3 Bestillingsfullmakter
Regjeringa foreslår ei intern omfordeling av bestillingsfullmakter mellom kapitla.
Kap. 1733 Luftforsvaret
Bestillingsfullmakter på post 01 er redusert med 160 mill. kroner til totalt 1 440 mill. kroner grunna mindrebehov på posten.
Kap. 1734 Heimevernet
Bestillingsfullmakter på post 01 er auka med 120 mill. kroner til totalt 150 mill. kroner. Auken skuldast eit meirbehov grunna nyskaffing av nytt og tidsriktig materiell i samband med kvalitetsreformen.
Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg
Bestillingsfullmakter på post 45 er redusert med 100 mill. kroner til totalt 23 900 mill. kroner grunna mindrebehov på posten.
Bestillingsfullmakter på post 48 er auka med 100 mill. kroner til totalt 250 mill. kroner. Auken skuldast eit meirbehov i samband med nytt bygg til Joint Warfare Centre.
Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet
Bestillingsfullmakter på post 01 er auka med 40 mill. kroner til totalt 50 mill. kroner. Auken skuldast eit meirbehov i samband med auka norsk deltaking i internasjonale operasjonar.