. kr. Av dette er 479 mill. kr avkastning frå infrastrukturfondet.

Det er eit stort behov for å oppgradere tunnelar. Den samla innsatsen til tunnelar er på om lag 1 560 mill. kr medan tilsvarande for 2014 er om lag 760 mill. kr, dvs. ein auke på om lag 800 mill. kr eller 105 pst. Med forslaget til løyving kan vedlikehaldet på riksvegnettet gjennomførast på eit nivå som gjer at vedlikehaldsetterslepet blir stoppa i 2015, og redusert for første gong på fleire tiår.

Skredsikring er viktig for gjere vegane meir pålitelege og trygge. Det er foreslått å løyve 929 mill. kr til skredssikring på riksvegar og 580 mill. kr på fylkesvegar.

Det er foreslått 813 mill. kr i statlege midlar til trafikktryggleikstiltak. Dei vil i hovudsak bli nytta til tiltak for å hindre dei alvorlegaste ulykkene på riksvegnettet som møteulykker, utforkøyringsulykker og ulykker med påkøyrsel av mjuke trafikantar.

Til riksvegferjedrifta er det foreslått å løyve 694,5 mill. kr.

Særskilde transporttiltak

Det er foreslått eit samla budsjett på om lag 1,8 mrd. kr til særskilde transporttiltak.

Regjeringa foreslår i tillegg 40 mrd. kr i kapitalinnskott til infrastrukturfondet. Saman med innskott frå tidlegare år vil fondet vere 70 mrd. kr i 2015.

Til belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda er det foreslått å løyve 975,6 mill. kr.

Det er foreslått å løyve 46,2 mill. kr til særskilt tilskott til kollektivtransport. Ordninga omfattar forsøk med forbetra tilbod til TT-brukarar med særlege behov, forvaltning av system for nasjonal reiseplanleggar og elektronisk billettering og forsøk med kollektivtransport i distrikta. Ordninga med tilgjengetiltak er foreslått avvikla frå 2015. Det er foreslått 25 mill. kr i planleggingsmidlar til Fornebubanen.

For å vidareføre avtalen mellom Samferdselsdepartementet og Hurtigruten ASA for sjøtransportenester på strekninga Bergen – Kirkenes er det foreslått å løyve 756,1 mill. kr. Avtalen sikrar daglege seglingar heile året mellom Bergen og Kirkenes og til 32 hamner på strekninga.

Jernbaneformål

Det er til saman foreslått å løyve nærmare 21 mrd. kr til jernbaneformål, ein auke på om lag 1,7 mrd. kr eller 8,7 pst. frå saldert budsjett 2014.

Samla budsjettforslag for Jernbaneverket er 17,7 mrd. kr, ein auke på 9,4 pst. frå saldert budsjett 2014.

For 2015 foreslår regjeringa å løyve 6,4 mrd. kr til drift og vedlikehald, eksl. Gardermobanen, som er ein auke på 321,8 mill. kr frå saldert budsjett 2014. Auken går til nødvendig fornying av jernbaneinfrastrukturen Til vedlikehald av Gardermobanen er det foreslått 125 mill. kr.

Det er foreslått å løyve 11,2 mrd. kr til investeringar i ny jernbaneinfrastruktur, som er ein auke på om lag 1,2 mrd. kr eller 11,7 pst. frå saldert budsjett 2014. Auken har samanheng med oppstart av anleggsarbeida på det nye dobbeltsporet frå Oslo S til Ski.

Midlar til desse store prosjekta er prioritert:

  • nytt og betre togtilbod på Austlandet – infrastrukturtiltak ved ruteomlegginga og innfasing av nye tog

  • dobbeltspor Langset – Kleverud (Fellesprosjektet Dovrebanen-E6)

  • dobbeltspor Holm – Holmestrand – Nykirke

  • dobbeltspor Farriseidet – Porsgrunn

  • modernisering av austre linje på Østfoldbanen med bygging av nytt ERTMS-signalsystem

  • nytt dobbeltspor Oslo – Ski (Follobanen), oppstart tunnelentreprisar

  • dobbeltspor Hell – Værnes som er eit ledd i moderniseringa av Trønder- og Meråkerbanen

  • Ulriken tunnel og planlegging av dobbeltspor Bergen stasjon – Fløen.

Til å planlegge nye prosjekt som inngår i Nasjonal transportplan 2014–2017, blir det foreslått å løyve i alt 741 mill. kr. Av dette er det sett av 540 mill. kr til planlegging av nye InterCity-strekningar (inkludert Ringeriksbanen).

Det er foreslått å løyve om lag 3,2 mrd. kr til statleg kjøp av persontransporttenester med tog i 2015. Dette er ein auke på om lag 150 mill. kr eller 4,9 pst. frå saldert budsjett for 2014. Auken heng i hovudsak saman med innføring av nytt togmateriell, innføring av ERTMS på austre linje på Østfoldbanen og fleire tilbodsforbetringar, m.a. på Sørlandsbanen og Trønderbanen.

Til Statens jernbanetilsyn er det foreslått å løyve 79,1 mill. kr. I løyvinga inngår løyving til tilsynet med tau- og kabelbanar og tivoli og moroparkar. Det er rekna med inntekter frå gebyr for dette tilsynet med om lag 13,4 mill. kr.

Det er budsjettert med eit utbytte på 300 mill. kr frå NSB AS.

Kystforvaltning

Til kystforvaltning er det foreslått å løyve om lag 2,75 mrd. kr. Kystverket er omfatta av ordninga med nøytral meirverdiavgift frå 2015. Løyvinga aukar med om lag 410 mill. kr (inklusive meirverdiavgift) eller 15,6 pst. frå saldert budsjett 2014.

Det er foreslått om lag 1,7 mrd. kr til Kystverkets driftsutgifter. Her inngår, i tillegg til drift av Kystverket, m.a. navigasjonsinfrastruktur, sjøtrafikksentralar, transportplanlegging, losordninga, beredskap mot akutt forureining og tilskott til kystkultur.

Det er foreslått å løyve 132 mill. kr til spesielle driftsutgifter i 2015. Dette svarar til 163,5 mill. kr før uttrekk av mva., som er ein auke på 160 pst. frå saldert budsjett 2014. Auken heng saman med forslag om å starte arbeidet med støttefylling for ubåtvraket U-864 utanfor Fedje.

Det er foreslått 582,5 mill. kr til nyanlegg og større vedlikehald, som i hovudsak omfattar fiskerihamner og farleier, men også navigasjonsinfrastruktur. Forslaget gir ein auke på 102,6 mill. kr frå saldert budsjett 2014. Inkludert meirverdiavgift er auken 195,2 mill. kr eller 40,7 pst, som er fordelt mellom farleier og fiskerihamner.

Til større kjøp og vedlikehald er det foreslått å løyve 178,1 mill. kr. Inkludert meirverdiavgift utgjer dette 200,2 mill. kr.

Det er foreslått 63,9 mill. kr i tilskott til fiskerihamneanlegg. Det er vidare foreslått 10 mill. kr i eit nytt tilskott til hamnesamarbeid, der formålet er å stimulere hamnene til betre utnytting av infrastrukturen.

Til Samfunnet Jan Mayen og Loran-C er det foreslått ei løyving på 45,2 mill. kr.

Post og telekommunikasjonar

Til post og telekommunikasjonar samla er det budsjettert med utgifter på 716,9 mill. kr. Det er foreslått å løyve 418 mill. kr til kjøp av post- og banktenester. Til Post- og teletilsynet er det foreslått å løyve 298,9 mill. kr. Tilsynet endrar frå 1. januar 2015 namn til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.

For å gjere ekomnetta meir robuste og styrke beredskapsevna er det foreslått å løyve 75,8 mill. kr til teletryggleik og beredskap, ein auke på om lag 17 mill. kr frå saldert budsjett 2014. Vidare blir det over Samferdselsdepartementets budsjett foreslått å løyve 50 mill. kr i tilskott til breibandsutbygging.

Det er budsjettert med eit utbytte frå Posten Norge AS på 200 mill. kr.

2 Diverse omtaler

2.1 Kompensasjon for differensiert arbeidsgivaravgift

Differensiert arbeidsgivaravgift blei endra frå 1. juli 2014. Transportsektoren er ein av dei sektorane der det ikkje kan nyttast differensiert arbeidsgivaravgift. Regjeringa foreslo i Prop. 118 S (2013–2014) Endringer i statsbudsjettet 2014 (endring av den differensierte arbeidsgiveravgiften og kompenserende tiltak) å kompensere med infrastrukturtiltak i Nord-Noreg og auke statleg kjøp av transporttenester med i alt 1,6 mrd. kr i perioden 2014–2018, jf. Innst. 311 S (2013–2014).

For 2015 blir det foreslått å løyve 395,5 mill. kr i kompenserande infrastrukturtiltak i Nord-Noreg og 18 mill. kr i auka kjøp av riksvegferjetenester og kjøp av persontransport med tog. Med unntak av sistnemnde er løyvingane til kompensasjon plassert på ein ny post 34 Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift under kap. 1320 Statens vegvesen, kap. 1350 Jernbaneverket og kap. 1360 Kystverket.

Sjå elles omtale i del II under programkategori 21.30 Vegformål, 21.50 Jernbaneformål og 21.60 Kystforvaltning.

2.2 Nøytral meirverdiavgift i ordinære statlege forvaltningsorgan

Frå 2015 blir det innført nøytral meirverdiavgift for ordinære forvaltningsorgan. Denne ordninga inneber at som hovudregel skal ikkje lenger betalt meirverdiavgift førast som ei driftsutgift på budsjettkapitla for verksemdene, men i staden førast sentralt på kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter. Driftspostane 01–45 blir frå 2015 budsjetterte utan meirverdiavgift.

Ordninga fjernar ei konkurranseulempe for private aktørar. For å unngå nye konkurransevridingar som går ut over private aktørar er nokre forvaltningsorgan haldne utanfor ordninga. Ordninga er nærmare omtalt i Gul bok 2015.

For Samferdselsdepartementet og underliggande etatar inneber dette at departementet, Kystverket, Luftfartstilsynet, Statens jernbanetilsyn, Post- og teletilsynet (Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit) og Statens havarikommisjon for transport blir omfatta av ordninga. Statens vegvesen blir halde utanfor ordninga, medan Jernbaneverket frå 2005 er definert som avgiftspliktig verksemd. Til saman er det trekt ut om lag 307 mill. kr i meirverdiavgift på samferdselsbudsjettet.

2.3 Reform for mindre byråkrati og meir effektiv bruk av midlane

Den årlege produktivitetsveksten er viktig for velstandsauken i eit land. Regjeringa følgjer dette opp i Sundvolden-erklæringa og har sett ned ein produktivitetskommisjon. Regjeringa vil bygge sin politikk på ein effektiv bruk av ressursane til fellesskapet og legg til grunn at alle statlege verksemder gjennomfører årlege tiltak for å auke produktiviteten. For å gi insentiv til meir effektiv statleg drift og skape handlingsrom for prioriteringar blir det i dei årlege budsjetta innført ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform. Delar av gevinstane frå mindre byråkrati og meir effektiv bruk av pengane blir i dei årlege budsjetta overførte til fellesskapet. Denne innhentinga blir sett til 0,5 pst. av driftsutgiftene til verksemdene. For å gjere ordninga føreseieleg er grunnlaget for berekninga saldert budsjett året før. Ordninga er nærmare omtalt i Gul bok 2015.

For Samferdselsdepartementet og underliggande etatar inneber dette at det på utgiftssida er teke ut ein gevinst frå avbyråkratisering og effektivisering på i alt 92,3 mill. og på inntektssida 3,7 mill. kr.

3 Diverse tabellar

Tabell 3.1 Bruk av stikkordet «kan overførast» på andre postar enn postgruppe 30–49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2014

Forslag 2015

1300

73

Tilskott til kystkultur

0

0

1301

50

Samferdselsforsking

1 028

137 139

1301

72

Tilskott til miljøvenleg transport, Transnova-prosjektet

111 786

0

1310

70

Kjøp av innanlandske flyruter

0

698 928

1311

71

Tilskott til ikkje-statlege flyplassar

1 942

36 155

1320

23

Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.

0

10 494 139

1320

29

Vederlag til OPS-prosjekt

0

445 903

1320

62

Skredsikring fylkesvegar

254 515

580 356

1320

72

Kjøp av riksvegferjetenester

0

694 503

1330

60

Særskilt tilskott til kollektivtransport

43 517

46 248

1330

61

Belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda

0

975 550

1350

23

Drift og vedlikehald

21 930

6 378 683

1350

25

Drift og vedlikehald av Gardermobanen

0

124 858

1351

70

Kjøp av persontransport med tog

63 439

3 196 870

1360

21

Spesielle driftsutgifter

93 641

131 983

1360

60

Tilskott til fiskerihavneanlegg

52 581

63 963

1380

70

Tilskott til teletryggleik og -beredskap

30 146

75 844

For fleire av postane kan ein forklare stikkordet med at prosjekt/tiltak som får tilskott frå løyvinga over den einskilde posten, kan gå over fleire år. Tilskott blir i hovudsak utbetalt etter framdrift, og sluttutbetaling vil ikkje finne stad før prosjektet er gjennomført. For kap. 1310, post 70, kan stikkordet forklarast med at endringar i rammevilkår som gir grunnlag for nye forhandlingar, og kostnadsendringar som følgje av nye kontraktar, gjer at det kan vere vanskeleg å budsjettere utbetalingane presist for det einskilde året. Løyvinga på kap. 1311, post 71, kan overførast fordi delar av tilskottet blir utbetalt på etterskott.

For 20-postane på kap. 1320 og 1350 blir løyvingane m.a. nytta til tiltak som går ut over budsjettåret, og/eller materiellinnkjøp. Innanfor budsjetta til Statens vegvesen og Jernbaneverket er det dessutan i stor grad mogleg å omdisponere midlar mellom dei ulike postane.

Ein del av løyvinga på kap. 1351, post 70, gjeld resultatavhengig tilskott/bonusutbetaling som blir utbetalt etterskottsvis. Dette skjer ikkje alltid i budsjettåret.

Tabell 3.2 Endringar i budsjettet på utgiftskapittel etter saldert budsjett 2014

(i 1000 kr)

Kap.

Post

Prop. S

Innst. S

Saldert budsjett 2014

Endring

Revidert budsjett

1300

01

93

260

172 908

-1 760

171 148

1301

72

93

260

89 600

10 000

99 600

1320

23

93

260

9 622 000

12 500

9 634 500

1320

23

118

311

9 622 000

70 000

9 704 500

1320

61

93

260

217 250

7 750

225 000

1321

96

93

260

0

100

100

1330

61

93

260

945 300

65 000

1 010 300

1330

62

93

260

0

10 000

10 000

1350

23

93

260

6 056 900

4 000

6 060 900

1350

23

118

311

6 056 900

44 000

6 104 900

1350

30

93

260

8 659 500

-5 800

8 653 700

1351

70

93

260

3 047 000

25 000

3 072 000

1360

30

93

260

479 860

49 400

529 260

1360

30

118

311

479 860

10 000

539 260

1360

45

93

260

191 120

-3 400

187 720

1360

70

93

260

78 170

3 000

81 170

1380

01

93

260

160 400

4 400

164 800

Tabell 3.3 Endringar i budsjettet på inntektskapittel etter saldert budsjett 2014

(i 1000 kr)

Kap.

Post

Prop. S

Innst. S

Saldert budsjett 2014

Endring

Revidert budsjett

4380

01

93

260

152 700

4 400

157 100

5611

85

93

260

260 000

255 000

515 000

5618

85

93

260

217 000

39 000

256 000

5622

85

93

260

478 000

-32 600

445 400

5624

80

93

260

30 000

16 100

46 100

4 Oppmodingsvedtak

Tabell 4.1 gir ei oversikt over dei oppmodingsvedtaka som Stortinget har vedteke for sesjonen 2013–2014 som gjeld Samferdselsdepartementet. Det er gjort nærmare greie for oppfølginga av vedtaka i del III.

Tabell 4.1 Oppmodingsvedtak i stortingssesjonen 2013–2014

Nr.

Dato

Vedtak

30

26.11.2013

Stortinget ber regjeringen planlegge InterCity som ett prosjekt helt frem til Lillehammer, Skien og Halden og vurdere videre planlegging videre mot Gøteborg.

101

05.12.2013

Stortinget ber regjeringen legge frem en strategi og finansieringsplan for ladestasjoner og infrastruktur for elbil, der det blant annet kartlegges ansvarsdeling mellom offentlig og privat sektor.

102

05.12.2013

Stortinget ber regjeringen legge frem en tiltaksplan for økt satsing på gang- og sykkelveier for å stimulere til økt sykling blant barn og unge.

103

05.12.2013

Stortinget ber regjeringen etablere en belønningsordning for gang- og sykkelveier og komme tilbake til Stortinget med en egen sak om dette i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett.

105

05.12.2013

Stortinget ber regjeringa vurdere ordning med statleg garanti for bompengelån der det kan bidra til lågare lånerente, og at regjeringa i samarbeide med fylkeskommunen kan vurdere å endre bompengesatsen og nedbetalingstid.

107

05.12.2013

Stortinget ber regjeringa vurdere ordning med statleg garanti for bompengelån der det kan bidra til lågare lånerente, og at regjeringa i samarbeide med fylkeskommunen kan vurdere å endre bompengesatsen og nedbetalingstid.

400

24.04.2014

Stortinget ber regjeringen legge frem en nasjonal plan for elektronisk kommunikasjon.

402

24.04.2014

Stortinget ber regjeringen om å komme tilbake til Stortinget på egnet måte med sak om oppfølging av arbeidet med trafikksikkerhet knyttet til tungbil og grenseoverskridende transport.

513

17.06.2014

Stortinget ber regjeringa fremje ein strategi for bruk av offentleg-privat samarbeid i utbygging av infrastrukturtiltak, og orientere Stortinget om denne på eigna måte.

514

17.06.2014

Stortinget ber regjeringen sikre at det blir planlagt og bygd en kapasitetssterk forbindelse som sikrer at reisende på Østfoldbanens Østre linje kan benytte Follobanen i framtida, og at dette prosjektet inngår i arbeidet med neste Nasjonale transportplan. Stortinget legger til grunn at denne problemstillingen blir håndtert gjennom en pågående KVU, og at det som en del av dette arbeidet også sees på hvordan en framtidig avgreining sør for Ski kan legge til rette for eventuelle framtidige høyhastighetskonsepter. Stortinget ber om raskest mulig fremdrift i utbyggingen av Follobanen i tråd med vedtatte planer.

518

17.06.2014

Stortinget ber regjeringen ta initiativ til å opprette en nasjonal ordning med tilbud om elektronisk billett for sømløse kollektivreiser over hele landet, i samarbeid mellom de ulike aktørene.

523

18.06.2014

Stortinget ber regjeringen komme tilbake med vurdering av finansiering av Bratsbergbanen i forbindelse med statsbudsjettet for 2015.

Til forsiden