1 Formål og hovudoversikt
1.1 Formål
I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2007. Siktemålet er å skape best mogeleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2007 vart utarbeidd. Regjeringa er oppteken av å redusere omfanget av omgrupperingane på slutten av året, og denne proposisjonen er difor av vesentleg mindre omfang enn tidlegare år.
På grunn av den komplekse samansetjinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verktøy for å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, kan såleis verte handsama samla og formalisert på rette måte.
Omgrupperingsproposisjonen tek mellom anna føre seg tilleggsløyvinga til Noreg sitt bidrag til ein felles FN-/AU-operasjon (UNAMID) i Darfur/Sudan og viktige tekniske endringar, til dømes overføring av budsjettansvar for Regional støttefunksjon (RSF), base Bergen, frå Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) til Sjøforsvaret. Vidare vert det foreslått ei styrking av budsjettet til Forsvarets logistikkorganisasjon for å dekkje høgare kostnader enn budsjettert i den løyvingsfinansierte delen av FLO, mot ei tilsvarande samla reduksjon på andre budsjettkapittel. I tillegg tek omgrupperingsproposisjonen for 2007 vare på formaliseringa av lønnskompensasjonen for 2007 og formalisering av meirinntekter. Totalt utgjer omgrupperinga ein auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 353,5 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringa å avskrive ein differanse i Forsvarets rekneskap. Regjeringa legg vidare fram eit forslag om innkjøp av nye lettvektstorpedoar, samt å auke enkelte bestillingsfullmakter.
1.2 Tilleggsløyvingar
FNs tryggingsråds resolusjon nr. 1769 autoriserte 31. juli 2007 opprettinga av fredsoperasjonen UNAMID i Darfur i Sudan saman med Den afrikanske unionen (AU). UNAMID skal overvake etterlevinga av fredsavtalen for Darfur og verne sivilbefolkninga mot overgrep. Regjeringa har vedteke at Noreg, saman med Sverige, skal starte arbeidet med å setje opp ei ingeniøravdeling på om lag 400 personell (261 nordmenn) til UNAMID. Avdelinga vert planlagt innsett tidleg i 2008 med verketid på tolv månader.
Meirkostnadene for bidraget er både personellrelaterte og knytte til materiell, vedlikehald, deployering og kjøp av varer og tenester etc. Totalt er det no rekna ut at bidraget vil ha ein meirkostnad på 184 mill. kroner i 2007.
Det er ei rekkje usikre faktorar knytte til budsjetteringa av fredsoperasjonen UNAMID i Darfur, mellom anna er ikkje tidspunkt og operasjonsstad for deployeringa endeleg vedteke av FN/AU.
I denne proposisjonen vert det fremja forslag om tilleggsløyving på 184 mill. kroner for 2007.
1.3 Differanse i Forsvarets rekneskap
Riksrevisjonen peika på, i samband med gjennomgangen av Forsvarets rekneskap for 2004, at det var avdekt eit avvik i inngåande balanse for 2004 som det ikkje var gjort greie for, og at mellomverande med statskassen difor ikkje var korrekt. I samband med omlegginga til nytt lønns- og rekneskapssystem i Forsvarets militære organisasjon, vart det difor gjort ei avstemming av rekneskapen i 2004. Det vart fastsett ein ny inngåande teknisk balanse for 2004 på 71,6 mill. kroner. Utgåande balanse i statsrekneskapen for 2003 var på 280,2 mill. kroner. Det oppstod difor ein differanse på 208,6 mill. kroner, som Forsvaret teknisk sett skuldar statskassen.
I samband med dette syner ein til Innst. S. nr. 240 (2004 – 2005), St.prp. nr. 65 (2004 – 2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden for 2005. Stortinget gav fullmakt til at Forsvarets mellomverande med statskassen (gjeld til statskassen) vart avskriven med 208,6 mill. kroner mot forskyving i balansen.
Den aktuelle posteringa i statsrekneskapen er ikkje gjort, og det er seinare avdekt at differansen som på dette tidspunkt vart rekna ut, er feilaktig. Det korrekte uidentifiserte rekneskapstekniske avviket er på 351,8 mill. kroner. Feilen gjeld ein forteiknsfeil som vist under.
(i kroner) | ||
---|---|---|
Feilaktig | Korrekt | |
UB 2003 | 280 206 482,00 | 280 206 482,00 |
IB 2004 | 71 580 792,93 | -71 580 792,93 |
Differanse | 208 625 689,07 | 351 787 274,93 |
Forsvaret har hausten 2007 gjennomgått inngåande behaldning for 2004. Gjennomgangen har medført at det uidentifiserte rekneskapstekniske avviket er redusert til 346 mill. kroner.
Forsvarets militære organisasjon gjorde, i samband med overgangen til nytt rekneskapssystem, eit grundig arbeid med å identifisere og fastsetje ny inngåande balanse for 2004. Mange tiltak vart gjennomført for å oppklare avviket, og rekneskapen vert no månadleg avstemt for å hindre tilsvarande differansar i framtida.
I samband med Riksrevisjonens revisjon av årsoppgjeret for 2006, vart det avdekt endå fleire rekneskapstekniske avvik i Forsvarets rekneskap. Avviket er dokumenterbart og utgjer totalt 16,9 mill. kroner. Avviket skuldast at ein har brukt rekneskapsprinsipp som har medført feil inntektsføring av ubetalte inntektskrav. Av dette gjeld 3,7 mill. kroner forhold før 2004, medan 13,2 mill. kroner gjeld avvik som har oppstått i det nye rekneskapssystemet knytte til rutinar for rekneskapsføring av refusjonar. Rutinane på dette området er no endra.
På denne bakgrunnen foreslår regjeringa at Forsvarets mellomverande med statskassen vert avskriven med 363 mill. kroner mot konto for forskyving i balansen. Forsvarets mellomverande med statskassen kjem med dette i samsvar med inngåande balanse 2007 for Forsvarets militære organisasjon, jf. romartalsvedtak.
1.4 Prosjekt – 6401 Erstatning av Sting Ray Mod 0
Forsvarsdepartementet legg i denne proposisjonen fram eit forslag om innkjøp av nye lettvektstorpedoar. Forsvaret har i dag Sting Ray-torpedoar som sitt hovudvåpen mot ubåtar. Desse er i ferd med å no sin tekniske levealder. Regjeringa fremjar difor eit prosjekt for Stortinget der Sting Ray-torpedoane anten vert oppgraderte eller vert erstatta av ein annan type lettvektstorpedo.
Dette skal bidra til at Forsvaret framleis kan oppretthalde evna til å kunne kjempe mot framande ubåtar. Torpedoane skal nyttast av Fridtjof Nansen-klasse fregattar med NH-90 helikopter og maritime patruljefly, P-3C Orion.
Vedlikehald og lagring av dei eksisterande torpedoane vert gjort i Storbritannia, basert på ein bilateral avtale frå 1990. Storbritannia har alt vedtatt å oppgradere sine torpedoar slik at dagens støtteordning vil opphøyre i 2010. Uavhengig av om Noreg vedtek å oppgradere dagens torpedoar, eller erstatte dei med ein annan type, vil ein søkje å få til tilsvarande logistikkstøtte for dei nye torpedoane. Det er sett i verk arbeid med å utarbeide intensjonsavtalar med aktuelle nasjonar.
Det vert fremja forslag om å opprette eit prosjekt for å oppgradere eller erstatte dagens lettvektstorpedoar. Framskaffingsløysing er utarbeidd, og ho har vore gjennom ei ekstern kvalitetssikring. Dette kvalitetssikringsarbeidet har konkludert med at grunnlagsdatakvaliteten er god nok til å fastsetje dei økonomiske rammene for prosjektet. Prosjektet har liten grad av usikkerheit, og usikkerheita er først og fremst knytt til integrering av torpedoane på fregattane, helikoptra og Orion-flya.
Prosjektet vert fremja med ei kostnadsramme på 1 647 mill. kroner på kapittel 1760, post 45. I tillegg kjem 20 mill. kroner i gjennomføringskostnader over kapittel 1760, post 01. Prosjektet er planlagt starta opp i 2008 og er planlagt terminert i 2013.
1.5 Grunnlaget for omgrupperinga
1.5.1 Økonomisk grunnlag
Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2007, dei seinare endringane gjort av Stortinget, og midlar ført over frå 2006. Det er òg tatt omsyn til forsvarssektoren sin del av lønnskompensasjonen for 2007 (225 mill. kroner).
Tabell 1.2 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2007, kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Vedtatt budsjett 2007 | 30 988 929 |
St.prp. nr. 69 (2006 – 2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2007 (RNB), jf. Innst. S. nr. 230 (2006 – 2007) | 219 000 |
St.prp. nr. 85 (2006 – 2007) Om endringar i «Regulativ for tillegg o.a. til utskrivne vernepliktige mannskap»(«soldatproposisjonen»), jf. Innst. S. nr. 283 (2006 – 2007) | 10 573 |
Lønnsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet | 225 037 |
= Faktisk løyving før omgruppering | 31 443 539 |
+ Midlar ført over frå 2006 | 2 481 791 |
= Disponible midlar i 2007 før omgrupperinga | 33 925 330 |
Tabell 1.3 Disponibel løyving på inntektssida, før omgruppering 2007, kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Vedtatt budsjett 2007 | 988 390 |
St.prp. nr. 69 (2006 – 2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2007 (RNB), jf. Innst. S. nr. 230 (2006 – 2007). | 29 000 |
= Løyvingar før omgruppering | 1 017 390 |
1.5.2 Inntekter i 2007
I høve til vedtatt budsjett for 2007 er det ei netto meirinntekt (brutto meirinntekter minus mindreinntekter) på 169,5 mill. kroner som er foreslått lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet sin meirinntektsfullmakt i St.prp. nr. 1 (2006 – 2007) under romartalsvedtak II.
Tabell 1.4 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):
Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førde til utgiftssida | 169 509 |
+ Tilleggsløyvingar | 184 000 |
= Sum behov ved omgrupperinga | 353 509 |
+ Løyvingar før omgrupperinga | 31 443 539 |
= Samla løyvingar etter omgrupperinga | 31 797 048 |
+ Midlar ført over frå 2006 | 2 481 791 |
= Samla disponible midlar i 2007 etter omgrupperinga | 34 278 839 |
Tabell 1.5 Løyvingsbehov på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):
Løyvingar før omgrupperinga | 1 017 390 |
Meirinntekter | 169 509 |
= Løyvingar etter omgrupperinga | 1 186 899 |
Regjeringa foreslår på denne bakgrunn, under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert auka med 353,5 mill. kroner og at inntektsramma vert auka med 169,5 mill. kroner.
1.5.3 Utgifter
Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av meirinntekter.
Tabell 1.6 Utgiftsposter
(i 1 000 kroner) | ||
---|---|---|
Post | Formål | Mindreutg.-/Meirutg.+ |
01 | Driftsutgifter | 493 730 |
21 | Spesielle driftsutgifter | -20 000 |
43 | Til disposisjon for Forsvarsdepartementet | -10 221 |
45 | Store nyskaffingar | 56 000 |
48 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del | -150 000 |
50 | Overføringar Statens pensjonskasse | -13 000 |
70 | Renter låneordning | -3 000 |
Sum | 353 509 |
1.5.4 Inntekter
Tabell 1.7 Inntektsposter
(i 1 000 kroner) | ||
---|---|---|
Post | Formål | Mindreinnt. -/Meirinnt.+ |
01 | Driftsinntekter | 243 509 |
47 | Sal av eigedom | 76 000 |
48 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter | -150 000 |
Sum | 169 509 |